Prop. 1 S

(2019–2020)

8.1 Innleiing og oversikt over relevante tilrådingar

Regjeringa sette våren 2017 ned eit offentleg utval som skulle vurdere tilgang på kapital til næringslivet. Kapitaltilgangsutvalet leverte si utgreiing, NOU 2018: 5 Kapital i omstillingens tid , i mars 2018. Utvalet hadde ei rekkje tilrådingar på Finansdepartementets område, mellom anna om endringar i finansmarknadsreguleringa og skattesystemet. Som omtalt i Finansmarkedsmeldingen 2019 arbeider regjeringa med finansmarknadsreguleringa for å sikre ein velfungerande kapitalmarknad og for å forenkle tilgangen til risikokapital og kompetente investorar. Utvalet sine tilrådingar på skatteområdet er vurderte i ein heilskapleg samanheng saman med resten av skatteopplegget i statsbudsjettet og vert ikkje omtalt nærare her. I det vidare vert oppfølginga av dei mest sentrale tilrådingane, med vekt på finansmarknadsområdet, omtalt.

Privat pensjon

Utvalet foreslo endringar i regelverket på pensjonsområdet for å betre eigenkapitaltilgangen for næringslivet gjennom ei meir effektiv forvalting av pensjonskapital og god informasjon til kundane.

Utvalet foreslo mellom anna meir fleksibilitet for pensjonsleverandørar til å byggje bufferkapital og til ikkje å måtte innfri avkastningsgarantiar på årleg basis. Vidare meinte utvalet at pensjonsspararar som ynskjer det, bør kunne auke risikoen i forvaltinga av pensjonskapitalen i fripolisar. Utvalet foreslo òg at fripoliseinnehavarar kan få betaling for å gå over frå avkastningsgaranti til investeringsval. Utvalet meinte at styresmaktene og bransjen må sørgje for at dei forsikra får tilstrekkeleg informasjon til å kunne ta informerte val om konvertering til fripolisar med investeringsval og om investeringsstrategi og risikoprofil.

Regulering av bankar

Utvalet meinte utforminga av norsk bankregulering, i tillegg til å leggje vekt på finansiell stabilitet, så langt som mogleg bør ta omsyn til konkurranseevna for norske bankar i lokale marknadar. Vidare meinte utvalet at avvik i reguleringar frå praksis i EØS-området bør grunngjevast særskilt.

Obligasjonar med fortrinnsrett

Den norske ordninga med obligasjonar med fortrinnsrett bør ein ifølge utvalet vurdere å endre, slik at den vert meir på line med det som vert praktisert mellom anna i Sverige og Danmark, og slik at det ikkje lenger vert stilt krav om å skilje verksemda ut i eige kredittføretak.

Skuggerating

Utvalet meiner at bortfallet av skuggerating (ei ikkje-offisiell kredittvurdering) var uheldig for tilgangen til obligasjonsmarknaden for mindre utferdarar. Utvalet tilrår at ein greier ut moglege alternativ.

Offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar

Utvalet meiner konsekvensane av offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar, bør greiast nærare ut før det eventuelt vert innført.

Verdipapirisering

Utvalet meiner moglegheit for sikker og gjennomsiktig verdipapirisering kan auke storleiken på obligasjonsmarknaden. Det kan bidra til auka likviditet og kan gjere marknaden meir attraktiv for nye utferdarar. Utvalet meiner Noreg bør følgje regelverksutviklinga i EU og sikre rask og effektiv innføring av reglar om verdipapirisering i Noreg, slik at norske finansføretak og investorar får tilgang til denne moglegheita.

Grøne obligasjonar

Utvalet meiner at utferdarar og tilretteleggjarar av grøne obligasjonar må arbeide saman for å styrkje marknaden for slike verdipapir.

Ny finansiell teknologi

Utvalet meiner norske myndigheiter gjennom regelverksutforming aktivt må leggje til rette for at norske aktørar kan tilby nye finansielle tenester gjennom bruk av ny teknologi, både som tilbydarar og etterspørjarar av kapital. Samstundes må reguleringa ta omsyn til finansiell stabilitet og tryggleik og beskytte rettane til dei som bruker finansielle tenester. Dei regulerande myndigheitene bør ifølgje utvalet styrkje teknologikompetansen. Utviklinga vil òg krevje auka internasjonalt samarbeid om regulering og tilsyn av nye fintech-aktørar og innovative finansielle tenester.

