Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2018–2019)

Digforsk AS

I 2017 er det regnskapsført 247 405 kroner i lønn, 4 764 kroner i pensjonsutgifter og 5 202 kroner i andre godtgjeringar til dagleg leiar frem til 31. oktober 2017. Etter dette er dagleg leiar innleidd frå Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Det er kostnadsførte 158 975 kroner til dette i 2017.

Mechatronics Innovation Lab AS

Administrerande direktør fekk 900 473 kroner i lønn og 26 949 kroner i andre godtgjeringar i 2017. Pensjonskostnader blei dekte med 111 312 kroner.

NTNU Ocean Training AS

Dagleg leiar fekk 908 345 kroner i lønn og godtgjering i 2017. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med Lov om obligatorisk tjenestepensjon.

NSD – Norsk senter for forskningdata AS

Administrerande direktør fekk 1 180 443 kroner i lønn og 9 942 kroner i andre godtgjeringar i 2017. Pensjonskostnader blei dekte med 22 354 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsettingsforholdet.

NTNU Samfunnsforskning AS

Det blei utbetalt 1 140 507 kroner i lønn til dagleg leiar i 2017. Pensjonsutgifter blei dekte med 5 153 kroner.

Administrerande direktør har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsettingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 613 354 kroner i lønn og 81 128 kroner i andre godtgjeringar i 2017. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med Lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 686 450 kroner i lønn og 108 278 kroner i andre godtgjeringar i 2017. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med Lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har fått utbetalt godtgjering på 645 890 kroner i 2017. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med Lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 2 624 839 kroner i lønn og 130 366 kroner i andre godtgjeringar i 2017. Pensjonsutgifter til administrerandre direktør er kostnadsførte med 114 628 kroner.

Unifond AS

Det er utbetalt 164 475 kroner i lønn til dagleg leiar i 2017. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter Lov om obligatorisk tjenestepensjon.

UNINETT AS

Administrerande direktør i perioden 1. januar 2017 til 31. august 2017 fekk 927 273 kroner i lønn og 16 344 kroner i andre godtgjeringar. Administrerande direktør i perioden 1. september 2017 til 31. desember 2017 fekk 583 333 kroner i lønn og 10 219 kroner i andre godtgjeringar.

Unirand AS

Det er utbetalt 336 646 kroner i lønn til dagleg leiar i 2017. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsførte med 42 808 kroner.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Det er totalt kostnadsført 1 235 724 kroner i lønn og godtgjering til direktør. Arbeidsgivar sin del av pensjon for direktør er ført med 144 148 kroner.

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar

DnF Productions AS, Universitetet i Bergen eiendom AS, Nord innovasjon AS, Vangslund AS.