Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

FNs generalforsamling vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our world: The 2030 Agenda for Sustainable Development. Alle FNs medlemsland er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftmåla i agendaen. Noreg var i 2017 komme langt i å nå dei fleste delmåla samanlikna med andre land innanfor og utanfor Organisation for Economic Cooperation and Development (OECD). Likevel er det framleis utfordringar – også i Noreg.

Kunnskapsdepartementet har eit koordineringsansvar for berekraftmål 4:

«Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle»

Målet har sju delmål og tre gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå, legg vekt på likeverd og kvalitet, og kopling mellom utdanning og arbeidsliv.

Regjeringa vil i den nasjonale oppfølginga særleg legge vekt på å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring, og auke læring på alle nivå. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skole, vil få særskild merksemd. Det er ei utfordring at for få gjennomfører høgre utdanning. Regjeringa ønsker òg å legge til rette for betre kompetanse- og karriereutvikling på ulike arenaer og gjennom heile livet. Kunnskapsdepartementet vil samarbeide nær med Utanriksdepartementet om oppfølging internasjonalt.

Boks 12.1 FNs berekraftmål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle

Delmål under berekraftmål 4:

  • 4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskole og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbytte

  • 4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskole, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskolen

  • 4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgre utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkommeleg pris

  • 4.4 Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, blant anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetting, sømmeleg arbeid og entreprenørskap

  • 4.5 Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

  • 4.6 Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

  • 4.7 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremme berekraftig utvikling, blant anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremme fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetting av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling

  • 4 a. Etablere og oppgradere utdanningstilbod som tar i vare omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle

  • 4 b. Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgre utdanning, blant anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland

  • 4 c. Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, blant anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar

Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla under berekraftmål 4.

Delmål 4.1

Omtrent 100 pst. av alle barn fullfører tiårig obligatorisk grunnskole, og 98,1 pst. gjekk direkte til vidaregåande opplæring i 2017. Norske elevar på 4. og 5. trinn viser ein klar framgang i lesing, og ligg langt over det internasjonale gjennomsnittet, viser Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS 2016). Jentene har framleis betre leseferdigheter enn gutane, medan minoritetsspråklige elevar les betre enn i 2011. Hovudtendensen er likevel at fleirspråklege elevar skårar gjennomsnittleg lågare enn einspråklige elevar. Kjønnsskilnadene ser òg ut til å auke. Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS 2015) viser at norske elevar på 5. trinn presterer svært bra i matematikk. Dei skårar signifikant høgre enn elevar i same alder i dei andre nordiske landa og plasserer seg blant dei beste i Europa. På 9. trinn kan norske elevar sine prestasjonar i matematikk karakteriserast som middels gode i eit europeisk perspektiv. I naturfag presterer norske elevar godt på 5. trinn og middels godt på 9. trinn sett i eit europeisk perspektiv. I Programme for International Student Assessment (PISA)-undersøkinga frå 2015 skåra norske 15-åringar for første gong over OECD-gjennomsnittet i både lesing, matematikk og naturfag. Særleg viser norske elevar svært god framgang og gode resultat i lesing, og dei har òg ei positiv utvikling i matematikk. I naturfag har resultata vore stabile sidan 2009. 84,68 pst. av jentenene og 81,21 pst. av gutane oppnådde minst eit minimumsnivå i matematikk. For lesing var dei tilsvarande talla 90,83 pst. for jenter og 79,48 pst. for gutar. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa for nærare omtale.

Delmål 4.2

I 2017 gjekk 91,3 pst. av eitt- til femåringane i barnehage, opp frå 91,1 pst. i 2016. 97,6 pst. av femåringane har gått i barnehagen før dei byrjar på skolen. Det er ein svak auke frå 2016. Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn seks pst. av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen tre–fem år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke, og inntektsgrensa var frå 1. august 2018 auka til 533 500 kroner. Regjeringa foreslår å utvide ordninga med gratis kjernetid til å omfatte toåringar frå låginntektsfamiliar frå 1. august 2019, og at inntektsgrensa blir auka til 548 500 kroner frå same dato.

Sjå programkategori 07.30 Barnehagar for nærare omtale.

