Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

8.1 Omstille norsk økonomi for å skape vekst, nye arbeidsplassar og sikre fleire bein å stå på

Jeløya-plattforma trekker fram seks store utfordringar som Noreg står overfor. Ei av utfordringane er å omstille norsk økonomi for å skape vekst, nye arbeidsplassar og sikre fleire bein å stå på. Det er fleire forhold som medverkar til god omstillingsevne. For ei omtale av den breie næringspolitikken si betydning for omstilling, sjå Nasjonalbudsjettet for 2019.

Internasjonale marknader for låg- og nullutsleppsteknologi er i sterk vekst. Utviklinga gir mange moglegheiter for norsk næringsliv. På fleire område er vi allereie langt framme; Vi har ein prosessindustri basert på norsk vasskraft som er heilt i front på energieffektivitet og låge klimagassutslepp. Noreg fører an i elektrifiseringa av transportsektoren. Vi er verdsleiande på grøn skipsfart, der norske aktørar langs heile verdikjeda medverkar til vekst og sysselsetjing. Overgangen til lågutsleppssamfunnet gjeld for dei fleste sektorane og det grøne skiftet inneber behov for nytenking, innovasjon og etablering av nye marknader.

Regjeringa fører ein offensiv politikk for grøn omstilling av norsk økonomi og for å ruste næringslivet til ei lågutsleppsframtid. Løyvingane til forsking og utvikling av miljøteknologi er auka gjennom fleire år. I regjeringa sin nye langtidsplan for forsking og høgare utdanning er det grøne skiftet høgt prioritert, og eit gjennomgåande perspektiv. Enova og Miljøteknologiordninga ved Innovasjon Noreg er styrkt under denne regjeringa. Over 80 pst. av norske utslepp av klimagassar er prisa i form av avgifter og/eller deltaking i EUs kvotesystem.

Samtidig må innsatsen styrkjast for å innfri Noregs ambisiøse klimamål. Utsleppa skal reduserast med minst 40 pst. innan 2030 i samarbeid med EU, og Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

8.2 Klima- og miljøpolitikk i departementa

8.2.1 Arbeids- og sosialdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eitt av hovudmåla for Arbeids- og sosialdepartementets ansvarsområde, under dette å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Førebygging av forureining frå petroleumsverksemd utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet til regjeringas heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av Arbeids- og sosialdepartementets klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet forureining.

Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø og tryggleik. I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som blant anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining.

Petroleumstilsynet fører tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg. Tilsynet si oppfølging medverkar til tryggleik og førebygging mot ulykker, for å forhindre, avgrense og stanse ulykker inkludert akutt forureining. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at helse, miljø, tryggleik og sikring er teke vare på.

Rapport 2017

Gjennom arbeidet med Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) overvakar Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å betre effekten av tryggingsarbeid og dermed førebygging av hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel. Totalbildet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsynet var bakgrunnen då Petroleumstilsynet i 2017 retta merksemda særleg på tre område: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. Dei to første prioriteringane har bakgrunn i trendutviklinga, mens prioriteringa av innretningar på havbotnen gjer synleg Petroleumstilsynets forventningar til oppfølging på dette området.

RNNP viser at det dei to siste åra ikkje har vore brønnkontrollhendingar ved leiteboring. Hendingar ved produksjon viser likevel noko auke dei siste åra, slik at det samla sett ikkje er noko tydeleg betring når det gjeld førebygging av brønnkontrollhendingar med forureiningspotensial på norsk sokkel dei seinare åra. Læring frå brønnkontrollhendingar med forureiningspotensial er viktig fordi det gir kunnskap om barrierar som betyr noko for førebygging av alle typar brønnkontrollhendingar, både dei med potensiale for personellskade og dei med potensial for forureining.

Kjemikalieutslepp har sidan 2009 variert rundt eit høgt nivå, og står for om lag 80 pst. av alle akutte utslepp på norsk sokkel med utsleppsmengd over ein kubikkmeter. Denne typen utslepp er slik talmessig den mest dominerande, både når det gjeld talet på utslepp og årleg utsleppsmengd. Petroleumstilsynet arbeider for ei meir effektiv førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar.

Det er ofte dei same faktorane som reduserer risiko for menneske, som òg førebygger forureining. Det er generelt framleis behov for merksemd på førebygging av akutt forureining i arbeidet med tryggleik i norsk petroleumsverksemd.

Plan for vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggleiksregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, i trepartsfora og i samarbeid med andre styresmakter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samanheng med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltingsplanar for dei norske havområda.

8.2.2 Barne- og likestillingsdepartementet

Omtale av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka betydeleg.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i dei marknadane dei handlar. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane. Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel).

Rapport for 2017

2017 var det ein solid auke i talet på svanemerkte produkt, frå 15 339 ved utgangen av 2016 til 18 400 ved utgangen av 2017. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav. Utvalet av svanemerkte produkt auka innan mange produktgrupper i 2017. Størst auke var det for golvbelegg, innandørs måling og lakk, møbel og innreiingar, tekstilar, tonarkassettar og kosmetiske produkt. BLD er nøgd med ei utvikling der forbrukarane får større tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg, og den største delen av matsvinnet (om lag 60 pst.) kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen. Avtala byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. I 2017 blei det òg underskrive tilslutningsavtaler med enkeltbedrifter, som til dømes alle daglegvarekjedene. BLD deltar i arbeidet, og støttar opp om forbrukarretta tiltak.

Plan for vidare arbeid

BLD vil halde fram med arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Miljømerkene Svanen og EU Ecolabel er dei fremste verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar. Departementet vil i 2019 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtalen mellom styresmaktene og bransjeorganisasjonane i matbransjen.

BLD tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget om forbrukarpolitikken våren 2019. Berekraftig forbruk vil vere eit tema i meldinga.

8.2.3 Finansdepartementet

Regjeringa foreslår fleire endringar som styrkjer klima- og miljøinnretninga av avgiftssystemet. Flypassasjeravgifta får ein miljøprofil ved å innføre avstandsdifferensiering med høgare sats ut av EØS/Europa. Det er teke sikte på å setje endringa i verk frå 1. april 2019. Det er òg foreslått å miljødifferensiere eingongsavgifta for motorsyklar ytterlegare. Regjeringa foreslår å innføre vrakpantavgift for lastebilar, motorsyklar, mopedar og campingvogner. Særfordelen i CO 2 -komponenten i eingongsavgifta for drosjer er foreslått avvikla. Dette gir sterkare insentiv til å skaffe seg meir miljøvennlege bilar òg i drosjeverksemda.

8.2.4 Forsvarsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Det er eit overordna mål for Forsvarsdepartementet (FD) at forsvarssektoren si verksemd ikkje skal føre til vesentleg skade på miljøet. Etatane i forsvarssektoren arbeider blant anna med opprydding i forureina sjøbotn, opprydding av miljøgifter og redusert lekkasje av tungmetall frå skytefelt, ivaretaking av naturmangfald ved bruk og utvikling av område, Kystvaktas miljø- og ressursoppsyn, bevaring av kulturminne i skyte- og øvingsfelt og av nasjonale festningsverk, avfallshandtering, kartlegging av støy og redusert klimagassutslepp.

All militær aktivitet vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samtidig som ein unngår store, negative konsekvensar for miljøet. Tiltak er baserte på fagleg kunnskapsgrunnlag.

Rapport for 2017

Forureiningar ved Forsvarets brannøvingsfelt på flystasjonane er kartlagt. Det er påvist forureining etter tidlegare bruk av brannskum som inneheld perfluorerte sambindingar (PFOS og PFAS) på alle felt, men med forskjellig alvorsgrad. Det blir arbeidd med risikovurdering og tiltak på fleire stasjonar, og arbeidet vil gå føre seg i åra framover.

Radonnivå i bygg og anlegg er blitt kartlagt over fleire år. Kartlegginga har vist at 981 av totalt 2600 bygg og anlegg har hatt behov for vurderingar og radonreduserande tiltak. Det står att å friskmelde 233 bygg og anlegg.

Arbeidet med å fase ut fossil olje til oppvarming vart ført vidare i 2018. Forbruket av fyringsolje var i 2017 redusert med 82 pst. sidan 2006, og utgjorde mindre enn fire prosent av energiforbruket. Det blir i hovudsak planlagt for at all bruk av fossil fyringsolje skal fasast ut i 2020, men ved to basar blir arbeidet noko seinka på grunn av koordinering med omfattande infrastrukturtiltak.

Det har over mange år blitt utført undersøkingar av sjøbotnen og på land ved ubåtbunkeren på Laksevåg med sikte på miljøsanering av tungmetall og andre miljøgifter, i tillegg til eksplosivrydding. I 2017 vart det gjennomført oppryddingsprosjekt i fjorden i felles regi av Bergen kommune og forsvarssektoren for å sikre best mogleg effekt i området sett under eitt.

Plan for vidare arbeid

I Forsvarsdepartementets budsjett for 2019 er det foreslått å nytte 670 mill. kroner til arbeid knytt til naturmangfald, 36 mill. kroner til kulturminnearbeid, 755 mill. kroner til tiltak mot forureining og 210 mill. kroner til klimatiltak.

Tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt er noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt. Prosjektet starta i 2006 og blir ført vidare i 2019 med planlagt sluttføring i 2020 i tråd med Stortingets vedtak i 1999 om nedlegging av skytefeltet. I tillegg blir miljørydding ført vidare av andre utrangerte skyte- og øvingsfelt som skal tilbakeførast til sivile formål.

Det har over mange år blitt utført undersøkingar av sjøbotnen og på land i Horten indre hamn med sikte på ei omfattande miljøsanering. Dette er eit samarbeid med blant anna Horten kommune, og det er planlagt for at miljøsanering kan setjast i verk i 2019.

Gjennomføring av tiltak for å fase ut fossil olje til oppvarming blir ført vidare i 2019.

8.2.5 Helse- og omsorgsdepartementet

Miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet og fylkesmennene er rådgivarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Etter folkehelselova har kommunane ansvar for å sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet.

Statens strålevern tek vare på direktoratsoppgåver for Klima- og miljødepartementet innanfor området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. Strålevernet har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø, og internasjonale oppgåver.

Mattilsynet arbeider for miljøvennleg produksjon av trygge næringsmiddel og trygt drikkevatn. For å få størst mogleg samfunnsvis verdiskaping ut av avgrensa ressursar er det vesentleg å leggje vekt på kvalitet, plante- og dyrehelse og omsynet til miljøet.

Rapport for 2017

Helse- og omsorgsdepartementet forvaltar staten sitt eigarskap av dei regionale helseføretaka. Departementet har i sin styringsbodskap til dei regionale helseføretaka bede om at spesialisthelsetenesta gjer ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøutfordringane. Miljøarbeidet i spesialisthelsetenesta er koordinert gjennom eit samarbeidsutval mellom dei fire helseregionane. Alle dei regionale helseføretaka er representerte med eit medlem i samarbeidsutvalet. I tillegg har Sjukehusbygg HF og Sjukehusinnkjøp HF, og vernetenesta og tillitsvalde ein representant kvar. Dei fire regionane har òg kvar si miljøfaggruppe der alle helseføretak er representerte. Det blir no arbeidd i alle regionar med å implementere ny revidert ISO14001 standard, og alle helseføretak skal vere sertifiserte etter denne i løpet av 2018.

Plan for vidare arbeide

Det følgjer av klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011–2012), at fossil fyringsolje som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Det er lagt til grunn at dette skal forståast som at utfasinga skal gjennomførast innan utgangen av 2018. Helseføretaka har over tid arbeidd med planar for å fase ut oljefyr i sine bygg. Per 31. desember 2017 stod det att 13 bygg der oljefyring framleis blir nytta som grunnlast, og det er lagt planar for å fase ut nesten alle desse innan utgangen av 2018. Helseføretaka har fem anlegg der det ikkje er lagt konkrete planar om å fase ut oljefyr innan utgangen av 2018. Dei regionale helseføretaka opplyser at det blir arbeidd med planar for å fase ut eitt anlegg i 2019, mens dei fire siste anlegga er i bygg som vil bli utrangerte etter 2020.

8.2.6 Justis- og beredskapsdepartementet

Svalbard

Regjeringas mål om å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur ligg til grunn for miljøvernpolitikken på Svalbard. Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande føresegner tek vare på denne målsetjinga. Ein stor del av Sysselmannen på Svalbard si verksemd er knytt til miljøvernrelatert arbeid. I Sysselmannens organisasjon er det samla både politifagleg og miljøvernfagleg ekspertise. Dette legg til rette for ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet og for eit godt fagleg informasjonsarbeid.

Lokalt er svalbardmiljølova med føresegner viktige verktøy for å ta vare på miljømåla. Sysselmannen skal i si miljøforvalting ta omsyn til endringar i klima, aktivitet og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innafor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Samstundes skal det leggjast til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard. Sysselmannen skal vidare leggje betre til rette for reislivet innanfor forvaltingsområde 10, som mellom anna omfattar Isfjordområdet og nærområda rundt lokalsamfunna. Dette skal skje i dialog med aktørane på Svalbard. Samstundes skal arbeidet med forvaltingsplanar for verneområda på Svalbard førast vidare.

Eit aktivt førebyggjande arbeid vil kunne påverke haldningar og skape forståing for dei reguleringane som gjeld øygruppa. Aukande turisme og ferdsel på Svalbard viser at det er behov for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegnene om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Klimaendringane fører til stadig mindre utbreiing av sjøis, som er leveområde for arter som er avhengige av is, som isbjørn og sel. Dokumentasjon av utviklinga innan ferdsle og anna verksemd er viktig for å målrette tiltaka. Sysselmannen legg vekt på rask og effektiv etterforsking og oppklaring av moglege straffbare forhold. Svalbard og Longyearbyen vil på grunn av auka aktivitet få større betydning som base for beredskap mot forureining. Kystverket har ansvaret for oljevernberedskapen i området, med Sysselmannen som lokal ressurs. Lange avstandar og arktisk klima gjer det vanskeleg å handtere oljeutslepp i området. Førebyggjande tiltak for å unngå slike hendingar er derfor svært viktig. Det er forbod mot bruk av tungolje som drivstoff i dei store verneområda på Svalbard.

For å redusere risikoen for hendingar med miljøskade til følgje, er det ei statleg losteneste for all skipsfart i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Ut frå lokale forhold er det gjort enkelte tilpassingar i reglane.

Miljødirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav på kolkraftverket i Longyearbyen (ikkje for CO 2 ). Arbeidet med å etablere reinseanlegget vert fullført med venta heilårseffekt i 2016. Prosjektet er fullfinansiert over svalbardbudsjettet i perioden 2012–2014. Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket er som følgjer:

Tabell 8.1 Utviklinga i utslepp frå kolkraftverket i Longyearbyen

CO 2 (t/år)

SO 2 (t/år)

NO x (t/år)

Støv (t/år)

2016

69 768

0,24

73

7

2015

64 220

511

117

112

2014

63 698

536

165

116

2013

54 657

336

169

92

2012

50 014

405

155

85

Som tabellen over syner har utslepp av SO 2 og støv frå kraftverket gått dramatisk ned. Forbruk av kol har auka årleg sidan 2012 og medfører auka CO 2 -utslepp .

