Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Kunnskapsdepartementet sitt ansvar for arbeidet for likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må ligge til grunn i universiteta og høgskolane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Likestilling

Departementet følger opp tiltaka i Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – like muligheter for kvinner og menn , jf. Innst. 228 S (2015–2016).

Den nye rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017, legg eit godt grunnlag for likestillingsarbeidet i barnehagane. Rammeplanen understrekar at barnehagen skal bygge verksemda si på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering og bidra til at barna møter og skaper eit likestilt samfunn.

I Jeløya-plattforma seier regjeringa at vi vil styrke rekrutteringa av menn til barnehagane, og at vi vil fremme ein strategi for å bidra til ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Det er særskilt relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskole- og barnehagelærarutdanninga. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpa, jf. del I, kap. 3 og omtale av oppmodingsvedtak nr. 800, 7. juni 2016 frå stortingssesjonen 2015–16 om rekruttering av menn til barnehagane.

I Meld St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet varsla Kunnskapsdepartementet ei fornying av faga i grunnopplæringa. Utdanningsdirektoratet er i gang med arbeidet, og fagfornyinga skal vere ferdig hausten 2020, jf. nærare omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Berekraftig utvikling skal bli eitt av tre tverrfaglege tema i fagfornyinga. Gjennom arbeid med temaet skal elevane få forståing for at handlingane og vala til den einskilde har vekt. Temaet rommar problemstillingar knytte til fattigdom, fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. I det tverrfaglege temaet Livsmeistring og folkehelse vil aktuelle tema vere verdival og tydinga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, å kunne setje grenser og respektere grensene til andre og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar.

Regjeringa har oppretta Stoltenberg-utvalet, som skal vurdere kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar. Utvalet skal greie ut grunnane til at gutar er overrepresenterte på fleire negative statistikkar, som for eksempel enkeltvedtak om spesialundervisning, fråfall i vidaregåande opplæring og prestasjonar på dei lågaste dugleiksnivåa. Utvalet skal legge fram eit kunnskapsgrunnlag om kvifor kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar oppstår, og foreslå tiltak for å redusere desse forskjellane. Utvalet skal levere innstillinga si i form av ein NOU innan februar 2019. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar

Rammeplanen for barnehagen seier blant anna at barnehagen skal motverke fordommar, stereotypiar og rasisme. Barnehagen skal bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa.

Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra) er eit kurstilbod som gir kompetanseutvikling for lærarar, skoleleiarar og andre tilsette i skolen. Dembra er eit sentralt tiltak frå Kunnskapsdepartementet inn i fleire tverrdepartementale strategiar og handlingsplanar, slik som Handlingsplan mot antisemittisme , Nasjonal strategi mot hatefulle ytringar og Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme . Dembra vil også bli eit tiltak i den kommande Handlingsplanen mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering .

Dembra er frå 2016 gradvis blitt forankra som eit varig tiltak gjennom blant anna å engasjere dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Dembra er hittil prøvd ut på 52 skolar rundt om i landet. I løpet av få år vil det vere etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet. Sjå dembra.no for meir informasjon om tilbodet.

Departementet planlegg å sette av 2 mill. kroner årleg frå 2018 til og med 2020 på kap. 226 post 21 til utvikling av forskingsbaserte, pedagogiske ressursar om gruppebaserte fordommar. Læringsressursane skal brukast i lærarutdanningane, i etterutdanningspakker og til skolebasert kompetanseheving. Læringsressursane som blir utvikla, skal dekke områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar.

Noreg har fått aksept frå Nordisk ministerråd for å gjennomføre ein Dembra-pilot i alle dei nordiske landa i 2019. Ministerrådet har løyvd 1 mill. kroner til piloten.

Satsinga på Dembra blei styrkt i 2018, og departementet foreslår å vidareføre løyvinga på om lag same nivå i 2019.

Likestilling i Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Det er personalpolitiske mål for Kunnskapsdepartementet å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Departementet skal arbeide systematisk med å gjennomføre regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Kunnskapsdepartementet vil søke å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og arbeide aktivt for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en skal auke. Departementet har innført testverktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Personal- og leiarhandboka til Kunnskapsdepartementet gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til intervju.

