Regjeringa sitt mål er eit samfunn med små forskjellar. Regjeringa vil redusere fattigdom og auke den sosiale mobiliteten gjennom å inkludere fleire i arbeidslivet og redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv. Regjeringa har som første prioritet i velferdspolitikken å kjempe mot fattigdom, særleg blant barnefamiliar, og sørge for at færre fell ut av samfunns- og arbeidsliv.

FN vedtok hausten 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for å koordinere oppfølging av berekraftsmål 1 nasjonalt om å utrydde alle former for fattigdom. Berekraftsmål 1 følgjast opp nasjonalt gjennom den breie innsatsen for å redusere fattigdom og motverke ulikskap.

Eit av delmåla under berekraftsmål 1 er å minst halvere delen av menn, kvinner og barn som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar. Det er ikkje ein offisiell definisjon av fattigdom eller fattigdomsgrense i Noreg. Ein indikator for kor mange som er utsette for fattigdom, er delen som har inntekt under eit bestemt nivå i inntektsfordelinga, f.eks. 60 pst. av medianinntekta, i ein bestemt periode (om låginntekt som indikator på fattigdom, sjå punkt 3.4 Lavinntekt og levekår i del I). Sjølv om forskjellane i inntekt og levekår er mindre enn i andre land, er det òg i Noreg tendensar til noko aukande inntektsskilnader og fleire med låginntekt. Delen i befolkninga med vedvarande låginntekt har auka noko i dei seinare år, og det har over ei tid vore ein auke i talet på barn i låginntektshushald. I treårsperioden 2015–2017 hadde 9,6 pst. av befolkninga vedvarande låginntekt. Det er små forskjellar i omfanget av vedvarande låginntekt for menn (8,9 pst.) og kvinner (10,2 pst.). Delen barn i hushald med vedvarande låginntekt var i perioden 2015–2017 10,7 pst.

Delen av befolkninga med låginntekt vil, når låginntektsgrensa er sett ut i frå medianinntekta, avhenge av utviklinga i det generelle inntektsnivået. Når delen med relativ låginntekt aukar, betyr det at hushald nedst i inntektsfordelinga har ein lågare inntektsvekst enn befolkninga som heilskap. Sjølv om veksten i realinntekta i snitt over tid har vore betydeleg også for desse, har han vore svakare enn veksten i det generelle inntektsnivået. Frå 1986 til 2017 auka realinntektene – måla som medianinntekt – med 78 pst., medan den gjennomsnittlege inntekta etter skatt for tidelen med lågast inntekt auka med 56 pst. Dersom ein låsar låginntektsgrensa til nivået for kjøpekraft i eit bestemt år, f.eks. år 2005, er delen med låginntekt målt ved 60 pst. av medianinntekta meir enn halvert. Dei siste åra har veksten i realinntekta i norske hushald vore svak, og hushald nedst i inntektsfordelinga har hatt ein nedgang i realinntekta. Delen med låginntekt etter ei fast låginntektsgrense har som følge av dette endra seg lite dei siste åra. Barnefamiliar med små barn, einslege foreldre og unge som bur aleine er grupper som har hatt ei svak inntektsutvikling dei siste åra. Det er forholdsvis stor mobilitet ut av og inn i gruppa med låginntekt. For ei nærmare framstilling av utviklinga i låginntekt og levekår, sjå punkt 3.4 Lavinntekt og levekår i del I.

Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om fordeling og sosial berekraft i det norske samfunnet. Meld. St. 13 (2018–2019) tek opp ulikskap og låginntekt i Noreg i eit internasjonalt perspektiv, og betydinga av arbeidsmarknaden, utdanning og trygdeordningar for fordeling og moglegheiter. Meldinga tek også opp ulikskap i helse, og demokratisk og sosial deltaking. Meldinga presenterer regjeringa si innsats for å bidra til sosial berekraft og motverke ulikskap og konsekvensar av ulikskap. Offentlege velferdstenester, som barnehage, skole og utdanning og helse- og omsorgstenester, bidrar til likskap i moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

For personar i yrkesaktiv alder, heng fattigdom og låginntekt til stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken er derfor sentral i innsatsen mot fattigdom. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte årsak i utfordringar på andre levekårsområde. Personar som har utfordringar med helse, bustad og sosiale forhold kan ha behov for samordna bistand frå arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester. Det sosiale sikkerheitsnettet skal bidra til at alle får nødvendig bistand slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Det sosiale sikkerheitsnettet omfattar også velferdstenester som familievern og barnevern, helsetenester og tiltak for rusavhengige, bustadsosialt arbeid og innsats for vanskelegstilte på bustadmarknaden mv. Tiltak og innsatsar i utdanningspolitikken, helse- og omsorgspolitikken, bustadpolitikken, oppvekst- og familiepolitikken, integreringspolitikken mv. har også stor betyding for innsatsen mot fattigdom.

