Klima- og miljødepartementet (KLD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

16.1 Innleiing

Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for korleis Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane.

Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, fleire og større regnflaumar og stigande havnivå. Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge , som vedteken av Stortinget gjennom Innst. 497 S (2012–2013), er gjeldande nasjonal strategi og gir føringar for arbeidet med klimatilpassing i Noreg.

Regjeringa har nedsett eit ekspertutval som skal vurdere klimarelaterte risikofaktorar og deira betydning for norsk økonomi. Utvalet skal òg vurdere korleis private og offentlege verksemder kan få eit betre fagleg grunnlag for å analysere og handtere klimarisiko. Ekspertutvalet skal levere sin rapport i desember 2018.

Dei siste åra har stortingsmeldingar og andre policy-dokument, både sektorspesifikke og sektorovergripande, adressert klimaendringane si betydning og behovet for klimatilpassing. Sjå elles IPCC

https://www.ipcc.ch/

og Miljøstatus

http://www.miljostatus.no/

for meir informasjon om klimaendringar og utslepp i Noreg.

16.2 Organisering av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet

Alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og myndigheiter. Klima- og miljødepartementet (KLD) skal leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid på området. Miljødirektoratet koordinerer det nasjonale klimatilpassingsarbeidet, på vegne av KLD. Direktoratet bistår departementet i oppfølging av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at regjeringa sitt arbeid på området blir følgt opp av forvaltninga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale klimatilpassingsarbeidet, under dette i klimaforhandlingane.

Miljødirektoratet driftar eit nasjonalt kommunenettverk, ei nettverksgruppe for direktorat og statlege selskap, forvaltar ei tilskotsordning for kommunar og støttar kompetansebyggjande prosjekt i fleire fylkesmannsembete. Miljødirektoratet stiller i sin styringsdialog forventningar til at fylkesmannen arbeider med klimatilpassing, og driftar og utviklar vidare nettstaden Klimatilpasning.no. I tillegg blir det kontinuerleg utarbeidd nye rapportar som gir ny kunnskap til det nasjonale klimatilpassingsarbeidet. Mellom anna vart ei utgreiing om moglege konsekvensar for Noreg av klimaendringar i andre land utarbeidd i 2017–2018.

Miljødirektoratet arrangerer jamleg seminar og konferansar knytt til klimatilpassingsarbeidet, i samarbeid med andre aktørar. Direktoratet jobbar for å integrere klimatilpassing i forskinga, mellom anna gjennom innspel til forskingsprogram og -satsingar og i dialog med forskingsmiljø gjennom nasjonale oppgåver. Miljødirektoratet sit i styret i Norsk klimaservicesenter (KSS) og gir oppdragsbrev og økonomisk støtte til senteret.

16.3 Oppfølging av strategien for klimatilpassing i Noreg

Arbeidet med klimatilpassing er ført vidare siste år, og ei rekkje tiltak er gjennomført. Norsk klimaservicesenter (KSS) har utarbeidd klimaframskrivingar for Noreg fram mot 2100 og fylkesvise klimaprofilar for alle fylke i landet.

Plan- og bygningslova er det overordna verktøyet for samfunnsplanlegging og arealforvaltning, og lova er sentral i kommunane sitt arbeid med tilpassing. For å styrkje kommunane sitt arbeid med klimatilpassing er det utarbeidd nye statlege planretningslinjer (SPR) for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing i kommunane. Retningslinjene vert fastsett hausten 2018.

Forskrift om konsekvensutgreiingar vart oppdatert i 2017 og inkluderer vurderingar av sårbarheit overfor klimaendringar.

Klimaendringar er ein viktig del av årsaka til auka utfordringar med overvatn i byar og tettstader, og i 2015 vart utgreiinga Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs (NOU 2015: 16) lagt fram. Klima- og miljødepartementet samarbeider med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Olje- og energidepartementet om oppfølging av Overvassutvalet si utgreiing. Aktuelle direktorat er òg involverte i arbeidet. Utvalet har foreslått ein pakke med verkemiddel som må sjåast i samanheng, mellom anna ei rekkje lov- og forskriftsendringar. Arbeidet har høg prioritet og blir gjennomført så raskt som mogleg i tråd med regelverk og rutinar for lovarbeid, m.a. om utgreiingar og høyringar.

