Arbeids- og sosialdepartementet har eit todelt ansvar for samfunnssikkerheit. Det gjeld arbeids- og velferdsområdet og arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet, under dette petroleumsverksemda. Myndigheitsansvaret omfattar:

  • Folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon o.a., også ved kriser eller katastrofar i fredstid og i krig.

  • Å medverke til å dekke samfunnet sitt behov for arbeidskraft ved kriser i fredstid og i krig.

  • Førebygging og beredskap i petroleumsverksemda – offshore og på nærare gitte landanlegg med tilknytt røyrleidningsystem. Ansvaret omfattar både helse, miljø og sikkerheit inkludert storulykkerisiko, samt sikkerheitstiltak og beredskap mot medvetne handlingar.

  • Arbeidsmiljø- og sikkerheit i arbeidsliv på land – men her er ansvaret for storulykker plassert hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Arbeids- og sosialdepartementet har to overordna mål for arbeidet med samfunnssikkerheit:

  • Å førebygge uønskte krisehendingar i eigen sektor.

  • På ein god måte vere i stand til å handtere og minske følgene av ei krisehending i sektoren dersom den skulle oppstå.

Departementet nyttar ei rekke verkemiddel i arbeidet med desse måla, som risiko- og sårbarheitsanalyser, regelverksutvikling, krise- og beredskapsplanar, øvingar, evalueringar m.m. Krava, oppgåvene og prioriteringane i Instruks for departementas arbeid med samfunnssikkerheit (Samfunnssikkerheitsinstruksen ) av 1. september 2017 ligg til grunn for bruken av verkemiddel. Instruksen følger av fullmakt i kgl.res. av 10. mars 2017 Ansvaret for samfunnssikkerhet i sivil sektor på nasjonalt nivå….

Underliggande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for at omsynet til samfunnssikkerheit er ein integrert del av arbeidet i eigen sektor og organisasjon. Krav til verksemdenes arbeid på dette området er instruksfesta. Desse instruksene er samordna med krava til departementa i Samfunnssikkerheitsinstruksen. Krav til arbeidet med digital sikkerheit, i tråd med Nasjonal strategi for digital sikkerheit , er òg innarbeida.

Mål 1: Førebygge uønskte krisehendingar i eigen sektor

Departementet har fokus på å sikre at kunnskapsgrunnlaget om risikoforhold i sektoren er så godt som mulig. Det har vært arbeida med å avklare ansvarsgrensene for Arbeids- og sosialdepartementets samfunnssikkerheitsansvar, og i 2018 ble det utarbeidd ei overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for sektoren. Analysen baserer seg på informasjon og kunnskap både frå nasjonale planleggingsgrunnlag, verksemdene og ASD. Den viser eit samansett bilde av ulike risikoforhold på tvers i sektoren. Forholda som ligger til grunn for analysen vil endre seg over tid og underliggande informasjon vil oppdaterast. Eksempelvis blir det nasjonale planleggingsgrunnlaget årleg oppdatert med nye trussel- og risikovurderingar frå Politiets sikkerheitsteneste (PTS), Etterretningstenesten og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM). DSB ga i 2019 ut rapporten Analyser av krisescenarioer , som er ei oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Petroleumstilsynet gir på sin side ut ein årleg rapport om Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) i samarbeid med partane i næringa. Desse oppdateringane vil på sikt gi grunnlag for ei ny overordna risikoanalyse innan ASDs sektoransvar.

Lov om nasjonal sikkerheit (Sikkerheitslova) tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å trygge våre nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene skal sikrast gjennom å ivareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å ivareta dei nasjonale sikkerheitsinteressene. Regelverket legg opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å ivareta nasjonale sikkerheitsinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kgl. res. av 20. desember 2018, Ikraftsetting av sikkerheitslova med overgangsregler, fordeling av myndighet, videreføring av forskrifter m.m , pkt. 3 bokstav e, skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den sikkerheitsfaglege kompetansen i departementa.

Arbeids- og sosialdepartementet arbeider med å følge opp den nye lova, og har samarbeidd med andre departement for å avklare sektorovergripande problemstillingar. Vi tar sikte på å fastsette GNF i eigen sektor, stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er naudsynt innan utgangen av 2019. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Petroleumstilsynet, Arbeids- og velfersdirektoratet og Statens pensjonskasse er i gang med dette arbeidet. På grunnlag av skadevurderingane tar departementet sikte på å peke ut og klassifisere dei objekta, infrastrukturane og informasjonssystema i sektoren som er vurdert som skjermingsverdige etter lova innan utgangen av 2019. Vi vil òg fastsette fristar for gjennomføring av naudsynte sikringstiltak. Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber mellom anna at objekt som er klassifiserte etter gammal sikkerheitslov, også er klassifisert etter ny nov, jf. kgl.res av 20. desember 2018, pkt. 2 bokstav d.

