Klima- og miljødepartementet (KLD)

15.1 Innleiing

I følgje klimalova skal det gjerast greie for klimaeffekten av framlagt budsjett. I dette kapittelet blir det gjort greie for dette. Det er metodisk krevjande å anslå klimaeffekten av statsbudsjettet, og dette er noko som må utviklast over tid.

Som det kjem fram i omtala av lovproposisjonen til klimalova er det på mange område fagleg svært krevjande å anslå utsleppseffekten av budsjettet. Det er krevjande å anslå den fulle effekten av både ny og etablert politikk på utviklinga i klimagassutsleppa, og å tidfeste effekten på utsleppa. Forsking og utvikling og bruk av klimavenleg teknologi er eit døme. Slik teknologi er viktig for å løyse klimaproblemet, og Noreg brukar betydelege ressursar på utvikling av klimavennleg teknologi. Det er svært vanskeleg å anslå klimaeffekten av denne ressursbruken. Det er til dømes usikkert når, i kva grad og i kva sektor auka innsats på forsking og teknologiutvikling vil gi resultat i form av reduserte utslepp. Derfor vil regjeringa der ein manglar treffsikker metodikk, i tråd med forarbeida til klimalova, måtte oppfylle dette punktet gjennom tekstlege beskrivingar etter beste faglege skjønn av dei satsingane i budsjettet som ein meiner har vesentleg effekt på klimagassutsleppa. Der det tener føremålet, blir den tekstlege omtala supplert med anslag av klimaeffekten, både positiv og negativ. Det er behov for å vidareutvikle den faglege metodikken for å gjere greie for klimaeffekten av framlagt budsjett på ein god måte. Ei slik metodeutvikling vil òg ha positiv effekt for berekningar av tiltak i statsbudsjettet og andre klimapolitiske verkemiddel. Regjeringa har sett ned eit teknisk berekningsutval for klima som mellom anna skal sjå på metode for berekning av klimaeffekten av statsbudsjettet. Utvalet har fått i mandat å utvikle metoden for berekning av klimagasseffekt av budsjettet.

Det er mange forhold som påverkar utsleppsutviklinga. I tillegg til innretninga av politikken, mellom anna gjennom statsbudsjettet, vil òg økonomiske, teknologiske og forhold knytt til innbyggjartalet vere viktige faktorar. Fleire verkemiddel verkar òg saman, og det er krevjande å skilje ut den isolerte effekten av eit verkemiddel. Til dømes blir utsleppseffekten av elbilpolitikken bestemt av eit samspel mellom CO 2 -avgifta, insentiv i eingongsavgifta, støtta til ladestastasjonar mellom anna i regi av Enova, parkeringsvilkår og høvet til å køyre i kollektivfeltet og passere gratis i bomstasjonar.

Noreg medverkar òg til utsleppsreduksjonar i andre land, sjå omtale Norske bidrag til utsleppsreduksjonar i andre land.

Dei viktigaste endringane i årets budsjett som er venta å medverke til å redusere utsleppa er omtalt i del I, kap. 4.2 i dette budsjettet.

Den påfølgande teksten synleggjer nokre element i framlagt budsjett – verknad av tiltak og verkemiddel – som er venta å ha effekt på klimagassutslepp eller karbonbinding. Merk at klimaeffekten synleggjer absolutt utsleppseffekt og ikkje endringar frå fjorårets budsjett. Utsleppseffekten som blir synleggjort er anslag på effekten samanlikna med ein situasjon utan dei gitte budsjettpostane. Utsleppseffekten av nokre av elementa er talfesta. Desse tala er svært usikre og kan ikkje nødvendigvis samanliknast. For andre element der klimaeffekten ikkje er talfesta, er det gjort vurderingar på om tiltaka gir auka eller reduserte utslepp Det er for eksempel usikkert når, i kva grad og i kva sektor, auka innsats vil gi resultat i form av reduserte utslepp.

Elementa som blir gjort synlege utgjer ikkje heilskapen i klimaeffekten av det framlagte budsjettet. Det er krevjande og hefta med stor uvisse å anslå kor stor del av klimaeffekten som kjem av ulike tiltak og verkemiddel. I tillegg verkar verkemidla saman. Utrekningar, anslag og vurderingar av utsleppseffekt av budsjett tiltak er utført og spilt inn av dei ansvarlege departementa.

15.2 Utsleppseffekt av departementas budsjett

Finansdepartementet

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretninga av særavgifter i miljøpolitikken. Miljøavgifter gjer at marknadsprisane i større grad inkluderer samfunnet sine kostnader ved miljøskadelege aktivitetar. Det medverkar til å redusere dei miljøskadelege utsleppa. Fleire avgifter er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar. Dette gjeld først og fremst CO 2 -avgifta på mineralske produkt, avgifta på utslepp av CO 2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen og avgiftene på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK).

