Prop. 1 S

(2019–2020)

3.1 Forsvarsdepartementet

2018 var det andre året i langtidsplanen for forsvarssektoren for perioden 2017–2020, jf. Prop. 151 S (2015–2016) «Kampkraft og bærekraft». Forsvarsdepartementet følgde i 2018 opp langtidsplanen i samsvar med vedtak i Stortinget.

Hovudprioriteringane i 2018 var å:

  • auke tilgjenget og uthaldet for dei samla kapabilitetane i Forsvaret,

  • auke satsinga på vedlikehald, anskaffing av reservedelar og oppbygging av beredskapslager,

  • styrkje den operative evna i Hæren, Sjøforsvaret og Heimevernet,

  • styrkje anskaffingane i forsvarssektoren og særskilt arbeidet med, hovudleveransen av nye kampfly, med baseløysing,

  • gjennomføre NATO-øvinga Trident Juncture 2018 på ein god måte,

  • styrkje evna til å bidra til IKT-tryggleik på tvers av samfunnssektorane og

  • føre vidare satsinga på utdanningsreforma i Forsvaret.

Operativ evne

Den gjeldande tryggingspolitiske situasjonen har kravd auka merksemd når det gjeld operativ evne og beredskap. Satsinga på å styrkje den operativ evna og gjere dei samla kapabilitetane i Forsvaret meir tilgjengelege og uthaldande har halde fram i 2018. Krava til kor raskt Forsvaret skal kunne vere klar, blir skjerpa gradvis, og også i 2018 har fleire einingar betra reaksjonstida si. Utfordringane i Forsvaret krev merksemd på lang sikt for å oppnå den nødvendige operative evna og beredskapen. Satsinga på å ta att etterslepet på vedlikehald, reservedelar og oppbygging av beredskapslager har gitt resultat, og ein forventar at den positive utviklinga skal halde fram også neste år. Større vekt på totalforsvaret har òg bidrege til å betre den operative evna til Forsvaret. Felt- og kommandoplassøvinga Trident Juncture /Polaris Gram gav eit godt øvingsutbyte for norske og allierte styrkar, og for sivile styresmakter og aktørar innanfor ramma av totalforsvaret.

Samarbeidet i NATO

NATO si evne til kollektivt forsvar og avskrekking er viktig for at alliansen skal kunne halde oppe truverdet og forsvarsevna. Arbeidet med denne langsiktige tilpassinga av alliansen blei ført vidare i 2018, der toppmøtet i juni blei ein viktig milestolpe. Spørsmålet om byrdefordeling og arbeidet med å tilpasse alliansen til ein ny tryggingspolitisk situasjon stod høgt på dagsordenen.

Noreg har saman med fleire allierte tidlegare teke initiativ til ein gjennomgang av kommandostrukturen i alliansen. Under toppmøtet blei allierte samde om den overordna strukturen. Som ein del av dette blei det oppretta nye operative hovudkvarter i Norfolk i USA og Ulm i Tyskland, med mellom anna ansvaret for forsvaret av Nord-Atlanterhavet og sjøverts forsyningslinjer mellom Nord-Amerika og Europa, og for underhald og samvirke internt i Europa. Utviklinga av kommandostrukturen skjer parallelt med at ein legg meir vekt på det maritime domenet. Under toppmøtet blei det òg teke avgjerder som vil bidra til å styrkje reaksjonsevna og forsterkingsevna til alliansen. Noreg har vore ein aktiv pådrivar på fleire av desse områda.

Byrdefordeling blei eit viktig tema også i 2018. Utviklinga hos dei fleste europeiske allierte går i rett retning. Kvar alliert vil leggje fram nasjonale planar for arbeidet med å innfri NATO si to-prosentmålsetjing. Regjeringa står ved målet om å bevege seg i retning av to pst. av brutto nasjonalprodukt (BNP) til forsvarsformål innan 2024. Arbeidet med neste langtidsplan har som ein premiss at regjeringa tek sikte på å bevege seg ytterlegare i retning av to-prosentmålet. Dette skal gjerast gjennom auke i dei årlege budsjetta.

NATO si rolle i sør stod også i 2018 høgt på dagsordenen. På toppmøtet blei det mellom anna vedteke at NATO skulle opprette ein ikkje-stridande treningsmisjon til Irak. Misjonen blei avgrensa til kapasitetsbygging og reform av tryggleikssektoren. Medlemmene i alliansen blei òg samde om å byrje medlemskapsforhandlingar med Makedonia.

Arbeidet med å auke NATO sitt forsvar mot digitale truslar blei følgt opp ved at alle medlemslanda for andre gong rapporterte til NATO om oppfølginga av cybererklæringa frå toppmøtet i 2016, NATO Cyber Defence Pledge. Sjå òg omtalen av forsvar mot digitale truslar under.

Nordisk samarbeid

Det nordiske forsvarssamarbeidet, Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO) blei vidareutvikla og styrkt i 2018. Eit meir likt tryggingspolitisk utsyn har ført til ein tettare dialog og meir samarbeid, mellom anna gjennom trening og øving og i samband med internasjonale operasjonar.

Det nordiske samarbeidet om militære kapabilitetar har som føremål å styrkje nasjonal kapasitet og kompetanse, betre ressursutnyttinga og betre evna til samverknad mellom forsvaret i dei nordiske landa. Noreg hadde formannskapet i NORDEFCO i 2018 og leverte gode resultat på fleire område.

I november 2018 blei ein ny visjon med tilhøyrande handlingsplan fram mot 2025 signert. Her blir det slått fast at dei nordiske landa skal «samarbeide i fred, krise og konflikt». Den tilhøyrande handlingsplanen gir konkrete mål når det gjeld samarbeid om øving og trening, utvikling av kapabilitetar, totalforsvarssamarbeid, samarbeid med aktørar utanfor Norden, og samarbeid om logistikk og materiell. Under det norske formannskapet blei den tryggings- og forsvarspolitiske dialogen styrkt, og ein gjennomførte fleire samarbeidsprosjekt. Døme på slike er prosjekt knytte til autonome og ubemanna system og til romdomenet (space). Noreg vidareførte det nordiske samarbeidsprosjektet om felles kjøp av feltuniformer. Dei nordiske luftsjefane signerte òg ein teknisk avtale knytt til utveksling av radardata for å betre luftovervakinga i Norden.

Over 13 000 nordiske soldatar deltok i NATO-øvinga Trident Juncture 2018 i Noreg. Luftbasar, luftrom og vegar over heile Norden blei brukte under øvinga. Dette blei gjort mogleg gjennom samarbeid innanfor militær mobilitet og såkalla « easy access », som forenklar flytting av styrkar og materiell på tvers av landegrensene. Kampflytrening i nord heldt fram mellom Noreg, Finland og Sverige, og det går føre seg arbeid for å vidareutvikle den store luftforsvarsøvinga Arctic Challenge Exercise (ACE).

Dei nordiske landa har delteke i FN-operasjonane i Mali. Dette er eit godt døme på verdien av det nordiske samarbeidet. Dei nordiske landa har spelt ei sentral rolle i den norsk-initierte rotasjonsordninga for transportflykapasitet til FN-operasjonen i Mali, som framleis held fram. Det nordiske samarbeidet med dei baltiske landa gjennom Nordic-Baltic Assistance Program (NBAP) heldt fram også i 2018 med gode resultat. Dei baltiske landa deltok saman med dei nordiske landa i kapasitetsbygging i Georgia.

Også det bilaterale samarbeidet i Norden blei utvikla vidare i 2018. Til dømes blei ein avtale om framtidig bilateralt samarbeid med Finland signert i Kirkenes i september 2018. Siktemålet med denne avtalen er å utvikle samarbeidet om interoperabilitet, materiell, kapabilitetar, opplæring og øving, og forsvar mot digitale truslar.

Samarbeid med Russland

Grunna Russland si folkerettsstridige annektering av Krim og destabiliseringa i Aust-Ukraina har Noreg halde ved lag suspensjonen av det bilaterale militære samarbeidet med Russland. Samstundes har regjeringa vidareført samvirket med Russland på område som er vesentlege for tryggleiken til havs og for stabiliteten i nord. I 2018 blei det difor samarbeidd om kystvakt, grensevakt og søk og redning, og dialogen mellom dei operative hovudkvartera til Forsvaret og den russiske Nordflåten blei halden ved lag. Noreg heldt òg fram med konsultasjonane med russisk side om oppdatering av avtalen Incidents at Sea (INCSEA). Forsvarsdepartementet vedtok i 2018 å gjennomføre møte med det russiske forsvarsministeriet på embetsnivå, for første gong sidan den folkerettsstridige annekteringa av Krim. Dette blir vurdert som eit viktig verkemiddel for å halde ved like dialogen i ein utfordrande tryggingspolitisk situasjon, og for å unngå misforståingar og eskalering.

Bi- og multilateralt tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid med nære allierte

Fleirnasjonalt tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid, mellom anna om nye kapabilitetar og om å auke evna til operativt samvirke, er prioritert. Det blei i 2018 gjennomført bilaterale besøk og møte på fleire nivå mellom Noreg og våre næraste allierte, især USA, Storbritannia, Tyskland, Nederland og Frankrike. Særleg gav NATO-øvinga Trident Juncture ei nyttig ramme for å diskutere tema av felles interesse mellom forsvarsministrane i dei ulike landa som gjesta Noreg hausten 2018. Besøka understrekar kor viktig det er med tette relasjonar til sentrale allierte, og er med på å støtte opp under norsk tryggings- og forsvarspolitikk.

Samarbeidet med vår viktigaste allierte, USA, blei ført vidare, og innanfor tryggingspolitikken ser norske styresmakter nye høve til å styrkje tryggleiken, basert på felles verdiar og interesser. Det førte mellom anna til at det mangeårige øvings- og treningssamarbeidet med USA blei vidareutvikla gjennom ei fleirårig vidareføring av den rotasjonsbaserte øvinga og treninga i Noreg for det amerikanske marineinfanteriet. Dette er ein del av arbeidet med å leggje betre til rette for mottak av allierte styrkar i Noreg og føre vidare dialogen med USA om eventuelle infrastrukturinvesteringar i kommande år innanfor ramma av European Deterrence Initiative (EDI). Dette er ei utvikling vi ønskjer og som Noreg har oppmoda til, og som vil vere eit viktig supplement til NATO-samarbeidet.

Dei bilaterale kontaktane med andre nære allierte, mellom dei Storbritannia, Nederland, Tyskland og Frankrike, medverka òg til å synleggjere høve til samarbeid innanfor tryggingspolitikk, operativ verksemd og militære kapabilitetar. Slikt samarbeid blir òg søkt vidareutvikla i trilaterale format mellom Noreg, USA og Storbritannia, der det gir særleg meirverdi for Noreg.

Noreg samarbeider med andre land også i ei rad regionale forum, inkludert det nordiske samarbeidet innanfor NORDEFCO, den tysk-leidde Framework Nations Concept -gruppa (FNC) og initiativet til Storbritannia for eit fleirnasjonalt operativt samarbeid i den såkalla Joint Expeditionary Force (JEF). I tillegg er det nordeuropeiske forumet Northern Group ein god arena for tryggingspolitiske konsultasjonar og deling av informasjon. I 2018 var Noreg mellom anna vert for forsvarsministermøte i ramma av NORDEFCO, nordisk-baltisk samarbeid og Northern Group .

Personellområdet

Reforma knytt til personell og kompetanse for forsvarssektoren blei også i prioritert 2018. Oppfølging av kompetansereforma, jf. Meld. St. 14 (2012–2013), er ei strategisk satsing som blei følgd opp i 2018 som i 2017.

I samsvar med HR-strategien for forsvarssektoren var styringa av Forsvaret på HR-området i 2018 knytt til satsingsområda leiing, kompetanse og kultur for kontinuerleg forbetring.

