Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for oppfølging av tiltak innanfor fleire av delmåla og for det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 5 «Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner».

FNs berekraftsmål nr. 1: Utrydde alle former for fattigdom

Arbeidet i BLD mot barnefattigdom er knytt opp til FNs delmål 1.2. Landa skal «innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom».

Årsakene til fattigdom er mange. Regjeringa og NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene har peikt på auka yrkesdeltaking som fremste tiltak for å redusere barnefattigdom. Innsatsen omfattar både universelle ordningar og målretta tiltak for særskilde grupper. Strategien mot barnefattigdom – Barn som lever i fattigdom – var den fyrste i sitt slag og blei lansert våren 2015. Målet med strategien var å førebyggje at fattigdom går i arv, og dempe negative konsekvensar av å vekse opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Dei 64 tiltaka i strategien skulle bidra til at alle barn får like moglegheiter til å delta og utvikle seg. Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa . Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet. Sjølv om strategiperioden for Barn som lever i fattigdom var ferdig i 2017, vil dei ansvarlege departementa følgje opp ei rekke av tiltaka frå strategien framover. Det blei i 2017 utarbeidd ein statusrapport for arbeidet mot barnefattigdom. Den vidare innsatsen vil mellom anna byggje på tilrådingar frå NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene , statusrapporten frå arbeidet mot barnefattigdom og evalueringa av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Sjå omtale under programkategori 11.10.

FNs berekraftsmål nr. 5: Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner

Noreg har investert i universelle velferdsordningar som gjer det mogleg for foreldre å kombinere arbeid med omsorg for barn, som foreldrepermisjon og barnehagar. Auken av kvinner i arbeid dei siste tiåra har vore viktig for den økonomiske veksten i landet. Likevel har Noreg framleis likestillingsutfordringar, til dømes vald i nære relasjonar, ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, få kvinner i leiinga i selskap i privat sektor og låg yrkesdeltaking blant ein del grupper kvinner med innvandrarbakgrunn.

Kvar sektor har eit eige ansvar for å fremje likestilling. Det sivile samfunnet har òg ei viktig rolle. Regjeringa vil arbeide saman med sivilsamfunnet, næringslivet, partane i arbeidslivet og andre aktørar for å styrkje likestillinga.

Delmål 5.1 handlar om å gjere slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern. 1. januar 2018 tok likestillings- og diskrimineringslova til å gjelde. Målet med ei felles lov er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. For meir informasjon sjå programkategori 11.40.

Delmål 5.2 handlar om å avskaffe alle former for vald mot jenter og barn. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av ei rekkje handlingsplanar på feltet. Et liv uten vold – handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017) og ein tiltaksplan for å førebyggje og motverke vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom: En god barndom varer livet ut (2014–2017) blei avslutta i 2017. Ein del av tiltaka er førte vidare i Opptrappingsplan mot vold og overgrep 2017–2021 , jf. Prop. 12 S (2016–2021). Opptrappingsplanen blei handsama av Stortinget 25. april 2017. Planen skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen har høg prioritet. BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider om å følgje opp opptrappingsplanen. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10.

I tillegg følger regjeringa opp Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). I 2018 vil regjeringa leggje fram ein strategi for integrering. Innsats mot negativ sosial kontroll og vald knytt til ære er éin hovudinnsats.

Regjeringa arbeider òg med ein ny handlingsplan for å førebyggje og kjempe mot valdtekt. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet.

Noreg deltek aktivt i internasjonale forum mot vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn, både i regi av FN og i regi av Europarådet. I 2017 ratifiserte Noreg konvensjonen frå Europarådet om førebygging og kamp mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbul-konvensjonen). I 2018 ratifiserte Noreg konvensjonen frå Europarådet om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarote-konvensjonen). Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Delmål 5.3 om å «avskaffe all skadeleg praksis, til dømes barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg omskjering» blir mellom anna følgt opp gjennom reguleringa i ekteskapslova. Det er vedteke endringar i ekteskapslova om å innføre ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Endringane gjeld frå 1. juli 2018. Departementet greier også ut ekteskapslova § 18 a om barneekteskap og bigamiske ekteskap inngått i utlandet, med sikte på eventuelle lovendringar. Kunnskapsdepartementet koordinerer politikken mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Noreg har ei god og fleksibel foreldrepengeordning som er med på å «fremje delt ansvar i hushaldet og familien», jf. Delmål 5.4. 6. juni 2018 vedtok Stortinget å utvide kvotane ved uttak av foreldrepengar frå 10 til 15 veker, jf. Prop. 74 L (2017–2018) Endringer i folketrygdloven og kontantstøtteloven (innfasing av tredeling av foreldrepenger mv.) og Innst. 340 L (2017–2018). Lovendringane blei sette i kraft frå og med 1. juli 2018. Dette gir tredeling ved 100 prosent uttak: 15 veker til begge foreldra og ein fellesperiode på 16 veker til fordeling. Endringa blir gjord for å auke fedre sitt uttak av foreldrepengar. Kvotane til mor og far fremjar delt ansvar i hushaldet og familien.

Delmål 5.5 handlar om å «sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå i avgjerdsprosessane i det politiske, økonomiske og offentlege liv». Kvinner er godt representerte i leiande stillingar i politikken, organisasjonslivet og offentleg sektor. I privat sektor er berre to av ti toppleiarar kvinner. Regjeringa arbeider med tiltak for å betre situasjonen.

