Prop. 1 S

(2019–2020)

Regjeringa vil leggje til rette for å gi familiane fridom til å organisere kvardagen slik dei sjølve ønskjer. Barn og familiar er forskjellige og har ulike behov. Ein god politikk for familiane legg grunnlaget for god livskvalitet, noko som igjen kan gi positive effektar på andre område i tillegg til samfunnsøkonomiske gevinstar.

Familien er den viktigaste ramma rundt livet og utviklinga til barn. Å høyre til i ein familie inneber forpliktingar og tilknyting til fellesskap. Familieliv handlar om å få kvardagen til å fungere ved å samarbeide om omsorg og huslege oppgåver og om å vareta det sosiale nettverket i og rundt familien. I familien skal barn få kjærleik, tryggleik til å vere seg sjølve og støtte til å vekse og utforske verda på eiga hand. Barn treng nære relasjonar som er gode og stabile.

Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst. Barn og unge er ein viktig ressurs. Barn er sjølvstendige individ med individuelle rettar, og regjeringa vil leggje det beste for barna til grunn for politikken.

Ein god barndom varer livet ut. Gir vi barn ein god oppvekst, har dei gode føresetnader for å vekse opp til å bli sjølvstendige menneske og til å kunne forme sitt eige, gode liv – til dømes ved å skaffe seg ei utdanning og ein jobb og ved å skape ein heim for seg og sine. Dette er fyrst og fremst viktig for den einskilde, men det er òg viktig for samfunnet gjennom til dømes yrkesdeltaking, tillit og tryggleik, og det er viktig for det å bidra til eit berekraftig velferdssamfunn. Samstundes kan ein vond barndom få konsekvensar for fleire generasjonar.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske vilkår. Samstundes er det familiar som lever med vedvarande låg inntekt. Svak økonomi over tid er ei belasting for familiane. Vanskelegast er det for barn og familiar med andre belastingar i tillegg. Barna får avgrensa høve til ei fullverdig deltaking i samfunnet.

Regjeringas arbeid mot fattigdom omfattar innsats på tvers av alle velferdsdepartementa for å førebyggje at fattigdom går i arv, gi barna auka sosial mobilitet og støtte opp om familiane og gi fleire ein veg ut av fattigdom. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet mot fattigdom, og tiltak som støttar opp om aktiv deltaking i samfunnet for alle, har prioritet. Barn som veks opp i ein familie med låg inntekt, skal ha dei same moglegheitene til å delta i samfunnet som andre. Å delta i sosiale lag og fellesskap er viktig. Alle barn og unge skal kunne etablere stabile vennskap i oppveksten, ha håp og kjenne seg verdfulle i samfunnet.

Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge, og medverke til at alle barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår. Barn som lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira, skal få naudsynt hjelp, omsorg og vern. Barn og unge skal møtast med tryggleik, kjærleik og forståing. Barnevernsreforma skal medverke til auka kvalitet i barnevernet. Regjeringa vil leggje til rette for at kommunane i større grad prioriterer førebyggjande hjelp. Auka kompetanse i barnevernstenestene og utvikling av tiltaka skal gi meir verksam hjelp som er tilpassa det einskilde barnet og den einskilde familien. Vald mot og misbruk av barn, både fysisk og psykisk, er alvorlege overgrep. Regjeringa vil styrkje innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare. Barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, skal få eit trygt og godt tilbod i fosterheim eller institusjon.

Trus- og livssynsfridom er ein grunnleggjande menneskerett og ein føresetnad for eit fritt og demokratisk samfunn. Regjeringa vil føre ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som anerkjenner den viktige rolla trus- og livssamfunna speler for einskildmenneske og som samfunnsskapande kraft. Det norske samfunnet skal vere eit livssynsope samfunn. Regjeringa vil hegne om og verne trus- og livssynsfridommen for den einskilde borgaren og respektere eigenarten til dei ulike trus- og livssynssamfunna og retten deira til sjølve å bestemme i lære- og ordningsspørsmål. Dette er viktig for å sikre eit trus- og livssynsmangfald.

Norske forbrukarar har eit sterkt forbrukarvern, men eit mangfaldig tilbod av varer og tenester frå heile verda utfordrar dette. Rettane og interessene til forbrukarane blir òg sette på prøve som følgje av digitalisering, nye marknadsføringsmetodar og meir komplekse marknader. Regjeringa vil leggje til rette for at vi kan ta smartare og meir berekraftige forbruksval – og sikre forbrukarvernet i ein stadig meir digital kvardag.

