Kunnskapsdepartementet (KD)

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

200

Kunnskapsdepartementet

357 208

379 063

401 654

6,0

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

40 671

Sum kategori 07.10

357 208

379 063

442 325

16,7

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3200

Kunnskapsdepartementet

1 068

Sum kategori 07.10

1 068

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

344 955

349 065

382 440

21

Særskilde driftsutgifter

11 579

27 128

16 275

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

674

2 870

2 939

Sum kap. 0200

357 208

379 063

401 654

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2019

Måla her gjeld drifta av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla og i kap. 1 Hovudinnleiinga.

Måla for 2019

  • Departementet skal ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskaps- og integreringspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskaps- og integreringspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal vere førebudd på å handtere alle typar kriser i sin eigen sektor.

Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla.

Verdiane for Kunnskapsdepartementet er

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og sette i verk den overordna poltitikken for barnehage, grunnopplæring, høgre utdanning, integrering, livslang læring og forsking. I 2017–18 har departementet i tillegg til dei faste budsjetttproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 45 L (2017–2018) Endringer i introduksjonsloven (opplæring i mottak og behandling av personopplysninger mv.)

  • Prop. 47 L (2017–2018) Lov om fagskoleutdanning (fagskoleloven)

  • Prop. 51 L (2017–2018) Endringar i opplæringslova mv. (forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningsinstitusjonar)

  • Prop. 52 L (2017–2018) Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

  • Prop. 64 L (2017–2018) Endringer i universitets- og høyskoleloven (NOKUTs oppgaver, eksamen og personvern mv.)

  • Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.)

  • Prop. 89 L (2017–2018) Endringer i introduksjonsloven (barnefamilier og enslige mindreårige med begrenset oppholdstillatelse)

  • Prop. 111 L (2017–2018) Endringer i statsborgerloven (avvikling av prinsippet om ett statsborgerskap)

  • Meld. St. 11 (2017–2018) Nordisk samarbeid

Alle måla som denne proposisjonen set for sektoren, er rettesnorer for departementet. Resultata i sektoren er det endelege målet på politikken regjeringa fører innanfor utdanning, forsking og integrering, og som departementet førebur og set i verk. Samanhengen mellom arbeidet i departementet og resultat i sektoren er likevel avleidd og indirekte. Det meste av innsatsen bak resultata skjer i utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitutt, og i tenester retta mot integrering av innvandrarar. Rolla departementet har, er å førebu avgjerder som Stortinget og regjeringa tar om overordna rammer, og å sette i verk dei tiltaka avgjerdene fastset.

Eit godt kunnskapsgrunnlag er framheva som eit mål med arbeidet med å førebu avgjerder. Kunnskapsgrunnlaget om utdanning, forsking og integrering er godt. Internasjonalt samarbeid gir tilgang til å vere med i undersøkingar som kastar lys over kva vi oppnår i Noreg samanlikna med andre land. Viktig kunnskap kjem også fram gjennom kontakt departementet har med interessentar i sektoren. Her kan nemnast elev- og studentorganisasjonar, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar og innvandrarorganisasjonar. Enda om kunnskapsgrunnlaget er godt, er det rom for forbetringar, særleg når det gjeld å legge kunnskapen betre og meir systematisk til rette for avgjerder. Departementet arbeider vedvarande med å gjere grunnlaget for avgjerdene betre.

Det er underliggande verksemder som gjennomfører tiltak i sektoren. Departementet set i verk ny politikk gjennom å styre desse verksemdene. Nye oppgåver og behov i forvaltninga følger når omgivnadene og teknologien endrar seg. Stundom blir det etablert nye verksemder for å løyse oppgåver som kjem til, utan at det nødvendigvis blir gjort ein samla gjennomgang av organiseringa. Av og til er det grunn til å gjere ein slik samla gjennomgang av korleis sektoren kan organiserast for å løyse oppgåvene så godt som mogleg. Departementet gjorde ein organisasjonsgjennomgang i 2017, og gjennomførte ei omorganisering av kunnskapssektoren med verknad frå 2018. Verksemder er slåtte saman til større einingar, og somme av dei underliggande verksemdene har tatt over oppgåver frå departementet. Samling av oppgåver som liknar på kvarandre, gjer fagmiljøa større og legg på den måten til rette for effektivisering og kvalitetsauke.

Kunnskapsdepartementet har i 2018 gjennomgått ei større omorganisering. Noko av hensikta er å kunne arbeide betre med spørsmål som gjeld analyse og kunnskapsgrunnlag, digitalisering og styring innanfor departementet sitt sektorområde. Det er også eit mål å betre samordninga med underliggande etater og verksemder og andre departementer.

For rapportering om sikkerheit og beredskap, sjå del III, kap. 10.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 382,4 mill. kroner over post 01, 16,3 mill. kroner over post 21 og 2,9 mill. kroner over post 45.

Grunna overføringa av Integreringsavdelinga frå Justis- og beredskapsdepartementet i mai 2018 foreslår departementet ein auke på 33,9 mill. kroner over kap. 200 post 01, mot ein tilsvarande reduksjon på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå omtale av endringa i departementsstrukturen i Prop. 48 S (2017–2018).

IKT-tenester frå DSS vil frå og med 2019 vere løyvingsfinansierte, ikkje brukarfinansierte. Departementet foreslår derfor ein reduksjon på 7,6 mill. kroner over kap. 200 post 01. Vidare foreslår departementet ein reduksjon på 0,5 mill. kroner på same kapittel og post, grunna gjennomføringa av effektiviseringtiltak av administrative tenester i departementsfellesskapet. Begge reduksjonsforslaga har motsvar i tilsvarande aukar på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

NOKUT, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) og Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking (UNIT) har i samband med omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren tatt over nokre oppgåver som Kunnskapsdepartementet hadde før. Av den grunn foreslår departementet å flytte til saman 8 mill. kroner fra post 21 til kap. 280 postane 01, 50 og 51. Sjå Prop. 1 S (2017–2018) for omtale av omorganiseringa.

For å sikre vidare finansiering av spesialutsendingen til Moskva foreslår departementet ein reduksjon på 1 mill. kroner på post 21, mot ein tilsvarande auke på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande merinntekter under kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

02

Salsinntekter o.a.

1 068

Sum kap. 3200

1 068

Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter

40 671

Sum kap. 0201

40 671

Utdanningsforsking

Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til god praksis og høgre kvalitet i barnehagane, i skolane, i høgre utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

Forskingsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i utdanningssektoren på alle nivå i utdanningsløpet. FINNUT skal utvikle kunnskap av høg kvalitet, og som er relevant for politikkutforming, forvaltning og praksisfelt Programmet skal medverke til å fornye forskingsfeltet og til innovasjon i utdanningssektoren. Finansieringa av FINNUT går over fleire postar i budsjettet til Kunnskapsdepartementet. For 2019 foreslår Kunnskapsdepartementet ei løyving til FINNUT på om lag 160 mill. kroner. Ei oversikt over dei postane der Kunnskapsdepartementet foreslår midlar til utdanningsforsking står under omtalen av kap. 285 Noregs forskingsråd.

Forskingsrådet initierte og gjennomførte i 2017 ei evaluering av utdanningsforskinga i Noreg, som blei offentleggjord i februar 2018. Evalueringa viser ei positiv utvikling av norsk utdanningsforsking dei seinare åra. Fleire av institusjonane har både god forskingskvalitet og høg kapasitet, og utdanningsforskinga har generelt stor påverknad på politikkutforming og praksis. Evalueringa viser samstundes store skilnader mellom forskargruppene som blei evaluerte. Der nokre er særs gode med potensiale til å bli framifrå, har andre grupper langt att før dei når tilstrekkeleg høg standard. Det er viktig at den positive utviklinga i utdanningsforskinga held fram. Departementet vil nyttiggjere seg evalueringa i den vidare utviklinga av utdanningsforskinga.

Post 21

Kunnskapsdepartementet foreslår å samle midlar til driftsutgifter for aktivitetar som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om sektorane departementet har ansvar for.

Mål for 2019

Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskaps- og integreringspolitikken.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 40,7 mill. kroner på post 21 i 2019. Sjå òg omtale under kap. 226 post 21, kap. 258 post 21, kap. 281 post 50 og kap. 287 post 21.

Løyvinga på posten gjeld midlar til drift av

  • Centre for Educational Measurement (CEMO) ved Universitetet i Oslo. Senteret skal medverke til nasjonal og internasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar. CEMO utviklar og formidlar praktisk erfaring til utdanningssektoren innanfor områda barnehage, skole og høgre utdanning, samt grunnleggande forsking innanfor området pedagogiske målingar.

  • Kunnskapssenter for utdanning ved Noregs forskingsråd. Senteret skal medverke til utvikling og formidling av påliteleg og relevant forskingsbasert kunnskap om heile utdanningssektoren. Kunnskapssenteret skal medverke til at forsking av høg kvalitet blir nytta som kunnskapsgrunnlag i politikkutforminga, forvaltning, utøving av profesjonen og i den offentlege debatten om utdanning. Kunnskapsdepartementet har avgjort at senteret skal flyttast ut av Noregs forskingsråd, og halde fram verksemda i ny vertsinstitusjon utanfor Oslo. Kunnskapsdepartementet tek sikte på at senteret vil starte opp i den nye vertsintitusjonen hausten 2019.

  • Fagmiljø for læringsanalyse (Center for the Science of Learning & Technology SLATE) ved Universitetet i Bergen. Senteret skal styrke forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg. SLATE skal medverke til kunnskapsbasert bruk av læringsanalyse i samanheng med undervisning i norsk grunnskole, vidaregåande opplæring og høgre utdanning, og nytte det store potensialet for forsking som ligg i læringsanalyse.

Posten omfattar også midlar til Forskning for forsknings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) ved Noregs forskingsråd, som skal medverke til eit sterkt og relevant kunnskapsgrunnlag for utforming og gjennomføring av politikk for forsking og innovasjon hos relevante aktørar.

I tillegg inneheld posten midlar til statistikksamarbeid med OECD og EU (Eurydice).

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

220

Utdanningsdirektoratet

526 999

642 727

655 315

2,0

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 790

14 810

15 633

5,6

222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

112 454

108 076

110 526

2,3

223

Sametinget

42 551

46 599

-100,0

224

Senter for IKT i utdanninga

96 874

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 561 367

1 250 392

1 271 202

1,7

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 914 874

4 324 514

4 470 257

3,4

227

Tilskott til særskilde skolar

158 484

198 703

204 426

2,9

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

4 639 438

4 749 597

5 005 395

5,4

229

Noregs grøne fagskole – Vea

30 610

27 365

28 021

2,4

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

731 035

758 393

771 276

1,7

Sum kategori 07.20 11 829 476 12 151 176 12 532 051 3,4

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3220

Utdanningsdirektoratet

25 040

7 121

7 291

2,4

3222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

11 047

7 846

8 033

2,4

3224

Senter for IKT i utdanninga

9 006

3225

Tiltak i grunnopplæringa

77 594

55 119

19 734

-64,2

3229

Noregs grøne fagskole – Vea

6 211

2 982

3 058

2,5

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

46 819

56 592

57 942

2,4

Sum kategori 07.20

175 717

129 660

96 058

-25,9

Innleiing

Kunnskap er grunnlaget for demokrati, verdiskaping og velferd. Skolen skal gi alle elevar trygge rammer og bygge opp nødvendige dugleikar til å realisere draumar og ambisjonar.

Regjeringa vil prioritere tidleg innsats i skolen for å sikre hjelp til elevar som har behov for det. Regjeringa meiner at kvar einskild elev må få kunnskap og dugleikar til å gripe dei moglegheitene som arbeidslivet i framtida byr på. Skolen skal både utdanne og danne, og vere ein trygg arena for meistring. Alle elevar skal gjennom skolegangen få grunnleggande dugleikar når det gjeld å lese, rekne, uttrykke seg munnleg og skriftleg og bruke digitale verktøy. Eit inkluderande og trygt skolemiljø krev systematisk innsats. Ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som samfunn, er å sørge for at norsk ungdom kan gå ut i arbeidslivet og samfunnet elles med solide kunnskapar og dugleikar, nysgjerrigheit og ein kreativitet som kan bidra til nyskaping.

Gjennom formålsparagrafen i opplæringslova har samfunnet gitt grunnopplæringa eit omfattande og viktig mandat. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, haldningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha moglegheit til å realisere potensialet sitt i ein inkluderande skole. Kommunane, fylkeskommunane og dei frittståande skolane skal realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa, frå 1. klasse i barneskolen til fullført vidaregåande opplæring.

Departementet har fastsett følgande overordna sektormål for grunnopplæringa:

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle lykkast i opplæringa og utdanninga.

Grunnopplæringa er i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov. Dette gjeld til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skolane og i lærebedriftene. Fylkeskommunane gir tilskott til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av departementet.

Kunnskapsdepartementet og KS blei i april 2018 einige om ein ny samarbeidsavtale om kvalitetsutvikling i barnehagen og grunnopplæringa som skal gjelde ut 2021. Avtalen skal bidra til koordinert ressursinnsats, legge til rette for lokale løysingar og sørge for at den nasjonale politikken blir utfylt, realisert og konkretisert på regionalt og lokalt nivå.

Meir statistikk og informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa finst i del III, kap. 6 Ressursar i grunnopplæringa. Omtale av oppmodingsvedtak som gjeld grunnopplæringa, finst i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2019

Lærarnorma som blei innført hausten 2018 blir trappa opp frå hausten 2019. Målet er at elevane gjennom auka lærartettleik oppnår betre grunnleggande og faglege dugleikar, opplever inkludering og eit godt læringsmiljø, og at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. I 2018 har kommunane til saman fått om lag 1,4 mrd. kroner øyremerkt til auka lærartettleik og finansiering av lærarnorma. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2019. I tillegg er 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskild satsing på tidleg innsats i skolen, som mellom anna kan nyttast til fleire lærarårsverk ved opptrappinga av lærarnorma hausten 2019. Både dei 200 mill. kronene av veksten i frie inntekter og om lag 1 mrd. kroner av den øyremerkte løyvinga vert fordelte til kommunane etter grunnskolenøkkelen. Desse midlane gjer det mogleg å auke lærartettleiken også i kommunar som allereie oppfyller kravet i lærarnorma. Kommunar som framleis har eit større årsverksbehov enn det som blir dekka av desse midlane, får om lag 400 mill. kroner etter ei særskild fordeling på same måte som hausten 2018. Samla sett blir kommunesektoren kompensert meir enn fullt ut for innføringa av lærarnorma i 2018 og 2019, og regjeringa meiner at norma er finansiert. Saman med dei 200 mill. kronene av veksten i dei frie midlane, som er fordelte etter grunnskolenøkkelen, meiner regjeringa det er lagt godt til rette for innføring av norma.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Regjeringa vil styrke satsinga på karrierevegar for lærarar. Regjeringa foreslår ein auke på 52 mill. kroner for å gi fleire skolar tilgang til lærarspesialistar slik at elevane kan lære meir. Tiltaket skal òg bidra til at dyktige lærarar vil halde fram som lærarar i staden for å søke seg vidare til administrative stillingar. Regjeringa legg til rette for ei dobling av tal på lærarspesialister frå om lag 600 i 2018 til 1 200 i 2019 og for 250 nye studieplassar i spesialistutdanningar.

Regjeringa vil føre vidare den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar og foreslår å bruke 1,6 mrd. kroner til dette i 2019.

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø har høg prioritet hos regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve totalt om lag 115 mill. kroner til dette arbeidet i 2019.

Dagens system for utvikling og gjennomføring av eksamen og prøver er omtrent ti år gammalt og utdatert, både teknologisk og funksjonelt. Regjeringa foreslår å løyve 49 mill. kroner til utvikling av ny gjennomføringsløysing for eksamen og prøver. Systemet skal mellom anna støtte krava om universell utforming, og vere betre tilgjengeleg for fleire brukargrupper.

Regjeringa foreslår totalt 30 mill. kroner til nye tiltak for å styrke yrkesfaga. Det omfattar 13 mill. kroner til ei satsing på faget yrkesfagleg fordjuping, 12 mill. kroner til etterutdanning innanfor yrkesfaga, inkludert prøvenemndene, og 5 mill. kroner til forsking som skal bidra til auka kvalitet i fag- og yrkesopplæringa.

I tillegg til desse tiltaka som regjeringa foreslår, blir andre sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa førte vidare i budsjettforslaget for 2019. Sjå omtale i teksten under.

Mål: Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Vi veit for lite om korleis dei yngste barna har det på skolen

Tida i barnehagen og dei første åra i skole er viktige for den faglege og sosiale utviklinga til barna. Det er behov for meir kunnskap om korleis barna opplever denne tida, og kva som pregar arbeidsformene i dei første skoleåra.

Barn som får ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og skolefritidsordning (SFO), får eit godt grunnlag for vidare opplæring. Ikkje alle kommunar har rutinar for å lette overgangen frå barnehage til skole. Det er òg variasjonar i korleis det blir lagt til rette for samarbeid med private barnehageeigarar og skolefritidsordninga.

SFO har ikkje vore evaluert sidan 2002. Det er svært store forskjellar i både kor mange barn som går på SFO, og kva kommunane krev i foreldrebetaling. Vi veit lite om forskjellar i kvalitet mellom tilboda og kva for politiske prioriteringar som ligg bak forskjellane.

Læringsmiljøet i skolen er generelt sett godt, men fortsatt blir mange elevar mobba

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Elevundersøkinga for skoleåret 2017–18 viser at læringsmiljøet på norske skolar generelt sett er godt, sjå også figur 4.1. Dei fleste elevane rapporterer om høg motivasjon for skolearbeid og læring. Nivået er noko lågare for elevar på ungdomstrinnet enn på barnetrinnet. Dei fleste elevane rapporterer også om god støtte frå lærarane. Dei seier at lærarane har tru på og bryr seg om elevane, behandlar elevane med respekt og gir støtte i skolearbeidet. Dei fleste elevane meiner at dei får faglege utfordringar tilpassa nivået deira.

Figur 4.1 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Figur 4.1 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Kjelde:  Elevundersøkinga 2014–2017

I 2017 rapporterer 6,6 pst. av elevane som deltok i Elevundersøkinga, at dei blei mobba to til tre gonger i månaden eller meir. Dette utgjer 28 700 elevar. Departementet legg til grunn at talet på elevar som blir mobba, er ein god del høgre enn dette. Eit estimat som blir brukt, er minst 50 000 elevar. Delen som opplever at dei blir mobba, fell med alderen, med unntak for 9. og 10. trinn, jf. figur 4.2. Det er små kjønnsskilnader, men det er tendensar til at gutar og jenter opplever ulike måtar å bli mobba på. Elevar blir mobba av både medelevar og vaksne på skolen. To pst. av elevane rapporterer at dei er blitt mobba digitalt. Det er ein oppgang frå 1,9 pst. året før. 44 pst. av dei som er mobba digitalt, seier at dei også er utsette for tradisjonell mobbing.

Figur 4.2 Prosentdel gutar og jenter som oppgir at dei blir mobba av medelevar to til tre gonger i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn

Figur 4.2 Prosentdel gutar og jenter som oppgir at dei blir mobba av medelevar to til tre gonger i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn

Kjelde:  Elevundersøkinga 2017

Fråvær i grunnskolen

Hausten 2018 publiserte Utdanningsdirektoratet for første gang fråværsstatistikk for 10. trinn i grunnskolen. Statistikken viser at ei ganske stor gruppe elevar er mye borte frå skolen. Om lag 2 500 elevar, det vi seie om lag 4 pst. av elevane på 10. trinn, var borte frå skolen meir enn 30 dagar i skoleåret 2017–18. 10,5 pst. av elevane har mellom 15 og 30 dagar fråvær. Det er store forskjellar mellom fylka. Fråværet i grunnskolen har vore stabilt dei siste fire åra. Det kan vere mange årsaker til at elevane ikkje møter på skolen. Dei kan mistrivast på skolen. Dei kan vere sjuke eller ha det vanskeleg heime. Fråvær i grunnskolen kan også skyldast at foreldra eller andre føresette av ulike grunnar tar elevane ut av skolen.

Strategiar og tiltak

Plikt for barnehage- og skoleeigarane til å samarbeide om barna sin overgang frå barnehage til skole og SFO

Stortinget har lovfesta ei gjensidig plikt for barnehage- og skoleeigarane til å samarbeide om barna sin overgang frå barnehage til skole og SFO. Skoleeigarane har hovudansvaret for samarbeidet. Dei skal utarbeide ein plan for overgangen. Endringa tredde i kraft 1. august 2018.

Meir kunnskap om korleis dei yngste elevane har det på skolen

Stortinget har bedt regjeringa om å sette i gang ei ekstern evaluering av forholdet mellom intensjonane og prinsippa bak seksårsreforma, og dagens situasjon for seksåringane i skolen, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 809, 31. mai 2018 stortingssesjon 2017–18. Stortinget har også bedt regjeringa om å utarbeide ei kunnskapsoversikt over forsking på dei yngste barna i skolen, og å sørge for at fagfornyinga legg til rette for og tar i vare dei yngste barna i skolen, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 808, 31. mai 2018, stortingssesjon 2017–18.

For å følge opp oppmodingsvedtak nr. 65, 22. november 2016, stortingssesjon 2016–17, er det sett i gang ei evaluering av SFO, jf. omtale i del I, kap. 3. Prosjektet skal blant anna kartlegge korleis tilbodet varierer mellom skolar og kommunar. Det skal ha eit særleg blikk på tilbodet til elevar med særskilde behov.

Tiltak mot mobbing og for eit betre læringsmiljø

Innsatsen mot mobbing og krenkingar er styrkt gjennom blant anna innføring av ei aktivitetsplikt for skolane og ei omfattande kompetansesatsing, jf. nærare omtale i kap. 226 post 21. Det nye regelverket om skolemiljø blir brukt aktivt. Fylkesmennene rapporterer om mange fleire førespurnader frå barn, foreldre og skolar for å få hjelp til å løyse mobbesaker. Departementet vil halde seg løpande orientert om kapasiteten hos fylkesmennene til å følge opp alle meldingane. Evalueringa av det nye regelverket om skolemiljø skal vere klar i juni 2019.

Frå hausten 2018 er det etablert ei nasjonal ordning med mobbeombod for barn og elevar i barnehage og grunnskole i alle fylke. Omboda skal òg bidra til eit godt samarbeid med eksisterande elev- og lærlingombod om skolemiljø i vidaregåande opplæring. Ordninga er frivillig for fylkeskommunane, men alle har meldt at dei ønsker å delta. Staten og fylkeskommunane skal dele på kostnadene med ordninga. Ordninga med fylkesvise mobbeombod skal evaluerast, og evalueringa skal etter planen vere klar hausten 2020.

Hausten 2018 skal Utdanningsdirektoratet etter planen publisere ein nasjonal rettleiar om bruk av beredskapsteam for å løyse vanskelege mobbesaker. For nærare omtale av dette, sjå del I, kap. 3, oppmodingsvedtak nr. 519, 1. mars 2018, stortingssesjon 2017–18. For omtale av dei statlege oppreisingsordningane for mobbeoffer, sjå del I, kap. 3, oppmodingsvedtak nr. 672, 22. mai 2017, stortingssesjon 2016–17.

For nærare omtale av tiltak mot mobbing, sjå omtale under kap. 226 post 21.

Oppfølging av elevar som er borte frå skolen i lang tid

Kommunen har ansvar for at alle barn som bor i kommunen, får oppfylt retten til offentleg grunnskoleopplæring. Når elevar i grunnskolen har mye fråvær, må skolen følge dei opp. Utdanningsdirektoratet har utarbeida ein rettleiar for oppfølging av elevar som ikkje møter på skolen, med forslag til konkrete rutinar. Skolen sin oppfølging av den einskilde eleven vil variere ut frå årsaka til at eleven er borte frå skolen. Departementet vil be direktoratet om å oppdatere rettleiaren og utarbeide nye rutinar for skolane.

Det er behov for å vite meir om årsakene til at barn er mye borte frå skolen og korleis skolane følger opp fråværet. Departementet vil følge opp dette.

Mål: Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Alle barn og unge skal ha eit inkluderande, likeverdig og tilpassa opplæringstilbod. Likevel veit vi at ikkje alle elevar får den opplæringa dei har behov for.

Segregering av barn og unge med behov for særskild tilrettelegging

Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) peiker på at dagens system for tilpassa opplæring og spesialundervisning er for dårleg. Det er om lag tre gonger så mange elevar som mottar spesialundervisning på 10. trinn som på 1. trinn. Dette kan tyde på at skolane venter for lenge med å sette inn tiltak for å hjelpe elevane. Omfanget av spesialundervisning i vidaregåande opplæring er vesentleg lågare enn på ungdomstrinnet. Det er langt fleire elevar som har behov for støtte og hjelp enn dei som mottar spesialundervisning. Mange elevar mottar spesialundervisning i eigne grupper eller aleine utanfor fellesskapet. Halvparten av spesialundervisninga blir gjennomført av assistentar. Gruppa viser at PP-tenesta bruker store delar av tida si til sakkunnige vurderingar og har lite tid til systemretta arbeid og rettleiing i barnehage og skole. Dei viser òg at tverrfagleg samarbeid om elevane kan vere utfordrande. Ekspertgruppa meiner det må større systemendringar til for å oppnå meir omfattande betringar. Sjå også omtale under programkategori 07.30 Barnehagar.

Svar på spørjinga Spørsmål til Skole-Norge 2017 viser at dei fleste grunnskolane og vidaregåande skolane har lærarar med 30 og 60 studiepoeng kompetanse i spesialpedagogikk. Deira og andre lærarar sin kompetanse i inkluderande opplæring blir i for liten grad brukt til å tilpasse opplæringa. Samtidig ser vi at fleire kommunar nå tar heilskaplege grep for å styrke den tilpassa opplæringa og for å inkludere elevar.

Kjønnsforskjellar i læringsutbytte og gjennomføring

I snitt presterer gutar og jenter ulikt i den norske skolen. Dette er forskjellar som ikkje utan vidare er enkle å forklare. Forskjellane gjer seg gjeldande gjennom heile utdanningsløpet og kan få konsekvensar for moglegheitene for utdanning og arbeid seinare i livet. Men biletet er ikkje eintydig. Gutane presterer ikkje dårlegare enn jentene i alle fag og på alle målingar – i einskilde målingar i einskilde fag er det ein høgre del gutar som presterer godt. Det totale snittet er likevel lågare og fordelinga meir ujamn for gutane.

Minoritetsspråklege elevar

Det er store variasjonar i skoleresultat blant elevar med innvandrarbakgrunn. Mange får svært gode resultat. Samtidig er det mange elevar med innvandrarbakgrunn på lågaste meistringsnivå på dei nasjonale prøvene på 8. trinn. 56,6 pst. av innvandrarane som starta i vidaregåande opplæring i 2012, fullførte og bestod i løpet av fem år. Til samanlikning var delen 74,9 pst. for norskfødde med innvandrarforeldre og 76,3 pst. for elevar med bakgrunn i befolkninga elles. Elevar som sjølve har innvandra, har hatt ei svak betring i gjennomføringa i dei siste tre åra. Alderen når ein kjem til Noreg, har mykje å seie for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring.

I Spørsmål til Skole-Norge hausten 2017 finn ein at det framleis er til dels store utfordringar knytte til opplæring av nykomne elevar. Skoleeigarane peiker særleg på mangel på tospråklege lærarar og lærarar med kompetanse i andrespråksdidaktikk – altså korleis ein skal lære bort norsk til elevar som ikkje har norsk som morsmål.

OECD-rapporten Education Policy Outlook 2018 viser at i Noreg har sosioøkonomisk status mindre å seie enn i andre land. Rapporten viser samtidig at Noreg har større variasjonar i resultata mellom minoritetsspråklege elevar og andre elevar enn OECD-gjennomsnittet. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser også at det er stadig fleire barn som lever i fattigdom. Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte når det gjeld barnefattigdom.

Elevar som er utsette for vald og seksuelle overgrep

Barn og unge er store delar av kvardagen sin i barnehagen eller på skolen. Dei tilsette i grunnopplæringa står i ein unik posisjon til å oppdage barn og unge som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Det er ein sterk samanheng mellom det å bli utsett for vald og seksuelle overgrep og det å ha dårlig helse fysisk og psykisk seinare i livet, med påfølgande risiko for fråfall frå utdanning og arbeid og uføretrygding i ung alder. Skolen spelar derfor ei viktig rolle både når det gjeld førebygging og avdekking av vald og overgrep.

Utanforskap og skolestress

Sjølv om arbeidet til skolane har betydelege effektar på korleis læringsmiljøet utviklar seg, heng læringsmiljøet til elevane òg saman med større utviklingstrekk i samfunnet. Den nasjonale Ungdata -undersøkinga frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) viser at dei unge i dag i all hovudsak er veltilpassa, aktive og heimekjære. I Ungdata deltar elevar frå 8. trinn og til og med Vg3. Dei fleste trivst og er fornøgde, har god fysisk og psykisk helse, og ser optimistisk på framtida. Rapporten frå 2018 peiker likevel på fleire teikn som går i retning av eit brot i den trenden med god oppførsel som har prega dei norske ungdomsgenerasjonane i dei siste 10–15 åra. Det har vore ein auke i regelbrot, særleg blant gutar. Rapporten tyder òg på mindre framtidsoptimisme og skoletrivsel. Omfanget av sjølvrapporterte fysiske og psykiske helseplager aukar. Tal frå PISA 2015 tyder på ein auke i delen elevar som føler seg einsame, ikkje passar inn og blir haldne utanfor. Delen elevar som seier at dei føler seg einsame, har auka frå sju pst. i 2003 til 14 pst. i 2015. Ei kunnskapsoversikt frå Kunnskapssenter for utdanning i 2017 viser at jenter opplever meir stress enn gutar. Denne forskjellen ser ut til å auke i løpet av ungdomsåra. Ifølge Ungdata -undersøkinga frå 2018 opplever nær halvparten av alle jenter på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring mykje eller svært mykje press knytt til å gjere det godt på skolen. 16 pst. svarte at dei hadde opplevd så mykje press at dei ikkje takla det.

Barn og elevar med stort læringspotensial

Barn og elevar med stort læringspotensial må møte forventningar og utfordringar i skolane, så dei opplever mestring og anerkjenning. Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld alle elevar. Barnehagane og skolane må ha kunnskap og kompetanse om barn og elevar med stort læringspotensial. Regelverket gir gode moglegheiter til forsering og fleksibilitet for å gi utfordringar og motiverande undervisning til barn og elevar med stort læringspotensial. Det er for store forskjellar i korleis skolane klarer å tilpasse undervisninga til elevar med stort læringspotensial, jf. NOU 2016: 14 Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial og Spørsmål til Skole-Norge våren 2015.Det kan få store faglege og sosiale konsekvensar om elevane ikkje trivst og mister motivasjonen for læring.

Strategiar og tiltak

Stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap

Tidleg innsats og ein inkluderande barnehage og skole er viktige prioriteringar for regjeringa. Nordahl-rapporten har nå vore ute til brei høyring. Departementet deler Nordahl-gruppa si uro for at praksis for ofte er ekskluderande. Departementet vil vurdere korleis kompetansen kan komme nærmare dei barna som har behov for det. Departementet vil gjere ei grundig vurdering av forslaga i rapporten og synspunkt frå høyringa. Oppfølginga vil inngå i ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Meldinga skal etter planen leggast fram for Stortinget hausten 2019.

Ekspertutvalet om kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar (Stoltenberg-utvalet) skal levere innstillinga si i form av ein NOU innan 1. februar 2019. Denne vil også bli følgt opp i stortingsmeldinga.

Lærartettleik og lærarnorm

Regjeringa og Kristeleg Folkeparti har sidan 2015 sørga for betydelege midlar til kommunane for å auke lærartettleiken på 1.–4. trinn. Frå 1. august 2018 har skolane òg fått ei plikt til å tilby intensiv opplæring til elevar som heng etter i lesing, skriving og rekning på 1.–4. trinn. Målet er at elevar som treng det, raskt skal få eigna støtte og oppfølging, slik at problema ikkje forsterkar seg vidare i opplæringsløpet.

Frå hausten 2018 er det innført ei norm for lærartettleik på skolenivå for 1.–10. trinn. I skoleåret 2018–19 skal det i snitt maksimalt vere 16 elevar for kvar lærar på 1.–4. trinn og maksimalt 21 elevar for kvar lærar på 5.–7. og 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 skal det vere 15 elevar for kvar lærar på 1.–4. trinn og 20 elevar på 5.–7. og 8.–10. trinn. Norma gjeld på kvart hovudtrinn, på skolenivå. Ho regulerer berre ressursane i den ordinære undervisninga, ikkje til dømes i spesialundervisning. Norma styrer kor høg lærartettleiken skal vere samla på dei ulike trinna. Organiseringa av sjølve undervisninga er opp til skolen. Skoleeigarane skal framleis sørge for at alle klassar og grupper har ein forsvarleg storleik.

Grunnskolesektoren blir i hovudsak finansiert gjennom rammetilskottet til kommunane, og midlane blir fordelte etter delkostnadsnøkkelen for grunnskole. Delkostnadsnøkkelen for grunnskole vil bli vurdert i samband med innføringa av lærarnorma, og ved behov vil den bli revidert for å ta høgde for dei nye forskriftene om lærartettleik. Løyvinga til lærarnorma vert innlemma i rammetilskottet til kommunane, og fordelt etter ordinære kriterium i inntektssystemet når ny kostnadsnøkkel er klar, etter planen i 2020. Fram til innlemming i rammetilskottet får kommunesektoren kompensasjon for innføring av lærarnorma gjennom eit øyremerkt tilskott.

På kort sikt kan ein argumentere for at kommunane ikkje har full fleksibilitet til å flytte eksisterande lærarårsverk. Over tid vil det vere større fleksibilitet til å flytte årsverk mellom hovudtrinn og mellom skolar for å oppfylle krava. Fram til innlemming i rammetilskottet blir det derfor lagt til grunn for berekning av kompensasjon at eksisterande årsverk berre kan flyttast mellom hovudtrinn, men ikkje mellom skolar i den einskilde kommune. Lågare fleksibilitet til å flytte årsverk inneber isolert sett eit høgare løyvingsnivå. For å ta omsyn til situasjonen i enkeltkommunar vert det tildelt i tillegg særskilde stimuleringsmidlar i 2019. Til saman blir kommunesektoren kompensert meir enn fullt ut for innføring av lærarnorma i 2019.

Fram til innlemming i rammetilskottet vert løyvinga fordelt dels etter den eksisterande delkostnadsnøkkelen for grunnskolen og dels etter objektive kriterier, med utgangspunkt i behov per innbyggar, for å ivareta både kommunar med eit relativt og absolutt behov for lærarårsverk.

Da norma blei innført hausten 2018 fikk kommunane ei samla øyremerkt løyving på om lag 700 mill. kroner. Midlane ga rom for å finansiere om lag 2 300 lærarårsverk hausten 2018. Av dei 700 mill. kronene blei 500 mill. kroner fordelte til alle kommunar etter grunnskolenøkkelen. Dei resterande 200 mill. kronene blei fordelte med ei særskild fordeling. Dei ble fordelte til kommunar med eit større behov enn det dei 500 mill. kronene dei fekk etter grunnskolenøkkelen, kunne dekke. Samla sett fikk kommunane finansiert fleire lærarårsverk enn det var berekna at dei trong hausten 2018. Totalt i 2018 fikk kommunane ei samla øyremerkt løyving på om lag 1,4 mrd. kroner.

Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga i 2019. I tillegg er 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskild satsing på tidleg innsats i skolen, som mellom anna kan nyttast til fleire lærarårsverk ved opptrappinga av lærarnorma hausten 2019.

Både dei 200 mill. kronene av veksten i frie inntekter og om lag 1 mrd. kroner av den øyremerkte løyvinga vert fordelte til kommunane etter grunnskolenøkkelen. Desse midlane gjer det mogleg å auke lærartettleiken også i kommunar som allereie oppfyller kravet i lærarnorma. Kommunar som framleis har eit større årsverksbehov enn det som blir dekka av desse midlane, får om lag 400 mill. kroner etter ei særskild fordeling på same måte som hausten 2018.

Samla sett blir kommunesektoren kompensert meir enn fullt ut for innføringa av lærarnorma i 2018 og 2019, og regjeringa meiner at norma er finansiert. Saman med dei 200 mill. kronene av veksten i dei frie midlane, som er fordelte etter grunnskolenøkkelen, meiner regjeringa det er lagt godt til rette for innføring av norma.

Integreringsstrategi og områdesatsing

Tidleg innsats er viktig for elevar som innvandrar til Noreg, og særleg for dei som kjem til landet seint i skoleløpet. Regjeringa er i gang med eit integreringsløft og vil gjennomføre ei reform av integreringsfeltet slik at fleire innvandrarar deltar i arbeids- og samfunnslivet. Regjeringa vil derfor i løpet av 2018 legge fram ein strategi som skal gi tydeleg retning for integreringsarbeidet framover, jf. programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Områdesatsingar er eit samarbeid mellom stat og kommune, og er eit verkemiddel for å betre miljø, buforhold og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa, jf. nærare omtale av områdesatsingar under kap. 226 post 21 og kap. 291 post 62.

Oppfølging av opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Regjeringa er i gang med oppfølginga av tiltaka i Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) , jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Barne- og likestillingsdepartementet. Eit av dei viktigaste tiltaka som gjeld Kunnskapsdepartementet, er auka kompetanse om vald og overgrep hos dei tilsette i barnehage og skole. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har i samarbeid med blant anna Utdanningsdirektoratet utvikla nye verktøy som det blir viktig å informere sektorane om, slik at dei kan ta verktøya i bruk lokalt. For omtale av arbeidet med ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep og midlar til opplæringsprogram, sjå Prop. 1 S (2018–2019) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Betre tverrfagleg samarbeid

Utsette barn og unge og familiane deira har ofte behov for hjelp frå fleire offentlege tenester. Det er derfor viktig å få til god samordning av tiltak. Kunnskapsdepartementet leier det femårige 0–24-samarbeidet, der også Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet deltar. Satsinga gjeld perioden 2015–20. Målet er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet. 0–24-samarbeidet er avgrensa til område der innsats på tvers av sektorar er vesentleg for å nå målet. Departementa har gitt oppdraget til dei underliggande direktorata som jobbar langs fire spor med å skape felles kunnskapsgrunnlag og utfordringsbilete, samordning av verkemiddel, tverrfagleg utviklingstiltak og med å bygge kapasitet for varig innsats på tvers av sektorane. Arbeidsgrupper leverer forslag til tiltak knytte til regelverk, tilskottsforvaltning, språk, læreplassar og organiserings- og samhandlingspraksis. Det blir jobba med å sjå på nye tiltak som kan takast inn i samarbeidsstrukturen. Gjennom betre samordna tenester skal utsette barn og unge og familiane deira få tilpassa og tidleg hjelp slik at dei kan lykkast i skolen. Dette kan igjen gi grunnlag for varig deltaking i arbeidslivet.

Regjeringa lanserte i august 2017 strategien sin for psykisk helse. Strategien Mestre heile livet (2017–2022) omfattar alle aldrar, men barn og unge har spesiell merksemd. Eit viktig tiltak er ei lovfesta plikt for skolane til å samarbeide med kommunale tenestetilbydarar om tverrfagleg vurdering og oppfølging av elevar med spesielle vanskar. Endringa tredde i kraft 1. august 2018, jf. opplæringslova § 15-8. Regjeringa har også styrkt skolehelsetenesta gjennom fleire år jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Barn og elevar med stort læringspotensial

Utdanningsdirektoratet utviklar ein e-læringsmodul for at lærarar i skolen og tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) skal få betre kompetanse knytt til elevar med stort læringspotensial. Spørsmål om elevar med stort læringspotensial vil bli tatt opp att i spørjinga hausten 2018. Departementet ønskjer også informasjon om korleis barnehagane følger opp barn med stort læringspotensial. Departementet følger opp varsla tiltak frå Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst. Tidlig innsats og kvalitet i skolen . Desse er òg utvida til barnehagesektoren der det er relevant.

Mål: Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Mange lærarar tar vidareutdanning

Det er dokumentert i forskinga at elevane lærer meir når lærarane har fordjuping i det faget dei underviser i. Samtidig manglar éin av tre matematikklærarar, éin av fire norsklærarar og nesten fire av ti engelsklærarar i grunnskolen fordjuping.

Det har vore ein auke i talet på lærarar som søker vidareutdanning. Figur 4.3 viser tal på lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har fått tilbod om vidareutdanning. Gjennom Kompetanse for kvalitet – strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025 er talet på lærarar som får vidareutdanning, tredobla sidan 2013. Om lag 20 000 lærarar over heile landet har tatt vidareutdanning i ulike fag. Delen lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava for å undervise i norsk, matematikk og engelsk, har gått ned sidan 2015, jf figur 4.4. Dette fortel at regjeringa si satsing på vidareutdanning i desse faga har effekt. Med denne utviklinga ligg kommunane an til å oppfylle kompetansekrava for undervisning i faga innan 2025. Departementet vil følge utviklinga nøye. Sjå også omtale under kap. 226 post 22.

Figur 4.3 Tal på lærarar som har fått tilbod om vidareutdanning

Figur 4.3 Tal på lærarar som har fått tilbod om vidareutdanning

Kjelde:  Utdanningsdirektoratet

Figur 4.4 Tal på lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning i desse faga

Figur 4.4 Tal på lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning i desse faga

Kjelde:  Utdanningsdirektoratet

Ikkje alle lærarar er kvalifiserte for tilsetting

I skoleåret 2017–18 var om lag 3 800 personar i undervisningsstillingar i grunnskolen ikkje kvalifiserte for tilsetting. Dette utgjer 5,6 pst. av alle lærarane i grunnskolen, og er ein nedgang frå 5,9 pst. i skoleåret 2016–17. Det er geografiske forskjellar i utdanningsnivå og pedagogisk utdanning. I gjennomsnitt underviser dei ukvalifiserte mindre enn dei kvalifiserte lærarane. Dei ukvalifiserte utfører 4,4 pst. av alle lærarårsverka i grunnskolen, ein prosentdel som er den same som året før.

Ein SSB-rapport frå 2018 om kompetanseprofilen til lærarar i vidaregåande opplæring som underviser i fellesfag, viser at åtte av ti har formell kompetanse i fellesfaga dei underviser i. Rapporten viser at lærarar i vidaregåande skole gjennomgåande har høg kompetanse, men at det er variasjonar mellom fag, og mellom studieførebuande programfag og yrkesfag. Forskjellen mellom lærarar på yrkesfag og studieførebuande programfag er størst i matematikk. Det er òg forskjellar i utdanningsnivå og pedagogisk utdanning mellom fylke.

Tabell 4.1 Utdanningsnivået til lærarar i grunnopplæringa i 2017 (prosentdel)

Grunnskolar

Vidaregåande skolar

Talet på lærarar

74 655

26 586

Universitets-/høgskoleutdanning høgre nivå, med pedagogisk utdanning

9,2

32,3

Universitets-/høgskoleutdanning høgre nivå, utan pedagogisk utdanning

1,5

5,2

Universitets-/høgskoleutdanning lågare nivå, med pedagogisk utdanning

77,4

51,0

Universitets-/høgskoleutdanning lågare nivå, utan pedagogisk utdanning

4,4

6,3

Vidaregåande utdanning eller lågare

7,6

5,2

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Strategiar og tiltak

Lærarutdanning 2025

Regjeringa har ambisjonar om ei varig styrking av dei norske lærarprofesjonane, jf. strategien Lærerløftet – på lag for kunnskapsskolen. Regjeringa har tatt tak i dei store utfordringane på dette området, blant anna gjennom å sikre ein betre struktur i universitets- og høgskolesektoren og å løfte grunnskolelærarutdanninga til mastergradsnivå. Regjeringa har satsa på eit omfattande nasjonalt system for vidareutdanning og heva opptakskrava i grunnskolelærar- og lektorutdanningane. Opptakskravet til mastergrad for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) blir også endra frå 2019. Våren 2017 lanserte regjeringa strategien Lærerutdanning 2025: Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene . Strategien er retningsgivande for arbeidet med å utvikle lærarutdanningane. Eit hovudgrep i strategien er partnarskap mellom lærarutdanningane og skole- og barnehageeigarar blant anna gjennom å etablere lærarutdanningsskolar og lærarutdanningsbarnehagar.

Det er særskilt relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskole- og barnehagelærarutdanninga. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpa.

For omtale av barnehagelærarutdanning, sjå programkategori 07.30 Barnehagar. Sjå også omtale under kap. 260 Universitet og høgskolar.

Regjeringa ønsker at dagens krav til fagleg fordjuping for nyutdanna lærarar skal gjelde for alle lærarar. Innan 2025 skal lærarar i barneskolen derfor ha minst 30 studiepoeng i faget for å kunne undervise i matematikk, engelsk, norsk, norsk teiknspråk og samisk. I ungdomsskolen må dei ha minst 60 studiepoeng i desse faga. Regjeringa vil derfor vidareføre den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar. Sjå nærare omtale under kap. 226 post 22.

Karrierevegar for lærarar

Regjeringa har som mål å gi alle skolar tilgang til lærarspesialistar i begynnaropplæring. Begynnaropplæring er den første opplæringa i skriving, lesing og/eller matematikk med særleg vekt på grunnleggande dugleikar. Regjeringa vil gi 3 000 lærarar moglegheit til å bli lærarspesialistar i skolen innan fem år.

Lærarspesialisten skal bidra til fagleg utvikling for heile skolen saman med lærarar, men skal bruke mykje tid i klasserommet. Funksjonen som lærarspesialist er ei karrieremoglegheit for enkeltlærarar og samtidig eit bidrag til profesjonalisering og kvalitetsutvikling av heile skolen.

Satsinga på karrierevegar for lærarar skal bidra til at dyktige lærarar vil halde fram som lærarar i staden for å søke seg vidare til administrative stillingar. For 2019 gir satsinga rom for 600 nye lærarspesialistar, i tillegg til dagens om lag 600, og for 250 nye studieplassar i spesialistutdanningar. Sjå omtale under kap. 226 post 21.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

Stortinget vedtok våren 2017 at regjeringa, i samarbeid med partane, skal utforme nasjonale rammer for rettleiing. Målet at alle nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skole skal få ein god overgang frå utdanninga til yrket. Rettleiing kan verke utviklande for profesjonsfellesskapet i barnehage og skole og bidra til betre trivsel og læring for barn og elevar. Tilbodet skal gi rom for lokal tilpassing. Prinsipp og forpliktingar for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skole blei lagde fram hausten 2018. Dokumentet er ein del av dei nasjonale rammene og skal gjelde i tre år. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle dei andre delane av dei nasjonale rammene: ein skriftleg fagleg rettleiar og rammer for eit utdanningstilbod for rettleiarar. Sjå også omtale under kap. 226 post 21, kap. 231 post 21 og i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 477, 23. februar 2017, stortingssesjon 2016–17.

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

For at kompetanse- og kvalitetsutvikling i større grad skal skje lokalt, må lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar samarbeide om å identifisere utfordringar og utvikle tiltak. I statsbudsjettet for 2017 blei det derfor innført ei ny ordning for kompetanseutvikling i skolen, jf. også Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen . Ordninga inneber at bruken av dei statlege kompetansemidlane skal vere betre tilpassa lokale behov. Blant tema som peikte seg ut i 2017, var inkluderande barnehage- og skolemiljø, arbeid med fagfornyinga, grunnleggande ferdigheiter, ny overordna del i læreplanen og leiing av kompetanseutvikling.

Alle fylke har etablert samarbeidsforum med skoleeigarar, universitet/høgskolar og fylkesmannsembeta. Frå 2019 er fylkeskommunane også omfatta av ordninga. Midlane til den desentraliserte kompetanseordninga er fordelte til samarbeidsforuma gjennom fylkesmannsembeta. Sjå nærare omtale under kap. 226 post 21.

Yrkesfaglærerløftet

Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap bidrar til relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Regjeringa sette derfor hausten 2015 i gang ei satsing på yrkesfaglærarane – Yrkesfaglærerløftet – for fremtidens fagarbeidere . Satsinga skal bidra til å rekruttere fleire yrkesfaglærarar, sørge for at fleire får ei godkjend lærarutdanning, og at yrkesfaglærarar har høve til å delta i etter- og vidareutdanning. For studieåret 2018–19 er det utvikla til saman 29 tilbod som dekker tema som blant anna pedagogiske metodar, yrkesdidaktikk, elevkunnskap og rettleiing. Tilboda blir utvikla og gjennomførte i tett samarbeid mellom skoleeigarar og universitet og høgskolar. Satsinga på vidareutdanning i Yrkesfaglærerløftet vil bli ført vidare.

Frå 2019 skal fylkeskommunane ta del i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling. Kunnskapsdepartementet vil likevel skilje ut dei midlane som gjeld yrkesfag, frå dei etablerte samarbeidsforuma. Dette er i tråd med innspel frå Utdanningsdirektoratet, etter dialog med fylkeskommunane. Ein viktig grunn er at det er andre viktige tilbydarar av kompetanseutvikling enn universitet og høgskolar innanfor yrkesfag, til dømes bedrifter, opplæringskontor, bransjeorganisasjonar og fagskolar. Midlane som fylkeskommunane mottar til etterutdanning på yrkesfag skal òg omfatte kompetanseheving for prøvenemndene. På den måten kan rolla til prøvenemndene med å auke kvaliteten på fag- og sveineprøva bli styrkt. Departementet vil inkludere dei eksisterande midlane til hospitering og fagleg oppdatering for yrkesfaglærarar i denne ordninga for etterutdanning innanfor yrkesfaga. I tillegg foreslår departementet nye midlar til ordninga i budsjettforslaget for 2019, sjå kap. 226 post 21.

Mål: Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Utviklingstrekk og utfordringar

Alle måla og tiltaka som er omtalte over, legg grunnlaget for dette målet om at alle skal lykkast i opplæringa og utdanninga.

Resultat frå internasjonale undersøkingar viser at det totalt sett har vore ei positiv utvikling i skoleresultat etter innføringa av Kunnskapsløftet.

Boks 4.1 Oversikt over dei internasjonale undersøkingane

Det finst fleire internasjonale undersøkingar av dugleikane og haldningane til elevar innanfor ulike område. Følgande undersøkingar er blant dei viktigaste:

Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS) er ein internasjonal studie i matematikk og naturfag for grunnskolen som frå og med 1995 har blitt gjennomført kvart fjerde år. I underkant av 60 land frå alle verdsdelar deltok i TIMSS 2015. I TIMSS 2015 deltok Noreg med elevar på 5. og 9. trinn.

Programme for International Student Assessment (PISA) måler 15-åringars kompetanse i lesing, matematikk og naturfag, og har blitt gjennomført kvart tredje år sidan 2000. Alle dei tre fagområda er med kvar gong, men dei vekslar på å vere hovudområde.

Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) kartlegg leseforståinga til elevar på 4. og 5. trinn.

International Computer and Information Literacy Study (ICILS) er ei undersøking av dei digitale dugleikane til ungdomsskoleelevar som blei gjennomført blant 18 land og to provinsar i Canada i 2013. Målgruppa for undersøkinga var elevar på 8. trinn, men i Noreg deltok elevar på 9. trinn fordi norske elevar startar tidlegare på skolen enn elevane i dei fleste andre landa som er med i undersøkinga.

International Civic and Citizenship Education Study (ICCS) gir eit bilete av dei unge sin demokratiske beredskap og vilje til å delta i samfunnet som engasjerte medborgarar. Noreg deltok med elevar på 9. trinn i 2016.

PISA-undersøkinga har sett ei kritisk grense for kva for kompetansar og dugleikar elevane treng i vidare utdanning og arbeidsliv (prestasjonsnivå 2). Delen elevar under denne grensa kan dermed fungere som eit mål på korleis skolen lykkast med å førebu elevane på å vere aktive samfunnsborgarar og yrkesutøvarar. Det er mellom 15 og 20 pst. av elevane som i 2015 skårar under prestasjonsnivå 2 i PISA på kvart av dei tre områda lesing, matematikk og naturfag i undersøkinga. Det inneber at 10 000 elevar i kvart årskull kan komme til å få problem med å klare seg i vidare utdanning og arbeid. Delen elevar som skårar under prestasjonsnivå 2, har variert over tid, men det har ikkje vore ein betydeleg reduksjon i denne delen i løpet av tidsperioden 2000–15. Undersøkingar viser at sosial bakgrunn, som utdanningsnivået til foreldra, verkar inn på korleis det går med elevane i utdanningssystemet. Elevar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte blant elevane som ligg under prestasjonsnivå 2. I naturfag var 31 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 35 pst. av elevar som sjølve har innvandra, under prestasjonsnivå 2 i 2015. For dei andre elevane gjaldt det 16 pst. I lesing er skilnaden ikkje like stor.

I PISA 2015 skårar norske elevar for første gong betre enn OECD-snittet i både lesing, naturfag og matematikk. Det har vore ei positiv utvikling sidan 2006. PIRLS 2016 viser at norske elevar på 4. og 5. trinn har ein klar framgang i lesing. Dei ligg langt over det internasjonale gjennomsnittet. Undersøkinga viser også at minoritetsspråklege elevar les betre enn i 2011.

Norske elevar på 5. trinn gjer det også bra i matematikk i TIMSS 2015. Dei gjer det betre enn elevar på same alder i dei andre nordiske landa og plasserer seg blant dei beste i Europa.

Samanlikna med det internasjonale gjennomsnittet i ICCS skårar også norske elevar høgt for kunnskap om og forståing av korleis demokratiet fungerer i teori og praksis.

Norske elevar presterte godt over det internasjonale gjennomsnittet i ei internasjonal undersøking av dei digitale dugleikane til elevane (ICILS) da denne sist blei gjennomført i 2013. Undersøkinga viste likevel at 24 pst. av dei norske elevane hadde så svake dugleikar at dei vil ha problem med å meistre enkle digitale oppgåver som er vanlege i arbeidslivet.

Dei nasjonale prøvene i engelsk og rekning har målt utviklinga over tid sidan 2014. Nasjonale prøver i lesing har målt utviklinga over tid sidan 2016. Det er i snitt ingen endringar i prestasjonane til elevane i lesing, engelsk og rekning frå 2016 til 2017, verken på 5. trinn eller på 8. trinn. Resultata frå dei nasjonale prøvene viser at jentene gjer det betre enn gutane i lesing, medan gutane gjer det betre enn jentene i rekning, på både 5. og 8. trinn.

Resultata på dei nasjonale prøvene varierer mellom fylka. Det er størst skilnad mellom fylka i delen elevar på det høgste meistringsnivået. Det er særleg Oslo som skil seg ut ved at mange elevar presterer på det høgste meistringsnivået.

Utvikling og gjennomføring av eksamenar og prøver

Å utarbeide og gjennomføre eksamenar og prøver er ei av dei mest samfunnskritiske oppgåvene til Utdanningsdirektoratet. Vidareutvikling av systema for eksamen og prøver er eit viktig tiltak i regjeringa si digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021. Dei digitale tenestene for eksamen og prøver er avgjerande for å kunne utføre denne oppgåva. Dagens system for utvikling og gjennomføring av eksamen og prøver er omtrent ti år gammalt og utdatert, både teknologisk og funksjonelt. Dagens system er ikkje tilpassa nye krav om universell utforming. Systemet er ikkje tilgjengeleg for alle brukargrupper som er pålagde å nytte det.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Regjeringa har som mål at innan 2030 skal ni av ti elevar fullføre og bestå vidaregåande opplæring. I dei siste åra har det vore ein auke i delen elevar som gjennomfører vidaregåande opplæring innan fem år. 74,5 pst. av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2012, hadde fullført og bestått fem år etter. Dette er rekordhøgt, og er ein auke på 1,5 prosentpoeng samanlikna med 2011-elevkullet, jf. figur 4.5. Ein del av elevane og lærlingane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbyrja opplæring, er det om lag 80 pst. som fullfører og består.

Om lag halvparten av elevane vel yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg1. Likevel er det vesentleg færre elevar som oppnår yrkeskompetanse enn studiekompetanse. Det skyldast at gjennomføringa er lågare for elevane som vel yrkesfag, enn for elevane som vel studieførebuande utdanningsprogram. I tillegg orienterer mange elevar på yrkesfag seg mot løp som gir generell studiekompetanse, særleg tilbodet om påbygging til generell studiekompetanse.

Det er store variasjonar i gjennomføring mellom fylka, jf. figur 4.6.

Figur 4.5 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring (prosentdel)

Figur 4.5 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring (prosentdel)

Kjelde:  SSB

Figur 4.6 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå (prosentdel)

Figur 4.6 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå (prosentdel)

Kjelde:  SSB

I tillegg til at fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring, er det avgjerande at den kompetansen dei oppnår, blir verdsett i høgre utdanning eller på arbeidsmarknaden. Ein del elevar som oppnår generell studiekompetanse, ser ikkje ut til å ha blitt godt nok førebudde på å studere. Ein NIFU-rapport frå 2016, Kvalitet, innhold og relevans i de studieforberedende utdanningsprogrammene , viser at det kan sjå ut til at studentar kan oppleve overgangen til høgre utdanning som krevjande.

80,8 pst. av dei som oppnådde fag- og sveinebrev i skoleåret 2016–17, var i arbeid i november 2017. Frå 2016 til 2017 har det vore ein liten auke i delen sysselsette blant nyutdanna fagarbeidarar. 12 pst. var i utdanning og 7,2 pst. utanfor arbeid og utdanning. Det er store variasjonar mellom utdanningsprogramma. Til dømes var 61,8 pst. av dei som oppnådde fag- og sveinebrev i service- og samferdsel i skoleåret 2016–17, i arbeid i november 2017. Tilsvarande tal for bygg- og anleggsteknikk var 83,3 pst. For service- og samferdsel er det mange fagarbeidarar som søker seg til høgre eller anna utdanning. Det gjeld òg for andre utdanningsprogram.

I 2017 fekk 20 800 yrkesfagelevar læreplass i ei bedrift. Det utgjer 72 pst. av dei som søkte. Det var både det høgste talet på læreplassar og den største delen av søkarane nokon gong. Det er likevel for mange som ikkje får læreplass, og dette er i mange tilfelle ei årsak til fråfall.

Etter at dei nye fråværsreglane i vidaregåande opplæring blei innførte hausten 2016, har både timefråvær og dagsfråvær gått ned. Særleg dagsfråværet har gått markant ned, frå eit medianfråvær på fem dagar i skoleåret 2015–16 til tre dagar i 2017–18, ein nedgang på 40 pst. Regjeringa er nøgd med at elevane er mindre borte frå skolen. Dette vil kunne bidra til at fleire elevar vil gjennomføre vidaregåande skole. Delen elevar som blir registrerte med ikkje grunnlag for vurdering i minst eitt fag, har gått litt ned frå skoleåret 2016–17 til 2017–18.

Strategiar og tiltak

Fornying av innhaldet i skolen

Arbeidet med fagfornyinga er i gang som ein del av oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017). Målet er mellom anna å styrke djupnelæringa og forståinga til elevane. Elevane skal få opplæring i dei tre tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring. Samanhengen mellom formålsparagrafen i opplæringslova, den nye overordna delen for læreplanane og læreplanar for fag skal bli tydeleg. Verdigrunnlaget skal bli løfta fram i læreplanane. Vi skal halde på faga frå i dag, men fornye innhaldet. Kritisk tenking og refleksjon vil bli ein viktig del av kva elevane skal lære i skolen. I tillegg skal dei praktiske og estetiske faga bli styrkte. Skolen skal ta i bruk dei nye læreplanane for grunnskolen og fellesfaga i vidaregåande skole frå hausten 2020. Sjå også omtale under kap. 226 post 21.

Endringar i læreplanar og den teknologiske utviklinga gjer det naudsynt å vurdere om det er behov for endringar i dagens eksamensordning. Hausten 2018 blir det derfor sett ned ei eksamensgruppe. Gruppa skal samanfatte det kunnskapsgrunnlaget vi har om eksamen i dag, og foreslå eventuelle endringar. Læreplangruppene bidrar i arbeidet. For å halde oppe eit føreseieleg sluttvurderingssystem med høg tillit er det lagt nokre rammer for arbeidet. Til dømes skal sluttvurderinga framleis vere individuell. Omfanget av sluttvurderingar skal vere som i dag, og forholdet mellom talet på eksamenskarakterar og standpunktkarakterar på vitnemåla til elevane skal òg vere omtrent som i dag.

Læremidla er viktige for undervisninga, læringsutbyttet og implementeringa av fagfornyinga. Kommunar, fylkeskommunar, skolar og lærarar vel sjølve kva for læremiddel dei vil bruke for at elevane skal nå måla i dei læreplanane som gjeld til kvar tid. Med nye læreplanar blir det behov for både endringar i læremidla og nye læremiddel.Kunnskapsdepartementet er i dialog med KS om berekning av eventuelle meir- og mindrekostnader for kommunesektoren som følge av utskiftinga av læremidla i forbindelse med fagfornyinga og ny struktur for dei yrkesfaglege tilboda i vidaregåande opplæring.

Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa

Regjeringa har lansert Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 . Sjå omtale under kap. 226 post 21. Digitaliseringsstrategien er tett kopla til arbeidet med fagfornyinga. Tiltak for både auka profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarar og utvikling og innkjøp av digitale læremiddel støttar opp under innføringa av nye læreplanar i grunnopplæringa. Strategien legg også vekt på at staten kan støtte skoleeigarane ved å utvikle digitale fellesløysingar.

Det vil bli utvikla eit nytt system for gjennomføring av prøver og eksamen. Systemet skal støtte krava om universell utforming, og vere betre tilgjengeleg for fleire brukargrupper. Vidare vil løysinga gjere det mogleg å digitalisere eksamen og prøver som i dag blir gjennomførte på papir, blant anna kartleggingsprøver på 1.–3. trinn. Digitale prøver vil gi ei rekke forbetringar for både elevane, skolen og dei som utviklar prøvene. Systemet vil vere ei betre støtte for implementeringa av fagfornyinga enn dagens system. I tillegg vil systemet kunne gjere sensuren meir påliteleg.

Styrking av fag- og yrkesopplæringa

Regjeringa gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet har våren 2018 fastsett ein ny tilbodsstruktur for yrkesfaga som skal gjelde frå skoleåret 2020–21. Utdanningsprogramma og dei einskilde faga skal bli meir relevante for arbeidslivet, blant anna ved at elevane får høve til å fordjupe seg tidlegare. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å revidere og utvikle nye læreplanar for dei faga som skal endrast. Arbeidet vil skje i samarbeid med partane i arbeidslivet.

I statsbudsjettet for 2019 foreslår regjeringa fleire nye tiltak retta mot yrkesfaga. Faget yrkesfagleg fordjuping(YFF) er eit sentralt verkemiddel for at elevar på yrkesfag skal få praksiserfaring i løpet av dei to åra i skolen. Praksisperiodar i YFF er òg ein vanleg måte å rekruttere lærlingar på. Evaluering av faget viser at det er stor variasjon i korleis YFF blir brukt, og korleis skolar og arbeidsliv samarbeider om planlegging og gjennomføring av faget. Departementet foreslår derfor midlar til å styrke YFF i 2019, blant anna gjennom eit digitalt verktøy som kan brukast til å systematisere samarbeidsavtalar mellom skole og bedrift.

Kunnskapsdepartementet vil auke den forskingsbaserte kunnskapen om fag- og yrkesopplæringa, som grunnlag for politikkutviklinga på feltet og undervisninga i yrkesfaglærarutdanninga. Departementet foreslår å styrke forskinga på kva som gir fag- og yrkesopplæringa framifrå kvalitet i 2019.

Yrkesfaglærerløftet er òg ein sentral del av satsinga til regjeringa på yrkesfaga.

Utvalet om vidaregåande opplæring

Utvalet om vidaregåande opplæring, Liedutvalet, skal i desember i år levere ei delinnstilling som skal beskrive sterke og svake sider ved den vidaregåande opplæringa.

Hovudinnstillinga kjem i desember 2019. Der skal utvalet vurdere og foreslå ulike modellar for vidaregåande opplæring. Dette omfattar innretninga på studiespesialiserande og andre studieforberedande utdanningsprogram, hovudmodellen og ansvarsforholda i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma og overgangar mellom yrkesfag og studieforberedande utdanningsprogram, irekna påbygg til generell studiekompetanse. Utvalet skal komme med forslag til konkrete endringar i strukturen/organiseringa og fagsamansetting.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

302 992

372 786

380 591

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

162 224

203 172

206 019

70

Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21

61 783

66 769

68 705

Sum kap. 0220

526 999

642 727

655 315

Frå 1. januar 2018 er Senter for IKT i utdanninga slått saman med Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har oppgåver innanfor myndigheitsutøving, vurdering, analyse, utvikling, støtte og rettleiing i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. Arbeidet med digitalisering og bruk av IKT-verktøy i det pedagogiske arbeidet skal vere integrert i anna arbeid direktoratet gjer, og i dei statlege tiltaka som blir gjennomførte på utdanningsområdet.

Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel. Det er til dømes mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 231 Barnehagar. Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre kapittel. Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • etatsstyring av fylkesmannen på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • tilskott til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, friskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 226, 227, 228, 231 og 253

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2019

Dei måla som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet. Mål for verksemda til direktoratet i 2019 er som følger:

  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter tar vare på utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skolar og lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremmer utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.

  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket.

  • Barnehageeigarar og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skolane sine og overfor lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar.

Rapport for 2017

Rapportering for 2017 for Senter for IKT i utdanninga står under kap. 224 postane 01 og 21.

Barnehage- og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremmer læring, utvikling og trivsel

Kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring er det området direktoratet bruker mest ressursar på. Dette gjeld tiltak for å auke fagkompetansen hos det pedagogiske personalet og kompetanseheving på til dømes regelverksområdet. Vidareutdanning av lærarar og leiarar i grunnopplæringa er den største enkeltsatsinga – med 277 ulike utdanningstilbod og ein ressursbruk på over 1,3 mrd. kroner i 2017. Kompetansestrategi for framtidas barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling og Kompetanse for kvalitet gir ein heilskapleg styrkt kompetanse, både kollektivt og individuelt, i barnehage og grunnopplæring. Tilbakemeldingane på tilboda frå målgruppene er gode, og deltakarane meiner at tilboda bidrar til betre praksis.

Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

Brukarane av tenestene til Utdanningsdirektoratet er godt nøgde med formidlinga av regelverket frå direktoratet si side. I dei siste åra har direktoratet involvert målgruppene i rettleiings- og støttearbeidet i aukande grad. Det blir tatt utgangspunkt i behova til brukarane, og dei får i større grad tilpassa informasjon. Det har resultert i færre førespurnader på område der direktoratet har jobba særskilt med formidling og presentasjon av regelverket.

I 2017 har direktoratet arbeidd vidare saman med Helsetilsynet om å utvikle eit felles, koordinert tilsyn på temaet meldeplikt til barnevernet . Arbeidet er godt i gang og held fram i 2018.

Fylkesmannen gjennomførte 83 tilsyn på barnehageområdet i 2017. I 76 pst. av tilsyna blei det gitt pålegg om retting. Kommunane må blant anna bli flinkare til å bruke den kunnskapen dei har om barnehagane, til å vurdere behovet for rettleiing og tilsyn, og til å gjere risikovurderingar.

Fylkesmannen gjennomførte 212 tilsyn på opplæringsområdet i 2017. Til saman blei det ført tilsyn med om lag ein tredel av kommunane og fylkeskommunane, og om lag 200 skolar har vore omfatta. I 2017 er det avdekt noko fleire brot på regelverket enn snittet for 2014–17. Temaa for tilsyna er varierte, men det er særleg alvorleg at det skjer brot på regelverket om skolemiljø og enkeltvedtak om spesialundervisning.

Fylkesmannens felles nasjonale tilsyn for perioden 2014–17 med elevane sitt utbytte av opplæringa, kommunane sin forvaltningskompetanse og skolebasert vurdering blei avslutta i 2017 med 160 slike tilsyn.

Stortinget har vore opptatt av tilsynet i barnehagesektoren og har fatta to oppmodingsvedtak om dette, jf. omtale i del I, kap. 3 av vedtak nr. 788, 7. juni 2016, stortingssesjon 2015–16 og vedtak nr. 805, 31. mai 2018, stortingssesjon 2017–18. Direktoratet fekk i 2017 i oppdrag å vurdere tilsynsansvaret til kommunane og bruken av heimelen for fylkesmannen til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar. Vurderinga blei levert frå direktoratet i august 2018 og vil bli følgd opp i 2019. Sjå også omtale av vurderinga i del I, kap. 3 av vedtak nr. 788, 7. juni 2016, stortingssesjon 2015–16.

Barnehage- og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skolane sine og overfor lærebedrifter

Direktoratet formidlar påliteleg og relevant kunnskap i form av forsking og statistikk. Kunnskapsgrunnlaget skal mellom anna sette barnehage- og skoleeigarane i stand til å avdekke kva som fungerer, og kva som er utfordringar, ved deira eigen praksis, og sjå til at rettstryggleiken blir tatt vare på i alle ledd.

Direktoratet arbeider systematisk med å vidareutvikle og formidle kunnskapen. I mange samanhengar blir kunnskap frå pilotprosjekt brukt saman med erfaringar frå sektorane til å utvikle tiltak som blir prøvde ut og evaluerte, for å sjå om tiltaka kan vere nyttige. Døme på slike er

  • modellar for auka fysisk aktivitet på ungdomstrinnet, som blei utvikla i 2017 med påfølgande utprøving i inneverande skoleår (2017–18)

  • «Et lag rundt eleven», som vurderer effekten av auka tverrfagleg samarbeid mellom aktørar i og rundt skolen og styrking av utvalde ressursar. Utprøvinga starta i skoleåret 2017–18

Det er ei utfordring at mykje av den kunnskapen som direktoratet hentar inn og publiserer, ikkje blir tilverka og formidla i tilstrekkeleg grad. Departementet vil vurdere tiltak for å møte denne utfordringa.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 380,6 mill. kroner på posten i 2019. Løyvingsforslaget er redusert med 1 mill. kroner for å gi rom for andre prioriteringar.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220 post 02, jf. forslag til romartalsvedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Løyvinga er knytt til kostnader direktoratet har til utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Drift av IKT-verktøy retta mot sektorane er finansiert over denne posten. Løyvinga finansierer også utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøver innanfor yrkesfaga. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2019

Målet med løyvinga er å gi rom for utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd innanfor ansvarsområdet til Utdanningsdirektoratet.

Rapport for 2017

Arbeidet med å utarbeide eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøver innanfor yrkesfaga blei gjennomført som planlagt.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 206 mill. kroner på posten i 2019. Løyvingsforslaget er redusert med 2 mill. kroner for å gi rom for andre prioriteringar.

Post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 70 er knytt til utvikling av læremiddel. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2019

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon, slik at elevane har tilgang til dei læremidla dei treng. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel, universelt utforma læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Rapport for 2017

Det blei i 2017 gitt tilskott til totalt 43 nye prosjekt med ein samla sum på 65,8 mill. Dette fordeler seg på smale fagområde (12 prosjekt), særskilt tilrettelagde læremiddel (10 prosjekt), universell utforming (9 prosjekt) og læremiddel for språklege minoritetar (12 prosjekt).

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 68,7 mill. kroner på posten i 2019. Dette er ei vidareføring av nivået i 2018.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 30 mill. kroner knytt til post 70, jf. forslag til romartalsvedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Inntekter frå oppdrag

21 157

5 890

6 030

02

Salsinntekter o.a.

3 883

1 231

1 261

Sum kap. 3220

25 040

7 121

7 291

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

14 790

14 810

15 633

Sum kap. 0221

14 790

14 810

15 633

Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og deira felles sekretariat. Sekretariatet er i 2018 flytt frå Oslo til Bø i Telemark.

Funksjonstida til det nåverande FUB var opphavleg ut 2018, men er forlengd ut 2019 av departementet av omsyn til flytteprosessen hausten 2018. Funksjonstida til det nåverande FUG er ut 2019.

Mål for 2019

FUB skal fremme eit godt samarbeid mellom barnehage og heim og ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng. FUG skal fremme eit godt samarbeid mellom skole og heim og ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.

Mål for verksemda til foreldreutvala i 2019 er som følger:

  • Foreldreutvala gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skole og heim.

  • Foreldreutvala gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skole og heim.

  • Foreldreutvala samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skole og heim.

Rapport for 2017

FUB og FUG har halde eit høgt aktivitetsnivå for å fremme eit godt samarbeid mellom høvesvis barnehage og heim og skole og heim. Utvala har gjort synleg foreldreperspektivet og verdien av foreldresamarbeid gjennom dialog med relevante organisasjonar og institusjonar. Dei har deltatt i arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og ved å halde foredrag i ulike forum. Utvala har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. Dei har informert og rettleidd foreldre, barnehagar og skolar ved å utarbeide og distribuere ulikt materiell gjennom direkte møte, utsending eller ved publisering på nettsidene. FUB har i 2017 hatt særleg merksemd på områda mobbing i barnehagen, kvalitet i barnehagen og overgangar. FUG har hatt særleg merksemd på læringsmiljø, tilpassa opplæring, spesialundervisning, lærarutdanning og rektorutdanning.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 15,6 mill. kroner på posten. Dette inkluderer 0,5 mill. kroner til utvikling av informasjonshefte til fleirkulturelle miljø.

Kap. 222 Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

111 289

106 517

108 930

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 165

1 559

1 596

Sum kap. 0222

112 454

108 076

110 526

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane under kapittelet gjeld

  • drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Opplæringa ved Sørsamisk kunnskapspark og dei vidaregåande skolane følger Kunnskapsløftet – Samisk .

Statsbygg har på oppdrag frå Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet greidd ut eit alternativ med samlokalisering av nye lokale for Beaivváš samisk nasjonalteater og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino. Regjeringa vil legge til grunn den samlokaliserte løysinga i det vidare arbeidet med nye lokale for teateret og skolen. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil sette i gang avklaringsfase for forprosjekt av eit samlokalisert bygg.

Mål for 2019

Målet med løyvingane er å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur.

Rapport for 2017

Sørsamisk kunnskapspark

Sørsamisk kunnskapspark, tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg, tilbyr fjernundervisning og språksamlingar for elevar som har rett til språkopplæring i samisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i sin eigen kommune. I skoleåret 2017–18 fekk 29 elevar fjernundervisning i sørsamisk og elleve elevar fjernundervisning i nordsamisk. Dette er ein nedgang på fem elevar frå året før. Kunnskapsparken hadde 19 vaksenopplæringselevar i sørsamisk i skoleåret 2017–18.

Samiske vidaregåande skolar

Skolane har både heiltidselevar og deltidselevar. Begge skolane er opne for elevar frå heile landet. Skolane har ei ordning med vertsfamiliar for dei yngste tilreisande elevane. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk.

I skoleåret 2017–18 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 118 fulltidselevar og sju deltidselevar. I skoleåret 2016–17 hadde skolen 136 fulltidselevar og 13 deltidselevar. Skolen gir også eksternt finansierte kurs.

Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde i skoleåret 2017–18 83 fulltidselevar og elleve deltidselevar. I 2016–17 hadde skolen 90 fulltidselevar og 26 deltidselevar.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark er det i 2017 utbetalt 0,9 mill. kroner i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2018.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

02

Salsinntekter o.a.

11 047

7 846

8 033

Sum kap. 3222

11 047

7 846

8 033

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning.

Kap. 223 Sametinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Tilskott til Sametinget

42 551

46 599

Sum kap. 0223

42 551

46 599

Post 50 Tilskott til Sametinget

Tilskottet har finansiert utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av ordinære og tilrettelagde læremiddel på samiske språk, arbeid med samiske læreplanar og råd og rettleiing om samisk opplæring.

Rapport for 2017

Sametinget har som hovudmål for grunnopplæringa at den samiske befolkninga har den rette kunnskapen, kompetansen og dugleiken for å bevare og utvikle det samiske samfunnet. For å nå dette målet har Sametinget mellom anna arbeidd for samiske elevar sin rett til samiskopplæring og skolens innhald og verdigrunnlag. Sametinget gir også informasjon og rettleiing til elevar, foreldre og skoleeigarar som har førespurnader om grunnopplæringa. Førespurnadene, som aukar i omfang, er i hovudsak knytte til tilbod om samisk opplæring.

Det er stadig mangel på samiske lærarar og samiske læremiddel på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Særleg vanskeleg har det vore å utvikle lulesamiske læremiddel, fordi det er stor mangel på dei som forfattar, les korrektur på og omset desse. Sametinget gir informasjon om samiske læremiddel gjennom læremiddelsentralen i Sametinget og læremiddelportalen Ovttas.no.

Budsjettforslag for 2019

Sametinget og regjeringa er blitt einige om at det frå 2019-budsjettet blir etablert ei budsjettordning der overføringane til Sametinget over statsbudsjettet i utgangspunktet blir samla på éin budsjettpost. Regjeringa foreslår derfor å rammeoverføre 47,9 mill. kroner frå kap. 223 post 50 til kap. 560 Samisk språk, kultur og samfunnsliv, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

69 294

21

Særskilde driftsutgifter

27 580

Sum kap. 0224

96 874

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Senter for IKT i utdanninga blei slått saman med Utdanningsdirektoratet frå 1. januar 2018, jf. omtale under kap. 220.

Rapport for 2017

Auka digital kompetanse hos tilsette i barnehagen og grunnopplæringa

Senteret har hatt ulike verkemiddel knytte til kompetanseutvikling for ulike målgrupper i sektoren. Dette gjeld til dømes satsinga Rammeverk for profesjonsfaglig digital kompetanse og ei rekke nettbaserte rådgivings- og rettleiingsressursarsom mellom anna iktplan.no. Senteret har fått gode tilbakemeldingar frå sektorane på dei tiltaka det har gjennomført, noko som tyder på at tiltaka blir oppfatta som nyttige.

