Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Nedanfor blir det gitt ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald for Arbeids- og sosialdepartementet og for departementet sine underliggande verksemder. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir pålegg til offentlege arbeidsgivarar, både som offentleg myndigheit og som arbeidsgivar, å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering på alle områda i samfunnet.

I tillegg til aktivitetsplikta, følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for tiltak som er sette i verk eller planlagde for å fremme lova sitt formål om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk.

Statlege verksemder som ikkje er pålagde å utarbeide årsmelding, skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet og i underliggande verksemder, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder 1

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

Totalt i verksemda 2

2018

194

14 549

68

24

393

662

170

2017

196

14 315

64

24

391

677

177

Andel kvinner i pst:

I verksemdene

2018

62,4

70

57

58

54,7

60

47

2017

61,7

70

56

58

56,5

60

46

Toppleiarar

2018

42,9

56

100

60

50,0

50

43

2017

42,9

50

100

60

37,5

46

43

Mellomleiarar

2018

50,0

63

0

-

61,4

53

38

2017

50,0

62

20

-

59,0

54

21

Alternativ karriereveg

2018

37,5

-

43

-

50,0

44

-

2017

33,3

-

39

50,0

44

-

Saksbehandlarar

2018

67,2

68

63

56

54,0

61

43

2017

67,1

67

56

56

540

65

43

Konsulentar/kontorstillingar

2018

71,5

76

92

100

-

83

93

2017

77,0

76

86

100

-

86

94

Slutta

2018

63,0

65

45

51,0

60

38

2017

33,0

69

50

100

66,0

38

33

Nytilsette

2018

67,0

66

63

49,0

54

42

2017

55,7

69

38

100

68,0

50

42

Deltidstilsette

2018

100

81

80

50

84,0

82

33

2017

100

80

83

50

82,0

76

38

Mellombels tilsette

2018

66,7

73

67

-

25,0

69

67

2017

60,0

72

73

-

60,0

57

50

Foreldrepermisjon

2018

75,0

90

25

50

100

83

100

2017

100,0

91

0

100

69,0

50

100

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Pensjonstrygda for sjømenn (PTS), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Petroleumstilsynet (Ptil). I kategorien alternativ karriereveg ligg fagdirektørar, spesialrådgivarar, faste dommarar, overlegar og overingeniørar, sjefsingeniørar og senioringeniørar. I kategorien saksbehandlarar ligg rådgivarar og seniorrådgivarar. I kategorien konsulentar ligg førstekonsulentar og seniorkonsulentar. I ASD består toppleiinga av ekspedisjonssjefane, departementsråd og direktør. I Trygderetten er det berre ein toppleiar, og denne er ei kvinne. I PTS er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plassert i kategorien toppleiarar.

2 Talgrunnlaget for «totalt i verksemda» er tilsette i aktiv teneste og i lønna permisjon.

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinner sin del av lønna til menn etter stillingskategori per 1. oktober 2018. 1

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2018

92,2

93

75

92,7

92,2

96

82

2017

89,8

93

80

90,1

90,7

97

82

Toppleiarar

2018

104,2

97

100

102,5

81,1

106

104

2017

105,1

95

100

105,0

88,8

105

104

Mellomleiarar

2018

97,3

95

-

-

91,5

99

89

2017

96,2

95

103

-

98,2

100

98

Alternativ karriereveg

2018

95,8

-

100

-

114,1

100

-

2017

96,8

-

100

-

113,2

99

-

Saksbehandlarar

2018

100,9

93

85

107,6

90,8

99

86

2017

99,8

94

89

103,9

89,7

105

88

Konsulentar/kontorstillingar

2018

106,5

101

101

-

93

99

2017

108,5

101

101

-

92

102

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær for departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær totalt per 31. desember 2018

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

2018

3,4

5,4

6,0

2,9

3,3

3,6

2,2

2017

1,9

5,7

3,6

4,7

4,5

3,4

2,1

Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Det er relativt stor skilnad i nivået på sjukefråværet mellom verksemdene. I det statelege tariffområdet var det totale sjukefråværet 3,9 pst i 2018. Tala i tabellen over gir ein indikasjon på at det legemelde sjukefråværet i 2018 ligg under nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og sosialdepartementet, Pensjonstrygda for sjømenn, Statens pensjonskasse, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Sjukefråværet i Pensjonstrygda for sjømenn og Petroleumstilsynet er lågt samanlikna med andre statlege verksemder.

