Klima- og miljødepartementet (KLD)

14.1 Innleiing

I følgje klimalova skal det givast ei oversikt som gjer synleg sektorvise utsleppsbaner innanfor ikkje-kvotepliktig sektor og kva typar tiltak som vil vere nødvendig for å realisere desse. I dette avsnittet er det gjort greie for dette.

Ved ei felles oppfylling med EU vil Noreg få ei forplikting om å halde utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor samla under eit gitt nivå for perioden 2021–2030. EU vil ikkje leggje føringar for i kva sektorar innanfor ikkje-kvotepliktig sektor reduksjonane blir gjennomførte, men vil forsikre seg om at summen av norske utslepp, etter at det er teke omsyn til bruk av fleksible mekanismar, er i tråd med forpliktinga. I tillegg til å rapportere om gjennomføringa av utsleppsmålet for ikkje-kvotepliktig sektor, som Noreg vil få ved ei felles oppfylling av klimamålet for 2030 med EU, skal det òg utarbeidast indikative utsleppsbaner for sektorar innan ikkje-kvotepliktig sektor, og «hvilke typer tiltak som vil være nødvendig for å nå disse målene», slik Stortinget skriv i sitt vedtak. Arbeidet med slike baner vil vere nyttig i arbeidet med å nå utsleppsmålet for ikkje-kvotepliktig sektor, men det er understreka at anslag av denne typen er svært usikre. Det er uvisse både om den økonomiske utviklinga og dermed også utsleppsutviklinga og om effekten av tiltak. I tillegg vil utviklinga av ny teknologi og opptaket av denne komme i ulikt tempo. Baner og type tiltak kan derfor ikkje oppfattast som mål eller planar, men som ein illustrasjon på ein mogleg veg.

Detaljenivået i rapporteringa, under dette omtala av utsleppsbaner og tiltak, vil måtte tilpassast etter behov og dermed kunne variere frå år til år ut frå kva som er sett på som føremålstenleg.

Ei utsleppsbane viser utvikling i utslepp framover i tid, gitt visse føresetnader. Framskrivinga av utsleppa basert på eksisterande politikk er til dømes ei utsleppsbane. Dei sektorvise utsleppsbanene som er presenterte i dette kapitlet er baserte på at hushald og bedrifter gjer utsleppsreduserande tiltak utover det eksisterande politikk vil utløyse. Utsleppsbanene er baserte på berekningar av Miljødirektoratet av utsleppsreduksjonar frå politiske mål og ambisjonar og tiltak dei vurderer å ha ein samfunnsøkonomisk tiltakskostnad under 500 kroner per tonn CO 2 -ekvivalentar. I arbeidet med berekningane baserer Miljødirektoratet seg òg på analyser og vurderingar frå andre etatar, bedrifter og analysemiljø.

Den berekna effekten på utsleppa av måla og tiltaka som er framstilte tek utgangspunkt i Miljødirektoratets tiltaksanalysar utarbeidde til Meld St 41 (2016–2017)

http://www.miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/2017/Juni-2017/Beregningsteknisk-grunnlag-for-Klimameldingen/

. Figur 14.1 viser utsleppsbaner for samla ikkje-kvotepliktige utslepp. Sektorvise utsleppsbaner for ikkje kvotepliktige utslepp er presentert i sektorgjennomgangen i dei neste avsnitta saman med oversikter over kva for tiltak som er lagt til grunn for utsleppsbanene. Tiltaka er samanstilt av Miljødirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og er justerte i høve til ny framskriving og oppdaterte med ny informasjon der den har vore tilgjengeleg. Sjå nærare om tiltaka på Miljødirektoratets nettsider

http://www.miljodirektoratet.no/

.

Figur 14.1 Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbaner for ikkje-kvotepliktige utslepp

Figur 14.1 Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbaner for ikkje-kvotepliktige utslepp

Kjelde: Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

Basert på dei oppdaterte berekningane anslår Miljødirektoratet at oppfølging av politiske målsetjingar, og tiltak i kostnadskategorien under 500 kroner per tonn CO 2 -ekvivalentar, til saman vil kunne redusere utsleppa innanlands med om lag 22 mill. tonn over perioden 2021–2030 samanlikna med framskrivinga. Anslått utsleppseffekt av politiske målsetjingar og ambisjonar samanlikna med ny framskriving basert på eksisterande klimapolitikk er i underkant av 12 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar over perioden 2021–2030. I tillegg har Miljødirektoratet anslått eit potensial for utsleppsreduksjonar med berekna samfunnsøkonomisk kostnad under 500 kroner per tonn CO 2 -ekvivalentar på i underkant av 11 mill. tonn, sjå figur 14.1. Anslaga er prega av betydeleg uvisse, og summerer seg til meir enn dei 6-11 mill. tonna som er nødvendige for å oppfylle 2030 forpliktinga etter at høvet til å bruke kvotar frå EUs bedriftskvotesystem er medrekna. Eit eventuelt utslepp frå skog og anna arealbruk vil komme i tillegg.

I tillegg til at anslaga er usikre er det ikkje vurdert kva verkemiddel eller nivå på verkemiddela som må til for å utløyse dei berekna utsleppsreduksjonane, eller kostnader knytte til desse, utover den berekna samfunnsøkonomiske tiltakskostnaden. Overslaga på potensial og kostnader er følsame for kva føresetnader som blir lagde til grunn, blant anna om innfasing. Miljødirektoratets analyse viser at mange av tiltaka som kan bidra til å fylle det berekna utsleppsgapet er vurdert å liggje under 500 kroner per tonn (samfunnsøkonomisk tiltakskostnad). For dei tiltaka som følgjer av politiske mål og ambisjonar varierer tiltakskostnaden, både opp mot 1 500 kroner per tonn og over 1 500 kroner per tonn. Kostnaden for fleire tiltak er rekna å vere vesentleg høgare i starten av analyseperioden, særleg for dei tiltaka der teknologien i dag er svært umoden. I nokre tilfelle er ikkje teknologien i dag tilgjengeleg, til dømes innanfor nokre tyngre køyretøy. Kostnadene avheng i stor grad av den vidare utviklinga av låg- og nullutsleppsteknologi til bruk i transportsektoren. Slik teknologi blir i hovudsak utvikla utanlands. Regjeringa har nedsett eit teknisk berekningsutval (TBU) for klima som over tid er meint å bidra til å utvikle vidare metodar for tiltaksanalysar og verkemiddelvurderingar i tillegg til metode for berekning av klimaeffekt av statsbudsjettet.

Utviklinga i kostnader og gjennomføringsmoglegheiter avgjer kva tiltak som faktisk vil bli utløyste. Regjeringa fører ein offensiv klimapolitikk der ei rekkje verkemiddel er styrkte og medverkar til å redusere utslepp. Kapittel 12.4 gir ei omtale av dei viktigaste verkemidla vi har på plass som medverkar til å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp, mens omtala under den enkelte sektor i kapittel 14 gir ei meir detaljert omtale av verkemidla. Regjeringa vil vurdere avgift på generelt nivå for alle ikkje-kvotepliktige utslepp. Dersom avgift ikkje er vurdert å vere eit tilstrekkeleg eller føremålstenleg verkemiddel, skal andre verkemiddel som gir tilsvarande sterke insentiv vurderast.

14.2 Transport

Foreløpige tal viser at utsleppa frå transportsektoren i 2017

For 2017 har Statistisk sentralbyrå publisert foreløpige tal på aggregert nivå. For meir detaljert inndeling nyttast anslag frå Miljødirektoratet der trend for SSBs aggregerte nivå er nytta for alle delkjelder.

var på 15,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar noko som svarer til 29 pst. av dei totale norske klimagassutsleppa. Transport omfattar i utsleppsrekneskapen vegtransport, sjøtransport og fiske, luftfart og andre motorreiskapar mv. Utsleppa gjekk ned med vel 1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar frå 2016. Samanlikna med 1990 har utsleppa auka med 20 pst. I same periode har befolkninga auka med nærare 25 pst.

Mesteparten av utsleppa i transportsektoren er ikkje kvotepliktige. Unntaket er utslepp frå luftfart innafor EØS-området, som i all hovudsak er underlagt kvoteplikt.

Figur 14.2  Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbane veitrafikk. 1

Figur 14.2 Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbane veitrafikk. 1

1 Utsleppsreduksjoner som ligg inne i kategorien annan vegtrafikk er hovudsakelig frå null- og lågutsleppstiltak knytta til nyttekjøretøy som lastebilar og varebilar, men kategorien inkluderer også tiltak knytta til overføring av gods frå veg til sjø og bane og bruk av null- og lågutsleppsteknologi i busstransporten. Personbiltiltakene inkluderer overgang til null- og lågutslippsbilar og overgang til meir kollektiv, sykkel og gange.

Kjelde: Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

Boks 14.1 Klimamål- og ambisjonar på transportområdet

Regjeringa vil leggje til rette for betydelege utsleppsreduksjonar i transportsektoren. Ny teknologi, auka bruk av biodrivstoff, utbygging av infrastruktur for nullutsleppskøyretøy og skatte- og avgiftspolitikken vil vere viktige verkemiddel for å nå målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Regjeringa si satsing på gods-, kollektiv-, gang- og sykkeltiltak vil òg medverke til å redusere utslepp frå sektoren.

Betringar av teknologisk modenheit i dei ulike delane av transportsektoren, slik at nullutsleppsløysingar blir konkurransedyktige mot fossile transportløysingar, ligg til grunn for måla om utsleppsreduksjonar.

Regjeringa vil:

  • Syte for at transportsektoren tek ein stor nok del av utsleppskutta til at vi oppfyller Parisavtala og Noregs klimamål i 2030.

  • Regjeringa har ein ambisjon om å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Denne ambisjonen er basert på forbetringar av teknologisk modenheit i ulike delar av transportsektoren.