Eingongsavgifta på motorvogner inneheld òg ein CO 2 -komponent. Den skal påverke forbrukarar til å ta meir klima- og miljøvennlege val ved bilkjøp, men inneber ikkje direkte prising av utslepp av CO 2 . CO 2 -kompontenten vart innført i 2007. Regjeringa presenterte ein heilskapleg gjennomgang av bilavgiftene i Meld. St. 2 (2014–2015) Revidert nasjonalbudsjett 2015. Målsetjinga var å legge om eingongsavgifta slik at den stimulerer til ein nyare, sikrare og meir miljøvennleg bilpark. Gjennomgangen vart følgt opp med endringar i eingongsavgifta i miljøvennleg retning i budsjetta for 2016, 2017 og 2018 gjennom utfasing av avgifta på motoreffekt, redusert avgift på vekt og auka avgift på utslepp av CO 2 og NOx. Endringane har medverka til at gjennomsnittlege CO 2 -utslepp frå nye personbilar er reduserte frå 177 gram CO 2 /km i 2006 til 82 gram CO 2 /km i 2017. Frå januar til august 2018 har gjennomsnittlege CO 2 -utslepp frå nye personbilar vore 76 gram CO 2 /km Regjeringa vil vurdere behovet for endringar i verkemiddel i lys av utsleppsutviklinga.

I tillegg er det avgifter som ikkje er direkte retta inn mot utslepp av klimagassar, men som likevel medverkar til reduserte utslepp. Dette gjeld først og fremst vegbruksavgifta, fritak for meirverdiavgift for nullutsleppsbilar og grunnavgifta på mineralolje. Særavgiftene er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2017 – 2018) Skatter, avgifter og toll 2019.

Forsvarsdepartement

Utviklinga av klimagassutsleppa i forsvarssektoren på kort (2020) og lang (2030) sikt er estimert basert på utfasing av fossil fyringsolje, ut- og innfasing av materiell, nye energikrav til bygg og overgang til låg- og nullutslepp frå administrative køyretøy. På kort og lang sikt vil dei samla utsleppa frå sektoren si verksemd auke noko. Ein usikkerheitsfaktor er Forsvaret sitt aktivitetsnivå. Bruk av Forsvaret sine fly og fartøy står for til saman om lag 70 pst. av dei direkte utsleppa av klimagassar i sektoren.

Forsvarssektoren fasar ut fossil olje til oppvarming for å redusere utslepp av klimagassar. Tiltaket starta i 2006, og fram til og med 2017 er forbruket av fyringsolje redusert frå 13 935 m 3 til 2 514 m 3 , dvs. med 82 pst. Delen fyringsolje er i same periode redusert frå 22 pst. til under 4 pst. (berekna av total mengde energi til bygg og anlegg). Forbruket i 2019 er estimert til 800 m 3 . Ved utgangen av 2020 vil estimert oljeforbruk vere redusert til under 300 m 3 . Oljeforbruket som står igjen, skuldast at omlegginga til andre energiformer ved to basar er samkøyrt med etablering av infrastrukturprosjekt. Oljeforbruket vil bli fasa ut i takt med at infrastrukturprosjekta blir ferdigstilte.

Redusert bruk av fossil fyringsolje medverkar til å redusere utslepp av klimagassar i sektoren i 2019. Ut over redusert bruk av fyringsolje er det ingen konkrete endringar til auka eller redusert klimagassutslepp for sektoren.

Klima- og miljødepartementet

Enova

Inneverande fireårig avtale med Enova har dreia Enova si merksemd meir mot innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet og inneber ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar.

Enova si støtte til energi- og klimateknologi er retta inn mot pilotering, demonstrasjon og fullskala introduksjon av nye teknologiar og løysingar. Ved utforminga av verkemidla retta mot ny energi- og klimateknologi legg Enova vekt på moglegheitene for global spreiing, og følgjande utsleppsreduksjonar. Til grunn for tildelingar ligg det ei vurdering av innovasjonshøgde og gjennomføringsevne. Transport er eit viktig område for Enova i arbeidet med å medverke til å redusere ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. I 2017 gav Enova tilsegner om over 1 milliard kroner i støtte til transportprosjekt. Enova vil halde fram med den sterke satsinga på transport. Gjennom støtte til tiltak for meir effektiv og fleksibel energibruk legg Envoa si satsing på å styrkje forsyningstryggleiken for energi til rette for eit robust, effektivt og fleksibelt energisystem som kan tene omstillinga til lågutsleppssamfunnet mot 2050.