Det er òg sett i gang eit arbeid med å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om konsekvensar av klimaendringar i Noreg fram mot 2100. Utgreiinga stiller saman eksisterande kunnskap om korleis Noreg kan bli påverka av klimaendringane. I tillegg stiller utgreiinga saman korleis forvaltninga og andre aktørar jobbar med klimatilpassing, klimatilpassingskapasitet og status i tilpassingsarbeidet. Oppdateringa skjer i samråd med ekspertutvalet som skal vurdere klimarelaterte risikofaktorar og deira betydning for norsk økonomi.

16.4 Økonomisk støtte til lokalt arbeid med klimatilpassing

Tilskotsordninga for kommunar sitt utviklingsarbeid knytt til klimatilpassing vart ført vidare, med 6,4 mill. kroner i 2018. I perioden frå 2015 til 2018 vart i overkant av 21 mill. kroner fordelt på omlag 70 ulike prosjekt.

http://www.klimatilpasning.no/hva-er-klimatilpasning/tilskudd-til-klimatilpasning/

I 2018 vart det i KLDs budsjett sett av 5 mill. kroner til Miljødirektoratets koordinerande arbeid med klimatilpassing. Midlane er nytta til kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging på lokalt og regionalt nivå, og støtte til Norsk klimaservicesenter. Miljødirektoratet har òg nytta eigne midlar til klimatilpassingsarbeidet.

16.5 Informasjon, kapasitetsbygging og utdanning

Nettstaden www.Klimatilpasning.no skal medverke til spreie kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing, spesielt for dei som rettleier, planlegg og tek avgjersler lokalt og regionalt. Direktorata medverkar med innhald på nettsida innanfor sine ansvarsområde. Det siste året er sidene om infrastruktur og samferdsel bygt ut med meir spesifikk rettleiing, m.a. innan veg, bane og sjøtransport. I tillegg er sidene for landbruk reviderte, og det er utarbeidd ei rekkje nye eksempel frå erfaringar med praktisk klimatilpassingsarbeid.

Kompetansebyggjande pilotprosjekt har vore viktig i utviklinga av klimatilpassingsarbeidet i Noreg dei siste åra. To pilotprosjekt der målet er å utvikle rettleiing til korleis ein kan ta omsyn til klimaendringar gjennom planlegging etter plan og bygningslova er i gang. Det eine prosjektet ser på natur- og miljøområdet, det andre på landbrukssektoren. Fleire fylkesmenn og direktorat er involverte i prosjekta.

Vær Smart, eit introduksjonskurs i klimatilpassing for kommunar, vart i 2017 og 2018 gjennomført i fem fylke.

16.6 Nettverk og samarbeid

I Klimatilpassingsnettverket I front , beståande av dei 11 største bykommunane i Noreg, skal kommunane dele kunnskap og erfaringar, medverke til kompetanseheving i eigen region, og vere med å utvikle klimatilpassingsarbeidet nasjonalt. Kommunesektoren sin organisasjon (KS) har òg eit pågåande kommunenettverk beståande av 21 kommunar for å styrkje lokalt arbeid med klimatilpassing, naturfarar og beredskap.

I Trøndelag er det etablert eit regionalt nettverk for klimatilpassing, med mål om å medverke til klimatilpassingsarbeidet i kommunane. Nettverket har medlemmar frå fleire sektorar og forvaltningsnivå – stat, kommune og fylkeskommune, og forsking og næringsliv, og er ein arena for dialog, kunnskaps- og erfaringsutveksling om klimaendringar og klimatilpassing.

Nettverket Naturfareforum , med representantar frå ei rekkje direktorat og etatar, og KS, skal styrkje samarbeidet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å redusere Noregs sårbarheit for uønskte naturhendingar.

Miljødirektoratet har etablert ei direktoratsgruppe om klimatilpassing, som består av 14 direktorat og statlege selskap. Gruppa deler informasjon om status på klimatilpassingsarbeidet på nasjonalt nivå og er ein arena for å utvikle vidare det nasjonale arbeidet med klimatilpassing.

16.7 Forsking

Forskingsrådet støttar ei rekkje forskingsprosjekt knytte til klimaendringar og tilpassing. KLIMAFORSK, eit tiårig program for klimaforsking (2014–2023), skal gi auka kunnskap om korleis samfunnet kan og bør tilpasse seg klimaendringar. I 2017 fekk åtte prosjekt til saman 68 mill. kroner gjennom KLIMAFORSK, til studiar av effektar av klimaendringar på natur og samfunn.