Miljødirektoratet har gitt pålegg om å utgreie reinsing av utsleppa til luft for kolkraftverket i Barentsburg.

Politi- og lensmannsetaten

Politiets viktigaste oppgåver innafor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Økokrim har ei særleg nasjonal rolle i kampen mot miljøkriminalitet, både gjennom etterforsking og iretteføring i særleg alvorlege prinsipielle saker, og som rettleiar og bistandsorgan for politidistrikta. Politidistrikta har ei sentral rolle i arbeidet med å kjempe mot miljøkriminalitet. Det er etablert samarbeidsrutinar og -avtaler med oppsyns og tilsynsmynde som skal utviklast vidare.

I samband med etablering av nye politidistrikt er det etablert ein eigen funksjon som skal ha eit overordna fagansvar for etterforsking av økonomiske straffesaker og miljøkriminalitet og eit sjølvstendig ansvar for etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Politidistriktet sin miljøkoordinator er organisatorisk plassert i funksjonen.

Kontroll- og tilsynsmynde har blitt styrkt dei siste åra, noko som fører til fleire administrative sanksjonar, mellom anna gebyr for mindre brot på miljølovgivinga. Dei alvorlegaste forholda skal som hovudregel etterforskast av politidistriktet, i nokre tilfelle av ØKOKRIM.

Politiet og kontrolletatane har samanfallande overordna målsetjingar for sitt arbeid. Etatane kan dele informasjon, bli samde om eit felles trusselbilde og samordne kontrollaktivitetane, slik at offentlege ressursar blir nytta best mogleg. Sentralt miljøforum og Fylkesmiljøforum, som begge vert leia av politiet, legg mellom anna til rette for dette. Det enkelte politidistrikt og særorgan er pålagt, som ein integrert del av dei ordinære planprosessane, å følgje opp retningsliner gitt for rådgiving overfor politidistrikta og særorgana innafor eigedom, bygg og anlegg. Mellom anna vert energieffektivitet i bygg vektlagt. Politidistrikta og særorgana kan gjere innkjøp frå rammeavtaler inngått av Politiets fellestenester på vegne av etaten. I den grad miljøomsyn ikkje er tekne omsyn til i inngåtte avtaler, vert dette teke inn ved inngåing av nye avtaler så langt dette er i samsvar med dei tekniske krava som er stilte til dei produkta som skal nyttast av politiet.

8.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Med utgangspunkt i plan- og bygningslova arbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet for berekraftig planlegging og byutvikling. Dette inneber blant anna å sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk, høg kvalitet i byrom og uteareal, og klima- og miljøvennleg transport. Grunnleggjande infrastruktur i form av gode kart- og geodata er viktig i arbeidet med å sikre god arealbruk, og for å møte utfordringane med auka flaumar og tilrettelegging for betre handtering av overvatn.

Bygningsregelverket skal syte for at bustadar og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege. Energieffektivisering i bustadar og andre bygg er viktig for å redusere det totale energibehovet.

Byggjesektoren står for ein stor del av energibruken, ressursbruken og avfallsmengda i Noreg. Det er store miljøgevinstar å hente i byggje- og eigedomsbransjen. Miljøtiltak i samband med statlege byggeprosjekter kan omhandle redusert energibruk, mindre bruk av fossil energi til oppvarming, redusert lokal forureining ved sanering, redusert bruk av miljøskadelege material, men òg lokalisering, gjenbruk og godt vedlikehald.

Målet med regjeringas regional- og distriktspolitikk er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Ein berekraftig region har ei balansert befolkningssamansetjing og forvaltar menneskelege ressursar og naturressursar for utvikling og verdiskaping no og i framtida. Måla for Kommunal- og moderniseringsdepartementets distrikts- og regionalpolitiske tilskot legg vekt på omstillingsevne i næringsliv, lokalsamfunn og regionar. Næringsliv og samfunnet elles skal kunne tilpasse seg endra føresetnader i økonomiske, sosiale, klima- og miljømessige rammevilkår.

Å utvikle og ta i bruk ny teknologi er ein føresetnad for å nå klimamåla, både nasjonalt og globalt. Det finst betydelege moglegheiter innan IKT for å medverke til mindre klimagassutslepp og betre miljø. Smart bruk av digital teknologi kan blant anna gjere mogleg ei betre ressursutnytting og meir effektiv energibruk

Jf. Meld. St. 27 (2015-2016) Digital agenda for Norge, s. 13

.

Rapport for 2017

Frå tilskotsordninga Bærekraftig byutvikling vart det i 2017 tildelt midlar til kommunar og fylkeskommunar som er påverka av arbeidet med byutviklingsavtaler og bymiljøavtaler. Det vart gitt tilskot til prosjekt som har medverka positivt til framtidsretta by- og regionutvikling.

Ulike låne- og tilskotsordningar i Husbanken medverkar til fleire bustadar og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift, blant anna på energi. Eit hovudmål med grunnlånet er å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjenge i ny og eksisterande bustadmasse.

I eigedomsforvaltinga har Statsbygg i 2017 vektlagt tiltak innanfor miljøvennleg energibruk og produksjon av fornybar energi. For å hente ut det fulle ENØK-potensialet i Statsbyggs eigedomsportefølje, blir det viktig i åra som kjem å ha eit tett samarbeid med leigetakarar om gjennomføring av miljø- og ENØK-prosjekt.

Det er gjort betydelege investeringar i klimatiltak, med hovudvekt på bygningstekniske utskiftingar og ENØK-tiltak. Det blir arbeidd målretta for å ta i bruk alternative og fornybare energikjelder i bygningane Statsbygg forvaltar, og i løpet av året er det etablert fleire solcelle- og solfangaranlegg på Statsbyggs eigedommar. I 2016 vart olje som grunnlast fasa ut i alle Statsbygg sine bygg, og det blir no arbeidd med å nå målet om å fase ut fossilt brensel som spisslast innan 2020. Årleg utsleppsreduksjon som følgje av tiltaket går fram av KLD sin budsjettproposisjon for 2017 (tabell 9.9). Bygningsmassens tilstandsgrad for eigedomsporteføljen sett under eitt er god og ligg framleis på T1 (Jf. NS 3424).

Statsbygg fekk i 2017 «Treprisen» for det nye administrasjons- og undervisningsbygget ved Campus Evenstad. Bygget er det første i landets realisert etter ZEBCOM-prinsippet (Zero Emission Building – Construction Operational Materials). Dette inneber at bygget sin eigenproduserte varme og elektrisitet kompenserer for klimagassutslepp i materialproduksjon, byggeprosess og bygget sin eigen energibruk. I sum vil bygget ha null klimagassutslepp i løpet av sitt livsløp.

Berekraft er omtalt i fylkeskommunanes overordna planar og strategiar, som til dømes regional plan, som styrer fylkeskommunenes verksemd. Fylkeskommunane og kommunane har gitt tilsegn for 91 mill. kroner til ulike typar miljøfremjande tiltak frå dei distrikts- og regionalpolitiske tilskota i 2017.

Innovasjon Noreg (IN) forvaltar bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta på oppdrag av fylkeskommunane. IN har laga ein rettleiar for heilskapleg vurdering av berekraft i finansieringssaker. Dersom eit prosjekt er vurdert å ha negativ miljø- eller samfunnseffekt, får ikkje prosjektet finansiering. Prosjekt som er kategoriserte med kjenneteiknet «miljøretta» skal i særleg grad medverke til å fremje miljø og berekraft. Delen miljøretta prosjekt var 50 pst. for oppdraga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2017.

Bioraffineringsprogrammet i IN skal stimulere til berekraftig omstilling gjennom auka investeringar i nye foredlingsprosessar for fornybare råstoff i viktige distriktsnæringar. Programmet er ei oppfølging av regjeringas bioøkonomistrategi og INs Bioøkonomiordning. IN rapporterer at det er stor etterspørsel etter verkemiddel innanfor Bioøkonomi, og at programmet har resultert i fleire prosjekt som utnyttar biologiske ressursar betre.

Noreg tek del i EUs grenseoverskridande samarbeid gjennom Interreg-programma. Alle Interreg-programma Noreg tek del i har smart, berekraftig og inkluderande vekst som overordna mål. Ca. 30 pst. av dei norske Interregmidlane blir nytta til innsatsområde knytte til lågkarbonøkonomi, risikohandtering ved klimaendringar, vern av miljø og berekraftig transport.

Plan for vidare arbeide

Klimatilpassing og reduserte klimagassutslepp må få større vekt i samfunnsplanlegginga. Regjeringa vil utvide gjeldande statlege planretningsliner for klima- og energiplanlegging til òg å omfatte klimatilpassing. Dei nye retningslinene blir fastsette i løpet av 2018.

Arbeidet med nasjonal detaljert høgdemodell held fram med mål om full dekning i 2022. Høgdemodellen styrkjer grunnlaget for klimatilpassing, ressurskartlegging og flaum- og skredvern i planarbeidet i kommunar og statlege etatar.

Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i 2017 og 2018 hatt eit nært samarbeid for å utvikle byvekstavtaler for dei ni største byområda. På arealsida skal avtalene sikre ei effektiv og føreseieleg oppfølging av regionale og interkommunale areal- og transportplanar og forpliktande samarbeid om utvikling av kollektivknutepunkter, samtidig som by- og bukvaliteten skal takast vare på.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil medverke til fleire miljøvennlege og energieffektive bustader og bygg. Det er varsla gjennom klimaforliket at energikrava i byggteknisk forskrift skal skjerpast til nesten nullenergi-nivå i 2020. Regjeringa arbeider med å definere nesten nullenergi-nivå.

Statsbygg følgjer ein strategi for verdibevarande og førebyggjande vedlikehald. Den tekniske tilstanden på eigedommane blir betra ved gjennomføring av vedlikehaldstiltak.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) skal medverke til ei heilskapleg og effektiv IKT- utvikling, slik at offentleg sektor kan samhandle elektronisk og levere brukarvennlege og sikre tenester med god kvalitet. Å gå frå papirbasert til digitalisert saksbehandling vil medføre redusert bruk av papir. Digital postkasse til innbyggjarane inneber at det offentlege skal kunne sende post digitalt til innbyggjarane i staden for papir. Samtidig får det offentlege reduserte kostnader knytte til utsending av brev.

Offentlege anskaffingar er eit sentralt verksemdsområde for Difi. Difi har eit særskilt ansvar for arbeid med miljø- og klimaomsyn og livssykluskostnader i offentlege anskaffingar. I dette ligg rådgiving og rettleiing, der Difi tilbyr fagsider og verktøy. I 2018 har Difi utarbeidd ein ny rettleiar om miljøkrav og miljødokumentasjon. Den nye rettleiaren viser korleis miljømerker, EPDar, miljøsertifiseringar og attestar kan nyttast for å oppfylle miljøkrav og -kriterium samtidig som offentlege verksemder sine behov blir dekte. Difi har òg laga ein nettbasert rettleiar for val av miljø- og samfunnskriterium i anskaffingsprosessen. Den nye Kriterierettleiaren skal gjere det lettare for innkjøparar å stille krav til miljø og samfunnsansvar i anskaffingar.

Vidare vil bruk av e-handel i offentleg sektor medverke til ein digitalisert marknadsplass der innkjøparar og leverandørar kan effektivisere anskaffingsprosessen gjennom mindre papirbruk og gjere det enklare å stille og følgje opp krav til miljø- og samfunnsansvar.

8.2.8 Kulturdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

God forvalting av kulturminne i form av bygningar og anlegg, i hovudsak enkeltbygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske og industrielle kulturminne, bergkunst og kulturlandskap, og kulturminne i form av kyrkjer og gravplassar utgjer Kulturdepartementets bidrag til regjeringas samla klima- og miljøpolitikk.

Opplysningsvesenets fond (OVF) eig og forvaltar ein stor eigedoms- og bygningsmasse og er ein vesentleg aktør innan småkraftutbygging. Fondet gjer berekraftige investeringar som tek omsyn til klima og miljø. Fleire av dei gamle prestegardane til OVF er verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Vernet av desse held fram sjølv om buplikta for prestar vart oppheva i 2015.

Kulturdepartementet føreset at mottakarar av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet ser til at føresegnene i plan- og bygningslova og aktuelle forskrifter, òg når det gjeld klima- og miljørelaterte saker, blir følgde.

Rapport for 2017

Det nasjonale museumsnettverket rapporterer om i alt ca. 5 000 kulturhistoriske bygningar i 2017. Museas bevarings- og formidlingsarbeid medverkar til å spreie kunnskap om, og oppleving av, desse miljøverdiane. Over Kulturdepartementets budsjett blir det no gitt driftstilskot til 63 konsoliderte museum i det nasjonale museumsnettverket.

Norsk kulturråd forvaltar òg tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over ordninga vart det i 2017 innanfor ei ramme på 9 mill. kroner gitt tilskot til 35 sikringstiltak ved museum.

Kyrkjebygningane er ein del av nasjonens kulturarv. Gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjer medverkar KUD til arbeidet med å vedlikehalde kyrkjer. Målet med ordninga er å stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene og deira utsmykking og inventar. Sidan ordninga vart etablert i 2005 er det gitt tilsegn om rentekompensasjon for ei investeringsramme på 4,4 mrd. kroner.

Då storparten av kyrkjene er eldre bygningar, er det høge kostnader knytte til oppvarming. Det er teke initiativ til å finne nye energisparande varmesystem som samstundes betrar bevaringsmiljøa for bygningane og interiøret.

8.2.9 Kunnskapsdepartementet

Målet for Kunnskapsdepartementets (KD) arbeid på klima- og miljøarbeidet er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som bidrar til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar. Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt i oppveksten og det er derfor viktig at natur og miljø òg er ein naturleg del av barnehagane og skulane si verksemd. Miljøforsking er støtta gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg finansierer òg universiteta og høgskulane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si.

Rapport for 2017

Ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tredde i kraft 1. august 2017. Den nye rammeplanen tydeleggjer at barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn, og at barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida. Natur, miljø og teknologi er framleis eitt av sju fagområde i rammeplanen.

I oppfølginga av Meld St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet skal Kunnskapsdepartementet fornye læreplanane ved å gjere dei meir relevante for framtida. Berekraftig utvikling skal bli eitt av tre tverrfaglege tema i fagfornyinga, og elevane skal lære om berekraftig utvikling med utgangspunkt i fleire fag. Skulane skal ta dei nye læreplanane i bruk hausten 2020.

I samarbeid med KLD har KD òg i 2017 ført vidare arbeidet med Den naturlege skulesekken. Prosjektet medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av naturfaga og fremjar undervisning om berekraftig utvikling.