Ordninga for militært tilsette, som Stortinget vedtok innført frå 1. januar 2016, jf. Innst. 355 L (2014–2015) og Innst. 336 S (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015), blei òg prioritert i 2018. Det er arbeidd vidare med å implementere ordninga og vidareutvikle ein militær stillingsstruktur som legg til rette for nye personellkategoriar. Målet med ordninga er å etablere ein balansert personell- og kompetansestruktur som vil medverke til å styrkje den operative evna til Forsvaret.

Som del av arbeidet med oppfølginga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) blei det sett i gang ein full gjennomgang av utdanningsverksemda i Forsvaret. I 2018 blei det arbeidd vidare med utdanningsreforma, med mål om å tilpasse utdanningsverksemda til nye personell- og kompetansebehov. Nye utdanningsløp for master- og bachelorstudentar byrja sommaren 2018 under ein ny felles høgskule i Forsvaret.

Det har i 2018 òg blitt fokusert på at den operative strukturen skal styrkjast til fordel for stillingar i stab, støtteapparat og administrasjon. Dette har vore krevjande for både organisasjonen og personellet, og det er difor lagt vekt på personellomstilling og målretta personelltiltak.

I tråd med vidareutviklinga av landmakta blir det lagt opp til ei ny innretning av verneplikta og førstegongstenesta i Hæren, mellom anna auka differensiering av lengda på førstegongstenesta. Dei mest kompetansekrevjande stillingane vil få 16 månaders teneste.

Arbeidet med å implementere allmenn verneplikt var i godt gjenge i 2018, og det blir arbeidd med å utvikle personlege klede og utrusting.

Fleire av dei militært tilsette har særaldersgrense på 60 år. I tråd med pensjonsavtalen mellom partane i arbeidslivet skal ei eventuell endring i særaldersgrensene i Forsvaret sjåast i samanheng med pågåande endringar i det offentlege pensjonssystemet og komme etter at desse endringane er vedtekne.

Effektivisering

I tråd med regjeringa sitt program for effektivisering gjennomfører Forsvarsdepartementet eit kontinuerleg arbeid for å betre og effektivisere arbeidsoppgåver og arbeidsprosessar i forsvarssektoren.

3.2 Økonomiske rammer

Stortinget vedtok ei utgiftsramme for forsvarsbudsjettet for 2018 på 54 945,2 mill. kroner, jf. Innst. 7 S (2017–2018) til Prop. 1 S (2017–2018).

Dette var ein nominell auke på 3,7 mrd. kroner frå Prop. 1 S (2016–2017), i hovudsak knytt til styrking i tråd med langtidsplanen og NATO-øvinga Trident Juncture . Det blei gitt ein auke i løyvinga til trening, øving og aktivitet og til styrking av vedlikehald, anskaffing av reservedelar og oppbygging av beredskapslagra. Det blei òg tilført midlar til å etablere eit berekraftig vedlikehaldsnivå i tråd med føresetnaden i langtidsplanen. Investeringsdelen av budsjettet blei òg vesentleg styrkt, både på eigedomar, bygg og anleggsida og på materiellsida, med til saman 2,4 mrd. kroner.

Endringar i løyvinga gjennom året er vist i tabell 3.1. Ut over desse endringane hadde forsvarssektoren til disposisjon overførte midlar frå 2017 på til saman 1 572,2 mill. kroner.

Tabell 3.1 Endringar i løyvinga for 2018

+/-

Innstilling

Proposisjon

(i 1000 kr)

+

Innst. 400 S (2017–2018)

Prop. 85 S (2017–2018) «Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2018»

317 922

+

Innst. 407 S (2017–2018)

Prop. 96 S (2017–2018) «Endringar i statsbudsjettet 2018 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2018 m.m.)»

420 036

+

Innst. 112 S (2018–2019)

Prop. 16 S (2018–2019) «Endringar i statsbudsjettet 2018 under Forsvarsdepartementet»

1 142 193

=

Rammeauke

1 880 151

3.3 Måloppnåing i Forsvaret

Leveransar

Leveransekravet til Forsvaret er gitt frå Regjeringa og Stortinget som ni oppgåver, fordelt på beredskap for krise og krig, fredsoperative oppgåver og krisehandtering nasjonalt og internasjonalt. Oppgåvene har vore stabile over tid, noko som gir eit godt bilete av utviklinga dei siste åra. Samstundes har dei tryggingspolitiske rammevilkåra endra seg. Dei gjeldande krava til Forsvaret når det gjeld krise og krig møtte ikkje den gjeldande tryggingspolitiske situasjonen godt nok. Forsvaret har heller ikkje fullt ut vore i stand til å møte dei krava som er sette med omsyn til beredskap for alvorleg krise og væpna konflikt. Beredskap handlar om å vere klar til rett tid, på rett stad og med rett kapasitet. Krava til kor raskt Forsvaret skal kunne vere klar, blir skjerpa gradvis, og også i 2018 har fleire einingar betra reaksjonstida. Betring i reaksjonsevna er avhengig av mellom anna treningsnivå, beredskapslager, materiellberedskap, personell og planverk. I tillegg er støttestrukturen, som logistikk, sanitet og IKT, avgjerande for at Forsvaret samstundes skal kunne byggje opp styrkar. Trass i at krava til beredskap blei ytterlegare skjerpa i 2018, blir det også i år rapportert om framgang i utviklinga av operativ evne på fleire område. Ein ser no eit varig resultat av satsinga på å ta att etterslepet på vedlikehald, reservedelar og reservedelar og beredskapslager, i tillegg til at det er høgare oppfyllingsgrad av personell og eit høgare treningsnivå. Ein forventar at den positive utviklinga skal halde fram også neste år, og at den operative evna blir ytterlegare forbetra. Sjølv om Forsvaret framleis har nokre utfordringar med dei mest krevjande oppgåvene, er det viktig å poengtere at Forsvaret leverte særs godt når det gjeld dei oppgåvene som ikkje krev omfattande og samtidig oppbygging av styrkar.

Tabell 3.2 Utvikling av operativ evne 2016–2018

Oppgåvene til Forsvaret

Forsvarsdepartementet si vurdering av operativ evne 2016

Forsvarsdepartementet si vurdering av operativ evne 2017

Forsvarsdepartementet si vurdering av operativ evne 2018

Utgjere ein krigsførebyggjande terskel med basis i NATO-medlemskap

Mindre god

Mindre god

Mindre god

Forsvare Noreg og allierte mot alvorlege truslar, anslag og åtak innanfor ramma av NATOs kollektive forsvar

Mindre god

Mindre god

Mindre god

Hindre og handtere episodar og tryggingspolitiske kriser med nasjonale ressursar, inkludert leggje til rette for alliert engasjement om nødvendig

Mindre god i det øvre krisespekteret, mykje god i det lågare krisespekteret

Mindre god i det øvre krisespekteret, mykje god i det lågare krisespekteret

Mindre god i det øvre krisespekteret, mykje god i det lågare krisespekteret

Sikre eit nasjonalt avgjerdsgrunnlag gjennom tidsmessig overvaking og etterretning

God

God

God

Hevde norsk suverenitet og suverene rettar

God

God

God

Utøve mynde på avgrensa område

God

God

God

Delta i fleirnasjonal krisehandtering, inkludert fredsstøttande operasjonar

Mykje god

Mykje god

Mykje god

Bidra til internasjonalt samarbeid på det forsvars- og tryggingspolitiske området

God

God

God

Bidra til å vareta samfunnstryggleik og andre sentrale samfunnsoppgåver

Mykje god

Mykje god

Mykje god

Forsvarsdepartementet si vurdering av den operative evna i 2018 var i samsvar med forsvarssjefen si vurdering. Generelt er Forsvaret si evne til å løyse oppgåver knytt til handtering av alvorlege kriser og kollektivt forsvar mindre god. Det går for seg tiltak og materiellinvesteringer som tek tid, og prognosane framover er framleis positive. Evna til å løyse fredsoperative oppgåver er god, og evna til å løyse oppgåver knytte til krisehandtering nasjonalt og internasjonalt i den lågare delen av krisespekteret er mykje god.

Operasjonar og dagleg verksemd nasjonalt

Forsvaret løyser daglege nasjonale operasjonar, slik som grensevakt, kongevakt, kystvakt, overvaking og hevding av suverenitet. Grensevakta løyste også gjennom heile 2018 vakthald og Schengen-oppgåver i tett samarbeid med politiet. Kongevakta løyste òg sine oppgåver i samarbeid med politiet. Kystvakta har levert 99,8 pst. av dei patruljedøgna som det var stilt krav om for 2018. Det blei gjennomført 1 423 fiskeriinspeksjonar og 2 836 oppdrag på vegner av andre styresmakter og samarbeidande etatar. Innfasinga av NH90 er stadig forseinka og gir framleis Kystvakta dårlegare kapasitet enn planlagt. Det blei gjennomført færre tokt med maritime patruljefly i 2018 samanlikna med 2017. Som vist til i Prop. 1 S (2017–2018), er dette eit resultat av aldrande materiell og mangel på reservedelar, i tillegg til lav bemanning. Dette, saman med innføringa av nytt maritimt patruljefly (P-8), vil òg utfordre kapasiteten til å halde oppe aktivitetsnivået i åra som kjem. Norsk luftrom blei overvakt av ei luftradarkjede, og ved 55 tilfelle blei kampfly i beredskap sende opp for å identifisere flygingar nær norsk luftrom.

Dei kontinuerlege nasjonale operasjonane er ein sentral del av norsk tryggingspolitikk, og Forsvaret har også i 2018 løyst oppgåvene på ein god måte.

Figur 3.1 Utvikling i øvingar i Hæren (øvingsdøgn)

Figur 3.1 Utvikling i øvingar i Hæren (øvingsdøgn)

Hæren

I all hovudsak har Hæren i 2018 gjennomført aktivitet som planlagt. I 2018 var NATO-øvinga Trident Juncture hovudaktiviteten for heile Forsvaret. Øvinga testa Forsvaret sine planar og evna til å operere saman med allierte på norsk jord, samstundes som det blei øvd på evna til å ta imot og understøtte store allierte forsterkingar. Under øvinga hausta Hæren mange verdifulle erfaringar som dei tek med seg i arbeidet med å vidareutvikle landmakta. Vidare har Hæren gjennomført verdifull øving og trening saman med allierte og partnarland også ut over Trident Juncture , både i inn- og utland. Hæren har òg bidrege i fleire internasjonale operasjonar gjennom heile 2018.

Hærens kampluftvern blei oppretta på nytt i 2018, og opptrappinga av avdelinga og kapasiteten vil bli gjennomført dei næraste åra. Den fysiske etableringa av Jegerkompaniet ved Garnisonen i Sør-Varanger og av leiinga til Finnmark landforsvar (FLF) ved Garnisonen i Porsanger blei påbyrja. Dette er eit ledd i regjeringa si satsing på at Forsvaret skal vere meir til stades i nordområda.

Forsvarets spesialstyrkar

Forsvarets spesialstyrkar (FS) har halde oppe si gode operative evne gjennom heile året. Beredskap og øving har også i 2018 vore tilfredsstillande. FS sitt bidrag til internasjonale operasjonar er ein viktig del av det totale bidraget frå Forsvaret, og det er ein kapasitet som er høgt verdsett av Noreg sine allierte.