Forskingsrådet og deltakarar frå offentleg og privat sektor finansierer òg Klima 2050, eit senter for forskingsbasert innovasjon (SFI), som er leia av Sintef. Klima 2050 skal skaffe fram kunnskap om klimatilpassing av bygningar og infrastruktur. Som del av programmet blir det forska på avgjerdsprosessar og verkemiddel for klimatilpassing. Rapporten Klimatilpasning av bygninger og infrastruktur – samfunnsmessige barrierer og drivere gjennomgår sentrale faktorar som påverkar samfunnet si evne til klimatilpassing.

https://www.sintefbok.no/book/index/1113/klimatilpasning_av_bygninger_og_infrastruktur_samfunnsmessige_barrierer_og_drivere

16.8 Klimatilpassing i og på tvers av sektorar

Samfunnstryggleik og naturfare

Klimaendringar er ein av fleire drivarar som vil påverke samfunnstryggleiken i åra som kjem. Kommuneundersøkinga 2016 viste at meir enn 60 pst. av norske kommunar har hatt alvorlege naturhendingar dei siste fire åra, og at desse har fått konsekvensar for ei rekkje samfunnsområde. Transport, kraftforsyning og elektronisk kommunikasjon (ekom) er nokre av dei områda som er særleg utsette for naturhendingar, i tillegg til at hendingane i seg sjølve kan utgjere fare for liv og helse.

I DSBs nye strategi (2018–2020) er klimatilpassing eitt av fokusområda. DSB skal ta stilling til konsekvensane av klimaendringane i alle delar av verksemda og samarbeide med andre gjennom heile samfunnssikkerheitskjeda.

Finans Norge og DSB har inngått ei avtale om offentleg-privat samarbeid for betre oversikt over risiko og sårbarheit og førebygging av uønskte hendingar, inkludert effektiv ulykkes- og krisehandtering. Prosjektet Kunnskapsbanken skal betre innsamling og samanstilling av data om uønskte naturutløyste hendingar i Noreg.

DSB har no utvikla rettleiarar for heile samfunnssikkerheitskjeda og metode for ROS-analyse på alle nivå, nasjonalt, regionalt og lokalt. Alle rettleiarane vil til saman medverke til å gjere kommunane i stand til å ta vare på eit heilskapleg og systematisk samfunnssikkerheitsarbeid og gir kommunane gode verktøy for å ta vare på arbeidet med klimatilpassing, både innan førebygging og beredskap.

Konsekvensane av klimaendringane har stor betydning for NVEs ansvarsområde, NVE lanserte i 2015 sin andre klimatilpassingsstrategi, med tilhøyrande handlingsplanar. Gjennom deltaking i ulike FoU-prosjekt byggjer NVE kontinuerleg kompetanse på effekten av klimaendringar og klimatilpassing. Generelt er klimatilpassing godt integrert i NVEs forvaltning. For eksempel er effekten av klimaendringar på flaum inkludert i flaumsonekarta, og omsynet er godt integrert i arbeidet med forskrifter og retningslinjer, for eksempel for flaumberekningar og damsikkerheit. Spesielt sårbare dammar er identifiserte. Ei beskriving av korleis ta omsyn til klimaendringar er inkludert i retningslinja «Flaum og skredfare i arealplanar». Sikringstiltak mot flaum og skred er generelt gode klimatilpassingstiltak. NVE gjennomfører regionale samlingar for å byggje kompetanse i kommunane og hos konsulentar i det førebyggjande arbeidet mot flaum- og skredskadar. NVE har god oversikt over sårbarheit i kraftinfrastrukturen overfor klimaendringar og analyserer klimaendringar si betydning for energiforbruk og fornybar kraftproduksjon.

Kartverket forvaltar data av betydning for klimatilpassing. Etaten driftar eit nasjonalt observasjonssystem for havnivå og vasstand. Desse data er tilgjengelege på www.kartverket.no/sehavniva saman med bereknande returnivå for stormflo og framskrivingar av havnivå. Kartverket er i gang med å lage eit verktøy som visualiserer framtidig havnivå og stormflo i Noreg. Verktøyet kan brukast i risikovurderingar og planlegging. Kartverket er òg i gang med å utvikle ein digital høgde- og terrengmodell for heile landet som mellom anna skal gi betre datagrunnlag i arbeid med klimatilpassing.