Folkefinansiering

Utvalet meiner regelverket for låneformidlingsplattformer bør klargjerast og at utilsikta hinder for etablering og drift av plattformer både for lån og eigenkapital bør fjernast. Medan ein venter på eit felleseuropeisk regelverk for folkefinansiering meiner utvalet ein bør vurdere å etablere eit norsk regelverk for både låne- og eigenkapitalplattformer. I utforminga av eit eventuelt norsk regelverk meiner utvalet at ein bør sjå hen til våre naboland.

Kredittregister

Utvalet meiner etablering av eit sentralt kredittregister for bedriftslån i Noreg bør greiast ut.

Folketrygdfondet

Utvalet meiner Folketrygdfondet har fått ein relativ storleik på Oslo Børs som over tid kan gjere det meir krevjande å oppnå meiravkastning utover referanseindeksane, og at det kan vurderast å gje Folketrygdfondet eit meir fleksibelt mandat for å unngå at fondet sin posisjon på Oslo Børs vert uforholdsmessig stor.

Statsobligasjonar

Utvalet meiner at Finansdepartementet bør vurdere fordelar og ulemper ved å utferde norske statsobligasjonar med lengre løpetid enn i dag (gjerne opptil 30 år).

8.2 Høyringsmerknadar

Pensjon

Akademikerne, Finansforbundet, Finans Norge, LO, Noregs Bank, Norsk Venturekapitalforening og Verdipapirsentralen meiner ein bør sjå på regulatoriske endringar som legg til rette for ein meir effektiv forvalting av garanterte pensjonsprodukt og for høgare aksjedel, med sikte på høgare forventa avkasting, til dømes gjennom framlegget frå utvalet om fleksibel bufferkapital. Finansforbundet tilrår å vente på tilrådingane frå den arbeidsgruppa Finansdepartementet sette ned på området, før ein tek avgjerder. Verdipapirsentralen stør at meir pensjonskapital skal kunne plasserast i aksjar. Noregs Bank meiner det må stillast krav til dekkjande, relevant og forståeleg informasjon frå pensjonsleverandørane. Oslo Børs og Norsk Venturekapitalforening stør òg tilrådinga om at pensjonssparar bør foreta informerte plasseringsval ut frå investeringsstrategi og risikoprofil.

Næringsforeningen i Trondheims-regionen, Innovasjon Norge og SINTEF stør i hovudsak framlegg som opnar for at pensjonsforvaltarar kan investere meir i unoterte aksjar, tidlegfasesegmentet og gründer- og vekstselskap.

NHO meiner at det må finnast gode standardval hos pensjonsleverandørane. Standardvala bør ta omsyn til behovet for god avkastning på pensjonskapitalen til ein akseptabel pris.

Finanstilsynet viser til at det overordna omsynet i forvaltinga av pensjonsmidlar er at framtidige forpliktingar vert oppfylte. Finanstilsynet viser vidare til at ei arbeidsgruppe vil vurdere endringar i produktregelverket.

Forbrukarrådet meiner at utgreiinga i liten grad synleggjer verknader og risiko for pensjonssparar. Dei åtvarar mot å bruke verdiane til noverande og framtidige pensjonistar for å dekkje samfunnsmessig behov for risikokapital. Dei meiner òg at myndigheitene og bransjen må bidra til at det vert gjeve god informasjon om åtgangen til og konsekvensane av konvertering av fripolisar med garanti til fripolisar med investeringsval.

Regulering av bankar

Bergen Næringsråd, Finans Norge, Finansforbundet, Konkurransetilsynet, Næringsforeningen i Trondheimsregionen, Sparebankforeningen og Sparebanken SMN 1 stør utvalets tilråding om at bankreguleringa bør verte tilpassa reglane som gjeld i EU for å sikre like konkurransevilkår i den norske marknaden.

Sparebankforeningen stør vidare tilrådinga om at effektar av bankregulering vert konsekvensutgreid med omsyn på både gevinstar og kostnadar, både for bankane og for finansieringa av norsk næringsliv. Dei meiner at norsk økonomi og næringsliv er tent med ein desentralisert bankstruktur.

Bergen Næringsråd, Næringsforeningen i Trondheimsregionen og Virke seier i tillegg at dei stør innføring av reduserte kapitalkrav for utlån til små og mellomstore bedrifter (SMB-rabatten).