Arbeids- og sosialdepartementet har eit ansvar for å koordinere regjeringa sin innsats mot fattigdom. Sektoransvarsprinsippet gjeld og inneber at omsynet til fattigdom skal ivaretakast innanfor ansvarsområda til sektordepartementa.

Regjeringa prioriterer mellom anna desse tiltaka og innsatsane i 2020:

  • 10,6 mill. kroner til å dekke heiltidsplass i barnehage for alle 2- og 3-åringar i mottak frå hausten 2020 og vidareføring av tiltaket om gratis kjernetid for eittåringar i mottak.

  • 58,2 mill. kroner til å innføre ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling for barn på 1.–2. trinn i skolefritidsordninga (SFO) og 21 mill. kroner til å innføre gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.

  • 427 mill. kroner til å auke barnetrygda for barn opp til 6 år med 3 600 kroner i året frå 1. september 2020.

  • 60 mill. kroner til eit forsøk med fritidskortordningar for barn frå 6 til fylte 18 år.

  • 50 mill. kroner til auka innsats i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad.

  • 150 mill. kroner i auka løyvingar til opptrappingsplanen for rusfeltet.

Nedanfor er satsingar i 2020 og andre innsatsar under Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kulturdepartementet som har særleg betyding for innsatsen mot fattigdom omtala. Ei meir utførleg omtale er å finne i budsjettproposisjonane til dei ulike departementa.

Arbeid og velferd

Deltaking i arbeidsmarknaden er det viktigaste verkemiddelet ein har for å førebygge og redusere fattigdom. Arbeid gir inntekt og økonomisk sjølvstende, og betrar levekåra og livssituasjonen til enkeltpersonar og familiar. Arbeid gir òg fellesskap og nettverk. Innsatsen for å få fleire i arbeid er viktig for å motverke at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv.

Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Arbeids- og velferdsforvaltninga rår over ei rekke tiltak og verkemiddel for personar som treng arbeidsretta bistand og oppfølging. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk sikkerheit for personar som ikkje kan arbeide.

Regjeringa legg vekt på å skape eit inkluderande arbeidsliv, der alle som kan, deltek. Enkelte grupper kan ha særlege utfordringar med å komme seg i arbeid. Regjeringa har tatt initiativ til ein inkluderingsdugnad for å få fleire med nedsett funksjonsevne eller hol i CVen inn i arbeidslivet. Innsatsen foreslåast auka med 50 mill. kroner i 2020. Gjennom auka vekt på individuell jobbstøtte og auka løyvingar til funksjonsassistanse styrkast innsatsen for at fleire med nedsett arbeidsevne, psykiske lidingar eller rusproblem skal få innpass i arbeidslivet. Regjeringa har sette ned eit sysselsettingsutval som mellom anna skal foreslå tiltak som kan løfte deltaking i arbeidslivet for utsette grupper.

Personar som ikkje har gjennomført vidaregåande opplæring har auka risiko for å bli ståande utanfor arbeidsmarknaden over lang tid. Mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Frå 1. juli 2019 er det gjort endringar i reglane for opplæringstiltaka i Arbeids- og velferdsetaten som gjer at fleire får tilgang til eit betre opplæringstilbod som gir formell kompetanse, mellom anna innan fag- og yrkesopplæring. Regjeringa har sett i verk ein landsdekkjande ungdomsinnsats, og innført aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 30 år. Forsøket med NAV-tilsette i vidaregåande skole har særleg vore retta inn mot elevar som står i fare for å slutte som følge av levekårsutfordringar og sosiale problem, med mål om å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og fremje overgang til arbeid.

Arbeids- og velferdsforvaltninga skal bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod. For å motverke at fattigdom og levekårsutfordringar går i arv, har det vore gjennomført ei systematisk utprøving av ein heilskapleg modell for oppfølging av barnefamiliar med låginntekt i NAV-kontor. Eigne familiekoordinatorar har følgt opp familiane med omsyn til arbeid, økonomi, bustad og barna sin situasjon.

Innsatsen for eit meir inkluderande arbeidsliv og inkludering av utsette grupper på arbeidsmarknaden, og for økonomisk og sosial sikkerheit, er nærmare omtalt i del II i denne proposisjonen.