1.1 Familie og oppvekst

Regjeringa vil arbeide for ein familiepolitikk som omfattar alle familiar, og som tek utgangspunkt i kvardagen deira. Familien er eit sterkt og grunnleggjande sosialt fellesskap som skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge. Trygge og gode familiar bidreg til å styrkje moglegheitene til barnet i livet. Regjeringa vil leggje til rette for eit samfunn bygt nedanfrå, der familiane får moglegheit til å organisere og leve livet sitt slik de sjølv ønsker.

Familiepolitikken

Regjeringa vil arbeide for ein framtidsretta familiepolitikk. Barn og familiar er forskjellige og har ulike behov. Regjeringa vil føre ein familiepolitikk som styrkjer familiane og lyttar til kva familiane treng. Velfungerande familiar gir tryggleik og tilhøyrsle og skaper rom for utvikling. Dette har vore viktige tiltak for familiane i regjeringsperioden 2014–2019:

  • Familievernet er styrkt med 186 mill. kroner.

  • Strategi for foreldrestøtte (2018–2021) er den fyrste i Noreg.

  • Barnetrygda er styrkt med 1 008 kroner i året frå 1. mars 2019.

  • Eingongsstønaden for barnefamiliar er auka frå 35 263 kroner i 2013 til 83 140 kroner i 2019.

  • Kontantstøtta vart auka frå 6 000 kroner til 7 500 kroner i månaden frå 1. august 2017.

  • Graderte satsar for kontantstøtte avhengig av barnets opphaldstid i barnehagen vart innført frå 1. august 2018.

Hovudprioriteringar i 2020

I 2019 vil regjeringa kartleggje kva for utfordringar familiane sjølve finn mest krevjande å handtere i ulike livsfasar, og kva som er dei største hindera for at dei kan leve slik de sjølve ønskjer. Regjeringa vil allereie i 2020 styrkje innsatsen retta mot samlivet til småbarnsforeldre og betre deira økonomiske situasjon. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2020:

  • eit tilbod om eit samlivskurs til fyrstegongsforeldre (17,4 mill. kroner)

  • ein auke i barnetrygda med 300 kroner i månaden for barn opp til 6 år frå 1. september

Auken i barnetrygda utgjer 3 600 kroner i året og skal òg komme sosialhjelpsmottakarar til gode.

Ein annan viktig del av familiepolitikken er å bidra til at barn kan delta i fritidsaktivitetar. Sjå omtale av forsøk med fritidskort nedanfor.

Oppvekst i familiar med vedvarande låg inntekt og deltaking i samfunnet

Regjeringa har som mål å føre vidare eit samfunn med små forskjellar og vil styrkje innsatsen retta mot barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), som er baserte på EU-definisjonen av låg inntekt, viser at talet på barn i hushald med vedvarande låg inntekt har auka frå 67 300 i 2006 til 106 000 i 2017. Låg inntekt heng ofte saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken er derfor viktig for denne innsatsen. Barn som veks opp i fattigdom, blir fråtekne moglegheiter som andre barn har. Dette gjeld ikkje minst deltaking i fritidsaktivitetar.

Barn som har foreldre med høg utdanning og inntekt, deltek oftare i fritidsaktivitetar enn andre barn. Årsakene til at barn og unge frå familiar med mindre sosiale og økonomiske ressursar deltek sjeldnare, er samansette. Økonomi er ei av fleire årsaker. Familieressursar, innvandringsbakgrunn, avgrensa sosiale nettverk og geografisk bustad er andre faktorar som påverkar deltaking.

For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, har regjeringa styrkt innsatsen rundt utsette familiar. Dette har vore dei viktigaste tiltaka i regjeringsperioden 2014–2019:

  • Barn som lever i fattigdom, regjeringens strategi 2015–2017 , var den fyrste i sitt slag.

  • Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 313 mill. kroner i 2019. Av desse blei 10 mill. kroner løyvde til utgreiing og pilotering av fritidskort.

  • Fritidserklæringa, eit samarbeid mellom regjeringa, frivillige organisasjonar og KS, har som mål at alle barn, uavhengig av økonomi, skal få delta vedvarande i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre.

  • Tilskotsordninga oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blei auka med 20 mill. kroner i 2019. Losane følgjer opp unge som fell ut av skule og arbeidsliv på grunn av samansette relasjonsmessige, helsemessige eller velferdsmessige utfordringar.