  • Leggje til grunn følgjande måltal for nullutsleppskøyretøy i 2025:

    • Nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutsleppskøyretøy

    • Nye bybussar skal vere nullutsleppskøyretøy eller bruke biogass

  • Innan 2030 skal nye tyngre varebilar, 75 pst. av nye langdistansebussar og 50 pst. av nye lastebilar vere nullutsleppskøyretøy

  • Innan 2030 skal varedistribusjonen i dei største bysentra vere tilnærma nullutslepp

  • Leggje til rette for at det alltid skal lønne seg å velje nullutslepp ved kjøp av bil

  • Redusere klimagassutslepp frå sektoren ved å fase inn null- og lågutsleppsteknologi, auke omsetninga av berekraftig biodrivstoff og føre ein målretta skatte- og avgiftspolitikk.

  • Starte arbeidet med eit bilavgiftssystem som er berekraftig etter 2025.

  • Føre vidare skattefordelane for el-bil når det gjeld eingongsavgift og meirverdiavgift i heile perioden for å nå 2025-måla.

  • Ha ein ambisjon om at innan 2030 skal 40 pst. av alle skip i nærskipsfart bruke biodrivstoff eller vere låg- og nullutsleppsfartøy

  • Støtte opp under fylkeskommunane sitt høve til å tilby klimavennlege kollektivtilbod

  • Sikre at alle nye riksvegferjer nyttar låg- eller nullutsleppsløysingar, og medverke til at fylkeskommunale ferjer og hurtigbåtar nyttar låg- og nullutsleppsløysingar

  • Ha eit omsetningskrav på 0,5 pst. berekraftig avansert biodrivstoff i luftfart frå 2020, med mål om 30 pst. i 2030.

  • Leggje til grunn nullutsleppsløysingar i alle framtidige offentlege materiellanskaffingar i jernbanen.

  • Ved kjøp av nytt rullande materiell skal dette skje i den grad teknologiutviklinga tillet det

  • Utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren

  • At persontransportveksten i byområda skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange

  • Leggje til rette for at ein betydeleg del av transportveksten skjer med sykkel og gange.

  • Satsinga på tiltak for syklistar og fotgjengarar i byområda gjennom bymiljøavtalene og byvekstavtalene blir styrkt

  • Styrke persontogtilbudet i og rundt de største byområdene og tilrettelegge for auka godstransport på jernbane

  • Leggje til rette for at meir gods på dei lange distansane blir transportert på sjø og bane

  • Leggje til rette for at norsk godstransport blir utvikla slik at den kan medverke i det grøne skiftet

  • Medverke til å redusere klimagassutsleppa frå godstransport ved å stimulere til å ta i bruk miljøvennleg transportmiddelteknologi, alternative drivstoff og effektivisere transport og logistikk. Det er lagt stor vekt på å stimulere til eit taktskifte for raskare innfasing av ny teknologi.

Omgrepet nullutsleppsteknologi i transport omfattar bruk av elektrisitet og hydrogen som energikjelde i batteri eller brenselsceller, som ved bruk ikkje har utslepp av klimagassar. Batterielektrisk teknologi og hydrogenteknologi er begge elektriske framdriftsløysingar. Lågutsleppsteknologi er hybride løysingar som kombinerer forbrenningsmotor med elektrisk motor.

14.2.1 Vegtrafikk

Figur 14.2 viser historiske utslepp i vegtrafikk fram til 2017. I tillegg viser den framskrivne utslepp fram til 2030, og ein utsleppsbane med berekna effekt av å nå regjeringas politiske mål og ambisjonar og gjennomføring av tiltak som Miljødirektoratet har estimert til å ha ein samfunnsøkonomiske kostnad under 500 kroner per tonn. Måla og tiltaka er delt i kategoriane personbil, og anna vegtrafikk.

Historiske utslepp

I 2017 var utsleppa frå vegtrafikk 8,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, noko som inneber ein auke på 22 pst. frå 1990. Utsleppa auka fram til 2007 og låg etter det nokså stabilt på i underkant av 10 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i året, før utsleppa dei seinare åra har gått ned. Foreløpige tal frå SSB viser at klimagassutsleppa frå vegtrafikken vart reduserte med 10 pst. i 2017 samanlikna med 2016.

Eksisterande verkemiddel

Regjeringas hovudverkemiddel for å redusere CO 2 -utslepp frå vegtrafikk er CO 2 -avgifta på drivstoff, insentiv i eingongsavgifta på nye køyretøy, elbilfordelane, omsetningskravet for biodrivstoff og føringar for miljøvennleg arealplanlegging via plan- og bygningslova. Vegbruksavgifta er grunngitt med å prise andre eksterne kostnader enn klimagassutslepp, slik som kø, ulykker, støy, vegslitasje og lokal luftforureining, men ettersom det er den synlege pumpeprisen som påverkar forbrukarar vil òg denne avgifta kunne ha effekt på drivstofforbruket.

I tillegg er det ei rekkje andre verkemiddel som påverkar klimagassutsleppa frå vegtrafikk som tilrettelegging for at mest mogleg transportarbeid blir teke med kollektiv, sykkel og gange via byvekstavtalene, miljødifferensierte bompengar, Enovas støtteordningar for transporttiltak, og støtte til transporttiltak via klimasatsmidlane. For nærare omtale av verkemidla innan vegtrafikken, sjå omtale under Persontransport og Godstransport .

Analysar viser at vi ikkje når ambisiøse utsleppsreduksjonar innan vegtransport utan insentiv. Regjeringas allereie vedtekne verkemiddel er venta å gi vesentlege bidrag til måltala. Forbetringar av teknologisk modenheit i køyretøysegmenta, slik at nullutsleppskøyretøy blir konkurransedyktige med konvensjonelle løysingar, ligg til grunn for målsetjingane.

Framskriving og utsleppsbane

Utsleppa frå vegtransport er venta å falle frå 8,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2017 til 6,4 i 2030. Nedgangen skuldast i hovudsak at det er lagt til grunn at innfasinga av låg- og nullutsleppsbilar vil auke ytterlegare framover. I framskrivingane er dagens nivå på omsetningskravet for biodrivstoff ført vidare.

Omsetninga av biodrivstoff var allereie i 2017 på nivå med kravet frå 2020, på 16 pst. innblanding (20 pst. med dobbelttelling for avansert biodrivstoff

Avansert biodrivstoff vert framstilt av restar og avfall frå næringsmiddelindustri, landbruk eller skogbruk, lignocellulosemateriale, eller celluloseholdig materiale som ikkje er næringsmiddel. Biodrivstoff som vert framstilt frå råstoff som etter produktforskrifta er klassifisert som avanserte vert talt dobbelt innanfor omsettingskravet. I 2020 er delkravet om avansert biodrivstoff på 4 %, men på grunn av regelen om dobbeltelling vert det talt som 8 % innanfor det generelle omsettingskravet. Dobbelteljing skal fremje bruk av avansert biodrivstoff.

). Denne innblandingsprosenten er ført vidare i heile framskrivingsperioden. Til grunn for framskrivingane ligg det ei oppfatning om at delen elbilar av nybilsalet for personbilar aukar frå rundt 25 pst. i dag til 75 pst. i 2030. Delen er oppjustert samanlikna med Perspektivmeldinga 2017 der det vart lagt til grunn ein del på 50 pst. i 2030. Delen el av nybilsalet for varebilar er tilsvarande oppjustert og utgjer som i Perspektivmeldinga 2017 halvparten av delen for personbilar. For dei tyngre køyretøya er det gjort mindre justeringar, men i retning av raskare teknologiutvikling.

Miljødirektoratet har berekna at effekten av å nå regjeringa sine politiske mål og ambisjonar på transportområdet og gjennomføring av tiltak som dei har estimert til å ha ein samfunnsøkonomisk kostnad under 500 kroner per tonn kan redusere utsleppa med rundt 11 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar utover framskrivinga i perioden 2021–2030. Dette svarar til heile det farga arealet i figur 14.2. Det er teke omsyn til overlappande tiltak slik at utsleppsreduksjonar ikkje blir talde dobbelt. Ein del av dei politiske målsetjingane er vurdert å ha ein samfunnsøkonomiske kostnad på over 500 kr/tonn. Meir informasjon om dette finst på Miljødirektoratet sine nettsider.

Tiltak innanfor vegtrafikk kan delast inn i tre kategoriar: endra transportarbeid, null- og lågutsleppsteknologi og biodrivstoff . Endra transportarbeid inneber å redusere transportarbeidet eller å flytte transportarbeid frå ei transportform til mindre utsleppsintensive transportformer. Ifølgje Miljødirektoratets berekningar har tiltaka i denne kategorien eit reduksjonspotensial på om lag 2 mill. tonn.

Personbilar

Utsleppa frå personbilar var i 2017 på 4,7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar eller 47 pst. av utsleppa frå vegtrafikk i 2017. Utsleppa var relativt stabile i perioden 1990 til 2016. Dette trass at talet på køyrde kilometer har auka med over 50 pst. sidan 1990. Utviklinga kan forklarast med meir drivstoffeffektive køyretøy, innblanding av biodrivstoff, og innfasing av elektriske bilar. I framskrivingane er det anslått at utslepp frå personbilar blir redusert med om lag 43 pst. i 2030 samanlikna med 2017 (sjå tabell 13.2).

Frå januar til august i 2018 har elektriske bilar utgjort 26 pst. av nysalet av personbilar. Dei borgarlege partia si grøne omlegging av eingongsavgifta sidan 2013 og regjeringas elbilpolitikk har vore viktig for at Stortingets mål om at det gjennomsnittlege CO 2 -utsleppet frå nye personbilar i 2020 skal vere maks. 85 gram per km vart nådd allereie i 2017 – tre år før tida. Gjennomsnittleg eingongsavgift for ein ny personbil (medrekna elbilar) er redusert med om lag 40 000 frå 2013 til første halvår 2018.

