Prop. 1 S

(2019–2020)

FN vedtok i september 2015 berekraftmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. I Nasjonalbudsjettet for 2020 er det gitt ei samla omtale av alle berekraftmåla.

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvar for koordinering av berekraftmål 1, og bidreg til berekraftmål 8.

Berekraftmål 1 om å utrydde fattigdom blir følgd opp nasjonalt gjennom innsatsen for å redusere fattigdom og motverke ulikskap. Sjå omtale i denne proposisjonens punkt 8 Innsats mot fattigdom, hovudmål om økonomisk og sosial sikkerheit og del I punkt 3.4 om låginntekt og levekår.

For omtale av delmål 8.6 sjå denne proposisjonen under hovudmål om eit omstillingsdyktig arbeidsliv med høg sysselsetting, og for omtale av delmål 8.8 sjå denne proposisjonen under hovudmål om eit sikkert og seriøst arbeidsliv.