I 2017 er KDs samla finansiering av forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet anslått til 590 mill. kroner. KDs samla finansiering av klima gjennom Forskingsrådet er 285 mill. kroner. Tala omfattar forsking finansiert gjennom alle Forskingsrådets verkemiddel, òg dei som ikkje er særskilt retta mot miljø og klima. I tillegg får Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret 25 mill. kroner årleg. Bidrag til EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg viktig, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 60 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til forsking som medverkar til berekraftig utvikling. Meteorologisk institutt har ei viktig oppgåve i å studere det norske klimaet, gi klimatologiske utgreiingar baserte på observerte og modellerte data for fortid, nåtid og framtid, og formidle resultata av dette arbeidet. Ansvaret for Meteorologisk institutt blei overført frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet med verknad frå 1. januar 2018.

Norsk klimaservicesenter (KSS) legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og i vidare forsking om effekten av klimaendringar på natur og samfunn. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Uni Research/Bjerknessenteret, og der Miljødirektoratet er representert i styringsgruppa.

Artsdatabanken skal gi offentleg forvalting, organisasjonar og andre brukarar oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. Artsdatabanken skal òg vere ein pådrivar i utviklinga av infrastruktur for innsamling og formidling av data om det biologiske mangfaldet i Noreg. Viktige produkt og tenester frå Artsdatabanken er Raudlistene for arter og naturtypar, Svartliste for framande arter og ulike tenester som koplar naturkunnskap med elektroniske kart. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvalting, undervisning og forsking, men dei har òg vorte svært populære blant allmenta, som opptrer som både brukarar og bidragsytarar. Artsdatabanken er frå 2018 overført til KLD.

Plan for vidare arbeid

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015–2024 gir dei politiske føringane for KDs satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta. Revidert langtidsplan skal leggast fram 8. oktober 2018, saman med regjeringas forslag til statsbudsjett for 2019. I den reviderte langtidsplanen er det òg ein eigen plan for universitets- og høgskulebygg. Eit prioritert området i denne planen er at universitets- og høgskulebygg skal vere kostnadseffektive og bidra til innovative og klima- og miljøvennlege løysingar. I planen varslar regjeringa at det skal arbeidast med å utvikle grøne indikatorar for å synliggjere og overvake klima- og miljøeffektar i campusutvikling. Prosjektet «Arven etter Nansen» er finansiert med 30 mill. kroner årleg (i prosjektets periode). Raske klima- og miljøendringar i nord aukar behovet for kunnskap om sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei sentrale norske forskingsinstitusjonane på feltet, og er venta å gi kartlegging og forsking av høg kvalitet.

I oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse – En fornying av Kunnskapsløftet skal berekraftig utvikling vere eitt av tre tverrfaglege tema som skal prioriterast i dei faga der det er relevant, når læreplanane i Kunnskapsløftet skal fornyast. Dei nye læreplanane vert tekne i bruk frå hausten 2020.

Stortinget godkjente startløyving til nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo i budsjettet for 2018. Livsvitskapsbygget skal sertifiserast som eitt berekraftig bygg i klassen BREEAM Excellent (Building Research Establishment Environment Assessment Method). Det er den nest høgste klassifiseringa for eit klimavennleg bygg.

8.2.10 Landbruks- og matdepartementet

Beskriving av miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte. Landbruket forvaltar store innmarks- og utmarksområde som medverkar til natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggematerialar og energi. Berekraftig landbruk er eit av fire hovudmål i landbruks- og matpolitikken. Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å halde ved lag jordbruket sitt kulturlandskap. Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnet sine behov. Regjeringa la i 2015 fram ein nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra.

Jordbrukslandskapet sitt mangfald og kombinasjon av natur- og kulturverdiar er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet er eit grunnlag for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av planter og dyr. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvalting kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvalting.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men verknaden i vassdraga er ikkje så stor som forventa. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt auka avrenning som skjuler verknaden av tiltaka.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er derfor alt jordbruk basert på opptak av CO 2 . Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er jamvel òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Det meste av metanutsleppa kjem frå dyra si fordøying, særleg frå drøvtyggarane. Resten av utsleppa kjem hovudsakeleg frå gjødsel og gjødsla mark. Skog- og arealsektoren er viktig i klimasamanheng, og står for eit årleg netto opptak av CO 2 på rundt 25 millionar tonn CO 2 . Regjeringa har satt i verk fleire tiltak for auka CO 2 -opptak i skog (frå 2016). Landbruks- og matdepartementet har òg fått utreia konsekvensar og tiltakskostnadar ved aktuelle tiltak for å redusere hogst av ungskog som klimatiltak. Her blir det vurdert kva som er det optimale tidspunktet for avverking av skog ut frå omsyn til klima, omsyn til langsiktig virkesproduksjon og ut frå verdien på tømmeret. Rapporten er til vurdering i Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har hatt forslag om endring av jordlova og forskrift om nydyrking på høyring for å forby nydyrking av myr og vil fremme ein lovproposisjon for Stortinget i 2018. Endringane i nydyrkingsforskrifta kan tre i kraft tidlegast med at lovendringa trer i kraft.

Rapport for 2017

Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar. Dei landsdekkande ordningane, med mellom anna areal- og kulturlandskapstilskot, beitetilskot, miljøkrav, er generelle verkemiddel for å oppretthalde arealbruk og grunnleggjande kvaliteter, og tilskot til økologisk drift. Dei regionale og lokale midla går til meir målretta innsats og verkemiddel der det trengs for å oppnå miljømål. Om lag 20 000 føretak fekk utbetalt midlar innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for gjennomførte tiltak i vekstsesongen 2017 for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre gjengroing, eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Totalt vart det løyvd 435,7 mill. kroner under RMP i 2017, med utbetaling i februar 2018.

Av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) vart om lag 55 pst. løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv i 2017, mens 41 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket. 32 område som er eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap som inneheld særskilde verdiar knytte til naturmangfald og kulturmiljø er peikte ut. Liknande samfinansiering er det for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, der verdiane i områda mellom anna er knytte til jordbrukets kulturlandskap og er avhengige av aktiv jordbruksdrift og skjøtsel.

Jordbruket sitt utslepp av klimagassar var i 2017

Førbelse tal for 2017.

på 4,5 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar og utgjorde om lag 8,7 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppet frå jordbruket har blitt redusert med i underkant av 5 pst. frå 1990 til 2017. Samstundes har det vore ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett i perioden 1990–2016. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe grunna auka effektivitet i mjølkeproduksjonen er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket. Dei siste åra har utsleppa auka noko kvart år.

Stortinget behandla regjeringa sin jordvernstrategi den 08.12.2015, og vedtok innstillinga til næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak 140 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar, og bad regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2017 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 4 025 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Dette er ein nedgang på heile 36 pst. frå 2016, då 6337 dekar dyrka jord vart rapportert omdisponert. Talet på dekar godkjent nydyrka mark gjekk opp med 5 pst. frå 21 612 dekar i 2016 til 22 702 dekar i 2017, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med tala på 2000-talet. I alt blei 958 søknader behandla i 2017. Sidan 2008 (10 år) er godkjent nydyrka mark 18 716 dekar per år i gjennomsnitt.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er naudsynt for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, arter og rasar. Svalbard globale frøkvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Ved utgangen av 2017 romma frøkvelvet sikkerheitskopiar av 890 886 frøprøvar frå 73 institusjonar verda over. Dette talet omfattar òg tilbakesending av oppformerte frø til frøkvelvet frå The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA), i Aleppo, Syria òg deira andre uttak av frø frå frøkvelvet august 2017. I tillegg blei det deponert 64 403 nye frøprøver i frøkvelvet frå 14 genbankar. Av desse var det frø av 230 truga orkidéarter i Myanmar.

Det blir òg løyvd særleg tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar. Tal frå 2017 viser at det er ein liten men jamn auke i talet avlsdyr av dei bevaringsverdige storferasane. Vestlands raudkolle og dalafe har jamvel framleis status som kritisk truga.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2017 støtte til vidare arbeid med Miljøregistreringer i Skog (MiS), som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2017. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er typesystemet Natur i Noreg (NiN) hos Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å beskrive variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit felles omgrepsapparat til nytte ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 med å innpasse NiN i opplegget for Miljøregistreringar i skog (MiS) og lanserte i 2017 ei rettleiing for MiS-kartlegging med bruk av NiN, og som skal brukast i alle nye prosjekt.

Areal i økologisk drift utgjorde i 2017 om lag 4,4 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel aukar framleis. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med om lag 8 pst. frå 2016 til 2017. Totalt vart det omsett økologisk mat for om lag 2,63 mrd. kroner i 2017, tilsvarande 1,9 pst. av totalmarknaden.

I 2016 starta regjeringa ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak, og ei ordning for tettare planting etter hogst på eksisterande skogareal. I 2016 blei det gitt tilskot til tettare planting på nesten halvparten av det totale tilplanta arealet. I 2017 er delen auka til nesten 60 pst.. Det blei gjødsla om lag 87 000 da med tilskot i 2017 som er ein auke på 6 pst. i høve til 2016. Aktiviteten under begge desse to ordningane er høgare enn venta, det andre året dei er i drift. Det blei òg gitt ei ekstra løyving til Stiftelsen Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga som eit klimatiltak i skogbruket.

Plan for vidare arbeid

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. Jordbruksoppgjeret 2018 vedtok å styrke midlane til regionalt miljøprogram. Satsinga går mellom anna til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel for å redusere ammoniakk- og klimagassutslepp. Den går òg til auka innsats mot avrenning for å nå mål etter vassforskrifta. Vidare blei det øyremerkt midlar til bratt areal og setring for å oppretthalde drift på slike område.

Midlar til langsiktig utvikling og investeringar i miljøtiltak vart styrkt i jordbruksoppgjeret 2018. Det er presisert at IBU-ordninga kan støtte bygging av gjødsellager med ekstra kapasitet og/eller tett overdekking. Større ressursar til SMIL-ordninga skal mellom anna gå til å styrkje hydrotekniske tiltak for å førebyggje erosjon, og til å utstyre eksisterande gjødsellager med tak/dekke. Biogassatsinga med leveringstilskot for husdyrgjødsel og investeringstilskot over verdiskapingsprogrammet skal syte for at metan frå husdyrgjødsel blir ein ressurs og ikkje eit utslepp.

Klimaarbeidet i jordbruket omfattar å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket som skal gje råd om korleis ein kan forbetre metodikken for jordbruket i utsleppsrekneskapen, er nå sett i drift. Utvalet vil avslutte sitt arbeid innan 01.07.2019.

Teknologi er ei sentral drivar for utvikling av berekraftige løysingar innan jordbruksproduksjonen. Nye teknologiske løysingar kan bidra til auka effektivitet og lønnsemd, og ei meir miljø- og klimavennleg drift. Med dette som utgangspunkt vart partane i jordbruksoppgjeret 2018 samde om ein meir heilskapleg og samordna utviklingspakke for miljø- og klimavennleg teknologi i jordbruket. Det skjer gjennom sterkare vektlegging og innsats innanfor eksisterande ordningar. Dei aktuelle ordningane femnar om tiltak frå FoU, via pilotering og investering, til rådgjeving og praktisk gjennomføring på det enkelte gardsbruk. I arbeidet skal det særskilt leggjast vekt på teknologiutvikling som bidreg til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket, auka effektivitet gjennom automatisering og digitalisering, og løysingar som bidreg til effektiv og god ressursutnytting. Aktuelle tema er t.d. teknologiutvikling i grøntsektoren, bruk av husdyrgjødsel, redusert matsvinn, energiforsyning og val av byggemateriale. Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket endrar frå 2019 namn til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket for å synleggjere denne satsinga. Målområdet blir utvida til å omfatte prosjekt for utvikling og utprøving av ny produksjonsteknologi på gardsnivå som kan redusere klimagassutsleppa og auke konkurransekrafta for næringa. Ramma for programmet blir auka med 10 mill. kroner for 2019 til 77 mill. kroner.

Det er òg øyremerkte midlar under Jordbruksavtala til forsking og utgreiing til klimaformål. Gjennom eit samarbeid mellom programmet Bionær i Forskingsrådet og Innovasjon Noreg blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen basert på husdyrgjødsel. Arbeidet blir koordinert med satsinga på biogass under verdiskapingsprogrammet.

Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv, og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO (Food and Agriculture Organization) og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk.

Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å avgrense matsvinnet. LMD fører vidare arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn, blant anna gjennom bransjeavtala om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen. I jordbruksoppgjeret 2018, blei det bestemt å setje ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis det kan arbeidast vidare med å utvikle statistikk for matsvinn i jordbrukssektoren.

LMD vil styrkje verdsarvsatsinga Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med 2 mill. kroner over Jordbruksavtala. Ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket blir utvida med ni nye område i 2018, og samtidig ytterlegare fem område fram til og med 2020, og blir samtidig styrkt med 3 mill. over Jordbruksavtala.

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk blei lagt fram for Stortinget i samanheng med jordbruksoppgjeret Prop. St. 94 S (2017–2018). Økologisk produksjon møter ekstra krav til miljø og dyrevelferd i produksjonen. Regjeringas mål er å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden.

Regjeringa vil føre vidare ordningane med tilskot til tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling i 2019, men med ei løyving på noko lågare nivå enn for 2018. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak, og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Klimatiltaka i skog vil medverke til å styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa, i eit langsiktig perspektiv.

8.2.11 Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsverksemd kan ha miljøkonsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemd innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der òg omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) arbeider for at norsk næringsliv kan utnytte moglegheitene som ligg i auka vektlegging av klima- og miljømål i politikkutforming og marknader. Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og tenester er ein viktig del av dette arbeidet. Utfordringa med å utvikle og ta i bruk meir miljøvennleg teknologi er hovudsakeleg ei oppgåve for næringslivet. Myndigheitenes oppgåve er først og fremst å utforme riktige rammevilkår. Regjeringa la våren 2017 fram Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende , med ei rekkje tiltak for å fremje grøn industriutvikling.

Hovuddelen av klima- og miljøinnsatsen innanfor NFD sitt ansvarsområde går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av klima- og miljøteknologi, opprydding etter gruvedrift og industri, tiltak for berekraftig forvalting av fiskeressursar og berekraftig havbruk, tiltak for sunn og trygg sjømat og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.

Rapport for 2017

I 2017 gjekk 49 pst. av Innovasjon Noreg sine tilsegner om lån og tilskot, om lag 3,4 mrd. kroner, til miljøretta prosjekt. Tilsvarande tal for 2016 var 2,9 mrd. kroner. Døme på miljøretta prosjekt er kommersialisering av miljøteknologi, betring av miljøkvaliteten på produkt eller at prosjektet fører til at verksemda blir miljøsertifisert.

Miljøretta forsking er utbreidd i satsingar som har andre hovudformål og inngår i mange av programma som blir finansierte under NFD sitt budsjett. Innanfor marin og maritim sektor er det forsking både på miljøkonsekvensar av påverknad i marine økosystem og korleis verksemder innanfor desse sektorane kan drivast meir miljøvennleg. Det er òg omfattande forsking på konsekvensen av klimaendringar for marine økosystem og ressursar.

