Klimalova, tok til å gjelde i kraft 1. januar 2018, skal fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstilling til eit lågutsleppsamfunn i Noreg i 2050. Klimamåla for 2030 og 2050 vart lovfesta. Lova skal òg styrkje openheit og brei demokratisk forankring av norsk klimapolitikk då det er lovfesta at Stortinget regelmessig skal få informasjon om status og framdrift i arbeidet med Noregs klimamål. Klimalova innfører òg ein syklus for gjennomgang av klimamål kvart femte år etter same prinsipp som Parisavtala. For å fremje omstillinga til eit lågutsleppssamfunn skal regjeringa i 2020 og deretter kvart femte år leggje fram for Stortinget oppdaterte klimamål.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane i vår tid. Eit slikt problem kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Klimakonvensjonen vart sett i verk i 1994, og har som mål å unngå «farlig menneskeskapt påvirkning på klimasystemet». Partane vart i 2015 samde om Parisavtala. Det er eit mål å halde auken i den globale oppvarminga godt under to grader samanlikna med før-industrielt nivå, og å arbeide for å avgrense temperaturauken til 1,5 grad over før-industrielt nivå. Med Parisavtala tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag, og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå sine nasjonalt fastsette bidrag. Det norske utsleppsmålet er i tråd med Parisavtala. Samstundes vil Parisavtalas mål ikkje kunne nåast utan at dei samla nasjonalt fastesette bidraga til landa blir heva samanlikna med det som er meldt inn. Den 8. oktober legg FNs klimapanel fram ein spesialrapport om verknadene av klimaendringane ved 1,5 grads global oppvarming og berekningar for kor mykje dei globale utsleppa må reduserast for å avgrense oppvarminga til 1,5 grad, då dette vil redusere betydeleg risikoen og effektane knytt til klimaendringar. Denne rapporten vil vere eit viktig grunnlag i vurderinga av landa sin kollektive innsats for å nå måla i Parisavtala. Rapporten vil òg vere eit bidrag inn i den vidare utviklinga av klimapolitikken.

Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet, men Noreg må òg kutte eigne utslepp. Målet er at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, med 80–95 pst. lågare klimagassutslepp enn i 1990 slik det framgår av klimalova. Dette skal vi klare, gjennom ei brei satsing på klimapolitikk som verkar. Jæløya-plattforma gir eit godt grunnlag, og regjeringa vil kontinuerleg vurdere behova for forsterka innsats.

Hovudverkemidla i norsk klimapolitikk er, og skal vere, sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og omsetjelege kvotar. Prising av utslepp medverkar til å skape marknader for ny nullutsleppsteknologi og gir insentiv til teknologiutvikling og innfasing av ny teknologi i alle sektorar. Skatte- og avgiftspolitikken skal medverka til å redusere norske klimagassutslepp. Regjeringa vil difor halde fram arbeidet med eit grønt skatteskifte. For å få ei grøn omstilling skal utslepp av klimagassar få ein gradvis høgare pris. I Jeløya-plattforma vart det varsla at det skal innførast ei flat CO 2 -avgift for alle sektorar, og at denne skal trappast opp gjennom perioden. For å nå dei måla vi har sett oss må vi bruke fleire verkemiddel, og det er difor behov for ein kombinasjon av støtte, til dømes gjennom Enova, avgifter og reguleringar. Enova støtta prosjekt som medverkar til reduserte klimagassutslepp på kort sikt, og utvikling av teknologi som gir reduserte utslepp på lengre sikt. Satsing gjennom Enova sikrar at midla blir brukt der dei gjer størst mogleg reduksjon per krone.

Klimaendringar kan påverka norsk økonomi på fleire måtar. Regjeringa har difor sett ned eit ekspertutval for å sjå på klimarisiko. Utvalet skal identifisere viktige globale, klimarelaterte risikofaktorar og vurdere betydninga deira for norsk økonomi og finansiell stabilitet. Noreg er første land i verda som har sett ned eit slik utval.

Omstillinga til eit lågutsleppssamfunn er krevjande, men den byr òg på høve til vekst i fleire næringar. Strategien for grøn konkurransekraft skal medverke til å gi føreseielege rammer, full sysselsetjing og eit høgt inntektsnivå. Regjeringa har tett dialog med næringslivet for å skape lønnsame grøne arbeidsplassar.

Internasjonalt er Noreg ein stor bidragsytar av klimafinansiering til utviklingsland. Særleg gjennom klima- og skogsatsinga er vi eit føregangsland i langsiktig og føreseieleg finansiering. Regjeringa auker nivået på klimafinansering i budsjettet for 2019 for å medverke til at utviklingslanda når måla i Parisavtala. Noreg har vore med på å få på plass ei brei internasjonal avtale om å redusere bruken av dei sterke klimagassane HFK (hydrofluorkarbon) og eit kollektivt mål i Arktisk Råd om å redusera utslepp av svart karbon. Noreg har òg leia arbeidet i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO

Den internasjonale skipsfartorganisasjonen - International Maritime Organization (IMO).

) med å få på plass ei historisk klimaavtale for internasjonal skipsfart.

Ifølgje lovas sin § 6 skal regjeringa årleg utarbeide ei utgreiing for Stortinget. Regjeringa skal gjere greie for korleis Noreg kan nå klimamåla for 2030 og 2050 og for klimaeffekten av framlagt budsjett. Vidare skal utviklinga i utslepp og opptak av klimagassar, framskrivingar av utslepp og opptak og gjennomføring av dei lovfesta klimamåla for 2030 og 2050 omtalast. Det skal òg givast eit oversyn som gjer synleg sektorvise utsleppsbaner innanfor ikkje-kvotepliktig sektor og kva type tiltak som vil vere nødvendig for å realisere desse; og status for Noregs karbonbudsjett, også innanfor eit klimasamarbeid med EU om oppfylling av klimamål. Korleis Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane skal òg inngå i utgreiinga.

Dette er det første året det blir rapportert etter § 6 i klimalova og rapporteringa si form og innhald vil måtte utviklast vidare over tid. Det nyleg oppretta tekniske berekningsutvalet for klima vil mellom anna gi råd om forbetringar i metodane for tiltaks- og verkemiddelanalysar og foreslå metodar for utrekning av klimaeffektar av budsjettet. Det bør medverke til å forbetre metodane og rapporteringa.