Regjeringa vil at fleire syklar og går. Tilskotsordninga for gang- og sykkelvegar på fylkeskommunalt og kommunalt vegnett vart innført i RNB 2014. Formålet med ordninga er å medverke til raskere gjennomføring av tiltak som auker framkoma for gåande og syklande.

Sentrale verkemiddel for å fremje mindre utsleppsintensiv transport er CO 2 -avgifta på drivstoff og innrettinga av bilavgiftene.

Bymiljøavtaler og byvekstavtaler er gjensidig forpliktande avtaler mellom staten, fylkeskommunar og kommunar for å nå målet om at veksten i persontransport i byområda skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange. Avtalene er eit viktig verktøy for å syte for betre samordning i areal- og transportpolitikken. Alle partane, både lokale partar og staten, har ansvar for finansiering av tiltak og oppgåver innanfor ansvarsområda sine, under dette finansiere tiltak innan kollektivtrafikk, sykkel og gange. Saman med null- og lågutsleppskøyretøy, vil byvekstavtalene kunne medverke til å avgrense klimagassutsleppa i bytransporten. Regjeringa har ulike mål knytte til innfasing av null- og lågutsleppsteknologiar. Blant anna har regjeringa eit mål om at 100 pst. av nybilsalet skal vere nullutsleppsbilar innan 2025. Betringar av teknologisk modenheit i dei ulike delane av transportsektoren, slik at nullutsleppsløysingar blir konkurransedyktige mot fossile transportløysingar, ligg til grunn for måla om utsleppsreduksjonar. Det er stor uvisse knytt til teknologisk utvikling og kostnader ved tiltaka.

Regjeringa har i Jeløya-plattforma angitt at skattefordelane for elbilar når det gjeld eingongsavgift og meirverdiavgift blir ført vidare i heile denne stortingsperioden. Det er òg varsla at regjeringa vil halde fram med grøn omlegging av eingongsavgifta for kjøp av nye køyretøy ved å auke CO 2 -og NOx-komponentane, og redusere andre komponentar. Omlegginga skal ikkje auke avgiftsinntektene i budsjettet. Det går fram av Jeløya-plattforma at regjeringa vil vurdere krav om nullutsleppstransport i leveransar til det offentlege.

Hovudverkemidla for å auke bruk av biodrivstoff for vegtransport i Noreg i dag er omsetningskravet (som også inkluderer eit delkrav for avansert biodrivstoff), fritak for CO 2 -avgift og at biodrivstoff omsett utanfor omsetningskravet ikkje er omfatta av vegbruksavgift. Det er forskriftsfesta ei opptrapping av omsetningskravet til 20 pst. i 2020, noko som er lagt inn i framskrivingane. Omsetninga av biodrivstoff har vore langt over nivået på omsetningskravet dei siste åra. Dette skuldast at biodrivstoff omsett utanfor omsetningskravet ikkje er omfatta av vegbruksavgifta, og dermed har vore rimelegare enn fossilt drivstoff. I 2017 utgjorde biodrivstoff 15,8 pst. av totalt drivstofforbruk til vegtransport i Noreg.

Regjeringa varsla i Jeløya-plattforma at den har eit mål om 40 pst. innblanding av biodrivstoff i 2030, avhengig av teknologiutviklinga og utvikling av alternative energiberarar. Reduksjonspotensialet er ikkje berekna. Ei operasjonalisering av 40 pst. innblanding i 2030 inneber å avgjere kva innfasingstakt ein skal leggje seg på og kva krav som skal stillast til delen av avansert biodrivstoff.

Annan vegtrafikk (varebilar, godstransport, bussar)

I 2017 var utsleppa frå tunge køyretøy

Nyttetransport er her definert som tunge køyretøy i utsleppskategorien vegtrafikk. Denne kategorien inkluderar også bussar.

på om lag 3 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, mens utsleppa frå varebilar var på 1,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, noko som til saman utgjorde 46 pst. av utsleppa frå vegtrafikken. Utslepp frå tunge køyretøy og varebilar er dobla sidan 1990. Tyngre køyretøy har ikkje hatt ein like positiv utvikling i CO 2 -utslipp pr. km som lette kjøretøy. For langdistansebussar har det vore liten auke i CO 2 -utslipp pr. km dei siste åra, mens for lokalbussane har det vore ein liten nedgang. Tyngre lastebilar har auke sitt CO 2 -utslepp pr. km, men fraktar òg noko meir gods. I framskrivingane er det anslått at utslepp frå annan vegtrafikk, som er hovudsakelig knyta nyttetransporten, reduserast med om lag 10 pst. i 2030 samanlikna med 2017 (sjå tabell 13.2).

Det er ikkje eingongsavgift på køyretøy med tillatt totalvekt over 7 500 kg. Fritak for avgift inneber at avgiftssystemet ikkje kan gi insentiv til kjøp av null- og lågutsleppslastebilar slik som for personbilar. Drivstoffavgiftene gir eit kontinuerleg insentiv til å redusere klimagassutsleppa anten ved å redusere forbruket eller investere i nye teknologiar med lågare utslepp. Miljødelen av vektårsavgifta medverkar òg til ein reinare lastebilpark.

I tillegg er det innført betydelege insentiv for å stimulere etterspørselen etter nullutsleppsvarebilar. Det er m.a. innført ei miljødifferensiert vrakpantavgift for varebilar. Det blir gitt ein vrakpant på 13 000 kr om ein samtidig kjøper eller leaser ein nullutsleppsvarebil.

Enova støttar innkjøp av nullutslepps nyttekøyretøy gjennom programmet for energi- og klimatiltak i landtransport. Programmet omfatter køyretøy brukt i næringsverksemd, som utelukkande nyttar elektrisitet og/eller hydrogen, inklusive traktorar, anleggsmaskiner og andre motorreiskapar i nyttetransport. Enova kan gi støtte på opptil 50 pst. av godkjente meirkostnader.

Innanfor godstransport er det etablert ei tilskotsordning for godsoverføring frå veg til sjø. Dette vil gjere transport med skipsfart meir attraktivt, samanlikna med veg. Utbygging av jernbane og infrastruktur for kystfart i befolkningstette strøk medverkar òg, i tråd med Jeløyaplattforma, til dette. Regjeringa foreslår å innføre ei treårig prøveordning for tilskot til effektive og miljøvennlege hamner, som skal støtte samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt. Justering av desse verkemidla vil òg kunne styrkje konkurransekrafta til jernbana og skipsfarten. Samtidig er det ikkje all transport som er eigna til transport på sjø og bane.

14.2.2 Annan transport

Figur 14.3 viser historiske utslepp for annan transport utanom vegtrafikken fram til 2017. I tillegg viser den framskrivne utslepp fram til 2030, og ein utsleppsbane med berekna effekt av å nå regjeringas politiske mål og ambisjonar samt gjennomføring av tiltak som Miljødirektoratet har estimert til å ha ein samfunnsøkonomiske kostnad under 500 kroner per tonn.

Figur 14.3 Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbane annan transport

Figur 14.3 Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbane annan transport

Kjelde: Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

Innanriks sjøfart og fiske

Historiske utslepp

I 2017 var utsleppa på 2,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar og utgjorde 4,8 pst. av dei totale klimagassutsleppa.

Det er uvisse rundt dei reelle utsleppsnivåa, spesielt fordi utslepp frå skip som bunkrar i utlandet, men som har aktivitet i norsk farvatn, ikkje vert spegla i utsleppsstatistikken.

Utsleppa i 2017 er på om lag same nivå som i 1990, etter å ha vore til dels betydeleg høgare i mellomliggande år.

Eksisterande verkemiddel

Regjeringas hovudverkemiddel for å redusere CO 2 -utslepp frå sjøfart og fiske er CO 2 -avgifta på drivstoff. I dag betaler innanriks skipsfart ordinær CO 2 -avgift på 500 kroner per tonn CO 2 . Unntaket er fiske og fangst som i dag får tilbakebetalt delar av CO 2 -avgifta.

Aktiv bruk av offentlege anskaffingar og støtteordningar medverkar til at det er venta at rundt ein tredel av bilferjene i landet vil ha heilt eller delvis elektrisk framdrift i 2021. Staten stiller krav til null- eller lågutsleppsløysingar ved utlysing av nye kontraktar for drift av riksvegferjesamband. Ferjetrafikken er om lag likt fordelt mellom 17 riksvegferjesamband og 113 fylkesvegferjesamband.

Enova støttar introduksjon av null- og lågutsleppsteknologi i maritim sektor. Enova gav tilsegn på nesten 1,1 mrd. kroner til prosjekt innan transportsektoren i 2017, og hovudvekta av desse var i maritim sektor.

Framskriving og utsleppsbane

Frå 2005 til 2017 har utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske minska med om lag 17 pst. Ifølgje framskrivingane er utsleppa venta å minske vidare framover slik at dei i 2030 ligg meir enn 20 pst. lågare enn i 2017 (sjå tabell 13.2). I framskrivingane er det lagt til grunn at nedgangen held fram blant anna som følgje av vidare teknologiutvikling. I tillegg til at Enova brukar betydelege midlar på støtte til introduksjon av null- og lågutsleppsteknologi i maritim sektor er det inngått fleire kontraktar som stiller krav om null- eller lågutsleppsløysingar, og det er mellom anna lagt til grunn at rundt ein tredel av bilferjene i landet vil ha elektrisk framdrift i 2021. Fortsett teknologisk framgang og auka effektivisering medverkar til at utsleppa er venta å gå ned.

