Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Alt forbruk har klima- og miljøkonsekvensar, direkte eller indirekte. Dei siste tiåra har det vore ein stor auke i det samla forbruket til norske hushald.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i dei marknadene dei handlar i. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BLD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).

I 2017 var det ein solid auke i svanemerkte produkt på den norske marknaden; frå 15 339 ved utgangen av 2016 til 18 400 ved utgangen av 2017. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor mange produktgrupper i 2017. Størst auke var det for golvbelegg, innandørs måling og lakk, møbel og innreiingar, tekstilar, tonerkassettar og kosmetiske produkt. BLD er nøgd med utviklinga der forbrukarane får større tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BLD arbeider med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tek opp spørsmål som er knytte til dette.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Den største delen av matsvinnet (om lag 60 prosent) kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen. Avtalen byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. I 2017 blei det òg underskrive tilslutningsavtalar med enkeltbedrifter, til dømes alle daglegvarekjedene. BLD deltek i arbeidet og støttar opp om forbrukarretta tiltak.

8.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BLD vil i 2019 halde fram med arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarane å gjere miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel er dei fremste verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar. BLD vil i 2019 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtalen mellom styresmaktene og bransjeorganisasjonane i matbransjen.

BLD vil i 2019 òg føre vidare tiltak som er retta mot skulen, der miljø og berekraft er sentrale tema.