Direktoratet for mineralforvalting arbeider med tiltak for å avgrense forureininga etter tidlegare gruvedrift på Løkken, i Folldal og i Sulitjelma. NFD finansierer òg miljøtiltak i Raufoss Industripark.

Ordninga med utviklingsløyve vart etablert som ei midlertidig ordning i november 2015 og avslutta i november 2017. Formålet er å leggje til rette for utvikling av teknologi som kan medverke til å løyse ein eller fleir av miljø- og arealutfordringane havbruksnæringa står overfor. Ordninga har hatt stor merksemd i næringa, og det kom inn i alt 104 søknader.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere auka CO 2 -avgift for fiskeflåten og andre tiltak som kan redusere utsleppa i næringa.

Saman med dei andre EFTA-landa har Noreg utarbeidd reglar om handel og berekraftig utvikling som blir lagt fram i alle frihandelsavtaleforhandlingar. Kapitlet om berekraftig utvikling inneheld reglar om miljø- og arbeidstakarrettar.

Plan for vidare arbeid

NFD vil medverke til å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og meir miljøvennlege varer og tenester, mellom anna gjennom miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg.

Regjeringa oppretta i 2018 eit nytt investeringsselskap «Fornybar AS» som framover vil operere under navnet «Nysnø Klimainvesteringer AS». Selskapet skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar. I statsbudsjettet for 2019 er det foreslått å løyve 400 mill. kroner i investeringskapital til selskapet. For nærare omtale sjå Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon.

Innan Noregs forskingsråds program vil det bli gitt støtte til prosjekt som er venta å ha positiv effekt for klima og miljø. Forskinga på konsekvensar av klimaendringar for marine økosystem og ressursar vil bli ført vidare. Den systematiske overvakinga av hav- og kystområde for å kartleggje eventuelle uønskte stoff blir ført vidare. Det er òg lagt vekt på å styrkje kunnskapsgrunnlaget om forureining med plast og mikroplast i havet.

Regjeringa har etablert Prosess21, eit strategisk samhandlingsforum der industrien, akademia og partane i arbeidslivet er representerte. Forumet skal vurdere korleis prosessindustrien best kan bidra i overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Det skal gjennomførast eit krilltokt til Antarktis vinteren 2018–2019. Hovudformålet med toktet vil vere å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av krill i Antarktis gjennom innhenting av kunnskap om krill og økosystemet krillen lever i.

Miljø er eit av dei prioriterte områda i regjeringas maritime strategi. I mai 2017 vart det signert ei ny avtale med næringsorganisasjonane som grunnlag for vidare fritak for NO x -avgift. Avtala vil gjelde for perioden 2018–2025. Sjøfartsdirektoratet skal styrkje kompetansen og bidra til utvikling av nye klimavennlege løysingar for skipsfarten.

Direktoratet for mineralforvalting skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar òg å syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar og redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak. Det er enno ikkje bestemt når nokre av dei norske nukleære anlegga skal avviklast. NFD følgjer opp kvalitetssikringsrapportane knytte til avvikling av dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller. I februar 2018 vart forvaltingsorganet Norsk nukleær dekommisjonering etablert. Etaten skal vere nasjonalt organ for opprydding etter den nukleære verksemda og gjennomføre sikker handtering av nukleært avfall.

Det nye produksjonsreguleringsregimet i havbruksnæringa er no sett i verk. Trafikklyssystemet skal sikre at den ønskte auken i havbruksproduksjonen skjer innanfor miljømessig akseptable rammer. Det vil bli prioritert å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for estimat av fiskebestandar, og det må sikrast ein tilstrekkeleg kontroll med bestandsuttaket. Det er viktig å utvikle og ta i bruk fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og bifangst og gjer mindre skade på botnhabitat. Innsatsen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) er særleg viktig for å sikre ei berekraftig hausting av fiskeressursane. Regjeringa har i 2018 sett ned eit offentlig utval som skal gi råd om fiskerikontollen i Noreg i framtida.

8.2.12 Olje- og energidepartementet

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er, og har alltid vore, ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Olje- og energidepartementet (OED) vil i 2019 følgje opp innsatsområda i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke regjeringa sin klima- og miljøpolitikk gjennom satsing på forsking og teknologiutvikling, uttesting og energiomlegging på petroleums- og energiområdet.

Rapport for 2017

Departementet medverka i 2017 til effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad, og ei betring av samfunnet si evne til å handtere risiko for flaum og skred. Førebygging av flaum- og skredskader er gode klimatilpassingstiltak. Arbeidet skjedde i eit nært samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat, og statsføretaka Enova og Statnett.

Olje- og energidepartementet har i 2017 følgt opp regjeringa sin strategi for arbeidet med CO 2 -handtering slik den er presentert i departementet sin Prop. 1 S (2016–2017). Dette inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO 2 , samt internasjonalt arbeid for å fremje CO 2 -handtering. Departementet har ivareteke eigaroppfølginga av Gassnova SF, under dette føretaket si forvalting av staten sine eigarinteresser i teknologisenteret for CO 2 -fangst på Mongstad (TCM). Departementet har òg hatt tett dialog med føretaket om oppfølginga av arbeidet med å studere aktuelle prosjekt for fullskala CO 2 -handtering i Noreg.

Olje- og energidepartementet har i 2017 jobba vidare med modninga av fullskala CO 2 -handtering i Noreg. Det vart bestemt å føre arbeidet vidare etter gjennomførte moglegheitsstudiar, og departementet gav Gassnova ansvaret for å lyse ut og syte for at det vart gjennomført konseptstudiar og forprosjektering for ei heil CO 2 -handteringskjede med CO 2 -fangst, -transport og -lagring. Olje- og energidepartementet har arbeidd med dei overordna rammene for investering og drift av eit norsk demonstrasjonsprosjekt og har gjennomført forhandlingar med industriaktørane.

Gassnova har i 2017 arbeidd vidare med å rekruttere nye industrielle eigarar til TCM og nye brukarar til anlegget. I 2017 vart TCM omorganisert med ny eigarstruktur og nye eigarar. Det nye avtaleverket regulerer òg tydelegare ei mogleg deltaking av nye industrielle partnarar.

Dei fleste av forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) frå første FME-runde (2009) vart avslutta i 2017. Sluttrapportar og avslutningsarrangementa har medverka til å synleggjere resultata frå sentra. Dei åtte FME-ane frå 2009 har arbeidd med å konkretisere innovasjonar og leggje til rette for at desse skal komme til nytte. Dei åtte nye forskingssentra for miljøvennleg energi hadde sitt første heile verkeår i 2017. Sentra arbeider med høvesvis CO 2 -fangst og -lagring, miljøvennleg transport, vasskraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. FME-ordninga er ein av dei viktigaste berebjelkane for Noreg si satsing på forsking, utvikling og innovasjon for berekraftige energisystem i framtida. Senterordninga ligg under Noregs forskingsråd og inneber støtte til forskingssenter sett saman av forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvalting. FME-ane kan vare i inntil åtte år, men blir vurderte etter fem år. I 2017 har Forskingsrådet arbeidd med kunnskapsgrunnlaget for ei ny utlysing av samfunnsvitskaplege FME-ar. Utlysinga vart publisert i januar 2018. Tildeling til nye senter vil skje våren 2019.

Det var stor aktivitet i ENERGIX i 2017. Det store tilfanget av søknadar frå bedrifter til programmet viser at næringslivet er villig til å investere meir enn nokon gong i forsking for å utvikle nye løysingar for lågutsleppssamfunnet. Andre runde av PILOT-E blei òg gjennomført i 2017. Ni prosjekt nådde opp i konkurransen. Desse skal utvikle digitale løysingar for handtering av lokal el-produksjon, brukarfleksibilitet og energistyring i industrien, samt el- eller hydrogenbaserte løysningar for tunge lastebilar, betongbilar og gravemaskinar. Prosjekta starta tidleg i 2018.

Det har òg vore stor interesse for å søke midlar frå CLIMIT i 2017. Regjeringa sine ambisjonar for fullskala CO 2 -handtering har vore ei viktig årsak til dette. Den fornya interessa frå industriaktørar har vore spesielt merkbar i CLIMIT-FoU, der det har komme langt fleire søknadar om prosjekt for kompetanse for næringslivet og innovasjon enn tidligare.

Hausten 2017 starta FME, ENERGIX og CLIMIT planlegging av ein analyse som skal dokumentere samfunnseffektar av Forskingsrådet si målretta satsing på miljøvennleg energi i perioden 2008 til 2017. Rapporten er venta i oktober 2018.

Plan for vidare arbeid

Enova er eit sentralt verktøy i regjeringa sin politikk for å redusere norske utslepp av klimagassar og utvikle framtidas energisystem. Frå 1. mai 2018 er eigaroppfølginga av Enova SF overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet (KLD). KLD følgjer opp den fireårige avtala om forvaltinga av Klima- og energifondet som gjeld til utgangen av 2020.

Departementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvalting av vassressursane. Det fører med seg både å handtere miljøomsyn ved ny utbygging og å leggje til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag. Departementet vil prioritere arbeidet med revisjon av konsesjonsvilkår i 2019.

Departementet vil følgje opp NVE sitt arbeid med å betre samfunnet si evne til å handtere risiko for flom og skred

Regjeringa satsar breitt for å bidra til ein kostnadseffektiv teknologi for fangst, transport og lagring av CO 2 og har ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO 2 -handtering i Noreg, gitt at dette gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Arbeidet for å fremje CO 2 -handtering som eit klimaverkemiddel internasjonalt vil halde fram i 2019. Arbeidet med fullkjedeprosjektet fortset i 2019. I Prop 85. s (2017–2018) blei prosjektering av ei transport- og lagerløysing for CO 2 foreslått vidareført.

Norcem og Fortum Oslo Varme har fått tilskot til å gjennomføre forprosjektering av sine fangstprosjekt. Equinor har fått tilskot til å gjennomføre forprosjektering av transport og lager. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Shell og Total. Når forprosjektering er fullført og ekstern kvalitetssikring er gjennomført, vil regjeringa vurdere om eit demonstrasjonsprosjekt bør realiserast. Regjeringa si vurdering vil bli lagt fram for Stortinget. Ei investeringsbeslutning kan etter den noverande framdriftsplanen bli fatta i 2020/2021.

Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvennleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO 2 -handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til næringsutvikling og til å byggje opp samfunnsfagleg kunnskap, til dømes om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov, etc.).

Regjeringa si satsing på miljøvennleg energiforsking vil byggje vidare på FME-ordninga, ENERGIX og CLIMIT. Den reviderte FoU-strategien Energi21 blei lagt fram i juni 2018. Den gir styresmaktene og industrien råd på innretninga av satsinga. Den nye strategien anbefaler å prioritere satsinga på seks områder:

  • Digitaliserte og integrerte energisystem

  • Klimavennlege energiteknologiar til maritim transport

  • Solkraft for ein internasjonalt marknad

  • Vasskraft som ryggrada i norsk energiforsyning

  • Havvind for ein internasjonalt marknad

  • Klimavennleg og energieffektiv industri inklusive CO 2 -handtering

For petroleumsforskinga vil prioriteten vere å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane. Satsinga medverkar til å byggje opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvennlege teknologiar og løysingar. Redusert miljøpåverknad og lågare klimagassutslepp er viktige mål for forskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000.

Eit nytt forskingssenter for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda på norsk sokkel er planlagt. Målet med senteret er å utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi, som gjer det mogleg at framtidig utbygging og drift av petroleumsførekomstar kan skje med lågast mogleg utslepp av klimagassar. Senteret skal òg utvikle teknologi som kan bidra til ein betydeleg reduksjon av utslepp frå eksisterande installasjonar. Senteret er kunngjort og vil bli tildelt i slutten av 2018 eventuelt tidleg i 2019.

8.2.13 Samferdselsdepartementet

Eitt av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2018–2029 er at transportpolitikken skal medverke til å redusere klimagassutsleppa i tråd med omstillinga mot eit lågutsleppsamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar. Samferdsledepartementet legg stor vekt på eit taktskifte for å ta i bruk meir miljøvennleg transportmiddelteknologi og alternative drivstoff. Samferdselsdepartementet skal bidra til at det blir lagt til rette for arealbruk som reduserer transportbehovet, og utforme verkemiddel som merverkar til meir klima- og miljøvennlege løysingar for personar og gods. Regjeringa vil vidare medverke til å redusere klimagassutsleppa frå godstransport ved å stimulere til å ta i bruk meir miljøvennleg transportmiddelteknologi, alternative drivstoff og effektivisere transport og logistikk.

Regjeringa foreslår om lag 3,71 mrd. kroner til byvekstavtalene og belønningsordninga i 2019. Dette er ein auke på om lag 45 pst. frå 2018. Av dette blir det foreslått 1532 mill. kroner i tilskot til store kollektivtransportprosjekt i dei fire største byområdene, ei dobling frå 2018. Vidare foreslår regjeringa 659,7 mill. kroner til kollektivtransport, sykkel- og gongetiltak langs riksvegar og 1523 mill. kroner til påskjøningsmidlar. Regjeringa foreslår 78,5 mill. kroner til tilskotsordninga for gong- og sykkelveg på fylkeskommunalt- og kommunalt vegnett. Til jernbaneformål er det foreslått om lag 27 mrd. kroner, ein auke på 12 pst. frå saldert budsjett 2018. For kjøp av persontransport med tog er forslaget å auke løyvinga med 261 mill. kroner. Av dette går 160 mill. kroner til å fase inn 11 nye tog på Vossebanen og i Austlandsområdet. For tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner er det gjort framlegg om 50 mill. kroner. Nivået på løyvinga til kjøp av riksvegferjetenester sikrar at staten kan stille krav til låg- og nullutsleppsløysingar ved utlysing av nye kontraktar for drift av riksvegferjesamband der teknologien tilseier det.

Rapport for 2017

Auka transportarbeid gjer at klimagassutsleppa frå 1990 til 2017 Førebelse tal for 2017. har auka med 20 pst. for transport.

I 2017 var klimagassutsleppa frå vegtrafikken 8,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar (siste tilgjengelege tal), dvs. 16,7 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa. Utsleppa vart reduserte med 9,6 pst., mens trafikkveksten auka med 0,9 pst. (SSB, juni 2018) samanlikna med 2016. Reduksjonen i 2017 skuldast at omsetjing av biodrivstoff auka med 56 pst. frå 2016 til 2017, redusert trafikkvekst, meir lågutsleppskøyretøy og at nye konvensjonelle køyretøy brukar mindre drivstoff. Noreg sitt mål om at utslepp frå nye personbilar ikkje skal overstige eit gjennomsnitt på 85 g CO 2 /km i 2020 er overoppfylt ved at det er redusert frå 177 til 82 g/km frå 2006 til 2017 og til 75 g/km første halvår 2018.