Utsleppsreduserande tiltak i innanriks skipsfart og fiske kan vere tekniske og operasjonelle tiltak (energieffektiviseringstiltak), innfasing av null- og lågutsleppsteknologi, bruk av biodrivstoff eller bruk av LNG. Det er særleg stor uvisse knytt til drivstofftiltaka som inneber innfasing av låg- og nullutsleppsteknologi. Vidareutvikling av desse teknologiane vil vere avhengig av den globale marknadsutviklinga. Desse tiltaka inngår i reduksjonspotensialet, vist i figur 14.3. Moglege tiltak i sjøfart og fiske er nyleg utgreidd av DNV GL. Miljødirektoratet har justert tiltaka mot utsleppsframskrivninga i Nasjonalbudsjettet 2019. Sjå Miljødirektoratet sine nettsider for detaljar og kjelder for kostnadsberekningane av tiltak.

Regjeringa gjennomfører også ei satsing på null- og lågutsleppsteknologi i transportsektoren gjennom Pilot-E, som er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova. Boks 14.2 viser ei rekkje eksempel av nye prosjekt innan sjøfart som kan redusere utslepp frå sektoren.

Regjeringa vil òg vurdere eit omsetningskrav for berekraftig biodrivstoff i skipsfarten. I tillegg, i Jeløya-erklæringa varsla regjeringa fleire prosessar som vil ha relevans for klimagassutsleppa frå innanriks skipsfart og fiske.

Regjeringa varsla i Jeløya-plattforma at den vil innføre flat CO 2 -avgift for alle sektorar på 500 kroner og trappe denne gradvis opp i perioden. Regjeringa har nedsett eit partssamansett utval som skal vurdere gradvis innføring av full CO 2 -avgift for fiskerinæringa og vurdere andre verkemiddel for klimagassreduksjonar i næringa. Vurderingane skal gjerast under føresetnad av at distriktspolitiske og fiskeripolitiske målsetjingar blir tekne vare på.

Framover vil regjeringa utarbeide ulike handlingsplanar som kan påverke klimagassutslepp i sjøfarten: «Handlingsplan for infrastruktur for alternative drivstoff i transportsektoren og handlingsplan for grøn skipsfart.»

I Jeløya-plattforma har regjeringa varsla at den vil lage ein plan for fossilfri kollektivtransport innan 2025. Vidare vil regjeringa ha ein heilskapleg strategi for forsking, teknologiutvikling og bruk av hydrogen i tillegg til å vurdere eit omsetningskrav for berekraftig biodrivstoff i skipsfarten.

FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) vedtok i år rammene for ein klimastrategi for internasjonal skipsfart der ambisjonen er å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal skipsfart med minst 50 pst. innan 2050 samanlikna med 2008, og null utslepp så tidleg som mogleg dette hundreåret. Utsleppa frå internasjonal skipsfart er ikkje del av Noregs utsleppsforpliktingar. Klimaforpliktingar for internasjonal skipsfart kan gi framvekst av ein større marknad for null- og lågutsleppsløysingar som kan gjere desse løysingane konkurransedyktige med dagens konvensjonelle løysingar.

Annan transport (motorreiskap, mv.) og luftfart

Historiske utslepp

Utsleppa frå motorreiskap (traktorar, anleggsmaskiner og andre framkomstmiddel og utstyr med forbrenningsmotorar som for eksempel fritidsbåtar), innanriks luftfart og jernbane var på 4,1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, svarande til ca. 8 pst. av totalutsleppa i 2017. Utsleppa frå innanriks luftfart var på 1,3 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2017. Om lag 0,17 mill. tonn utslepp frå innanriks luftfart er ikkje-kvotepliktig.

Boks 14.2 Eksempelprosjekt

  • Enova tildelte nyleg støtte i den femte runden i sin landstraumkonkurranse. 11 prosjekt fekk støtte på til saman 51,6 mill. kroner. Med dette har Enova no støtta til saman om lag 66 landstraumprosjekt med over 415 mill. kroner. Enova har allereie lyst ut ein sjette runde av landstraumskonkurransen.

  • Yara og Kongsberg Gruppen samarbeider for å få sjøsett eit autonomt elektrisk lasteskip. Enova har støtta prosjektet med 133 mill. kroner. Containerskipet vil årleg erstatte 40 000 lastebilturar ut frå fabrikken på Herøya til omlastingshamn i Larvik og Brevik.

  • Enova har støtta Future of the Fjords, som er ein heilelektrisk turistbåt, med 17,8 mill. kroner. Enova har òg støtta fartøyet sitt innovative ladesystem – «Powerdock» – med rundt 7 mill. kroner. Det utsleppsfrie turistfartøyet skal gå i verdsarvområdet Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane.

  • Gjennom Pilot-E-ordninga er det gitt støtte til mange maritime prosjekt, og i vår kom nyheita om at hurtigbåtprosjektet Urban Water Shuttle, som er støtta av ordninga, har motteke 110 mill. kroner frå EUs Horisont 2020 som Noreg deltek i.

  • Statens vegvesen har lyst ut eit anbod for ei delvis hydrogendriven bilferje på rv 13 Hjelmeland-Nesvik.

  • Enova har gitt 588 mill. kroner til ladeinfrastruktur for elferjer i Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

  • I det nye anbodet for Kystruta Bergen – Kirkenes stilte regjeringa krav om at CO 2 -utsleppa frå dei elleve skipa i gjennomsnitt skal vere 25 pst. lågare enn i dag. Regjeringa stilte òg krav om at skipa skal ha høve til å kople seg til landstraum.

Utsleppa frå motorreiskap mv. har auka med 45 pst. sidan 1990 og utgjorde i 2017 2,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar (5,3 pst. av dei samla klimagassutsleppa i 2017). Auken skuldast først og fremst stor auke i utslepp frå anleggsmaskiner og traktorar på grunn av høg aktivitet. Klimagassutsleppet frå fritidsbåtar har òg auka sidan 1990.

Klimagassutsleppa frå jernbane var i 2017 på om lag 0,04 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar.

Eksisterande verkemiddel

Regjeringas hovudverkemiddel for å redusere CO 2 -utslepp frå luftfart og motorreiskap mv. er CO 2 -avgifta på drivstoff.

Framskriving og utsleppsbane

Ikkje-kvotepliktige utslepp frå annan transport (motorreiskap mv.) og luftfart er venta å gå noko ned fram til 2030. Det er forventa at utslepp frå annan transport (motorreiskap mv.) vil gå ned med om lag 7 pst., mens utslepp frå ikkje-kvotepliktig luftfart vil vere nokså stabilt i 2030 samanlikna med 2017 (sjå tabell 13.2). Framskrivinga gir eit anslag på utvikling av utsleppa framover gitt at dagens verkemiddel og teknologiutvikling blir ført vidare. Det finst i dag få null- og lågutsleppsløysingar for anleggssektoren og det er ikkje lagt til grunn store teknologiske gjennombrot fram mot 2030.

Motorreiskap inkluderer mellom anna utstyr med forbrenningsmotorar i traktorar, fritidsbåtar og maskiner brukt til anleggsarbeid. Det er stor forskjell i kor grundig Miljødirektoratet har utgreidd utsleppsreduserande tiltak innan dei ulike undersegmenta. Tiltakskostnader er også anslag, i motsetning til køyretøytiltaka som er berekna. Sjå Miljødirektoratet sine nettsider for meir informasjon om tiltaka.

Samferdselsdepartementet vil utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren som varsla i nasjonal transportplan (2018–2029). Transportetatane, Avinor og Nye vegar har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag for planen. Utsleppa kan reduserast med betre logistikk, massehandtering og teknologiske forbetringar.

Regjeringa vil innføre eit omsetningskrav for berekraftig biodrivstoff for luftfart. Vidare gir regjeringa Avinor i oppdrag å utvikle eit program for å legge til rette for introduksjon av elektriske fly i kommersiell luftfart.

Statlege støtteordningar som Enova og Pilot-E løyvde støtte til utvikling og investering i nullutslepps anleggsmaskiner.

14.3 Andre sektorar

14.3.1 Innleiing

I dette avsnittet er dei ikkje-kvotepliktige utsleppa utanom transportsektoren omtalt. Desse sektorane er jordbruk, industri, petroleum, energiforsyning, oppvarming, F-gassar

F-gassar er fluorhaldige gassar.

og andre utsleppskjelder. Figur 14.4 viser historiske og framskrevne utslepp for desse sektorane samla. I tillegg er det vist ein utsleppsbane delt i sektor med berekna effekt av å nå regjeringas politiske mål og ambisjonar samt gjennomføring av tiltak som Miljødirektoratet har estimert til å ha ein samfunnsøkonomisk kostnad under 500 kroner per tonn.

Figur 14.4 Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbane, for alle ikkje kvotepliktige kjelder utanom transport

Figur 14.4 Historiske utslepp, framskriving og utsleppsbane, for alle ikkje kvotepliktige kjelder utanom transport

Kjelde: Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

14.3.2 Jordbruk

Historiske utslepp

Sektoren er ikkje underlagt kvoteplikt. I 2017

Tal for 2017 er foreløpige.

var utsleppa frå jordbrukssektoren på 4,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, eller 8,7 pst. av dei totale norske utsleppa av klimagassar. Utsleppa som er rekna inn under denne sektoren er i hovudsak metan (CH4) frå husdyrtarmgass og gjødsellager, og lystgass (N2O) frå gjødsellager, gjødsla mark og organisk jord. Berekna utslepp heng derfor tett saman med mengda husdyr, gjødsel og organisk jord. Desse storleikane har vore relativt stabile sidan 1990. Utsleppa frå jordbruket utgjorde i 2017 omtrent halvparten av dei totale norske utsleppa av metan og tre firedelar av lystgassutsleppa. Sidan 1990 har utsleppa gått ned med i underkant av 5 pst. Viktige årsaker er mindre bruk av nitrogenhaldig mineralgjødsel, bruk av kraftfôr og færre storfe som følje av redusert og meir effektiv mjølkeproduksjon. Det har òg vore ein nedgåande trend i CO 2 -utsleppa frå kalking sidan 1990. Dei siste åra har utsleppa auka noko kvart år.

