Prop. 1 S

(2019–2020)

1.1 Budsjettprioriteringar i 2020

Regjeringas hovudprioriteringar på Justis- og beredskapsdepartementets område samanlikna med saldert budsjett 2019:

Mill. kroner

Politiet

406,0

Auka politibemanning i 2020, for å nå målet om 2 per 1 000 i 2020

100,4

Heilårseffekt av auka politibemanning i 2019

150,0

Auka handlingsrom i politiet til for eksempel styrking av etterforsking

83,0

Helikopterberedskap for politiet i Nord-Noreg

61,0

Nye system for grense- og territorialkontroll (EES og ETIAS)

9,6

Ny eining for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet («dyrepoliti») 1

2,0

Kriminalomsorga

77,3

Rehabilitering av Ila fengsel og forvaringsanstalt 2

22,0

Forprosjektering av nytt Oslo fengsel 3

17,5

Drift Arendal fengsel, avdeling Evje

6,5

Digitalt utstyr til nytt fengsel i Agder

11,4

Sikringsutstyr og vedlikehold mv.

19,9

Digitalisering av straffesakskjeda

43,4

Elektronisk samhandling mellom aktørar i straffesakskjeda – ESAS

30,0

Tilpassing av domstolanes IKT-system knytt til innføring av ny arvelov

8,1

Digitalisering av arbeidet i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

2,8

Automatisering av verjerekneskap

2,5

Kontoret for valdsoffererstatning

3,2

Auka løyving for å redusere saksbehandlingstid

3,2

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

40,0

Tryggleik i Nødnett

40,0

Redningstenesta

6,0

Etablering av high frequency (HF) -dekning i nordområda

6,0

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

25,4

Arbeidet med ny tryggingslov – digitalisering i NSM

20,0

Analyse og avdekking av alvorlege digitale angrep mot infrastruktur (langtidsplan for forsvarssektoren)

5,4

Svalbard

5,0

Forlenge seglingssesong til Sysselmannens fartøy M/S «Polarsyssel» frå 9 til 10 md. i året

5,0

Utlendingsforvaltninga

63,0

Nye system for grense- og territorialkontroll (EES og ETIAS) (UDI)

13,0

Byggje ned restansar og styrke rettstryggleiken i saker om tilbakekall av statsborgarskap (UDI, UNE, domstolane, politiet)

50,0

FoU

17,5

Forsking på IKT-sikkerhet og effektar på teknologiutvikling

12,5

Forsking på førebygging av seksuelle overgrep mot barn

5,0

1 I tillegg kjem 1 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementets budsjett (Mattilsynet)

2 Inkl. 17 mill. kroner over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett (Statsbygg)

3 Inkl.15 mill. kroner over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett (Statsbygg)

1.2 Ansvarsområde og organisering

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for institusjonar og ordningar som varetek rettane til enkeltmennesket. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politi- og påtalemakta, redningstenesta og utlendingsmyndigheitene og har samordningsansvar for samfunnstryggleik og truslar mot rikets tryggleik. Ansvar for samordning av norsk politikk i polarområda og svalbardbudsjettet ligg òg til departementet. Samstundes har departementet forvaltningsansvaret for ei stor mengd lover og er klageinstans i mange forvaltningssaker.

Justis- og beredskapsdepartementet har forvaltningsansvar for om lag 150 lover. I tillegg til lovgiving for justissektoren omfattar dette den alminnelege delen av den offentlege retten og store delar av privatretten. «Med lov skal landet vårt byggjast, og ikkje med ulov øydast» heitte det i Frostatingslova. Eit godt lovverk må oppfylle mange krav. I fortalen til Jyske lov 1241 er dette skildra slik: «Lova skal vere ærleg og rettferdig, toleleg etter landets sedvane, passande og nyttig og så tydeleg at alle kan vite og forstå kva lova seier.» Lovgiving er eit viktig styringsverktøy, og i ein moderne rettsstat må det stillast høge krav også til kvaliteten på lovgivinga.

1.3 Mål for justis- og beredskapssektoren

Departementet vil framleis vie særskild merksemd til særleg tre område der ein kan oppnå gode resultat ved å styrke og effektivisere alle ledd: straffesakskjeda, samfunnstryggleikskjeda og migrasjonskjeda. Regjeringas prioriteringar for 2020 skal bidra til meir effektive kjeder og til god samhandling mellom aktørane i kvar kjede.

Måla for dei tre kjedene blir vidareførte i 2020.

Tabell 1.1 Mål for justis- og beredskapssektoren

Straffesakskjeda

Samfunnstryggleikskjeda

Migrasjonskjeda

redusere alvorleg kriminalitet

redusere sårbarheit i samfunnet

få asylsøkarar utan behov for vern

rask retur av personar utan lovleg opphald

styrke førebygginga av kriminalitet

kunnskapsbasert førebygging

få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag

ei meir effektiv straffesakskjede

styrke samhandling i beredskap og krisehandtering

betre leiing og styrkt kultur for leiing

1.4 Straffesakskjeda

Politiet og påtalemakta utgjer dei to første ledda i straffesakskjeda. Effektiv førebygging kan redusere talet på saker i seinare ledd i kjeda. Påtalemakta har ansvar for å leie etterforskinga og førebu og føre saker for retten. Spesialeininga for politisaker etterforskar, avgjer påtale og fører for retten saker der tilsette i politiet eller påtalemakta er melde for å ha gjort ei straffbar handling i tenesta.

Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder i straffesaker innan rimeleg tid og med høg kvalitet. I straffesaker blir det teke avgjerder knytte til spørsmålet om skuld og straff, i tillegg til avgjerder mens politietterforskinga går føre seg. Den rettsmedisinske kommisjon kvalitetssikrar rettsmedisinske erklæringar og utsegner frå sakkunnige i straffesaker. Gjenopptakingskommisjonen er eit uavhengig organ som skal ta stilling til om ein som er domfelt med rettskraftig dom, skal få ny behandling av saka si i retten. Arbeidet til kommisjonen er viktig for rettstryggleiken til enkeltmennesket.

Kriminalomsorga gjennomfører straff etter dom og stiller varetektsplassar til disposisjon for politiet. Straffa skal gjennomførast på ein måte som tek omsyn til formålet med straffa, motverkar nye straffbare handlingar, er tryggande for samfunnet og sikrar dei innsette tilfredsstillande forhold innanfor desse rammene.

Konfliktråda tilbyr gjenopprettande prosess i straffesaker der gjerningsperson, fornærma og andre saka gjeld, kan møtast og gjennom dialog komme fram til gode løysingar. Gjenopprettande prosess har til formål å gjenopprette mest mogleg av skaden offeret er påført gjennom den kriminelle handlinga. Gjenopprettande prosess kan nyttast i straffesakskjeda som eigen strafferettsleg reaksjon på påtalestadiet og domsstadiet, som deldom eller som ledd i ei straffegjennomføring. Konfliktråda er ansvarlege for gjennomføringa av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

Rettane til offer og pårørande skal varetakast gjennom heile kjeda. Valdsoffererstatning blir også gitt når skadevaldaren er ukjend eller ute av stand til å gjere opp for seg.

Ei effektiv straffesakskjede føreset god samhandling mellom verksemdene, gode og effektive arbeidsverktøy og tilstrekkeleg kapasitet i alle ledd. Førebygging og motarbeiding av kriminalitet krev i tillegg innsats frå aktørar utanfor justissektoren. Godt samarbeid med andre offentlege verksemder, næringsliv og frivillige organisasjonar er derfor viktig. Eit godt internasjonalt arbeid er òg ein føresetnad for ei effektiv straffesakskjede.

Figur 1.1 Justis- og beredskapsdepartementets underliggjande og tilknytte verksemder i straffesakskjeda

Figur 1.1 Justis- og beredskapsdepartementets underliggjande og tilknytte verksemder i straffesakskjeda

1.4.1 Kriminalitetsutviklinga

Tabell 1.2 Meldingar om lovbrot 2013–2018, etter type lovbrot og med prosentvis auke i perioden

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Endring 2013–2018

Seksuallovbrot

4 823

4 780

5 709

7 079

7 986

8 386

74 %

Andre vinningslovbrot

26 791

26 285

28 583

31 064

28 907

30 540

14 %

Vald og mishandling

35 147

34 111

35 003

34 969

36 687

37 461

7 %

Eigedomsskade

18 448

17 639

17 217

17 293

17 474

17 270

–6 %

Andre lovbrot

4 899

5 007

5 018

4 893

4 689

4 445

–9 %

Trafikkbrot

50 383

51 102

48 915

49 032

45 749

44 953

–11 %

Ordens- og integritetskrenking

41 748

41 744

40 134

36 646

35 308

36 307

–13 %

Rusmiddellovbrot

59 436

58 450

55 237

50 293

46 930

45 699

–23 %

Eigedomstjuveri

146 831

132 989

115 643

105 144

94 887

92 866

–37 %

Alle lovbrotskategoriar

388 506

372 107

351 459

336 413

318 617

317 927

–18 %

Tabellen viser endring i talet på meldingar i ulike kategoriar av lovbrot og prosentvis i perioden 2013–2018.

Kilde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Den registrerte kriminaliteten har gjennom fleire år gått nedover. Talet på lovbrot som vart melde til politiet i 2018, er om lag på same nivå som i 2017, og 18 pst. lågare enn i 2013. Reduksjonen i perioden kjem først og fremst av ein nedgang i melde eigedomstjuveri og rusmiddellovbrot. Samstundes har den registrerte kriminaliteten innan enkelte alvorlege kriminalitetstypar auka, for eksempel seksuallovbrot mot barn.

Figur 1.2 Tal på meldingar om seksuallovbrot mot barn 2014–2018

Figur 1.2 Tal på meldingar om seksuallovbrot mot barn 2014–2018

Kilde: Politiets driftsstatistikk (STRASAK)

I dei siste åra er det registrert ein stor auke i internettrelaterte saker der fornærma er under 16 år. Internett har utvikla seg til ei utømmelig kjelde til overgrepsmateriale, og omfanget veks konstant. Avdekking av større sakskompleks i nettovergrepssaker, med fleire hundre fornærma, kan gi store periodiske utslag kva gjeld registrerte seksuallovbrot mot barn.

Seksuallovbrot er ein kriminalitetstype der det tradisjonelt har vore store mørketal og som ein gjennom auka fokus har ynskja å avdekke og straffeforfølge. Ein går ut i frå at politiets auka innsats har bidrege til fleire meldingar, samstundes som at fleire store saker har fått fokus i media og vist fornærma at det nyttar å melde i frå.

Kriminaliteten blir påverka av fleire faktorar. Samferdsel og teknologi skaper ei meir internasjonal verd. Den teknologiske utviklinga fører til at fleire saker rettar seg mot IKT-system, og at IKT blir nytta for å utføre kriminaliteten. Kriminalitetsutviklinga blir òg påverka av demografiske endringar som befolkningsvekst, urbanisering, migrasjon og endringar i befolkningssamansetning. I tillegg blir den registrerte kriminaliteten påverka av kor tilbøyelege folk er til å melde frå til politiet, og av aktiviteten til politiet og andre kontrolletatar.

1.4.2 Politiet

Saksavvikling

I 2018 oppnådde politiet svakare resultat innan straffesaksbehandlinga samanlikna med 2017, både når det gjeld oppklaringsprosent og saksbehandlingstid. Det gjeld også høgt prioriterte saker som alvorlege lovbrot innan vald, mishandling og seksuallovbrot. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid har auka frå 96 dagar i 2017 til 101 dagar i 2018. Talet på komplekse og krevjande saker har auka i 2018, noko også utviklinga i straffesaksbehandlinga viser. Med unntak for økonomi- og arbeidsmiljølovbrot er gjennomsnittleg saksbehandlingstid innan alle kriminalitetstypane lengre for dei oppklarte sakene i 2018 enn i 2017. Sjå programkategori 06.40 for meir detaljert omtale av saksbehandlingstida for ulike sakstypar.

Etter ein auke dei siste to åra, viser tal frå første tertial 2019 at restansane for ikkje påtaleavgjorde saker totalt sett er nedarbeidde med meir enn 3 000 saker sidan nyttår. Per første tertial 2019 hadde politiet 37 644 saker eldre enn tre månader som ikkje var påtaleavgjorde. Oppklaringsprosenten for lovbrot totalt var 52 pst. i 2018. Dette var noko lågare enn i 2017, då oppklaringsprosenten var 53 pst., men 2 prosentpoeng betre enn i 2013. Det har vore ein auke i oppklaringsprosenten for seksual-, valds- og økonomilovbrot, mens oppklaringsprosenten har falle for dei andre kriminalitetstypane.

Auken i saksbehandlingstid kjem truleg av at ein større del av sakene har blitt meir komplekse og ressurskrevjande, t.d. valds- og seksuallovbrotsaker. Samstundes fører auka krav til kvalitet og rettstryggleik til meir omstendelege og tidkrevjande prosessar under etterforsking av saker. Tida som blir nytta til å etterforske dei fleste sakstypar, har auka, og politiet bruker ein stor del av dei samla etterforskingsressursane på dei prioriterte kriminalitetstypane. I kapasitetsundersøkinga gjennomført av politiet i 2018 kjem det bl.a. fram at politiet bruker 32,5 pst. av den totale etterforskingskapasiteten på dei mest alvorlege sakskategoriane, sjølv om desse berre utgjer 2,9 pst. av den totale saksporteføljen.