Klimagassutsleppa frå innanriks sjøfart og fiske i Noreg var ifølgje Statistisk Sentralbyrå i 2017 2,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, dvs. 4,8 pst., av samla innanriks utslepp. Utsleppa i 2017 er på omlag same nivå som i 1990, etter å ha vore til dels betydeleg høgare i dei mellomliggande åra. I norske farvatn var det om lag 90 fartøy med låg- eller nullutsleppsdrivstoff i 2017, som utgjorde 1-2 pst. av fartøya i innanrikstrafikk. Stadig fleire hamner innfører miljørabattar på anløpsavgifta eller kaivederlaga. Effektivisering av navigering, transport og logistikk medverker til lågare drivstofforbruk og til å styrkje skipsfarten. Samferdselsdepartementet innførde i 2017 ei tilskotsordning for overføring av gods frå veg til sjø.

Utsleppa frå motorreiskap (traktorar, anleggsmaskinar og andre framkomstmiddel, og utstyr med forbrenningsmotorar som til dømes fritidsbåtar, innenriks luftfart og jernbane) var på 4,1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, svarande til om lag 8 pst. av totalutsleppa i 2017. Klimagassutslepp frå flygingar innan EØS-området er i hovudsak inkludert i det europeiske kvotesystemet. Frå januar 2016 kunne alle flyselskap som tanka på Oslo lufthavn kjøpe jet biodrivstoff, og frå 2017 vart det utvida til òg å omfatte Bergen lufthamn Flesland. Satellittbasert navigasjon reduserer bruk av drivstoff, kostnader og klimautslepp. I 2017 blei prøveprosjektet for dette fullført og prosedyrane godkjente av Luftfartstilsynet slik at alle kan søkje om godkjenning.

Klimagassutsleppa frå jernbane i Noreg utgjer berre 0,05 mill tonn (SSB 2016-tal). Meir enn 80 pst. av togtrafikken i Noreg skjer med elektriske tog. Bane NOR har gjennomført handlingsplan for å effektivisere energibruk i åra 2014 til 2017. Lokale initiativ er gjennomført i tillegg.

Samferdselsektoren påverkar naturmangfald og vasskvalitet gjennom å vere utbyggjar og forvaltar av infrastruktur med tilhøyrande aktivitetar. Dei seinare åra har det vore ein aukande tendens i samla saltbruk i vegsektoren, og det har vore sett i verk fleire tiltak for å redusere bruken av salt. Tal for saltbruk i 2017/2018-sesongen indikerer ein auke på om lag 41 pst. sammanlikna med 2016/2017-sesongen. Auken er i hovudsak forklart med utfordrande vêrforhold. Statens vegvesen undersøkjer forureina grunn langs eit utval vegar for å dokumentere forureiningsgraden langs veg. Undersøkingane av vegnære innsjøar viser at det er ein gjennomgåande svak auke i kloridkonsentrasjonen i innsjøar der ein har måledata frå fleire år. I fleire av innsjøane er det påvist kraftig auke i kloridkonsentrasjonen.

Inngrep i natur er framleis den største påverknaden på naturmangfald. Ein metodikk for å avgjere kor og når det er aktuelt med før- og etterundersøkingar for naturmangfald vart ferdigstilt av Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet i 2017. I 2017 gjorde Statens vegvesen ferdig ein testversjon av eit nytt planleggingsverktøy for landskapsøkologiske metodar.

Dei største konfliktane mellom naturmangfald og jernbane er knytt til bruk av sprøytemiddel langs sporet. Dagens praksis for sprøyting gjer at mange av dei opphavlege konfliktane er løyst. Arbeid med nedkjemping av framande, skadelege arter har i 2017 blitt utført på banestrekningar over heile landet.

Forureiningsforskrifta sin grenseverdi for svevestøv vart ikkje overskriden i nokon by med målestasjon under 2017. Det var overskridingar av grenseverdiane for NO 2 (årsmiddeltal) i 2017 i Oslo. Årsmiddeltalet i Oslo låg på 41 μg/m3, mens grensa er på 40 μg/m 3 . Den viktigaste kjelda til lokal NO 2- forureining er vegtrafikk. Stortinget vedtok endringar i veglova § 27 som opnar for eit meir fleksibelt takstsystem i byane, slik at bompengar kan bli differensierte etter tid på døgnet og kjøretøya sine miljøeigenskapar. Endringane trådde i kraft 1. oktober 2017 og nytt takstsystem vart innført i Oslopakke 3 same dag. Det vart vedteke beredskapstakstar i Oslo i desember 2017, dette vart vedteke for Bergen året før. Forbod mot bruk av dieselkøyretøy vart sett i verk under 1 dag i Oslo i 2017, då vêrforhold skapte risiko for høg luftforureining.

Plan for vidare arbeid

Samferdselsdepartementet sine etatar og verksemder skal utvikle vidare tverretatlege verkemiddel på klima- og miljøområdet, t.d. indikatorar, metodikk for før- og etterundersøkingar, og bruk av avbøtande tiltak ved bygging av ny infrastruktur og utvikling av felles gjennomføringsmetode for drift og innkjøp. Kostnadseffektivitet er sentralt i arbeidet med å utvikle verkemiddel.

Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i Noreg og har den største delen av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor. I Meld St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid sette regjeringa eit mål om at klimagassutsleppa frå transportsektoren skal reduserast med 35–40 pst. frå 2005. Målet støttar opp under arbeidet med utsleppsreduksjonar i transportsektoren som m.a. omtalt i Nasjonal transportplan 2018–2029. I Jeløya-plattforma varsla regjeringa ein ambisjon om å halvere utsleppa i transportsektoren. Dette er basert på forbetringar av teknologisk modning i ulike delar av transportsektoren.

Som oppfølging av mellom anna NTP og vedtak frå Stortinget arbeider Samferdselsdepartementet med fleire handlingsplanar omkring auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi og biodrivstoff.

For å redusere klimagassutsleppa frå personbilar rettar regjeringa innsatsen både med å tilpasse verkemiddel som fremjar sal av energieffektive konvensjonelle bilar og mot auka sal av bilar med låg- og nullutsleppsteknologi. I NTP la regjeringa fram sine måltal for låg- og nullutsleppskøyretøy. Det er føresett at dei ulike kjøretøysegmenta vil ha ei teknologisk modning slik at nullutsleppskøyretøy blir meir konkurransedyktige samanlikna med konvensjonelle løysingar. Ein syner til Samferdsledepartementet sin Prop. 1 S (2018-2019) for rapportering av desse måltala.

Samferdselsdepartementet og transportetatane held fram med å aukefokus på å nytte innkjøpssregelverket for å auke tilbodet av meir miljø- og klimavennlege transport. Etatane og Avinor arbeider med å redusere utsleppa frå bygging, drift og vedlikehald. Til dømes vurderer Jernbanedirektoratet tilbydarar bl.a. etter miljø i konkurranseutsetjinga av persontrafikkavtaler. Kystverket medverkar til reduserte klimagassutslepp ved mellom anna miljøkrav i innkjøp til eiga verksemd, blant anna betre tilgang til landstraum for slepebåtberedskapen. Statens vegvesen har etablert eit utviklingsprosjekt for ei delvis hydrogendriven ferje med planlagt driftsstart i 2021.

Samferdselsdepartementet vil følgje med på arbeidet i EU med mogelege endringar i EU sitt kvotehandelssystem som følgje av den globale marknadsmekanismen under ICAO Satellittbasert navigasjon er eit av dei viktigaste klimaverkemidla Avinor nyttar. Framover vil Avinor fokusere på tiltak for å sikre at utflyging blir like nøyaktig og føreseieleg som innflyging. Samferdselsdepartementet har gitt Avinor i oppdrag å samarbeide tett med Luftfartstilsynet om å utvikle eit program for å leggje til rette for introduksjon av elektriske fly i kommersiell luftfart.

Bymiljøavtalene og byvekstavtalene vil vere av dei viktigaste verktøya for at fleire reiser kollektivt, syklar og går i dei største byområda, og for å sikre ein målretta arealbruk som reduserer transportbehovet og gir betre utnytting av dagens kapasitet i transportsystemet. Det vart inngått bymiljøavtaler i Trondheim i 2016 og Oslo/Akershus i 2017. I Bergen og på Nord-Jæren vart det inngått byvekstavtaler i 2017. Reforhandling av dei fire avtalene starta opp i 2018. Staten har dessutan opna for å inngå byvekstavtaler for Kristiansandsregionen, Buskerudbyen, Grenland, Nedre Glomma og Tromsø. Regjeringa vil leggje til rette for at forhandlingar i desse byområda kan komme i gang raskt etter at naudsynte lokalpolitiske vedtak er fatta. Påskjøningsordninga for betre kollektivtransport blir no gradvis fasa ut, men midlane blir ført vidare i bymiljøavtalene og byvekstavtalene. Det vil leggje til rette for meir langsiktige prioriteringar og heilskapleg verkemiddelbruk.

Etatane og underliggjande verksemder skal ta omsyn til naturmangfald og økologisk- og kjemisk vasskvalitet gjennom planleggingsfasen, byggjefasen og gjennom drift og vedlikehald slik at god økologisk tilstand og vasskvalitet blir haldne ved lag. Tiltak som forringar verneområde eller verdifulle naturområde skal unngåast så langt som mogleg ved å velje ein annan trasé, før avbøtande tiltak eller restaureringstiltak.

Til dømes skal Statens vegvesen i 2019 halde fram arbeidet med å sjå på moglegheitene for å planleggje og byggje en naturnøytral veg. I samband med nye veg- og jernbaneprosjekt vurderer etatane om det er mogleg å gjennomføre ulike avbøtande tiltak i fleire prosjekt. Etatane og underliggjande verksemder held i 2019 fram med å halde oversikt over bruken av miljøskadelege og potensielt miljøskadelege kjemikaliar innan sektoren. I 2019 held dei i tillegg fram med å implementere resultata frå prosjektet NORWAT (Nordic Road Water). Statens vegvesen utarbeider betre rutinar for handtering av forureina massar og Bane NOR har innført nye krav til registrering og oppfølging av uønskte hendingar med tanke på organisatorisk læring.

Etatane og underliggjande verksemder skal arbeide for å redusere utsleppet av plast og unngå at mikroplast blir spreidd til naturen og spesielt til vassførekomstar. Regjeringa halde fram å satse på Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) ved å foreslå å løyve 27,3 mill. kroner over Samferdselsdepartementets budsjett. SOMM skal vere eit nasjonalt og internasjonalt leiande kompetansesenter for arbeidet med oljevern og mot marin plastforsøpling. SOMM vil samarbeide med transportetatene i arbeidet med å avgrense marin forsøpling

Det trengst eit breitt samarbeid for å betre den lokale luftkvaliteten, både med tanke på NO 2 og svevestøv. Krava i forskrifta om lokal luftkvalitet for NO 2 kan ved ugunstig vêr bli brotne enno nokre år om det ikkje blir sett i verk tiltak. Lågutsleppssoner, tids- og miljødifferensierte bompengetakstar og mellombelse auka bompengetakstar i akuttsituasjonar (såkalla «beredskapstakstar») er verkemiddel som kommunane kan nytte mot NO 2 . Det er venta at NO 2 -krava vil verte oppfylte før år 2025. Lokale myndigheiter kan nytte ei rekkje ulike tiltak og det er framleis naudsynt med generelle tiltak retta mot svevestøv som t.d. piggdekkgebyr, setje ned fartsgrensene om vinteren, og bruke saltløysing og auka reinhald for å dempe at støv kvervlar opp frå vegbana. Det er piggdekkgebyr i Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo. Statens vegvesen vil arbeide vidare med å undersøke utslepp frå bilar i verkeleg trafikk og ved låge vintertemperaturar. Resultata så langt viser at NO x - og NO 2 -utslepp frå tunge køyretøy, som bussar og lastebilar, er om lag på nivå med krava i EURO VI køyretøy ved køyring i verkeleg trafikk, mens diesel personbilar har vesentleg høgare utslepp ved køyring i verkeleg trafikk enn kravet ved typegodkjenninga for EURO 6.

Samferdslesektoren står for nesten 90 pst. av dei berekna støyplagene, og vegtrafikken aleine for nærmare 80 pst. Det er derfor eit særleg behov for tiltak innanfor denne sektoren og spesielt retta mot vegtrafikken. Samferdsleministeren, eldre- og folkehelseministeren og klima- og miljøministeren har gitt etatane sine i oppdrag å utgreie ein ny måleindikator for støy. Etatane skal svare på oppdraget med å tilrå dei mest kostnadseffektive tiltaka som reduserer støy og vurdere effekten av desse. Dei skal fokusere på støy som gir søvnproblem. Utgreiinga skal vere ferdig innan sommaren 2019.

8.2.14 Utanriksdepartementet

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådd.

Klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar

Konsekvensane av klimaendringane rammar utviklingslanda og dei mest sårbare statane særleg sterkt. Hyppigare tørke- og flaumkatastrofar fører til sviktande avlingar i landbruket og øydelagt infrastruktur. FN anslår at rundt 24 millionar menneske hamnar i fattigdom kvart år på grunn av klima- og naturkatastrofar. Samtidig aukar hyppigheita av ekstremvêr, og orkansesongen 2017 har blitt kalla den dyraste nokon sinne med kostnader som er berekna til 215 mrd. dollar (Verdsbanken).

Klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar er derfor sentralt i norsk utviklingspolitikk. Eit anna kjerneområde er reduksjon av utslepp av klimagassar og luftforureining. Dette er bidrag til gjennomføringa av Parisavtala, i arbeidet for Berekraftsmåla og det globale Sendai-rammeverket for katastrofeførebygging.

Den norske støtta i 2017 vart gitt på nasjonalt, regionalt og globalt nivå. Det grøne klimafondet (GCF) under FNs klimakonvensjon var ein av dei største mottakarane av norsk klimafinansiering (480 mill. kroner i 2017). Halvparten av fondets investeringar går til utsleppsreduksjon, og den andre halvparten skal gå til klimatilpassing. Det vart òg gitt betydeleg klimabistand gjennom kjernebidrag og øyremerkte tilskot til dei multilaterale utviklingsbankane. Noreg medverka til styrkte vêrvarslingstenester i Afrika og Sør-Øst-Asia gjennom Verdas Meteorologiorganisasjon og Meteorologisk institutt og til førebygging av klimarelaterte katastrofar gjennom Verdsbanken og FNs organ for katastrofeførebygging.

I 2019 vil klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar halde fram med å vere sentralt i det norske utviklingssamarbeidet. Satsinga på å fremje mattryggleik vil vere eit viktig bidrag til klimatilpassing. Vidare vil ein halde fram arbeidet med å styrkje privat sektor si rolle.

Globale miljøtiltak

Eit reint og sunt miljø er ein føresetnad for å nå berekraftsmåla om utvikling. Regjeringa har auka innsatsen for globale miljøtiltak. Noreg har aktivt medverka til at innsats mot marin forsøpling, mikroplast og miljøkriminalitet er høgt på den internasjonale dagsordenen. Norske bistandsmidlar støttar konkrete tiltak i utviklingsland for gjennomføring av globale avtaler på miljøområdet, som avfallshandtering og kompetansebygging. Nokre hovudkanalar for dette er FNs miljøprogram (UNEP) og Den globale miljøfasiliteten (GEF). Vi medverkar òg til å styrkje internasjonal forvalting av biodiversitet gjennom Konvensjonen om biodiversitet, og fremje samanhengane mellom miljø og helse gjennom samarbeid med mellom anna Verdas helseorganisasjon (WHO).