Sparebanken SMN 1 meiner at tilsynsmyndigheitenes sin bruk av Pilar II-regulering gjev særnorske krav som einsidig rammar norske bankar si evne til å finansiere føretak i distrikta.

Finanstilsynet meiner at omsynet til finansiell stabilitet bør tilleggjast avgjerande vekt ved eventuelle målkonfliktar mellom like konkurransevilkår og finansielle stabilitet.

Obligasjonar med fortrinnsrett

Noregs Bank er einig med utvalet i at det er grunn til å stille spørsmål ved om den spesielle lovpålagte organiseringa av OMF-ordninga (obligasjonar med fortrinnsrett) i eigne kredittføretak, framleis er føremålstenleg. Finans Norge stør utvalet i at regelverket i utgangspunktet burde vore innretta på same måte som i andre europeiske land, og at bankane burde kunne utferde OMF direkte. Bankane er no godt tilpassa norske reglar, og det er høg internasjonal tillit til den norske OMF-modellen. Dei er difor ikkje einig i utvalet si tilråding om ny modell for regulering av OMF og meiner at den vil føre til to ulike ordningar for OMF-utferdingar i Noreg.

Finanstilsynet meiner at spørsmålet om i kva grad bankar bør få utferde OMF på eigen balanse bør vurderast på eit breiare grunnlag enn det utvalet legg opp til.

Skuggerating

Finans Norge, Noregs Rederiforbund og Oslo Børs stør utvalet i at bortfall av skuggerating har vore uheldig for mindre utferdarar sin tilgang til obligasjonsmarknaden og at det må utgreiast moglege alternativ.

Finans Norge viser til at EUs ekspertgruppe for forbetring av marknaden for føretaksobligasjonar har gjeve eit framlegg som kan innebere at skuggerating ikkje vil omfattast i krava i EUs kredittvurderingsbyråforordning. Det kan opne for igjen å gje åtgang til skuggerating. Noreg må ifølge Finans Norge følgje opp ekspertgruppas tilråding.

Finanstilsynet meiner ein bør vente med ei utgreiing til eit seinare tidspunkt ettersom ei ekspertgruppa, nedsett av EU-kommisjonen, har rådd til at EU ser på problemstillingar rundt små utferdarar og kredittratingar.

Offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar

Finanstilsynet og Verdipapirsentralen (VPS) stør utvalets tilråding om at dei samla konsekvensane av offentleg innsyn i kven som eig obligasjonar, bør utgreiast nærare før det eventuelt vert innført. Finans Norge peiker vidare på at det er essensielt at norske reglar ikkje viker frå internasjonal praksis.

Noregs Rederiforbund meiner ein innsynsrett bør greiast vidare ut, med sikte på implementering så raskt som mogleg.

Tax Justice Network Norway, Norsk presseforbund, Norsk journalistlag og Norsk redaktørforening meiner det bør opnast for innsyn i obligasjonseigarskap.

Oslo Børs meiner utferdar bør gjevast rett til å få innsyn i obligasjonseigarskap, så framt det er inntatt reglar om dette i låneavtalen. Utferdarar bør ikkje kunne utlevere eller offentleggjere opplysningane med mindre dette vert regulert av låneavtala. Vidare stør Oslo Børs at innsyn om reelle eigarar hos forvaltar kan vere avtalebasert. I så fall vil utferdar kunne vurdere i kva grad behov for innsyn veg opp for eventuell auke i lånekostnadar. Oslo Børs føretrekkjer ei lovregulering der innsynsrett er avtalebasert framfor lovfesta.

Verdipapirisering

Finans Norge, Næringsforeningen i Trondheimsregionen, Oslo Børs og Verdipapirsentralen (VPS) stør utvalets tilråding om innføring av verdipapirisering i Noreg. Finans Norge meiner at EUs nyleg vedtekne regelsett for verdipapirisering, som korrigerer for svakheiter ved verdipapirisering som vart avdekt under finanskrisa, snarleg bør verte innlemma i EØS-avtalen. Noregs Bank deler óg ynsket om å sikre sikker og transparent verdipapirisering i Noreg.

Tax Justice Norway er kritisk til tilrådinga frå utvalget om å opne for verdipapirisering. Det fryktar at verdipapirisering vil føre til mindre openheit og større moglegheiter for å skjule informasjon om reelle rettshavarar.

