Prop. 1 S

(2019–2020)

1.1 Område

I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar , programområde 23 Finansadministrasjon , medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m . Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og tilknytte organ ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortinget sine eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikt over løyvingar på Finansdepartementets område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

1.2 Hovudoppgåver og organisering

Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å

  • medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet

  • sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter

  • samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten

  • forvalte statleg formue og gjeld

  • medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd

  • medverke til velfungerande finansmarknader

Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2019–2020) Nasjonalbudsjettet 2020, Prop. 1 S (2019–2020) Statsbudsjettet for budsjettåret 2020 og Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.

Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2019

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2019

1 Ansvarstilhøvet mellom Noregs Bank og statsmaktene i m.a. budsjettsaker og administrative saker er regulert ved lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv. Frå 1. januar 2020 vert lova erstatta av lov 21. juni 2019 nr. 31 om Norges Bank og pengevesenet mv.

2 Fondet er særskilt rettssubjekt, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

3 Verksemd med eige styre.

1.3 Oversikt over budsjettframlegget for Finansdepartementet

Programområde under departementet

(i 1 000 kr)

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

2 969 494

2 763 700

2 527 000

-8,6

Programområde 23 Finansadministrasjon

43 682 355

44 239 800

48 370 700

9,3

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

54 583 443

87 047 900

10 015 800

-88,5

Sum utgifter

101 235 292

134 051 400

60 913 500

-54,6

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

88 685

31 800

29 400

-7,5

Programområde 23 Finansadministrasjon

2 952 608

3 060 600

2 983 032

-2,5

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

46 642 200

23 659 700

16 207 537

-31,5

Sum inntekter

49 683 493

26 752 100

19 219 969

-28,2

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med tilknytte organ. Framlegg til løyving for 2020 under dette programområdet utgjer 2 527 mill. kroner som er ein reduksjon med 236,7 mill. kroner frå saldert budsjett 2019. Under programkategori 00.30 Regjeringa , er det ein auke med 22,2 mill. kroner eller 5,1 pst. Av auken gjeld 5 mill. kroner ekstraordinær investering i regjeringa si bilteneste og 8 mill. kroner er ein følgje av endringar i regjeringa 22. januar 2019. Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ , gjer ein framlegg om å redusere løyvingane med 117,1 mill. kroner. Reduksjonen kjem serleg av at rehabilitering av Stortingets eigedom Prinsens gate 26 mv. i det alt vesentlege vert sluttført i 2019.

Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2020 under dette programområdet utgjer 48 370,7 mill. kroner. Det er ein auke på 4 130,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2019. Av auken gjeld 2 500 mill. kroner auka meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren og 800 mill. kroner meir til nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift. Til Skatteetaten og Skatteklagenemnda ligg det inne ein auke med 511 mill. kroner som særleg heng saman med Skatteetatens overtaking av skatteinnkrevjinga frå kommunane.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 10 015,8 mill. kroner. Hovudgrunnen til ein reduksjon her med 77 032,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2019 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2019, medan det for 2020 ikkje vert rekna med nokon avdrag.

Inntekter

Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 19 220 mill. kroner. Av det er 16 136,8 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 13 900 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2020 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar . Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–23

Driftsutgifter

19 023 531

19 289 000

20 812 700

7,9

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

971 028

709 200

530 100

-25,3

50–59

Overføringar til andre statsrekneskap

10 000

8 000

10 000

25,0

60–69

Overføringar til kommunar

24 349 493

24 600 000

27 000 000

9,8

70–89

Overføringar til private

12 982 240

12 930 200

12 560 700

-2,9

90–99

Utlån, avdrag m.m.

43 899 000

76 515 000

-100,0

Sum under departementet

101 235 292

134 051 400

60 913 500

-54,6