Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Kunnskapsdepartementet planlegg å gjennomføre fleire tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i sektoren. I dette kapittelet vil vi presentere dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie. I tillegg er det mykje kontinuerleg arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av utviklinga av den ordinære verksemda.

Regjeringa er i ferd med å omorganisere dei sentraladministrative oppgåvene i sektoren. Den nye organiseringa skal legge til rette for høgre kvalitet og effektivitet i sektoren og gi fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo. Mellom anna er fleire verksemder slåtte saman, oppgåver skal flyttast frå departementet til underliggande verksemder, og om lag 60 årsverk skal flyttast ut av Oslo innan utgangen av 2022. Det skal utarbeidast forpliktande planar for vinstrealisering for alle verksemdene. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa lanserte hausten 2017 Framtid, fornyelse og digitalisering – digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021. Digitaliseringsstrategien er tett kopla til den overordna digitaliseringspolitikken til regjeringa, og har fire hovudområde: læringa til elevane og innhaldet i skolen, kompetanse, infrastruktur og fag- og yrkesopplæringa. Det norske samfunnet står overfor store utfordringar og endringar. Samtidig skyter endringane fart som følge av digitalisering og automatisering. IKT og digitalisering vil føre til omfattande endringar i arbeidsformer, organiseringa av arbeidslivet og forretningsmodellane i mange bransjar. Gjennom tiltaka i strategien vil regjeringa bidra til at skolen utnyttar digitale hjelpemiddel betre og rustar elevane både her og nå og for framtida. Grunnopplæringa skal dermed bidra til at vi som samfunn kan handtere digitaliseringa på ein god måte.

Feide, Felles elektronisk identitet, er nå rulla ut i 408 av kommunane og alle fylkeskommunane, noko som utgjer 98,5 pst. av brukarane. Feide har, som eit tiltak i digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa, blitt vidareutvikla til Feide 2.0 (Dataporten). Gjennom Feide 2.0 blir det enklare for kommunane og fylkeskommunane å halde orden på kva tenester som mottar kva for opplysningar, og for tenestetilbydarane å tilby gode tenester til sektoren. Som ein del av den femårige satsinga Den teknologiske skolesekken vil regjeringa finansiere utrullinga av Feide 2.0 i dei første åra, inkludert eigendelen til kommunane og fylkeskommunane.

Eit viktig delmål i digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa er å utvikle fellesløysingar slik at kommunar og fylkeskommunar får gevinstar og meir effektiv ressursbruk. Vidareutvikling av dei statlege løysingane for prøver og eksamen er eit sentralt tiltak for å nå dette delmålet. Ei av dei mest samfunnskritiske oppgåvene til Utdanningsdirektoratet er å utarbeide og gjennomføre eksamenar og prøver. Dei digitale tenestene for eksamen og prøver, med ei rekke underliggande system som støttar desse, er avgjerande for å kunne utføre denne oppgåva. Dei eksisterande digitale løysingane er utdaterte, er ikkje tilpassa krav om universell utforming og er ikkje tilgjengelege for alle brukargrupper som er pålagde å bruke dei. Tre eksisterande system skal erstattast av ei ny gjennomføringsløysing for eksamen og digitale prøver. Dei viktigaste gevinstane er digitalisering av eksamen, digitalisering av kartleggingsprøvene for dei yngste elevane og universell utforming av digitale prøver og eksamen.

På bakgrunn av Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet: strukturreform i universitets- og høyskolesektoren har det blitt gjennomført fleire samanslåingar i universitets- og høgskolesektoren. Blant dei statlege lærestadene var det fire samanslåingar i 2016 og tre i 2017, og blant dei private var det éin i 2016 og to i 2018. Arbeidet med å utvikle dei nye organisasjonane og dra fagleg nytte av samanslåingane vil gå over fleire år. Kunnskapsdepartementet vil, gjennom Forskingsrådet, lyse ut ein konkurranse om å evaluere reforma. Fleire av institusjonane har òg sett i verk sine eigne evalueringar.