Delmål 5c handlar om å «vedta og styrkje god politikk og gjennomførbar lovgiving for å fremje likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner på alle nivå». Noreg har komme langt når det gjeld likestilling. Kvinner og menn har dei same formelle rettane og pliktene. Gode omsorgs- og velferdsordningar støttar opp under dei formelle rettane. Det høge talet på kvinner som tek høgare utdanning, og som er i lønt arbeid, har i løpet av dei siste 50 åra bidrege til store endringar i samfunnet. Sjå Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis .

FNs berekraftsmål nr. 10: Redusere ulikskapar i og mellom land

Delmål 10.2 krev at ein «innan 2030 sørgjer for å myndiggjere og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status». Organisasjonane som fremjar likestilling, organisasjonane for funksjonshemma, LHBTIQ-organisasjonar, innvandrarorganisasjonar, religiøse organisasjonar og barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige arenaer for utvikling og demokratiopplæring. Organisasjonane fremjar synspunkta til medlemmene. Departementa har kontakt med organisasjonane i utforminga og gjennomføringa av politikken. For meir informasjon sjå budsjettproposisjonen programkategori 11.10 og 11.40.

FNs berekraftsmål nr. 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Delmål 12.3 går ut på at delen matsvinn per innbyggjar, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, skal halverast. Etter delmålet skal òg svinn i produksjons- og forsyningskjeda reduserast.

I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale mellom BLD, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og bransjeorganisasjonar innan matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål om matsvinn er det i avtalen fastsett eit mål om at matsvinnet nasjonalt skal reduserast med 50 prosent innan 2030.

BLD har i 2017 og 2018 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. BLD har òg i både 2017 og 2018 gitt Forbruksforskingsinstituttet SIFO i oppdrag å skaffe fram meir kunnskap om matsvinn på forbrukarleddet.

Gjennom bransjeavtalen vil BLD halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir medvitne om å redusere matsvinnet. Klima- og miljødepartementet koordinerer arbeidet med bransjeavtalen.

FNs berekraftsmål nr. 16: Fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvesen for alle og byggje godt fungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Delmål 16.1 handlar om å «oppnå ein monaleg reduksjon i alle former for vald og valdsrelaterte dødsfall», og delmål 16.2 handlar om å «stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn». Delmål 8.7 handlar om å få slutt på menneskehandel. Arbeidet mot vald og overgrep er organisert gjennom fleire tverrdepartementale handlingsplanar for å dekkje alle former, som tvangsekteskap, kjønnslemlesting, overgrep mot barn og vald og overgrep i nære relasjonar. Ein ny handlingsplan for å førebyggje valdtekt er under arbeid. BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og seksuelle overgrep som blei vedteken av Stortinget i april 2017. Planen har særleg vekt på barn. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med å følgje opp handlingsplanen mot menneskehandel, som blei lagd fram hausten 2016. Noreg har i internasjonal målestokk svært få valdsrelaterte dødsfall. Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet, som har hovudansvaret for delmåla som er omtalte ovanfor.

Barnevernet i Noreg har som hovudoppgåve å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år får eit bo- og omsorgstilbod under statleg barnevern medan dei ventar på avgjerd om opphald. Tenester og tiltak etter lova skal vere forsvarlege. Den norske barnevernlova inkorporerer FNs barnekonvensjon, og lova er gitt forrang gjennom den norske lova om menneskerettar.

Omsynet til det som er best for barnet, er eit grunnleggjande prinsipp og er nedfelt både i barnevernlova og i Grunnlova. Barn har best av å vekse opp med sine primære omsorgspersonar, og barnevernet er fyrst og fremst ei hjelpeteneste. Men dersom barnet til dømes er utsett for omsorgssvikt, vald eller seksuelle overgrep, kan det vere naudsynt å plassere det utanfor heimen. Ei slik avgjerd blir gjord av ei fylkesnemnd for barnevern og sosiale saker, eit uavhengig domstolsliknande organ som er leia av ein dommar. Avgjerda kan klagast inn for tingretten.

Barn er sårbare og har derfor eit særskilt behov for vern, bistand og tilrettelagd oppfølging. Utnytting av barn til menneskehandel krenkjer menneskerettane på det grovaste og er ei alvorleg form for kriminalitet. Barnevernet har eit viktig ansvar for barn som kan vere utsette for menneskehandel i Noreg. Barnevernlova blei endra i 2012 for å gi betre vern og omsorg til barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel. Barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel, kan plasserast på barnevernsinstitusjon utan samtykke frå foreldra. Føremålet er å verne barnet mot utnyttaren.

Barnevernet, politiet, utlendingsstyresmaktene og andre hjelpetenester har ansvar for å sikre at mindreårige som er utsette for menneskehandel, blir tekne hand om på ein forsvarleg måte. Det er utarbeidd eit eige rundskriv om vern av barn som er utsette for menneskehandel. Det ligg også føre ein handlingsplan mot menneskehandel, og tiltak i denne blir følgde opp frå sektorstyresmaktene. Kompetanseheving i barnevernet er ein del av denne.

Personar med nedsett funksjonsevne, nemnde under fleire delmål

Personar med nedsett funksjonsevne i Noreg skal på lik linje med alle andre ha høve til personleg utvikling, deltaking og livsutfalding. Norsk politikk følgjer prinsippa i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Personar med nedsett funksjonsevne er ei prioritert gruppe i norsk utviklingssamarbeid.