Kunnskapsdepartementet (KD)

Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å samordne integreringspolitikken til regjeringa. Alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å gi innvandrarar like høve, rettar og plikter på sitt område, og til å bidra til at måla i integreringspolitikken blir nådde.

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltar i samfunnslivet. Dette er òg målet for ordninga. Eit godt kunnskapsgrunnlag og tilgang til relevant informasjon om innvandrarbefolkninga er ein føresetnad for at Kunnskapsdepartementet skal kunne vareta samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne vareta ansvaret sitt.

Mål for integrering er eit viktig verktøy for å vise utviklinga over tid på viktige område for innvandrarar i Noreg. Det blir rapportert årleg i statsbudsjettet. Departementa skal nytte informasjonen i ordninga i sitt ordinære arbeid på ansvarsområda sine. Indikatorane i ordninga er delte inn i fire temaområde: arbeid og sysselsetting; utdanning og kvalifisering; levekår; frivillig verksemd og deltaking . Indikatorane skal vere relevante for departementa si eiga politikkutvikling. Dette kan endre seg, og tilgangen på statistikk endrar seg. Derfor er ordninga og indikatorane under utvikling. Departementet vil framover sjå på om ordninga skal førast vidare, og i tilfelle i kva form.

Rapporteringa på Mål for integrering gir eit bilete av utviklinga på integreringsfeltet. Biletet er ikkje fullstendig, og det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Innvandrarar er ei mangearta gruppe: Det er folk som kjem frå EØS-land for å ta arbeid, andre kjem grunna krig og forfølging i heimlandet, og nokre kjem for å leve saman med familie som bur i Noreg. Dei er gamle og unge, nokre har budd i Noreg i kort tid, andre i mange år. Dette er alle sentrale faktorar som forklarer endringar.

13.1 Arbeid og sysselsetting

I 2017 betra arbeidsmarknaden seg. Sysselsettinga tok seg opp etter kvart som det blei høgre vekst i fastlandsøkonomien. Samtidig har arbeidsløysa målt med Arbeidskraftundersøkinga (AKU) vist ein tydeleg fallande trend sidan hausten 2016, sjølv om ho har svinga ein del frå månad til månad. Både Nav og Statistisk sentralbyrå (SSB) sin statistikk viser at talet på ledige stillingar har gått opp det siste året, noko som tyder på at etterspurnaden etter arbeidskraft aukar.

Vidal-Gil, Eugenia og Åshild Male Kalstø (2018) Utviklingen på arbeidsmarkedet, Arbeid og velferd 2/2018.

Ifølge tal frå SSB var nettoinnvandringa i 1. kvartal 2018 på 5 500 personar. Dette er det lågaste talet på nettoinnvandring i 1. kvartal sidan 2006, og er cirka ein tredel samanlikna med toppen i 1. kvartal 2011. Nettoinnvandringa frå dei landa der flest arbeidsinnvandrarar kjem frå, har avtatt i dei siste åra. Dette heng saman med at ei svak krone, og den siste nedgangskonjunkturen har gjort den norske arbeidsmarknaden mindre attraktiv for utanlandske arbeidstakarar, samtidig som den økonomiske utviklinga har vore positiv i landa dei fleste arbeidsinnvandrarane kjem frå. Nettoinnvandringa frå mellom anna Polen og Litauen har falle mykje i løpet av dei to siste åra, og for svenskane har utvandringa vore større enn innvandringa i dei siste fire åra.

Vidal-Gil, Eugenia (2018) Utviklingen på arbeidsmarkedet, Arbeid og velferd 1/2018.

Det er venta at mange av flyktningane som kom til Noreg i 2015, vil melde seg på arbeidsmarknaden i 2018 og 2019. Betre konjunkturar vil på si side bidra til at yrkesdeltakinga aukar noko mot 2019.

Vidal-Gil, Eugenia og Åshild Male Kalstø (2018) Utviklingen på arbeidsmarkedet, Arbeid og velferd 2/2018.

13.1.1 Sysselsetting

Frå og med 4. kvartal 2017 har SSB gått over til å sjå på alderspopulasjonane 20–66 år i arbeidsmarknadsstatistikken, i staden for 15–74 år, som blei nytta tidlegare. Denne rapporteringa vil framleis sjå på populasjonen 15–74 år for å kunne samanlikne med tidlegare år.

Sysselsettingsdelen i Noreg er høg samanlikna med dei fleste OECD-landa. Det er særleg høg deltaking blant kvinner og seniorar. Innvandrarar og særleg innvandrarkvinner deltar i mindre grad på arbeidsmarknaden enn befolkninga elles, men det er viktig å merke seg at innvandrarkvinner i Noreg er sysselsette i høgre grad enn innvandrarkvinner i andre land. Samtidig er Noreg eitt av dei landa som har størst gap mellom sysselsette innvandrarar og sysselsette i befolkninga elles.

Mange innvandrarar har svak eller laus tilknyting til arbeidslivet i form av kortare engasjement og mykje deltid. For arbeidsinnvandrarar, derimot, er sysselsettingsgraden høgre enn for andre innvandrarar.

I befolkninga i alt var 66 pst. i aldersgruppa 15–74 år i 4. kvartal i 2017 sysselsette, og for befolkninga utan innvandrarar låg sysselsettinga på 67 pst. For innvandrarar var 61,1 pst. sysselsette – altså 5,9 prosentpoeng lågare enn for befolkninga utan innvandrarar.

Figur 13.1 Sysselsetting for innvandrarar og befolkninga i alt

Figur 13.1 Sysselsetting for innvandrarar og befolkninga i alt

Kjelde: SSB

Gapet mellom sysselsettingsraten for innvandrarar og befolkninga i alt blir mindre for kvart år som går. Differansen var til dømes åtte prosentpoeng i 2009, 6,3 prosentpoeng i 2011, 5,1 prosentpoeng i 2014 og 4,5 prosentpoeng i 2017.

Figur 13.2 Differansen i sysselsetting mellom heile befolkninga i alt og innvandrarar

Figur 13.2 Differansen i sysselsetting mellom heile befolkninga i alt og innvandrarar

Kjelde: SSB

Sysselsettingsraten er sterkt påverka av dei aktuelle gruppene si samansetting med omsyn til alder, kjønn, butid og landbakgrunn. I periodar med høg tilstrøyming av flyktningar vil det til dømes vere ein tendens til at sysselsettingsraten i gruppa som heilskap fell, fordi det tar tid før dei nye innvandrarane kjem i arbeid.

Bratsberg, B., Raaum, O. & Røed, K. (2016). Flyktninger på det norske arbeidsmarkedet. Søkelys på arbeidslivet. Nr. 3, 2016, Årgang 33.

Ifølge Frischsenteret tar det kortare tid å komme i arbeid dess betre konjunktursituasjonen er i Noreg.

Bratsberg, B., Raaum, O. & Røed, K. (2016). Flyktninger på det norske arbeidsmarkedet. Søkelys på arbeidslivet. Nr. 3, 2016, Årgang 33.

Dette reflekterer at arbeidsmoglegheitene for innvandrarar generelt sett er vesentleg meir konjunkturfølsame enn dei tilsvarande moglegheitene for norskfødde.

Noreg har ein arbeidsmarknad med høge kompetansekrav. Verdien av kompetanse og formelle dugleikar blir stadig viktigare på arbeidsmarknaden. Personar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring og blir ståande utan utdanning og arbeid over tid, har auka risiko for varig utestenging frå arbeidslivet. Framover er det venta at ein mindre del av etterspurnaden vil rette seg mot personar med berre grunnskole som høgste fullførte utdanning.

Landbakgrunn

Det er store forskjellar i sysselsettingsnivået mellom dei ulike innvandrargruppene. Innvandrarar med bakgrunn frå Vest-Europa, Nord-Amerika med fleire og EU-land i Sentral- og Aust-Europa har høgre sysselsettingsdelar enn innvandrarar frå blant anna Asia og Afrika. Dei store forskjellane er i tillegg til landbakgrunn avhengige av innvandrarbakgrunn (flukt, arbeid, familiesamling), kjønn, butid i Noreg, sosioøkonomisk bakgrunn, medbringa kompetanse mv.

Desse forskjellane har vore nokså stabile og uavhengige av konjunkturane på arbeidsmarknaden. Innvandrarar frå Vest-Europa, Nord-Amerika med fleire og EU-land i Sentral- og Aust-Europa blir dominerte av arbeidsinnvandrarar og familiegjensameinte til arbeidsinnvandrarar eller befolkninga elles. Innvandrargruppene frå Asia og Afrika består i større grad av flyktningar, og ein del av dei har relativt kort butid i Noreg.

Figur 13.3 Sysselsetting etter landbakgrunn

Figur 13.3 Sysselsetting etter landbakgrunn

Kjelde: SSB

Frischsenteret finn at personar som har komme som asylsøkarar eller familieinnvandrarar, gjennomgåande har vesentleg høgre sysselsettingsrate og lågare uføreratar enn overføringsflyktningar.

Bratsberg, B., Raaum, O. & Røed, K. (2016). Flyktninger på det norske arbeidsmarkedet. Søkelys på arbeidslivet. Nr. 3, 2016, Årgang 33.

Familieinnvandrarar til andre enn flyktningar har klart høgre sysselsettingsdelar enn familieinnvandrarar til flyktningar.

NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit. Langsiktige konsekvenser ved høy innvandring.

Figur 13.4 Sysselsetting etter innvandringsbakgrunn

Figur 13.4 Sysselsetting etter innvandringsbakgrunn

Butid

Butid har stor betydning for integreringa i arbeidslivet. Med lengre butid aukar sysselsettingsnivået i dei fleste innvandrargruppene. Etter nokre år med butid når dei fleste inntekter over låginntektsgrensa. Forskjellane mellom gruppene blir likevel ikkje jamna ut. For afrikanske innvandrarar med butid på over ti år er sysselsettingsdelen framleis låg.

