Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. I nasjonalbudsjettet for 2020 er det gitt ein samla omtale av alle berekraftsmåla. Det er òg omtale av dei ulike måla i budsjettproposisjonane til dei departementa som har koordineringsansvar for målet. Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av måla. Sjå omtale nedanfor.

FNs berekraftsmål nr. 1: utrydde alle former for fattigdom

Arbeidet i BFD mot barnefattigdom er knytt opp til FNs delmål 1.2. Landa skal «før 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen kvinner, menn og barn i alle aldrar som lever i fattigdom». Låg inntekt heng for ein stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene har peikt på auka yrkesdeltaking som det fremste tiltaket for å redusere barnefattigdom. Strategien Barn som lever i fattigdom (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. Sjølv om strategiperioden er over, følgjer departementa opp innsatsen på ei rekkje av tiltaka frå strategien. Regjeringa skal fremme ein ny samarbeidsstrategi i 2020. Målet for strategien er å redusere ulikskap i høvet barn og ungdommar har til å delta og utvikle seg, og å førebyggje at levekårsulempene går i arv. Som ei oppfølging av strategien Barn som lever i fattigdom har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa. Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta jamleg i ein organisert fritidsaktivitet. Vi viser til programkategori 11.10 Familie og oppvekst for meir omtale av arbeidet.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og sosialdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 1.

FNs berekraftsmål nr. 5: oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner

Kulturministeren tok over ansvaret for koordinering av likestillingspolitikken til regjeringa, medrekna koordineringsansvaret for oppfølginga av FNs berekraftsmål nr. 5, frå 22. januar 2019.

Delmål 5.2 handlar om å avskaffe alle former for vald mot jenter og kvinner. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av fleire handlingsplanar på feltet. BFD koordinerer Opptrappingsplan mot vold og overgrep 2017–2021 , jf. Prop. 12 S (2016–2017). Planen skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen har høg prioritet. BFD, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet samarbeider om å følgje opp opptrappingsplanen. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar i 2020. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.

I 2019 rapporterer Noreg for fyrste gong på konvensjonen frå Europarådet om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarote-konvensjonen). I 2020 skal Noreg rapportere på konvensjonen frå Europarådet om førebygging og kamp mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbul-konvensjonen).

Delmål 5.3 om å «avskaffe all skadeleg praksis, til dømes barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg omskjering» blir mellom anna følgt opp gjennom reguleringa i ekteskapslova. Departementet greier ut ekteskapslova § 18 a om barneekteskap og bigamiske ekteskap inngått i utlandet, med sikte på eventuelle lovendringar. Sjå òg budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.3.

Noreg har ei god og fleksibel foreldrepengeordning som er med på å «fremje delt ansvar i hushaldet og familien», jf. delmål 5.4. Regjeringa har innført tredeling av foreldrepengeperioden etter fødsel: Éin del er reservert mor, éin del er reservert far, og den siste delen kan delast mellom foreldra. Føremålet med tredelinga er å bidra til auka likestilling heime og i arbeidslivet. Vi viser til programkategori 28.50 for meir omtale av stønad ved fødsel og adopsjon.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Kulturdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 5.

FNs berekraftsmål nr. 12: sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Delmål 12.3 går ut på at delen matsvinn per innbyggjar, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, skal halverast. Etter delmålet skal òg svinn i produksjons- og forsyningskjeda reduserast.

Det blei i 2017 inngått ein bransjeavtale mellom dåverande BLD, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030. Etter at avtalen blei inngått, har enkeltbedrifter underskrive eigne tilslutningsavtalar til bransjeavtalen. Per mars 2019 var til saman 84 bedrifter tilslutta avtalen. Gjennom bransjeavtalen vil BFD halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

Departementet har i 2018 og 2019 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til forbrukarretta tiltak. Departementet har òg i 2018 gitt Forbruksforskingsinstituttet SIFO eit oppdrag med å kartleggje forskinga på kunnskap om matsvinn på forbrukarleddet.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.

FNs berekraftsmål nr. 16: fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvesen for alle og byggje godt fungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Delmål 16.1 handlar om å «oppnå ein monaleg reduksjon i alle former for vald og valdsrelaterte dødsfall», og delmål 16.2 handlar om å «stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn». Delmål 8.7 handlar og om å få slutt på menneskehandel.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2017 viser at det er stadig fleire melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot mot barn. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har på oppdrag frå BFD gjennomført ei nasjonal ungdomsundersøking om erfaringar med vald og overgrep. Resultata frå denne vil vere klare hausten 2019 og gi viktig ny informasjon om omfanget av vald og overgrep mot barn.

BFD koordinerer arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og seksuelle overgrep (2017–2021). Planen har særleg vekt på barn. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Barnevernet har eit viktig ansvar for barn som kan vere utsette for menneskehandel i Noreg. Barnevernlova blei endra i 2012 for å gi betre vern og omsorg til barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel. Barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel, kan plasserast på barnevernsinstitusjon utan samtykke frå foreldra. Føremålet er å verne barnet mot utnyttaren. Barnevernet, politiet, utlendingsstyresmaktene og andre hjelpetenester har ansvar for å sikre at mindreårige som er utsette for menneskehandel, bli tekne hand om på ein forsvarleg måte. Det er utarbeidd eit eige rundskriv om vern av barn som er utsette for menneskehandel. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med å følgje opp handlingsplanen mot menneskehandel, som blei lagd fram hausten 2016. Tiltak i denne blir følgde opp frå sektorstyresmaktene. Kompetanseheving i barnevernet er ein del av handlingsplanen.

Sjå òg omtale i budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet for korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 16.