  • Den nasjonale grunnstøtta som skal bidra til at barn og ungdom kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonane, blei auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 141 mill. kroner i 2019.

  • Barnehageplass for familiar med låg inntekt har blitt rimelegare, og det er innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for barn i familiar med låg inntekt. Ordninga gjeld frå barna er to år, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Det er sett i gang eit prøveprosjekt der barn får gratis deltidsplass i SFO (Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim). Det er òg sett i gang eit forsøk der barn får gratis barnehage og SFO når familien har låg inntekt og/eller er minoritetsspråkleg, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Helsestasjons- og skulehelsetenesta har fått over 1 mrd. kroner meir, sjå omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Bustøtta til barnefamiliar og andre store husstandar har blitt styrkt, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Områdesatsinga i einskilde område i dei store byane der det er særskilt store levekårsutfordringar i befolkninga, har blitt styrkt, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Hovudprioriteringar i 2020

Regjeringas hovudprioritet er å arbeide for retten alle barn og unge har til ein trygg og god oppvekst. Regjeringa vil gjennomføre ei barnereform der eit hovudmål er å gi alle barn like moglegheiter og styrkje økonomien til familiar med låg inntekt. Regjeringa vil førebyggje at fattigdom går i arv, arbeide for at barna får auka sosial mobilitet, støtte opp om familiane og gi fleire ein veg ut av fattigdommen. Hovudprioriteringane i 2020 er å sørgje for at fleire barn deltek i fritidsaktivitetar, og redusere barnefattigdommen.

Å delta i fritidsaktivitetar og på fellesskapsarenaer er viktig for å unngå utanforskap, men det er òg viktig for læring, for demokrati, for ei meiningsfull fritid og for det å få venner. At ein stor del av befolkninga deltek på kultur- og fritidsarenaen, er positivt med tanke på deltaking og inkludering i fellesskap. Samtidig kan konsekvensane av å stå utanfor bli endå større. Å ikkje kunne ta del i slike fellesskap med jamngamle er noko mange barn og unge kan oppleve som vanskeleg.

Regjeringa vil leggje fram ein samarbeidsstrategi som skal fremje deltaking og styrkje moglegheitene til barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Auken i barnetrygda for barn opp til 6 år vil bety mest for foreldre med vedvarande låg inntekt. For barn frå 6 til fylte 18 år vil regjeringa gjere det lettare å delta i fritidsaktivitetar. Ei slik satsing vil òg bety mest for barn i familiar med låg inntekt. Tiltaka må sjåast i samanheng med utarbeidinga av ein barnereform og ei styrking av familiepolitikken. Regjeringa vil òg arbeide vidare med å sikre gode helsetenester og eit trygt bumiljø for alle barn og unge. Det er dessutan lagt vekt på å redusere økonomiske hindringar for deltaking i barnehage og skulefritidsordninga.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2020:

  • 60 mill. kroner til eit forsøk med fritidskort for alle barn frå 6 til fylte 18 år, som dei kan nytte til å dekkje faste, organiserte deltakaravgifter på fritidsaktivitetar.

  • Ein ny samarbeidsstrategi mot barnefattigdom .

  • Ein ny førebyggingsmodell gjennom kunnskapsbasert utvikling av tiltak for ungdom, inspirert av den islandske Planet Youth-modellen.

  • 11 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehage for eittåringar i asylmottak og heiltidsplass i barnehage for to- og treåringar i asylmottak, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet og for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • 58 mill. kroner til innføring av ei nasjonal moderasjonsordning med inntektsgradert foreldrebetaling i skulefritidsordninga, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • 21 mill. kroner til innføring av gratis skulefritidsordning for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Vald og overgrep

Vald og overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det er eit mål å avdekkje vald og overgrep så tidleg som mogleg og å hindre at nye overgrep skjer. Mange av dei mest alvorlege barnevaldssakene kunne vore oppdaga tidlegare dersom barn blei høyrde. Det er derfor avgjerande at yrkesutøvarar som møter barn og unge, har kompetanse til å snakke med barn om vanskelege tema. Barn og unge sjølve må òg få god kunnskap om vald og overgrep.

Regjeringas arbeid mot vald og overgrep er mellom anna forankra i Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017). Arbeidet har høg prioritet. Regjeringa vil følgje opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep gjennom å styrkje førebyggjande tiltak, behandling og oppfølging.

Den samla satsinga i opptrappingsplanen er på om lag 1 mrd. kroner i 2019. Av dei 88 tiltaka («regjeringa vil»-punkt) i opptrappingsplanen er 31 alt gjennomførte, 54 er sette i gang, og 3 står att å starte opp. Viktige tiltak og satsingsområder i perioden 2014–2019 har vore:

  • eit nytt verktøy for å samtale med barn om vald og overgrep. Målet er at dei som arbeider med barn skal avdekkje vald tidlegare

  • nye retningslinjer om vald og overgrep mot barn og unge med nedsett funksjonsevne

  • eit nytt opplæringsprogram til bruk i barnehagar og skular om mobbing, vald og digitale krenkingar

  • informasjonskampanjar for å førebyggje vald og overgrep

  • familievernet sitt tilbod til familiar som lever med vald

  • familiemandat til Alternativ til Vold (ATV) og etablering av nye ATV-kontor

  • etterforsking av vald og overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • kapasitet og kompetanse i Statens barnehus, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • arbeidet mot Internett-relaterte overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • Arbeidet med vald og overgrep i folkehelsearbeidet, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Satsing på helsestasjons- og skulehelsetenesta, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • behandlingstilbod og tiltak som varetek utsette barn og overgriparar, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • auka satsing på utvikling av kunnskap og kompetanse i helsetenestene, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • tydeleggjering av ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep i helselovene, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • arbeidet mot mobbing og digitale krenkingar, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

Hovudprioriteringar i 2020

Regjeringa vil følgje opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep ved å føre vidare det viktige arbeidet som er i gang, og setje i verk ei rekkje nye tiltak. God førebygging er avgjerande fordi det kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Tenestene treng meir kompetanse til å avdekkje vald og overgrep mot barn. God hjelp og behandling til rett tid kan motverke dei alvorlege konsekvensane av vald og overgrep.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2020:

  • 6,5 mill. kroner til å implementere og vidareutvikle støtteverktøy som gjer det lettare for tilsette i barnehagar, skuler og andre tenester å oppdage og følje opp utsette barn

  • 7 mill. kroner til å styrkje Alternativ til Vold

  • 3 mill. kroner til ein lågterskel-hjelpetelefon for foreldre

  • 19 mill. kroner til å styrkje behandling av personar som er dømt for seksuelle overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 12,5 mill. kroner til å etablere eit heilskapleg tilbod til personar som står i fare for å gjere seksuelle overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 5 mill. kroner til forsking om førebygging av seksuelle overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 1 mill. kroner til forsking på krisesentertilbodet

Regjeringa vil òg

  • følgje opp strategien for foreldrestøtte, Trygge foreldre – trygge barn

  • utvikle ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep

  • utvikle ein strategi mot Internett-relaterte overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • utarbeide ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar med ein eigen del om vald og overgrep i samiske område, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • utvikle familieverntenesta sitt tilbod til familiar som lever med vald

1.2 Barnevernet

Barnevernet skal gi naudsynt og god hjelp, omsorg og vern til barn som lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge og medverke til at alle barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår. Barnet sitt beste er det grunnleggjande omsynet for arbeidet i barnevernet.

Regjeringa ønskjer at flest mogleg skal vekse opp saman med foreldra sine, og at utsette barn og familiar skal få hjelp der dei bur. Det er ei utfordring for barnevernstenestene å komme tidleg inn med gode, verksame tiltak. Regjeringa vil derfor betre sakshandsaminga i barnevernstenestene gjennom utvikling av tiltak, auka kompetanse hos dei tilsette og betre digitale verktøy.

Regjeringa har som mål å betre tilbodet til barn som ikkje kan bu hos foreldra sine, og som treng ein trygg heim. Når hjelpetiltaka ikkje er tilpassa behova til familien, kan problema utvikle seg, og det kan bli naudsynt at barnet flyttar i fosterheim eller institusjon. Det er derfor viktig å ha gode institusjonar og tilstrekkeleg mange gode og stabile fosterheimar, som kan møte behova til kvart barn.