Regjeringa la i 2017 fram ein overordna digitaliseringsstrategi for universitets- og høgskolesektoren for perioden 2017–21. Strategien skal bidra til at digitale teknologiar blir utnytta for betre kvalitet, tilgang og effektivitet i både utdanning, forsking og administrasjon. Kunnskapsdepartementet har bede lærestadene utarbeide sine eigne forpliktande mål og tiltak for digitalisering av utdanning og forsking.

Den norske universitets- og høgskolesektoren ligg langt framme med omsyn til samarbeid om digitale løysingar. Sektoren rår over gode infrastrukturløysingar og har realisert ei rekke fellestenester for administrative oppgåver, utdanning og forsking. Likevel er det eit potensial for ytterlegare effektivisering og kvalitetsheving gjennom utnytting av eksisterande og nye IKT-løysingar.

UNIT – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgre utdanning og forsking, som blei oppretta 1. januar 2018, har det nasjonale ansvaret for å implementere og vidareutvikle digitaliseringsstrategien og for samordning på IKT-området innanfor høgre utdanning og forsking. UNIT har kartlagt nåsituasjonen, behov og moglegheiter for vidare utvikling av fellestenester. I tillegg til dei fellestenestene som allereie finst, er det fleire prosessar i gang i universitets- og høgskolesektoren for større samordning av mellom anna økonomitenester og læringsressursar. Dette vil styrke føresetnadene for auka kvalitet, samstundes som ressursutnyttinga blir meir effektiv.

NOKUT har utvikla eit IKT-system som skal gi ei heilskapleg samhandlingsløysing med sjølvbetening for eksterne brukarar, der mellom anna saksbehandlingsstøtte og arkiv er integrerte. Dei fleste søknads- og saksbehandlingsprosessane er nå digitaliserte. Gevinsten så langt er ei forbetra teneste for brukarane. Det vidare arbeidet vil ta sikte på effektivisering av ressursbruken, gjennom forbetringar av den tekniske løysinga og av prosessar.

Regjeringa har følgt opp områdegjennomgangen av Noregs forskingsråd. Det er mellom anna etablert eit enklare system for verksemdskostnader i Forskingsrådet som sikrar betre styring med og oversikt over desse kostnadene samt reduserte adminstrative kostnader. Forskingsrådet er i ferd med å etablere eit heilskapleg system for handsaming av prosjektsøknader og oppfølging.

Regjeringa vil i løpet av 2018 legge fram ein strategi som skal gi tydeleg retning for integreringsarbeidet framover. Formålet er å auke deltakinga for innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv gjennom ein meir samordna, heilskapleg og brukarretta innsats. Mellom anna skal regelverket oppdaterast for å sikre klart språk. Både introduksjonslova og forskriftene skal vurderast for å sjå kva som bør regulerast kor. Det skal òg vurderast om dagens forskrifter kan samlast og forenklast. Lova skal vere pedagogisk og forståeleg, og i tråd med norma for klart språk. Ho bør ha ein einskapleg og gjennomgåande begrepsbruk, som er i tråd med anna relevant regelverk.

Prinsippet om eitt statsborgarskap står på Difis liste over tidstjuvar i forvaltninga. Mykje sakshandsaming er knytt til kravet om løysing frå tidlegare statsborgarskap og vurdering av unntak. Kunnskapsdepartementet har foreslått å avvikle dette prinsippet i Prop. 111 L (2017–2018) Endringer i statsborgerloven (avvikling av prinsippet om ett statsborgerskap) , som blei fremma for Stortinget i august 2018. Dette vil forenkle statsborgarregelverket og praktiseringa av regelverket monaleg.

Kunnskapsdepartementet har sett ned to offentlege lovutval. Det eine utvalet skal gå gjennom regelverket på området til grunnopplæringa. Det andre skal gå gjennom regelverket for universitet og høgskolar. Målet med arbeida er mellom anna eit enklare og betre regelverk i begge sektorar. Utvala skal levere kvar sin NOU med forslag til ny opplæringslov og universitets- og høgskolelov. Opplæringslovutvalet skal levere forslaga sine innan desember 2019. Utvalet for høgre utdanning skal levere forslaga sine innan februar 2020. Lovene skal vere utforma i eit klart og enkelt språk.