Tabell 8.1 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse i Kunnskapsdepartementet

Kjønn

År

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Kvinners lønn i pst. av menns

Toppleiing

Departementsråd, ekspedisjonssjef, kommunikasjonssjef

2017

66,7

33,3

9

93,2

2016

66,7

33,3

9

92,8

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten, totalt

2017

35,1

64,9

288

92,3

2016

36,1

63,9

296

90,6

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør

2017

53,7

46,3

41

103,0

2016

50,0

50,0

41

100,9

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør

2017

44,4

55,6

18

94,1

2016

35,5

64,7

17

91,8

Seniorrådgivar

2017

32,9

67,1

173

97,5

2016

38,2

61,8

186

96,9

Rådgivar

2017

36,1

63,9

36

102,2

2016

27,8

72,2

36

102,6

Førstekonsulent

2017

20,0

80,0

5

102,5

2016

0,0

100,0

5

Administrativt personale

Seniorkonsulent

2017

0,0

100,0

15

2016

0,0

100,0

12

Kjelde: Uttrekk frå SAP per 31. desember 2016 og per 31. desember 2017

Tabell 8.1 gir ei oversikt over kjønnsbalansen i Kunnskapsdepartementet totalt og for dei ulike stillingskategoriane i departementet. Det er ei overvekt av kvinner i departementet når ein ser alle stillingskategoriane under eitt. Per 31. desember 2017 var 64,2 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten auke samanlikna med 2016.

I stillingskategoriane førstekonsulent, rådgivar og avdelingsdirektør har kvinner i gjennomsnitt noko høgre lønn enn menn, medan det motsette er tilfellet for stillingskategoriane seniorrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør og i toppleiinga. Det er fleire menn i toppleiarstillingar. Etter omorganisering og endringar i 2018 er det like mange menn som kvinner i toppleiinga i departementet per oktober 2018.

I 2016 var det i fire lærlingar i Kunnskapsdepartementet, alle kvinner. I 2017 var ein mann og to kvinner lærlingar.

Likestilling i verksemder under Kunnskapsdepartementet

Tabell 8.2 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2017)

Verksemd

Tilsette

Del menn (pst.)

Del kvinner (pst.)

Kvinners lønn i pst. av menns

Utdanningsdirektoratet

297

36,7

63,3

97,1

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

113

30,1

69,9

101,6

Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg)

16

31,2

68,8

77,4 1

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

757

24,8

75,2

99,2

Noregs grøne fagskole – Vea

34

35,3

64,7

97,8

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

10,0

90,0

102,9

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

120

26,7

73,3

92,0

Senter for IKT i utdanninga

77

48,1

51,9

98,0

Statens lånekasse for utdanning

338

45,0

55,0

99,9

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

11

54,5

45,5

90,3 2

Kompetanse Noreg

135

29,6

70,4

104,8

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

235

38,0

62,0

97,4

1 Skilnader i lønn mellom kvinner og menn i Sørsamisk kunnskapspark skyldast i stor grad deltidsstillingar og tilsettingar på dispensasjon.

2 FEK har få tilsette, noko som gir store utslag i lønnsskilnadene mellom kvinner og menn.

Kjelde: Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå SSB til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) per 1. oktober 2017

Tabell 8.3 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2017)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

51 435

49 919

97,1

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

43 884

44 607

101,6

Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg)

43 965

34 012

77,4 1

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

45 317

44 976

99,2

Noregs grøne fagskole – Vea

44 298

43 302

97,8

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

47 225

48 599

102,9

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

49 239

45 289

92,0

Senter for IKT i utdanninga

51 839

50 801

98,0

Statens lånekasse for utdanning

43 122

43 072

99,9

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

64 792

58 522

90,3 2

Kompetanse Noreg

47 040

49 314

104,8

1 Skilnader i lønn mellom kvinner og menn i Sørsamisk kunnskapspark skyldast i stor grad deltidsstillingar og tilsettingar på dispensasjon.

2 FEK har få tilsette, noko som gir store utslag i lønnsskilnadene mellom kvinner og menn.

Kjelde: Pivottabell per 31. september 2017 utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet