Kunnskapsdepartementet har hatt stor merksemd på samfunnstryggleik og beredskap i fleire år og bidratt til å styrke arbeidet med beredskap i kunnskapssektoren.

Departementet sitt hovudmål når det gjeld arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren, er å vere førebudd på å handtere alle typar kriser i eigen sektor. Det inneber å førebygge uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Verksemdene i kunnskapssektoren har ulike eigeformer, noko som pregar arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og i kva grad Kunnskapsdepartementet kan stille krav til arbeidet ved den einskilde verksemd. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar, kommunale, fylkeskommunale og private skolar, fylkeskommunale og private fagskolar, statlege og private universitet og høgskolar. I tillegg kjem folkehøgskolar, som i stor grad er eigde av stiftelsar. Departementet har ansvar for samfunnstryggleik i eigen sektor, men kva slags verkemiddel departementet rår over varierar. Departementet styrer med mellom anna juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med dei utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes kan Kunnskapsdepartementet instruere dei statlege underliggande verksemdene til å gjennomføre beredskapstiltak medan ein ikkje har dei same juridiske verkemidla overfor barnehagar og skolar. Kunnskapsdepartementet vil halde fram med å definere korleis departementet skal praktisere sektoransvaret sitt overfor verksemder med ulike eigeformer.

Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,6 millionar barn og vaksne. Obligatorisk tiårig grunnskole, høg dekningsgrad i barnehage og store delar av årskulla i vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå eitt til 19 år har tilhald i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdommane er trygge der dei er. Tilsvarande er det ofte store samlingar av studentar og tilsette ved universitet, høgskolar og fagskolar. Også her har institusjonane eit ansvar for at alle desse individa er trygge.

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse, og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. I tillegg forvaltar universitet og høgskolar store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og vitskaplege og historiske samlingar som kan vere særleg utsette og må tryggast.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ulike dokument med krav og føringar og rettleiingar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. I Styringsdokument for arbeidet med samfunnssikkerhet og beredskap i kunnskapssektoren, som blei revidert i 2016, er det samla krav og føringar som gjeld for verksemder i kunnskapssektoren. På nettsida til Utdanningsdirektoratet ligg mellom anna rettleiinga Alvorlige hendelser i barnehager og utdanningsinstitusjoner og anna støttemateriell, til dømes beredskapsplanar, som gjeld for alle utdanningsinstitusjonar inkludert universitet og høgskolar. Frå 2015 kom ei presisering av at forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar omfattar ei plikt for eigaren og leiaren av verksemda til å vurdere risikoen for alvorlege tilsikta hendingar og risikoreduserande tiltak (rundskriv I 6/2015). Helsedirektoratet har òg utarbeidd ei rettleiing til forskrift om miljøretta helsevern på nettsida si.

Kommuneundersøkinga 2017 (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) viser at det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld beredskapsplanar og øving. Dei årlege spørreundersøkingane frå Utdanningsdirektoratet til barnehagar, skolar, kommunar og fylkeskommunar inneheld spørsmål om beredskap. Undersøkingane frå 2017 viser at det er variasjonar mellom institusjonar og geografiske ulikskapar når det gjeld gjennomføring av beredskapstilak.

Kunnskapsdepartementet følger opp det arbeidet dei underliggande verksemdene gjer med samfunnstryggleik og beredskap, gjennom den ordinære styringsdialogen og gjennom eigne beredskapstilsyn. Departementet gir mellom anna pålegg til verksemdene om å gjennomføre øvingar. Av og til øver departementet saman med verksemdene. Departementet har ein aktiv dialog med verksemdene om oppfølging av manglar som kjem fram under øvingane.

