IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten

Program for IKT-modernisering i Arbeids- og velferdsetaten vart starta i 2012. Eit hovudmål for programmet er å sikre betre tenester for brukarane og auke effektiviteten i saksbehandlinga.

Saksbehandlingsløysingane for økonomiske ytingar skal endrast slik at brukar har tilgang til døgnopne sjølvbeteningsløysingar som skal sørge for dialogen mellom forvaltning og brukar som ikkje krev fysisk oppmøte. Brukar skal finne all nødvendig informasjon om Arbeids- og velferdsetaten sine tenester og eigne saker hos etaten på internett.

Kommunikasjonen mellom Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar skal så langt som mogleg støttast av elektroniske dialogløysingar og automatisert datautveksling.

For Arbeids- og velferdsetaten vil nye saksbehandlingsløysingar legge til rette for ein betydeleg auke i saker som kan behandlast automatisk. Dette vil gi raskare saksbehandling, auka likebehandling og betre kvalitet. Effektivisering av saksbehandlinga vil gjere det mogleg å frigjere årsverk i Arbeids- og velferdsetaten som kan omdisponerast til oppfølgingsarbeid for å få fleire i arbeid.

Prosjekt 1 i IKT-moderniseringa vart avslutta i 2015. Prosjektet leverte systemstøtte, inkludert ei sjølvbeteningsløysing for ny uføretrygd frå 1. januar 2015. I tillegg vart det utvikla sjølvbeteningsløysingar for innsyn i eiga sak og for dagpengar. Stortinget ga sitt samtykke, jf. Prop. 67 S (2015–2016) og Innst. 291 S (2015–2016), til at Prosjekt 2 kunne starte opp i 2016 med formål å etablere fleksible IKT-løysingar som skal gi høg grad av automatisering og god kvalitet i saksbehandlinga av foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjekt 2 vart avslutta i tråd med planen sommaren 2019. 50 pst. av dei årlege netto innsparingane på Arbeids- og velferdsetaten sitt driftsbudsjett frå Prosjekt 2 skal bidra til auka handlingsrom i den ordinære budsjettprosessen. For 2020 utgjer det ein reduksjon i driftsbudsjettet på 33 mill. kroner.

Prosjekt 3 vart starta opp i 2019 og fortsett i 2020, jf. Stortinget sitt vedtak nr. 241 (2018–2019). I Prosjekt 3 er det planlagt å realisere moderne digitale systemløysingar på sjukepengeområdet. Forutan sjukepengar omfattar dette pleiepengar, omsorgspengar, opplæringspengar og svangerskapspengar.

Regelverksendringar for å støtte opp under forenkling og digitalisering

Arbeids- og velferdsetaten moderniserer tenestene sine gjennom meir og betre bruk av digital teknologi. Målet for moderniseringsarbeidet er å levere betre tenester til befolkninga, effektivisere arbeidsprosesser og å betre saksbehandlinga. Dette er i tråd med regjeringa sin strategi for digitalisering av offentlig sektor (Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet).

Nye løysingar skal så langt som råd bruke sjølvbetening og automatiserte vedtaksprosesser. Tilrettelegging for økt automatisering krev endringar i regelverket da mange lovar ikkje tillèt slik handsaming i dag. Arbeids- og sosialdepartementet arbeider med forslag til endringar i reglane på dette området.

Sjukepengesakene vil være viktig å effektivisere, da det gjeld mange saker kvart år. Arbeids- og sosialdepartementet arbeider med forslag til endringar i reglane i folketrygdloven for sjukepengar og stønad ved sjukdom hos barn og andre nærståande.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse jobbar vedvarande med forbetringar av tenester og dagleg drift. Det er ei målsetting å halde automatiseringsgraden på eit høgt nivå samtidig som nytt pensjonsregelverk vart innført. Beteningsløysingane på nett blir vidareutvikla for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søkje informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. Det ble i juni 2019 lansert ein enkel pensjonskalkulator for årskullet 1963 og yngre, og i dei to fyrste månadene var det 16 000 personar som fekk estimert pensjonen sin. Av dei som kontaktar Statens pensjonskasse nyttar stadig fleire chat. Det er etablert eit samarbeid med KLP og Arbeids- og velferdsetaten om etablering av felles omgrep og definisjonar knytt til nytt regelverk for offentleg tenestepensjon.

Pensjonsprogrammet PRO 25 for å innføre nytt pensjonsregelverk er inne i sitt andre år. Ei sentral målsetting er å etablere effektive løysingar som også er tilrettelagde for digital samhandling med til dømes Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og andre tenestepensjonsleverandørar, men òg med medlemer og medlemsverksemder. Her blir også beteningsløysingar vidareutvikla.

Pensjonstrygden for sjømenn

Pensjonstrygden for sjømenn har gjennomført eit fornyingsprosjekt på IKT-området. Dei nye systema medfører ei betydeleg modernisering og effektivisering av etaten.

Pensjonstrygden for sjømenn har forenkla og automatisert fleire prosessar gjennom eit robotiseringsprosjekt. Det er også lansert ei ny nettside for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søkje informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. Det er utarbeidd ein første versjon av appen «Ditt PTS» som skal gjere det enklare for medlemer å finne eige fartstid, få kunnskap om sjømannspensjon, motta meldingar, informasjon, simulere eigen pensjon og søkje pensjon på mobil eller nettbrett.

IKT-systemet er også tilrettelagd slik at det kan vidareutviklast for eit justert pensjonsregelverk i samband med den langsiktige tilpassinga til pensjonsreforma.