Utdanning

Kunnskap og kompetanse er ein viktig føresetnad for at ein stor del av befolkninga deltek i arbeids- og samfunnslivet. Deltaking i barnehage, skole, læreverksemder og høgare utdanning legg grunnlaget for sjølvstende, sosial mobilitet og medverknad. Ved at den enkelte får utnytta evnene sine, vil dei kunne realisere sine ønsker og ambisjonar, og bidra til fellesskapet ved å delta i arbeids- og samfunnsliv.

Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Gratis kjernetid på 20 timar per veke er eit tilbod til barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gi rett til barnehageplass for alle barn i mottak, og Kunnskapsdepartementet arbeider med å få finansieringa på plass før ei eventuell lovendring kan skje. I dag gis det tilskot til å dekke heiltidsplass for alle 4- og 5-åringar i mottak og gratis kjernetid for alle 2- og 3-åringar i mottak. I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2019 blei det løyvd midlar slik at også eittåringane i mottak kan få gratis kjernetid.

Regjeringa foreslår for 2020 å løyve midlar til å dekke heiltidsplass i barnehage for alle 2- og 3-åringar i mottak frå hausten 2020 og vidareføre tiltaket om gratis kjernetid for eittåringar i mottak.

Forsøk med gratis deltidstilbod i skolefritidsordninga (SFO) har vist at foreldrebetalinga har vore eit hinder for deltaking. Regjeringa foreslår for 2020 å innføre ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling som gjer at familiane maksimalt skal betale seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til husstanden for eit heiltidstilbod per barn i SFO på 1.–2. trinn. Regjeringa foreslår også å innføre gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.

Regjeringa legg hausten 2019 fram ei melding til Stortinget om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som vil bli følgd opp i 2020. Målet med meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnader.

0–24-samarbeidet og Program for betre gjennomføring av vidaregåande opplæring har som mål å redusere fråfall og seinare utanforskap i samfunnet. Gjennom betre samordna tenester skal utsette barn og unge og familiane deira få tilpassa og tidleg hjelp. Dette kan bidra til at dei kan lykkast i skolen, noko som igjen kan gi grunnlag for varig deltaking i arbeidslivet. Grunnstipendet for elevar i vidaregåande opplæring vart lagt om frå skoleåret 2015–16. Ungdommar i låginntektsfamiliar har fått meir i skolestipend.

Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Opplæringstilbodet til vaksne med svake grunnleggande ferdigheiter blir styrkt, mellom anna gjennom eigne læreplanar for vaksne. Løyvinga til Kompetansepluss, ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i mellom anna lesing, skriving og rekning, har auka dei siste åra. Regjeringa legg våren 2020 fram ei melding til Stortinget om kompetansereforma.

Sjå Prop. 1 S (2019–2020) for Kunnskapsdepartementet for nærmare omtale.

Oppvekst og familie

Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha moglegheit til å delta i sosiale fellesskap på linje med andre. Trygg og god omsorg, gode barnehagar og skoler og deltaking på fritida er grunnleggjande i dette arbeidet. Regjeringa vil redusere fattigdom gjennom å hindre at levekårsutfordringar går i arv. Fritidserklæringa er ein viktig reiskap for å inkludere alle barn i aktivitetar. Vellukka integrering, trygge buforhold og gode helsetenester er andre sentrale område i arbeidet mot barnefattigdom.

Regjeringa la våren 2015 fram Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi (2015–2017) . I strategien la regjeringa vekt på førebyggande innsats for å motverke at fattigdom går i arv og tiltak som kan dempe negative konsekvensar for barn og unge som veks opp i fattigdom. Strategien inneheldt 64 tiltak for at alle barn skal få lik moglegheit til deltaking og utvikling. Strategien følgde opp anbefalingane i Riksrevisjonen si undersøking av barnefattigdom (Dokument 3:11 (2013–2014)).

Regjeringa har styrka det sosiale sikkerheitsnettet rundt utsette familiar. Løyvingane til ferie- og fritidsaktivitetar for fattige barn og familiane deira, foreldrestøttande tiltak, helsestasjon- og skolehelsetenestene, barnevernet og arbeidet mot vald og overgrep er auka. Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe når det gjeld tiltak i bustadmarknaden. Det er innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage frå barna er to år for låginntektsfamiliar.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er styrka og er på om lag 313 mill. kroner i 2019. Av desse løyves 10 mill. kroner til utgreiing og pilotering av fritidskort. Fafo evaluerte tilskotsordninga i 2018. Tilskotsmidlane har ført til ekstra merksemd om barnefattigdom og inkludering i kommunane og stimulert til samarbeid mellom etatar og tenester. Frivillig og offentleg samarbeid har òg auka. Totalt fekk 225 kommunar tilskot i 2018, mot 170 i 2017.