Auka kvalitet i det pedagogiske arbeidet med digitale dugleikar hos barn og unge

Senteret har òg i 2017 utvikla og vidareutvikla digitale ressursar retta mot barn og unge. Det omfattar verktøy knytte til digital dømmekraft, personvern og medverknad i tillegg til faglege nettressursar.

Iktipraksis.no er ein nettportal der lærarar kan dele digital pedagogisk praksis og lære av kvarandre. I 2017 har senteret gjort portalen tilgjengeleg for studentar ved lærarutdanningane for å gi dei erfaring med open digital deling og kompetanse i digital produksjon og distribusjon. Spreiingseffekten av tenesta er styrkt gjennom å kople ho til iktplan.no .

Auka kvalitet på infrastrukturen og dei administrative prosessane i sektorane

I 2017 har senteret arbeidd for å etablere nasjonale fellesløysingar og standardar som bidrar til å sikre effektivitet og kvalitet innanfor og på tvers av forvaltningsnivå og på tvers av sektorane. I dag nærmar vi oss full dekning av Feide (Felles Elektronisk IDEntitet) i grunnutdanninga. Feide er eit godt døme på ei kostnadseffektiv, nasjonal og sektoroverskridande fellesløysing med 120 millionar påloggingar i 2017. Senteret sluttførte eit pilotprosjekt med tanke på å teste ut korleis skoleeigarar kan nytte Dataporten. Som ein del av pilotprosjektet blei det blant anna gjennomført ein samfunnsøkonomisk analyse som støtta å etablere Feide 2.0 for grunnopplæringa. Som resultat av pilotprosjektet har det blitt vedteke at Feide 2.0 skal implementerast i grunnopplæringa. Tiltaket er ein del av Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021 og satsinga Den teknologiske skolesekken .

Tenesta Utdanning.no er i 2017 styrkt som nasjonal portal og nettløysing for utdannings- og karriererettleiing gjennom auka kjennskap og auka bruk. 95 pst. av brukarane av Utdanning.no omtaler tenesta som «god» eller «svært god». I tilknyting til tenesta er det utvikla verktøy for enklare identifisering av lærebedrifter m.m.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

9 006

Sum kap. 3224

9 006

Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd. Frå 2018 er løyvinga flytt til kap. 3220 post 01.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

23 398

22 855

23 246

21

Særskilde driftsutgifter

99 792

104 262

106 749

60

Tilskott til landslinjer

222 044

222 091

230 867

62

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

24 321

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa , kan overførast

55 869

67 349

71 038

64

Tilskott til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

309 894

111 351

52 991

65

Rentekompensasjon for skole- og svømmeanlegg , kan overførast

232 643

199 608

274 477

66

Tilskott til leirskoleopplæring

48 166

52 863

54 343

67

Tilskott til opplæring i finsk

8 414

8 925

8 978

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

279 400

287 542

294 663

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

124 555

70

Tilskott til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

59 439

61 096

62 868

71

Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

30 157

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

5 490

6 290

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

14 149

18 228

74

Prosjekttilskott

23 636

9 908

10 195

75

Grunntilskott

78 024

80 787

Sum kap. 0225

1 561 367

1 250 392

1 271 202

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som fylkesmannen har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har tatt på seg sensoroppdrag ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagebehandling). Fylkesmannen utbetaler midlane. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-25 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og vidaregåande opplæring, inkludert den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og elektroniske prøve- og eksamenstenester blir finansierte av løyvinga på kap. 220 post 21.

Mål for 2019

Målet med løyvingane er å medverke til at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2017

Våren 2017 blei det gjennomført om lag 75 600 eksamenar i grunnskolen og om lag 183 100 eksamenar i vidaregåande opplæring. Av desse var 169 400 eksamenar sentralt gitt eksamen med sentral sensur. Hausten 2017 blei det gjennomført om lag 36 900 eksamenar i vidaregåande opplæring, og 27 800 av desse var eksamen med sentral sensur. Det blei behandla om lag 1 200 klager i grunnskolen og om lag 13 000 klager vår og haust for sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring. Totalt var det om lag 1 200 sensorar som deltok i sensorarbeidet i grunnskolen og 2 500 i vidaregåande opplæring for sentralt gitt eksamen med sentral sensur.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2018. Løyvingsforslaga for dei to postane utgjer til saman 130 mill. kroner.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Tilskottet skal gå til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2017

Kapasiteten i skoleåret 2017–18 var på 1 600 heilårsplassar fordelte på 49 landslinjer. Hausten 2017 brukte fylkeskommunane 84 pst. av kapasiteten ved alle landslinjene. For våren 2018 var talet 81 pst. I dei siste åra har i overkant av 80 pst. av kapasiteten blitt utnytta.

Budsjettforslag for 2019

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner som følge av budsjettvedtak for tidlegare budsjettår om å opprette nye landslinjer. Dette gjeld

  • 0,8 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg2-tilbodet og hausteffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i skiskyting som blei oppretta hausten 2017 ved Stryn vidaregåande skule

  • 0,8 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg2-tilbodet og hausteffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i friidrett som blei oppretta hausten 2017 ved Steinkjer videregående skole

  • 0,9 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg1-tilbodet og hausteffekten av Vg2-tilbodet for landslinja i jazz som blei oppretta hausten 2018 ved Molde videregående skole

Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 63 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Sameskolen i Snåsa hadde 22 elevar hausten 2017, mot 17 elevar året før. I tillegg fekk fem elevar ved Snåsa ungdomsskole undervisning ved sameskolen. Sju elevar fekk fjernundervisning, det same talet som året før. Sameskolen i Målselv hadde 24 elevar hausten 2017, mot 17 elevar året før. I tillegg fekk sju elevar fjernundervisning, det same talet som året før.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samiskopplæring i grunnskolen, ei ordning for samiskopplæring i den vidaregåande opplæringa og ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i heile grunnopplæringa.

Mål for 2019

Tilskottet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova, og til at lærarar får auka kompetanse i samiske språk.

Rapport for 2017

Talet på elevar som vel samisk språk i grunnskolen, har auka frå 2014 til 2017, jf. tabellen under.

Tabell 4.2 Tal på grunnskoleelevar som har samisk som første- og andrespråk

Skoleår

2014–15

2015–16

2016–17

2017–18

Samisk som førstespråk

915

882

927

935

Samisk som andrespråk

1 201

1 282

1 197

1 333

Totalt

2 116

2 164

2 124

2 268

Endring frå året før i pst.

–0,5

2,3

–1,8

6,8

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Våren 2018 var det i alt 288 elevar/lærlingar som fekk opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og frittståande vidaregåande skolar. Dette er ein auke på åtte elevar samanlikna med året før.

I 2017 blei det berre utbetalt 0,4 mill. kroner til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for grunnopplæringa. Til samanlikning blei det i 2016 tildelt eit tilskott på 1 mill. kroner og 1,5 mill. kroner i 2015.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 71 mill. kroner på posten. Det er rekna med ein reell auke i løyvingsbehovet på 1,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Løyvinga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiegjensameining. Løyvinga inkluderer tilskott til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskottsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet.

Mål for 2019

Tilskottet skal bidra med finansiering til kommunar og fylkeskommunar som sørger for at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Rapport for 2017

Til saman 8 111 barn som var busette i mottak, omsorgssenter eller som budde privat, fekk grunnskoleopplæring i skoleåret 2016–17. Det er ein reduksjon på 1 887 elevar i høve til skoleåret 2015–16. 526 personar i aldersgruppa 16–18 år fekk vidaregåande opplæring i 2016–17, mot 145 i 2015–16.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 53 mill. kroner på posten i 2019. Det er ein reduksjon på 58,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018, som følge av ein venta reduksjon i talet på barn og unge som søker opphald i Noreg.

Post 65 Rentekompensasjon for skole- og svømmeanlegg, kan overførast

Mål for 2019

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitte i perioden 2002–16. Målet med å gi tilsegnene har vore å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skoleanlegg, og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.

Rapport for 2017

Det blei utbetalt 232,6 mill. kroner i rentekompensasjon for skole- og svømmeanlegg i 2017.

Budsjettforslag for 2019

Endra renteføresetnader gir ein auke i løyvingsbehovet på 74,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Dette blir i retningslinjene for tilskottet definert som leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng. Tilskottsordninga skal bidra til å dekke utgifter kommunane har til leirskoleopplæring ved leirskoleopphald. Kommunane har ansvaret for å finansiere sjølve leirskoleopphaldet.

Frå 2018 er det Utdanningsdirektoratet som reknar ut og utbetaler tilskottet for å frigjere administrative ressursar hos fylkesmannen og i kommunane.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Rapport for 2017

Rapporteringa frå fylkesmennene viser at det i 2017 blei innvilga tilskott til leirskoleopplæring for i alt 52 060 grunnskoleelevar. Dette utgjer om lag åtte pst. av gjennomsnittleg elevtal i kommunale og fylkeskommunale grunnskolar for skoleåra 2016–17 og 2017–18. Sidan grunnskolen omfattar ti årstrinn, er det eit mål for tilskottsordninga at om lag ti pst. av elevane drar på leirskole kvart år. Rapporteringa frå fylkesmennene gir grunn til å tru at dei fleste, men ikkje alle, elevane får eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Nokre av fylkesmennene opplyser om at det er kommunar i fylket som ikkje sender elevar på leirskole.

Stortinget har fatta eit oppmodingsvedtak som gjeld minoritetselevar og deltaking på overnattingsturar i regi av skolen, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 480, 11. februar 2016, stortingssesjon 2015–16. Departementet har gitt oppdrag i tildelingsbrevet for 2018 til Utdanningsdirektoratet om å innhente kunnskap om utfordringsbiletet og vurdere tiltak når det gjeld denne problemstillinga. Det manglar formell rapportering om omfanget av problemet, og det vil derfor bli stilt spørsmål om utfordringsbiletet og behovet for støttemateriell om overnattingsturar i Spørsmål til Skole-Norge hausten 2018. På bakgrunn av kunnskapsinnhentinga skal direktoratet vurdere om det bør bli utarbeidd støttemateriell, eventuelt på fleire språk, for god dialog mellom skole og heim om overnattingsturar.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på posten på same nivå som i 2018.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring, og ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i finsk for lærarar i grunnskolen.

Mål for 2019

Løyvinga skal bidra med finansiering til kommunar og frittståande grunnskolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å bidra med finansiering til fylkeskommunar og frittståande vidaregåande skolar som gir finskopplæring til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen.

Rapport for 2017

Talet på elevar som vel finsk som andrespråk i grunnskolen, er redusert i dei seinare åra. Elevtalet hausten 2017 var 538 elevar, noko som er ein reduksjon på 15 elevar i høve til 2016.

Våren 2018 var det i alt 13 elevar som fekk opplæring i finsk i vidaregåande opplæring. Det er like mange som i 2017.

Det har i dei seinare åra vore relativt få som har søkt på ordninga med studiepermisjonar for vidareutdanning i finsk for grunnskolen. I 2017 blei det likevel innvilga eit samla tilskott på 0,9 mill. kroner til to studieheimlar. Det var heile ramma for ordninga.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 9 mill. kroner på posten. Det er rekna med ein reell reduksjon i løyvingsbehovet på 0,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga skal bidra til den opplæringa som dei innsette har rett og plikt til under gjennomføring av straffa. Fylkeskommunane har ansvar for opplæringa i norske fengsel, og dei vidaregåande skolane står for den praktiske gjennomføringa.

Deloitte har evaluert tilskottsordninga. Dei konkluderer mellom anna med at det er alvorlege svakheiter knytte til kriteria for fordeling av tilskottet mellom fylkeskommunane. Fordelinga er i dag i stor grad basert på historikk, og kan ikkje forklarast av talet på innsette eller rapporterte elevar. Samstundes kjem det fram at dagens modell krev mykje administrasjon, særleg ute i skoleavdelingane.

Departementet vil som ei følgje av funna i evalueringa endre kriteria for fordelinga av tilskottet mellom fylkeskommunane. Endringa vil gjelde frå 2019 med ein overgangsperiode på fem år. Målet med omlegginga er at fylkeskommunane og skolane skal bruke mindre tid på administrasjon, at ordninga blir meir føreseieleg, og ei rimeleg fordeling mellom fylkeskommunane. Fylkeskommunane kan sjølve bestemme korleis tilskottet skal fordelast i det einskilde fylke.

Frå 2019 vil tilskottet bli fordelt mellom fylkeskommunane på grunnlag av talet på soningsplassar i det einskilde fylke. Soningskapasitet er eit enkelt og føreseieleg kriterium, og vil effektivisere ordninga ved å gjere det enklare å budsjettere og rapportere. Soningskapasiteten er relativt stabil og fast over tid. Deloittes utrekningar viser at soningskapasitet er ein god indikator på dei utgiftene fylkeskommunane har til opplæring i kriminalomsorga. Departementet har vurdert om talet på elevar/innsette skal takast med i utrekninga. Dette vil gjere ordninga meir komplisert og mindre føreseieleg, samstundes som fordelinga mellom fylka i liten grad blir endra samanlikna med ein modell basert på soningskapasitet. Departementet ønskjer derfor ikkje å gå vidare med ein slik modell.

Fylkeskommunar med særskilde oppgåver vil få særskilt tilskott for tilbod som ungdomseiningar, oppfølgingsklassar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU), eining for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og den felles IKT-løysinga Desktop for skolen (DFS).

Endringane i tildelingskriteria vil føre til at einskilde fylkeskommunar får meir tilskott, medan andre får mindre. Endringane vil bli gjennomførte over fem år, slik at ikkje fylkeskommunane opplever store endringar i tilskottsnivået frå eitt år til eit anna. Departementet vil følge utviklinga ved ny ordning slik at det eventuelt kan gjerast justeringar i tildelingskriteria om det er nødvendig.

Nye retningslinjer for tilskottsordninga vil klargjere at mottakarane av opplæring er elevar med rett til opplæring etter lova. Opplæringa skal vere basert på læreplanmål frå Kunnskapsløftet. Den økonomiske forvaltninga av ordninga skal flyttast frå Fylkesmannen i Hordaland til Utdanningsdirektoratet. Dette vil bidra til ei digitalisering og effektivisering av ordninga.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er at innsette som ikkje har fullført grunnskolen eller vidaregåande skole, og som har rett til og ønsker slik opplæring, får det. I tillegg skal lauslatne kunne fullføre opplæring som er byrja under soning. Opplæringa skal knytast til kompetansemål frå læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggande dugleikar.

Rapport for 2017

Det er etablert opplæringstilbod for innsette i alle fengsla i Noreg. I tillegg finst det oppfølgingsklassar for å lette overgangen etter lauslating ti stader i landet.

I overkant av 10 500 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i 2017. Dette er noko færre enn i 2016. Også i 2017 har det blitt fleire som tar opplæring på deltid. Ei mogleg forklaring er at fleire domfelte som har etablert tilknyting til arbeidsliv eller utdanning, får sone utanfor fengsel (til dømes soning med fotlenke / elektronisk kontroll).

Tabell 4.3 Talet på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelte etter opplæringstype

2016

2017

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Grunnskole

12

18

188

38

34

3

126

71

Vidaregåande skole

1 013

366

2 512

559

670

223

3 011

623

Arb.kvalifiserande kurs

678

42

1 864

235

527

31

2 239

150

Andre kurs

283

33

4 455

724

142

16

3 813

494

Fagskole 1

43

24

6

31

22

7

Høgskole/universitet 1

177

44

19

149

42

16

Sum

1 986

525

9 019

1 580

1 373

337

9 189

1360

Reg. elevar: Kor mange som har fått opplæring i løpet av kalenderåret

Gj.snitt: Gjennomsnittleg tal på elevar baserte på fire rapporteringstidspunkt i løpet av året

1 Totaltal for fagskole og høgskole/universitet er ikkje differensierte etter heiltid/deltid. Tala er ikkje med i utrekninga av totaltal på elevar.

Kjelde:  Fylkesmannen i Hordaland

Budsjettforslag for 2019

Desktop for skolen (DFS) er eit IKT-system som skal møte dei krava kriminalomsorga har til sikkerheit i fengsel, og som skal legge til rette for at skolen kan ta i bruk digitale verktøy i opplæringa. Utdanningsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet har gjort ei vurdering av korleis dagens system fungerer. Dei konkluderer med at dagens løysing ikkje fungerer på akseptabelt nivå i forhold til dei systema som blir nytta i opplæringa utanfor fengsla. Det er særleg utfordrande at det ikkje finst naudsynt programvare og funksjonalitet for elevar med større og særlege tilretteleggingsbehov. Kunnskapsdepartementet vil følge opp saka i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet. Det er nødvendig å sette i verk tiltak også på kort sikt, mellom anna for å sikre stabil drift av systemet. Departementet vil finansiere dette innanfor løyvinga på posten i 2019.

Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei tilskottet auka med 5 mill. kroner, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Auken var knytt til mellombels bruk av dubleringsplassar etter at avtalen med Nederland om leie av plassar i Norgerhaven fengsel gjekk ut 31. august 2018. Som følge av dette foreslår departementet å auke løyvinga med 8,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018. Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Justis- og beredskapsdepartementet av endringar i strukturen i kriminalomsorga. Som følge av planlagde nedleggingar av fengselsplassar foreslår departementet å redusere løyvinga med 5,9 mill. kroner.

Departementet foreslår vidare å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner for å gi rom for andre prioriteringar.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 7,1 mill. kroner.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Heile investeringsramma som blei fastsett da ordninga blei oppretta i 1997, er nå nedbetalt. Tilskottsordninga er dermed avslutta.

Rapport for 2017

I 2017 blei det samla utbetalt 124,6 mill. kroner i kompensasjon.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

Målgruppa for tilskottet er lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, og/eller som har svake norskdugleikar og har budd kort tid i Noreg.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har evaluert tilskottsordninga, og rapporten blei levert i mai 2018. Evalueringa gir ikkje eit svar på om fleire sårbare elevar får læreplass og fullfører utdanninga si som følge av tilskottet. NIFU fann at fleire fylkeskommunar bruker tilskottet til å finansiere spesialundervisning for lærekandidatar, som kan ha rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 4-2. Det er fylkeskommunen som har plikt til å oppfylle retten og dekke kostnadene. Det gjeld også når lærekandidaten er under opplæring i bedrift.

Evalueringa peiker på at det er behov for endringar i forvaltninga og innretninga av ordninga. Utdanningsdirektoratet har allereie forenkla og effektivisert søknadsprosessen frå 2018. Mellom anna treng ikkje fylkeskommunane lenger å sende dokumentasjon knytt til søknadene til direktoratet. Direktoratet vurderer ytterlegare tiltak for å forenkle søknadsprosessen mellom lærebedriftene/opplæringskontora og fylkeskommunane.

Departementet foreslår at tilskottsordninga blir ført vidare. Det å sikre elevar med særskilde behov læreplass slik at dei kan ta del i arbeidslivet, er ei viktig prioritering for regjeringa. Departementet vil endre retningslinjene frå 2019 for å gjere det klart at fylkeskommunane ikkje kan nytte tilskottet til å finansiere spesialundervisning for lærekandidatar. Det er òg behov for å vurdere endringar i ordninga for å gjere henne meir treffsikker, slik at ho betre støttar opp under måla i regjeringas inkluderingsdugnad.

Mål for 2019

Tilskottsordninga skal stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Målet er å gi ungdommar under 25 år betre høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Rapport for 2017

Tabell 4.4 Talet på søknader om tilskott for lærlingar og lærekandidatar i perioden 2009–17

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lære- kandidatar

2009

278

159

119

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

2013

551

214

337

2014

626

226

400

2015

855

301

554

2016

952

344

608

2017

971

383

588 1

1 To søknader gjaldt praksisbrevkandidatar

Kjelde:  Utdanningsdirektoratet

Søknader om tilskott for lærekandidatar utgjorde i 2017 61 pst. av søknadene. Tilskottet har auka vesentleg i dei siste åra for å stette auken i talet på søknader. Tilskottet i 2017 blei avkorta med 35 pst. for alle tilskottsmottakarane, fordi samla timetal for alle søkarane oversteig det talet som låg til grunn for løyvinga.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Storleiken på tilskottet blir avkorta dersom samla timetal for alle søkarane overstig budsjettet for ordninga.

Post 71 Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

Tilskottet blei flytt til kap. 225 post 75 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen (FKS) og Samarbeidsforum for estetiske fag (SEF) har i 2017 arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskolane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskottsmottakar har fordelt ein del av det tilskottet dei fekk, vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt. Døme på prosjekt som har fått midlar, er Ungdommens musikkmeisterskap (UMM), Kykeliky – kultur for dei yngste og Kunsten i skolen – korleis har den det og korleis kan den vitaliserast?.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

Rapport for 2017

Ein stor del av tilskottet gjekk til Noregs bidrag til EUs utdannings- og informasjonssenter for yrkesopplæringa, Cedefop.

Den 84. internasjonale sesjonen for Det europeiske ungdomsparlament blei i 2017 arrangert i Trondheim og Røros, med 220 delegatar frå ulike europeiske land.

Budsjettforslag for 2019

Tilskottet blir forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU). Kunnskapsdepartementet foreslår at midlane på posten, 6 mill. kroner, blir førte over til kap. 280 post 50 saman med andre tilskott som DIKU forvaltar. Løyvinga er foreslått redusert med 0,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018, som følge av endra valutaføresetnader. Sjå òg budsjettforslag under kap. 280 post 50.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Rapport for 2017

Etter avtale mellom Noreg og Frankrike kan Noreg kvart år sende 22 elevar per årskull til utvalde franske lycé. Tilbodet er på vidaregåande nivå, og elevane får fransk baccalauréat, i tillegg til opplæring i norsk og samfunnsfag. Det kom inn 67 søknader til skoleplassane i 2017.

United World Colleges (UWC) gir elevar som er ferdige med første året på vidaregåande skole, høve til å ta Internasjonal Baccalaureat (IB). Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til UWC-skolane, 30 elevar til utlandet og ti elevar til skolen i Noreg. Det kom inn 149 søknader i 2017, ein auke på 20 pst. frå 2016.

Trollstipend er ei ordning der franskklassar og lærarar i fransk kan få støtte til studieopphald i Frankrike. I 2017 fekk totalt 33 elevgrupper og 15 lærarar stipend.

Budsjettforslag for 2019

Tilskottet blir forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU). Kunnskapsdepartementet foreslår at midlane på posten, 18,8 mill. kroner, blir førte over til kap. 280 post 50 saman med andre tilskott som DIKU forvaltar. Sjå budsjettforslag under kap. 280 post 50.

Post 74 Prosjekttilskott

Mål for 2019

Formålet med tilskottsordninga er å stimulere organisasjonane til å sette i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane skal ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak skal nå flest mogleg elevar og skolar.

Rapport for 2017

Følgande organisasjonar fekk tildelt midlar frå tilskottsordninga for private og frivillige organisasjonar i 2017: Stiftinga Magasinett, Stiftinga Pirion, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Landslaget for norskundervisning, MOT, Ungt Entreprenørskap Norge, Sex og Politikk, FRI – Rosa kompetanse skole, Skeiv Ungdom, Blikk AS, Foreningen !les, Antirasistisk Senter, Det Europeiske Wergelandsenteret, Leser søker bok, UNICEF-komitéen i Noreg, Barnevakten, Forandringsfabrikken, Dysleksi Norge, Norges Blindeforbund, Elevorganisasjonen, Operasjon Dagsverk, First Scandinavia, WordSkills Norway, Norges Sjakkforbund og Teknisk Senter AS. Samla tildeling var 23,2 mill. kroner i 2017.

Frå prosjektstøtteordninga til interesseorganisasjonar for funksjonshemma fekk følgande organisasjonar tildelt tilskott i 2017: Foreningen for muskelsyke, Dysleksi Norge og ADHD Norge. Samla tildeling var 0,5 mill. kroner i 2017.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Departementet vil at prosjekt som bidrar til å styrke grunnleggande dugleikar og/eller arbeidet mot mobbing, skal prioriterast i behandlinga av søknader.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2018, jf. Innst. 12 S (2017–2018), blei det øyremerkt 1 mill. kroner til samiske organisasjonar som arbeider mot mobbing. Denne øyremerkinga skal førast vidare i 2019.

Post 75 Grunntilskott

Mål for 2019

Under følger omtale av måla for dei tilskottsordningane som det blir foreslått å finansiere av løyvinga.

Grunntilskott til organisasjonar mv.

Målet med ordninga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale organisasjonar og aktørar som på ein særskild måte bidrar til å nå sektormåla for grunnopplæringa.

Organisasjonane som departementet foreslår å gi tilskott til i 2019, er nemnde under budsjettforslaget for posten.

Grunntilskott til NAROM

NAROM AS er eit nasjonalt senter for alle utdanningsnivåa innanfor romrelatert opplæring. NAROM bruker den etablerte infrastrukturen ved Andøya Space Center (ASC) og Alomar Observatory, som er eit atmosfæreobservatorium på Andøya.

Målet med tilskottet er å støtte opp under arbeidet til NAROM med å bidra til rekruttering til norsk romverksemd og skape større interesse for real- og teknologifaga. Senteret skal òg arbeide med å få ein posisjon for Noreg innanfor internasjonalt samarbeid om romopplæring.

Grunntilskott til friskoleorganisasjonane

Målet med tilskottsordninga er at friskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine.

Grunntilskott til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa

Tilskottsmottakarar er Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag med medlemsorganisasjonane deira. Tilskottet skal medverke til å finansiere drifta for tilskottsmottakarane og felles utviklingsarbeid på området.

Målet med tilskottsordninga er å bidra til høgre kvalitet i kulturskolen og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 80,8 mill. kroner i 2019.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21. Flyttinga gjeld tilskott som Blå Kors tidlegare har fått til tilbodet Snakk om mobbing over kap. 226 post 21.

Departementet vil at følgande organisasjonar skal få grunntilskott frå løyvinga på posten i 2019:

  • Elevorganisasjonen: 2,9 mill. kroner

  • Operasjon Dagsverk: 0,6 mill. kroner

  • First Scandinavia: 7,6 mill. kroner

  • WorldSkills Norway: 3,9 mill. kroner. Dette er ein auke med 0,8 mill. kroner i høve til 2018.

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner og Unge funksjonshemmede: totalt 1,3 mill. kroner

  • Foreningen Norden: 1,1 mill. kroner

  • Norsk håndverksinstitutt: 6,2 mill. kroner

  • Ungt entreprenørskap: 0,5 mill. kroner

  • Forandringsfabrikken: 1 mill. kroner

  • Blå Kors, Snakk om mobbing : 3 mill. kroner

  • Teknisk Senter, Flekkefjord: 0,8 mill. kroner

  • NAROM: 16,2 mill. kroner. Dette er ein auke med 0,8 mill. kroner i høve til 2018.

  • Friskoleorganisasjonar: 0,8 mill. kroner

  • Blikk AS: 0,2 mill. kroner

  • Grunntilskott til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa: 34,9 mill. kroner

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

77 594

55 119

19 734

Sum kap. 3225

77 594

55 119

19 734

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving på kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjente utgifter er rekna til 19,7 mill. kroner i 2019.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

848 071

1 040 466

1 146 268

22

Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar

1 333 937

1 646 791

1 625 098

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

49 000

50

Nasjonale senter i grunnopplæringa

88 880

60

Forsking på tiltak for betre kvalitet i barnehagen og grunnopplæringa

41 888

43 024

44 229

62

Tilskott for auka lærartettleik

236 055

63

Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn

1 296 211

1 529 048

1 538 587

70

Tilskott til NAROM

15 000

71

Tilskott til vitensenter

54 832

65 185

67 075

Sum kap. 0226

3 914 874

4 324 514

4 470 257

Skoleeigarane har hovudansvaret for å utvikle kvaliteten på opplæringa i skolar og lærebedrifter. Regjeringa legg stor vekt på å støtte og rettleie skolar og skoleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Delar av løyvingane på postane 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og hos andre statlege aktørar som er knytte til drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Ansvaret for forvaltninga av midlane på kapittelet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegerte til direktoratet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Omtalen av denne posten bør sjåast i samanheng med omtalen under kap. 220 postane 01 og 21. Drifta av Utdanningsdirektoratet og dei faste oppgåvene som direktoratet har fått delegert, skal sikre og støtte tiltak for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa.

Løyvinga på posten finansierer blant anna kompetanseutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, tiltak for styrking av fag- og yrkesopplæringa og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, blant anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering. Offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned, får også dekt utgiftene sine på denne posten. Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen og til tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Ein mindre del av posten blir tildelt private aktørar etter kunngjering.

Mål for 2019

Midlane på posten skal medverke til å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa og nå dei sektormåla som departementet har bestemt, jf. omtale av desse i kategoriinnleiinga.

Rapport for 2017

Samla blei det nytta 848 mill. kroner over posten i 2017. Hovuddelen av midlane gjekk til ulike kompetanseutviklingstiltak. Tabellen under viser dei største tiltaka og satsingane.

Tabell 4.5 Dei største satsingane/tiltaka som blei finansierte av løyvinga på kap. 226 post 21 i 2017

Satsing/tiltak

Beløp (mill. kroner)

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

95

Ungdomstrinn i utvikling

75

Realfagsstrategi og realfagskommunar

60

Språk-, lese- og skrivestrategi

30

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa

68

Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) 2014–23

35

Yrkesfaglærerløftet

50

Inkluderande barnehage- og skolemiljø

48

Handhevingsordninga for mobbesaker

16

Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PPT

28

Rettleiarkorpset og oppfølgingsordninga

31

Tilskott til permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar

30

Karrierevegar for lærarar

23

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

6,5

Vurdering for læring

8

Kompetanse for mangfald

21

Forsøk med gratis deltidsplass i SFO

21

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo Sør

10,5

Svømmeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

8,5

Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa

10

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Målet med ordninga er å møte dei lokale utfordringane meir treffsikkert. Sjå også omtale under kategoriinnleiinga. I 2017 blei 88 mill. kroner fordelte til samarbeidsforum i alle fylka etter lærarårsverk. Desse midlane blei nytta til ulike kompetansetiltak. Kommunar, private eigarar, universitet og høgskolar samarbeider om innhald og organisering. Blant tema som peikte seg ut i 2017, var inkluderande barnehage- og skolemiljø, arbeid med fagfornyinga, grunnleggande ferdigheiter, ny overordna del i læreplanen og leiing av kompetanseutvikling. 7 mill. kroner blei nytta til å styrke rolla til fylkesmannen som forvaltar av midlane til kommunane.

Ungdomstrinn i utvikling

Målet med Ungdomstrinn i utvikling (2012–2017) har vore å utvikle skolens felles kunnskap, haldningar og dugleikar når det gjeld læring, undervisning og samarbeid. Dette har vore ei nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Over 1 000 skolar med ungdomstrinn har deltatt i satsinga. Delrapportar frå evalueringa viser mellom anna at satsinga har bidratt til ein meir kollektiv kultur i skolane. Deltakarane frå universitet og høgskolar og skolesektoren har fått meir forståing for felta til kvarandre. Satsinga kan dermed ha lagt eit grunnlag for det vidare samarbeidet mellom skoleeigarar og universitet og høgskolar i desentralisert ordning for kompetanseutvikling. Sluttrapporten frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) kjem i desember 2018.

Realfagsstrategi og realfagskommunar

Målet med Tett på realfag – nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019) er at barn og unge skal bli betre i realfag. I 2017 blei det nytta 60 mill. kroner til tiltaket over denne posten. Sjå også omtale under kap. 231 post 21.

Realfagskommunar er eit hovudtiltak i strategien. I 2017 deltok 54 kommunar i prosjektet. Kommunane får fagleg og økonomisk støtte til etablering og drift av lokale realfagsnettverk for barnehage og grunnskole. Dei utarbeider også sin lokale realfagsstrategi med utgangspunkt i lokale og nasjonale mål og utfordringar. Det er sett i gang ei følgjeevaluering av dei to første puljane av realfagskommunar, og sluttrapporten blei publisert i 2018. Evalueringa viser at tiltaket har vore vellykka fordi ordninga har vore nær innpå praksis og tar utgangspunkt i lokale føresetnader og behov.

Språk-, lese- og skrivestrategi

Målet med Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) er at barn og elevar skal få betre dugleikar i språk, lesing og skriving. I 2017 blei det brukt 30 mill. kroner på strategien over denne posten. I tillegg blei det nytta midlar over kap. 231 post 21. Midlane gjekk i hovudsak til språkkommunar. Ein språkkommune må arbeide systematisk for å forbetre barn og unges dugleik i språk, lesing og/eller skriving, frå barnehage til fullført grunnskole eller til fullført vidaregåande opplæring. Språkkommunane mottar støtte og kompetanse frå Utdanningsdirektoratet og nasjonale senter til å utvikle lokale strategiar for arbeid med språk-, lese og skriveopplæring. I 2017 fekk 28 kommunar status som språkkommune. Delrapporten frå evalueringa av strategien konkluderer med at tiltaka verkar i tråd med intensjonen. Dei fører til auka kompetanse hos personalet i barnehagane og skolane. Tiltaka fører også til høgre prioritering av arbeid med språk-, lese- og skrivedugleik i kommunane. Skole- og barnehagepersonalet som deltok i undersøkinga, seier at Språkløyper fører til endra og betre praksis.

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa

Målet med kvalitetsvurderingssystemet er å få kunnskap om læringsresultat, gjennomføring og læringsmiljø slik at opplæringa i skolen kan bli betre. Kvalitetsvurderingssystemet består av eit kunnskapsgrunnlag, verktøy, rutinar og tiltak. I 2017 blei det nytta 68 mill. kroner til systemet.

Stortinget har bedt om ein gjennomgang av kvalitetsvurderingssystemet sett opp mot fagfornyinga, jf. omtale i del I, kap. 3, av oppmodingsvedtak nr. 886, 11. juni 2018, stortingssesjon 2017–18.

Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) 2014–2023

Målet med FINNUT er å utvikle ny kunnskap av høg kvalitet, bidra til å fornye forskingsfeltet og medverke til innovasjon i utdanningssektoren. Forskinga skal ha relevans for politikkutforming, forvaltning, praksisfelt og den einskilde. I 2017 blei det løyvd 35 mill. kroner til FINNUT over denne posten. I 2017 blei mellom anna følgande prosjekt avslutta: Prosjektet «Safety-VET» ved OsloMet har sett på kva som kan bidra til at elevar og lærlingar fullfører yrkesfagleg utdanning. Prosjektet «Knowledge in Motion» ved Universitetet i Oslo har sett på korleis elevar lærer på ulike arenaer, i og utanfor skolen. Prosjektet har også sett på korleis lærarar handterer mangfald av informasjon og elevar med ulik bakgrunn i eit klasserom. Sjå òg omtale av FINNUT under kap. 231 post 51.

Yrkesfaglærerløftet

Fem universitet og høgskolar, tolv skoleeigarar og om lag 550 yrkesfaglærarar som underviser i programfag, har i 2017 deltatt i ei utprøving av kombinerte etter- og vidareutdanningstilbod. Alle fylkeskommunar fekk midlar til ordningane med hospitering og fagleg oppdatering i regi av arbeidslivet. Totalt blei det gjennomført om lag 3 000 kurs/samlingar og hospiteringar i 2017. Omfanget var størst innanfor utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag og elektrofag.

Inkluderande barnehage- og skolemiljø

Målet med midlane til kompetanseutviklinga er å styrke barnehagar, skolar og barnehage- og skoleeigarar sin kompetanse til å skape og halde ved like gode barnehage- og skolemiljø, og å førebygge og handtere mobbing. Sjå også omtale under kategoriinnleiinga. I 2017 blei det nytta om lag 48 mill. kroner til arbeidet mot mobbing og for eit betre læringsmiljø. I tillegg blei det nytta 9 mill. kroner frå kap. 231 post 21. Innsatsen mot mobbing og krenkingar blei styrkt i 2017 gjennom auka løyvingar til kompetanseheving og rettleiing for barnehagar og skolar. Det blei òg innført nye reglar for skolemiljø frå 1. august 2017.

Gjennom Læringsmiljøprosjektet har det blitt gitt målretta hjelp og rettleiing til kommunar og skolar som har høge mobbetal, og som ønsker støtte frå eksterne rettleiarar.

Handhevingsordninga for mobbesaker

Nye reglar for skolemiljø som blei innført 1. august 2017 inkluderte ei ny handhevingsordning. Målet med handhevingsordninga for mobbesaker er å gi elevar og foreldre høve til enkelt å melde mobbesaker til fylkesmannen slik at dei kan få saka si løyst.

Det blei nytta 16 mill. kroner til ordninga i 2017. Det nye regelverket om skolemiljø blir brukt aktivt. Fylkesmennene rapporterer om mange fleire førespurnader frå barn, foreldre og skolar for å få hjelp til å løyse mobbesaker. Sjå også omtale under kategoriinnleiinga. I løpet av skoleåret 2017–18 kom det inn til saman 1 402 meldingar til fylkesmannen frå elevar og foreldre. I fire av fem av sakene fekk elevane medhald i at skolane ikkje oppfylte lova. Fylkesmannen påla desse skolane å sette i verk tiltak for å hjelpe elevane. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang i einskilde tilfelle.

Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PPT

Målet med strategien er å styrke kompetansen til dei tilsette i PP-tenesta og bidra til meir fokus på systemretta arbeid i PP-tenesta. I 2017 fekk til saman 123 tilsette og 17 leiarar tilbod om studieplass gjennom Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta (2013–2018) . I perioden 2014–18 har totalt 619 tilsette og leiarar fått finansiert vidareutdanning. I tillegg er fylkesmannen tildelt 5 mill. kroner til etterutdanningstiltak i 2017 og 2018. NIFU og Nordlandsforskning har evaluert strategien. Evalueringa viser at strategien har hatt god oppslutning. Vidareutdanninga får god vurdering frå dei som har deltatt, særleg leiarutdanningane. Strategien har bidratt til at den systemretta kompetansen i PPT er heva i nokon grad. Eit vellykka systemarbeid føreset likevel at det tverrfaglege systemet rundt PPT vil samarbeide.

Rettleiarkorpset og oppfølgingsordninga

Målet med rettleiarkorpset er å møte dei ulike lokale behova til kommunar som hamnar under ei nedre grense for kvalitet i skolen. Med bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen er tilbodet etablert som eit tiltak innanfor den nye oppfølgingsordninga. I 2017 blei 38 kommunar, gjennom eit nytt indikatorsett for kvalitet i opplæringa, identifiserte som kommunar som kunne ha behov for støtte og rettleiing. 13 av desse valde å ta imot tilbodet om rettleiing frå rettleiarkorpset med oppstart i januar 2018. 18 kommunar søkte i 2017 støtte til sine eigne utviklingstiltak i samarbeid med fylkesmannen. Andre kommunar har sine eigne tiltak eller deltar i pågåande satsingar, og har elles god dialog med fylkesmannen om oppfølging.

Tilskott til permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar

I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016) og Prop 122 S (2015–2016), blei det etablert eit mellombels tilskott retta mot permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar. Tilskottet blei i 2017 utbetalt til fire fylkeskommunar: Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Midlane blei i hovudsak nytta til Vg3 i skole, blant anna i elektrofag og teknikk og industriell produksjon.

Karrierevegar for lærarar

Målet med piloteringa av lærarspesialist og lærarspesialistutdanninga er at elevane skal lære meir og å gi lærarar reelle karrieremoglegheiter. Sjå også omtale under kategoriinnleiinga. I samarbeid med Utdanningsforbundet og KS la departementet i 2015 rammer for piloteringa av lærarspesialist i realfag og norsk med vekt på lese- og skriveopplæring. Frå 2016–18 blei talet på lærarar som er tilsette i funksjonen som lærarspesialist, auka frå 205 til 559. Ei evaluering av dei to første åra er gjort av NIFU i samarbeid med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Evalueringa viser at lærarspesialistane har brukt mykje tid på fagleg oppdatering, men at dei i mindre grad har tatt initiativet til utviklingsprosessar for kollegaene sine. Forskarane meiner dette kan tolkast som at denne rolla framleis er ny i skolen. Lærarspesialistane treng tid og støtte for at dei skal kunne bli ein meir aktiv ressurs for kollegaene sine.

Hausten 2016 blei det sett i gang eit pilotprosjekt med toårige lærarspesialistutdanningar i norsk ved Universitetet i Stavanger og i matematikk ved NTNU. Studia er på 60 studiepoeng på mastergradsnivå. 43 lærarar starta opp med spesialiststudia i 2016. I 2017 starta 49 nye lærarar i spesialistutdanning. Det blei òg starta utvikling av fleire nye spesialistutdanningar. Det blei brukt til saman 23 mill. kroner på satsinga på lærarspesialist i 2017. Om lag 9 mill. kroner av den samla løyvinga gjekk til piloteringa av spesialistfunksjonen, løyvde frå post 21. I tillegg kjem bidraget frå arbeidsgivarane. Sjå også omtale på post 22.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

Målet med tildelinga er å stimulere til at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får rettleiing. I 2017 blei 6,5 mill. kroner på posten nytta til tiltak for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar gjennom eit tilskott som universitet og høgskolar kan søke på. Midlane gjekk til tiltak for å stimulere til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar og til nettverksarbeid mellom skoleeigarar og lærar-utdanningsinstitusjonane. For omtale av rettleiing av barnehagelærarar, sjå kap. 231 post 21. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 477, 23. februar 2017, stortingssesjon 2016–17.

Vurdering for læring

Målet med den nasjonale satsinga Vurdering for læring har vore å vidareutvikle ein vurderingskultur og ein vurderingspraksis som gjer at elevane lærer av han. Frå 2010 til 2017 har 310 kommunar, alle fylkeskommunane og 102 private skoleeigarar med til saman rundt 1 600 skolar, lærebedrifter, opplæringskontor, vaksenopplæringssenter og PP-tenesta deltatt. Satsinga er i hovudsak basert på fagsamlingar for skoleeigarar, nettbaserte støtteressursar og skolebaserte nettilbod. I 2016 og 2017 har Utdanningsdirektoratet òg halde fagdagar om standpunktvurdering i samarbeid med fylkesmannsembeta. Satsinga har oppnådd gode resultat. Forskingsrapportar, resultat frå Utdanningsdirektoratets spørjeundersøkingar til skolar og skoleeigarar og Elevundersøkinga, samt tilbakemeldingar frå deltakarar i satsinga, viser blant anna at arbeidet med vurdering av elevar og lærlingar fører til betre forståing av læreplanar, og at fleire skoleeigarar og skolar har utvikla ein felles kultur for vurdering. Satsinga skal avsluttast i 2018.

Kompetanse for mangfald

Målet med satsinga Kompetanse for mangfald (2013–2017) har vore at tilsette i barnehagar og skolar skal kunne støtte minoritetsspråklege barn, elevar og vaksne slik at dei i størst mogleg grad fullfører og består utdanningsløpet. Satsinga blei i 2017 gjennomført som barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling i tema som andrespråkspedagogikk, fleirkulturell pedagogikk og vaksenpedagogikk. Det er også utvikla vidareutdanningstilbod gjennom satsinga. Om lag 600 barnehagar og skolar, inkludert vaksenopplæring innanfor grunnopplæringa, har deltatt i satsinga sidan 2013. Sluttrapporten frå NIFU viser at leiarar i barnehagar og skolar må vere involverte i arbeidet for å få eit godt utbytte av satsinga. Erfaringar frå satsinga vil vere nyttige å ta med seg i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling og i oppfølginga av regjeringa sin integreringsstrategi, jf. omtale under programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Forsøk med gratis deltidsplass i SFO

Målet med forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga (SFO) er å auke deltakinga blant elevar frå familiar med låg inntekt. Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn og/eller frå familiar med låg inntekt bruker SFO i mindre grad enn andre. Dette tar frå dei høvet til å leike og få norskspråkleg trening gjennom leik og samvær med andre barn. Det tar også frå foreldra høvet til å kunne ha arbeid utanfor heimen. Forsøket blei sett i gang ved utvalde skolar i Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim hausten 2016. Prosjektet skal etter planen vare i fire skoleår.

Forsøket med gratis deltidsplass på aktivitetsskolen (AKS), som svarar til SFO i Oslo, ved Mortensrud skole var ein del av den førre Oslo Sør-satsinga som blei avslutta våren 2017. Sluttrapporten viser at det er vanskeleg å seie om barna gjer det betre på skolen fordi dei går på AKS. Når barna går på AKS, påverkar det særleg mor sin relasjon til og haldning til yrkeslivet. Innhaldet i og kvaliteten på tilbodet er avgjerande for om barna går på AKS. AKS hadde for mange vore uaktuelt om tilbodet ikkje var gratis. Mange fleire elevar går på AKS etter at forsøket starta, frå 30 pst. for skoleåret 2012–13 til 90 pst. for skoleåret 2016–17. Foreldra har vore svært nøgde med tilbodet på aktivitetsskolen.

Utdanningsdirektoratet har sett i gang ei evaluering av SFO for elevar på 1.–4. trinn og SFO for elevar med særskilde behov på 1.–7. trinn. Evalueringa blir gjennomført av NTNU Samfunnsanalyse og skal vere ferdig innan utgangen av 2018, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 65, 22. november 2016, stortingssesjon 2016–17. Sjå også omtale i kategoriinnleiinga og omtale av forsøk med gratis barnehage og SFO under programkategori 07.30 Barnehagar.

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo Sør

Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, buforhold og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa.

Områdesatsinga i Groruddalen gjeld for perioden 2017–26. I 2017 var arbeidet konsentrert rundt prosjektutvikling innanfor fem prioriterte satsingsområde: 1) innsatsar før skolestart, 2) utsette barn i risikosone, 3) reduksjon av helseforskjellar, 4) betring av grunnleggande dugleikar og 5) utsett ungdom. Gjennom koordinert innsats frå stat og kommune skal områdesatsinga bidra til inkludering og redusere ulike former for utanforskap.

Sjå også omtale i kap. 291 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar under programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Svømmeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

Målet med tilskottet er å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskoleopplæringa meir og betre svømmeopplæring. Slik kan risikoen for ulykker blir redusert. Andre elevar som ikkje kan svømme eller ikkje har tatt del i svømmeundervisninga, kan òg omfattast av tiltaket. I 2017 blei det tildelt 10 mill. kroner til fylkesmennene som forvaltar ordninga. I underkant av 8,5 mill. kroner blei nytta fordi færre kommunar søkte om midlar. Ei forklaring kan vere at tal på nykomne til Noreg er redusert. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet gjennomgår ordninga for å innhente meir kunnskap om korleis den fungerer.

Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa

Framtid, fornyelse og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021 har to hovudmål: Elevane skal ha digitale dugleikar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv og lykkast i vidare utdanning, arbeid og deltakinga i samfunnet. IKT skal utnyttast godt slik at elevane lærer meir. Sjå også omtale i kategoriinnleiinga. I 2017 blei det mellom anna nytta 5 mill. kroner til eit pilotprosjekt med valfag i programmering på ungdomstrinnet over denne posten. Målet med valfaget er å auke kompetansen i programmering i skolen og gi dei elevane som er spesielt interesserte, høve til å fordjupe seg. Prosjektperioden er 2016–19. Det er vedtatt å gjere valfaget permanent frå 2019. Alle skolar som ønsker det, kan ta i bruk den mellombelse læreplanen i valfaget. Basert på erfaringane frå pilotprosjektet skal Utdanningsdirektoratet utarbeide ein permanent læreplan i faget.

For å gi grunnopplæringa tilgang til Feide 2.0 (Dataporten) blei det i 2017 også løyvt 5 mill. kroner til å starte eit forprosjekt for å innføre løysinga. Gjennom Feide 2.0 blir det enklare for kommunane og fylkeskommunane å halde orden på kva for tenester som mottar kva for opplysningar. Det blir også enklare for tenestetilbydarane å tilby gode tenester til sektoren. Innføring av Feide 2.0 er eit tiltak i digitaliseringsstrategien.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 1,1 mrd. kroner på kap. 226 post 21 i 2019 til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

I løyvingsforslaget er det tatt omsyn til fleire flyttingar av midlar frå og til posten:

  • 2,5 mill. kroner er flytte til OsloMet – storbyuniversitetet over kap. 260 post 50. OsloMet har overtatt ansvaret for Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring frå og med 1. januar 2018. Som følge av omorganiseringa er ansvaret for vidareutvikling og drift av Tema morsmål flytt til OsloMet.

  • 5,1 mill. kroner er flytte til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) over kap. 260 post 50 for prosjektet ENT3R. ENT3R er eit rekrutteringstiltak for å få elevar til å velje realfag. Midlane blir tildelte NTNU, der Nasjonalt senter for realfagsrekruttering er lokalisert. Senteret skal i samarbeid med arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane bidra til å styrke stillinga til dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske faga.

  • 0,5 mill. kroner er flytte til kap. 225 post 75. I 2018 blei det løyvd 2,5 mill. kroner til Blå Kors på kap. 225 post 75. I tillegg får organisasjonen 0,5 mill. kroner til same formål i 2018 over kap. 226 post 21. Det er tenleg å sjå desse midlane i samanheng.

  • 7,4 mill. kroner er flytte til kap. 201 post 21 for å samle midlar til analyse og kunnskapsgrunnlag.

  • 51,4 mill. kroner til IKT-tiltak i grunnopplæringa er rammeoverført frå kap. 571 post 60 på Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett til kap. 226 post 21. Dette for å kunne sjå midlane i samanheng med tiltaka i digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa, jf. revidert nasjonalbudsjett for 2018, Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018).

Einskilde kostnader ved flytting av sekretariatet for Foreldreutvalet for barnehagar og Foreldreutvalet for grunnopplæringa til Bø i Telemark blir dekte over denne posten. Sjå òg omtale under kap. 221 post 01.

Kunnskapsdepartementet sin del av kostnader til vidare arbeid med eit samlokalisert bygg for Beaivváš samisk nasjonalteater og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino kan òg bli dekte over denne posten. Sjå omtale under kap. 222.

For å auke handlingsrommet for andre tiltak foreslår regjeringa ein reduksjon på 55 mill. kroner på posten.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 20 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Nedanfor følger omtale av dei viktigaste prioriteringane innanfor løyvingsforslaget. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø har høg prioritet hos regjeringa, som foreslår å løyve totalt om lag 115 mill. kroner til dette arbeidet i 2019. Av desse midlane skal 105 mill. kroner gå over kap. 226 post 21 og 10 mill. kroner over kap. 231 post 21. Ein stor del av satsinga skal gå til å auke den evna barnehagane og skolane har til å førebygge, avdekke og handtere mobbing gjennom kompetansesatsinga som starta hausten 2016. Dette omfattar både auka kompetanse om regelverket og om praktisk arbeid mot mobbing. Dei kommunane som har størst utfordringar, skal få raskast og mest hjelp.

Handhevingsordninga for mobbesaker blei innført 1. august 2017 og har nå verka i drygt eitt år. Sjå omtale i rapportering for 2017 over. Gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei ordninga styrkt med 17 mill. kroner, slik at det totalt i 2018 blir nytta 34 mill. kroner. Regjeringa foreslår å føre vidare styrkinga i 2019. For omtale av arbeidet med å innføre tidsfristar for saksbehandlinga hos fylkesmannen, sjå del I, kap. 3, oppmodingsvedtak nr. 671, 22. mai 2017, stortingssesjon 2016–17.

Frå hausten 2018 er det etablert ei nasjonal ordning med mobbeombod for barn og elevar i barnehage og grunnskole i alle fylke. Midlane til arbeidet mot mobbing inkluderer 8 mill. kroner til ordninga med fylkesvise eller regionale mobbeombod frå hausten 2019. Dette er ei prøveordning som skal halde fram ut 2019 og deretter bli evaluert. Departementet vil vurdere om ordninga skal innførast som ei fast løysing frå 2020.

Midlane til arbeidet for eit godt læringsmiljø inkluderer 20 mill. kroner til forsøk med gratis skolefritidsordning (SFO) i Drammen, Stavanger, Trondheim og Oslo. Tiltaket skal bidra til at fleire elevar frå familiar med lav sosioøkonomisk status og/eller elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn får moglegheit til å gå på SFO. I tillegg er Utdanningsdirektoratet i gang med å innrette eit seksårig forsøk med gratis barnehage og SFO for dei barna som står utanfor desse tilboda, jf. omtale under programkategori 07.30 Barnehagar.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt

Melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap

Departementet vil sette av midlar på posten til arbeidet med stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Innovasjonsordninga – Et lag rundt eleven

Prosjektet Et lag rundt eleven er ein del av innovasjonsordninga, jf. omtale under kap. 226 post 60. Målet med Et lag rundt eleven er å dokumentere effektar av systematisk satsing på fleirfagleg kompetanse og korleis dette kan bidra i læringsmiljøarbeidet, i arbeidet med tidleg innsats og til å frigjere tid for lærarane til undervisning. To tiltak skal evaluerast – eitt om auka bruk av helsesøstrer og eitt om styrkt skoleleiing. Effektevalueringa starta i 2017. Sluttrapporten skal vere klar i 2020. Departementet vil nytte om lag 8 mill. kroner i 2019 til Et lag rundt eleven. Frå 2020 tar departementet sikte på å overføre dei 8 mill. kronene til innovasjonsordninga.

Områdesatsing i utsette byområde og andre tiltak for utsette elevar

Groruddalssatsinga for perioden 2017–26 blir ført vidare i 2019 med totalt 11,8 mill. kroner fordelte på 10 mill. kroner over kap. 226 post 21 og 1,8 mill. kroner over kap. 291 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar post 62 Kommunale innvandrartiltak, jf. programkategori 07.90 Integrering og mangfald. Områdesatsinga i Oslo Sør starta opp i 2018, og blir ført vidare i 2019 med totalt 11 mill. kroner fordelte på 0,5 mill. kroner over kap. 226 post 21 og 10,5 mill. kroner i friske midlar over kap. 291 post 62. I 2018 blei det starta opp ny områdesatsing i indre Oslo aust, og regjeringa foreslår å løyve totalt 13,9 mill. kroner, der 2 mill. kroner er friske midlar, til dette området over kap. 291 post 62. I tillegg foreslår regjeringa å bruke 9 mill. kroner over kap. 231 post 21 til rekrutteringstiltak i barnehage i utsette byområde.

Svømmeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

Departementet foreslår å føre vidare tilskottsordninga for svømmeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Departementet vil sette av 10 mill. kroner til ordninga i 2019.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

I budsjettforslaget for 2019 foreslår departementet å fase inn ytterlegare midlar til desentralisert ordning for kompetanseutvikling, til totalt om lag 230 mill. kroner. Frå 2019 er fylkeskommunane også omfatta av ordninga.

Karrierevegar for lærarar

Departementet vil bruke om lag 122 mill. kroner i 2019 til å vidareutvikle nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet. Dette er ein auke frå 70 mill. kroner i 2018. Auken frå 2018 inkluderer heilårseffekt av satsinga i 2018-budsjettet. Auken legge til rette for ei dobling av talet på lærarspesialister frå om lag 600 i 2018 til 1 200 i 2019 og 250 fleire utdanningsplassar i dei spesialistutdanningane som er etablerte. Utdanningsdelen av ordninga skal også utvidast med eit tilbod om spesialistutdanning i spesialpedagogikk. Utdanningane skal vere på mastergradsnivå, vere forskingsbaserte og gi deltakarane oppdaterte kunnskapar og ferdigheiter.

Yrkesfaglærerløftet

Departementet foreslår om lag 100 mill. kroner til gjennomføring av kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar innanfor strategien Yrkesfaglærerløftet , ein auke på 12 mill. kroner i høve til 2018. Auken skal gå til ei eiga ordning for yrkesfag innanfor den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling, inkludert kompetanseheving for prøvenemndene. Midlane til hospitering og fagleg oppdatering for yrkesfaglærarar skal inngå i ordninga. Ordninga skal evaluerast.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

Departementet vil føre vidare stimuleringsmidlane til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skole som universitet og høgskolar kan søke om å få. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 477, 23. februar 2017, stortingssesjon 2016–17.

Oppfølging av opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Regjeringa er i gang med å følge opp Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) . Eitt av dei viktigaste tiltaka som gjeld grunnopplæringa, er auka kompetanse hos dei tilsette om korleis dei kan førebygge, oppdage og handtere vald og overgrep. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har i samarbeid med blant anna Utdanningsdirektoratet utvikla nye verktøy som det blir viktig å informere sektorane om, slik at dei kan ta verktøya i bruk lokalt. For omtale av arbeidet med ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep og midlar til opplæringsprogam, sjå Prop. 1 S for 2019 for Barne- og likestillingsdepartementet.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Fornying av innhaldet i skolen

Arbeidet med fagfornyinga er i gang som ein del av oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017). Fagfornyinga vil gi ein auke i utgiftene til læreplanarbeid. Det er sett av midlar til dette i løyvingsforslaget for 2019. I løyvingsforslaget er det òg tatt omsyn til utgifter knytte til ny tilbodsstruktur for yrkesfaga. Sjå elles del I, kap. 3 for omtale av desse oppmodingsvedtaka som gjeld fagfornyinga: vedtak nr. 600, 12. april 2018 om seksualundervisninga, og vedtak nr. 808 og nr. 810, 31. mai 2018 om dei yngste barna i skolen, alle frå stortingssesjonen 2017–18.

Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa

Departementet vil som tiltak i Framtid, fornyelse og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021 og satsinga Den teknologiske skolesekken sette av 48 mill. kroner for 2019 til ei tilskottsordning for innkjøp av digitale læremiddel. Målet med tilskottsordninga er å gi elevar og lærarar betre tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet. I tillegg vil arbeidet med Feide 2.0 i grunnopplæringa halde fram i 2019. Tilskottet til vitensentera til programmering i grunnopplæringa blir ført vidare med 10 mill. kroner. Tilskott til utstyr til skoleeigarar som prioriterer vidareutdanning og kompetanseheving innanfor programmering, vil òg bli ført vidare med opptil 15 mill. kroner.

Realfagsstrategi

Departementet vil nytte om lag 40 mill. kroner til realfagsstrategien Tett på realfag i 2019, mot 70 mill. kroner i 2018. Grunnen til nedskaleringa er at strategiperioden som planlagt går ut i 2019. Det blir derfor ikkje sett i gang ein ny pulje med realfagskommunar i 2019. Ved nedtrappinga og avslutninga av satsinga vil departementet som planlagt fase midla inn i desentralisert ordning for kompetanseutvikling.

Språk-, lese- og skrivestrategi

Departementet vil sette av om lag 40 mill. kroner til satsinga Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) i 2019, mot 45 mill. kroner i 2018. Summen inkluderer ei ordning der organisasjonar, kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar til utvikling av skole- og folkebibliotek, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 68, 4. desember 2017, stortingssesjon 2017–18. Summen inkluderer òg ei tilskottsordning for lesestimulering. Nedskaleringa på 5 mill. kroner frå 2018 til 2019 heng saman med at interessa for å vere språkkommuneer noko redusert som følge av auka merksemd på desentralisert ordning for kompetanseutvikling. Når satsinga etter planen avsluttast i 2019 vil departementet fase midlane inn i desentralisert ordning for kompetanseutvikling.

Oppfølgingsordninga, inkludert Rettleiarkorpset

Departementet vil nytte 43 mill. kroner i 2019 til oppfølgingsordninga, inkludert rettleiarkorpset for kommunar som hamnar under ei nedre grense for kvalitet i skolen. Kommunane skal få tilbod om støtte og rettleiing, tilpassa dei lokale utfordringane. Tiltaket blir ført vidare i 2019 på om lag same nivå som i 2018.

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

Regjeringa foreslår til saman 30 mill. kroner til nye tiltak retta mot yrkesfaga i 2019. I tillegg til 12 mill. kroner til styrking av Yrkesfaglærerløftet , omtalt under denne overskrifta, blir det foreslått 13 mill. kroner til å styrke faget yrkesfagleg fordjuping og 5 mill. kroner til forsking på kva som gir fag- og yrkesopplæringa framifrå kvalitet. Sjå omtale i innleiinga til kategorien.

I tråd med samfunnskontrakten for flere læreplasser (2016–2020) blei det i 2018-budsjettet løyvd 20 mill. kroner til å styrke det lokale arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter. Dette blir ført vidare i budsjettforslaget for 2019. I tillegg foreslår departementet å føre vidare 10 mill. kroner til lektor 2-ordninga for yrkesfaga.

Departementet vil nytte 1 mill. kroner på nye tiltak for å rekruttere fleire lærlingar i staten.

I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016) og Prop. 122 S (2015–2016), blei det etablert eit mellombels tilskott retta mot permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar. Tilskottet er fasa ut etter skoleåret 2017–18; våreffekten på 15 mill. kroner er derfor trekt ut i løyvingsforslaget.

Tiltak for å følge opp ungdom som er utanfor opplæring og arbeid

Departementet vil nytte 20 mill. kroner til utprøving av tiltak retta mot ungdom som er utanfor opplæring og arbeid, herunder tiltak som kombinerer opplæring og arbeidstrening. Tiltaka skal føre fram til eit kompetansegivande løp.

Tilskott til læringstilbod om 22. juli

22. juli-senteret og Utøya AS har saman med Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) utvikla eit tilbod om opplæring i 22. juli og demokratisk medborgarskap knytt til minne- og læringsstadene i Regjeringskvartalet og på Utøya. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018), blei det løyvd 2 mill. kroner til tilbodet.

Departementet vil i 2019 gi Det europeiske Wergelandsenteret eit tilskott på 3 mill. kroner til drifta av det heilskaplege nasjonale læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap, i samarbeid med dei to andre aktørane. Tilskottet vil gi fleire elevar og lærarar eit tilbod om å ta del i opplæringa.

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar

Løyvinga finansierer regjeringa si satsing på vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar, jf. Kompetanse for kvalitet – strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025 . Strategien omfattar fleire ordningar:

  • I vikarordninga gir staten eit tilskott på 75 pst. av gjennomsnittleg årsverkskostnad for vidareutdanning i matematikk og naturfag og 60 pst. i andre fag for vidareutdanning på inntil 60 studiepoeng. Staten finansierer studieplassar til vidareutdanning ved universitet og høgskolar. Skoleeigaren dekker kostnader i samband med reise, opphald, læremiddel og liknande.

  • I stipendordninga får lærarar eit stipend for å ta vidareutdanning på inntil 110 000 kroner for 30 studiepoeng. Staten finansierer studieplassar til vidareutdanning ved universitet og høgskolar. Skoleeigaren dekker kostnader i samband med reise, opphald, læremiddel og liknande.

  • Rektorutdanninga er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng. Studieplassane er finansierte av staten. Dette er eit tilbod til rektorar i grunnskolen og vidaregåande skole. Rektorutdanninga er lagd til rette for å kunne kombinerast med full jobb som rektor.

Engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk er prioriterte fag i vikarordninga og stipendordninga i strategiperioden, i tråd med krava til formell kompetanse for å undervise i desse faga.

I tillegg har staten finansiert vidareutdanning for lærarar innanfor desse ordningane:

  • Ei stipendordning for toårig PPU/PPU-Y og treårig yrkesfaglærarutdanning (YFL) for tilsette i skolen som manglar lærarutdanning.

  • Stipendmidlar for at skoleeigarar kan rekruttere personar utanfrå som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skolen.

  • Tilbod om spesialistutdanningar, i blant anna matematikk ved NTNU og i norsk med vekt på grunnleggande lese- og skriveopplæring ved Universitetet i Stavanger. Lærarspesialistutdanningane er på 60 studiepoeng over to år. Staten finansierer studieplassane og 60 pst. av vikarkostnadene for deltaking.

Mål for 2019

Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar og kvalifisering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa. Dette skal føre til at elevane lærer meir.

Rapport for 2017

I 2017 blei det nytta drygt 1,3 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet . Tal på søkarar og gjennomføring er gode. I studieåret 2017–18 var det 6 000 lærarar som fekk tilbod om vidareutdanning. Prioriterte søkarar var til norsk, matematikk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk, men også søkarar til vidareutdanning i andre fag fekk tilbod.

Rundt 50 mill. kroner blei nytta til rektorutdanninga. Om lag 450 begynte på studiet hausten 2017. Evalueringa av rektorutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilbodet. Dei opplever at utdanninga har høg kvalitet, og at dei blir meir bevisste på sin eigen leiarpraksis og dermed tryggare leiarar.

Om lag 68 mill. kroner blei nytta til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell i 2017. I alt fekk 725 søkarar tilbod om stipend til PPU og PPU-Y og YFL-studium. Av desse gjekk 83 av stipenda til å rekruttere personar utanfor skolen. I tillegg fekk deltakarane frå stipendordninga i 2015 utbetalt andre halvpart etter sine fullførte studium i PPU og PPU-Y.

3,4 mill. kroner blei nytta til spesialistutdanningar for lærarar som ønsker å bli lærarspesialist i tillegg til 11 mill. kroner over kap. 226 post 21. I 2017 starta 49 nye lærarar i spesialistutdanning i realfag og norsk med vekt på grunnleggande lese- og skriveopplæring.

I 2017 blei det også lyst ut midlar til statlege universitet og høgskolar med lærarutdanning til å utvikle nye studietilbod om spesialistutdanningar for lærarar, i profesjonsfagleg digital kompetanse, kunst og handverk, begynnaropplæring, kroppsøving og yrkesfag. Det blei lagt særleg vekt på å få tilbod innanfor begynnaropplæring.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 1,6 mrd. kroner over posten i 2019. For å kunne sette i verk andre tiltak foreslår departementet ein reduksjon på 68 mill. kroner på posten. Den foreslåtte løyvinga i 2019 er ein auke på om lag 1 mrd. kroner sidan posten blei oppretta i 2014. Departementet meiner det er gode høve til å oppfylle kompetansekrava innan 2025.

Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 236,9 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal finansiere utviklinga av den tekniske løysinga for gjennomføring av eksamen og prøver, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Satsinga er ny og går over ein treårsperiode, frå 2019 til 2021.

Mål for 2019

Målet med løyvinga er å utvikle eit nytt system for gjennomføring av prøver og eksamen. Systemet skal støtte krava om universell utforming, og vere betre tilgjengeleg for fleire brukargrupper. Vidare vil løysinga gjere det mogleg å digitalisere eksamen og prøver som i dag blir gjennomførte på papir, blant anna kartleggingsprøver på 1.–3. trinn.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 49 mill. kroner over denne posten i 2019.

Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa

Løyvinga har finansiert tilskott til dei nasjonale sentera i grunnopplæringa. Styring og oppfølging av den faglege verksemda ved sentera har vore delegert til Utdanningsdirektoratet. Frå og med januar 2018 blei den faglege styringa overført til den UH-institusjonen som har vore vertskap for det einskilde senteret.

Det er oppretta ti senter på sentrale fagområde:

  • Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (OsloMet – storbyuniversitetet)

  • Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Universitetet i Oslo)

  • Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet)

  • Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Høgskulen i Volda)

  • Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Høgskolen i Østfold)

  • Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (Nord universitet)

  • Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet)

  • Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet (Høgskulen på Vestlandet)

Rapport for 2017

Måloppnåinga til sentera var god i 2017. Det var ingen vesentlege avvik i høve til dei resultatkrava som blei formulerte i oppdragsbreva. Dei nasjonale sentera hadde stor aktivitet knytt til arbeidet med støtte- og rettleiingsressursar for barnehage og skole. Fleire av sentera var involverte i arbeidet med store, nasjonale satsingar.

Post 60 Forsking på tiltak for betre kvalitet i barnehagen og grunnopplæringa

Tilskottet finansierer forsking som inngår i satsinga Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring . Desse midlane blei i 2016 tildelte til utvalde fylkeskommunar og forskingsmiljø etter ein konkurranse. Satsinga går over ein fireårsperiode, frå 2016 til 2019, og har ei samla ramme på om lag 130 mill. kroner.

I tillegg skal tilskottet frå 2019 finansiere forskingsprosjekt som skal måle effekten av tiltak for auka kvalitet i barnehage og skole. Forskingsrådet har fått i oppdrag å lyse ut desse midlane.

Forskinga som blir finansiert av løyvinga inngår i innovasjonsordninga, jf. omtale av denne i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst –tidlig innsats og kvalitet i skolen.

Mål for 2019

Målet med løyvinga er å få meir forskingsbasert kunnskap om kva for tiltak som har god effekt på kvaliteten i barnehagen og grunnopplæringa.

Rapport for 2017

Følgande forskingsinstitusjonar og fylkeskommunar inngår i forskingsprosjekta i Program for bedre gjennomføring av videregående opplæring :

  • Senter for økonomisk forsking i samarbeid med fylkeskommunane Nordland, Rogaland, Trøndelag og Vest-Agder

  • Statistisk sentralbyrå i samarbeid med Oslo kommune

  • Universitetet i Bergen i samarbeid med Voksne for Barn og fylkeskommunane Hordaland, Nordland, Troms og Sogn og Fjordane

  • OsloMet – storbyuniversitetet i samarbeid med fylkeskommunane Hedmark, Oppland, Trøndelag, Aust-Agder og Akershus

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2018.

2019 er siste år for dei forskingsprosjekta som inngår i Program for bedre gjennomføring av videregående opplæring . Budsjettbehovet til desse prosjekta er i 2019 i overkant av 10 mill. kroner.

Forskingsrådet har fått i oppdrag å lyse ut midlar til forskingsprosjekt som skal måle effekten av tiltak for auka kvalitet i barnehage og skole (innovasjonsordninga). Det vil bli stilt tydelege krav til forskingsdesign, men det er opp til sektoren å definere kva for tiltak som skal prøvast ut. Frå og med 2020 legg departementet opp til ei årleg ramme for innovasjonsordninga på om lag 60 mill. kroner. I 2019 vil departementet nytte om lag 35 mill. kroner på forskingsprosjekta som gjeld effekten av tiltak for auka kvalitet i barnehage og skole frå løyvinga på kap. 226 post 60. Sjå også omtale under post 21.

Post 62 Tilskott for auka lærartettleik

Løyvinga på posten finansierte ei fireårig forsøksordning med auka lærartettleik på det ungdomstrinnet som starta hausten 2013. Tilskottet gjekk til kommunar med skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestorleik i ordinær undervisning på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet, og som hadde grunnskolepoeng under snittet for landet. Skoleåret 2016–17 var siste året for forsøksordninga.

Rapport for 2017

Ordninga omfatta 573 lærarårsverk i 98 kommunar. Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) og rapportar frå einskilde av kommunane om bruk av midlar viser at dei er nytta i tråd med formålet. Det blei nytta 0,2 mill. kroner i budsjettet for 2017 til avslutninga av forsøksordninga fram til skoleåret var slutt sommaren 2017. Statistisk sentralbyrå, Frisch-senteret og Fafo har evaluert ordninga. Sluttrapporten blei levert i desember 2017. Evalueringa viser at gjennomsnittleg gruppestorleik i ordinær undervisning er redusert med om lag ti pst. Forskarane har også sett på karakterane til elevane ved avslutta grunnskole og nasjonale prøver på 9. trinn. Det er ikkje teikn til at elevane som har hatt mindre grupper, har fått betre resultat enn dei andre elevane. Dei finn heller ikkje at læringsmiljøet har blitt systematisk betre samanlikna med skolar som ikkje fekk ekstra ressursar. Forskarane har sendt ut ei spørjeundersøking og gjennomført intervju på skolane for å forstå betre korleis ressursane er blitt brukte, og korleis skolane sjølve opplever tiltaket. Rektorane svarer at midlane er blitt brukte særleg i matematikk, norsk og engelsk. Ressursane har ført til at dei i større grad kan gjennomføre undervisning med to lærarar eller dele klassen i mindre grupper. Lærarane meiner at dette har vore positivt for deira arbeidssituasjon, og at elevane også har hatt utbytte av tiltaket. Fleire rektorar peiker på at sjukefråværet har gått ned i perioden, og knyter dette til ein betre arbeidssituasjon for lærarane.

Utdanningsdirektoratet oppsummerte i 2013 anna forsking om effektane av auka lærartettleik. Direktoratet konkluderte med at forskinga ikkje gir grunnlag for å trekkje klare konklusjonar. Einskilde studiar viser at små klassar har positive effektar for nokre grupper av elevar. Andre studiar viser at klassestorleik betyr lite samanlikna med anna som påverkar elevanes resultat.

Post 63 Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn

Mål for 2019

Tilskottsordninga skal sette kommunane i stand til å tilsette fleire lærarar på 1.–10. trinn i grunnskolen. Det skal bidra til at elevane får tettare oppfølging og lærer meir.

Midlar på posten inkluderer òg forskingsprosjekta om effektane av auka lærartettleik (LÆREEFFEKT).

Rapport for 2017

Det blei nytta 1,3 mrd. kroner på posten i 2017. Av dette var 925,5 mill. kroner ei varig styrking for å få fleire lærarar i skolen, medan kommunane kunne bruke 268 mill. kroner meir fleksibelt på auka personalressursar i 2017. Midlane til fleksible tiltak gjorde det mogleg å føre vidare mellombelse tiltak etter ei eingongstildeling hausten 2016. Tilskottet blei fordelt til alle kommunane etter grunnskolenøkkelen i inntektssystemet til kommunane. Hausten 2017 var det 956 fleire lærarårsverk i grunnskolen samanlikna med året før. Auken var størst på 1.–4. trinn.

Sjå også informasjon om ressursbruk ved innføringa av lærarnorm i omtalen i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 60, 4. desember 2017, stortingssesjon 2017–18.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på posten på 1 539 mill. kroner. Av dette er 1 468 mill. kroner øyremerkte til fleire lærarårsverk, medan resten går til forskingsprosjekta i LÆREEFFEKT.

Dei øyremerkte midla til fleire lærarårsverk er ei vidareføring av løyvinga frå 2018. I tillegg viser departementet til at 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane er grunna med ei særskild satsing på tidleg innsats i skolen, som mellom anna kan nyttast til fleire lærarårsverk ved opptrappinga av lærarnorma hausten 2019.

I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018), vedtok Stortinget ei nedjustering av løyvinga til forskingsprosjekta om effektane av auka lærartettleik (LÆREEFFEKT) med 11,5 mill. kroner. Dette er grunngitt med at innføringa av lærarnorm frå og med hausten 2018 vil ha konsekvensar for forskingsprosjekta. LÆREEFFEKT starta hausten 2016 og skal halde fram til og med 2020.

Post 70 Tilskott til NAROM

Tilskottet blei flytt til kap. 225 post 75 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

I alt har 5 544 personar deltatt på ulike aktivitetar ved Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) i 2017. Av desse var 3 653 frå grunnopplæringa. I høve til 2016 var det ein nedgang på 512 deltakarar frå grunnopplæringa og ein auke på 200 deltakarar totalt. NAROM gjennomførte i 2017 ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar, og hadde ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar. Senteret har deltatt på ulike internasjonale aktivitetar og prosjekt innanfor romrelatert opplæring.

Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei løyvinga auka med 6,6 mill. kroner, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Det gjorde det mogleg å auke aktiviteten ved NAROM.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Eit vitensenter er eit lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i teknologi og realfag og bidrar til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både nå og i framtida. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skolane og lærarane i opplæringa og bidrar til å følge opp nasjonale strategiar, slik som realfagsstrategien Tett på realfag , jf. omtale under post 21. Tilbodet er knytt til læreplanar i realfag. Ti vitensenter er omfatta av Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter

  • Vitenparken Campus Ås

Departementet vil hausten 2018 fastsette nye retningslinjer for ordninga. Endringane vil blant anna gjere prosessen for nye senter som vil søke om tilskott, meir føreseielege. Det vil også bli klart korleis senter kan falle ut av ordninga dersom dei ikkje lenger fyller kriteria for å få tilskott.

Mål for 2019

Målet med tilskottet er å auke interessa for teknologi og realfag.

Rapport for 2017

I 2017 var det samla talet påbesøkande 910 000. Dette er det høgste taletnokon gong. Vitensentera leverte i 2017 undervisning til 184 000 elevarog lærarar.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

60

Tilskott til Murmanskskolen

2 304

61

Tilskott til vaksenopplæring i Sandfjord kommune

5 235

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

6 044

63

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

39 087

40 181

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

15 442

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

26 897

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

33 923

74

Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

45 769

75

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

10 822

76

Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

7 114

77

Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

4 934

78

Tilskott

159 616

164 245

Sum kap. 0227

158 484

198 703

204 426

Kap. 227 omfattar i hovudsak tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Post 60 Tilskott til Murmanskskolen

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 63 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

I skoleåret 2017–18 var det ti elevar frå Noreg som starta på Vg3 ved Murmanskskolen. Talet på elevar har auka i dei siste åra.

Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 63 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Mottakar av tilskottet var tidlegare Andebu kommune. Etter samanslåing av Andebu kommune med kommunane Stokke og Sandefjord frå 1. januar 2017 har tilskottet blitt utbetalt til Sandefjord kommune. Tilskottet på 5,2 mill. kroner som kommunen fekk i 2017, gjekk til kjøp av vaksenopplæringstenester frå stiftelsen Signo, som har ein institusjon for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i kommunen.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 63 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Skolen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. Talet på deltakarar ved leirskolen i 2017 var totalt 850 personar. Dette er ein nedgang samanlikna med året før, da 869 personer fekk eit opphald ved skolen. Leirskolen oppnådde heller ikkje i 2017 resultatkravet på 900 deltakarar, som er fastsett i retningslinjene. Sjå omtale under kap. 227 post 63 om at resultatkravet vil bli endra.

Post 63 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2019

Målet med løyvinga er å støtte skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Under følger ein kort presentasjon av tilskottsordningane på posten.

Tilskott til Murmanskskolen

Tilskottet går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av norskrussisk vidaregåande skole i Murmansk (Murmanskskolen).

