Grunnbeløpet er ein faktor som blir nytta til å fastsetje og berekne retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet blir mellom anna nytta til å fastsette opptening av alderspensjon, til opptening og berekning av pensjonsytingane frå folketrygda, til fastsetting av inntektsgrenser for inntektsprøvde ytingar og til fastsetting av det maksimale sjukepengegrunnlaget ein kan nytte ved berekning av sjukepengar. Grunnbeløpet blir regulert kvart år frå 1. mai. Frå 1. mai 2019 auka grunnbeløpet frå 96 883 kroner til 99 858 kroner. Dette er ein auke på 3,07 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 3,2 pst. frå 2018 til 2019, frå 95 800 kroner til 98 866 kroner.

Grunnbeløpet blir fastsett på grunnlag av venta lønnsauke i inneverande år, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. I Revidert nasjonalbudsjett 2019 vart det lagt til grunn ein forventa lønnsauke i 2019 på 3,2 pst. I rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera vart faktisk lønnsauke for 2018 førebels anslått til 2,8 pst. Anslaget i Revidert nasjonalbudsjett 2018 vart på 2,8 pst. Det er såleis ikkje avvik eit år tilbake i tid som det skal korrigerast for ved årets regulering. Faktisk lønnsauke for 2017 på 2,3 pst. er ikkje endra, og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid.

Frå 1. januar 2011 blei det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon, og reglane for korleis minsteytinga i alderspensjonen frå folketrygda blir målt ut vart endra. Særtillegget vart avløyst av eit pensjonstillegg, og minste pensjonsnivå for personar med låg eller ingen tilleggspensjon blir fastsett som eit kronebeløp. Er satsen høgare enn den grunn- og tilleggspensjonen pensjonisten har rett til, blir differansen betalt ut som eit pensjonstillegg.

Personar fødde til og med 1942 er ikkje omfatta av reglane om fleksibelt uttak og levealdersjustering. Dei aller fleste har tatt ut alderspensjon før 2011. Dersom dei likevel tar ut alderspensjonen etter 2010, skal dei framleis få særtillegg om tilleggspensjonen er låg. Personar fødde i 1943 som tok ut alderspensjon med særtillegg i 2010, vil få omgjort særtillegget til pensjonstillegg dersom dei reduserer pensjonsgraden eller får ny opptening mv. Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet.

Pr. 1. mai 2019 utgjer satsane for minste pensjonsnivå i folketrygdlova § 19-8 157 171 kroner for låg sats, 181 908 kroner for ordinær sats, 191 422 kroner for høg sats, 198 818 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav a og 297 955 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav b. Satsane er knytt opp til sivilstatus og storleiken på ektemakens inntekt og pensjon. Frå 1. september 2019 aukar særskild sats bokstav a med 4 000 kroner til 202 818 kroner.

Følgjande pensjonsytingar blir fastsette i høve til grunnbeløpet:

Stønadsform

Utgjer i pst. av grunnbeløpet

1.

Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektemake som ikkje har rett til pensjon

100

2.

Full grunnpensjon til pensjonist med ektemake/sambuar som og har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv 1

90

4.

Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving (gjeld uføretrygd)

40

5.

Barnepensjon

a) for 1. barn når ein av foreldra er død

40

b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død

25

c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Same beløp som pensjon til etterlatne til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon

d) for 2. barn når begge foreldra er døde

40

e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde

25

6.

Full overgangsstønad til etterlaten, ugift, skilt eller separert forsørgjar

225

7.

Særtillegg til ytingar i folketrygda

a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektemake under 60 år (ordinær sats)

100

b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektemake over 60 år

200

c) for pensjonist som har ektemake med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats

74

1 Ektefelle/sambuar som har årleg inntekt større enn to gonger grunnbeløpet blir rekna som sjølvforsørgjande.

For alderspensjonistar svarar fullt tillegg for ektemake til 25 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, medan barnetillegg svarar til 20 pst.

Andre stønader som Stortinget fastset 1 :

Satsane for grunn- og hjelpestønad vert normalt prisjustert med forventa konsumprisvekst. Frå 2019 til 2020 foreslår departementet at satsane vidareførast nominelt.

Type stønad

2019

2020

1a.

Grunnstønad for ekstrautgifter grunna varig sjukdom, skade eller lyte etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats)

8 232

8 232

1b.

Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli auka til

12 564

12 564

1c.

eller til

16 464

16 464

1d.

eller til

24 252

24 252

1e.

eller til

32 868

32 868

1f.

eller til

41 052

41 052

-

2a-2.

Hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4 til dei som må ha særskilt tilsyn og pleie grunna varig sjukdom, skade eller lyte

14 748

14 748

2b.

Høgare hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-5 til barn under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie

29 496

29 496

2c.

eller til

58 992

58 992

2d.

eller til

88 488

88 488

3.

Behovsprøvd gravferdsstønad opptil

23 990

24 734

4.

Stønad til barnetilsyn etter lova §§15-10 og 17-9 2

for første barn

47 724

48 636

for to barn

62 280

63 468

for tre og fleire barn

70 572

71 916

1 Satsane under punkt 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.

2 Stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova §§ 15-10 og 17-9 første ledd bokstav a) gjeld frå 1.1.2016 stønad til barnetilsyn for einslege forsørgarar og etterlatne som er i arbeid. Stønaden dekker 64 pst. av dokumenterte utgifter til barnetilsyn. Beløpa i tabellen er maksimale refusjonssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.