Det er krevjande å kvantifisere den fulle verknaden på klimagassutsleppa av satsingane som følgje av at Enova berre er eitt av fleire verkemiddel. Til dømes kan Enova si støtte til infrastruktur for nullutsleppskøyretøy vere nødvendig for å auke salet av nullutsleppskøyretøy, men utan andre verkemiddel som avgiftsinsentiv, lov til å køyre i kollektivfelt eller mva. fritak, ville effekten kunne ha vore ein heilt annan. Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar og verknadene av Enova si støtte vil derfor i stor grad vere indirekte og avhengig av teknologiane og løysingane si vidare utbreiing i marknaden.

Enova estimerer at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til deira kontraktfesta prosjekt i 2017 var 321 000 tonn CO 2 -ekvivalentar, der 15 000 kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor. Ei rekkje føresetnader er lagt til grunn for utrekningane slik at det er ein del uvisse rundt tala. Desse resultata omfattar berre direkte reduksjonar i klimagassutslepp som ei følgje av tiltak som gir redusert bruk av fossile brensler. Andre effektar, for eksempel som ei følgje av marknadsendringar eller spreiing av teknologi, er ikkje med i tala.

Regjeringa foreslår ein auke av overføringane til Enova gjennom Klima- og energifondet i 2019, med vekt på tiltak som gir størst utsleppsreduksjon i ikkje-kvotepliktig sektor. Ei styrking av Enova vil kunne medverke til satsinga på grøn skipsfart og reduserte utslepp frå aktivitetar på land.

Profilering av norske grøne løysingar

Regjeringa gjennomfører ei satsing for å fremje auka og heilskapleg profilering og marknadsføring av norske klimavennlege løysingar. Formålet er auka eksport og å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Satsinga blir ført vidare i 2019. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2018 blei det løyvd 10 mill. kroner til satsinga over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett. Budsjettforslaget no inneber å føre vidare Næring- og fiskeridepartementet si finansiering av oppdraget, som kjem i tillegg til finansiering frå Klima- og miljødepartementet. Utsleppseffekt er usikker og ikkje kvantifisert. Dei relevante budsjettpostane er kap. 1400 post 50 i Klima- og miljødepartementet sitt budsjett, og kap. 2421 post 74 i Næring- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

Klimasats

Støtteordning for klimatiltak i kommunane, til dømes til ladepunkt for tenestebil, klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennlege bygg, utsleppsfrie byggeplassar. Ein viktig effekt av ordninga er å bryte ned ulike barrierar i kommunane, f.eks. teste pilottiltak før utrulling og gjere kommunane fagleg, organisatorisk og økonomisk i stand til å setje i gang tiltak for omstilling til lågutsleppssamfunnet. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert, men er venta å gi reduserte utslepp på kort og lang sikt. Relevante budsjettpostar er kap. 1420 post 61 i Klima- og miljødepartementet sitt budsjett

Pilotordning for biogassanlegg

Pilotordninga er forvalta av Innovasjon Noreg (IN). Formålet er å fremje utvikling av ny teknologi og nye løysingar for å produsere biogass basert på nye råstoff. Biogass kan f.eks. erstatte fossilt drivstoff i køyretøy. Ordninga kan medverke til kostnadsreduksjonar og større utsleppskutt på lengre sikt. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert. Relevante budsjettpostar er kap. 1400 post 76 i Klima- og miljødepartementet sitt budsjett. Det er ikkje løyvd nye midlar til ordninga over 2019-budsjettet. Ordninga er under evaluering hausten 2018.

Restaurering av myr

Restaurering av våtmark, med målsetjing utsleppskutt, betre økologisk tilstand og tilpassing til klimaendringar. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert, men er venta å gi reduserte utslepp på lang sikt. Relevante budsjettpost er kap. 1420 post 38 i Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.

Kommunal klimastatistikk

Utvikling av eit verktøy som set kommunane i stand til å målrette arbeidet for utsleppsreduksjonar og prioritere mellom ulike klimatiltak. Det er lansert ein første versjon, og det vil komme betre data i 2019. Det er uvisse omkring utsleppseffekten, men betre klimastatistikk legg indirekte til rette for reduserte utslepp på sikt ved at kommunane betre kan prioritere kva klimatiltak dei vil gjennomføre. Relevant budsjettpost er kap. 1420 post 21 i Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.