Figur 13.5 Sysselsetting etter butid

Figur 13.5 Sysselsetting etter butid

Kjelde: SSB

Ein nyare studie

Bratsberg B., Raaum, O. og Røed, K. (2017). «Immigrant labour market integration across admission classes», Nordic Economy Policy Review – Labur Market Integration in the Nordic Countries 2017.

som mellom anna skil mellom landbakgrunn og innvandringsårsak, viser at sysselsettingsraten for innvandrarar frå låginntektsland generelt, og flyktningar og familiegjensameinte spesielt, aukar i dei første åra etter innkomst til Noreg. Sysselsettingsraten fell så relativt raskt i ein periode på fem til ti år etter innkomst. Mannlege flyktningar opplever ein noko raskare auke i sysselsetting med aukande butid enn kvinner. Mennene når eit høgre sysselsettingsnivå enn kvinner før utflating eller eventuell nedgang.

Gjennomsnittsalderen i denne fasen av integreringsprosessen er godt under 40 år, og dermed klart lågare enn den vi vanlegvis set i samband med høg risiko for uttrekking frå arbeidslivet.

Bratsberg, B., Raaum, O. & Røed, K. (2016). «Flyktninger på det norske arbeidsmarkedet». Søkelys på arbeidslivet. Nr. 3, 2016, Årgang 33.

Det finst ikkje eit klart svar på kva dette skyldast.

Kjønn

Det er store forskjellar mellom menn og kvinner, både i sysselsettingsnivå og utvikling i delen sysselsette etter butid. For innvandrarar i alt hadde menn ein sysselsettingsdel på 64,4 pst. og kvinner 57,5 pst. (i alderen 15–74 år), som utgjer ein forskjell på 6,9 prosentpoeng. Tilsvarande differanse i befolkninga elles var på 3,6 prosentpoeng, der han for menn var 68,1 pst. og for kvinner 63,8 pst. Det er store variasjonar mellom dei ulike nasjonalitetane, der nokre land har langt større kjønnsforskjellar enn gjennomsnittet for innvandrarar. Kjønnsforskjellane er særleg store for innvandrarar frå Afghanistan, Pakistan, Somalia og Tyrkia. For innvandrarar frå Bosnia-Hercegovina, Chile, Etiopia, Filippinane og Serbia er kjønnsforskjellane om lag som for majoritetsbefolkninga.

Figur 13.6 Sysselsetting fordelt på kjønn

Figur 13.6 Sysselsetting fordelt på kjønn

Kjelde: SSB

Delen sysselsette flyktningkvinner er klart mindre enn for menn i den første perioden i Noreg, men stig deretter jamt utover frå periode til periode. Det betyr at kjønnsforskjellane blir utjamna markert over tid. For eksempel endar kvinner frå Somalia med over 20 års butid opp med noko høgre sysselsettingsprosent enn somaliske menn.

Næsheim, Helge Nome (2016): «Arbeid – mål og arena for integrering», Samfunnsspeilet 4/2016.

Alder

Sysselsettinga varierer mykje med alder. Frå og med 4. kvartal 2017 har SSB gått over til å sjå på alderspopulasjonane 20–66 år i arbeidsmarknadsstatistikken, i staden for 15–74 år, som blei nytta tidlegare (denne rapporteringa ser framleis på populasjonen 15–74 år for å kunne samanlikne med tidlegare år). Dette er for å halde dei meir marginale aldersgruppene på arbeidsmarknaden utanfor statistikkgrunnlaget. Den eldste aldersgruppa (66–74 år) har ei svært ulik fordeling blant innvandrarar og resten av befolkninga, høvesvis 3,3 mot 11,6 pst. Den relativt store delen alderspensjonistar i majoritetsbefolkninga bidrar til å trekke ned sysselsettingsnivået noko. Med den nye aldersinndelinga forsvinn dette mishøvet.

https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/flere-innvandrere-i-arbeid

I alderspopulasjonen 15–74 år er det ein forskjell i sysselsettinga på 5,9 prosentpoeng mellom befolkninga eksklusive innvandrarar og innvandrarar. Ser ein på aldersgruppa 20–66 år vil denne forskjellen bli større, 12,7 prosentpoeng.

I den mest yrkesaktive aldersgruppa mellom 25 og 54 år, som utgjer tre firedelar av innvandrarane, er forskjellen på heile 15,6 prosentpoeng, ifølge tal frå SSB.

Gjennomsnittsalderen blant innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa er lågare enn i majoritetsbefolkninga. Det trekker sysselsettingsraten opp i denne gruppa.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Sysselsettingsraten for norskfødde med innvandrarforeldre ligg mellom innvandrarar og majoritetsbefolkninga. Norskfødde med innvandrarforeldre er framleis ei ung og relativt lita befolkningsgruppe. Mange er under utdanning og utanfor arbeidsstyrken.

I dei to mest yrkesaktive aldersgruppene, 25–29 år og 30–39 år, var høvesvis 73,2 og 76,3 pst. sysselsette. Dette er høvesvis 6,4 og 8,9 prosentpoeng under nivået i befolkninga utan innvandrarbakgrunn. På den andre sida ligg sysselsettinga hos norskfødde med innvandrarforeldre 12,3 og 7,2 prosentpoeng over innvandrarane i dei to nemnde aldersgruppene.

Økonomisk sjølvforsørging

Fleire analyser frå SSB belyser økonomisk sjølvforsørging. Det er ulike måtar å måle dette på, men essensen er at personen skal kunne klare seg i Noreg på arbeidsinntekta utan å vere avhengig av offentlege overføringar. Analysane viser at sjølvforsørginga auker betydeleg over tid dei første åra innvandrarar bur i Noreg. Delen som er sjølvforsørga når eit tak etter åtte til ti år for så å synke noko for einskilde grupper. Kornstad, Tom, Terje Skjerpen og Kjetil Telle (2016): Økonomiske analyser 4/2016. Statistisk sentralbyrå. Blom, Svein (2014): Rapporter 2014/38. Statistisk sentralbyrå. Kornstad, Tom (2016): 6 av 10 menn selvforsørget etter 8 år. Samfunnsspeilet 4/2016. Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsinnvandrarar (både kvinner og menn) har høgast del sjølvforsørga, medan personar med fluktbakgrunn har lavest del sjølvforsørga etter butid. Ein betydeleg lavere del blant kvinner er sjølvforsørga enn blant menn.

Figur 13.7 Sjølvforsørging blant innvandrarar

Figur 13.7 Sjølvforsørging blant innvandrarar

13.1.2 Arbeidsløyse

Den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar gjekk ned med eitt prosentpoeng frå 1. kvartal 2017 til 1. kvartal 2018. Arbeidsløysa for innvandrarar er langt høgre enn i majoritetsbefolkninga. Den registrerte arbeidsløysa for innvandrarar er på 6,1 pst., mot 2,5 pst. i befolkninga i alt, ifølge tal frå SSB (1. kvartal 2018). For befolkninga eksklusive innvandrarar var arbeidsløysa 1,8 pst., 0,5 prosentpoeng lågare enn på same tid året før.

Figur 13.8 Del arbeidsledige for innvandrarar og befolkninga i alt

Figur 13.8 Del arbeidsledige for innvandrarar og befolkninga i alt

Kjelde: SSB

Delar av innvandrarbefolkninga har utfordringar med å etablere seg varig i arbeidslivet. Dette kjem til uttrykk gjennom ein høgre del ledige og lengre arbeidsløyseperiodar. Ifølge Arbeids- og velferdsdirektoratet er det for dei registrerte ledige ein stadig høgre del som ikkje har fullført opplæring/utdanning.

Arbeids- og velferdsdirektoratet april 2017: Arbeids- og velferdsetatens prioritering av arbeidssøkere med innvandrerbakgrunn.

For innvandrarar frå Asia og Afrika har arbeidsløysa i mange år vore fire til fem gonger høgre enn for resten av befolkninga.

Låg sysselsetting og høg langtidsarbeidsløyse kan i hovudsak forklarast med mangelfull og lite relevant kompetanse. Mange vaksne flyktningar har eit kompetansenivå som ligg vesentleg under gjennomsnittet i majoritetsbefolkninga, og Noreg har ein arbeidsmarknad med høge kompetansekrav. Mangelfull kompetanse dreier seg om manglande formalkompetanse og fagutdanning, men også om utilstrekkelege norskkunnskapar. Ein stor del av dei innvandrarane som nyleg har komme, har verken grunnskole eller vidaregåande utdanning, og denne tendensen er særleg tydeleg for flyktningar.

Det ser også ut til at den kompetansen som innvandrarane har med seg, i liten grad blir verdsett i det norske arbeidslivet. Sysselsettingsgapet mellom flyktningar og befolkninga elles er på om lag 20–30 prosentpoeng dersom ein flyktning berre har utdanning frå utlandet. Sysselsettingsdelen for flyktningar i Noreg som har norsk skolegang, er langt høgre. Når ein ser på dei som har vidaregåande opplæring eller høgre utdanning frå Noreg, er sysselsettingsgapet redusert til under ti prosentpoeng.

NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit. Langsiktige konsekvenser ved høy innvandring.

Landbakgrunn

Alle landgrupper hadde ein nedgang i arbeidsløyse det siste året. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika og EU-landa i Aust-Europa hadde den største nedgangen. Begge grupper opplevde ein nedgang på 1,4 prosentpoeng. Arbeidsløysa var høgst for innvandrarar frå Afrika, der ho var 10,2 pst. i 1. kvartal 2018. Dette arbeidsløysenivået må mellom anna sjåast på bakgrunn av den store delen flyktningar blant dei afrikanske innvandrarane.

Figur 13.9 Arbeidsløyse etter landbakgrunn

Figur 13.9 Arbeidsløyse etter landbakgrunn

Kjelde: SSB

Innvandrarar frå EU-landa i Aust-Europa hadde nest høgst arbeidsløyse med 7,1 pst. i 1. kvartal 2018. Arbeidsløysa for denne gruppa har sidan halde seg på eit vesentleg høgre nivå enn for befolkninga utan innvandrarbakgrunn. Forskjellen i arbeidsløyse mellom desse EU-landa og den andre befolkninga kan skyldast forskjellar i ansiennitet, alder, yrke og næring. Dette tyder på at innvandrarane var meir utsette for arbeidsløyse under finanskrisa, fordi dei jobba i yrke som var konjunkturutsette, og hadde kort arbeidserfaring i Noreg.

NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit. Langsiktige konsekvenser ved høy innvandring.