Det har vore ein nedgang i sjukefråværet i Pensjonstrygda for sjømenn og i Statens pensjonskasse frå 2017 til 2018. I Arbeids- og velferdsetaten har det og vore ein nedgang i sjukefråværet frå 5,7 pst. i 2017 til 5,4 pst. i 2018.

I Arbeids- og sosialdepartementet og Trygderetten har det vore ein auke i sjukefråværet frå 2017 til 2018.

Det legemelde sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet var 3,4 pst. i 2018 mot 1,9 pst. i 2017. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet i departementa 3,1 pst. i 2018 og 3,3 pst. 2017.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege sjukefråværet 3,9 pst. i 2018. I Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor var sjukefråværet 5,5 pst.

Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember 2018 1

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

1,8

4,3

3,5

6,2

2,8

8,6

1,5

3,9

1,6

4,8

2,9

4,2

1,2

1,0

2017

0,8

2,6

3,9

6,5

1,9

4,6

3,5

5,5

2,7

6,0

3,2

3,5

0,9

1,2

Tala viser at det framleis er stor skilnad mellom menn og kvinner i det legemelde sjukefråværet i heile sektoren, bortsett frå i Petroleumstilsynet der det er lite som skiljer det legemelde sjukefråværet mellom menn og kvinner.

I alle departementa sett under eitt, var det legemelde sjukefråværet blant menn 2,0 pst. Det legemelde sjukefråværet blant menn er lågt i Arbeids- og sosialdepartementet, Pensjonstrygda for sjømenn, Statens pensjonskasse, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Det har vore ein nedgang i sjukefråværet blant menn i Arbeids- og velferdsetaten, Pensjonstrygda for sjømenn, Statens pensjonskasse og Arbeidstilsynet.

Det legemelde sjukefråværet blant kvinner er høgare enn for menn og var 4,1 pst i alle departementa sett under eitt i 2018. Sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet, Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten, Statens pensjonskasse og Arbeidstilsynet er høgare enn 4,1 pst. Frå 2017 til 2018 har det vore ein auke i sjukefråværet blant kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet, Trygderetten og Arbeidstilsynet. Samtidig har det vore ein nedgang i sjukefråværet blant kvinner i Arbeids-og velferdsetaten, Pensjonstrygda for sjømenn, Statens pensjonskasse og Petroleumstilsynet.

Nærare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og sosialdepartementet

Kvinnedelen i departementet har vore stabil dei seinare åra, og 62,4 pst. av dei 194 tilsette er kvinner. Tendensen har vore den same for dei nyrekrutterte og for dei som sluttar dei siste åra. Av dei nyrekrutterte i 2018 var delen kvinner 67 pst., medan delen kvinner som slutta var 63 pst. I 2017 var 66 pst. av dei nyrekrutterte kvinner, mens delen kvinner som slutta var 33 pst.

Kjønnsperspektivet er ein del av departementet sin lokale personalpolitikk. Departementet har særleg fokus på at kvinner og menn får like moglegheiter for fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar, men det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer. Blant toppleiarane er delen kvinner 43 pst. ein auke frå 37,5 pst. i 2016. Blant mellomleiarane er delen kvinner 50 pst. og uendra frå 2017. I stillingskategorien alternativ karriereveg er 43 pst. kvinner. I denne stillingskategorien har delen kvinner auka jamt dei siste åra. Departementet vil halde fram med å vere merksam på utviklinga her. Det er ei overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane, og blant saksbehandlarar er kvinnedelen 67,2 pst. og i stillingsgruppa konsulentar utgjer kvinner 71,5 pst.

