Prop. 1 S

(2019–2020)

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka monaleg.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i marknadene dei handlar i. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BFD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).

I 2018 var det ein solid auke i talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden, frå 18 400 ved utgangen av 2017 til 23 998 ved utgangen av 2018. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor mange produktgrupper i 2018. Størst auke var det for tonarkassettar, kopi- og trykkpapir, golv, tekstilar, møblar, kjemiske byggprodukt og innandørs måling og lakk. BFD er nøgd med utviklinga der forbrukarane får fleire miljøtilpassa produkt å velje blant.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD vidareførte i 2018 arbeid med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Den største delen av svinnet (om lag 60 prosent) kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største organisasjonane i matbransjen. Per mars 2019 hadde 84 enkeltbedrifter underskrive eigne tilslutningsavtalar til bransjeavtalen.

BFD deltek i arbeidet og støttar opp om forbrukarretta tiltak.

I juni 2019 la BFD fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital . Berekraftig forbruk er eit av temaa i meldinga.

8.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BFD vil føre vidare arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel er blant dei fremste verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

BFD vil i 2020 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtalen om matsvinn.

Departementet vil i 2020 òg arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne, medrekna undervising om berekraftig forbruk og berekraftig utvikling.

8.3 Kyrkjebygg og gravplassar

Kyrkjebygga og gravplassane er ein del av Noregs kulturarv. Dei skal forvaltast med respekt for det føremålet dei skal tene, og i samsvar med den kulturhistoriske rolla si, sjå nærare omtale under programkategori 11.50.

Storparten av Den norske kyrkja sine 1 600 kyrkjer er eldre bygg, som har høge kostnader til oppvarming. KA – Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter arbeider saman med Riksantikvaren for å finne nye varmesystem som kan gi både energisparing og eit betre bevaringsmiljø for bygg og interiør. Det er òg etablert regionale energinettverk for kyrkjebygga for å auke kompetansen på området.

8.4 Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond (Ovf) eig og forvaltar ein stor eigedoms- og bygningsmasse. Fondet er i dag òg ein av dei største skogeigarane i landet. Omsynet til klima og miljø er viktig i den finansielle og praktiske forvaltinga av Ovf. Dette gjeld alt frå korleis skogbruket blir forvalta, til kva for fond og næringar det blir investert i.