Nærpolitireforma

Endringane i kriminalitetsbiletet krev òg endringar i politiet. Nærpolitireforma har vore ein sentral del av endringsarbeidet og eit nødvendig grep for å få til endringane. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) evaluerer reforma og gir årlege statusrapportar med vurderingar og tilrådingar for korleis reforma bør følgjast opp. Regjeringa vil i melding til Stortinget hausten 2019 leggje fram ein gjennomgang av reforma og korleis regjeringa vil følgje opp anbefalingane frå Difi.

Redusere alvorleg kriminalitet

Den styrkte innsatsen som har ført til at meir av den alvorlege kriminaliteten er avdekt, er ein del av årsaka til auken i registreringa av slik kriminalitet.

Regjeringas arbeid mot vald og overgrep er bl.a. organisert gjennom fleire tverrdepartementale planar, som bl.a. dekker alle former for vald i nære relasjonar, inklusiv vald og overgrep i parforhold, vald og overgrep mot barn og dessutan tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Regjeringa har bestemt at det skal utarbeidast ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Handlingsplanen skal vareta Noregs forpliktingar i Istanbul-konvensjonen og vil ha ein eigen del om vald og overgrep i samiske samfunn.

Avhøyr av barn og særleg sårbare fornærma og vitne blir som regel gjennomførte ved Statens barnehus som såkalla tilrettelagde avhøyr. Kapasiteten og kompetansen ved Statens barnehus og ved etterforsking av saker om vald og overgrep mot barn er styrkt dei siste åra. Erfaringane med barnehus er gode.

Figur 1.3 Tal på tilrettelagde avhøyr 2013–2018

Figur 1.3 Tal på tilrettelagde avhøyr 2013–2018

Kilde: Politiets driftsstatistikk (STRASAK)

Over nokre år har det vore ein betydeleg auke i talet på tilrettelagde avhøyr, frå 2 650 avhøyr i 2013 til i underkant av 5 600 tilrettelagde avhøyr i 2018. Tilrettelagde avhøyr har hatt ein nedgang på 11,6 pst. samanlikna med 2017. Fleire faktorar kan gi ei mogeleg forklaring på nedgangen. Talet på avhøyr vil mellom anna avhenge av det til ei kvar tid føreliggande sakstilfanget og konkrete vurderingar i den enkelte sak kor vidt vilkåra for behovet for tilrettelagde avhøyr føreligg. Kapasiteten av etterforskarar, påtalejuristar og avhøyrarar kan vidare påverke politidistrikta si faktiske evne til å gjennomføre tilrettelagde avhøyr.

Prosentdelen av førstegongsavhøyr som er gjennomførte innan fristen hos barnehusa, er stabil. Stadig fleire saker som gjeld ulike former for overgrep som skjer via internett, blir etterforska. Auken i talet på saker over tid, og fleire enkeltsaker med mange utsette barn er ei utfordring både for politidistrikta og for barnehusa. Statens barnehus skal evaluerast i 2019.

Dei sju tverretatlege, samlokaliserte einingane mot arbeidslivskriminalitet (a-krimsenter) bidrar til å styrke arbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Politiet, Arbeidstilsynet, NAV og skatteetaten har gjennom felles årsrapport for 2018 vist til eit framleis godt operativt samarbeid mellom etatane, og dei viser til at omfanget av arbeidslivskriminalitet ikkje aukar. Felles styringsmodell for a-krimsentera har bidratt til å knyte etatane i sentera tettare saman. Politiet deltek i tverretatlege samarbeid i distrikt der det ikkje er etablert a-krimsenter.

Bruken av digital teknologi og internettbaserte kommunikasjonssystem i samfunnet har fått store følgjer for korleis kriminaliteten har utvikla seg dei seinare åra. Noreg er eit velståande land som gjer oss til eit attraktivt mål for svindlarar. Innbyggjarane blir utsette for ei rekkje former for IKT-relatert kriminalitet. Nokre grupper, som barn eller eldre, kan være meir sårbare enn andre. Ei kartlegging frå 2018 viser at sjølv om 9 av 10 føler seg trygge på internett, har mange barn og unge negative erfaringar på nett og opplever kriminalitet. Kriminelle brukar ulike framgangsmåtar for å lure enkeltpersonar eller organisasjonar til å overføre pengar eller informasjon til dei på falske premissar. Dette kan for eksempel være toppsjefsvindel eller dating-bedrageri.

Vidare kan programvarer som stel brukardata, kredittkortinformasjon og innloggingsinformasjon frå infiserte datamaskiner skape store problem for både enkeltpersonar og verksemder. Mange mottek e-postar som inneheld skadevare, slik at datamaskina blir infisert. Bedrageri og utpressing på nett er aukande. IKT-relatert kriminalitet kan medføre store økonomiske tap for både bedrifter og enkeltindivid. I tillegg vil bedrifter som blir råka kunne tape tillit og omdømme.

Regjeringas strategi for å styrke evna og kapasiteten politiet har til å motarbeide IKT-relatert kriminalitet har ei brei tilnærming, og omfattar tiltak knytte til politiets organisering, kunnskapsgrunnlag, bruk av ny teknologi og samhandlingsaktivitetar nasjonalt og internasjonalt. Det er lagt grunnlag for sterkare IKT-fagmiljø i politidistrikta, og det blir bygd nasjonal kapasitet gjennom eit nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) ved Kripos. På dette senteret blir ressursar og kompetanse samla i ei nasjonal eining for å styrke politiet sitt arbeid med kriminalitet som blir utført på internett eller mot IKT-system. Den nasjonale eininga skal òg bidra til å støtte opp under arbeidet som blir gjort i dei enkelte politidistrikta. Nasjonalt og internasjonalt samarbeid og meir bruk av teknologi i førebygging, etterforsking og i utviklinga av metodar er sentralt.

Politiet er til stades på nett, og informasjon om trygg nettbruk og ulike former internettrelaterte straffbare forhold er gjort tilgjengeleg. For å sikre ein meir heilskapleg innsats på tvers av sektorar har regjeringa starta arbeidet med ein strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn.

Sjå også omtalen under pkt. 1.5 Samfunnstryggleikskjeda, av det førebyggjande arbeidet for digital tryggleik, under ansvarsområda til Nasjonal tryggleiksmyndighet (NSM).

Rammene for førebygging og etterforsking av kriminalitet blir utfordra ved at lovbrot ofte har internasjonale koplingar. Nettverk opererer nasjonalt og internasjonalt, bruker internett i verksemda si, og transaksjonar går på tvers av landegrensene. Desse faktorane bidrar til å gjere avdekking og etterforsking meir krevjande, og det tek lengre tid. Vidare gir det større behov for internasjonalt politisamarbeid. Politiet opplever ei stadig meir profesjonalisert kriminell verksemd, der nettverk og bakmenn driv i fleire bransjar samstundes. Ein veksande del av den totale kriminaliteten rammar IKT-system eller blir utført via internett. Dette bidrar til større saksmengd og større kompleksitet i sakene og gjer etterforskinga meir tid- og ressurskrevjande.

Det er framleis ei utfordring med mørketal og underrapportering innanfor fleire typar alvorleg kriminalitet, bl.a. innanfor vald og overgrep, økonomisk kriminalitet og IKT-kriminalitet. Ei rekkje studiar viser at mange saker som gjeld vald og overgrep, aldri kjem til politiet eller til andre delar av hjelpeapparatet. Det må framleis arbeidast for å avdekke fleire saker og for å sørge for at offera får nødvendig oppfølging.

Som tabellen under viser, har regjeringa sidan 2013 auka bemanninga i politiet med over 2 800 årsverk, der over 1 650 av desse er politiårsverk. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 100,4 mill. kroner i 2020 for å leggje til rette for å tilsetje fleire polititenestepersonar. Med dette budsjettforslaget er regjeringa i rute til å nå målsetjinga om ei dekning på 2 polititenestepersonar per 1 000 innbyggjarar på nasjonalt plan innan utgangen av 2020. Forslaget har ein samla heilårsverknad på om lag 200 mill. kroner frå 2021. Regjeringa foreslår å løyve 83 mill. kroner til å styrke politiets driftsbudsjett i distrikta, og dermed for eksempel mogleggjere ei styrking av etterforskingskapasitet.

Tabell 1.3 Bemanningsutvikling i politiet

Endring 31.12.2013–31.03.2019

Distrikt/særorgan

Politi

Juristar

Sivile

Sum alle

Oslo pd

359

51

10

420

Øst pd

187

32

54

272

Innlandet pd

118

2

8

129

Sør-Øst pd

79

10

-23

66

Agder pd

71

8

7

87

Sør-Vest pd

199

10

19

227

Vest pd

90

21

-10

101

Møre og Romsdal pd

81

6

-17

70

Trøndelag pd

112

10

15

137

Nordland pd

57

8

-19

46

Troms pd

71

5

15

91

Finnmark pd

46

1

30

76

Sum pd

1 469

164

89

1 721

Grensekommissariatet

0

0

0

0

NID

0

0

7

7

KRIPOS

77

5

34

117

Politihøgskolen kap. 442

-8

-1

32

23

Økokrim

13

-2

4

15

Utrykningspolitiet

-13

1

23

12

Politiets fellestjenester (PFT)

3

0

238

241

Politiets IKT-tjenester (PIT)

8

0

288

296

Politiets utlendingsenhet

67

13

174

254

Namsfogden i Oslo (til Oslo pd fra 1.4.2017)

-113

-113

Politidirektoratet

24

-7

106

123

PST (DSE)

37

3

95

135

Sum POD, særorgan, PST mm.

209

13

892

1 114

Sum

1 679

176

981

2 835

Tabellen viser utviklinga i bemanninga i politiet frå desember 2013 t.o.m. mars 2019, fordelt på stillingskategoriane politi, juristar og sivile. Sjå Del III for fullstendig tabell med status per desember 2013 og mars 2019.

Kilde: Politidirektoratet

For å styrke den forskningsbaserte kunnskapen rundt temaet førebygging av seksuelle overgrep mot barn, vil det bli satt av 5 mill. kroner. Midlane skal lysast ut og skal omfatte fleire ulike fagområde, jf. omtale under programkategori 06.10. Regjeringa vil i 2020 leggje til rette for at Rettsgenetisk senter ved Universitetet i Tromsø (RGS) skal kunne utføre DNA-analyser til bruk i strafferettspleia, i tillegg til avdeling for rettsmedisinske fag ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Etableringa vil bl.a. sikre nok kapasitet innan DNA-analyse for etterforskinga til politiet i framtida. Etableringa inneber utgifter for tilpassing av IKT-systema til politiet i 2020.

Førebyggje kriminalitet blant barn og unge

Analysane til politiet har gjennom fleire år vist ein nedgang i den registrerte kriminaliteten blant barn og unge, før det i 2016 og 2017 var ein auke. I 2018 har det vore ein svak nedgang i den registrerte kriminaliteten blant barn under 15 år samanlikna med i 2017, mens nivået er stabilt for dei mellom 15 og 17 år.

I Oslo er politiinnsatsen styrkt i utsette område for å følgje opp unge i risikosona og forhindre rekruttering til miljø som driv med kriminalitet. Innsatsen skal bidra til å halde oppe den styrkte førebyggjande innsatsen frå politiet gjennom at politiet er sterkare til stades i utsette område, tettare oppfølging av unge i risikosona og sterkare samarbeid mellom politiet og dei andre aktørane i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Satsinga i Oslo blir vidareført i 2020.

Nokre barn og unge blir registrerte for kriminalitet gjentekne gonger. Nokre få av desse sluttar ikkje med kriminalitet og står for ein stor del av den totale kriminaliteten blant unge. Enkelte er òg sårbare for å bli rekrutterte til kriminelle gjengmiljø. Dei har ofte samansette utfordringar, noko som krev samarbeid mellom ulike offentlege instansar. Det er framleis behov for å vidareutvikle strategiar og tiltak for å førebyggje kriminalitet blant unge gjengangarar.

Det er over tid lagt ned betydeleg innsats i nedkjempinga av dei kriminelle nettverka i Noreg. Regjeringa er oppteken av å oppretthalde innsatsen.

Utfordringar knytte til kriminelle nettverk og gjengar er størst på det sentrale austlandsområdet, men utfordringane treffer også andre politidistrikt. Politidirektoratet og Riksadvokaten sette i 2019 i verk ein nasjonal operasjon mot kriminelle nettverk i Noreg. Operasjonen vil bidra til å betre, styrke og koordinere den eksisterande innsatsen på området og vil involvere særorgana og alle politidistrikta.

I statsbudsjettet for 2019 vart det løyvd særskilde midlar til ein styrkt politiinnsats mot ungdomskriminalitet og gjengkriminalitet. Det er foreslått å vidareføre løyvinga i 2020.

Einingar for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet («dyrepoliti»)

For å hindre mishandling av dyr frå menneske, og sikre at kriminaliteten mot dyr ikkje utviklar seg til ny kriminalitet, har regjeringa no etablert totalt fem einingar for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 2 mill. kroner i 2020 for å etablere ei ny eining for nedkjemping av dyrevelferdskriminalitet i Troms politidistrikt. Regjeringa foreslår også å løyve 1 mill. kroner over Mattilsynets budsjett til formålet.

