Prop. 1 LS

(2019–2020)

Skatter, avgifter og toll 2020

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:

§ 24 skal lyde:

§ 24 Eigedomsskatten skal svarast til den kommunen der skatten er utskriven.

§ 25 annet ledd skal lyde:

Kommunen kan i særlege høve gjeva utsetjing.

§ 27 tredje punktum skal lyde:

Eigedomsskatten kan krevjast inn av kommunen etter reglane for innkrevjing av skatt.

II

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:

§ 3 skal lyde:

Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på anten

  1. faste eigedomar i heile kommunen, eller

  2. faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang, eller

  3. berre på kraftanlegg , vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller

  4. berre på næringseigedom, kraftanlegg , vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller

  5. eigedom både under bokstav b og c, eller

  6. eigedom både under bokstav b og d, eller

  7. faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftanlegg , vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

Til kommunen vert rekna sjøområde ut til grunnlinjene.

§ 4 annet ledd skal lyde:

Til faste eigedomar vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter, bryggjer og liknande og likeeins næringseigedom. Til næringseigedom vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, industrielle verk, steinbrot, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader samt kontorlokale, butikk, hotell og serveringsstad mv. Produksjonsutstyr og -installasjonar skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget for næringseigedom. Til næringseigedom vert ikkje rekna kraftanlegg , vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. For vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt ikkje reknast med utan tingen er ein part av sjølve føretaket.

III

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:

§ 13 nåværende tredje ledd blir nytt fjerde ledd.

§ 13 tredje ledd skal lyde:

Ved samanslåing av kommunar gjeld særskilde reglar for auke av skattesatsane mv. i ein overgangsperiode på inntil 3 år. Overgangsperioden skal nyttast til å samordne eigedomsskatten. For eigedom som nemnt i § 3 d og § 4 andre og tredje ledd, kan skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1 000 av takstverdet det første året det vert utskrive eigedomsskatt, og ikkje aukast med meir enn kr 2 for kvart kr 1 000 av takstverdet per år. For bustad og fritidsbustad gjeld reglane i første leden. Auken i skattesatsane må byrje frå første året av, og fordelast likt over heile overgangsperioden. Utskrivingsalternativ og eventuelt botnfrådrag må vere likt i heile kommunen frå det første året i overgangsperioden. Kommunen kan gjennomføre fullstendig taksering av alle eigedomar i den nye kommunen. Alternativt kan kommunen velje å avgrense takseringa til ikkje tidligare verdsette eigedomar. Kommunen kan også nytte overgangsperioden til å samordne takstane i kommunen. Overgangsperioden kan byrje det første året etter samanslåinga, og seinast det andre året. Kommunar som vel å utsette samordninga til det andre året, må vidareføre eigedomsskatten slik den var føre samanslåinga med unntak for lovbestemte endringar og reduksjonar i skattesatsane. Fristen for utskriving av eigedomsskatt ved kommunesamanslåing er utløpet av juni det året kommunen byrjar overgangsperioden. Første året etter utløpet av overgangsperioden, skal eigedomsskatten vere lik i heile kommunen.

IV

Endringene under I trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

Endringene under II trer i kraft straks.

Endringene under III trer i kraft straks med virkning fra og med eiendomsskatteåret 2020.