Figur 3.2 Utvikling i segling i Sjøforsvaret (seglingsdøgn)

Figur 3.2 Utvikling i segling i Sjøforsvaret (seglingsdøgn)

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvaret sin aktivitet i Nord-Noreg (seglingsdøgn)

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvaret sin aktivitet i Nord-Noreg (seglingsdøgn)

Sjøforsvaret (Marinen og Kystvakta)

Aktivitetsnivået i Kystvakta var i 2018 i samsvar med planen. Kystvakta er ein vesentleg støtteressurs til det sivile samfunnet, med oppgåver innanfor mellom anna ressurskontroll og fiskeri- og miljøoppsyn. For Marinen førte forseinkinga av overleveringa av KNM Maud til at talet på seglingsdøgn blei noko lågare enn fastsett i planen. For dei andre einingane i Marinen blei aktiviteten i hovudsak som planlagt. Havariet av fregatten KNM Helge Ingstad påverkar den operative evna til Sjøforvaret og Forsvaret. Det er enno ikkje avklart kva konsekvensar dette vil få på sikt, og kva tiltak ein må setje i verk. Sjøforsvaret har halde fram arbeidet med å omdisponere personell for å auke talet på operative besetningar.

Figur 3.4 Utvikling i aktiviteten i Luftforsvaret

Figur 3.4 Utvikling i aktiviteten i Luftforsvaret

Luftforsvaret

Aktiviteten i Luftforsvaret har vore lågare enn planlagt i 2018. Årsaka er i hovudsak aldrande materiell med utfordrande delesituasjon, i tillegg til lav bemanning i visse personellkategoriar. Dette er ei utfordring som vil vare ved fram til nytt materiell er fasa inn. I 2018 har innføring av nye system, som F-35, NH90 og AW101, kravd mykje ressursar. Samstundes har Luftforsvaret halde oppe kontinuerleg NATO-beredskap med F-16, og saman med patruljering med dei maritime patruljeflya har Luftforsvaret medverka til viktig overvaking og etterretning. Luftforsvaret sine Sea King- og Bell-helikopter har gjennom heile 2018 stått i kontinuerleg beredskap til støtte for redningstenesta, politiet og Forsvaret sine eigne styrkar.

Figur 3.5 Utvikling i trening i Heimevernet

Figur 3.5 Utvikling i trening i Heimevernet

Heimevernet

Heimevernet har kort reaksjonstid og er ein landsdekkjande ressurs. Einingane i Heimevernet har, i tillegg til å stå i beredskap for krise og krig, ytt bistand til sivilsamfunnet i leiteaksjonar og ved ulykker og naturhendingar. HV-distrikta utgjorde òg eit viktig element i gjennomføringa av NATO- øvinga Trident Juncture i 2018.

Heimevernet har øvd som føresett i 2018. Områdestrukturen i Heimevernet trener og øver etter ein treårig modell, «2+1-modellen». Denne modellen inneber at mannskapa trener i fire dagar to år på rad, medan spesialistar og befal trener i seks dagar to år på rad. Det tredje året trener berre spesialistar og befal i fem dagar. Frå 2019 vil aktivitetsnivået auke for områdestrukturen. Modellen sikrar ei god og praktisk tilnærming til målet om at 62 pst. av områdestrukturen skal øve årleg.

Målsetjinga er at 90 pst. av innsatsstyrkane skal trene og øve kvart år, med 15 dagar for mannskap og 20 dagar for befalet. Nokre utvalde troppar trener meir.

Heimevernet har i 2018 arbeidd med å følgje opp Riksrevisjonen si undersøking av objektsikring. Dette har mellom anna omfatta arbeid med å vidareutvikle samarbeidet med fylkesmennene og politiet, i tillegg til at det er gjennomført øvingar for objektsikring og arbeidd med objektplanar.

Øving og trening, òg med allierte

Det var i 2018 svært stor øvingsaktivitet både for Forsvarets operative hovudkvarter og for land-, luft- og sjøstyrkane. Nivået av utanlandske besøk for trening og øving på norsk territorium var høgt. Forsvaret har auka samvirket med dei allierte styrkane i Noreg etter kvart som desse styrkane har flytta ut av Åsegarden leir, i tråd med avgjerslene i gjeldande langtidsplan.

Øvingsverksemda tok utgangspunkt i den operative statusen for styrkane våre og dei oppdraga dei skal løyse. Styrkar som stod i beredskap for episodar og kriser som kunne dukke opp, i tillegg til styrkebidrag til operasjonar i utlandet, fekk høgaste prioritet. Samstundes var det nødvendig med trening og øving av kommandostrukturen, med fokus på evne til å planleggje og leie operasjonar. Det blei øvd på den nasjonale evna til krisehandtering og hevding av suverenitet, og det var ei styrking av øvingssamarbeidet med sivile instansar og styresmakter, særleg med politiet. Trenings- og øvingsaktiviteten blei stort sett gjennomført i samsvar med planen for verksemda gjennom året.

Forsvarets største øving i 2018 var felt- og kommandoplassøvinga Trident Juncture /Polaris Gram. Øvinga gav eit godt øvingsutbyte for norske og allierte styrkar, men òg for sivile styresmakter og aktørar innanfor ramma av totalforsvaret. Samstundes viste øvinga alliansesolidaritet og NATO si evne til å flytte store styrkar i lufta, på havet og til lands for øve på kollektivt forsvar av medlemslanda. Heimevernet gjennomførte ei rad øvingar på regionalt og lokalt nivå saman med politiet og sivile styresmakter.

Forsvar mot digitale truslar

Dagens situasjonsbilete og tryggingspolitiske utfordringar stiller nokså store krav til den evna Forsvaret har til å verje seg mot digitale truslar. Cyberforsvaret og Etterretningstenesta blei styrkt i 2018, mellom anna for å bidra til å møte dei auka utfordringane på desse områda.

Cyberforsvaret har vidareført arbeidet med å vidareutvikle IKT-infrastrukturen for å gi Forsvaret evne til å leie og samverke i eit fellesoperativt perspektiv. Målet er å styrkje evna til å understøtte Forsvarets operasjonar og alliert mottak. Cyberforsvaret har òg vore sentralt for å verne Forsvaret sin eigen informasjonsinfrastruktur.

Gitt dagens situasjonsbilete og tryggingspolitiske utfordringar er Etterretningstenesta eit viktig instrument for å forstå utfordringar i det digitale rommet. Etterretningstenesta har gjort eit omfattande arbeid med dette i 2018.

Felles cyberkoordineringssenter er leidd av Nasjonalt tryggingsorgan, og består elles av personell frå Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Kripos. Senteret bidreg til å styrkje evna til å avdekkje og handtere dei mest alvorlege digitale åtaka. Koordineringssenteret er eit samlokalisert fagmiljø, men ikkje eit eige organ med eige avgjerdsmynde.

Arbeidet med forsvar mot digitale truslar i NATO

I 2018 rapporterte Noreg, saman med dei andre medlemslanda, for andre gong om Cybererklæringa, som blei vedteken av dei allierte stats- og regjeringssjefane under toppmøtet i Warszawa i juli 2016. Dei NATO-allierte har styrkt sitt forsvar mot digitale truslar på ei rad område, og vil i tida framover samarbeide om erfaringslæring og kompetansebygging på tvers av landa.

Noreg har i 2018 halde fram arbeidet med å styrkje samarbeidet med det NATO-akkrediterte Cooperative Cyber Defence Centre of Excellence (CCD COE). I eit samarbeid mellom Forsvarsdepartementet, Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har Noreg søkt om medlemskap i CCD COE. Som vist til i Prop. 60 S (2018–2019), vil Noreg vere representert ved senteret frå 2019. Dette forsterka samarbeidet er med på å underbyggje Noreg si evne til forsvar mot digitale truslar og betrar samarbeidet med sentrale NATO-land og partnarar på dette området.

Revisjon av planverk

Forsvaret si evne til å vareta oppgåvene ved krise og væpna konflikt er mellom anna avhengig av oppdaterte og relevante planverk. Å halde planverket oppdatert er eit kontinuerleg arbeid som også avdekkjer utfordringar knytte til beredskap og operative behov. Forsvaret gjorde i 2017 eit omfattande arbeid med å revidere det nasjonale planverket. Planverket blei samordna med NATO sin reviderte forsvarsplan for våre område, som blei godkjend i 2017. Dette har resultert i forsvarssjefen sin strategi Arctic Guard , som blei godkjend i mars 2018. Parallelt med dette arbeidet er også forsvarsplanar for operasjonelt og taktisk nivå blitt reviderte, og det komplette reviderte planverket blei sett i kraft frå juli 2018.

Bidrag til tryggings- og forsvarspolitisk forsking

Forsking og utvikling innanfor tryggings- og forsvarspolitikk var i 2018 retta inn mot fleire område: truslar frå/mot rommet (space), utviklinga knytt til Russland, nordområda og høgreekstrem innverknad på russisk politikk, europeisk tryggingspolitikk etter Brexit og utviklinga i Asia/Stillehavet, med særleg merksemd på Nord-Korea. Andre aktuelle FoU-aktivitetar var forsking på Tyrkia og landet sitt forhold til Russland og NATO og Kystvakta som tryggingspolitisk verktøy.

Kapasitetsbygging

Forsvarsdepartementet støttar ei rad land i utviklinga av forsvarssektorane deira. Vekta ligg på å setje desse landa i stand til å ha god demokratisk kontroll over sine væpna styrkar og å modernisere styrkane slik at dei blir i stand til å tryggje eige land og ta del i fleirnasjonale fredsoperasjonar.

I 2018 støtta FD slik verksemd i land på Vest-Balkan (Bosnia-Hercegovina, Makedonia, Montenegro og Serbia), i Svartehavsområdet (Georgia, Ukraina) og i Aust-Afrika, der FD støtta utvikling av den regionale fleirnasjonale militærstyrken East Africa Standby Force (EASF). Tiltaka omfattar modernisering av militære skular og lærestader i landa, støtte til regionalt militærfagleg samarbeid, som fjernopplæring og sanitet, og støtte til tiltak for å leggje til rette for kvinner i dei væpna styrkane i landa. Tiltaka dannar òg grunnlag for regelmessige samtalar med landa på politisk nivå og på embetsnivå. Dette er til god nytte og gir Forsvarsdepartementet god forståing av sentrale tryggingspolitiske trekk i landa og i regionane dei ligg i. Slike samtalar er òg viktige for å motivere landa til å knyte seg til vestleg tryggingssamarbeid innanfor ramma av FN og NATO. Samla utgifter for verksemda i 2018 var om lag 16 mill. kroner.

Forsvarets støtte til samfunnstryggleik

Arbeidet med å vidareutvikle Forsvarets evne til å støtte sivile styresmakter i arbeidet med å vareta samfunnstryggleik har halde fram i 2018. Forsvarets operative evne har hatt ei positiv utvikling, og det verkar òg inn på evna til å støtte sivile beredskapsaktørar. Samla sett har Forsvarets evne til å bidra til samfunnstryggleik vore mykje god i 2018.

Forsvaret har i 2018 delteke i søk- og redningsaksjonar, og har gitt bistand etter førespurnad frå politiet og andre sivile styresmakter i samband med ulykker, naturkatastrofar og andre fredstidskriser. Forsvaret har ytt viktig støtte gjennom mellom anna Kystvakta, Heimevernet og Luftforsvarets fly og helikopter til søkje- og redningstenesta og på området eksplosivrydding. Kontraterrorberedskapen blei òg vareteken i 2018, medrekna beredskapen mot maritime terroraksjonar mot skip i kystnære farvatn. Beredskapen for Bell-helikoptera på Rygge og Bardufoss blei vidareført med klartid på éin time for å kunne gi rask bistand til politiet.

Forsvarets bistand til politiet blei handtert i samsvar med den nye bistandsinstruksen som kom i 2017. Denne instruksen har ført til ei enklare handsaming av førespurnader frå politiet om bistand frå Forsvaret.

Det blei gjennomført ei rad samvirkeøvingar mellom Forsvaret og sivile styresmakter. Øvinga Trident Juncture 2018 førte til at ein fokuserte på gjensidige sivil-militære forpliktingar til støtte og samarbeid innanfor totalforsvaret. Øvinga Gemini blei gjennomført for å auke evna til å handtere kontraterror for både Forsvaret og politiet. Det blei i tillegg gjennomført ei rad samvirkeøvingar mellom Forsvaret og politiet på regionalt og lokalt nivå, mellom anna i regi av Heimevernet og lokale politistyresmakter.