Eksisterande verkemiddel

Regjeringas hovudverkemiddel i jordbrukssektoren er støtteordningar og krav i dei årlege jordbruksavtalane. Utsleppa i jordbrukssektoren er ikkje omfatta av avgifter. Lovregulering, regulering av råvareprisar, differensiert meirverdiavgift og opplysningstiltak er i tillegg etablerte delar av verkemiddelbruken. Innovasjon Noreg og Enova forvaltar støtte til prosjekt, bygningar og anlegg som blant anna tek sikte på å redusere utsleppa av klimagassar.

Det er få verkemiddel i jordbruket som er utforma for å redusere jordbrukets utslepp av klimagassar. Likevel har verkemiddel innan utvikling av fôr, avl og dyrehelse medverka til reduserte utslepp sett over fleire år. FoU er òg viktig for å utvide moglegheitsrommet for utsleppskutt. Det er behov for auka kunnskap om jordbruket sine moglegheiter til å redusere klimagassutsleppa, om potensialet til lagring av karbon i jord, og korleis tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig at ein i det vidare arbeidet vektlegg at produksjon av mat skal skje med lågast moglege klimagassutslepp per produsert eining.

Framskriving og utsleppsbane

Utsleppa frå jordbruket er anslått å liggje relativt stabilt også framover. Produksjonen er anslått å auke med befolkninga, men effektivisering gjer at utsleppa ikkje aukar tilsvarande.

Utviklinga i tal mjølkekyr er av stor betydning for trenden i utsleppa for jordbrukssektoren. Utviklinga i tal husdyr som er nytta i framskrivingane, baserer seg på tal frå NIBIO

Finn Walland og Agnar Hegrenes, NIBIO 07.06.2018.

. Effekten av at subsidiane til eksport av ost blir avvikla frå og med 2021 er inkludert i tala.

I framskrivingane er forbruket av mineralgjødsel justert i forhold til venta endring i tilgang og bruk av husdyrgjødsel. I berekningane er det ein føresetnad at auka mengd husdyrgjødsel erstattar kunstgjødsel med eit erstatningsforhold der 1 kg husdyrgjødsel-N svarar til 0,45 kg kunstgjødsel-N (NIBIO 2016).

Når myr (organisk jord) blir kultivert, blir karbon- og nitrogenhaldig materiale gradvis brote ned og gir utslepp av høvesvis CO 2 og N 2 O. Utslepp av CO 2 ved omdisponering av myr er rapportert saman med andre endringar i skog og arealbruk, sjå 14.3.6. Utslepp av N 2 O ved omdisponering av myr til jordbruksformål, er bokført i jordbrukssektoren. I framskrivingar av arealomfanget er det estimert nydyrking av 4000 daa myr per år og 1,2 pst. nedgang i tidlegare dyrka myr på grunn av overgang til mineraljord og myr teken ut av drift. Nyare tal indikerer at nydyrkingsaktiviteten for tida ligg noko lågare, i følgje NIBIO nærare 2600 daa årleg. Lågare omfang gjer ikkje stort utslag for samla utsleppsnivå dei næraste åra, men tilseier brattare nedgang seinare, etter kvart som utslepp etter betydeleg dyrking av myr i tidlegare ti-år blir redusert.

Miljødirektoratet har med innspel frå andre samanstilt tiltak med berekna potensiale for å redusere utsleppa frå jordbrukssektoren med 4,5 mill. tonn CO 2 -ekv. samanlikna med framskrivinga i perioden 2021–2030. Miljødirektoratet anslår at tiltaka har ein gjennomsnittleg samfunnsøkonomisk kostnad for åra 2021–2030 på under 500 kroner per tonn CO 2 -ekvivalentar. Det er stor uvisse knytt både til utsleppsreduksjonspotensialet og til kostnadene ved tiltaka. Tiltak for å avgrense klimagassutslepp i jordbruket har ofte ein ytterlegare samfunnsnytte ved at tiltaka også avgrensar avrenning av næringsstoff og betrar vasskvaliteten i nærliggjande vassdrag.

Talet på husdyr, mengde gjødsel og areal med organisk jord veg tungt i utsleppstal og framskrivingar. Det er stor uvisse både om nivået på utslepp i dag; målt som absolutte tal, om endringar framover og om effekten av tiltak.

Eit teknisk berekningsutval for jordbruket vart nedsett i november 2017 og skal arbeide fram til juli 2019. Utvalet skal sjå på metodar for korleis utsleppsrekneskapen for jordbruket kan utviklast vidare og gjerast meir synleg.

Det er også stor uvisse knytt til kostnadene ved tiltaka som er presenterte. Mellom anna er det medrekna helsegevinstar for forbrukarane ved overgang frå raudt kjøt til vegetabilsk og fisk, og redusert matsvinn. I tillegg kjem kostnadar ved eventuelle verkemiddel for å utløyse tiltaka.

For nokre av tiltaka som er vurderte av Miljødirektoratet, vil effekten av eventuelle utsleppsendringar bli rapportert i jordbrukssektoren, mens tiltaka vil vere innretta mot aktørar utanfor sektoren. For eksempel vil tiltaka «mindre matsvinn» og «overgang frå kjøt til vegetabilsk og fisk» som er omtalt nedanfor, bli rapportert under jordbrukssektoren. Det er i jordbrukssektoren dei fysiske utsleppskutta skjer, men desse tiltaka vil krevje endringar hos forbrukar, matindustrien og daglegvarehandelen for å kunne utløysast. På den andre sida har bonden høve til å påverke utslepp knytte til energibruk på garden og i samband med næringsverksemda generelt, men i utsleppsstatistikken inngår desse utsleppa i andre sektorar som bygg, transport og LULUCF.

Produksjonen av kjøt medverkar til større klimagassutslepp enn produksjon av vegetabilsk mat. Miljødirektoratet har berekna at ein overgang frå kjøt til vegetabilsk/fisk i medhald av kosthaldsråda (Helsedirektoratet, 2011) kan redusere utsleppa tilsvarande 2,7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar akkumulert i perioden 2021–2030 i jordbrukssektoren. Tiltaket føreset at forbrukarane sine preferansar blir endra og at produksjonen av raudt kjøt i Noreg endrar seg i takt med endringa i etterspørsel. Då dette tiltaket handlar om ei forbruksendring, vil tiltaket ikkje primært vere innretta mot jordbrukssektoren. Utsleppsverknaden ligg derimot i jordbrukssektoren. Dersom utsleppsreduksjonen er det primære, kan reduserte subsidiar til produksjon av raudt kjøt vere effektivt. Produksjon av raudt kjøtt mottek mest støtte per kg og kilokalori og har samstundes høgast utslepp. Reduserte subsidiar eller avgift på raudt kjøt kan derimot gi auka import og «karbonlekkasje».

Miljødirektoratet har vurdert eit tiltak som inneber at matsvinnet blir halvert for alle matvaregrupper innanfor både matindustri, grossist, daglegvare og i hushalda, og at produksjon og utslepp i primærleddet blir justerte ned tilsvarande. Tiltaket krev samarbeid mellom ulike aktørar i næringsmiddelkjeda og ei endring i åtferda til forbrukar. Utsleppsverknaden ligg i jordbruksproduksjonen. Miljødirektoratet anslår at redusert matsvinn kan redusere utsleppa med rundt 1,1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar akkumulert i perioden 2021–2030. Regjeringa og heile den norske matbransjen inngjekk i juni 2017 ei avtale om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 pst. innan 2030.

Miljødirektoratet anslår at eit forbod mot nydyrking av myr vil redusere N 2 O-utsleppa med om lag 200 000 tonn CO 2 -ekvivalentar akkumulert i perioden 2021–2030 Utsleppa og nedgangen ved tiltaket kan vere lågare enn oppgitt her, då nye tal viser at omfanget av nydyrking ligg på 2000 daa årleg og ikkje 4000 daa som anteke opphavleg. Kjelde: notat av 29. mai 2018 frå NIBIO. . Stortinget vil hausten 2018 ta i mot ein proposisjon om endringar i Jordlova til handsaming. Som beskrive over kan omfang av lystgassutslepp ved dyrking av myr vere overestimert, og det same vil då gjelde for reduksjonspotensialet. I tillegg til reduksjon av N 2 O-utsleppa, vil tiltaket minske CO 2 -utslepp som er bokførte innanfor LULUCF-sektoren.

Det er anslått at ei betre utnytting av husdyr- og mineralgjødsel kan redusere utsleppa tilsvarande 250 000 tonn CO 2 -ekvivalentar akkumulert i perioden 2021–2030. I forslaget til nytt gjødselregelverk ligg føre meir detaljerte tiltaksanalysar for å redusere utslepp frå gjødsel og gjødsla mark. Forslaget til ny forskrift ligg til vurdering i departementa.

Miljødirektoratet har òg vurdert eit tiltak der 20 pst. av husdyrgjødsla innan 2030 blir overført til biogassbehandling, slik at utslepp av metan frå gjødsla kan overførast til energiformål. Miljødirektoratet anslår at tiltaket kan redusere utsleppa i jordbruket med omlag 400 000 CO 2 -ekvivalentar akkumulert i perioden 2021–2030. Innovasjon Noreg har sidan 2015 gitt støtte til pilotanlegg for biogass. Under jordbruksavtala er det også tilskotsordning for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Enova støttar i tillegg fleire biogassanlegg der det blir nytta husdyrgjødsel.