Regjeringa sine hovudprioriteringar i 2020 er å auke barn si deltaking i fritidsaktivitetar og redusere barnefattigdom. Den foreslåtte auken i barnetrygda for barn opp til seks år vil bety mest for foreldre med vedvarande låg inntekt. For å tydeleggjere at kommunane skal la dette kome sosialhjelpsmottakarar til gode, vil dei statlege rettlaiande satsane for økonomisk stønad til livsopphald for kategorien barn 0–5 år bli auka tilsvarande. For barn frå 6 til fylte 18 år, vil regjeringa betre moglegheitene til deltaking i fritidsaktivitetar. Ei slik satsing vil òg bety mest for barn frå familiar med låg inntekt. I tillegg arbeider regjeringa med ein ny strategi mot barnefattigdom.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2020:

  • 427 mill. kroner til å auke barnetrygda for barn opp til seks år med 300 kroner i månaden frå 1. september 2020. Dette utgjer ei årleg auke på 3 600 kroner.

  • 60 mill. kroner til eit forsøk med fritidskortordningar for barn frå 6 til fylte 18 år, som dei kan nytte til å dekkje deltakaravgifter til faste organiserte fritidsaktivitetar. Dette er medrekna vidareføring av 10 mill. kroner frå 2019.

  • Utarbeide ein ny samarbeidsstrategi mot barnefattigdom.

  • Arbeide med Planet Youth, etter modell av Island, som ein metode for å betre situasjonen for utsett ungdom.

Sjå nærmare omtale av regjeringa sitt arbeid mot barnefattigdom i Prop. 1 S (2019–2020) for Barne- og familiedepartementet.

Eit stort mangfald av frivillige organisasjonar skaper aktivitetar for barn og unge. Idretten er i ei særstilling, men òg kunst- og kulturorganisasjonar, korps og kor samt hobby, fritid og sosiale foreiningar aktiviserer mange barn og unge. Omfanget av foreldrefrivilligheit er også betydeleg på kultur- og fritidsfeltet. Deltaking i fritidsaktivitetar gjennom frivillige lag og foreiningar, fritidsklubbar og liknande gir andre erfaringar enn skole og andre arenaer. Det er eit overordna frivilligheitspolitisk mål å auka deltakinga i frivillige organisasjonar. Frivillige organisasjonar skaper aktivitetar å delta på, og frivillig aktivitet fremmar inkludering og hindrar utanforskap. På frivilligheitsområdet prioriterer regjeringa følgjande tiltak:

  • Gjennom breie ordningar gi frivillige organisasjonar økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å rekruttere og bevare eit mangfald av frivillige.

  • Halde fram med å gi støtte til målretta tiltak for å rekruttere dei som ikkje deltek i frivillig aktivitet.

Helse

I Granavolden-plattforma går det fram at «Ein god og førebyggjande folkehelsepolitikk skal leggje til rette for at den einskilde kan ta gode val for eiga helse. God helse og gode levekår heng saman, og arbeidet for folkehelsa må legge til rette for ei betre helse for alle. Dette vil også bidra til å redusere sosiale skilnader. Helsevanane som blir etablerte tidleg i livet, påverkar utsiktene til å lykkast i skolen og arbeidslivet.» Utjamning av sosiale helseforskjellar vil òg bidra til å redusere fattigdom.

Innanfor rusfeltet har regjeringa sett i verk ein opptrappingsplan for perioden 2016–2020 på 2,4 mrd. kroner til auka innsats i spesialisthelsetenesta og til kommunalt rusarbeid. Berekningar frå Husbanken for perioden 2016–2019 syner at den samla innsatsen overfor bustadlause og personar med rusproblem, utgjer mellom 5–600 mill. kroner. Frå 2016 til 2019 har ordningane med tilskot til utleigebustader over Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett, og investeringstilskot over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, bidrege til at fleire bustadlause har fått ein eigen stad å bu. Talet på bustadlause er derfor tydeleg redusert. Mange av dei bustadlause er personar med rusproblem. Med desse nye berekningane blir det lagt til grunn at Opptrappingsplanen sitt delmål om å bidra med 500 mill. kroner til at fleire rusavhengige får ein eigna stad å bu, er gjennomført. Ventetid innanfor tverrfagleg spesialisert behandling har gått ned. I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvinga til opptrappingsplanen med 150 mill. kroner. Med dette er løyvingane auka med over 2,4 mrd. kroner i perioden 2016–2020, og planen for rusfeltet er med dette overoppfylt.