1.4.3 Saksavvikling i domstolane

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid og talet på domstolar som er utanfor eitt eller fleire av Stortingets mål, har vore relativt stabilt over fleire år. Talet på innkomne saker til tingrettane har gått ned dei siste to åra, og dette er ei ny utvikling. Talet på innkomne saker steig i perioden frå 2010 til 2016. Det er for tidleg å seie om nedgangen i innkomne saker er uttrykk for årleg variasjon eller ein meir langvarig trend. Ifølgje Domstoladministrasjonen har både sivile saker og straffesaker blitt meir komplekse og omfattande. Høgsterett framhevar at rettskjeldebiletet stadig blir meir komplekst og internasjonalt.

Figur 1.4 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tingrettane (2014–2018)

Figur 1.4 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tingrettane (2014–2018)

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i meddomsrettssaker i tingrettane gjekk ned i 2018, men oversteig Stortingets mål på 3 md. I underkant av halvparten av tingrettane var utanfor målsetjinga om saksbehandlingstid på 3 md., om lag uendra frå 2017. Tingrettane avvikla nokre fleire saker enn det kom inn i 2018, og dette bidrog til ein liten reduksjon i behaldninga av meddomsrettssaker samanlikna med året før.

Figur 1.5 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i lagmannsrettane (2014–2018)

Figur 1.5 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i lagmannsrettane (2014–2018)

Ingen av lagmannsrettane nådde Stortingets mål for ankar over dom i straffesaker. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i straffesaker i lagmannsrettane gjekk noko ned i 2018 etter ein auke i saksbehandlingstida i straffeankane fram til 2017.

Regjeringa har dei siste åra sett i verk mange tiltak for å sikre gode og effektive domstolar, bl.a. lovprosessar, digitalisering og endring av organisering. Regjeringa har òg sett ned Domstolkommisjonen.

Regjeringa har starta delar av straffeprosesslovarbeidet. I statsråd 21. juni 2019 vart Stortingets vedtak til lov om endringer i straffeprosessloven mv. (ankesiling m.m.) sanksjonert, sjå Prop. 53 L (2018–2019). Lovendringa medfører at òg ankar i dei mest alvorlege straffesakene skal takast med i dagens silingsordning og behandlast på same måte som straffesaker med lågare strafferamme. Grunnen er at arbeidet til lagmannsrettane bør konsentrerast om saker der det er mogleg at full ny behandling vil føre til eit anna resultat. Forslaget vil effektivisere ankebehandlinga og redusere saksbehandlingstidene.

Regjeringa moderniserer domstolane gjennom utvikling av nye digitale arbeidsmåtar i domstolane og digital kommunikasjon med publikum og andre aktørar i straffesakskjeda. Domstolane går gjennom eit digitalt skifte, bl.a. synleggjort gjennom prosjektet Digitale domstolar. Dette vil føre til ei vesentleg effektivisering av domstolane og bidra til å redusere saksbehandlingstida. Arbeidet er viktig for å oppretthalde høg kvalitet i saksbehandlinga til domstolane, noko som igjen er viktig for at befolkninga skal ha tillit til domstolane. Samfunnet forventar digitale arbeidsmåtar og tenester i møte med offentlege verksemder. Prosjektet Digitale domstolar strekkjer seg over totalt seks år, til 2022.

Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) har i løpet av 2017 og 2018 etablert ein effektiv, sikker og robust digital felleskomponent for utveksling av data (Justishub) innan straffesakskjeda. Regjeringa foreslår løyve 30 mill. kroner i 2020 til særleg å kople fleire sentrale verksemder i straffesakskjeda på Justishub og å utvikle nye løysingar som gjer det mogleg å utveksle strukturert informasjon mellom fagsystem for eit utval av arbeidsprosessar.

I Oslo tingrett har det over tre år blitt gjennomført eit hurtigspor i saker der det er stor fare for at tiltalte unnlèt seg straffeforfølging, og bevisbiletet er klart. Ein evalueringsrapport frå juni 2018 viser at prosjektet er vellukka, ved at det fører til raskare dømming og gjennomføring av straff eller utvising. Regjeringa vil forlenge prosjektet vidare i 2020.

Det er stor variasjon i saksinngangen, ikkje berre mellom domstolane, men også i éin og same domstol frå eitt år til eit anna. Det er krevjande å tilpasse kapasiteten til såpass store endringar i saksmengda med ein lite fleksibel og sårbar domstolsstruktur. Dagens domstolsstruktur er til hinder for å oppnå at ressursane i domstolane blir effektivt utnytta. Mange av tingrettane i landet har lita saksmengd og få tilsette. Domstolkommisjonen si delutgreiing om struktur vart levert 1. oktober 2019.

Frå 1. januar 2019 vart fire tingrettar slått saman til éin tingrett, Vestfold tingrett, etter eit lokalt initiativ. Våren 2019 inngjekk Fredrikstad tingrett, Halden tingrett, Sarpsborg tingrett og Moss tingrett på tilsvarande måte ei intensjonserklæring om å slå seg saman til éin tingrett. Det same gjorde Nedre Romerike tingrett og Øvre Romerike tingrett. Forslag om samanslåing i Østfold og på Romerike har vore på høyring. Det blir teke sikte på å gjennomføre samanslåinga i løpet av 2020/2021.

1.4.4 Gjennomføring av straff og varetekt

Figur 1.6 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar, 2013–2019

Figur 1.6 Utvikling i soningskøen for vilkårslause dommar, 2013–2019

I 2013 var soningskøen på over 1 200 dommar. Regjeringa har etablert nye soningsplassar, og dette har hatt god effekt. Per september 2019 var soningskøen på 485 dommar . I forbindelse med nedlegging av om lag 250 fengselsplassar med lågare tryggingsnivå i fyrste halvår 2019 blei innsette overførd til andre fengsel. Dette førte til ein mellombels auke i soningskøen. Soningskøen er no på veg nedover. Regjeringa følgjer nøye med på kapasiteten i kriminalomsorga og utviklinga i soningskøen.

Ei viktig årsak til nedgangen er at Noreg leigde fengselsplassar i Nederland frå 2015 til 2018. Samstundes har regjeringa arbeidd for å auke kapasiteten i Noreg, bl.a. med nytt fengsel i Agder, som skal opnast medio 2020. Regjeringa har òg auka kapasiteten på straffegjennomføring med elektronisk kontroll (fotlenkesoning) med 255 plassar til 500 plassar, slik at fleire domfelte kan behalde bustad og arbeid under soninga.

Dei to siste åra har vi sett ein reduksjon i talet på innsetjingar i varetekt og talet på dommar til kriminalomsorga. Nedgangen i vilkårslause dommar og innsettingar i varetekt har òg medverka til å redusere soningskøen.

Kapasiteten i kriminalomsorga må tilpassast endringane i kriminalitetsbiletet. Samstundes som det har vore ein nedgang i talet på innsette i fengsel, blir det gjennomført lengre straffer, og domsinnsette sit lenger i fengsel enn tidlegare. Dette kjem både som følgje av at det samla talet på dømde som får kortare straffer, har gått ned, at dei som er dømde til kortare dommar, oftare får gjennomføre straffa si med elektronisk kontroll, samstundes som utviklinga peikar på meir alvorlege lovbrot. Denne kriminalitetsutviklinga tilseier at det er større behov for fengselsplassar med høgare tryggingsnivå, og mindre behov for fengselsplassar med lågare tryggingsnivå. For å utnytte ressursane på ein mest mogleg effektiv måte har det vore nødvendig å leggje ned fengselsplassar det ikkje er bruk for.

Kapasitetsutnyttinga i fengsla var høg i perioden 2013–2016. Dette var nødvendig for å redusere soningskøen. I 2018 og første halvår i 2019 har den gjennomsnittlege kapasitetsutnyttinga i fengsla vore i underkant av 90 pst. Kriminalomsorga tilrår kapasitetsutnytting på 90 pst., bl.a. av omsyn til at ein skal kunne stille varetektsplassar til disposisjon for politiet ved behov.

Fengsla har eit omfattande vedlikehaldsetterslep. Dette har vore ei utfordring i fleire år. I ein porteføljeanalyse utført av Multiconsult på oppdrag frå Statsbygg i 2016 er behovet for vedlikehald berekna til å krevje investeringar på om lag 3,8 mrd. kroner. I perioden 2013–2018 er det gjort vedlikehald av fengsla for totalt om lag 1,18 mrd. kroner. Det er likevel framleis behov for ekstraordinært vedlikehald. I 2020 vil regjeringa derfor prioritere vedlikehald og rehabilitering av fengselsbygg. Regjeringa vil særskilt prioritere å oppretthalde viktig kapasitet for bl.a. forvaring og varetekt.

Det er eit kritisk vedlikehaldsetterslep ved Ila fengsel og forvaringsanstalt, som bl.a. har størstedelen av plassar for forvaring. Regjeringa foreslår å løyve 22 mill. kroner for å byrje arbeidet med å rehabilitere Ila fengsel og forvaringsanstalt i 2020. Kostnads- og styringsramma for prosjektet er høvesvis 353 og 302 mill. kroner, ekskl. inventar og brukarutstyr.

Situasjonen er òg kritisk for Oslo fengsel, som er viktig av omsyn til varetektskapasiteten for politiet i Oslo og det sentrale austlandsområdet. Oslo fengsel er eit av fengsla på Austlandet med størst vedlikehaldsbehov og er samstundes svært viktig for å dekke behovet for varetektskapasitet i Oslo-området. Det er gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) for ny løysing for Oslo fengsel, som er kvalitetssikra. Regjeringa har teke stilling til konsept for ny løysing og arbeider vidare med det valde konseptet. Regjeringa foreslår å løyve 17,5 mill. kroner i 2020 til planlegging og forprosjektering av nytt Oslo fengsel.

Eit overordna mål er å redusere tilbakefallet til ny kriminalitet og at fleire domfelte går tilbake til utdanning og arbeid etter gjennomført straff. For å hindre tilbakefall vil regjeringa arbeide for meir rehabiliterande straffegjennomføring med større vekt på innhaldet i soninga. Eit viktig tiltak for å betre kvaliteten i kriminalomsorga har vore å auke bruken av straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Kapasiteten er auka med 255 plassar i løpet av regjeringsperioden og utgjer i dag om lag 500 plassar. Ordninga gjer det mogleg for domfelte å behalde bustad og arbeid under straffegjennomføringa, og er difor eit viktig verkemiddel i utslusinga av domfelte til samfunnet. Regjeringa har óg prioritert å forbetre innhaldet i soninga gjennom nye moderne fengselsbygg.

Regjeringa byggjer ut kapasiteten i kriminalomsorga og avviklar samstundes enkelte fengsel som er lite eigna for fellesskap blant dei innsette. Ny kapasitet med meir moderne fengselsbygg vil gi fleire innsette tilbod om fellesskap. Dei nye fengselsbygga er òg godt eigna for arbeidsdrift, skule og helseteneste. Dette gjeld dei nye avdelingane ved Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling, og Agder fengsel som vil stå klart i 2020. Desse fengsla skal etter kvart sikre eit aktivitetstilbod til alle innsette. Som nemnd over foreslår regjeringa å starte forprosjektering av nytt Oslo fengsel. Dette er eit viktig tiltak for å betre soningsforholda for innsette.

Domfelte har aktivitets- eller arbeidsplikt, og kriminalomsorga skal leggje til rette for aktivitetar tilpassa behova til dei innsette. Sjølv om delen av innsette som har eit aktivitetstilbod har auka, har enkelte grupper av innsette særskilde behov for aktivisering som er tilpassa utfordringane deira. Regjeringa har dei siste åra sett i verk fleire tiltak for å betre soningsforholda for innsette med rusproblem og psykisk sjuke innsette. Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) har i 2019 utarbeidd ein tiltaksplan mot isolasjon i kriminalomsorga.

Straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging blir nytta i alle politidistrikta. Konfliktråda har kvart år motteke fleire saker der ungdom er dømde til eller pålagde ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging, og auken frå 2017 til 2018 er på 25 pst. Delen ungdom som fullfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging er aukande. Vi ser derimot òg at tilbakefallsprosenten stig. For å betre kvaliteten i gjennomføringa av ungdomsreaksjonane er det sett i verk ei rekkje tiltak i konfliktråda, bl.a. tiltak for å redusere tida frå ungdommen gjer eit lovbrot, til straffegjennomføringa startar. Dette arbeidet vil halde fram. Departementet vurderer endringar i konfliktrådslova for å forbetre kvaliteten i gjennomføringa ytterlegare med tanke på å førebyggje ny kriminalitet og hjelpe ungdommen til eit betre liv.

1.4.5 Offeromsorg

I 2018 behandla Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) om lag 10 pst. færre søknader om valdsoffererstatning enn året før. Samstundes har saksbehandlingstida ved kontoret blitt lengre. Dette har resultert i at behaldninga av ubehandla saker auka i 2018. I 2018 har det vore fleire seksuallovbrot mot barn. Desse sakstypane er omfatta av ordninga, og auken legg press på valdsoffererstatningsordninga.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Kontoret for valdsoffererstatning med 3,2 mill. kroner, for å bidra til å snu den negative utviklinga i restansebehaldning og saksbehandlingstid.