Endringar i teknologi og den raske digitaliseringa gir utfordringar for samfunnssikkerheiten, og dette er òg tema i styringsdialogen med verksemdene. Innan petroleumsverksemda er IKT-systema i aukande grad samankopla i nettverk for fjernstyring til dels med tilknyting til internett. Arbeids- og velferdsetaten, Statens pensjonskasse og Pensjonstrygden for sjømenn administrerer ulike arbeids- og velferdsretta tenester, som til dømes arbeidsmarknadstiltak, ytingar og pensjonar. Det arbeidast kontinuerlig for å adressere og redusere risikoen for IKT-svikt knytt til desse tenestene. Modernisering av arbeids- og velferdsforvaltninga, Statens pensjonskasse og Pensjonstrygden for sjømenn sine IKT-system vil bidra til dette. For nærare omtale av dette sjå Del II;

  • Programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids og velferdsforvaltningen

  • Programkategori 09.50 Pensjoner mv. under Statens pensjonskasse, kap. 2470 Statens pensjonskasse

  • Programkategori 09.60 Kontantytelser, kap. 664 Pensjonstrygden for sjømenn

Petroleumslova pålegg operatørane (oljeselskapa) eit sjølvstendig ansvar for beredskap mot fare- og ulykkesituasjonar, og å sjå til at underentreprenørar mv. møter krava til beredskaps- og sikkerheitstiltak. Det er utvikla eit regelverk som stiller strenge krav til dei enkelte selskapa sin innsats, og Petroleumstilsynet fører tilsyn med næringa. Ambisjonen er at norsk petroleumsverksemd skal vere leiande på helse, miljø og sikkerheit. Meld. St. 12 (2017–2018) Helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten viser til at næringa har vore prega av endringar både i aktivitetsnivå, lønnsemd og aktørbilde. Sjå Del II under hovudmålet om eit sikkert og seriøst arbeidsliv, samt programkategori 09.40 Arbeidsmiljø- og sikkerheit, kap. 642 Petroleumstilsynet, for nærare omtale av meir konkrete mål og satsingar.

Mål 2 : Vere i stand til å handtere og minske følgene av ei krisehending i sektoren

Arbeids- og sosialdepartementet har eit planverk for krisehandtering som dekker dei ulike typane kriser som departementet kan bli involvert i, inkludert planar for sikkerheitspolitiske kriser og krig (knytt til Sivilt beredskapssystem, SBS). Planverket oppdaterast jamleg, sist i 2019. Departementet skal varslas ved krisehendingar innan arbeids- og velferdsområdet og verksemdene skal ivareta sitt ansvar for krisehandtering innan eigen sektor. Ved ei hending innan petroleumsverksemda er det operatør som er ansvarleg for å sette i verk nødvendige tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet, samt andre berørte etatar. Det operative ansvaret for å førebygge og handtere uønskte hendingar er lagt til næringa, og styring av storulykkerisiko skal vere ein integrert del av selskapa sin aktivitet. Petroleumstilsynet har ei beredskapsvaktordning som varslar vidare til andre involverte styresmakter og sikrar effektiv oppfølging av eige ansvarsområde ved krisesituasjonar. Dette omfattar formidling av informasjon til Arbeids- og sosialdepartementet.

Dei siste åra har departementet teke del i to til tre øvingar årleg. Desse øvingane har omfatta varsling og krisehandtering i departementet, samarbeid mellom departementet og underliggande verksemder og kontakten med andre departement. I stor grad er både planlegging og gjennomføring av øvingar gjennomført i samarbeid med underliggande verksemder. ASD vil i 2020 halde fram med å vidareutvikle det gode samarbeidet på dette området. Hausten 2018 deltok Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor i NATO-øvinga Trident Juncture 18 . Det arbeidast nå med å følge opp dei læringspunkta som ble avdekt. Desse oppfølgingspunkta omhandlar både utvikling av planverk, regelverksutvikling samt oppdatering av rolleavklaringar og samarbeidsavtaler. I 2020 vil Arbeids- og sosialdepartementets sin sektor delta i den nasjonale øvinga om IKT-sikkerheit, Digital 2020 .