Vern mot kjemiske, biologiske, radiologiske og nukleære middel og mot eksplosiv (CBRNE-vern)

2018 har vore eit godt og aktivt år for CBRNE-vern i forsvarssektoren. Fleire store materiellprosjekt har fått gjennomføringsordre eller nærmar seg fullføring. Norske CBRN-spesialistar på øving med skarpe kjemiske og radioaktive stridsmiddel i Canada blei vurderte til å levere betre resultat enn spesialistar frå OPCW ( Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons ). Dette viser at kompetansenivået i Forsvaret er svært høgt. Høgdepunktet var likevel øvinga Trident Juncture . NATOs CBRN-innsatsstyrke Very High Readiness Joint Task Force (VJTF) CBRN deltok, med Forsvarets ABC-skule som vertskap. Det blei gjennomført samøving mellom NATO-innsatsstyrken, ABC-skulen, naudetatane, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (Statens strålevern i 2018), Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Forsvarets forskingsinstitutt, Sivilforsvaret og fleire andre etatar og organisasjonar i totalforsvaret. Øvinga blei òg samordna med Nasjonal helseberedskapsøving, og den til no største CBRNE-øvinga i Noreg blei gjennomført på Elverum 5. og 6. november med aktørar frå heile totalforvaret. Alle desse aktivitetane er også direkte leveransar i Nasjonal strategi for CBRN-vern. Det er likevel framleis utfordringar knytte til at talet på CBRNE-personell i Forsvaret er svært lågt.

Forsvarets forskingsinstitutt blei i januar 2018 formalisert som nasjonalt CBRE-beredskapslaboratorium, med beredskapstelefon open 24 timar i døgnet alle dagar i veka, etter avtale mellom Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Forsvarets forskingsinstitutt. Avtalen varer førebels til 31. desember 2020, og skal evaluerast før han går ut. I 2018 blei beredskapstelefonen kontakta i samband med CBRE-hendingar i om lag 60 tilfelle, og laboratoriet tok imot prøver til undersøking knytte til åtte av desse hendingane.

Forsvaret har gjennom året vidareført nasjonal beredskap for akutt handsaming av eksplosiv.

Norske styrkar i utlandet

I samband med koalisjonsoperasjonen mot ISIL ( Operation Inherent Resolve ) bidrog Noreg i 2018 med kapasitetsbygging av dei irakiske tryggingsstyrkane. Hovudstyrken har primært utført trening og rådgiving av irakiske tryggingsstyrkar i Anbar-provinsen.

I operasjon Resolute Support Mission (RSM) i Afghanistan var hovudinnsatsen til Noreg i 2018 framleis spesialstyrkebidraget til støtte for den afghanske spesialpolitieininga Crisis Response Unit (CRU 222) i Kabul og støtte til den afghanske General Command of Police Special Units (GCPSU).

Noreg hadde eit avgrensa bidrag frå Hæren i NATOs framskotne nærvær i Litauen ( Enhanced Forward Presence ) i 2018.

Noregs hovudbidrag til FN var i 2018 ei vidareføring av transportflyordninga til United Nations Multidimensional Integrated and Stabilisation Mission in Mali (MINUSMA). I tillegg drifta Noreg leiren for denne styrken og andre einingar forlagde på Bamako flyplass.

Noreg har òg stilt med personell i United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO) og i Multinational Force and Observers (MFO) i Midtausten, og i United Nations Mission in South-Sudan (UNMISS).

Forsvaret hadde òg militært personell i Kosovo Force (KFOR) i Kosovo, i NATO Headquarters in Sarajevo (NATO HQ Sarajevo) i Bosnia-Herzegovina, i Combined Maritime Forces (CMF) i Bahrain og ved NATO Shipping Centre (NSC) i Northwood i England.

Dei ståande reaksjonsstyrkane til NATO

Noreg hadde kapasitetar frå Hæren og Sjøforsvaret i beredskap for NATO sine reaksjonsstyrkar (NRF) i 2018. Noreg deltok òg i dei ståande maritime styrkane til NATO Standing Naval Maritime Group1 (SNMG1) og den ståande mineryddingsstyrken Standing Naval Mine Countermeasures Maritime Group1 (SNMCMG1).

3.4 Økonomi

Planperioden 2017–2020 har som målsetjing å betre tilgjenge og uthald ved å auke vedlikehaldet, skaffe reservedelar og oppbygging av beredskapslager. Vidare skal auka trening og bemanning prioriterast, samstundes som det skal investerast i nye og framtidsretta strategiske kapasitetar. Planen byggjer på ein auke i løyvingane til langtidsplantiltak med om lag 8 mrd. kroner i 2020 samanlikna med referansenivået i 2016, som låg til grunn for planarbeidet. For gjennomføringsåret 2018 blei styrkinga på 2 033 mill. kroner. Kostnadseffektivitet og rasjonell drift er òg ein føresetnad for å nå målsetjingane i perioden. Å skaffe nye kampfly med baseløysing og vidareutvikling av JSM trinn 3 blei gjennomført med ei mellombels styrking på 4 846,9 mill. kroner i 2018. Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 119,3 mil. kroner for 2018. Overført løyving frå 2017 aukar den disponible løyvinga med 1 572,2 mill. kroner. Rekneskapen viser ei samla mindreutgift på 1 452,8 mill. kroner samanlikna med den disponible løyvinga. På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 631,2 mill. kroner. Det er overført til saman 2 012,8 mill. kroner til 2019 på postar merkte «kan overførast» og på vanlege driftspostar. Dette er ein netto auke på 441 mill. kroner, som for ein stor del skriv seg frå framdrifta i store anskaffingsprosjekt, inkludert kampflykjøpet med baseløysing, og frå andre aktivitetar der utbetalinga først skjer i 2019.

3.5 Interne prosessar

Forsvarleg forvalting og styring av verksemda

Forsvarleg forvalting og styring av verksemda er ein føresetnad for forbetring i forsvarssektoren. Dette arbeidet har høg merksemd i styringsdialogen Forsvarsdepartementet har med dei underlagde verksemdene, og i styringa internt i verksemdene. Det omfattande og langsiktige arbeidet med å forbetre styringa og forvaltinga av tildelte ressursar blei ført vidare i 2018, og «Styring og kontroll» er eit av måla i langtidsplanen for forsvarssektoren 2017–2020.

Det er ein uttalt ambisjon for forsvarssektoren å unngå merknader frå Riksrevisjonen. Dette krev forbetring på område der det er avdekt veikskapar, men òg tiltak for å unngå feil i framtida. Forsvaret har sett i verk ei rad tiltak etter at Riksrevisjonen ikkje kunne konkludere om rekneskapen for 2016. Arbeidet har gitt tydelege forbetringar, men for 2017 og 2018 har Riksrevisjonen gitt ein konklusjon med atterhald. Forsvaret fikk merknader til rekneskapen også i 2018. Etaten heldt fram arbeidet med å utvikle periodisert rekneskap vidare. Forsvaret arbeider òg målretta med å leggje til rette for god oppgåveløysing gjennom systematisk oppbygging av kompetanse og rutinar for og etterleving av intern kontroll. Forsvarsdepartementet er nøgd med den positive utviklinga, men vil framleis følgje opp rekneskapane til Forsvaret.

Organisasjon og styrkestruktur

Arbeidet med å implementere og modernisere forsvarsstrukturen har i stor grad følgt planen.

Leiingselementet i Finnmark landforsvar blei etablert på Porsangmoen med ein prosjektorganisasjon i august 2018.

I 2018 har personell og materiell blitt tilført Jegerkompaniet ved Garnisonen i Sør-Varanger. Jegerkompaniet, som blei etablert i 2017, blir stegvis bygd opp fram mot 2020, og vil vere operativt innan 2022.

Innføring av kampluftvern til Artilleribataljonen tok til i 2018.

I 2018 var leveransen av kampvogna CV90 til Hæren nesten fullført. Dei siste vognene blei overleverte i april 2019. Totalt 144 nye kampvogner var då tilførte Hæren.

Aktivitetsnivået i Marinen og Kystvakta blei halde oppe i 2018, både totalt og i nordområda. Kystvakta har i all hovudsak segla etter planen, og yter ein vesentleg bistand til det sivile samfunnet, mellom anna gjennom ressurskontroll og fiskeri- og miljøoppsyn. Nytt logistikkfartøy blei levert hausten 2018. Kystvakta og Marinen gjennomfører pålagde oppdrag med auka nærvær i Nord-Noreg. På grunn av avgrensa tilgang til maritime helikopter (NH90) er den operative evna til ytre kystvakt og fregattar redusert.

Fregatten KNM Helge Ingstad havarerte 8. november 2018. Havariet kjem til å påverke Forsvaret si operative evne, leveransar og beredskap.

Omstillinga av Luftforsvaret heldt fram, og seks F-35-kampfly blei mottekne. Ved utgangen av 2018 var ni fly stasjonerte på Ørland, samstundes som Noreg hadde sju fly stasjonerte i USA for opplæringsføremål. Leveranse og innfasing av NH90 er nokså mykje forseinka, noko som har hatt konsekvensar for Marinen og Kystvakta si evne til å løyse sine oppgåver.

I Heimevernet er to innsatsstyrkar frå høvesvis HV-16 og HV-08 øyremerkte for innsats i Finnmark. Innsatsstyrkane og områdestrukturen vidareutvikla kapasiteten, slik at dei, saman med hæravdelingane i Finnmark, gir eit mest mogleg heilskapleg og samansett verkesystem.

Cyberforsvaret styrkte evna til å støtte opp under Forsvaret sine operasjonar heime og ute gjennom 2018 ved å stille krav til, etablere, drifte og verne informasjonsinfrastrukturen i Forsvaret. IKT blei nytta som eit verkemiddel for å betre samhandlinga i Forsvaret sine operasjonar og effektivisere styrkeproduksjon og forvalting i forsvarssektoren. Cyberforsvaret prioriterte oppgåver som berre kan løysast av Forsvaret, i tillegg til å vidareutvikle IKT som samhandlar med NATO.

Forsvarets sanitet vil halde fram med å utvikle ROLE-2-kapasiteten, slik at den blir beredskapsklar i samsvar med planen.

Forbetring og effektivisering

Det blei i 2018 både vidareført og sett i verk nye tiltak i forsvarssektoren for å styrkje evna til kontinuerleg forbetring og effektivisering. Tiltak for å heve kompetansen når det gjeld forbetring og effektivisering, både i FD og i verksemdene, blei vidareført.

Måla i langtidsplanen knytte til forbetring og effektivisering er å realisere gevinstar for om lag 1,8 mrd. 2017-kroner innan utgangen av 2020. Samla for etatane i forsvarssektoren er status god ved utgangen av 2018, men Forsvaret rapporterer dei vil ha utfordringar med å nå måla ved utgangen av perioden.

Materiellanskaffingar

Materiellanskaffingar i Forsvaret skal medverke til å tilpasse den framtidige strukturen til oppgåver og utfordringar og betre den eksisterande strukturen der det er nødvendig. Omfanget av og framdrifta i anskaffingane blir tilpassa dei gjeldande økonomiske rammene og strukturplanane, og tilhøve på leverandørsida.

Status og framdrift i dei einskilde materiellprosjekta, som er godkjende av Stortinget med ei total kostnadsramme på over 500 mill. kroner (kategori 1), er omtalte under prosjekta i del I, 4. Investeringer.

Forsvarsmateriell brukte tildelte midlar i hovudsak som planlagt i 2018. Samla sett blir den overordna tilstanden i materiellporteføljen vurdert som tilfredsstillande. Det er overlevert fleire store leveransar til Forsvaret: 14 kampvogner, logistikk- og støttefartøyet KNM Maud, seks F-35 og fem NH90-helikoptera. Ved utgangen av året var talet på materiellsikkerhetspåbod og meldte avvik frå Forsvarets materielltilsyn svært lavt. Det er fortsatt utfordringar knytte til nokre materiellsystem. Forsvarsmateriell bidro som føresett til effektiviseringa av materielldrifta i Forsvaret i 2018.