1.5 Samfunnstryggleikskjeda

Samfunnstryggleik er evna samfunnet har til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar, og som set liv og helse i fare. For å sikre ei systematisk tilnærming ser regjeringa arbeidet med samfunnstryggleik som ei kjede. Systematisk kunnskapsutvikling som grunnlag for førebyggjande tiltak skal bidra til færre hendingar og eit betre beredskapsarbeid. God beredskap set ansvarlege aktørar i stand til å handtere hendingar og rette opp att samfunnsfunksjonane raskt ved eventuelle hendingar. I alle ledd av kjeda er kontinuerleg læring, forbetring og tilpassing til endringar i risiko- og sårbarheitsbiletet ein føresetnad for å lukkast.

Samfunnstryggleikskjeda er kjenneteikna av mange aktørar som tek hand om ulike delar av arbeidet, både offentlege aktørar på ulike forvaltningsnivå og private og frivillige organisasjonar. Godt samfunnstryggleiksarbeid stiller høge krav til samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, og til godt samarbeid med private og frivillige aktørar. Samfunnstryggleiken blir påverka av utviklinga i Noreg, men i stor grad òg av globale utviklingstrekk. Digitale sårbarheiter, IKT-kriminalitet, ein endra tryggingspolitisk situasjon og eit større tal terroranslag internasjonalt er døme på globale utfordringar som òg påverkar Noreg og norsk tryggleik.

Ein viktig føresetnad for god samfunnstryggleik er å ha forståing for dei særskilde utfordringane arbeidet inneber. God samfunnstryggleik handlar om å arbeide systematisk med moglege hendingar som det er usikkert om nokon gong vil inntreffe. Ein årvaken og risikoerkjennande kultur er avgjerande for å lukkast. Dette gjeld generelt, men er særskilt viktig når det gjeld digital tryggleik. Digitaliseringa av samfunnet skaper avhengnader og sårbarheiter som går på tvers av sektorar, ansvarsområde og landegrenser. Dette krev høg kompetanse, systematisk arbeid og samarbeid mellom aktørane i dei digitale kjedene.

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for hovudtyngda av dei sivile rednings- og beredskapsressursane i Noreg. Departementet har ei samordningsrolle og eit pådrivaransvar for samfunnstryggleik i sivil sektor, jf. Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen) fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 1. september 2017. Dette inneber å sikre eit koordinert og einskapleg arbeid med samfunnstryggleik på tvers av sektorgrensene. Justis- og beredskapsdepartementet har òg ansvar for administrativ koordinering av redningstenesta, jf. Organisasjonsplan for redningstjenesten , som vart fastsett ved kgl.res. 19. juni 2015.

Dei siste åra har utfordringsbiletet endra seg betydeleg og raskt på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Klimaendringar, sårbarheit knytt til teknologi, helseutfordringar, migrasjon, terror, tryggingspolitiske utfordringar og hybride hendingar er døme på slike utfordringar.

Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn er regjeringas strategi for samfunnstryggleik i eit fireårsperspektiv. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei ny stortingsmelding om samfunnstryggleik våren 2020.

1.5.1 Internasjonalt samarbeid

NATO set i dag tryggleiken og funksjonsevna til sivilsamfunnet høgt på dagsordenen. Sivil beredskap, krisehandtering og robuste samfunnskritiske funksjonar er ein føresetnad for samla beredskap og forsvar i kvart enkelt land og dermed for alliansen som heilskap. Totalforsvarskonseptet omfattar gjensidig støtte og samarbeid mellom sivil og militær side for å førebyggje, planleggje for og handtere kriser, væpna konflikt og krig. Regjeringa etablerte i 2016 Totalforsvarsprogrammet, eit program for å vidareutvikle totalforsvaret og auke motstandsdyktigheita i samfunnskritiske funksjonar. Gjennom den store NATO-øvinga Trident Juncture i 2018 vart sentrale delar av Totalforsvarssystemet testa. Øvinga var totalt sett ein suksess og viste god evne til mottak av allierte forsterkingar. Øvinga styrkte samhandlinga mellom aktørane i Totalforsvaret og peika på nokre viktige forbetringspunkt.

Noreg må som ein del av eit Europa i endring aktivt støtte opp under at bl.a. EU framleis prioriterer å sikre eit høgt tryggleiksnivå, samstundes som dei grunnleggjande rettane til enkeltpersonar blir varetekne.

Som ein del av EUs integrerte grenseforvaltning (Integrated Border Management – IBM), er det eit krav at alle Schengen-landa, inkludert Noreg, etablerer eit nytt felleseuropeisk elektronisk inn- og utreisesystem (Entry/Exit System – EES) og eit system for å søke om framreiseløyve for tredjelandsborgarar (borgarar utanfor Schengen-området) som er unnatekne frå visumplikt (European Travel Information and Authorisation System – ETIAS). EU har sett i verk tiltaka på bakgrunn av behovet for å møte veksande truslar mot indre tryggleik i Schengen og utfordringar knytte til veksande migrasjon. Innføring av systema utgjer sentrale tiltak for å hindre ulovleg migrasjon til Schengen-området og vil også bidra i kampen mot ID-misbruk, terrorisme og annan alvorleg, grenseoverskridande kriminalitet. Systemet er planlagt å vere i drift frå 2020/2021 og vil bidra til ein meir effektiv og sikker yttergrensekontroll. Regjeringa foreslår å løyve 22,6 mill. kroner til arbeidet med grense- og territorialkontroll i 2020, fordelt med 9,6 mill. kroner under politiet og 13 mill. kroner under UDI.

1.5.2 Beredskap mot dei mest alvorlege truslane mot Noregs tryggleik

Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er meir kompleks, og truslane mindre føreseielege enn tidlegare. Noreg må ha beredskap mot og må handtere truslar frå både statlege og ikkje-statlege aktørar, både i det fysiske og i det digitale rommet.

Forholdet mellom stormaktene er òg viktig for Noreg. Meir øving og trening med militære styrkar i Noregs nærleik er eit døme på utviklinga. Etterretningstenester i framande land viser at dei har både evne og vilje til å bruke tilgjengelege middel mot nabolanda sine for å fremme eigne interesser.

Aktivitet frå statlege aktørar som kan utgjere ein trussel mot norsk tryggleik, omfattar både tradisjonell etterretning, økonomiske verkemiddel, påverknad og oppkjøp. Metodar som blir nytta, er bl.a. nettverksoperasjonar, kartlegging og rekruttering av innsidarar. PST vurderer i si nasjonale trusselvurdering ( NTV 2019 ) at etterretningstenestene i fleire land vil forsøke å rekruttere kjelder og kartleggje personar og verksemder i Noreg i 2019. Formålet vil vere å skaffe sensitiv informasjon og påverke avgjerder.

I revidert nasjonalbudsjett for 2019 vart det løyvd 162 mill. kroner for å styrke PSTs evne til å innhente informasjon i det digitale rommet. Regjeringa foreslår å løyve 84 mill. kroner til formålet i 2020.

Fleire europeiske land er utsette for alvorlege terrortruslar. Terrorangrepet mot ein moské i Bærum 10. august 2019 viser betydninga av å arbeide kontinuerleg med beredskap mot terror og ekstremisme. Sommaren 2019 skjerpa PST vurderingane knytte til høgreekstreme miljø. Politiets handtering av terrorangrepet i august blir no utreda for å gi nødvendige erfaringar. PST vurderer at ein vekst i innvandrings- og islamfiendtlege grupper i dei norske høgreekstreme miljøa vil vere ei utfordring det kommande året. Personar og grupper som er inspirerte av ekstrem islamistisk ideologi, utgjer ifølgje PSTs trusselvurdering for 2019 framleis den mest alvorlege terrortrusselen mot Noreg.

Sentralisert etterforsking av framandkrigarar har vore eit vellukka tiltak i PSTs kontraterrorarbeid, noko som har medverka til at Noreg er blant dei mest offensive landa i Europa når det gjeld etterforsking av framandkrigarar. Dette har også hatt positiv effekt på den nasjonale radikaliseringssituasjonen. I 2019 blir mange framandkrigarar og andre terrordømde lauslatne frå fengsel i Europa. Etter fullført soning skal desse personane reintegrerast i samfunnet. Kapasiteten og intensjonane deira kan utgjere ein tryggleiksrisiko. Det er framleis norske borgarar i både Syria og Irak, og det er ikkje avklart om dei vil returnere til Noreg. Eit tett samarbeid mellom PST, lokalt politi, kriminalomsorg, kommunar og sivilsamfunnet er sentralt både i førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme og når det gjeld reintegrering av personar som har sona dom for terrorrelatert verksemd.

Samlokalisering av nødmeldings- og operasjonssentralane til politiet og brannvesenet er ein del av politireforma og er viktig for effektiv samhandling og rask hjelp. Samlokalisering av politiets operasjonssentralar og brann- og redningsvesenets 110-sentraler er gjennomført i politidistrikta Innlandet, Møre og Romsdal, Øst og Sør-Øst. Samlokalisering av politiets operasjonssentral, brann- og redningsvesenets 110-sentral, og AMK-sentralen er gjennomført i Nordland politidistrikt. Erfaringane frå dei samlokaliserte sentralane er positive.

Politiets innbyggjarundersøking 2018 viser at 92 pst. av Noregs befolkning føler seg trygge der dei bur og ferdast. Resultatet for 2018 viser at politiet nasjonalt svarte på meir enn 95 pst. av alle førespurnader til politiet på nødnummer 112 innan 20 sekund, og dermed nådde resultatkravet. Frå og med 2015 vart det sett nye resultatkrav til responstid. Samanlikna med 2015, er responstida per første tertial 2019 om lag uendra. Politiet innfrir responstidkrava for område som har mellom 2 000 og 20 000 innbyggjarar. I område med meir enn 20 000 innbyggjarar er responstida om lag ett minutt svakare enn kravet. Det same gjeld område med mindre enn 2 000 innbyggjarar.

Politiet behandlar store mengder sensitiv informasjon og utøver viktige oppgåver i samfunnet. God informasjonstryggleik er ein føresetnad for å gjennomføre desse oppgåvene på ein effektiv og sikker måte. Riksrevisjonen har tidlegare påpeika manglar ved informasjonstryggleiken i politiet (Dok. 1 (2012–2013) og Dok. 1 (2013–2014)) og kritisert Justis- og beredskapsdepartementet for utilstrekkeleg oppfølging av manglane. Riksrevisjonen har i 2018/2019 gjennomført ein ny revisjon av korleis politiet sikrar seg mot dataangrep.

Sjølv om det er løyvd betydelege midlar for å styrke IKT-arbeid i politiet dei siste åra, har politiet framleis eit investeringsetterslep på området, og infrastrukturområdet blir vurdert som det mest kritiske. Justis- og beredskapsdepartementet vil halde fram med å følgje opp korleis politiet arbeider med å sikre seg mot dataangrep.

Regjeringa signerte i desember 2013 kontrakt med AgustaWestland (no Leonardo SPA) om levering av 16 nye redningshelikopter med opsjon på ytterlegare seks helikopter av typen AW101. Dei nye helikoptera vil ha langt betre rekkjevidd, større fart og betre evne til å operere i dårleg vêr enn dagens Sea King-helikopter. Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av første halvår 2022. Ein tek sikte på å setje dei første helikoptera i drift første halvår 2020.

Regjeringa har styrka helikopterberedskapen i politiet. Det er i 2019 levert to nye politihelikopter, til erstatning for dei gamle politihelikoptera. Eit tredje helikopter blir levert i løpet av hausten 2019. Dei nye helikoptera har tilstrekkeleg transportkapasitet og vil fungere som eldstøtte- og innsettingsplattform og styrke innsatsevna til politiet i heile Sør-Noreg. Dei vil også kunne plasserast andre stader i Noreg ved behov. Frå 2020 vil dei være stasjonerte på Politiets nasjonale beredskapssenter saman med beredskapstroppen.

Forsvarets Bell 412-helikopter står i dag på Bardufoss medéin times beredskap for politiet. Regjeringa anbefalte i Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for Forsvaret å samle Bell 412-helikoptera på Rygge som særskild helikopterkapasitet for spesialstyrkane. For å sikre at beredskapen for politiet er vareteken i Nord-Noreg foreslår regjeringa å setje i verk ei mellombels løysing for politiberedskapen i Nord-Noreg gjennom innleige av sivil helikopterberedskap. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 50 mill. kroner i 2020 til drift av den nye løysinga. I tillegg blir det foreslått å overføre 11 mill. kroner frå kap. 1733, post 01 under Forsvarsdepartementets budsjett til formålet.

For å styrke redningsberedskapen i Nord-Noreg tek ein sikte på å opprette ein ny redningshelikopterbase i Tromsø basert på sivil innleige. Justis- og beredskapsdepartementet vil setje i gang ein konkurranse og hente inn anbod. Det blir foreslått at denne basen også leggjast til rette for å dekkje det spesielle behovet til politiet og at dette inkluderer dagens beredskap på ein time. Det vil på sikt bli vurdert om det er hensiktsmessig å gå over til Forsvaret som operatør av basen. Ei slik vurdering vil først kunne gjerast når ein har tilstrekkeleg erfaring med drift med nye helikopter. Det tas sikte på at den nye redningshelikopterbasen setjast i drift i løpet av 2022.

Sivilforsvaret er statens forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. I 2019 har Sivilforsvaret bl.a. bidratt i samband med rasfare ved Lillemannen i Møre og Romsdal og ras i Jølster. Per august 2019 er mange av innsatstimane så langt i år knytte til redningsaksjonen i samband med cruiseskipet «Viking Sky» og skogbrann i Rogaland.

Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar. Redningstenesta er ein nasjonal dugnad, og hovudredningssentralane (HRS) i Nord-Noreg (HRS NN) eller Sør-Noreg (HRS SN) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar. Luft- og sjøredningsaksjonar er det i hovudsak HRS som organiserer, leier og koordinerer. HRS delegerer som oftast leiinga og koordineringa av landredningsaksjonar til den lokale redningssentralen (LRS). Talet på hendingar som er registrerte ved HRS, har meir enn dobla seg dei siste ti åra.

For å styrke beredskapen og ivareta Noregs redningsansvar foreslår regjeringa å løyve 6 mill. kroner til å etablere ein forbetra high-frequency-dekning (HF-dekning) i nordområda, inkludert Svalbard. Når dekninga er på plass, vil HRS og kystradiostasjonane kunne ha tovegs-talekommunikasjon med nødstedte og redningsressursar i området, noko som er avgjerande for en effektiv redningsinnsats. Arbeidet vil starte opp i 2020.

Den frivillige innsatsen er svært viktig for regjeringas mål om å sørge for trygg beredskap for samfunnet. Å vidareføre samarbeidet med dei frivillige organisasjonane er viktig for regjeringa.

Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nettet gir nød- og beredskapsaktørar høve til avlyttingssikra og effektiv kommunikasjon i grupper. Nødnett har ein berekna dekningsgrad på 86 pst. av landarealet og nær 100 pst. av befolkninga. Dette er i tråd med Stortingets forventning, jf. Innst. 371 S (2010–2011). Det er om lag 62 000 radioterminalar aktivert for bruk av Nødnett i heile landet, og stadig fleire organisasjonar bruker Nødnett. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som forvaltar statens eigarskap til Nødnett, gjennomfører tiltak knytte til digitale sårbarheiter og IKT-tryggleik i samband med Nødnett.

Etter tilsyn frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) i 2017 vart det avdekt avvik frå tryggingslova i Nødnett. DSB arbeider med å lukke avvika. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer opp saka i styringa av DSB. Regjeringa vidarefører arbeidet med forsterka sikring av skjermingsverdige objekt i Nødnett i 2020.

Det er behov for fleire midlar til tryggleikstiltak og logisk sikring i nødnettsystemet og styrkt evne til å førebyggje, oppdage og handtere tryggleikshendingar. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til slike tiltak.

Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett t.o.m. 2026, med ein garanti for at nettet kan driftas vidare i ytterlegare fem år. Regjeringa er i gang med ei konseptvalutreiing om korleis ei framtidig løysing i kommersielle mobilnett kan og bør realiserast, og ei vurdering av overgangen frå dagens Nødnett.

1.5.3 Ny lov om nasjonal tryggleik

Nasjonal tryggleik er dei tryggleiksinteressene som er omfatta av den nye tryggingslova. Den nye tryggingslova vart sett i verk 1. januar 2019. Hovudformålet med lova er å trygge dei nasjonale tryggleiksinteressene våre gjennom å førebyggje, avdekke og motverke verksemd som truar tryggleiken. Det nye regelverket har ei avgrensa utviding av verkeområdet samanlikna med tidlegare regelverk, som berre hadde statstryggleiksområdet som verkeområde. Verkeområdet til den nye lova blir definert som nasjonal tryggleik, og skal i samsvar med forarbeida til lova forståast som statstryggleiksområdet og ein snever del av samfunnstryggleiksområdet.

Den nye lova er bl.a. betre tilpassa samfunnsutviklinga, der ein stor del av dei kritiske funksjonane i samfunnet er digital infrastruktur og er eigde og drivne av private aktørar. I 2019 er det gjort mykje arbeid med implementeringa av lova, bl.a. gjennom utarbeiding av rettleiarar. Det har òg vore arbeidd med å setje departementa, verksemder og eigarar i stand til å forstå regelverket og å rettleie dei i å identifisere rette objekt og sikre desse ved balansert bruk av menneskelege, teknologiske og organisatoriske tiltak. Dette arbeidet vil halde fram i 2020.

Med verknad frå 3. mai 2019, jf. kgl.res. 3. mai 2019, tok Justis- og beredskapsdepartementet over ansvaret for tryggingslova og det administrative ansvaret for oppfølginga av NSM, frå Forsvarsdepartementet. NSM er tryggingsmyndigheit og ansvarleg myndigheit for å drive ein nasjonal responsfunksjon for alvorlege digitale angrep og eit nasjonalt varslingssystem for digital infrastruktur etter den nye tryggingslova. NSM leverer tekniske løysingar til klareringsmyndigheitene. Klareringsprosessen er prega av manuelle og papirbaserte løysingar.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til NSM med 20 mill. kroner i 2020 til digitalisering, herunder effektivisering av klareringsprosessen. Dette vil òg betre kvaliteten på avgjerdene.

Oppfølginga av langtidsplanen for forsvarssektoren 2017–2020 inneber vidare at NSM blir styrkt med 5,4 mill. kroner for auke av kapasiteten innan analyse og avdekking av alvorlige angrep mot digital infrastruktur.

1.5.4 Digital tryggleik

I åra som kjem vil samfunnet møte stadig større og meir komplekse IKT-tryggleiksutfordringar. IKT-infrastrukturar og -system blir meir globale, omfattande og integrerte. Fleire einingar blir kopla til internett, bruken av skytenester vil auke, og fleire IKT-funksjonar blir sette ut til tredjepartar.

Regjeringa har utarbeidd ein ny nasjonal strategi for digital tryggleik, inkludert handlingsplan. Strategien tek utgangspunkt i Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar , og har i tråd med intensjonane i meldinga ei breiare tilnærming enn tidlegare strategiar. Samstundes har Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet utarbeidd ein strategi for digital tryggleikskompetanse.

Justis- og beredskapsdepartementet tek del i finansieringa av program i Forskingsrådet knytte til samfunnstryggleik (SAMRISK) og digital tryggleik (IKT Pluss). Som ein del av denne satsinga foreslås det å løyve 12,5 mill. kroner til forsking på digital tryggleik og effektar av teknologiutvikling, jf. omtale under programkategori 06.10.

1.5.5 Svalbard

Regjeringa har som mål at Longyearbyen skal vere attraktiv for familiar og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og understøtte dei overordna måla i svalbardpolitikken. Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani medfører ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har samstundes ikkje hatt særleg verknad på den totale sysselsetjinga og innbyggjartalet i Longyearbyen. Andre næringar er i vekst, t.d. reiseliv, med ein større del utlendingar enn tidlegare år.

Klimaendringar har gitt større snømengder og større fare for skred i Longyearbyen. NVE har frå 2016 gjennomført snøskredvarsling for befolkninga i Longyearbyen. NVE gjennomfører òg fysisk sikringsanlegg for skred i Longyearbyen. I 2019 vart det løyvd 45 mill. kroner til NVE til stredsikringstiltak i Longyearbyen. Framdrifta er førebels vurdert å bli forseinka med eitt år samanlikna med opphaveleg plan. Det ligg an til arbeidet med Sukkertoppen held fram og vert avslutta i 2021.

Fram til skredsikring er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering av befolkninga.

Longyearbyen har hatt mangel på bustader, bl.a. på grunn av skredsituasjonen. Bustadmangelen har gjort at ein i nokre tilfelle ikkje har kunna tilsetje folk i det offentlege, fordi ein ikkje har bustad å tilby. Situasjonen for offentlege tilsette er no tilfredsstillande, etter at Statsbygg har ført opp 60 nye bustader i bustadfeltet Gruvedalen til sin eigen utleigepool. Dei første 30 bustadene blei innflyttingsklare før jul i 2018. Dei siste blei ferdig i 2019. Sysselmannen ba Longyearbyen lokalstyre om ei heilskapleg utgreiing av bustadsituasjonen i Longyearbyen, jf. Prop. 1 S (2018–2019). Lokalstyret sendte rapporten sin til Sysselmannen 4. juli 2019. Dokumentet er ei administrativ utredning og vil seinare bli lagt fram for politiske handsaming i lokalstyret.

Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem, og tilgang på energi er kritisk for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik for energi er derfor spesielt viktig for Longyearbyen. Dagens reservekraftverk gir ikkje tilfredsstillande forsyningstryggleik i Longyearbyen. Olje- og energidepartementet har sett i verk ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar.

Tenestefartøyet til sysselmannen, M/S «Polarsyssel», vart teke i bruk i 2014 og er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved bl.a. fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.m. Vekst i cruisetrafikken og annan skipstrafikk gir større behov for inspeksjon, redningsberedskap og oppsyn. I 2016 var sesongen skipet seglar, utvida frå seks til ni månader i året. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 vart sesongen for M/S «Polarsyssel» utvida frå ni til ti månader. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på Svalbardbudsjettet med 5 mill. kroner i 2020 for å gjere utvidinga av seglingssesongen frå ni til ti månader i året permanent.

1.6 Migrasjonskjeda

Migrasjon handlar om menneske som flyttar frå éin stat til ein annan, og omfattar både inn- og utvandring. Vi skil mellom fire hovudtypar migrasjon: arbeids-, utdannings- og familiemigrasjon og flukt. Det er ofte samansette årsaker og motiv når personar vel å søke seg til eit anna land.

Migrasjonskjeda er definert som prosessen frå ein person søker om opphaldsløyve eller vern i Noreg, til opphaldsløyve, busetjing og deltaking i arbeids- og samfunnsliv, eller til avslag og retur til heimlandet eller eit trygt tredjeland for dei som har søkt frå Noreg.

Innanfor ansvarsområdet til Justis- og beredskapsdepartementet involverer oppgåvene i migrasjonskjeda Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), Politidirektoratet (POD), og under dette Politiets utlendingseining (PU), politidistrikta, Nasjonalt ID-senter og Kripos, og Politiets tryggingsteneste (PST). Ein omtale av busetjing og integrering er å finne i Prop. 1 S (2019–2020) for Kunnskapsdepartementet. Vertskommunar for asylmottak er òg sentrale aktørar i migrasjonskjeda. I tillegg er utanriksstasjonane ein del av førstlinja i utlendingsforvaltninga.

1.6.1 Talet på asylsøkarar og migrasjonspotensialet

Talet på asylsøkarar og irregulære migrantar til Europa har totalt sett vore nokså stabilt sidan hausten 2016. Talet på personar som søker vern i Noreg, har dei siste åra vore lågt, og er i 2018 det lågaste sidan 1997. 3 054 personar søkte asyl i Noreg i 2018. Det er 14 pst. færre enn i 2017. Noreg deltok frivillig i EUs relokaliseringsordning i 2016–2017 og tok imot til saman 1 508 asylsøkarar gjennom ordninga. I 2018 behandla Noreg søknader frå 396 einslege mindreårige asylsøkarar på ny etter utledningsforskriften § 8–8 Tidsbegrenset oppholdstillatelse til enslige, mindreårige asylsøkere over 16 år som får opphold på grunn av mangel på forsvarlig omsorg ved retur . Ser ein bort frå relokaliseringa og søknader etter § 8–8, gjekk talet på asylsøkarar opp med 15 pst. frå 2017 til 2018.

Figur 1.7 Utvikling i asyltilkomstar, relokaliserte og overføringsflyktningar

Figur 1.7 Utvikling i asyltilkomstar, relokaliserte og overføringsflyktningar

Noregs del av asylsøkarane som kom til land i EU/EFTA, var vesentleg mindre i 2018 enn i åra før. Dessutan ligg talet på asylsøkarar per million innbyggjarar i Noreg markert under snittet for EU-landa i 2016–2018, mens det låg over i 2014–2015.

Behovet for løyvingar på feltet er i stor grad avhengig av kor mange personar som søker asyl i Noreg. I regjeringas forslag blir det til dømes foreslått å løyve om lag 900 mill. kroner knytt til asylmottak (kap. 490, post 21, 60, 70 og 71) i 2020. Til samanlikning ble det nytta om lag 6,4 mrd. kroner på disse postane i 2016, som følgje av dei store innkomstane av asylsøkarar i 2015.

Det ser ut til at talet på asylsøkarar vil halde seg på eit lågt nivå òg i 2019. Per 30. juni var det registrert i underkant av 1 000 asylsøkarar. Det er forventa at det vil komme 3 000 asylsøkarar til Noreg i 2019, og det same i 2020.

Det lågare talet på asylsøkarar og irregulære migrantar heng bl.a. saman med tiltak som er sette i verk på yttergrensa, europeisk samarbeid med naboland og samarbeid med tredjeland. Bl.a. har samarbeid mellom EU og Tyrkia og land på Vest-Balkan om migrasjonskontroll ført til at færre asylsøkarar har komme til Europa. Betre registrering av personar som kjem over yttergrensene til Schengen-området, og bruk av personkontroll på nokre av dei indre grensene mellom Schengen-landa, har ført til at færre av dei som er komne til Europa, kjem vidare til Noreg.

Òg endringar i regelverket i Noreg har truleg bidratt til at talet på folk som søker asyl, no er lågt. Det er grunn til å anta at signaleffektane av endringar i den norske innvandringspolitikken har medverka til at talet på personar som søker asyl i Noreg, har halde seg på eit lågt nivå. Mange kan i staden ha valt å søke asyl i andre land.