Landbruks- og matdepartementet

Jordbrukspolitikken skal bli lagt om i ei meir miljø- og klimavennlig retning. Klimautfordringane i jordbruket blei behandla både i rapporten Landbruk og klimaendringar frå 2016, og i Meld. St. 11 med Stortinget si behandling i Innst. 251 S (2016–2017). Som det går fram av Jeløya-plattforma vil regjeringa føre ein politikk som gir insentiv til mindre utslepp og nødvendige tiltak i landbruket. Fleire av verkemidla over jordbruksavtala medverkar til reduserte klimagassutslepp. Det er stor uvisse knytt til klimagassrekneskapen for jordbruket. Mange av tiltaka som reduser utsleppa per produsert einskap blir ikkje fanga opp av det offisielle utsleppsregnskapet, og det er behov for å betre det tekniske berekningsgrunnlaget for utslepp frå jordbruket. Det er òg behov for forsking og kunnskapsutvikling, både om utslepp, binding av CO 2 og om høve til tilpassing. Jordbruksoppgjeret 2018 innebar ei styrking av ordningar for 2019 som kan medverke til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket som blant anna dreneringsordninga, regionale miljøtilskot, løyving for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg og til forsking og kunnskapsutvikling. Det er òg lagt til rette for ein samordna innsats for utvikling og bruk av miljø- og klimavennleg teknologi. Det er ikkje mogleg å kvantifisere verknaden av tiltaka no, men dei er venta å gi positiv klimaeffekt på kort og lang sikt.

Forsking og utvikling over jordbruksavtala

Støtte utvikling av ny kunnskap og teknologi til landbruks- og matsektoren. Styrkje kunnskapsgrunnlaget knytt til utsleppsreduksjonar frå jordbruket. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert, men er venta å gi reduserte utslepp på kort og lang sikt. Relevant budsjettpost er kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Regionalt miljøprogram over jordbruksavtala

Ordning for miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel er mest relevant (10 pst. av utbetaling). Omsynet til klima skal takast vare på i revidering av miljøprogramsatsinga fram til 2019, i tillegg til formål om å ta vare på omsynet til vatn og kulturlandskapet. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert, men er venta å gi reduserte utslepp på kort og lang sikt. Relevant budsjettpost er kap. 1150 post 74.19 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket over jordbruksavtala

Mellom anna utbetring av gamle røyrsystem i bakkeplanerte område som får effekt på klimatilpassing og reduserte utslepp av lystgass (33 pst. av utbetaling). Ordninga fremjar natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskap og reduserer forureininga frå jordbruket. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert, men er venta å gi reduserte utslepp på kort og lang sikt. Relevant budsjettpost er kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Tilskot til drenering av jordbruksjord over jordbruksavtala

Godt drenert jordbruksjord har lågare lystgassutslepp enn vassmetta jord. Tilskotssatsen ved drenering blei dobla frå 1. juli 2017, noko som gav auka drenering og som på sikt vil gi lågare utslepp. Ordninga gir potensial for auka jordbruksproduksjon, og reduserer faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Dette har klimatilpassingseffekt. Relevant budsjettpost er kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Klima- og miljøprogrammet over jordbruksavtala

Betring av kunnskapsgrunnlag om potensialet for reduserte klimagassutslepp innan ulike produksjonssystem, lagring av karbon i jord og lystgassutslepp frå jord. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert, men betre kunnskapsgrunnlag er venta å medverke til reduserte utslepp på lengre sikt. Relevant budsjettpost er kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

Behandling av husdyrgjødsel i biogassanlegg reduserer faren for metanutslepp frå husdyrproduksjon. Det blir gitt tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Utsleppseffekt er ikkje kvantifisert, men er venta å gi reduserte utslepp på kort og lang sikt. Relevant budsjettpost er kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket

Auka produksjon av biobrensel og leveransar av biovarme frå landbruket gir reduserte utslepp ved omlegging frå fossil energi. Midlane går m.a. til utvikling av gardsbaserte biogassanlegg, produksjon av biovarme, pilotprosjekt for auka bruk av biodrivstoff i traktorar og maskiner, og satsing på klimavennleg veksthusproduksjon. Innovasjon Noreg fører oversikt over nye bioenergianlegg som erstattar fossile anlegg. Dei medverkar med ein samla reduksjon på 78 000 tonn CO 2 per år. Relevant budsjettpost er kap. 1150 post 50 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett

Klimatiltak i skog

Tilskot til tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og skogplanteforedling medverkar til auka tilvekst og dermed høgare CO 2 -opptak. Gjødsling kan potensielt gi eit auka opptak på 0,27 mill. tonn CO 2 årleg etter ti år. Dei andre tiltaka har relativt liten effekt på kort sikt. Dei tre tiltaka kan potensielt gi auka opptak på 2,4 mill. tonn CO 2 årleg om ca. 70–100 år. Løyvinga ligg no på eit nivå som gjer at ein kan oppnå om lag det halve av potensialet. Relevant budsjettpost er kap. 1149 post 73 i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Nærings- og fiskeridepartementet