Situasjonen for NH90-prosjektet gir framleis utfordringar. Ulykka med fregatten KNM Helge Ingstad har vore krevjande for Forsvarsmateriell, som heile tida har støtta Forsvaret og hatt eit særleg ansvar for å leie sikringa av fartøyet, hevinga og berginga av utstyr.

Dei største utbetalingane i 2018, utanom nye kampfly, knytte seg til CV90-kampvogner til Hæren, NH90-helikopter, eit nytt logistikk- og støttefartøy og nytt ytre kystvaktfartøy til Sjøforsvaret.

Det er inngått 13 kontraktar på over 200 mill. kroner for framtidige leveransar, til ein samla verdi på om lag 10 mrd. kroner. Nye kystvaktfartøy utgjer den klart største delen, med ein verdi på 5 mrd. kroner.

Forsvarsmateriell har for å sikre omsetning og realisering av leveransar vurdert og sett i gang ei rad tiltak på område der det er avvik. Mellom anna har Forsvarsmateriell framleis merksemd retta mot arbeidet med å produsere grunnlagsdokument og effektivisere investeringsverksemda, spesielt innanfor informasjonsstrukturporteføljen (INI-porteføljen). Det er ei forsterka oppfølging av NH90 i linja. Vidare er ein oppteken av å betre bruken av Forsvarets felles integrerte forvaltingssystem (FIF 3.0), også i tilknyting til oppfølging av tiltak knytte til verksemdrekneskapen.

Stortinget har slutta seg til leveranseplanen for hovudanskaffinga av kampfly med baseløysing, jf. Innst. 489 S (2012–2013) til Prop. 136 S (2012–2013). I tråd med denne planen fekk Noreg ytterlegare seks F-35-kampfly leverte i 2018. I tillegg blei det levert nødvendig utstyr og våpen for å støtte Forsvaret sine aktivitetar og førebuinga til første operative evne (IOC). Alle flya blei leverte til kampflybasen på Ørland, der det ved slutten av året hadde komme ni F-35-fly.

2018 var prega av operativ testing av flya og trening av flygarar og støttemannskap. Utdanningsverksemda for teknikarar blei som planlagt flytta til Noreg, og flygarutdanninga heldt fram i USA.

Slipptestane på det norske missilet Joint Strike Missile (JSM) blei fullførte med vellykka resultat våren 2018. Den resterande delen av utviklinga av missilet (trinn 3) blei i hovudsak ferdigstilt, men enkelte teknologiområde i missilet vil bli oppdaterte i perioden fram til fullført integrasjon på F-35. Det blei inngått kontrakt på ei nødvendig mengd testmissil som skal nyttast når det fleirnasjonale programkontoret gjennomfører sjølve integrasjonen på flyet.

Prosjektet for nye ubåtar fekk i oktober 2018 levert det bindande tilbodet frå leverandøren av dei nye ubåtane, Thyssenkrupp Marine Systems. Dette markerte starten på evalueringsfasen, som varte ut året og inn i 2019.

Planlegging av fleire luftvernprosjekt blei starta opp i 2018, mellom anna prosjekt for langtrekkjande luftvern og områdeluftvern. Leveransar av NASAMS III heldt fram i 2018.

Forsvarsdepartementet starta i 2018 opp to program på informasjonsinfrastrukturområdet (INI-området). Program for taktisk informasjonsinfrastruktur, kalla Mime-programmet, skal sikre framskaffing og realisering av ein modernisert og framtidsretta taktisk informasjonsinfrastruktur som dekkjer noverande og framtidige operative behov for kommando og kontroll. Programmet skal ha fokus på «kampnær IKT» til bruk på taktisk nivå i Forsvaret. Program for militær bruk av sky-tenester, kalla MAST-programmet, skal sikre framskaffing og realisering av ei modernisert og framtidsretta sikker IKT-plattform basert på sky-teknologi. Programmet skal leggje til rette for tenester som blir nytta av alle i forsvarssektoren, og programmet vil vere viktig for å digitalisere, forbetre og effektivisere verksemda.

Nybygg og nyanlegg

Forsvarsbygg ferdigstilte 19 investeringsprosjekt i 2018, mellom anna nye befalsforlegningar i Rusta leir, vedlikehaldsbygg for nye kampfly og nye forlegningar for befal og verva mannskap på Ørland.

I 2018 blei forprosjekt for bygg og anlegg til maritime patruljefly (MPA) levert til ekstern kvalitetssikring. Det blei òg utarbeidd statleg reguleringsplan for Evenes. Forprosjekt for infrastruktur og vedlikehaldsfasilitetar for dei nye ubåtane på Haakonsvern er òg utarbeidd.

Forsvarsbygg har støtta dei andre verksemdene i forsvarssektoren med å vareta krava i tryggingslova om sikring av skjermingsverdige objekt. Forsvarsbygg har prioritert sikring av skjermingsverdige objekt og har i 2018 arbeidd strukturert for å imøtekomme dei krava Forsvarsdepartementet har fastsett.

I 2018 blei sju prosjekt, som alle bidreg til å redusere bruken av fossil fyringsolje, avslutta.

Forsvarsbygg har også i 2018 vore svært opptekne av å leggje til rette for allmenn verneplikt innanfor tildelte rammer. Tildelte rammer resulterte i tilfredsstillande fasilitetar ved fire stader.

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

Frå NATOs fellesfinansierte investeringsprogram for tryggleik (NSIP) tok Noreg imot om lag 250 mill. kroner i 2018. Desse fellesfinansieringane er primært knytte til prosjekt for mottak av alliert støtte i krise og krig, som det ikkje kan forventast at nasjonen åleine skal koste. Det største enkelttilskotet i 2018 var for forlenginga av rullebana på Ørland, og var på om lag 190 mill. kroner.

Fellesanskaffinga til NATO av luftkommandosystemet Air Command and Control System (ACCS), mellom anna til Air Control Center Recognised Air Picture Production Center Sensor Fusion Post (ARS) Sørreisa, har slite med fleire forseinkingar og problem med programvaredelen. Til liks med fleire andre allierte har Noreg difor avgjort at ein vil vente med å ta systemet i operativ bruk.

Avhending av overskotsmateriell

Forsvaret avhenda i 2018 materiell ved sal for om lag 21,5 mill. kroner. Beløpet inkluderer mellom anna inntekter frå sal av skrapmetall, og dessutan vrakpant. I tillegg blei det, der dette var tenleg, avhenda noko materiell ved vederlagsfrie overføringar.

Industrielt og internasjonalt samarbeid om materiell

I samband med anskaffingar til Forsvaret har Forsvarsdepartementet ført vidare ein aktiv politikk for industrisamarbeid med leverandørar og offentlege verksemder nasjonalt og internasjonalt. Dette er nødvendig mellom anna for å vareta nasjonale omsyn til tryggingssinteresser. Næringslivet tok del i alt frå kompliserte og integrerte prosessar til levering av enklare materiell, varer og tenester.

Hovudmålet med regjeringa sin politikk på dette området er å vareta nasjonale omsyn til tryggingsinteresser ved å halde ved lag og vidareutvikle ein internasjonalt konkurransedyktig norsk forsvarsindustri. Regjeringa sin strategi blei presentert for Stortinget i Meld. St. 9 (2015–2016) «Nasjonal forsvarsindustriell strategi». Eit viktig verkemiddel i arbeidet til regjeringa er å sikre eit godt samarbeid mellom forsvarssektoren og forsvarsindustrien basert på dei behova forsvarssektoren har for kostnadseffektive leveransar av materiell og tenester. Eit av dei berande prinsippa i samarbeidet er tidleg dialog mellom aktørane og regjeringa har difor lagt stor vekt på å etablere vel fungerande møteplassar. Godt samarbeid mellom aktørane er også viktig i førebuingane til framtidige anskaffingar mellom anna nye ubåtar og luftromssensorar.

Internasjonalt samarbeid er eit viktig verkemiddel for å skaffe materiell til Forsvaret. Bi- og multilateralt samarbeid gir positive politiske, militære, industrielle og økonomiske gevinstar og bidreg til å styrkje anna forsvarssamarbeid med nære allierte og partnarar. Noreg har eit utstrekt samarbeid om materiell med fleire land, både innanfor og utanfor NATO. Samarbeidet i 2018 har vore prega av dei pågåande anskaffingane av hovudmateriell til Luftforsvaret og Sjøforsvaret.

Aerospace Industrial Maintenance AS

I samband med Stortinget si behandling av omdanninga av AIM Norway AS til aksjeselskap i 2016 fekk regjeringa fullmakt til å redusere statens eigardel i selskapet med inntil 50 pst., eventuelt 100 pst. dersom kjøparen har ein statleg eigardel på minimum 50 pst.

Forsvarsdepartementet inngjekk 13. desember 2018 ein avtale om sal av aksjane i AIM Norway AS med KDA, som er eit dotterselskap av Kongsberg Gruppen ASA. Salet er eit viktig tiltak for å styrkje og sikre Noregs beredskap til å understøtte Forsvarets militære luftsystemer, og dermed heilt i tråd med Meld. St. 9 (2015–2016) «Nasjonal forsvarsindustriell strategi». Kongsberg vil, som ein robust industriell aktør, kunne vidareutvikle selskapet og bidra til å gjere AIM Norway AS meir konkurransedyktig nasjonalt og styrkje selskapet også internasjonalt. Gjennom salet tek vi òg vare på den vidare etableringa av eit motordepot for vedlikehald av F135-motorar, som føresett. Denne etableringa vil setje selskapet i ein god posisjon for framtidig satsing inn mot F-35-programmet, jf. Prop. 61 S (2018–2019) «Salg av Aerospace Industrial Maintenance Norway AS til Kongsberg Defence & Aerospace AS».

3.6 Menneske, læring og utvikling

Haldningar, etikk og leiing

Arbeidet med haldningar, etikk og leiing (HEL) blei ført vidare i 2018. Arbeidet byggjer på verdigrunnlaga for forsvarssektoren og for kvar verksemd, lokale tiltaksplanar og formelle oppdrag frå Forsvarsdepartementet. Målet er å integrere HEL-perspektivet i den daglege drifta. Det blei gjennomført tiltak som dilemmatrening, leiartrening og faglege samlingar ved lokale einingar i Forsvaret, med fokus på etiske utfordringar.

Det blei i 2018 arbeidd vidare med å finne målbare indikatorar for effekten av HEL-arbeidet. Det blir nytta spørjeundersøkingar til dette.

Etisk råd for forsvarssektoren hadde i 2018 særleg merksemd retta mot etiske og juridiske sider ved totalforsvaret og etiske spørsmål knytte til vern av kulturminne i væpna konflikt. Rådet har òg levert høyringsutkast til ny lov om Etterretningstenesta og utarbeidd nye nettsider for rådet. Rådet har skrive artiklar og halde foredrag både i sektoren og for eit breiare publikum. Rådet har bidrege til etikkundervising for forsvarssektoren og for departementet.

Senter for integritet i forsvarssektoren heldt fram som NATO sitt kompetansesenter og som fagleg leverandør av kurs og seminar på området integritetsbygging og anti-korrupsjonsarbeid. Senteret har forsterka innsatsen nasjonalt. Samarbeidsprosjekta i Søraust-Europa og Ukraina har elles stått sentralt i 2018.

Mobbing og seksuell trakassering

Mobbing og seksuell trakassering fekk mykje merksemd i 2018. Forsvaret gjennomførte ei spørjeundersøking blant alle tilsette og vernepliktige i førstegongsteneste for å kartleggje omfanget av mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret. Undersøkinga blei utvikla av Forsvaret i samarbeid med Forsvarets forskingsinstitutt og Forsvarsdepartementet, og blei gjennomført første gongen i 2018.