Det er altså gjort mange grep for å kontrollere den irregulære migrasjonen, men dette er ein skjør situasjon som kan endre seg raskt. Faktorar som kan spele inn er konfliktar og mangel på stabilitet i ei rekkje land, fattigdom og demografisk utvikling. Talet på flyktningar og irregulære migrantar er framleis stort i nærområda til Europa, og migrasjonspotensialet er dermed stort.

I 2018 var Noregs kvote for overføringsflyktningar totalt på 2 120 plassar. I 2019 er det 3 000 plassar i kvoten. Med dette har Noreg trappa opp innsatsen i flyktningsituasjonar i land ved den sentrale middelhavsruta, som er prioriterte av både FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og EU. Det kan komme endringar i fordelinga i løpet av året som følgje av utfordringar i nokre land. Av same årsak kan det blir utfordrande å nå målet om 3 000 plasser i 2019. Ubrukte plassar kan overførast til 2020.

Regjeringa meiner at talet på kvoteplassar skal sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg, og eventuell relokalisering av asylsøkarar frå EU. På grunn av det låge talet på asylsøkarar og ein venta nedgang i familieinnvandringa foreslår regjeringa å vidareføre kvoten i 2020 på same nivå som i 2019, med 3 000 plassar. Dette er fleire per innbyggjar enn i dei fleste andre land.

I 2018 har UDI behandla omtrent like mange asylsøknader som det har komme inn, men direktoratet har ikkje fått redusert talet på eldre ubehandla søknader. Samanlikna med 2017 har UDI likevel komme nærmare ambisjonane om at ein større del av førstegongsvedtaka i asylsaker skal behandlast innan 21 dagar. Det er forventa at UDI vil byggje ned talet ubehandla asylsaker i 2019 og 2020. For å tilpasse seg situasjonen med få asylsøkarar gjennomførte UDI fleire organisasjonsendringar i 2017 og 2018. 2018 vart eit utfordrande år der saksbehandlingstida auka i dei fleste sakstypar samanlikna med 2017. Mykje av årsaka til dette var mellombels effektivitetstap ved nedbygging av saksbehandlarkapasitet og flytting av saksporteføljar. Frå slutten av 2018 har UDI sette i verk tiltak for betre måloppnåing.

1.6.2 Færre personar med plikt til å forlate landet

Talet på utreisepliktige personar i mottak er redusert med 25 pst. i løpet av 2018. Nedgangen i asylsøkarar til Noreg og regjeringas satsing på retur har medverka til at det no er færre å returnere frå mottaka. Det er usikkert kor stor gruppa utreisepliktige utanfor mottak er. Ulike rapportar tyder på at fleire av dei som har forlate mottak, òg har forlate landet.

Dei siste to åra har talet på assisterte returar sokke ein god del. I løpet av 2018 reiste 240 personar med assistert retur, som er ein nedgang på om lag 58 pst. samanlikna med 2017.

I 2018 transporterte politiet ut om lag 5 100 personar utan lovleg opphald, og av desse var 35 pst. pålagde éin eller fleire straffereaksjonar i Noreg. Talet på uttransporterte var 6 pst. lågare i 2018 enn i 2017. Talet på uttransporterte i 2019 ligg an til å bli lågare enn i 2018. Det er ikkje lenger føresetnader for å oppretthalde eit like høgt måltal for tvangsreturnerte. Ifølgje prognosen for 2020 vil politiet uttransportere 4 280 personar utan lovleg opphald. Det er blitt satsa bevisst på retur som kriminalitetsførebyggjande tiltak i politiet og på å gjere utlendingsfeltet til ein integrert del av politiarbeidet i politidistrikta, noko som har gitt gode resultat i kategorien bort- og utviste.

At det blir gjort færre returar, heng i vesentleg grad saman med at det no er langt færre å returnere pga. nedgangen i talet på asylsøkarar og at det vart gjort mange returar i perioden 2014–2016. Ei prioritering av returfeltet har over fleire år gitt gode resultat, men har også ført til ei dreiing mot fleire tyngre saker som krev meir ressursar per sak, enn for nokre år tilbake. Sjølv om målgruppa for retur har blitt mindre, har personane blitt meir krevjande å motivere til retur. Ein større del av sakene gjeld no lengeverande personar og personar med særskilde behov. Dette krev meir innsats for å kunne gjennomføre returar.

Ein stor del av dei med utreiseplikt som oppheld seg i mottak, kjem frå land som det er utfordrande å samarbeide med når det gjeld å ta tilbake eigne borgarar. T.d. kan det vere at dei ikkje bidrar til å avklare rett identitet. Regjeringa arbeider derfor med å få til returavtalar eller retursamarbeid med aktuelle land. Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet har bl.a. utvikla felles landstrategiar for retur til særleg utfordrande opphavsland.

Ei rekkje personar har forsvunne frå mottaka. Det er usikkert kor stor gruppa utreisepliktige utanfor mottak er, og kvar dei oppheld seg. Mange som skal returnerast, unndrar seg uttransporten, og fleire finn måtar å leve og arbeide på i skjul. Det er utfordrande å nå gruppa som forlèt mottak, men framleis oppheld seg i Noreg, med effektive returtiltak samanlikna med dei som bur i mottak.

UDI og PU har styrkt innsatsen for å få til returar av utreisepliktige personar som fører til store kostnader for samfunnet. Dette gjeld personar som bur i særskilde butilbod, tilrettelagde avdelingar i mottak og i fengsel. Arbeidet med denne gruppa vil halde fram i 2020.

1.6.3 Få personar skal ha opphald med feil identitet eller på feil grunnlag

Å kjenne identiteten til personar som oppheld seg i Noreg, er viktig, anten dei har fått opphaldsløyve før dei kom til landet, skal få opphaldsløyve i Noreg eller skal forlate landet. At utlendingsmyndigheitene i størst mogleg grad registrerer rett identitet på personar, gir større tryggleik òg for anna offentleg forvaltning. Utlendingar med ukjend bakgrunn og identitet som oppheld seg i landet, kan utgjere ein tryggleiksrisiko og ei kriminalitetsutfordring. Mange som søker om vern i Noreg, legg ikkje fram identitetsdokument som kan stadfeste identiteten dei har oppgitt, eller skjuler identiteten sin bevisst.

Ei rekkje utviklingstiltak er sette i verk dei siste åra for å gi sikrare og meir effektiv kontroll og avklaring av identitet. Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsmyndigheitene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve med feil identitet.

Politiet og UDI arbeider med å innføre ny saksflyt for å betre kvaliteten på den innleiande asylsaksbehandlinga. Formålet er bl.a. å leggje større innsats på ID-avklaring til ein tidlegare fase i prosessen, med mål om eit betre grunnlag for identitetsarbeidet for vedtak og returarbeid. Dette vil på sikt kunne føre til at færre personar som søker om vern, får opphald basert på feil grunnlag. Regjeringa legg opp til å gjere ferdig det nye innkomstsenteret for asylsøkarar i Østfold i 2020. Politiet har etablert rutinar og systematikk som gir god oversikt over arbeidet med avklaring av ID i asylsaker. Politiet har særleg satsa på å starte ID-arbeidet tidleg i tilkomstfasen og har implementert ei meir etterforskingsbasert tilnærming i denne fasen.

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med å kalle tilbake flyktningstatus og opphaldsløyve når det ikkje lenger er behov for vern, slik flyktningkonvensjonen og utlendingslova opnar for. Arbeidet med å tilbakekalle opphaldsløyve er ressursintensivt.

Det er fleire tilfelle av at personar prøver å misbruke asylinstituttet for å få opphald. Til dømes søker personar vern idet dei blir arresterte for kriminelle handlingar. Det er òg eit problem når personar bevisst gir feil informasjon for å få opphald, at asylsøkarar gir urette opplysningar om nasjonalitet og behovet for vern, og at personar opptrer med éin eller fleire falske identitetar eller deler same identitet. Familieinnvandringsregelverket blir forsøkt misbrukt ved proformaekteskap, gjennom gjentakande innvandring og ved feil opplysningar om slektskap.

Ved utgangen av 2018 hadde UDI om lag 4 220 tilbakekallssaker til behandling. Dette er ein auke på om lag 600 saker samanlikna med 2017. I 2018 behandla UDI vidare om lag 800 saker knytte til uriktig identitet og/eller uriktige opplysningar.

Innsatsen for å avsløre personar som har fått opphald i Noreg på falske premisser vil bli styrka i 2020.

1.7 Rettstryggleik og sivil rettspleie

Fleire av ansvarsområda til Justis- og beredskapsdepartementet på det sivilrettslege området er knytte til ordningar og oppgåver som går utover skildringane av dei tre kjedene. Dette gjeld bl.a. domstolane si behandling av sivile saker, sivile forvaltningsoppgåver og gjeremål i politiet og andre sivilrettslege ordningar. Blant dei sivilrettslege ordningane i justissektoren skal verjemålsordninga ta vare på menneske som ikkje kan sørge for sine eigne interesser. Ei anna sivilrettsleg ordning er rettshjelpsordninga, der det offentlege heilt eller delvis dekker advokatbistand i nærmare bestemte saker. Konfliktråda behandlar òg sivile saker og bidrar til at partane saman kjem fram til ei løysing på ein konflikt på ein kostnadseffektiv måte. Eit felles formål for desse ulike ansvarsområda og ordningane er å ta vare på rettstryggleiken til enkeltpersonar, noko som står sentralt for ein rettsstat som Noreg. Dette er viktig for den det gjeld, for samspelet mellom borgarane og for samfunnet som heilskap.

1.7.1 Sivil rettspleie og forvaltningsoppgåver i politiet

Politiet har ansvar for ei rekkje sivile rettspleie- og forvaltningsoppgåver, bl.a. tvangsfullbyrding, gjeldsordning, mellombels sikring, stemnevitnefunksjon og pass-, våpen- og vaktverksemdsforvaltning. Talet på saker innan den sivile rettspleia auka med 6,3 pst. frå 2017 til 2018. Talet på utleggsforretningar representerer den mest vesentlege auken (8 pst. samanlikna med 2017).

Utferding av pass må vere basert på tilstrekkeleg sikre rutinar, system og lokale. Riksrevisjonen har påpeika svakheiter på dette området i Dokument 1 (2015–2016). Det er dei siste åra gjennomført viktige tiltak for å rette opp svakheitane. Enkelte tiltak er allereie sette i kraft, og fleire vil kome på plass i løpet av hausten 2019. T.d. vil det etablerast todelt saksbehandling. Som følgje av dei kvalitetshevande tiltaka vil kostnadane knytte til produksjon og distribusjon av pass auke i 2020. Eit viktig tiltak er betre tekniske løysingar for saksbehandling av pass og nasjonale ID-kort. Det er utfordringar i dette prosjektet, jf. omtale under programkategori 06.40, punkt 7.6.1. Politidirektoratet jobbar for å kunne lansere nye pass og nasjonale ID-kort i 2020.

1.7.2 Sivile saker i domstolane

Domstolane er den tredje statsmakta og den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet, anten saka gjeld arbeidsforhold, familieforhold, økonomi, offentlege vedtak eller andre rettslege tvistar utanfor strafferetten. Konfliktar kan løysast både gjennom mekling og ved dom. Forliksråda er eit rimeleg og effektivt tvisteløysingsorgan der ein stor del av tvistesakene blir endeleg løyste. Avgjerder frå forliksråd kan bringast inn for tingretten.

Tingrettane held seg samla sett innanfor Stortingets mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tvistesaker, men saksbehandlingstida auka i 2018. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for anke over dom i sivile saker i lagmannsrettane gjekk noko ned frå 2017 til 2018.

Regjeringa sende 12. juli 2018 på høyring forslag til endringar i tvistelova. Høyringsfristen var 20. oktober 2018. Bakgrunnen for forslaga i høyringsnotatet er å fremme formålet med tvistelova, det vil seie forsvarleg og effektiv saksbehandling. Dette inneber òg betre proporsjonalitet ved at saksbehandlinga og sakskostnadene skal stå i rimeleg forhold til betydinga av saka og verdien av tvistegjenstanden. Høyringssvara er i all hovudsak positive til endringar med siktemål om ein meir effektiv domstolsprosess med lågare sakskostnader. Regjeringa har avgjort å forsere delar av arbeidet og har fremma Prop. 133 L (2018–2019) for Stortinget. I proposisjonen foreslår regjeringa å heve verdigrensene i tvistelova for obligatorisk forliksrådsbehandling, behandling etter småkravsprosess og ankeretten i saker med formuesverdiar. Sjå omtale under programkategori 06.20.

Stortinget har i 2019 vedteke Prop. 107 L (2017–2018) Lov om arv og dødsboskifte (arveloven). Endringane har bl.a. til hensikt å støtte et moderne skifteoppgjer. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til domstolane med 8,1 mill. kroner knytt til IKT-tilpassingar som følgje av lovendringa.