Med bakgrunn i Meld. St. 26 (2014–2015) Framtidas primærhelseteneste – nærleik og heilskap , har Stortinget innført eit lovkrav om psykologkompetanse i norske kommunar frå 2020. Fram til lovplikta trer i kraft, har kommunar som rekrutterer psykolog til helse- og omsorgstenestene sine kunna få eit årleg tilskot per psykologårsverk. Det har vore ein solid auke i rekrutteringa frå 2013 til 2019, der talet på stillingar det vart ytt tilskot til auka frå 130 til 590 stillingar. 369 av kommunane og bydelane i landet hadde rekruttert psykolog gjennom tilskotsordninga i 2019. Det blir foreslått at løyvinga blir innlemma i kommuneramma når lovplikta trer i kraft 1. januar 2020.

Det er lagt til rette for at kommunane som ein del av folkehelsearbeidet arbeider systematisk for å jamne ut sosiale helseforskjellar. I denne samanheng kan det vera ei støtte at folkehelseprofilane til Folkehelseinstituttet no synleggjer sosiale forskjellar i kommunar betre ved at det er profil på bydelnivå, og dessutan at det er lagt inn indikator for utdanningsforskjell i forventa levealder. Profilane viser òg tydeleg geografiske forskjellar i ulikskap. Med Program for folkehelsearbeid har regjeringa starta eit tiårig utviklingsarbeid retta mot kommunane. Å betre den psykiske helsa for barn og unge er prioritert.

Regjeringa har styrkt tilbodet til gravide, barselkvinner, barn, unge og foreldra deira gjennom helsestasjons- og skolehelsetenesta med ein gradvis opptrapping gjennom kommuneramma og dessutan gjennom øyremerkte tilskot. I 2019 utgjorde tilskotet 877,4 mill. kroner til kommuneramma og 430,4 mill. kroner i øyremerkte tilskot til styrking av helsestasjons- og skolehelsetenesta. Tilskotet foreslåast vidareført i 2020.

Regjeringa har lansert strategien Seks punkter for bedre kvinnehelse . Strategien har som hovudmål å auke statusen til kvinnehelse og gi meir merksemd om kvinners helse. Eit av punkta gjeld fortsatt satsing på forsking på kvinners helse gjennom Norges forskingsråd, som vidareførast med om lag 10 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å etablere eit Nasjonalt senter for kvinnehelseforsking i Helse Sør-Øst. Føremålet er å bidra til å utvikle og heve kvaliteten på kunnskapen om kvinnehelse og – sjukdom, og å overføre kunnskap tilbake til heile behandlingskjeda. Satsinga er i tråd med regjeringa sine seks punkt, der forsking på kvinners helse er prioritert. Det foreslås samstundes å avvikle Nasjonal kompetansetjeneste for kvinnehelse frå 2020.

Tiltak innan psykisk helse er viktig i arbeidet med utjamning av helseskilnader i befolkninga. I juni la regjeringa fram opptrappingsplan for barn og unge. Planen inneheld helsefremjande, førebyggjande og kurative tiltak for å styrke den psykiske helsa til barn og unge.

Det er framleis forskjellar i helse i alle aldersgrupper. Barn som lever i låginntektsfamiliar er særleg utsette. Regjeringa vil forsterka innsatsen for å redusere forskjellane, mellom anna ved å legga vekt på fordelingseffektar ved prioritering av folkehelsetiltak og gjennom ein samarbeidsstrategi for å gi barn i låginntektsfamiliar større moglegheiter for deltaking og utvikling.

Regjeringa vil vidareføre og vidareutvikle eit effektivt, systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Ein viktig del av dette er å skape eit trygt samfunn og fremje helsevennlege val. Særleg på nokre område ønskjer regjeringa å forsterke innsatsen:

  • tidleg innsats for barn og unge

  • førebygging av einsemd

  • mindre sosial ulikskap i helse

Våren 2019 la regjeringa derfor fram folkehelsemeldinga Gode liv i eit trygt samfunn (Meld. St. 19 (2018–2019)), som bygger vidare på Meld. St. 19 (2014–2015) Folkehelsemeldinga – Mestring og moglegheiter .