Forbrukarrådet går mot tilrådinga og vil åtvare mot at det opnast opp for verdipapirisering i Noreg. Strukturerte produkt og verdipapirisering vil bidra til at risiko vert kamuflert, men ikkje like sjølvsagt redusert.

Grøne obligasjonar

Finans Norge meiner obligasjonsmarknaden bør gjerast « grønare », både gjennom å inkludere klima i prospekt og ordinære obligasjonsutferdingar, og ved å auke utferdingar av grøne obligasjonar. Ved å stille klimakrav i kredittprosessar, vert grunnlaget lagt for auka omfang av grøne obligasjonar.

Forbrukarrådet meiner at grøne obligasjonar kan vurderast som finansieringskjelde for å få fortgang i arbeidet med energiøkonomiseringstiltak av bustader i stor skala.

Ny finansiell teknologi

Finans Norge stør utvalet i at det må leggjast til rette for digital utvikling innan finansområdet gjennom aktiv og bevisst regelverksutforming. Abelia, Finans Norge, Finansforbundet og IKT-Noreg meiner at det er behov for ei såkalla regulatorisk sandkasse for fintech. Finansforbundet og IKT-Noreg meiner i tillegg at reguleringsmyndigheitene bør auke sin kompetanse og forståing av ny finansiell teknologi.

Verdipapirsentralen (VPS) stør utvalet i at det aktivt må leggjast til rette for nye finansielle tenester, samstundes med at omsynet til finansiell stabilitet og sikkerhet vert tatt hand om.

Finanstilsynet viste til at det har etablert eit kontaktpunkt med fintech-aktører.

Folkefinansiering

Akademikerne, Bergen Næringsråd, Finans Norge, IKT-Noreg, NHO, Næringsforeningen i Trondheimsregionen og Virke stør tilrådinga om å tydeleggjere regelverket og leggje til rette for folkefinansiering. Bedriftsforbundet meiner at folkefinansiering er mangelfullt regulert.

Abelia og NHO stør framlegget om å opprette eit eige regelverk for folkefinansiering, medan ein ventar på eit eige EU-regelverk. Finans Norge meiner at det snarast bør setjast i gang eit arbeid for å utvikle eit norsk regelverk for folkefinansiering som samsvarer med og understøttar EUs reglar. Dei meiner det òg bør utviklast harmoniserte reglar på nordisk nivå.

Innovasjon Noreg meiner det er viktig å leggje til rette for nye finansieringsformer, men er samstundes oppteken av at dette bevarer konkurranselikskap, investorskydd og forbrukarvern gjennom eit godt regelverk.

Finanstilsynet meiner at det ikkje er føremålstenleg å lage eit nasjonalt regelverk før ei sams europeisk regulering. EU-kommisjonen fremja 8. mars 2018 EU-regelverk om finansiell folkefinansiering.

Forbrukarrådet er einig i at det er behov for eit betre regelverk på dette området, så lenge forbrukarvernet er ivaretatt. Samstundes meiner det det er viktig å ivareta behovet for openheit og innsyn, og å motverke kvitvasking. Vidare stør Forbrukarrådet tilrådinga om at ein, medan ein venter på ei sams EU-regulering, bør etablere eit nasjonalt, enkelt og overordna regelverk. Forbrukarrådet har i tillegg synspunkt på kva regelverket bør omfatte.

Kredittregister

Finans Norge meiner at eit sentralt kredittregister for bedriftslån i Noreg bør greiast ut, og Finans Norge stiller seg positiv til å bidra i eit slikt utgreiingsarbeid.

Finanstilsynet viser til at Finansdepartementet har nedsett ei arbeidsgruppe med mandat til å utgreie spørsmålet om innføring av AnaCredit i Noreg. AnaCredit er ei mikrobasert database over utlån frå bankane i eurosona, og som er vedteken oppretta av den europeiske sentralbanken. Finanstilsynet tilrår å avvente konklusjonane frå arbeidsgruppa før eventuelt andre utgreiingar om kredittregister vert sette i gang.

Forbrukarrådet stør etablering av eit sentralt kredittregister i Noreg og meiner at myndighetene bør følgje nøye med på det arbeidet som skjer i eurolanda og i Sverige og Danmark på området. Forbrukarrådet ynskjer òg at gjeldsregister (for forbrukarar) som no er oppretta, vert utvida til også å inkludere sikra gjeld, slik at forbrukarane på ein stad kan få ei fullstendig oversikt over eigen gjeldssituasjon.

Statsobligasjonar

Akademikerne og Finans Norge stør tilrådinga frå utvalet om at det bør vurderast å utferde statsobligasjonar med lengre løpetid enn i dag (som er 10 år). Noregs Bank peiker på at ein ev. auke i løpetida på utferda statsobligasjonar utover 10 år krev meir utgreiing.

8.3 Departementets vurdering og oppfølging

Pensjon

Finansdepartementet legg vekt på effektiv kapitalforvalting og god informasjon til dei forsikra i sitt arbeid med privat pensjon. Samstundes er det avgjerande at regelverket er med på å sikre at leverandørane kan innfri sine pensjonsskyldnadar overfor kundane.

Ei arbeidsgruppe har vurdert regelverket for garanterte pensjonsprodukt. Siktemålet har vore å få fram tiltak som er til føremon for kundane. Finanstilsynet har på oppdrag frå Finansdepartementet utarbeidd ei tilråding om endringar og eit høyringsnotat, med utgangspunkt i arbeidsgrupperapporten.

I april 2019 vedtok Stortinget ei ordning med eigen pensjonskonto i innskotsordningar. Ordninga er meint å gje meir effektiv kapitalforvalting og å gje dei forsikra auka moglegheit til å påverke eigen pensjonssparing. I tråd med omtala i Finansmarkedsmeldingen 2019 har Finansdepartementet starta opp eit samarbeid med leverandørar og arbeidslivspartar for å få systemet godt på plass frå starten.

Krav til informasjon følgjer av regelverket for mellom anna investeringsavgjerder, konvertering av fripolisar og val av pensjonsleverandør for eigen pensjonskonto. Departementet meiner informasjonen gjev kundane eit godt grunnlag for å ta val om pensjon.

Regulering av bankar

Utvalet ynskjer auka EØS-harmonisering av bankreguleringa av omsyn til norske bankar sin konkurranseevne i lokale marknadar. Når EØS-innlemminga av EUs kapitalkravsregelverk (CRR/CRD IV) trer i kraft, inneber det at det norske regelverket vert meir på line med regelverka i EU, m.a. ved at det såkalla Basel I-golvet vert fjerna og SMB-rabatten vert innført. Finansdepartementet har sendt på høyring eit framlegg om tilpassingar i kapitalkrava for bankar og andre finansføretak, der eit av måla er likare kapitalkrav for norske og utanlandske bankar si verksemd i Noreg.

Obligasjonar med fortrinnsrett

Dagens OMF-reglar skal i hovudsak sikre investorane sin rett til sikkerheitsmassa. Finansdepartementet har bedt Finanstilsynet om å greie ut korleis eit nytt EU-regelverk om OMF kan verte gjennomført i Noreg. Det norske regelverket tilfredsstiller allereie dei fleste krava, men det vil vere behov for nokre tilpassingar. Finansdepartementet legg opp til at det nye regelverket kan gjennomførast og settast i kraft i Noreg samstundes som i EU. Ein velregulert OMF-marknad er ei viktig kjelde til finansiering for bankane og gjev eit likvid investeringsobjekt for bankane sjølve og for andre investorar.

Skuggerating

Kredittrating er viktig for finansieringsmoglegheiter for mange bedrifter ved at det gjev potensielle investorar informasjon om kredittrisikoen ved investeringane. Offisielle ratingar kan ha ein uforholdsmessig stor kostnad for mindre bedrifter. Det europeiske verdipapir- og marknadstilsynet signaliserte i 2016 at uoffisielle skuggeratingar var i strid med EU-reglane, og meklarhusa og bankane har slutta å tilby dette. Sidan 2016 har ulike ratingbyrå retta seg mot bedrifter i Norden. Departementet vil følgje med på marknadsutviklinga.

Offentleg innsyn

Ei arbeidsgruppe har vurdert behovet for reglar om offentleg innsyn i obligasjonseigarskap. Arbeidsgruppa foreslo at utferdarane kan avtale innsyn i kven som er registrerte eigarar av obligasjonane, og ho drøfta òg å lovfeste innsynsrett. Rapporten har vore på høyring og er no til vurdering i Finansdepartementet.

Verdipapirisering

Ei arbeidsgruppe har vurdert norsk gjennomføring av nye EU-reglar om verdipapirisering og leverte ein rapport til departementet 29. mai 2019. Arbeidsgrupperapporten har nyleg vore på høyring, og Finansdepartementet vurderer no oppfølginga. I arbeidet med verdipapirisering er det sentralt både å ivareta omsynet til risikoen i det finansielle systemet og å bidra til kapitaltilgangen til næringslivet gjennom ein likvid og attraktivt obligasjonsmarknad.

Grøne obligasjonar

Finans Norge delte i sitt « Veikart for grøn konkurransekraft i finansnæringen » frå juni 2018 i stor grad utvalet si vurdering om at utferdarar og dei som legg til rette for grøne obligasjonar, må samarbeide for å styrkje marknadar for slike verdipapir. Finansdepartementet vurderer behovet for regelverksendringar i lys av regelverksutviklinga i EU.

Ny finansiell teknologi

Finansdepartementet vurderer laupande om regelverket på finansmarknadsområdet utilsikta er til hinder for at næringa tek i bruk ny teknologi, eller om verksemd som burde regulerast, fell utanfor regulering og tilsyn.

Finanstilsynet arbeider i tråd med oppdrag frå Finansdepartementet med å etablere ei regulatorisk sandkasse for fintech innan utgangen av 2019. Siktemålet er å auke både tilsynets forståing av nye teknologiske løysingar og innovative verksemder si forståing av regelverket.

Folkefinansiering

Regjeringa arbeider for å leggje til rette for folkefinansiering både gjennom forenklingar for næringa og gjennom å sikre tryggleik for forbrukarar. Finansdepartementet har nyleg fastsett reglar om at utlån gjennom plattformar for lånebasert folkefinansiering ikkje treng konsesjonsplikt på nærare spesifiserte vilkår. Departementet har òg sendt på høyring framlegg til reglar for folkefinansieringsplattformar, utarbeidd av Finanstilsynet, og ei arbeidsgruppe skal i tillegg vurdere regelverket for formidling av lån til forbrukarar gjennom plattformar.

Kredittregister

Ei arbeidsgruppe med Finansdepartementet, SSB, Finanstilsynet og Noregs Bank har allereie vurdert om Noreg bør delta i ei sams kredittdatabase i Den europeiske sentralbanken (ESB), kalla AnaCredit. Arbeidsgruppa kom til at ein heller bør styrkje eksisterande ordningar enn å innføre ny rapportering. Gruppa meinte at AnaCredit-rapportering kan verte aktuelt seinare når databasane har vorte meir etablerte. Finansdepartementet vil i samråd med Noregs Bank, Finanstilsynet og SSB vurdere korleis tilrådingane frå arbeidsgruppa bør følgjast opp.

Folketrygdfondet

Utviklinga i Statens pensjonsfond Noregs (SPNs) eigardelar i selskap på Oslo Børs er generelt avhengig av fleire forhold, mellom anna aksjedelen i fondet, storleiken på delen av den norske verdsskapninga som er børsnotert, noteringsreglane ved Oslo Børs og marknadsverdiutviklinga i einskildselskap. Desse tilhøva kan trekkje i ulike retningar for den framtidige utviklinga i SPNs eigardel på Oslo Børs. Dei siste åra har fondet sin del på om lag 10 pst. av dei tilgjengelege aksjane på børsen, vore relativt stabil. Folketrygdfondet har varsla at det i løpet av 2019 vil kome med ei vurdering av Finansdepartementets mandat for forvaltinga av SPN, mellom anna av utfordringane med dei store eigardelane på Oslo Børs.

Statsobligasjonar

Gjeldsforvaltinga i staten har som mål å dekkje eige lånebehov til lågast moglege kostnadar. Samstundes ynskjer staten å bidra til effektive kapitalmarknader ved å tilby ein samanhengande rentekurve for statsobligasjonar opp til om lag ti år. Å vedlikehalde ei rentekurve opp til 30 år vil krevje 10–20 fleire uteståande obligasjonslån enn i dag. Gitt det relativt låge lånebehovet er det neppe mogleg å oppretthalde ei likvid rentekurve med så mange uteståande lån. Lånestrategien for statsgjelda vert fortlaupande vurdert. Framlegg om å utferde lån med 20 års løpetid har tidlegare vore greia ut av Finansdepartementet, men vart ikkje anbefalt. Noregs Bank har no ansvaret for den operative forvaltinga av statsgjelda og har vurdert at å utferde obligasjonar med løpetid på over 10 år kan auke statens lånekostnadar. Regjeringa vil difor ikkje følgje opp dette framlegget frå utvalet.