Prinsippet om likelønn skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 92,2 pst. av menn si lønn, mot 89,8 pst. i 2017. Som tala i tabellen over syner, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i stillingskategoriane toppleiarar, saksbehandlarar og konsulentar. Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 97,3 pst. av menn si lønn, og i stillingskategorien alternativ karriereveg tener kvinner 95,8 pst. av menn si lønn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til skilnaden i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna.

Departementet deltek i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne, og har til kvar tid ein trainee tilsett. Departementet skal rekruttere to traineear med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne hausten 2019. Forutan søkarar til traineestillinga var delen søkarar som oppgav å ha nedsett funksjonsevne 1,6 pst. i 2018, mot 6,8 pst. i 2017. Ingen av desse fylte vilkåra for stillingane dei søkte på.

Å nå dei kvalifiserte søkarane med nedsett funksjonsevne er ei utfordring. Departementet nyttar jobbportalen «Jobbforalle» for å nå målgruppa betre, og søkarar med nedsett funksjonsevne blir innkalla til intervju, dersom dei er kvalifiserte. Med bakgrunn i regjeringa sin inkluderingsdugnad har departementet retta større merksemd mot å tilsette fleire personar med nedsatt funksjonsevne og hol i CV’en.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 6,1 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2017, og av desse var 2,6 pst. frå landgruppe 2 (Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unntatt Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU). Av totalt 790 søkarar til ulike stillingar i Arbeids- og sosialdepartementet i 2018, opplyste 6,7 pst. av søkarane at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Av den totale søkarmassen vart 1 pst. av søkarane med opplyst innvandrarbakgrunn innkalla til intervju. Til samanlikning var delen 7,8 pst. i 2017. Det blir jobba med å auke rekrutteringskompetansen i departementet gjennom ulike interne tiltak.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsplass og kvinnedelen har vore stabil på om lag 70 pst. dei ni siste åra. Det var 14 549 tilsette i etaten i 2018. Fordelinga mellom kjønna følger denne fordelinga for dei nyrekrutterte og for dei som sluttar i etaten.

Delen kvinner er noko ulik mellom einingane, og er høgast i Arbeids- og tenestelinja med over 75 pst. kvinner i nokre fylke og lågast i Arbeids- og velferdsdirektoratet, der kvinnedelen er rett under 50 pst. For direktoratet er IT eit stort område som tiltrekker seg fleire menn enn kvinner. Dette speglar arbeisdmarknadan på området. Kvinnedelen er høgast i dei lågaste stillingskategoriane, og fell med aukande stillingsnivå. Kvinnedelen blant toppleiarane har auka til 56 pst. i 2018. I stillingskategorien mellomleiarar har kvinnedelen vore aukande dei siste åra, og det var ein svak auke frå 62 pst. i 2017 til 63. pst i 2018. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene og følgjer opp dette med driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

600 personar har slutta i NAV i 2018. Dette talet er høgare enn tidlegare år, og det er ein mykje større del som er registrerte med overgang til anna arbeid.

Prinsippet om likelønn i Arbeids- og velferdsetaten skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sjølv om kvinner har vore priorterte i lønnsforhandlingane så gir ikkje det dei store utslaga i statistikken. Dette kan forklarast med gjennomstrøyminga av tilsette og en høg kvinnedel blant dei som er tilsette i dei lågare stillingskategoriane. I dei ulike einingane tener menn gjennomgåande noko meir enn kvinner. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 93 pst. av menn si lønn. Kvinnelege toppleiarar tener i snitt 97 pst. av menn si lønn, kvinnelege mellomleiarar tener i snitt 95 pst. av menn si lønn og kvinnelege saksbehandlarar tener i snitt 93 pst. av menn si lønn. Det er kun i stillingskategorien konsulentar og kontorstillingar kvinner i snitt tener noko meir enn menn. I dei lokale lønnsforhandlingane er det retta stor merksemd mot å jamne ut utilsikta forskjellar i lønna mellom kvinner og menn.

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald knytt til etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. I 2018 drøfta og forhandla etaten seg fram til ein felles personal- og lønnspolitikk for heile etaten, på tvers av tariffområda. Tidlegare hadde kvar driftseining sin eigen lokale politikk som la nokre sentrale personal- og lønnspolitiske føringar til grunn.