Tilskott til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Sandefjord kommune. Kommunen er ifølge opplæringslova ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring for bebuarar ved Stiftelsen Signo. Tilskottet skal bidra til å dekke ekstrakostnader Sandefjord kommune har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Tilskott til Fjellheimen leirskole

Fjellheimen leirskole er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskolen finansierer drifta si ved statstilskott, betaling frå elevane/deltakarane og medverknad frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskole. Tilskottsmottakar er Engerdal kommune, og tilskottet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskole.

Skolen har meldt at han har problem med å utnytte sengekapasiteten og oppnå resultatkravet på 900 personar per år. Dette skyldast mellom anna at elevane kjem i mindre grupper enn tidlegare, og at behovet for enkeltrom har auka. Skolen har derfor søkt om at resultatkravet blir redusert til 850 personar. Departementet har svart positivt på søknaden.

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Tilskottet finansierer drift av dei kommunale sameskolane i Snåsa, som gir opplæring på sørsamisk, og i Målselv, som gir opplæring på nordsamisk, med tilhøyrande internat. Skolane har heile landet som opptaksområde.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 40,2 mill. kroner. Departementet vil føre vidare tilskotta på same nivå som i 2018. Det gir følgande fordeling av løyvinga:

  • Tilskott til Murmanskskolen: 2,4 mill. kroner

  • Tilskott til vaksenopplæring i Sandfjord kommune: 5,5 mill. kroner

  • Tilskott til Fjellheimen leirskole: 6,6 mill. kroner

  • Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv: 25,7 mill. kroner

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 78 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

I skoleåret 2017–18 hadde Den franske skolen i Oslo 232 elevar på barnetrinnet, 147 elevar på ungdomstrinnet og 68 elevar i vidaregåande opplæring. Totalt hadde skolen 447 elevar, mot 487 elevar i skoleåret 2016–17.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 78 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

I 2017 var det 108 elevar på internatet om våren, og 115 elevar om hausten. I 2016 var det til samanlikning 100 elevar om våren og 120 elevar om hausten ved internatet. Skolen er godkjent for 200 elevar og har plass til drygt 100 elevar på internatet. Utnyttinga av kapasiteten til internatet er derfor svært god.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 78 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

I skoleåret 2017–18 hadde RKNUWC 201 elevar frå 88 land. 64 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra.

Post 74 Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 78 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Våren 2017 var det tolv elevar på grunnskolenivå og 17 heiltidselevar på vidaregåande nivå ved Signo. Det var 37 heiltids- og 17 deltidselevar på vidaregåande nivå ved Briskeby. Elevtalet ved dei to skolane har vore relativt stabilt i dei siste skoleåra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skolane er godkjente for.

Post 75 Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 78 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Fossumkollektivet hadde i 2017 totalt 75 elevar ved skoleavdelingane i Østfold og totalt 31 elevar ved dei to avdelingane i Hedmark. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Hedmark og Oppland, har 71 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 67 bebuarar har deltatt på ulike skoletilbod ved Mesnali/Lillehammer.

Post 76 Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

Tilskottet er flytt til kap. 225 post 75 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Foreningen Norden utvidar og vidareutviklar stadig undervisningsportalen nordeniskolen.org, som blir formidla gratis til alle skolar i Noreg. I 2017 blei det vidare gitt stipend til elevar og lærarar som besøkte nordiske samarbeidsskolar. Organisasjonen arrangerte Nordisk forfattarbesøk og Nordisk biliotekuke , der barnehagar og skolar deltok.

Norsk håndverksinstitutt fører eit omfattande nasjonalt register over handverkarar. Registeret omfattar om lag 2 700 handverkarar innanfor 90 fag og gir òg ei oversikt over lærebedrifter i små handverksfag. Hausten 2017 starta ein kalkmalar og ein børsemakar opp under stipendiatordninga for handverkarar. Det er no til kvar tid seks stipendiatar innanfor ulike handverksfag i den treårige ordninga. Norsk håndverksinstitutt har i 2017 arbeidd vidare med å implementere UNESCOs konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven.

Post 77 Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Tilskottet er flytt til kap. 227 post 78 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

Hausten 2017 var det 14 elevar på barnetrinnet, 14 elevar på ungdomstrinnet og tolv elevar i vidaregåande skole som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skolen.

Post 78 Tilskott

Mål for 2019

Målet med løyvinga er å støtte skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Under er ein kort omtale av tilskottsordningane på posten.

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. På skolen går det elevar frå både Frankrike og Noreg samt elevar frå mange andre land. Tilskottet skal styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide videregående skole

Krokeide videregående skole AS er godkjent etter friskolelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skolen gir eit landsdekkande tilbod, som er godkjent for 200 elevar og har plass til drygt 100 elevar på internatet. Tilskottet skal bidra til drifta av internatet ved Krokeide videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen, slik at skolen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Det er i alt 15 UWC-skolar, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Målgruppene til Signo grunn- og videregående skol er døvblinde og døve elevar med tilleggsfunksjonshemmingar, medan målgruppa til Briskeby videregående skole er høyrselshemma elevar. Skolane blei godkjente som frittståande skolar frå skoleåret 2012–13, og dei får tilskott over kap. 228 post 75 etter elevtalet ved skolen. Tilskottsordninga skal mellom anna bidra til at skolane kan halde fram med drifta på om lag same nivået som før dei blei godkjente som frittståande skolar.

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskottsordninga skal medverke til å føre vidare det opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Østfold, Hedmark og Oppland. Tilskottet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Tilskottet skal medverke til at det blir gitt grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved skolen, i dei faga seksjonen tilbyr.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 164,2 mill. kroner. Departementet vil føre tilskotta vidare på same nivå som i 2018. Det gir følgande fordeling:

  • Tilskott til Den franske skolen i Oslo: 31,8 mill. kroner

  • Tilskott til internatdrifta ved Krokeide videregående skole: 28,4 mill. kroner

  • Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College: 38,9 mill. kroner

  • Tilskott til Signo grunn- og vidaregåande skole og Briskeby videregående skole: 48,4 mill. kroner

  • Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar: 11,6 mill. kroner

  • Tilskott til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye: 5,2 mill. kroner

Kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Frittståande grunnskolar , overslagsløyving

2 258 163

2 296 734

2 502 183

71

Frittståande vidaregåande skolar , overslagsløyving

1 601 683

1 646 901

1 661 353

72

Frittståande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova , overslagsløyving

154 652

160 127

163 661

73

Frittståande grunnskolar i utlandet , overslagsløyving

109 445

118 213

117 293

74

Frittståande vidaregåande skolar i utlandet , overslagsløyving

18 903

18 504

19 084

75

Frittståande skolar for funksjonshemma elevar , overslagsløyving

300 621

304 412

325 804

76

Andre frittståande skolar , overslagsløyving

49 061

50 522

52 323

77

Den tyske skolen i Oslo , overslagsløyving

18 740

19 025

24 615

78

Kompletterande undervisning

23 746

24 611

25 325

79

Toppidrett

44 979

46 193

47 533

80

Friskoleorganisasjonar

767

81

Elevutveksling til utlandet

1 945

1 998

2 056

82

Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

31 506

62 357

64 165

83

Tilskott til frittståande skolar med internat og frittståande skolar som gir undervisning til vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring

25 227

Sum kap. 0228

4 639 438

4 749 597

5 005 395

Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skolar i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettslova § 2 nr. 2.

Løyvingane under kap. 228 går til tilskottsordningar til frittståande skolar som er godkjente etter friskolelova eller vaksenopplæringslova. Tilskottet oppfyller dei finansielle pliktene staten har overfor frittståande skolar som er godkjente etter lova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. friskolelova § 6-4, Den tyske skolen i Oslo, toppidrett og til elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskott til dei fleste frittståande skolane bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova kap. 6.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordningane er å medverke til at det kan etablerast og drivast friskolar etter friskolelova.

Rapport for 2017

Tabellen under viser endringar i talet på elevar og frittståande skolar som får tilskott under postane 70–76, frå skoleåret 2015–16 til skoleåret 2017–18. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.6 Friskolar, tal på skolar og elevar

Skolar

Elevar

Skoletype

2015–16

2016–17

2017–18

2015–16

2016–17

2017–18

Skolar for funksjonshemma elevar

14

14

16

716

781

819

Frittståande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

29

30

29

1 376

1 387

1 373

Andre frittståande skolar

2

2

2

180

180

178

Vidaregåande skolar

78

77

79

13 496

13 780

13 807

Grunnskolar

208

222

228

19 300

20 462

21 616

Grunnskolar i utlandet

11

9

9

885

779

748

Vidaregåande skolar i utlandet

4

3

3

142

143

131

Sum

346

357

366

36 095

37 512

38 672

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2017 gjekk 3,4 pst. av grunnskoleelevane i frittståande skolar i Noreg. Hausten 2016 var talet til samanlikning 3,3 pst. Hausten 2017 gjekk 7,3 pst. av elevane på vidaregåande nivå i frittståande skolar. Hausten 2016 var talet til samanlikning sju pst. I dei siste ti åra har delen av elevane som går i friskolar, auka jamt.

Post 70 Frittståande grunnskolar, overslagsløyving

Frittståande grunnskolar som er godkjente etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2019

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 205,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 71 Frittståande vidaregåande skolar, overslagsløyving

Vidaregåande skolar som er godkjente etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Satsane for tilskott til frittståande vidaregåande skolar bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen. Det blir berekna ein sats for kvart utdanningsprogram. Satsen for utdanningsprogrammet Naturbruk blir i 2019 redusert med 9 pst. Dette skyldast til dels strukturendringar i den offentlege skolen, og til dels at mange fylkeskommunar har auka inntekter frå laksekonsesjonar som blir trukne frå tilskottsgrunnlaget. Kunnskapsdepartementet ser at store endringar i satsane frå eit år til eit anna kan vere utfordrande, og vil fram mot statsbudsjettet for 2020 vurdere om det kan gjerast endringar i tilskottsmodellen til frittståande vidaregåande skolar for å hindre så store utslag. Departementet vil òg i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdere om det bør gjerast ytterlegare presiseringar i korleis fylkeskommunane skal rapportere i KOSTRA.

Posten omfattar også eit særskilt årleg tilskott til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by Steinerskole og Kristen VGS Vennesla.

Budsjettforslag for 2019

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 14,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 72 Frittståande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Satsane for tilskott til frittståande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova er knytte til tre av satsane for frittståande vidaregåande skolar, med unntak av satsane til Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Budsjettforslag for 2019

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 3,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 73 Frittståande grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre da desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skolar i utlandet og for norske elevar ved svenske frittståande grunnskolar i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2019

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyving på posten med 0,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 74 Frittståande vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2019

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 75 Frittståande skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar får tilskott tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Budsjettforslag for 2019

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 21,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 76 Andre frittståande skolar, overslagsløyving

Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott knytt til ekstrakostnader ved skoledrift på skip.

Budsjettforslag for 2019

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Avtalen mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo blei ført vidare og godkjent av Stortinget i april 2018, jf. Innst. 337 S (2017–2018) og Prop. 78 S (2017–2018). Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til frittståande skolar som er godkjente etter friskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskott, som i budsjettforslaget for 2019 utgjer 5,6 mill. kroner.

Mål for 2019

Tilskottet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Rapport for 2017

Hausten 2017 var det til saman 315 elevar ved Den tyske skolen i Oslo. Dette utgjer ein auke på 18 elevar samanlikna med hausten 2016.

Budsjettforslag for 2019

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei tilskottet auka med 4 mill. kroner, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Denne auken er ført vidare i løyvingsforslaget for 2019.

Vidare foreslår departementet å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner på bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 5,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i utlandet. Tilskottsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskolar – Globalskolen og Norskskolen.

Mål for 2019

Målet med tilskottet er at elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskolar i utlandet skal ha moglegheit til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Rapport for 2017

Eit øvre elevtak blir fastsett på grunnlag av løyvinga til formålet. For 2017 var dette elevtaket på 1 601 elevar. I alt blei det gitt tilskott for kompletterande undervisning for 1 588 elevar, noko som er på om lag same nivå som i 2016.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter friskolelova er godkjente som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Fredrikstad, Stavanger og Tønsberg, Telemark toppidrettsgymnas og Haugesund toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjente skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjente av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott.

Mål for 2019

Målet med tilskottet er at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Rapport for 2017

Hausten 2017 var det 2 533 elevar ved desse skolane; dette er nær 30 fleire enn i 2016.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Post 80 Friskoleorganisasjonar

Tilskottet blei flytt til kap. 225 post 75 i 2018-budsjettet.

Rapport for 2017

I 2017 fekk fire friskoleorganisasjonar eit samla tilskott på 0,8 mill. kroner. Organisasjonane utførte samordningsoppgåver for til saman 271 godkjente medlemsskolar.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Tilskottsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar i frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Det ordinære statstilskottet etter friskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Skolane kan søke om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjente samarbeidsprosjekt mellom norske frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgande frittståande vidaregåande skolar er godkjente for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er å stimulere dei skolane som er omfatta av ordninga, til å tilby elevutveksling til utlandet for elevane ved skolane.

Rapport for 2017

I 2017 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 102 700 kroner. Resten av tilskottsmidlane blei fordelte etter talet på elevar innanfor ordninga. I 2017 blei det betalt ut tilskott for 64 elevar for skoleåret 2017–18.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Post 82 Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

Stortinget har bedt regjeringa om å greie ut korleis kostnader til bygg kan innlemmast i tilskottsgrunnlaget til friskolane. For omtale av dette, sjå del I, kap. 3, vedtak nr. 376 (2017–2018) gjort 19. desember 2017.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at frittståande skolar i Noreg skal kunne finansiere vedlikehald og rehabiliteringar av bygg, og husleige.

Rapport for 2017

I 2017 fekk frittståande skolar 31,5 mill. kroner i kapitaltilskott. Tilskottet blei fordelt mellom dei frittståande grunn- og vidaregåande skolane i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Post 83 Tilskott til frittståande skolar med internat og frittståande skolar som gir undervisning til vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring

Tilskottsordninga blei oppretta for at friskolar med internat og friskolar som gir undervisning til vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring kunne søke om tilskott for å få dekt tapt meirverdiavgiftskompensasjon, jf. Innst. 400 S (2015–2016). Kompensasjonen gjeld berre for varer og tenester som er brukte i verksemda til og med 31. desember 2016, da eit nytt regelverk for dette blei innført med verknad frå 1. januar 2017

Rapport for 2017

I 2017 blei det ubetalt 25,2 mill. kroner i tilskott på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle skolane.

Kap. 229 Noregs grøne fagskole – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

29 863

26 154

26 781

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

747

1 211

1 240

Sum kap. 0229

30 610

27 365

28 021

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane under kap. 229 går til drift av Noregs grøne fagskole – Vea. Fagskolen har elevar og studentar fordelte på blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege studieprogram. Vea er akkreditert for grøne design- og miljøfag og har i dag ulike fagskoletilbod på området.

Sjølv om Vea er ein fagskole, skal skolen framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2019

Den fremste målsettinga til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde.

Mål for verksemda ved Noregs grøne fagskole – Vea er i 2019

  • å gi relevant fagskoleutdanning med god kvalitet

  • å auke studenttalet

  • å heve kompetansen blant dei tilsette

Rapport for 2017

Tal for opptak hausten 2017 med teljedato 1. oktober viser at Vea samla hadde 122 elevar og studentar, ein nedgang på éin student frå året før. Det er ein stadig auke i samlingsbaserte studium på deltid. Slike studium gir større fleksibilitet og er meir relevante for bransjen og trekker til seg fleire studentar. I skoleåret 2016–17 var det ingen heiltidsstudentar på fagskolenivå. Det var 47 deltidsstudentar på fagskolenivå, mot 43 i skoleåret 2015–16. I skoleåret 2016–17 var det 68 studentar som tok vaksenopplæring på vidaregåande nivå, mot 72 året før. I tillegg tok sju elevar vidaregåande opplæring Vg2 blomsterdekoratør gjennom fylkeskjøpte plassar.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvingane under kap. 229 vidare på same nivå som i 2018.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3229 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3229 Noregs grøne fagskole – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

02

Salsinntekter o.a.

5 204

1 786

1 829

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 007

1 196

1 229

Sum kap. 3229

6 211

2 982

3 058

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skolen.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

689 410

702 768

714 323

21

Særskilde driftsutgifter

35 902

46 344

47 449

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

5 723

9 281

9 504

Sum kap. 0230

731 035

758 393

771 276

Statped er ei verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet og er eit statleg verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid mv., og dekning av utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for the European Agency for Special Needs and Inclusive Education. Våren 2019 er siste perioden med tilskott over dette kapittelet til Trondheim kommune for drift av A.C. Møller skole.

Statped er ei verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet som støttar kommunar og fylkeskommunar i arbeidet med å realisere sektormåla for barnehage og grunnopplæring.

Mandatet til Statped er å støtte kommunar og fylkeskommunar ved å tilby likeverdige spesialpedagogiske tenester i heile landet. Statped skal bidra til kunnskaps- og kompetansespreiing om tilpassa og inkluderande utdanning for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Statped skal ha spisskompetanse og tilby tenestene sine innanfor fagområda syn, høyrsel, kombinerte høyrsels- og synsvanskar (døvblindheit), samansette lærevanskar, språk/tale og erverva hjerneskade. I tillegg har Statped ein særleg funksjon knytt til samiskspråklege barn, unge og vaksne innanfor dei nemnde fagområda. Statped skal også ha spisskompetanse og tilby tenester innanfor teiknspråk og alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Vidare skal Statped bidra til og vere ein pådrivar for at universitet og høgskolar utviklar forsking og erfaringsbasert kunnskap på det spesialpedagogiske området.

Etter ein lengre omstillingsperiode som er evaluert, er det behov for å justere måla for verksemda. Dei justerte måla skal legge til rette for å kunne styre verksemda betre og følge opp evalueringa av omstillinga. Hovudtrekka i evalueringa er at Statped har gjort eit godt arbeid for å nå dei måla som var sette for omstillinga. Det er innført strukturar og system som gjer at Statped arbeider meir fleirfagleg og systemretta. Likevel viser evalueringa at kommunar og fylkeskommunar ikkje opplever store endringar i tilbodet frå Statped. Det kan tyde på at det er behov for å utvikle arbeidsmåtar overfor og samarbeidet med lokalt nivå. I tråd med dette er måla for 2019 retta mot kva som skal bli betre for brukarane av tilbodet frå Statped.

Departementet vil hausten 2019 legge fram ei melding som vil ta for seg tidleg innsats og inkluderande fellesskap. I denne meldinga skal departementet mellom anna vurdere og følge opp tiltak som er foreslåtte i rapporten frå ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging (Nordahl-rapporten), samt forslag om Statped i rapporten frå eksperutvalet for regionreforma (Hagen-utvalet). I arbeidet med meldinga vil departementet gjere grundige vurderingar av vegen vidare for Statped. I desse vurderingane vil vi særleg legge vekt på korleis kompetansen skal komme nærmare barna og elevane.

Mål for 2019

Statped skal arbeide etter følgande mål i 2019:

  • Barnehage- og skoleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området.

  • Barnehage- og skoleeigarar har tilsette med kunnskap og kompetanse som fremmer utvikling og inkludering.

  • Utdanningssektoren har tilgang til forskings- og erfaringsbasert kunnskap på det spesialpedagogiske området.

Rapport for 2017

Tenesteyting

Utvikling av likeverdig tenesteyting i heile landet har vore prioritert i 2017. Stadig fleire av tenestene frå Statped til kommunane er blitt samordna, fleirfaglege tenester. Statped erfarer at eit stadig tettare samarbeid mellom Statped og PP-tenestene undervegs i søknadsprosessen gir betre søknader frå PP-tenestene og bidrar til at tenestene frå Statped blir meir målretta.

Systematisk arbeid med sakshandsaming, samarbeid med kommunane og eit felles system for handsaming av søknader i heile organisasjonen har gitt resultat i form av redusert tid til sakshandsaming og ventetid. I tråd med at tidleg innsats er eit prioritert område for Statped, har handsaming av søknader om tenester og kort ventetid for brukarar i alderen 0–7 år blitt prioritert.

Statped har lang erfaring med å produsere tilrettelagde læremiddel og har også spisskompetanse i rettleiing og rådgiving til kommunar og fylkeskommunar, barnehagar og skolar som har syns- og høyrselshemma barn og elevar. Statped har i 2017 arbeidd vidare med å utvikle, legge til rette og produsere læremiddel. Læremiddel i punktskrift, læremiddel på teiknspråk og materiell på området alternativ og supplerande kommunikasjon har hatt spesielt høg prioritet. Det har vore auka utlån av skolelydbøker etter at distribusjonen blei digitalisert og det blei gratis å låne. Slik har fornyinga på dette området bidratt til at lærebøker har blitt meir tilgjengelege for målgruppa.

A.C. Møller skole for høyrselshemma elevar blei overført til Trondheim kommune frå 1. juli 2017. Det er etablert samhandling mellom Trondheim kommune og Statped. Etter dette driv Statped éin skole – Skådalen skole for døvblindfødde. Departementet er i dialog med Oslo kommune, foreldre, tilsette og andre om korleis denne skolen skal drivast vidare, for å sikre barna eit godt og føreseieleg tilbod.

Statped gir tilbod om deltidsopplæring i teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø til elevar som får opplæringa si i og på teiknspråk, eller som får teiknspråkopplæring som del av eit vedtak om spesialundervisning. Elevane kan få deltidsopplæring i inntil tolv veker i løpet av skoleåret. Deltidsopplæringa i teiknspråk er styrkt for å kunne gi likeverdige tenester på tvers av landet. I 2017 har 164 elevar fått deltidsopplæring.

Statped gir òg tenester innanfor Alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) og opplever ein aukande etterspurnad. I 2017 opna Statped eit etterutdanningstilbod til PP-tenesta innanfor ASK, som ein del av Strategi for etter- og videreutdanning for PPT (SEVU-PPT).

Kunnskaps- og kompetansespreiing

Kompetansespreiinga er ein viktig del av samarbeidet mellom Statped og kommunane. Kurs, konferansar og seminar er også ein stor del av arbeidet Statped gjer for å heve kompetansen i utdanningssektoren på det spesialpedagogiske feltet, og er eit bidrag til å nå sektormåla. Som del av arbeidet med digitalisering har Statped utvikla nettbaserte kurs. I løpet av 2017 har det vore i overkant av 10 500 deltakarar på slike arrangement i regi av Statped.

Statped er med spisskompetanse og nærleik til praksisfeltet ein viktig bidragsytar i dei spesialpedagogiske utdanningane. Statped bidrar særleg i arbeidet med å kople teori og praksis og med å utvikle inkluderande læringsmiljø for barn og unge. Samarbeidet mellom Statped og universitet og høgskolar er med på å sikre utdanning av spesialpedagogisk fagkompetanse, samstundes som det bidrar til at rådgivarane til Statped held seg fagleg oppdaterte.

Lærarar, føresette og tilsette i PP-tenesta er målgruppene til nettstaden statped.no. Ambisjonen med statped.no er å nå fleire med nyttig innhald basert på behovet til målgruppene. I 2017 hadde nettstaden 285 115 brukarar mot 243 755 i 2016. Auken tyder på at nettstaden blir opplevd som meir relevant enn tidlegare. Statped vidareutviklar statped.no kontinuerleg som digital ressursbank på det spesialpedagogiske området og som kanal for å spreie kunnskap og kompetanse til målgruppene.

Kunnskaps- og kompetanseutvikling

Statped har i 2017 arbeidd med å revidere strategien for arbeid med forsking og utvikling (FoU) i Statped. Strategien skal sikre at Statped arbeider målretta for å bidra til å utvikle ny kunnskap basert på praksisnær forsking. Statped har samarbeidd med universitet og høgskolar om ulike prosjekt som gir ny kunnskap og som verker inn på tenestene som Statped gir. Samarbeidet mellom Statped og universitet og høgskolar bidrar også til å styrke utdanninga av pedagogar og spesialpedagogar gjennom at utdanninga blir retta mot behova som finns i praksisfeltet.

Budsjettforslag for 2019

Samla foreslår departementet å løyve 771,3 mill. kroner til drift av statleg spesialpedagogisk støttesystem i 2019.

Løyvingsforslaget på post 01 er redusert med 1,6 mill. kroner på bakgrunn av at Trondheim kommune har tatt over drifta av A.C. Møller skole frå hausten 2017.

Løyvingsforslaget på post 01 er vidare redusert med 3,5 mill. kroner for å gi rom for andre prioriteringar. Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Inntekter frå oppdrag

35 902

46 344

47 449

02

Salsinntekter o.a.

10 917

10 248

10 493

Sum kap. 3230

46 819

56 592

57 942

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs. Departementet foreslår å føre inntektsløyvingane vidare på same nivå som i 2018.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

231

Barnehagar

657 240

705 770

831 142

17,8

Sum kategori 07.30

657 240

705 770

831 142

17,8

Innleiing

Barnehagen skal gi trygg og god omsorg og samtidig stimulere til leik, læring og utvikling på barnas premissar. Regjeringa ønsker eit mangfoldig barnehagetilbod, og vil legge til rette for at alle barn får moglegheit til å gå i barnehage. Gode sosiale dugleikar og forståing av eigne og andre sine grenser er viktig kompetanse som barnehagen kan gi barna. Språk er nøkkelen til like moglegheiter vidare i utdanninga og deltakinga i samfunnet. Læring må skje gjennom leik, og den einskilde barnehagen må stå fritt til å lage tilpassa opplegg.

Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og regelverk, jf. barnehagelova § 7. Kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket, jf. barnehagelova § 8.

Departementet har fastsett følgande overordna sektormål for barnehagane:

  • Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.

  • Barn som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

Barnehagane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som utgjer om lag 15 pst. av finansieringa.

Kunnskapsdepartementet og KS blei i april 2018 einige om ein ny samarbeidsavtale om kvalitetsutvikling i barnehagen og grunnopplæringa, jf. omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Meir statistikk og informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst i del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren. Omtale av oppmodingsvedtak som gjeld barnehagar, finst i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2019

Regjeringa foreslår å løyve 102,8 mill. kroner i 2019 til å finansiere bemanningsnorma i barnehagane. Midlane går som eit treårig øyremerkt tilskott for perioden 2018–20 over kap. 231 Barnehagar, post 60 Tilskott til bemanningsnorm i barnehage. I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2018, skal om lag 60 mill. kroner gå til ei overgangsordning for dei private barnehagane som ligg i kommunar med meir enn 6,0 barn per vaksen i kommunens eigne barnehagar per desember 2017, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Overgangsordninga skal ta særleg omsyn til ein berekraftig økonomi i små barnehagar. Om lag 40 mill. kroner av løyvinga skal bli fordelte til kommunane etter tilsvarande kriterium.

Inntektsgrensa for gratis kjernetid i barnehage for 3–5-åringar frå familiar med låg inntekt blei auka til 533 500 kroner frå 1. august 2018. Regjeringa foreslår å kompensere kommunane med 87 mill. kroner for dette.

Barnehagedeltakinga for toåringar med innvandrarbakgrunn er lågare enn for andre toåringar. Barn med innvandrarbakgrunn er i tillegg overrepresenterte i statistikken over hushald med låg inntekt. Tidleg deltaking i barnehage er blant anna med på å styrke språkutviklinga, noko som kan gi eit betre grunnlag ved skolestart. Regjeringa foreslår derfor å auke maksimalprisen for ein barnehageplass for å gi rom for blant anna utviding av ordninga med gratis kjernetid i barnehage til å inkludere toåringar frå familiar med låg inntekt. Auken gir ei inndekking på 64,9 mill. kroner i 2019, og regjeringa foreslår å løyve 45,7 mill. kroner av dette til å utvide ordninga med gratis kjernetid til å omfatte toåringar frå familiar med låg inntekt, jf. Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 571 Rammetilskott til kommuner, post 60 Innbyggertilskott. Regjeringa fører også vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt, slik at familiar med låg inntekt er skjerma mot auken i maksimalprisen.

Av dei resterande midlane frå auken av maksimalprisen, foreslår regjeringa å bruke 9 mill. kroner til rekrutteringstiltak i barnehage i utsette byområde, 5 mill. kroner til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) og 5 mill. kroner til tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB).

Totalt vil det bli nytta om lag 430 mill. kroner i 2019 til tiltak for å fremme kvaliteten og kompetansen i barnehagane.

Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Den nordiske barnehagemodellen kombinerer omsorg, leik og læring i eit pedagogisk heile og har eit godt omdømme internasjonalt. Dei fleste foreldre er godt nøgde med barnehagen til barna sine. Vi veit likevel at det er til dels stor variasjon mellom barnehagar, og at ein del barn ikkje får det tilbodet dei har rett til. Den nye rammeplanen for barnehagen tredde i kraft 1. august 2017, og legg vekt på at barnehagen skal bidra til at barna får ein god barndom prega av trivsel, venskap og leik samtidig som barnehagen skal fremme læring. Barnehagen skal førebygge, stoppe og følgje opp utestenging, mobbing og uheldige samspelsmønster.

Ein del barnehagar har lågare kvalitet enn forventa

Trivsel, læring og positiv utvikling for det einskilde barnet er avhengig av at barnehagetilbodet er av høg kvalitet. Forskingsprosjekta Blikk for barn og Gode barnehager i Norge (GoBaN) har drive systematisk observasjon og dokumentasjon av kvaliteten i 206 barnegrupper i 93 tilfeldig utvalde barnehagar. Resultata viser at kvaliteten på tilbodet er lågare enn forventa. Det er likevel stor variasjon mellom barnehagane. Låg kvalitet på barnehagetilbodet aukar risikoen for åtferds- og språkvanskar, særleg for utsette barn.

Barnehagar med låg kvalitet på tilbodet vil òg kunne trenge støtte i implementeringa av den nye rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017.

Låg vaksentettleik fører til mangel på tid til det einskilde barnet

91,3 pst. av barn i alderen 1–5 år går i barnehage, og barnehagen er i dag eit tilbod som nær alle barnefamiliar bruker. Regelverket har i fleire år gitt føringar for talet på barn per barnehagelærar (pedagognorm), men har tidlegare ikkje gitt konkrete føringar for bemanninga generelt. Kravet har vore at bemanninga skulle vere pedagogisk forsvarleg. Talet på barn per vaksen har betydning for kvaliteten på tilbodet, men det er stor variasjon i talet på barn per tilsett mellom barnehagane. Statistikk for 2017 viser at det er fleire barn per tilsett i private barnehagar. Talet på barn per tilsett (korrigert for alder og opphaldstid) er om lag uendra frå 2016, med ein liten auke i kommunale barnehager frå 5,92 til 5,93 i 2017. Talet for private barnehagar er 6,15, uendra frå 2016.

Strategiar og tiltak

Implementeringa av ny rammeplan

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å støtte implementeringa av rammeplanen i barnehagane. Rettleiings- og støttemateriell blir utvikla og gjort tilgjengeleg på nettsidene til direktoratet. Det er sett i verk eit femårig program for evalueringa av implementeringa av den nye rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen for perioden 2018–22. Utdanningsdirektoratet er programeigar, og programmet har ei kostnadsramme på 20 mill. kroner. Evalueringa skal søke å gi svar på kva for endringar som skjer i barnehagen som følge av ny rammeplan. Det skal undersøkast korleis ny rammeplan blir sett i verk i praksis, blant anna korleis planen blir fortolka, operasjonalisert og erfart av aktørar på ulike nivå i sektoren. Kunnskap om implementeringa av den nye rammeplanen skal bidra til å gi eit forskingsbasert grunnlag for vidare politikkutforming.

Innføring av bemanningsnorm

Regjeringa lovar i den politiske plattforma si å sikre fleire vaksne i barnehagen gjennom ei ansvarleg bemanningsnorm og ein auke i delen pedagogar. Stortinget har i juni 2018 vedtatt ei bemanningsnorm i barnehagelova som inneber at barnehagen minst skal ha éin tilsett per tre barn under tre år og éin tilsett per seks barn over tre år, jf. Lovvedtak 64 (2017–2018), Innst. 319 L (2017–2018) og Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.) . Endringa tredde i kraft frå 1. august 2018, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 38, 24. november 2015 frå stortingssesjonen 2015–16.

Departementet har fastsett ei overgangsføresegn i forskrift som inneber at barnehageeigarane kan bruke perioden fram til 1. august 2019 til å oppfylle bemanningsnorma, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 804, 31. mai 2018 frå stortingssesjonen 2017–18. Det er også mogleg å få dispensasjon frå bemanningsnorma, jf. barnehagelova § 18 tredje ledd. Dersom barnehageeigaren ikkje oppfyller bemanningsnorma 1. august 2019, må barnehageeigaren søke om dispensasjon frå bemanningsnorma. Kommunen kan gi dispensasjon frå kravet til grunnbemanning for inntil eitt år om gangen når særlege omsyn tilseier det. Barnehageeigaren skal legge fråsegn frå barnehagen sitt samarbeidsutval ved søknaden. Fylkesmannen er klageinstans.

Gjennom budsjettavtalen for revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei det løyvd 100 mill. kroner til eit øyremerkt tilskott til barnehagar i kommunar som ikkje oppfyller bemanningsnorma, jf. kap. 231 post 60. Tilskottet skal særleg bidra til berekraftig økonomi i små barnehagar. Små barnehagar er meir sårbare for mellombelse tregleikar i finansieringssystemet, og tilskottsordninga sikrar at dei får kompensert for auka utgifter allereie frå rekneskapsåret 2018. For meir omtale av denne problemstillinga, sjå omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 802, 804 og 807, 31. mai 2018 og nr. 1005, 15. juni 2018, alle frå stortingssesjonen 2017–18. Regjeringa meiner kommunesektoren og dei private barnehagane er kompensert for innføring av bemanningsnorma også utan dette øyremerkte tilskottet. Dette grunna at bemanningsnorma i kommunale barnehagar allereie var oppfylt før innføring, og at dei private barnehagene får driftstilskott på lik linje med dei kommunale og at det derfor er lagt til rette for at dei kan ha like god bemanning som dei kommunale. I tillegg grunngav regjeringa i statsbudsjettet for 2018 om lag 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane med tidleg innsats i barnehage og skole. Regjeringa meiner derfor at det har vore lagd godt til rette for å innføre bemanningsnorma.

Bemanningsnorma vil gi fleire tilsette i barnehagar med låg bemanning. Når statistikk frå 2017 viser at nesten halvparten av barnehagane må auke bemanninga, vil det gi fleire barn meir og betre oppfølging enn tidlegare. Dette viser at regjeringa tar grep og bygger eit sterkare lag rundt kvart enkelt barn.

Barn som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Tilbodet til barn med særskilde behov

Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Det er kommunen som skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans som vurderer behovet. Det har vore ein jamn auke i talet på barn som får spesialpedagogisk hjelp i barnehage i dei siste fem åra. I 2017 fekk 8 674 barn spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, noko som tilsvarer tre pst. av alle barna. I snitt har barna vedtak om 500 årstimar med spesialpedagogisk hjelp, delt på pedagog og assistent. Kommunane innvilgar nokre fleire vedtakstimar til pedagogar enn assistentar.

Gjennom ei spørjing til Barnehage-Noreg i 2017 har departementet fått eit utvida kunnskapsgrunnlag. Ifølge styrararne som har gitt svar, er det mangelen på ressursar og mangelen på kompetanse i personalgruppa som er dei to største hindringane for å kunne gi eit tilbod til barn med særlege behov innanfor det allmennpedagogiske tilbodet. Berre 64 pst. av styrarane har tilsette med spesialpedagogisk kompetanse i barnehagen. 95 pst. av styrarane seier at barnehagen har rutinar for samarbeidet med PPT. Dei aller fleste styrarane opplever at dei sakkunnige vurderingane frå PPT bidrar positivt til det vidare arbeidet med barna. Det er også mange som er samde i at den sakkunnige vurderinga frå PPT er eit godt grunnlag for å fatte enkeltvedtak, men her er det store fylkesvise forskjellar.

Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) leverte våren 2018 rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge til Kunnskapsdepartementet. Ekspertgruppa slår fast at tilbodet til barn under skolepliktig alder er for dårleg. Det er framleis mange barn som ikkje får det tilbodet dei har krav på. Dei blir ikkje inkluderte i tilstrekkeleg grad i barnegruppa, og dei får ikkje alltid hjelp av kvalifisert personale. Ekspertgruppa meiner at den store variasjonen i kvaliteten på barnehagetilbodet er særleg kritisk for barn med særskilde behov. Ekspertgruppa peiker på at det er særleg viktig å sette inn målretta tiltak for språkstimulering for minoritetsspråklege barn. Sjå også omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep

Barnehagen står i ein særposisjon til å oppdage barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Alle tilsette har plikt til å melde frå til barnevernet om bekymring for eit barn. I 2017 meldte barnehagen 17,9 pst. av sakene for barn i alderen eitt–fem år der barnevernet starta undersøking, dette omfatta 12 156 saker og er en liten auke frå 2016. For nærare statistikk, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagen.

Strategiar og tiltak

Melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap

Tidleg innsats og ein inkluderande barnehage er viktige prioriteringar for regjeringa. Barn med særskilde behov skal få eit fullverdig tilbod. Rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge frå ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) har vore ute til brei høyring. Departementet vil gjere ei grundig vurdering av forslaga i rapporten og synspunkt frå høyringa. Regjeringa vil følge opp rapporten i ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap hausten 2019. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tiltak for å hjelpe utsette barn

Departementet følger opp Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) på området til Kunnskapsdepartementet. Dette omfattar tiltak som gjeld kompetanseheving for dei tilsette i barnehage og skole, jf. nærare omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa. For omtale av arbeidet med ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep og midlar til opplæringsprogam som blant anna blir prøvd ut i barnehagar, sjå Prop. 1 S (2018–2019) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Utsette barn og unge og familiene deira har ofte behov for hjelp frå fleire offentlege tenester, og det er derfor viktig å få til god samordning av tiltak. Kunnskapsdepartementet leier det femårige 0–24-samarbeidet, der også Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet deltar. Satsinga gjeld perioden 2015–20 og har som mål å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år for å hindre fråfall i grunnopplæringa og seinare utanforskap i samfunnet. Gjennom betre samordna tenester skal utsette barn og unge og familiane deira få tilpassa og tidleg hjelp. For meir omtale, sjå programkategori 07.20.

Andre tiltak

Våren 2018 vedtok Stortinget forslaget om ei klargjering i barnehagelova av tilbodet til barn med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), jf. Innst. 319 L (2017–2018). Lovforslaget tredde i kraft 1. august 2018 og skal bidra til å sikre at barn med behov for ASK får eit tilrettelagt tilbod.

Stortinget har lovfesta ei gjensidig plikt for barnehage- og skoleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skole og SFO. Denne plikta tredde i kraft 1. august 2018, jf. Innst. 319 L (2017–2018). Sjå også omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

For små barn er kommunikasjon gjennom kroppsspråk og ansiktsmimikk avgjerande for at barnehagen skal kunne oppfylle mandatet sitt. Det er derfor viktig at dei som er tilsette i barnehagen, er kledde på ein måte som gjer det mogleg med desse formene for kommunikasjon. Frå 1. august 2018 er det innført forbod mot ansiktsdekkande plagg i blant anna barnehagar, jf. Prop. 51 L (2017–2018) og Innst. 351 L (2017–2018). Stortinget har bedt om ei kartlegging av omfanget av ansiktsdekkande plagg blant barn i barnehage, og departementet vil komme tilbake til dette, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 830, 5. juni 2018, stortingssesjon 2017–18.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet. Barnehagen er ein del av utdanningsløpet, og tidleg innsats startar allereie her. Forskinga er tydeleg på at det pedagogiske arbeidet har betydning for blant anna samspel og språkutvikling. Minoritetsspråklege barn treng god oppfølging for å lære norsk ved sida av morsmålet, og det er viktig at dei tilsette har god norskkompetanse.

Grunnbemanninga i barnehagen består av pedagogiske leiarar, andre pedagogar, fagarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og assistentar, der ein del er utan barnehagefagleg kompetanse. I 2017 var fordelinga av årsverka i grunnbemanninga i barnehagen slik: 38,2 pst. barnehagelærarar, 19,9 pst. barne- og ungdomsarbeidarar, 1,8 pst. anna pedagogisk utdanning, 1,2 pst. pedagogisk utdanning tilsvarande utdanningskravet til pedagogisk leiar, 2,0 pst. anna høgre utdanning, 4,5 pst. anna fagarbeidarutdanning og 32,4 pst. utan høgre utdanning eller fagbrev. Det er ei utfordring at det framleis er ein stor del av dei tilsette som heilt manglar barnehagefagleg kompetanse.

Oppfølginga av kompetansestrategien

Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 skal støtte opp om arbeidet med rekruttering og kompetanseutvikling. Strategien har tiltak som rettar seg mot alle grupper tilsette i barnehagen, slik at alle får høve til å utvikle seg fagleg, både individuelt og i fellesskap.

Det nye grepet i kompetansestrategien er å vidareutvikle den regionale ordninga for kompetanseutvikling og å etablere samarbeidsforum. Den regionale ordninga skal bidra til at barnehagane utviklar den pedagogiske praksisen sin gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling, og at dette blir gjort i samsvar med dei lokale behova.

Ein del av midlane til kompetanseutvikling for barnehagane går til tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering. Ein delrapport frå følgeevalueringa av kompetansestrategien viser at kommunale og private barnehagar har brukt tilretteleggingsmidlar i om lag like stor grad. Midlane er etterspurde og ser ut til å vere eit viktig tiltak, særleg for deltakarar som tar arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) eller barnehagelærarutdanning på deltid. Tilretteleggingsmidlar ser dermed ut til å støtte opp om målet om at delen barnehagelærarar aukar, jf. omtale av den skjerpa pedagognorma nedanfor.

Mangelen på barnehagelærarar

Det er til dels store forskjellar mellom barnehagane når det gjeld talet på tilsette med pedagogisk utdanning. Tal frå 2017 viser at 77,2 pst. av alle ordinære barnehagar oppfylte det tidlegare minstekravet om éin pedagogisk leiar per ni barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 18 barn over tre år. 39,4 pst. av dei som arbeider i grunnbemanninga i barnehage hadde barnehagelærarutdanning eller tilsvarande. Desse to utdanningsgruppene er kvalifiserte til å arbeide som pedagogisk leiar. Det betyr at store delar av arbeidet i barnehagen blir utført av tilsette utan pedagogisk utdanning.

Det har vore ein gledeleg stor auke i talet på studentar på barnehagelærarutdanninga (BLU) i dei siste åra. I 2018 har BLU det høgste talet på søkarar nokon gang; 4 351 søkarar har BLU som sitt førsteval. Dette er 699 fleire enn i 2017, ein auke på 19,1 pst. Ulike framskrivingar og utrekningar tyder på at det på landsbasis vil vere nok barnehagelærarar tilgjengelege i dei kommande åra til å oppfylle den skjerpa pedagognorma. Ei ny studie frå NOVA viser at det framleis vil vere mangel på barnehagelærarar i Oslo, Akershus og Rogaland, men desse områda vil ifølge dagens berekningar kunne ta igjen etterslepet i 2020.

Strategiar og tiltak

Skjerpa pedagognorm

Det er behov for fleire pedagogar i barnehagane for å sikre at barna får eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Den nye rammeplanen for barnehagen er tydelegare på kva personalet skal gjere for at barna skal trivast og utvikle seg, og dette stiller høge krav til kompetansen i barnehagen.

Regjeringa lovar i den politiske plattforma si å sikre fleire vaksne i barnehagen gjennom ei ansvarleg bemanningsnorm og ein auke i delen pedagogar. Regjeringa har fastsett ei skjerpa pedagognorm i Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager, som inneber at barnehagen minst skal ha éin pedagogisk leiar per sju barn under tre år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Den skjerpa pedagognorma tredde i kraft frå 1. august 2018. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 38, 24. november 2015, stortingssesjon 2015–16. Regjeringa har ein ambisjon om å skjerpe kompetansekravet ytterlegare. Dette må bli vurdert i lys av utviklinga i talet på barnehagelærarar som blir utdanna, og som blir i yrket.

Hausten 2017 løyvde Stortinget 172 mill. kroner for å rekruttere fleire pedagogar. I statsbudsjettet for 2018 løyvde Stortinget totalt 424 mill. kroner til fleire barnehagelærarar for å oppfylle den foreslåtte skjerpa pedagognorma. Løyvinga tilsvarer ei opptrapping frå om lag 39 pst. til om lag 43 pst. barnehagelærarar eller tilsvarande. Kravet vil styrke den pedagogiske bemanninga i tre av fire barnehagar. Kommunane er kompenserte for skjerpinga av pedagognorma da tilskottet til fleire barnehagelærarar blei overført til rammetilskottet i 2018.

Regjeringa har fastsett ei overgangsordning i forskrifta om tildeling av tilskott til private barnehagar. Ordninga skal sikre at dei private barnehagane får kompensert for auka utgifter samtidig med kommunane, og allereie frå rekneskapsåret 2017. Tilskottet for 2018 blir gitt for heile året.

Barnehagane har, etter forskrifta om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 2, høve til å søke om midlertidig dispensasjon frå pedagognorma for inntil eitt år om gangen dersom særlege omsyn tilseier det. Eit slikt særleg omsyn kan vere om oppfyllinga av den skjerpa pedagognorma er kritisk for den vidare drifta. Overgangsordninga skal etter planen gjelde ut 2019. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 804, 31. mai 2018, stortingssesjon 2017–18.

Rekruttering av barnehagelærarar

Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 skal støtte opp om arbeidet med både rekruttering og kompetanseutvikling. Det er særskilt relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskole- og barnehagelærarutdanninga. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpene. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 800, 7. juni 2016, stortingssesjon 2017–18.

For å auke tilgangen på barnehagelærarar foreslår regjeringa å løyve 5 mill. kroner for å sette i gong eit kull med 70 studieplassar i arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Dette inkluderer tilretteleggingsmidlar. ABLU er eit tiltak der fagarbeidarar og erfarne assistentar får tilbod om å ta barnehagelærarutdanninga på deltid medan dei arbeider i barnehagen. Departementet tar sikte på å sette i gong eit kull med 70 studieplassar i ABLU årleg til og med 2022, altså ut kompetansestrategiperioden.

For 2019 foreslår regjeringa å løyve 5 mill. kroner til å vidareføre studieplassar som blei sette i gong i 2018 og sette i gong eit nytt kull med 35 studieplassar i tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB). Dette inkluderer tilretteleggingsmidlar. TIB er eit tiltak der personar med anna pedagogisk utdanning får tilbod om tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk, slik at dei får godkjenning som barnehagelærarar. Departementet tar sikte på å sette i gong eit kull med 35 studieplassar i TIB årleg til og med 2022, altså ut kompetansestrategiperioden.

Styrking av kvaliteten på lærarutdanningane

Våren 2017 lanserte regjeringa strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene . Strategien gir retninga for arbeidet med å utvikle lærarutdanningane. Eit hovudgrep i strategien er partnarskap mellom lærarutdanningane og skole- og barnehageeigarar for blant anna å etablere lærarutdanningsskolar og lærarutdanningsbarnehagar.

Sluttrapporten frå følgegruppa for barnehagelærarutdanninga blei overlevert til Kunnskapsdepartementet hausten 2017. Rapporten viser at profesjonsinnretninga i studiet er styrkt, men det er framleis stor variasjon mellom utdanningsinstitusjonane når det gjeld kvaliteten på utdanninga. Rapporten innheld anbefalingar både til utdanningsinstitusjonane og til Kunnskapsdepartementet, og er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med å styrke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga.

Kunnskapsgrunnlag om barnehagelærarrolla

Det ligg føre lite forsking om barnehagelærarrolla. Hausten 2017 oppnemnde Kunnskapsdepartementet ei ekspertgruppe som skal skaffe eit kunnskapsgrunnlag som aukar forståinga av barnehagelærarrolla i barnehagen. Ekspertgruppa skal gi råd om korleis profesjonen og utdanninga kan vidareutviklast for å sikre høg kvalitet i barnehagen framover. Den nye rammeplanen for barnehagen og den skjerpa pedagognorma vil også påverke barnehagelærarrolla og yrkesutøvinga. Ekspertgruppa skal beskrive, klargjere og analysere barnehagelærarrolla, både i det pedagogiske arbeidet med barna og i leiinga og rettleiinga av dei andre tilsette i barnehagen. Også styrarrolla vil bli vurdert. Gruppa skal levere rapporten i desember 2018.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

Stortinget vedtok våren 2017 at regjeringa, i samarbeid med partane, skal utforme nasjonale rammer for rettleiing. Målet at alle nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skole skal få ein god overgang frå utdanninga til yrket. Rettleiing kan verke utviklande for profesjonsfellesskapet i barnehage og skole og bidra til betre trivsel og læring for barn og elevar. Tilbodet skal gi rom for lokal tilpassing. Prinsipp og forpliktingar for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skole blei lagde fram hausten 2018. Dokumentet er ein del av dei nasjonale rammene og skal gjelde i tre år. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle dei andre delane av dei nasjonale rammene: ein skriftleg fagleg rettleiar og rammer for eit utdanningstilbod for rettleiarar. Sjå også omtale under kap. 226 post 21, kap. 231 post 21 og i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 477, 23. februar 2017, stortingssesjon 2016–17.

Kompetansetiltak for barnehagepersonalet

Regjeringa styrker kompetansetiltak for tilsette med 15 mill. kroner i 2019. Dette er ei vidareføring av auka tal på vidareutdanningsplasser for barnehagelærarar, 70 nye studieplassar på ABLU og 35 nye studieplassar på TIB. Vidare vil regjeringa føre vidare kompetansetiltak for alle grupper tilsette i barnehagen jf, kompetansestrategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018 2020 . Regjeringa vil også føre vidare ordninga med tilretteggingsmidlar for lokal prioritering og for barnehageeigarar som har tilsette som deltar på vidareutdanning. For nærare omtale, sjå kap. 231 post 21.

Krav til norskkompetanse for å bli tilsett i barnehage

For at det norskspråklege miljøet i barnehagen skal vere så godt at barn med anna morsmål kan få god opplæring i norsk, må dei tilsette kunne kommunisere godt på norsk. Regjeringa foreslo derfor i Prop. 170 L (2016–2017) Endringer i barnehageloven (krav til norskspråklig kompetanse) å innføre eit krav om å ha kompetanse i norsk språk for å bli tilsett i barnehage. Stortinget støtta dette, jf. Innst. 120 L (2017–2018) og Lovvedtak 28 (2017–2018). Kravet tredde i kraft 1. august 2018. Det inneber at personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må ha tatt norskprøve og oppnådd nivå A2 på delprøve i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 796, 7. juni 2016, stortingssesjon 2015–16.

Mål 4: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Hinder for barnehagedeltaking

Barn med minoritetsspråkleg bakgrunn og/eller frå familiar med låg inntekt går i mindre grad i barnehage enn andre barn. Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Gratis kjernetid på 20 timar per veke er eit tilbod til tre-, fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt. Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense.

Det er ei utfordring at mange familiar i målgruppa ikkje bruker desse ordningane. Tidlegare rapportar har vist at hindra kan vere både av økonomisk, kulturell, ideologisk og praktisk art, eller ein kombinasjon av dette. Ein delrapport om dei økonomiske moderasjonsordningane frå mai 2018 viser at det er mange i målgruppa som ikkje kjenner til ordningane, og at søknadsplikta for å få moderasjon gjer terskelen for bruk høgre. Samtidig viser delrapporten at ordningane er viktige tiltak som legg til rette for at fleire barn får gå i barnehage. Ei endeleg evaluering av ordningane kjem i slutten av 2018 og vil legge grunnlaget for justeringar av ordningane for å nå flest mogleg i målgruppa.

Regelverket for private barnehagar er ikkje tilpassa utviklinga i sektoren

Reguleringa av private barnehagar har vore tilpassa ein periode der barnehagesektoren skulle byggast ut og alle barn skulle få rett til barnehageplass. Nå er sektoren ferdig utbygd, og vi ser ei utvikling der nokon barnehagekonsern får auka marknadsdel og høg avkastning.

Departementet har bestilt og mottatt to rapportar frå Telemarksforsking og konsulentselskapet BDO som viser at lønnsemda har vore god for dei største private barnehageeigarane i dei siste ti åra. Noko av forklaringa kan vere at regelverket og tilskottsordningane frå 2003, som skulle sikre den store utbygginga av barnehagar, nå bidrar til store overskott og gevinstar ved sal av barnehagar. Dei private barnehagane har sidan 2016 hatt krav på 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansering i same kommune. I tillegg får dei private barnehagane eit kapitaltilskott ut frå godkjenningsåret til barnehagen. Private barnehagar kan ta økonomisk utbytte både frå drifta og frå sal av barnehagar. Det er positivt at private barnehagar har ein sunn økonomi med et overskott som gjer drifta stabil og sikrar kontinuitet for både barnehagebarn og tilsette.

Ei kartlegging av Agenda Kaupang i 2017 viser at kun éin pst. av dei private barnehagane har hatt økonomisk tilsyn i 2016, og at kompetansen og kapasiteten til kommunane på tilsynsfeltet varierer.

Strategiar og tiltak

Foreldrebetaling og moderasjonsordningar

Regjeringa foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2019 blir fastsett til 2 990 kroner per månad frå 1. januar 2019. Frå 1. august foreslår regjeringa å auke maksimalprisen med 50 kroner, slik at maksimalprisen for eit ordinært heltidstilbod blir fastsett til 3 040 kroner per månad frå 1. august 2019, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 3. Auken på 50 kroner per månad frå 1. august skal gi rom for andre satsingar på barnehageområdet, jf. omtalen av blant anna utvidinga av ordninga med gratis kjernetid til å omfatte toåringar frå familiar med låg inntekt.

Regjeringa foreslår å føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Det betyr at alle husstandar med ei samla skattbar inntekt under 548 167 kroner, vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. januar 2019, og at dei med ei samla skattbar inntekt under 557 333 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. august 2019.

Gratis kjernetid

Stortinget vedtok for 2018 å auke inntektsgrensa for gratis kjernetid 20 timar per veke for tre-, fire- og femåringar i familiar med låg inntekt frå 450 000 kroner til 533 500 kroner med verknad frå 1. august 2018, jf. Innst. 12 S (2017–2018). Regjeringa foreslår for 2019 å utvide ordninga med gratis kjernetid til også å inkludere toåringar i familiar med låg inntekt i ordninga frå 1. august 2019. For 2019 foreslår regjeringa å kompensere kommunane med 61,7 mill. kroner for heilårseffekten av auken i inntektsgrensa og med 45,7 mill. kroner for inkluderinga av toåringane i ordninga med gratis kjernetid. Regjeringa foreslår at inntektsgrensa blir sett til 548 500 kroner frå 1. august 2019, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 4.

Forsøk med gratis barnehage og SFO

I budsjettforliket for 2017 løyvde Stortinget 20 mill. kroner til eit seksårig forsøk med gratis barnehage og skolefritidsordning (SFO) for dei barna som står utanfor barnehage og SFO. Løyvinga blei auka til om lag 24 mill. kroner i 2018. Inntil 4 mill. kroner av løyvinga skulle gå til forsking for å gi meir kunnskap om effekten av gratistilbodet. Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å fordele midlane og etablere eit forskingsprosjekt som skulle måle virkning av tiltaka.

Medan forskingsprosjektet har vore greidd ut og lyst ut har midlane til nå vore brukte til gratis barnehage gjennom dekking av foreldrebetalinga i kommunar med mange barn frå familiar med låg inntekt og/eller barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. I overkant av 1 200 barn har fått gratis barnehageplass gjennom tildelingane for barnehageåra 2017–18 og 2018–19. Søknadsfristen for eit seksårig forskingsprosjekt der også SFO vil inngå, var 24. april 2018. Val av forskingsmiljø skulle etter planen skje hausten 2018. Regjeringa sitt forslag om innføring av gratis kjernetid for toåringar frå familiar med låg inntekt samt andre initiativ, som pågåande prosjekt med gratis deltidstilbod i SFO i fire kommunar og regjeringa si områdesatsing, gjer det utfordrande å utforme eit forskingsprosjekt som gjer det mogleg å vurdere verknaden av desse midlane isolert sett. Regjeringa vil derfor vurdere forskingsbehova på nytt i lys av blant anna evalueringa av ordninga med redusert betaling og gratis kjernetid i barnehage og evalueringa av SFO når dei ligg føre.

Aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid

Rammetilskottet til kommunane blei styrkt med 10 mill. kroner i 2016 til informasjons- og rekrutteringsarbeid på barnehagefeltet for å auke barnehagedeltakinga blant barn frå familiar med låg inntekt og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Regjeringa oppretta i 2018 eit øyremerkt tilskott for aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid overfor familiar med minoritetsspråkleg bakgrunn, jf. kap. 231 post 66. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 9 mill. kroner i 2019 over kap. 231 post 21 til rekrutteringstiltak i barnehage i utsette byområde. For omtale av områdesatsingar i utsette byområde og finaniseringa av dette, sjå programkategori 07.20 og kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og programkatgori 07.90 og kap. 291 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar.

Utdanningsdirektoratet har utvikla nettsida «Hvordan rekruttere minoritetsspråklige barn til barnehagen?». På nettsida er det samla informasjon om gratis kjernetid og moderasjonsordningar og erfaringar frå fleire kommunar om korleis dei driv rekrutteringsarbeid. I tillegg finst det eit faktaark på fleire språk om barnehage, gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling. Foreldreutvala for barnehagen og grunnopplæringa skal også utvikle informasjonshefte til fleirkulturelle miljø, jf. kap. 221.

Utvikling av regelverket for private barnehagar

Regjeringa ønsker eit regelverk for bruk av offentlege tilskott og foreldrebetaling som gir eit stort mangfald av barnehagar med høg kvalitet og som sikrar at midlane kjem barna til gode. Regjeringa har derfor sett i gang eit arbeid for å utvikle eit framtidsretta regelverk for private barnehagar som er tilpassa den utviklinga som har skjedd. I tillegg vil innføringa av bemanningsnorm og skjerpa pedagognorm 1. august 2018 bidra til å sikre at offentlege midlar i større grad kjem barna til gode. Normene vil medverke til at barnehagar som har hatt lågare bemanning som grunnlag for økonomisk overskott, nå må bruke den offentlege finansieringa til fleire tilsette. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 460 og 461, 13. februar 2018 og nr. 802, 31. mai 2018, stortingssesjon 2017–18.

Dei private barnehagene skal framleis ha ein sunn økonomi der årlege overskott skal vere mogleg. Det er viktig for å gjere drifta stabil over tid, slik at barna får eit barnehagetilbod som er prega av kontinuitet og stabilitet.

Regjeringa har merka seg at det er svært få økonomiske tilsyn med private barnehagar. Eit velfungerande tilsynssystem er viktig for å sikre høg kvalitet, og regjeringa vil i samband med dette arbeidet sjå på innretninga på det økonomiske tilsynet. Sjå også omtale av oppmodingsvedtak 805, 31. mai 2018.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51

447 458

443 442

481 266

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

21 565

22 012

51

Forsking , kan nyttast under post 21

8 866

8 344

8 543

60

Tilskott til bemanningsnorm i barnehage

102 800

63

Tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

142 036

145 729

149 809

66

Tilskott til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

20 000

20 560

70

Tilskott for svømming i barnehagane

37 315

66 243

68 164

Sum kap. 0231

657 240

705 770

831 142

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane på posten skal medverke til å gjere barnehagetilbodet betre og meir likeverdig. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar og stipend for deltaking på studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehagen og noko forvaltning av ulike tiltak.

Mål for 2019

Auke kvaliteten på barnehagetilbodet og få meir kunnskap om barnehagen.

Rapport for 2017

Samla blei det nytta 447,5 mill. kroner over posten i 2017. Av dette gjekk 233,4 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane for å følgje opp kompetansestrategien for tilsette i barnehagane. Regjeringa legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgre kvalitet på barnehagetilbodet, og at tiltaka er viktige verkemiddel i arbeidet med å implementere den nye rammeplanen for barnehagen. Tabellen under gir ei oversikt over dei ulike kompetansetiltaka.

Tabell 4.7 Kompetansetiltak for tilsette i barnehagane 2017

Type kompetansetiltak

Tal på deltakarar

Beløp (i mill. kroner)

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU)

593

55,8

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

356

28,5

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar

648

27,7

Praksiskandidatordninga

862

12,5

Fagskoleutdanning i oppvekstfag

562

14,6

Regionale kompetansemidlar fordelte av fylkesmannen

80,8

Rettleiing av nyutdanna, nytilsette lærarar og nettverksarbeid mellom barnehage- og skoleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonar

Midlar til lærarutdanningar

4,0

Kompetansløft til tilsette i opne barnehagar

111

3,5

Forsøksordning med midlar til ikkje-kommunale barnehageeigarar til barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak

16

6,0

Sum

233,4

I tillegg til midlane til dei ulike kompetansetiltaka blei det også nytta 25,9 mill. kroner til tilretteleggingsmidlar frå fylkesmannen til barnehageeigarar etter lokal prioritering til deltakarar på ABLU og andre studium. Vidare blei det nytta 60,7 mill. kroner til barnehageeigarar for å legge til rette for at dei tilsette kan delta på vidareutdanning for barnehagelærarar.

Det blei nytta 11,1 mill. kroner frå denne posten til Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving. Vidara blei dei nytta 6,2 mill. kroner til tilskott til realfagskommunar i samband med realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019). Midlane blei nytta til fleire barnehagar i lokale realfagsnettverk og til innkjøp av utstyr til arbeid med realfag i barnehagen.

Det blei nytta 9,0 mill kroner til satsinga «Inkluderande barnehage- og skolemiljø», herunder læringsmiljøprosjektet og samlingsbaserte nettbaserte tilbod. Vidare blei nytta 19,4 mill. kr til forsøk med gratis barnehage og SFO.

Det blei óg nytta midlar frå posten til forvaltning av tiltak hos fylkesmannen, Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet og til å skaffe meir kunnskap om barnehagen gjennom forsking, undersøkingar og statistikkarbeid. Dette inkluderar 16,4 mill. kroner til Noregs forskingsråd for blant anna opprettelse av to senter for barnehagerelevant forsking. Det eine senteret er knytt til Høgskulen på Vestlandet og har fått namnet BARNkunne – Senter for barnehagekunnskap. Det andre senteret er knytt til Universitetet i Stavanger og har fått namnet FILIORUM, det latinske ordet for barn.

Budsjettforslag for 2019

Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving i barnehagesektoren. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga over kap. 231 post 21 til 481,3 mill. kroner.

Departementet foreslår å løyve 9 mill. kroner over kap. 231 post 21 til rekrutteringstiltak i barnehage i utsette bydeler.

Departementet foreslår å bruke 5 mill. kroner til å sette i gong eit nytt kull med 70 studieplassar i arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Vidare foreslår departementet å bruke 5 mill. kroner til å vidareføre studieplassar som blei sette i gong i 2018 og sette i gong eit nytt kull med 35 studieplassar i tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB). Disse plassane inkluderer tilretteleggingsmidlar.

Departementet foreslår å fase inn midler i 2019 til regional ordning for kompetanseutvikling, til totalt 140 mill. kroner. Ordninga blei vidareutvikla i 2018 som ein del av oppfølginga av strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

Departementet foreslår å føre vidare 24 mill. kroner til forsøket med gratis barnehage og SFO.

Departementet foreslår å føre vidare 10 mill. kroner til arbeidet mot mobbing og eit godt barnehagemiljø. Vidare foreslår departementet 11 mill. kroner og 5 mill. kroner til høvevis Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving og realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019). Desse tiltakane må ein sjå i samanheng med tiltak under kap. 226 post 21.

Departementet vil føre vidare stimuleringsmidlane til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skole som universitet og høgskolar kan søke om å få. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 477, 23. februar 2017, stortingssesjon 2016–17.

Departementet vil føre vidare midler til dei to sentra for barnehagerelevant forsking, og det vil bli løyvd midlar til anna forsking og ulike evalueringer over denne posten i 2019.

Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av hovuddelen av midlane på posten i samråd med departementet, innenfor den ramma som er foreslått over og i samsvar med tiltaka i kompetansestrategien og andre prioriterte områder.

Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

For omtale av arbeidet med ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep og midlar til opplæringsprogram som mellom anna blir prøvd ut i barnehagar, sjå Prop. 1 S (2018–2019) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget har til og med 2018 forvalta dette tilskottet til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar og barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring. Tilskottet kunne bli nytta til utviklingsarbeid og prosjekt i barnehagane. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har hatt faste samarbeidsmøte på administrativt nivå og konsultasjonar etter behov og nærare avtale.

Rapport for 2017

I 2017 mottok Sametinget 21,6 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod.

Statistikk frå Sametinget viser at det i 2017 var totalt 846 barn som gjekk i barnehagar med eit samisk tilbod, mot 758 i 2016. Av desse gjekk 623 barn i samiske barnehagar, 93 barn i barnehagar med samisk avdeling og 130 barn i barnehagar med tilbod om språkopplæring i samisk. Av dei 846 barna hadde 788 barn nordsamisk bakgrunn mot 708 i 2016, 24 barn hadde lulesamisk bakgrunn mot 19 i 2016 og 34 barn hadde sørsamisk bakgrunn mot 31 i 2016.

I 2017 var det registrert 23 samiske barnehagar, tilsvarande som i 2016. Det var registrert åtte barnehagar med samisk avdeling, tilsvarande som i 2016. Det var registrert 32 barnehagar med samisk språkopplæringstilbod mot 26 i 2016. Dei sistnemnde barnehagane ligg i åtte fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag, Rogaland, Oppland, Oslo og Akershus.

Budsjettforslag for 2019

Sametinget og regjeringa er blitt einige om at det frå 2019-budsjettet blir etablert ei budsjettordning der overføringane til Sametinget over statsbudsjettet i utgangspunktet blir samla på éin budsjettpost. Regjeringa foreslår derfor å rammeoverføre 22,7 mill. kroner frå kap. 231 post 50 til kap. 560 Samisk språk, kultur og samfunnsliv, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Løyvinga blir nytta til forsking på og om barnehagar og blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram. Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21.

Mål for 2019

Målet er å få meir og betre kunnskap om barnehagen, til nytte for dei som arbeider der, og for dei som formar og forvaltar barnehagepolitikken.

Rapport for 2017

Heile løyvinga på posten gjekk uavkorta til Noregs forskingsråd, som deler ut midlane innanfor forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023). Programmet omfattar forsking på og innovasjon i utdanningssektoren, frå barnehage og skole til høgre utdanning og vaksnes læring.

FINNUT finansierer forsking på blant anna barns språkutvikling, barnehageleiing og ute- og innemiljøet i barnehagar. I tillegg finansierer programmet fleire prosjekt om pedagogisk praksis, blant anna innanfor digital kompetanse, informasjonssøking og leikbasert læring. GOBAN (Gode barnehager for barn i Norge) er eit av dei største prosjekta innanfor barnehageforsking som blir finansiert av programmet. Prosjektet er ein longitudinell studie som følger om lag 1 200 barn i barnehagen over fire år. I samarbeid med prosjektet Blikk for barn har forskarar systematisk observert og dokumentert kvaliteten i 206 barnegrupper i 93 tilfeldig utvalde norske barnehagar ved hjelp av ulike internasjonale observasjonsverktøy. Resultata, som blei publiserte i 2017, tyder på at kvaliteten på norske barnehagar i gjennomsnitt er lågare enn forventa, men at det er stor variasjon mellom barnehagane.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 8,5 mill. kroner på denne posten i 2019. Dette er ei vidareføring av nivået frå 2018.

Post 60 Tilskott til bemanningsnorm i barnehage

Tilskottet blei oppretta i 2018 som eit resultat av budsjettavtalen for revidert nasjonalbudsjett, jf. Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018. Stortinget løyvde 100 mill. kroner til ordninga, jf. Innst. 400 S (2017–2018).

Mål for 2019

Tilskottet skal bidra til å styrke innføringa av bemanningsnorma i barnehagar i kommunar som har over 6,0 barn per vaksen i kommunen sine eigne barnehagar. Tilskottet skal særleg bidra til berekraftig økonomi i små barnehagar.

Budsjettforslag for 2019

Regjeringa foreslår å løyve 102,8 mill. kroner i 2019 for å betre finansieringa av bemanningsnorma i barnehagane. Regjeringa meiner kommunesektoren og dei private barnehagane er kompensert for innføring av bemanningsnorma også utan dette øyremerkte tilskottet. Midlane skal gå som eit treårig øyremerkt tilskott for perioden 2018–20 over kap. 231 Barnehagar, post 60 Tilskott til bemanningsnorm i barnehage. Om lag 60 mill. kroner av dette skal gå til ei overgangsordning for dei private barnehagane som ligg i kommunar med meir enn 6,0 barn per vaksen i kommunens eigne barnehagar per desember 2017. Overgangsordninga skal ta særleg omsyn til ein berekraftig økonomi i små barnehagar. Små barnehagar er meir sårbare for mellombelse tregleikar i finansieringssystemet, og tilskottsordninga sikrar at dei får kompensert for auka utgifter allereie frå rekneskapsåret 2018. Om lag 40 mill. kroner av løyvinga skal bli fordelte til kommunane etter tilsvarande kriterium.

Post 63 Tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

Utdanningsdirektoratet tildeler tilskottet til eit utval av kommunar som oppfyller følgande to kriterium: at minst ti pst. av barnehagebarna i kommunen er definerte til å vere minoritetsspråklege, og at talet på desse må vere minst 50 barn. Definisjonen omfattar barn med annan språk- eller kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Rapport for 2017

Ordninga blei lagd om frå 1. januar 2017 ved å klargjere at tilskottet skal bidra til å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage. Samtidig blei kriteria for tildeling endra slik at berre dei kommunane som har størst utfordringar, får tilskott. I 2017 omfatta dette 124 kommunar og 85 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage.

Kommunane har ikkje rapporteringsplikt for bruken av tilskottet. Ei evaluering som Rambøll gjorde i 2014, viste at midlane blei nytta til formålet for ordninga. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 149,8 mill. kroner på denne posten i 2019. Det er ei vidareføring av nivået for 2018.

Post 66 Tilskott til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

Regjeringa oppretta denne tilskottsordninga i 2018. Midlane skal gå til aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til barnehagen. Midlane skal vere søkbare, og Utdanningsdirektoratet har valt ut 22 kommunar etter visse kriterium som fekk invitasjon til å søke innan 3. april 2018. Sytten kommunar søkte, og satsen per barn blei 3 709 kroner. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet. Rapport for 2018 kjem i budsjettproposisjonen for 2020.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er at fleire minoritetsspråklege barn skal få gå i barnehage.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 20,6 mill. kroner på denne posten i 2019. Dette er ei vidareføring av nivået for 2018.

Post 70 Tilskott for svømming i barnehagane

Tilskottsordninga blei oppretta i 2015, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blir forvalta av fylkesmannen og skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å oppfylle målet.

Mål for 2019

Det overordna målet for ordninga er at barn i barnehage i alderen fire–seks år skal bli trygge i vatnet, slik at grunnlaget for å lære å svømme blir betre.

Rapport for 2017

Stortinget løyvde 15 mill. kroner ekstra til ordninga i 2017 på grunn av stor etterspurnad. 10 mill. kroner ekstra blei løyvd i samband med behandlinga av Statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 14 S (2016–2017). Til tross for auken var det fortsatt oversøking hos fleire av fylkesmannsembeta. Derfor blei ytterlegare 5 mill. kroner løyvd i revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Totalt blei 37,3 mill. kroner nytta over posten i 2017. Det blei tildelt midlar i alle fylke. Gjennom ordninga fekk om lag 21 000 barn tilbod om svømmeopplæring i barnehagetida i 2017.

Budsjettforslag for 2019

Løyvinga blei auka med 30 mill. kroner i budsjettforliket for 2018 til totalt 66,2 mill. kroner, og departementet foreslår å føre løyvinga vidare på dette nivået ved å løyve 68,2 mill. kroner på denne posten i 2019. Dette vil gi om lag 34 100 barnehagebarn høve til å få svømmeopplæring.

Programkategori 07.40 Høgre yrkesfagleg utdanning

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

240

Fagskolar

686 939

767 214

11,7

241

Felles tiltak for fagskolesektoren

32 462

29 599

-8,8

Sum kategori 07.40

719 401

796 813

10,8

Innleiing

I tråd med ny lov om høgre yrkesfagleg utdanning (fagskolelova) blir fagskoleutdanning nå kategorisert som høgre yrkesfagleg utdanning, jf. Innst. 289 L (2017–2018) og Prop. 47 L (2017–2018).

Regjeringa vil at høgre yrkesfagleg utdanning (fagskoleutdanning) skal styrkast og bli meir tilgjengeleg og synlegare som eit utdanningsval etter vidaregåande opplæring, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Fagskolane er òg avgjerande i kompetansereforma til regjeringa. Fagskolane utdannar spesialiserte yrkesutøvarar til mange bransjar og bidrar til at arbeidslivet får nødvendig kompetanse. Stadig meir digitalisering, automatisering og nye krav til kompetanse må bli møtte med betre og fleire moglegheiter til vidareutdanning. Fagskolane skal tilby og utvikle grunnutdanningar, men òg fleksible vidareutdanningstilbod, slik at dei som er i arbeid, kan oppdatere og utvikle kompetansen.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for programkategori 07.40 Høgre yrkesfagleg utdanning:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

Hovudprioriteringar for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår 725,4 mill. kroner i driftstilskott til fagskoleutdanning i 2019. Av dette er 67,9 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar tildelte i 2018, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018). I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet foreslår 41,9 mill. kroner til å føre vidare den søknadsbaserte ordninga med midlar for å utvikle kvaliteten i fagskoleutdanningane.

Departementet foreslår 29,6 mill. kroner til tiltak og prosjekt som skal bidra til å auke kvaliteten i fagskoleutdanningane, gjere fagskolesektoren tilgjengeleg og synleg, og auke kunnskapsgrunnlaget om fagskolesektoren.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Tilgang til fagskoleutdanning

Det er fagskoletilbod i alle fylka, men ein stor del av fagskolane er lokaliserte på Austlandet. Det er mange fagskoleutdanningar som er deltidstilbod eller nettbaserte, noko som gjer at tilgangen til fagskoleutdanning likevel er god. I 2017 var det om lag 15 000 fagskolestudentar, ifølge Database for fagskolestatistikk (DBH-F) ved Norsk senter for forskningsdata (NSD). Talet på fagskolestudentar har vore stabilt dei siste åra. Dei største fagområda er naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag med over 6 500 studentar, og helse-, sosial og idrettsfag med over 3 500 studentar. Dei siste åra har det vore ein auke i talet på studentar som følger studietilbod på deltid. Deltidstilbod gjer det mogleg å kombinere studium og arbeid og dra nytte av dette begge vegar. 60 pst. av fagskolestudentane følgte deltidstilbod i 2017, og innanfor helse-, sosial- og idrettsfag og pedagogiske fag var alle tilbod på deltid.

Kvalitet i fagskoleutdanning

Fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet. Det er mange faktorar som påverkar utdanningskvaliteten, blant anna opptakskrav, innhaldet i, utforminga og tilrettelegginga av utdanningsprogram, samspelet med arbeids- og næringsliv, kompetansen til dei tilsette og læringsmiljøet til studentane.

Det har vore ein nedgang i talet på fagskolar dei siste åra, frå 111 i 2013 til 81 våren 2018. Nedgangen kjem av samanslåingar av fagskolar og at fagskolar har blitt lagde ned. Mange av fagskolane er små, og berre åtte fagskolar har over 500 fagskolestudentar. Fagskolar med få studentar er sårbare for endringar i søkartal, og det kan vere utfordringar med omsyn til fagleg styrke og soliditet ved fagmiljøa. Kvalitet og robuste miljø handlar også om administrativ kapasitet og kompetanse. Mange fagskolar har robuste fagmiljø, men langt frå alle har det, jf. NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg.

Våren 2018 har Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) undersøkt korleis fagskolestudentane vurderer studiekvaliteten i utdanninga og læringsmiljøet ved fagskolane ( Studiebarometeret 2018) . Resultata viser at studentane meiner studia er fagleg utfordrande, og at dei får kompetanse som er viktig i arbeidslivet. Studentane er minst nøgde med det lokale studentdemokratiet og korleis kritikk og synspunkt frå studentane blir følgde opp. Dei er heller ikkje nøgde med informasjonen dei får om studia og gjennomføringa av eksamen. Over halvparten av studentane svara at dei under studiet er i arbeid som er relevant for studiet. Den viktigaste grunnen for studieval er fagleg interesse, følgd av at utdanninga bygger vidare på fag- eller sveinebrev, moglegheit for arbeid og moglegheit til å studere på deltid.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2018 gjennomført ei undersøking av fråfall og gjennomføring i fagskoleutdanningane. Rapporten, Hvordan er gjennomføringen i fagskoleutdanningene?, viser atgjennomføringa er betre innanfor tekniske og kreative fag enn innanfor helsefag. Studentane som blir fagleg og sosialt integrerte i studiet, ser i stor grad ut til å gjennomføre. Ifølge rapporten er det låg kvalitet på datagrunnlaget for gjennomføringstal ved fagskolane.

Relevans for arbeidsmarknaden

Fagskoleutdanning skal vere fleksibel og retta mot arbeidsmarknaden. I Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden blir det peikt på at fagskoleutdanningane i dag dekker eit vidt spekter av behov i samfunnet, men at det er behov for å sjå på korleis fagskoleutdanningane kan bli enda meir relevante.

