Klima- og miljødepartementet (KLD)

I følgje klimalova skal det gjerast greie for utviklinga i utslepp og opptak av klimagassar, og for framskrivingar av utslepp og opptak. I dette avsnittet blir det gjort greie for dette.

13.1 Historiske utslepp og opptak

Dei norske utsleppa av klimagassar var i 2017

Alle tal for 2017 er foreløpige.

på 52,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar som er ein nedgang på nesten 1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i forhold til 2016, eller 1,7 pst. Det meste av nedgangen skjedde i vegtrafikk (0,9 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar). Ein nedgang i forbruket av autodiesel og bensin i 2017 førte til at utslepp frå vegtrafikk blei redusert med 9,6 pst. samanlikna med 2016. Hovudgrunnen til nedgangen var den store delen innblanda biodrivstoff. Andre transportutslepp gjekk òg ned (0,3 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar) hovudsakleg som følgje av mindre sal av marine gassoljar og dermed berekna reduserte utslepp frå kysttrafikken. I motsett retning trekte auka utslepp frå industrien (0,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar) hovudsakleg som følgje av auka produksjon. Figur 13.1 viser utslepp frå 1990 fordelt på sektorar og framskrevne utslepp til 2030, sjå meir om framskrevne utslepp i avsnitt 13.2.

Utslepp av CO 2 utgjorde 83 pst. av dei samla utsleppa i 2017, mens resten skuldast utslepp av metan (CH4), lystgass (N2O) og fluorhaldige klimagassar (HFKar, PFKar og SF6).

Figur 13.1 Sektorvise utslepp, historiske og framskriving til 2030

Figur 13.1 Sektorvise utslepp, historiske og framskriving til 2030

Kjelde: Finansdepartementet, Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

Utsleppa i 1990 var på 51,2 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar. Utsleppa i 2017 ligg 2,4 pst. over 1990-nivået. I same periode har befolkninga auka med om lag 20 pst. (1 mill. personar) og BNP er dobla. Dermed er utsleppsintensiteten (utslepp per produksjon i kroner) blitt redusert med 55 pst. sidan 1990. Norsk økonomi er òg blitt mindre energiintensiv i og med at energiforbruket har auka med berre 12 pst. sidan 1990.

Skog tek opp store mengder CO 2 . I 2016

For skog og anna arealbruk blir det ikkje utarbeidd foreløpige tal.

var nettoopptaket på 24,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i sektoren for skog og annan arealbruk. For meir omtale av denne sektoren, sjå avsnitt 14.3.6.

Figur 13.2 viser kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig utslepp fordelt på sektor. Omtrent halvparten av dei norske utsleppa av klimagassar er kvotepliktige – dvs. dei er omfatta av EUs kvotesystem (EU ETS) (sjå nærare omtale i kapittel 12.2). Dei kvotepliktige utsleppa er størsteparten av utsleppa frå petroleumssektoren og industrien, større anlegg i energiforsyning og størstedelen av luftfarten. Dei kvotepliktige utsleppa var i 2017 på 26,6 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa er i hovudsak utslepp frå anna transport og jordbruk. I tillegg kjem småskala energiforsyning, og andre kjelder som oppvarming, produkt med fluorgassar og avfallsbehandling, og i tillegg ikkje-kvotepliktige utslepp frå industrien og petroleumssektoren. I 2017 stamma 25,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar av utsleppa frå ikkje-kvotepliktige kjelder.

Figur 13.2 Fordeling kvotepliktig og ikkje-kvotepliktige utslepp i 2017.

Figur 13.2 Fordeling kvotepliktig og ikkje-kvotepliktige utslepp i 2017.

Kjelde: Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

13.2 Framskrivingar

I Nasjonalbudsjettet 2019 (Meld. St. 1 (2018–2019)) er det lagt fram oppdaterte framskrivingar av norske klimagassutslepp. Noregs utslepp av klimagassar avheng av handlingane til nokre hundretusen bedrifter og fleire millionar personar. Utsleppsframskrivingar prøver å fange opp underliggjande utviklingstrekk og tendensar bak summen av desse handlingane, blant anna med utgangspunkt i økonomiske, teknologiske og befolkningsvise forhold.

Klimapolitikken er blitt betydeleg styrkt dei seinaste åra. I tråd med internasjonale retningslinjer er framskrivingane baserte på at dagens innretning av klimapolitikken blir ført vidare. Det inneber at omfang og satsar for CO 2 -avgifta og andre avgifter blir haldne på dagens nivå. Satsinga på teknologiutvikling, for eksempel gjennom Enova, blir ført vidare.