Nysnø klimainvesteringar AS

Nysnø klimainvesteringar er eit nyleg oppretta investeringsselskap, tidlegare «Fornybar AS». I statsbudsjettet for 2019 er det foreslått å løyve 400 mill. kroner i investeringskapital til selskapet. Det er venta at selskapet sine investeringar direkte eller indirekte vil medverke til reduksjonar av klimagassutslepp på lengre sikt. Relevante budsjettpostar er kap. 950 post 52 og 90 i Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg

Miljøteknologiordninga gir tilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt for å medverke til kommersialisering av innovative løysing basert på miljøteknologi. Ordninga skal medverke til fleire vekstkraftige verksemder. Målgruppa for ordninga er verksemder frå heile landet uavhengig av storleik som skal setje i gang pilot- og demonstrasjonsprosjekt innanfor miljøteknologi. Tilskotet frå ordninga reduserer kostnadene når verksemdene prøver ut og viser fram sine miljøteknologiløysningar. Mottakarane omfattar ein rekkje næringar, mellom anna prosessindustri, olje- og gassnæringa, næringsmiddelindustrien og marin sektor.

Det føreslåtte tilskotet til Miljøteknologiordninga er 581,9 mill. kroner i 2019. Miljøteknologiordninga gir støtte til ei rekkje prosjekt som er venta vil medverke til å redusere klimagassutsleppa på kort og lengre sikt. Utsleppa er ikkje talfesta.

DemoHav

Det vart løyvt 30 mill. kroner til DemoHav i 2018-budsjettet gjennom Innovasjon Noreg. Ordninga er meint å gi dei marine og maritime næringane høve til å teste ut løysingar i fullskala gjennom pilotering og demonstrasjon av ny teknologi, system og prosessar. Utlysinga, som er utarbeidd i samarbeid med Noregs forskingsråd, etterlyser prosjekt som blant anna medverkar til auka effektivitet og berekraftig utvikling. Ordninga er foreslått ført vidare med 30 mill. kroner i 2019-budsjettet.

MAROFF

MAROFF-programmet støttar prosjekt innanfor miljø, miljøvennleg energiutnytting, krevjande maritime operasjonar og avansert transport og logistikk. Formålet med ordninga er forsking og utvikling som medverkar til auka verdiskaping. Støtte til programmet er ført vidare i 2019-budsjettet. Relevant budsjettpost er kap. 920 i Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

Regelverksarbeid i Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet sitt arbeid med regelverk og grøn skipsfart er ført vidare i 2019-budsjettet. Aktuelle fagområde er nye drivstofftypar, havbruksinstallasjonar offshore og auka digitalisering av skipsfarten. Oppdatert kompetanse hos sjøfartsmyndigheitene skal medverke til at direktoratet held tritt med utviklinga i næringa, og at godkjenning og sertifisering av ny og meir klimavennleg teknologi mv. kan skje raskt. Relevant budsjettpost er kap. 910 post 01 i Nærings- og fiskeridepartementets budsjett proposisjon.

I 2019-budsjettet kan vidareføringa av DemoHav, Maroff og Sjøfartsdirektoratets arbeid med grøn skipsfart, medverke til vidare utvikling av norsk låg- og nullutsleppsteknologi. Dette kan gjelde for norsk maritim næring, men òg for tilknytte havnæringar, som fiskeri, havbruk, havvind og petroleum. Desse satsingane er venta å gi noko reduserte klimagassutslepp på sikt, men effekten let seg ikkje kvantifisere.

Føringstilskotet

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for «føringstilskotet» som er løyvt over kap. 919 post 75 – Tilskot til næringstiltak i fiskeria. Føringstilskotet omfattar ulike ordningar. Den viktigaste ordninga gjeld støtte til delar av transportkostnaden ved frakt av fersk fisk med bil frå mottaksstasjon (som berre er mellombels landingsstad for fangsten) til produksjonsanlegg (der vidare gjennomarbeiding skjer). Målsetjinga med tilskotet er å medverke til at den minste flåten har høve til mottak i nærområda sine, slik at dei slepp å gå større avstandar for å levere fangsten sin, noko som igjen skal medverke til at lokale fiskerimiljø blir haldne ved lag. Føringstilskotet fører til auka transport med bil framfor transport til sjøs. I ein evalueringsrapport frå Vista analyse frå desember 2017 er det anslått at tilskotet har ein negativ miljøeffekt på marginen.

Det er foreslått å redusere tilskotet i 2019-budsjettet, frå opphaveleg 26,2 mill. kroner

Ikkje medrekna tilskotet på 4 mill. kroner som blei gitt i revidert nasjonalbudsjett.

i 2018 til om lag 17 mill. kroner. Dette kan ha ein liten positiv utsleppseffekt.