Butid

Arbeidsløysa er størst for dei som har vore busett i Noreg mellom fire og seks år, der arbeidsløysa var 5,5 pst. i 1. kvartal 2017. Denne gruppa har hatt ein nedgang på eitt prosentpoeng frå same tid året før. Både gruppa som har vore busett inntil fire år, og gruppa som har vore busett meir enn sju år, hadde ein nedgang på 0,6 prosentpoeng, høvesvis til 3,3 og 3,9 pst.

Figur 13.10 Arbeidsløyse etter butid

Figur 13.10 Arbeidsløyse etter butid

Kjelde: SSB

Det er ei utfordring å få fleire med lang butid inn i arbeidslivet. Dette gjeld særleg innvandrarkvinner og innvandrarar frå landgrupper med låg sysselsetting. Utfordringane her kan vere manglande språkdugleikar og låge kvalifikasjonar. Men det kan også vere andre barrierar for deltaking i norsk arbeids- og samfunnsliv, til dømes stort omsorgsansvar eller kulturelle forskjellar.

Kjønn

Tala viser at det er litt høgre arbeidsløyse for innvandrarmenn, 6,6 pst., enn for innvandrarkvinner, seks pst. i 1. kvartal 2018. I befolkninga i alt er det også mennene som har høgst arbeidsløyse med 2,9 pst. mot 2,1 pst. for kvinnene. Alle gruppene har hatt nedgang sidan same tid året før.

Sysselsettingsgapet mellom innvandrarkvinner og innvandrarmenn er større enn gapet i befolkninga elles. Innvandrarkvinner har gjennomsnittleg lågare utdanningsnivå enn innvandrarmenn.

Figur 13.11 Arbeidsløyse etter kjønn

Figur 13.11 Arbeidsløyse etter kjønn

Kjelde: SSB

Alder

I aldersgruppa 15–29 år i befolkninga i alt ligg arbeidsløysa på 3,1 pst. mot 6,8 pst. i same aldersgruppe for innvandrarar. I populasjonen 30 år og eldre i befolkninga i alt er arbeidsløysa på 2,4 pst., medan ho er seks pst. i innvandrargruppa. Tilbøyelegheita til å vere i arbeid og/ eller i utdanning går ned med alderen for begge gruppene.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Det er lågare arbeidsløyse for norskfødde med innvandrarforeldre enn for innvandrarar. For gruppa 15–29 år, som utgjer dei fleste norskfødde med innvandrarforeldre, var den registrerte arbeidsløysa på 3,4 pst. i 1. kvartal 2018. For innvandrarar og befolkninga eksklusive innvandrarar i same aldersgruppe var arbeidsløysa høvesvis 6,8 og 2,6 pst.

For norskfødde med innvandrarforeldre i alderen 15–29 år var det ein nedgang på 0,7 prosentpoeng, medan nedgangen var på 0,6 prosentpoeng for befolkninga eksklusive innvandrarar og 1,4 pst. for innvandrarar i tilsvarande aldersgruppe.

13.2 Utdanning og kvalifisering

Barnehagen og skolen er viktige arenaer for inkludering og språkutvikling. Undersøkingar frå SSB og Fafo

Bråten, B. mfl. (2014): Gratis kjernetid i barnehager. Sluttrapport. Fafo-rapport 2014:44, Drange, N. (2016): Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 1: Oppfølging av barna på tredje trinn. SSB Rapporter 2016/36.

viser at gratis kjernetid har hatt god effekt, mellom anna ein auke på 15 pst. i barnehagedeltakinga for fire- og femåringar med innvandrarbakgrunn. Barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som har hatt tilbod om gratis kjernetid i barnehage, skårar betre på kartleggingsprøver i lesing og rekning på 1., 2. og 3. trinn samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid. For barn utan innvandrarbakgrunn er det ingen forskjell. Barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn ligg framleis lågare enn for øvrige barn: 80 pst. mot 94 pst. i 2017. Forskjellen er større jo yngre barna er.

Ei samla vurdering av indikatorane for grunnopplæringa viser at både norskfødde med innvandrarforeldre og barn, unge og vaksne som sjølve har innvandra, opplever utfordringar i møte med utdanningssystemet. Når det gjeld delen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa på nasjonale prøver, er det framleis stor avstand mellom både elevar som sjølve har innvandra, norskfødde elevar med innvandrarforeldre og andre elevar. Vi ser at det er vanskelegare for elevar med innvandrarbakgrunn å få lærekontrakt eller bli tatt opp som lærekandidatar samanlikna med andre elevar, og dette viser seg å vere like vanskeleg for norskfødde med innvandrarforeldre som det er for innvandrarar. Når det gjeld dei som tar vidaregåande opplæring som vaksne, er delen med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, ein del lågare enn for andre vaksne. Blant personar i aldersgruppa 16–25 år er det over dobbelt så stor del av innvandrarar som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført og bestått vidaregåande opplæring, samanlikna med norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Denne forskjellen har auka noko over tid, og spesielt hos mennene.

Samtidig er det også positive trekk. Ser vi på grunnskolepoeng, er avstanden mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar liten, og norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskolepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn. Avstanden mellom dei som sjølve har innvandra, og andre elevar er større, men det har vore ei lita, positiv utvikling i dei tre siste åra hos både innvandrargutar og innvandrarjenter.

Det har vore ei positiv utvikling når det gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring for alle elevar, og dei norskfødde elevane med innvandrarforeldre har også nærma seg dei andre elevane noko. Dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre hadde i 2017 høgst gjennomføringsgrad av alle. Dei norskfødde gutane med innvandrarforeldre gjennomfører i langt mindre grad enn dei norskfødde jentene med innvandrarbakgrunn, men har likevel hatt ei sterk positiv utvikling over lengre tid. Både jenter og gutar som sjølve har innvandra, har hatt ei svak betring i gjennomføring i dei siste tre åra, men ligg framleis langt etter både norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Alderen når ein kjem til landet, har mykje å seie for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå. Det har likevel vore ei positiv utvikling i dei siste tre åra når det gjeld fullføring for elevar som kom til landet i vidaregåande alder.

Det er store variasjonar mellom elevar med innvandrarbakgrunn. Det er også betydelege variasjonar etter landbakgrunn. Mange oppnår like gode eller betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar. Mange elevar med innvandrarbakgrunn har også store ambisjonar om høg utdanning.

Bakken, A. og Elstad, J.I. (2012). For store forventninger? NOVA Rapport nr.7/12.

Bakken, A. (2014). Ulike perspektiver på skoleresultatene til barn og unge med innvandringsbakgrunn. Oslo, NOVA.

Bakken, A. og Hyggen, C. (2018). Trivsel og utdanningsdriv blant minoritetselever i videregåede. NOVA Rapport nr. 1/18.

Delen av folket som tar høgre utdanning, aukar generelt. Blant norskfødde med innvandrarforeldre – hos både gutar og jenter er det ein markant større del som tar høgre utdanning samanlikna med både dei som sjølve har innvandra, og andre. Lærarane i barnehagen og skolen bør spegle mangfaldet i samfunnet elles, men framleis er delen med innvandrarbakgrunn mellom lærarstudentane låg. Delen har likevel auka noko i dei siste åra, og det er også ein svak auke i delen med innvandrarbakgrunn i personalet i barnehage og skole. Det er barnehagelærarutdanninga som har størst del studentar med innvandrarbakgrunn (13 pst.) av lærarutdanningane.

13.2.1 Delen minoritetsspråklege barn i barnehage

Figur 13.12 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2015 –17 (pst.)

Figur 13.12 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2015 –17 (pst.)

Kjelde: SSB

Minoritetsspråklege barn er definerte ved at både barnet og barnet sine føresette har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. 80 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2017. For andre barn i same aldersgruppe var delen 94 pst. Delen barn som går i barnehage, aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er forskjellen mellom ulike aldersgrupper mykje større enn for andre barn. For 4- og 5-åringar er delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nesten like høg som for andre barn, medan for 1–2-åringar er delen betydeleg lågare enn for andre barn, særleg for eittåringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage, og har dermed i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skolen, sjølv om det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skolestart.

SSB gjennomfører på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ei longitudinell undersøking for perioden 2017–23 der ein følger skolegangen til fire årskohortar barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar i Oslo som hadde tilbod om gratis kjernetid i barnehage. Første delrapport frå desember 2016

Drange, N. (2016). Gratis kjernetid i barnehage i Oslo. Rapport 1: Oppfølging av barna på tredje trinn. SSB Rapporter 2016/36.

viser at desse barna skårar betre på kartleggingsprøver i lesing og rekning på 1., 2. og 3. trinn samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn frå bydelar som ikkje hadde tilbod om gratis kjernetid. For barn utan innvandrarbakgrunn er det ingen forskjell. Dei gode resultata gjeld særleg for jenter, for barn der mor ikkje er i lønna arbeid, og for barn frå familiar med låg inntekt. Neste delrapport kjem hausten 2018 og vil vise korleis barna gjer det på nasjonale prøver på 5. trinn.

Gjennom enkeltstudiar, dialog med innvandrarbefolkninga og statistikk over yrkesaktivitet og bruk av kontantstøtte kan vi legge til grunn nokre årsaker til den låge barnehagedeltakinga for barn med innvandrarbakgrunn. Årsakene kan vere av både økonomisk og kulturell art. Det at mødrer har hovudansvaret for små barn, kombinert med den lågare yrkesdeltakinga til mødrene og høgre bruk av kontantstøtte, gjer at det er få insentiv for å la barnet begynne i barnehage som eittåring. Også uro for om barnet får god nok omsorg, og tru på at det held å gå i barnehage frå tre–fireårsalderen for å lære norsk før skolestart, bidrar til seinare barnehagestart.

Trenden i dei siste åra er stadig aukande dekningsgrad for alle aldersgrupper minoritetsspråklege barn, og forskjellen i dekningsgrad mellom minoritetsspråklege og andre er noko redusert. I dei siste tre åra har auken i dekningsgrad blant eittåringar vore noko høgre for minoritetsspråklege barn enn for andre barn. For 2–5-åringane er forskjellen i dekningrad mellom minoritetsspråklege og andre barn vesentleg mindre enn i 2005. For minoritetsspråklege 2–5-åringar er altså den langsiktige trenden ein sterkare vekst i dekningsgraden enn for andre barn.