1.7.3 Offentleg rettshjelp

Den samla offentlege finansieringa av rettshjelp er omfattande. Utgiftene til rettshjelp i 2018 var tilnærma uendra frå 2017. For nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt eller formue. Det offentlege dekker alle kostnadene i desse sakene. For andre typar saker er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tilfelle med økonomisk behovsprøving skal det normalt betalast eigendel for rettshjelpa. Inntektsgrensene for fri rettshjelp har vore uendra sidan 2009. Dette har resultert i at stadig færre personar oppfyller dei økonomiske vilkåra for fri rettshjelp. Saker utan behovsprøving har på si side vore upåverka av dei uendra inntektsgrensene. Dette inneber at ein stadig større del av dei totale utgiftene til rettshjelp går til saker utan behovsprøving. Rettshjelp i barnevernssaker og i familietvistar utgjer ein stor del av utgiftene til offentleg rettshjelp.

Regjeringa sette i november 2018 ned eit offentleg utval som skal gå gjennom ordninga for fri rettshjelp. Målet er meir målretta bruk av ressursar og ei innretting av det offentlege tilbodet om rettshjelp som sikrar dei som treng det mest. Utvalet skal innan 1. mai 2020 levere ei utgreiing til departementet.

1.7.4 Verjemålsordninga

Verjemålsforvaltninga skal leggje til rette for at verjer kan hjelpe mindreårige og vaksne som ikkje er i stand til å vareta eigne interesser, og sikre at dei blir i stand til å ta eigne avgjerder så langt det lar seg gjere. Ved utgangen av 2018 var det registrert om lag 63 000 personar med verje, i tillegg til om lag 800 representantoppdrag for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det er ein liten nedgang frå 2017. Verjemålsmyndigheitene forvalta nærmare 21 mrd. kroner fordelte på 31 693 kontoar. Talet på verjer var ved årsskiftet om lag 44 600.

Fleire av dei som har verje, er ikkje i stand til å forstå kva verjemålet inneber. Det er særleg viktig at det blir lagt til rette for at denne gruppa kan vareta frivilligheit og sjølvråderett. Kravet til frivillig verjemål står sentralt både ved oppretting av verjemål og i det løpande verjemålet. I 2018 og 2019 vart det sett i verk fleire tiltak for å tydeleggjere dette kravet, bl.a. vart verjemålslova foreslått endra. Det vart òg sett i verk ein gjennomgang for å avdekke ufrivillige verjemål. Verjemålsforvaltninga vil òg i 2020 halde fram utviklinga av forvaltning av verjemålsordninga, med særleg merksemd på individtilpassing og opplæring.

Regjeringa foreslår å løyve 2,5 mill. kroner til automatisering av verjerekneskapskontroll. Dette vil styrke høvet til å avdekke misbruk av midlane til verjehavaren, og det vil effektivisere arbeidet til både verjemålsforvaltninga og verjene.

Omfanget av verjemålsinstituttet gjer det nødvendig å løfte fram framtidsfullmakter, som i mange saker kan være eit alternativ til verjeordninga og offentleg medverking. Det er i 2018 og 2019 gjennomført eit forskingsprosjekt som har kartlagt og vurdert erfaringane med framtidsfullmakter og korleis ordninga kan forbetrast. Utgreiinga er til oppfølging hos statens sivilrettsforvaltning.

Tabell 1.4 Ansvarsfordeling mellom departementa for tverrsektorielle område i samfunnstryggleiksarbeidet

Samfunnskritiske funksjonar og område

Hovudansvarleg departement

Utøvande verksemder/forvaltningsnivå

Andre departement med ansvar

elektronisk kommunikasjonsnett og -tenester (Ekom)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

(KMD)

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Forsvaret, ekomtilbydarar

Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Forsvarsdepartementet (FD)

digital tryggleik i sivil sektor

JD

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Norsk senter for informasjonstryggleik (NorSIS), Datatilsynet, Nkom, DSB, eigarar av kritisk viktige IKT-system, digitale register og arkiv, Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi)

KMD, dei andre departementa

satellittbasert kommunikasjon og navigasjon

KMD

Samferdselsdpartementet (SD er hovudansvarleg departement for PNT.) 1

Norsk romsenter, Kongsberg Satellite Services (KSAT), Space Norway AS, Kystverket, Nkom, Statens kartverk

JD, Nærings- og fiskeridepartementet (NFD)

kraftforsyning

Olje- og energidepartementet (OED)

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon (KBO), Statnett SF, Statkraft, fjernvarmeselskap, kraft- og nettselskap, DSB, Meteorologisk institutt

JD, Klima- og miljødepartementet (KLD)

vatn og avløp

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)

Mattilsynet, Helsedirektoratet (Hdir), Statens helsetilsyn, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Miljødirektoratet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, vassverkseigarar (offentlege og private vassverk), fylkesmennene, kommunane

KLD

forsyningstryggleik

NFD

Landbruksdirektoratet, Fiskeridirektoratet, DSB, Petroleumstilsynet (Ptil), matvarenæringane, drivstoffnæringane, bygg- og anleggsbransjen, sjøfartsnæringane, transportbransjen, fylkesmennene, kommunane, Forsvaret

Landbruks- og matdepartementet (LMD), SD, HOD, Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), JD, FD, OED

transport

SD

Statens vegvesen, Avinor, Bane NOR SF, Luftfartstilsynet, Kystverket, Statens jernbanetilsyn, Sjøfartsdirektoratet, hamnevesen, Norges Rederiforbund, NORTRASHIP, Meteorologisk institutt, DSB, fylkeskommunar, kommunar, transportaktørar

NFD, KLD, JD

finansielle tenester

Finansdepartementet (FIN)

Noregs Bank, Finanstilsynet, finansføretak

helse og omsorg

HOD

Statens helsetilsyn, Hdir, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Direktoratet for e-helse, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, Statens legemiddelverk, Havforskingsinstituttet, Mattilsynet, Vitskapskomiteen for mattryggleik, Veterinærinstituttet, arbeids- og velferdsetaten (NAV), Norsk helsenett SF, DSB, Sivilforsvaret, dei regionale helseføretaka, fylkesmennene, kommunane, Forsvaret

ASD, LMD, NFD, JD, FD

lov og orden

JD

Politidirektoratet (POD) / politiet, Politiets tryggingsteneste (PST), DSB, Sivilrettsforvaltningen, Riksadvokaten, Kriminalomsorgsdirektoratet, Domstoladministrasjonen, Sekretariatet for konfliktråda, Datatilsynet, Utlendingsdirektoratet (UDI), Tolldirektoratet/tolletaten, Forsvaret

FIN, FD, KMD, HOD

redningsteneste

JD

Hovudredningssentralane, lokale redningssentralar (i politidistrikta), Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF), frivillige redningsorganisasjoner, DSB, Brann- og redningstenesta, Sivilforsvaret, Hdir, regionale helseføretak, Forsvaret, Luftfartsstilsynet, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon / industrivern, Redningshelikoptertenesta, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Avinor, Telenor Kystradio, Redningsselskapet, Luftambulansetenesta HF, Politidirektoratet, fylkesmennene, kommunane

FD, HOD, NFD, SD

styring og kriseleiing

JD

POD, politiet, PST, DSB, NSM, Hdir, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, Forsvaret, Norsk rikskringkasting (NRK), Statens kartverk, andre etatar, fylkesmennene, kommunane

Statsministerens kontor (SMK), Utanriksdepartementet (UD), FD, HOD, Kulturdepartementet (KUD), KMD, dei andre departementa

forsvar

FD

Forsvaret, NSM, Forsvarets forskingsinstitutt, Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell

JD, SD, OED, NFD, HOD, UD

natur og miljø

KLD

Fiskeridirektoratet, Kystverket, Miljødirektoratet, Meteorologisk institutt, NVE, Noregs geologiske undersøking (NGU), Ptil, Norsk polarinstitutt, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, DSB, Forsvaret, fylkesmennene, kommunane

NFD, SD, OED, ASD, LMD, JD, HOD, FD

1 Jf. SDs koordineringsansvar for sivil radionavigasjonspolitikk, inkludert koordinering av oppfølging av regjeringsstrategien for PNT (posisjon, navigasjon og tid).

Oversikta over viser kva ansvar departementa har for 14 sentrale område innan samfunnstryggleik. Områda er tverrsektorielle samfunnsfunksjonar som er viktige for samfunnstryggleiken, som fleire departement har ansvar for, og som er avhengige av kvarandre. Det er peika ut eit hovudansvarleg departement for kvart av områda, jf. instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnstryggleiksinstruksen), fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 1. september 2017. Innanfor hovudansvarsområda sine skal departementa

  • sørge for at det blir utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalysar for dei kritiske samfunnsfunksjonane som departementet har hovudansvar for, og at desse blir vedlikehaldne;

  • ha oversikt over tilstanden når det gjeld sårbarheiter, for dei områda som departementet har hovudansvar for, og utarbeide status- og tilstandsvurderingar for desse, som blir lagde fram for Stortinget i dei årlege budsjettproposisjonane. Status- og tilstandsvurderingane blir utarbeidde etter ein tidsplan Justis- og beredskapsdepartementet fastset;

  • avklare ansvar mellom relevante aktørar, medrekna å identifisere eventuelle gråsoner eller overlappande ansvarsområde. I saker der det er usemje mellom departementa, skal saka leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet;

  • planleggje og gjennomføre felles øvingar og evaluere og følgje opp læringspunkt;

  • samarbeide med og leggje fram forslag til beredskapstiltak, beredskapsplanar, regelverk og andre viktige saker for aktuelle departement;

  • sørge for erfaringsutveksling og kompetanseheving for aktuelle aktørar

  • bistå Justis- og beredskapsdepartementet med informasjonsinnhenting og rapportering.

Innføringa av hovudansvarlege departement inneber ikkje at sektoransvaret eller Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle blir endra, men det er ei tydeleggjering av ansvaret. Hovudvekta i samordningsansvaret til Justis- og beredskapsdepartementet ligg på samordning mellom to eller fleire område.

1.8 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2018–2019 og alle vedtak frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje vart avslutta i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), samt dei vedtaka som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 (2018–2019) meinte ikkje var kvitterte ut. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kor denne teksten finst.

I kolonne 4 i tabellen nedanfor kommer det fram om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år. Rapporteringa på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, f.eks. ein proposisjon, ei stortingsmelding, ei utgreiing e.l., vil normalt bli avslutta først når saka er lagd fram for Stortinget.

Sjølv om det i tabellen angis at rapporteringa vert avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å ivareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Justis- og beredskapsdepartementet visar til at Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 S (2018–2019) har understreka at det i enkelte tilfelle er nødvendig å fremje forslag om at oppmodingsvedtaket vert oppheva før rapporteringa kan avsluttast. Departementet har i tråd med dette fremja slike forslag. Det blir vist til forslagsdelen i denne proposisjonen.

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avsluttast (ja/nei)

2018–2019

93

Menneskerettar

ja

2018–2019

94

Organisering av domstolar

ja

2018–2019

97

Erstatningsordningar

ja

2018–2019

98

Rettshjelpsordninga

nei

2018–2019

295

Nasjonal plan nød og beredskap

ja

2017–2018

59

Verjemål

ja

2017–2018

202

Diskriminering av transpersonar

ja

2017–2018

320

Konkurskarantene

ja

2017–2018

529

Våpeneigarar

nei

2017–2018

532

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

nei

2017–2018

539

Alternativ til fengsling av barn

nei

2017–2018

540

Einslege mindreårige asylsøkarar

nei

2017–2018

541

Tvangsreturnering av barnefamiliar

nei

2017–2018

542

Utvising og innreiseforbod – barn

nei

2017–2018

579

Styrking av lensmannskontor

ja

2017–2018

581

Ikkje leggje ned soningsplassar

ja

2017–2018

586

Politiets arbeid med IKT-kriminalitet

ja

2017–2018

588

Personvernkommisjon

nei

2017–2018

589

Valdsoffererstatning

nei

2017–2018

590

Valdsoffererstatning

nei

2017–2018

698

Diskriminering – kjønnsuttrykk

nei

2017–2018

699

Kjøp av seksuelle tenester

nei

2017–2018

710

Totalberedskapskommisjon

ja

2017–2018

786

Inndraging av pass

ja

2017–2018

787

Tiltak mot kjønnslemlesting

ja

2017–2018

788

Utanlandsopphald

nei

2017–2018

789

Tvangsekteskap

ja

2017–2018

790

Ærbarheitsattestar og uskyldskontrollar

ja

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

nei

2017–2018

796

Organisatorisk plassering av Statens barnehus

ja

2017–2018

798

Regelverk for teieplikt, opplysingsplikt og opplysingsrett – vald og overgrep

nei

2017–2018

856

Mishandlingsføresegna

nei

2017–2018

875

Aggressiv marknadsføring av forbrukslån

ja

2017–2018

899

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

nei

2017–2018

916

Utføring av DNA-analysar ved Rettsgenetisk senter

nei

2017–2018

917

Organisering av Rettsgenetisk senter

ja

2017–2018

918

IKT-løysingar knytte til Rettsgenetiske tenester

nei

2017–2018

919

Krav om leveranse frå Rettsgenetisk senter

nei

2017–2018

1002

Lokalisering av passkontor

ja

2016–2017

96

Krenkingar av representantar frå andre statar

nei

2016–2017

103

Tilbod tunge narkotikamisbrukarar

nei

2016–2017

276

Evaluering av salærsatsen

nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

nei

2016–2017

605

Strategi mot internettrelaterte overgrep

ja

2016–2017

613

Tilrettelagde avhøyr som fører til domfelling

ja

2016–2017

622

Besøksforbod

ja

2016–2017

629

Rettstryggleik for barn som døyr plutseleg og uventa

ja

2016–2017

630

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

nei

2016–2017

631

Besøksforbod

nei

2016–2017

743

Au pair

nei

2016–2017

744

Au pair

nei

2016–2017

879

EOS-kontrollova

nei

2016–2017

889

Innføring av tenestenummer i kriminalomsorga

ja

2016–2017

923

Handlingsplan mot valdtekt

ja

2016–2017

924

Oppfølging av utsette for valdtekt

ja

2016–2017

925

Overgrepsmottak

ja

2016–2017

926

Kompetanseheving – saker om valdtekt og overgrep

ja

2016–2017

938

Lovfesting av ansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar

nei

2016–2017

944

Lagring av IP-data

nei

2016–2017

1035

Forsikringsordningar i bustadhandelen

ja

2016–2017

1036

Bustadkjøpars reklamasjonshøve

ja

2016–2017

1037

Tilstandsrapport ved bustadhandel

ja

2016–2017

1038

Autorisasjonsordning for takstmenn

ja

2016–2017

1039

Marknadsvurdering av takstmann

ja

2016–2017

1042

Bustadhandel – retten ein seljar har til å utbetre manglar

ja

2016–2017

1043

Omvend valdsalarm

nei

2015–2016

47

Bustadtransaksjonar

ja

2015–2016

118

ROSA

ja

2015–2016

123

Opphaldsløyve for offer for menneskehandel

ja

2015–2016

130

Lokale til sosial dumping

nei

2015–2016

444

Religiøse leiarar

nei

2015–2016

818

Avhøyr av mistenkte ved Statens barnehus

ja

2015–2016

921

Tilsyn med drift av asylmottak

nei

2014–2015

462

Foreldingsreglar

nei

2014–2015

618

Offentleglova

ja

2014–2015

645

Kompensasjonsordning 110-sentralar

nei

2012–2013

515

Sivilombodsmannen

nei

1.8.1 Stortingssesjon 2018–2019

Menneskerettar

Vedtak nr. 93, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene i årsmeldingen for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.»