Dagens verkemiddel i jordbrukssektoren skal medverke til å oppfylle jordbruks-, distrikts-, klima-, og miljøpolitiske målsetjingar. Dei ulike måla kan komme i konflikt med kvarandre, og må balanserast opp mot kvarandre i utforminga av verkemiddel. For å medverke til framtidige utsleppsreduksjonar i jordbruket har regjeringa invitert jordbruksorganisasjonane til å inngå ei gjensidig avtale om kor mykje jordbrukssektoren skal redusere klimagassutsleppa sine fram mot 2030. Jordbruket skal ha fleksibilitet knytt til kva tiltak som kan gjennomførast. Organisasjonane har meldt til regjeringa at dei vil gå inn i ei drøfting om kva som skal vere jordbruket sitt bidrag til å nå dei internasjonale forpliktingane Noreg har inngått på klimaområdet.

14.3.3 Industri- og petroleumssektoren

Historiske utslepp

I 2017

Tal for 2017 er foreløpige.

var dei samla utsleppa frå industrien

Industrisektoren svarar til industri og bergverk i den norske utsleppsrekneskapen.

og petroleumssektoren

Petroleumssektoren svarar her til olje- og gassutvinning i den norske utsleppsrekneskapen og omfattar utslepp frå alle faste og flytande innretningar på norsk sokkel og mottaks- og behandlingsanlegg på land. Sektoren inkluderer ikkje oljeraffineri og petrokjemi, som er inkludert i industrisektoren.

27 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, noko som svarar til om lag halvparten av dei totale norske utsleppa. Over 90 pst. av utsleppa er kvotepliktig og ein del av det europeiske kvotesystemet.

Industrien sleppte ut 12,3 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, eller 23 pst. av totale norske utslepp av klimagassar. Det er ein nedgang på nesten 40 pst. sidan 1990. Nedgangen skuldast i stor grad reduserte utslepp av andre klimagassar enn CO 2 .

Dei verksemdene som ikkje er underlag kvoteplikt i industrien er for det meste mindre verksemder eller verksemder med låge utslepp, som næringsmiddelindustri, vareproduksjon, asfaltverk og liknande. I tillegg har ein del kvotepliktige verksemder utslepp av klimagassar som ikkje er omfatta av kvoteplikt.

Dette gjeld blant anna diffuse utslepp av nmVOC

Flyktige organiske forbindingar unntatt metan forkortast nmVOC (non-methane volatile organic compounds).

og metan frå raffineri og lystgass frå fullgjødselproduksjon. Ikkje kvotepliktige utslepp i industrien utgjorde i 2017 omkring 1,3 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, som svarar til rundt 5 pst. av dei totale ikkje-kvotepliktige utsleppa.

Utslepp frå petroleumssektoren var 14,7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2017, der ikkje-kvotepliktige utslepp er rekna til omkring 1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar. Dei totale utsleppa frå sektoren har auka med i underkant av 80 pst. sidan 1990, i hovudsak som følgje av auka aktivitet. Hovudkjeldene til utslepp av CO 2 er frå kraftproduksjon med gassturbinar offshore. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå petroleumssektoren er hovudsakleg utslepp av metan og nmVOC frå kaldventilering og diffuse utslepp både offshore og på landanlegga, og avdamping ved lasting og lagring av råolje og andre petroleumsprodukt. Anslaget for ikkje-kvotepliktige utslepp er truleg noko for høgt, då det er basert på ein berekningsmetode som vil bli endra. Dette gjer òg framskrivinga og tiltaksvurderinga for petroleumssektoren uviss.

Verkemiddel

Regjeringas hovudverkemiddel for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp frå fastlandsindustrien og petroleumssektoren er avgifter på utslepp av klimagassar. Avgifta gir insentiv til meir effektiv energibruk og omleggingar.

I industrien omfattar CO 2 -avgifta det meste av bruken av fossile brensle til stasjonær forbrenning i ikkje-kvotepliktig industri og avgifta ligg på 500 kr/tonn CO 2 . I petroleumssektoren vart avgiftssatsen på naturgass som blir sleppt ut til luft på sokkelen auka frå 1,02 kroner til 7,16 kroner per Sm 3 naturgass frå 1. januar 2017, og til 7,30 kroner i 2018. Satsen er anslått å svare til 453 kroner per tonn CO 2 . Avgifta omfattar ikkje-kvotepliktige utslepp frå kaldventilering som blir berekna eller målt, og enkelte andre mindre ikkje-kvotepliktige utslepp. Avgiftsauken stiller operatørane overfor ein betydeleg pris på utslepp og er forventa å medverke til utsleppsreduksjonar i åra framover.

Utslepp av klimagassar er omfatta av forureiningslova, og regulering etter lova supplerer dei generelle avgiftene. Forureiningslova er i liten grad brukt til å regulere klimagassutslepp frå industrien direkte, men bedrifter med løyve etter forureiningslova er pålagt å ha energileiingssystem. Slike system skal medverke til å oppnå mest mogleg energieffektiv produksjon som i mange tilfelle òg medverkar til reduserte klimagassutslepp, hovudsakleg innanfor kvotepliktig sektor. For lystgass frå fullgjødselproduksjon er det sett utsleppsgrenser. For utslepp av metan, nmVOC, ikkje-kvotepliktige utslepp av CO 2 og andre lystgassutslepp er det krav til bruk av beste tilgjengelege teknikkar (BAT). Eit slikt krav medverkar til å auke spreiingstakten av nye betre teknologiar og dermed redusere utslepp på sikt.

Utslepp frå petroleumssektoren er direkte regulert ved bruk av forureiningslova. Kaldventilering og diffuse utslepp av metan og nmVOC frå enkelte offshorefelt og petroleumsanlegga på land er regulert direkte gjennom utsleppsgrenser med heimel i forureiningslova. Som følgje av ny teknologi, industrisamarbeid og myndigheitskrav, og redusert oljeproduksjon, har utsleppa av nmVOC frå råoljelasting sidan starten av 2000-talet blitt redusert frå over 200 000 tonn til under 50 000 tonn. Verksemdene har òg krav om energileiing i medhald av forureiningslova og om at BAT skal nyttast. Krav om utgreiing av utsleppsreduserande tiltak kan òg stillast med heimel i forureiningslova. Til dømes kravde Miljødirektoratet i 2016 at alle operatørar på norsk sokkel rapporterte om høve til tiltak og om kostnader for å redusere metan- og nmVOC-utslepp.

Enova støttar prosjekt både i industrien og petroleumssektoren med mål om blant anna å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar. Gjennom sine program for ny teknologi, transport og energileiing støttar Enova innovative, energieffektive og miljøvennlege løysingar med mål om å medverke til varige marknadsendringar slik at desse løysingane på sikt blir standard.

Då det allereie er gjennomført betydelege utsleppsreduksjonar i industrien og petroleumssektoren dei siste 25 åra, vil ytterlegare utsleppskutt i større grad enn tidlegare krevje utvikling av ny teknologi og nye løysingar. Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg har fleire ordningar som kan støtte teknologiutvikling i industrien og petroleumssektoren. Framtidas klimanøytrale industri er valt ut som eitt av to nye tema for Pilot E. Regjeringa har styrkt samhandlinga mellom næringslivet, forvaltninga og forskinga gjennom å opprette strategiforumet Prosess 21. Hovudoppgåva for Prosess 21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis Noreg best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden. I 2018 er det òg løyvd midlar til å etablere eit nytt forskingssenter for reduksjon av klimagassutslepp på norsk kontinentalsokkel. Målet med senteret er å utvikle ny kunnskap og teknologi som kan bidra til betydelege reduksjonar i klimagassutsleppa på sokkelen på kort og lang sikt.

Framskriving og utsleppsbane for ikkje-kvotepliktige utslepp

I følgje framskrivingane av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå industri- og petroleumssektoren vil utsleppa reduserast med om lag 17 pst. fram mot 2030, sjå tabell 13.2. Det er blant anna venta at meir effektive produksjonsprosessar vil medverke til desse reduksjonane.

Miljødirektoratet har identifisert 6 tiltak som kan redusere ikkje-kvotepliktige utslepp i industri og petroleumssektoren og som dei har anslått har ein samfunnsøkonomisk tiltakskostnad under 500 kroner per tonn CO 2 -ekvivalentar. Det samla berekna potensialet for utsleppsreduksjon frå desse tiltaka er om lag 3,1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar akkumulert i forpliktingsperioden 2021–2030 i høve til framskrivingane. Figur 14.4 viser den samla effekten av desse tiltaka. Det er stor uvisse knytt både til utsleppsreduksjonspotensialet og til kostnadene ved tiltaka, mellom anna uvisse knytt til metodeendring for berekning av ikkje-kvotepliktige utslepp i petroleumssektoren. Det er òg mogleg at delar av utsleppsreduksjonane i det berekna reduksjonspotensialet vil utløysast med eksisterande verkemiddel, jf. blant anna auken i avgiftssatsen på utslepp av naturgass i petroleumssektoren frå 2017.

I industrien går tiltaka hovudsakleg ut på å utnytte potensialet for varmegjenvinning, og å konvertere bruk av olje og gass til fornybare alternativ. Overgang til bruk av meir trekol av metallurgisk kvalitet i metallindustrien er òg eit utgreidd tiltak. Energitiltaka vart sist utgreidde i 2014 og Miljødirektoratet meiner at potensialet truleg er større enn utgreiinga la til grunn. Det går no føre seg eit utgreiingsarbeid for å oppdatere tiltaka.

Innanfor næringsmiddelindustrien og asfaltindustrien er det identifisert eit potensial for omlegging til fornybare energiberarar og gjenvinning av energi. Overgang til bruk av meir trekol av metallurgisk kvalitet i metallindustrien er eit aktuelt tiltak for store delar av industrien i Noreg, og fleire FoU-prosjekt går no føre seg med støtte frå verkemiddelapparatet. Sjå Miljødirektoratets nettsider for meir detaljar om tiltaka.