Delmål 4.3

60 pst. av både menn og kvinner i aldersgruppa 25–64 år deltok i 2017 i formell utdanning eller ikkje-formell opplæring i dei siste tolv månadene. Det er høvesvis eit og to prosentpoeng lågare enn i 2012 for menn og kvinner. 35,4 pst. av 19–24-åringane var i høgre utdanning i 2017. Dette er ein auke frå 35,1 pst. i 2016. Delen kvinner i same aldersgruppe som var studentar i 2017, var 42,9 pst., opp frå 42,6 pst. i 2016, og delen menn var 28,4 pst., opp frå 28,1 pst. året før.

Gratisprinsippet i høgre utdanning og låne- og stipendordninga gjennom Lånekassen bidrar til lik tilgang til høgre utdanning for kvinner og menn. Jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning, programkategori 07.40 Høgre yrkesfagleg utdanning og programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Betre gjennomføring i høgre utdanning har vore eit mål i lang tid. Til tross for ein nedgang for femårige integrerte mastergradar har ein stadig større del av bachelorstudentane fullført på normert tid enn tidligare. For dei som begynte på bachelorstudia i 2014, er det nå 48 pst. som fullfører på tre år, noko som er opp frå 41 pst. for dei som begynte i 2012. Sjølv om kvinner utgjorde 59 pst. av alle studentane i 2017, har delen menn hatt ein svak auke i dei siste ti åra. Sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Delmål 4.4

For å oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne i Noreg med kompetanse som er relevant for sysselsetting er det avgjerande at fleire gjennomfører utdanninga. Ein av hovudutfordringane er å styrke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I 2017 hadde 74,5 pst. av elevane som starta i 2012, fullført vidaregåande opplæring etter fem år. Dette er ein auke på 1,5 prosentpoeng sidan 2016 og rundt fem prosentpoeng fleire enn for dei som starta i 2006. I 2017 var det ein kjønnsskilnad på over ti prosentpoeng, med ein gjennomføringsgrad innan fem år på 79,8 pst. for kvinner og 69,5 pst. for menn. Organisation for Economic Cooperation and Development (OECD) har, basert på nåverande mønster, rekna ut at i gjennomsnitt vil 82 pst. av dagens unge i OECD-landa fullføre vidaregåande opplæring før dei fyller 25 år, samanlikna med 73 pst. i 2005. Regjeringas politiske plattform frå januar 2018 har som eit mål at innan 2030 skal ni av ti elevar som begynner i vidaregåande opplæring, fullføre og bestå. Regjeringa har tatt fleire initiativ for å løyse fråfallsproblematikken. Frå hausten 2019 blir det mogleg å gå rett frå det første året på studieførebuande program til det andre året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Regjeringa styrker tidleg innsats i skolen med fleire lærarar, rett til intensiv opplæring for dei som heng etter, og tryggare overgang frå barnehage til skole. Yrkesfaga blir òg gjorde meir praktiske og relevante. Frå skoleåret 2016–17 blei det innført ei fråværsgrense i vidaregåande skole. Målet var å motivere elevane til jamn innsats og hindre skulk. Fråværet gjekk ned med rundt 40 pst. etter innføringa av fråværsregelen og har halde seg stabilt. Delen som sluttar, held fram med å gå ned. I 2015–16, siste året før innføringa av fråværsgrensa, var delen elevar som slutta, fire pst. I 2017–18 var delen elevar som slutta, 3,7 pst. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. For gjennomføring i høgre utdanning sjå delmål 4.3 eller programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Delmål 4.5

Den årlege OECD-rapporten Education at a Glance hadde i 2018 dette delmålet som tema. Rapporten peiker på at Noreg ligg betre an enn OECD-gjennomsnittet i å nå berekraftmål 4.5 dersom ein ser på skilnader i matematikkprestasjonane til 15-åringar basert på bustad og deira sosio-økonomiske og kulturelle status frå den siste PISA-undersøkinga (2015). Likevel er det ei utfordring òg i Noreg at 15-åringar med låg sosiøkonomisk bakgrunn beherskar matematikk dårlegare enn medelevane sine. Eit oversyn i rapporten viser at blant OECD-landa var det berre Island som hadde større kjønnsskilnader enn Noreg når det gjaldt deltakinga til personar i alderen 15–24 år på teknisk-yrkesfagleg utdanningsprogram i 2016.