Framskrivingane gir dermed eit bilde av korleis norske utslepp av klimagassar kan utvikle seg ved ei vidareføring av dagens verkemiddel. Berekningane av korleis dagens politikk påverkar framtidige utslepp er usikre, og uvissa aukar desto lengre fram i tid framskrivingane strekkjer seg. Effekten av politikken er blant anna avhengig av utvikling og tilgang på låg- og nullutsleppsteknologi og kostnadene ved å ta slik teknologi i bruk. Det meste av denne teknologiske utviklinga skjer utanfor Noregs grenser. Framskrivingane er ikkje ei beskriving av regjeringa sine mål og fangar heller ikkje opp effektar av framtidig ny politikk og nye verkemiddel. Vedtekne mål utan tilhøyrande forslag til endra verkemiddel eller tiltak som ikkje er ferdig utgreidde i form av forskrift, avgiftsvedtak eller avtaler mv. er ikkje innarbeidd i referansebana. Framtidig økonomisk vekst, befolkningsutvikling, produktivitetsvekst og utvikling internasjonalt har mykje å seie for utsleppsutviklinga i Noreg, og klimapolitikken bør òg ta høgde for at utviklinga kan bli annleis enn lagt til grunn.

Utsleppa av klimagassar er anslått å falle med om lag 7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar frå 2017 og fram mot 2030. Det aller meste av nedgangen er venta å komme i ikkje-kvotepliktige utslepp der utsleppa er venta å gå ned med om lag 5 mill. tonn frå 2017 til 2030, sjå tabell 13.1. Utviklinga i utsleppa må mellom anna sjåast i samanheng med utfasinga av oljefyr fram mot 2020, nedlegginga av gasskraftverket på Mongstad og at utsleppa frå petroleumsverksemda startar å avta noko etter 2020. Effekten av ein anslått nedgang i transportutsleppa som følge av at fleire nullutsleppskøyretøy blir tekne i bruk, blir først for alvor synleg i tala etter 2020.

Tabell 13.1 Utslepp av klimagassar i Noreg etter sektor (mill. tonn CO 2 -ekvivalentar)

1990

2005

2010

2017 1

2020

2030

Utslepp av klimagassar

51,2

54,8

55,0

52,4

50,8

45,3

Kvotepliktig utslepp

27,7

26,7

26,6

26,5

24,8

– Olje- og gassproduksjon

12,9

12,9

13,7

14,2

12,9

– Industri og bergverk

13,7

11,0

11,0

10,8

10,4

– Andre kjelder 2

1,1

2,7

1,8

1,4

1,5

Ikkje-kvotepliktig utslepp

27,1

28,3

25,8

24,3

20,5

– Transport 3

14,8

15,9

14,2

13,7

11,1

– Av dette: Vegtrafikk

9,3

9,8

8,8

8,4

6,4

– Jordbruk

4,5

4,3

4,5

4,5

4,6

– Andre kjelder 4

7,7

8,1

7,1

6,1

4,8

Netto opptak i skog og anna arealbruk 5

-10,4

-24,9

-26,5

-24,4 6

-23,4

-21,2

Utslepp av klimagassar utan netto opptak i skog og anna arealbruk

40,8

29,8

28,6

28,0

27,4

24,1

Memo

Fastlands-Noreg

42,9

40,4

40,8

37,7

35,5

31,5

1 Foreløpige tal.

2 Inkluderer utslepp frå kvotepliktig energiforsyning og luftfart.

3 Inkluderer utslepp frå vegtrafikk, sjøfart, fiske, ikkje-kvotepliktig luftfart, anleggsmaskiner og andre mobile kjelder.

4 Inkluderer ikkje-kvotepliktig utslepp frå industri, petroleumsverksemd og energiforsyning, og utslepp frå oppvarming og andre kjelder.

5 Ein vil oppdatera framskrivinga.

6 Tal for 2016.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, NIBIO og Finansdepartementet.

Anslaget for 2030 er justert ned med nesten 3 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar samanlikna med førre framskriving (Perspektivmeldinga 2017). Det meste av nedjusteringa heng saman med lågare ikkje-kvotepliktige utslepp, særleg frå vegtrafikk. I tillegg til auka innblanding av biodrivstoff medverkar den venta utviklinga i nullutsleppsløysingar i transportsektoren til at framskrivingane viser sterkare nedgang. Også dei kvotepliktige utsleppa er noko nedjusterte. Høgare kvoteprisar gir sterkare insentiv til å effektivisere produksjonen og ta i bruk ny teknologi.