Fornybar energi

Tilgang til energi er ein sentral føresetnad for økonomisk og sosial utvikling. Stabil forsyning av elektrisitet er òg ein føresetnad for næringsutvikling og jobbskaping. Energisektoren er den største kjelda til utslepp av karbondioksid. Det er derfor avgjerande at eksisterande energiproduksjonen går over frå fossil energi til fornybar, og at ny energiproduksjon er basert på fornybare kjelder som vasskraft, sol og vind.

Talet på personar utan tilgang til elektrisitet har sidan år 2000 blitt redusert frå 1,7 milliardar til omkring 1 milliard i 2016. Vellykka program i fleire land medfører at talet på personar som får tilgang til elektrisitet aukar, men innsatsen må aukast for å nå berekraftmål 7. Nesten all auke i tilgangen på elektrisitet sidan 2000 er basert på tilkoplingar til det nasjonale straumnettet, og det er venta at tilkopling til nettet vil halde fram med å vere den føretrekte løysinga. I område med spreidd busetnad vil desentraliserte løysingar ofte vere ei rimelegare løysing.

Løyvinga til fornybar energi dekkjer støtte til tiltak som medverkar til tilgang til elektrisitet, utbygging av fornybar energi og mobilisering av privat sektor til å delta i slik utbygging. Dette skjer gjennom tiltak som betrar investeringsklimaet, slik som kapasitets- og institusjonsbygging, tiltak som reduserer risikoen i tidleg prosjektfase, utbygging av straumnettet og støtte til lokale straumløysingar. Løyvinga er særleg retta mot land i Afrika.

Hav

Regjeringa vil skape auka internasjonal forståing for havet sin økonomiske betydning, berekraftig bruk av havet sine ressursar og korleis god miljøtilstand fører til auka verdiskaping. Statsministeren har derfor etablert Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi, beståande av stats- og regjeringsleiarar frå tretten kyststatar i samarbeid med FN. Havpanelet skal greie ut korleis berekraftig forvalting av verdshava kan skape endå større verdiar framover, og samtidig medverke til til å nå FNs berekraftsmål. Havpanelet vil bli supplert av havdialogar med viktige land over heile verda med felles interesser i korleis verdshava blir forvalta. Noreg er vertskap for Our Ocean-konferansen i 2019, der fokus vil vere på kunnskapsbasert, heilskapleg havforvalting som grunnlag for framtidig berekraftig vekst. Regjeringa har òg lansert eit bistandsprogram mot marin forsøpling.

Vatn og sanitær

Rapportar viser at, gitt utviklinga, så vil det bli utfordrande å nå måla for vatn og sanitær, spesielt i Afrika. Meir enn 2 milliardar menneske drikk forureina drikkevatn og 4,5 milliardar har ikkje tilgang til gode sanitærløysingar. Nesten 900 millionar har ikkje tilgang til ein utedo ein gong. Ingen delar av verda er i rute til å nå sanitærmåla. Måla om vasskvalitet og reinsing av avløpsvatn vil heller ikkje bli nådde. Klimaendringane forsterkar problema knytte til manglande tilgang til vatn og sanitær. Ifølgje OECD er det krav om ytterlegare USD 500 milliardar per år for nå berekraftsmålet for vatn og sanitær.

Volumet på den norske vassbistanden har lege fast på omlag 200 mill. kroner pr. år sidan rundt årtusenskiftet. I 2017 vart det løyvd 192 mill. kroner til vatn- og sanitærtiltak. Hovudinnsatsen skjer i første rekkje gjennom humanitær bistand, helse, utdanning, sivilt samfunn og regionløyvinga. Noreg støttar UNICEFs arbeid med vatn, sanitær og hygiene (har aktivitet i ca. 80 land). Bilateralt er det aktivitetar bl.a. i Afghanistan og i Myanmar.

Mattryggleik

Klimaendringar og landbruk er prosessar som påverkar kvarandre. Endringar i gjennomsnittleg temperatur, nedbørnivå, ekstremvêr, nivå på havet, konsentrasjonen av ozon og CO 2 i atmosfæren er blant dei mange elementa som påverkar landbruket. Så mykje som 95 pst. av landbruksarealet i Afrika sør for Sahara er avhengig av naturleg nedbør og dermed svært sårbart for svingingar i vêr og endringar i klima (IWMI).

På den andre sida står landbruk for rundt 24 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar (IPCC). Dette er behov for å tenke nytt når det gjeld reduksjon av klimagassar frå landbruket.

Per 2017 er over 800 000 hektar med produktivt land rehabilitert i Etiopia. I same prosjekt har over 350 000 hushald fått juridisk bindande eigarskap til sitt land. I Zambia vart nesten 180 000 bønder (52 pst. kvinner) organiserte gjennom 75 lokale samvirkelag. Medlemmene får rettleiingstenester innan klimatilpassa landbruk. Prosjektet har òg redusert utslepp av CO 2 med 214 000 tonn gjennom redusert avskoging og bruk av energieffektive omnar.

Noreg lanserte denne hausten ein handlingsplan for berekraftige matsystem i norsk utanriks- og utviklingspolitikk. Systemtankegangen i handlingsplanen gjer at alle koplingar må vurderast nøye – inkludert innverknad av tiltaka på klima og miljø. Klimatilpassing i landbruket vil i tillegg medverke til økt robustheit og styrkt kapasitet for lokale samfunn til å stå imot klimarelaterte kriser.

EØS-midlane

Mange europeiske klima- og miljøutfordringar er grenseoverskridande og krev samarbeid på tvers av landegrensene. Gjennom EØS-midlane er støtta tiltak som fremjer klima, miljø og fornybar energi i 15 europeiske land. Midlane medverkar til at landa skal kunne oppfylle sine nasjonale og internasjonale forpliktingar, inkludert oppfylling av EU-direktiv. EØS-midlane styrkjer òg dei bilaterale forbindelsane mellom Noreg og mottakarlanda, og innanfor miljø og klima er miljøforvaltinga sine etatar, under dette Miljødirektoratet, og ei rekkje forskingsaktørar og institusjonar aktive i fleire land. Samarbeidet mellom norske aktørar og partnarar i mottakarlanda er svært positivt for vårt nasjonale miljøarbeid, etter som forvaltinga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid.

Under EØS-midlane 2009–2014 var det pr. juli 2018 nytta om lag 330 mill. euro til eigne program i til saman 14 land for å fremje klima, miljø og fornybar energi. I tillegg kjem relevante prosjekt innan programma grøn industriell innovasjon, forsking og sivilt samfunn som òg fremja miljø og klima. Programma har blant anna medverka til utvikling av om lag 40 nasjonale og lokale klimatilpassingsplanar og til å styrkje offentleg forvaltingskompetanse om klimatilpassing. Det er venta at tiltak for energieffektivisering vil medverke til å redusere klimagassutsleppa med om lag 525 000 CO 2 ekvivalentar pr. år. Fleire tiltak for å fremje og auke produksjonen av fornybar energi har òg blitt sette i verk. Innan miljøvern og miljøforvalting har programma òg medverka til å betre forvaltinga av hav- og vassressursar, blant anna gjennom utarbeiding og iverksetjing av over 150 miljø- og marine overvakingsplanar. EØS-midlane har òg medverka til å bevare økosystem og biologisk mangfald gjennom støtte til å utarbeide og implementere over 900 planar som dokumenterer status på økosystem og fremjar forslag til tiltak.

Miljø, energi, klima og lågutsleppsøkonomi er ein av tre prioriterte hovudsektorar under EØS-midlane 2014–2021. Etter at rammeavtaler med 13 av 15 land er signerte, er i underkant av 480 mill. euro planlagt nytta til miljø, energi, klima og lågutsleppsøkonomi i 12 land. Detaljerte planar, inklusive konkrete mål, er venta ferdigstilte i løpet av 2019.

8.3 Områdegjennomgang av klimaretta støtteordningar

Regjeringa arbeider for at verkemiddelapparatet er effektivt og koordinert for å nå klimamåla. Det er viktig at politikken og verkemidla er føremåls- og kostnadseffektivt innretta slik at klimamåla kan bli nådd både på kort og lang sikt. Områdegjennomgangar er eitt av regjeringas verktøy for å greie ut og førebu strukturelle endringar i offentleg sektor, som kan gi framtidig handlingsrom i budsjetta. På oppdrag frå Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet har Menon Economics gjennomført ein områdegjennomgang av klimaretta støtteordningar. Sluttrapporten er basert på tildelt støtte og informasjon frå 2016 utgjer ein del av vurderingsgrunnlaget. Fleire av ordningane som er vurderte har òg målsetjingar ut over klima. Det er det teke omsyn til i vurderinga av rapporten.

Regjeringa vil følgje opp områdegjennomgangen gjennom blant anna å spisse Enova som klimaverkemiddel i neste avtaleperiode, som startar 1. januar 2021. Enova skal framleis styrast på eit overordna nivå gjennom fireårige styringsavtaler med staten. I arbeidet med ny styringsavtale med Enova vil regjeringa vurdere om dagens målstruktur er føremålstenleg, under dette Enovas arbeid med forsyningstryggleik.

Når dei pågåande evalueringane av Innovasjon Noregs pilotordning for biogass og Klimasats er gjennomført, vil regjeringa vurdere om ordningane sitt føremål eventuelt kan takast vare på innanfor Enovas mandat. Det er viktig at klimagrunngitte støtteordningar er føremålstenleg innretta slik at dei medverkar til Noregs klimamål blir nådd på ein god måte, og ein unngår forvaltingsvis overlapp.

8.4 FNs berekraftsmål

Noregs statsminister underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015, og har med dette forplikta seg til gjennomføring og implementering av måla. Regjeringa stadfester dette oppdraget i Jeløya-plattforma 2018 ved å slå fast at «Regjeringen anser FNs bærekraftmål som sentrale for å løse vår tids største globale utfordringer og vil spille en aktiv rolle i oppfølgingen av målene internasjonalt og i Norge».

Allereie i juli 2016 la Noreg fram frivillig nasjonal rapportert til FN om framdrifta, og var med dette blant den første gruppa av land til å rapportere. Noreg har sidan følgt opp med oppdatert rapport «One year closer» som blei lagt fram i juli 2018. Rapporten synte at politikk og regelverk i Noreg i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet som ein godt utvikla og innarbeidd arena for å avklare politikk.

Behovet for ei meir integrert tilnærming til økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn i politikkutfoming går klart fram av Agenda 2030, og er understøtta av utviklinga i dei store miljøkonvensjonane, til dømes Konvensjonen om bevaring av biomangfald. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hos alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei.

Berekraftsmåla framhevar miljø og klima både som eigne mål og prioriterte felt, og som tverrgåande omsyn. Både dei mest sentrale miljømåla og eit utval mål og delmål som er sentrale for miljøtilstanden er omtala her. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement og i nasjonalbudsjettet. Styrkt koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.

Mål 16 om betre styresett og mål 17 om finansiering og gjennomføringsmidlar er òg svært relevante for klima- og miljøpolitikken, men blir ikkje omtalt av Klima- og miljødepartementet

Mål 2 Utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk

Målet om å utrydde svolt er nærare omtalt i Landbruk- og matdepartementets proposisjon. Berekraftmålet er nært knytt til det overordna målet i Agenda 2030 om å utrydde ekstrem fattigdom. Matproduksjon er på alle vis nært knytt til tilstanden i naturen, og difor krev oppfylling av målet om å utrydde svolt ein aktiv og vellukka innsats for å oppnå berekraftsmåla om miljø og klima. Det har i sin tur samanheng med sektorane si evne til å innarbeide omsyn til miljø og klima i sin politikk. Døme på den tette samanhengen mellom landbruk, miljø og sektorpolitikken er vilkåra for pollinering i landbruket, forvaltinga av skog og arbeidet mot forureining av jord og luft.

Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar, og vil samordne dette med arbeidet for å ta vare på ville kulturplanter. Å halde mattryggleiken ved lag i ei tid med klimaendringar vil krevje målretta tiltak for å sikre dei ressursane matproduksjonen byggjer på.

Mål 3 Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder

Målet om å sikre god helse er nærare omtalt i Helse- og omsorgsdepartementets proposisjon.

Særskilt om delmål 3. 9 Innen 2030 betydelig redusere antall dødsfall og sykdomstilfeller forårsaket av farlige kjemikalier og forurenset luft, vann og jord.

Bruk og utslepp av helsefarlege kjemikaliar og anna forureining gir risiko for eksponering for befolkninga i Noreg. Hovudverkemidlet for å avgrense bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er internasjonal regulering, og særleg viktig er EU/EØS-regelverket. Globale avtaler gir reduserte langtransporterte utslepp til Noreg og Arktis. Å avgrense bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i Noreg er i hovudsak avhengig av krevjande internasjonale prosessar for betre kunnskap og regulering, der Noreg har ei viktig rolle gjennom betydeleg ressursbruk og aktivt påtrykk. Arbeidet med fortsatt streng regulering av industri på land og offshore er òg viktig. Dette har gitt betydelege reduksjonar i utslepp dei siste tiåra, og det er grunn til å vente vidare forbetringar fram mot 2030, innanfor gjeldande regelverk og ressursbruk, særleg gjennom forhandlingar og frå ny kunnskap som kjem innan forsking. Det er òg naudsynt å halde fram med godt tilsyn, og følje opp område med gamle forureiningar.

Noreg er utfordra av fleire berekraftsmål når det gjeld luftkvalitet. Det gjeld dette delmålet knytt til helse, men òg delmål 11.6 knytt til byutvikling.

Dei siste åra har nivået av svevestøv vist ein nedgåande trend, mens nivået på nitrogendioksid har vore om lag stabilt. I fleire norske byar er dårleg luftkvalitet framleis kjelde til alvorlege helseplager.

Kommunane er forureiningsstyresmakt for lokal luftkvalitet, med hovudansvar for å setje i verk tiltak for å betre luftkvaliteten og utarbeide tiltaksutgreiingar. I forureiningsforskrifta er det fastsett grenseverdiar for lokal luftforureining. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 2016. Det er blant anna òg fastsett retningsliner for behandling av lokal luftforureining i arealplanlegging. Luftforureining motiverer mange land og byar til innsats som òg kan komme klimaet til gode.

