Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvaret for å gjennomføre tiltak innanfor sine eigne område for å nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ein omtale av den samla klima- og miljøpolitikken til regjeringa, sjå Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet.

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggande verksemder er med på å forme. Ny innsikt, kompetanse og erkjenning er utgangspunktet for korleis vi møter store utfordringar i samfunnet. Vi treng forsking for å utvikle ein god og fornuftig klima- og miljøpolitikk og dei gode klima- og miljøløysingane som bidrar til det grøne skiftet. Og vi treng utdanning som gir oss den kunnskapen, dei dugleikane og haldningane som er nødvendige for å møte utfordringane.

Formidling av kunnskap om og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølge formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen la barna få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong og lære dei å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen understrekar at barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremme verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn, og at barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i samsvar med formålsparagrafen, lære å tenke kritisk og handle etisk og miljømedvite. Dette er òg i samsvar med prinsippa bak det grøne skiftet. I oppfølginga av Meld St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet skal Kunnskapsdepartementet fornye læreplanane ved å gjere dei meir relevante for framtida. Berekraftig utvikling skal bli eitt av tre tverrfaglege tema i fagfornyinga, og elevane skal lære om berekraftig utvikling med utgangspunkt i fleire fag. Skolane skal ta dei nye læreplanane i bruk hausten 2020.

I samarbeid med Klima- og miljødepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken . Tiltaket inneber at skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar, mellom anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Skolesekken bidrar til å styrke kvaliteten på opplæringa og auke forståinga av nytten og bruken av naturfaga. Skolesekken fremmer òg undervisning om berekraftig utvikling.

I den omstillinga som arbeidslivet i Noreg er inne i nå, er realfagleg kompetanse viktig for å skape innovasjon som bidrar til det grøne skiftet. Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga.

Norsk forsking og høgre utdanning er i fronten internasjonalt innanfor fagområde som er knytte til klima og miljø. Saman med forslag til statsbudsjett for 2019 legg regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Dette er ei revidering av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Langtidsplanen er eit viktig verkemiddel for arbeidet til Kunnskapsdepartementet med miljø- og klimautfordringa innanfor forsking og høgre utdanning framover. Planen legg rammene for kva regjeringa særleg vil prioritere for å møte utfordringane og gripe moglegheitene i tida framover, mellom anna dei utfordringane og moglegheitene som ligg i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Klima, miljø og miljøvennleg energi er ei av fem langsiktige prioriteringar i planen, og forsking og høgre utdanning innanfor andre prioriteringar er òg i høgste grad relevante for omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Miljørelevant forsking omfattar både klima-, miljø- og energiforsking. Verkemiddel frå heile porteføljen til Forskingsrådet finansierer denne typen forsking. Miljøvennleg energi og miljøteknologi er dei områda med størst innsats og der auken over tid har vore betydeleg. I 2017 gjekk om lag 590 mill. kroner av midlane til Kunnskapsdepartementet gjennom Forskingsrådet til forsking på miljøområdet. Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet omfattar både forsking som er finansiert gjennom forskingsprogram der klima og miljø er eit hovudformål, som til dømes KLIMAFORSK, og forsking som blir finansiert gjennom verkemiddel som ikkje er særskilt målretta mot miljø, som open arena for framifrå forsking (FRIPRO), løyvingar til forskingsinfrastruktur, senter for framifrå forsking (SFF) og senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).

Sidan 2010 har departementet gitt ei ekstraordinær støtte til det internasjonalt leiande klimaforskingssenteret Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research AS, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Ei positiv evaluering var ferdig i desember 2017. Løyvinga er på 25 mill. kroner årleg og varer til 2021.

Ein stor del av Kunnskapsdepartementet sine midlar til forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet går til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi. SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System) er eit norskleidd samarbeid mellom institusjonar med relevant forskingsinfrastruktur på Svalbard (laboratorium, observatorium, feltutstyr mv.). Målet er å legge til rette for tverrvitskaplege studium av jordsystemet, der havstraumar, atmosfæriske og geologiske tilhøve, is- og snødekke, planter og dyr heng saman i kompliserte mønster. Partnarane i SIOS signerte ein juridisk ikkje-bindande avtale (MoU) 26. januar 2018. SIOS AS, som blei etablert som eit dotterselskap under UNIS i 2016, fungerer som juridisk eining for SIOS-samarbeidet.

Gjennom undervisning og forsking er universitet og høgskolar sentrale i å følge opp FNs berekraftsmål der klima og miljø er eit gjennomgåande tema. Universitetet i Bergen (UiB) har sett ned og leier ein nasjonal komité for arbeidet med Agenda 2030 i universitets- og høgskolesektoren der òg Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Tromsø (UiT) – Noregs arktiske universitet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) er medlemmer. Komitéen skal òg ha ein studentrepresentant. Utenriksdepartementet, Norad – Direktoratet for utviklingssamarbeid, og Kunnskapsdepartementet er observatørar. Fleire universitet og høgskolar har integrert berekraftsmåla i strategiane sine. Til dømes har NTNU lagt inn som ein del av visjonen til universitetet at dei aktivt vil bidra til å nå berekraftsmåla. NTNU har òg på nettsidene sine løfta fram korleis dei konkret gjennom forsking, innovasjon og utdanning bidrar til dei 17 måla. Potensielle studentar kan blant anna velje studieprogram ut frå kva for mål dei ønsker å bidra til å nå. Universitetet i Oslo har etablert eit initiativ for berekraftsmåla som er forankra i fagmiljøet til Senter for utvikling og miljø.

Stortinget godkjente startløyving til nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo i budsjettet for 2018. Livsvitskapsbygget skal sertifiserast som eit berekraftig bygg i klassen BREEAM Excellent (Building Research Establishment Environment Assessment Method) er den nest høgste klassifiseringa for eit klimavennleg bygg.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekke andre funksjonar ei viktig rolle når det gjeld å kartlegge klimaendringar. For å sikre at dei faglege vurderingane til Meteorologisk institutt blir knytte tett til viktige spørsmål innanfor klima, blei ansvaret for instituttet overført frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet med verknad frå 1. januar 2018.

Eit anna viktig tiltak som Kunnskapsdepartementet finansierer, er det norske medlemskapet i Global Biodiversity Information Facility (GBIF). GBIF er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. GBIF-Noreg samarbeider tett med Artsdatabanken om å gjere data tilgjengelege og dele dei. Ansvaret for Artsdatabanken blei i 2018 overført frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet.

Universitetsmusea forvaltar store vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane. Gjennom forskarskolen i biosystematikk har universitetsmusea fått ei større rolle i undervisning og kompetanseheving innanfor klassisk biologi. Natur- og miljøforvaltninga i Noreg er mellom anna avhengig av denne kompetansen for å kunne følge opp naturmangfaldlova.