Moderasjonsordning for familiar med låg inntekt og gratis kjernetid for 4–5-åringar i familiar med låg inntekt blei innført i 2015, og frå hausten 2016 hadde også 3-åringar i familiar med låg inntekt rett til gratis kjernetid. Minoritetsspråklege barn er overrepresenterte blant låginntektsfamiliar, og dermed også blant familiar som har rett til moderasjon og/eller gratis kjernetid. Dette betyr at desse ordningane kan ha ein sterkare effekt på å auke barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn enn for andre barn, og at økonomi ikkje skal vere eit hinder for barnehagedeltakinga.

13.2.2 Resultat på nasjonale prøver for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Figur 13.13 Delen elevar på meistringsnivå 1 og 2 på nasjonale prøver i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2017 (pst.)

Figur 13.13 Delen elevar på meistringsnivå 1 og 2 på nasjonale prøver i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2017 (pst.)

Kjelde: SSB

Nasjonale prøver skal måle elevane sine dugleikar i lesing

I 2014 starta Utdanningsdirektoratet med måling av utvikling over tid for dei prøvene som blir gjennomførte elektronisk, det vil seie engelsk og rekning. For å kunne måle utvikling over tid gjennomfører eit representativt utval av elevane såkalte ankeroppgåver. Ankeroppgåvene blir gjentatte kvart år. På lengre sikt vil vi derfor kunne måle utviklinga frå år til år. Prøvene i lesing blei gjennomførte elektronisk første gong i 2016.

og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skoleeigaren og skolen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltar på nasjonale prøver. Nasjonale prøver er delte inn i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. og 9. trinn. Her omtaler vi berre prøvene på 8. trinn.

Det er ein høgre del av innvandrarane som er fritatte for nasjonale prøver enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar.

Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskilt norskopplæring kan få fritak frå nasjonale prøver.

På 8. trinn er elleve pst. av innvandrarane fritatte for nasjonale prøver i lesing. I engelsk og rekning er høvesvis ti og ni pst. fritatte. Det er små forskjellar mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i delen som er fritatt. Fire pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og tre pst. av andre elevar er fritatte i kvar enkelt av prøvene i engelsk, lesing og rekning.

Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgre blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst forskjellar i lesing og minst forskjellar i engelsk. Tala må tolkast i lys av at delen som er fritatt, er høgre for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.

I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande både mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og mellom andre gutar og jenter. Det er små forskjellar mellom gutar og jenter i engelsk.

Butida har stor betydning for meistringsnivået til elevane, sidan det har mykje å seie for tid til å utvikle gode norskdugleikar. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing.

13.2.3 Grunnskolepoeng for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Figur 13.14 Grunnskolepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2015–17

Figur 13.14 Grunnskolepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2015–17

Kjelde: SSB.

Grunnskolepoeng blir nytta som inntaksgrunnlag til vidaregåande opplæring. Poenga er berekna ved å ta snittet av alle standpunkt- og eksamenskarakterar, og multiplisere med 10. Elevar som manglar sluttvurdering i fleire enn halvparten av faga, får ikkje berekna grunnskolepoeng.

Det er små forskjellar mellom grunnskolepoenga til norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Berre 2,1 poeng skil desse i 2017. Avstanden mellom innvandrarar (dei som sjølve har innvandra) og andre elevar er noko større. 4,6 poeng skil desse i 2017. Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar, da mange av dei ikkje kan vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 16 pst. av innvandrarelevane har ikkje fått berekna grunnskolepoeng i 2017. Det er særleg dei med 0–2 års butid, 57 pst., som ikkje har fått berekna grunnskolepoeng. Butida har stor betydning for kor mange grunnskolepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 7–8 års butid at talet på grunnskolepoeng nærmar seg talet på grunnskolepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.

Ei undersøking viser at samanhengen mellom sjølv å ha innvandra til Noreg etter fylte sju år og skoleprestasjonar

Eigenrapporterte terminkarakterar i matematikk, norsk og engelsk, samt grunnskolepoeng ved søknad om opptak til vidaregåande opplæring.

ikkje lenger var til stades når eigenvurderte norskdugleikar ved oppstart på skolen og å bli lest for i førskolealderen blei inkluderte i analysane.

Frøyland, L. og Gjerustad, C. (2012). Vennskap, utdanning og framtidsplaner. Forskjeller og likheter blant ungdom med og uten innvandrerbakgrunn i Oslo. NOVA.

Butid i seg sjølv ser ikkje ut til å ha betydning for denne gruppa, men auka butid verkar ofte positivt inn på norskdugleikane.

Det er også ein sterk positiv samanheng mellom elevprestasjonar og kva utdanningsnivå foreldra til eleven har.

T.d. Wiborg, Ø., Arnesen, C.Å., Grøgaard, J.B., Støren, L.A., og Opheim, V. (2011). Elevers prestasjonsutvikling – hvor mye betyr skolen og familien? Oslo, Rapport 35/2011, Oslo, Nifu Step.

Relativt mange ungdommar med innvandrarbakgrunn har foreldre med låg utdanning. Forskjellen i talet på grunnskolepoeng mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar blir redusert når ein samanliknar innanfor grupper av elevar der foreldra har tilsvarande utdanningsbakgrunn.

Sjå SSB i Utdanningsdirektoratet (2017). Innvandrere i grunnopplæringen: https://www.udir.no/globalassets/filer/tall-og-forskning/rapporter/2017/innvandrere-i-grunnopplaringen-2017.pdf

For alle kategoriane totalt får jentene i gjennomsnitt 4,5 grunnskolepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskolepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn.

13.2.4 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse fem år etter at dei startar i vidaregåande opplæring

Figur 13.15 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skoleåret 2010–11 (2010–kullet) til 2012–13 (2012-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn (pst.)

Figur 13.15 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skoleåret 2010–11 (2010–kullet) til 2012–13 (2012-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn (pst.)

Kjelde: SSB

Delen som startar i vidaregåande opplæring same år som avslutta grunnskole, er 98 pst. for norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Delen er lågare for innvandrarar, med 82 pst. Det er først og fremst dei med svært kort butid (0–2 år) som ikkje går over i vidaregåande opplæring. Innvandrarar med over fire års butid startar i vidaregåande opplæring nesten like ofte som dei utan innvandrarbakgrunn.

Dei norskfødde med innvandrarforeldre har nærma seg dei andre elevane når det gjeld å fullføre og bestå vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Dette gjeld både gutane og jentene, men dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre gjennomfører nå noko betre (83 pst.) enn dei andre jentene (81 pst.) og dermed best av alle grupper.

57 pst. av innvandrarane som starta i vidaregåande opplæring i skoleåret 2012–13 (2012–kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Delen har auka det siste året, men er framleis betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten. Tal for 2017 viser at 56 pst. av dei som har budd 5–6 år i landet, fullfører og består innan fem år. Av dei som har budd lenger enn tolv år i landet, fullfører 66 pst.

Årsaker til at elevar sluttar, er mange, til dømes manglande motivasjon, feilval, mangel på læreplassar, eller gjentatte stryk.

Markussen, E. og I. Seland (2012). Å redusere bortvalg – bare skolenes ansvar? En undersøkelse av bortvalg ved de videregående skolene i Akershus fylkeskommune skoleåret 2010–11. Rapport 6/2012. Oslo, Nifu Step.

Det er ein sterk samanheng mellom utdanningsnivået til foreldra og delen som fullfører og består vidaregåande opplæring, både for elevar med og utan innvandrarbakgrunn. Karakternivået frå grunnskolen forklarer også mykje av forskjellen i fullføring mellom elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar. Elevar med innvandrarbakgrunn og andre elevar med same karakternivå og same sosiale bakgrunn fullfører og består i like stor grad vidaregåande opplæring. Norskfødde med innvandrarforeldre fullfører og består i større grad enn andre elevar med same sosiale bakgrunn og likt karakternivå frå grunnskolen.

Falch, T., L.-E. Borge, P. Lujala, O.H. Nyhus og B. Strøm (2010). Årsaker til og konsekvenser av manglende fullføring av videregående opplæring. Rapport nr. 03/10, Trondheim, SØF.

Forskjellar i tilgang til sosioøkonomiske ressursar bidrar også til å forklare mykje av karakterforskjellane mellom ulike innvandrargrupper. Ved samanlikning av elevar med ulik innvandrarbakgrunn, men som veks opp med tilsvarande sosioøkonomisk status, er karakterforskjellane langt mindre enn når det ikkje er justert for forskjellar i sosioøkonomisk status.

Tidlegare forsking har vist at elevar med innvandrarbakgrunn jobbar meir med lekser, og i større grad planlegg å ta høgre utdanning enn andre elevar. Jenter med innvandrarbakgrunn bruker aller mest tid på lekser, og nesten ein time meir enn gutar utan innvandrarbakgrunn. Eit ekstra utdanningsdriv hos elevar med innvandrarbakgrunn vil altså kunne kompensere for andre faktorar, som låg sosioøkonomisk status og butid, og bidra til mindre forskjellar frå andre elevar. Samanheng mellom bustad og skole på den eine sida, og skoleprestasjonar, utdanningsdriv og trivsel på den andre sida, er relativt avgrensa. Dette betyr at elevar med innvandrarbakgrunn, uavhengig av kvar dei bur, og kvar dei går på skole, møter mange av dei same moglegheitene og avgrensingane i utdanningssystemet.

Bakken, A. (2014). Ulike perspektiver på skoleresultatene til barn og unge med innvandringsbakgrunn. Oslo, NOVA.

Bakken, A. (2003). Minoritetspråklig ungdom i skolen. Reproduksjon av ulikhet eller sosial mobilitet? Rapport 15/2003, Oslo, NOVA.

Bakken, A. og Hyggen, C. (2018). Trivsel og utdanningsdriv blant minoritetselever i videregåede. NOVA Rapport nr. 1/18.

13.2.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjent lærekontrakt

Figur 13.16 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjent lærekontrakt eller plass som lærekandidat1, 2015–17 (pst.)

Figur 13.16 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjent lærekontrakt eller plass som lærekandidat 1 , 2015–17 (pst.)

1 Som lærekandidat på opplæringskontrakt er det ikkje krav om at ein må ha bestått fag på vidaregåande skole. Målet for ein lærekandidat er å oppnå planlagd grunnkompetanse.

Kjelde: SSB

Av 20 000 søkarar (med ungdomsrett) med læreplass som førsteønske skoleåret 2017–18 fekk 14 500 godkjent lærekontrakt per 31. desember 2017. I tillegg var det litt under 900 lærekandidatar. 77 pst. av søkarane var altså enten lærlingar eller lærekandidatar ved utgangen av året. Delen med innvandrarbakgrunn som har oppnådd lærekontrakt eller er tatt opp som lærekandidat i 2017, er lågare enn andre elevar. Og delen er like låg for norskfødde med innvandrarforeldre som for innvandrarar. Det er store forskjellar mellom gutar med innvandrarbakgrunn og andre gutar. Alle gruppene har hatt ein auke i delen som har fått lærekontrakt eller plass som lærekandidat det siste året. Største auke det siste året har innvandrarjenter med ti prosentpoeng. Endringar mellom år må tolkast med forsiktigheit sidan dette gjeld ei lita gruppe personar.

Det er ingen systematisk samanheng mellom å få godkjent lærekontrakt og butid. Det var til dømes ein høgre del som fekk godkjent lærekontrakt eller plass som lærekandidat i gruppa med 0–4 års butid enn i gruppa med over tolv års butid. Det kan vere samansette årsaker til manglande læreplass, men ifølge fylkeskommunane kan namnet til søkarane, karakterar, fråvær, bustad og nettverk ha noko å seie. Den viktigste årsaka ser likevel ut til å vere manglande språkkunnskapar.

NOU 2010: 7 Mangfold og mestring – flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet.

13.2.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring

Figur 13.17 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring1, etter innvandringskategori og kjønn, 2015–17 (pst.)

Figur 13.17 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring 1 , etter innvandringskategori og kjønn, 2015–17 (pst.)

1 Dei med ukjent utdanning er ikkje talde med.

Kjelde: SSB

I 2017 er 18 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette sju pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og seks pst. av andre i alderen 16–25 år. Generelt er ein høgre del av mennene enn kvinnene representerte i denne gruppa. Særleg er det ein kjønnsforskjell blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er ein større del norskfødde menn med innvandrarforeldre enn andre menn som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, medan det ikkje er forskjell mellom norskfødde kvinner med innvandrarforeldre og andre kvinner. Delen innvandrarar i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, har vore stabil i dei siste tre åra. Norskfødde med innvandrarforeldre og andre har hatt ein svak nedgang.

Butid ser ut til å ha stor betydning. Blant innvandrarar som har budd 0–4 år i landet, er 32 pst. verken i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Delen blant dei som har budd 5–8 år i landet, er 13 pst., og ein tilsvarande del finn vi blant innvandrarar med lengre butid enn dette.

13.2.7 Delen av innvandrarar i alderen 25–30 år, som kom til landet i ungdomstrinnsalder eller i vidaregåande alder, som har fullført og bestått vidaregåande opplæring

Figur 13.18 Delen innvandrarar i alderen 25–30 år som har fullført vidaregåande opplæring, etter alder da dei kom til landet, 2015–17 (pst.)

Figur 13.18 Delen innvandrarar i alderen 25–30 år som har fullført vidaregåande opplæring, etter alder da dei kom til landet, 2015–17 (pst.)

Kjelde: SSB

Alderen når ein kjem til landet, har stor betydning for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Av innvandrarar i alderen 25–30 år har over halvparten av dei som kom til landet i ungdomsskolealderen (13–15 år), fullført og bestått vidaregåande opplæring. Tilsvarande del for dei som kom i vidaregåande alder (16–18 år), er 42 pst. Jentene klarer seg betre enn gutane uavhengig av om dei kom i ungdomsskolealderen eller vidaregåande alder. For dei som kom til landet i vidaregåande alder (16–18 år), har det vore ein auke i delen som har fullført vidaregåande opplæring i dei siste tre åra. Særleg jentene har hatt ein auke.

13.2.8 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som har fullført og bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år

Figur 13.19 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skoleåret 2010–11 til 2012–13, og som har fullført og bestått innan fem år (pst.)

Figur 13.19 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skoleåret 2010–11 til 2012–13, og som har fullført og bestått innan fem år (pst.)

Kjelde: SSB

Av totalt 7 200 vaksne som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skoleåret 2012–13, var det berre 56 pst. som fullførte og bestod i løpet av fem år. Kvinner fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år i større grad enn menn. Delen av dei med innvandrarbakgrunn som fullfører og består, er ein del lågare enn for andre vaksne. Det har vore ein liten nedgang i dei siste tre åra i delen vaksne med innvandrarbakgrunn som fullfører vidaregåande opplæring innan fem år.

13.2.9 Delen innvandrarar som ikkje har fullført grunnskoleutdanning

Figur 13.20 Delen innvandrarar, 16 år og eldre, som ikkje har fullført grunnskoleutdanning1 eller høgre nivå, fordelt på alderskategoriar og kjønn, 2017 (pst.)

Figur 13.20 Delen innvandrarar, 16 år og eldre, som ikkje har fullført grunnskoleutdanning 1 eller høgre nivå, fordelt på alderskategoriar og kjønn, 2017 (pst.)

1 SSB manglar opplysning om utdanningsnivå for mange innvandrarar. Frå og med 2014 inneheld tal for utdanningsnivå på ssb.no berekna verdiar for denne gruppa. Slike berekna verdiar er også nytta i denne figuren.

Kjelde: SSB

Delen innvandrarar som ikkje har fullført grunnskolen, og som heller ikkje har fullført utdanning på høgre nivå enn grunnskole, er to pst. (figur 9). Delen utan grunnskole aukar med alderen. For aldersgruppa 67 år og eldre er delen utan grunnskole fem pst.

Fleire kvinner enn menn har ikkje fullført grunnskolen. Kjønnsforskjellen i disfavør av kvinnene aukar med alderen. Blant dei yngste, i aldersgruppa 16–19 år, er det derimot ein litt høgre del menn som ikkje har fullført grunnskolen.

13.2.10 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknader om generell godkjenning i NOKUT

2017 var prega av at NOKUT sin teneste generell godkjenning av utanlandsk høgre utdanning hadde høge restansetal og lang sakshandsamingstid, spesielt i første halvår. Talet på søknader voks, og nytt, digitalt sakshandsamingssystem skulle bli implementert. NOKUT sette så i verk ein tiltakspakke som hadde god effekt. NOKUT rekna i årsrapporten med at sakshandsamingstida for året under eitt ville komme under to månader.

NOKUT sin årsrapport 2017–2018

Tiltakspakken for å få restansane ned til normalnivå heldt fram i første del av 2018. På heimesida til NOKUT blir det per 10. juli 2018 opplyst om ei sakshandsamingstid på «omtrent to månader».

Søknader om generell godkjenning i tal:

NOKUT tok totalt imot 8 613 søknader om godkjenning av utanlandsk høgre utdanning i 2017.

Dette var ein auke på 12,5 pst. samanlikna med 2016. Auken var spesielt stor for Syria, som nå er det utdanningslandet flest søker om godkjenning frå.

Restansane og sakshandsamingstida auka i første halvår 2017. Sakshandsamingstida nådde fem månader i gjennomsnitt, og blei enda lengre for krevjande land som Syria.

Våren 2018 er ho på to månader.

13.3 Levekår

Delen med vedvarande låginntekt blant innvandrarar har på same måte som for befolkninga elles auka noko i dei seinare åra og ligg på eit høgt nivå. Låginntekt heng nær saman med låg yrkesaktivitet, sjå temaområda arbeid og sysselsetting.

Barn som er innvandrarar, eller norskfødde med innvandrarforeldre er langt meir utsette for å vekse opp i hushald med vedvarande låginntekt enn det som er gjennomsnittet for alle barn. Godt over halvparten av alle barn i låginntektsgruppa har innvandrarbakgrunn. Det er likevel klare forskjellar i risikoen for å tilhøyre låginntektsgruppa når ein ser på landbakgrunnen til barna.

13.3.1 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt

Statistisk sentralbyrå, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger.

,

Jon Epland (2018). Flere barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt, https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/artikler-og-publikasjoner/flere-barn-i-husholdninger-med-vedvarende-lavinntekt

Innvandrarar er overrepresenterte i gruppa med vedvarande låginntekt. I treårsperioden 2014–16 var delen med vedvarande låginntekt i befolkninga elles, utan studentar, 9,4 pst. For innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre var delen 28,3 pst. Det er berre små endringar frå perioden 2013–15, men sett over fleire år har det vore ein auke i delen med låginntekt. Dei viktigaste forklaringane på at personar har låginntekt, finn vi i manglande eller liten yrkesaktivitet i hushaldet. Dette bidrar også til å forklare kvifor innvandrarar og særleg innvandrargrupper med liten yrkesaktivitet er spesielt utsette for låginntekt.

Figur 13.21 Personar med vedvarande låginntekt (treårig, EU60)

Figur 13.21 Personar med vedvarande låginntekt (treårig, EU60)

Kjønn

Vedvarande låginntekt er vanlegare blant kvinner enn menn. Blant heile befolkninga har 10,1 pst. av kvinnene og 8,7 pst. av mennene vedvarande låginntekt. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er forskjellen motsett og mindre. I perioden 2014–16 hadde 28,6 pst. av mennene låginntekt. Delen var 0,6 prosentpoeng lågare for kvinner.

Alder

I befolkninga er det minst vanleg å ha vedvarande låginntekt blant dei som er i alderen 35–66. Delen er noko høgre for unge i etableringsfasen mellom 18–34 og eldre på 67 eller meir, der dei fleste har gått ut av arbeidslivet. Delen blant barn i alderen 0–17 år er om lag på gjennomsnittet for befolkninga elles. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er vedvarande låginntekt mest utbreidd blant barn under 18 år. Nesten 38 pst. budde i hushald med vedvarande låginntekt i perioden 2014–16. For unge i etableringsfasen er delen litt over 31 pst., om lag dobbelt så stor som for unge i befolkninga i alt. I alderen 35–66 har litt over ein av fem vedvarande låginntekt i perioden. Skilnadene mellom aldersgrupper kan skyldast fleire faktorar, der den viktigaste er forskjellar i yrkesaktivitet. Det at så mange barn er utsette, kjem i hovudsak av at dei høyrer til relativt store hushald med låg yrkesdeltaking.

Butid og landbakgrunn

Det er store forskjellar i delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn med vedvarande låginntekt når ein ser på blant anna butid og landbakgrunn.