Undersøkinga tyder på at både menn og kvinner opplever mobbing og seksuell trakassering, men at kvinner, vernepliktige i førstegongsteneste og yngre tilsette er særleg utsette. Undersøkinga tyder òg på at Forsvaret ikkje har hatt god nok oversikt over omfanget av mobbing og seksuell trakassering, og at ikkje alle varslar om kritikkverdige forhold eller melder ulovlege forhold til politiet.

Omfanget av mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret er gjennom fleire år blitt kartlagt gjennom Forsvarets medarbeidarundersøking og Vernepliktundersøkinga. Siktemålet med den nye undersøkinga er å ytterlegare fokusere på årsakene til mobbing og seksuell trakassering. Målet er å leggje til rette for betre og meir målretta tiltak for å handtere og førebyggje mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret.

Forsvaret har sett i verk fleire tiltak for å følgje opp resultata frå undersøkinga. Siktemålet med tiltaka er å forsterke arbeidet med å motverke og førebyggje mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret. Forsvaret vil mellom anna revidere og samle interne regelverk i eit overordna direktiv. Forsvaret vil òg gjennomgå og forbetre systema for varsling, kvalitetssikre utdanningar på områda haldning, etikk og leiing, og tydeleggjere leiaransvaret i varslingssaker. Forsvarsdepartementet følgjer opp arbeidet gjennom rapporteringskrav til Forsvaret.

Veteranar

Regjeringa vedtok i 2017 å forlengje oppfølgingsplanen «I tjeneste for Norge» med to år, fram til utgangen av 2019. Det omfattande arbeidet regjeringa gjer for å anerkjenne, følgje opp og vareta personell før, under og etter teneste i utlandet heldt fram i 2018. Samarbeidet mellom Forsvarsdepartementet og dei seks andre departementa som er omfatta av samarbeidet om tiltaka i oppfølgingsplanen, heldt fram også i 2018. Oppfølgingsplanen legg vekt på å auke kompetansen og betre samhandlinga i det sivile tenesteapparatet. Blant dei viktige tiltaka er ei oppmoding til kommunane om å etablere lokale handlingplanar for veteranar. Arbeidet med å etablere kommunale handlingsplanar blei styrkt i 2018, mykje takk vere den nye rolla fylkesmennene har fått i veteranpolitikken.

Veteranar frå den andre verdskrigen og personell som har gjort teneste i internasjonale operasjonar, blei også i 2018 heidra og anerkjende under regjeringa si markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai på Akershus festning. Medlemmer av regjeringa deltok også ved ei rad lokale arrangement rundt om i landet.

I 2018 blei veterankonferansen gjennomført på Lillehammer, med kommunale veteranplanar som sentralt tema.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS)

Forsvarets hovudarbeidsmiljøutval vedtek årleg Forsvarets handlingsplan for helse-, miljø- og sikkerheit. Denne handlingsplan har følgjande hovudområde: Forsvarets verneteneste, medrekna Forsvarets hovudarbeidsmiljøutval, Forsvarets bedriftshelseteneste, HMS i Forsvarets felles integrerte forvaltingssystem (FIF 3.0), HMS-revisjon, IA og sjukefråværsførebyggjande arbeid, Forsvarets leiar- og medarbeidarundersøking, rusførebyggjande arbeid, sjølvmordsførebyggjande arbeid og HMS-kompetanse.

Forsvarets hovudarbeidsmiljøutval er det øvste nivået i Forsvarets vernestruktur. I 2018 blei det arbeidt med å vidareutvikle ein vel fungerande verneorganisasjon med lokale arbeidsmiljøutval og verneombod.

Forsvaret arbeider systematisk med å førebyggje ikkje ønska hendingar. Forsvaret har etablert ein HMS-modul i FIF, som systemunderstøtte innan risiko- og hendingshandtering.

HMS-arbeidet i Forsvaret blir følgt opp ved revisjonar ved utvalde einingar.

Forsvaret legger vekt på å ha eit inkluderande arbeidsliv med lågt sjukefråvere, og har i mange år vore IA-verksemd.

HMS er integrert i fellesfaga i grunnleggjande befalsutdanning. HMS-grunnkurs er obligatorisk for linjeleiarar, HMS-forvaltarar/rådgivarar, verneombod og arbeidsmiljøutval-medlemmer. Det blir kontinuerleg gjennomført kurs og opplæring innan HMS.

Personellstruktur

Ved utgangen av 2018 hadde Forsvaret 15 849 årsverk. Det var ein nedgang på om lag 25 årsverk i høve til 2017. Forsvarssektoren hadde totalt 19 940 årsverk ved utgangen av 2018.

Figur 3.6 Utvikling i talet på årsverk i Forsvaret, gjennomsnitt for året

Figur 3.6 Utvikling i talet på årsverk i Forsvaret, gjennomsnitt for året

Innføring av ordninga for militært tilsette starta i 2016, og vil halde fram dei kommande åra. Om lag 5 500 militært tilsette, som svarer til om lag 46 pst., var ved utgangen av 2018 spesialistar i den nye ordninga. Det er 500 fleire enn i 2017. Arbeidet med å auke prosentdelen spesialiststillingar opp mot målet på om lag 70 pst. vil halde fram i planperioden. I 2018 blei det lagt vekt på vidare innføring av ordninga for militært tilsette. Det er òg utvikla nye utdanningsløp både for offiserar og for spesialistar. Mellom anna innførte alle krigsskulane ny utdanningsmodell sommaren 2018.

Kvinnedelen totalt blant militært tilsette var 12,5 pst. i 2018, ein auke på 0,9 prosentpoeng frå året før. Kvinnedelen blant sivilt tilsette var 33,2 pst. i 2018, om lag det same som året før. Kvinnedelen samla sett var 18,2 pst., som er ein auke på 0,8 prosentpoeng. i høve til 2017. Innanfor dei nye personellkategoriane for miltært tilsette er kvinnedelen på 11 pst. for offiserar og 16,6 pst. for spesialistar. På dei to høgaste nivåa for spesialistar, kommandérsersjant/orlogsmeister og sersjantmajor/flaggemeister, var det i 2018 5,8 pst. kvinner. Det var ingen kvinner tilsette i dei fem stillingane som finst på dei to høgaste offisersnivåa; generalløytnant/viseadmiral og general/admiral.

I grunnleggjande befalsutdanning, inkludert befalskurs, var kvinnedelen i 2018 på om lag 20 pst. Dette er tal baserte på den tidlegare utdanningsmodellen, som blei avslutta sommaren 2018. I grunnleggjande offisersutdanning, inkludert grunnleggjande offiserspåbygging, var kvinnedelen i 2018 på om lag 17 pst., samanlikna med 20,7 pst. året før.

Mangfald

Forsvaret treng eit mangfald i samansetjinga av personell. Ettersom førstegongstenesta er grunnlag for rekruttering til utdanning og vidare teneste i Forsvaret, legg ein vekt på mangfald i seleksjon til førstegongstenesta. Målet er at seleksjon til førstegongstenesta skal spegle samfunnet vårt når det gjeld geografisk tilhøyrsle, bakgrunn, kompetanse og kjønn. Innrettinga av seleksjonen til førstegongstenesta blir utvikla med dette som mål.

Innføringa av allmenn verneplikt heldt fram. Kvinnedelen blant dei som møtte til teneste i 2018 var 26,3 pst. Året før var kvinnedelen 25,3 pst. Høgare prosentdel kvinner i Forsvaret er eit viktig bidrag til at Forsvaret skal få det mangfaldet det treng.

Kvinner, fred og tryggleik

Handlingsplanen for kvinner, fred og sikkerhet 2015–2018 gjekk inn i sitt siste år i 2018. Samstundes blei det arbeidd med å skrive ein ny handlingsplan for 2019–2022. Oppdrag til Forsvaret i samband med planen blei førte vidare i 2018. Forsvaret har mellom anna arbeidd med å følgje opp at eit kjønnsperspektiv blir integrert i det nasjonale planverket for operasjonar. Vidare sette ei arbeidsgruppe nytt fokus på auka rekruttering av kvinner til Forsvaret ved å fremje ei rad tiltak.

Auka kvinnedel i operative einingar og i styrkebidrag til internasjonale operasjonar er eit av satsingsområda i handlingsplanen. Kvinnedelen i styrkebidrag var 10,5 pst. i 2018, mot 9,3 pst. i 2017. Blant dei norske offiserane som gjorde teneste i FN-operasjonar ved slutten av 2018 var 26,3 pst. kvinner. Pilotprosjektet med kvinnelege jegerar i Forsvarets spesialstyrkar blei ført vidare i 2018, og er forlengd til 2019. Målet er å få fleire kvinner inn i krevjande operativ teneste.

Spesialistkompetansen ved Forsvarets høgskule knytt til handlingsplanen blei ført vidare i 2018. Dette kompetansemiljøet bidrog til den nye handlingsplanen, og arbeidde vidare med ei handbok for bruk i FN-operasjonar for å møte og hindre seksualisert vald i krig og konflikt.

Særaldersgrense

Regjeringa vil gå igjennom alle særaldersgrenser for å vurdere om det er tenleg å halde dei ved lag. Fleire av dei militært tilsette har særaldersgrense på 60 år. Som del av oppfølginga av Innst. 384 S (2012–2013) til Meld. St. 14 (2012–2013) og Innst. 335 L (2014–2015) til Prop. 111 LS (2014–2015) gjennomførte Forsvarsdepartementet ei omfattande utgreiing, med forskingsstøtte frå Forsvarets forskingsinstitutt, om behovet for særaldersgrenser og ulike alternativ til dagens modell. Forsvarsdepartementet kom fram til at det framleis er behov for ein arbeidsgivarstyrt avgangsmekanisme i dei øvre alderskategoriane, med plikt til å fråtre etter ein gitt alder. Forsvarsdepartementet kom i utgreiinga like fullt fram til at det er eit handlingsrom for alternative løysingar til dagens modell. I tråd med pensjonsavtalen mellom partane i arbeidslivet skal ei eventuell endring av særaldersgrensene i Forsvaret sjåast i samanheng med endringar i det offentlege pensjonssystemet.

Verneplikt

1. januar 2015 tredde lovendringane om allmenn verneplikt i kraft. Verneplikt omfattar dermed både kvinner og menn fødde 1. januar 1997 eller seinare. Det første innrykket der dei verneplikte møtte etter at allmenn verneplikt tredde i kraft, var ved sommarinnrykket i 2016. Arbeidet med å innføre allmenn verneplikt i Forsvaret har halde fram i 2018.

Forsvaret har ein grundig seleksjonsprosess for å velje ut personar til førstegongsteneste, og det er behovet til Forsvaret som styrer kor mange som blir kalla inn. Årleg hentar Forsvaret inn og behandlar personopplysningar frå om lag 60 000 kvinner og menn. Om lag 22 000 møter til sesjon, og mellom 8 000 og 10 000 blir kalla inn til førstegongsteneste. Det er om lag 15 pst. av årskullet.

I 2018 møtte totalt 8 682 personar til førstegongsteneste, og 2 284 av dei var kvinner. Dette gav ein kvinnedel på 26,3 pst., noko som var ein auke frå 25,3 pst. i året før.

I tråd med den vidare utviklinga av Hæren og Heimevernet blir det lagt opp til ei ny innretning av verneplikta og førstegongstenesta i Hæren, mellom anna med auka differensieringa av lengda på førstegongstenesta. Dei mest kompetansekrevjande stillingane vil få 16 månaders teneste.

Det blei arbeidd vidare med å betre tilgangen på uniformer og personleg utrusting i rett utforming og storleik til dei vernepliktige. Tilpassing av kasernar for å ta imot fleire kvinner til førstegongstenesta heldt òg fram.