Mål 6 Sikre berekraftig vassforvalting og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

Over 90 pst. av befolkninga i Noreg er knytt til større vassforsyningssystem som leverer trygt drikkevatn. Resten av befolkninga er knytt til små vassforsyningssystem eller har privat enkeltvassforsyning utan rapporteringsplikt. Til trass for at det i hovudsak blir levert trygt drikkevatn, utgjer gammalt og dårleg leidningsnett ei stor utfordring som vil kunne svekkje situasjonen vesentleg dersom ikkje utbetringstakten blir auka. I tillegg er leveringstryggleiken enkelte stader truga på grunn av utilfredsstillande reservevassløysingar. Utslepp av farlege stoff som kan påverke drikkevatnet, er strengt regulerte. Omfattande regulering av avfallshandtering medverkar òg til å beskytte vassførekomstar. Den delen av befolkninga som er knytt til avløpsløysingar med ureinsa utslepp er svært liten, under 3 pst., og delen minskar. Også på avløpssida er dårleg leidningsnett ei utfordring. Utskiftingstakten er her endå lågare enn for drikkevatn og krev følgjeleg tilsvarande handling for å unngå at avløpsvatn på avvegar skal forureine drikkevatnet. Enkelte stader er det behov for å betre situasjonen for spreidd avløp for å unngå at drikkevasskjelder blir forureina. Dette er kartlagt i vassforvaltningsplanane etter vassforskrifta.

Tilgangen på vatn er svært god i Noreg. Enkelte stader er det avgrensingar i kapasitet og standard på det lokale leidningsnettet for vatn og avløp. Sjølv i situasjonen med uvanleg lite nedbør sommaren 2018, var det knapt med vatn berre i nokre mindre private vassforsyningar. Tiltaka må følgjast opp for å unngå ei forverring av drikkevassituasjonen. Gjennomføring av regionale vassforvaltningsplanar skal sikre god kjemisk og økologisk tilstand i dei fleste vassførekomstane innan 2033.

Internasjonalt støttar Noreg aktivitetar i ei rekkje land for å betre tilgangen til trygt drikkevatn og tilfredsstillande sanitærforhold.

Mål 7 om å sikre tilgang til berekraftig, påliteleg og moderne energi til ein overkommeleg pris for alle

Berekraftsmål nr. 7, energimålet, seier at ein skal «sikre allmenn tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkomeleg pris». Meir fornybar energi og meir effektiv energibruk medverkar både til å redusere utslepp av klimagassar og til å avgrensa andre miljø- og helsekostnader. Nesten all produksjon av elektrisitet i Noreg er fornybar, og av den samla energibruken er delen fornybar energi på 69 pst. Verkemiddel på både tilbods- og brukssida støttar opp om ei overgang frå fossil til fornybar energi og meir effektiv energibruk i Noreg. Ifølgje den siste statusrapporten frå generalsekretæren i FN manglar ein milliard menneskje tilgang til elektrisitet, og 3 milliardar menneske brukar ineffektive og forureinande kokeomnar. Over fire millionar menneskjer døyr for tidleg på grunn av luftforureining i heimen. Gjennom innsatsen for fornybar energi i utviklingspolitikken ønskjer Noreg å medverke til at utviklingsland når berekraftsmålet for energi. Mellom anna har Noreg i mange år gitt støtte til auka produksjon av og tilgang til fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland. Auka produksjon av fornybar kraft krev svært store investeringar. Norfund vil derfor vere hovudinstrument frå norsk side for å medverke til ny kraftutbygging i utviklingsland. Gjennom programmet Olje for utvikling delar Noreg si erfaring med å utvinne petroleumsressursane på ein måte som tek omsyn til miljø og klima. Policydialog og bistand til reformer, lovverk, institusjonsbygging og regionalt samarbeid er sentrale område for tilrettelegging for investeringar frå privat sektor. Framover vil innsatsen bli styrkt innanfor humanitær bistand og i sårbare statar.

Mål 7 er nærare omtalt i Olje- og energidepartementets proposisjon.

Mål 8 Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle

Særskilt om delmål 8.4. om meir effektiv ressursbruk

I samband med berekraftsmålet som fremjar berekraftig økonomisk vekst skal vi bruke ressursane meir effektivt. Målet fremjar ei kopling av økonomisk vekst frå ressursuttak og miljøbelastning. Det blir lagt til rette for å utnytte ressursar i avfall som sekundære råvarer ved å definere krav eller standardar. Materialgjenvinninga av avfall har auka drastisk dei seinaste tiåra og redusert miljøpåverknaden frå avfall. I tillegg kan digitalisering og nye forretningsmodellar føre til mindre avfall til gjenvinning eller sluttbehandling, ved at avfall ikkje oppstår eller ved at produkt blir brukte om igjen.

Mål 8 er nærare omtalt i Finansdepartementets proposisjon.

Mål 9: Byggje robust infrastruktur, fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og bidra til innovasjon.

Særskilt om delmål 9.4. for omstillinga til reinare industri og berekraftig infrastruktur

Miljøskadelege utslepp frå næringslivet er, i tråd med nasjonale mål, vesentleg reduserte dei siste tiåra. Reinare og meir miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar er introduserte som følgje av stadig strengare regelverk og i medhald av forureiningslova og produktkontrollova. Ressurseffektiviteten er betra, blant anna gjennom ein markant auke i materialgjenvinning av avfall i tråd med det nasjonale målet. Ytterlegare tiltak for ein sirkulær økonomi og ei framhalden innstramming i regelverk og utsleppsløyve i tråd med utviklinga til nå vil medverke til å nå målsetjinga.

Mål 9 er nærare omtalt i Nærings- og fiskeridepartementets proposisjon.

Mål 11 Gjere byar og busetjingar inkluderande, trygge, motstandsdyktige og berekraftige

Særskilt om delmål 11.4 for å styrkje innsatsen for å verne om og sikre verdas kultur- og naturarv

Systematisk innsats organisert i ti ulike tematiske bevaringsprogram som først og fremst er retta mot freda/verna kulturminne, utgjer eit hovudinnsatsområde. Innsatsen dei siste åra er òg styrkt gjennom auking av tilskot som blir fordelt frå Norsk Kulturminnefond. Auking i tilskot frå fondet generar i sin tur innsats frå private eigarar av verneverdige kulturminne. I tillegg har fleire bankfond, stiftelsar og interesseorganisasjonar tilskotordningar til både kulturminne, friluftsliv og til ivaretaking av grøntområde og naturmangfald. Det finst foreløpig inga samla oversikt over omfanget av dette.

Norge har høge ambisjonar for sitt arbeid med oppfølging av verdsarvkonvensjonen og har dei siste åra styrka innsatsen for forvaltinga av dei åtte norske verdsarvområda. Det er etablert ein eigen tilskotordning til verdsarvsentre som pr. 2017 er autorisert ved fem av verdsarvområda. Norge er for perioden 2017–2021 medlem av verdsarvkomiteen og engasjerer seg gjennom dette vervet direkte i det internasjonale arbeidet med verdsarv.

Gjennom økonomisk bidrag til kjøp av friluftslivsområde, medverkar staten til at grøne område i byar og tettstader blir tekne vare på og utvikla. Friluftslivsområde i nærmiljø er prioritert i ordninga. Det er no sikra omlag 2050 område gjennom ordninga. Staten har òg ei eiga tilskotsordning for tilrettelegging av friluftslivsområda som er sikra på denne måten.

Staten gir òg ei betydeleg rettleiing av kommunane med ivaretaking av naturområde og naturmangfald i byar og tettstader.

Regjeringa la sommaren 2018 fram ein handlingsplan for friluftsliv, som viser tiltak og føringar for regjeringas samla friluftslivsarbeid i åra som kjem. Handlingsplanen omfattar både areal for friluftsliv, lovverket for friluftsliv og friluftslivsaktivitet.

Ei rekkje viktige naturområde er òg verna anten som nasjonalparker, landskapsvernområde eller naturreservat. Noreg har i dag 40 nasjonalparkar på fastlandet og 7 på Svalbard. Fastlands-Noreg har no omlag 17,2 pst. verna landareal og omlag 3,2 pst. verna sjøareal.

Det er òg oppretta ei ordning ned utvalte naturtypar. Dette er naturtypar som er truga eller på annan måte er viktige for å ta vare på naturmangfaldet. Når ein naturtype er utvalt etter naturmangfaldlova, betyr det at det skal takast særskilt omsyn til naturtypen når det blir teke offentlege avgjerder som kan påverke tilstanden eller utbreiinga av denne typen natur.

Særskilt om delmål 11.6 om luftforureining

Noreg er utfordra av fleire berekraftsmål når det gjeld luftkvalitet. Det gjeld dette målet knytt til byutvikling, men òg delmål 11.3 knytt til helse.

Dei siste åra har nivået av svevestøv vist ein nedgåande trend, mens nivået på nitrogendioksid har vore om lag stabilt. I fleire norske byar er dårleg luftkvalitet framleis kjelde til alvorlege helseplager.

Kommunane er forureiningsstyresmakt for lokal luftkvalitet, med hovudansvar for å setje i verk tiltak for å betre luftkvaliteten og utarbeide tiltaksutgreiingar. I forureiningsforskrifta er det fastsett grenseverdiar for lokal luftforureining. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 2016. Det er blant anna òg fastsett retningsliner for behandling av lokal luftforureining i arealplanlegging. Luftforureining motiverer mange land og byer til innsats som og kan kommer klima til gode.

Mål 11 er nærare omtalt i Kommunal- og moderniseringsdepartementets proposisjon.

Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Målet inneber at produsentar og forbrukarar må ta omsyn til kostnader for miljøet av produksjon og forbruk. Styresmaktene kan medverke til det ved bruk av avgifter eller andre reguleringar.

Sidan 1970-talet har forureining frå farlege kjemikaliar og avfall blitt sterkt redusert i Noreg. Ein stor del av ressursane i avfallet blir gjenvunne, og farleg avfall blir samla inn og handtert særskilt. Samtidig aukar avfallsmengda stadig som følgje av vekst i økonomien og aukande forbruk. Det er derfor aukane merksemd om å førebyggje avfall. Å redusere matsvinn er eit døme. Nesten ein tredel av maten som blir produsert i verda blir ikkje eten. Mindre matsvinn vil gjere meir mat tilgjengeleg for verdas veksande befolkning og gi mindre press på miljøet. Ulike initiativ internasjonalt og i Noreg har som mål å redusere matsvinn og matavfall. Norske styresmakter har saman med aktørane i matverdikjeda signert ei avtale om å redusere matsvinn med 50 pst. innan 2030. Noreg finansierer òg utviklinga av internasjonale FAO-retningsliner for reduksjon av matsvinn i verdikjeda for fisk.

Arbeidet med å avgrense helse- og miljøkonsekvensar av kjemikaliar og avfall skjer til dels med streng regulering etter forureiningslova og produktkontrollova. I tillegg kan Staten gjennom offentlege anskaffingar stimulere til redusert miljøpåverknad.

Mål 13 Handle straks for å stoppe klimaendringane og motarbeide konsekvensane.

Noreg var ein forkjempar for at klima skulle vere eit eige berekraftsmål. Å stoppe klimaendringane er naudsynt for å nå mange av dei andre berekraftsmåla. Arbeidet for å stoppe klimaendringane må òg skje på ein måte som ikkje går på tvers av resten av FNs berekraftsmål. FNs klimakonvensjon er hovudarenaen for internasjonale forhandlingar om å stoppe klimaendringane og motarbeide konsekvensane. Parisavtala frå 2015 legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Parisavtala slår òg fast at målet skal nåast innanfor rammene av FNs berekraftsmål.

Noreg har ambisiøse klimamål. For ei kort beskriving av korleis Noreg skal nå sine klimamål, inkludert klimatilpassing, sjå programkategori 12.20. For ei breiare gjennomgang, sjå klimalovrapporteringa i Del IV i Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2018–2019). Sjå òg resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken i Del I.

Parisavtala og berekraftsmål 13 inneber ei omstilling globalt som vil vere krevjande òg for det norske samfunnet og næringslivet. Samtidig skaper måla nye moglegheiter, teknologiar og løysingar som medverkar til lågutsleppssamfunnet. For ikkje kvotepliktig sektor har særleg transport fått ein framståande plass når det gjeld arbeidet for utsleppsreduksjonar. Noreg har i fleire år hatt verdas høgaste del av elbilar, og vi er i global front når det gjeld elektrifisering av maritim sektor. På den måten er Noreg med å stimulere til den globale grøne omstillinga av transportsektoren.

I januar 2018 trådde den nye klimalova (lov om klimamål) i kraft. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn i 2050. Klimamåla for 2030 og 2050 er lovfesta. Dei lovfesta måla gir ei tydeleg retning for næringslivet. Dette er viktig for å stimulere til innovasjon. Dei bedriftene som omstiller seg kan bli morgondagens suksessbedrifter. Regjeringa presenterte i fjor ein strategi for grøn konkurransekraft. Dette er også eit viktig grep i arbeidet med omstillinga til ei berekraftig utvikling.

Samarbeid over landegrensene om tiltak for å redusere utslepp av klimagassar er ein viktig del av berekraftsmål 13. Slikt samarbeid står sentralt i den norske klimainnsatsen. Frå norsk side er det lagt særleg vekt på Klima- og skoginitiativet, kjøp av klimakvotar, fornybar energi og støtta til Det grøne klimafondet for tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing. For klimatilpassingsarbeidet er klimasmart landbruk og matsikkerheit viktige innsatsområde.

Noregs internasjonale Klima- og skoginitiativ er sentralt i arbeidet med å redusere utslepp frå tropisk skog (Redd+), noko som òg medverkar globalt til berekraftsmål 15 (sjå omtale av mål 15 for meir informasjon). Langsiktig og effektiv skogbevaring er berre mogleg dersom den òg medverkar til positiv utvikling for menneska som lever i og av skogen.

Prosjekt under Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) medverkar ikkje berre til reduserte utslepp av globale klimagassar, men kan òg medverke til berekraftig utvikling generelt. Regjeringa legg vekt på å sikre den miljø- og utviklingsmessige integriteten ved dei tiltaka Noreg stør. For meir informasjon om Noregs internasjonale klimainnsats, sjå Programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid og Prop. 1S (2018–2019) for Utanriksdepartementet.

Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Noreg har nasjonalt etablert modellar for økosystembasert forvalting av havområda våre først og fremst gjennom dei heilskaplege forvaltingsplanane for havområda og i fiskeriforvaltinga. Den overordna nasjonale gjennomføringa av berekraftsmål 14 vil bli basert på dette.

Forvaltingsplanane for Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvalting som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema, og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, påverknader og samla belastning på havområda. Forvaltingsplanane blir oppdaterte kvart fjerde år og revidert som minimum kvart tolvte år. Det blir arbeidd vidare med oppfølging av tiltak for berekraftig bruk og vern av økosystema.

Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal halde fram med å vere fornybare. Forvaltingsplanane er derfor eit viktig verktøy for ein blå vekst basert på verdiar frå havet.

Kysten er både dei mest produktive og dei mest intensivt utnytta av dei marine områda. Miljøtilstanden i kystområda blir følgt opp gjennom systemet i vassforskrifta.

Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Arbeidet med marint vern blir ført vidare.

Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastninga på arter og økosystem, og kan føre til betydelige endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltinga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltinga av havområda best kan ta vare på omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.

Forvaltinga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for blant anna havbotn (MAREANO-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Regjeringa har i sin langtidsplan for forsking varsla at den vil prioritere forsking som grunnlag for god forvalting av økosystem og ressursar i hav- og kystområda.

Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utslepp av miljøgifter frå punktkjelder på land er redusert, men det er framleis tilførsler av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er avgrensa. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte næringar, og å redusere marin forsøpling og spreiing av mikroplast frå identifiserte kjelder. I tillegg er oppryddingsarbeidet styrkt. Dette arbeidet er beskrive i Strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast (plaststrategi) som inngår i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs .

Marin forsøpling og mikroplast er eit globalt miljøproblem. Noreg har teke ei leiarrolle i det globale arbeidet for å motverke tilførsle av plastavfall til verdshava. Etter forslag frå Noreg blei det på FNs tredje miljøforsamling i Nairobi i desember 2017 semje om å stanse all tilførsle av plastavfall til havet. FNs miljøforsamling sette òg ned ei ekspertgruppe som skal sjå nærare på manglar i rammeverket for å motverke marin forsøpling og moglegheiter for å styrkje det globale arbeidet, inklusive sterkare juridiske plikter. Ekspertgruppa skal leggje fram si tilråding for vidare arbeid under FNs miljøforsamling i mars 2019. Noreg har òg teke initiativ til å styrkje eksisterande globale mekanismar som FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og Basel-konvensjonens arbeid for å motverke marin forsøpling. Noreg skal framleis vere ein pådrivar i det globale arbeidet for å redusere marin forsøpling.

Internasjonalt går det føre seg viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av berekraftsmål 14. Dette knyter seg til regelverk for å beskytte biodiversitet og fordeling av genressursar på ope hav, samspelet mellom globale og regionale mekanismar for implementering, globale mekanismar for tema som til dømes marin forsøpling og mikroplast. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett, miljø- og fiskeriforvalting er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei pågåande prosessane på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs sjøfartsorganisasjon utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar òg i dette arbeidet. Norge legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land blant anna gjennom arbeidet i OSPAR (Konvensjonen for vern av det marine miljø i nordaust-Atlanteren).

Mål 15 Beskytte, atterreise og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvalting, motarbeide ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet er Noregs nasjonale handlingsplan for å nå Aichi-måla under konvensjonen om biologisk mangfald. Berekraftmål nr. 15 er samordna med Aichi-måla. Gjennomføring av handlingsplanen er derfor viktig for å nå berekraftmål nr. 15. Arbeid for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av naturmangfaldet står sentralt i handlingsplanen. Regjeringa vil utarbeide eit kunnskapssystem som beskriv kva som er rekna som «god økologisk status» for alle økosystem i Noreg. Med utgangspunkt i tilrådingane frå eit regjeringsoppnemnt ekspertråd vil regjeringa syte for at økosystema sin tilstand blir vurdert. Dette vil igjen vere utgangspunkt for å utarbeide sektorovergripande forvaltingsmål for dei ulike økosystema.

Som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga vil Regjeringa framleis prioritere arbeidet med frivillig skogvern, og marint vern. For andre økosystem er det òg sett i gang arbeid med supplerande vern. Eit representativt utval av økosystem til fjells er verna. Det er viktig å sikre verneverdiane framover, mellom anna i form av forvaltingsplanar for fjellområda.

Miljødirektoratet har vidare fått i oppdrag om i løpet av 2018 å foreslå ein samla verkemiddel-pakke for alle sterkt og kritisk truga arter som òg er ansvarsarter, alle truga naturtypar, og naturtypar som er viktig for truga arter.

Regjeringa har i 2018 lagt fram ein Nasjonal pollinatorstrategi for levedyktige bestander av villbier og andre pollinerande insekt. Arbeidet var leia av Landbruks- og matdepartementet. Vidare skal Miljødirektoratet utarbeide ein tverrsektoriell tiltaksplan og etablere eit pollinatorforum som skal sikre auka kunnskap og gjennomføring av målretta tiltak for pollinerande insekt.

Regjeringa vil sikre at dei eksisterande verneområda blir forvalta på ein god måte. Regjeringa vil derfor leggje fram ein handlingsplan for styrkt forvalting av verneområda. Handlingsplanen vil bli lagt fram i 2018, og danne grunnlag for ei styrkt forvalting av verneområda i 2019.

Regjeringas politikk for berekraftig forvalting av skog vart presentert i ei melding til Stortinget i 2016. Gjennom berekraftig forvalting vil skogen kunne medverke til klimatilpassing og til å sikre både naturmangfald og kulturverdiar.

Noreg vil òg arbeide for eit styrkt internasjonalt samarbeid om grensekryssande utfordringar på skogområdet og for å sikre berekraftig forvalting av skog internasjonalt, blant anna gjennom FN. FN-strategien for skog representerer ein milepæl i dette arbeidet. Noreg støttar måla i planen.

Særskilt om berekraftig skogforvalting og ressursar til skogforvalting (delmål 15.2 - første del)

I Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst. Konkurransedyktig skog- og trenæring går det fram at regjeringa vil kartleggje kvar den eldste skogen finst, for å sikre god forvalting av denne. Vidare går det fram at myndigheitene og skognæringa skal utgreie tiltak for å ta betre vare på nøkkelbiotopar.

Vern av eit representativt utval av norsk skog og viktige område for naturmangfald er eit bidrag til berekraftig skogforvalting. Regjeringa har styrkt satsinga på skogvern, ved at løyvingane sidan 2013 er betydeleg auka og frå 2017 har vore på godt over 400 mill. kroner årleg.

Særskild om å stanse all avskogning og å restaurere øydelagd skog innen 2020 (delmål 15.2 - andre del)

Klima- og skoginitiativet er Noregs viktigaste internasjonale klimainnsats og Noregs viktigaste bidrag for å nå berekraftsmål 15 om livet på land globalt. Sidan Klima- og skoginitiativet vart lansert i 2007 er det inngått ei rad partnarskap, i hovudsak med tropiske skogland, der Noreg betaler for dokumenterte reduksjonar av utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. I 2018 vart samarbeidet med Colombia forlenga ut 2025.

Hittil har satsinga utbetalt rundt 23 mrd. kroner til tiltak i utviklingsland. Til Brasil, Guyana og Colombia er det utbetalt om lag 9 mrd. kroner for til saman 270 mill. tonn reduserte utslepp av CO 2 i tiårsårsperioden. Det er sett av 2,3 mrd. kroner i multilaterale fond for å gi utviklingsland med skog ein meir føreseieleg situasjon når det gjeld framtidige utbetalingar for utsleppsreduksjonar. Klima- og skoginitiativet har utbetalt 11 mrd. kroner til å styrkje forvaltings- og styringssystema i skogland.

Utbetalingane går gjennom ulike kanalar som FN, Verdsbanken og andre internasjonale organisasjonar, sivilsamfunnet og landa sine eigne fond. Styrking av regelverk og handheving av lover for å hindre avskoging og fremje restaurering av øydelagt skog er ein del av satsinga. Til dømes har Indonesia innført fleire avgrensingar på bruk av karbon- og artsrik skog og torvmyr og sett i gang ei storstilt satsing for å gjenreise dei opphavlege funksjonane i desse økosystema.

Det trengst meir utvikla system for å kartleggje, overvake og rapportere utslepp frå avskoging og degradering av skog, både for å vite om vi kan betale for utsleppsreduksjonar og for at landa skal kunne betre si eiga skogforvalting. I tillegg til å støtte skoglanda sine eigne system, støttar vi òg utvikling av uavhengige verktøy for skogovervaking, slik som Global Forest Watch. Betre kart og overvakingsdata gjer det lettare for sivilsamfunnet, akademia og media å halde myndigheiter og selskap ansvarlege dersom det skjer ulovleg eller ureglementert avskoging. Samarbeidet med privat sektor blir stadig viktigare, særleg for å hindre at vareproduksjon er basert på avskoging. Næringslivet er ein viktig alliansepartnar for å nå berekraftsmål 15 og spelar ei nøkkelrolle i arbeidet for høge sosiale, økonomiske og miljømessige standardar heile vegen frå produsent til forbrukar. Klima- og skoginitiativet støttar òg ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar avskogingsfrie verdikjeder og som arbeider for urfolks rettar og mot skogkriminalitet.

Særskilt om framande organismar (delmål 15.8)

Framande organismar både globalt og nasjonalt er blant dei største truslane mot naturmangfaldet. Kampen mot spreiing av framande arter krev internasjonalt samarbeid og tiltak. Løysingar må finnast innanfor relevante internasjonale konvensjonar, slik som konvensjonen om biologisk mangfald. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet omtalar ei rad tiltak for å redusere negative miljøkonsekvensar av framande arter.

Klimaendringar kan føre til at det kjem nye, uønskte framande organismar i norsk natur. Det er viktig å hindre innførsel og utsetjing av framande skadelege organismar, i tråd med forskrifta om framande arter og forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål. Vi må òg nedkjempe framande skadelege organismar som alt er etablerte i norsk natur. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med aktuelle departement utarbeide ein samla, prioritert tiltaksplan for nedkjemping av skadelege framande organismar. Planen skal mellom anna byggje på eksisterande handlingsplanar mot framande skadelege arter og den tverrsektorielle nasjonale strategien og tiltak mot framande skadelege arter. Ei oppdatert «svarteliste» over skadelege framande arter i norsk natur vart publisert i mai 2018.

8.5 Evaluering av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar

Ved ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar i 2007 vart det lagt til grunn at den skulle vere permanent, men samtidig at effektane av ordninga for dei aktuelle laksebestandane skulle evaluerast seinast etter ti år.

Ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart oppretta av Stortinget med det formål å gi eit utval av dei viktigaste laksebestandane i Noreg særleg beskyttelse, blant anna «mot skadelige inngrep og aktiviteter i vassdragene og mot oppdrettsvirksomhet, forurensning og munningsinngrep i de nærliggende fjord- og kystområdene», jf. St.prp. nr. 32 (2006–2007). Ordninga er blant hovudtiltaka for vern av villaksen og omfattar 29 nasjonale laksefjordar og 52 nasjonale laksevassdrag, det vil seie om lag ¾ av den norske villaksressursen. Stortinget har vedteke eit detaljert beskyttelsesregime for dei utvalde vassdraga og fjordane som byggjer på den grunnleggjande føresetnaden at summen av endringar i aktivitetane i vassdraga og fjordområda ikkje skal medføre auka, men snarare redusert risiko for villaksen.

Departementet gav Miljødirektoratet i oppgåve å førestå evalueringa. Direktoratet organiserte denne gjennom å utarbeide eit overvakings- og evalueringsprogram, og utnemne ei styringsgruppe, evalueringsgruppe og prosjektgruppe. Evalueringa tok berre for seg effekten på dei aktuelle laksebestandane, og har ikkje vurdert næringskonsekvensar av ordninga.

Evalueringa er resultatet av ein lang og omfattande prosess der det er henta inn overvakingsdata og stilt saman informasjon på fleire saksfelt. Den viser at verneordninga delvis fungerer etter føremålet, men at det er potensial for å betre ordninga. Både Miljødirektoratet og evalueringsgruppa har presisert at evalueringa metodisk har vore utfordrande, fordi den ikkje kunne setjast opp som eit eksperiment med eit målbart «før» og «etter». Dei fleste store og robuste bestandane er omfatta av ordninga, slik at referansevassdrag- og fjordar har vore vanskelege å finne. Det er òg stor variasjon i storleiken på laksefjordane. Verneregimet er òg differensiert ved at det i nokre nasjonale laksefjordar er tillate med akvakultur med laksefisk.

Miljødirektoratet framhevar følgjande konklusjonar frå evalueringa:

  • Effektane av ordninga med nasjonale laksefjordar er avhengig av storleiken på verneområdet. Vern av store areal medverkar best til å verne vill laksefisk, både mot lakselus og rømt oppdrettslaks. Storleiken på områda som er omfatta av ordninga varierer likevel betydeleg, frå å omfatte heile fjordar og kyststrekningar (til dømes Trondheimsfjorden og kysten mellom Jæren og Dalane) til å berre omfatte dei indre delane av mindre fjordar (som til dømes i Etnefjorden og Førdefjorden).

  • Nasjonale laksevassdrag har generelt eit større haustbart overskot og betre oppnåing av gytebestandsmål enn andre vassdrag.

  • Verneordninga har medverka til fleire forvaltingsvedtak som tek vare på villaksen i nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, samanlikna med kva som ville vore tilfellet utan ordninga. Det er til dømes gitt fleire avslag på søknader om vassdragsinngrep i nasjonale laksevassdrag enn i andre typar vassdrag.

  • Ordninga har blitt relativt raskt implementert i saksbehandlinga, og intensjonane i ordninga er i stor grad følgt opp av nasjonale og regionale forvaltingsmyndigheiter. Dette har i mindre grad skjedd hos lokale myndigheiter.

  • I den regionale forvaltinga har ordninga sin viktigaste funksjon vore å medverke til auka vektlegging av at det i dei utpeikte områda må takast spesielle omsyn til villaks.

På bakgrunn av evalueringa har direktoratet framheva særleg tre tiltak som bør gjennomførast for å styrkje ordninga sin beskyttelse av villaksen:

  • 1. Verneregimet bør bli gjennomgått og konkretiserast, og det bør utarbeidast rettleiingsmateriell om korleis regimet skal praktiserast av forvaltinga.

  • 2. Verneregimet bør bli forskriftfesta, med heimel i lakse- og innlandsfisklova § 7a.

  • 3. Det geografiske omfanget av ordninga bør bli justert. Evalueringa viser at store laksefjordar verkar betre enn små, og dersom vernet skal styrkjast, bør det skje ei vurdering av om laksefjordane sin storleik og arrondering er god nok til å ivareta behovet for beskyttelse.

Klima- og miljødepartementet vurderer no korleis saka skal følgjast opp vidare. I denne samanhengen viser ein til Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet , der det går fram at dersom evalueringa viser at ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar «ikke har gitt tilstrekkelig beskyttelse av villaksen, vil regjeringen vurdere behovet for å styrke beskyttelsen av de aktuelle villaksbestandene mot menneskeskapte påvirkninger ytterligere.» Klima- og miljødepartementet vil nå setje i verk tiltak innanfor eige ansvarsområde for å betre verneordninga, under dette utarbeide rettleiingsmateriell og retningsliner mynta på ulike forvaltingsorgan.

Klima- og miljødepartementet vil òg, i samråd med andre aktuelle departement, setje i gang arbeidet med ei ny forskrift etter lakse- og innlandfisklova § 7a, slik at regelverket på området skal bli mest mogleg føreseieleg, einskapleg og forståeleg for brukarane.

8.6 Anna klima- og miljøarbeid i staten

Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, til dømes ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøstyringssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapet. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd, medverkar arbeidet òg til modernisering og effektivisering.

Departementas tryggleiks- og serviceorganisasjon (DSS) har leia innføringa av eit felles miljøstyringssystem i departementa i medhald av krava i EMAS. DSS har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å følgje opp sine interne miljøstyringssystem. Miljøkrav blir rutinevist vurderte ved kvar anskaffing.

Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift.