Prop. 1 S

(2019–2020)

7.1 Finansdepartementet

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle sektorar i samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. I Prop. 1 S (2018–2019) for Klima- og miljødepartementet finst ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker for regjeringa.

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Oppfølginga av SNs 17 mål for berekraft er integrert i regjeringas ordinære politiske arbeid. Utenriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt, og Finansdepartementet summerer opp hovudpunkta i rapporteringa i nasjonalbudsjettet.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa og sikrar òg at forureinarane betaler.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Noregs klimamål slik dei mellom anna kjem fram i Kyoto-protokollen og i Paris-avtala, til ei ny forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av ny klimalov. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det no teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO 2 i skog. Norsk klimapolitikk er nært knytt til EU. Regjeringa arbeider for at Noreg og EU frå 2021 skal samarbeide om å stette klimaskyldnadene for 2030. Dette vil auke behovet for å skilje mellom utslepp frå kvotepliktig sektor og ikkje-kvotepliktig sektor. Eit slikt samarbeid set også krav til rapportering av utslepp. Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen. SSB har bygd ei produksjonsløysing for energirekneskapen og energibalansen. Ho vart teken i bruk i statistikkproduksjonen i 2017 og vil gje meir robust og effektiv produksjon av desse rekneskapane. Samstundes med omlegginga av produksjonsløysinga, er metodane gjennomgått. Dette òg vil betre grunnlaget for berekningane av utslepp til luft. Tal frå det nye systemet for heile perioden 1990–2017 vart publisert i juni 2018. Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. Fram mot 2020 skal han utvidast med tal for miljøsubsidiar. Statistikk over avfall og attvinning skal dekkje både rapporteringskrav frå EU som følgjer av statistikkforordninga, og nasjonale behov. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; « Sirkulær økonomi » (materialstraumar og attvinning). Ein skal finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse innhentinga av data og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. Vidare har SSB nyleg, i samarbeid med Miljødirektoratet og andre aktørar, starta utvikling av statistikk om matsvinn i verdikjeda frå produsent til konsument. Statistikk om matsvinn og matavfall skal dekkje både rapporteringskrav frå EU og nasjonale behov. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Statistikk og analysar er publisert som planlagd.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande.

Frå 2017 gav ei EU-forordning rapporteringsplikt på områda rekneskap for miljøvernutgifter (EPEA), statistikk for produksjon, bruttoprodukt, sysselsetting og eksport av miljørelaterte varer og tenester (EGSS) og næringsfordelt energibruk. Alle desse områda vert utarbeidd etter den internasjonale standarden SEEA (System for Environmental and Economic Accounting) og i tråd med prinsipp i nasjonalrekneskapen.

Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire analyseprosjekt i gang, knytt til energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og bruk av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Modellar av norsk økonomi (SNOW) vert òg leverte til Finansdepartementet for bruk der. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på energi-, utslepps- og miljøfeltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av Noregs klimapolitiske mål og verkemiddel, løysingar for låge utslepp i transport, energi og industri, samt verdsetjing av naturressursar og tenester frå økosystema. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, mellom anna gjennom det samfunnsfaglege senteret for energiforsking, CREE, som miljø- og energiforskarane i SSB er ein del av.