Barne- og likestillingsdepartementet (BLD)

I BLDs forskingsstrategi (2016–2020) trekkjer departementet fram behovet for god dialog med Forskingsrådet og med Bufdir om korleis dei forvaltar forskingsmidlar på vegner av departementet. Departementet ser at det framleis er behov for forsking som grunnlag for politikkutvikling, forvaltning og utvikling av tenestene på områda departementet har ansvar for.

Måla for forskinga til BLD er

  • langsiktig og målretta oppbygging av kunnskap

  • høg kvalitet

  • eit godt grunnlag for politikkutvikling og forvaltning

I tillegg har regjeringa fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit styringssystem for korleis departementa skal styre Forskingsrådet, i samråd med dei andre departementa og Forskingsrådet. BLD styrer midlane til Forskingsrådet i tråd med dette. Det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2017 er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2019. Frå 2018 er alle løyvingar til drift av Forskingsrådet samla på éin post på budsjettet til Kunnskapsdepartementet – sjå nærare omtale under kap. 285, post 55.

I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–2024, jf. Meld. St. 7 (2014–2015), varslar regjeringa at dei vil halde fram med å føre ein ambisiøs politikk for forsking og høgare utdanning. I meldinga er det lagt auka vekt på kunnskapsutvikling rundt viktige samfunnsutfordringar.

Samtidig med forslag til statsbudsjettet for 2019, legg regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 , som er ein revisjon av den førre langtidsplanen, som er omtalt ovanfor. Den reviderte langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar og gir uttrykk for kva regjeringa ønskjer å prioritere den kommande fireårsperioden. For perioden 2019–2022 lanserer regjeringa tre nye opptrappingsplanar:

  • 800 mill. kroner til eit teknologiløft

  • 450 mill. kroner til FoU for fornying og omstilling i næringslivet

  • 250 mill. kroner til kvalitet i høgare utdanning

For nærare omtale, sjå Del III, kap. 5, i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Langtidsplanen gir, saman med forskingsstrategien frå BLD, eit viktig grunnlag for forskingsinnsatsen til departementet. Departementet vil oppfylle sitt sektoransvar for forsking best mogleg innanfor dei tilgjengelege ressursane.

Å byggje forskingskunnskap krev ofte langsiktige investeringar i større prosjekt. Det vil samtidig vere eit kontinuerleg behov for å utvikle kunnskapsgrunnlaget på området til departementet. Mange av ansvarsområda må sjåast i samanheng med ansvaret som ligg i andre departement. Departementet har mellom anna gitt midlar til to program i regi av Forskingsrådet: HELSEVEL og VAM . Dette har bidrege til tverrsektoriell forsking som er viktig for å utvikle kunnskapsgrunnlaget om barn, familiar og familieliv og forsking om velferdstenestene. Departementet gir òg midlar til ei rekkje kunnskaps- og kompetansemiljø som bidreg til kunnskapsutviklinga på departementsområda. Sjå nærare omtale under dei ulike fagkapitla i budsjettframlegget.

I forskingsstrategien frå departementet går det fram at utvikling av statistikk og indikatorar skal halde fram. Bufdir har halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar. Eit nytt indikatorsett om diskriminering og levekår blant LHBTIQ-personar blei lansert i 2018. Indikatorane gir kommunar, forskingsmiljø og andre interesserte eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, til dømes for politiske avgjerder og utvikling av tenester.

BLD har sett behov for ein gjennomgang og analyse av tilstand og behov på forskingsområda innanfor temaet «Utsette barn og unge». BLD set i 2019 i gang eit arbeid i samarbeid med dei aktuelle departementa. Arbeidet skal leggje grunnlaget for ein målretta, helskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for barn og unge som er i fare for marginalisering og utanforskap, og som over tid kan ha behov for bistand frå ulike hjelpetenester. Føremålet er å fremje ein kunnskapsbasert politikk på området, som skal vere kjenneteikna av høg kvalitet, brukarmedverknad og effektivitet.

I tillegg vil midlar til Forskingsrådet i 2019 bli nytta til programmet VAM II , som erstattar VAM , og til programmet HELSEVEL .

Departementet har òg starta eit arbeid i samarbeid med Bufdir for å få kartlagt kunnskapshòl, viktige utfordringar og relevante forskingsmiljø på områda til departementet. Dette skal gi grunnlag for ei meir systematisk og langsiktig forvaltning av FoU-arbeidet. Bufdir er òg i gang med å utvikle ein kunnskapsstrategi som vil liggje til grunn for korleis direktoratet forvaltar forskingsmidlane dei kommande åra.