Det er ein klar samanheng mellom butid og låginntekt. Årsaka er at det tar tid å bli integrert, spesielt på arbeidsmarknaden. Innvandrarar med kort butid har stort sett mindre tilknyting til arbeidsmarknaden enn dei som har budd lenger i landet. 51,5 pst. av alle innvandrarar med kort butid (tre år) tilhøyrde hushald med vedvarande låginntekt i 2016. Blant dei med lang butid (ti år eller meir) var det 21,1 pst. som gjorde det same, men framleis har dei med lang butid ein klart større risiko for å vere i låginntektsgruppa enn gjennomsnittet i befolkninga.

Figur 13.22 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid

Figur 13.22 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid

Risikoen for å vere i låginntektsgruppa er høgre for innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika samanlikna med innvandrarar frå Norden, Vest-Europa unntatt Tyrkia, Nord-Amerika og Oseania. I førstnemnde gruppe var delen i perioden 2014–16 samla på 31,5 pst. og 25,3 pst. for dei med butid over ti år. Delen for dei frå Norden osv. var samla på 13,6 pst. og ni pst. for dei med over ti års butid. Einskilde landgrupper har relativt høg del med låginntekt også etter lang butid i Noreg. I treårsperioden 2014–16 hadde om lag seks av ti innvandrarar med bakgrunn frå Somalia med butid på ti år eller meir låginntekt. Delen for innvandrarar med bakgrunn frå Irak og Afghanistan med same butid var om lag 45 og 39 pst. Nokre landgrupper, for eksempel Filippinane, India, Bosnia og Sri Lanka, skil seg ut med ein relativt liten del med låginntekt blant dei med lang butid.

13.3.2 Delen barn under 18 år som lever i husstandar med vedvarande låginntekt

Barn som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, er langt meir utsette for å vekse opp i hushald med vedvarande låginntekt enn andre barn. Delen med vedvarande låginntekt i perioden 2014–16 var litt over ti pst. for alle barn og nesten 38 pst. for dei med innvandrarbakgrunn. I 2010–12 var delen åtte pst. og 34 pst. Den store delen med låginntekt generelt i innvandrarbefolkninga, kombinert med høg innvandring i dei siste åra, har ført til at innvandrarbarn etter 2012 har utgjort fleirtalet av alle barn i låginntektshushald.

Figur 13.23 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år

Figur 13.23 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år

Det er store variasjonar i delen barn i låginntektshushald ut ifrå kva landbakgrunn barna har. Åtte av ti barn med bakgrunn frå Somalia tilhøyrde ein familie med vedvarande låginntekt i 2016. Også barn med bakgrunn frå Syria og Irak er klart overrepresenterte i låginntektsgruppa, med ein låginntektsdel på 76 og 57 pst. i 2016. Dette er barn som har komme til Noreg som flyktningar eller er fødde i landet av flyktningforeldre. Dei tilhøyrer ofte barnerike familiar med svak yrkestilknyting og der avhengigheit av ulike offentlege stønadsordningar er stor. Blant barn med bakgrunn frå land som India, Bosnia, Sri Lanka, Filippinane og Vietnam er delen langt lågare. Mellom ni og 18 pst. av barna frå desse landa var å finne i låginntektsgruppa i 2016.

13.3.3 Kor mange med innvandrarbakgrunn er vanskelegstilte på bustadmarknaden?

Tal frå SSB syner at ein høgre del av innvandrarbefolkninga er vanskelegstilte på bustadmarknaden samanlikna med resten av befolkninga.

Thorsen, Lotte Rustad (2017). Vanskeligstilte på boligmarkedet. Hvordan måle og hvem er utsatt på boligmarkedet? SSB-rapport 2017/6.

Medan under fem pst. av befolkninga generelt har samtidig låg inntekt, bur trongt og/eller har høge estimerte buutgifter,

SSB har utarbeidd sju forskjellige definisjonar av vanskeligstilte på bustadmarknaden. Samanheng mellom lån inntekt, høge estimerte utgifter til å bu og/eller at ein bur trongt, er definisjon 7. For meir informasjon, sjå https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/artikler-og-publikasjoner/_attachment/302752?_ts=15b3883f218

er ein firedel av innvandrarane frå Afrika, Asia osv. i denne situasjonen. Årsaka er blant anna knytt til låg inntekt, og at fleire leiger og bur i dei store byane. Også innvandrarar frå EU, EØS osv. har ein høgre del enn befolkninga elles, med omkring 15 pst., ofte fordi dei leiger bustaden sin og/eller bur aleine.

Det er samstundes nokon omstende det er verdt å merke seg. Delen vanskelegstilte blant innvandrarane går ned etter kvart som tida dei har budd i Noreg, aukar. Det er også ein høgre del unge i innvandrarbefolkninga samanlikna med resten av befolkninga. Unge, med og utan innvandrarbakgrunn, er meir truande til å bu både trongt og leige bustaden sin. Dette handlar mellom anna om at unge personar oftare er under utdanning framfor i arbeid, og oftare bur aleine framfor å ha etablert familie.

Tabell 13.1 Buforholdstatistikk for 2017

Opphavsland

År

Del som leiger (pst.)

Del som eig (pst.)

Del som bur trongt (pst.)

Innvandrarar frå EU/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand 1

2017

41,1

58,9

17,2

2016 1

41,5

58,5

17,7

2015 1

41,3

58,7

17,8

Innvandrarar frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unntatt Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU/EØS 1

2017

42,6

57,4

30,1

2016 1

41,4

58,6

30,2

2015 1

40,3

59,7

30,5

Norskfødde med innvandrarforeldre

2017

31,5

68,5

41,9

2016 1

31,1

68,9

42,4

2015 1

30,2

69,8

44,0

Resten av befolkninga

2017

13,3

86,7

7,0

2016 1

13,1

86,9

7,1

2015 1

13,2

86,8

7,2

1 Tala for 2015 og 2016 blei retta 28.05.2018 på grunn av ei revidering i registeret over bustader.

13.3.4 Leige og eige

Færre innvandrarar eig bustaden sin samanlikna med resten av befolkninga. Medan over 85 pst. av befolkninga generelt eigde bustaden sin i 2017, var delen om lag 27 prosentpoeng lågare for innvandrarbefolkninga (omkring 58 pst.). Denne skilnaden har halde fram over tid. Blant innvandrarar frå Asia, Afrika osv. har delen som eig, samstundes falle med eit par prosentpoeng i dei siste åra. Årsaka til dette kan knytast til dei høge tala for innvandring i dei seinare åra, med tanke på at det tar tid å etablere seg som bustadeigar. Innvandringsårsaka har mykje å seie for kor truleg det er å bli bustadeigar over tid. Etter 25 år i Noreg har arbeidsinnvandrarar ofte nådd opp på nivå med resten av befolkninga, medan flyktningar framleis ligg ti prosentpoeng under.

Normann, Tor Morten (2017). Lavere eierandel blant innvandrerne. SSB. https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/artikler-og-publikasjoner/lavere-eierandel-blant-innvandrerne

Eigardelen er relativt lik for menn og kvinner i befolkninga generelt, med ein marginalt høgre del for menn enn kvinner, 87,2 pst. mot 86,5 pst. i 2016. Blant innvandrarane er det ein tydeleg høgre del kvinner ein menn som eig, med 64,1 pst. mot 56,9 pst. i 2016. Årsaka kan vere at kvinner oftare kjem til Noreg gjennom familiesameining og etablerer seg med ein person som allereie er bustadeigar. Blant dei som kjem til landet for å stifte familie, gjer fleirtalet det med ein person som sjølv ikkje er innvandrar, og sju av ti av desse er kvinner.

Dzamarija, Minja Tea og Toril Sandnes (2016). Familieinnvandring og ekteskapsmønster 1990-2015. SSB-rapport 2016/39. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/_attachment/288305?_ts=158f7f39e80

Normann (2017) gir forskjellige forklaringar på kvifor eigedelen er lågare blant innvandrarar enn for resten av befolkninga. Inntekt har mykje å seie, og delen eigarar aukar med høgre inntekt. Når det framleis er færre innvandrarar med høg inntekt som eig bustaden sin samanlikna med resten av befolkninga, må ein samstundes vurdere andre moglege årsaker. Det kan til dømes handle om andre haldningar til å kjøpe bustad, eller at ein føretrekker den fleksibiliteten ein får ved å leige. Årsaka kan også vere at ein høgre del av innvandrarane bur i dei store byane, der det er vanlegare å leige enn å eige.

I løpet av ein generasjon blir forholda betre. Eigardelen blant norskfødde med innvandrarforeldre er omkring ti pst. høgre enn for innvandrarane. Ei undersøking av SSB om levekåra til norskfødde med innvandrarforeldre i 2016

Vrålstad, Signe (2018). «Bolig og boforhold» i Anne Berit Dalgard (red.). Levekår blant norskfødte med innvandrerforeldre i Norge 2016. SSB-rapport 2018/20. https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/artikler-og-publikasjoner/levekar-blant-norskfodte-med-innvandrerforeldre-i-norge-2016

syner til og med at blant unge med familiebakgrunn frå Tyrkia, Pakistan, Sri Lanka og Vietnam er delen som eig bustaden sin, høgre enn blant unge i resten av befolkninga.

13.3.5 Å bu trongt

Definisjonen av å bu trongt er aleinebuande med eitt opphaldsrom, hushald med fleire personer enn det er opphaldsrom, eller hushald som har mindre enn 20 kvadratmeter bustadareal (p-areal) per person i hushaldet.

Det er ein høgre del som bur trongt blant innvandrarar enn i resten av befolkninga, sjølv om det har vore ei lita betring i dei siste åra. Det er store forskjellar mellom ulike innvandrargrupper. Frå EU, EØS osv. budde om lag 17 pst. trongt i 2017, medan delen var nesten det dobbelte for personar frå Afrika, Asia osv., med omkring 30 pst. Dette er høge tal samanlikna med resten av befolkninga, der om lag sju pst. bur trongt. Inntektsforskjellar er ei viktig forklaring. Hushald med låg inntekt bur oftare trongt. Geografi spiller også ei rolle, da langt fleire blant innvandrarane bur i store byer, der generelt fleire bur trongt.