Dei viktigaste tiltaka på barnevernsområdet i regjeringsperioden 2014–2019 har vore:

  • oppfølging av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste , jf. Innst. 318 S (2015–2016)

  • ei barnevernsreform, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017)

  • Prop. 169 L (2017–2018) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) , jf. Innst. 151 L (2017–2018), som mellom anna skal betre rettstryggleiken for barn og foreldre

  • eit kompetanseløft i det kommunale barnevernet, mellom anna gjennom kompetansestrategien (2018–2024) for det kommunale barnevernet som blei lagd fram hausten 2017

  • betre samarbeid mellom barnevernet og helsetenestene, mellom anna ved at det er oppretta to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som treng langvarig omsorg utanfor heimen, og som treng psykisk helsehjelp

  • eit digitalt løft for det kommunale barnevernet gjennom det kommunal-statlege samarbeidet DigiBarnevern , der det blir utvikla nye digitale løysingar for å auke effektiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga i barnevernet

  • ei satsing på rekruttering og oppfølging av fosterheimar

Hovudprioriteringar i 2020

Barnevernsreforma vil gi kommunane meir ansvar for barnevernet. Regjeringa vil medverke til at kommunane i større grad prioriterer førebyggjande hjelp og tenester som er betre tilpassa den einskilde. Føremålet er at barnevernet skal tidleg inn for å hjelpe sårbare familiar, og at færre barn skal måtte flytte frå familiane sine. Regjeringa vil òg utvikle tiltaka i barnevernet vidare. Ein ny modell for hjelpetiltak er under utvikling og skal prøvast ut i einskilde kommunar i 2020. Barn og familiar skal få meir verksam hjelp medan barna bur hos foreldra sine. Regjeringa fører òg vidare den storstilte satsinga på kompetanse for å betre kvaliteten i dei kommunale tenestene. Betre kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta og god støtte for dei tilsette i tenestene krev riktige verktøy. Det digitale løftet for det kommunale barnevernet vil derfor halde fram i 2020.

Regjeringa ønskjer å styrkje retten barn og unge har til å medverke, og rettstryggleiken til barn og foreldre. Departementet arbeider vidare med eit forslag til ei ny barnevernslov. Barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, skal få eit trygt og godt tilbod i fosterheim eller institusjon. Auka bruk av nettverksmetodar for å involvere familien og nettverket i rekrutteringa og oppfølginga av fosterheimen skal gi barnet eit betre tilpassa tilbod. I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gjennomgå og betre vilkåra for fosterheimar. Regjeringa vil òg arbeide for eit institusjonstilbod tilpassa behova til barna.

Regjeringa vil i 2020 prioritere

  • ein auke på 307 mill. kroner til institusjonstiltak i det statlege barnevernet, slik at fleire barn får naudsynt hjelp

  • 11 mill. kroner til å prøve ut ein modell for hjelpetiltak i utvalde kommunar slik at barn og familiar får meir verksam hjelp

  • eit kompetanseløft for å betre kvaliteten i dei kommunale tenestene

  • ein auke på om lag 7 mill. kroner til vidareutdanningstilbodet

  • ein auke på 2 mill. kroner til rettleiingsteam retta mot dei nordlegaste fylka

  • eit digitalt løft for det kommunale barnevernet gjennom det kommunal-statlege samarbeidet DigiBarnevern

Regjeringa vil òg

  • styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet gjennom vidare arbeid med ei ny barnevernslov

  • arbeide for å rekruttere fleire fosterheimar og for at fosterheimane får meir føreseielege rammar slik at alle barn skal få ein trygg heim

  • utvikle tydelegare krav til kompetanse i barnevernstenestene og leggje til rette for etablering av meir praksisretta masterutdanningar

  • betre barnevernet sitt arbeid med barn som har gjort seg skuldige i eller står i fare for å gjere lovbrot

1.3 Stillinga til forbrukarane

Regjeringa meiner at gode forbrukarrettar er avgjerande for velfungerande marknader. Ikkje minst er dette viktig i den digitale økonomien. Nesten grenselaus tilgang til informasjon og handel gjennom digitale medium gir forbrukarane mange moglegheiter, men òg utfordringar. Forbrukarrettane er mellom anna utfordra av nye former for marknadsføring og handel med personopplysingar.

Det er avgjerande å få marknadsaktørane til å respektere at reglane som elles vernar forbrukarane og sikrar rettane deira, òg gjeld i den digitale økonomien. Barn og unge er særleg sårbare. Samstundes som dei er aktive brukarar av sosiale medium, er dei ofte i mindre grad enn vaksne i stand til å forstå ulike former for påverknad og marknadsføring. Bruk av sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, utviklar uheldige kroppsideal og blir utsette for mobbing og annan skadeleg påverknad.