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Bustad

Eit mål for regjeringa er at ingen skal være utan bustad, og at alle skal ha ein trygg og god stad å bu. Den nasjonale strategien Bolig for velferd (2014–2020) gir retning for arbeidet med bustader og oppfølgingstenester for vanskelegstilte på bustadmarknaden fram til og med 2020. For perioden 2018–2020 har to tiltak vore prioriterte. Det eine er å legge til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar bur i eigna bustad. Det andre er å etablere arbeidsprosessar for heilskapleg tilbod av bustader og bu- og oppfølgingstenester for menneske med rusavhengigheit og psykiske lidingar som manglar eller risikerer å miste bustaden sin. Regjeringa tek sikte på å legge fram ei melding om den bustadsosiale politikken for Stortinget i 2020. Meldinga vil mellom anna gjere greie for resultat av strategien Bolig for velferd og tilrå korleis den offentlege innsatsen bør innrettast framover.

Innsatsen for at fleire bustadslause og personar med rusproblem skal få ein eigna stad å bu er styrkt gjennom opptrappingsplanen for rusfeltet, sjå omtale over.

Regjeringa vil legge til rette for at så mange som mogleg som ønsker det, skal kunne eige bustaden sin. Startlån fremjar eigarlinja ved å medverke til at òg vanskelegstilte skal kunne eige bustad. Husbanken skal prioritere arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte frå leige til eige. For å medverke til å redusere barnefattigdom auka regjeringa løyvinga til tilskot til etablering med 110 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2019. Det vil sikre at fleire familiar får meir stabile og sjølvstendige butilhøve, samtidig som fleire utleigebustader blir ledige til andre meir vanskelegstilte.

Regjeringa vil sørge for ei god ordning med bustøtte, som er målretta mot dei som treng det mest. Bustøtte skal hjelpe husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å kunne bu trygt og godt. Frå 2017 tel ikkje lenger inntekta til barna med i utrekninga av bustøtta til husstanden. Det er òg innført ein ny modell for prisjustering av bustøtta, slik at satsane i regelverket held følge med prisstiginga. Som eit ledd i å redusere barnefattigdom har Stortinget vedteke å styrke bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar med til saman 126 mill. kroner i 2019. Tiltaka innebar ein auke av buutgiftstaka for husstandar med to eller fleire personar.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Områdesatsingar

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Regjeringa vil derfor fortsetje å støtte dette samarbeidet med kommunane. Det er samla sette av om lag 215 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger i 2020.

Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvaliteter der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. I områdesatsingene har det bl.a. blitt sett i verk tiltak for å få fleire i arbeid, ruste opp bo- og nærmiljø, skape møteplassar og kulturaktivitetar, betre integreringa av innvandrarar, betre resultat i grunnskolen, redusere fråfall i vidaregåande skole, redusere kriminalitet og styrkje folkehelsa. Dette er viktige føresetnader for å motverke fattigdom både på kort og lang sikt.

Det er i 2019 inngått ein ny intensjonsavtale om områdesatsing i Oslo indre øst i perioden 2019–2026.

Sjå nærmare omtale av områdesatsingar i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Integrering

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Regjeringa har starta eit integreringsløft, som heng tett saman med inkluderingsdugnaden og kompetansereforma. Desse initiativa gir høve til å ta større grep for å få fleire i arbeid. Regjeringa vil hindre at store grupper fell frå eller blir ståande utanfor arbeidslivet, og motverke systematiske skilnader i levekår mellom ulike grupper.

Regjeringa la i 2018 fram ein strategi (2019–2022) som gir ei tydeleg retning for integreringsarbeidet framover. Formålet med strategien er å auke deltakinga for innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv gjennom ein samordna innsats. Innvandrarar skal i større grad bli ein del av store og små fellesskap i det norske samfunnet. Kunnskapsdepartementet sende hausten 2019 forslag til ny integreringslov på offentleg høyring. Der blir det mellom anna foreslått at introduksjonsprogrammet skal reformerast med tydelege forventningar til gode resultat og meir arbeidsretta eller utdanningsretta tiltak. Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal fornyast og forbetrast. Regjeringa foreslår ei rekke målretta tiltak i 2020 for regjeringa sitt integreringsløft, sjå omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa vil endre sosialtenestelova for å medverke til at kommunane skal sørge for å hjelpe og stille krav til mottakarar av økonomisk sosialhjelp som treng betre norskkunnskapar for å komme i arbeid. Sjå omtale under hovudmål om økonomisk og sosial sikkerheit i del II.