Revold, Mathias Killengren (2017). Én av ti bor trangt. SSB. https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/artikler-og-publikasjoner/en-av-ti-bor-trangt

Høg busetting i større byar har også mykje å seie for den delen som bur trongt blant norskfødde med innvandrarforeldre. I 2017 budde så mange som 41,9 pst. i denne gruppa trongt. Det er eit par prosenteiningar lågare enn i 2015. I tillegg til å bu i storbyane må det høge talet sjåast i lys av at snittalderen i denne gruppa er lågare enn for resten av befolkninga, og unge bur oftare trongt. Det er også verdt å nemne at Vrålstad (2018) fann at mange i denne gruppa ikkje sjølve opplever at dei bur trongt, sjølv om dei objektivt sett gjer det. Dette skil seg frå unge elles i befolkninga, der det er relativt stort overlapp mellom objektive og subjektive mål på å bu trongt.

13.3.6 Del for tidleg døde innvandrarar og norskfødte med innvandrarbakgrunn

Syse, A., Strand, B.H., Næss, Ø., Steingrímsdóttir, Ó. A. & Kumar, B.N. 2016. Differences in all-cause mortality: A comparison between immigrants and the host population in Norway 1990-2012. Demographic Research, vol 34 (22): 615-656.

,

Syse, A., Dzamarija, M.T., Kumar, B.N. & Diaz, E. 2018. An observational study of immigrant mortality differences in Norway by reason for migration, length of stay and characteristics of sending countries. BMCH Public Health: https://doi.org/10.1186/s12889-018-5435-4

Samla ser dødeligheita blant innvanrarar til å vere lågare enn den øvrige befolkninga. Dette er i tråd med funn frå andre land som det er naturleg å samanlikne seg med. Dødeligheita blant innvandrarar ser ut til å auke med auka butid. Det er vanskeleg å seie noko sikkert, både om kvifor innvandrarar har lågare dødeligeheit enn den øvrige befolkninga, og kvifor dødeligheits skilnaden avtar med auka butid.

Datamaterialet som er lagt til grunn inkluderar heile Noregs befolkning i alderen 25 – 79 år. I perioden 1) 1990 – 2012 og 2) 1990 – 2015. Funn viste at innvandrarar i alderen 25 – 79 år har ein lågare dødeligheitsrate enn den øvrige befolkninga, både i perioden 1990 – 2012 og for perioden 1990 – 2015. Dette gjeld for begge kjønn. Blant innvandrarmenn hadde alle innvandrargruppene lågare dødeligheit enn etnins norske menn. Bildet var noko annleis for kvinner, kor innvandrarar frå Midtausten og Asia hadde den lågaste dødeligheita, medan kvinner frå Norden, Nord – Amerika og Oseania hadde same dødelegheit som etnisk norske kvinner. Også barn av innvandrarar hadde ein lågare dødelegheit enn den øvrige befolkninga.

For de sju største landgruppene (Somalia, Polen, Pakistan, Iran, Irak, Vietnam og Thailand) blei det òg gjort separate analyser. Alle innvandrargruppene hadde lågare dødeligheit enn etnisk norske. Dødeligheita blant innvandarar varierte òg med innvandringsgrunn. Innvandrarar som hadde kome for høgare utdanning og arbeid hadde den lågaste dødeligheita, medan flyktningar hadde den høgaste dødeligheita.

Skilnaden i dødeligheit mellom innvandrarar og den øvrige befolkninga avtok òg med auka opphaldstid i Noreg. Innvandrarane som hadde levd meir enn 40 pst. av livet sitt i Noreg hadde omtrent same dødelighet som etnisk norske. Studia finn òg at dødeligheita heng saman med alder ved innvandring. Innvandrarar som kjem til Noreg tidleg i barndommen har lågare dødeligheit enn alle andre grupper av innvandarar.

13.4 Frivilligheit og deltaking i samfunnet

Den norske velferdsstaten har eit breitt tilbod av gratis eller lågt prisa offentlege tenester. Tenestene verkar inn på livskvaliteten og moglegheitene til det einskilde mennesket, og påverkar derfor føresetnadene for å delta i samfunnslivet. Måten tenestene er utforma på, påverkar moglegheita til å bruke tenestene.

Dei offentlege tenestene skal vere tilgjengelege for alle og ta utgangspunkt i føresetnadene og behova til den einskilde. Delen tilsette innvandrarar i ulike yrke kan seie noko om føresetnaden for at tenestene er tilpassa mangfaldet i befolkninga. Dette er særleg viktig i tenester som utøver myndigheit over andre. Representasjon av ulike grupper i tenestene har òg betydning for opplevinga av tillit til dei.

For at eit representativt demokrati skal fungere slik det er tenkt, er det viktig at ikkje valoppslutninga blir for låg. Samtidig som borgarane ved å stemme aukar innverknaden på sin eigen kvardag, medverkar deltaking ved val til å gjere borgarane ansvarlege og medvitne.

13.4.1 Befolkninga si deltaking i frivilliglivet

Eimhjellen, Ivar og Sveinung Arnesen (2018): «Organisasjonsengasjement blant innvandrere». Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, Bergen/Oslo.

Forsking syner eit høgt nivå på deltaking i frivilliglivet i Noreg. Delen av befolkninga som deltok, var i 2017 på 63 pst. Eit mindre, men stabilt grunnfjell av frivillige gjer meir enn ti timar frivilllig innsats i månaden. Samstundes blei det registrert ein nedgang i talet på timar blant frivillige i befolkningsundersøkinga. Det er ikkje lenger kjønnsforskjellar samla sett, men menn gjer fortsatt fleire timar frivillig innsats enn kvinner. Frivillige delar i aukande grad engasjementet sitt på fleire organisasjonar. Idrett og sport er dominerande. Det er òg vekst i frivillig innsats på områda kunst og kultur, burettslag og utdanning. Til liks med tidlegare studiar viser også denne studien ein lågare grad av frivillig innsats blant innvandrarar enn i befolkninga elles. Under halvparten så mange av innvadrarutvalet som befolkningsutvalet elles seier at dei gjer frivillig arbeid. Frivilligheit innanfor idrett er mest populært i 2017. Dette skil seg frå Frivillig innsats-undersøkinga i 2009, der religionsfrivilligheit var mest populært.

Ideelle/humanitære, menneskeretts- eller miljøorganisasjonar ser ut til å vere svært populære samanlikna med og i mykje større grad enn i befolkninga elles. Det er også eit tydeleg trekk at religions- og livssynsfrivilligheit er populært. Innvandrarbefolkninga ser òg ut til å engasjere seg i fleire organisasjonstypar og gjer fleire timar frivillig innsats enn dei frivillige i befolkninga elles. Blant frivillige er det så vidt fleire menn enn kvinner, fleire yngre enn eldre og fleire blant dei med høgre utdanning og inntekt som gjer ein frivillig innsats. Det er også fleire blant dei med barn, dei med god helse og dei som er sysselsette som seier at dei gjer frivillig arbeid. Samstundes syner ein samla analyse av verknaden av desse kjenneteikna, saman med landbakgrunn, at det hovudsakleg er kjønn, alder, utdanning og ferdigheit i norsk språk som verkar inn på sannsynet for å gjere frivillig arbeid blant innvandrarar. Det å vere kvinne, vere eldre, ha lågare utdanning og ikkje minst det å beherske norsk dårleg har negativ effekt på sannsynet for å gjere frivillig arbeid.

13.4.2 Delen med innvandrarbakgrunn blant studentane i barnehagelærarutdanninga

Figur 13.24 Del med innvandrarbakgrunn (sjølv innvandra og norskfødde med innvandrarforeldre) blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2015–17 (pst.)

Figur 13.24 Del med innvandrarbakgrunn (sjølv innvandra og norskfødde med innvandrarforeldre) blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2015–17 (pst.)

Kjelde: SSB

Delen studentar med innvandrarbakgrunn på barnehagelærarstudiet har auka i dei siste tre åra. Av nesten 8 500 studentar i 2017 utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 13 pst., høvesvis ti pst. som sjølve har innvandra, og tre pst. norskfødde med innvandrarforeldre. Delen med innvandrarbakgrunn på barnehagelærarutdanninga er omtrent lik blant mannlege og kvinnelege studentar.

Ei undersøking om statusen til barnehagelæraryrket frå 2014

Kampanjeundersøkelsen 2014: «Barnehagelæreryrkets status i Norge», jf. https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kd/vedlegg/barnehager/rapporter20og20planer/kd_barnehagelaerer2014.pdf

viste at respondentane plasserer yrket på ein 11. plass av tolv yrke, der butikkmedarbeidar kom på sisteplass. På topp ligg lege, advokat og ingeniør, men også toppidrettsutøvar, politi, journalist, lærar i skolen, sjukepleiar, handverkar og saksbehandlar i offentleg sektor har høgre skår enn barnehagelærar. Denne statusoppfatninga kan vere ei årsak til at ungdom med innvandrarbakgrunn, og da kanskje særleg dei som er fødde i Noreg, ikkje søker barnehagelærarutdanning, men heller orienterer seg mot andre yrke. Det er likevel barnehagelærarutdanninga som har størst del studentar med innvandrarbakgrunn (13 pst.) samanlikna med studentar på andre lærarutdanningar (sju pst.).

13.4.3 Delen med innvandrarbakgrunn blant studentar i lærarutdanningar retta mot arbeid i grunnopplæringa

Figur 13.25 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar, 2015–17 (pst.)

Figur 13.25 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar, 2015–17 (pst.)

Kjelde: SSB

Av nesten 21 000 studentar som utdanna seg til å bli lærar i skolen i 2017, var det berre sju pst. med innvandrarbakgrunn. Delen med innvandrarbakgrunn som går på slike utdanningar, har likevel auka litt i dei siste tre åra. Dette gjeld både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Lærarutdanningane i figuren over er allmenn-/grunnskolelærarutdanning inkludert masterutdanning for grunnskolelærarar, fag- og yrkesfaglærarutdanning, integrert masterutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning.

Utfordringane med rekruttering er størst for grunnskolelærarutdanningane, medan søkninga til lærarutdanningane som rekrutterer til arbeid i vidaregåande opplæring, aukar.Undersøkingar Norstat gjennomførte for Kunnskapsdepartementet i perioden 2009–14, viste at statusen til læraryrket blir vurdert som ein del lågare enn for mellom anna advokat, lege og ingeniør, på same måte som for barnehagelærarane.

http://docplayer.me/26096577-Kampanjeundersokelsen-om-laereryrkets-status-i-norge-2013.html

Forsking har vist at unge med innvandrarbakgrunn i Noreg er spesielt opptatte av yrke som gir god inntekt og høg prestisje i samfunnet, slik som legar, advokatar og liknande.

