Klima- og miljødepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap tek utgangspunkt i dei mål og prioriteringar som er gitt i Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap, og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet . Departementet har eit mål om at samfunnstryggleik og beredskap skal vere ein systematisk og heilskapleg prosess. Det er såleis viktig at kunnskap og erfaringar dannar grunnlaget for dei vala og prioriteringane vi tek, med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet. Følgjeleg dannar det òg grunnlaget for departementets beredskapsmessige tilstand, og evna til å handtere moglege uønskte hendingar. Evaluering av hendinga og øvingar er eit viktig moment i vidareutvikling og vedlikehald av departementets samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid. Oppfølging av funn og læringspunkt er avgjerande for at evalueringa skal bidra til eit betra kunnskapsgrunnlag i departementet.

9.1 Ansvarsområde

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, og redusere konsekvensar av uønskte hendingar som skjer innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilde for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er derfor særs viktig med omsyn til måloppnåing. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.

Meteorologisk institutt (MET) har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap. MET overvaker og varslar vêret, bereknar klimaet i notid og framtid, for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar, og planlegge og verne miljøet. MET forvaltar kritisk infrastruktur, og meteorologiske tenester utgjer ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen «Natur og miljø», jf. Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn .

Akutt forureining- og atomberedskap

Det er eit nasjonalt mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Ansvaret for å stille krav til kommunar og private verksemder sin beredskap mot akutt forureining, og kontrollere at krava blir overhaldne, er lagt til miljømyndigheitene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn. Miljødirektoratet har etablert ein plan for kriseberedskap og spesifikke rutinar for handtering av etatens oppgåver knytte til større tilfelle av akutt forureining.

Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Samferdselsdepartementet. Det operative ansvaret er delegert til Kystverket. Den statlege beredskapen mot akutt forureining skal vere basert på kunnskap om miljørisiko. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltinga ei rådgivarrolle overfor Samferdselsdepartementet og Kystverket, og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar.

Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis, og forsikring for å dekkje aktivitetane.

Det nasjonale målet for forureining omfattar òg radioaktiv forureining. Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for atomulykkeberedskapen, mens Statens strålevern er fag- og forvaltingsmyndigheit. Klima- og miljødepartementet har eit ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke medfører radioaktive utslepp og avfall. Det er Statens strålevern som treffer tiltak for utslepps- og avfallshandtering, mens eventuelle klager blir behandla av departementet. Statens strålevern bidrar òg med utvikling av planverk for miljøforvaltinga på atomberedskapsområdet. Miljødirektoratet kan bistå med målingar og gi råd om konsekvensar nedfall kan ha på det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan bistå med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, blant anna iskart.

Beredskapsmessige utfordringar knytte til klimaendringar

Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. I tråd med ansvarsprinsippet har kvart enkelt departement ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rette regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har blant anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementet sitt arbeid med klimatilpassing medrekna overvatn, sjå oppmodingsvedtak nr. 914 frå 14. juni 2017 side 59.

Beredskap mot skadar på kulturminne og -miljø

Det er eit nasjonalt mål at tap av verneverdige kulturminne og -miljø skal minimerast. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltinga av kulturminne og -miljø i Noreg, men samarbeider tett med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturminne. Samarbeidet er viktig for blant anna branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer. Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må òg takast omsyn til i samband med forhindring av skadar framover. I dette arbeidet spelar MET ei viktig rolle med omsyn til forsking om endringar i klima.

Beredskap mot utslepp av GMO

Genmodifiserte organismar er individ eller arter der DNA er endra i laboratorium. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å behandle søknader om omsetjing og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvar og ansvar for vurdering av miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko.

Etter genteknologilovas føresegner skal verksemdene syte for naudsynte sikkerheitstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at òg privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.

9.2 Kritiske samfunnsfunksjonar – Natur og miljø

Arbeidet med å sikre samfunnet mot alvorlege hendingar er eit ansvar som ligg til mange sektorar. I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et tryggere samfunn blir det gjort greie for kva funksjonar som til ei kvar tid må bli oppretthaldne for å sikre samfunnet, og kva departement som har ansvar for å koordinere og samordne funksjonane.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for den kritiske samfunnsfunksjonen «Natur og miljø». Rolla som hovudansvarleg departement inneber blant anna å sikre naudsynt koordinering og samordning mellom aktuelle departement.

Godt samfunnssikkerheitsarbeid stiller store krav til samordning på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Det hovudansvarlege departementet skal òg vere eit sentralt verkemiddel for å styrkje den tverrsektorielle samordninga i arbeidet med samfunnstryggleiken. Samfunnstryggleiksinstruksen beskriv rolla til dei hovudansvarlege departementa.

Bakgrunnen for den kritiske samfunnsfunksjonen «Natur og miljø» er behovet for vern av naturen mot påverknad frå menneskeleg aktivitet i form av akutt forureining (forureiningsberedskap) og vern av befolkninga mot naturfare (meteorologitenester og flaum- og skredvarsling).

Innanfor samfunnsfunksjonen er det definert tre kapabilitetar for å ta vare på tryggleiken for befolkninga: Forureiningsberedskap, Meteorologitenester og Overvaking av flaum- og skredfare.

I Forureiningsberedskap inngår privat, kommunal/interkommunal og statleg beredskap mot akutt forureining til lands og i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel som kan skade naturen.

I kapabiliteten Meteorologitenester inngår MET sine tenester:

  • Innsamling, behandling og tilgjengeleggjering av meteorologiske data

  • Utarbeiding og distribusjon av varsel av betydning for liv og sikkerheit

  • Utarbeiding av spesielle meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk- og redningsoperasjonar, kritiske operasjonar og sikkerheitstrugande hendingar

  • Utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart

I Noreg er MET gitt særskilte oppgåver knytte til meteorologiske tenester. I vedtektene til MET heiter det:

«Meteorologisk institutt står for den offentlige meteorologiske tjenesten for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at myndigheter, næringslivet, institusjoner og allmennheten blir best mulig i stand til å sikre liv og verdier, planlegge framover og verne miljøet.»

MET utviklar og leverer ei lang rekkje nyttige tenester og syter mellom anna for at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr.

Kapabiliteten Overvaking av flaum- og skredfare omfattar dei etablerte systema for overvaking og varsling av flaum i større og mindre vassdrag, og av flaumskred og snø-, sørpe-, jord- og fjellskred. Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta og har òg ein døgnkontinuerleg beredskapstelefon for flaum- og skredsituasjonar. Norges vassdrags- og energidirektorat utarbeider òg vassføringsprognosar for heile landet. Nedbørsvarsel frå MET er òg ein viktig del av grunnlaget for overvaking og varsling av flaum- og skredfare.

Som ein oppfølging av Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et tryggere samfunn skal det rapporterast på dei 14 samfunnskritiske områda innan fire år. Rapporten på den kritiske samfunnsfunksjonen «Natur og miljø» vil innehalde ei status- og tilstandsvurdering. I det inngår mellom anna ei vurdering av den evna samfunnet har til å oppretthalde funksjonane dersom desse blir utsette for ulike påkjenningar.

9.3 Informasjonstryggleik og førebuande tryggleik i miljøforvaltinga

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gitt underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik, (ISMS), som oppfyller krava i ISO 27001-standarden. Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren har alle etablert styringssystem for informasjonstryggleik og er no sertifiserte etter ISO-27001-standarden. Meterologisk institutt og Artsdatabanken har ikkje fått krav om sertifisering etter ISO27001-standarden. Begge etatane skal gå gjennom sine styringsystem for informasjonstryggleik i løpet av 2019.