Olje- og energidepartementet

Forsking, utvikling og demonstrasjon av CO 2 -handtering

Regjeringa sin strategi for arbeidet med CO 2 -handtering vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015). Det overordna målet er å medverke til at CO 2 -handtering blir eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Arbeidet med CO 2 -handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO 2 med eit spreiingspotensial. CO 2 -handtering kan bli relevant for fleire sektorar enn sement og avfallshandtering, som er dei to sektorane som er omfatta av regjeringa sitt arbeid. Tiltaka i regjeringas strategi omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeid med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO 2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO 2 -handtering. Regjeringa foreslår ei tildeling til å dekkje vidare planlegging av fullskala CO 2 -handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som vil kunne realiserast gjennom desse tiltaka. Kor store reduksjonar i CO 2 -utslepp som kan oppnåast avheng mellom anna kor CO 2 -fangst eventuelt blir realisert og av kva slag tekniske løysingar som blir valt. Sjå budsjettpost kap. 18.40 i Olje- og energidepartementet sitt budsjett.

Forsking og utvikling av lågutsleppsløysingar

Satsinga på FoU og raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumssektoren skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal den medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det som kan ventast med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. Grunna uvisse om omfang og tidspunkt for introdusering og kommersialisering av ny teknologi under utvikling, finst det ingen presise anslag på framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet. Forskingsprogrammet EnergiX som støttar forsking på m.a. fornybar energi og effektiv energibruk, er foreslått styrkt i årets budsjett. Relevante budsjettpostar er kap. 18 post 30 i Olje- og energidepartementet sitt budsjett, og kap. 1410 post 50 i Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.

Samferdselsdepartementet

Transportsektoren (inkl. fiske og anleggsmaskiner) står for om lag 60 pst. av dei ikkje-kvotepliktige utsleppa i Noreg. Store delar av utsleppsreduksjonane som skal gjennomførast innanlands i ikkje-kvotepliktig sektor, må takast i transportsektoren.

Samferdselsdepartementet skal i samarbeid med underliggande etatar og verksemder utvikle vidare metodikken for berekning av endra utslepp. Nedanfor er dei direkte utsleppa frå transportsektoren rekna på. Det er understreka at anslaga for utsleppseffekt er svært usikre.

Jernbane

Store nye og pågåande jernbaneprosjekt

Det er anslått at utbyggingsfasen for store nye og pågåande jernbaneprosjekta gir årleg utsleppsauke på 25 000 tonn CO 2 -ekvivalentar i 2019 og 2020. Det er venta at desse prosjekta gir reduksjon av trafikkutslepp på lengre sikt. Sjå føresetnadene lengre ned om innfasing av null- og lågutsleppskøyretøy. I tillegg til prosjekta som det er berekna utsleppsbudsjett for er det fleire mindre utbyggingsprosjekt, som det ikkje er utarbeidd klimabudsjett for. Dei relevante budsjettpostane er under programkategori 21.50 i Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Drift og vedlikehald av jernbaneinfrastruktur

Det er venta at drift og vedlikehald av jernbane gir årlege utlsepp på 16 300 tonn CO 2 -ekvivalentar i 2019 og 2020. Anslaga byggjer på rapporterte utslepp frå formålet i 2017. Det er ikkje berekna utslepp for lengre sikt. Dei relevante budsjettpostane er under programkategori 21.50 i Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Trafikkutslepp jernbane og veg

Nye veg- og jernbaneprosjekt oppstart 2019, trafikkutslepp

Det er venta at trafikkutsleppa gradvis går ned i perioden fram mot 2050 som ein følgje av trafikkoverføring mellom veg og bane. Trafikkutviklinga baserer seg på transportmodellar der berekningane tek omsyn til overføring mellom transportmiddel, men ikkje bereknar overføring av godstransport. Det er berekna at trafikkoverføringa vil gi ein årleg reduksjon på 1 000 tonn CO 2 . Dette er eit gjennomsnitt kvart år mot 2030. Det er ikkje teke høgd for innfasing av null- og lågutsleppskøyretøy i det omfanget vi no ser, slik at utsleppsreduksjonen som skuldast utbyggingsprosjekta kan vere overdimensjonert. Dei relevante budjsettpostane er under programkategori 21.30 og programkategori 21.50 i Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Veg og personbiltrafikk

Nye og pågåande vegprosjekt, bygging, drift og vedlikehald

Det er rekna at nye vegprosjekt gir om lag 3 000 tonn CO 2 utslepp årleg i byggjeprosessen, og dermed 9 000 til 10 000 tonn CO 2 i totale utslepp frå byggjeprosessen. Byggjeperioden på vegprosjekt er normalt 3-5 år. Tala er bereknafrå direkte utslepp frå bruk av fossilt drivstoff over byggjeperioden. Dei relevant budsjettposta ligg under programkategori 21.30 i Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Det er gjort eit grovt overslag for utsleppa frå forslaga til løyvingar i budsjettet. Dette overslaget viser at anleggsutsleppa frå pågåande store vegprosjekt, skredsikringprosjekt på riks- og fylkesveg, og entreprisar innanfor drift og vedlikehald på riksveg i 2019 kan utgjere mellom 200 000 og 400 000 tonn CO 2 -ekvivalentar per år. Utsleppa er direkte anleggsutslepp frå bruk av fossilt drivstoff og utrekna på bakgrunn av erfaringstal frå utsleppsrekneskap for nokre ferdigstilte prosjekt. Utsleppa på lengre sikt er ikkje berekna. Dei relevante budsjettpostane ligg under programkategori 21.30, mellom anna kap 13.20 post 23, 30, og 31 Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Byvektsavtaler

Det er berekna klimaeffekt av nullvekstmålet for persontransport med bil i byane som ligg til grunn for avtalene.

Miljødirektoratet har rekna klimaverknaden til å vere ein reduksjon på om lag 60 000 tonn CO 2 -ekvivalentar for året i 2030 som følgje av at veksten i persontransporten, i og rundt de store byområda, blir teken med kollektivtransport, sykling og gange. Byvekstavtalane har langsiktige effektar på klimagassutsleppa dersom bilreiser blir erstatta med buss, tog, trikk, t-bane og gåing/sykling. Dette anslaget er rekna opp mot referansebana frå Perspektivmeldinga 2017. I Nasjonalbudsjettet 2019 er delen nullutsleppspersonbilar i referansebana auka i forhold til i Perspektivmeldinga 2017, noko som inneber at anslaget truleg er noko høgt. Dei relevante budsjettpostane er kap. 1320 post 30 og kap. 1330 post 63 og 64 i Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Kollektivtrafikktiltak utanom byvektsavtalene

Løyva går til tiltak i byar utan avtaler for å oppgradere haldeplassar og knutepunkt, og etablere kollektivfelt langs riksveg. Utsleppseffekten er uviss, men truleg marginal. Den relevante budsjettposten er kap. 1320 post 30 i Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Tiltak utanom byvektsavtalene for gåing og sykling

Løyvinga går til tiltak i byar utan avtaler. Verknaden av tiltaka avheng av kor mange som vil begynne å gå og sykle i staden for å køyre bil. Klimaeffekten er uvisse og det finst per i dag ikkje berekningar for dette. Den relevante budsjettposten er kap. 1320 post 30 under Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Andre tiltak

Riksvegferjer

Det er inngått kontraktar for ferjesamband med krav til lågare utslepp. Riksvegferjene sleppte i 2017 ut 0,260 mill. tonn CO 2 . Nye kontraktar og kunngjorde konkurransar pr. 2. august 2018 vil redusere utsleppa med om lag 56 000 tonn CO 2 per år frå 2020/2021. Det er berekna dei inngåtte kontraktane vil gi ein reduksjon på mellom 120 000 og 220 000 tonn CO 2 i året 2030. Føresetnaden for utsleppsreduksjonen er at kommande utlysingar blir gjennomført. Den relevante budsjettposten er kap. 1320 post 70 under Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Tilskot til overføring av gods frå veg til sjø

Frå og med 2017 vert det etablert ein førebels forsøksordning for tre år med tilskot til å opprette nye godsruter eller oppgradere eksisterande godsruter på sjø. Formålet er å flytte gods frå veg til sjø. Kystverket har berekna reduksjonen i godstransportarbeidet på veg og auken i godstransportarbeidet på sjø basert på opplysningane frå prosjektsøknadene. I desse utrekningene legg Kystverket til grunn estimerte effektar av dei prosjekta som har starta opp etter å ha motteke tilsegn om støtte i 2017 og estimerte effektar frå prosjekt som har fått tilsegn i 2018. I tillegg er det lagt til grunn at endringane i tilsegnsfullmakta i 2019 gjer at det ikkje blir gitt tilsegn til nye prosjekt i 2019. Med ein forventa levetid for prosjekta på 15 år, vil den samla reduksjonen av utslepp vere om lag 0,4 mill. tonn CO 2 totalt i perioden fram til og med 2033. Den relevant budsjettposten er kap. 1360 post 72 under Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Landstraumsopplegg på fartøya i den statlege slepeberedskapen