Natur- og kulturmiljø, landbruk og økosystem

Miljøforvaltninga har eit sektorovergripande ansvar på klima- og miljøområdet, og skal medverke til å leggje til rette for utvikling av eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om miljøtilstand, tiltak og verkemiddel på tvers av sektorane, under dette knytt til klima, klimaendringar og klimatilpassing. Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi (2017–2020)

https://www.regjeringen.no/contentassets/afb54872dafb4a04918e091e78ec7290/t-1561.pdf

og departementets prioriterte forskingsbehov (2016–2021)

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/klima--og-miljodepartementets-prioriterte-forskningsbehov-2016-2021/id2478345/

er førande for arbeidet.

Kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassing innan naturforvaltninga er styrkt. Miljødirektoratet fekk i 2017 samanstilt eit kunnskapsgrunnlag om naturbaserte løysingar for klimatilpassing.

Menon-publikasjoner 61 (2017): Naturbaserte løsninger for klimatilpasning.

Miljødirektoratet har òg laga ei samanstilling av eksisterande tiltak og verkemiddel som handlar om naturbaserte løysingar for klimautfordringane. Direktoratet har nyleg sett i gang arbeidet med ein kunnskapsstatus om havet si rolle i klimasystemet. Klimaomsyn er òg inkludert i utviklinga av anna grunnleggjande kunnskapsgrunnlag for naturforvaltninga, slik som naturtypekartlegginga og i fagsystem for fastsetjing av god økologisk tilstand. Utvikling av kunnskapsgrunnlag for arbeid med grøn infrastruktur er òg starta opp. Klimarelevant overvaking utgjer i underkant av ein tredel av Miljødirektoratets overvakingsbudsjett. Direktoratet jobbar med å auke klimarelevansen i overvakingsprogramma. I 2018 starta nytt program for økosystemovervaking i kystvatn på Svalbard der klima er ein viktig del.

Klimaomsyn er elles integrert i ei rekkje oppgåver i miljøforvaltninga, og er mellom anna inkludert i forvaltningsplanar. Eksempel på dette er dei marine forvaltningsplanane og vassforvaltningsplanane, der klimaomsyn er integrert.

Plan for restaurering av våtmark i Noreg (2016–2020) er implementert. Eitt av delmåla er tilpassing til klimaendringar, særleg knytt til flaumdemping. Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og NVE samarbeider om oppfølginga av dette.

Ny grunnforureiningsdatabase vart lansert i 2017, og inkluderer kartlag som viser aktsemdsområde for mellom anna flaumsoner, jord- og flaumskred og venta havnivåstigning. Dei nye kartlaga gir oversikt over kva lokalitetar i databasen som ligg i utsette soner, og gjer det mogleg å vurdere om ei konkret grunnforureiningssak ligg i eit utsett område. Ein ny og oppdatert rettleiar for å vurdere spreiing frå område med forureina grunn er under utarbeiding.

I 2018 begynte arbeidet med ein tverrsektoriell tiltaksplan for arbeidet mot skadelege framande organismar for perioden 2018–2023. Effekten av klimaendringar på potensiell etablering av skadelege framande organismar blir sentral i vurderingane knytte til tiltaksplanen.

For ytterlegare å styrkje integreringa av omsynet til klimaendringar i miljøforvaltninga, vedtok Miljødirektoratet i 2018 ein strategi og handlingsplan for arbeidet med klimatilpassing innan etaten sine ansvarsområde, for perioden 2018–2022.

http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/2018/April-2018/Klimatilpasning-2018-2022/

I 2015 gjennomførte Riksantikvaren, i samarbeid med Norsk institutt for kulturminneforsking, eit pilotprosjekt for utvikling av eit verktøy/ein arbeidsmåte til bruk for vurderingar av klimabelastningar og kulturminne i kommunar. Arbeidet blir ført vidare i nye prosjekt som skal utvikle verktøy for risikovurdering og tiltaksplanlegging for å sikre kulturminne og kulturmiljø i eit endra klima. I 2017 sette Riksantikvaren i gang eit miljøovervakingsprosjekt som skal kartleggje korleis klimaendringane påverkar mellomalderbygningane i Noreg og bygningar på verdsarvstadene Bryggen i Bergen og Røros. Sysselmannen overvakar erosjon på utsette kulturminne og har utvikla arkeologiske forskingsplanar for utvalte lokasjonar.