Regjeringa vil at forbrukarane i kjøpssituasjonar skal vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane skal ha vern mot svindel og ulovleg marknadsføring. Det gjeld òg i samband med handel på nett.

Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i regjeringsperioden 2014–2019:

  • Tvisteløysingstilbodet til Forbrukarrådet er utvida og profesjonalisert.

  • Forbrukarombodet er gjort om til eit tilsyn, Forbrukartilsynet, med vedtakskompetanse.

  • Løyvinga til Forbrukartilsynet er auka for å styrkje arbeidet med tilsyn og rettleiing på digitalområdet.

  • Det er sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon som gir bankar betre grunnlag for kredittvurderingar.

  • Det er etablert ein straumprisportal, og Finansportalen er vidareutvikla med nye modular.

  • Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital er lagt fram, der særleg vekt er lagt på den digitale kvardagen til forbrukarane.

Hovudprioriteringar i 2020

Den teknologiske utviklinga fører til endringar innanfor dei fleste samfunnsområde, òg i forbrukaråtferda. Regjeringa vil møte desse endringane og andre utviklingstrekk med ein aktiv forbrukarpolitikk.

Regjeringa vil i 2020 prioritere å

  • endre verkemiddelapparatet på forbrukarområdet, slik at handsaminga av forbrukarklagar frå 1. januar 2021 blir samla under Forbrukartilsynet

  • få på plass ein strategi med prinsipp for den digitale kvardagen til forbrukarane som legg føringar for aktivitetar og tiltak framover

1.4 Tru og livssyn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis.

Utviklinga av eit fleirreligiøst og mangfaldig samfunn aukar behovet for dialog og eit oppdatert lovverk som kan spegle det fleirkulturelle samfunnet. I eit fleirreligiøst og mangfaldig samfunn trengst det òg kjennskap til eigne kulturelle røter. Når ein er trygg på si eiga historie og sin eigen identitet, er det enklare å møte kulturen og trua til andre. Regjeringa har utarbeidd og lagt fram for Stortinget Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) og Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond . Lovforslaget skal erstatte eit lovverk som ikkje er tilpassa ein situasjon med svært mange trus- og livssynssamfunn og eit stort mangfald i samfunnet. Forslaget skal sikre Den norske kyrkja større fridom som følgje av at statskyrkja er avvikla. Vidare har det vore eit mål å sikre føreseielege forhold for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Etter 200 år utan at det har vore trekt slutningar, tek regjeringa i meldinga om Opplysningsvesenets fond sikte på å meisle ut ei løysing der eigendelane i fondet blir delte mellom Den norske kyrkja og staten.

Dei eldre kyrkjebygga er blant dei viktigaste kulturminna i landet, og mange har ein svært dårleg vedlikehaldstilstand. Ein større del av desse kyrkjene har heller ikkje automatisk sløkkjeanlegg eller anna tilfredsstillande brannsikring. Regjeringa vil lage ein strategi for å betre tilstanden for dei viktigaste kyrkjebygga. Kommunane skal ha det same økonomiske ansvaret for kyrkjebygga som før. Strategien er omtalt i meldinga om Opplysningsvesenets fond og i Prop. 130 L (2018–2019). Den føretrekte løysinga i meldinga legg eit grunnlag for ein vesentleg styrkt statleg innsats for istandsetjing og sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.

Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i regjeringsperioden 2014–2019 har vore:

  • Prop. 55 L (2015–2016) Endringer i kirkeloven ( omdanning av Den norske kirke til eget retssubjekt m.m. ), jf. Innst. 256 L (2015–2016)

  • oppheving av tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja i 2015

  • Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) , med ein meldingsdel om trus- og livssynspolitikken

  • Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond

  • NOU 2014: 2 Lik og likskap. Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

  • NOU 2017: 17 På ein søndag? Reglane om søndagshandel og konsekvensane av endringar

  • investeringsramme for rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg med i alt 3,75 mrd. kroner i perioden 2014–2019

  • 40 mill. kroner i 2019 til tiltak for sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg

Hovudprioriteringar i 2020

Arbeidet med å følgje opp stortingsvedtak ved handsaming av forslag til nytt lovverk på trus- og livssynsområdet og meldinga om Opplysningsvesenet fond vil vere prioritert i 2020. Regjeringa held òg fram med satsinga på kyrkjebygg. Regjeringa vil utover dette i 2020 prioritere

  • god og stabil finansiering av trus- og livssynssamfunn, inklusive Den norske kyrkja

  • nytt og oppdatert regelverk på gravferdsområdet