Kystverket har berekna at bruk av landstraum førte til eit redusert drivstofforbruk på 140 000 liter marin diesel i 2017. Dette gav ein reduksjon i utslepp på om lag 370 tonn CO 2 som kan knytast til bruk av landstraum i 2017. Det er vanskeleg å vurdere effekten av tiltaket i 2019. Dette heng saman med at Kystvakta får operativt ansvar for statleg slepeberedskap frå 2020 og at denne ordninga blir fasa gradvis inn i løpet av 2019. Den relevant budsjettposten er kap. 1360 post 01 under Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

15.3 Norske bidrag til utsleppsreduksjonar i andre land

Norsk støtte til tiltak i utviklingsland over Utanriksdepartementets budsjett retta mot reduksjon av klimagassar kan hovudsakleg delast i to. For det første energiproduksjon eller forbruk, utsleppsreduserande tiltak eller karbonlagring. Den andre kategorien vil ha utsleppsreduksjon som ein indirekte verknad eller sekundær konsekvens. Slike innsatsar inkluderer kapasitetsbygging, opplæring, støtte til utvikling av regelverk og finansieringsmekanismar. Bidrag frå sekundære intervensjonsprosjekt vil vere avgjerande for å realisere ein lågkarbonøkonomi som kan foreinast med temperaturmåla i Parisavtala, men er utfordrande å måle. Regjeringa understrekar at det er viktig å halde ved lag støtte også til denne typen intervensjonar sjølv om effektane er meir utfordrande å måle.

Heile Klima- og skoginitiativet fell inn under kategorien «Bistandsmidler og andre offentlige midlar til klimatiltak i utviklingsland og deres bidrag til reduksjon av klimagassutslipp». Regjeringa foreslår 3,2 mrd. kroner til initiativet på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett i 2019.

Dei utsleppa som er talfesta i tabellen er berre dei som er baserte på anslag på betaling for faktiske, gjennomførte utsleppsreduksjonar. I tillegg til å betale for allereie gjennomførte utsleppsreduksjonar, støttar Klima- og skoginitiativet innsats som fører til utsleppsreduksjonar på sikt, f.eks. effektiv arealbruk, titulering av urfolksområde og vern av tropisk skog. All innsats under initiativet vil på sikt medverke til utsleppsreduksjonar i tråd med Stortingets mål for initiativet.

Noreg medverkar til utsleppsreduksjonar i andre land mellom anna gjennom Det grøne klimafondet og støtte over bistandsbudsjettet. Kjøp av klimakvotar gjennom Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) medverkar også til utsleppsreduksjonar i utviklingsland. Desse utsleppsreduksjonane blir nytta til å nå forpliktingane under Kyotoprotokollen (2013–2020).

Tabell 15.1 Norske bidrag til utsleppsreduksjonar i andre land

Tiltak/ verke-middel

Ansv. departement

Kort beskriving

Relevante budsj.postar

Årleg klimaeffekt 1

kort sikt

lengre sikt

Klima- og skogsatsinga

KLD

Støtte (utviklingsbistand) til å redusere utslepp frå tropisk skog i utviklingsland

Kap. 1482 post 73

Det blir betalt for ca. 30 mill. verifiserte tonn reduserte utslepp i 2019

Det blir betalt for ca. 30–40 mill. verifiserte tonn reduserte utslepp i 2020

Kjøp av - klimakvotar

KLD

Støtte til FN-godkjente klimaprosjekt i utviklingsland

Kap. 1481 post 22 og 23

Ca. 9 mill. tonn verifiserte utsleppsreduksjonar i 2018

Ca. 50 mill. tonn verifiserte utsleppsreduksjonar for perioden 2013–2020

Det grøne klimafondet

UD

Støtte til klimatiltak i utviklingsland, Det grøne klimafondet

Kap. 163 post 70

Ca. 40 mill. tonn reduksjon 2

Fornybar energi

UD

Fornybar energi til -utviklingsland

Kap. 162 post 72

Ca. 12 mill. tonn reduksjon 3

Manglar data

Klima- tilpassing

UD

Støtte til ulike klima-tilpassingstiltak, f.eks. -klimasmart jordbruk

Fleire kap.

Reduserte utslepp

Reduserte utslepp

1 Anslag på tal tonn CO 2 -ekvivalente utslepp årleg. Positiv eller negativ, sterk eller svak, blir oppgitt der talfesting ikkje er mogleg. Tidfesting oppgitt avhengig av tilgjengelege data.

2 Det grøne klimafondet: Porteføljen av godkjente prosjekt oppgir 1,3 Gt i potensielle årlege utsleppsreduksjonar. Noregs del av fondet er 3 pst. Det er derfor venta at Noreg på lang sikt vil kunne medverke til årleg reduksjon på omtrent 40 mill. tonn.

3 Basert på utkast til rapport frå Gigatonnkoalisjonen for 2017 (utsleppstal for 2016). Noregs relative del av internasjonale initiativ og mekanismar er lagt til grunn.