Bakken, A. (2014). Ulike perspektiver på skoleresultatene til barn og unge med innvandringsbakgrunn. Oslo, NOVA.

Når arbeid i barnehagen og skolen blir vurdert til å ha lågare status enn desse yrka, kan det vere ei årsak til at ungdom med innvandrarbakgrunn ikkje søker lærarutdanning.På den andre sida er det eit minstekrav til karakteren 3 i norsk og 4 i matematikk for å kunne bli tatt opp til dei fleste lærarutdanningane for skolen. Dette kan vere eit mogleg hinder for unge som sjølve har innvandra, og som har hatt kort tid på å lære seg norsk.

13.4.4 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn innanfor kultur- og mediesektoren

Av alle arbeidstakarar i kultur- og mediesektoren i 2017 har ti pst. innvandrarbakgrunn. Av desse er 55 pst. kvinner og 45 pst. menn.

A-ordninga starta opp i 2015 og erstatta Nav sitt Arbeidsgiver-/arbeidstakerregister (Aa-registeret) og lønns- og trekkoppgaveregisteret (LTO-registeret). Årgangane før 2015, som bygger på eit anna datagrunnlag, kan av den grunnen ikkje sammenliknast med tala i a-ordninga. Brotet i tidsserien er nærare omtalt i følgande notat: http://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/naermere-om-forholdet-mellom-gammel-og-ny-statistikk

13.4.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant tilsette i barnehagane

Figur 13.26 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2015–17 (pst.)

Figur 13.26 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2015–17 (pst.)

Kjelde: SSB.

I 2017 var det registrert om lag 94 400 sysselsette i barnehagane når kategorien «anna personell» (yrkesgrupper som vaktmeister, reinhaldsarbeidarar m.m.) er haldne utanfor. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2017 om lag 15 pst. av personalet som arbeider direkte med barna, og dei aller fleste av desse har sjølve innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde berre ein pst. av dei tilsette. I dei siste tre åra har delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka noko, frå 14 pst. i 2015 til 15 pst. i 2017. Det kjem i hovudsak av ein auke i delen kvinner med innvandrarbakgrunn. 90 pst. av dei tilsette i barnehagen er kvinner.

13.4.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet i grunnskolar og vidaregåande skolar

Figur 13.27 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet1 i grunnskolar og i vidaregåande skolar, 2015–17 (pst.)

Figur 13.27 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet 1 i grunnskolar og i vidaregåande skolar, 2015–17 (pst.)

1 Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

Kjelde: SSB

Delen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt høgre for fylkeskommunale vidaregåande skolar enn for dei kommunale grunnskolane. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Delen med innvandrarbakgrunn blant det mannlege undervisningspersonalet i kommunale grunnskolar er litt høgre enn denne delen blant dei kvinnelege. I fylkeskommunale vidaregåande skolar er det omvendt, og delen med innvandrarbakgrunn blant det kvinnelege undervisningspersonalet er høgre enn blant det mannlege. Det har vore ein svak auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei siste tre åra, både i kommunale grunnskolar og i fylkeskommunale vidaregåande skolar.

13.4.7 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i høgre utdanning

13,4 pst. av alle studentar er innvandrarar eller norskfødde med to utanlandske foreldre. 9,7 pst. av alle studentar har ikkje-vestleg bakgrunn. Medan 59 pst. av heile studentpopulasjonen er kvinner, gjeld det 64 pst. av studentane med vestleg og 56 pst. av studentane med ikkje-vestleg bakgrunn. Ser vi på alle busette i alderen 19–34 år, er 16,4 pst. av mennene og 23,8 pst. av kvinnene studentar i høgre utdanning. Delt på innvandringsbakgrunn er tala slik:

  • Innvandrarar: 7,4 pst. av mennene og 10,7 pst. kvinnene er studentar.

  • Norskfødde med to utanlandske foreldre: 27,8 pst. av mennene og 35,7 pst. av kvinnene er studentar.

  • Befolkninga elles: 18,5 pst. av mennene og 26,9 pst. av kvinnene er studentar.

13.4.8 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre tilsette i barnevernet

I 2017 var det til saman 17 923 tilsette i barnevernet. Blant tilsette i barnevernet var 74,1 pst. (13 281) kvinner, medan 25,9 pst. (4 642) var menn.

Det var til saman 1 495 tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn (inkludert norskfødde med innvandrarbakgrunn) i 2017. Dette er 8,3 pst. av alle tilsette i barnevernet. Tilsette kvinner med innvandrarbakgrunn utgjer seks pst. (796) av alle kvinnelege tilsette. Tilsette menn med innvandrarbakgrunn utgjer 15,1 pst. (699) av alle mannlege tilsette. Av tilsette med innvandrarbakgrunn er 53,2 pst. kvinner og 46,8 pst. menn.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som er tilsette i barnevernet, har vore stabil frå 2016 til 2017 (8,3 pst.), men det har tidlegare vore ein jamn auke i delen tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn. Frå 2007 til 2017 har det vore ein auke frå 4,7 pst. til 8,3 pst. I denne perioden blei det drive aktivt rekrutteringsarbeid ved nokre lærestader. Til dømes hadde Høgskolen i Oslo og Akershus eit treårig prosjekt der målsettinga var å auke studentmangfaldet gjennom målretta og systematisk rekrutteringsarbeid.

13.4.9 Valdeltaking blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre ved siste stortingsval

Valdeltaking samanlikna med den generelle valdeltakinga blant innbyggarane

Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå deltok 55 pst. av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, det vil seie innvandrarar og personar fødde i Noreg med innvandrarforeldre, ved stortingsvalet i 2017. Det er ein svak auke frå valdeltakinga ved førre stortingsval i 2013, som var på 54 pst. Valdeltakinga blant innvandrarar var 23,2 prosentpoeng lågare enn den generelle valdeltakinga blant innbyggarane (78,2 pst.).

Valdeltaking etter kjønn

Valdeltakinga blant innvandrarar etter kjønn varierer med landbakgrunn. Valdeltakinga er seks prosentpoeng høgre for menn med innvandrarbakgrunn frå Sri Lanka enn for kvinner med same bakgrunn. Mannlege veljarar med innvandrarbakgrunn frå Pakistan, Tyrkia og Afghanistan stemmer også i noko større grad enn kvinnelege veljarar med same bakgrunn. Når det gjeld veljarar med bakgrunn frå Filippinane, Thailand og Russland, stemmer kvinnene i mykje større grad enn mennene. Valdeltakinga for mannlege veljarar med landbakgrunn frå Russland var 38 pst., medan valdeltakinga for kvinnelege veljarar med same landbakgrunn var 55 pst.

Valdeltakinga varierer etter landbakgrunn. Valdeltakinga blant innvandrarar frå Vest-Europa etc. gjekk ned frå 74 til 71 pst. Blant innvandrarar frå austeuropeiske EØS-land gjekk valdeltakinga opp frå 53 til 54 pst. Valdeltakinga blant innvandrarar frå Afrika, Asia etc. auka frå 51 til 54 pst. Av dei 15 største landa har Sri Lanka høgst valdeltaking med 63 pst., medan Kosovo har den lågaste med 36 pst. Samanlikna med stortingsvalet i 2013 er det størst auke i valdeltakinga blant personar med landbakgrunn frå Irak, Iran og Afghanistan.

Valdeltaking etter butid

Tabellen under viser valdeltakinga blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre fordelt på butid i Noreg.

Tabell 13.2 Valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn fordelt på kjønn og butid. Storingsvalet 2017 (pst.)

Butid

0–9 år

10–19 år

20–29 år

30 år og over

Norske statsborgarar, innvandrarar

I alt

53

53

53

63

Menn

55

52

50

62

Kvinner

51

54

55

65

Norske statsborgarar, norskfødde med innvandrarforeldre

I alt

56

52

66

Menn

53

48

64

Kvinner

60

56

68

Kjelde: SSB/Valstatistikk

13.4.10 Valdeltaking blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre ved siste lokalval

Valdeltaking samanlikna med den generell valdeltakinga blant innbyggarane

Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå deltok 40,4 pst. av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015. Valdeltakinga blant norske statsborgarar med innvandrarforeldre var på 38,4 pst. i 2015. Til samanlikning var valdeltakinga i heile befolkninga 60,2 pst. ved lokalvalet i 2015.

Valdeltaking etter kjønn

I kategorien norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn var det i 2015 39,6 pst. menn og 41,1 pst. kvinner som stemte ved lokalvalet i 2015. I kategorien norskfødde med innvandrarforeldre var valdeltakinga 35,3 pst. for mannlege veljarar og 41,6 pst. for kvinnelege veljarar.

Valdeltaking etter butid

Tabellen under viser valdeltakinga fordelt på butid og kjønn ved valet i 2015:

Tabell 13.3 Valdeltaking blant personer med innvandrarbakgrunn og kjønn. Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 (pst.).

Butid

0–9 år

10–19 år

20–29 år

30 år og over

Norske statsborgarar, innvandrarar

I alt

31

37

41

55

Menn

31

36

40

54

Kvinner

32

37

42

56

Norske statsborgarar, norskfødde med innvandrarforeldre

I alt

39

34

50

Menn

35

31

48

Kvinner

43

38

53

Utanlandske statsborgarar

I alt

21

36

42

54

Menn

18

34

37

50

Kvinner

26

38

46

59

Kjelde: SSB/Valstatistikk

13.4.11 Tilsette i offentleg sektor

Det statlege tariffområdet omfattar departementa og dei underliggande verksemdene. Delen statstilsette med innvandrarbakgrunn var tredje veka i november 2017 på 11,3 pst. Dette omfattar både gruppe 1 og gruppe 2. Delen statstilsette med bakgrunn frå gruppe 1 (EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand) var tredje veka i november 2017 på 5,8 pst. På same tidspunkt var delen statstilsette frå gruppe 2 (Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oseania utanom Australia og New Zealand) på 5,5 pst.

Tala er frå SSBs registerbaserte sysselsettingsstatistikk.