Fagskolane skal utdanne kandidatar som kan gå rett inn i arbeidslivet med den praktiske og teoretiske kunnskapen som er nødvendig i det einskilde yrket. NIFU skal på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet kartlegge korleis arbeidsgivarar vurderer den evna som blant anna fagskolekandidatar har til å utføre yrkesspesifikke oppgåver. Rapporten er venta i desember 2018. Det vil òg bli gjennomført ei kandidatundersøking med personar som har fullført fagskoleutdanning, for blant anna å vurdere sysselsetting i relevant arbeid.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil at fagskoleutdanning skal bli meir attraktivt, og at fagskolesektoren skal vere synlegare og meir ettertrakta i arbeidslivet. Tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden skal bidra til at dette målet blir nådd. Kunnskapsdepartementet er i ferd med å sette i verk tiltaka frå fagskolemeldinga, jf. omtale nedanfor.

Studieplassar

I statsbudsjettet for 2018 blei det vedtatt midlar til 638 nye studieplassar i fagskolane med toårig opptrapping. Kunnskapsdepartementet foreslår midlar i 2019 for å føre vidare og trappe opp desse studieplassane. Midlane til dei nye studieplassane er tildelte fylkeskommunane og skal særleg auke tilbodet innanfor helsefaga og dei tekniske faga. Fylkeskommunane har ansvar for å prioritere i tråd med behov for kompetanse i sitt eige fylke, og bidra til eit mangfald av private og offentlege fagskolar.

Utdanningskvalitet

Den einskilde fagskolen har hovudansvaret for at utdanningskvaliteten er god. Departementet lyste i 2017 og 2018 ut midlar til å utvikle fagskoleutdanningane og foreslår å løyve utviklingsmidlar òg i 2019.

Vidare foreslår departementet midlar til ulike tiltak og prosjekt som skal gjere fagskolesektoren synleg og tilgjengeleg, auke kunnskapsgrunnlaget og bidra til høg kvalitet i sektoren. Blant anna foreslår departementet å føre vidare ein årleg kvalitetspris for fagskoleutdanning. Målet med prisen er å stimulere fagskolane til å arbeide systematisk med å fremme og vidareutvikle kvaliteten på fagskoleutdanningane. Prisen lønner framifrå arbeid med utdanningskvalitet i norsk fagskoleutdanning. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) deler ut prisen. Departementet vil òg sette i verk tiltak for å heve kvaliteten på statistikken om fagskoleutdanning i Database for fagskolestatistikk (DBH-F).

Lov om høgre yrkesfagleg utdanning

Stortinget har våren 2018 vedtatt ny lov om høgre yrkesfagleg utdanning (fagskolelova), jf. Innst. 289 L (2017–2018) og Prop. 47 L (2017–2018). Med den nye lova blir reglane for fagskoleutdanning i større grad likestilte med reglane som gjeld for universitet og høgskolar. Fagskoleutdanning blir nå kategorisert som høgre yrkesfagleg utdanning, og det blir i lova gjort tydeleg at fagskoleutdanning ligg på nivå over vidaregåande opplæring. Andre viktige endringar er at fagskoleutdanning i særlege tilfelle kan gå over tre år på heiltid, og at nemninga «studiepoeng» skal brukast i staden for «fagskolepoeng». I tillegg skal fagskolane legge til rette for studentorgan, og fagskolestudentane får rett til permisjon ved fødsel og omsorg for barn. Fagskolane har òg fått rett til å knyte seg til ein studentsamskipnad. Den nye lova gjeld frå 1. juli 2018.

Forskrift om høgre yrkesfagleg utdanning

Kunnskapsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om ny forskrift om høgre yrkesfagleg utdanning. Departementet foreslo å forskriftsfeste gradsnemningar for fagskoleutdanning, høvesvis «fagskolegrad» for eittårig fagskoleutdanning og «høgre fagskolegrad» for toårig og treårig fagskoleutdanning.

Departementet vil i løpet av hausten 2018 og våren 2019 sende ut til høyring fleire forslag til nye føresegner i forskrifta. Departementet tar sikte på at dei fleste forskriftsføresegnene som blir heimla i ny lov om høgre yrkesfagleg utdanning, blir samla i éi forskrift, forskrifta om høgre yrkesfagleg utdanning.

Studentombod

Regjeringa ønsker å lovfeste ei ordning med studentombod som ein uavhengig bistandsinstans i studiesaker og eit lågterskeltilbod for saker om seksuell trakassering. Studentombudet skal rettleie studentar i samband med klager og bidra til å løyse saker på eit lågast mogleg nivå. Kravet om tilgang på ombud gjeld universitet, høgskolar og fagskolar. Ordninga med studentombod er omtalt i Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning . Regjeringa foreslår at ordninga med studentombod blir lovfesta i lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) og lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) . Forslaget er sendt ut til høyring. Sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 520, 1. mars 2018, jf. Innst. 122 S (2017–2018) og Dokument 8:48 S (2017–2018), i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Organisering av fagskolefeltet

Kunnskapsdepartementet har forvaltningsoppgåver på fagskolefeltet som høyrer meir naturleg til i ei underliggande verksemd. Frå 1. januar 2019 blir derfor nokre oppgåver på fagskolefeltet flytte frå departementet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU). Forvaltninga av forskriftene på fagskolefeltet blir flytte til NOKUT. DIKU skal forvalte tilskottsordninga for driftsmidlar til fagskoleutdanning (kap. 240 post 60) og tilskottsordninga for utviklingsmidlar til fagskoleutdanning (kap. 240 post 61). DIKU får òg ansvaret for tilstandsrapporten for fagskoleutdanning.

For å samle kompetanse på fagskoleutdanning blir sekretariatet til Nasjonalt fagskoleråd flytt frå Kompetanse Noreg til DIKU i 2019. Departementet vil samtidig styrke sekretariatet for å gjere det betre rusta til å gi departementet innspel og råd som er godt fagleg forankra i sektoren.

Kompetansereform

Regjeringa meiner at auka automatisering og nye krav til kompetanse må møtast med betre moglegheiter for å lære heile livet. Regjeringa vil derfor ha ei kompetansereform for at ingen skal gå ut på dato i norsk arbeidsliv, jf. omtale i programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Fagskolane er viktige for å kunne lykkast med kompetansereforma. I statsbudsjettet for 2019 blir det foreslått midlar til å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar, mellom anna ved fagskolane. Fagskolane kan òg spele ei viktig rolle i bransjeprogramma som regjeringa vil utvikle i samarbeid med partane i arbeidslivet. Bransjeprogramma skal vere eit spleiselag der staten betaler for å utvikle og drifte relevante etter- og vidareutdanningstilbod, medan bedriftene investerer eigne ressursar i form av arbeidstida til tilsette, og dei tilsette investerer noko av si eiga fritid.

Mål: Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er vesentleg for kvaliteten i fagskoleutdanninga at det blir stilt høge krav til kompetansen til undervisningspersonalet, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden og NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg . I fagskolemeldinga blir behovet for å styrke den faglege og den pedagogiske kompetansen blant fagskolelærarar drøfta.

I 2018 kartla OsloMet – storbyuniversitetet den faglege og den pedagogiske kompetansen til fagskolelærarane. Undersøkinga kartlegg blant anna yrkeserfaringa til fagskolelærarane, den faglege, pedagogiske og nettpedagogiske kompetansen deira, og kva for kompetansebehov dei har.

Kartlegginga viser at den formelle kompetansen til fagskolelærarane er høgre enn minstekrava i fagskoletilsynsforskrifta. Nær 90 pst. av fagskolelærarane har høgre utdanning, og 70 pst. av fagskolelærarane har pedagogisk utdanning. Langt fleire fagskolelærarar i offentlege fagskolar enn i private fagskolar har pedagogisk utdanning. Humanistiske og estetiske fag har størst del fagskolelærarar med mastergrad.

Fagskolelærarane deltar i ulike aktivitetar for å oppdatere kompetansen. Ein tredel av deltakarane i undersøkinga har tatt vidareutdanning i dei siste tre åra. Dette er fleire enn for lærarar i vidaregåande skole, sjølv om vidareutdanning for dei blir delfinansiert gjennom statlege støtteordningar.

Strategiar og tiltak

I tillegg til å kartlegge den pedagogiske kompetansen blant fagskolelærarar har OsloMet – storbyuniversitetet fått i oppdrag å foreslå eit pedagogisk utdanningsopplegg for fagskolelærarar. Oppdraget skal utførast i samarbeid med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Det er foreslått midlar til å følge opp dette i 2019.

I 2017 og 2018 har Kunnskapsdepartementet lyst ut 35 mill. kroner årleg til prosjekt som kan utvikle fagskoleutdanningane. Midlane har finansiert blant anna kompetansetiltak ved fagskolar over heile landet, som til dømes tiltak for å auke kompetansen i pedagogisk bruk av digitale medium i ulike studium. Denne tilskottsordninga blir foreslått ført vidare i 2019.

Kap. 240 Fagskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

60

Tilskott til fagskolar

651 079

725 350

61

Utviklingsmidlar til fagskoleutdanning

35 860

41 864

Sum kap. 0240

686 939

767 214

Post 60 Tilskott til fagskolar

Posten blei oppretta i statsbudsjettet for 2018 og omfattar driftsmidlar til fagskoleutdanning gjennom ei tilskottsordning. Tilskottsordninga inneheld eit grunntilskott og eit resultatbasert tilskott. Det resultatbaserte tilskottet blir berekna ut frå avlagde studiepoeng ved fagskolane. Midlane i tilskottsordninga blir tildelte fylkeskommunane, som tildeler tilskott til offentlege og private fagskolar i sitt eige fylke.

Tilskottsordninga inkluderer tilskott til 14 fagskolar som før 2018 fekk tilskott over Kunnskapsdepartementets budsjett, kap. 276 post 72. Desse fagskolane er i ei særstilling, blant anna fordi dei fleste er små og har eit nasjonalt nedslagsfelt. I ein overgangsperiode til og med 2020 vil departementet skjerme desse fagskolane slik at dei kan tilpasse seg til den nye tilskottsordninga. Det inneber at fylkeskommunane ikkje kan omprioritere grunntilskott og resultatbaserte tilskott som er knytte til desse fagskolane. Frå og med 2021 vil tilskottet til dei 14 fagskolane bli lagt inn i det ordinære tilskottet som fylkeskommunane får til fagskoleutdanning, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Studiepoeng som blei avlagde ved desse fagskolane, var ikkje ein del av det resultatbaserte tilskottet i 2018. Frå og med 2019 blir òg desse fagskolane resultatutsette, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet.

Departementet stiller ikkje vilkår for eigenbetaling for tilskottet som fylkeskommunane får tildelt til fagskoleutdanning. Fylkeskommunane kan sjølve avgjere i kva grad dei ønsker at dei ulike utdanningstilboda i fylket skal vere fullfinansierte med offentlege tilskott.

For å dimensjonere helsefagleg fagskoleutdanning skal det settast årlege kandidatmåltal. Kandidatmåltal er eit minstekrav til talet på uteksaminerte kandidatar innanfor utvalde utdanningar. Kunnskapsdepartementet meiner datagrunnlaget for gjennomføring og fråfall innanfor fagskoleutdanning ennå ikkje er godt nok til å sette kandidatmåltal, jf. omtale av NIFUs rapport om gjennomføring i fagskoleutdanning. Kunnskapsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet arbeide vidare med fastsetting av kandidatmåltall for dei helsefaglege fagskoleutdanningane.

I 2017 blei det tildelt midlar til fagskoleutdanning over kap. 276 post 72. Rapporteringa for 2017 er derfor gitt under denne posten i programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Mål for 2019

Følgande mål gjeld for fagskoleutdanning som er omfatta av løyvinga på kap. 240 post 60:

  • høg kvalitet i fagskoleutdanning

  • yrkesretta fagskoleutdanning

  • god tilgang til fagskoleutdanning

  • effektiv og solid fagskolesektor

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 725,4 mill. kroner over kap. 240 post 60. Midlane skal gå til drift av fagskoleutdanning og blir tildelte fylkeskommunane, som skal gi tilskott til fagskolar med studiestad i eige fylke. Løyvinga inkluderer 2,7 mill. kroner som ei følge av at det blei ført over for lite midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet da tilskottsordninga for fagskoleutdanning blei oppretta i statsbudsjettet for 2018, jf. omtale i Prop. 85 S (2017–2018).

Grunntilskottet til dei nettbaserte helsefagutdanningane er frå og med 2019 fordelt etter kor fagskolane har kontoradresse. Dette er i samsvar med korleis det resultatbaserte tilskottet for dei nettbaserte helsefagutdanningane blir fordelt. I 2018 blei grunntilskottet til dei nettbaserte helsefagutdanningane fordelt etter bustadadressa til studentane. Fordelinga av tilskott mellom fylkeskommunane blir endra som følge av at grunntilskottet til dei nettbaserte helsefagutdanningane blir omfordelt.

For å sikre at det blir gitt fagskoletilbod i alle fylke, blir det lagt til grunn at ingen fylkeskommunar får tildelt mindre enn 5 mill. kroner. Dette inneber at Hedmark fylkeskommune og Finnmark fylkeskommune får meir i tilskott i 2019 enn dei elles ville ha fått.

Det resultatbaserte tilskottet i budsjettet for 2019 blir rekna ut på grunnlag av studiepoeng som er avlagde ved fagskolane i det einskilde fylke i 2017, og er på 137,4 mill. kroner. Det er ein auke på 8,1 mill. kroner frå 2018.

I statsbudsjettet for 2018 blei det vedtatt midlar til 638 nye toårige studieplassar innanfor fagskoleutdanning. For å trappe opp studieplassane med opptak av nye kull i 2019 foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på kap. 240 post 60 med 45,3 mill. kroner. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Post 61 Utviklingsmidlar til fagskoleutdanning

Posten blei oppretta i statsbudsjettet for 2018. Posten inneheld midlar til ei søknadsbasert tilskottsordning, der fagskolar kan søke om midlar til tiltak og prosjekt som skal auke kvaliteten i fagskolane, vidareutvikle dagens utdanningstilbod og utvikle nye utdanningstilbod. Frå og med 2019 blir ordninga forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU).

I 2017 blei utviklingsmidlar til fagskoleutdanning tildelte over kap. 276 postane 01 og 70. Rapportering for 2017 er derfor gitt under desse postane i programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Mål for 2019

Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 41,9 mill. kroner på kap. 240 post 61 i 2019. Av desse midlane er 5 mill. kroner til utvikling av læremiddel i maritim fagskoleutdanning førte over frå kap. 241 post 21. Midlane er frå 2019 ein del av den søknadsbaserte tilskottsordninga, på lik linje med resten av midlane på kap. 240 post 61.

Kap. 241 Felles tiltak for fagskolesektoren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

20 248

17 031

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 21

12 214

12 568

Sum kap. 0241

32 462

29 599

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, kan overførast, og post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 21

Postane blei oppretta i statsbudsjettet for 2018. Postane omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt som blant anna følger opp forslag i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden, jf. Innst. 254 S (2016–2017). Tiltaka skal bidra til å utvikle kvaliteten i fagskoleutdanninga, gjere fagskolesektoren tilgjengeleg og synleg og gi betre kunnskap om fagskolesektoren. Kap. 241 post 21 blir nytta når midlane er til statlege aktørar, medan kap. 241 post 70 blir nytta til tilskott til ikkje-statlege aktørar.

I 2017 blei midlar til felles tiltak for fagskoleutdanning tildelte over Kunnskapsdepartementets kap. 281 postane 01 og 70 og kap. 270 post 74. Rapportering for 2017 er derfor gitt under desse postane i programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Mål for 2019

Eit godt kunnskapsgrunnlag om fagskolesektoren, høg kvalitet i fagskoleutdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskolesektor.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på totalt 29,6 mill. kroner på kap. 241 postane 21 og 70. Departementet foreslår å overføre 1,3 mill. kroner til utgifter til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning og sekretariatet for klagenemnda frå kap. 281 post 01 til kap. 241 post 21. Vidare foreslår departementet å overføre 5 mill. kroner til utvikling av læremiddel i maritim fagskoleutdanning frå kap. 241 post 21 til kap. 240 post 61.

Omtale av nokre av dei største tiltaka på kap. 241 i 2019 følger nedanfor.

Departementet foreslår 6 mill. kroner til UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking for arbeidet med å etablere samordna opptak til fagskoleutdanning. Det samordna opptaket for fagskoleutdanning skal vere klart til opptaket i 2020.

Departementet foreslår 2 mill. kroner til sekretariatet for Nasjonalt fagskoleråd.

Departementet foreslår 1,2 mill. kroner til OsloMet – storbyuniversitetet for å starte eit pedagogisk utdanningsopplegg for å auke den pedagogiske kompetansen til fagskolelærarar. OsloMet skal samarbeide med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet om oppdraget.

Departementet foreslår å føre vidare 1,5 mill. kroner til NOKUT for å gjennomføre Studiebarometer for fagskoleutdanning og 1,2 mill. kroner til DIKU for å dele ut ein kvalitetspris for fagskoleutdanning.

Departementet foreslår 1 mill. kroner til arbeidet med å etablere overgangsordningar innanfor økonomisk-administrative fagskoleutdanningar.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

519 433

586 985

656 136

11,8

253

Folkehøgskolar

828 845

853 752

891 530

4,4

254

Tilskott til vaksenopplæring

221 493

221 951

228 388

2,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssenter

107 770

93 220

104 642

12,3

256

Kompetanse Noreg

80 143

74 887

72 842

-2,7

257

Kompetansepluss

167 625

163 025

177 723

9,0

258

Tiltak for livslang læring

131 826

162 009

247 369

52,7

Sum kategori 07.50

2 057 135

2 155 829

2 378 630

10,3

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3256

Kompetanse Noreg

19 081

12 036

8 573

-28,8

Sum kategori 07.50

19 081

12 036

8 573

-28,8

Innleiing

Eit høgt kompetansenivå i befolkninga legg grunnlaget for nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Arbeidslivet endrar seg raskt, og krava til kompetanse aukar. Det er derfor viktig å legge til rette for at fleire skal kunne halde ved like og auke kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring. Regjeringa vil gjennomføre ei kompetansereform for at ingen skal gå ut på dato.

Kompetansepolitikken omfattar verkemiddel for å utvikle og bruke kompetansen i det norske folket gjennom betre samsvar mellom etterspørselen etter arbeidskraft og korleis den einskilde utviklar og brukar kompetansen sin. Dette inneber å legge til rette for at den einskilde kan ta gode utdanningsval, legge grunnlaget for at folk skal kunne lære heile livet og å ta i vare eit system for å godkjenne kvalifikasjonar, kompetanse og læring. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne kompetansepolitikken, men verkemidla går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå.

Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring blir sentrale verkemiddel i kompetansereforma finansierte. Det omfattar tilskottsordninga Kompetansepluss , forsøk med fleksible opplæringstilbod for vaksne innanfor grunnskole og fag- og yrkesopplæringa, utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar og bransjeprogram. Tilskott til utvekslingsprogrammet Erasmus+, tilskott til folkehøgskolane, tilskott til studieforbund og tilskott til freds- og menneskerettssentera blir òg finansierte over denne programkategorien.

Hovudprioriteringar for 2019

Departementet foreslår ein auke på om lag 120 mill. kroner til tiltak som er ein del av kompetansereforma over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. I tillegg kjem 10 mill. kroner til å betre utdanningsstøtta til vaksne som tar vidaregåande opplæring over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet foreslår 37 mill. kroner til å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar og 30 mill. kroner til bransjeprogram retta mot bransjar som er særleg utsette for digitalisering og automatisering og anna omstilling. Vidare foreslår departementet 36,3 mill. kroner til å utvide forsøka med modulstrukturert opplæring for vaksne, både på grunnskolenivå og i utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. For at fleire skal kunne få opplæring i grunnleggande dugleikar foreslår departementet å styrke Kompetansepluss- programmet med 10 mill. kroner. Det blir òg foreslått fleire mindre tiltak som støttar opp om kompetansereforma, sjå budsjettforslaget for kap. 258 post 21.

Mål: Fleire lærer heile livet slik at dei kan stå lenger i arbeid

Utviklingstrekk og utfordringar

Tilbod av og etterspørsel etter kompetanse

Kompetansenivået i Noreg er høgt. Det legg grunnlaget for høg produktivitet og at ein stor del av befolkninga er i arbeid. Kompetansenivået bør likevel bli høgre, særleg i lys av ei utvikling der krava til kompetanse aukar og moglegheitene i arbeidslivet for dei som manglar utdanning og kompetanse, blir færre. Regjeringa sette våren 2017 ned Kompetansebehovsutvalget, som består av representantar frå hovudorganisasjonane i arbeidslivet og fleire departement, i tillegg til analytikarar/forskarar. I januar 2018 la utvalet fram NOU 2018: 2 Fremtidige kompetansebehov I – kunnskapsgrunnlaget .I rapporten går utvalet gjennom kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehova i Noreg nå og i framtida.

Statistisk sentralbyrå (SSB) sine framskrivingar av tilbod av og etterspørsel etter arbeidskraft fram mot 2035 er éi av fleire kjelder til kunnskap om framtidige kompetansebehov. Framskrivingane viser mellom anna at det i åra fram mot 2035 kan bli mangel på personar som har fag- og yrkesopplæring.

Tal frå SSB viser at om lag 668 000 personer i alderen 20–66 år ikkje har utdanning utover grunnskole. Tala er spesielt høge for unge innvandrarar og norskfødde menn med innvandrarforeldre. Manglande kompetanse er ei av dei viktigaste barrierane mot inkludering.

16 pst. av verksemdene som var med i bedriftsundersøkinga til Nav våren 2018, rapporterte om problem med å rekruttere kompetent arbeidskraft. Det er størst mangel på arbeidskraft i helse-, pleie- og omsorgsyrke og innanfor bygg og anlegg. Dei siste åra har vore prega av store regionale forskjellar i arbeidsmarknaden. Det er verksemdene i Nordland, Akershus og Finnmark som i størst grad seier at dei har problem med å rekruttere kompetent arbeidskraft.

Eit godt samsvar mellom utdanningsvala til den einskilde og det behovet arbeidslivet har for ulike typar utdanning og kompetanse, er viktig. OECD har tidlegare peikt på at Noreg har utfordringar knytte til dette. Ein del av dette handlar om at tilgangen til karriererettleiingstenester ikkje er god nok for mange. Tilgangen til dei ulike tenestene varierer mykje frå fylke til fylke. Det finst ikkje noko nasjonalt tilbod om individuell karriererettleiing på nettet, og informasjonstenestene på nettet er ikkje godt nok samordna.

Læring i arbeidslivet

Arbeidslivet er ein sentral arena for læring. I ei tid med stadige endringar og omstilling er det avgjerande at arbeidstakarar kan vidareutvikle kompetansen sin.

Den internasjonale undersøkinga Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC) viser at yrkesaktive i Noreg som har vore på arbeidsmarknaden ei stund, har relativt gode dugleikar i lesing, talforståing og problemløysing ved hjelp av IKT. På den andre sida viser undersøkinga at dugleiksnivået til yngre arbeidstakarar ligg under gjennomsnittet i OECD-landa.

Samanlikna med andre europeiske land er omfanget av læringsaktivitetar i Noreg relativt høgt. Den internasjonale undersøkinga av vaksnes læring, Adult Education Survey, blei sist gjennomført i 2016. Undersøkinga viser at om lag 55 pst. av vaksne deltar i opplæring, som blant anna omfattar kurs, seminar og konferansar der opplæring er hovudformålet med deltakinga. Av dei 25 landa som er omfatta av undersøkinga, er det berre fire europeiske land som har høgre nivå enn Noreg. Ifølge Lærevilkårsmonitoren (SSB) har likevel deltakinga falle noko i dei seinare åra. Departementet meiner dette er ei uheldig utvikling. Tal frå Lærevilkårsmonitoren for 2018 viser at 48 pst. av dei sysselsette deltok i ikkje-formell opplæring, medan åtte pst. av befolkninga deltok i formell vidareutdanning.

Ifølge Lærevilkårsmonitoren er delen sysselsette som deltar i formell vidareutdanning, høgre i offentleg sektor enn i privat sektor, og slik har det vore i mange år. Lærevilkårsmonitoren viser også at det er dei eldste arbeidstakarane som i minst grad deltar i formell vidareutdanning.

Figur 4.7 Deltaking i formell vidareutdanning i befolkninga (22–59 år) i perioden 2008–18 (prosentdel)

Figur 4.7 Deltaking i formell vidareutdanning i befolkninga (22–59 år) i perioden 2008–18 (prosentdel)

Kjelde:  Lærevilkårsmonitoren (SSB)

Digitalisering og automatisering

Automatisering i arbeidslivet i form av digitalisering, robotisering og meir omfattande bruk av kunstig intelligens aukar behovet for omstilling og kompetanseutvikling for arbeidstakarar i mange yrke. Den teknologiske utviklinga gjer at nokre arbeidsoppgåver og jobbar blir overflødige, og at innhaldet i mange jobbar blir endra. Utviklinga fører samtidig til at nye jobbar blir skapte. Denne utviklinga vil halde fram.

Fleire studiar har undersøkt kor utsette ulike yrke er for automatisering. Ifølge Kompetansebehovsutvalget er yrkesgrupper der det er lite sannsynleg med automatisering, mellom anna psykologar, spesialsjukepleiarar, sivilingeniørar innanfor kjemi og grunnskolelærarar. Yrkesgrupper der det er meir sannsynleg med automatisering, er telefon- og nettselgarar, rekneskapsførarar, butikkmedarbeidarar og kontormedarbeidarar.

Ein analyse av OECD-land tyder på at ein lågare del av jobbane i Noreg er utsette for automatisering enn i andre land. OECD reknar med at éin av 20 jobbar i Noreg har stor risiko for å bli automatisert, medan om lag éin av fire jobbar står i fare for å bli monaleg endra på grunn av automatiseringa. Tilsvarande tal for gjennomsnittet av dei 32 landa som er med i undersøkinga, viser at éin av sju jobbar har stor risiko for å bli automatisert, medan om lag éin av tre jobbar står i fare for å bli monaleg endra på grunn av automatiseringa. Forskjellar mellom land kan i hovudsak forklarast med at det er ulike samansetningar av yrke innanfor næringar i ulike land, og at arbeid er organisert på ulike måtar.

Strategiar og tiltak

Kompetansepolitikken omfattar verkemiddel for å utvikle og bruke kompetansen i det norske folket gjennom betre samsvar mellom etterspørselen etter arbeidskraft og korleis den einskilde utviklar og bruker kompetanse sin. Verkemidla er spreidde mellom fleire departement, regionale og kommunale aktørar, partane i arbeidslivet og enkeltbedrifter, frivillig sektor og andre kompetansepolitiske aktørar. Utfordringane i kompetansepolitikken kan derfor ofte berre løysast gjennom samarbeid mellom fleire aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Satsing på kompetanse er ein føresetnad for at ny teknologi skal føre til innovasjon og omstilling i norsk økonomi og ikkje til utanforskap. Regjeringa meiner at auka automatisering og nye krav til kompetanse må møtast med betre moglegheiter for å lære heile livet. Ho vil derfor utvikle og sette i gang ei kompetansereform for at ingen skal gå ut på dato. Regjeringa har òg sett i gang ein inkluderingsdugnad for å få fleire i jobb og vil legge fram ein integreringsstrategi, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Regjeringa og partane i arbeidslivet har utvikla ein Nasjonal kompetansepolitisk strategi for Noreg. Strategien, som skal gjelde i perioden 2017–21, skal bidra til at enkeltmenneske og verksemder har ein kompetanse som gir Noreg eit konkurransedyktig næringsliv, ein effektiv og god offentleg sektor, og gjer at færrast mogleg står utanfor arbeidslivet. Strategien blir følgd opp gjennom Kompetansepolitisk råd. I rådet er departementa, partane i arbeidslivet og frivillig sektor representerte. Kompetansepolitisk råd skal òg nyttast til å få innspel til utvikling av kompetansereforma.

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal sjå på rammevilkår for investering i ny kompetanse, og om den einskilde har gode nok moglegheiter til å omskolere seg. Utvalet skal òg sjå på om utdanningssystemet er godt nok innretta for å skape fleksible etter- og vidareutdanningstilbod til arbeidslivet. Rapporten frå utvalet skal etter planen leggast fram i juni 2019. Dette vil vere ein viktig del av grunnlaget for ei melding til Stortinget om kompetansereforma, som regjeringa vil legge fram i 2020. Målgruppa for reforma er sysselsette og verksemder som treng meir kompetanse som ei følge av digitalisering og andre krav til omstilling i arbeidslivet.

I budsjettforslaget for 2019 foreslår regjeringa ei rekke tiltak som inngår i kompetansereforma. Dei to hovudtiltaka er å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar og bransjeprogram retta mot bransjar som er særleg utsette for omstilling, digitalisering og automatisering.

I revidert budsjett for 2018 blei det løyvd 10 mill. kroner til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). I budsjettforslaget for 2019 foreslår regjeringa å utvide denne satsinga. Tiltaket skal sørge for framtidsretta vidareutdanningstilbod som er relevante for arbeids- og næringslivet. Tilboda skal derfor utviklast i tett samarbeid med næringsliv som kjenner utfordringane og behova best. Tilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar.

Fagarbeidarar og ufaglærte deltar mindre i etter- og vidareutdanning enn dei som har høgre utdanning. Samstundes er det høg omstillingstakt i fleire bransjar med mange ufaglærte og fagarbeidarar. Regjeringa vil derfor utvikle bransjeprogram i samarbeid med partane i arbeidslivet. I første omgang vil regjeringa og partane i arbeidslivet sette i gang bransjeprogram i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor og eit bransjeprogram i industri- og byggenæringa. Målet er at verksemder i bransjar som er særleg utsette for omstilling, digitalisering og automatisering, skal få betre høve til å gi sine tilsette fagleg oppdatering. Det kan vere eit fagbrev, eit nytt fagbrev eller anna etter- og vidareutdanning. Regjeringa vil, saman med partane, fastsette meir konkrete rammer for bransjeprogramma. Partane skal sjølve definere opplæringsbehovet i bransjen sin. Kostnadene skal delast mellom staten, arbeidsgivarane og arbeidstakarane.

Både den einskilde og verksemder har behov for ei god oversikt over tilbod om etter- og vidareutdanning. Det skal vere enkelt å finne fram for bedrifter og enkeltpersonar som ønsker å investere i kompetanse. I dag er informasjon om etter- og vidareutdanningstilbod spreidd på fleire nettstader. Særleg små verksemder har problem med å finne fram. For å gjere tilbodet meir oversiktleg vil departementet utvikle ei plattform for etter- og vidareutdanning med utgangspunkt i utdanning.no. På lengre sikt vil plattforma samle fleire tenester, og ho skal gi tilgang til den digitale karriererettleiingstenesta, som Kompetanse Noreg har fått i oppdrag å utvikle. Tenesta skal gi betre tilgang på informasjon, men òg digital rettleiing for brukarar og rådgivarar, gjennom bruk av ressursane i dei etablerte karrieresentera i fylka. Betre kvalitet på rettleiing gjennom bruk av digitale tenester for heile befolkninga vil bidra til mindre fråfall og færre feilval.

Regjeringa har innført fleire endringar som skal gjere fag- og yrkesopplæringa meir tilgjengeleg for ufaglærte. I 2018 er det etablert ei ordning med Fagbrev på jobb , jf. Innst. 290 L (2017–2018) og Prop. 52 L (2017–2018). Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring.

Regjeringa har òg sett i verk forsøk med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskolenivå for vaksne) og forsøk med modulstrukturerte læreplanar i fleie lærefag i vidaregåande opplæring. Målet er å utvikle ei fleksibel og meir effektiv opplæring for vaksne og stimulere til at fleire vaksne tar grunnskoleopplæring og fag- eller sveinebrev. Forsøka tok til i september 2017, og den første rapporten frå evalueringa av forsøka kjem hausten 2018. Frå hausten 2018 blir det utvikla nye modular. Budsjettforslaget for 2019 legg til rette for ei kraftfull utviding av forsøka. Forsøka kan dermed prøvast i lærefag med mange deltakarar, i yrke der mange vaksne ønsker å jobbe. Det omfattar helse- og omsorgsfag og fleire byggfag. I tillegg vil regjeringa styrke forsøka med førebuande vaksenopplæring. Det er eit mål at desse modulane kan brukast vekselvis, da nokre vaksne i vidaregåande opplæring også har behov for modular i norskopplæring og grunnskole. Satsinga er ein del av både inkluderingsdugnaden til regjeringa for å få fleire i arbeid og kompetansereforma. For å kvalifisere fleire til arbeid foreslår regjeringa vidare å styrke Kompetansepluss, slik at fleire kan få opplæring i grunnleggande dugleikar.

Mange vaksne som treng grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring, slit med å dekke livsopphald under opplæringa. Som ei oppfølging av Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse – samordnet innsats for voksnes læring har regjeringa sett ned eit ekspertutval som skal sjå på finansiering av livsopphald for vaksne som tar grunnskole eller vidaregåande opplæring. Utvalet skal vurdere korleis det kan leggast betre til rette økonomisk for vaksne som treng grunnskole eller vidaregåande opplæring, og dei skal presentere ulike modellar for og forslag til finansieringsordningar. Utgreiinga skal vere klar i desember 2018. På bakgrunn av utgreiinga vil regjeringa vurdere om det skal gjerast større endringar i ordningar for livsopphald for vaksne som treng grunnopplæring. Frå hausten 2019 vil regjeringa rette opp den utilsikta effekten av at vaksne som får fritak for kroppsøving i vidaregåande opplæring, også får redusert utdanningsstøtte. I budsjettforslaget for 2019 er det lagt til rette for å endre dette, slik at om lag 500 vaksne elevar får eit høgre støttebeløp, jf. programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Mange av dei som kun har grunnskoleopplæring, er innvandrarar. Regjeringa vil sjå på korleis fleire deltakarar i introduksjonsprogrammet kan komme i gang med fagopplæring. Dagens ordningar for fagbrev gir mange høve til tilpassa opplæringsløp. Målet er at norskopplæring blir integrert i fagopplæring, og at deltakarar i introduksjonsprogrammet oppnår eit fagbrev. For å bidra til god integrering og gjere det mogleg for den einskilde å forsørge seg sjølv er det viktig med tidleg kartlegging av utdanning og yrkeskompetanse, effektiv godkjenning av utanlandsk utdanning og godkjenning av yrkeskvalifikasjonar der dette er eit krav for å utøve eit yrke. Det er også avgjerande med målretta tilbod om kompletterande undervisning, som på ein effektiv måte gir personar med utdanning frå utlandet den tilleggskompetansen dei treng. Regjeringa har oppretta ei ordning for godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Ei godkjenningsordning for utanlandsk fagskoleutdanning skal tre i kraft 1. januar 2019, jf. omtale av NOKUT under kap. 280 post 01. Regjeringa har òg sett i gang kompletterande utdanning for flyktningar, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning. Tilbodet om karriererettleiing i mottak vil halde fram i 2019. Sjå under programkategori 07.90 Integrering og mangfald for meir informasjon om tiltak retta mot innvandrarar.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskott

519 433

586 985

656 136

Sum kap. 0252

519 433

586 985

656 136

Post 70 Tilskott

Noreg deltar i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–20), jf. Innst. 153 S (2013–2014) og Prop. 43 S (2013–2014). Budsjettet for programmet har ei total ramme på 16,4 mrd. euro, og Noreg sin del er om lag 500 mill. euro gjennom perioden. Norsk deltaking i samarbeids- og utvekslingsprosjekt gir norske skolar, universitet, høgskolar og andre aktørar tilgang til eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet. Gjennom deltaking får elevar, studentar og tilsette ved lærestadene internasjonal kompetanse og fagleg utvikling, slik at dei er betre kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og arbeidsliv.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er nasjonale kontor for Erasmus+. Dei administrerer dei midlane som Noreg får tildelt gjennom ein europeisk fordelingsnøkkel. Om lag ti pst. av programmidlane sentralt i EU blir delte ut etter konkurranse. Sjå omtale av DIKU under kap. 280 post 50, og omtale av Bufdir i budsjettproposisjonen til Barne- og likestillingsdepartementet.

Mål for 2019

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet og kompetansen til den einskilde deltakaren og heile samfunnet.

Rapport for 2017

Norsk deltaking i Erasmus+ blir meir og meir attraktivt. Målgruppa er i hovudsak norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet, barn og unge, tillitsvalde og tilsette i barne- og ungdomsorganisasjonar. Aktivitetar i programmet er til dømes mobilitet, institusjonssamarbeid, samarbeid med arbeids- og næringsliv og politikkutvikling. Tala for 2017 viser mellom anna at delen utreisande studentar frå Noreg viser ein oppgang på 15 pst. Det er òg ein auke i talet på norske søkarar til fleire konkurranseutsette tiltak som er lyste ut sentralt frå EU.

Interessa for både studie- og praksisopphald i utlandet har auka. Søknadsrunden for Erasmus+ i 2017 viste at det var ein auke i etterspurnaden etter mobilitetsmidlar for tilsette innanfor grunnopplæringa så vel som for høgre utdanning og fag- og yrkesopplæringa. Målet i den nasjonale strategien for norsk deltaking i utdanningsdelen er 3 000 utreisande studentar årleg. Utgåande studentmobilitet har auka frå 2 140 i 2015 og 2 419 i 2016 til 2 929 i 2017. Innanfor vaksenopplæring var det nokre færre søknader, men til gjengjeld var dei gode og frå relevante organisasjonar. Interessa blant utdanningsinstitusjonane i Noreg som ønskte å delta i partnarskapsprosjekt med land utanfor Europa, held seg stabilt høg. Dei strategiske partnarskapa er nasjonalt konkurranseutsette midlar, og DIKU opplevde ein auke i talet på søknader frå skolesektoren, fag- og yrkesopplæringa og vaksenopplæringa i 2017. Det er stor grad av samanfall mellom tematiske prioriteringar i Erasmus+ og norske prioriteringar i utdanningspolitikken. Prosjekta som søkte om mobilitetsmidlar og strategiske partnarskapsmidlar i 2017, ønskte mellom anna å arbeide med styrking av lærarrolla, IKT / digital kompetanse, grunnleggande dugleikar, undervisningsmetodar og betre gjennomføring.

Norsk deltaking er framleis låg når det gjeld dei konkurranseutsette midlane som blir forvalta av Europakommisjonen. Jamvel har den norske interessa for deltaking i dei sentraliserte prosjekta auka som følge av prosjektetableringsstøtte frå DIKU. To norske søkarar fekk i 2017 tilslag i Jean-Monnet, som har som mål å fremme utviklinga av verdsleiande fagmiljø for utdanning og forsking innanfor europarelaterte fag. Det var i 2017 ein auke i norsk deltaking i kunnskapsalliansar.

DIKU lanserte statistikktenesta statistikk.diku.no hausten 2017 der data frå Erasmus+ blir publiserte fortløpande. Tenesta gir oversikt over tildelingsdata som prosjekt, partnarar og tildelte midler.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve til saman 656 mill. kroner på posten i 2019, mot 587 mill. kroner i 2018. Veksten i løyvingsbehovet skuldast auka kontingentkrav for deltaking i programmet. Kostnadene for fem norske ekspertar på utdanningsområdet til Erasmus+ skal dekkast innanfor løyvinga.

Kap. 253 Folkehøgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskott til folkehøgskolar

823 259

848 015

885 626

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

4 954

5 088

5 236

72

Tilskott til Nordiska folkhögskolan

632

649

668

Sum kap. 0253

828 845

853 752

891 530

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Folkehøgskolane har ikkje eksamen, og elevane bur i internat på skolen. Skolane fastset sitt eige verdigrunnlag, og dei har pedagogisk fridom. Folkehøgskolane har ulike typar kurs på ei rekke område.

Det er totalt 79 folkehøgskolar spreidde over heile landet. Talet inkluderer Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling, som begge er godkjente som folkehøgskoleliknande tiltak og får tilskott etter folkehøgskolelova. Desse to skolane har dispensasjon til berre å halde kortkurs.

Stortinget har bedt regjeringa om å finne ein modell for å fase ut tilskott til kortkurs der grunnløyvinga blir auka tilsvarande, jf. del I, kap. 3, vedtak nr. 62 (2017–2018) gjort 4. desember 2017. Departementet er i dialog med Folkehøgskolerådet om dette og vil komme tilbake til Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2019.

Mål for 2019

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning.

Rapport for 2017

Tabellen under viser utviklinga i talet på folkehøgskoleelevar frå 2014 til 2017. Det totale elevtalet på folkehøgskolane har auka i dei siste åra til meir enn 8 000 årselevar. Det er i overkant av ti pst. av eit årskull 19-åringar.

Medan talet på langkurselevar i 2017 auka med 2,4 pst. frå året før, har talet på elevar på kortkurs gått nedover i dei seinare åra. I 2017 var reduksjonen på 2,1 pst., totalt i perioden 2014–17 var nedgangen på tolv pst. Årselevtalet på kortkurs gjekk litt opp frå 2016 grunna ein liten auke i lengda på kortkursa.

Tabell 4.8 Elevtal i folkehøgskolane

2014

2015

2016

2017

Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

13 285

13 880

14 554

14 905

Elevar med kortkurs (2–94 dagar)

17 710

17 075

15 901

15 572

Sum elevar

30 995

30 955

30 445

30 477

Årselevar langkurs

6 774

7 050

7 390

7 551

Årselevar kortkurs

694

650

606

610

Sum årselevar

7 468

7 700

7 996

8 161

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 885,6 mill. kroner i 2019.

SKAP Kreativ Folkehøyskole i Mandal blei starta opp hausten 2016. Det er lagt opp til ei gradvis opptrapping av tilskottet til skolen. Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner som følge av dette.

Folkehøgskolen HELSE skal starte opp hausten 2019. Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,4 mill. kroner som følge av det.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 blei det løvyd midlar til å auke internatkapasiteten ved Setesdal folkehøgskule frå hausten 2018. For at auken skal få heilårsverknad, foreslår departementet å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner.

Departementet har mottatt ein søknad om å starte opp ein folkehøgskole i Longyearbyen på Svalbard frå hausten 2019. Søknaden oppfyller vilkåra i folkehøgskolelova. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 7,1 mill. kroner slik at skolen kan starte opp. Godkjenning av søknaden er avhengig av Stortingets handsaming av budsjettet.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Rådet har eit fast sekretariat.

Mål for 2019

Formålet med tilskottet er å bidra til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å bidra til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling av folkehøgskolane.

Rapport for 2017

Det blei gitt eit tilskott på 5 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2017. Rådet tok hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet, mellom anna å gi innstilling til fordeling av husleigetilskottet til folkehøgskolane.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Post 72 Tilskott til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å styrke nordisk samkvem. Tilskottet finansierer utgifter til norske lærarressursar ved skolen.

Mål for 2019

Nordiska folkhögskolan skal mellom anna bidra til å utvikle dei skapande evnene til elevane og auke solidarisk deltaking i samfunnsutviklinga i Norden og elles i verda.

Rapport for 2017

Det blei gitt eit tilskott på 632 000 kroner til skolen i 2017 for å støtte opp under verksemda til Nordiska folkhögskolan. Skolen har utfordringar med å rekruttere norske lærarressursar.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskott til studieforbund

208 374

208 478

214 524

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

13 119

13 473

13 864

Sum kap. 0254

221 493

221 951

228 388

Tilskott til studieforbund og frivillige organisasjonar legg til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet.

Post 70 Tilskott til studieforbund

Tilskottet bidrar til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor, og skal føre til reduserte opplæringskostnader for deltakarane. Opplæringa skjer i regi av 14 landsdekkande studieforbund og dei nær 500 medlemsorganisasjonane deira. Desse organisasjonane består av frivillige og ideelle organisasjonar og har til saman tusenvis av lokallag spreidde over heile landet.

Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjente studieforbund, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2019

I samsvar med vaksenopplæringslova skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av fleire overordna mål, mellom anna å styrke demokratiet gjennom å engasjere og aktivisere medborgarar, og styrke kulturelt mangfald. Regjeringa meiner det er viktig at tilskottet bidrar til å redusere utanforskap og fremme inkludering blant vaksne som treng det.

Rapport for 2017

15 studieforbund oppfylte krava for å få tilskott i 2017. Studieforbunda står fritt i val av innhald i og nivå på opplæringa. Den største delen av opplæringa er ikkje-formell. Aktiviteten i studieforbunda har samla sett vore stabil sidan 2012, men det er store årlege variasjonar for einskilde forbund. Alle dei 15 studieforbunda som fekk tilskott i 2017, har rapportert om aktiviteten for dette året til Statistisk sentralbyrå (SSB). Talet på kurstimar i studieforbunda har halde seg relativt stabilt i perioden 2012 til 2017, med ein liten nedgang frå 2016 til 2017. Talet på deltakarar på kurs i regi av studieforbund har jamvel auka litt frå 2016 til 2017.

Av alle deltakarane i 2017 var 27 pst. i aldersgruppa 14–29 år, 30 pst. i aldersgruppa 30–49 år, og 43 pst. var 50 år og eldre. Som i tidlegare år var det flest kvinner (57 pst.) som deltok på kurs i regi av studieforbunda i 2017. Kurs innanfor emnegruppa estetiske fag og handverksfag er framleis mest populære, og her er musikkfag den største gruppa.

Tabell 4.9 Aktivitet og deltaking i studieforbunda 2012–17

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Deltakarar

478 000

493 200

509 724

507 909

504 898

522 458

Kurs

42 400

43 000

43 956

44 672

45 065

44 547

Kurstimar

1 350 000

1 352 500

1 384 796

1 390 852

1 419 864

1 398 638

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Studieforbundet Folkeuniversitetet rapporterte om flest studietimar (over 200 000 timar), dernest Musikkens studieforbund og Studieforbundet Funkis. Talet på timar med tilretteleggingstilskott har gått noko opp frå 2016 og utgjorde i 2017 vel 15 pst. Tilretteleggingstilskottet skal dekke kostnader knytte til kurset for deltakarar som treng særskild hjelp og/eller tilrettelegging for å kunne delta. Størstedelen av dette tilskottet går til studieforbundet Funkis.

Studieforbunda skal i årsmeldinga si rapportere på dei seks overordna måla som er fastsette i vaksenopplæringslova § 4. For å få så heilskapleg rapportering som råd utvikla Kompetanse Noreg i 2012 ein felles mal for rapporteringa. For 2017 nyttar eit fleirtal av studieforbunda malen i målrapporteringa si. Rapportane er framleis svært ulike i innhald, kvalitet og omfang. Studieforbunda rapporterer at dei arbeider med å gjere måla kjente i sin eigen organisasjon. Nokre studieforbund framhevar at dei har god måloppnåing på opplæring retta mot spesielle målgrupper, som til dømes tilbod til ufaglærte, innsette i fengsel, rusmisbrukarar, og integreringstiltak og norskopplæring for innvandrarar og flyktningar. Kompetanse Noreg vurderer det slik at det framleis er vanskeleg for studieforbunda å rapportere konkret på dei overordna målformuleringane i vaksenopplæringslova § 4.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) og Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er fellesorgana for dei offentleg godkjente nettskolane og studieforbunda.

Mål for 2019

FuN og VOFO skal arbeide for auka kunnskap om og utvikling av vaksenopplæring som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer fellesoppgåver for organisasjonane, mellom anna god dokumentasjon og synleggjering av arbeidet.

Rapport for 2017

FuN har til saman 49 medlemmer på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Medlemmene er institusjonar som nettskolar, universitet og høgskolar og bransjeopplæringssenter. FuN utgav i 2017 ein rettleiar om kvalitet i nettbasert og fleksibel utdanning. Dei har òg uttala seg i samband med søknader om godkjenning som nettskole. FuN er aktiv i fleire norske og internasjonale utviklingsprosjekt som gjeld fjernundervisning og fleksibel utdanning.

VOFO er ein interesseorganisasjon for dei 14 godkjente studieforbunda og dei vel 500 medlemsorganisasjonane deira. I 2017 har VOFO blant anna arbeidd med å forenkle rapporteringa til studieforbunda. Forbundet har òg bidratt til kompetanseutvikling i forbunda og medlemsorganisasjonane deira.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

48 968

33 858

37 308

71

Falstadsenteret

19 158

19 675

21 496

72

Stiftelsen Arkivet

11 434

11 743

15 834

73

Nansen Fredssenter

7 209

6 377

6 562

74

Narviksenteret

6 898

7 084

8 539

75

Det europeiske Wergelandsenteret

8 976

9 218

9 485

76

Raftostiftelsen

5 127

5 265

5 418

Sum kap. 0255

107 770

93 220

104 642

Kunnskapsdepartementet gir tilskott til sju freds- og menneskerettssenter rundt om i landet. Freds- og menneskerettssentera er uavhengige stiftelsar som arbeider med dokumentasjon, forsking på og formidling av områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Mål for 2019

Målet med tilskottet er at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar.

Rapport for 2017

HL-senteret hadde i alt 36 791 besøkande i 2017. Dette er ein reduksjon på 4,1 pst. frå 2016. Av desse var 7 178 elevar i grunnopplæringa, ein reduksjon på 5,5 pst. frå året før.

Senteret har i 2017 leidd og ført vidare skoleutviklingsprosjektet Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra), jf. omtale i del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering. Konferansen Frykt og framtidshåp. Hvordan møte polarisering og ekskludering gjennom skolens arbeid med demokrati? blei gjennomført i samband med Dembra. Senteret administrerer arbeidet med Benjaminprisen, som i 2017 gjekk til Høyland Ungdomsskole i Sandnes.

Senteret starta opp eit nytt forskingsprosjekt om den økonomiske likvidasjonen av jødiske formuar i Noreg under okkupasjonen og oppgjeret i etterkrigstida.

Budsjettforslag for 2019

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei det løyvd midlar til å etablere to faste stillingar ved HL-senteret, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Stillingane skal styrke forsking, undervisning og formidling innanfor rasisme, diskriminering og inkludering i barnehage og skole. Stillingane får heilårsverknad i 2019, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet har godkjent at HL-senteret og Statsbygg kan sette i gang eit nytt kurantprosjekt for å bygge eit tilbygg til Villa Grande. Tilbygget skal gi meir plass til arbeidet senteret gjer med vilkåra til minoritetar i Noreg. Universell utforming og eigna lokale til undervisning og verkstad vil også gjere senteret meir tilgjengeleg. Byggeprosjektet har ei styringsramme på 52 mill. kroner.

Post 71 Falstadsenteret

Mål for 2019

Målet med tilskottet er at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane.

Rapport for 2017

I 2017 deltok til saman drygt 7 300 elevar, studentar og lærarar i undervisningsopplegg ved Falstadsenteret. Det er ein auke på 8,8 pst. frå 2016. Senteret har i 2017 utvikla rolla si som læringsarena for flyktningar, mellom anna gjennom prosjektet Kulturmøter , der unge einslege asylsøkarar kan møtast til kreative og soiale aktivitetar. Forskings- og dokumentasjonsverksemda har i 2017 i hovudsak vore knytt til krigsgraver, fangeregister og tidsvitnemateriale, som i 2016. Senteret har i 2017 arbeidd med ein ny forskings- og utviklingsplan.

Budsjettforslag for 2019

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei det løyvd midlar til ei ny stilling ved Falstadsenteret, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Stillinga får heilårsverknad i 2019, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Mål for 2019

Målet med tilskottet er at Stiftelsen Arkivet skal vere eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Stiftinga har òg ansvar for eit nasjonalt krigsseglarregister.

Rapport for 2017

I 2017 har 8 032 personar deltatt i ulike undervisningsopplegg ved Stiftelsen Arkivet. I 2016 var talet 7 267. Senteret får mange førespurnader knytte til krigsseglarregisteret. Til nå er over 30 000 sjøfolk registrerte i det nasjonale registeret.

I statsbudsjettet for 2016 blei det løyvd 15 mill. kroner til utbygging av lokala til stifitinga. Tilbygget blei ferdigstilt hausten 2017.

Budsjettforslag for 2019

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei det løyvd midlar til ei ny stilling til Stiftelsen Arkivet, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Stillinga får heilårsverknad i 2019, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner. Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei det òg løyvd midlar til auka varige driftskostnader for senteret, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Totalt foreslår departementet å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2018.

Post 73 Nansen Fredssenter

Mål for 2019

Målet med tilskottet er å bidra til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring og drive dokumentasjon og formidling for å fremme arbeidet for dialog, fred, menneskerettar og forsoning.

Rapport for 2017

I 2017 besøkte 7 060 personar Nansen Fredssenter, noko som er ein reduksjon frå 2016. 1 138 av dei besøkande var barn og unge i grunnopplæringa, ein auke på 320 elevar frå 2016. Senteret har eit utbreidd internasjonalt samarbeid, som omfattar ei rekke land.

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei det løyvd 1 mill. kroner til å gjennomføre prosjektet Dialogbyen Lillehammer , jf. Innst. 401 S (2016–2017).

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 6,6 mill. kroner. Det er på same nivå som i saldert budsjett for 2018.

Post 74 Narviksenteret

Mål for 2019

Målet med tilskottet er at Narviksenteret kan fremme kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna nordnorsk krigs- og okkupasjonshistorie.

Rapport for 2017

Det totale talet på besøk i 2017 var 30 185, ein auke på 41 pst. frå 2016. Hovudårsakene til dette er at 2017 var det første fulle driftsåret med nye utstillingar i nytt bygg, og at dei har satsa på å auke formidlinga mot skolar. Senteret har starta arbeidet med å bygge opp ein formidlingsportal om den andre verdskrigen med skoleungdom som den primære målgruppa. I samband med at det i 2017 var 75 år sidan dei jugoslaviske fangane kom til Nordland, har senteret arrangert og deltatt i fleire arrangement og tiltak.

Budsjettforslag for 2019

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei det løyvd midlar til ei ny stilling ved Narviksenteret, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Stillinga får heilårsverknad i 2018, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap .

Mål for 2019

Målet med tilskottet er at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.

Rapport for 2017

Om lag 6 600 lærarar, rektorar og andre personar deltok direkte i program, prosjekt og aktivitetar som blei gjennomførte av Wergelandsenteret i 2017, ein auke på nær 60 pst. frå 2016. Gjennom lokale prosjekt i 27 europeiske land har senteret nådd ut til om lag 65 000 personar i 2017, ein solid auke frå året før. Saman med 22. juli-senteret, Utøya og Raftostiftelsen har senteret etablert eit program med mål om å undervise unge om demokrati og menneskerettar.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018. I tillegg foreslår departementet å gi senteret eit tilskott på 3 mill. kroner over kap. 226 post 21 til drifta av det nasjonale læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap. Sjå omtale under denne posten.

Post 76 Raftostiftelsen

Mål for 2019

Målet med tilskottet er å bidra til at elevar, studentar, lærarar og andre grupper får eit godt opplæringstilbod om menneskerettane gjennom Raftostiftelsen.

Rapport for 2017

I 2017 har 3 309 elevar, lærarstudentar og lærarar deltatt i undervisning i menneskerettar og demokrati. Dette er ein nedgang samanlikna med 2016, som kan ha bakgrunn i at 2016 var eit jubileumsår, med fleire aktivitetar enn normalt. I 2017 blei Raftoprisen tildelt Parveena Ahangar og Parvez Imroz frå Kashmir. Parveena Ahangar kjempar for rettferd for sonen sin, som forsvann i 1991. Kampen hennar blei til ei rørsle med hundrevis av mødrer og enker som har lidd den same skjebnen. Advokaten Parvez Imroz har i fleire tiår avdekt massegraver og dokumentert menneskerettsbrot i Kashmir.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Kap. 256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

61 076

62 841

64 258

21

Særskilde driftsutgifter

19 067

12 046

8 584

Sum kap. 0256

80 143

74 887

72 842

Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk. Kompetanse Noreg har eit nasjonalt systemansvar for karriererettleiing, og har ansvar for å utvikle og koordinere rettleiingsfeltet i Noreg. Kompetanse Noreg har det faglege og pedagogiske ansvaret for innhaldet i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, jf. kap. 292. Kompetanse Noreg er òg sekretariat for Kompetansebehovsutvalget.

Sekretariatet for Nasjonalt fagskoleråd blir i 2019 flytt frå Kompetanse Noreg til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU). Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til dei løyvingsmessige konsekvensane av flyttinga i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2019.

Kompetanse Noreg har ansvaret for å forvalte nokre av prosjektmidlane som er løyvde over kap. 258 post 21. Kompetanse Noreg har vidare ansvaret for å forvalte ulike tilskott til vaksenopplæring, karriererettleiing og til freds- og menneskerettssentera, jf. kap. 254, 255, 257 og 258.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2019

Kompetanse Noreg skal vere pådrivar for ein heilskapleg og effektiv kompetansepolitikk, ved å gi kunnskapsbaserte innspel til kompetansepolitikken, løfte fram kompetansepolitiske promblemstillingar på ulike arenaer, og samarbeide med relevante aktørar om utvikling av idear, forslag og ordningar.

Kompetanse Noreg skal medverke til at befolkninga utviklar og tar i bruk den kompetansen samfunnet treng. Det inneber å medverke til at fleire vaksne tar del i utdanning og opplæring, at kompetansen til befolkninga blir tatt i bruk på ein betre måte, og at det er kvalitet i opplærings- og utdanningstilboda.

Kompetanse Noreg skal vidare medverke til målet om høgre deltaking for invandrarar i arbeids- og samfunnsliv gjennom avvikling av prøver i norsk og samfunnskunnskap og statsborgarprøva.

Kompetanse Noreg skal arbeide for å auke tilgangen til tenestene for karriererettleiing, styrke kvaliteten på karriererettleiinga og bidra til likeverdige tilbod.

Rapport for 2017

Kompetanse Noreg er frå januar 2017 navnet på tidlegare Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Direktoratet har ei pådrivande og iverksettande rolle for ein heilskapleg og effektiv kompetansepolitikk, og for å skape betre forståing blant avgjerdstakarar, samarbeidspartnarar og i heile befolkninga av behovet for læring heile livet.

Oppfølginga av Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse og Nasjonal kompetansepolitisk strategi 2017–2021 har vore høgt prioritert av Kompetanse Noreg i 2017. Strategien gir retning for ein felles innsats for det kompetansepolitiske arbeidet i åra framover, og legg til rette for samarbeid mellom partane i arbeidslivet og andre sentrale aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Kompetanse Noreg fekk i 2017 i oppdrag å ta hand om sekretariatsfunksjonen for Kompetansebehovsutvalget (KBU). Utvalet skal bringe fram den best moglege faglege vurderinga av dei framtidige kompetansebehova i Noreg.

Som eit bidrag til utvikling og betre bruk av kompetansen til vaksne og for at fleire vaksne får varig tilknyting til arbeidslivet, har Kompetanse Noreg mellom anna utvikla nye modulstrukturerte læreplanar for vaksne på grunnskolenivå, arbeidd med etter- og vidareutdanning av lærarar, utvikling av ressursar til kartlegging og undervisning og utvikling og gjennomføring av kurs.

Kompetanse Noreg har i 2017 arbeidd for auka tilgang til karriererettleiingstenestene, og for betre kvalitet på karriererettleiinga. Talet på unike brukarar av karrieresentera i 2017 var 17 938, ein auke på tre pst. frå året før. Rapportert tilfredsheit blant brukarane viser at 95 pst. er nøgde med karriererettleiinga. Kompetanse Noreg har arbeidd med å heve kompetansen i karriererettleiing på integreringsfeltet og med å utvide karriererettleiingstilbodet til innvandrarar og asylsøkarar i mottak. Det er sett i gang eit arbeid med å utvikle eit nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiinga. I 2017 har Kompetanse Noreg førebudd etableringa av eit nasjonalt kraftsentrum for karriererettleiing, lokalisert i Tromsø. Det blei offisielt opna i januar 2018.

Kompetanse Noreg har ansvaret for verkemiddel som er av avgjerande tyding for integreringsarbeidet. Prøvene i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er godt etablerte, og etterspurnaden etter norskprøva er framleis aukande. Kompetanse Noreg har bidratt til å sikre god kvalitet på og gjennomføring av statsborgarprøva, som tredde i kraft 1. januar 2017. Kompetanse Noreg har bidratt til fagleg og pedagogisk utvikling av norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, og kvalitet i opplæringa i 50 timar i «Norsk kultur og norske verdier» for asylsøkarar. For meir omtale, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald, kap. 292 postane 21 og 22.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga på post 01 vidare på same nivå som i 2018.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 21 med 3,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 3256 post 01, jf. omtale under kap. 3256. Reduksjonen er knytt til utgifter Kompetanse Noreg har hatt som vertsorganisasjon for Nordiskt Nätverk för Vuxnas Lärande.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Inntekter frå oppdrag

18 833

11 676

8 205

02

Salsinntekter o.a.

248

360

368

Sum kap. 3256

19 081

12 036

8 573

Inntektene på post 01 gjeld oppdragsverksemd for Kompetanse Noreg. Inntektene på post 02 gjeld salsinntekter og refusjonar.

Kompetanse Noreg har fram til utgangen av 2017 vore vertsorganisasjon for Nordiskt Nätverk för Vuxnas Lärande. Inntekter knytte til oppgåva er førte på kap. 3256 post 01. I samband med bortfall av oppgåva foreslår departementet å redusere inntektsløyvinga på denne posten med 3,8 mill. kroner.

Kap. 257 Kompetansepluss

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

5 199

5 858

5 998

70

Tilskott , kan overførast

162 426

157 167

171 725

Sum kap. 0257

167 625

163 025

177 723

Opplæringa i Kompetansepluss arbeid skal vere praksisnær og knytt til arbeidssituasjonen til deltakarane. Programmet skal nå små og mellomstore verksemder og ulike bransjar, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette.

Gjennom Kompetansepluss frivilligheit kan fleire målgrupper ta del i opplæringa, i regi av frivillige organisasjonar. Formålet er å gi vaksne som treng det, grunnleggande dugleikar som gir høve til blant anna auka deltaking i samfunnet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott, kan overførast

Løyvinga på post 21 skal nyttast til å utvikle Kompetansepluss -programmet, til å gjere administreringa av programmet best mogleg og auke kvaliteten på dei tilboda som blir gitte. Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere Kompetansepluss- programmet betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet. Ein mindre del av løyvinga kan gå til å utvikle modellar for samarbeid mellom Nav, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkarar kan få opplæring i grunnleggande dugleikar.

Løyvinga på post 70 blir lyst ut til søkarar innanfor målsettinga for programmet.

Mål for 2019

Målet med Kompetansepluss- programmet er at fleire kan ta del i opplæring i grunnleggande dugleikar, og at færre fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande dugleikar.

Rapport for 2017

Kompetansepluss -ordninga omfatta i 2017 opplæring i grunnleggande dugleikar og grunnleggande norskopplæring. Det er til kvar tid i gang over 1 000 aktive prosjekt gjennom Kompetansepluss -programmet.

Arbeidslivet blir ein stadig viktigare læringsarena, og i 2017 var det rekordhøg søkning om tilskott til opplæringstiltak på jobben gjennom Kompetansepluss arbeid , jf. tabell 4.10. Søknader som berre omfatta norskopplæring, utgjorde 40 pst. av alle søknadene det blei søkt om støtte til. I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei løyvinga auka med 17 mill. kroner. Ekstraløyvinga skulle brukast særskilt til å styrke digital kompetanse. 143 kvalifiserte søkarar fekk tildelt midlar.

Kompetanse Noreg fekk om lag 200 søknader om tilskott frå Kompetansepluss frivilligheit i 2017.

Tabell 4.10 BKA og Kompetansepluss arbeid 2010–17 (beløp i mill. kroner)

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Omsøkt beløp

169,4

197,6

190,6

182,7

186,2

200,7

293,8

311,2

Tildelt beløp

80,8

93,4

107,6

104,3

141,8

162

220,2

196,9

Talet på søknader

345

411

503

461

600

651

947

1 135

Talet på innvilga søknader

209

250

370

348

503

561

734

715

Talet på deltakarar

6 999

7 617

8 737

7 781

10 853

11 287

14 757

Tabellen omfattar søknader og tildelingar knytte til ordinær utlysing og særskilde satsingar. Deltakartala har tidlegare vore baserte på alle innmelde deltakarar, medan dei frå og med 2016 er baserte på innmelde deltakarar på faktisk haldne kurs. Tildelt beløp er for dei siste åra høgre enn løyvinga på posten, finansiert med overføring frå løyvinga for tidlegare år. Kompetanse Noreg hadde i 2016 akkumulerte midlar frå tidlegare år som blei inkluderte i tildelinga det året. Talet på deltakarar for 2017 er ikkje klart.

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 6 mill. kroner på kap. 257 post 21. Det er ei vidareføring av nivået i 2018.

Departementet vil styrke Kompetansepluss- programmet slik at fleire kan få opplæring i grunnleggande dugleikar. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 257 post 70 med 10 mill. kroner.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

5 684

5 033

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 01

93 408

123 391

212 844

60

Tilskott til karriererettleiing

32 734

33 585

34 525

Sum kap. 0258

131 826

162 009

247 369

Post 01 Driftsutgifter

Rapport for 2017

Løyvinga finansierte statistikk, analysar og forsking som kan bidra til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til Kunnskapsdepartementet.

Budsjettforslag for 2019

Departementet vil samle midlar til analyse og kunnskapsgrunnlag på éin post. Departementet foreslår derfor å flytte midlane på denne posten til den nye posten kap. 201 post 21.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten finansierer ulike tiltak innanfor kompetansepolitikken og vaksnes læring. Om lag halvparten av midlane blir tildelt Kompetanse Noreg. Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tidsavgrensa arbeid i utval, departement og direktorat, og til tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kompetansepolitikken og vaksnes læring. Løyvinga skal òg finansiere fleire mindre tiltak som mellom anna tilskott til kompetanseutvikling av tillitsvalde, arbeid med realkompetansevurdering gjennom Erasmus+-prosjektet VISKA, oppfølging av yrkeskvalifikasjonsdirektivet og arbeidet med eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Det vil kunne bli gitt tilskott til felles tiltak for freds- og menneskerettssentera som får tilskott over kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssenter.

Mål for 2019

Målet med løyvinga er at fleire lærer heile livet slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Rapport for 2017

Stortinget har slutta seg til Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse –samordnet innsats for voksnes læring, jf. Innst. 362 S (2015–2016). Ei rekke av dei tiltaka som blei lagde fram i meldinga, er finansierte over kap. 258 post 21.

Kompetanse Noreg har utvikla modulstrukturerte læreplanar for vaksne på grunnskolenivå. Forsøk med modulstrukturert opplæring starta opp ved 28 opplæringsstader i august 2017, og dekker nærare 50 kommunar. Arbeidet med å utvikle eit digitalt kartleggingsverktøy for lesing var i 2017 konsentrert om å lage innhald og utprøving mynta på dei som deltar i forsøka med modulisert opplæring. Kartleggingsprøva blei ferdigstilt hausten 2018 til bruk ved dei 28 forsøksskolane.

Utdanningsdirektoratet har sett i gang forsøk med modulstrukturerte læreplanar i fag- og yrkesopplæringa. Forsøka omfatter åtte lærefag og blei sett i gang i fem fylkeskommunar frå hausten 2017.

Kompetanse Noreg har utvikla enkle sjølvevalueringar i grunnleggande lesing og skriving, rekning og digitale dugleikar, i tillegg til ein test i lesing. Sjølvevalueringane er utvikla for vaksne som ønsker å vurdere seg sjølve, og skal i tillegg kunne brukast av ulike opplæringstilbydarar i grunnleggande dugleikar, til dømes studieforbund og tiltakstilbydarar i Nav. Testane er samla på Kompetanseporten, som blei lansert i juni 2017. Ved bruk av verktøya får brukarane informasjon om vidare moglegheiter for opplæring. Det har også blitt utvikla eit e-læringstilbod i grunnleggande dugleikar.

I 2017 blei regjeringa og partane i arbeidslivet einige om ein felles kompetansepolitisk strategi som skal gi arbeidslivet den kompetansen det har behov for. Strategien skal gjelde i perioden 2017–21. I oppfølginga av strategien har det i 2017 blitt gjennomført fleire tiltak. Gjennom finansiering av to forskingsoppdrag skal kunnskapen om realkompetansevurdering aukast. Kompetansebehovsutvalget blei nemnt opp i mai 2017. Utvalet skal bringe fram den best moglege faglege vurderinga av dei framtidige kompetansebehova til Noreg. Den første rapporten frå utvalet blei levert 1. februar 2018.

For at fleire lærarar som underviser vaksne, skal kunne delta på vidareutdanning, blei det også i 2017 utbetalt midlar til lærestader for å dekke studieavgifta for studentane. Det er òg gitt støtte til etterutdanning retta mot lærarar og leiarar innanfor vaksenopplæringa.

Prosjektet VISKA, som blei starta i 2017, skal prøve ut realkompetansevurdering for nykomne flyktningar.

Det blei tildelt midlar til Kunnskapssenter for utdanning, som skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Ein del av utdanningsforskingsprogrammet FINNUT, inkludert forsking på vaksne si læring, blei i 2017 finansiert over denne posten.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 212,8 mill. kroner i 2019. Det er ein auke på 89,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2018.

Departementet vil samle midlar til analyse og kunnskapsgrunnlag på éin post. Departementet foreslår derfor å flytte 16,5 mill. kroner frå kap. 258 post 21 til den nye posten kap. 201 post 21. Midlane gjeld finansiering av Kunnskapssenter for utdanning og fagmiljøet for læringsanalyse ved Universitetet i Bergen.

For å auke handlingsrommet for andre tiltak foreslår departement å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner.

Regjeringa vil gjennomføre ei kompetansereform for at ingen skal gå ut på dato. I budsjettforslaget for 2019 foreslår regjeringa å auke løyvinga på kap. 258 post 21 med totalt om lag 110 mill. kroner til tiltak som inngår i kompetansereforma.

I revidert budsjett for 2018 blei det løyvd 10 mill. kroner til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod innanfor teknologi og digitale løysingar, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Departementet foreslår 37 mill. kroner til denne satsinga i 2019.

Departementet vil utvikle bransjeprogram i samarbeid med partane i arbeidslivet. Målet er at verksemder i bransjar som er særleg utsette for omstilling og digitalisering og automatisering, skal få betre høve til å gi sine tilsette fagleg oppdatering. Departementet foreslår 30 mill. kroner til dette i 2019.

Departementet vil i 2019 nytte 3 mill. kroner til å greie ut korleis ein kan etablere ei digital plattform for etter- og vidareutdanning med utgangspunkt i utdanning.no. Dessutan foreslår departementet 3 mill. kroner til til å utvikle eit digitalt verktøy for betre informasjon om etter- og vidareutdanningstilbod på utdanning.no.

Ei arbeidsgruppe med deltaking frå partane i arbeidslivet leverte i april 2018 fleire forslag til Kompetansepolitisk råd om tiltak som kan styrke den digitale kompetansen blant sysselsette. Departementet vil gi partane i arbeidslivet til saman 1,5 mill. kroner til to av desse prosjekta: eit som handlar om korleis partsdialog kan nyttast best mogleg i digitaliseringsprosessar, og eit om nettbaserte opplæringsprogram for dei tilsette i utvalde bransjar.

Departementet vil utvide forsøka med modulstrukturert opplæring på grunnskolenivå og vidaregåande opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa med totalt 36,3 mill. kroner i 2019. Utvidinga er òg ein del av inkluderingsdugnaden til regjeringa for å få fleire i arbeid.

Departementet vil i 2019 følge opp arbeidet med livslang karriererettleiing med om lag 25 mill. kroner. Det omfattar arbeidet med å utvikle ei teneste for digital karriererettleiing samlokalisert med miljøet rundt utdanning.no.

Løyvinga vil òg bli nytta til å styrke kunnskapsgrunnlaget om blant anna vaksne si læring gjennom utdanningsforskingsprogrammet FINNUT, finansiering av den internasjonale undersøkinga PIAAC og gjennom oppdragsforsking.

Departementet vil nytte om lag 9 mill. kroner til systemet for analyse og formidling av framtidige kompetansebehov, inkludert utgifter til Kompetansebehovsutvalget.

7,5 mill. kroner vil bli nytta til arbeid med oppfølginga av Nasjonal kompetansepolitisk strategi og arbeidet i Kompetansepolitisk råd. Tiltaka inkluderer utgifter til ekspertutvalet som ser på etter- og vidareutdanning. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Post 60 Tilskott til karriererettleiing

For å bidra til at alle, inkludert vaksne, skal ha eit tilbod om karriererettleiing, har Kunnskapsdepartementet gjennom tilskottsmidlar stimulert til etablering av fylkesvise partnarskap for karriererettleiing. Partnarskapa skal bidra til å utvikle tenestetilbodet og til samarbeid mellom ulike rettleiingsaktørar lokalt. Oppretting og utvikling av karrieresenter i fylka er ei viktig målsetting for partnarskapa.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er å gjere karriererettleiing tilgjengeleg også for vaksne over 19 år.

Rapport for 2017

Dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing er mottakarar av tilskotta, som blir administrerte av den einskilde fylkeskommunen. I 2017 hadde alle fylka utanom Oslo partnarskap for karriererettleiing. Hedmark fylkeskommune fekk i 2017 tildelt stimuleringstilskott til å etablere eit karrieresenter, og senteret var i drift frå januar 2018. Finnmark fylkeskommune fekk stimuleringstilskott til å utvikle karriererettleiingtilbod tilpassa den samiske befolkninga.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2018.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

260

Universitet og høgskolar

34 420 935

35 819 269

37 170 985

3,8

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

342 868

851 619

662 779

-22,2

276

Fagskoleutdanning

118 602

280

Felles einingar

605 229

577 013

914 930

58,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

681 674

723 267

505 761

-30,1

Sum kategori 07.60

36 169 308

37 971 168

39 254 455

3,4

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3280

Felles einingar

5 019

1 379

611

-55,7

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

5 019

1 389

621

-55,3

Innleiing

Universitets- og høgskolesektoren speler ei avgjerande rolle i å frambringe den kunnskapen som trengst for ei ønskeleg samfunnsutvikling, og i å spreie oppdatert kunnskap til beste for samfunnet og den einskilde. Høgre utdanning bidrar til at studentane tileignar seg kompetanse som trengst i samfunnet, og som legg grunnlaget for deltaking i arbeidslivet.

Aktiviteten i høgre utdanning og forsking ved universitet og høgskolar femner i stor grad på tvers av dei tre overordna måla for kunnskapssektoren: Alle deltar i samfunns- og arbeidsliv; alle har den kompetansen som dei sjølve og samfunnet treng; samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet. Det vil i stor grad vere samme utfordringar og utviklingstrekk, strategiar og tiltak som gjeld på tvers av dei tre måla. Departementet har likevel sett eitt overordna mål for løyvingane over programkategori 07.60:

  • Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet.

Av dei ti måla for politikkområda i kunnskapssektoren er desse særleg høgt prioriterte innanfor kategori 07.60 Høgre utdanning for 2019:

  • Fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø.

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Fleire har relevant digital kompetanse.

I Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 legg regjeringa fast rammene for forskings- og høgre utdanningspolitikken framover. Meldinga er ein revisjon av den første langtidsplanen for forsking og høgre utdanning som blei lagd fram i 2014 (Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 ). Den reviderte langtidsplanen følger òg opp den politikken for kvalitet i høgre utdanning som blei presentert i Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning (kvalitetsmeldinga) og Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge.

Hovudprioriteringar for 2019

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er det viktigaste tiltaket frå regjeringa for å sikre at samfunnet får tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet. Kunnskapsdepartementets hovudprioriteringar innanfor kategori 07.60 og 07.70 Forsking er i hovudsak oppfølging av langtidsplanen.

Regjeringa foreslår totalt 161 mill. kroner til teknisk og funksjonell oppgradering av bygg for å møte nye og endra behov i undervisning, samarbeid mellom fagmiljø og møte behova for meir og sikker digital tilrettelegging i drift, undervisning og forsking. Midlane kan gå til både institusjonar som forvaltar sin eigen bygningsmasse, og institusjonar som leiger areal i staten si husleigeordning. Av desse midlane er 36 mill. kroner mellombelse for 2019. Forslaget er ein del av regjeringa sin plan for utvikling, forvaltning og prioritering av bygg i universitets- og høgskolesektoren som inngår i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Regjeringa foreslår ein auke på 25 mill. kroner til styrking av Nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Den nasjonale arenaen skal stimulere utdanningsinstitusjonane sitt arbeid med kvalitet gjennom auka bruk av konkurranse og fagfellevurdering, og betre og meir tilgjengeleg kunnskap om kvalitet i utdanninga. Det skal bidra til å gi studentane betre utbytte av læringa og raskare gjennomstrøyming i høgre utdanning. Forslaget er ein del av den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Regjeringa foreslår 17,5 mill. kroner til eit program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskolesektoren. Evalueringar har peikt på veikskapar ved tryggleiken i forskingsnettet og utfordringar med å få på plass tilstrekkeleg styring av informasjonstryggleiken i sektoren.

Regjeringa foreslår ein auke på 15 mill. kroner til programmet FORNY2020 for auka næringsmessig utnytting av offentleg finansierte forskingsresultat i Noreg.

Regjeringa foreslår 15 mill. kroner til prosessar for samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing i universitets- og høgskolesektoren. Det skal bidra til å støtte opp under pågåande strukturprosessar i sektoren sett under ett.

Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til ei pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane. Målet er betre kvalitet i dei kommunale helse- og velferdstenestene gjennom utdanningar som er betre tilpassa kompetansebehova, og som aukar rekrutteringa av desse kandidatane til kommunane.

Regjeringa foreslår totalt 11,3 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar i sjukepleie for å følge opp revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018). I tillegg kjem konsekvensjustering på totalt 214,2 mill. kroner for å føre vidare og kunne ta opp nye kull av øvrige studieplassar som Stortinget har vedtatt i statsbudsjett og revidert nasjonalbudsjett for 2014–18.

Regjeringa foreslår 103,3 mill. kroner for å føre vidare med heilårseffekt rekrutteringsstillingar til universitet og høgskolar som Stortinget vedtok i statsbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett for 2018.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. med 3 mill. kroner, for å finansiere 14 nye stipendiatstillingar. Av desse skal ti stillingar gå til lærarar og fire til nærings ph.d.

Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2019 med tilsegn om tilskott til 2 200 nye studentbustader. Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2018 å auke tilskottssatsane og kostnadsrammene for bygging av nye studentbustader. Regjeringa foreslår å føre vidare dei auka satsane og kostnadsrammene i 2019 og prisjustere dei med 2,9 pst. i 2019.

Mål: Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Framleis er det for få studentar som fullfører ein grad. Varierande karaktersetting tyder på ulike faglege standardar i sektoren, noko som er gjort synleg gjennom bruk av gode karakterar til tross for låg tidsbruk på studia og låge karakterar ved inntak. Studentaktive læringsformer og digitale verktøy blir i for liten grad brukte i undervisninga. Det er for lite merksemd på utvikling av pedagogisk kompetanse for tilsette i kombinerte undervisnings- og forskingsstillingar. Resultat frå forsking blir rekna som meir fremmande for karrieren enn utvikling av god utdanning. Dette er utfordringar og utviklingstrekk som blei skildra i Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning .

OECDs gjennomgang av den norske politikken for forsking og høgre utdanning frå 2017 konkluderte med at universitets- og høgskolesektoren på mange område gjer det godt, og har hatt ei positiv utvikling, men at Noreg ikkje er blant landa med dei aller beste resultata. OECD-gjennomgangen peikte særleg på eit behov for å få fram fleire miljø av topp internasjonal kvalitet. Rapporten hadde fleire anbefalingar til politikken overfor universitet og høgskolar. Dei var mellom anna knytte til insentivering av høg kvalitet gjennom finansieringssystemet, betre rekrutterings- og karrieremodellar, styrkt evne til leiarskap og omfordeling etter kvalitet ved institusjonane. Rapporten anbefalte og eit mangfald av institusjonstypar i sektoren, med rom for å utvikle nokre universitet til det øvste nivået i Europa.

Internasjonalisering av høgre utdanning er sentralt for omstilling og verdiskaping, og eit verkemiddel for å auke norsk konkurransekraft internasjonalt. Det blir eit stadig aukande behov for samfunnsborgarar og arbeidstakarar med internasjonal erfaring og brei kultur- og språkkompetanse. Ei rekke universitet og høgskolar har i dag eigne strategiar eller planar for internasjonalt samarbeid. Men det varierer i kor stor grad fagmiljøa har ei internasjonal kontaktflate, representert ved internasjonale fellesgradar, deltaking i internasjonale samarbeidsprogram, student- og tilsettmobilitet og samarbeid om vitskaplege publikasjonar. Studentmobilitet er eit av dei mest sentrale aspekta ved internasjonalisering av høgre utdanning. Det gjer det mogleg for den einskilde studenten å utvikle seg, og det gir impulsar utanfrå som kan bidra til å utvikle kvaliteten og relevansen i norsk høgre utdanning. Av alle som fullførte ein bachelor- eller mastergrad i Noreg i 2017, hadde 16 pst. vore på utvekslingsopphald. I tråd med Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning er målet at 20 pst. har vore på slik utveksling innan 2020. På lengre sikt er ambisjonen 50 pst. Det er derfor framleis eit stykke å gå for å nå ambisjonane for studentmobilitet.

Dei fysiske omgivnadene på campus påverkar læringsmiljøet og kvaliteten i forsking og utdanning. Det er endringar i undervisningsformer, utnytting av digitale løysingar, behov for meir tverrfagleg samarbeid, auka forskingsaktivitet og vekst i talet på studentar og tilsette. Denne utviklinga fører til at behovet er stort for oppgradering av lokale, vedlikehald og nybygg i universitets- og høgskolesektoren. For institusjonane som forvaltar sine eigne bygg, har ein stor del av bygningsmassen for dårleg teknisk standard. Dei sjølvforvaltande institusjonane brukte 1,2 mrd. kroner i gjennomsnitt per år gjennom dei siste fire åra til vedlikehald og påkostingar. Likevel gjer tilstanden til ein stor del av bygningsmassen at han ikkje kan bli brukt på eigna måte til formålet. Det er ulike årsaker til dette, mellom anna at ein stor del er verna eller gamle bygg.

Utnytting av IKT og andre teknologiar gjer det mogleg å møte dei store samfunnsutfordringane på ein betre måte, auke produktivitetsveksten og styrke konkurranseevna. Digital kunnskap og kompetanse er ein føresetnad for å lykkast med omstillingar av enkeltverksemder og av heile sektorar. Høgre utdanning har ei sentral rolle i dette, både gjennom relevant IKT-undervisning i utdanningane generelt og spesialiserte teknologiske utdanningar, og gjennom etter- og vidareutdanning. Både tempo på og omfang av dei endringane som digitaliseringa skaper, gjer det nødvendig med eit enda tettare samspel mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet for å sikre kvalitet og relevans i dei ulike utdanningane.

Digitaliseringa fører òg med seg nye trugsmål. For at potensialet ved digitaliseringa og dei aukande mengdene data kan utnyttast til fulle, er ein avhengig av at samfunnet har tillit til at personvernet og datatryggleiken blir sikra. Studentane treng å utvikle kompetanse i sikker bruk av digitale løysingar og god digital dømmekraft. Universitets- og høgskolesektoren har framleis utfordringar med å få på plass tilstrekkeleg internkontroll og styring av informasjonstryggleiken. Riksrevisjonens kontroll underbygger dette, og ei ekstern evaluering av UNINETT har peikt på for svak informasjonstryggleik i forskingsnettet.

Dei kommunale tenestene blir i åra framover stadig viktigare for å møte dei samla behova for helse- og velferdstenester. Samstundes er det generelt berre ein liten del av praksisdelen i helse- og sosialfagutdanningar som finn stad i kommunane. Rammevilkåra for praksis bidrar til at praksisfeltet i kommunane i dag ikkje kan ta imot fleire studentar.

På fleire område er det behov for meir forskingskompetanse, i både privat og offentleg sektor. Fleire lærarar med ph.d. vil bringe forsking og praksis nærare kvarandre. Auka doktorgradskompetanse blant lærarar er òg viktig for rettleiinga av lærarstudentar.

Strategiar og tiltak

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning inneheld regjeringa sine overordna prioriteringar for desse politikkområda. I den første planen frå 2014 (Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 ) tok regjeringa sikte på å revidere planen kvart fjerde år. Regjeringa legg derfor i år fram den reviderte langtidsplanen Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 samstundes med statsbudsjettet for 2019. Sjå nærare omtale av langtidsplanen og oppfølginga av han under del III, kap. 5.

Styra ved universitet og høgskolar har ansvaret for at den faglege aktiviteten er av høg kvalitet. Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning (kvalitetsmeldinga) set klare forventningar til arbeidet med å forbetre utdanningskvaliteten. Kunnskapsdepartementet har òg sett i gang fleire tiltak for å følge opp meldinga.

Utviklingsavtalar

Sidan 2016 har Kunnskapsdepartementet gradvis innført fleirårige utviklingsavtalar med kvart av universiteta og kvar av dei statlege høgskolane. Frå 2019 vil alle desse lærestadene vere omfatta av slike avtalar. Ein utviklingsavtale er ein avtale mellom departementet og ein lærestad som inneheld mål og måleparametrar for prioriterte utviklingsområde for institusjonen. Utviklingsavtalane skal bidra til høg kvalitet og ein mangfaldig sektor gjennom tydelegare institusjonsprofilar og betre arbeidsdeling. Avtalane gir rom for å løfte fram område der institusjonane ser behov for særskild merksemd, og er samstundes eit verkemiddel for nasjonal koordinering. Erfaringane med prosessen med avtalar er positive. I Prop. 1 S (2017–2018) blei det signalisert at Kunnskapsdepartementet ville legge fram forslag til finansieringsmodell for utviklingsavtalar i statsbudsjettet for 2019. Departementet har sidan då sett i gang eit arbeid i dialog med sektoren om mogleg forenkling av systemet for mål- og resultatstyringa for universiteta og høgskolane. Det kan vere behov for å sjå på korleis det best mogleg kan spele saman med utviklingsavtalane og finansieringa av universitet og høgskolar. Kunnskapsdepartementet vil derfor ikkje no knytte særskild finansiering til utviklingsavtalane.

Nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning

Eit hovudtiltak i kvalitetsmeldinga er Nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning, som er etablert med si første utlysing i 2018. Arenaen samlar eksisterande verkemiddel som senter for framifrå utdanning (SFU) og verkemiddel for digitalisering og internasjonalisering i høgre utdanning, og utfyller desse med nye verkemiddel. Ambisjonen er at arenaen skal bli ein pådrivar for utdanningskvalitet, og at han skal få nok omfang og prestisje til å påverke det strategiske kvalitetsarbeidet ved institusjonane. Arenaen skal finansiere prosjekt av god kvalitet og skal basere seg på tydelege søknadskriterium og systematisk bruk av fagfellevurdering. Den første utlysinga på arenaen hadde temaet «studentaktiv læring og vurderingsformer». Nasjonal arena for utdanningskvalitet blir forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU).

Verdsetting og utvikling av god undervisning

Eit sentralt bodskap i kvalitetsmeldinga er at undervisningskompetanse må få meir å seie for både tilsettingar og karriereutvikling. Departementet har fastsett endringar i forskrift om tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar som gjeld frå 1. september 2019. Dei inneber strengare krav til utdanningsfagleg kompetanse og undervisningserfaring.

I kvalitetsmeldinga varsla departementet eit krav om at universitet og høgskolar innan utgangen av 2018 skal ha etablert pedagogiske meritteringssystem som bidrar til å verdsette arbeidet med å utvikle god undervisning. Temaet blei tatt opp i etatsstyringa med universitet og høgskolar i 2018, og erfaringa er at institusjonane er godt i gang med å følge opp.

Karriere

Kunnskapsdepartementet sette i 2017 ned ei ekspertgruppe for å vurdere stillingsstrukturen ved norske universitet og høgskolar. Rapporten frå ekspertgruppa blei levert i mai 2018, og har vore ute til høyring. Mandatet var å vurdere om stillingsstrukturen fyller behova i breidda av oppgåvene til universitet og høgskolar, og om han legg godt nok til rette for attraktive karrierar. Ekspertgruppa foreslår to nye karrierestigar – ein fagstøttestige for mellombels tilsette i forskingsprosjekt, og ein forskar/lektor-stige som skal erstatte dosentløpet. Dei foreslår òg eit nytt øvste trinn på professorstigen med tittelen fakultetsprofessor, og ein eigen profesjons-ph.d. Departementet vil vurdere korleis ein skal følge opp forslaga, etter å ha gått gjennom innspela frå høyringa.

Læringsmiljø og mentorordning

For å følge opp oppmodingsvedtak nr. 769, 7. juni 2017, om mentorordningar i høgre utdanning, jf. Innst. 364 S (2016–2017) og Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning , har Kunnskapsdepartementet fått Universitetet i Bergen til å levere ei utgreiing om mentorordningar i høgre utdanning nasjonalt og internasjonalt. Departementet vil i tildelingsbrevet til universiteta og dei statlege høgskolane for 2019 gi melding til kvar institusjon om å starte opp mentorordningar, og vil òg be DIKU om å fremme arbeidet gjennom dialog og erfaringsdeling med institusjonane. Sjå elles omtale av oppfølginga av oppmodingsvedtaket i del I, kap. 3.

Ordninga med læringsmiljøutval, som institusjonane har vore pålagde å ha sidan 2003, blei evaluert av Oxford Research i 2018. Evalueringsrapporten blir følgd opp i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 520, 1. mars 2018 om studentombod, jf. Innst. 122 S (2017–2018) og Dokument 8:48 S (2017–2018), sjå del I, kap. 3.

Internasjonal studentmobilitet

Gjennom deltaking i internasjonale utvekslingsprogram som Erasmus+, og ved målretta samarbeid med prioriterte land utanfor Europa, legg Kunnskapsdepartementet til rette for at studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte.

For å bidra til å nå utdanningspolitiske mål knytte til studentutveksling, starta departementet i 2018 arbeidet med ei melding om studentmobilitet. Meldinga vil mellom anna presentere ein statusgjennomgang av inn- og utgåande mobilitet innanfor høgre utdanning, ha eit særleg auge på korleis ein kan bidra til meir mobilitet til strategisk viktige land, inkludert fleire ikkje-engelskspråklege land, og sjå på betre tilrettelegging for utgåande mobilitet i studieprogram ved norske høgre utdanningsinstitusjonar. Meldinga skal vere klar ved årsskiftet 2019/20.

Bygg for undervisning og forsking

I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er det ein eigen plan for bygg i universitets- og høgskolesektoren. Formålet med planen er å legge rammene for ein heilskapleg politikk for utvikling, forvaltning og prioritering av bygg og campus. Det handlar ikkje berre om meir areal, men om dei riktige areala. Noreg treng universitets- og høgskolebygg som blir nytta til å utvikle, formidle og skape kunnskap, identitet og verdiar. Sjå nærare omtale av langtidsplanen og oppfølginga av han under del III, kap. 5.

For 2019 foreslår regjeringa totalt 161 mill. kroner til oppgradering av bygg i universitets- og høgskolesektoren ved institusjonar som forvaltar sin eigen bygningsmasse, eller som leiger areal i staten si husleigeordning. Oppgraderingane skal gi meir eigna bygg som fremmer moderne forskings- og undervisningsformer og aukar læringsutbyttet til studentane. Sjå budsjettforslag for kap. 260 post 50.

Digitalisering og informasjonstryggleik

Regjeringa la i 2017 fram ein digitaliseringsstrategi for universitets- og høgskolesektoren for perioden 2017–21. Strategien skal bidra til at digitale teknologiar blir utnytta for betre kvalitet, tilgang og effektivitet i både utdanning, forsking og administrasjon. Lærestadene har eit eige ansvar for å utarbeide forpliktande mål og tiltak for digitalisering av utdanning og forsking, og desse blir følgde opp av departementet mellom anna i etatsstyringa.

For å styrke informasjonstryggleiken i universitets- og høgskolesektoren og betre evna til å førebygge og handtere truslar mot forskingsnettet, foreslår Kunnskapsdepartementet å løyve 17,5 mill. kroner til Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking (UNIT) for å etablere eit program for informasjonstryggleik. Programmet vil i utgangspunktet gå over fire år og inneber ei rekke tiltak, mellom anna for betre kapasitet til å oppdage og handtere brot på informasjonstryggleiken, analyseverktøy og kompetanseheving. Sjå budsjettforslaget for kap. 281 post 01.

Regjeringa nemnde i 2018 opp eit ekspertutval som skal sjå på etter- og vidareutdanning. Utvalet skal vurdere kva digitaliseringa og andre endringar i arbeidslivet fører med seg av behov for etter- og vidareutdanning. Utgreiinga skal òg skildre korleis utdanningssystemet er i stand til å møte behova, og foreslå relevante tiltak. Utvalet skal levere rapporten sin innan 1. juni 2019.

Praksis i helse- og sosialfagutdanningane

Kunnskapsdepartementet foreslår å etablere ei pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane. Ordninga skal bidra til at meir av praksisdelen i utdanningane skjer i dei kommunale tenestene, og til å auke kvaliteten i praksisstudia. Pilotordninga skal hauste erfaringar om korleis kommunal praksis bør organiserast og finansierast. Departementet foreslår 10 mill. kroner til pilotordninga i 2019, sjå budsjettforslaget for kap. 260 post 50.

Fleire lærarar med doktorgrad

Kunnskapsdepartementet foreslår for 2019 å auke løyvinga til nærings-ph.d.- og offentleg sektor-ph.d.-ordningane med 3 mill. kroner, og at ti av stipendiatstillingane som midlane finansierer, skal gå til lærarar. Samstundes foreslår departementet at 5 mill. kroner skal nyttast til mellom anna å stimulere fleire lærarar til å ta doktorgraden, nettverkssamarbeid for å støtte gjennomstrøyming i utdanninga, samt styrka samarbeid mellom universiteta, høgskolane og skolesektoren.

Kap. 260 Universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Statlege universitet og høgskolar

33 057 330

34 355 141

35 606 697

70

Private høgskolar

1 363 605

1 464 128

1 564 288

Sum kap. 0260

34 420 935

35 819 269

37 170 985

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2019

Følgande mål gjeld for universitet og høgskolar som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Universitet og høgskolar skal sette sine eigne mål og styringsparametrar i tråd med desse måla. I tillegg fastset Kunnskapsdepartementet styringsparametrar på område der institusjonane skal ha særleg merksemd på resultatutviklinga ut frå nasjonale omsyn.

I 2018 har departementet bedt universiteta og høgskolane om synspunkt på måla og innspel til korleis dei kan gjerast enklare og betre. Arbeidet er gjort i lys av at departementet gradvis, frå 2016 til 2018, har inngått fleirårige utviklingsavtalar med dei statlege institusjonane. Departementet vil nytte desse vurderingane i ei eventuell revidering av måla for 2020.

Rapport for 2017

I 2017 løyvde Stortinget til saman 34,4 mrd. kroner til universitet og høgskolar over kap. 260 postane 50 og 70. Utgangspunktet for resultatrapporteringa nedanfor er dei fire nasjonale måla for 2017 og dei tiltaka som blei sette i verk med midlar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsmiljø

Studiebarometeret til NOKUT for 2017 viser at studentane i hovudsak er godt nøgde med den høgre utdanninga i Noreg. Gjennomsnittsskåren var 4,1 på spørsmål om dei alt i alt var nøgde med studieprogrammet sitt, på ein skala frå 1 (ikkje einig) til 5 (heilt einig). Det er noko lågare enn dei føregåande åra. For spørsmåla om kor tilfredse dei var med undervisning og rettleiing, var gjennomsnittsskåren 3,5 på ein skala frå 1 (ikkje tilfreds) til 5 (særs tilfreds). Det er same skår som for 2016 og noko høgre enn for 2013–14.

For spørsmål om tilfredsheit med ulike delar av eige læringsutbytte er svara stabile over tid. Den gjennomsnittlege skåren for kor einige studentane er i at dei er motiverte for studieinnsats, gjekk noko ned i både 2016 og 2017. I 2017 gjekk òg skåren ned for i kva grad studieprogrammet bidrar til denne motivasjonen. Studentane er i det store og heile nøgde med praksis, men det er eit potensial for betring når det gjeld kommunikasjonen mellom praksisstad og lærestad, og korleis studentane blir førebudde på praksisopplæringa.

I den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VI, som blei gjennomført i Noreg av Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2016, svarte 65 pst. av dei norske respondentane at dei var nøgde eller særs nøgde med undervisningskvaliteten. Det er same tal som i den førre tilsvarande undersøkinga for 2013. Det er like under medianen blant dei 18 EU-landa som deltok i denne delen av undersøkinga, og lågare enn i dei andre nordiske landa.

Undervisarundersøkinga til NOKUT frå 2017 viser at respondentane alt i alt er tilfredse med kvaliteten på studieprogrammet til det emnet dei underviser i. Gjennomsnittsskåren var 3,6 på ein skala frå 1 (i svært liten grad einig i påstanden) til 5 (i svært stor grad).

I Studiebarometeret til NOKUT for 2017 var den rapporterte tidsbruken på faglege aktivitetar på 34,9 timar per veke i gjennomsnitt for studentar på heiltidsprogram. Talet har lege rundt det nivået sidan 2014. I den europeiske studentundersøkinga for 2016 var gjennomsnittet 33 timar per veke for dei norske respondentane. Det er omtrent som medianen blant dei 21 EU-landa i undersøkinga.

Tilstandsrapporten for høgre utdanning viser at delen bachelorstudentar som fullførte på normert tid i 2017 (opptakskull 2014), var på 47 pst., mot 39 pst. to år tidlegare. Ein del av auken kan henge saman med betre rapportering av fullførte bachelorutdanningar når studentar held fram på masternivå, i samband med at fullførte gradar frå 2017 gir utteljing i finansieringssystemet. I 2017 var det 50 pst. som fullførte toårige masterutdanningar på normert tid, omtrent som for kullet to år tidlegare. Delen som fullførte femårige integrerte masterutdanningar, gjekk ned frå 41 pst. til 36 pst. frå 2014- til 2015-kullet.

I 2017 hadde 66 pst. avlagt doktorgraden innan seks år etter opptak på doktorgradsprogram, ned frå 68 pst. i 2016. Gjennomføringa innan seks år ligg under dei nasjonale måla på alle fagområda, som er mellom 75 pst. og 85 pst. Av dei som blei tatte opp på doktorgradsprogram i 2005–07, hadde rundt 80 pst. avlagt doktorgraden ti år seinare.

66 pst. av dei som starta i høgre utdanning i 2009, hadde fullført ein grad innan 2017ifølge tal frå SSB. Det er omtrent same tal som for kullet året før. Før det hadde delen med fullført grad auka for kvart opptakskull sidan 2001, da talet var 55 pst. Det er særleg delen som har fullført ein grad med over fire års lengde, som aukar, frå 16 pst. av dei som starta i 2001, til 26 pst. for dei som starta i 2009.

Forskingsbarometeret 2018 viser framleis ein auke i kor ofte dei vitskaplege publikasjonane frå Noreg blir siterte av andre forskarar, i høve til gjennomsnittet for liknande publikasjonar. Auken er likevel ikkje større enn i andre samanliknbare land. Artiklane frå Noreg blir framleis siterte i omtrent same grad som artiklane frå Sverige og Finland, men lågare enn landa som skårar høgst på indikatoren, som Danmark og Nederland. Også blant universiteta er fleire av dei norske på same nivå som andre universitet i Norden når det gjeld siteringar, men bak gruppa av dei aller fremste i Danmark og Sverige.

I 2017 var det 14 forskarar i Noreg som fekk stipend gjennom Det europeiske forskingsrådet (ERC), som er det høgste talet som har vore. I tillegg var det ei tildeling av eit såkalla proof of concept -prosjekt, som kan gå til tidlegare ERC-mottakarar for å verifisere det kommersielle eller samfunnsmessige potensialet til funn frå forskinga. Talet på norske ERC-stipend er likevel framleis lågt i høve til folketalet og talet på forskarar samanlikna med fleire andre land, mellom anna alle dei andre nordiske landa. I perioden 2014–17 gjekk rundt ein pst. av ERC-stipenda til mottakarar i Noreg, som er same tal som for perioden 2010–13. Til samanlikning fekk Finland to pst. av ERC-stipenda i perioden 2014–17.

Internasjonalt samspel

Noreg har gjennom Bologna-prosessen eit mål om at 20 pst. av studentane som fullfører ein norsk grad, skal ha hatt eit studieopphald i utlandet på minimum tre månader. I Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning tidfesta regjeringa at målet skal bli nådd innan 2020. Tilstandsrapporten for høgre utdanning 2018 viser at 16 pst. av studentane med fullført grad i 2017 hadde avslutta eit utvekslingsopphald på minst tre månader. Talet har vore rimeleg stabilt over tid. I den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VI svarte nesten 13 pst. av dei norske respondentane i 2016 at dei hadde vore på mellombels studieopphald i utlandet etter at dei byrja å studere i Noreg. Ved sida av Finland var dette det høgste talet blant dei 28 landa i undersøkinga.

Det var 8 644 internasjonale gradsstudentar i Noreg i 2017, det vil seie studentar med vidaregåande opplæring frå utlandet som hadde flytt til Noreg mindre enn fem år tidlegare. Dette talet er lågare enn i dei tre føregåande åra. Av dei som disputerte for doktorgraden i 2017, hadde 39 pst. utanlandsk statsborgarskap; dette er det høgste talet som er målt.

Forskingsbarometeret 2018 viser at dei norske vitskaplege publikasjonane med samforfattarar frå utlandet framleis aukar, og meir enn auken i publikasjonar totalt. I 2011 hadde 35 pst. av publikasjonane frå universitets- og høgskolesektoren i Norsk vitskapsindeks medforfattarar frå utlandet, og i 2017 var delen 46 pst. Tal frå Indikatorrapporten 2017 viser òg at dei norske artiklane med internasjonalt samforfattarskap blir siterte meir av andre forskarar enn dei reint nasjonale artiklane.

Forskingsbarometeret viser òg at finansiering frå utlandet er den finansieringskjelda som har auka mest relativt sett i dei siste åra. Samanlikna med dei andre referanselanda i barometeret (Norden, Austerrike og Nederland) har Noreg den klart lågaste delen utgifter til forsking og utviklingsarbeid finansierte av utlandet. 87 pst. av inntektene frå Europakommisjonen i 2017 kom frå EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. I strategien for deltaking i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet frå 2014 sette regjeringa eit mål om at minst to pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal gå til norske aktørar. I dei siste tala frå søknadsstatistikken frå mars 2018 ligg delen til norske deltakarar for første gong over to pst. Delen midlar frå Horisont 2020 har auka for alle sektorane i Noreg, unntatt for helseforetaka. Universitet og høgskolar har auka sin del mest, og var mottakarar av 0,63 pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 i den siste statistikken.

Bygg for undervisning og forsking

Universiteta og dei statlege høgskolane er blant dei største eigedomsaktørane i statleg sivil sektor. I 2017 disponerte dei 3,43 mill. kvadratmeter. I den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VI svarte 67 pst. av dei norske respondentane i 2016 at dei var tilfredse eller særs tilfredse med studiefasilitetane som bygningar, bibliotek og datautstyr. Det er om lag som medianen blant dei 18 EU-landa som inkluderte dette spørsmålet i undersøkinga, men lågare enn i Sverige og Finland.

I Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning seier regjeringa at ho forventar at institusjonane legg til rette for nye læringsformer og godt læringsmiljø. Ueigna bygg og lokale kan hindre moderne forskings- og undervisningsformer. Kandidatundersøkinga frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2018 viser at norske universitet og høgskolar ikkje har blitt betre til å bruke nye læringsformer i dei siste 17 åra.

Institusjonane melder om behov for funksjonell oppgradering slik at lokala blir meir eigna fordagens bruk og verksemd. På oppdrag frå departementet utførte Kunnskapssenteret for utdanning og Statsbygg i 2017 kunnskapskartleggingar om bygg for høgre utdanning og forsking. Rapportane peikte på behov for tilpassingar av bygga. Behova er knytte til tilpasningar som følgje av strukturendringar, digitalisering av undervisning, betre arealbruk og for innovasjonssamarbeid med næringsliv. Større tildelingar frå Noregs forskingsråd og Horisont 2020 krev óg i mange tilfelle at institusjonane tilpassar lokala for å kunne gjennomføre forskingsprosjekta sine.

I 2017 hadde 15 av 21 institusjonar aktive byggeprosjekt i ulike fasar. Mellom anna var fire ordinære byggeprosjekt under oppføring med finansiering gjennom byggeløyvingar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fleire kurantprosjekt, som institusjonane fiansierer innanfor uendra rammeløyvingar. Rehabiliteringa av Noregs idrettshøgskole var ferdig i 2017, og omfatta hovudsakleg sentralbygget, gymsalbygget og svømmehallen. Fleire rehabiliterings- og oppgraderingsprosjekt blir òg gjennomførte innanfor rammeløyvingane til institusjonane. I 2017 tildelte Kunnskapsdepartementet etter søknad 75 mill. kroner til oppgradering av bygg ved dei statlege sjølvforvaltande institusjonane. Ein føresetnad er at institusjonane bruker minst like mykje midlar av sine eigne budsjettrammer til formålet. Midlane blei fordelte til tre oppgraderingsprosjekt.

Nybygg for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet er under oppføring og planlagt ferdigstilt i 2020. Dette er eit stort og svært komplekst byggeprosjekt som stiller høge krav til prosjektering og bygging av mellom anna laboratorium, areal til dyrehald, avansert medisinteknisk utstyr og anna forskingsinfrastruktur. Statsbygg har allereie fått utløyst 590 mill. kroner av den totale usikkerheitsavsetninga, og har signalisert at det kan vere behov for å få utløyse dei resterande midlane i usikkerheitsavsetninga på 465 mill. kroner i 2018. Ein førebels prognose tilseier at prosjektet kan gå over fastsatt kostnadsramme. Regjeringa vil vurdere kostnadsreduserande tiltak. Departementet vil ha tett oppfølging av framdrifta i prosjektet.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Kunnskapen som dei ferdigutdanna kandidatane tar med seg ut i samfunnet, er det viktigaste bidraget til velferd og verdiskaping frå universitet og høgskolar. I Studiebarometeret til NOKUT for 2017 er studentane mest nøgde på spørsmåla om relevansen utdanningane har for arbeidslivet. Over 80 pst. svarte at studieprogrammet gir kompetanse som er viktig i arbeidslivet, med svar på 4 eller 5 på ein skala frå 1 (i liten grad) til 5 (i stor grad). 60 pst. meinte at studieprogrammet i tilsvarande grad har eit godt samarbeid med næringslivet. Svara har vore stabile over tid. I den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VI svarte 56 pst. av dei norske respondentane i 2016 at studieprogrammet førebudde dei godt eller svært godt til den nasjonale arbeidsmarknaden. Det er like over medianen for EU-landa i undersøkinga. For tilsvarande spørsmål om den internasjonale arbeidsmarknaden var talet for Noreg 24 pst., medan medianen blant EU-landa var 33 pst.

Kandidatundersøkinga frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser at arbeidsløysa for nyutdanna med mastergrad gjekk ned frå ni pst. til åtte pst. mellom 2015 og 2017, etter å ha auka i undersøkingane frå 2009, 2013 og 2015. Fordelt på fagområde gjekk arbeidsløysa blant dei nyutdanna ned frå 2015 til 2017 i samfunnsfag, humaniora og økonomisk-administrative fag, medan det framleis var ein liten auke innanfor teknologi og matematikk/naturvitskap.

Også delen nyutdanna med mastergrad som arbeider ufrivillig deltid, gjekk ned mellom 2015 og 2017, med om lag ei halv prosenteining. Delen som har arbeid der utdanninga er utan betydning eller passar dårleg med arbeidsoppgåvene fordi det ikkje var mogleg for dei å få arbeid i samsvar med utdanninga, held likevel fram med å auke. Denne gruppa av dei mistilpassa på arbeidsmarknaden var tre pst. av dei nytdanna med mastergrad i undersøkinga frå 2007. Delen har auka fram til undersøkinga for 2017, der han var om lag seks pst.

Universitet og høgskolar har eit omfattande samspel med omverda, som skjer på mange arenaer. I tillegg til å spreie kunnskap gjennom utdanningsverksemda og studentane bidrar sektoren med kunnskap til nytte for innovasjon og verdiskaping gjennom publikasjonar og andre formidlingsaktivitetar, deling av forskingsressursar, samarbeidsprosjekt og oppdrag. Mykje av dette viktige samspelet er uformelt organisert og vanskeleg å talfeste.

Universiteta og dei statlege høgskolane hadde i 2017 om lag 2,9 mrd. kroner i inntekter frå bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet frå andre kjelder enn Noregs forskingsråd, regionale forskingsfond og Europakommisjonen (BOA-inntekter). Dette svarte til 6,7 pst. av dei totale driftsinntektene. Dei private høgskolane hadde 167,1 mill. kroner i slike inntekter, som svarte til 4,8 pst. av dei totale driftsinntektene. I finansieringssystemet for universitet og høgskolar blei det for 2017 innført ein indikator som gir resultatbasert utteljing for slike bidrags- og oppdragsinntekter. Samla var det ein auke på 37,2 mill. kroner i BOA-inntekter for dei statlege institusjonane og ein auke på 20,8 mill. kroner for dei private frå 2016 til 2017. BOA-inntektene for dei statlege institusjonane per faglege årsverk har gått ned kvart år sidan 2013 målte i faste prisar, og var i 2017 på 143 800 kroner. For dei private høgskolane har BOA-inntektene auka sidan 2014 også i høve til talet på faglege årsverk, og var i 2017 på 139 100 kroner per faglege årsverk.

Forskingsbarometeret 2018 viser at bidrags- og oppdragsinntektene til dei statlege institusjonane frå næringslivet har gått ned i faste prisar kvart år sidan 2010. BOA-inntekter frå det offentlege har derimot hatt ein aukande trend; det same gjeld BOA-inntektene frå organisasjonar og stiftingar.

Tilstandsrapporten for høgre utdanning 2018 viser at dei statlege institusjonane hadde 108 patentsøknader i 2017, ned frå 197 i 2016. Også talet på inngåtte lisensieringskontraktar og nye etablerte foretak gjekk ned, frå 124 inngåtte lisensieringskontraktar og 34 foretaksetableringar i 2016 til høvesvis 65 og 25 i 2017. Omfanget av slike kommersialiseringsaktivitetar kan variere ein del frå år til år. Til dømes var talet på inngåtte lisensieringskontraktar i 2017 omtrent på same nivå som i 2014, trass i nedgangen frå 2016.

I 2017 blei 20 pst. av dei vitskaplege artiklane publiserte i ope tilgjengelege tidsskrift. Det er ein liten auke frå delen på 19 pst. i 2016. Auken er større for delen av artiklane som er avleverte til vitenarkiv via Cristin, som gjekk opp frå 16 pst. i 2016 til 30 pst. i 2017. I 2017 blei i underkant av halvparten av artiklane i tidsskrift som tillèt eigenarkivering i vitenarkiv, avleverte til slike arkiv via Cristin.

Lærarutdanning

I 2017 starta den nye, femårige grunnskolelærarutdanninga på masternivå opp. Reforma er eit ledd i realiseringa av regjeringa sin strategi Lærerløftet frå 2014, der lærarutdanning på masternivå er eitt av tiltaka. Alle institusjonane som har grunnskolelærarutdanning, har klart å møte krava for å tilby masterutdanninga, og er blitt akkrediterte av NOKUT.

Lærerløftet handlar òg om rekruttering til lærarutdanning og læraryrke. Høgre krav for opptak til grunnskolelærarutdanning og lektorutdanning (innført i 2016) skal medverke til betre forkunnskapar hos studentane som blir tatte opp til utdanningane, og til auka status for yrke og utdanning. Etter at opptakskrava blei skjerpa, har karaktersnittet for søkarar til desse utdanningane gått noko opp, og var i 2016 og 2017 over gjennomsnittet for alle søkarar til høgre utdanning. Søkartala til lektorutdanninga for trinn 8–13 har auka kvart år, medan talet på søkarar til grunnskolelærarutdanninga for trinn 1–7 gjekk ned i 2016 og 2017, etter å ha auka i 2015, før dei nye opptakskrava tok til å gjelde.

Våren 2017 lanserte regjeringa strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene . Strategien skal gi retning for arbeidet med utvikling av lærarutdanningane. Eit hovudgrep i strategien er partnarskap mellom lærarutdanningane og skole- og barnehageeigarar for å etablere lærarutdanningsskolar og lærarutdanningsbarnehagar. Rekruttering til lærarutdanning er òg eit tiltak i strategien.

Barnehagelærarutdanninga rekrutterer bra og får gode tilbakemeldingar frå sektoren. Søkning til barnehagelærarutdanninga har auka med rundt åtte pst. frå 2016 til 2017. Talet på søkarar har aldri vore høgre enn no. Søkarane har mykje lågare karaktergjennomsnitt enn søkarar til anna lærarutdanning. I 2013 sette regjeringa ned ei følgegruppe for den nye barnehagelærarutdanninga. Følgegruppa leverte sluttrapporten sin hausten 2017. Han melder at institusjonane jobbar godt, men at dei står overfor mange og samansette utfordringar. Mellom anna meinte gruppa at utdanninga er underfinansiert. Pedagogikkfaget har ikkje heilt funne sin plass i utdanninga.

I 2017 blei det uteksaminert fleire kandidatar frå lærarutdanningane enn året før. Dette gjeld alle utdanningane unntatt faglærarutdanninga, der kandidattalet i 2017 ligg om lag på same nivå som i 2016. For alle skolelærarutdanningane samla var talet på uteksaminerte kandidatar 13 pst. høgre i 2017 enn i 2014.

Tabell 4.11 Førstevalssøkarar til utvalde lærarutdanningar. 2014–17

2014

2015

2016

2017

Barnehagelærarutdanning

3 220

3 215

3 330

3 589

Grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7

2 467

2 672

2 377

2 291

Grunnskolelærarutdanning for trinn 5–10

2 316

2 510

2 583

2 440

Lektorutdanning for trinn 8–13

1 816

1 952

2 086

2 408

Kjelde: Samordna opptak

Tabell 4.12 Fullførte lærarutdanningar. 2014–17

2014

2015

2016

2017

Barnehage- og førskolelærarutdanning

1 828

2 081

1 909

1 966

Grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7

660

840

861

935

Grunnskolelærarutdanning for trinn 5–10

670

775

859

988

Lektorutdanning for trinn 8–13

260

316

364

401

Faglærarutdanning

328

319

312

304

Allmennlærarutdanning

318

212

60

95

Praktisk-pedagogisk utdanning

2 117

1 953

1 976

2 188

Yrkesfaglærarutdanning

159

158

120

192

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning

Universitetsmusea

Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet i Stavanger har eit særskilt nasjonalt ansvar for å drive museum med vitskaplege samlingar og publikumsutstillingar. Det samla talet på publikumsbesøk til desse universitetsmusea var i underkant av 1,9 millionar i 2017, ein auke på tre pst. frå 2016. Publikumsbesøket har auka med mellom tre og seks pst. årleg sidan 2012. Samla utgjer dette ein auke på 350 000 i det årlege besøkstalet. Universitetsmusea har hatt ei rekke utstillingar og arrangement som har fått stor merksemd og har vore populære blant publikum i dei seinare åra. Talet på undervisningsopplegg for skoleklassar og omvisningar var høvesvis rundt to og tre tusen i 2017, ein nedgang på høvesvis 16 pst. og sju pst. frå 2016. Talet på publiseringspoeng ved universitetsmusea gjekk litt ned frå 2016, men dei ligg framleis høgt samanlikna med gjennomsnittet elles ved universiteta. Delen av samlingane som er digitaliserte, er stort sett den same som i 2016.

Delen av dei samla magasinareala som var tilfredsstillande sikra mot brann og vasskade og hadde tilfredsstillande skallsikring, gjekk opp med høvesvis rundt ti, tre og to prosenteiningar frå 2016, medan delen med tilfredsstillande tjuverisikring gjekk ned med rundt ei prosenteining. Graden av magasinareal med tilfredsstillande rutinar og beredskap auka med rundt fire prosenteiningar. Graden av tilfredsstillande sikring og bevaring varierer mellom dei ulike samlingane og mellom musea, men alle musea har utfordringar som berre kan løysast med omfattande rehabilitering eller nybygg.

Mål: God tilgang til utdanning

Kapasitet og kompetanse

Talet på søkarar, studentar og uteksaminerte kandidatar har auka i fleire år, og auken heldt fram i 2017. Da var det om lag 111 000 kvalifiserte førstevalssøkarar til høgre utdanning, og i haustsemesteret var det rundt 257 000 registrerte studentar som blei finansierte over statsbudsjettet. Om lag 46 000 kandidatar fullførte utdanninga. Talet på studiepoeng har auka kvart år sidan 2008 med mellom to pst. og fem pst. årleg.

Talet på kvalifiserte førstevalssøkarar gjennom Samordna opptak har auka år for år sidan 2009. Det gjer at det blir stadig vanskelegare å bli tatt opp til høgre utdanning. Det var 2,0 kvalifiserte førstevalssøkarar per studieplass i 2017, likt som i 2016. I 2013 og 2014 var det tilsvarande talet 1,8.

Talet på avlagde doktorgradar auka igjen i 2017 etter å ha gått ned kvart år mellom 2013 og 2016. 750 doktorgradar blei avlagde av kvinner i 2017 og 743 av menn. Samla er det det nest høgste nokosinne, bak talet for 2013.

I perioden 2009–17 har Kunnskapsdepartementet tildelt midlar til nye studieplassar som svarer til eit auka årleg opptak på rundt 11 000 studentar. I tillegg kjem studieplassar som institusjonane sjølve har prioritert midlar til å opprette innanfor si eiga rammeløyving. Auken i talet på avlagde 60-studiepoengseiningar i perioden 2009–17 er høgre enn auken i talet på studieplasstildelingar. Det er noko variasjon mellom institusjonar, men sektoren har samla sett tatt ansvar for større etterspørsel etter utdanning og har auka studieplasstilbodet utover dei øyremerkte midlane.

Tal frå SSB viser at 20 pst. av befolkninga i alderen 19–34 år i 2017 studerte ved universitet eller høgskole i Noreg eller i utlandet. Delen var ni pst. blant innvandrarar, 32 pst. blant norskfødde med innvandrarforeldre og 23 pst. blant befolkninga elles. Forskjellane mellom gruppene er ulik for ulike aldersgrupper. For personane i alderen 19–20 år var 17 pst. av innvandrarane i høgre utdanning, og for dei norskfødde med innvandrarforeldre og befolkninga elles gjaldt det høvesvis 42 pst. og 30 pst. For personane i alderen 28–34 år var delen i høgre utdanning fem pst. blant innvandrarane og høvesvis ti pst. og ni pst. blant norskfødde med innvandrarforeldre og befolkninga elles.

Kvinner er i fleirtal blant studentane både med og utan innvandrarbakgrunn, men 2017 er første gong på fleire år at prosentdelen kvinner er under 60 totalt (59 pst.). Det var om lag 56 pst. kvinner blant dei innvandra og norskfødde med innvandrarforeldre frå ikkje-vestlege land, det vil seie land utanom EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. I alt var 24 pst. av dei registrert busette kvinnene i Noreg i alderen 19–34 år i høgre utdanning, medan delen blant menn var 16 pst. Forskjellane mellom kvinner og menn er relativt sett større i dei yngre og eldre aldersgruppene enn blant personane midt i 20-åra. For 25-åringane var om lag 22 pst. av mennene og 27 pst. av kvinnene i høgre utdanning.

Livslang læring og fleksibel utdanning

Talet på studentar på fleksible utdanningstilbod held fram med å auke til over 20 000 i 2017, og har auka kvart år sidan 2010, da talet var nesten 14 000. Auken har halde fram samtidig som talet på fleksible utdanningstilbod har gått ned. Fleksible utdanningstilbod inkluderer nettbasert undervisning eller desentralisert undervisning. Det var over 500 slike tilbod i 2013–14 og rundt 250 i 2017.

Kompletterande utdanning for flyktningar

Arbeidet med å utvikle kompletterande utdanning for personar med fluktbakgrunn med utdanning frå heimlandet starta opp i 2016 for lærarar og sjukepleiarar ved OsloMet – storbyuniversitetet og i teknologi og realfag ved OsloMet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i fellesskap. Hausten 2017 starta OsloMet med kompletterande utdanning for sjukepleiarar og lærarar med respektive 16 og 4 personar. Det har førebels vore utfordrande å få søkarar med fluktbakgrunn med relevant utdanning frå heimlandet og nødvendige språkkvalifikasjonar. Eit fåtal av dei som starta i 2017, hadde fluktbakgrunn. Dei første erfaringane med tilbodet er positive frå både studentar, fagpersonar og praksisfeltet.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Effektiv drift og forvaltning

Universitet og statlege høgskolar hadde 43 mrd. kroner i driftsinntekter i 2017. Løyvinga over kap. 260 utgjer hovuddelen av finansieringa for universiteta og høgskolane. Løyvinga til dei statlege institusjonane på 33,1 mrd. kroner utgjorde fire femdelar av driftsinntektene, eit tal som har vore stabilt i dei siste åra.

Private høgskolar som får tilskott under kap. 260 post 70, hadde 3,5 mrd. kroner i samla driftsinntekter i 2017. Tildelinga over denne posten utgjorde 1,4 mrd. kroner i 2017, som svarte til om lag to femdelar av driftsinntektene.

Finansieringssystemet for universitet og høgskolar blei endra i 2017, jf. Innst. 12 S (2015–2016) og Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 12 S (2016–2017) og Prop. 1 S (2016–2017) for Kunnskapsdepartementet. Endringane innebar at den resultatbaserte delen utgjorde ein noko større del av løyvinga for 2017. Da utgjorde basisdelen 68,9 pst. av løyvingane, den resultatbaserte delen med open budsjettramme 26,3 pst. og den resultatbaserte delen med lukka budsjettramme 4,8 pst. I 2016 utgjorde basisdelen 69,8 pst. av løyvingane.

Ved utgangen av 2017 hadde universitet og statlege høgskolar samla avsetningar på 3,8 mrd. kroner. Det utgjer 11,2 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet og er ei endring på 23 pst. frå utgangen av 2016. Av dette var 2,3 mrd. kroner avsetningar utan interne og eksterne bindingar. Dei nettobudsjetterte institusjonane skal kunne planlegge drift og investeringar i eit fleirårig perspektiv, til dømes for nybygg, utstyr i samband med byggeprosjekt og andre strategiske formål, men departementet meiner at avsetningane no er større enn det økonomiske handlingsrommet institusjonane treng. Kunnskapsdepartementet legg avgjerande vekt på at institusjonane legg opp aktiviten etter budsjetta sine, og at universitet og høgskolar derfor må sørge for at avsetningane går ned. Sjå òg tabell 4.6 i vedlegg 4, som viser samanhengen mellom kontantbehaldning, kommande kostnader og avsetningar.

Digitalisering

Tilstandsrapporten for høgre utdanning 2018 viser at digitalisering i større grad enn før er strategisk forankra ved institusjonane. Det er til dømes løfta fram i utviklingsavtalane eller strategiane til institusjonane, eller i eigne digitaliseringsstrategiar. I Studiebarometeret til NOKUT for 2017 svarte 61 pst. av respondentane at digitale hjelpemiddel blir brukte på ein formålstenleg måte i studieprogrammet, med svar på 4 eller 5 på ein skala frå 1 (i liten grad) til 5 (i stor grad). Same delen svarte at fagleg tilsette i tilsvarande grad gir tilbakemeldingar på arbeid med bruk av digitale plattformer.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Det samla talet på årsverk for tilsette ved universitet og høgskolar auka med 2,6 pst. frå 2016, og for årsverk i faglege stillingar var auken på 3,4 pst. Forholdstalet mellom årsverk i faglege og administrative stillingar var i 2017 2,7. Det er på same nivå som i 2008, etter at talet har lege på rundt 2,5 i åra 2012–15.

Auken i delen av årsverk som er utførte i stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande, held fram, og var i 2017 på nesten 74 pst. av årsverka som blei utførte i faglege stillingar (undervisnings- og forskingsstillingar, ikkje inkludert stipendiatar, men inkludert postdoktorar og professor II), noko som var opp frå 65 pst. i 2008. Auken i den delen som stillingstypane utgjer av årsverka, var størst for stillingane førsteamanuensis, forskar og postdoktor. Delen kvinner blant professorar og dosentar held fram med å auke med om lag ei prosenteining årleg, slik det har gjort sidan 2008, og var i 2017 på 29,5 pst. Det same har vore tilfellet i stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande, der 40,9 pst. var kvinner i 2017.

Delen i mellombelse stillingar av årsverka i undervisnings- og forskarstillingar gjekk noko ned i kvart år mellom 2011 og 2015, men gjekk svakt opp i 2016. I 2017 gjekk han ned igjen til 17,0 pst., under nivået frå 2015 på 17,3 pst. Nedgangen i delen tilsette i mellombelse stillingar må halde fram.

Budsjettforslag for 2019 for postane 50 og 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 37,2 mrd. kroner over kap. 260 i 2019. 35,6 mrd. kroner går til universitet og statlege høgskolar over post 50, og 1,6 mrd. kroner til private høgskolar over post 70. Det er lagt til grunn eit overslag på prisauke på 2,9 pst. frå 2018 til 2019. Vidare er det lagt til grunn eit avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt på 0,5, pst., som utgjer 179,1 mill. kroner over kap. 260 postane 50 og 70 i 2019.

Finansieringssystemet

Den resultatbaserte utteljinga utgjer om lag 12,2 mrd. kroner, fordelte med 10,5 mrd. kroner på open budsjettramme og 1,7 mrd. kroner på lukka budsjettramme. Det inneber at resultatbasert utteljing aukar med 299,2 mill. kroner frå 2018 til 2019, som fordeler seg med ein auke på 263,7 mill. kroner for dei statlege og 35,5 mill. kroner for dei private. 2019 er det siste året med omfordeling i basis mellom institusjonane som følge av den treårige innfasinga av endringane i finansieringssystemet i 2017.

Bygg for undervisning og forsking

Det er behov for oppgradering og utvikling av areala ved universiteta og høgskolane slik at dei i større grad kan møte nye behov. Det gjeld både teknisk og funksjonell oppgradering for meir studentretta aktivitet, for å skape synergiar mellom fagmiljø og møte den digitale utviklinga med meir. Regjeringa foreslår 161 mill. kroner til oppgradering av bygg. Delar av midlane skal gå til å styrke ordninga for oppgradering ved institusjonar som forvaltar sin eigen bygningsmasse, ein auke på 61 mill. kroner. Regjeringa foreslår 25 mill. kroner til å innføre ei tilsvarande ordning for institusjonar som leiger areal i staten si husleigeordning. Til saman styrker regjeringa satsinga på oppgradering av bygg med 86 mill. kroner frå 2018. Av desse er 36 mill. kroner mellombelse i 2019.

Etter planen vil regjeringa i 2019 ta stilling til neste fase i planlegging av ny campus for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim på bakgrunn av ei ekstern kvalitetssikring av Statsbyggs rapport om oppstart av forprosjekt (OFP). Det er eit lågare behov for midlar til planlegging og prosjektering ved NTNU i 2019. Departementet foreslår derfor ein reduksjon i midlar til planlegging av ny campus for NTNU i Trondheim med 36 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å overføre ansvaret for å forvalte eigedommane til Noregs handelshøgskole (NHH) til Statsbygg, til saman 33 667 kvm. Dette er i tråd med ein intensjonsavtale mellom styret til NHH og Statsbygg. Eigedommane blir med dette innlemma i statens husleigeordning. Eigedommane til NHH omfattar ein del som Statsbygg forvaltar i dag (Nybygget), ein del som skal rehabiliterast (Hovedbygget), og ein annan del (mellom anna servicebygget). Grunna rehabiliteringa blir det ikkje rekna husleige for Hovedbygget før ferdigstilling i 2021. Frå forvaltningsoverføringa trer i kraft 1. januar 2019, er husleiga på den andre delen (ekskludert Nybygget) rekna til å vere 6,8 mill. kroner. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til NHH med 4,7 mill. kroner, tilsvarande kapitalkostnadene i husleiga, i tråd med praksis frå tidlegare forvaltningsoverføringar.

I nytt universitetssjukehus i Stavanger skal det byggast integrerte universitetsareal for medisinutdanninga ved Universitetet i Bergen. Estimerte kostnader for bygging av universitetsareala er 53 mill. kroner (2019-tal). Regjeringa foreslår å utvide låneramma til Helse Vest RHF for bygging av desse areala. Midlane skal utbetalast frå 2020. Sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732 Regionale helseforetak. Det vil bli gitt 40 pst. husleigekompensasjon til Universitetet i Bergen for å dekke auka husleige i dei nye lokala.

Helse Nord RHF skal bygge nytt sjukehus på Rossmolla i Hammerfest. Prosjektet omfattar òg integrerte universitetsareal for Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet sin aktivitet i Hammerfest. Universitetet har helsefaglege utdanningar, fagmiljø som driv helsevitskapleg forsking og utvikling og studentgrupper som gjennomfører dei siste to profesjonsåra i medisin i Hammerfest. Denne aktiviteten driv universitetet i dag i lokale dei leiger frå Statsbygg. Regjeringa foreslår ei samla låneramme på 1 893 mill. kroner (2019-tal) til Helse Nord RHF for å gjennomføre prosjektet. Universitetsareala utgjer 200 mill. kroner. Sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732 Regionale helseforetak. Det vil bli gitt 50 pst. husleigekompensasjon til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet for å dekke auka husleige i dei nye lokala.

Stortinget løyvde i tråd med praksis utstyrsmidlar tilsvarande 20 pst. av kostnadsramma for høvesvis fase to av rehabiliteringsprosjektet for Universitetsmuseet i Bergen og for samlokaliseringsbygget for kunst- og designutdanninga ved Universitetet i Bergen. Utstyrsmidlane skal fasast ut frå rammeløyvinga i takt med at utstyret i bygga er stilt ferdig, og rammeløyvinga til Universitetet i Bergen blir dermed redusert med 92,8 mill. kroner i 2019.

Stortinget løyvde 12 mill. kroner til medisinsk utstyr og inventar til SEARCH ved NBMU Høyland i statsbudsjettet 2018, jf. Innst. 12 S (2017–2018). Dette er eingongsmidlar som skal fasast ut frå rammeløyvinga i 2019, og rammeløyvinga til NMBU blir dermed redusert med 12 mill. kroner i 2019.

Sjå òg vedlegg 3 Byggtabellar for universitet og høgskolar for oversikt over dei byggeprosjekta i sektoren som Statsbygg har til prosjektering eller gjennomføring i 2018.

Studieplassar

Stortinget vedtok midlar til 100 nye studieplassar i sjukepleie i revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Studieplassane blir trappa opp med nye kull på ordinær måte. For å trappe opp studieplassane med løpande opptak av nye kull, foreslår Kunnskapsdepartementet 9,6 mill. kroner på kap. 260 post 50 og 1,7 mill. kroner på post 70. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Departementet foreslår òg å føre vidare midlar til studieplassar som er vedtatte av Stortinget i reviderte nasjonalbudsjett og statsbudsjett for 2014, 2015, 2016, 2017 og 2018, for å trappe dei opp til løpande opptak av nye kull. Det inneber ein auke i løyvinga med 199,6 mill. kroner over kap. 260 post 50 og 14,6 mill. kroner over kap. 260 post 70.

I revidert nasjonalbudsjett for 2018 vedtok Stortinget å løyve 0,7 mill. kroner til ei utdanning ved OsloMet – storbyuniversitetet som er tilpassa Det mosaiske Trossamfund sitt tilbod Jødiske vegvisarar. Regjeringa foreslår å løyve 0,7 mill. kroner på kap. 260 post 50 for å kunne føre vidare utdanningstilbodet.

Rekrutteringsstillingar

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2018 å løyve midlar til i alt elleve rekrutteringsstillingar ved OsloMet – storbyuniversitetet, Ansgar Teologiske Høgskole og VID vitenskapelige høgskole. Departementet foreslår heilårseffekt av desse stillingane med 4,2 mill. kroner over kap. 260 postane 50 og 5,1 mill. kroner over kap. 260 post 70.

Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2018 midlar til i alt 21 nye rekrutteringsstillingar ved Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Nord universitet. Departementet foreslår heilårseffekt av desse stillingane med 26,7 mill. kroner over kap. 260 post 50.

I revidert nasjonalbudsjett for 2018 vedtok Stortinget å løyve 10 mill. kroner til fleire rekrutteringsstillingar for å styrke kompetansen i Noreg i IKT-tryggleik og kryptologi. Kunnskapsdepartementet tildelte midlane til tolv nye stillingar kvar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Simula@UiB ved Simula AS. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare stillingane med heilårseffekt og løyve 15,2 mill. kroner til NTNU over kap. 260 post 50. Sjå òg omtale av rekrutteringsstillingar til Simula AS over kap. 285 post 52.

I statsbudsjettet for 2018 vedtok Stortinget å løyve midlar til 50 nye rekrutteringsstillingar over kap. 281 post 01. Kunnskapsdepartementet tildelte ni av stillingane til Simula AS og resten til statlege universitet og høgskolar. Departementet foreslår å tildele midlane i rammeløyvinga til institusjonane med 52,1 mill. kroner over kap. 260 post 50. Sjå òg omtale av midlane i tilskottet til Simula AS over kap. 285 post 52.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

I 2018 blei det løyvd 125 mill. kroner til strukturtiltak for universitet og høgskolar over kap. 260 til prosessar for samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar i sektoren. Stortinget har slutta seg til at strukturmidlane etter kvart skal nyttast til andre kvalitetstiltak, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018). I 2019 foreslår regjeringa mellom anna å auke løyvingane til oppgradering og utvikling av bygg og lokale ved universitet og høgskolar for å møte behovet for tekniske og funksjonelle areal og sette i gang ein pilot for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane. Regjeringa foreslår å redusere midlane til strukturtiltak over kap. 260 til 15 mill. kroner.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering driftar prosjektet ENT3R, eit rekrutteringstiltak for å motivere elevar til å velje realfag. Senteret er innlemma i Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, og departementet foreslår å flytte 5,1 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 260 post 50.

Østlandsforskning blir slått saman med Høgskolen i Innlandet 1. januar 2019. Departementet foreslår å flytte løyvinga på 4,1 mill. kroner frå kap. 287 post 57 til Høgskolen i Innlandet over kap. 260 post 50.

OsloMet – storbyuniversitetet overtok ansvaret for Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring 1. januar 2018 og ansvaret for å utvikle vidare og drifte nettstaden Tema morsmål , med læringsressursar på ulike morsmål for barnehagar og skolar. Departementet foreslår å flytte 2,5 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til OsloMet over kap. 260 post 50.

Andre saker

Kunnskapsdepartementet foreslår 10 mill. kroner til ei pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane. Fleire og betre praksisplassar i kommunane skal gi utdanningar som er betre tilpassa kompetansebehova og auka rekruttering til dei kommunale helse- og velferdstenestene. Pilotordninga skal hauste erfaringar om korleis kommunal praksis bør organiserast og finansierast, og midlane skal særleg gå til å dekke utgifter til rettleiing av studentane under praksisperioden.

Studentar som blei tatte opp til dei nye femårige grunnskolelærarutdanningane i 2017, vil fullføre utdanninga i 2022. På bakgrunn av behov i skolen for fleire lærarar vil regjeringa føre vidare eit nasjonalt kandidatmåltal for dei femårige grunnskolelærarutdanningane på totalt 1 913 kandidatar. Dette er det same nivået som for dei fireårige grunnskolelærarutdanningane. Behovet for midlar til å finansiere det femte studieåret slår ut hausten 2021 for dei studentane som starta hausten 2017. Regjeringa vil derfor i statsbudsjettet for 2021 foreslå å løyve midlar til dei institusjonane som tilbyr det femte året i grunnskolelærarutdanningane.

I Innst. 12 S (2016–2017) bad Stortinget regjeringa om å arbeide for at det blir etablert femårig masterutdanning for manuellterapeutar og kiropraktorar ved eit norsk universitet.

Kunnskapsdepartementet fekk hausten 2017 ei utgreiing frå Universitetet i Bergen som viser dei kortsiktige og langsiktige investeringsbehova og driftskostnadene ved å etablere ei femårig kiropraktorutdanning og eit tverrfagleg forskingsmiljø på muskel- og skjeletthelse. I tillegg til kostnader ved studieplassar vil det vere behov for rekrutteringsstillingar, utstyr og arealinvesteringar i bygg. Universitetet i Bergen har alt i dag ei toårig masterutdanning i manuellterapi, som bygger på ei 3-årig fysioterapeututdanning.

Universiteta og høgskolane har ansvar for å følge opp dei nasjonale sektormåla, der eitt av måla er god tilgang til utdanning, og dei skal sette eigne mål for verksemda og sine eigne styringsparametrar for måloppnåinga si. Institusjonane har i tråd med dette eit ansvar for å dimensjonere studietilboda sine innanfor gjeldande rammeløyvingar. I tillegg vurderer regjeringa det nasjonale kompetansebehovet og mogleg behov for fleire studieplassar i dei årlege budsjettprosessane. Regjeringa vil i den samanhengen vurdere behovet for ei kiropraktorutdanning, men samstundes peike på at ein institusjon innanfor si gjeldande ramme står fritt til å opprette masterutdanning innanfor kiropraktikk.

EU vedtok i 2018 supplerande endringar i regelverket for klinisk utprøving av legemiddel til menneske med krav om at søknader om klinisk utprøving skal behandlast jamleg og med korte fristar. For å følge opp arbeidet blir det oppretta to nye regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk som skal vere i full drift frå 2019. Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 1,6 mill. kroner frå kap. 746 post 01 på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett til kap. 260 post 50.

Stiftinga Senter for psykoterapi og psykososial rehabilitering ved psykoser (SEPREP) driv utdanningsprogrammet SEPREP TU med tilskott over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett. Som følge av den nye studietilsynsforskrifta frå februar 2017 må utdanningsprogrammet vere akkreditert og oppfylle krava i forskrifta. SEPREP TU blir derfor overdratt til VID vitenskapelige høgskole 1. januar 2019. Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet foreslår å føre over 10 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementets budsjett kap. 765 post 73 til VID over kap. 260 post 70.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2018 at midlane til stipendiatstillingane i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid skal tildelast direkte til universitet og høgskolar. Det står att å flytte midlar til ei stipendiatstilling med 0,9 mill. kroner frå kap. 280 post 50 til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet over kap. 260 post 50, som blir foreslått flytte for 2019.

Høyskolen Kristiania og Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology blei slåtte saman 1. august 2018. Delar av institusjonen er utanfor den resultatbaserte delen av finansieringssystemet. Frå 2019 blir heile den samanslåtte institusjonen omfatta av heile finansieringssystemet. Endringa har ikkje budsjetteffektar i 2019. Westerdals Oslo ACT og Høyskolen Kristiania hadde tidlegare ulike tilskottssatsar for utteljing på indikatorane for studiepoeng, uteksaminerte kandidatar og utveksling, på høvesvis 50 og 70 pst. Departementet fastset ein felles tilskottssats for desse indikatorane på 60 pst. frå 2019. Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2019 gjere ei heilskapleg vurdering av tilskottssatsane til alle dei private høgskolane i den resultatbaserte delen av finansieringssystemet.

Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB), som blei slått saman med Universitetet i Bergen 1. januar 2017, var berre omfatta av doktorgradsindikatoren i den resultatbaserte delen av finansieringssystemet. Unntaket blei ført vidare for verksemda ved tidlegare KHiB etter samanslåinga. Frå 2019 er heile den samanslåtte institusjonen omfatta av heile finansieringssystemet. Endringa har ikkje budsjetteffekt i 2019.

Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien vil bli auka frå 12,4 pst. til 13,2 pst. frå 2018 til 2019. Dette inneber ein kostnadsauke for institusjonane på om lag 235 mill. kroner i 2019 samanlikna med året før. I tillegg blir kostnaden for arbeidsgivaravgift på pensjonspremien auka.

Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

17 674

18 151

74

Tilskott til velferdsarbeid

90 756

87 044

75

Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast

234 438

746 424

662 779

Sum kap. 0270

342 868

851 619

662 779

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Stortinget løyver midlar over Kunnskapsdepartementet til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA). ANSA er studentsamskipnaden for norske studentar i utlandet. Fulbright-programmet er eit stipendprogram for særleg kvalifiserte studentar til studium på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg omfattar det stipend til forskarar frå Noreg og USA.

Rapport for 2017

I 2017 tildelte Kunnskapsdepartementet 8,4 mill. kroner til Fulbright-programmet. Til saman 41 nordmenn fekk i 2017–18 stipend over dette programmet, 25 på master- eller ph.d.-nivå, og 16 fekk forskarstipend. Det var samtidig 29 amerikanske stipendmottakarar som fekk finansiert opphald i Noreg; av desse var tolv studentar og 17 forskarar.

I 2017 tildelte departementet 9,3 mill. kroner til ANSA. Midlane har gått til informasjonstiltak, tilrettelegging for studium i utlandet og velferdstilbod som sosiale og faglege arrangement, og ein sosialrettleiar som hjelper studentar som opplever utfordringar i studietida. I løpet av 2017 fekk sosialrettleiaren 682 førespurnader, noko som er på same nivå som i dei siste to åra.

Talet på norske studentar i utlandet med psykiske utfordringar har auka, og i 2017 kom det inn 61 saker som handla om psykisk helse. ANSA har sidan 2017 hatt eit samarbeidsprosjekt med Mental Helse Ungdom.

Budsjettforslag for 2019

Som ledd i omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren er forvaltninga av tilskotta overført til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU). Departementet foreslår derfor at midlane på denne posten, 18,7 mill. kroner, blir førte over til kap. 280 post 50 saman med andre tilskottsløyvingar som DIKU får ansvar for å forvalte. Sjå omtale under kap. 280 post 50.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Rapport for 2017

I 2017 tildelte departementet 75,8 mill. kroner i tilskott til 14 studentsamskipnader med til saman om lag 240 000 medlemmer. Studentsamskipnadene speler ei viktig rolle for å bidra til høg studiekvalitet gjennom tilbod og tenester som kan betre studiekvardagen. Tilskottet til samskipnadene har framfor alt gått til velferdstilbod som kantine, bokhandel, idrettstilbod, helse- og rådgivingstenester, studentbustader, barnehage m.m. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene supplerer det generelle velferdstilbodet i samfunnet og er ein intergrert del av det samla læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane.

Departementet tildelte 7,5 mill. kroner til arbeidet med samanslåing av studentsamskipnader og organisasjonsutvikling i lys av dette. Frå 2017 blei studentsamskipnadene i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund slåtte saman til Studentsamskipnaden på Vestlandet. Studentsamskipnadene i Oppland og Hedmark blei slåtte saman til Studentsamskipnaden i Innlandet.

Landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar fekk utbetalt 7,4 mill. kroner. Dette var Norsk studentorganisasjon, Organisasjon for norske fagskolestudenter, International Students’ Union of Norway, Stipendiatorganisasjonene i Norge og BI Studentsamfunn. Tilskottet har medverka til drift av organisasjonane og til å fremme interessene til studentane mellom anna gjennom deltaking i faste styre og råd, offentleg utvals- og utgreiingsarbeid, høyringsfråsegner og offentlege debattar på vegner av studentane.

Budsjettforslag for 2019

Som ledd i omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren er forvaltninga av tilskotta overført til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU). Departementet foreslår derfor at midlane på denne posten, 89,6 mill. kroner, blir førte over til kap. 280 post 50 saman med andre tilskottsløyvingar som DIKU får ansvar for å forvalte. Sjå omtale under kap. 280 post 50.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar for kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustader. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Husbanken forvaltar tilskottsordninga for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2019

Rimelege og tilgjengelege bustader for studentar.

Rapport for 2017

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 12 S (2016–2017) og at det skulle bli gitt tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av 2 500 hybeleiningar i 2017. Det innebar ein eingongsauke på 300 tilsegn i 2017. I 2017 blei 1 303 hybeleiningar stilte ferdig, noko som har gitt fleire rimelege bustader til studentar. Ved utgangen av 2017 disponerte studentsamskipnadene 38 547 hybeleiningar. Det har i dei seinare åra vore ei utfordring å bygge studentbustader i takt med gitte tilsegner. Studentsamskipnadene og Husbanken peiker på at ei viktig årsak til dette har vore for låge kostnadsrammer og tilskottssatsar per hybeleining, det vil seie den kostnaden utbyggarane må halde seg innanfor for at hybeleiningane ikkje skal bli for dyre for studentane. Kostnadsrammene var uendra frå 2014 til 2018. Låge kostnadsrammer har ført til at mange av dei 2 500 hybeleiningane som det blei gitt tilsegn om tilskott til i 2017, ikkje kan bli bygde med 2017-satsar. Regjeringa foreslo derfor i revidert nasjonalbudsjett for 2018 å auke kostnadsrammene og tilskottsatsane, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Stortinget slutta seg til forslaget. Dei fleste utbyggarane trekte tilsegnene dei fekk i 2017 og har søkt om tilskott på nytt i 2018 med høgre satsar.

Budsjettforslag for 2019

Regjeringa vil halde oppe ambisjonane i studentbustadbygginga og foreslår å føre vidare nivået frå 2018 om tilskott til 2 200 nye hybeleiningar. Regjeringa foreslår ei løyving på 662,8 mill. kroner i 2019 som skal dekke forventa utbetaling til både nye og gamle tilsegner. Midlane blir normalt betalte ut over tre år. Det er ein nedgang i løyvingsbehovet frå 2018 som følge av at eingongsauken frå 2 200 til 2 500 tilsegn i 2017 blir fasa ut.

Endringane i kostnadsrammene og tilskottssatsane i 2018 var nødvendige for å auke takten på bygging av studentbustader, som har gått ned i dei siste par åra. Årsaka til nedgangen er blant anna at kostnadsrammene og tilskottssatsane ikkje har blitt justerte sidan 2014. Regjeringa foreslår derfor å føre vidare det auka nivået på kostnadsrammene og tilskottssatsane frå 2018 og justere satsane i samsvar med venta årleg prisvekst, det vil seie 2,9 pst. for 2019. I 2019 vil kostnadsramma dermed vere 926 100 kroner i pressområda og 874 650 kroner elles. Tilskottssatsen vil i 2019 vere 349 860 kroner i pressområda og 298 410 kroner elles. Justering av satsane med årleg prisvekst framover vil sikre betre samsvar mellom kostnadsrammene og kostnader til bygging.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 1 313,1 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

6 930

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 01

41 066

72

Anna fagskoleutdanning

70 606

Sum kap. 0276

118 602

Det blei i 2018 oppretta ein eigen programkategori for fagskoleutdanning – 07.40 Høgre yrkesfagleg utdanning. Rapportering av midlar som blei løyvde under kap. 276 i 2017, er omtalt nedanfor.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Departementet oppretta for 2017 post 01 Driftsutgifter og post 70 Andre overføringar for midlar til å hente inn kunnskap om fagskolesektoren og til særskilde utviklingstiltak knytte til fagskolesektoren. Løyvinga kan nyttast under kap. 276 post 01 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 276 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar. Midlane blei frå 2018 førte over til nytt kap. 241 post 21 Særskilde driftsutgifter og post 70 Andre overføringar.

Rapport for 2017

Som eit ledd i oppfølging av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden tildelte departementet midlar til utviklingstiltak for å bidra til å auke kvaliteten i fagskoleutdanning. Midlane har gått til prosjekt for meir bruk av teknologi for læring i fagskoleutdanning og eingongsinvesteringar i mellom anna utstyr og infrastruktur. Midlane til simulatorar og anna utstyr gjeld først og fremst tekniske og maritime utdanningar. Fagskolane som fekk midlar, er godt fordelte geografisk, og det er ei god fordeling mellom private og offentlege mottakarar av midlane.

Departementet tildelte midlar til MARKOM2020-prosjektet til utvikling av læremiddel i maritime fagskoleutdanningar. Departementet tildelte òg midlar til Universell for kartlegging og utgreiing av tiltak og midlar til NOKUTs arbeid med og tildeling av utdanningskvalitetsprisen for fagskoleutdanning.

Departementet tildelte òg midlar over kap. 281 postane 01 og 70 til ulike tiltak for å styrke fagskoleutdanninga. Sjå rapportering under kap. 281 postane 01 og 70.

Post 72 Anna fagskoleutdanning

Posten gjeld tilskott til fagskolar med utdanningstilbod i fag som kunst, film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk. Midlane blei frå 2018 førte over til nytt kap. 240 Fagskolar post 60 Tilskott til fagskolar.

Rapport for 2017

I 2017 fekk 14 private fagskolar tilskott på totalt 70,6 mill. kroner over kap. 276 post 72. Desse fagskolane, som hadde til saman 670 studentar hausten 2017, er geografisk spreidde, med ein fagskole i høvesvis Hordaland, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland, to fagskolar i Vest-Agder, tre i Oslo og fem i Akershus.

Om lag 90 pst. av studentane ved desse fagskolane tok utdanningar innanfor kunst og kristent livssyn, og det er kunstutdanningar som har flest studentar. Dei resterande studentane tok utdanningar innanfor dans, mediefag, byggfag og jordbruk. Det er fire av fagskolane som tilbyr utdanningar innanfor dans, mediefag, byggfag og jordbruk, og det er stor variasjon i storleiken på desse fagskolane, som hadde frå fem til 140 studentar i 2017.

Kap. 280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

137 875

136 363

170 786

21

Særskilde driftsutgifter

4 463

10

10

50

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning

93 125

158 931

450 293

51

UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking

179 779

85 091

157 654

71

Tilskott til UNIS

128 870

132 349

136 187

72

Tilskott til UNINETT

27 503

27 546

73

Tilskott til NORDUnet , kan overførast

33 614

36 723

Sum kap. 0280

605 229

577 013

914 930

Post 01 Driftsutgifter

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er eit fagleg uavhengig statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet, med ansvar for godkjenning av og tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Som ledd i omorganiseringa av den sentrale forvaltninga har Kunnskapsdepartementet overført forvaltningsoppgåver frå Kunnskapsdepartementet til NOKUT.

Kunnskapsdepartementet oppretta i 2016 ei tilsynseining i departementet med ansvar for å føre tilsyn med private høgskolar, fagskolar og studentsamskipnader. Tilsynseininga blei overført til NOKUT med oppgåver og tilsette 1. september 2018. NOKUT vil i tillegg få ansvar for tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap frå 2019, medrekna informasjonstryggleik og einskilde oppgåver knytte til økonomiforvaltning og selskapsforvaltning. Forvaltninga av fagskoleforskriftene blir flytta til NOKUT frå 1. januar 2019. Tilsyn etter sikkerhetsloven vil bli vurdert overført til NOKUT på eit seinare tidspunkt.

Mål for 2019

  • NOKUT skal bidra til at alle utdanningane ved norske universitet, høgskolar og fagskolar har tilfredsstillande kvalitet, at flest mogleg utdanningar er framifrå, og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren.

  • NOKUT skal bidra til at personar med utanlandsk utdanning effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg, og at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarer til i Noreg.

  • NOKUT skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget og internasjonale standardar på området.

Kunnskapsdepartementet er i dialog med NOKUT om strategien til organet, og vil komme tilbake med nye mål for 2020.

Rapport for 2017

NOKUT fastsette ei ny studietilsynsforskrift, som tredde i kraft i 2017. Ein ny modell for periodisk tilsyn med kvalitetsarbeidet ved lærestadene etter dei nye reglane, starta opp med eit forsøksprosjekt som omfatta dei vitskaplege høgskolane. Regelverksforvaltninga og tilhøyrande rettleiing skaper eit godt grunnlag for å heve kvaliteten i utdanningane.

Kunnskap om tilstanden i sektoren har vore formidla godt gjennom fleire arrangement og rapportar. Studiebarometeret blei i 2017 utvida med ei nasjonal undervisarundersøking i tillegg til studentundersøkinga i høgre utdanning, og det blei gjennomført eit forsøk med ei studentundersøking for fagskolane.

Ein auke i talet på søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning medverka til ei mellombels lengre saksbehandlingstid gjennom det første halvåret av 2017. Ei ekstra løyving på 10 mill. kroner i 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017), blei mellom anna nytta til å tilsette fleire sakshandsamarar for å redusere køen av søknader. Denne løyvinga blei ført vidare frå og med 2018. NOKUT har òg arbeidd med å utvide og utvikle nye godkjenningsordningar. Ordninga for godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring er utvida til å gjelde alle dei baltiske landa og fleire kvalifikasjonar. Frå oppstarten i november 2016 og til utgangen av 2017 fekk NOKUT 793 søknader i ordninga. Ei godkjenningsordning for utanlandsk fagskoleutdanning skal tre i kraft 1. januar 2019. NOKUT starta i 2017 opp ei forsøksordning med rådgivande fråsegner om kvalifikasjonar frå utanlandsk fagskoleutdanning.

NOKUT har på vegner av Kunnskapsdepartementet forvalta ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU) gjennom å vurdere søknader og fatte vedtak om nye senter, etablere kunnskapsbasar, organisere nettverkssamlingar og sette i verk evalueringar. I 2017 var det oppstart for dei fire sentera som fekk tildeling i 2016. Dei tre sentera som fekk tildeling i 2014 blei midtvegsevaluerte og fekk forlengd SFU-status i ytterlegare fem år. Sentera melder at dei er nøgde med innsatsen frå NOKUT i ordninga.

2017 var eit år prega av endring og omstilling i NOKUT, som følge av arbeidet med omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet. Departementet vurderer at NOKUT samla sett hadde tilfredsstillande måloppnåing i 2017.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 170,8 mill. kroner over kap. 280 post 01. I forslaget inngår desse endringane som følge av omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren:

  • 6 mill. kroner blir overførte frå kap. 200 post 21 i samband med at NOKUT får ansvaret for oppgåver knytte til økonomiforvaltning, tryggleik og beredskap og regelverksarbeid.

  • 15 mill. kroner blir overførte frå kap. 281 post 01 i samband med flytting av tilsynseininga frå Kunnskapsdepartementet.

  • 10 mill. kroner blir overførte frå kap. 281 post 01 knytt til ordninga med nasjonale deleksamenar.

  • Ein auke på 1 mill. kroner til forvaltning av forskriftene på fagskolefeltet.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3280 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter knytte til oppgåver der NOKUT får eksterne midlar. Dette føreset meirinntekt på kap. 3280 post 01.

Rapport for 2017

Det var i 2017 ført ei meirutgift på 4,5 mill. kroner på posten som skal sjåast i samanheng med meirinntekta på kap. 3280 post 01, jf. meirinntektsfullmakta.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 10 000 kroner, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Post 50 Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. DIKU har ansvar for å fremme kvalitet i universitet og høgskolar, fagskolar og kunstnarleg utviklingsarbeid, og ansvar for internasjonalisering i heile utdanningsløpet frå grunnopplæringa. DIKU blei oppretta 1. januar 2018 gjennom samanslåing av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet (NUV) og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU), og namnet på posten er derfor endra. DIKU har ansvar for den nye nasjonale arenaen for kvalitet i høgre utdanning, som mellom anna omfattar ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU). DIKU har òg ansvar for Lærebokutvalet. For rapportering for 2017 for NUV og PKU, sjå kap. 280 post 51, og for rapportering om Lærebokutvalet for 2017, sjå kap. 281 post 78.

1. januar 2019 blir fleire oppgåver flytte frå Kunnskapsdepartementet til DIKU. DIKU får ansvar for forvaltninga av tilskottsordningane for driftsmidlar og utviklingsmidlar til fagskoleutdanning, og for tilstandsrapporten for fagskoleutdanning og tilstandsrapporten for høgre utdanning. For å samle kompetanse på fagskoleutdanning blir sekretariatet for Nasjonalt fagskoleråd flytt frå Kompetanse Noreg til DIKU i 2019. Sjå omtale under programkategori 07.40 Høgre yrkesfagleg utdanning.

Mål for 2019

DIKU skal bidra til utvikling av kvaliteten i norsk høgre utdanning og til styrkt internasjonalt samarbeid og utveksling i utdanning.

Kunnskapsdepartementet er i dialog med DIKU om strategien til organet, og vil komme tilbake med nye mål for 2020.

Rapport for 2017

For 2017 omfatta løyvinga på posten SIU. Hovudverkeområdet til SIU var forvaltning av internasjonale samarbeidsprogram for blant andre Kunnskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Norad, Nordisk ministerråd og Europakommisjonen. Det var i 2017 god aktivitet innanfor programma.

Deltaking i Erasmus+, som er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og sport, skal bidra til å auke kvaliteten i norsk utdanning og til at norsk utdanning hevdar seg internasjonalt. I 2017 var det 15 pst. fleire norske studentar som deltok i programmet enn året før.

SIU har arbeidd godt med å styrke utdanningssamarbeidet med prioriterte land.

Panorama -strategien er regjeringas strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. I 2017 gjennomførte SIU arrangement om og i dei fleste landa som er omfatta av strategien. Søkartala til UTFORSK, ei ordning forvalta av SIU for å fremme internasjonalt utdanningssamarbeid med Panorama -landa, heldt seg stabilt høge. Det var i 2017 særleg merksemd på Kina, og tala viser at studentmobilitet til Kina har auka.

SIU hadde i 2017 ein auke i førespurnader frå bedrifter og framleis ein stor del søknader med næringslivssamarbeid. SIU arbeidde òg godt med å betre koplinga mellom utdanning, forsking og innovasjon. SIU oppfylte rolla som kompetansesenter for internasjonalisering på ein god måte, og var ein tydeleg bidragsytar og samarbeidspartnar for andre departement, etatar og andre relevante aktørar i prioriterte land.

2017 var eit år prega av endring og omstilling i SIU som følge av arbeidet med omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet, men departementet vurderer at SIU samla sett hadde god måloppnåing i 2017.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 450,3 mill. kroner over kap. 280 post 50. I forslaget inngår desse endringane som følge av omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren:

  • 1 mill. kroner til arbeid med tilskottsforvaltning blir overførte frå kap. 200 post 21.

  • 6 mill. kroner til tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar innanfor grunnopplæringa blir overførte frå kap. 225 post 72.

  • 18,8 mill. kroner til tilskott til studieopphald i utlandet for norske elevar og lærarar blir overførte frå kap. 225 post 73.

  • 18,7 mill. kroner til tilskott til Fulbright-program og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) blir overførte frå kap. 270 post 71.

  • 89,6 mill. kroner til tilskott til studentsamskipnadene og landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar blir overførte frå kap. 270 post 74.

  • 20 mill. kroner til den nasjonale arenaen for kvalitet i høgre utdanning blir overførte frå kap. 281 post 01. I tillegg foreslår Kunnskapsdepartementet ei styrking av arenaen, sjå omtale nedanfor.

  • 40 mill. kroner til senter for framifrå utdanning (SFU) blir overførte frå kap. 281 post 01.

  • 1,2 mill. kroner til utdanningskvalitetprisen blir overførte frå kap. 281 post 01.

  • 2,8 mill. kroner til tilskott til Council for Open and Distance Education (ICDE) blir overførte frå kap. 281 post 70.

  • 64,5 mill. kroner til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning blir overførte frå kap. 281 post 73.

  • Ein auke på 1 mill. kroner til arbeid med tilskottsforvaltning på fagskolefeltet.

Departementet foreslår å løyve 25 mill. kroner til vidare opptrapping av Nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Opprettinga av arenaen er ei oppfølging av Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning . Verkemiddel for digitalisering, internasjonalisering og senter for framifrå utdanning skal inngå i arenaen. Gjennom utlysingar og auka konkurranse om midlar til utdanning skal den nasjonale arenaen for kvalitet bidra til å fremme utdanningskvalitet og utdanningskultur ved institusjonane.

Post 51 UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking

UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. UNIT har ansvar for nasjonal samordning og forvaltning av IKT i universitets- og høgskolesektoren. UNIT blei oppretta 1. januar 2018 gjennom samanslåing av BIBSYS, CERES og delar av UNINETT AS, og namnet på posten er derfor endra.

I 2018 blei løyvingane til Program for kunstnerisk utviklingsarbeid og Noregsuniversitetet flytte frå kap. 280 post 51 til kap. 280 post 50, løyvinga til Artsdatabanken blei flytt til kap. 1411 under budsjettet til Klima- og miljødepartementet, og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering blei innlemma i NTNU med rammeløyving over kap. 260 post 50, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018).

Mål for 2019

UNIT skal bidra til effektivitet og kvalitet i norsk forsking og høgre utdanning gjennom å forvalte ein god og sikker IKT-infrastruktur og tilby fellesløysingar i tråd med behova til institusjonane og den nasjonale politikken for forsking og høgre utdanning.

Kunnskapsdepartementet er i dialog med UNIT om strategien til organet, og vil komme tilbake med nye mål for 2020.

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet tildelte til saman 179,7 mill. kroner over denne posten i 2017:

  • CERES – Nasjonalt senter for felles system og tenester for forsking og studiar: 68,2 mill. kroner

  • BIBSYS: 3,6 mill. kroner

  • Program for kunsterisk utviklingsarbeid (stipendprogram og prosjektprogram): 38,9 mill. kroner

  • Noregsuniversitetet: 25,3 mill. kroner

  • Artsdatabanken: 28 mill. kroner

  • Nasjonalt senter for realfagsrekruttering: 15,7 mill. kroner

Dei nasjonale fellesløysingane som CERES tilbyr til universitet og høgskolar, bidrog til digitalisering av administrative prosessar og ein effektiv og heilskapleg studie- og forskingsadministrasjon. Samanslåinga av FSAT og CRIStin til CERES i 2017 har gitt auka kompetanse i organisajonen og bidratt til betre framdrift i utviklingsprosjekt.

I 2017 var det nye biblioteksystemet i normal drift hos BIBSYS og medlemmene i konsortiet. BIBSYS har etablert ein eigen søkeportal for forskingsdata basert på den felles søketenesta.

Ei evaluering av Program for kunstnarleg utviklingsarbeid i 2017 var i hovudsak positiv, men peikte på forbetringar knytte til å dokumentere, formidle og rapportere om prosjekta frå prosjektprogrammet. Av 16 søknader til prosjektprogrammet fekk to finansiering i 2017. Det blei tatt opp 18 stipendiatar i programmet, sju finansierte av PKU og elleve av institusjonane. Ti stipendiatar blei sluttvurderte og bestod i 2017, og forventninga om 15 ferdige kandidatar i 2017 blei dermed ikkje innfridd.

Noregsuniversitetet (NUV) arbeidde i 2017 vidare på dei tre innsatsområda aktiv læring, digital vurdering og digitale læringsformer for arbeidslivet. Det var auke i talet på prosjektsøknader, men framleis få søknader som gjeld samarbeid med arbeidslivet. NUV bidrog med analysar og kunnskapsspreiing gjennom publikasjonar og rettleiingstenesta DelRett. NUV utførte på ein god måte oppdraget frå departementet i 2017 om å lyse ut og foreslå fordeling av utviklingsmidlar til fagskolane og til profesjonsfagleg digital kompetanse i grunnskolelærarutdanninga.

Artsdatabanken har gitt brukarane oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. I 2017 blei midlane nytta til arbeidet med risikovurdering av framande artar, oppstart med arbeid med raudlista for naturtypar, vidareutvikling av Artsobservasjonar og fullføring av ny versjon av Artskart.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering har arbeidd for å betre rekrutteringa til matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag. I 2017 deltok 3 319 elevar og 235 mentorar i programmet ENT3R, der studentar hjelper elevar frå ungdomsskolen og vidaregående skole med matematikk og realfag, og elevane gir gode tilbakemeldingar om at det bidrar til meistring, sjølvtillit og interesse for faga. I 2017 blei det òg lansert eit forsøksprosjekt med virtuelle klasserom, og undervisningsopplegget til faget utdanningsval blei digitalisert i samarbeid med utdanning.no.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 157,7 mill. kroner over kap. 280 post 51. I forslaget inngår desse endringane som følge av omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren:

  • 1 mill. kroner til forvaltning av opptaksforskrifta blir overførte frå kap. 200 post 21.

  • 28,3 mill. kroner til tilskott til UNINETT AS blir overførte frå kap. 280 post 72.

  • 37,8 mill. kroner til årleg kontingent for Noregs deltaking i NORDUnet, som gir tilgang til nettinfrastruktur for den nordiske universitets- og høgskolesektoren, blir overførte frå kap. 280 post 73.

  • 3,5 mill. kroner til vedlikehald og vidareutvikling av vitnemåls- og karakterportalen og vitnemålsdatabasen blir overførte frå kap. 281 post 01.

  • 1 mill. kroner til forvaltning av opptak til forkurs i matematikk blir overførte frå kap. 281 post 01.

UNIT har inngått ei avtale med Direktoratet for økonomistyring (DFØ) om at DFØ skal ta over økonomi- og personaltenester. Som følge av dette foreslår departementet å overføre 1,1 mill. kroner frå kap. 281 post 51 til Finansdepartementets kap. 1605 post 01.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 17,5 mill. kroner årleg til UNIT over kap. 281 post 01 til eit program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskolesektoren, sjå omtale under kap. 281 post 01.

Departementet foreslår at UNIT kan nytte løyvinga til å gi tilskott til UNINETT AS, jf. omtale under kap 280 post 72.

Post 71 Tilskott til UNIS

Posten omfattar tilskott til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS).

Mål for 2019

Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.

Rapport for 2017

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking av høg kvalitet. Senteret gir eit viktig bidrag til norsk polarforsking og til vidare utvikling av Svalbard som forskingsplattform. UNIS har nådd målet om 220 studentårsverk og balanse mellom studentar frå norske og internasjonale program. UNIS har vidareutvikla samarbeidet med fastlandsuniversiteta. UNIS publiserer resultat frå forskinga, er opne mot omverda, og tilsette og studentar tar aktivt del i samfunnet i Longyearbyen. Rekneskapane for 2015 og 2016 viste underskott, som blei snudd til overskott i 2017. UNIS har framleis behov for å investere i bygg og driftsmidlar, og må ha god økonomistyring i åra som kjem.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 136,2 mill. kroner til UNIS.

Post 72 Tilskott til UNINETT

Posten omfattar driftstilskott til UNINETT AS.

Rapport for 2017

UNINETT tilbyr eit landsomfattande datanett og avanserte tenester for utdanning, forsking, formidling og forvaltning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og elles i verda. I 2017 har UNINETT gjennomført nødvendige prosessar og tiltak i tråd med leiingssystemet for informasjonstryggleik. Vidare har UNINETT arbeidd med å etablere ei nasjonal nettskyteneste, som skal vere eit verkemiddel for institusjonane for å forbetre kvaliteten på forskinga og utdanninga.

Budsjettforslag for 2019

Som ledd i omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren er nokre oppgåver og ein del tilsette overførte frå UNINETT AS til UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking. Departementet foreslår òg at UNIT kan forvalte eigarskapet av UNINETT AS, jf. forslag til vedtak IV nr. 5. Departementet foreslår derfor at midlane på denne posten, 28,3 mill. kroner, blir førte over til kap. 280 post 51. Sjå budsjettforslag under kap. 280 post 51.

Post 73 Tilskott til NORDUnet, kan overførast

Løyvinga dekker den norske kontingenten for deltaking i NORDUnet.

Rapport for 2017

Kontingenten til NORDUnet var 33,6 mill. kroner i 2017. NORDUnet er eit samarbeid mellom forskingsnetta i dei nordiske landa som knyter desse saman til internasjonale nettverk. Det er meir kostnadseffektivt enn om kvart land skulle ha operert aleine, og det gir betre høve til å påverke utforminga av løysingar i det internasjonale akademiske nettverket.

Budsjettforslag for 2019

Som ledd i omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren er forvaltninga av tilskottet overført til UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at midlane på denne posten, 37,8 mill. kroner, blir overførte til kap. 280 post 51. Sjå budsjettforslag under kap. 280 post 51.

Kap. 3280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Inntekter frå oppdrag

4 463

10

10

02

Salsinntekter o.a.

556

1 369

601

Sum kap. 3280

5 019

1 379

611

Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd og frå kurs og konferansar.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

292 026

351 664

200 742

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

11 400

11 364

14 282

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

227 836

223 457

234 107

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 01

70 741

59 798

36 309

73

Tilskott til internasjonale program

61 941

64 475

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

17 730

12 509

20 321

Sum kap. 0281

681 674

723 267

505 761

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgre utdanning og forsking. Løyvinga kan nyttast under kap. 281 post 01 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 281 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2019

Midlane på kap. 281 postane 01 og 70 skal bidra til kvalitetsutvikling og samordning innanfor høgre utdanning og forsking.

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2017 totalt 292 mill. kroner over kap. 281 post 01.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Det var i 2017 til saman sju senter for framifrå utdanning (SFU) som fekk tildelt midlar frå departementet på bakgrunn av tilrådingane frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Nokre erfaringar frå ordninga er at arbeidet med kvalitetsforbetring er blitt meir systematisk handsama av institusjonsleiinga, at nye utviklingsprosjekt har blitt starta opp, og at sentera har ført til betre samarbeid mellom fagmiljø, pedagogikkfaget og studieadministrasjon.

I 2017 er alle tiltaka i strategien Lærerløftet som gjeld lærarutdanning, i gang. Alle institusjonane som skal tilby dei nye grunnskolelærarutdanningane, har sett i gang utdanningane i tråd med ny forskrift. Tiltaka i strategien treng tid til å verke før ein kan vente full effekt for kvalitet og rekruttering, men allereie no kan ein sjå nokre positive verknader. Høgre søkartal og betre kvalifiserte studentar er døme på dette. Sjå òg omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Partnarskapsprogram for samarbeid med institusjonar i eit utval utviklingsland og tiltak som følger opp Panorama -strategien for forskings- og utdanningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, blei førte vidare. Ordningane blei forvalta av Senter for internasjonalisering og har bidratt til å styrke samarbeidsrelasjonar innanfor utdanning og forsking. Søkartala til dei ulike programma held seg stabilt høge, og prosjekta er av høg kvalitet. Ei evaluering av UTFORSK syner at UTFORSK-prosjekt har ført til at samarbeid innanfor forsking har blitt utvida til å inkludere utdanningssamarbeid og ført til auka studentmobilitet.

Arbeidet i NOKUT med nasjonale deleksamenar blei ført vidare. Det blei òg prosjektet som arbeider med eit nasjonalt styringssystem for helse- og sosialfagutdanningane. Dette prosjektet er organisert frå Kunnskapsdepartementet og er i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Det er etablert 19 programgrupper med representantar frå utdanningane, helse- og velferdstenestene, studentar og forskingsmiljø. Hausten 2017 starta arbeidet med nye nasjonale retningslinjer for desse utdanningane, og desse har no vore ute til høyring.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Samarbeidet i MARKOM2020 er eit utviklingsprosjekt for maritim kompetanse som blei etablert i 2011 i samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og tidlegare Nærings- og handelsdepartementet. Prosjektet omfattar Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Søraust-Noreg. Prosjektet skal styrke kvaliteten i maritim fagskoleutdanning og høgre utdanning, rekruttering og samarbeid med næringsliv på feltet. Ei felles doktorgradsutdanning mellom lærestadene i prosjektet blei sett i gang i 2017. Dei maritime fagskolane er integrert gjennom delprosjekt.

Departementet tildelte midlar til vidare planlegging av campus for NTNU i Trondheim, midlar for å stille ferdig forprosjektering av utstillingsveksthus ved Naturhistorisk museum og til bevarings- og sikringsprosjektet Saving Oseberg II.

I tillegg tildelte departmentet midlar til analysar og oppdrag som arbeidsgivarundersøking, evaluering av UNITs arbeid med IKT-tryggleik, evaluring av læringsmiljø med meir.

God tilgang til utdanning

Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus, no OsloMet – storbyuniversitetet, for å kunne utvikle og tilby kompletterande utdanning for flyktningar som nyleg har kome til Noreg, slik at dei skal kunne bruke kompetansen dei har, til å komme raskt ut i arbeidslivet; sjå rapportering under kap. 260 post 50.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Tidlegare CERES, som no inngår i UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking, sette i gang utprøving av ein nasjonal konsortiemodell for innkjøp av tidsskrift som skal gi allmenta og brukargrupper både innanfor og utanfor akademia open tilgang til norske humanistiske og samfunnsvitskaplege tidsskrift av høg kvalitet.

Arbeidet med å integrere Cristin-systemet med andre informasjonssystem blei ført vidare, og tilsvarande arbeidet med oppgradering og vidareutvikling av nasjonal vitnemålsdatabase og vitnemåls- og karakterportalen.

Departementet oppretta ei ny eining for tilsyn med private høgskolar, fagskolar og studentsamskipnader. Tilsynseininga er flytt til NOKUT frå 1. september 2018.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei samla løyving på 200,7 mill. kroner på kap. 281 post 01. Departementet foreslår ein betydeleg reduksjon på posten samanlikna med 2018 som i hovudsak skyldast utflytting av ansvar, oppgåver og tilhøyrande forvaltning av midlar frå departementet.

I forslaget inngår desse overføringane til andre kapittel og postar i hovudsak som følge av omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren:

  • Nasjonal arena for kvalitet i utdanninga, senter for framifrå utdanning, prisen for kvalitet i utdanninga og midlar til International Council of Distance Education: 61,2 mill. kroner til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) over kap. 280 post 50.

  • Sekretariatet for Nasjonal klagenemd for fagskoleutdanning, Nasjonalt klageorgan for fagskoleutdanning, Nasjonal vitnemålsdatabase og sekretariatat for forkurs for grunnskolelærarutdanninganen: 5,8 mill. kroner til Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking (UNIT) over kap. 280 post 51.

  • Tilsyn med høgre utdanning og fagskoleutdanning og arbeidet med nasjonale deleksamenar: 25 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) over kap. 280 post 01.

  • Prosjektmidlar til Saving Oseberg II: 5 mill. kroner til kap. 281 post 45.

  • Midlar til internasjonalt samarbeid: 71,5 mill. kroner til kap. 288 post 21.

  • Føre vidare rekrutteringsstillingar som opphavleg blei løyvde over kap. 281 post 01: 52,1 mill. kroner til kap. 260 post 50 og 11,4 mill. kroner til kap. 285 post 52.

  • Finansiering av ASP-nett: 0,2 mill. kroner til kap. 288 post 76.

  • Eingangsmidlar i 2018 til utgreiing av eit studium i klinisk medisin: 5 mill. kroner som blir fasa ut i 2019.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 17,5 mill. kroner årleg til UNIT til eit program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskolesektoren. Dette er i utgangspunktet eit fireårig program. Programmet skal mellom anna forbetre evna til å førebygge, oppdage og handtere truslar mot forskingsnettet, og inkludere tiltak som betre analyseverktøy og kompetanseheving. Departementet foreslår vidare å tildele 2 mill. kroner til UNIT for å kunne fullføre arbeidet med å integrere forskingsdokumentasjonssystemet Cristin med andre system for dokumentasjon og informasjon i universitets- og høgskolesektoren.

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare den treårige satsinga på digitalisering i lærarutdanningane med 20 mill. kroner i 2019, jf. òg forslag om 10 mill. kroner til denne satsinga over kap. 226. For å følge opp den nasjonale strategien for lærarutdanningane, Lærarutdanning 2025 , foreslår Kunnskapsdepartementet å halde fram med satsinga på partnarskap mellom lærarutdanningane og lærarutdanningsskolar med 44,5 mill. kroner. I tillegg inneber oppfølginga av strategien at Kunnskapsdepartementet fører vidare 23,1 mill. kroner til saman til den internasjonale ekspertgruppa som skal følge utviklinga i den femårige masterutdanninga, forkurs i matematikk, kompetanseheving i praktiske og estetiske fag innanfor lærarutdanninga og andre mindre tiltak.

Det er særleg relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskole- og barnehagelærarutdanninga. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpa.

For vidare utvikling av dei maritime profesjonsutdanningane og fagskoleutdanningane foreslår Kunnskapsdepartementet å føre vidare løyvinga på 38,5 mill. kroner til MARKOM2020.

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitetet skal i løpet av 2018 og 2019 oppgradere forskingsfartøyet Helmer Hanssen. Departementet foreslår derfor å halde oppe løyvinga på 20 mill. kroner i 2019, og at midlane deretter blir førte tilbake til Noregs forskingsråd.

Ei ny godkjenningsordning for utanlandsk fagskoleutdanning trer i kraft 1. januar 2019, jf. Innst. 289 L (2017–2018) og Prop. 47 L (2017–2018). NOKUT har frå 2016 fått auka driftsmidlar for å utforme og etablere godkjenningsordningar for utanlandsk fagskoleutdanning og utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Det er ressurskrevande å endeleg etablere den nye godkjenningsordninga for fagskoleutdanning. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor ei tilleggsløyving på 5 mill. kroner over kap. 281 post 01 i 2019. Kunnskapsdepartementet føreset samstundes at NOKUT disponerer sine ressursar for å å møte det behovet som godkjenningsordningane krever.

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare løyvinga på 4,4 mill. kroner til utvikling av og tilbod om kompletterande utdanning primært for flyktningar som nyleg har komme til Noreg.

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare 5 mill. kroner til arbeidet for å utvikle nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane.

I tillegg foreslår departementet midlar over kap. 281 post 01 til mellom anna til ei ekstern arbeidsgruppe som skal evaluere Norsk senter for forskingsdata, undersøkinga Eurostudent VII, utvalet som går gjennom regelverket for universitet og høgskolar, og andre oppdrag i samband med utvikling av sektoren. Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3281 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren.

Mål for 2019

Godt utstyr og vedlikehald i universitets- og høgskolesektoren.

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet tildelte midlane i 2017 i hovudsak til institusjonar på Sør- og Vestlandet for å møte behovet for omstilling og arbeid i desse landsdelane. Midlane er nytta til å modernisere og oppgradere vitskapleg utstyr.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 14,3 mill. kroner på kap. 281 post 45. I revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016) og Prop. 122 S (2015–2016), vedtok Stortinget å flytte 40,8 mill. kroner frå utdanningsstipend for tilsette i undervisningsstillingar utan godkjend lærarutdanning til studieplassar i PPU og PPU-Y mellom anna til vitskapeleg utstyr over kap. 281 post 45 som tiltak retta mot arbeidsløyse på Sør- og Vestlandet. Som følge av dette blir 2,3 mill. kroner i 2019 ført tilbake til kap. 260 post 50 i 2019. Departementet foreslår òg å flytte 5 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til kap. 281 post 45 som i perioden 2017–19 er knytte til prosjektet Saving Oseberg II for bevaring og sikring av tregjenstandar frå Oseberg-funnet.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Posten omfattar midlar til program og tiltak i Forskingsrådet som skal styrke verksemda til universitet og høgskolar eller kunnskapsgrunnlaget for politikken.

Mål for 2019

Løyvinga på posten skal gi god forskings-, utdannings- og innovasjonsverksemd og styrkt samspel mellom institusjonane og arbeidslivet.

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet tildelte 227,8 mill. kroner over kap. 281 post 50 til følgande program gjennom Noregs forskingsråd:

  • Strategiske høgskoleprogram (SHP)

  • Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) og Forskningsbasert innovasjon i regionene (FORREGION)

  • Forsking for forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL)

  • Forskingsbasert nyskaping (FORNY2020)

  • Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL)

  • Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT)

  • Forskarskolane i arkeologi og biosystematikk ved universitetsmusea (UNI-MUSEER)

  • Ordning for forskingsinstutta til fusjonar og samarbeid (INSTFUS)

  • Rekrutteringsstillingar til ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

SHP har hatt som mål å auke kvaliteten ved høgskolane både som forskingsinstitusjonar og som strategiske aktørar. Bidraget frå SHP har vore å gi tidlegare forskingssvake miljø i høgskolesektoren eit program i Forskingsrådet der dei kunne konkurrere med andre på same nivå. Perioden til SHP gjekk ut i 2017, men elleve prosjekt pågår framleis. Ordninga blei positivt evaluert i 2016 av Samfunnsøkonomisk analyse AS. Samstundes konkluderer evalueringa med at det ikkje lenger er behov for denne ordninga. Etter fusjonar og fagleg utvikling har fleire av høgskolane endra status til universitet. Programmet har blitt ført vidare under namnet PROFESJON, som er ei institusjonsuavhengig ordning.

Verkemiddel som VRI og FORREGION er òg viktige for å styrke samhandling og kunnskapsflyt mellom verksemder, forskingsmiljø og offentlege aktørar, og bidrar til forsking for innovasjon med regional nytte.

FORINNPOL har eit underforbruk som hovudsakleg kjem av akkumulerte midlar frå oppstartsfasen. Midlane er forpliktingar til dei etablerte sentra som er bunde opp for seinare år.

HELSEVEL hadde i 2017 74 aktive prosjekt. Det er gjennomført fire utlysingar i 2017 og det blei løyvd midlar til 21 nye prosjekt innanfor fleire av programplanane til området.

FORNY er eit målretta verkemiddel for auka næringsmessig utnytting av offentleg finansierte forskingsresultat i Noreg. I 2017 har talet på patent frå FORNY auka monaleg.

FINNUT-programmet finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i utdanningssektoren på alle nivå i utdanningsløpet. Programmet har bidratt til å auke forskingskapasiteten på prioriterte område, som barnehagar, vidaregåande opplæring, vaksnes læring og lærarutdanning.

UNI-MUSEER har bidratt til å styrke rekrutteringa til og auke kvaliteten på doktorgradsutdanningane ved universitets musea.

INSTFUS har hatt eit underforbruk i 2017. Tildelingane for aktivitetane har vore basert på etterspurnad og løpende søknadsprosessar. Ordningane med nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. bidrar til auka forskingsinnsats innanfor problemstillingar som er relevante for næringslivet, og auka langsiktig kompetansebygging i offentleg sektor og næringslivet. Midlane finansierer doktorgradsstipendiatar som er tilsette i næringsliv eller offentleg sektor. Ordningane med nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. har blitt populære. Dette lovar godt for styrkt samarbeid mellom bedrifter og offentlege verksemder og forskingsinstitusjonar.

Dei ulike ordningane har på ulikt vis bidratt til forskings-, utdannings- og innovasjonsverksemd innanfor relevante tema. Det er generelt ein auke i forskingresultat frå dei ulike satsingane, innanfor både publisering, populærvitskapleg formidling og innovasjonsresultat.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 234,1 mill. kroner over kap. 281 post 50. Denne løyvinga skal i 2019 føre vidare finansieringa til følgande ordningar:

  • Forskingsbasert nyskaping (FORNY2020)

  • Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION)

  • Forskingskompetanse for utvaldte profesjonsutdanningar (PROFESJON)

  • Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL)

  • Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) (inkl. nasjonal forskarskole i lærarutdanning og tiltak for grunnskolelærarutdanning)

  • Forskarskolane i arkeologi og biosystematikk ved universitetsmusea (UNI-MUSEER)

  • Nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

Kunnskapsdepartementet foreslår at det innanfor løyvinga på posten skal nyttast minst 5 mill. kroner til tiltak for at fleire lærarar kan ta doktorgraden. I tillegg foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga med 3 mill. kroner til nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. Dette vil utgjere 14 stipendiatstillingar. Av desse skal ti stillingar gå til lærarar, og dei resterande til nærings-ph.d.-ordninga. Forslaget følger opp den langsiktige prioriteringa «Fornying og betre tenester i offentleg sektor», målet «Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne» og opptrappingsplanen for auka FoU for omstilling og fornying i næringslivet i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Sjå del III, kap. 5 for nærare omtale av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga til FORNY2020 med 15 mill. kroner. Forslaget følger opp opptrappingsplanen «FoU for fornying og omstilling i næringslivet» i langtidsplanen.

Stortinget vedtok i 2016 å løyve midlar til 20 mellombelse og 20 varige rekrutteringsstillingar til nærings-ph.d.- og offentleg sektor-ph.d.-ordningane, jf. Innst. 12 S (2015–2016) og Prop. 1 S (2015–2016). Ein stipendiatperiode for nærings- og offentleg sektor-ph.d. er tre år, og midlane til dei 20 mellombelse stillingane skal dermed fasast ut med ein tredels budsjettverknad i 2019 og resterande to tredels budsjettverknad frå og med 2020. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga over kap. 281 post 50 med 4,2 mill. kroner i 2019.

Departementet ønsker å samle departementet sine midlar til analyse og kunnskapsgrunnlag for forsking og innovasjon på éin post. Departementet foreslår derfor at løyvinga til FORINNPOL på 3,4 mill. kroner blir flytt frå kap. 281 post 50 til kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 21 Særskilde driftsutgifter.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Midlar over kap. 281 post 70 er tilskott til ikkje-statlege aktørar.

Mål

Midlane på kap. 281 postane 01 og 70 skal bidra til kvalitetsutvikling og samordning innanfor høgre utdanning og forsking.

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet utbetalte til saman 70,7 mill. kroner over kap. 281 post 70 til følgande aktørar og tiltak:

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for Kandidatundersøkinga: 2,1 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for Nasjonalt råd for lærarutdanning: 6 mill. kroner

  • NLA Høgskolen for finansiering av forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanning og arbeidet med partnarskap i grunnskolelærarutdanninga: 2,1 mill. kroner

  • Steinerhøyskolen for samarbeid med OsloMet – storbyuniversitetet om fellesgrad i grunnskolelærarutdanning: 0,3 mill. kroner

  • Midlar til fagskoleutdanning: til saman 8 mill. kroner til Universitets- og høgskolerådet, Bårdar Akademiet, Folkeuniversitetet i Oslo, Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse og fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Finnmark og Vestfold

  • International Council for Open and Distance Education: 2,6 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 8,2 mill. kroner

  • Norsk senter for forskingsdata for Database for statistikk om høgre utdanning: 17,2 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet med Publiseringsutvalet: 2 mill. kroner

  • Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking: 5 mill. kroner

  • UNINETT for felles systemløysingar og nasjonal skyteneste: 15 mill. kroner

  • VID vitenskapelige høgskole for opprusting av læringsmiljø og utstyr: 2 mill. kroner

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning la i 2017 fram Kandidatundersøkelsen 2017: forbedret arbeidsmarkedssituasjon for nyutdannede? , som har gitt nyttig informasjon for å vurdere om utdanningane er relevante for arbeidslivet.

Nasjonalt råd for lærarutdanning har i 2017 lagt til rette for at fire programgrupper har ferdigstilt nye nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane: praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag, samiske grunnskolelærarutdanningar, faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag, lektorutdanningar trinn 8–13.

NLA Høgskolen gjennomførte i 2017 planlegging og prosjektering av eit partnarskap i grunnskolelærarutdanningane (GLU).

Steinerhøyskolen og OsloMet – storbyuniversitetet har utvikla ein fellesgrad på mastergradsnivå for grunnskolelærarutdanning med steinerpedagogikk for trinn 1–7.

Som eit ledd i oppfølging av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden tildelte departementet midlar til utviklingstiltak for å bidra til å auke kvaliteten i fagskoleutdanninga. Sjå rapportering under kap. 276 postane 01 og 70.

God tilgang til utdanning

International Council for Open and Distance Education har bidratt til å styrke det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Høgskolesenteret i Kristiansund fekk i 2017 eit tilskott på 8,2 mill. kroner til ordinær drift og mindre investeringar i utstyr og inventar. Styret for Høgskolesenteret i Kristiansund har sett av i alt 5,7 mill. kroner av statstilskottet i 2017 og delar av eigenkapitalen til tiltak i 2018. Studietilboda ved senteret blei i 2017 gitte av Høgskolen i Molde og Høgskulen på Vestlandet.

Effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) Ved Norsk senter for forskingsdata (NSD) har i 2017 hatt mykje aktivitet med å legge til rette for opne data og den nye personvernforordninga, betre datakvalitet og samordna rapportering, i samarbeid med andre aktørar i forskings- og høgre utdanningssektoren og fagskolesektoren.

Publiseringsutvalet har i 2017 arbeidd med å følge opp evalueringa av publiseringsindikatoren frå 2014, i hovudsak med å gjere nomineringa av tidsskrift til å gi ekstra utteljing i finansieringssystemet meir gjennomsiktig.

Viktige tema for møta i Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking i 2017 var tiltak for auka kjønnsbalanse og institusjonane sitt arbeid med likestilling og mangfald under omstilling.

UNINETT har vore sekretariat for arbeidsgruppa for felles IKT-strategi for universitets- og høgskolesektoren. UNINETT har i 2017 arbeidd med infrastrukturteneste og etabert ei felles nasjonal skyteneste for universitet og høgskolar.

VID vitenskapelige høgskole har styrkt læringsmiljøet ved studiestadene i Sandnes og Bergen ved å ruste opp og kjøpe inn nytt utstyr til øvings- og ferdighetssenter.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ein reduksjon på posten samanlikna med 2018 som i hovudsak skyldast utflytting av ansvar, oppgåver og tilhøyrande forvaltning av midlar frå departementet til følgande tiltak:

  • 2,8 mill. kroner til International Council for Open and Distance Education til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) over kap. 280 post 50

  • 5,3 mill. kroner til Komité for kjønnsbalanse og mangfold til Universitets- og høgskolerådet over kap. 281 post 78

  • 2,2 mill. kroner for Det nasjonale publiseringsutvalet til Universitets- og høgskolerådet over kap. 281 post 78

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 36,3 mill. kroner over kap. 281 post 70 til følgande tiltak:

  • Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) for å styrke arbeidet med informasjon om studium i Tyskland: 1 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet i Nasjonalt råd for lærarutdanning med retningslinjer for lærarutdanningene: 4 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for å styrke arbeidet med IKT-tryggleik og praksis i ingeniørutdanninga: 2 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for Kandidatundersøkinga: 2,7 mill. kroner

  • Norsk senter for forskingsdata for Database for statistikk om høgre utdanning: 18,2 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund for å legge til rette for utdanningstilbod i Kristiansund: 8,4 mill. kroner

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Løyvinga dekker godtgjersle til dei andre nordiske landa for studentar busette i Noreg som studerer i desse landa. Godtgjersla følger av den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgre utdanning.

Rapport for 2017

I 2017 utbetalte Kunnskapsdepartementet 61,9 mill. kroner i godtgjersle i samband med den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgre utdanning.

Nordisk ministerråd rapporterte at i studieåret 2016–17 studerte 3 156 norske studentar i andre nordiske land som betaler godgjersle i samband med avtalen, og det var 1 177 studentar frå dei andre nordiske landa i Noreg. Dette er høvesvis 227 og 21 færre enn i året før. Dei nordiska landa er populære studiestader for norske studentar, og har gjennomgåande høgre utdanningstilbod av høg kvalitet.

Budsjettforslag for 2019

Som ledd i omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren er forvaltninga av tilskottet overført til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU). Departementet foreslår derfor at midlane på denne posten, 64,5 mill. kroner, blir førte over til kap. 280 post 50 saman med andre tilskottsløyvingar som DIKU forvaltar. Sjå budsjettforslag under kap. 280 post 50.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar driftstilskott til Universitets- og høgskolerådet og til aktivitet som er koordinert gjennom rådet.

Mål for 2019

Samordning mellom universitet og høgskolar.

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet tildelte 17,7 mill. kroner til Universitets- og høgskolerådet (UHR) i 2017 over kap. 281 post 78. Dette inkluderer 5,3 mill. kroner til støtte for utgiving av norskspråklege lærebøker for høgre utdanning. Sjå òg omtale av tilskott til UHR over kap. 281 post 70.

Tilskottet til UHR har vore med på å fremme samordning mellom universitet og høgskolar. UHR har arbeidd med å legge til rette for informasjon om flyktningsituasjonen i universitets- og høgskolesektoren. Innanfor internasjonalt samarbeid har UHR særleg prioritert nordisk universitetssamarbeid og European University Association. I tillegg har UHR i 2017 bidratt med innspel til meldingar til Stortinget om mellom anna fagskoleutdanninga, kvalitet i høgre utdanning, humaniora i Noreg og innspel til langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Budsjettforslag for 2019

Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forsking (Kif-komiteen) og Det nasjonale publiseringsutvalet (Publiseringsutvalet) får årlege driftstilskott over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Kif-komiteen har sekretariat i og Publiseringsutvalet er formelt knytt til Universitets- og høgskolerådet. Departementet foreslår derfor å føre over 5,3 mill. kroner til Kif-komiteen og 2,2 mill. kroner til Publiseringsutvalet frå kap. 281 post 70 til driftstilskottet til Universitets- og høgskolerådet. Kunnskapsdepartementet foreslår dermed eit totalt tilskott på 20,3 mill. kroner over kap. 281 post 78.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

02

Salsinntekter o.a.

10

10

Sum kap. 3281

10

10

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

283

Meteorologiformål

439 036

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

17 777

18 549

18 962

2,2

285

Noregs forskingsråd

3 623 544

4 641 079

4 878 074

5,1

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

485 975

516 469

483 789

-6,3

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 605 233

2 612 894

2 675 593

2,4

Sum kategori 07.70

7 171 565

7 788 991

8 056 418

3,4

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 601

6 026

5 698

-5,4

Sum kategori 07.70

5 601

6 026

5 698

-5,4

Innleiing

Det overordna målet med løyvingane under programkategori 07.70 er at samfunnet skal ha tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet. I tillegg er følgande mål relevante for einskilde løyvingar:

  • Fleire utdannings- og forskingsmiljø er framifrå.

  • Utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte.

Størstedelen av programkategorien omfattar løyvingar til Noregs forskingsråd (Forskingsrådet). Løyvingane finansierer i hovudsak langsiktig, grunnleggande forsking, sektoroverskridande og strategiske satsingar, forskingsinfrastruktur og verksemdskostnadene i Forskingsrådet. I tillegg blir norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar og UNESCO finansierte innanfor programkategori 07.70. Programkategorien omfattar òg basisløyvingar til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta, løyvingar til dei regionale forskingsfonda og dei nasjonale forskingsetiske komiteane, til dei vitskaplege prisane, andre internasjonale samarbeidstiltak og tilskott til forskjellige organisasjonar som fremmer vitskap og eit godt fungerande forskingssystem.

Løyvingar frå andre departement bidrar òg til å nå dei måla som er sett for forsking, og til oppfølginga av Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 , sjå omtale under del III kap. 5.

Hovudprioriteringar for 2019

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning er det viktigaste tiltaket frå regjeringa for å sikre at samfunnet får tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet. Regjeringa legg fram ein revidert langtidsplan samtidig med årets budsjettproposisjon: Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 . Det er mykje kontinuitet mellom prioriteringane i førre langtidsplan og den nye planen, men nokre av prioriteringane frå sist er løfta som overordna mål som skal gjennomsyre alle prioriteringane. I tillegg er det tatt inn ei ny prioritering: «samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd», og tre nye opptrappingsplanar: (a) teknologiløft, (b) FoU for fornying og omstilling i næringslivet og (c) kvalitet i høgre utdanning. Prioriteringar og opptrappingsplanar er nærare omtale i del III, kap. 5.

Regjeringas hovudprioritering i forskingspolitikken for 2019 er oppfølging av Langtidsplanen. Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 1,2 mrd. kroner i 2019 for å følge opp den reviderte langtidsplanen. Av dette er 481 mill. kroner knytte til dei tre opptrappingsplanane i den reviderte langtidsplanen. Styrkinga skjer over budsjetta til mange departement. For ei samla oversikt over den samla oppfølginga av langtidsplanen, sjå kapittel 5. Også innanfor Kunnskapsdepartementets budsjettkategoriar for forsking og høgre utdanning er oppfølging av langtidsplanen ei sentral prioritering. I kategori 07.70 er dei viktigaste tiltaka for oppfølging av langtidsplanen ei styrking av satsinga på mogleggjerande og industrielle teknologiar som ein del av opptrappingsplanen for teknologi, og prioritering av tiltak for verdsleiande fagmiljø innanfor kap. 285 Noregs forskingsråd.

Utviklinga av mogleggjerande og industrielle teknologiar bidrar til mange ulike formål, inkludert auka produktivitet i industri og tenester og lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til mogleggjerande og industrielle teknologiar med 65 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Midlane skal mellom anna gå til å styrke grunnleggande forsking innanfor IKT. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvingane til IKT-tryggleiks- og kryptologiforsking med 40 mill. kroner, samanlikna med saldert budsjett 2018.

Innanfor kap. 285 post 52 skal minst 40 mill. kroner av auken nyttast til tiltak for å stimulere til fleire verdsleiande fagmiljø, mellom anna Senter for framifrå forsking (SFF).

Mål: Samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

For å fungere godt treng samfunnet oppdatert kunnskap av høg kvalitet. Eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem er ein føresetnad for dette. Nasjonale forskingsmiljø av god kvalitet på viktige område er avgjerande. Samstundes er det av stor betyding at vi har tilgang på kunnskap ute, og at vi har evna til å ta i bruk denne kunnskapen i næringsliv og samfunn. Det er òg viktig at kunnskapen er tilgjengeleg for dei som skal bruke han, og at det er god flyt av kunnskap mellom forskingsaktørar og dei som skal bruke kunnskapen i næringsliv og offentleg sektor. God flyt av kunnskap mellom sektorar er også viktig.

Noreg har i all hovudsak eit godt utvikla forskingssystem. Sektorprinsippet for forsking i Noreg inneber at kvart departement har ansvar for forsking innanfor sine ansvarsområde. Heile regjeringa bidrar på den måten til gjennomføringa av den felles forskingspolitikken til regjeringa. Forskingsrådet bidrar til å følge opp forskingspolitiske prioriteringar og sikrar at det blir finansiert relevant forsking av høg kvalitet.

Forskingspolitikken har utvikla seg gradvis og vore konsensusbasert. Dette har tent Noreg godt, òg i form av resultat, konkluderer OECD med i gjennomgangen sin av den norske politikken for forsking og høgre utdanning (2017). Samtidig peiker OECD på at det norske systemet har veikskapar knytte til evna til å prioritere og koordinere.

For å bidra til betre prioritering og koordinering la regjeringa i 2014 fram Noregs første langtidsplan for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. I langtidsplanen gir regjeringa uttrykk for kva ein frå eit nasjonalt perspektiv meiner det er særleg viktig å prioritere i dei kommande åra. Planen har tiårige mål og prioriteringar og meir konkrete mål for innsatsen i den kommande fireårsperioden. Langtidsplanen har sett kursen for politikkutvikling og investeringar i forsking og høgre utdanning. Langsiktige, prioriterte satsingar har gjort politikken meir føreseieleg for forskings- og utdanningsmiljøa og bidratt til ein betre koordinert politikk for forsking og høgre utdanning. Den første planen inneheldt tre opptrappingsplanar for fireårsperioden – for rekrutteringsstillingar, forskingsinfrastruktur og ordningar for å stimulere til god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon Horisont 2020. Langtidsplanen sette òg eit mål om at offentlege løyvingar til forsking skulle aukast til 1 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) innan 2019–20. I perioden 2015–18 blei langtidsplanen følgt opp med 3,7 mrd. kroner i målretta løyvingar til dei langsiktige prioriteringane og opptrappingsplanane i langtidsplanen. Alle opptrappingsplanane blei fullførte i statsbudsjettet for 2018. Målet om å auke offentlege løyvingar til forsking til 1 pst. av BNP blei nådd allereie i 2016.

Forskingsbarometeret gir ei oversikt over forskings- og innovasjonsinnsatsen i Noreg, og syner at det norske forskingslandskapet er prega av både kontinuitet og endring. I eit historisk perspektiv er den største endringa i det norske forskingslandskapet at næringslivet står for ein større del av FoU-innsatsen enn i 1970, medan instituttsektoren står for ein mindre del. Instituttsektoren er framleis ein viktig leverandør av FoU-tenester og dekker ein betydeleg del av etterspørselen etter bruksretta forsking frå norsk næringsliv og offentleg sektor. Samtidig har næringslivet hatt den sterkaste veksten i FoU-aktivitet frå 2010.

Nivået på FoU-investeringar målt som del av BNP er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien, og dermed på i kor stor grad samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet. I 2016 var dei totale FoU-investeringane i Noreg, både offentlege og private, for første gong på eit nivå der dei utgjorde over to pst. av Noregs BNP. Dette er ein stor auke. I 2006 var nivået på rundt 1,5 pst., der nivået har vore sidan 1990-talet. Regjeringa har som mål at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere tre pst. av BNP innan 2030. Det norske nivået på FoU-investeringar målt som del av BNP har auka mykje samanlikna med nivået i dei andre landa i Forskingsbarometeret (Norden samt Austerrike og Nederland). Likevel er nivået på norske FoU-investeringar i høve til BNP framleis under snittet i OECD og betydeleg lågare enn i dei andre nordiske landa, der nivået ligg på rundt tre pst. av BNP. Mykje av dette kan forklarast med at næringsstrukturen i Noreg er kjenneteikna av få FoU-tunge næringar. Noreg har eit høgt nivå på FoU-investeringar over statlege budsjett. Målt i høve til BNP er det berre Sør-Korea blant OECD-landa som løyver meir til FoU over statlege budsjett enn Noreg.

Kvaliteten i norsk forsking har utvikla seg positivt i dei siste tiåra, målt ved både siteringar og fagevalueringar. Vi er blant dei landa som publiserer mest per innbyggar, og norske artiklar blir siterte meir enn tidlegare samanlikna med verdsgjennomsnittet. Dette betyr at norske forskarar no er meir synlege i det internasjonale forskarsamfunnet enn før. Fagevalueringar i regi av Noregs forskingsråd syner at den gjennomsnittlege kvaliteten på norsk forsking er tilfredsstillande, samtidig som vi har gode fagmiljø som hevdar seg internasjonalt – til og med nokre forskingsmiljø som hevdar seg i verdstoppen. Mykje tyder på at utviklinga held fram i riktig retning.

Internasjonalt samarbeid i norsk forsking har auka monaleg i dei siste tiåra. Noreg investerer årleg om lag 300 mill. kroner for å samarbeide med dei fremste forskarane internasjonalt gjennom grunnforskingsorganisasjonar som CERN. Noreg deltar aktivt i forskingssamarbeid på europeisk nivå og med framifrå miljø utanfor Europa. Det er god norsk deltaking i fleire delar av Horisont 2020, sjølv om deltakinga kan bli betre på fleire område. Ambisjonen til regjeringa er at norske fagmiljø skal hente heim to pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020. I mars 2018 var returdelen for første gong over to pst. (2,04 pst.). Kor mykje norske forskarar hentar attende frå rammeprogrammet, vil likevel variere over tid, så det er viktig å halde oppe merksemda rundt god norsk deltaking i rammeprogrammet også framover.

Ein stadig større del av kunnskapsproduksjonen i verda skjer utanfor EU og Nord-Amerika. Sjølv om samarbeidet med desse landa aukar, skaper fråværet av innarbeidde samarbeidsrelasjonar og sterk konkurranse om merksemd og samarbeidshøve med landa utfordringar for samarbeid og tilgang til den kunnskapen som blir produsert i desse landa. Betringa i dei politiske relasjonane til Kina har opna for eit styrkt politisk samarbeid med dette landet.

I tillegg til å ha tilgang på kunnskap som er produsert ute i verda, må vi evne å ta i bruk denne kunnskapen i næringsliv og samfunn, og det er viktig at kunnskapen kjem ut av forskingsmiljøa og fram til dei som skal bruke kunnskapen. Det krev at det er godt samarbeid mellom forskingsmiljøa, næringsliv og offentleg sektor. I tillegg vil ope tilgjengelege forskingsresultat og forskingsdata kunne bidra til meir bruk av kunnskap og til å sikre betre kunnskapsutvikling. Det norske forskingssystemet har, i likskap med systemet i andre land, utfordringar knytte til å gjere resultat og data frå offentleg finansiert forsking tilgjengelege, sjølv om talet på tilgjengelege artiklar frå norske forskingsinstitusjonar har betra seg i dei siste åra. Regjeringa har som mål at alle norske vitskaplege artiklar som er finansierte med offentlege midlar, skal vere ope tilgjengelege innan 2024. Regjeringa har også fastsett prinsipp for korleis ein ønsker at forskingsdata skal gjerast tilgjengelege og delast.

Det er viktig å sikre at norske forskingsmiljø har digital infrastruktur for berekning, analysar, lagring av forskingsdata, og kommunikasjon som gjer det mogleg for dei å delta i den internasjonale forskingsfronten og levere oppdatert kunnskap til samfunn og næringsliv.

Sidan 2009 er det gjennom Forskingsrådet inngått kontraktar for omkring 5 mrd. kroner til etablering og fornying av norsk forskingsinfrastruktur som kjem heile landet til gode. Av dette har om lag ein femdel (1 mrd. kroner) i perioden 2009–15 gått til etablering og/eller drift av infrastrukturar der heile eller ein betydeleg del av formålet med infrastrukturen er datahandtering. Dette omfattar både generisk og fagspesifikk e-infrastruktur, vitskaplege databasar og samlingar og teneste for metodeutvikling og dataanalyse.

Det er sannsynleg at kostnadene til e-infrastruktur og særleg infrastrukturar for datahandtering vil auke. Framover er det to område som treng særleg merksemd nasjonalt og i internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid. Det første er behovet for tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse når det gjeld e-infrastruktur. Det andre er behovet for å få etablert gode modellar for berekraftig, langsiktig drift av infrastrukturar for å lagre forskingsdata og gjere desse tilgjengelege slik at andre kan bruke dei.

Fleire framifrå forskingsmiljø

Kunnskapsdepartementet har eit mål om at fleire utdannings- og forskingsmiljø skal vere framifrå. Sjølv om mykje går rett veg og kvaliteten i norsk forsking har utvikla seg positivt i dei siste tiåra, er potensialet likevel større. Framleis har Noreg relativt få framifrå fagmiljø sett i lys av kor mykje vi investerer i forsking og høgre utdanning. Noreg har få forskarar og forskingsmiljø på internasjonalt toppnivå, og manglar universitet i verdsklasse. Noreg er ikkje med i gruppa av land med høgst gjennomslag i form av siteringar og ligg godt bak land som Danmark, Nederland og Sveits. OECDs landgjennomgang av det norske systemet for forsking og høgre utdanning (2017) peiker på at ein i det norske systemet i for liten grad klarer å flytte ressursar til dei gode fagmiljøa, både internt på institusjonane og mellom dei. Vi er framleis langt frå å utnytte potensialet i heile befolkninga, både når det gjeld personar med innvandrarbakgrunn, og når det gjeld kvinner i akademiske toppstillingar, og det er rom for enda større openheit i forskinga.

Evne til gjennomslag på internasjonale konkurransearenaer som Horisont 2020 er ein indikator på kvaliteten i forskinga. Her går utviklinga rett veg. I mars 2018 nådde vi for første gong ambisjonen til regjeringa om at to pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skulle gå til norske aktørar. Men sjølv om norske fagmiljø har hatt god utteljing innanfor mange program i Horisont 2020 retta mot å løyse store samfunnsutfordringar, gjer ikkje norske forskarar det like godt innanfor alle program. Innanfor til dømes helse og tiltak retta særskilt mot kvalitet, som det europeiske forskingsrådet (ERC), har vi hittil ikkje gjort det fullt så godt. ERC løyver midlar til framifrå forsking uavhengig av tema og fagfelt.

Forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte

Det er eit mål for Kunnskapsdepartementet at utdanninga og forskinga skal vere ei drivkraft for innovasjon og grønt skifte. Ny innsikt og ein arbeidsstyrke med høgt kompetansenivå legg grunnlaget for verdiskaping og innovasjon både i offentleg sektor og i næringslivet. Skal vi styrke evna til omstilling og auke produktiviteten, krev det at vi legg til rette for fornying og omstilling til enda meir kunnskapsintensivt næringsliv og offentleg verksemd. Det vil vere avgjerande både for å styrke konkurransekrafta i eksisterande næringsliv og for å skape nye næringar som bidrar til berekraftig vekst og verdiskaping. Klima- og miljøutfordringane medfører at næringslivet må omstille seg i grøn retning, mot lågutsleppssamfunnet og ein økonomi der framtidig verdiskaping baserer seg på effektiv og berekraftig utnytting av både ikkje-fornybare og fornybare ressursar. Regjeringa la i 2017 fram Strategi for grønn konkurransekraft. Forsking, innovasjon og teknologiutvikling har ein viktig plass i denne strategien. Målretta satsing og vektlegging av klima og miljø i offentleg finansiert forsking, innovasjon og teknologiutvikling der det er relevant, vil kunne gi viktige bidrag til å fremme grøn konkurransekraft.

Kunnskapsdepartementet finansierer tiltak som bidrar til at utdanninga og forskinga blir ei drivkraft for omstilling og grønt skifte, som ein del av den koordinerande rolla si i forskingspolitikken. Dette gjeld ikkje minst løyvingane til norsk deltaking i Horisont 2020, og løyvingar til sektoroverskridande forsking gjennom Forskingsrådet. Desse løyvingane bidrar til at det blir utvikla kunnskap av høg kvalitet om tema som er viktige for norsk næringsliv og for grøn omstilling. Næringsutvikling og omstilling skjer på initiativ frå verksemdene, men kunnskap som er utvikla ved forskingsinstitusjonar, speler ei viktig rolle for innovasjon, utvikling og omstilling i næringslivet. Ordningar som senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME), bidreg til å styrke innovasjon og utviklar kompetanse på høgt internasjonalt nivå gjennom satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom FoU-aktive verksemder og framifrå forskingsmiljø.

Strategiar og tiltak

Langtidsplan for forsking og høgre utdanning

God innretning på investeringar i forsking og utdanning er viktig for at Noreg skal kunne halde oppe eit høgt nivå på inntekter og levestandard, og for at vi møter dei store samfunnsutfordringane på ein måte som skaper moglegheiter og som gir grobotn for vekst.

Regjeringa fastset dei forskingspolitiske prioriteringane sine i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Langtidsplanen er det viktigaste tiltaket for å sikre at samfunnet får tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet, men er òg avgjerande for å nå måla om at fleire utdannings- og forskingsmiljø er framifrå, og at utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte. Planen blir revidert kvart fjerde år for å ta høgd for politiske og samfunnsmessige endringar. I år er det fire år sidan første langtidsplan blei lagd fram, og regjeringa legg derfor fram ein revidert plan samtidig med årets budsjettproposisjon: Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 . Sjå nærare omtale av langtidsplanen og oppfølginga av han under del III kap. 5. Viktige bidrag til å følge opp langtidsplanen innanfor programkategori 07.70 Forsking er auka løyvingar til Forskingsrådet retta mot mogleggjerande og industrielle teknologiar og framifrå fagmiljø. Sjå kap. 285 for ei omtale av desse tiltaka.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er eit sentralt verkemiddel for oppfølging av langtidsplanen. Finansiering av forsking gjennom Noregs forskingsråd bidrar til å sikre kvalitet i den forskinga som blir finansiert, og til at det blir forska på problemstillingar som samfunnet har behov for. Rådet har verkemiddel som medverkar til å styrke dei beste fagmiljøa, men arbeider òg systematisk med å styrke kvaliteten på viktige fagområde der Noreg har kunnskapsbehov, men der fagmiljøa ikkje enno held tilstrekkeleg høg kvalitet. Løyvingane over kap. 285 post 52 Langsiktig grunnleggande forsking er særskilt retta mot å auke vitskapleg kvalitet i norsk forsking, medan løyvingane over kap. 285 post 53 bidrar til å bygge opp forskingskapasitet på viktige område og støtte opp om sektoroverskridande forsking av høg kvalitet. Forskingsrådets ordning for nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur, finansiert over kap. 285 post 54, bidrar til at norske forskarar har tilgang på utstyr i verdsklasse, noko som er ein grunnleggande føresetnad for å betre kvaliteten og effektiviteten i norsk forsking og sikre at norske fagmiljø heng med i den internasjonale konkurransen.

Regjeringa styrkar finansieringa av forsking gjennom Forskingsrådet som ein del av oppfølginga av langtidsplanen. Mesteparten av styrkinga kjem over budsjetta til andre departement. Sjå del III, kap. 5 for ei oversikt. I programkategori 07.70 er dei viktigaste tiltaka styrking av mogleggjerande og industrielle teknologiar, inkludert forsking på IKT-tryggleik over kap. 285 post 53 og prioritering av tiltak for verdsleiande fagmiljø over kap. 285 post 52. Desse to tiltaka er òg viktige for å bidra til å nå Kunnskapsdepartementets mål om fleire framifrå forskingsmiljø og om at forskinga skal vere ei drivkraft for innovasjon og grønt skifte.

Forskingsinfrastruktur

I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 forplikta regjeringa seg til å trappe opp løyvingane til forskingsinfrastruktur med 400 mill. kroner frå 2015 til 2018. Opptrappingsplanen blei fullført i 2018. Midlane har hovudsakleg gått til å styrke Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur som blir finansiert over denne posten. Infrastrukturordninga i Noregs forskingsråd bidrar til å auke kvaliteten i forskinga, til eit meir velfungerande forskingssystem gjennom samhandling, arbeidsdeling og konsentrasjon, til auka internasjonalt samarbeid og til utvikling av meir berekraftige driftsregime for forskingsinfrastruktur.

Norsk veikart for forskningsinfrastruktur er ein del av strategien til Forskingsrådet for å sikre at forskingsmiljøa i Noreg har tilgang til moderne fasilitetar og oppdatert utstyr, og at det er nasjonalt og strategisk viktige prosjekt som blir finansierte av infrastruktur-ordninga. Vegkartet beskriv både eksisterande forskingsinfrastruktur og framtidige behov innanfor dei ulike fag-, tema- og teknologiområda. Alle prosjekta på vegkartet har blitt grundig vurderte, held høg fagleg kvalitet og har strategisk verdi for norsk forsking. Vegkartet blir oppdatert annakvart år. Det oppdaterte vegkartet legg premissane både for neste utlysing og for korleis søknadene til infrastrukturordninga blir vurderte.

Regjeringa arbeider vidare med å bidra til at norske forskingsmiljø har infrastruktur for berekning, analysar, lagring og kommunikasjon som gjer det mogleg for dei å delta i den internasjonale forskingsfronten. Eit hovudfokus i åra som kjem, er tungreknebehov og arbeidet med å få etablert økonomisk berekraftige finansieringsmodellar for drift av datainfrastrukturar.

Internasjonalt samarbeid: EUs rammeprogram og samarbeid med prioriterte land utanfor Europa og Nord-Amerika

Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er ein viktig føresetnad for at samfunnet skal ha tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet. Internasjonalt samarbeid gjer også at norske forskarar kan bidra til den internasjonale kunnskapsdugnaden innanfor viktige felt. Høvet til å samarbeide med dei beste miljøa internasjonalt er vidare avgjerande for å betre kvaliteten i norsk forsking.

Den norske kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er eit viktig tiltak i norsk forskingspolitikk. Deltakinga i det europeiske rammeprogrammet er òg eit viktig tiltak for å bidra til auka kvalitet i norsk forsking og innovasjon. Dette gjeld alle programma i rammeprogrammet. Evne til gjennomslag på slike internasjonale konkurransearenaer er ein indikator på kvaliteten i forskinga. Eit særskilt tiltak for å bidra til fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø vil vere at Forskingsrådet held fokus på å legge til rette for at norske forskarar kan få enda betre utteljing i dei delane av rammeprogrammet som er særskilt retta mot kvalitet, som det europeiske forskingsrådet (ERC). Norsk deltaking i EU-samarbeidet er eit viktig bidrag til å sikre at det blir utvikla forsking som er relevant for innovasjon og grønt skifte, og for å sikre at norske miljø bidrar til og heng med i den internasjonale kunnskapsutviklinga. Innovasjon, verdiskaping og å møte store samfunnsutfordringar er viktige mål i Horisont 2020. Måla og ambisjonane regjeringa har for samarbeidet, er ytterlegere omtalte i Strategi for forskings- og innovasjonssamarbeid med EU , som regjeringa la fram i 2014.

I regjeringa si Tyskland-strategi frå 2014 vert Tyskland trekt fram som Noregs viktigaste partnar i Europa. Som ei oppfølging til strategien utarbeidde regjeringa ein tiltaksplan for Tyskland. Planen blei revidert i 2018. I tida framover ønsker Kunnskapsdepartementet å auke ambisjonsnivået på tysklandsatsinga.

I tillegg til deltaking i forskingssamarbeid på europeisk nivå legg regjeringa til rette for samarbeid med framifrå miljø utanfor Europa. Dei overordna prioriteringane for samarbeid med land utanfor EU og Nord-Amerika er nærare omtalte i Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020).

Koordinering av forskingsaktivitet på Svalbard

Strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard blei lagt fram våren 2018. Strategien skal formidle kva for forventningar norske myndigheiter har til forskingsaktørar på Svalbard, bidra til ei tydelegare norsk vertskapsrolle og fremme koordinering av forskingsaktivitet på Svalbard. Det norskleia forskingssamarbeidet Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit viktig tiltak for å bidra til å nå måla i strategien. SIOS-samarbeidet skal medverke til datadeling og samarbeid om infrastruktur mellom institusjonane som er etablerte på Svalbard, mellom anna innanfor klimaforsking. SIOS blei formelt etablert 26. januar 2018. Vidare skal det utarbeidast ein egen forskingsstrategi for Ny-Ålesund med utgangspunkt i den overordna strategien. Departementet har bedt Noregs forskingsråd om å lage denne.

Open tilgang til forsking

Open tilgang gjer det lettare for forskarsamfunnet, profesjonelle brukarar i arbeids- og næringsliv og allmenta å få del i resultata frå forsking. Det er bra for bedriftene i den omstillinga vi står overfor, og det er bra for livslang læring blant leger, lærarar og alle andre vi ønsker skal ha oppdatert kunnskap og kompetanse. Med dagens modell for publisering er for mykje av forskinga som det offentlege finansierer gjemt bak betalingsmurar og dyre abonnement. For å bidra til at resultat og data frå forsking blir meir ope tilgjengelege, la regjeringa i 2017 fram Nasjonale mål og retningslinjer for åpen tilgang til vitenskapelige artikler og Nasjonal strategi for tilgjengeliggjøring og deling av forskningsdata. Desse to dokumenta slår fast mål og retningslinjer for open tilgang til vitskaplege artiklar, fastsett prinsipp for tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata og fremmer tiltak som skal bidra til dette. I 2018 tok arbeidet eit viktig skritt vidare då Noregs forskingsråd og forskingsråda i Storbritannia, Frankrike, Italia, Sverige, Østerrike, Nederland, Luxemburg, Irland, Polen og Slovenia, saman med Europakommisjonen og det europeiske forskningsrådet (ERC) blei einige om å kreve full open tilgang til alle artikler frå forsking som er finansiert av desse institusjonene frå 2020 (cOAlition S/Plan S).

Forskingsinstitutta

Forskingsinstitutta leverer bruksretta forsking som er relevant for samfunn og næringsliv og er eit bindeledd mellom akademia og brukarar i næringsliv og offentleg sektor.

I Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende og i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge blei det varsla at regjeringa vil gjere ei samla vurdering av den rolla instituttsektoren har i forskings- og innovasjonssystemet, og av om sektoren er godt tilpassa framtidige behov. Departementet har sett i gang eit arbeid for å følge opp dette.

Nokre institutt i den statlege basisfinansieringsordninga for forskingsinstitutt inngår i forskingskonsern, noko som reiser problemstillingar om basisløyvinga skal tildelast til det einskilde institutt eller til konsernet, og om basisløyvinga kan nyttast til heilskapleg strategisk instituttutvikling innanfor konsernet. Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2017–2018) ein gjennomgang av desse problemstillingane. Forskingsrådet har på oppdrag frå departementa utarbeidd ein rapport og eit forslag til endringar som er sende ut til høyring til aktuelle aktørar. På grunnlag av høyringa vil departementa vurdere eventuelle endringar i retningslinjene for statleg basisfinansiering av forskingsinstitutt.

Kap. 283 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Meteorologisk institutt

296 766

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

142 270

Sum kap. 0283

439 036

Ansvaret for Meteorologisk institutt blei flytt frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet med verknad frå 1. januar 2018. Sjå kap. 1412 i Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet for omtale av Meteorologisk institutt.

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

17 777

18 549

18 962

Sum kap. 0284

17 777

18 549

18 962

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK), og dekker arbeidet i administrasjonen og i Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag, Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi og Granskingsutvalet. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane er det viktigaste fagorganet for forskingsetikk, og er ein viktig del av det norske forskingssystemet. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ. Administrasjonen skal legge til rette for at komiteane kan gjennomføre oppgåvene sine med god ressursbruk og høg kvalitet.

Mål for 2019

Det overordna samfunnsmålet med FEK er etisk god og ansvarleg forsking. Måla med verksemda er

  • at forskarar og forskingsinstitusjonar fremmer etisk god og ansvarleg forsking

  • at andre aktørar tar omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt

  • at samfunnet har tillit til forsking

Rapport for 2017

Departementet vurderer at FEK i all hovudsak oppfyller dei måla som blei sette for verksemda for 2017. Verksemda bar preg av at Stortinget vedtok ny lov om organisering av det forskingsetiske arbeidet i 2017, som lovfesta ansvaret til forskarar og forskingsinstitusjonar for å sikre at all forsking skjer i samsvar med verdsette forskingsetiske normer, og presiserte og justerte rolla til komitésystemet. Dei nasjonale komiteane har utvikla og fastsett fleire forskingsetiske rettleiarar og retningslinjer i 2017 som har fått positiv tilbakemelding. FEK speler ei viktig rolle i å gjere forskarar og forskingsinstitusjonar ansvarlege for verksemda si. I tillegg formidlar dei kunnskap og legg til rette for debatt om forskingsetiske spørsmål. Dei har skapt møteplassar for dialog mellom dei lokale forskingsetiske utvala på institusjonane og undervisarar i forskingsetikk, og trafikken på nettsidene og talet på abonnentar på fagbladet Forskningsetikk held fram med å auke i 2017.

FEK har betra budsjettstyringa si i 2017 og hadde eit moderat underforbruk.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

52

Langsiktig, grunnleggande forsking

1 661 282

1 630 883

1 699 644

53

Sektoroverskridande og strategiske satsingar

1 427 655

1 459 936

1 634 642

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

269 936

748 392

751 245

55

Verksemdskostnader

264 671

801 868

792 543

Sum kap. 0285

3 623 544

4 641 079

4 878 074

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit sentralt verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa og Kunnskapsdepartementet. Regjeringa har sett fem mål for verksemda til Forskingsrådet. Måla er

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

I tråd med sektorprinsippet for norsk forsking bidrar løyvingar til Forskingsrådet frå mange departement til å nå dei måla regjeringa har for forskingspolitikken. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2018 og 2019 er presentert i del III, kap. 5.

Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for den forskingsfinansieringa som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. I tillegg har Kunnskapsdepartementet eit koordinerande ansvar for norsk forskingspolitikk og ansvar for at forskingssystemet fungerer godt. Kunnskapsdepartementet finansierer òg tiltak som skal bidra til betre koordinering og eit godt fungerande forskingssystem, over dette og andre kapittel. Løyvinga over kap. 285 finansierer langsiktig, grunnleggande forsking, sektoroverskridande verkemiddel som er sentrale for eit godt fungerande forskingssystem, og forskingsinfrastruktur av nasjonal og strategisk interesse. Utgiftene til verksemda i Forskingsrådet, det vil seie løyvingar som ikkje går til FoU, blir finansierte over ein eigen post, sjå nærare omtale under kap. 285 post 55.

I tillegg til midlane som er løyvde over kap. 285, får Forskingsrådet løyvingar frå Kunnskapsdepartementet over mange andre kapittel og postar, til mellom anna utdanningsforsking, forsking om velferd, arbeidsliv og migrasjon, internasjonalt samarbeid, basisløyvingar til forskingsinstitutt og særskilde satsingar retta mot universitet og høgskolar (sjå tabellen under). Sjå dei respektive postane for nærare omtale av desse løyvingane.

Tabell 4.13 Andre kapittel og postar på Kunnskapsdepartementets budsjett som inkluderer løyvingar til Noregs forskingsråd

Tiltak

Kap.post

Forsking for forskings- og innovasjonspolitikk

201.21

Kunnskapssenter for utdanning

201.21

Utdanningsforsking

226.21, 226.60, 226.63, 231.21, 231.51, 258.21, 281.50

Tilskott til vitensenter

226.71

Særskilde satsingar retta mot universitet og høgskolar

281.50

Basisløyvingar til dei samfunnsvitskaplege institutta

287.57

Oppfølging av internasjonalt samarbeid

288.21

Forsking på velferd, arbeidsliv og migrasjon

291.50

Samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd 2017

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Forskingsrådet og for at rådet når dei måla som er sette for verksemda. Eit felles styringssystem for Forskingsrådet samordnar styringssignala frå departementa til Forskingsrådet.

Undersøkingar viser at midlar som blir kanaliserte gjennom verkemidla i Forskingsrådet, går til dei beste forskarane og at verkemidla til rådet bidrar til å bygge verdsleiande fagmiljø. Forskingsrådet har arbeidd godt og systematisk med å stimulere til styrka kvalitet i norsk forsking i fleire tiår, til dømes gjennom vidareutvikling av ordningane Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og senter for framifrå forsking (SFF), som begge fungerer godt. Forskingsrådet har halde fram med det systematiske arbeidet med å utvikle verkemidla som bidreg til at forskingsinstitusjonar kan støtte opp om og halde på forskingstalenta, noko som er svært positivt.

Det er framleis slik at Forskingsrådet finansierer ein god del forskarprosjekt som har god, men ikkje topp vurdering på vitskapleg kvalitet. Dette viser at Forskingsrådet framleis har ei rolle å spele i å bidra til å auke kapasiteten og kvaliteten i norsk forsking gjennom å bygge opp gode forskingsmiljø innanfor område som er viktige for Noreg.

Styringsinformasjon og undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Møreforsking viser at støtte frå Forskingsrådet til næringslivet utløyser forskingsbasert innovasjon og gir auka verdiskaping. Støtteordningane for næringslivet er godt tilpassa behovet til brukarane. Departementet ser det som positivt at verkemidla til Forskingsrådet når ut til fleire verksemder og at søkninga til dei næringsretta verkemidla har auka. I 2017 har Forskingsrådet prioritert forskingsbasert innovasjon retta inn mot moglegheitene for omstilling som ligg i samfunnsutfordringane og det grøne skiftet.

Forskingsrådet arbeider vidare med å få på plass informasjon som kan gi eit betre grunnlag for vurderingar av effektar av innsatsen til Forskingsrådet når det gjeld målet om å møte store samfunnsutfordringar.

Forskingsrådet skal bidra til å utvikle det nasjonale forskingssystemet og til godt samspel med internasjonal forsking. Forskingsrådet gjer eit godt arbeid med forskingsinfrastruktur. Dei fleste prosjekta som Forskingsrådet finansierer, har samarbeidspartnarar i andre land. Forskingsrådet har lagt ned ein stor innsats for å mobilisere og kvalifisere norske deltakarar til deltaking i Horisont 2020, særleg på område der deltakinga har vore for låg, som det europeiske forskingsrådet (ERC). Forskingsrådet og Innovasjon Noreg har styrkt samarbeidet for å få ei betre og meir effektiv mobilisering av bedrifter i Horisont 2020. For å bidra til at fleire yngre forskarar drar på utanlandsopphald, har Forskingsrådet innført automatisk forlenging av postdoktorstipend tilsvarande lengda på opphaldet. Departementet meiner vidare at Forskingsrådet har arbeidd godt med å betre rådgivinga til departementa.

Forskingsrådets rekneskapsmessige overføringar er på same nivå som i 2016. Dei samla overføringane i 2017 er dermed på 2 930 mill. kroner. Departementet har stor merksemd retta mot overføringane i Noregs forskingsråd og forventar at rådet set i verk tiltak for å få til ei permanent nedbygging av overføringane til eit akseptabelt nivå. Departementet vil likevel understreke at det er heilt naturleg at Noregs forskingsråd overfører nokre midlar frå eitt budsjettår til eitt anna. Dette ligg i den rolla Forskingsrådet har i forskingssystemet, og i dei strukturelle rammene med eittårige tildelingar. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar til forskingsprosjekt etter nasjonal konkurranse og slik sørge for kvalitet og relevans i den forskinga som blir finansiert. Igangsetting av nye prioriteringar og program krev god planlegging og stiller strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som tar tid. I tillegg kan det ta tid frå kontraktsinngåing til utbetaling av midlane, til dømes i store infrastrukturprosjekt.

Tabell 4.14 Øyremerkte tilskott til forskingsinstitusjonar gjennom Noregs forskingsråd (i 1 000 kr)

Organisasjon

Kap.post

2017

2018

Forslag 2019

Norsk senter for forskningsdata (NSD)

285.54

11 460

11 460

11 460

SARS-senteret

285.52

19 500

19 500

19 500

SIMULA

285.52

49 175

49 175

75 841

Totalt

80 135

80 135

106 801

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å finansiere forsking som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. Løyvinga over kap. 285 post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking uavhengig av fagområde, bidra til å betre den vitskaplege kvaliteten i forskingsmiljø eller på einskilde forskingsområde og bidra til å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.

Løyvinga finansierer mellom anna Fri prosjektstøtte (FRIPRO), senter for framifrå forsking (SFF), løyvingar til grunnforskingsprogram og strategisk institusjonsstøtte.

Mål for 2019

Langsiktig, grunnleggande forsking av høg kvalitet uavhengig av fagområde.

Rapport for 2017

Løyvinga har bidratt til å støtte den beste forskinga, på tvers av fag og tema. Stor konkurranse om midlane sikrar høg kvalitet. Sjølv om det har vore stor realvekst i løyvingane til langsiktig grunnleggande forsking i dei siste åra, har ikkje dette redusert konkurransen om midlar.

Dei målretta verkemidla for auka vitskapleg kvalitet, slik som Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og senter for framifrå forsking, har blitt styrkte og vidareutvikla i dei siste åra. Fri prosjektstøtte har bidratt til å gi dei beste forskarane i alle fag gode høve til å utvikle karrieren. Ein analyse utført av Norsk regnesentral viser at forskarar som mottar støtte frå FRIPRO, gjennomgåande publiserer meir og at artiklane deira blir meir siterte enn artiklar frå forskarar som har søkt FRIPRO og ikkje fått støtte. Senter for framifrå forsking (SFF) bidrar til at dei beste forskingsmiljøa får betre og meir føreseielege rammer. Midtvegsevalueringa av dei tretten sentera som blei starta opp i 2013, viser at sentera samla sett presterer imponerande, med forsking heilt i den internasjonale forskingsfronten. Sentera har bidratt til at det blir skapt innovative koplingar mellom ulike fagområde og -tilnærmingar, noko som har gitt verdifulle nye forskingsfunn. Artiklar frå sentera blir mykje siterte, og sentera lykkast òg på andre konkurransearenaer og skaffar seg supplerande ekstern finansiering frå Forskingsrådet, EU eller andre kjelder.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 1 700 mill. kroner på posten i 2019 mot 1 631 mill. kroner i 2018. 30 mill. kroner av auken gjeld tilbakeføring av ein midlertidig reduksjon i 2018-budsjettet. I tillegg er 0,9 mill. kroner tilbakeførte frå kap. 285 post 55, jf. omtale på denne posten.

Av den auka løyvinga skal minst 40 mill. kroner nyttast til oppfølging av målet «utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet» i langtidsplan for forsking og høgre utdanning.

15,2 mill. kroner av løyvinga er heilårsverknad av midlar til tolv rekrutteringsstillingar ved SIMULA knytte til IKT-tryggleik, jf. løyving i samband med revidert budsjett 2018. Departementet foreslår å flytte 11,4 mill. kroner knytte til ni rekrutteringsstillingar innanfor IKT til SIMULA til denne posten for å samle midlane til SIMULA på éin post. Desse midlane blei tidlegare løyvde over kap. 281 post 01.

Frå og med 2018 er forskingsprogrammet eVitenskap slått saman med programmet IKTPLUSS. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 18 mill. kroner frå post 52 til post 53, slik at midlane frå departementet til IKTPLUSS blir samla på éin post. Delar av aktiviteten i forskingsprogrammet SYNKNØYT er frå 2018 overførte til programmet NANO2021. Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte løyvinga til denne aktiviteten, som utgjer 10,6 mill. kroner, frå post 52 til post 53.

Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar

Løyvinga over denne posten skal særleg støtte opp om den koordinerende rolla som Kunnskapsdepartementet har i forskingspolitikken. Løyvinga finansierer mellom anna store program, Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og Senter for miljøvennleg energi (FME), handlingsretta program og stimuleringsordningar for internasjonalt forskingssamarbeid.

I rapporten frå områdegjennomgangen av Forskingsrådet blei det foreslått å reindyrke 53-posten som ein finansieringsmekanisme som skal ta i vare endringsbehov, sektoroverskridande område og lange tidsperspektiv i forskingssystemet. For å følge opp denne tilrådinga vedtok regjeringa i 2018 at midlane på denne posten frå og med 2018 skulle dreiast i tråd med tre prinsipp:

  • bidra til oppfølging av regjeringas forskingspolitiske prioriteringar i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

  • gi fleksibilitet til å gjennomføre langsiktige og systemstrategiske endringar. Midlar på posten kan til dømes verke saman med satsingar frå andre departement i ein startfase. Posten skal verke mobiliserande, ikkje kompenserande

  • støtte forsking av høg vitskapleg kvalitet

Mål for 2019

Sektoroverskridande forsking av høg kvalitet som bidrar til å følge opp prioriteringane i langtidsplanen og til å gjennomføre langsiktige og systemstrategiske endringar.