Klimatilpassing i landbrukssektoren omfattar areal- og ressursforvaltninga generelt, og tilpassingar innanfor dei enkelte driftsformene. Slike klimatilpassingar skjer på ulike nivå. Gardbrukarane sjølve tilpassar seg kontinuerleg, for eksempel ved val av klimatilpassa vekstar, dyr og reiskapar. Produsentane er igjen avhengige av relevant FoU, rettleiing og økonomiske insentiv. På nasjonalt nivå trengst politikkutforming som fremjar næringa si tilpassingsevne. Landbruksdirektoratet forvaltar fleire tilskotsordningar under jordbruksavtala som er relevante for klimatilpassing, mellom anna til drenering av areal og tilpassing av landbruksvegar, til utvikling og produksjon av klimatilpassa plantemateriale, og til bevaring av genetiske ressursar. Planteforedling og framavl av sjukdomsfritt plantemateriale tilpassa norsk klima, og tiltak for bevaring og berekraftig bruk av bevaringsverdige husdyrrasar, plante- og skogstregenetiske ressursar er sentrale aktivitetar for Graminor, Sagaplant, NMBU og NIBIO. Prosjektet Klimasmart landbruk skal informere om og utvikle verktøy til både utsleppsavgrensing og klimatilpassing på norske gardsbruk. Klima- og miljøprogrammet gir støtte til fleire prosjekt som fokuserer på klimatilpassing.

Endra klima kan forsterke problem med avrenning frå jordbruksareal, og med gjengroing og tap av verdiar i kulturlandskapet. Då trengst det auka innsats for å nå miljømåla på desse områda. Miljødirektoratet fekk i 2017 utarbeidd ei kartlegging av synergieffektane for fellessatsing på vass-, luftforureinings- og klimatiltak i jordbruket. Rapporten viser at det er stor grad av samanfall mellom vassmiljøtiltak og tiltak for klimatilpassing.

http://www.vannportalen.no/nyheter/2017/jan-mars/mange-synergier-av-vannmiljotiltak-i-jordbruket/

Den statlege naturskadeordninga gir erstatning for skadar som direkte skuldast naturhendingar, som kan opptre oftare og/eller sterkare som følgje av klimaendringar. Erstatningsordningane ved avlingssvikt og svikt i honningproduksjon medverkar til å redusere økonomisk tap ved produksjonssvikt som skuldast klima. Landbruksdirektoratets overvaking av internasjonale marknader og importregulering er viktige element i norsk matvareberedskap i lys av moglege globale forsyningsflaskehalsar som følgje av klimaendringar.

Mattilsynet har ansvar for tryggleik i heile matkjeda frå jord/fjord til bord, og for trygt drikkevatn. I utvikling av regelverk, tilsyn med verksemder og i beredskapssamanheng er omsynet til klimaendringar og konsekvensar av desse ein stadig viktigare premiss. Endra klima vil endre sjukdomspanoramaet hos planter, dyr, fisk og menneske. Det gjeld ikkje minst vektorborne sjukdommar. Forslag til nytt gjødselregelverk, som er framlagt av Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet er eit eksempel på at regelverket m.a. blir tilpassa nye nedbørforhold.

Infrastruktur og samferdsel

Kraftig nedbør, svingingar i temperatur og auka fare for regnflaum, skred og stormflo gir utfordringar for transport og samferdsel. Nasjonal transportplan (2018–2029) gir føringar for integrering av klimatilpassingsomsyn i planlegging og prioritering innan samferdselssektoren. Klimatilpassing er òg ein integrert del av Samferdselsdepartementets strategi for samfunnssikkerheit i samferdselssektoren som vart lansert i 2015. Strategien blir følgt opp av underliggjande etatar.

Kystverket har interne rettleiarar om klimaendringar og klimatilpassing, med særleg fokus på planmedverknad. Det er etablert eit tettare samarbeid med Meteorologisk institutt (MET) for framskriving av miljølaster for å planleggje og dimensjonere installasjonar og navigasjonsvarsel.

Statens vegvesen vedtok januar 2017 sin «Strategi for samfunnssikkerhet i vegtransport», der klimatilpassing inngår. Strategien blir følgt opp med tiltak som er beskrivne i etatens handlingsprogram for 2018–2023. Ei heil rekkje av Statens vegvesen sine oppgåver støttar under klimatilpassing. Eksempel er skredsikring, skredvarsling og beredskapsplanar for naturfare. I tillegg jobbar Statens vegvesen med risiko- og sårbarheitsanalysar i plan- og driftsfasen, forbetring av vasshandtering, og dokumentasjon og berekning av kostnader for klimatilpassing. Det er sidan 2007 gjennomført ein god del endringar i regelverket, motivert av klimaendringar. Handbøker blir oppdaterte regelmessig og klimaomsyn tekne inn i prosessar og prosedyrar.