I alle kunngjeringane i etaten blir det oppmoda om å søke på stillingane utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Det er eit krav at minimum éin søkar frå kvar av dei underrepresenterte gruppene (definert som innvandrarbakgrunn eller med redusert funksjonsevne) blir kalla inn til intervju dersom det finst kvalifiserte søkarar. Frå 1. april 2019 gjeld dette også personar med hol i CV-en. Dette er det opplyst om i det elektroniske rekrutteringsverktøyet til etaten. I 2018 vart det lyst ut 1 644 stillingar i etaten. Av 8 717 søkarar til desse stillingane opplyste 17,9 pst. at dei hadde innvandrarbakgrunn og 1,7 pst. opplyste om at dei hadde nedesett funksjonsevne.

Med bakgrunn i regjeringa sin inkluderingsdugnad har etaten retta større merksemd mot å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en og med innvandrarbakgrunn. I andre halvår 2018 hadde 4,5 pst. av dei nytilsette til fast stilling nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket. Nettverket har hatt likestilt rekruttering som tema dei tre sista åra, og alle dei statlege etatane i nettverket er kvar sin gang vertskap for nettverket.

Etaten deltok i Statens traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning med tre stillingar i ulike einingar i perioden 2017–2018. For perioden 2019–2020 har direktoratet lyst ut sju stillingar for denne gruppa.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste åra. Auken har vore størst i delen tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2. I Arbeids- og velferdsetaten hadde 11 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn i 2018. NAV-einingane i Oslo og Arbeids- og velferdsdirektoratet har skilt seg ut med ein høgare andel tilsette med innvandrarbakgrunn samanlikna med dei andre einingane. I Arbeids- og tenestelinja er det stor variasjon mellom fylka, noko som speglar størrelsen på innvandrarbefolkninga i fylket. Statisisk sentralbyrå har avslutta statistikken som viser kor stor del av dei tilsette som har innvandrarbakgrunn i dei ulike einingane. Tala frå Statistisk sentralbyrå gir no berre informasjon for heile NAV.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 68 tilsette i 2018, og av desse er 57 pst. kvinner. Toppleiar er ei kvinne, og blant mellomleiarane er det ingen kvinner.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. Blant rettsmedlemmane er 43 pst. kvinner, blant rettsfullmektigane er tendensen motsett, her er delen kvinner 67 pst. I stillingskategorien alternativ karriereveg er delen kvinner 43 pst., og blant saksbehandlarane er delen kvinner 63 pst. I lågare stillingskategoriar som økonomi, personal, arkiv, IT, kontortenester med vidare, er kvinnedelen 100 pst. Delen tilsette på deltid består i hovudsak av kvinner.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 75 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for lønnsplassering. Blant Trygderetten sine saksbehandlarar utgjer den gjennomsnittlege lønna til kvinner 85 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Blant kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og desse stillingsgruppene har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra, og kvinner tener i snitt noko meir enn menn.

Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal bli behandla likt, uavhengig av kjønn. Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga både når det gjeld kjønn, alder, kulturell bakgrunn og erfaring. I alle stillingsutlysingane blir dette understreka.

Trygderetten har som mål at sjukefråværet ikkje skal vere høgare enn 5 pst. i perioden. Det legemelde sjukefråværet var 6,0 pst. i 2018. Det er 2,4 pst. høgare enn i 2017, og 1 pst. høgare enn verksemda sitt mål.

I IA-avtalen for perioden 2014–2018 hadde Trygderetten sett som delmål at verksemda skal behalde medarbeidarar med redusert funksjonsevne, heilt eller delvis, fram til ordinær pensjonsalder, ved mellom anna å tilby tilrettelegging av det fysiske arbeidsmiljøet. Trygderetten har som mål å ha ein høg gjennomsnittleg pensjonsalder. Verkemedel som er aktuelle er mellom anna å bruke eldre, erfarne rettsmedlemmar til «fadderverksemd» for nytilsette og til å arbeide med praksisundersøkingar og anna utredningsarbeid, i tillegg til ordinær saksbehandling. Andre tiltak er å tilby heimekontor, ha ei positiv haldning til graderte stillingar og ei positiv haldning til å tilby praksisplass til personar som NAV har avklart.

Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn på ledige stillingar, blir alltid minst éin kalla inn til intervju. Embetet som rettsmedlem (dommarar) og stillinga som rettsfullmektig må vere besett av personar med norsk statsborgarskap.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn er ei lita verksemd med 24 tilsette. Kvinnedelen er 58 pst. og er den same som i 2016 og 2017. Pensjonstrygda for sjømenn er opptekne av å ha ei god likevekt mellom kjønna og har tatt omsyn til kjønnsbalansen ved tilsettingar. Etter nokre år med høg kvinnedel har verksemda oppnådd ein god balanse mellom kjønna. I leiinga er kvinnedelen 50 pst. når øvste leiar blir tald med. Blant saksbehandlarane, som er den største gruppa med tilsette, er kvinnedelen 56 pst.

Pensjonstrygda for sjømenn legg til rette for at alle tilsette skal ha same høve til utvikling av kompetanse, karriere og lønn.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner og menn i Pensjonstrygda for sjømenn tilnærma lik, og gjennomsnittleg lønn for kvinner utgjorde 100,5 pst. av menn si lønn når øvste leiar ikkje blir tald med. Jamlege analysar av forholda i verksemda viser at det er små skilnader mellom kvinner og menn si lønn, både i leiinga og blant saksbehandlarane. Blant toppleiarane og saksbehandlarane er den gjennomsnittlege lønna for kvinner noko høgare enn for menn.

I 2018 var det legemelde fråværet 2,9 pst., mens det totale sjukefråværet var 5,3 pst. Verksemda har som mål at sjukefråværet ikkje skal vere høgare enn 4,5 pst. Det har vore jobba mykje med førebyggande tiltak, oppfølging og tilrettelegging.

Pensjonstrygda for sjømenn har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne eller personar med innvandrarbakgrunn. Kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne blir innkalla til intervju. Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 12 pst. av dei tilsette i 2018.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har totalt 393 tilsette, og ein kvinnedel på 54,7 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 50 pst., ein auke frå 37,5 pst. i 2017. Kvinnedelen blant mellomleiarane er 61 pst. medan kvinnedelen blant saksbehandlarane er 54 pst. I gruppa alternativ karriereveg er kvinnedelen 50 pst., som er uendra sidan 2016.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 92,2 pst. av menn si lønn i 2018, ein auke frå 2017 da den gjennomsnittlege lønna til kvinner utgjorde 89,1 pst. av menn si lønn. Innanfor kvar stillingsgruppe tener menn jamt over noko meir enn kvinner, bortsett frå i gruppa alternativ karriereveg. I denne gruppa utgjer gjennomsnittleg lønn for kvinner 114 pst. av menn si lønn. Statens pensjonskasse analyserer lønnsforholda jamleg, og i dei lokale lønnsforhandlingane fokuserer verksemda mellom anna på at tilsette i permisjon og deltidsstillingar ikkje skal diskriminerast.

Verksemda har sett aktivitetsmål når det gjeld personar med nedsett funksjonsevne, og skal halde fram med eksisterande praksis for tilrettelegging av arbeidsplassar og ta imot personar som har behov for utprøving av arbeids- og funksjonsevne i det ordinære arbeidslivet.

I utlysningar kommuniserer verksemda aktivt at dei har kontorløysingar med universell utforming. I tillegg har verksemda gjort inkluderingsdugnaden sine målsettingar tydelege i leiarhandboka, som er verktøyet leiarane bruker når dei skal rekruttere nye medarbeidarar. Statens pensjonskasse har gjennomført informasjonstiltak om inkluderingsdugnaden retta mot leiarane sine.