Kunnskapsdepartementet oppretta i 2017 eit nytt råd for samfunnstryggleik og beredskap, med deltakarar frå universitet, høgskolar, fagskolar, folkehøgskolar, studentsamskipnader og Utdanningsdirektoratet. Sekretariatsfunksjonen for rådet er lagd til Universitetet i Stavanger. Rådet skal styrke og samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap ved utdanningsinstitusjonane og vere eit forum for kunnskapsdeling, erfaringsutveksling, utarbeiding av felles tiltak, retningslinjer og rettleiingar. Ei viktig oppgåve vil vere å utarbeide tiltak for å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme innanfor høgre utdanning. I januar 2018 arrangerte rådet ein konferanse om dette temaet med deltakarar frå heile sektoren, utover universitets- og høgskolesektoren. Det blir nå arbeidd med oppfølging av konferansen.

I oktober 2017 blei første versjon av sikresiden.no lansert. Sikresiden.no er ein mobiltilpassa nettstad som gir om lag 400 000 studentar og tilsette og 30 verksemder i universitets- og høgskolesektoren brukarvennleg informasjon og opplæring innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Den inkluderar mellom anna råd om kva ein skal gjere i ein situasjon prega av alvorleg vald. Løysinga er eit resultat av samarbeid mellom OsloMet – storbyuniversitetet (tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus ), Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, UNINETT med fleire.

I Kunnskapsdepartementet sin digitaliseringsstrategi for universitets- og høgskolesektoren frå 8. september 2017 er eit av tiltaka ei målretta styrking av informasjonstryggleiken i sektoren. Departementet legg i strategien vekt på at verksemdene i universitets- og høgskolesektoren har eit bevisst forhold til informasjonstryggleiken som ein kritisk suksessfaktor for eigne digitaliseringsstrategiar og strategiske satsingar. Med etableringa av UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking – frå 1. januar 2018 blir det også lagt opp til ei sterkare styring av informasjonstryggleiken på sektornivå, der det nye organet får ei nøkkelrolle.

Departementet er i ferd med å utvikle eit rammeverk for styringa av informasjonstryggleiken på sektornivå. Det er nå utarbeida ansvars- og arbeidsdeling mellom Kunnskapsdepartementet og UNIT for styringa av informasjonstryggleiken i kunnskapssektoren. Departementet har ansvar for overordna og systematisk styring, medan UNIT vil ha ei utøvande rolle som mellom anna inneber å utvikle og gjennomføre ein informasjonstryggleiksstrategi, gje praktisk støtte til institusjonane, gjere evalueringar og tilstandsvurderingar av informasjonstryggleik og personvern på sektor- og institusjonsnivå. Rammeverket vil styrke styringa med og kontrollen av arbeidet med informasjonstryggleik i universitets- og høgskolesektoren og betre kvaliteten på statusrapporteringa ved at ansvaret for å gjennomgå, kvalitetssikre og oppsummere arbeidet frå verksemdene ligg til UNIT som fagleg kompetanseorgan. Betre kvalitet på statusrapporteringa vil styrke grunnlaget til departementet for å etatsstyre den einskilde verksemda på området for informasjonstryggleik og personvern.

Departementet har elles i eige brev informert verksemdene i universitets- og høgskolesektoren om EUs nye personvernforordning (GDPR), og UNIT har saman med institusjonane etablert eit samarbeid for å styrke arbeidet med personvern. Vidare lanserer Norsk senter for forskningsdata (NSD) ei rekke nye tilbod, herunder heildigitale personvernløysingar, som er utvikla for å hjelpe forskarar og forskingsinstitusjonar med å etterleve det nye personvernregelverket.

For å oppfylle hovudmålet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebygge uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren

  • utarbeider risiko- og sårbarheitsanalysar tilpassa verksemda, samt delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering, og som styrker evna til krisehandtering i organisasjonen

  • gjennomfører øvingar for å teste sin eigen beredskap, og for å gjere tilsette i stand til å takle dei utfordringane som kan komme ved kriser, og følger opp læringspunkt frå desse øvingane og reelle hendingar

  • arbeider systematisk med informasjonstryggleik og personvern og ser til at arbeidet med informasjonstryggleik er i samsvar med lover og forskrifter