Tiltaka innanfor petroleumssektoren er primært auka gjenvinning av metan og nmVOC ved råoljelasting offshore, og reduksjon av utslepp frå kaldventilering og diffuse utslepp offshore. Nye innretningar med prosessanlegg kan utformast for å gi lågare utslepp av metan til låge tilleggskostnadar, men det kan vere spesifikke unntak for ulike innretningar.

Det er uvisse knytt til korleis dagens verkemiddel vil påverke utslepp. Det er ei rekkje prosjekt og pågåande prosessar som kan medverke til utsleppskutt både i industri- og petroleumssektoren utover dei framskrivingane som er baserte på ei vidareføring av eksisterande verkemiddel, jf. figur 14.4. Til dømes Miljødirektoratet sitt arbeid med å kartleggje høve til reduksjonar i ikkje-kvotepliktige utslepp frå landanlegga i petroleumssektoren vil kunne identifisere nye tiltak.

14.3.4 Energiforsyning og oppvarming

Historiske utslepp

Energiforsyning og energi til oppvarming i Noreg er i stor grad basert på fornybare energikjelder som vasskraft og vindkraft, og har derfor låge utslepp. Utslepp frå energiforsyning og oppvarming var til saman 2,6 mill. tonn CO 2 - ekvivalentar i 2017

Tal for 2017 er foreløpige.

. Av dette utgjer dei ikkje-kvotepliktige utsleppa 1,9 mill. tonn CO 2 - ekvivalentar. Den påfølgande omtala i avsnittet vil omhandle dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå desse sektorane

Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i energiforsyning kjem hovudsakleg frå brenning av avfall der spillvarmen blir nytta i fjernvarme. I tillegg er det noko utslepp frå bruk av fyringsolje og naturgass i fjernvarmeanlegg, og bruk av kol til varme- og elektrisitetsproduksjon på Svalbard. Etter 2010 har utsleppa frå energiforsyning gått betydeleg ned, hovudsakeleg som følgje av avgrensa drift av gasskraftverket på Kårstø som vart lagt ned i 2014. Utslepp frå avfallsforbrenning har auka frå om lag 180 000 tonn CO 2 -ekvivalentar i 1990 til om lag 860 000 tonn CO 2 -ekvivalentar i 2016. Dette skuldast blant anna innføringa av deponiforbodet.

Utslepp frå oppvarming av bygg er ikkje-kvotepliktige utslepp, i hovudsak CO 2 frå forbrenning av fyringsolje og gass og noko metan frå forbrenning av ved. Bruk av fyringsparafin er nær utfasa og utslepp frå oljefyring er redusert med 84 pst. frå 1990 til 2017.

Verkemiddel

Hovudverkemiddelet for å redusere ikkje-kvotepliktig utslepp frå energiforsyning og oppvarming er CO 2 -avgift på mineralolje, parafin og naturgass. I tillegg kjem grunnavgift på mineralolje.

Det er i tillegg innført kraftige verkemiddel for å redusere utslepp frå oppvarming av bygg. Etter 2016 har det vore forbod mot installasjon av fossil oppvarmingsløysing i nye bygg. I juni 2018 fastsette regjeringa ei forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar, som trer i kraft frå 2020. Regjeringa har i tillegg vedteke ei tilleggsregulering som inneber at bruk av mineralolje til oppvarming av driftsbygningar i landbruket blir forbode frå 2025 og mellombelse bygningar frå 2020. Enova har lenge gitt støtte til redusert energibruk og utfasing av oljefyr både i bustader og hushald og yrkesbygg.

Det er ikkje avgift på CO 2 -utsleppa frå forbrenning av avfall. Eit avfallsforbrenningsanlegg er kvotepliktig dersom over 50 pst. av generert energi blir levert til industriformål. Det er per i dag berre tre avfallsforbrenningsanlegg i denne kategorien. Det blir vurdert å innføre pris på utslepp av klimagassar frå avfallsforbrenning. Både avgift og kvoteplikt kan vere aktuelt.

Framskriving og utsleppsbane for ikkje-kvotepliktig utslepp

I følgje framskrivingane av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa frå energiforsyning og oppvarming vil utsleppa reduserast med om lag 38 pst. fram mot 2030, sjå tabell 13.2. Forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar er inkludert i utsleppsframskrivinga i figur 14.4.

Utsleppa frå forbruk av fossil olje til oppvarming i hushald og næringar er reduserte med 84 pst. sidan 1990. Dersom ei slik utvikling held fram, vil utsleppa i 2030 vere rundt 0,6 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar. Forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygninger inneber at nedgangen blir framskunda og at hushalda og tenesteytande næringar allereie i 2020 ikkje vil ha utslepp frå bruk av olje, men at det framleis vil vere utslepp frå bruk av gass og frå vedfyring. Det er berekningsteknisk lagt til grunn at det vil vere nokre utslepp igjen, som følgje av at forbodet opnar for visse unntak, blant anna i område der kraftsituasjonen tilseier det. I 2030 er utsleppa anslått til 0,25 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar.

Utsleppa frå ikkje-kvotepliktig energiforsyning kjem frå brenning av fossilt karbon i avfall og bruk av fossile energiberarar i mindre energianlegg. I framskrivingane er utsleppa frå ikkje-kvotepliktig energiforsyning venta å halde seg om lag på dagens nivå på 1 mill. tonn. Utsleppa frå avfallsdeponi er som tidlegare anslått å gå vidare ned som ei følgd av forbodet mot deponering av våtorganisk avfall.

Dei berekna tiltaka for energiforsyning som er inkludert i figur 14.4 er auka utsortering og materialgjenvinning av plastavfall og av brukte tekstilar. Desse tiltaka har ein kostnad over 500 kr/tonn CO 2 -ekvivalentar, men er inkludert fordi tiltaka inneber at måla i gjeldande rammedirektiv om avfall, som er tatt inn i EØS-avtala, blir nådd. For plast- og tekstilavfall vil auka utsortering og materialgjenvinning redusere delen fossilt materiale som forbrenn som restavfall og dermed føre til reduserte utslepp frå energiforsyning. I samband med Stortingets behandling av avfallsmeldinga vart det vedteke (Innst. 127 S (2017–2018), oppmodningsvedtak 485) å stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall frå hushald og liknande avfall frå næringslivet. Tiltakskostnadene er usikre og det er stor forskjell på kor godt dei ulike tiltaka er utgreidde. Sjå Miljødirektoratets nettsider for meir detaljar om tiltaka.

I framskrivingane er det lagt til grunn at det vil vere nokre utslepp igjen frå oppvarmingav bygningar, mellom anna som følgje av at forbodet opnar for visse unntak. Det er òg noko bruk av naturgass til oppvarming av bygg i Noreg. Som varsla i klimastrategimeldinga utgreier regjeringa høva til reduksjon av utslepp frå gass til oppvarming av bygningar. Det er vidare relativt betydelege utslepp frå norske byggje- og anleggsplassar. Regjeringa har sett i gang utgreiingar av moglegheitene for reduksjon av bruk av mineralolje til oppvarming og bygningstørke ved byggje- og anleggsplassar. Regjeringa arbeider òg med ein handlingsplan for fossilfrie byggje- og anleggsplassar innan transportsektoren, som varsla i NTP.

14.3.5 Produkt med fluorgassar og andre kjelder

Historiske utslepp

Utslepp av fluorgassar frå produkt er ikkje omfatta av kvotesystemet. HFK-gassar (hydrofluorkarbon) er industrielt framstilte gassar som er nytta i kuldeanlegg, varmepumper, luftkondisjonering mv. Utsleppa har auka frå eit ubetydeleg nivå i 1990 etter at gassane vart fasa inn som erstatning for ozon-reduserande gassar. Utslepp av HFK var i 2017

Tal for 2017 er foreløpige.

på 1,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, og utgjorde 2,7 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar.

SF6 (svovelheksafluorid) er ein svært sterk og langliva klimagass som ein tidlegare hadde betydelege utslepp av frå magnesiumindustrien. Denne er no avvikla og den viktigaste utsleppskjelda er lekkasjar frå høgspentbrytarar der gassen er nytta som isolasjonsmedium. Utslepp frå SF6 var i 2016 på 67 000 tonn CO 2 -ekvivalentar og stod for 0,13 pst. av dei norske klimagassutsleppa. Utsleppa er reduserte med 75 pst. sidan 2002.

Metanutsleppa frå avfallsfyllingar sto for 2 pst. av totale utslepp i 2017. Desse utsleppa er halverte sidan 1990 på grunn av forbod mot å deponere våtorganisk avfall frå 2002 (utvida til alt nedbryteleg avfall i 2009) og oppsamling av gass frå eldre fyllingar.

Kjelder som løysemiddel, avløp og avløpsreinsing, kompostering og biogassanlegg, og bensin- og gassdistribusjon står for dei resterande 0,8 pst. av utsleppa. Utslepp frå avløp, primært lysgass, har blitt redusert sidan 1990 på trass av ein betydeleg folkeauke. Kompostering og biogassanlegg aukar, men er framleis ei lita kjelde til metanutslepp.

Verkemiddel

Det er avgift på import og produksjon av HFK og det blir gitt refusjon for gass som blir samla inn og destruert. Avgifta er på nivå med den generelle CO 2 -avgifta rekna i CO 2 -ekvivalentar. Gassane er òg regulerte i ei EU-forordning og gjennom Kigali-endringane av Montrealprotokollen. Noregs forplikting i høve til Kigali-endringane trer i kraft 1. januar 2019 og EU-forordninga er revidert. Utslepp av SF6 var tidlegare omfatta av ei frivillig avtale og er framleis relativt låge, men kan auke dersom bruken av høgspentbrytarar med SF6 aukar. Deponiforbodet for nedbryteleg avfall vil halde fram med å vere det viktigaste verkemidlet for å få ned utslepp frå avfallsfyllingar.