I 2018 hadde verksemda fire personar inne på praksisplass. I 2018 hadde verksemda 60 tilsette med innvandrarbakgrunn, noko som utgjer 15,3 pst. av dei tilsette.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 662 tilsette, og kvinnedelen er 60 pst. Arbeidstilsynet er opptatt av å ha ei mest mogleg lik balanse mellom kjønna i verksemda. Blant toppleiarane er kvinnedelen 50 pst., og blant mellomleiarane er kvinnedelen 53 pst. I Arbeidstilsynet er det òg overlegar og ingeniørar, og kvinner utgjer 44 pst. av dei tilsette i desse gruppene. I perioden rekrutterte verksemda 37 nye medarbeidarar, og av dei nyrekrutterte var 54 pst. kvinner. Arbeidstilsynet har ein flat organisasjonsmodell, og karriereveger er i form av meir ansvar, nye oppgåver og spesielle funksjonar, som til dømes prosjektleiar og koordinator.

Arbeidstilsynet er framleis opptatt av å ha ein god balanse mellom kjønna, og har eit særleg fokus på dette gjennom lønnsstatistikken. Verksemda rekrutterer i all hovudsak til faste stillingar. Arbeidstilsynet har ein god rutine for prosessen med rekruttering som skal sikre likebehandling både med omsyn til kjønn og mangfald.

Arbeidstilsynet har ein god balanse i lønna mellom kvinner og menn i dei fleste samanliknbare stillingar. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeidstilsynet litt lågare enn for menn, og utgjer 96 pst. av menn si lønn. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 106 pst. av menn si lønn, blant mellomleiarane og saksbehandlarar er gjennomsnittleg lønn for kvinner 99 pst. av menn si lønn. Det er berre i stillingskategorien konsulentar kvinner si lønn har vore markant lågare enn menn si lønn, men ho auka frå 87 pst. i 2016 til 92 pst. i 2017. I dei lokale lønnsforhandlingane har likelønn mellom kjønna høg prioritet.

Sjukefråværet blir følgd tett opp. I 2018 var det legemelde sjukefråværet blant menn 3,2 pst., ein liten nedgang på 0,3 pst. frå 2017. Blant kvinner var sjukefråværet 4,2 pst. ein auke på 0,7 pst. frå 2017.

Verksemda sitt arbeidsmiljøutval (AMU) har eit særskild fokus på tema som handlar om uheldig belasting og vald og truslar frå eksterne og på temaet konflikt, trakassering og utilbørleg åtferd. Tilsynskontora i Arbeidstilsynet går jamleg gjennom HMS-rutinane om vald og truslar og rutinen om konfliktar og trakassering. Gjennomgang av rutinane er ein del av tiltaka i HMS-handlingsplanane.

Arbeidstilsynet har lagt til rette for og sett i gang særlege tiltak for at arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i befolkninga når det gjeld kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Verksemda har mellom anna utarbeidd ei intern skildring av arbeidsprosessar som også tydeleggjer mangfaldsperspektivet knytt til rekruttering. I rekrutteringssystemet kan søkarar synleggjere at dei har nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn.

Arbeidstilsynet er ein etat med høg gjennomsnittsalder, med mange seniorar blant dei tilsette, og starta av den grunn eit seniorpolitisk prosjekt i 2017.

Arbeidstilsynet jobbar systematisk for å medverke til å oppnå intensjonen i inkluderingsdugnaden. Verksemda har sett seg godt inn i inkluderingsdugnaden sine mål, tiltak, NAV sine verktøy og moglegheiter for bistand og kva dei kan gjere som verksemd for å oppnå måla.

Rekrutteringsverktøyet er eit godt hjelpemiddel for å ivareta søkarar som vil gje informasjon om særlege forhold. Ei erfaring verksemda har gjort, er at det ikkje er mange som gir til kjenne at dei har nedsett funksjonsevne.

Direktoratet for Arbeidstilsynet har deltatt i Staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne sidan 2018. Arbeidstilsynet har god erfaring med traineeprogrammet, og deltar i programmet kvar gang.

Når det gjeld personar med innvandrarbakgrunn har Arbeidstilsynet fleire tilsette som kjem frå ulike kulturar. Arbeidstakarar som kan fleire språk og har god kunnskap om ulike kulturar, er positivt for arbeidsgivar.

Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet har 170 tilsette, og det er ein god balanse mellom kjønna. I 2018 var 47. pst av dei tilsette kvinner. Blant toppleiarane er kvinnedelen 43 pst. som i 2017, medan kvinnedelen blant mellomleiarane har auka frå 21 pst. i 2017 til 38 pst. i 2018.

Arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna er forankra i Petroleumstilsynet sin personalpolitikk, og er ein integrert del av verksemda. I den samanheng legg verksemda vekt på tilsetting av leiarar og medarbeidarar, fordeling av utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i Petroleumstilsynet, i næringa og departement, samansetting av lag, prosjekt og grupperingar, kompetanseutvikling og lønn basert på kjønnsnøytrale kriterier.

Ved behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansettinga av kjønn og alder. Ei intern undersøking om arbeidsforholda og arbeidsmiljøet i etaten som vart gjennomført i 2015, viser at kjønn har lite å seie for korleis arbeidsforholda og arbeidsmiljøet i verksemda blir opplevd. Petroleumstilsynet har gjennomført ei tilsvarande intern undersøking om arbeidstilhøva og arbeidsmiljøet i 2019. Resultata var samanfallande med resultata frå 2015.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Petroleumstilsynet lågare enn for menn, og utgjorde 82 pst. av menn si lønn i 2018 og 2017. Når det gjeld skilnadene i lønn for kvinner og menn med omsyn til «totalt i verksemda» og «saksbehandlarar» i tabellen, så gjer verksemda merksam på at Petroleumstilsynet er delt inn i ei fagavdeling med fleire fagområde og ei administrativ avdeling, der fleirtalet av dei tilsette er kvinner. Skilnadene i lønn mellom dei to grupperingane kjem av at kompetansekrava og etterspurnaden etter nye medarbeidarar i snitt er vesentleg høgare når det gjeld medarbeidarar i fagavdelinga enn i administrativ samanheng. Fleirtalet av medarbeidarane i den administrative avdelinga er kvinner.

Gjennomsnittleg lønn for kvinner er 104 pst. av menn si lønn for toppleiarar og 89 pst. for mellomleiarar. I snitt er mannlege medarbeidarar i verksemda eldre og har lengre erfaring frå arbeidslivet. Petroleumstilsynet rekrutterer i stor grad ingeniørar, og det har vore stor konkurranse om denne type arbeidskraft i petroleumsnæringa. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer nivået på lønna i petroleumsnæringa. Seinare i lønnsutviklinga medverkar sentrale og lokale føringar for dei lokale forhandlingane til å betre den kvinnelege lønnsprofilen samanlikna med den mannlege. Før dei lokale lønnsforhandlingane, ber verksemda leiarar og organisasjonane vurdere om nokon av skilnadene i lønn mellom kvinner og menn kan skuldast kjønn.

Verksemda si målsetting er å ivareta og legge til rette for medarbeidarar med særlege behov og nedsett funksjonsevne på ein god måte. I administrative stillingar kan verksemda legge til rette for søkarar med nedsett funksjonsevne. For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og kurs i sikkerheit.

Petroleumstilsynet har i 2018 sett i gang tiltak for å realisere regjeringa sin dugnad for å inkludere menneske med redusert funksjonsenve og/eller hol i CV-en. Verksemda har vore særskild merksam på å gi råd til og lære opp leiarar, i tillegg til å revidere og utvikle retningslinjer, handlingsplanar og rutinar på området.

Alle kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert kalla inn til intervju. I 2018 var det ingen søkarar som opplyste om at dei hadde nedsett funksjonsevne, medan det var fleire søkarar som opplyste om at dei hadde innvandrarbakgrunn.

Det er ei målsetting å tilby minst éin praksisplass per år. Denne praksisplassen ønsker verksemda primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk, eller personar som har hol i CV-en. Både i 2018 og 2017 hadde verksemda ein praksisplasskandidat.

Verksemda har etablert kontakt med NAV si arbeidsrådgiving om kva moglegheiter som finst i etaten for kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Ved utlysing av traineestillingar i staten, vil etaten vurdere dette som eit eigna tiltak for tilrettelegging.