Rapport for 2017

Kunnskapsdepartementet si koordinerande rolle i forskingspolitikken og ansvaret for forskingssystemet inneber at departementet bidrar med finansiering i ein stor del av Forskingsrådets program- og aktivitetsportefølje, og dekker eit breitt spekter av tema- og næringsområde. Dette bidrar til oppfølging av dei forskingspolitiske prioriteringane til regjeringa innanfor mellom anna betre og meir effektive offentlege tenester, klima, miljø og miljøvennleg energi, hav og næringsutvikling.

Med denne løyvinga finansierer Forskingsrådet forskingsinnsats for å møte samfunnsutfordringar på område som offentleg sektor, hav, klima, miljø og miljøvennleg energi gjennom mellom anna Store program i Forskingsrådet. Her bidrar midlane frå Kunnskapsdepartementet til å bygge opp forskingskapasitet på viktige område og støtte opp om sektoroverskridande forsking av høg kvalitet. Det er framleis viktig å styrke humanistisk forsking si deltaking i kunnskapsutviklinga innanfor dei sektoroverskridande satsingane.

Andre sentrale satsingar som har fått finansiering over denne posten, er senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). SFI-ane har ikkje tematisk innretning, medan FME-ane er retta inn mot å utvikle kunnskap som kan bidra til å løyse klima- og energiutfordringane. SFI-ane bidrar til å fremme utvikling av næringsretta forskingsmiljø som ligg i den internasjonale forskingsfronten. Sentera legg godt til rette for eit nært samarbeid mellom bedrifter og forskingsgrupper. SFI-ordninga blei evaluert i 2017, og ordninga bidrar positivt til å kople næringsliv og FoU-institusjonar. Dette gir auka næringsrelevant kompetanse i FoU-miljøa og auka FoU-kompetanse i næringslivet. Sluttrapportane frå den første gruppa av FME-senter syner at også FME-ane har gitt meir og betre norsk energiforsking med betre struktur der det er etablert sterke nettverk mellom forsking og næringsliv.

Størsteparten av dei konkurranseutsette midlane til polarforsking blir òg finansiert over denne posten. Satsinga bidrar til å styrke Noregs rolle som polarforskingsnasjon, der Noreg er femte største nasjon målt i talet på vitskaplege artiklar. Når det gjeld forsking i Arktis, er Noreg tredje største nasjon, etter USA og Canada.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 1 635 mill. kroner på posten i 2019 mot 1 460 mill. kroner i 2018. 70 mill. kroner av auken gjeld tilbakeføring av ein midlertidig reduksjon i 2018-budsjettet.

Innanfor løyvinga på posten skal forsking på mogleggjerande og industrielle teknologiar styrkast med 65 mill. kroner og forsking innanfor IKT-tryggleik styrkast med 10 mill. kroner. Begge forslaga følger opp den nye opptrappingsplanen for teknologi i regjeringas langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Dei to forslaga følger òg opp langsiktige prioriteringar i langtidsplanen. Det første forslaget følger opp prioriteringa «mogleggjerande og industrielle teknologiar», medan det andre følger opp den nye prioriteringa «samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd».

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner for å kunne finansiere opprettinga av eit Hav-sekretariat i Noregs forskingsråd. Sjå omtale under post 55.

27,2 mill. kroner av løyvinga på posten går til Innovasjon Noreg for å finansiere arbeid med mobilisering til god norsk deltaking i Horisont 2020.

Som følge av at forskingsprogrammet eVitenskap i 2018 er slått saman med programmet IKTPLUSS, og at delar av aktiviteten i forskingsprogrammet SYNKNØYT har blitt overført til programmet NANO2021, foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte 28,6 mill. kroner frå post 52 til post 53. Sjå nærare omtale av dette under post 52.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Løyvinga over kap. 285 post 54 skal finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse.

Mål for 2019

Relevant og oppdatert forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse som understøttar forsking av høg kvalitet for eit innovativt og berekraftig samfunn.

Rapport for 2017

Forskingsinfrastruktur og oppdatert vitskapleg utstyr er avgjerande for å utvikle framifrå forskings- og utdanningsmiljø. Gjennom ordninga for forskingsinfrastruktur i Forskingsrådet blir det årleg investert 750 mill. kroner i vitskapleg infrastruktur.

I 2017 delte Forskingsrådet ut støtte til totalt 19 prosjekt med ei samla kostnadsramme på 1 mrd. kroner. Totalt var det 92 prosjekt som søkte i denne søknadsrunden. Blant prosjekta som nådde opp, var mellom anna utplasseringa av såkalla ARGO-bøyer i havet, som skal bidra til at vi betre forstår klimaendringar i havet og i atmosfæren og endringar i utbreiing av is i Arktis. Oppgradering av fire nasjonale tungrekningsanlegg, datalagringsanlegg og anlegg for lagring av sensitive data fekk òg tildelt midlar frå infrastrukturordninga i 2017. Forskingsrådet arbeider systematisk og godt med den nasjonale infrastrukturordninga.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 751 mill. kroner på posten, mot 748 mill. kroner i 2018. Midlane på denne posten skal gå til å finansiere Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på infrastruktur. I tillegg skal dei norske bidraga til CESSDA ERIC, Svalbard Integrated Earth Observing System (SIOS) og European Spallation Source (ESS) i Lund dekkast innanfor løyvinga på posten. Løyvinga skal òg dekke deler av kostnaden ved utvikling og etablering av Helseanalyseplattforma.

Post 55 Verksemdskostnader

Regjeringa har følgt opp tilrådingane frå ekspertgruppa for områdegjennomgangen av Noregs forskingsråd om å samle alle kostnader i Forskingsrådet som ikkje finansierer forsking og utvikling, på ein eigen post, jf. Prop. 1 S (2017–2018). Alle løyvingane frå departementa til verksemda til Forskingsrådet er frå 2018 samla på denne posten.

Løyvingane på denne posten omfattar midlar til drift av Forskingsrådet, det vil seie alle løyvingar som ikkje går til FoU. Det betyr at alle kostnader som er knytte til utlysing av forskingsmidlar, evaluering av søknader, utvikling av programplanar med vidare, og kostnader som er knytte til Forskingsrådets arbeid med rådgiving, møteplassfunksjon og særskild tenesteyting for alle departementa som løyver forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet, i hovudsak blir finansierte over denne posten. Nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar vil framleis bli finansierte gjennom FoU-løyvingane frå det einskilde departement.

Mål for 2019

Løyvingane på denne posten skal bidra til å nå dei fem måla som er fastsette for verksemda til Forskingsrådet:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Rapport for 2017

Løyvinga over posten var på 265 mill. kroner i 2017. Verksemda i Forskingsrådet blei finansiert gjennom denne løyvinga og gjennom at ein del av FoU-løyvingane frå alle departementa som finansierer forsking gjennom Forskingsrådet, gjekk til å dekke verksemdskostnader. Dei samla kostnadene ved verksemda til Forskingsrådet var på 785 mill. kroner i 2017.

Verksemdskostnadene i Noregs forskingsråd bidrar til å sikre kvalitet i den forskinga som blir finansiert gjennom Forskingsrådet, og til at den forskinga som blir finansiert, er i tråd med forskingspolitiske prioriteringar og er relevant for samfunn og næringsliv. Vurdering av forskingssøknadene av internasjonale fagfellar og oppfølging av forskingsprosjekta bidrar til å sikre at forskingsprosjekta som blir finansierte, har høg kvalitet. Brei involvering av aktørar og samfunnsinteresser i utarbeidinga av programplanar og verkemiddel og i Forskingsrådets styre sikrar at verkemidla til Forskingsrådet fungerer for brukarane, og at det blir finansiert forsking på problemstillingar der samfunnet har behov for kunnskap. Dette er kostnader i samband med å drive finansiering av forsking.

Forskingsrådet har ein sentral rådgivingsfunksjon overfor departementa gjennom å bidra med forskingspolitiske innspel, evalueringar og utgreiingar, sekretariatsfunksjonar og anna kunnskapssamanstilling. Forskingsrådet arbeider systematisk med å betre kunnskapsgrunnlaget, mellom anna til bruk i planlegging og gjennomføring av dei finansielle verkemidla. Vidare driv Forskingsrådet eit omfattande arbeid med sikte på utvikling av forskingspolitikk og spreiing av forskingsresultat, formidling og kommunikasjon.

Forskingsrådet tar også hand om ei lang rekke andre oppgåver for departementa, til dømes sekretariatet for Skattefunn-ordninga og oppgåver i forvaltninga av regionale forskingsfond. Forskingsrådet har 13 regionalansvarlege lokaliserte over heile landet. I tillegg er sekretariata for fleire av 21-strategiane ( OG21, Energi21, HelseOmsorg21 ) lagde til Forskingsrådet. 21-prosessane er aktørdrivne strategiar for å fastsette forskingsprioriteringar for viktige samfunnsområde. Forskingsrådet har også bygd opp og driftar Kunnskapssenter for utdanning, sjå nærare omtale under kap. 258 postane 01 og 21.

Vidare har Forskingsrådet eit omfattande apparat for nasjonale kontaktpersonar som driv mobilisering til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Forskingsrådet har fleire medarbeidarar i Brussel ved Kunnskapskontoret i Brussel, JPI Oceans-kontoret og nasjonale ekspertar. Forskingsrådet deltar også i arbeidet med forvaltninga av EØS-midlane og i forvaltninga av forskingsmidlar under norske ambassadar i utlandet.

Dei samla kostnadene ved verksemda målte i pst. av FoU-inntektene frå departementa er reduserte frå 9,2 pst. i 2015 til 8,2 pst. i 2017.

Tabell 4.15 Utvikling i kostnadene til verksemda i Forskingsrådet og FoU-inntekter frå departementa, 2015–17 (i 1 000 kroner)

2015

2016

2017

Samla kostnader til verksemda

762 619

784 798

784 584

FoU-inntekter frå departementa

8 273 033

9 295 126

9 538 895

Kostnader til verksemda i Forskingsrådet som del av FoU-inntektene (i pst.)

9,2

8,4

8,2

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 792,5 mill. kroner på posten i 2019.

Etter samlinga av verksemdskostnadene på eitt budsjett har Forskingsrådet i samråd med departementet avklart kva som skal reknast som FoU-midlar, og kva som skal reknast som verksemdskostnader. Dette gjeld einskilde aktivitetar som ligg i ei gråsone mellom verksemdsbudsjett og FoU-budsjett. Grunna denne avklaringa foreslår departementet at nokre midlar til nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar blir førte tilbake til FoU-budsjettet. Totalt skal 4,9 mill. kroner overførast frå kap. 285 post 55. Denne rammeoverføringa inkluderer 0,9 mill. kroner til kap. 285 post 52, 0,9 mill. kroner til Nærings- og fiskeridepartementet, 0,6 mill. kroner til Klima- og miljødepartementet og 2,5 mill. kroner til Helse- og omsorgsdepartementet.

I tillegg til desse rammeoverføringane er det i løyvinga inkludert auka kostnader til verksemda på 7,3 mill. kroner.

Samferdselsdepartementet rammeoverførte i revidert nasjonalbudsjett for 2018 2 mill. kroner til Forskingsrådets verksemdsbudsjett i forbindelse med Pilot-T, ettersom satsinga førte med seg auka verksemdskostnader for Forskingsrådet. Sidan Pilot-T skal vere ei permanent ordning, foreslår Kunnskapsdepartementet at 2 mill. kroner blir rammeoverførte til kap. 285 post 55 i 2019. Nærings- og fiskeridepartementet skal legge ansvaret for sekretariat for Prosess 21 til Forskingsrådet. Sidan dette fører med seg auka verksemdskostnader for Forskingsrådet i perioden 2019–21, foreslår Kunnskapsdepartementet at 3,8 mill. kroner blir rammeoverførte til kap. 285 post 55 i 2019.

Det går føre seg mange nasjonale og internasjonale prosessar innanfor hav der Forskingsrådets kompetanse og rolle overfor forskingsmiljøa og departementa kan utnyttast betre for å realisere visjonen om at Noreg skal vere verdas leiande havnasjon. Regjeringa foreslår derfor å etablere ein havsekretariatsfunksjon som kan støtte opp under desse nasjonale og internasjonale aktivitetane. Løyvinga på posten er foreslått auka med 1,5 mill. kroner til etablering av eit havsekretariat, mot ein tilsvarande reduksjon på FoU-løyvingar som har vore nytta til havforsking. Av desse kjem 0,8 mill. kroner frå kap. 285 post 53 og 0,7 mill. kroner frå kap. 920 post 50 på Nærings- og fiskeridepartementets budsjett. I tillegg er det foreslått løyvd 0,6 mill. kroner til havsekretariatet over kap. 1410 post 51 på Klima- og miljødepartementets budsjett.

Regjeringa har hatt stor merksemd på å sikre effektiv ressursbruk i Forskingsrådet. I 2017 fekk Forskingsrådet eit kutt i løyvinga på denne posten på 20 mill. kroner. For 2018 blei verksemdskostnadene kutta med ytterlegare 30 mill. kroner. I tråd med tilrådinga frå ekspertgruppa for områdegjennomgangen foreslår Kunnskapsdepartementet eit kutt i løyvinga på denne posten på 30 mill. kroner i 2019.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 71

13 863

15 407

6 845

53

NUPI

4 809

4 904

5 020

56

Holbergprisen

11 864

16 329

16 803

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

182 309

206 659

207 444

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

215 264

210 564

183 255

71

Tilskott til andre private institusjonar

42 931

47 268

48 639

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

14 935

15 338

15 783

Sum kap. 0287

485 975

516 469

483 789

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Mål for 2019

Målet med løyvinga er å medverke til god utvikling av forskingspolitikken.

Rapport for 2017

Programmet Forskning for forsknings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) skal bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for utforming og gjennomføring av forskings- og innovasjonspolitikk hos relevante aktørar. FORINNPOL starta opp i 2016 med å løyve midlar til to forskingssenter, Centre for Research Quality and Policy Impact Studies (R-Quest) og Oslo Institute for Research on the Impact of Science (OSIRIS). Programmet skal vare i åtte år, og det er førebels for tidleg å rapportere om effekten av tiltaket.

Regjeringa fekk i 2016 starta ein områdegjennomgang av Noregs forskingsråd, med mandat til å tilrå tiltak som kan gi auka kvalitet i forskinga og redusert ressursbruk i Forskingsrådet. Ekspertgruppa som utførte områdegjennomgangen, leverte rapporten sin i februar 2017. Regjeringa har følgt opp mange av tilrådingane frå gruppa, mellom anna gjennom å samle løyvingane knytte til verksemda i Forskingsrådet på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, redusere verksemdskostnadene til Forskingsrådet og fastsette retningslinjer for bruken av midlane over kap. 285 post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar.

Regjeringa starta i 2017 arbeidet med revidering av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Delar av løyvinga blei nytta til dette formålet. Formålet med planen er å sikre stabile prioriteringar og føreseielege løyvingar til forsking og høgre utdanning. Det blei arrangert ein eigen innspelskonferanse, og det kom inn om lag 130 skriftlege innspel. Planen blir lagd fram saman med forslaget til statsbudsjett for 2019.

Delar av løyvinga på posten blei nytta til praktisk bistand i samband med dei vitskaplege prisane, Kristian Birkeland-jubileet og i samband med det nye styringssystemet for Noregs forskingsråd.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 6,8 mill. kroner på posten, mot 15,4 mill. kroner i 2018. Departementet foreslår at løyvinga til FORINNPOL på 8,2 mill. kroner blir flytt frå denne posten til det nyoppretta kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag post 21 Særskilde driftsutgifter.

Delar av løyvinga kan nyttast til lønn og andre utgifter for tilsette i Kunnskapsdepartementet.

Post 53 NUPI

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til større innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Basisløyvinga til NUPI blir gitt over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 blir nytta til å finansiere dei nasjonale informasjonsoppgåvene til NUPI, mellom anna den rolla instituttet har som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år.

Mål for 2019

Målet med ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om internasjonal politikk, med særleg ansvar for å ta hand om kommunikasjonen med elevar, studentar og offentlegheita.

Rapport for 2017

Departementet er nøgd med måloppnåinga til NUPI når det gjeld dei oppgåvene som er knytte til informasjon og formidling. Departementet vil òg nemne at NUPI i 2017 har hatt svært god måloppnåing når det gjeld vitskapleg publisering, jf. måla og styringsparametrane i finansieringssystemet for instituttsektoren.

NUPI har òg i 2017 arbeidd systematisk med kommunikasjon gjennom bruk av digitale kanalar. Filming og direktesending av arrangementet på NUPIs eigen YouTube-kanal inneber at NUPI når fleire mottakarar. Også aktiviteten på sosiale medium har vore aukande. NUPI når ut til elevar og studentar gjennom NUPI skole med nettstaden hvorhenderdet.no. NUPI har halde oppe tilbodet om eit ope og tilgjengeleg bibliotek i 2017.

I tillegg har NUPI arrangert ei stor mengde seminar og konferansar, og forskarane ved NUPI har òg i 2017 vore mykje nytta som kjelder og kommentatorar i norske og utanlandske medium.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i saldert budsjett for 2018.

Post 56 Holbergprisen

Mål for 2019

Formålet med Holbergprisen er å verdsette banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen skal gi merksemd i samfunnet og føre til interesse for fagfelta blant barn og unge.

Rapport for 2017

Holbergprisen blir delt ut årleg av Universitetet i Bergen. Holbergprisen blei i 2017 delt ut til den britiske filosofen Onora O'Neill ved University of Cambridge for hennar innflytelsesrike arbeid innanfor moralsk og politisk filosofi. Vinnaren av Holbergprisen fekk 4,5 mill. kroner.

I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnaren blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga, priskomitéarbeidet og til aktivitetar som skal auke interessa for fagfelta blant barn og unge, og i samfunnet elles.

Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skole. Interessa for konkurransen er stor, og ei rekke skolar søker om å få delta. Kvart år deltar tolv skolar med over 400 elevar frå heile landet. I 2017 var det elevar ved Dahlske vidaregåande skole i Aust-Agder som vann Holbergprisen i skolen.

I samband med Holbergprisen blir òg Nils Klim-prisen for yngre nordiske forskarar delt ut innanfor dei same fagfelta. I 2017 gjekk prisen til Katrine Vellesen Løken, samfunnsøkonom ved Universitetet i Bergen. Prisen var på 250 000 kroner.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 16,8 mill. kroner på posten i 2019. Dette er ei vidareføring av nivåetfrå 2018.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Dei samfunnsvitskaplege institutta arbeider på forskingsfelt som i hovudsak omfattar arbeids- og sosialpolitikk, helse, velferd og utdanning, næringsliv og regionalpolitikk, utanrikspolitikk, og internasjonale konfliktar og utvikling.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for basisløyvingane til dei 22 samfunnsvitskaplege institutta som er omfatta av ordninga med statleg basisløyving. Desse midlane blir fordelte til institutta gjennom Forskingsrådet, som har eit strategisk ansvar for instituttsektoren. Ti pst. av basisløyvinga blei fordelt om mellom institutta ut ifrå oppnådde resultat på indikatorar for kvalitet og relevans.

Mål for 2019

Målet med løyvinga er at Noreg skal ha ein sterk samfunnsvitskapleg instituttsektor som tilbyr næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet.

Rapport for 2017

Målt i talet på einingar er den samfunnsvitskaplege delen av instituttsektoren klart større enn dei andre delane av sektoren, det vil seie dei teknisk-industrielle institutta, miljøinstitutta og primærnæringsinstitutta.

Dei samfunnsvitskaplege institutta blei evaluerte i 2016 av eit nordisk ekspertutval. Eit hovudbodskap i evalueringsrapporten frå 2017 er at dei samfunnsvitskaplege institutta er ein nasjonal ressurs, sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet.

Til saman blei det utført 765 forskarårsverk i dei samfunnsvitskaplege institutta i 2017, og institutta hadde om lag 1,4 mrd. kroner i driftsinntekter. Både talet på forskarårsverk og driftsinntekter har gått noko ned frå 2015 til 2017. Derimot har den vitskaplege publiseringa og talet på forskarar med doktorgrad auka i perioden.

Tabell 4.16 viser basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta i 2017, og korleis basisløyvinga for kvart institutt har endra seg frå 2015 til 2017.

Tabell 4.16 Basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta

Basisfinansiering 2017 (i 1 000 kroner)

Nominell endring 2015–17 (i pst.)

Agderforskning

4 129

7

Chr. Michelsens Institutt (CMI)

15 727

4

Fafo

16 946

-2

Fridtjof Nansens Institutt

8 150

0

Frischsenteret

2 065

-2

Institutt for fredsforskning (PRIO)

18 052

8

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

11 049

4

IRIS Samfunnsforskning

6 735

4

Møreforsking

5 825

15

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

14 759

29

Nordlandsforskning

4 749

2

Norut Samfunn

5 550

0

NTNU Samfunnsforskning

9 947

19

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

16 784

2

SINTEF Teknologi og samfunn

15 739

14

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

7 490

0

Telemarksforsking

4 887

40

Trøndelag Forskning og Utvikling

3 157

10

Uni Research Rokkansenteret

11 412

21

Vestlandsforsking

4 167

6

Østfoldforskning

4 147

8

Østlandsforskning

4 044

5

Sum institutt under finansieringsordninga

195 410

8

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei løyving på 207 mill. kroner. I tillegg kjem basisløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 17,9 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 161 post 71 på Utanriksdepartementets budsjett. Ti pst. av den samla basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta skal fordelast om mellom institutta etter oppnådde resultat på indikatorane nasjonale oppdragsinntekter, vitskapleg publisering, internasjonale inntekter og avlagde doktorgradar.

Østlandsforskning blir fusjonert med Høgskolen i Innlandet (HiNN) 1. januar 2019. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å flytte 4,1 mill. kroner frå kap. 287 post 57 til HiNN over kap. 260 post 50.

Institutta skal nytte basisløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging. Løyvinga skal vidare stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, brukarrelevans, internasjonalisering og samarbeid.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Dei sju regionale forskingsfonda blei oppretta 1. januar 2009, og midlar til FoU blei første gong lyste ut og tildelte i 2010. Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for fonda. Retningslinjene spesifiserer formål med ordninga, styringslinjer og aktørar, oppgåvene og ansvarsområda deira, mellom anna krav til administrasjon og styring av midlane i ordninga.

Mål for 2019

Dei regionale forskingsfonda skal styrke regional forsking og forskingsbasert innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til betre kvalitet i forskinga.

Rapport for 2017

Løyvinga til fordeling mellom dei sju regionale forskingsfonda var på 215,3 mill. kroner i 2017. Av dette beløpet var 11,3 mill. kroner ekstraordinære omstillingsmidlar til tre av fondsregionane.

Dei regionale forskingsfonda fekk inn 570 søknader i 2017, eit noko høgre tal enn i 2016. Næringslivet tok imot om lag to tredelar av fondsmidlane, 20 pst. gjekk til FoU-institusjonar, medan kommunar og fylkeskommunarfekk tildelte tolv pst. av midlane. I 2017 skil fondsregionane Nord-Noreg og Hovudstaden seg ut i det nasjonale biletet. I fondsregion Nord-Noreg tok FoU-institusjonar imot meir enn halvparten av midlane, og Hovudstadsfondet tildelte meir enn 50 pst. av fondsmidlane til verksemder i offentleg sektor i 2017.

Marin forsking, miljøforsking og maritim forsking var dei forskingsfelta som fekk tildelt mest midlar i 2017. Frå prosjekt finansierte av forskingsfonda har det i 2017 mellom anna komme ni nye foretak, åtte registrerte patent, og 64 verksemder har innført ny teknologi eller nye prosessar. 58 hovudprosjekt blei sluttførte i 2017, og 28 av desse hadde opphav i kvalifiseringsprosjekt. Fonda melder om at 15 doktorgradar blei avlagde i samband med fondsprosjekta, og 38 artiklar blei publiserte i vitskaplege tidsskrift.

Alle fondsregionane har arbeidd med å mobilisere verksemder til å søke forskingsmidlar frå EU. Mellom anna Oslofjordfondet og Hovudstadsfondet opplyser at prosjekt som først har mottatt støtte frå dei respektive fondsregionane, seinare er førte vidare i nye prosjekt finansierte av EU.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 183,3 mill. kroner på posten i 2019 mot 210,6 mill. kroner i 2018.

Tabell 4.17 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond (i 1 000 kroner)

Fondsregion

Vertsfylkeskommune

Beløp

Nord-Noreg

Troms

31 659

Midt-Noreg

Trøndelag

21 599

Innlandet

Hedmark

16 030

Hovudstaden

Akershus

30 835

Oslofjordfondet

Vestfold

35 775

Agder

Aust-Agder

14 665

Vestlandet

Hordaland

32 692

Totalt

183 255

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Tilskott blir gitte til Senter for grunnforskning (CAS), Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS), Egede Instituttet, Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA). Tilskottet til DNVA dekker òg arbeidet med å administrere Kavliprisen og tilskott til Akademiet for yngre forskere.

Mål for 2019

Målet med tilskotta er at mottakarane held høg kvalitet på den faglege verksemda. Formålet med Kavliprisen er å verdsette banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal gi merksemd i samfunnet og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Rapport for 2017

Rapporteringa for 2017 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda på ein tilfredsstillande måte.

Ein viktig del av arbeidet til DKNVS og DNVA er å formidle forsking. DKNVS rapporterer at dei har auka sitt internasjonale engasjement, vidareutvikla nasjonale formidlingsaktivitetar i samarbeid med relevante aktørar og nådd ut til eit stort allment publikum. DNVA rapporterer om ei rekke interne og eksterne faglege og forskingspolitiske arrangement retta mot ei brei målgruppe, både nasjonalt og internasjonalt.

Løyvinga til DNVA omfattar òg midlar til arrangement i samband med Kavliprisen. Kavliprisen er eit samarbeid mellom DNVA, The Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2017 blei ikkje prisen delt ut, men det blei gjennomført fleire internasjonale arrangement for å auke merksemda om prisen og stimulere til internasjonalt samarbeid.

Akademiet for yngre forskere (AYF) blei oppretta hausten 2015, med midlar løyvde til DNVA. AYF er ein tverrfagleg møteplass og ei forskingspolitisk plattform for yngre forskarar, ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling og ein attraktiv vitskapleg debattarena. AYF har markert seg aktivt i den forskingspolitiske debatten.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 48,6 mill. kroner på posten i 2019 mot 47,3 mill. kroner i 2018. Sjå tabell 4.18 for fordeling av løyvinga.

Tabell 4.18 Fordeling av midlane på kap. 287 post 71

Institusjon

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Det Norske Videnskaps-Akademi

17 930

19 683

20 250

Senter for grunnforskning (CAS)

20 600

21 055

21 670

Akademiet for yngre forskere 1

0

2 100

2 160

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

3 105

3 135

3 234

Egede Instituttet

421

430

440

Forskningsinstituttenes fellesarena

565

580

600

Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA)

288

285

285

Sum

42 931

47 268

48 639

1 Akademiet for yngre forskere har sidan 2014 vore ein del av tildelinga til DNVA. Frå 2018 blei denne løyvinga gjord synleg som ei eiga linje i tabellen.

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Mål for 2019

Formålet med Niels Henrik Abels matematikkpris (Abelprisen) er å verdsette banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal gi merksemd i samfunnet og føre til interesse for matematikk blant barn og unge.

Rapport for 2017

Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). I 2017 blei Abelprisen delt ut til Yves Meyer ved École Normale Supérieure Paris-Saclay. Meyer fekk prisen for nøkkelrolla si i utviklinga av den matematiske teorien om wavelets. Løyvinga dekker prisbeløpet på 6 mill. kroner og fleire arrangement i samband med prisutdelinga og priskomitéarbeidet. DNVA har arbeidd langsiktig med å opprette og støtte tiltak for å stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. Dei støttar mellom anna Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skole, UngeAbel lagkonkurranse for ungdomstrinnet og Holmboeprisen, som årleg blir delt ut til éin eller fleire matematikklærarar. DNVA har støtta prosjekt gjennom mellom anna vitensenter og frivillige studentorganisasjonar og nådd ut til ei brei målgruppe.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 15,8 mill. kroner på posten i 2019. Dette er ei vidareføring av nivået frå 2018.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter

42 221

47 068

122 140

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

330 773

338 558

286 405

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon , kan overførast

2 206 003

2 199 232

2 240 253

75

UNESCO-kontingent

22 638

24 341

22 793

76

UNESCO-formål

3 598

3 695

4 002

Sum kap. 0288

2 605 233

2 612 894

2 675 593

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten nasjonalt innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD. Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP) og støtte til Tysk-norsk ungdomsforum.

Mål for 2019

Noreg deltar aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning, forsking og integrering, og det er gode koplingar mellom forsking og høgre utdanning i arbeidet.

Rapport for 2017

Arbeidet med ei styrkt strategisk tilnærming til bilateralt høgre utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land blei ført vidare i 2017. Arbeidet er mellom anna knytt til oppfølging av regjeringa sin strategi Panorama (2016–20). Målet med strategien er eit meir målretta høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, inkludert gode koplingar mellom høgre utdannings- og forskingssamarbeid.

Hovudtiltaka er dei to samarbeidsprogramma INTPART og UTFORSK, som blir forvalta av høvesvis Forskingsrådet og DIKU (tidlegare SIU). Søkartala til både INTPART og UTFORSK har vore stabilt høge i 2017, og norske institusjonar er flinke til å bruke programma til å styrke og vidareutvikle relasjonane med samarbeidspartnarar i land utanfor EU, i tråd med dei planane institusjonane har for kvalitetsutvikling og auka internasjonalisering.

Hovuddelen av løyvinga har også i 2017 vore nytta til samarbeidsprogrammet INTPART, som er retta mot Panorama -landa, USA og Canada. Ein mindre del av løyvinga har vore nytta til UTFORSK, som er retta berre mot Panorama -landa, og til piloten InternAbroad, som har vore forvalta av SIU. UTFORSK blei i 2017 òg finansiert over kap. 281 post 01. Ei evaluering som blei gjord av UTFORSK i 2017 viser at programmet mellom anna har ført til auka studentmobilitet.

InternAbroad skal legge til rette for større bruk av internasjonal praksismobilitet for studentar frå Noreg. 16 prosjekt fekk tildeling i 2017 frå InternAbroad, noko som vil gi 130 studentar studiepoenggivande praksis i eitt av partnarlanda.

Ein mindre del av løyvinga har i 2017 vore nytta til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om norsk-kinesisk utdanningssamarbeid og tiltak for auka delgradsmobilitet til Kina. Løyvinga har likeins vore nytta til å styrke bilateralt samarbeid med Tyskland på departementets ansvarsområde gjennom Tysk-norsk ungdomsforum i tråd med regjeringa sin Tyskland-strategi og Kunnskapsdepartementet sin tiltaksplan forTyskland frå 2015. Ein del av løyvinga har i 2017 gått til gjennomføringa av Noregs formannskap i Nordisk ministerråd.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 122,1 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 71,5 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til kap. 288 post 21. Dette inkluderer løyvingar til oppfølging av Panorama-strategien, med hovudvekt på UTFORSK, samt løyving til partnarskapsprogrammet med utviklingsland, NORPART.

Panorama-strategien inneheld fleire tiltak for å fremme samarbeid om høgre utdanning og forsking av høg kvalitet med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Hovudtiltak under strategien er samarbeidsprogramma UTFORSK og INTPART og tiltak knytte til kunnskapsutvikling, informasjonstiltak og oppfølging av politiske besøk. I 2019 vil det vere ei prioritering av India. Departementet foreslår ei total løyving på 56,9 mill. kroner til oppfølging av Panorama-strategien over kap. 288 post 21. I tillegg blir ei satsing på verdsleiande fagmiljø på 19 mill. kroner til INTPART ført vidare.

NORPART er foreslått styrkt til 40,3 mill. kroner i 2019. Programmet, som blir forvalta av DIKU, skal støtte samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet.

Dessutan kan det bli gitt støtte til særskilde prosjekt i internasjonale organisasjonar, til dømes i UNESCO, OECD og Europarådet, som er særleg retta mot å nå Noregs mål for internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid. I 2019 vil delar av løyvinga gå til Europarådsprosjektet European Qualifications Passport for Refugees.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegg (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2019

Medlemskapet i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål som høg kvalitet og internasjonalisering.

Rapport for 2017

Alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane Noreg deltar i, medverkar til global kunnskapsutvikling og driv verdsleiande forsking innanfor fagfelta sine. Medlemskapet i organisasjonane gjer det mogleg for norske forskarar å delta på linje med forskarar frå andre medlemsland og å bidra til global kunnskapsutvikling og forsking av høg kvalitet. Kunnskapen frå desse organisasjonane blir brukt til å realisere den nasjonale forskingsagendaen. Forskarane får kjennskap til ny teknologi og tilgang til ei rekke infrastrukturtenester. Gjennom kurs og opplæring ved grunnforskingsorganisasjonane hentar norske forskarar heim kunnskap til nytte for det norske forskingsmiljøet. Medlemskap i desse organisasjonane bidrar òg til å utvikle det felleseuropeiske forskingsområdet.

CERN er verdas leiande laboratorium innanfor partikkelfysikk. CERN er basert på forpliktande og langsiktig samarbeid mellom 22 medlemsland, hovudsakleg frå Europa. Noreg har vore medlem i CERN sidan organisasjonen blei oppretta i 1954. Forskingssenteret ligg i Genève og husar mellom anna verdas største partikkelakselerator, Large Hadron Collider (LHC). Nær 100 nordmenn deltar i eksperimenta ved CERN knytte til LHC-detektorane ALICE og ATLAS og til den kjernefysiske akseleratoren ISOLDE.

EMBL er ein verdsleiande forskingsorganisasjon innanfor molekylærbiologi. 20 medlemsland eig og driv organisasjonen, som blei oppretta i 1974 for å fremme kvalitet og samarbeid i molekylærbiologisk forsking. Ved utgangen av 2017 var det fem norske tilsette på laboratoriet til EMBL. EMBL samarbeider med framifrå forskingsmiljø gjennom partnarskap. Noreg er vertskap for to slike: eitt innanfor marin molekylærbiologi ved SARS-senteret i Bergen og eitt innanfor molekylærmedisin ved Universitetet i Oslo.

EMBC samarbeider tett med EMBL, men er ein eigen organisasjon. EMBC har 27 medlemsland. EMBC arbeider med kursing og opplæring, og finansierer aktivitetane til European Molecular Biology Organization (EMBO). EMBO er ein organisasjon for framifrå forskarar innanfor molekylærbiologi.

European Synchrotron Radiation Facility (ESRF) er ein internasjonal forskingsinfrastruktur i Grenoble, Frankrike. Synkrotronen genererer sterke røntgenstrålar som blir brukte til å studere den indre strukturen i materiale heilt ned til nanonivå. Infrastrukturen blir nytta til forsking innanfor materialvitskap, nanoteknologi, helse, farmasi mv. Noreg er medlem i infrastrukturen gjennom ein internasjonal konvensjon som blei inngått i 1988. Organisasjonen omfattar òg den sveitsisk-norske strålelinja (SNBL).

IARC er eit internasjonalt kreftforskingsinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Noreg er eitt av 25 medlemsland i IARC. Hovudformålet er å fremme internasjonalt kreftforskingssamarbeid. Årsaker til kreft og førebygging av kreft er sentrale forskingsfelt. IARC legg vekt på samarbeid med fattige land og fungerer òg som global referanseorganisasjon når det gjeld omfanget av kreftsjukdom verda over. Etter nominasjon frå Noreg blei Elisabete Weiderpass valt som ny direktør for IARC frå 1. januar 2019, og ho er første kvinne i denne posisjonen. Ein norsk forskar leier IARC sin vitskaplege komité, og fleire norske forskarar samarbeider med forskingsgrupper ved IARC.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 286,4 mill. kroner på posten i 2019, mot 338,6 mill. kroner i 2018. Reduksjonen skyldast i hovudsak ei styrkt norsk krone mot euro og sveitsiske franc og redusert kontingent til CERN. Kontingentane for dei einskilde medlemslanda blir bestemte ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2019 er ennå ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2019 tar for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtatte for 2018.

Tabell 4.19 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta

CHF

Euro

1 000 kroner

CERN

27 834 600

230 100

EMBC

565 858

5 394

EMBL

3 079 914

29 359

ESRF

1 197 500

11 415

ESRF Upgrade

310 000

2 955

IARC

753 457

7 182

Sum

286 405

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, kan overførast

Løyvinga dekker norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, etterbetalingar til EUs tidlegare rammeprogram for forsking, og Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT).

Mål for 2019

Målet med løyvinga er høg kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka verdiskaping, betre velferd og berekraftig samfunnsutvikling, og utvikling av norsk forsking og innovasjon.

Rapport for 2017

Horisont 2020 starta opp i januar 2014. Programmet har tre hovudområde: framifrå forsking, eit konkurransedyktig næringsliv og store samfunnsutfordringar. Deltakinga i rammeprogrammet gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur. Regjeringa legg stor vekt på god norsk deltaking i Horisont 2020 som ein vesentleg del av norsk forskingspolitikk. Dette blei spegla i Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 . Opptrappinga av løyvingane til stimuleringsordningar for norsk deltaking i Horisont 2020 på 400 mill. kroner, jf. kap. 285 post 53, blei fullført i 2018. I mars 2018 nådde Noreg for første gong regjeringa sin ambisjon om to pst. returrate for deltaking i Horisont 2020. Dei siste tala frå Europakommisjonen viser at Noreg per juni 2018 hadde mottatt dryge to pst. av midlane som var delte ut til prosjekt i Horisont 2020. Om lag halvparten av midlane i Horisont 2020 er enno ikkje delte ut. Det blir derfor viktig framover at aktørane opprettheld det gode arbeidet med å søke om midlar til forskings- og innovasjonsprosjekt og samarbeid gjennom deltaking i rammeprogrammet.

Når det gjeld norsk deltaking i prosjekt, gjer vi det best innanfor den delen av programmet som er retta mot å møte dei store samfunnsutfordringane, og særleg høg er utteljinga innanfor mattryggleik og energi. Samstundes er det potensial for norske aktørar for å gjere det betre innanfor programmet for helse i samfunnsdelen av programmet, og i European Research Council (ERC) i eksellensdelen av programmet. Den norske deltakinga innanfor ERC er svak om ein samanliknar med dei andre universitets- og høgskoleinstitusjonane i Norden.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 2,2 mrd. kroner på posten i 2019. Dette er på same nivå som i 2018. Etter EØS-avtalen art. 82 nr. 1 bokstav a skal bidraget frå Noreg til programsamarbeidet med EU vere lik Noregs del av det samla BNP i EU- og EFTA-landa. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag er basert på overslaget til Europakommisjonen over kor mykje som vil bli betalt ut i 2019. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2019 vil ligge føre når EU har vedtatt budsjettet sitt for 2019 i løpet av hausten 2018.

Sjølv om programperioden til det sjuande rammeprogrammet blei avslutta i 2013, vil utbetalingane frå programmet bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må betale bidrag til det sjuande rammeprogrammet samtidig med bidrag til Horisont 2020.

Post 75 UNESCO-kontingent

UNESCO, FN sin særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltar i UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, som er dei styrande organa i UNESCO, og kan dermed vere med på å påverke UNESCOs arbeid. Kontingenten er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.

Mål for 2019

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av FNs berekraftmål 4 om utdanning, ein ny global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgre utdanning, for at organisasjonen arbeider for eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, for å verne og styrke verda sin kultur- og naturarv og for å styrke presse- og ytringsfridommen. I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og konsentrere innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna sine.

Rapport for 2017

UNESCOs 39. generalkonferanse blei arrangert hausten 2017. Den tidlegare franske kulturministeren, Audrey Azoulay, blei valt til ny generaldirektør. Generalkonferansen vedtok nytt program for UNESCO for 2018–21 og nytt budsjett for 2018–19. Berekraftmåla og Agenda 2030 er godt innarbeidde som førande for UNESCOs arbeid i både program og budsjett. Sjå eigen omtale av rapportering på berekraftmåla i del III. Generalkonferansen gav tilslutning til at UNESCO arbeider vidare med ny global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgre utdanning med sikte på vedtak av konvensjonen på neste generalkonferanse i 2019.

Den internasjonale havforskingskomiteen har vore aktiv i å fremme eit internasjonalt tiår om havforsking og å synleggjere samanhengen mellom tilstanden til hava og klimaendringar samt tydinga av hav for dei andre berekraftmåla. Noreg blei valt inn i Verdsarvkomiteen, som har som formål å verne og beskytte verdas kultur og naturarv.

Noreg har arbeidd for at UNESCO framleis skal ha eit best mogleg mandat for presse- og ytringsfridom i nytt program og budsjett.

Saman med dei andre nordiske landa arbeider Noreg kontinuerleg med å gjere UNESCO meir effektivt og resultatorientert, og innføre eit meir kjønnsnøytralt språk og meir straumlinjeforma vedtaksstrukturar i organisasjonen.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å løyve 22,8 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2019. Noreg blei valt til Verdsarvkomiteen i 2017, og Klima- og miljødepartementet har ansvaret for verdsarvarbeidet både i Noreg og internasjonalt. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at tilskottet til World Heritage Fund, tilsvarande 236 000 kroner i 2019, blir flytt frå kap. 288 post 75 til kap. 1400 post 71 på budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskottsordninga til UNESCO-formål. Den norske UNESCO-kommisjonen forvaltar ordninga. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Drifta av Den norske UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200 post 21.

Mål for 2019

Tilskottsordninga skal styrke arbeidet og ansvarsområda til UNESCO, gjere UNESCO meir kjent i Noreg, og understøtte dei vedtatte satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen.

Rapport for 2017

Tilskottsordninga til UNESCO-kommisjonen gjekk i 2017 til å støtte 22 ulike prosjekt innanfor dei prioriterte områda presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarven og demokratiutvikling. Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere ansvarsområda til UNESCO meir kjente i fleire delar av landet. Ein del av løyvinga gjekk i 2017 til å sikre vidare støtte til UNESCOs skolenettverk ASP-net (Associated School Program Network). ASP-net er eit globalt nettverk av meir enn 9 000 utdanningsinstitusjonar i 180 land som arbeider for å fremme verdiane og måla til UNESCO. I 2017 auka talet på medlemsskolar i Noreg frå 29 til 35. FN-sambandet er nasjonal koordinator for ASP-net i Noreg.

Budsjettforslag for 2019

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 4 mill. kroner på posten i 2019. Dette inkluderer ei særskild løyving på 700 000 kroner til UNESCOs skolenettverk ASP-net. Dette er ein auke på 300 000 kroner frå 2018.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

5 601

6 026

5 698

Sum kap. 3288

5 601

6 026

5 698

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

2410

Statens lånekasse for utdanning

38 508 346

40 128 690

42 114 074

4,9

Sum kategori 07.80

38 508 346

40 128 690

42 114 074

4,9

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

5310

Statens lånekasse for utdanning

16 421 118

16 728 679

17 916 463

7,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 977 407

3 880 231

4 857 196

25,2

Sum kategori 07.80

20 398 525

20 608 910

22 773 659

10,5

Innleiing

Utdanningsstøtteordninga er ei velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av kvar dei bur, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske tilhøve. Utdanningsstøtta skal òg legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. Slik får samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse.

Hovudprioriteringar for 2019

Regjeringa følger opp planen for å utvide studiestøtteperioden til elleve månader, og foreslår derfor at heiltidsstudentar i høgre utdanning og fagskole skal få betalt ut støtte for ein periode på ti månader og tre veker i undervisningsåret 2018–19. Utvidinga gir ein realvekst i støtta på 2,4 pst., og løyvingsbehovet i 2019 aukar med 164,6 mill. kroner som følge av dette. I tillegg kjem auka utlån.

Som varsla i budsjettproposisjonen for 2018 foreslår regjeringa også ei endring i ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga), som skal gi studentane i høgre utdanning sterkare insentiv til å gjennomføre heile gradar. Endringa inneber at denne gruppa frå undervisningsåret 2019–20 vil kunne få 25 pst. av basisstøtta omgjord til stipend på grunnlag av oppnådde studiepoeng, og 15 pst. på grunnlag av oppnådd grad. Løyvingsbehovet i 2019 minkar med 256,4 mill. kroner som følge av dette.

Departementet foreslår også nokre mindre tiltak for å legge betre til rette for at vaksne kan ta utdanning. Samla gir desse eit auka løyvingsbehov på 14,8 mill. kroner i 2019. I tillegg kjem auka utlån.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I høgre utdanning er to av tre studentar støttemottakarar. Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett) har rett til utstyrsstipend. I 2017–18 nytta 87 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Åtte pst. av støttemottakarane i høgre utdanning fekk støtte til utdanning på deltid i 2017–18.

Ifølge undersøkinga Eurostudent VI , publisert i 2018, er Noreg det landet i undersøkinga etter Danmark der flest studentar i høgre utdanning tar imot offentleg utdanningsstøtte. For studentar under 22 år er utdanningsstøtte den viktigaste inntektskjelda deira. Delen studentar som har betalt arbeid ved sida av studia, aukar med alderen til studentane. Bortebuande studentar arbeider meir enn dei som bur heime hos foreldra.

Regjeringa er opptatt av å legge til rette for at det skal vere mogleg for den einskilde studenten å planlegge og gjennomføre studia på normert tid. Utdanningsstøtta er retta inn slik at ho tillèt ein rimeleg kombinasjon av studium på heiltid og noko arbeid ved sida av studia. Undersøkingar viser at noko arbeid ved sida av studia ikkje går ut over studieprogresjonen. Både den siste levekårsundersøkinga om studentar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2010 og NOKUTs Studiebarometeret for perioden 2014–17 viser at heiltidsstudentane arbeider rundt åtte timar per veke i snitt ved sida av studia. Av dei som tar vidareutdanning ved høgskolar og universitet, er det berre ein av seks som nyttar Lånekassen. Om lag halvparten av denne gruppa har så høg inntekt at dei ikkje har rett til å få støtte i form av stipend.

Stipend til dei som får støtte til høgre utdanning og andre utdanningar som er omfatta av det same regelverket, blir behovsprøvde. Totalt fekk litt under 19 pst. av desse støttemottakarane redusert eller heilt bortfall av stipend på grunn av inntekt, formue eller trygd over fribeløpet i behovsprøvinga for 2016. Dette er stabilt samanlikna med tidlegare år.

Strategiar og tiltak

I tråd med planen for opptrapping til elleve månader med studiestøtte, som Stortinget slutta seg til ved behandlinga av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 , vil regjeringa utvide støtteperioden for heiltidsstudentar i høgre utdanning og fagskole med ytterlegare ei veke våren 2019. Tre firedelar av utvidinga av støtteperioden vil med dette vere gjennomført, og den årlege basisstøtta i 2018–19 vil for heiltidsstudentar bli 116 369 kroner. Saman med tidlegare gjennomførte realaukar i basisstøttesatsen, og ei monaleg satsing på utbygging av studentbustader, vil utvidinga av støtteperioden gjere studentane mindre avhengige av lønnsarbeid eller økonomisk støtte frå familien. Auka basisstøtte er eit viktig verkemiddel for at studentane skal kunne fullføre utdanninga raskare.

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring har rett til utstyrsstipend frå Lånekassen. Målet er at det skal vere rimeleg samsvar mellom dei faktiske utgiftene til nødvendig utstyr og det stipendet som blir tildelt den einskilde eleven. Utdanningsdirektoratet har saman med Lånekassen fått i oppdrag å kartlegge kostnadsnivået for individuelt utstyr i vidaregåande opplæring.

Mål: Fleire er i arbeid og deltar i samfunnslivet

Utviklingstrekk og utfordringar

To element i utdanningsstøtteordninga skal medverke til at studentane blir raskare ferdige med utdanninga og kjem seg ut i arbeid. Det eine elementet er ordninga med omgjering av delar av utbetalt lån til stipend på grunn av fullført utdanning, og det andre er ulike reglar som set grenser for kor lang tid ein kan få støtte til forseinking og til kombinasjonar av utdanningar.

Ein større del av studentane på bachelornivå enn på mastergradsnivå fell frå undervegs i utdanninga. Eitt år etter normert tid har 70 pst. av mastergradsstudentane fullført utdanninga, men berre 53 pst. av bachelorstudentane. Delen av studentane på bachelornivå som fullfører graden på normert tid, aukar i 2017 samanlikna med tidlegare år. Færre mastergradsstudentar enn tidlegare år har greidd dette. Gjennomstrøyminga i høgre utdanning bør bli betre, slik at arbeidslivet får tilgang til ferdigutdanna kandidatar på eit tidlegare tidspunkt enn i dag. Det vil bidra til å styrke konkurransekrafta i Noreg.

Dei norske utdanningsstøtteordningane er gode jamført med både nordiske land og andre land det er naturleg å samanlikne med. Dette gjeld framfor alt for høgre utdanning, og i mindre grad for vaksenopplæring. Få vaksne tar opp lån for å skaffe seg grunnopplæring eller for å ta vidareutdanning. Dette kan mellom anna skyldast at ordningane i Lånekassen i mindre grad er tilpassa dei behova vaksne har når dei studerer på heiltid eller kombinerer studium med arbeid. Vaksne som tar ulike kortare og lengre utdanningar, får støtte etter dei same reglane og satsane for støtte som unge heiltidsstudentar i høgre utdanning.

Strategiar og tiltak

Regjeringa si satsing på auka basisstøtte kjem med større forventningar til studentane om å fullføre utdanninga raskare og komme seg ut i arbeid. Som eit tiltak for betre gjennomføring i høgre utdanning foreslår regjeringa å endre ordninga for omgjering av utdanningslån til stipend for dei som tar slik utdanning. Studentar i høgre utdanning får i dag heile basisstøtta utbetalt som lån. Med nåverande ordning for omgjering av utdanningslån til stipend kan inntil 40 pst. av basisstøtta bli gjord om til stipend etter kvart som utdanninga blir gjennomført. Omgjeringa er den same enten dei avlagde eksamenane fører fram til ein grad eller ikkje. Regjeringa meiner at ordninga i større mon bør stimulere studentane til å gjennomføre gradsstudium, og foreslår derfor at ein del av omgjeringa til stipend skal knytast opp mot avlegging av gradar. Etter forslaget skal inntil 25 pst. av lånet framleis kunne bli omgjord til stipend på bakgrunn av oppnådde studiepoeng, medan 15 pst. av lånet skal kunne omgjerast på bakgrunn av oppnådd grad. Endringa vil ikkje påverke støttenivået medan studentane er under utdanning, men for dei som tar utdanning som ikkje fører fram til ein avlagd grad, vil studiegjelda etter avslutta utdanning bli høgre enn i dag.

Regjeringa vil gjere det enklare for vaksne å finansiere utdanning. Dette inneber mellom anna å vurdere behovet for å lage meir fleksible støtteordningar som er betre tilpassa vaksne som vil utvikle kompetansen sin og gjere seg meir attraktive på arbeidsmarknaden. Regjeringa har sett ned eit utval som greier ut korleis det kan leggast til rette for betre finanisering av livsopphald for vaksne som tar grunnskole- eller vidaregåande opplæring. Utvalet skal komme med forslag til finansieringsordningar i desember 2018.

Departementet vil gjere nokre endringar i utdanningsstøtteordninga som støttar opp under målet om at fleire vaksne kan få påfyll av kunnskap. For å legge til rette for meir fleksibilitet foreslår departementet å fjerne kravet om at vidaregåande opplæring for vaksne må bestå av minst seks undervisningstimar per veke for å gi rett til støtte. Departementet foreslår også å endre praksis i berekninga av støtte til vaksne i vidaregåande opplæring som har fritak for kroppsøving, slik at fritaket ikkje lenger vil kunne føre til reduksjon i støtta.

Departementet foreslår òg å utvide satsinga på yrkessjåførutdanningar, slik at støtteordninga også omfattar grunnutdanning for lastebil- og vogntogsjåførar. Frå og med hausten 2018 er det gitt støtte til komprimerte bussjåførutdanningar ved godkjente trafikkskolar. I Innst. 12 S (2017–2018) uttrykte utdannings- og forskingskomiteen at det er viktig å legge tilhøva til rette for å møte ein venta auke i etterspørselen etter lastebilsjåførar på ein best mogleg måte. Norges Lastebileier-Forbund viser til at det er behov for om lag 15 000 nye lastebilsjåførar innan 2030, og i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det rekna med om lag ei dobling i godstransport på veg fram mot 2050. Kostnadene til dei ulike yrkessjåførutdanningane varierer, og departementet foreslår derfor at sjåførelevane også skal få tilgang til eit høgre lånebeløp for å dekke kostnadene til utdanningane.

Regjeringa er opptatt av å rekruttere gode kandidatar til lærarutdanninga, og at elevane får lærarar som er godt kvalifiserte. Derfor blei det i 2017 etablert ordningar for sletting av studielån for personar som tar seg arbeid i skolen etter å ha fullført ei femårig lærarutdanning. Fordi det er særlege utfordringar med å rekruttere fleire kvalifiserte lærarar til barnetrinnet og til skolen i Nord-Noreg, er ordninga innretta sånn at dei som tar grunnskolelærarutdanning for 1.–7. trinn og dei som tar seg lærarjobb i Nord-Noreg kan få sletta det største beløpet.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 45

383 308

391 399

392 941

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast, kan nyttast under post 01

3 251

50

Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving

6 588 778

6 929 577

7 167 192

70

Utdanningsstipend , overslagsløyving

2 798 182

2 806 225

2 983 362

71

Andre stipend , overslagsløyving

737 798

775 837

742 493

72

Rentestøtte , overslagsløyving

1 049 751

1 011 612

1 255 776

73

Avskrivingar , overslagsløyving

574 300

610 420

602 006

74

Tap på utlån

380 045

385 550

386 200

90

Auka lån og rentegjeld , overslagsløyving

25 992 933

27 218 070

28 584 104

Sum kap. 2410

38 508 346

40 128 690

42 114 074

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Kunnskapsdepartementet fastset reglane for utdanningsstøtteordningane, men det er Lånekassen som forvaltar dei.

Mål for 2019

For å oppfylle formålet i utdanningsstøttelova har Kunnskapsdepartementet formulert følgande mål for Lånekassen:

  • Lånekassen skal tilby kundane brukarvennlege, raske og korrekte tenester.

  • Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane effektivt og sikkert.

  • Lånekassen skal medverke til å utvikle utdanningsstøtteordningane.

Rapport for 2017

Dei overordna måla for Lånekassen er konkretiserte gjennom resultatmål som er fastsette av Kunnskapsdepartementet i tildelingsbrevet for 2017. Lånekassen har i hovudsak nådd resultatmåla. Men måla for maksimal behandlingstid for søknader om utdanningsstøtte og betalingsutsetting blei ikkje nådde fullt ut fordi saksbehandlingstida for manuelle saker blei for lang. Samtidig har Lånekassen hatt rekordhøg svarprosent på telefonen og overoppfylt målsettinga på dette området. Når det gjeld prosentdel for heilautomatiske saker og svartid på e-postar, blei resultatmåla innfridde.

Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida auka samanlikna med året før. Dette skyldast fleire forhold som til dømes omfattande testing i samband med utviklinga av elleve månader med studiestøtte, og at det kom vesentleg fleire søknader enn føresett frå førstegongssøkarar med utanlandsk statsborgarskap som ein følge av flyktningstraumen hausten 2015.

I 2017 kom det inn 843 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetting, sletting av renter og sletting av lån. Klagenemnda i Lånekassen fekk i 2017 inn 269 saker. Kunden fekk medhald i fem av desse sakene. Dette tyder på god kvalitet i saksbehandlinga.

I innbyggarundersøkinga til Direktoratet for forvaltning og ikt (DIFI) for 2017 kom Lånekassen igjen best ut av alle myndigheitsorgan i vurderinga av både tillit og kundetilfredsheit. Lånekassen sin gode digitale dialog er ein viktig faktor for dei gode resultata i denne undersøkinga. Den digitale dialogen med kundane i Lånekassen har komme eit vesentleg steg vidare gjennom innføringa av sjølvbeteningstenestene «melde endring» og «kundeoppgåver». Kundane kan nå melde endringar direkte på Dine sider, og det er også ressurssparande for Lånekassen at slike oppgåver blir digitaliserte. Fleire enn 25 000 kundar har brukt funksjonen «melde endring» i 2017. I 2017 hadde lanekassen.no 8,2 mill. besøk, og Dine sider hadde 3,5 mill. innloggingar. Lånekassen har effektivisert drifta gjennom eit målretta arbeid over mange år. Dette har vore nødvendig for å kunne auke innsatsen når det gjeld vidare utvikling, blant anna for å sikre lang levetid for, og utnytte kapasiteten i, det nye IKT-systemet.

Den positive trenden med ein reduksjon i talet på kundar som har problem med å betale tilbake låna sine, heldt fram også i 2017. Prosentdelen kundar som mislegheld lånet sitt, ligg stabilt på fire pst., medan talet på kundar med oppsagde lån er redusert med 1 200 samanlikna med 2016.

Lånekassen gjennomførte i 2017, for tredje år på rad, ein stor kontroll av studentar som opplyser at dei ikkje bur saman med foreldra sine. 43 000 studentar i denne gruppa blei kontrollerte, og 2 300 studentar hadde gitt feil opplysningar til Lånekassen. Dette resultatet er på linje med tidlegare kontrollar. Kontrollen gav ein gevinst på rundt rekna 40,5 mill. kroner (redusert utdanningsstipend). Lånekassen gjennomførte også fleire andre kontrollar som omfatta både tildeling av støtte og tilbakebetaling. Områda som blir valde ut til ekstra kontrollar, er baserte på risikovurderingar i Lånekassen.

Etter forslag frå Lånekassen vedtok Kunnskapsdepartementet i januar 2017 å legge ned seksjonane i Tromsø i 2019 og Bergen i 2023. Arbeidet med å nedbemanne desse einingane har starta, og element frå staten sin verkemiddelpakke i omstillingsavtalen blir brukte, i nært samarbeid med dei det gjeld, vernetenesta og dei tillitsvalde. Det er eit mål at tilsette ikkje skal stå utan jobb etter at seksjonane stenger. I tillegg er det avgjort at talet på tilsette ved hovudkontoret i Oslo på lengre sikt skal reduserast. Slike omstillingar er krevjande, men nødvendige for å møte langsiktige krav.

Budsjettforslag for 2019

Som følge av utfasing av IKT-utviklingsmidlar foreslår departementet å redusere løyvinga på post 01 med 6,8 mill. kroner. Brorparten av reduksjonen er knytt til at utgiftene til IKT-utvikling i samband med ei foreslått endring i konverteringsordninga frå studieåret 2019–20 er berekna til å bli ein god del lågare i 2019 enn dei var i 2018. Sjå under kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617 for nærare omtale av forslaget. Ein mindre del av den foreslåtte reduksjonen er knytt til utfasing av eitt- og toårige midlar til IKT-utvikling som blei løyvde i 2018- og 2017-budsjettet i samband med fleire endringar i utdanningsstøtteregelverket. Dette gjeld mellom anna innføring av ei ny gjeldsavskrivingsordning for grunnskolelærarar i tiltakssona.

Kunnskapsdepartementet vil disponere inntil 1,6 mill. kroner av løyvinga på kap. 2410 post 01.

Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvingane på desse kapitla og postane utgjer støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i støtteordningane gjennom Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei einskilde postane omtalte kvar for seg lenger nede i teksten.

Mål for 2019

Kvar einskild elev og student har god tilgang til utdanning, og samfunnet og arbeidslivet får tilgang på kompentanse.

Rapport for 2017

Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tar utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 31. desember 2017 1 088 000 kundar. Av desse var 673 000 i tilbakebetalingsfasen, medan 415 000 var støttemottakarar.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2017–18 på 29,5 mrd. kroner. Av dette blei 3,8 mrd. kroner betalte ut som stipend, sjå tabell 4.22 for fordeling på dei ulike stipendformene. 25,7 mrd. kroner blei betalte ut som lån.

I kalenderåret 2017 blei 3,5 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg blei 6,4 mrd. kroner gjorde om frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2017 blei 10 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i hovudtala for støttemottakarar og tilbakebetalarar i Lånekassen.

Tabell 4.20 Hovudtal for tildeling til vidaregåande opplæring

2014–15

2015–16

2016–17

2017–18

Tal på elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring 1

235 807

238 353

239 287

239 630

Tal på elevar/lærlingar med ungdomsrett

210 477

212 888

213 872

213 493

Tal på støttemottakarar med ungdomsrett

170 427

160 849

163 310

163 410

Sum stipend (i mill. kroner)

2 520

1 950

1 913

1 970

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

14 829

12 143

11 713

12 084

Sum lån (i mill. kroner)

160

136

143

148

Gjennomsnittslån (i kroner)

18 786

23 267

24 098

24 442

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

Tabell 4.21 Hovudtal for tildeling til høgre utdanning m.m.

2014–15

2015–16

2016–17

2017–18

Tal på studentar i høgre utdanning 1

267 945

278 015

286 050

289 958

Tal på støttemottakarar i høgre utdanning

187 904

192 060

195 896

197 838

Tal på andre støttemottakarar 2

39 330

41 140

43 633

47 043

Sum lån inkl. omgjeringslån (i mill. kroner)

21 172

22 435

23 925

25 588

Gjennomsnittslån (i kroner)

94 403

97 507

101 387

106 180

Utbetalt konverteringsstipend 3 (i mill. kroner)

5 736

5 633

2 073 4

4

Sum andre stipend (i mill. kroner)

1 459

1 653

1 718

1 832

1 Tal på studentar i høgre utdanning frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og Lånekassens tal på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskolar, folkehøgskolar, bibelskolar, korte yrkesretta utdanningar samt elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Utbetalt stipend etter kontroll av inntekt og formue mot berekningsgrunnlaget for fastsetting av skatt. Status per august 2018.

4 Omgjering frå lån til stipend skjer samtidig med kontroll av inntekt og formue mot berekningsgrunnlaget for fastsetting av skatt. Kontroll for 2017 blir gjennomført hausten 2018. Det er derfor ennå ikkje utbetalt konverteringsstipend for 2017 og 2018.

Tabell 4.22 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2016–17

2017–18

2016–17

2017–18

Grunnstipend

17 584

17 236

420

424

Bustipend

26 806

26 476

1 009

1 025

Utstyrsstipend

158 430

158 390

253

258

Flyktningstipend

5 015

6 697

386

497

Stipend til skolepengar i utlandet

15 860

15 545

467

461

Tilleggsstipend til skolepengar i utlandet

2 339

2 184

112

100

Valutajustering (netto) av stipend og tilleggsstipend til skolepengar i utlandet

13 499

14 714

–27

4

Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar

731

728

55

56

Språkstipend

445

483

9

10

Reisestipend, Noreg og Norden

26 695

10 230

46

20

Reisestipend, utanfor Norden

23 484

23 521

140

80

Sjukestipend 1

931

1 118

27

36

Foreldrestipend 1

3 349

3 008

227

211

Forsørgarstipend

19 682

21 445

343

407

Stipend til søkarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming

5 007

6 352

161

213

Totalt

319 857

308 127

3 629

3 802

1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2016–17 blei det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 69 mill. kroner, og ved fødsel 272 mill. kroner.

Tabell 4.23 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

2014

2015

2016

2017

Tal på tilbakebetalande låntakarar

612 795

636 205

653 842

672 865

Renteberande lån (i mill. kroner)

101 735

108 978

115 186

122 215

Betalte renter (i mill. kroner)

2 974

2 940

2 484

2 627

Avdrag (i mill. kroner)

5 918

7 394

7 759

8 260

Ettergitte/avskrivne (i mill. kroner)

449

599

596

574

Rentestøtte (i mill. kroner)

977

1 001

847

1 050

Uteståande lån (i mill. kroner)

144 990

153 536

162 340

172 003

Uteståande renter (i mill. kroner)

1 774

1 730

1 620

1 672

Tildeling av støtte

I undervisningsåret 2017–18 blei det innført fleire tiltak for å betre tilhøva for ulike grupper elevar og studentar og for å målrette støtteordningane betre.

For å halde oppe kjøpekrafta til støttemottakarane blei alle støttesatsar auka i tråd med venta prisvekst, det vil seie 2,3 pst.

Opptrapping til elleve månader med studiestøtte

Regjeringa la i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 fram ein plan for å utvide utdanningsstøtteperioden for heiltidsstudentar ved universitet, høgskolar og fagskolar gradvis, i fire trinn, til elleve månader. Første trinn i opptrappinga blei gjennomført i undervisningsåret 2016–17, og innebar at 169 000 studentar fekk betalt ut 2 600 kroner ekstra i støtte i slutten av vårsemesteret 2017. Meirutbetalinga svarer til ein årleg realvekst i støtta på 2,5 pst. Gjennom å halde fram med å fase inn den ellevte månaden med støtte, slik opptrappingsplanen legg opp til, vil realveksten i støtta bli tilsvarande i dei neste tre åra. Støtteperioden blei utvida også våren 2018, slik at det nå står att to trinn i opptrappinga.

Betre tilhøve for utdanning i utlandet

Låneramma i skolepengestøtteordninga for studentar i utlandet blei utvida med 100 000 kroner i 2017–18. Dette blei gjort fordi ein aukande del av utanlandsstudentane fekk problem med å finansiere utdanninga si innanfor dei rammene som gjaldt fram til da. 5 200 utanlandsstudentar, som er drygt 20 pst. av dei som får støtte til høgre utdanning i utlandet, nytta seg av den utvida låneramma i skolepengestøtteordninga i 2017–18. Endringa har ført til at det nå berre er tre pst. av utanlandsstudentane som ikkje får fullfinansiert skolepengeutgiftene gjennom ordninga i Lånekassen. I 2016–17 var denne delen 26 pst.

I 2016–17 blei det gjort fleire mindre endringar for å styrke dei to støtteordningane for førebuande språkopplæring i ikkje-engelskspråklege studieland. I 2017–18 blei det gjort ytterlegare ei endring for å stimulere fleire til å velje utdanning utanfor den engelskspråklege verda. Før 2017–18 var det krav om at ein måtte halde fram med å ta utdanning i det landet der språkkurset blei tatt, dersom ein skulle få noko av støtta til språkopplæringa som stipend. Dette kravet blei fjerna i 2017–18 for å senke barrieren for å ta slik opplæring. Talet på studentar som nyttar seg av den såkalla språklege tilretteleggingsordninga, er nesten fire gonger høgre i 2017–18 enn det var i 2015–16. Det er grunn til å tru at dei regelendringane som har blitt gjennomførte i dei siste to undervisningsåra, er mykje av årsaka til denne gledelege utviklinga. Når det gjeld den andre ordninga for støtte til språkopplæring, som blir kalla språkstipendordninga, har talet på brukarar ikkje endra seg særleg sidan 2015–16.

Den særskilde tidsramma for utdanningsstøtte til personar som vel å ta ei heil doktorgradsutdanning i utlandet, blei utvida frå ti til tolv år. Det var 257 som fekk støtte til utdanning på ph.d.-nivå i utlandet i 2017–18, og støttetildelingsstatistikken indikerer at 15 av desse fekk støtte til eit ellevte år som følge av regelendringa. Departementet tar dette som eit teikn på at regelendringa bidrar til å gjere det enklare å ta ei heil doktorgradsutdanning i utlandet.

Vilkåra for å kunne få støtte til å ta vidaregåande opplæring i utlandet for barn som følger foreldra sine til utlandet, blei endra i skoleåret 2017–18, slik at støtteretten blei gjord uavhengig av kva for formål foreldra har med å opphalde seg i utlandet. Med mindre årsaken til at foreldra buset seg i utlandet, er sjukdom, skal det likevel vere eit vilkår for støtte at utanlandsopphaldet er av tidsavgrensa karakter. Endringa ser så langt ikkje ut til å ha ført til nokon særleg auke i talet på støttemottakarar i vidaregåande opplæring i utlandet, men ho har gitt eit enklare regelverk som er lettare å kommunisere til den aktuelle gruppa.

For å hjelpe fram internasjonaliseringsarbeidet også i fagskolesektoren blei det frå 2017–18 opna for at fagskolestudentar kan få støtte til delstudium i utlandet. Det blei også innført rett til støtte til yrkesfagleg utdanning i utlandet innanfor små handverksfag. Departementet vonar at fleire i åra som kjem, vil nytte seg av dei sjansane dette gir til å ta yrkesfagleg utdanning i utlandet.

Ekstra skolepengelån til trafikkflygarutdanning

Det er behov for å rekruttere fleire trafikkflygarar, og dei private flyskolane krev svært høge studieavgifter. På denne bakgrunnen blei det innført høve til å ta opp eit ekstra skolepengelån på inntil 350 000 kroner per undervisningsår for dei som tar privat trafikkflygarutdanning. 269 pilotstudentar har nytta seg av høvet, og dei tok i gjennomsnitt opp drygt 240 000 kroner i ekstra skolepengelån i 2017–18.

Betre målretting av støtteordningane

Det blei innført behovsprøving av flyktningstipendet for vaksne som får dette stipendet til å ta grunnskole- eller vidaregåande opplæring. Departementet vil rapportere om denne endringa i budsjettproposisjonen for 2020.

Reisestipendet i Noreg og Norden for studentar m.m. blei avvikla. Før avviklinga var det berre sju pst. av støttemottakarane som kvalifiserte for dette stipendet, og mange av desse fekk temmeleg små beløp. Vidare blei stipenddelen i det reisetilskottet som blir gitt til studentar i land utanfor Norden, redusert frå 70 pst. til 35 pst. Den reduserte stipenddelen har ikkje ført til vesentleg endring i talet på mottakarar av reisetilskottet.

Tilbakebetaling av støtte

Reglane for fastsetting av renter på utdanningslån blei endra slik at rentenivået i Lånekassen frå 1. januar 2017 blei 0,35 prosentpoeng høgre enn det ville ha vore med det tidlegare regelverket.

Budsjettforslag for 2019

Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde for undervisningsåret 2019–20, og forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån, som skal gjelde for kalenderåret 2019, blir sende ut til alminneleg høyring medio oktober 2018. Forslaget til forskrifter er i tråd med budsjettforslaget.

Sidan ein del av undervisningsåret 2019–20 ligg utanfor budsjettåret 2019, er det behov for to tilsegnsfullmakter, jf. forslag til vedtak III nr. 3 og 4.

Departementet foreslår at alle støttesatsar i Lånekassen blir justerte i samsvar med venta årleg prisvekst, det vil seie 1,8 pst., for undervisningsåret 2019–20. Vidare foreslår departementet at alle inntekts- og formuesgrenser som blir nytta i samband med behovsprøving av utdanningsstøtte, rentefritak og gjeldsettergiving, blir justerte i samsvar med lønnsveksten i aktuelle år. Desse justeringane utgjer, saman med renteføresetnadene for 2019 og oppdaterte overslag over talet på støttemottakarar i ulike kategoriar, ein vesentleg del av grunnlaget for dei løyvingane som departementet gjer framlegg om på kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617. Departementet foreslår også fleire regelendringar og nye tiltak som vil påverke løyvingsbehovet på dei nemnde postane. Slike forslag er det gjort nærare greie for nedanfor.

Regjeringa foreslår å utvide støtteperioden for heiltidsstudentar i høgre utdanning og fagskoleutdanning med ei veke våren 2019, slik at dei i undervisningsåret 2018–19 totalt vil få støtte for ein periode på ti månader og tre veker. Samanlikna med førre undervisningsåret vil desse studentane dermed få betalt ut drygt 2 700 kroner meir i juni. Med dette følger regjeringa opp den planen for gradvis innføring av ein ekstra månad med studiestøtte som blei lagd fram våren 2016. Forslaget inneber at løyvingsbehovet aukar med 164,6 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån på 496,9 mill. kroner.

Regjeringa vil gi studentane sterkare insentiv til å oppnå gradar, i tråd med liknande insentiv i finansieringssystemet for høgre utdanningsinstitusjonar, og foreslår derfor ei endring i ordninga med omgjering av lån til stipend for dei som tar høgre utdanning. Dei som tar fagskoleutdanning, folkehøgskoleutdanning, vidaregåande opplæring for vaksne m.m., er ikkje omfatta av endringsforslaget.

Etter gjeldande reglar kan opptil 40 pst. av basisstøtta bli gjord om til stipend på grunnlag av oppnådde studiepoeng. For å få maksimal omgjering må ein student i høgre utdanning ha tatt minst like mange studiepoeng som det han har fått støtte til å ta. Dei som får støtte til fulltidsutdanning, må med andre ord ta minst 60 studiepoeng per undervisningsår for å oppnå maksimal omgjering.

Etter forslaget frå regjeringa vil dei som får støtte til høgre utdanning, framleis kunne få gjort om opptil 40 pst. av basisstøtta til stipend, men ein del av omgjeringa skal frå undervisningsåret 2019–20 gjerast avhengig av at studenten oppnår ein grad. Regjeringa foreslår at opptil 25 pst. av støtta skal kunne gjerast om til stipend på grunnlag av oppnådde studiepoeng, medan opptil 15 pst. skal kunne gjerast om på grunnlag av oppnådd grad. Avlagde studiepoeng som ikkje inngår i ein avlagd grad, vil såleis maksimalt føre til at 25 pst. av lånet blir omgjord til stipend. Resultatet for dei studentane som berre tar studiepoeng som fører fram til avlagde gradar, vil derimot bli det same som i dag.

Med unntak av doktorgradane ph.d. og dr.philos. skal alle gradar og yrkesutdanningar som er ramsa opp i forskrift om gradar og beskytta titlar, gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad. I tillegg vil praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) medrekna PPU for yrkesfag for trinn 8–13, helsesøsterutdanning, jordmorutdanning og vidareutdanning i anestesi-, barne-, intensiv-, kreft- eller operasjonssjukepleie gi slik rett. Gradar som er avlagde ved utanlandske institusjonar, vil bli behandla på lik linje med gradar som er avlagde i Noreg. Sidan det er mogleg å få støtte til ph.d.-utdanning i utlandet, vil utanlandske ph.d.-gradar gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad.

Dei prinsippa som gjeldande ordning bygger på, skal for det aller meste gjelde tilsvarande i den nye delen av ordninga som er knytt til fullføring av gradar. Det inneber mellom anna at ein oppnådd grad berre kan gi omgjering til stipend i dei semestera da studenten fekk støtte på bortebuarvilkår, og at stipendet vil bli behovsprøvd mot inntekt og formue. Vidare vil ein berre få omgjering for så lang tid som den oppnådde graden er normert til. Etter forslaget skal lån kunne gjerast om til stipend på grunnlag av oppnådd grad i opptil åtte år tilbake i tid, rekna frå starten av det semesteret da graden blir avlagd.

Den nye ordninga vil omfatte alle som får støtte til høgre utdanning i 2019–20 og framover – også dei som byrja i og tok imot støtte til slik utdanning før 2019–20. For dei som er støttemottakarar i høgre utdanning både før og etter tidspunktet for implementering av den nye ordninga (haustsemesteret 2019), vil lån som er gitte for undervisningsperiodar før implementeringa, bli gjorde om til stipend etter dei reglane som gjeld i dag. Lån som er gitte frå og med haustsemesteret 2019, vil derimot bli gjorde om til stipend etter dei nye reglane.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 256,4 mill. kroner som følge av forslaget. Forslaget påverkar også driftsbudsjettet til Lånekassen, sjå omtale under kap. 2410 postane 01 og 45.

Vaksne i vidaregåande opplæring har rett til fritak frå opplæring i kroppsøving. Dette fritaket fører ofte til at den aktuelle elevgruppa får berekna eit lågare årstimetal enn det som krevst for at ein skal bli rekna som fulltidselev etter gjeldande reglar. Resultatet blir da redusert støtte. Departementet vurderer dette som uheldig, og foreslår ei regelendring som sikrar at fritaket ikkje lenger vil kunne føre til redusert støtte. Forslaget aukar løyvingsbehovet med 10 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

For at vaksne skal få støtte til vidaregåande opplæring, er det eit krav om at undervisningsopplegget, i dei høva der opplæringa blir tilbydd som klasseromsundervisning, må innehalde minst seks undervisningstimar per veke. Kravet fører til at ein del søkarar ikkje kan bli innvilga støtte, sjølv om dei har ei studiebelasting som er stor nok til å kunne få støtte. Å stille ulike krav til undervisningstid ved ulike undervisningsformer harmonerer dessutan dårleg med ein digital studiekvardag. Departementet meiner at dette er uheldig, og foreslår å fjerne kravet. Forslaget aukar løyvingsbehovet med 2,8 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

I 2018 blei det innført støtterett for dei som tar bussjåførutdanning ved godkjente trafikkskolar. Departementet foreslår at støtteretten blir utvida til også å omfatte lastebilsjåførutdanning. Fordi den totale prisen som ein må rekne med å betale for desse utdanningane, er ein del høgre enn maksimumsgrensa for skolepengelån til utdanning i Noreg, foreslår departementet også at sjåførelevane skal få høve til å låne 40 000 kroner utover den ordinære grensa for skolepengelån. Maksimalt skolepengelån til buss- og lastebilsjåførutdanning vil dermed bli drygt 100 000 kroner. Som følge av forslaget aukar løyvingsbehovet med 2 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

For å rekruttere fleire lærarar med kompetanse i kvensk språk foreslår departementet å innføre ei ordning med sletting av studiegjeld for personar som har tatt minst 60 studiepoeng i kvensk som del av eller i tillegg til ei lærarutdanning. Ordninga vil svare til den ordninga som allereie finst for dei som kombinerer lærarutdanning med eit samisk språk. Dette inneber at opptil 50 000 kroner av gjelda kan bli sletta for dei som fyller vilkåra. Tiltaket er ei oppfølging av Målrettet plan 2017–2021 – videre innsats for kvensk språk , og det aukar løyvingsbehovet med 500 000 kroner.