Forsvaret er den største lærebedrifta i Noreg, med 40 ulike lærefag. I 2018 var det 491 lærlingar, ein nedgang på 13,6 pst. frå året før. 23,6 pst. av lærlingane var kvinner. Dei aller fleste lærlingar som går opp til fagprøve, består prøva.

Vernepliktsundersøkinga

Vernepliktsundersøkinga for 2018 hadde ein svarprosent på 36. Av dei som svarte trivst 83 pst. av kvinnene og 82 pst. av mennene ganske eller svært godt i Forsvaret. Om førstegongstenesta hadde vore frivillig svarte 82 pst. at dei kanskje eller heilt klart ville ha gjennomført tenesta. Nesten ingen er negativt instilt til kjønnsblanda rom. Kvinnene som bur på kjønnsblanda rom er dei mest positive. Vidare ønskjer kvinner i større grad enn menn å søkje seg til vidare utdanning i Forsvaret, 64 pst. kvinner og 54 pst. menn. Menn er meir positive til å ta verva teneste, der 74 pst. svara at dei kunne tenkje seg dette mot for 56 pst. av kvinnene. Det store fleirtalet av dei vernepliktige oppfattar Forsvaret som ein open og inkluderande organisasjon. Oppslutninga om verneplikten og tilliten til Forsvaret er fortsatt stor blant dei tenestgjerande.

Forsking og utvikling (FoU)

FoU-aktivitetane som blir finansierte over forsvarsbudsjettet, er i hovudsak innretta mot teknologi for militære føremål, utvikling av konsept for militære operasjonar og støtte for og tilrettelegging for anskaffingar. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) utfører ein vesentleg del av desse FoU-aktivitetane. FoU utgjer òg grunnlaget for forskingsbasert undervisning ved forsvarets skular, og Forsvarets høgskule (FHS) er hovudaktør innanfor forskingsbasert undervisning. Institutt for forsvarsstudiar ved FHS har i tillegg ei særskild rolle i det ansvaret for forsking om tryggingspolitikk som ligg til sektoren.

Ikraftsetjing av ny tryggingslov og fastsetjing av føresegner

Regjeringa fremja Prop. 153 L (2016–2017) «Lov om nasjonal sikkerhet» (tryggingslova) til Stortinget i 2017. Arbeidet er seinast omtalt i Prop. 1 S (2017–2018). Stortinget behandla og vedtok den nye tryggingslova 6. april 2018, jf. Lovvedtak 27 (2017–2018) og Innst. 103 L (2017–2018). Frå hausten 2017 til utgangen av 2018 leidde Forsvarsdepartementet eit arbeid med nye føresegner til tryggingslova. Ny lov tredde i kraft og nye føresegner blei fastsette frå 1. januar 2019. Forsvarsdepartementet har i arbeidet med lova og føresegnene involvert alle dei aktuelle samfunnssektorane som lova vil kunne gjelde for.

3.7 Kulturverksemda i forsvarssektoren

Forsvarets musikk

2018 var det første året med budsjettsamarbeid mellom Forsvarsdepartementet og Kulturdepartementet om Forsvarets musikk. Det blei vedteke i 2016 at Kulturdepartementet skal dekkje 40 pst. av utgiftene knytte til drifta av korpsa i Horten, Bergen, Trondheim og Harstad, jf. Stortinget si behandling av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016). Forsvarsdepartementet, Kulturdepartementet og Forsvaret arbeidde med ei utgreiing for å undersøkje om delar av drifta av Forsvarets musikk kunne finansierast av kommunar og fylkeskommunar. Omorganiseringa av Forsvarets musikk som Stortinget bad om i 2016, blei gjennomført i 2018. Musikkinspektoratet blei lagt ned og erstatta med ei felles sentral leiing. Stillingsramma Forsvarets musikk gjekk frå 180 til 173 stillingar.

Forsvarets museum

Hovudoppgåvene til Forsvarets museum blei førte vidare i 2018, med forvalting av gjenstandar, forsking og formidling av kunnskap og opplevingar for eit breitt publikum. Utgreiinga om Forsvarets museum som blei gjennomført i 2017, blei overlevert frå Forsvaret til Forsvarsdepartementet i 2018. Forsvarsdepartementet byrja arbeidet med å vurdere tilrådingane i utgreiinga. Forsvaret sette i gang eit arbeid for å betre gjenstandsforvaltinga og magasinsituasjonen, med mål om eitt nytt, sentralt museumsmagasin.

3.8 Forsvarsrelaterte organisasjonar

Forsvarsdepartementet er tilskotsforvaltar for mellom anna drifts- og prosjektstøtte til frivillige organisasjonar og verksemder i forsvarssektoren. Tilskota skal stimulere sivilsamfunnet til aktivitet som fremjar kunnskap og merksemd om norsk tryggings- og forsvarspolitikk, eller som støttar opp om oppgåvene til Forsvaret. I 2018 blei det delt ut totalt om lag 58,2 mill. kroner.

Elleve organisasjonar fekk driftsstøtte, totalt om lag 34,9 mill. kroner. Tolv organisasjonar fekk totalt om lag 23,3 mill. kroner i prosjektstøtte. Dei organisasjonane som fekk høgast tilskot, fekk til saman om lag 56,1 mill. kroner, eller om lag 96,5 pst. av midlane. Av totaltildelinga fekk Det frivillige Skyttervesen om lag 30,4 mill. kroner eller 52,3 pst. av tilskota i 2018.

Forsvarsdepartementet gjennomførte i 2018 ei evaluering av tilskotsordninga for frivillige organisasjonar. Evalueringa føreslo mellom anna å forskriftsfeste tilskotsordninga og presisere vurderingskriteria for ordninga. I 2018 blei tilskot til trykte tidsskrift og publikasjonar ytterlegare reduserte. Årsaka er at digitalisering og nye kommunikasjonsplattformer blir vurderte som meir kostnadseffektive.

Årsrapport med oversikt over tilskot for 2018 ligg tilgjengeleg på heimesida til Forsvarsdepartementet.

3.9 Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell, Nasjonalt tryggingsorgan og Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarsbygg

Verksemda til Forsvarsbygg spenner over alle aspekt knytte til utvikling, drift, vedlikehald og avhending av eigedommar, bygningar og anlegg (EBA) i forsvarssektoren. Dette omfattar òg å ta vare på dei nasjonale festningsverka. I tillegg støttar Forsvarsbygg andre delar av offentleg sektor med rådgiving knytt til vern og sikring av bygningar, og mellom anna til oppføring av bygningar for nye redningshelikopter.

Ved utgangen av 2018 var det totalt 1 312 tilsette og 1 266 årsverk i Forsvarsbygg. For 2017 var tala til samanlikning 1 266 tilsette og 1 228 årsverk

Forsvarsbygg forvaltar 13 012 bygningar og anlegg spreidde over heile landet, som er den største offentlege eigedomsporteføljen i Noreg.

Forsvarsbygg prioriterer tilgjengelege vedlikehaldsmidlar til operativ EBA. I 2018 har ein gjennomført vedlikehald på EBA-porteføljen for om lag 0,5 milliardar kroner. 75 pst. av midlane har vore nytta til planlagde vedlikehaldstiltak. Året har vore prega av ein større del ikkje planlagde tiltak som følgje av hendingar og vesentlege leveransar til NATO-øvinga Trident Juncture .

I 2018 selde Forsvarsbygg eigedommar for 680 mill. kroner. Salet av områder knytt til Flesland flyplass til Avinor var det største salet.

4,1 mill. personar besøkte festningane i 2018, ein auke frå 3,8 mill. personar i 2017.

Forsvarsbygg har i fleire år arbeidd aktivt for å bidra til eit betre miljø. Grunna kontroll med årleg forbruksvekst og redusert energibruk blei det samla energiforbruket til Forsvaret redusert med 3,8 pst i 2018.

Forsvarsbygg vidareførte arbeidet med kontinuerleg forbetring og effektivisering i 2018. Forsvarsbygg har ein langsiktig ambisjon om å skape ein kultur der dei tilsette sjølve er medvitne om at oppgåvene kan gjerast på ein annan og meir effektiv måte, og har no teke i bruk prosessforbetringsmetoden «Lean» for å skape føresetnad for meir effektive arbeidsprosessar.

Forsvarsmateriell

Forsvarsmateriell blei etablert 1. januar 2016 som eit ordinært statleg forvaltingsorgan direkte underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsmateriell har ansvar for å skaffe og forvalte materiell i forsvarssektoren. Etableringa av verksemda omfatta ei overføring av fem kapasitetsdivisjonar (land, maritim, luft, IKT og felles), anskaffingsstaben og delar av staben i Forsvarets logistikkorganisasjon. Om lag 1 300 tilsette, av dei om lag 500 militære, blei overførte til den nye verksemda. I 2018 var talet på årsverk 1 428. Styrkinga skyldast behovet for å ta høgde for den store auken i materiellinvesteringane. Oppgåva til Forsvarsmateriell er å utruste Forsvaret og andre verksemder i sektoren med relevant og tidsrett materiell i tråd med vedteken langtidsplan for å sikre kampkraft og berekraft.

Siktemålet med etableringa var å oppnå ei kvalitetsforbetring av materiellanskaffingar og materiellforvalting i forsvarssektoren, med reduserte gjennomføringstider for materiellprosjekt og auka kvalitet i materiellforvaltinga. Siktemålet var òg å forbetre den strategiske styringa gjennom kortare og meir effektive styringslinjer. Forsvarsmateriell blei etablert etter planen.

Forsvarsmateriell har i 2018 mellom anna arbeidd med å utvikle kompetanseplanar for framtida, planar som skal styrkje evna til å gjennomføre investerings- og forvaltingsverksemda. Vidare har det framleis vore merksemd retta mot utvikling av internkontrollsystemet og på IKT-området, samstundes som ein har omsett midlar for om lag 14,9 mrd. kroner.

Forsvarsmateriell fekk til liks med Forsvaret unntak av Direktoratet for økonomistyring (DFØ) frå visse krav i økonomireglementet. Det gjorde mellom anna at Riksrevisjonen konkluderte med at dei ikkje kunne uttale seg om rekneskapen for 2016. Sjølvstendig rekneskapsløysing er etablert frå 2018 i samsvar med føringar frå DFØ. Det har vore lagt ned eit omfattande arbeid med rekneskapen i 2017 og 2018, og tilbakemeldinga frå Riksrevisjonen for 2018-rekneskapen er konklusjon utan atterhald.

Ein nokså stor del av midlane har gått til innkjøp av nye kampfly. Ut over kampflyprogrammet omfattar dei største pågåande investeringane maritime patruljefly (P-8), NH90-helikopter, nytt artillerisystem og CV90-kampvogner til Hæren, nye kystvaktfartøy og nytt logistikk- og støttefartøy til Sjøforsvaret. Totalt blei det overlevert materiell til Forsvaret for 6,5 mrd. kroner.

Nasjonalt tryggingsorgan

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er ei tverrsektoriell fag- og tilsynsstyresmakt innanfor den førebyggjande tryggingstenesta i Noreg. Direktoratet er nasjonal varslings- og koordineringsinstans for alvorlege dataangrep og andre hendingar som har med digital tryggleik å gjere. Oppgåvene til NSM er mellom anna å stille krav til, føre tilsyn og kontroll med, utvikle tryggleikstiltak for og byggje kompetanse hos dei over 600 nasjonale verksemdene som er omfatta av tryggingslova. Vidare er direktoratet nasjonal distribusjonsstyresmakt, som produserer, distribuerer og fører rekneskap og kontroll med kryptomateriell for vern av tryggleiksgradert informasjon. NSM er dessutan fagstyresmakt for arbeidet med tryggleiksklareringar i Noreg og har eit eige sertifiseringsorgan for IT-tryggleik i produkt og system (SERTIT). I 2018 var det 271 årsverk i NSM, ein auke frå 253 i 2017.