Framskrivingar for ikkje-kvotepliktige utslepp i enkeltsektorar er vist i tabell 13.2. Sjå meir om desse sektorane i kapittel 14.

Tabell 13.2 Ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar i Noreg etter sektor (mill. tonn CO 2 -ekvivalentar)

2005

2010

2017 1

2020

2030

Ikkje-kvotepliktig utslepp

27,1

28,3

25,8

24,3

20,5

Transport

14,8

15,9

14,2

13,7

11,1

Av dette:

Vegtrafikk

9,3

9,8

8,8

8,4

6,4

– Personbil

5,2

5,4

4,7

4,3

2,6

– Anna vegtrafikk 2

4,1

4,4

4,1

4,1

3,7

Innanriks sjøfart og fiske

3,0

3,1

2,4

2,3

1,9

Luftfart

0,2

0,2

0,2

0,2

0,2

Annan transport 3

2,3

2,8

2,8

2,9

2,6

Jordbruk

4,5

4,3

4,5

4,5

4,6

Petroleum og industri

3,0

2,6

2,3

2,2

1,9

Energiforsyning og oppvarming

2,1

2,6

1,9

1,3

1,2

F-gassar og andre utsleppskjelder 4

2,6

2,9

2,9

2,5

1,7

1 For 2017 har Statistisk sentralbyrå publisert foreløpige tal på aggregert nivå. For meir detaljert inndeling nyttast anslag frå Miljødirektoratet der trend for SSBs aggregerte nivå er nytta for alle delkjelder.

2 Lastebilar, bussar, varebilar, mopedar og motorsyklar.

3 Jernbane, fritidsbåtar, snøscooterar, traktorar, anleggsmaskinar og andre motorreiskapar.

4 F-gassar, avfallsdeponi, avløp og avløpsrensing, løsemidlar, kompostering, gass- og bensindistribusjon og ein del mindre kjelder.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, NIBIO og Finansdepartementet.

For første gongen er det laga framskrivingar av utslepp av klimagassar til 2050. Framskrivingane er ikkje prognosar men må sjåast som grove illustrasjonar. Dei er baserte på ei rekkje føresetnader, som at dagens klimapolitikk blir ført vidare, både nasjonalt og internasjonalt. Mot 2050 er det lagt til grunn at befolkning, økonomi og den generelle betringa i teknologi fram mot 2050 utviklar seg i om lag same tempo som fram mot 2030. Det inneber at utviklinga av ny klimavennleg teknologi internasjonalt, som Noreg er heilt avhengig av for å bli eit lågutsleppssamfunn, verken går raskare eller saktare enn det vi har observert historisk.

Gitt slike føresetnader er utsleppa venta å gå vesentleg ned fram mot 2050. Årlege forbetringar i teknologi og anna effektivisering er venta å meir enn kompensere for verknadene av økonomisk vekst og ei større befolkning. I tillegg er det venta at lågare produksjon av olje og gass og vidare utfasing av bruk av fossil energi til oppvarming og i transport vil medverke til å redusere utsleppa. Alt i alt vert utsleppa anslått å liggje nesten 40 pst. lågare i 2050 enn dagens nivå. Nettoopptaket av klimagassar i skog og arealbruk går òg ned, men er venta framleis å svare til rundt 45 pst. av utslepp frå andre sektorar også mot midten av hundreåret.

Noregs elektrisitetsforsyning er allereie i dag fornybar, og ny fornybar teknologi innanfor dette området vil i liten grad medverke til reduserte utslepp i Noreg. Fossilfrie løysingar innanfor transport, industriprosessar med lågare utslepp eller matproduksjon med mindre klimaavtrykk er avgjerande for at norske utslepp skal gå vesentleg raskare ned framover.

Den faktiske utsleppsutviklinga vil avvike frå det løpet som er indikert her. Framskrivingar er usikre og uvissa aukar jo lenger fram i tid framskrivingane går. Om lågutsleppsløysingar til konkurransedyktige prisar blir utvikla raskare enn det som er lagt til grunn, vil utsleppa kunne bli reduserte raskare enn framskrivingane viser. Dette skuldast at utslepp allereie i dag har ein tydeleg kostnad for norske hushald og bedrifter gjennom avgifter og kvoteplikt. I 2018 er i følgje OECD om lag 20 pst. av verdas utslepp prisa. Saman med andre ordningar gir slik prising gode insentiv til å ta i bruk nye løysingar med lågare utslepp. På den andre sida kan også teknologiutviklinga gå langsamare enn lagt til grunn. Ein kombinasjon av prising av utslepp og støtte til forsking og utvikling er avgjerande for utvikling og spreiing av lågutsleppsteknologi.