Regjeringa har sett ned eit utval med sikte på ein NOU om kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar. Kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar gjer seg gjeldande gjennom heile utdanningsløpet og kan potensielt gi betydelege konsekvensar for ulike utfall av livsløpet, herunder høvet til å komme inn på studium med høge inntakskrav i høgre utdanning. Formålet med arbeidet til utvalet skal vere å bygge eit nyansert og balansert kunnskapsgrunnlag om kvifor kjønnsskilnader i skoleprestasjonar oppstår, og å foreslå effektive tiltak for å redusere desse skilnadene.

Delmål 4.6

Den førre Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC) viser at befolkninga i Noreg mellom 25 og 64 år hadde god kompetanse samanlikna med i andre land. Dei eldste (55–64 år) og yngste (16–24 år) deltakarane i PIAAC hadde lågare dugleikar i lesing og talforståing enn gjennomsnittet av befolkninga. Dei yngste hadde dessutan lågare dugleikar enn det internasjonale gjennomsnittet for same aldersgruppe. Regjeringa vil gjennomføre ei kompetansereform for at ingen skal gå ut på dato. Sjå nærare omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Delmål 4.7

I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet har regjeringa varsla at berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring, og demokrati og medborgarskap vil bli tverrfaglege tema i dei nye læreplanane som blir tatte i bruk frå 2020. Det skal leggast vekt på desse temaa i fleire fag, på faga sine eigne premissar. I 2017 blei ein ny overordna del av læreplanane fastsett. Den overordna delen gjer greie for dei verdiane og prinspippa som skal prege skolen. Berekraftig utvikling blir omtalt i den nye overordna delen.

Den naturlige skolesekken er eit nasjonalt tiltak som skal bidra til at barn og unge gjennom opplæringa får kunnskap om og blir medvitne om berekraftig utvikling og miljøutfordringar i verda. Skolar som deltar i Den naturlige skolesekken , får midlar, rettleiing og kompetanseheving for lærarar for å utvikle og gjennomføre undervisning for berekraftig utvikling.

Gjennomføringsmål 4 a

Prinsippet om nulltoleranse for mobbing er integrert i opplæringslova. Frå hausten 2018 vil alle fylka i landet ha eigne mobbeombud – ei ordning som er sett i verk som eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane. Regjeringa set også i gang ei følgeevaluering for korleis ombudsordninga bør vere i dei nye regionane frå 2020.

Opplærings- og utdanningssektoren vil bli underlagd krava om universell utforming av IKT i ny likestillings- og diskrimineringslov. Det betyr blant anna at skolane sine nettsider, digitale læringsplattformer og digitale læremiddel må vere universelt utforma innan 2021.

Gjennomføringsmål 4 b

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgre utdanning (DIKU) har ansvaret for å administrere Norwegian Partnership Programme for Global Academic Cooperation (NORPART). Det overordna målet med programmet er å styrke kvaliteten i høgre utdanning i Noreg og utviklingsland gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet. Første utlysing var hausten 2016. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning for nærare omtale.

Gjennomføringsmål 4 c

Rapporten Læreres kompetanse i videregående skole frå Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2017 viste at dei fleste lærarar i vidaregåande skole var høgt utdanna, medan seks pst. ikkje hadde fullført studium på universitets- og høgskolenivå. 20 pst. hadde ikkje pedagogisk kompetanse. Det blir satsa på kvalitet i både lærarutdanning og skole for å gjere utdanning og yrke meir attraktive. Alle lærarutdanningane tilbydde fleire studieplassar i hovudopptaket til høgre utdanning i 2018. I alt var det gitt 4 201 tilbod om studieplass ved grunnskolelærarutdanningane, ein auke på 14 pst. frå 2017. Lærerutdanning 2025 — nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene kom i 2017. Regjeringa innførte frå 2017 mastergrad i grunnskolelærarutdanninga retta mot trinna 1–7 og 5–10. Frå 2019 gjeld kravet om mastergrad for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. Studentar med gode karakterar frå vidaregåande skole har betre føresetnader for å gjennomføre høgre utdanning. Ved å stramme inn karakterkrava for opptak til lærarutdanninga ønsker regjeringa å rekruttere sterkare studentar med betre gjennomføringsevne. Det er sett av midlar til kompetanseheving og forsking på lærarutdanning, og det blir satsa tungt på vidareutdanning, rettleiingsordningar og karrierevegar for lærarar. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.60 Høgre utdanning for nærare omtale.