I høgre utdanning m.m. er det berre dei støttemottakarane som bur utanfor foreldreheimen, også kalla bortebuarar, som kan få lån omgjort til stipend. I dei aller fleste høva er det ikkje tvil om ein student skal reknast for å vere heime- eller bortebuar. Men praksis har vist at det med gjeldande definisjon av heime-/bortebuar i nokre tilfelle kan vere vanskeleg for ein student å forstå kva for kategori han fell inn under. Resultatet kan da bli at studenten i god tru oppgir å vere bortebuar i søknaden om støtte, sjølv om han etter gjeldande definisjon ikkje er det. Departementet ser dette som uheldig, og foreslår derfor nokre justeringar i definisjonen av heime-/bortebuar som er meint å gjere skiljet tydelegare, slik at ein unngår situasjonar der studentar i god tru oppgir ein annan bustatus enn det dei etter regelverket har. Forslaget aukar løyvingsbehovet med 2,6 mill. kroner.

Hovudregelen er at lån i Lånekassen er rentefrie så lenge låntakaren er under utdanning og tar imot støtte frå Lånekassen. Det er likevel slik at det blir rekna renter av gjeld som stammar frå ei tidlegare utdanning, i dei høva der låntakaren får støtte til ei deltidsutdanning. Men det har fram til nå blitt gjort unntak dersom deltidsutdanninga har blitt rekna for å vere eit framhald av den tidlegare utdanninga. Departementet ønsker å likebehandle alle deltidsstudentar, og foreslår å avvikle denne praksisen, slik at det ved støtte til deltidsutdanning alltid vil bli rekna renter av eventuell gjeld frå tidlegare utdanning. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,4 mill. kroner som følge av forslaget.

Verkeleg verdi

For å rekne seg til den verkelege verdien av utlånsporteføljen til Lånekassen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 173,8 mrd. kroner ved utgangen av 2017. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skyldast at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2017 rekna ut til 153,8 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi utgjer 19,9 mrd. kroner. Den verkelege verdien er berekna til å vere 88,5 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2017.

Tabell 4.24 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2016

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2017

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

116 807

123 979

  • studentar

47 153

49 789

Sum opphavleg låneportefølje

163 960

173 768

Justeringar

  • omgjering til stipend

8 164

9 343

  • rentefritak studentar

3 146

3 263

  • rentefritak tilbakebetalarar

1 482

1 566

  • ettergitt dødsfall

499

527

  • ettergitt sjukdom

1 512

1 597

  • ettergitt bustad

1 560

1 648

  • ettergitt kvoteordninga

289

305

Sum justeringar

16 651

18 250

Justert låneportefølje

147 309

155 518

  • nedskriving

1 791

1 895

  • over-/underkurs

278

197

Verdi

145 795

153 820

Ved å legge til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne nåverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabellen under syner at staten kan forvente å få tilbake drygt 64 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.25 Nåverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner per 31. desember 2016 1

Verdi i kroner per 31. desember 2017

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

0,000

0,000

  • studentar

1,000

1,000

Justeringar

  • omgjering til stipend

0,268

0,268

  • rentefritak studentar

0,059

0,059

  • rentefritak tilbakebetalarar

0,006

0,006

  • ettergitt dødsfall

0,002

0,002

  • ettergitt sjukdom

0,007

0,007

  • ettergitt bustad

0,007

0,007

  • ettergitt kvoteordninga

0,001

0,001

Sum justeringar

0,350

0,350

Justert låneportefølje

0,650

0,650

  • nedskriving

0,007

0,007

Verdi

0,643

0,643

1 Det er nyleg gjord nokre justeringar i metoden som blir nytta ved berekning av nåverdien av nye utlån. Som følge av dette er justeringstala og nåverdien per 31. desember 2016 som er oppgitte her, noko forskjellige frå dei som blei oppgitte for det same tidspunktet i budsjettproposisjonen for 2018.

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført. Løyvinga på post 50 dekker avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekker midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Det er budsjettert med at det vil bli gitt om lag 9,2 mrd. kroner i såkalla omgjeringslån i 2019. Heile dette beløpet kan potensielt bli gjort om til utdanningsstipend. Særleg tre faktorar bidrar til at det likevel ikkje er behov for å sette av eit så høgt beløp i konverteringsfondet. For det første blir utdanningsstipendet behovsprøvd mot inntekt og formue. For det andre vil ein del av den utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje bli bestått og derfor ikkje gi rett til omgjering. Og for det tredje vil ein del av den høgre utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje føre fram til ein avlagd grad og dermed ikkje gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad, jf. budsjettforslaget for 2019. Samla er det estimert at desse tre faktorane reduserer avsetningsbehovet med 21,6 pst., og forslaget til løyving på posten vil utgjere snaut 78 pst. av anslaget for nye omgjeringslån i 2019.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, stipend til søkarar i høgre utdanning m.m. med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, og flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgarstipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reiser, skolepengar og språkkurs i innland og utland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i utdanningsstøttelova. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar, og for personar som er busette og arbeider i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.26  Avskrivingselement

(i 1 000 kroner)

Element

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Sjukdom

265 878

262 500

282 070

Dødsfall

57 116

62 300

59 424

Automatisk avskriving

498

670

523

Avskriving for lærarutdanning

20 213

27 000

29 500

Avskriving Finnmarksordninga

102 931

115 600

107 954

Avskriving kvoteordninga

26 679

29 700

25 281

Rentefritak

100 984

112 650

97 254

Sum

574 300

610 420

602 006

Av samla avskriving på 602 mill. kroner reknar ein med at 472 mill. kroner vil utgjere opphavleg hovudstol (det opphavlege utdanningslånet til kunden). Dei resterande avskrivingane fordeler seg på 44 mill. kroner frå renter i 2019 og 86 mill. kroner i renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekker avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.27 Tapselement

(i 1 000 kroner)

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

SI-permanent

305 473

290 000

290 000

Lån etter gjeldsordning

60 415

85 000

90 000

Andre forhold

14 157

10 550

6 200

Sum

380 045

385 550

386 200

Tap på den opphavlege hovudstolen er berekna til å utgjere 263 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar utgjer 109 mill. kroner i 2019. Årets renter på taps-/kostnadsfordringane er berekna til å utgjere 14 mill. kroner i 2019.

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet, men SI handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapssamanheng blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2017 har i underkant av 66 000 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 7,7 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn om lag 4,1 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2017 for permanent overførte utdanningslån var på 256 mill. kroner mot 244 mill. kroner i 2016. I 2019 er innkrevjingsresultatet berekna til å bli 240 mill. kroner. Det blei overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 305 mill. kroner i 2017 mot 289 mill. kroner i 2016. Overføringa til SI i 2019 er berekna til å utgjere 290 mill. kroner.

Gjeldssletting etter gjeldsordning er berekna til 90 mill. kroner i 2019. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til 6,2 mill. kroner.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker samla nye utlån frå Lånekassen i 2019, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar av stipend til lån er berekna til å utgjere om lag 27,8 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 0,8 mrd. kroner. Den samla løyvinga på posten blir da om lag 28,6 mrd. kroner i 2019.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

25 744

23 600

18 530

29

Termingebyr

15 783

18 512

16 892

89

Purregebyr

101 924

104 672

105 016

90

Redusert lån og rentegjeld

9 837 931

10 172 117

10 776 474

93

Omgjering av utdanningslån til stipend

6 439 736

6 409 778

6 999 551

Sum kap. 5310

16 421 118

16 728 679

17 916 463

Kapittelet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane og frå konverteringsfondet.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 161 Utdanning, forskning og faglig samarbeid post 70 Utdanning.

Post 29 gjeld gebyr for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura eller AvtaleGiro, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 9,3 mrd. kroner i 2019. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere 578 mill. kroner i 2019. Tilbakebetaling frå taps-/kostnadsløyvingar utgjer 929 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74).

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

80

Renter

3 977 407

3 880 231

4 857 196

Sum kap. 5617

3 977 407

3 880 231

4 857 196

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til kundane i Lånekassen. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekke kostnadene til staten på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til å utgjere om lag 1,5 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 2,5 mrd. kroner i 2019. Opptente ikkje-betalte renter frå kundane er berekna til å utgjere 789 mill. kroner, medan årets renter frå taps-/kostnadsløyvingar er berekna til å utgjere 58 mill. kroner i 2019.

Programkategori 07.90 Integrering og mangfald

Utgifter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

265 675

241 314

264 480

9,6

291

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

15 758 484

15 008 218

11 789 840

-21,4

292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2 403 486

2 073 888

1 526 555

-26,4

Sum kategori 07.90

18 427 645

17 323 420

13 580 875

-21,6

I budsjetta for 2017 og 2018 blei midlane løyvd over programkategori 06.95 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Inntekter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

2 011

3291

Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

275 146

321 241

10 875

-96,6

3292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

36 750

50 505

24 185

-52,1

Sum kategori 07.90

313 907

371 746

35 060

-90,6

I budsjetta for 2017 og 2018 blei midlane løyvd over programkategori 06.95 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Innleiing

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltar i samfunnslivet.

Integrering er ein prosess der styresmaktene skal gi gode moglegheiter for deltaking i samfunnet, og der den einskilde innvandrar må stille opp med sin eigen innsats. Høg sysselsetting er viktig for samfunnet og for berekrafta i den norske velferdsmodellen. Arbeid gir fellesskap, nettverk og økonomisk sjølvstende og er derfor òg viktig for den einskilde. Regjeringa legg vekt på at tida i asylmottak skal nyttast godt, at busetting i kommune skal skje så raskt som mogleg etter vedtak om opphald, og at kvalifisering til arbeidslivet er målretta og effektiv.

Den einskilde fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle personar innanfor sitt område. Integreringspolitikken blir derfor sett i verk på tvers av politikkområde og sektorar.

Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for integreringspolitikken. Samstundes har departementet et eige ansvar mellom anna for å utforme og gjennomføre politikken for busetting og kvalifisering av flyktningar med opphaldsløyve. Vidare har departementet ansvar for eigne verkemiddel i integreringsarbeidet i frivillig sektor og innvandrarar si deltaking i samfunnslivet.

Under programkategori 07.90 blir dei sentrale verkemidla i integreringspolitikken finansierte. Dei omfattar mellom anna tilskottsordningane med integreringstilskott, særskilt tilskott ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, tilskott til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og tilskott til opplæring i norsk. Tilskott til Jobbsjansen , utviklingsmiddel i integreringsarbeidet, etablerarverksemd, mentor- og traineeordningar, og tilskott til frivillig verksemd blir òg finansierte over denne programkategorien.

Hovudprioriteringar for 2019

Det finst i dag eit solid kunnskapsgrunnlag i integreringspolitikken med mellom anna statistikk som følger utviklinga på ei rekke viktige indikatorar over år, utvalsarbeid i dei seinare åra og ei rekke utgreiingar om utvalde tema. Samla viser kunnskapsgrunnlaget at det er einskilde utfordringar med å inkludere fleire grupper av innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv. Hovudutfordringane er, mellom anna, manglande formell kompetanse og lågare sysselsetting blant innvandrarar enn i resten av befolkninga. Innvandrarar skårar gjennomgåande lågare på levekårsvariablar. Negativ sosial kontroll og integreringsrelaterte utfordringar i fleire byområde er utfordringar i samfunnet. Samstundes viser kunnskapsgrunnlaget fleire positive utviklingstrekk, blant anna at norskfødte med innvandrarforeldre tar utdanning og kjem i arbeid i betydeleg større grad enn første generasjons innvandrarar.

Regjeringa vil gjennomføre eit integreringsløft og ei reform på integreringsfeltet for å få raskare og betre resultat i arbeidet med å auke deltakinga i arbeid og samfunnsliv. Vidare ønsker regjeringa å mobilisere sivilsamfunnet for å lykkast betre med kvardagsintegrering.

Regjeringa vil mot slutten av 2018 legge fram ein strategi som skal gi tydeleg retning for integreringsarbeidet framover. Formålet med strategien er å auke deltakinga for innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv gjennom ein samordna innsats.

Ein del av arbeidet med strategien er å sjå på om dei samla ressursane på integreringsområdet kan innrettast meir effektivt for å få betre resultat. Ein rapport frå berekningsutvalet som kartlegg kommunanes utgifter til busetting og integrering av einslege mindreårige flyktningar viser ei gjennomsnittleg dekningsgrad for tilskott for denne gruppa på 321 pst. i 2017. Vidare viser berekningsutvalets rapport ei auke i dekningsgraden for integreringstilskottet til kommunane. Regjeringa foreslår på bakgrunn av dette å omdisponere ein liten del av midla frå ordningane til andre prioriterte tiltak på integreringsområdet. Fleire av tiltaka kjem også dei einslege mindreårige flyktningane til gode. Regjeringa foreslår mellom anna ei styrking av Jobbsjansen del B for å gi ungdom eit tilbod om forsterka grunnopplæring, samt tiltak for betre tilbod om norskopplæring og fagopplæring.

Regjeringa prioriterer i 2019 tiltak som gir fleire utdanning og kvalifisering, slik at dei kan komme i jobb og forsørge seg sjølve. Boks 4.2 nedanfor gir ei samla oversikt over prioriterte tiltak som kan knyttast til integreringsløftet for 2019.

Boks 4.2 Tiltak 2019 knyttet til integreringsløftet

  • 35 mill. kroner til å styrke ordninga Jobbsjansen del B, tilskott til meir grunnskoleopplæring til innvandrarungdom. Styrkinga gir ei dobling av løyvinga, mellom anna til kombinasjonsklassar, som skal sikre betre gjennomføring i vidaregåande opplæring (Kunnskapsdepartementet).

  • 15,3 mill. kroner til å styrke Jobbsjansen del A, tilskott til prosjekt for heimeverande kvinner, for å styrke tilbodet til innvandrarkvinner utanfor arbeidslivet (Kunnskapsdepartementet).

  • 10 mill. kroner til utprøving av ulike modeller for arbeidsretta kvalifisering i samarbeid med sosiale entreprenører, gjennom å styrke ordninga med tilskot til utvikling av kommunale integreringstiltak (tidlegare ordninga med kommunale utviklingsmidlar) (Kunnskapsdepartementet).

  • 9 mill. kroner til utvikling av standardiserte element i introduksjonsprogrammet for å styrke arbeidet med å etablere eit introduksjonsprogram som er meir målretta og har betre kvalitet enn dagens tilbod (Kunnskapsdepartementet).

  • 12,5 mill. kroner til å styrke områdesatsingar i Oslo Sør og Oslo indre aust. Satsingane skal styrke arbeidet på satsingsområda nærmiljø og førebyggjande arbeid, oppvekst og utdanning og sysselsetting. I tillegg foreslår regjeringa ei styrking på 9 mill. kroner til rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde (Kunnskapsdepartementet).

  • 18 mill. kroner til å føre vidare auken i talet på minoritetsrådgivarar frå revidert nasjonalbudsjett 2018, og til å opprette eit ambulerande fagteam som skal bidra til å betre kompetansen i tenestene (Kunnskapsdepartementet).

  • 10 mill. kroner til å styrke tilskott til frivillige organisasjonar. Styrkinga er ei vidareføring av auken i tilskottet til det haldningsskapande og førebyggande arbeidet til frivillige organisasjonar mot negativ sosial kontroll frå revidert nasjonalbudsjett 2018 (Kunnskapsdepartementet).

  • 16 mill. kroner til å styrke kompetansen for lærarar i norskopplæringa for å betre kvaliteten i opplæringa gjennom ytterlegare satsing på etter- og vidareutdanning for lærarane (Kunnskapsdepartementet).

  • 8 mill. kroner for å legge til rette for forsøk med bruk av økonomiske insentiv i introduksjonsprogrammet. Meir systematiske forsøk vil vere eit viktig bidrag til å utfylle kunnskapsgrunnlaget for integreringspolitikken framover (Kunnskapsdepartementet).

  • 5 mill. kroner til å styrke tilskott til mentor- og traineeordningar for at fleire skal få innpass i arbeidslivet eller få ein jobb som er betre tilpassa deira eigen kompetanse (Kunnskapsdepartementet).

  • 1,5 mill. kroner til å opprette ein ny mangfaldspris. Prisen skal bidra til å fremme medvit om gevinstane ved auka mangfald i arbeidslivet (Kunnskapsdepartementet).

  • 45,7 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehage for toåringar frå familiar med lav inntekt. Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i statistikken over hushald med lav inntekt. Tidleg deltaking i barnehage er mellom anna med på å styrke språkutvikling, noko som kan gi eit betre grunnlag for vidare utdanningsløp (Kunnskapsdepartementet).

  • 10 mill. kroner til å styrke tilskottsordninga Kompetansepluss slik at fleire tilsette får grunnleggande dugleikar i lesing, skriving, rekning, IKT, munnleg norsk eller samisk (Kunnskapsdepartementet).

  • 36,3 mill. kroner til å utvide forsøka med modulstrukturert opplæring, både på grunnskolenivå og i utvalde lærefag i vidaregåande opplæring. Det vil gi innvandrarar betre moglegheit for å få nødvendig kompetanse for å delta i arbeidslivet (Kunnskapsdepartementet).

  • 25,2 mill. kroner til marknadsfunksjonen i NAV for å auke kompetansen i etaten og få fleire med nedsett arbeidsevne eller hull i CVen inn i arbeidslivet (Arbeids- og sosialdepartementet).

  • 60 mill. kroner til å styrke bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar. Styrkinga inneber at familiar med høge utgifter får lagt ein større del av buutgiftene sine til grunn, jamfør regjeringa sitt arbeid mot barnefattigdom (Kommunal- og moderniseringsdepartementet).

  • 20 mill. kroner til auking av tilskottsordninga Områdesatsingar i byar. Midlane skal nyttast til å styrke pågåande områdesatsingar og delfinansiere nye (Kommunal og moderniseringsdepartementet).

  • 20 mill. kroner til auka tilskott til prosjekter på kulturområdet det er søkt om støtte til. Prosjekta skal stimulere til mangfald, integrering og motarbeiding av fattigdom. Satsinga skal medverke til at ein større del av folket får ta del i gode kulturopplevingar (Kulturdepartementet).

  • 15 mill. kroner i 2019 til Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom , 10 mill. kroner av denne løyvinga skal gå til eit pilotprosjekt for å dekkje individuelle utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktivitetar, 3 mill. kroner til Røde kors sitt tiltak «ferie for alle» og 2 mill. kroner til ferietiltak i regi av Den norske turistforening (Barne- og likestillingsdepartementet).

  • 21,5 mill. kroner til tiltak knytt til nasjonal strategi for foreldrestøtte. Satsinga skal hjelpe foreldre med innvandrar- eller minoritetsbakgrunn. Utvikling av foreldrestøttande tiltak for denne gruppa må ta omsyn til at mange har svake kunnskapar i norsk, lite kunnskap om det norske samfunnet og manglande sosialt nettverk (Barne- og likestillingsdepartementet).

  • 20 mill. kroner til tilskottsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom (Los-ordninga). Gjennom tilskottsordninga kan kommunane tilsette «losar», som følger opp unge i alderen 12–24 år individuelt. Målgruppa er unge med vanskar knytt til dømes til omsorgssituasjonen i heimen, svakt sosialt nettverk og helseproblem, og kor det er risiko for at dei avbryt utdanninga (Barne- og likestillingsdepartementet).

  • Ein ny praksisretta vidareutdanning for tilsette i barnevernet om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn (Barne- og likestillingsdepartementet).

Mål: Fleire er i arbeid og deltar i samfunnslivet

Utviklingstrekk og utfordringar

Effektiv kvalifisering i mottaksperioden

Opplæring i mottak

Målretta kvalifisering og tidleg tilrettelegging for arbeid er avgjerande for å nå høg sysselsetting. Det er mellom anna viktig å sørge for rask oppstart av norskopplæring. Dei fleste asylsøkarane kjem raskt i gang med norskopplæringa, men det er framleis svært få som gjennomfører det totale talet på 175 timar. Hovudårsaken til den låge gjennomføringa er at mange får behandla asylsøknaden før det maksimale talet på timar er fullført. Personar som får innvilga opphaldsløyve, skal starte opplæring i norsk etter introduksjonslova i mottak før busetting i ein kommune skjer.

Frå 2017 kan asylsøkarar i mottak få tilbod om 50 timar opplæring i norsk kultur og norske verdiar frå vertskommunen for mottaket. Målet med opplæringa er å gi asylsøkarar ein tidleg introduksjon til norske lover, reglar, verdiar, omgangsformer og kultur. Det er frivillig for vertskommunar å tilby opplæringa, og det er frivillig for asylsøkarar å delta. Det er ei utfordring å få opp talet på vertskommunar som gir tilbod om denne opplæringa.

Integreringsmottak

Opphaldstida i og kvaliteten på mottaka verkar inn på bebuarane sitt vidare liv i Noreg. Regjeringa oppretta vinteren 2016/17 fem integreringsmottak – i Bodø, Kristiansand, Larvik, Oslo og Steinkjer – med til saman 500 plassar. Bebuarar over 18 år på integreringsmottak skal ta del i eit kvalifiseringsprogram på fulltid som er tilpassa den einskilde sine føresetnader og behov for grunnleggande kvalifisering. Integreringsmottaket på Ila i Oslo, med 150 plassar, blei lagt ned frå 1. april 2018 som følge av færre asylsøkarar.

Busetting frå integreringsmottak skal i hovudsak skje i vertskommunane eller kringliggande kommunar, slik at den einskilde kan få tidleg og varig tilknyting til lokalmiljøet, skole eller arbeidsplass. I tider med lågt busettingsbehov kan det vere naudsynt å busette bebuarar ved integreringsmottaka i kommunar som geografisk kan ha stor avstand frå integreringsmottaka. Foreløpige erfaringar viser at samarbeid mellom integreringsmottak og busettingskommunar kan fungere godt sjølv om avstanden mellom desse er stor.

Kompetansekartlegging og karriererettleiing i mottak

Tidleg kompetansekartlegging og karriererettleiing skal føre til meir målretta kvalifiserings- og karriereval for den einskilde, og til at kommunane raskt skal kunne tilby tiltak som er tilpassa den einskilde flyktningen. Kompetansekartlegging og karriererettleiing for bebuarar på asylmottak har vore prøvde ut sidan oktober 2016. Det har vore ei utfordring at flyktningar ikkje kjem raskt nok i gang med aktivitetar som er målretta mot arbeid og utdanning.

Busetting

For at nykomne flyktningar skal komme i arbeid og bidra til fellesskapet, er det viktig at dei raskt blir busette i ein kommune, etablerer seg og får nettverk i lokalsamfunnet. Det er eit mål at einslege mindreårige flyktningar og barnefamiliar i mottak skal busettast innan tre månader, og andre vaksne innan seks månader, etter opphaldsløyva er gitt. Overføringsflyktningar skal busettast innan seks månader etter at innreiseløyva er gitt.

I 2017 busette kommunane i overkant av 11 000 personar med fluktbakgrunn, og gjennomsnittleg tid frå vedtak til busetting var fem månader. Regjeringa meiner det er mogleg å redusere ventetida fra vedtak til busetting. Lang opphaldstid i mottak gir ei rekke uheldige konsekvensar med tanke på integreringsprosessen og kostnader. Køen i mottak er redusert frå 4 200 personar ved byrjinga av 2017 til 1 045 personar ved slutten av 2017.

Talet på barnefamiliar som blir busette innan målsettinga på tre månader, er redusert samanlikna med 2017. Dette er hovudsakleg fordi fleire har komme som overføringsflyktningar. Overføringsflyktningar skal blant anna gjennomføre eit kulturorienteringsprogram før reisa til Noreg, og prosessen fram til busetting tar derfor lengre tid enn for asylsøkarar.

Store svingingar i busettingsbehovet

Svingingar i busettingsbehovet kan vere utfordrande for kommunane. Talet på asylsøkarar har gått kraftig ned sidan 2015, og dermed er det færre som får opphald og skal busettast. I 2019 er det venta at kommunane må busette 3 730 flyktningar. I dette talet inngår 2 000 overføringsflyktningar og 100 einslege mindreårige. I 2017 var Noregs kvote for overføringsflyktningar på 3 120 plassar. I 2018 er talet 2 120 overføringsflyktningar. Regjeringa foreslår å auke det vedtekne talet på 2 120 til 3 000 for 2019. Av desse vil 800 personar bli busett i 2020. For nærare omtale sjå Prop 1 S (2018–2019) frå Justis- og beredskapsdepartementet.

At det kjem færre asylsøkarar, gjer at mange kommunar ikkje får busett flyktningar, og at mange kommunar buset færre enn dei ønsker. Når det er færre flyktningar som skal busettast, betyr det ein reduksjon i overføringar av økonomiske tilskott frå staten til kommunane, og at opparbeidd kompetanse på busettings- og integreringsområdet etter kvart kan gå tapt i nokre kommunar. Raske endringar i volum gjer det vanskeleg for kommunane å planlegge aktivitetar over tid. Dersom gapet mellom utgiftene kommunane har og tilskotta dei får, til busetting og integrering av flyktningar aukar kan kommunanes vilje til å halde oppe busettinga og etterkvart auke den igjen, reduserast.

Lågare busetting i kommunane vil gi færre deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap, noko som kan gi utfordringar for kommunane med å legge til rette for eit godt kvalifiseringstilbod. Dette gjeld særleg for dei mindre busettingskommunane.

Store og raske svingingar i talet som skal busettast, gjer det vanskeleg å skaffe nok kompetente medarbeidarar i kommunane når behovet aukar. Dette blir underbygd i rapporten Kommuneundersøkelsen 2017 frå IMDi.

Det er busett mange personar med dårleg helse som krev særskild tilrettelegging. Tilbod om tilstrekkeleg helsehjelp kan vere ei utfordring i ein del kommunar. Nokre personar med særleg omfattande helseutfordringar, er det vanskeleg å få busett. Dette heng saman med tilgang på kompetanse tilrettelagt butilbod, og dei økonomiske tilhøva knytte til oppfølgingsarbeidet.

Effektiv kvalifisering av flyktningar og innvandrarar i kommunen

Innvandrarar i Noreg har høg sysselsetting samanlikna med innvandrarar i andre OECD-land. Særleg innvandrarkvinner er i høgre grad sysselsette enn innvandrarkvinner i mange andre land. Samstundes er Noreg eit av dei landa med størst gap mellom sysselsette innvandrarar og sysselsette i resten av befolkninga. Særleg har innvandrarar med fluktbakgrunn betydeleg lågare sysselsettingsgrad enn resten av befolkninga og andre innvandrarar. I NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit – langsiktige konsekvenser av høy innvandring blir dette mellom anna forklart med mangel på utdanning og kvalifikasjonar som det er behov for på den norske arbeidsmarknaden. Gode norskdugleikar og grunnleggande kjennskap til samfunnet er for dei fleste ein føresetnad for å få arbeid og utdanning. Samstundes er formell kompetanse i aukande grad også ein føresetnad for å få og bli verande i arbeid. Kvalifiseringsbehovet til den einskilde flyktningen varierer med utdanningsnivået deira og kor lenge dei har budd i Noreg.

Introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap er styresmaktene sine viktigaste tiltak for å få nykomne flyktningar og innvandrarar raskt i arbeid eller utdanning, med mål om at dei skal bli økonomisk sjølvstendige så raskt som mogleg. Ordningane blir regulerte i introduksjonslova. Formålet med introduksjonslova er å styrke nykomne innvandrarar sine moglegheiter for å delta i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstende. Det er stor variasjon i resultata i introduksjonsprogrammet. I nokre kommunar er åtte av ti i arbeid eller utdanning eitt år etter avslutta program. I andre kommunar gjeld det berre tre av ti.

Barnehage, skole og høgre utdanning

Alle barn får ei positiv språkutvikling av å gå i barnehage. Ikkje minst er dette positivt for å lære norsk. Minoritetsspråklege barn går i mindre grad i barnehage enn andre barn, sjølv om forskjellen ikkje er stor for fire- og femåringane. Familieøkonomien kan vere eit hinder for å bruke barnehage. For nærare omtale, sjå programkategori 07.30 Barnehagar.

Det er store variasjonar i skoleresultat blant elevar med innvandrarbakgrunn. 57 pst. av innvandrarane som starta i vidaregåande opplæring i skoleåret 2012–13 (2012-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Delen har auka det siste året, men er framleis betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Talet for alle elevar var om lag 75 pst. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten. Tal for 2017 viser at 56 pst. av dei som har budd 5–6 år i landet, fullfører og består innan fem år. Av dei som har budd lenger enn tolv år i landet, fullfører 66 pst.

Grunnskolepoeng blir nytta som inntaksgrunnlag til vidaregåande opplæring. Elevar som manglar sluttvurdering i fleire enn halvparten av faga, får ikkje berekna grunnskolepoeng.

Det er små forskjellar mellom grunnskolepoenga til norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Berre 2,1 poeng skil desse i 2017. Avstanden mellom innvandrarar (dei som sjølve har innvandra) og andre elevar er noko større. 4,6 poeng skil desse i 2017. Butida har stor betyding for kor mange grunnskolepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er særleg dei med 0–2 års butid, 57 pst., som ikkje har fått berekna grunnskolepoeng. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Personar med innvandrarbakgrunn deltar i aukande grad i høgre utdanning. I 2016–17 stod denne gruppa for nær 14 pst. av alle dei fullførte utdanningane ved universitet og høgskolar i Noreg. Til samanlikning var denne delen under ti pst. i 2011–12.

Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap

Ifølge Kompetanse Noreg har talet på deltakarar i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap vore i overkant av 40 000 per år sidan 2010, med unntak av 2014, da talet var noko lågare. Tala gjeld alle som har deltatt i opplæringa, også personar som ikkje er omfatta av introduksjonslova. Det blei innført ei ny norskprøve i 2014 der kandidatane får separate resultat for dei einskilde dugleikane på nivåa A1 (nybyrjar), A2 (litt øvd) og B1 (mellomnivå) etter Det felles europeiske rammeverket for språk . Frå 2015 omfattar norskprøva òg nivået B2 (høgare mellomnivå).

Frå 1. januar 2017 er det eit krav om minimum norsknivå A1 i norsk munnleg for å få permanent opphaldsløyve og A2 i norsk munnleg for å få statsborgarskap. Norskprøvene blir i aukande grad brukte av arbeidsgivarar som dokumentasjon på norskdugleikar.

Sentrale utfordringar i norskopplæringa er mellom anna at det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld både resultat på norskprøver, kor raskt ein startar med opplæring, og kor mange timar per veke som blir tilbydde. Variasjonane i resultata kan ha samanheng med skilnader i korleis norskopplæringa er organisert, samarbeidsrelasjonar og kompetanse hjå lærarane. Ifølge Fafo rapporten Hva virker – for hvem frå 2017, er det mangel på tilrettelegging av opplæringa, spesielt for deltakarar med liten eller inga utdanning. Det er heller ikkje god nok kopling mellom arbeidsliv og norskopplæring, eller norskopplæring og grunnskole-/vidaregåande opplæring. Kompetanseheving av lærarar som underviser vaksne innvandrarar, må også styrkast.

Det er kommunane som har ansvaret for sjølve prøveavviklinga, medan det er Kompetanse Noreg som har ansvaret for sjølve prøvesystemet. Kompetanse Noreg bruker ein ekstern systemleverandør til å drifte den tekniske plattforma for prøva. Grunna tekniske problem hjå systemleverandøren oppstod det sommaren 2018 utfordringar i gjennomføringa av prøva, for nokre av delprøvene i norsk, statsborgarprøva og samfunnskunnskapsprøva. Dette førte til stans i prøvegjennomføringa og utsett prøveperiode. Majoriteten av kandidatane som blei råka av dei tekniske problema, gjennomførte ny prøve ved utsett prøveperiode.

Introduksjonsprogrammet

Sidan 2010 har departementet hatt som målsetting at minst 70 pst. av deltakarane i introduksjonsordninga skal vere i arbeid eller utdanning året etter avslutta program. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at for dei åtte siste avgangskohortane (2008–15) har mellom 58 og 63 pst. av dei tidlegare deltakarane vore i arbeid eller utdanning året etter avslutta program. Monitoren viser også at det er store skilnader i resultata mellom kvinner og menn. For fire av dei fem siste avgangskohortane har menn nådd resultatmålet på 70 pst. Kvinnene er langt frå dette målet. Av dei som avslutta programmet i 2015, var 71 pst. av mennene og 49 pst. av kvinnene i arbeid eller utdanning året etter.

Talet på deltakarar har auka kraftig, frå i underkant av 12 000 i 2010 til 29 000 i 2017.

Det er framleis stor kommunal variasjon i innhaldet i introduksjonsprogrammet og stor resultatvariasjon. Det er òg variasjon i resultat mellom ulike landgrupper.

Dei store lokale variasjonane i verkemiddelbruk er ei utfordring, da kor ein blir busett, har ein stor verknad på kva slags tilbod den einskilde får, noko som igjen påverkar den einskilde deltakarens sjansar for å komme i arbeid og/eller utdanning.

Over 20 pst. av kommunane tilfredsstiller ikkje kravet om å tilby introduksjonsprogram på full tid til deltakarane, og over 15 pst. møter ikkje kravet om at introduksjonsprogrammet skal vere heilårleg. Vidare er det berre eit lite mindretal som får grunnskole for vaksne som del av introduksjonsprogrammet, sjølv om rundt ein tredel av deltakarane i introduksjonsprogrammet manglar fullført grunnskole frå heimlandet. Forskingsstiftinga Fafo har på oppdrag frå departementet evaluert ordningane, og dei publiserte rapporten Introduksjonsprogram og norskopplæring. Hva virker – for hvem? hausten 2017. Fafo meiner at introduksjonsprogrammet ikkje fyller gapet mellom kva slags kompetanse deltakarane har i utgangspunktet, og kva som krevst i den norske arbeidsmarknaden.

Betre bruk av kompetansen til innvandrarane

For å medverke til å auke delen innvandrarar som kjem i og blir verande i arbeid, treng ein innsats også etter avslutta introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det er mellom anna utfordringar med å ta i bruk innvandrarane sin medbrakte kompetanse og utdanning på ein god måte. Det må mellom anna bli enklare for innvandrarar å få godkjent utdanninga si frå heimlandet.

Kvalifisering og utdanning er ikkje nok til å jamne ut forskjellar i arbeidsdeltakinga mellom innvandrarar. Diskriminerande mekanismar ved rekruttering gjer det vanskelegare for innvandrarar å komme inn i arbeidslivet, og delta på linje med resten av befolkninga. Fafo sin rapport Profesjonell rekruttering er likestilt rekruttering tyder på at diskriminerande mekanismar ved rekruttering også skjer i staten.

Innvandrarar har også særskilde utfordringar når det gjeld å etablere verksemder. Dette er mellom anna på grunn av manglande kjennskap til lovverk, norsk bedriftskultur og mangel på nettverk.

Innsats i utsette storbyområde

Einskilde område i større byar har særskilde utfordringar knytte til dårlege levekår. Desse områda har òg ein høg del innbyggarar med innvandrarbakgrunn. Høg konsentrasjon av levekårsrelaterte utfordringar i område med mange innvandrarar skaper dårlege føresetnader for integrering.

Undersøkingar viser at innvandrarar og barn av innvandrarar generelt har fleire levekårsproblem enn personar utan innvandrarbakgrunn har. Deltaking i arbeidslivet for vaksne og god skole for barn og unge er avgjerande verkemiddel for å motverke levekårsproblem. I tillegg kan det vere naudsynt å rette ein særleg innsats inn mot buområde som er høgt belasta med slike utfordringar.

Delen av barn i Noreg som veks opp i hushald med vedvarande låginntekt, har auka. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at barn med innvandrarbakgrunn er sterkt overrepresenterte i låginntektsgruppa. Medan 5,5 pst. av barn utan innvandrarbakgrunn høyrde til eit hushald med vedvarande låginntekt i 2016, var denne delen nesten sju gonger så stor for innvandrarbarn, med 37,8 pst.

Tolking i offentleg sektor

I september 2014 overleverte eit utval NOU 2014: 8 Tolking i offentlig sektor – et spørsmål om rettssikkerhet og likeverd til regjeringa. Oppdraget var å greie ut om og fremme forslag til ei samordna, kvalitetssikra og effektiv organisering av tolking i offentleg sektor. Tolkeutvalet dokumenterer mellom anna at det er for lite bruk av tolkar i offentleg sektor, og at offentlege tenesteytarar nyttar tolkar som ikkje er kvalifiserte.

Tolkeutvalet meinte at årsakene til for lite og feil bruk av tolkar var eit uklart regelverk, mangel på kvalifiserte tolkar, manglande tilgang på tolkar i einskilde språk og manglande rutinar for bestilling blant brukarar av tolk. Tolkeutvalet dokumenterer at bruk av tolketenester i offentleg sektor i stor grad er usystematisk. Mellom 60 og 70 pst. av dei som tar oppdrag som tolk i offentleg sektor, er utan tolkefaglege kvalifikasjonar. Dette fører til auka kostnader for samfunnet, til dømes i form av gale domsavgjerder, feilbehandlingar og låg effektivitet i sakshandsaminga.

Frivilligheit/deltaking

I NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit – langsiktige konsekvenser av høy innvandring blir det peikt på at samstundes med auka innvandring til Noreg har det òg blitt auka sosial og økonomisk ulikskap i befolkninga. I tillegg til dei utfordringane som er skisserte over, blir det mellom anna peikt på at innvandrarar deltar mindre i organiserte aktivitetar og i sivilsamfunnsorganisasjonar. Utvalet viser til at når dei same gruppene sjølve opplever, og blir oppfatta av andre, å vere kulturelt og religiøst ulike samtidig som dei er marginaliserte på arbeidsmarknaden og dårlegare økonomisk stilte, blir det vanskelegare å halde oppe ei fellesskapskjensle i heile befolkninga.

Rolla til frivillige organisasjonar og sivilsamfunn er viktig i busettings- og integreringsarbeidet. Dette er presisert i Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk og i NOU 2017: 2.

Ulike rapportar frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, den siste frå 2018, viser at låg inntekt og sysselsetting har negativ effekt på deltakinga i frivillige organisasjonar, også for innvandrarar. Mange innvandrarar er aktive i frivillige aktivitetar, sjølv om dei deltar i mindre grad enn befolkninga elles. Unge personar med innvandrarbakgrunn, med høg utdanning og lang butid i Noreg, er derimot over gjennomsnittet aktive i frivilligheita.

Fleire kommunar melder om behovet for, og kor viktig det er, med felles møteplassar på tvers av befolkninga.

Det er i dag fleire og relativt små tilskottsordningar for frivillig verksemd med ulik utforming, på integreringsområdet, og ordningane har til dels overlappande målgrupper. Mange små tilskottsordningar på området kan gjere det uoversiktleg for moglege tilskottsmottakarar å søke, og inneber ei lite effektiv forvaltning av ordningane. Det har vist seg vanskeleg å gjere ei heilskapleg vurdering av korleis tilskotta på dette feltet samla bidrar til å nå dei overordna måla på integreringsområdet.

Arbeid mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Vald og overgrep, kontroll og tvang er betydelege likestillingsutfordringar og vedvarande folkehelse- og samfunnsproblem. Dei som blir ramma, kan få alvorlege fysiske og psykiske plager. Fleire lever med langvarige belastningar, og dette set grenser for moglegheitene dei har til å delta i samfunnet gjennom utdanning, arbeid og frivillig engasjement. Innsatsen er derfor viktig for å ta i vare grunnleggande rettar, og for å hindre utanforskap.

Over fleire år er det blitt systematisk rapportert om førespurnader til dei særskilde tilboda for dei som er utsette for tvangsekteskap mv. Talet på førespurnader når det gjeld negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, held seg stabilt og viser at dei som søker hjelp, er så vel nykomne innvandrarar med fluktbakgrunn som ungdommar som er fødde og har vakse opp i Noreg. I 2017 rapporterte 20 minoritetsrådgivarar på skolar om totalt 239 nye saker, og fire integreringsrådgivarar på utanriksstasjonar om 180 nye saker, og Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting om 560 nye saker fordelte på ei rekke ulike typar problemstillingar. Det er vanskeleg å seie noko sikkert om det totale omfanget av negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting i Noreg. Alvoret og omfanget har i dei siste åra fått større merksemd, både nasjonalt og internasjonalt. Som følge av mellom anna eit eige delmål i FNs berekraftmål, Agenda 2030, er det auka aktivitet internasjonalt for å kjempe mot barne- og tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Ungdommar som blir etterlatne mot viljen sin i utlandet, er sette på dagsordenen i Noreg og i andre vestlege land.

I Noreg er det nokre utfordringar som peiker seg ut. Hjelpetilboda er få, fragmenterte og vanskelege å finne. Det er behov for å gjere hjelpetenestene enklare å finne for både unge og foreldre, og det er behov for betre samarbeid, samordning og nødvendig kompetanse til å kjenne igjen teikn på negativ sosial kontroll innanfor dei einskilde tenestene og tenestene imellom. Ansvaret for å førebygge og kjempe mot vald og overgrep må gjerast tydeleg. Rettstryggleiken til utsette må betrast. Foreldrerolla i Noreg kan skilje seg mykje frå foreldrerolla i det landet flyktningar og andre innvandrarar kjem ifrå. Foreldre frå minoritetsmiljø treng ressursar til å handtere foreldrerolla i ein situasjon som kan vere prega av sosialt, kulturelt og religiøst krysspress. Utfordringane blir forsterka av at miljøa kan vere lukka og ha låg tillit til hjelpetenestene.

Statsborgarskap

I 2017 fekk 21 673 personar norsk statsborgarskap. Den største gruppa av nye norske borgarar hadde bakgrunn frå Eritrea. Den nest største gruppa var somaliske borgarar, medan thailandske borgarar utgjorde den tredje største gruppa. Det er klare mønster i kven som vel å søke om norsk statsborgarskap, avhengig av kva for eit land dei kjem frå, og kvifor dei innvandra til Noreg. Søkarar frå Asia og Afrika har i meir enn ti år toppa statistikken, og dei fleste kom til Noreg som flyktningar eller på grunn av familieinnvandring. Utlendingsdirektoratet (UDI) avslo om lag 2 100 søknader om statsborgarskap i 2017. Dei tre vanlegaste avslagsgrunnane var krav i statsborgarlova om sju års opphald i Noreg i løpet av dei siste ti åra, kravet om klarlagd identitet og kravet om at søkaren ikkje har karenstid på grunn av straff eller strafferettsleg særreaksjon.

Strategiar og tiltak

Tiltak for effektiv kvalifisering i mottaksperioden

Opplæringa i norsk og opplæringa i norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak er frå september 2018 pliktfesta. Endringane inneber ei tydeleg forventning om at asylsøkarar skal delta i opplæring kort tid etter at dei har komme til landet. Lovendringa vil kunne medverke til å få fleire asylsøkarar til å delta i og gjennomføre opplæring i mottak. Andre relevante tiltak er å halde fram med samlingar for tilsette i mottak, med sikte på å styrke kunnskapen deira om opplæringa. For å auke talet på gjennomførte timar i norsk kan ein vurdere å auke intensiteten i opplæringa.

Tidleg kompetansekartlegging og karriererettleiing i mottak vil halde fram i 2019. Utfordringar frå utprøvingsfasen er no utbetra, og tilbodet blir kontinuerleg kvalitetssikra og vidareutvikla. I 2018 vil bebuarar i integreringsmottak også få tilbod om realkompetansevurdering, som ein del av Erasmus+-prosjektet Visible Skills for Adults (VISKA) .

Tiltak for raskare og meir treffsikker busetting

I busettingsarbeidet vil regjeringa legge vekt på ei betre kopling mellom den kompetansen flyktningar bringar med seg, kvalifisering i mottak og moglegheiter i arbeidsmarknaden. Regjeringa vil òg vurdere tiltak for å sikre spreidd busetting og unngå segregering, slik at flyktningar kan bli ein del av store og små fellesskap i det norske samfunnet.

Innst. 16 S (2017–2018) frå kommunal- og forvaltningskomiteen har følgande fleirtalsmerknad i punkt 3.3.5:

«Flertallet mener det er avgjørende å ta hensyn til jobbmuligheter, resultater på sysselsetting etter endt introduksjonsprogram og tilfredsstillende kapasitet i kommunen ved fordeling av flyktninger til kommunene. Kommuner som har tatt imot store tal, bør i større grad satse på integrering og i mindre grad bosette flere. Størrelse på kommunen skal ikke være avgjørende for om kommunen skal få lov til å ta imot flyktninger eller ikke. Det betyr at små kommuner også skal kunne få bosette flyktninger.»

Merknaden blir følgd opp i oppmodingane om busetting til kommunane i 2019.

Nasjonalt utval for busetting av flyktningar og etablering og nedlegging av mottak samt omsorgssenter er eit rådgivande organ for regjeringa der både staten og kommunesektoren er representerte. Det er nemnt opp eit nytt utval for perioden 2018–21. I 2018 er mandatet for utvalet endra, og det skal nå også foreslå kriterium for fordeling mellom kommunar/fylke/regionar som bidrar til raskare busetting og høgre arbeidsdeltaking. Forslag til kriterium for fordeling av busettingsplassar skal i 2019 bli lagt fram for departementet. Dette er ei ny ordning som gjer at departementet følger busettingsarbeidet tettare enn før.

Det er også inngått ein ny samarbeidsavtale mellom staten og KS om busetting av flyktningar i kommunane og om etablering og nedlegging av asylmottak og omsorgssenter for perioden 2018–21. Formålet med avtalen er at staten og kommunesektoren i fellesskap skal løyse dei nasjonale oppgåvene Noreg har når det gjeld mottak av asylsøkarar og busetting av flyktningar.

Det er vedtatt at barnefamiliar som har avgrensa opphaldsløyve medan dei ventar på dokumentert identitet, skal bli busette etter første gongs fornying av løyvet. Medlemmer av barnefamiliar med slikt avgrensa løyve har frå juni 2018 rett og plikt til introduksjonsprogram og til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det gjeld òg einslege mindreårige over 16 år med same avgrensingar i opphaldsløyvet, jf. Innst. 333 L (2017–2018) og Prop. 89 L (2017–2018) Endringer i introduksjonsloven .

Tiltak for auka kvalitet og betre resultat av kvalifiseringa for innvandrarar i kommunen

Barnhage, skole og høgre utdanning

Regjeringa har innført både eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling og ei ordning med gratis kjernetid på 20 timar per veke for tre-, fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt. Regjeringa foreslår for 2019 å inkludere også toåringane i ordninga med gratis kjernetid. Dette vil bidra til at fleire minoritetsspråklege barn kan få eit barnehagetilbod. I tillegg foreslår regjeringa ei styrking av rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde.

Regjeringa har òg oppretta ei tilskottsordning for aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til barnehagen. For nærare omtale, sjå del II programkategori 07.30 Barnehagar, og del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Det er som nemnt store variasjonar i skoleresultat blant elevar med innvandrarbakgrunn. Den femårige satsinga Kompetanse for mangfold (2013–2017) hadde som mål å gjere tilsette i barnehagar og skolar betre i stand til å støtte minoritetsspråklege barn, unge og vaksne, slik at dei i størst mogleg grad fullfører og består utdanningsløpet. Erfaringane frå satsinga vil vere nyttige å ta med seg i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling i grunnopplæringa og i oppfølginga av integreringsstrategien. For nærare omtale, sjå del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa og del III, kap. 6 Ressursar i grunnopplæringa.

Kvalifisering av flyktningar og innvandrarar

Introduksjonsprogrammet skal reformerast med tydelege forventningar til gode resultat og meir arbeidsretta eller utdanningsretta tiltak. Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal fornyast og forbetrast. Regjeringa vil vurdere korleis opplæringa i norsk og samfunnskunnskap kan endrast slik at fleire oppnår høgre språklege ferdigheiter gjennom opplæringa, og der målet er oppnådd kompetanse framfor talet på gjennomførte timar. Vidare vil regjeringa greie ut korleis det skal innførast ei plikt for kommunane til å stille krav om å delta i norskopplæring for mottakarar av økonomisk sosialhjelp som på grunn av manglande språkkunnskapar ikkje er sjølvhjelpne.

Departementet er i gang med ein større gjennomgang av introduksjonslova og dei store tilskottsordningane på integreringsområdet. Gjennomgangen av introduksjonslova skal etter planen føre fram til eit lovforslag som vil bli sendt ut til offentleg høyring våren 2019. Det er mellom anna eit behov for å utvikle utdanningsløp som resulterer i formell kompetanse, og det er eit mål å kunne tilby fagopplæring gjennom introduksjonsprogrammet for dei som har behov for det.

Det blir sett i verk tiltak, på kort og lang sikt, for å hindre framtidige tekniske utfordringar i prøvegjennomføringa i norsk, samfunnsfag og statsborgarskap. Arbeidet skjer i samarbeid mellom departementet og Kompetanse Noreg.

For å etablere eit introduksjonsprogram som er meir målretta og med betre kvalitet enn dagens tilbod, har IMDi og Kompetanse Noreg fått i oppdrag å utarbeide forslag til standardiserte faglege element for bruk i programmet. Programmet skal rettast mot ulike grupper av deltakarar, og dermed gi høgre overgang til arbeid eller utdanning. Elementa skal utviklast med utgangspunkt i gjeldande ordningar, forsøk og gode resultat. Gjennom utarbeiding av standardiserte element vil mellom anna tiltak som språk- og arbeidspraksis bli standardiserte. Det skal også utarbeidast element om til dømes livsmeistring og foreldrestøtte. Elementet om foreldrestøtte skal bli obligatorisk. Departementet foreslår å sette av midlar til utvikling av dei standardiserte elementa i 2019.

Departementet vil også prøve ut om bruk av økonomiske insentiv kan medverke til betre resultat, og vil sette i gang eit forsøk med bruk av økonomiske insentiv i introduksjonsprogrammet i 2019.

Satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar i norskopplæring blir ytterlegare styrkt i 2019.

Tilskottsordninga Jobbsjansen består i 2018 av tre delar, kalla A, B og C. Hovudmålet med Jobbsansen del A er å auke sysselsettinga blant heimeverande innvandrarkvinner som står langt frå arbeidslivet. Gjennom Jobbsjansen del B kan fylkeskommunar søke om tilskott til tilbod om meir grunnskoleopplæring til innvandrarungdom som har for dårleg fagleg grunnlag til å starte eller gjennomføre vidaregåande opplæring. Gjennom Jobbsjansen del C kan kommunane søke om prosjektmidlar til å prøve ut lenger kvalifiseringsløp med et fjerde år i introduksjonsprogram for deltakarar som har gjennomført tre år i program og enda ikkje er klare for ordinært arbeid eller vidare utdanning.

Regjeringa vil i 2019 vidareutvikle og styrke både del A og del B av Jobbsjansen . I arbeidet med integreringsstrategien vil ein vurdere korleis tilbod som blir gitt gjennom Jobbsjansen del B , ofte kalla kombinasjonsklassar, kan bli etablerte i heile landet. Løyvinga til Jobbsjansen del B blir fordobla frå 35 mill. kroner til 70 mill. kroner. Dette legg grunnlag for å gi eit forsterka opplæringstilbod til ungdom med svake grunnleggande dugleikar. Jobbsjansen del A for innvandrarkvinner skal styrkast med 15,3 mill. kroner, og det blir opna for eit samarbeid med sosiale entreprenørar om arbeidsretta tiltak for denne gruppa gjennom den nye ordninga for utvikling av kommunale integreringstiltak.

Vidare vil regjeringa i 2019 overføre Jobbsjansen del C til den nye ordninga for utvikling av kommunale integreringstiltak, sjå omtale nedanfor. Endringane i ordninga må òg sjåast i samanheng med regjeringa sitt arbeid med regionreforma, som er omtalt i meldinga som blir lagd fram før 19. oktober, jf. Innst. 393 S (2017–2018).

Regjeringa har innført fleire endringar som skal gjere fag- og yrkesopplæringa meir tilgjengeleg for ufaglærte. I 2018 er det etablert ei ordning med Fagbrev på jobb , jf. Innst. 290 L (2017–2018) og Prop. 52 L (2017–2018). Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring.

Regjeringa har òg sett i verk forsøk med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskolenivå for vaksne) og forsøk med modulstrukturerte læreplanar i fleire lærefag i vidaregåande opplæring. Målet er å utvikle ei fleksibel og meir effektiv opplæring for vaksne og stimulere til at fleire vaksne tar grunnskoleopplæring og fag- eller sveinebrev. Budsjettforslaget for 2019 legg til rette for ei kraftfull utviding av forsøka. Det omfattar helse- og omsorgsfag og fleire byggfag. I tillegg vil regjeringa styrke forsøka med førebuande vaksenopplæring. Satsinga er ein del av både inkluderingsdugnaden til regjeringa for å få fleire i arbeid og kompetansereforma. For å kvalifisere fleire til arbeid foreslår regjeringa vidare å styrke Kompetansepluss, slik at fleire kan få opplæring i grunnleggande dugleikar. For nærare omtale, sjå programkategori 07.50.

Ordninga med Kommunale utviklingsmidlar (KUM) blir evaluert av Proba Samfunnsanalyse. Dei peiker på at ordninga først og fremst kan sjåast som ei stimuleringsordning, som stimulerer til lokal utforsking. Regjeringa foreslår å endre ordninga i 2019 ved å målrette innsatsen mot prioriterte tiltak og modellar av nasjonal interesse. Ordninga endrar namn til Tilskott til utvikling av kommunale integreringstiltak . Endringa inneber at kommunar i 2019 kan søke om prosjektmidlar innanfor fem område. Utprøvinga av eit lengre kvalifiseringsløp (år 4), etter gjennomført 3-årig introduksjonsprogram (tidlegare Jobbsjansen del C ) blir overført til denne ordninga som eitt av dei fem områda. Vidare kan kommunane søke om midlar til Utprøving av ulike modeller for arbeidsretta kvalifisering i samarbeid med sosiale entreprenørar . Her vil innvandrarkvinner vere ei prioritert målgruppe. Dei tre siste områda er Utvikling og utprøving av metodikk i norskopplæringa, Utvikling og utprøving av standardiserte element i introduksjonsprogrammet og Utvikling av innovative løysinger i introduksjonsordninga og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap som bidrar til overgang til arbeid og/eller utdanning etter avslutta løp.

Formålet med tilskottsordninga vil framleis vere å auke kvaliteten på og betre resultata i integreringsarbeidet til kommunane.

Betre bruk av kompetansen til innvandrarar

Det er naudsynt med særskilde tiltak som kan medverke til å få fleire innvandrarar i arbeid. Mellom anna må samarbeidet med private og offentlege arbeidsgivarar styrkast for å sikre god bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet.

Regjeringa har mål om å gjere det enklare å få godkjent kompetanse frå utlandet. Regjeringa held fram med arbeidet med oppfølging av dei tiltaka som blei varsla i Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse . Regjeringa har mellom anna styrkt tilbodet om kompletterande utdanningar. Eit eksempel er det eittårige kompletterande studietilbodet Kompletterende utdanning for sykepleiere med fluktbakgrunn utdannet utenfor EØS som tilbys av OsloMet. Arbeidet med styrkinga vil halde fram i 2019. For nærare omtale, sjå programkategori 07.60.

Regjeringa vil vurdere tiltak for å fremme medvit om gevinstane ved auka mangfald i arbeidslivet, medrekna auka etnisk mangfald. Regjeringa vil mellom anna opprette ein ny mangfaldspris i 2019.

Regjeringa har vidare sett i gang arbeidet med ein handlingsplan mot diskriminering. Sjå Barne- og likestillingsdepartementet sin Prop. 1 S (2018–2019) for meir informasjon. Det vil mellom anna bli gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Regjeringa foreslår å styrke tilskottsordninga til mentor- og traineeordningar i 2019.

Innsats i utsette byområde

Områdesatsingar er eit verkemiddel for å betre miljø, butilhøve og levekår i eit geografisk avgrensa område. Ei områdesatsing skal sjå fleire verkemiddel i samanheng og skape synergieffektar av statlege og kommunale midlar. Barn og unge er ei særleg viktig målgruppe for desse satsingane.

I 2019 blir arbeidet med å betre levekåra i utsette byområde ført vidare og styrkt. Det skjer i eit samarbeid mellom fleire departement, ei rekke statlege etatar og kommunane Oslo, Drammen, Stavanger, Bergen og Trondheim. Det blir i denne samanhengen vist til budsjettproposisjonen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for 2019.

Det blir foreslått å auke løyvinga til områdesatsingar i 2019. Forslaget inneber mellom anna å styrke Oslo Sør-satsinga med 10,5 mill. kroner. Denne områdesatsinga blei etablert i 2018 og varer ut 2026. Satsinga er retta inn mot følgande satsingsområde: nærmiljø og førebyggande arbeid, oppvekst og utdanning og sysselsetting. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til områdesatsinga i Oslo indre aust med 2 mill. kroner i samband med den planlagde fornyinga frå 2019. Om lag halvparten av den auka løyvinga til desse områdesatsingane skal gå til tiltak for tidleg innsats i barnehage og skole. Dei resterande midlane skal brukast for å styrke gjennomføring i vidaregåande skole. For nærare omtale av forslaget, sjå kap. 291 post 62. Sjå også forslag om å auke løyvinga over kap. 231, post 21 til rekruttering av barn til barnehage i bydelar som er omfatta av områdesatsingar.

Regjeringa vil sette i gang ei offentleg utgreiing (NOU) om utfordringar knytte til levekår og integrering i buområde i og rundt dei store byane i Noreg. Utgreiinga skal gi ei samla vurdering av utfordringane her i landet og skal gi innspel til tiltak for å fremme gode levekår og gode føresetnader for integrering i aktuelle byområde. Utgreiinga vil vere eit viktig bidrag for å fremme ein kunnskapsbasert og langsiktig politikk kring desse spørsmåla.

Tolk

Som ei oppfølging av NOU 2014: 8 Tolking i offentlig sektor – et spørsmål om rettssikkerhet og likeverd har regjeringa sett i gang arbeidet med ei lov om tolking i offentleg sektor.

Frivillig innsats på integreringsfeltet

Ein heilskapleg gjennomgang av tilskottsordningane retta mot innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd på integreringsfeltet blei gjord i 2017. Gjennomgangen konkluderer med at staten framleis bør gi tilskott til frivillige organisasjonar på integreringsområdet, men at det bør gjerast endringar i ordningane. Regjeringa foreslår derfor ei endring av innretninga av tilskottsordningane frå 2019.

Regjeringa foreslår å legge om dagens tilskott slik at det frå 2019 skal vere to ordningar for tilskott til frivillig verksemd på integreringsområdet:

  • ei felles søkbar tilskottsordning for frivillig verksemd på integreringsområdet

  • vidareføring av ordninga med namngitte tilskott til nasjonale ressursmiljø

Endringane inneber at dei fire søkbare tilskottsordningane for frivillige verksemder som ein har i dag, blir slåtte saman til ei felles søkbar tilskottsordning. Endringa er ei forenkling både for organisasjonane som skal søke, og for forvaltninga av ordninga. Endringa gir meir fleksibilitet samanlikna med dagens finansieringsordning, og vil bidra til meir heilskapleg styring av tilskottsmidlane på området. For nærare omtale, sjå kap. 291 post 71.

Regjeringa har nemnt opp Integreringspanelet for perioden 2018–19. Panelet består av tolv deltakarar som alle har kompetanse på ulike område, og røynsler med å vere innvandrar i Noreg. Integreringspanelet er primært ein rådgivande ressurs for regjeringa og skal gi innspel til forbetring og utvikling av integreringspolitikken, og dessutan gi nye idear og perspektiv. Regjeringa held også ein årleg nasjonal integreringskonferanse for å styrke dialogen med innvandrarbefolkninga.

Negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Regjeringa lanserte i 2017 Retten til å bestemme over eget liv – handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020) . Planen inneheld 28 tiltak for å styrke rettsvernet, styrke hjelpa til dei som blir ramma, endre praksis og haldningar i aktuelle miljø, og styrke kunnskapen i tenestetilbodet og forskinga på feltet. Frivilligheita har ei viktig rolle i alle innsatsområda i handlingsplanen, særleg med å endre haldningar og praksis. Tiltaka i handlingsplanen blir sette i samanheng med tiltaka i Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Handlingsplanen skal følgast opp og forsterkast, og regjeringa har komme med ytterlegare tiltak for å førebygge at norske ungdommar blir etterlatne i utlandet mot vilja si. Det foreldrestøttande arbeidet blir styrkt, mellom anna gjennom innlemming i introduksjonsprogrammet. Regjeringa har varsla at deltaking på kursa skal vere obligatorisk for deltakarane i introduksjonsordninga.

Tilskott til det haldningsskapande og førebyggande arbeidet som organisasjonar gjer, blei styrkt i revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018). Regjeringa fører vidare styrkinga av tilskottet til det haldningsskapande og førebyggande arbeidet til frivillige organisasjonar mot negativ sosial kontroll i 2019.

Informasjonsarbeidet blir styrkt ved at det blir oppretta ein nettportal om negativ sosial kontroll, og filmar og materiell skal oppdaterast og formidlast. Ordninga med minoritetsrådgivarar på skolar er styrkt med 13 nye rådgivarar i 2018, jf. Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018). Regjeringa fører vidare denne auken i 2019, og vil i tillegg opprette eit ambulerande fagteam som skal bidra til betre kompetanse i tenestene og eit rådgivingstilbod til elevar og skolar som ikkje har minoritetsrådgivar. Ordninga med integreringsrådgivarar på norske utanriksstasjonar skal også vidareutviklast. Internasjonalt samarbeid blir ført vidare, og det skal leggast vekt på samanhengane mellom haldningsendrande arbeid internasjonalt og i Noreg. Ei mentorordning for unge som er utsette for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og tvangsekteskap, er under utvikling i Bufdir.

Statsborgarskap

Statsborgarskap er eit band mellom stat og borgar som inneber rettar og plikter for begge partar, og er tufta på tillit og lojalitet. Regjeringa vil at norsk statsborgarskap skal henge høgt. Det er til gunst for alle dersom tildeling av statsborgarskap også er innretta slik at det er integreringsfremmande.

Mange personar har tilknyting til fleire land. Ei avvikling av prinsippet om eitt statsborgarskap reflekterer denne utviklinga og inneber ei harmonisering med statsborgarregelverk i nordiske land og fleirtalet av europeiske land. Etter dagens statsborgarregelverk er det ei rekke unntak frå prinsippet om eitt statsborgarskap. Å opne fullt ut for dobbelt statsborgarskap vil derfor innebere større grad av likebehandling og føreseielegheit.

På denne bakgrunnen fremma regjeringa i august 2018 Prop. 111 L (2017–2018) Endringer i statsborgerloven (avvikling av prinsippet om ett statsborgerskap). Lovforslaget må sjåast i samanheng med Stortinget sitt vedtak om endringar i statsborgarlova om tap av statsborgarskap ved straffbare forhold, jf. Prop. 146 L (2016–2017) og Innst. 173 L (2017–2018). Prop. 146 L (2016–2017) blei fremma som eit tiltak i regjeringa sitt arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Dobbelt statsborgarskap er ein føresetnad for å frata personar det norske statsborgarskapet på grunn av terror eller liknande. Det er vidare eit vilkår for tap av statsborgarskap at personen har utvist ei framferd som er sterkt til skade for Noregs vitale interesser. Endringane trer i kraft 1. januar 2019. I samband med behandlinga av Prop. 146 L (2016–2017) bad Stortinget regjeringa greie ut om det kan etablerast ei ordning med rask domstolsbehandling av saker som gjeld tap av statsborgarskap av omsyn til grunnleggande nasjonale interesser. Departementet følger opp Stortingets vedtak.

Regjeringa har fremma Prop. 82 L (2017–2018) (foreldreskap og statsborgarskap for barn fødde i utlandet) om å innføre DNA-testing som dokumentasjon på farskap til barn fødde i utlandet. Etter gjeldande rett kan menn erklære farskap til barn også når dei er fødde i utlandet. Barn som er fødde i utlandet, vil nokre gonger heilt mangle dokument, eller ha dokument som inneheld heilt eller delvis uriktige opplysningar. Målet er mellom anna å motverke at det blir gitt uriktige opplysningar for å få avleidd rett til statsborgarskap. Regjeringa sitt forslag blei vedtatt av Stortinget 11. juni 2018.

Regjeringa vil greie ut og endre statsborgarlova slik at det som hovudregel er krav om åtte års butid for å få statsborgarskap. Det blir innført eit unntak for personar som etter fastsette kriterium er sjølvforsørgande, og butidskravet for desse blir seks år. Dei som har unntak frå hovudkrava i dag og flyktningar, får gjeldande krav til butid.

Regjeringa har hatt ute til høyring eit forslag om å auke karenstida for statsborgarskap ved straff eller strafferettsleg særreaksjon, og at personar som er dømde for handlingar som er i strid med grunnleggande nasjonale interesser, ikkje skal ha rett til å bli norske borgarar. I dag gir straff for slike handlingar karenstid på lik linje med anna type straff. Departementet arbeider med oppfølging av høyringa.

Departementet vil sende eit lovforslag ut til høyring om endring i statsborgarloven som fastset at saker om tilbakekall av statsborgarskap skal behandlast av domstolen i førsteinstans. Departementet vil i høyringa også foreslå rett til fri rettshjelp utan behovsprøving og fritak for rettsgebyr i saker om tilbakekall av statsborgarskap. I same høyring vil det bli satt fram forslag om at barn og barnebarn som hovudregel ikkje kan miste statsborgarskapet som følge av feil gjorde av foreldre eller besteforeldre.

Kap. 290 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

265 675

241 314

264 480

Sum kap. 0290

265 675

241 314

264 480

Tala for rekneskap 2017 og saldert budsjett 2018 er førde på kap. 495 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er regjeringas utøvande organ for integreringspolitikken, ein premissleverandør for utviklinga av feltet og eit kompetansesenter for mellom anna kommunane.

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av IMDi. Innanfor ramma ligg mellom anna oppgåver knytte til arbeidet med uttak og busetting av overføringsflyktningar, til kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd. Finansiering av minoritetsrådgivarar ligg også på denne posten.

Mål for 2019

Mål som er omtalte i innleiinga til programkategori 07.90, er førande for arbeidet til direktoratet. Følgande mål vil vere sentrale for direktoratet i 2019:

  • IMDi støttar kommunane og andre sentrale aktørar på ein måte som sikrar eit raskt og treffsikkert busettings- og integreringsarbeid.

  • IMDi varetar og utviklar rolla si som nasjonalt kompetansesenter for busetting og integrering.

  • IMDi sørger for god iverksetting og samordning av integreringspolitikken.

Rapport for 2017

Det blei løyvd 265,7 mill. kroner på posten i 2017.

I 2017 blei i overkant av 11 000 flyktningar busette i norske kommunar, og gjennomsnittleg ventetid frå vedtak til busetting var fem månader. IMDi har hjelpt og følgt opp kommunane i integreringsarbeidet. Saman med kommunane har IMDi handtert busettinga raskt og i stort volum.

Introduksjonsordninga er det viktigaste verkemiddelet for kvalifisering av nykomne flyktningar til arbeid og til å forsørge seg sjølve. IMDi gjennomførte i 2017 mellom anna fagverkstad for meir enn 1 100 programrådgivarar og andre kommunetilsette. Kommunane opplever deling av kunnskap og erfaringar som svært nyttig.

IMDi arbeidde i 2017 vidare med utvikling av integreringsmottak og løysingar for tidleg kompetansekartlegging av flyktningar og karriererettleiing. IMDi implementerte nye ordningar i Jobbsjansen , som skal bidra til betre kvalifiseringsløp for dei som har behov for meir grunnskoleutdanning og eit noko lengre introduksjonsprogram.

Det finst unge i Noreg som blir utsette for negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. IMDi har arbeidd i mange år for å førebygge dette, og innsatsen heldt fram i 2017, mellom anna gjennom arbeidet med å følge opp regjeringa sin handlingsplan Retten til å bestemme over eget liv – handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). IMDi følger opp tiltak i opptrappingsplan mot vald og overgrep, ved å styrke kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i kommunane som arbeider med integrering og kvalifisering av flyktningar og innvandrarar.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å sette av 18 mill. kroner til å føre vidare auken i talet på minoritetsrådgivarar frå revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018), og til å opprette eit ambulerande fagteam som skal bidra til betre kompetanse i tenestene og drive rådgiving overfor elevar, familiar og skolar.

Departementet foreslår å løyve 3 mill. kroner til IMDis arbeid med å utvikle standardiserte element i introduksjonsprogrammet.

For å sikre korrekt postbruk foreslår departementet å flytte 0,5 mill. kroner til arrangementet Til topps , frå posten til kap. 291 post 73. Vidare foreslår departementet å flytte 2,2 mill. kroner til kap. 291 post 72, også dette for å sikre korrekt postbruk.

Det blir foreslått ei løyving på 264,5 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3290 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3290 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

2 011

Sum kap. 3291

2 011

Tala for rekneskap 2017 er førde på kap. 3495 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Kap. 291 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

40 864

44 572

53 815

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

34 994

51 000

52 224

50

Noregs forskingsråd

7 076

6 857

7 021

60

Integreringstilskott , kan overførast

12 100 617

11 254 978

8 983 088

61

Særskilt tilskott ved busetting av einslege mindreårige flyktningar , overslagsløyving

3 290 166

3 329 422

2 283 887

62

Kommunale innvandrartiltak

181 446

199 506

269 652

70

Busettingsordninga og integreringstilskott, oppfølging

2 104

2 161

2 224

71

Tilskott til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

90 533

107 860

117 053

72

Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.a.

2 649

3 921

6 235

73

Tilskott

8 035

7 941

14 641

Sum kap. 0291

15 758 484

15 008 218

11 789 840

Tala for rekneskap 2017 og saldert budsjett 2018 er førde på kap. 496 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga skal nyttast til faste prosjekt og evalueringar. Løyvinga blir òg nytta til prosjekt som inngår i samarbeidsavtalen med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å utvikle og halde ved like statistikk og analyse om migrasjon, til å kartlegge kommunale kostnader ved busetting og integrering av flyktningar, og til å utvikle og formidle kunnskap om integrering og mangfald.

Mål for 2019

Sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for utvikling av integreringspolitikken.

Rapport for 2017

Det blei løyvd 40,9 mill. kroner på posten i 2017.

Løyvinga er nytta i tråd med målsettinga for posten. Dette omfattar i hovudsak større og mindre kjøp av forskings- og utviklingstenester. Mellom anna blei rammeavtalen med Statistisk sentralbyrå (SSB) om statistikk og analysar på innvandringsfeltet finansiert av løyvinga. I tillegg gjennomførte SSB ei levekårsundersøking blant innvandrarar. Det er inngått ein rammeavtale med Norsk kompetansesenter for vold og traumatisk stress (NKVTS) og Velferdsforskningsinstituttet NOVA om forskings- og utviklingstenester i samband med oppfølginga av Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020).

Evaluering av kvalifiseringstiltaket Jobbsjansen , evaluering av tilskott til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd, og Integreringsbarometeret – ei undersøking av befolkninga si holdning til integrering og innvandring blei også finansierte over posten. Det blei også gjennomført ei kunnskapsoppsummering om einslege mindreårige asylsøkarar, og det blei utvikla ein modell for å utarbeide konsistente og kvalitetssikra tilrådingar om god praksis på integreringsfeltet.

Utgifter til Berekningsutvalet, som kartlegg kommunane sine utgifter til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag, blei òg dekte av løyvinga.

I 2017 blei det løyvd 150 000 kroner til kvar av fylkesmennene i Hordaland og Østfold til deling av erfaringane frå forsøka med busetting (2014–16) med andre fylke. Forsøka gjekk ut på at fylkesmennene i Hordaland og Østfold hadde eit særskilt ansvar for å halde kontakt med kommunane i sine eigne fylke om talet på busettingsplassar. Formålet var auka og raskare busetting. Prosjektet førte mellom anna til betre samordning av regional stat overfor kommunane i dei to fylka. Departementet har valt å ikkje føre forsøka vidare.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å styrke posten med 5 mill. kroner til å utarbeide læringsmateriell, rettleiarar og støttefunksjonar for standardiserte element i introduksjonsprogrammet. Midlane skal også gå til utvikling og innlemming av kurs for foreldrestøtte og empowerment-kurs for kvinner i introduksjonsprogrammet.

Departementet foreslår å styrke posten med 1,5 mill. kroner til ein ny mangfaldspris. Vidare foreslår departementet å flytte 3 mill. kroner frå kap. 291 post 62 til posten til evaluering av tilskottet til utvikling av kommunale integreringstiltak.

For å sikre korrekt postbruk foreslår departementet å flytte 0,3 mill. kroner frå posten til kap. 858 post 01 til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets arbeid mot negativ sosial kontroll Løyvingsforslaget er òg redusert med 1 mill. kroner for å gi rom for andre prioriteringar på Kunnskapsdepartementets budsjett.

Departementet foreslår å løyve 53,8 mill. kroner på posten.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten skal nyttast til å utvikle gode digitale verktøy som skal forenkle arbeidet med busetting, kvalifisering og tilskottsforvaltning. Det er IMDi som forvaltar midla på posten.

Mål for 2019

Gode og trygge digitale verktøy til gjennomføring av integreringspolitikken.

Rapport for 2017

Det blei løyvd 35 mill. kroner på posten i 2017.

Fleire nye digitale løysingar blei lanserte i 2017. IMDi har betra og vidareutvikla Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).

I 2017 lanserte IMDi ei ny saksbehandlingsløysing for å busette flyktningar – IMDinett Busetting . Det er lagt vekt på å lage funksjonelle løysingar som effektiviserer og automatiserer arbeidsprosessar, og som er brukarvennlege. Løysinga blir òg brukt aktivt av kommunane og Bufetat.

Per 1. juli 2017 overtok IMDi ansvaret for ny sjølvregistreringsløysing av kompetanseopplysningar for flyktningar i mottak. Ny løysing gjer det enklare å bruke, formidle og rapportere kompetanseopplysningar til mottak, kommunar og NAV.

Det er i 2017 gjort ytterlegare forbetringar i løysingar som allereie er lanserte, som for eksempel IMDi.no. Tal- og statistikksidene er mellom anna utbetra med funksjonalitet for raskare nedlasting av data og meir brukarvennleg søkefunksjon for samanlikning av mellom anna kommunar.

Dei digitale verktøya erstattar gradvis mange av dei manuelle rutinane i dag og vil på lengre sikt bidra til å effektivisere integreringsarbeidet.

Budsjettforslag for 2019

Det blir foreslått ei løyving på 52,2 mill. kroner på posten.

Post 50 Noregs forskingsråd

Løyvinga på posten skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) under Noregs forskingsråd. VAM-programmet er under fornying, men skal føre vidare dei temaområda som ligg i programmet i dag.

Mål for 2019

Sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for utvikling av integreringspolitikken.

Rapport for 2017

Det blei løyvd 7,1 mill. kroner på posten i 2017.

VAM har gitt ny kunnskap om vedlikehald og utvikling av det norske velferdssamfunnet i møte med auka sosiale og kulturelle skilnader, globalisering av økonomi, politikk og arbeids- og næringsliv, kombinert med demografiske, sosiale og kulturelle endringar.

Budsjettforslag for 2019

Det blir foreslått ei løyving på 7 mill. kroner på posten.

Post 60 Integreringstilskott, kan overførast

Kommuane mottar tilskott gjennom ordninga med integreringstilskott ved busetting av personar som får opphald på bakgrunn av søknad om asyl, og familiegjensameinte til desse.

Tilskottsordninga skal òg medverke til busetting av eldre og personar med alvorlege kjente funksjonshemmingar og atferdsvanskar.

Kommunane skal gjennomføre eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane så snart som mogleg får arbeid og kan forsørge seg sjølve og ta del i samfunnet. Tilskottet skal gi ei rimeleg dekning av dei meirutgiftene kommunane har til arbeidet i busettingsåret og dei fire neste åra.

Mål for 2019

Målet med tilskottet er rask busetting og overgang til arbeid eller vidare utdanning.

Rapport for 2017

Det blei løyvd 12,1 mrd. kroner på posten i 2017. Frå 2015 til og med 2017 blei det utbetalt ekstratilskott for å auke busettinga. Rapporten for 2017 frå Berekningsutvalet, som kartlegg kommunanes utgifter til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag, viser at dekningsgraden for integreringstilskottet var 95,2 pst. Dette er ein oppgang frå 92,3 pst. i 2016. IMDi melder om at styrkinga av dei økonomiske verkemidla har medverka til auka og raskare busetting frå asylmottak til kommunane. I 2017 var det 386 kommunar som busette flyktningar. I 2018 blei det opna for at einslege mindreårige med avgrensingar i opphaldsløyvet medan dei ventar på dokumentert identitet, kan busettast etter første gongs vedtak om opphaldsløyve. I 2018 blei det òg opna for at medlemmer av barnefamiliar med same avgrensing i opphaldsløyvet kan busettast etter at opphaldsløyvet har blitt fornya éin gong. Ved utgangen av juni 2018 venta totalt 756 personar i mottak eller omsorgssenter på busetting i ein kommune.

Tabell 4.28 Nøkkeltall for busetting 2015–juni 2018

År

2015

2016

2017

Per 30. juni 2018

Busette totalt

11 342

15 291

11 078

2 311

Busette einslege mindreårige

691

1 599

759

107

– av desse IMDi

571

1 138

486

85

– av desse Bufetat

120

461

273

22

Busette barn i familie

2 683

3 930

6 170

1 636

Busette einslege vaksne

5 148

5 907