Jernbaneverket lanserte i 2016 ein handlingsplan for etaten sitt arbeid med samfunnssikkerheit, der eigne klimatilpassingsplanar inngjekk. I planlegging og drift tek Bane NOR vare på klimatilpassing ut frå gjeldande regelverk, og fagmyndigheiters og eigne risikovurderingar. Omsynet til klimatilpassing blir integrert arbeid med vedlikehald og bygging av ny infrastruktur gjennom fortløpande oppdatering av handbøker, retningslinjer og standardar.

Tilpassing til klimaendringar inngår i Avinors arbeid med sikkerheit og risikoførebygging. Selskapet har jobba systematisk med klimarisiko og klimatilpassing over lenger tid, og i 2014 vart ROS-analysar gjennomført for alle lufthamner der Avinor har ansvaret for drift og infrastruktur. Selskapet integrerer omsynet til klimaendringar i den daglege drifta og i byggeprosjekt gjennom styringssystemet og standardar. Avinor deltek i eit Klima 2050-prosjekt for å løyse auka utfordringar knytte til handtering av overvatn forureina med avisingskjemikaliar.

Som kompetansesenter skal Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) fremje byggkvalitet på område som ikkje er regulerte, og fremje løysingar utover minimumskrava i byggteknisk forskrift. Rolla som kompetansesenter er under utvikling. Energi, miljø og tilgjenge har vore prioriterte område i 2018. Klimatilpassing og byggjeskikk er òg viktige område.

Funksjonsbaserte reglar i teknisk forskrift inneber at byggverk skal tole dei påkjenningane dei blir utsette for i si levetid, inkludert endra klima. Eksempel er krav knytte til plassering, fukt, inneklima, konstruksjonssikkerheit, materialval og val av produkt. Klimatilpassing vil bli vurdert i vidare utvikling av verkemidla der det er relevant.

Industri og næringsliv

I 2017 fekk Nærings- og fiskeridepartementet, i samarbeid med andre departement som forvaltar eigarskap i selskap, utarbeidd ein rapport om klimarelatert risiko for selskap med statleg eigardel.

https://www.regjeringen.no/contentassets/17c99572d12349329f79386e5169b2cc/rapport-om-klima-og-miljo-i-det-statlige-eierskapet.pdf

Resultata i rapporten blir nytta vidare som kunnskapsgrunnlag i eigardialogen med selskap med statleg eigardel.

Fiskeri- og havbruksforvaltninga må tilpasse seg nye naturgitte føresetnader. Både i program finansiert av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for å skaffe fram auka kunnskap om havet si rolle i klimasystemet og klimaendringane sine konsekvensar for marine økosystem og ressursar.

Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område er det store endringar i utbreiinga av bestandar og i dynamikken i havøkosystema. Derfor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra.

Helse

Helsedirektoratet vil i si rådgiving til regionale og lokale helsemyndigheiter, i samråd med Folkehelseinstituttet, tilrå at klimatilpassing blir integrert i all fysisk planlegging og at klimascenario blir ajourførte og konsekvensutgreidde med omsyn til folkehelse, miljø og samfunn. Noreg deltek aktivt i Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt arbeid med miljø og helse, mellom anna gjennom å implementere UNECEs Protokoll for vatn og helse, der klimaendringane si betydning for vass- og avløpssystem er inkludert.

Utanriks- og sikkerheitspolitikk

I Meld. St. 36 (2016–2017) Veivalg i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk er klimaendringane si betydning for norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk adressert. Som ei oppfølging av meldinga har Utanriksdepartementet sett i gang arbeid for å auke bevisstheita om sikkerheitspolitisk risiko knytt til klimaendringar.

Arktisk råd har utarbeidd ei rekkje rapportar som summerer opp og vurderer ny kunnskap om klimaendringane i Arktis. Arktisk råd og WMO har bestemt å auke samarbeidet, særleg innanfor AMAP, for å styrkje arbeidet med utvikling av kunnskapsbasis som grunnlag for tilpassing og risikohandtering i nord.

Arktisk råd vedtok i 2017 Arctic Invasive Alien Species Strategy and Action Plan. Dette er ein strategi som er utarbeidd for å hindre introduksjon og spreiing av skadelege framande arter i Arktis.