Framskrivingar

Framskrivingane visar at utsleppa frå produkter med fluorgassar og andre kjelder er forventa å gå ned med om lag 40 pst. i 2030. For HFK-utsleppa visar framskrivingane at deivil gå ned i tida framover som følgje av eksisterande og planlagde reguleringar. Utsleppa er venta å vere berre 0,7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2030, ned om lag 48 pst. frå 2017. EUs reviderte forordning om fluorhaldige gassar frå 2014, (forordning 517/2014) er til vurdering i EØS/EFTA-statane, og er teken inn i framskrivingane og medverkar særleg til nedgangen. Forordninga inneheld blant anna fleire forbod mot bruk av HFK-gassar med høgt globalt oppvarmingspotensiale (GWP)

Globalt oppvarmingspotensial (Global Warming Potential).

. Metanutslepp frå avfalldeponi er òg venta å halde fram med å minske framover.

Det er no avgrensa potensial for å redusere utsleppa av HFK ytterlegare utover det som ligg i framskrivingane. Miljødirektoratet utgreidde i 2018 to tiltak for å redusere utslepp av HFK-gassar ytterlegare. Desse er usikre og har såpass liten effekt utover framskrivingane at dei ikkje er presenterte som eit berekna reduksjonspotensial. Etterleving av dei delane av regelverket som er retta mot å avgrense bruk av og minimere utslepp av HFK må styrkjast for å sikre at vi får realisert dei utsleppsreduksjonane som er inkluderte i framskrivingane. Utsleppa av SF6 er låge og det er lite potensial for ytterlegare reduksjonar. For å unngå framtidig utsleppsauke er det likevel ønskjeleg å avgrense bruken av denne gassen i nye installasjonar. Regjeringa varsla derfor i Meld. St. 41 (2016–2017) at det vil bli vurdert verkemiddel og tiltak som reduserer bruken av SF6 i høgspentanlegg i framtida.

14.3.6 Skog og anna arealbruk (LULUCF)

Sektoren skog og anna arealbruk (Land use, land-use change, and forestry - LULUCF) skil seg frå dei andre sektorane i klimagassrekneskapen ved at den har både opptak og utslepp av klimagassar. Det blir òg berekna opptak og utslepp ved arealbruksendringar mellom kategoriane.

Frå 1990 til 2016 har det vore ein auke i både opptak og utslepp av klimagassar innan sektoren, men auken i netto opptak har vore betydeleg større enn netto utslepp, sjå figur 14.6. Netto opptak i sektoren utgjorde i 2016

For skog og anna arealbruk blir det ikkje utarbeidd foreløpige tal.

24,4 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar. Dette svarar til nesten halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Skog står for hovudparten av karbonopptaket i sektoren. I 2016 var det eit netto opptak i skog på 28,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar mot 11,8 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 1990. Dei andre arealbrukskategoriane hadde eit netto utslepp som svarer til 4,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2016 mot 1,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 1990. Karbonlageret aukar i skog som har eit netto opptak. Nettoopptaket har auka frå 10,3 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 1990, i hovudsak som følgje av auka planting i etterkrigstida og påfølgjande aktiv skogforvaltning.

Skogen som blei planta i denne perioden er no inne i ein vekstfase med høg årleg tilvekst. Dei neste 100 åra er det venta eit lågare netto opptak enn vi har sett dei siste åra. Årsaka til dette er ein kombinasjon av mykje gamal skog som veks ut av sin mest produktive fase, aukande hogst som følgje av at mykje skog blir hogstmoden og låge investeringar dei siste tiåra.

Figur 14.5 Historiske utslepp og framskrivingar for skog- og arealbrukssektoren.

Figur 14.5 Historiske utslepp og framskrivingar for skog- og arealbrukssektoren.

Kjelde: Miljødirektoratet, NIBIO.

Framskrivingar av nettoopptak av klimagassar i skog og andre landareal er ikkje oppdatert og tala som er presenterte her er dei same som i Nasjonalbudsjettet 2015, sjå figur 14.5. Ifølgje desse framskrivingane ventar ein at opptaket vil minke framover, mellom anna som følgje av at stigande alder på skogen gir lågare tilvekst. Nettopptaket av klimagassar i skog og andre landareal likevel berekna til å svare til rundt 45 pst. av utsleppa frå andre sektorar dei næraste tiåra. Det er behov for å oppdatere desse framskrivingane. Nye framskrivingar for skog og annan arealbruk vil derfor bli utarbeidde.

Framskrivingane i Nasjonalbudsjettet 2015 er baserte på sannsynleg hogst ut frå då gjeldande tømmerprisar, tilgang på hogstmoden skog, avstand til veg og kor bratt terrenget er. Det er ikkje lagt til grunn utvidingar i skogsvegnettet for å ta ut eventuell hogstmoden skog i nye område, noko som bl.a. ekskluderer delar av den planta granskogen på Vestlandet. Det er heller ikkje teke høgde for endringar i marknaden.

I Parisavtala er det sett eit mål om å oppnå ein balanse mellom opptak og utslepp av klimagassar i andre halvdel av dette hundreåret. Opptak i skogen, også den norske, spelar ei avgjerande rolle når det gjeld å kunne nå denne balansen.

Utsleppa i skog- og arealbrukssektoren er i hovudsak knytt til dyrking av organisk jord og til arealbruksendring frå skog til busetnad og dyrka mark (avskoging). I 2016 var utsleppet frå avskoging vel 2,3 mill. tonn CO 2 -ekvivalenter. Sidan 2009 har Noreg rapportert eit utslepp av klimagassar frå karbonlageret i treprodukt produsert i Noreg, fordi reduksjonen i lageret har vore større enn tilførsla av produkt til lageret. Dette har si årsak i at eksporten av tilverka produkt er redusert, mens eksporten av tømmer har auka tilsvarande. Utsleppet frå tilverka treprodukt utgjorde 0,85 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2016, som er noko lågare enn dei føregåande åra.

Netto opptak i sektoren for skog og annan arealbruk inngår i forpliktinga under Kyotoprotokollen. Noreg kan godskrive netto opptak i skogforvalting inntil eit årleg tak på 1,75 mill. tonn CO 2 . I dag ligg vi likevel an til å bokføre eit utslepp frå sektoren under Kyotoprotokollen, hovudsakleg grunna at utslepp frå avskoging er større enn det vi kan godskrive av netto opptak i skog. Noreg kan likevel, etter Kyotoregelverket, auke hogsten betydeleg utan at det påverkar rekneskapen for klimagassar for sektoren eller norsk utsleppsforplikting.

Sektoren skog og anna arealbruk er ikkje omfatta av kvotesystemet.

Figur 14.6 Netto opptak og utslepp (mill. tonn CO2-ekvivalentar) for areabrukskategoriane i sektoren skog og anna arealbruk frå 1990 til 2016, inkludert utslepp av metan og lystgass frå arealbruk.

Figur 14.6 Netto opptak og utslepp (mill. tonn CO 2 -ekvivalentar) for areabrukskategoriane i sektoren skog og anna arealbruk frå 1990 til 2016, inkludert utslepp av metan og lystgass frå arealbruk.

Kjelde: Miljødirektoratet, NIBIO.

Sektoren spelar ei viktig rolle i klimapolitikken. I etterkant av klimaforliket er det sett i gang fleire tiltak med formål å auke opptaket og redusere utsleppa frå sektoren. Regjeringa har dei siste åra gjennomført ei 3-årig pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Pilotordninga er i sluttfasen og skal evaluerast mot slutten av 2018. Det vidare arbeidet med planting av skog på nye areal som klimatiltak, vil bli avgjort på bakgrunn av evalueringa. Regjeringa har òg innført klimatiltak i eksisterande skog som tilskot til gjødsling av skog og tettare planting etter hogst. Skogplanteforedlinga er òg styrkt for å sikre skogplanter som medverkar til eit høgt karbonopptak og som er godt tilpassa eit endra klima. I tillegg har regjeringa sett i gang eit arbeid med å restaurere tidlegare drenert myr.

Regjeringa vil utvikle vidare og vurdere styrking av desse tiltaka, og vil òg greie ut og utvikle vidare andre moglege tiltak for å auke opptaket og redusere utsleppa frå sektoren. Miljødirektoratet har nyleg levert ei utgreiing av moglege tiltak og verkemiddel for redusert klimagassutslepp frå avskoging i Noreg. NIBIO har utgreidd klimaeffekt og konsekvensar av å redusere hogsten av ungskog som klimatiltak. I utgreiinga er det vurdert optimalt tidspunkt for avverking av skog ut frå klimaomsyn, omsynet til langsiktig virkesproduksjon og verdi på tømmeret. Desse utgreiingane er til vurdering i Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Forslag om endring av jordlova og forslag til endringar i nydyrkingsforskrifta for å forby nydyrking av myr, vart sende på høyring i juli 2017. Landbruks- og matdepartementet vil fremje ein lovproposisjon for Stortinget i løpet av 2018. Endringane i nydyrkingsforskrifta kan tre i kraft tidlegast samtidig med at lovendringa trer i kraft. Uavhengig av forbod vil ein framleis rapportere og bokføre utslepp frå tidlegare dyrka myr. Regjeringa vil òg medverke til auka bruk av tre i bygg og vurdere andre tiltak som kan medverke til å auke lageret av karbon i langlevde treprodukt. Auka bruk av tre i bygg gir òg effektar i andre sektorar dersom andre meir energikrevjande materialar blir erstatta. Dei fleste tiltaka i primærskogbruket gir effekt først på lengre sikt, ut over 2030. Det er likevel viktig å gjennomføre tiltak òg i denne sektoren fram mot 2030, for å få dei langsiktige effektane så tidleg som mogleg. Enkelte av tiltaka i sektoren vil kunne medføre konsekvensar for naturmangfald og andre miljøomsyn, og tiltaka må derfor avvegast og innrettast i forhold til slike omsyn.