NSM ser jamlege forsøk på å etablere digital kontroll over og hente inn sensitiv informasjon frå verksemder som forvaltar viktige og til dels avgjerande samfunnsfunksjonar. NSM registrerte totalt 19 712 uønskte hendingar mot informasjonssystem i Noreg i 2018, talet inkluderer automatiske varsel. 4 689 av desse blei prioriterte for oppfølging av NSM. Felles cyberkoordineringssenter (FCKS) er lokalisert saman med fagmiljø som omfattar faste representantar frå Nasjonalt tryggingsorgan, Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste (PST) og Kripos. Administrativt ligg FCKS under NSM og blir leidd av NSM. FCKS har som føremål å styrkje den nasjonale evna til effektivt forsvar mot og handtering av alvorlege hendingar i det digitale rommet.

NSM leverte eigne rapportar og bidrog i andre rapportar og høyringar gjennom heile 2018. NSM leverte rapporten «Risiko 2018» i mars og «Helhetlig IKT-risikobilde» i slutten av september. Desse rapportane gir samla og kvar for seg unik innsikt i tryggleikstilstanden i Noreg.

NSM har i 2018 forbetra evna til å analysere og koordinere handteringa av alvorlege digitale angrep. Det er mellom anna brukt ressursar på å vidareutvikle sensornettverket i Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI), som fekk fleire deltakarar dette året.

Gjennom året har NSM satsa på rådgiving når det gjeld ugraderte IKT-system. Kapasiteten innanfor IKT-rådgiving er styrkt, og etterspurnaden etter NSM som deltakar i eksterne prosjekt er større enn ein har klart å imøtekomme. Grunnprinsippa for IKT-tryggleik blei lanserte i 2017 og oppdaterte i 2018. NSM har utvikla åtte rettleiingar knytte til IKT-tryggleik i 2018 og har vore fast bidragsytar til IKT-spaltene i Finansavisen gjennom heile 2018.

NSM har etablert ei kvalitetsordning for bruk av tredjepartsleverandørar når det gjeld handtering av IKT-hendingar. I 2018 blei ytterlegare eitt selskap godkjent som deltakar, og det er no tre leverandørar med i ordninga.

NSM har i 2018 støtta både Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet i arbeidet med fleire fagmeldingar, stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar. NSM har i tillegg brukt vesentlege ressursar på å støtte arbeidet med revisjon av tryggingslova i regi av Forsvarsdepartementet.

I 2018 var det stor etterspurnad etter råd og rettleiing når det gjaldt objektsikring, fysisk sikring og digital tryggleik. Det var god deltaking på kursa til NSM, som blir arrangerte på kurssenteret for førebyggjande tryggleik. NSM vidareutvikla kurssenteret i 2018, og i byrjinga av året etablerte NSM kurssenteret i større lokale for å kunne gi eit breiare tilbod, med fleire kurs parallelt.

På grunn av periodevis mangel på fagpersonar har det vore krevjande å dekkje etterspurnaden etter rådgiving på området objektsikring. Det er sett i verk tiltak for å styrkje kapasiteten på dette området i 2018, og nye ressurspersonar er rekrutterte.

I 2018 blei det gjennomført 20 tilsyn, som er ein reduksjon i talet på tilsyn frå 2017. Årsaka er NSM sitt arbeid med å førebu ny tryggingslov. Tilsyna har mellom anna omfatta undersøkingar av digital tryggleik og objekttryggleik. Eit av tilsyna i 2018 var ei tilsynssak om Svalbardfiberen, som omfatta undersøkingar hos fleire verksemder. Dette var eit fellestilsyn med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM). Eit anna tilsyn var hos Institutt for energiteknikk (IFE). Dette var eit samordna tilsyn med Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), i 2018 Statens strålevern. Det har teke tid å rekruttere personell, men kapasiteten til å føre tilsyn med tekniske IKT-tryggingstiltak er noko forbetra.

Resultata frå NSM si tilsynsverksemd blei òg lagde fram i Stortinget si høyring om objekttryggleik hausten 2018. Direktøren i NSM konkluderte i den samanhengen med at NSM sine tilsyn viste manglar, men òg forbetring av tryggingsarbeidet over tid.

Talet på personellklareringar var kontinuerleg høgt gjennom 2018. NSM sette i verk tiltak for å redusere behandlingstida for klareringar på alle nivå, og har lykkast med dette. Ved nyttår var talet på klagesaker som ikkje var behandla, på eit akseptabelt nivå. Klareringsorganet for Forsvaret blei etablert ved inngangen til 2017, og i 2018 blei det oppretta eit nytt, sivilt klareringsorgan i Moss. NSM støtta opp under etableringa av sivilt klareringsorgan.

Forsvarets forskingsinstitutt

Omsetninga i Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) var i 2018 på 939,6 millionar kroner, ein auke frå året før med 53,6 millionar. Årsresultatet for FFI viser eit driftsunderskot på 4,9 millionar kroner. Underskotet er dekt med den opptente verksemdskapitalen til instituttet. Basistildelinga finansierer grunnlagsstudiar og forskingsstrategiske program. I 2018 utgjorde tildelinga 20 pst. av omsetninga. Om lag 10 pst. av inntektene kom frå sivile og offentlege oppdrag i inn- og utland. Om lag 27 pst. kom frå oppdrag frå forsvarssektoren, ein prosentdel som er på eit stabilt nivå, men noko høgare i 2018 enn i 2017. Prosentdelen fri verksemdskapital i forhold til omsetninga er blitt redusert frå 2,8 pst. i 2017 til 2,0 pst. i 2018.

FFI har gjennom heile året lagt vekt på å gi råd til den politiske og militære leiinga i Forsvaret. Rådgiving til Forsvarsdepartementet har omfatta utviklinga av Forsvaret, val av kapabilitetar og råd om å skaffe og utvikle materiell.

I 2018 gav FFI ut ein ny forskingsplan for perioden 2019–2022. Planen peikar på dei prioriteringane som blir gjorde innanfor FoU i forsvarssektoren. Planen rettar òg særskild merksemd mot dei framveksande teknologiane som kan skape grunnleggjande endringar og gjere ein viktig skilnad for å oppretthalde eit relevant forsvar.

Eit viktig oppdrag for FFI i 2018 var å vurdere ulike konseptuelle innretningar for å utvikle Forsvaret vidare. Leveransen var eit forskingsbasert innspel til kommande langtidsplan. Arbeidet blei publisert i 2019 og fekk brei merksemd.

Under NATO-øvinga Trident Juncture 2018 deltok FFI med mellom anna ein demonstrasjon av samspelet mellom autonome system i eit scenario for baseforsvar. Gjennom heile NATO-øvinga fekk FFI samla inn data frå mange ulike aktivitetar og hendingar og analysert dei for mellom anna å gjere våpen nytta av Forsvaret meir presise og treffsikre og å gi støtte til utvikling av konsept for landbasert langtrekkjande presisjonseld.

FFI er gjennom 2018 blitt betre kjend blant sivile aktørar og har etablert fleire prosjekt saman med aktørar som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Politidirektoratet. Dette styrkjer samarbeidet mellom forsvar og politi. Samarbeid med NSM har medverka til å betre den nasjonale evna til å oppdage alvorlege dataangrep mot samfunnsviktige verksemder. Direktør for FFI leier eit ekspertutval for å vurdere ny teknologi for transportinfrastrukturen og komme med tilrådingar til neste nasjonale transportplan.

Det er god kontakt og tett samarbeid mellom FFI og norsk forsvarsindustri, der FFI er med på å utvikle ein nasjonal forsvarsindustri med internasjonalt konkurransedyktige nisjeprodukt.

Formidling er ein viktig del av forskinga, og FFI publiserte 107 artiklar i fagfellevurderte tidsskrift i 2017, mot 87 i 2016. I tillegg kjem andre FFI-publikasjonar (rapportar og notat), som talde 426 i 2018 mot 524 i 2017.

Internasjonalt samarbeid og internasjonale forskingsprosjekt bidreg i stor grad til å sikre at forskinga ved FFI er relevant og held høg kvalitet. FFI deltok i internasjonale vitskaplege og teknologiske forum, mellom anna representasjon for Noreg i forskingsprogram og forskingssamarbeid knytt til Science and Technology Organisation innanfor NATO. Samarbeidet med European Defence Agency (EDA) blei ført vidare i 2018.

FFI leverer jamleg bidrag til materiellanskaffingane til forsvarssektoren, og bidraga i desse aktivitetane blir gjennomførte som leveransar i alle fasar av anskaffingsløpet. Ein stor del av aktivitetane ved instituttet er knytt til dei store våpensystema, til dømes kampfly, missil, ubåtar og ubemanna mineryddingskapabilitet. Gjennom 2018 auka talet på F-35-kampfly i Noreg til ni. Operativ test og evaluering er i gang, og FFI har bidrege med datafangst og analyse. FFI støtta òg analysar knytte til grunnlaget for den særskilde vurderinga av anskaffinga av dei siste seks flya.

Det er utvikla eigen teknologi for ubemanna system, og ein kan no demonstrere autonom oppdragsløysing i ubemanna fly, bilar, båtar og undervassfarkostar. Ubåtanskaffinga er det største materiellprosjektet retta mot Sjøforsvaret. I 2018 gjekk prosjektet inn i ein fase med evaluering av tilbod. I samband med dette er det etablert ein overordna avtale med Tyskland som gjeld forsking og utvikling innanfor maritime bruksområde. I tillegg til ubåtteknologi og minekrigføring er det inngått avtale om missilteknologi.

I 2018 vurderte FFI på oppdrag frå Forsvarsdepartementet ulike konseptuelle innretningar for å vidareutvikle Forsvaret. Arbeidet har gitt forskingsbaserte innspel i det vidare arbeidet med å fastsetje rammene for den nye langtidsplanen. Det er òg gjennomført fleire studiar av støtteverksemda i forsvarssektoren, som alle har som formål å etablere eit godt grunnlag for det kommande langtidsplanarbeidet. Aktivitetane innanfor kostnadseffektivisering, nye logistikk-konsept, materiellforvalting og personell og kompetanse har vore spesielt viktige. Saman med ny simuleringsteknologi og meir effektiv trening og øving vil desse prosessane medverke til å forbetre ressursutnyttinga i sektoren og på den måten auke den operative evna til Forsvaret. Det er gjort studiar mellom anna innanfor tema som space, luftovervaking og forsvar mot ballistiske missil.

FFI-satsinga på samfunnstryggleik har i 2018 resultert i fleire prosjekt saman med sivile aktørar. Det nære samarbeidet med Justis- og beredskapsdepartementet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Nasjonalt tryggingsorgan er styrkt. Det er mellom anna inngått ein avtale med Politidirektoratet for å forsterke samarbeidet mellom forsvar og politi. I samarbeidet med Nasjonalt cybertryggingssenter (NSM NorCert) har FoU-verksemda til FFI på felta maskinlæring og kunstig intelligens betra evna til å avdekkje alvorlege dataangrep mot samfunnsviktige verksemder. I 2018 har FFI halde fram med samarbeidet for å utvikle bruken av ny teknologi og innovasjon i Tolletaten.

Det er utarbeidd eit verktøy i eit geografisk informasjonssystem for å kartleggje dumpa ammunisjon. FFI har i tillegg vore ein sentral aktør i det internasjonale verifikasjons- og nedrustingsarbeidet knytt til kjernevåpen. Instituttet har òg føreslått tiltak mot fiendtlege dronar.

Forskingsprosjekt i regi av Forsvarsdepartementet på HR-området var i 2018 retta mot sentrale tema som mobbing og trakassering, strategisk kompetanseleiing, fag- og funksjonsretta utdanning, allmenn verneplikt, ordninga for militært tilsette og pensjonsreforma. I tillegg var det utviklingsprosjekt knytte til forbetring av HR-tenester i sektoren og bruk av ny teknologi.