Dokumenta som ligg til grunn for saka, er årsmeldinga frå Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar, jf. Dokument 6 (2017–2018), og Innst. 78 S (2018–2019).

Vedtaket er følgt opp. Departementa har gjennomgått tilrådingane, og kvart departement omtalar i budsjettproposisjonen sin korleis tilrådingane på deira ansvarsområde er følgde opp. Justis- og beredskapsdepartementet omtalar tilrådingane på sine ansvarsområder under programkategori 06.10. På same stad er det ei oversikt over kva departement som har ansvaret for å omtale dei andre tilrådingane.

Organisering av domstolar

Vedtak nr. 94, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at domstolene er organisert og finansiert på en måte som ivaretar de krav borgerne etter Grunnloven og EMK har på få avgjort sine saker for domstolene innen rimelig tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er årsmeldinga frå Noregs nasjonale institusjon for menneskeretar, jf. Dokument 6 (2018–2019) og Innst. 78 S (2018–2019).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa er samd i at det er viktig å sørgje for gode og effektive domstolar. Dette er eit kontinuerlig arbeid. Det er satt i verk mange tiltak for å sikre gode og effektive domstolar, blant anna fleire lovprosessar, digitalisering, endring av organisering og nedsetting av Domstolkommisjonen, jf. omtale i programkategori 06.20.

Erstatningsordningar

Vedtak nr. 97, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen om å ta initiativ overfor KS for å utarbeide en beste praksis-anbefaling for frivillige kommunale og fylkeskommunale erstatningsordninger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 165 S (2017–2018) og Innst. 79 D (2018–2019).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har teke initiativ overfor KS, som har sett i gang arbeidet med å utarbeide beste praksis-retningslinjer.

Rettshjelpsordninga

Vedtak nr. 98, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den pågående utredningen av rettshjelpsordningen komme tilbake til Stortinget med tiltak i oppfølgingen av denne for å gjøre ordningen betre, mer effektiv og treffsikker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 152 S (2017–2018) og Innst. 71 S (2018–2019).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sette i oktober 2018 ned eit offentleg utval som skal foreta ein gjennomgang av rettshjelpsordninga. Utvalet skal levere utgreiinga 1. mai 2020, jf. omtale under programkategori 06.70, kap. 470.

Nasjonal plan nød og beredskap

Vedtak nr. 295,17. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal plan for å etablere regionale øvings- og beredskapssentre for samtrening og kompetansebygging mellom nød- og beredskapsetatene.»

Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Prop. 1 S (2018–2019) og Innst. 6 S (2018–2019).

Vedtaket er følgt opp. Arbeidet med regionale øvings- og beredskapssentre for nød- og beredskapsetatane er omtalt under pkt. 7.4 i programkategori 06.40.

1.8.2 Stortingssesjon 2017–2018

Verjemål

Vedtak nr. 59, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere vergemålsordningen og foreslå andre måter å forvalte midlene under ordningen på som kan gi en avkastning som bidrar til å opprettholde pengeverdien.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2017–2018) frå finanskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Spørsmålet om ordninga for forvaltning av formuen til personar under verjemål blei grundig vurdert i samband med at verjemålslova frå 2010 blei vedtatt, sjå Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) kapittel 8 og Prop. 46 L (2010–2013) punkt 4.3. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å gjere andre vurderingar av dette spørsmålet i dag. Formuen til personar med verje bør ikkje forvaltast på ein måte som inneber ein risiko for tap. Departementet meiner derfor at ein bør halde fast ved ei bankløysing slik det er reglar om i den gjeldande lova, og at ein heller bør søkje å oppnå ei betre avkastning på andre måtar. Personane med verje bør kunne velje bankprodukt som gir ei høgare avkastning innanfor den gjeldande ordninga. Departementet har vidare hatt på høyring eit framlegg om endringar i reglane om forvaltning av arv eller gåve etter verjemålslova § 95 (høyringsbrev 14. november 2018).

Diskriminering av transpersonar

Vedtak nr. 202, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fremme forslag om å endre straffeloven § 185, slik at også transpersoner gis strafferettslig vern mot diskriminerende og hatefulle ytringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2017–2018) og Innst. 14 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet sende 4. juli 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. Sjå også vedtak nr. 698, 7. mai 2018.

Konkurskarantene

Vedtak nr. 320, 15. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at informasjon om konkurskarantene blir offentlig tilgjengelig, og vurdere om det er annen informasjon om lovbrudd som er relevant for næringsvirksomheten som bør gjøres offentlig tilgjengelig.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 15 S (2017–2018) frå finanskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet sende 7. mars 2019 på høyring eit forslag til endringar i forskrift 23. august 1993 nr. 824 om konkursregisteret og om kunngjøringer etter konkursloven.

Våpeneigarar

Vedtak nr. 529, 8. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan våpeneiere som rammes av forbudet mot enkelte typer halvautomatiske rifler, kan kompenseres.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 165 L (2016–2017) , Innst. 146 L (2017–2018) og Lovvedtak 34 (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av korleis våpeneigarar som vert ramma av forbodet kan kompenserast når forskriftene til våpenlova er utarbeida.

Offentleggjering av krenkande bilete av andre

Vedtak nr. 532, 8. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et lovforslag som tydeliggjør at det er ulovlig uten samtykke å dele eller på annen måte offentliggjøre bilder av andre som har avslørende, nedverdigende eller krenkende karakter, og som eksplisitt forbyr hevnporno, samt vurdere behovet for endring i strafferammen for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:79 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jan Bøhler, Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud om ny straffebestemmelse som tydeliggjør at det er ulovlig å dele eller offentliggjøre bilder som er avslørende, nedverdigende eller krenkende for den eller de som avbildes og som øker strafferammen for å spre denne typen bilder uten samtykke og Innst. 139 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 26. juni 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. Departementet tek sikte på å vurdere behovet for lovendring før utløpet av noverande stortingsperiode.

Alternativ til fengsling av barn

Vedtak nr. 539, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge fram forslag til flere alternativer til å fengsle barn i forbindelse med uttransportering etter utlendingsloven.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er til behandling. Departementet tek sikte på å sende ei utgreiing og forslag til endringar i utlendingelova på høyring i løpet av 2019.

Einslege mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 540, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det snarest etableres reelle alternativer til frihetsberøvelse av enslige mindreårige asylsøkere, som ivaretar hensynet til barnets beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet tek sikte på å sende sine vurderingar på høyring i løpet av 2019.

Tvangsreturnering av barnefamiliar

Vedtak nr. 541, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av elektronisk kontroll (elektronisk fotlenke) som et alternativ til frihetsberøvelse som internering av barnefamilier som skal tvangsreturneres, slik at frihetsberøvelse av barnefamilier bare benyttes som en siste utvei når andre alternativer er utprøvd eller vurdert. Der myndighetene kommer til at frihetsberøvelse er nødvendig, etter å ha prøvd eller vurdert andre alternativer, skal frihetsberøvelsen skje på et eget barne- og familieinternat som er familie- og barnevennlig, og som ivaretar barnets behov. Det fremmes en sak for Stortinget snarest mulig.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Prop. 126 L (2016–2017) og Innst. 181 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet gjennomførte i 2018 ei utgreiing for departementet, og departementet tek sikte på å sende sine vurderingar på høyring i løpet av 2019.

Utvising og innreiseforbod – barn

Vedtak nr. 542, 15. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme eventuelle forslag om endring av utlendingsloven som gjør det mulig for utlendingsforvaltningen å supplere bruk av utvisning og innreiseforbud med et bredere sett av reaksjonsformer når særlige forhold tilsier det, som hensynet til barns beste.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:42 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Karin Andersen og Torhild Bransdal om andre reaksjonsformer enn utvisning og innreiseforbud ved brudd på utlendingsloven og Innst. 140 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet tek sikte på å sende sitt forslag på høyring i løpet av 2019.

Styrking av lensmannskontor

Vedtak nr. 579, 5. april 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for en reell styrking av de lensmannskontorene som står igjen etter gjennomføringen av politireformen.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:10 S (2017–2018) om styrking av det lokale politiet og Innst. 143 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Det har vore ein betydeleg auke i løyvingane til politiet sidan regjeringa tiltredde i 2013. Med budsjettforslaget for 2020 er politiets budsjett totalt auka med om lag 4,4 mrd. kroner. Over 3,3 mrd. kroner på politiets driftsbudsjett. Som det går fram av Granavolden-plattformen har regjeringa også prioritert auka midlar til politidistrikta framfor Politidirektoratet. Politimeisteren er ansvarleg for å disponere tildelte ressursar på ein måte som samla sett gir best polititenester i politidistriktet. Tiltak i politireforma gjennomførast no for å betre kvaliteten i polititenestene og utnytte ressursane best mogleg. Departementet viser også til at styrking av lensmannskontora vil bli omtala i ei melding om politiet som vil bli lagt fram for Stortinget hausten 2019.

Ikkje legge ned soningsplassar

Vedtak nr. 581, 5. april 2018

«Stortinget ber regjeringen om at det ikke gjennomføres nedleggelser av soningsplasser eller soningstilbud på Vestlandet før Stortinget er forelagt konsekvensene ved en eventuell videreføring av driften, herunder avdeling Osterøy ved Bergen fengsel. For å sikre en bred utredning av konsekvensene, inkluderes avdeling Osterøy ved Bergen fengsel i den pågående KVU-en for Kriminalomsorgens Region vest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:91 S (2017–2018) og Innst. 190 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Departementet har gitt Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre ein KVU for straffegjennomføringskapasitet på Vestlandet som omfattar fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Denne vil bli kvalitetssikra i løpet av 2019. Det som gjeld Bergen fengsel, Osterøy avdeling er følgt opp, jf. Prop. 1 S (2018–2019), vedtak nr. 1009, 15. juni 2018.

Politiets arbeid med IKT-kriminalitet

Vedtak nr. 586, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan som synliggjør politiets arbeid med IKT-kriminalitet og hvordan dette skal finansieres.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar og Innst. 187 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. I 2019 opna det nasjonale cyberkriminalitetssenteret (NC3) ved Kripos og det er etablert einingar for digitalt politiarbeid i politidistrikta. Politiet er meir til stades på internett. I januar 2019 la regjeringa fram ein ny nasjonal strategi for digital sikkerhet, der arbeidet med å nedkjempe IKT- og datarelatert kriminalitet er eitt av fem prioriterte område. Departementet viser også til at det i melding til Stortinget hausten 2019 vil bli lagt fram ein gjennomgang av politiets pågående utviklingsarbeid for å møte IKT-relatert kriminalitet.

Personvernkommisjon

Vedtak nr. 588, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringa sjå til at mandatet til den varsla personvernkommisjonen inkluderer eit særleg oppdrag om å vurdere stoda for personvernet til barn, og å kome med tiltak for å styrke dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:68 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande, Abid Q. Raja, Carl-Erik Grimstad, André N. Skjelstad, Terje Breivik, Grunde Almeland, Jon Gunnes og Ketil Kjenseth om tiltak for å ivareta barns personvern og Innst. 174 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa arbeider med å etablere ein personvernkommisjon og vil følgje opp vedtaket ved utforminga av mandatet.

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 589, 23. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 komme tilbake til Stortinget med en vurdering av behovet for å endre regelverket slik at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Lene Vågslid, Jan Bøhler og Maria-Karine Aasen-Svensrud, jf. Dokument 8:88 S (2017–2018), og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Sjå samla svar under vedtak nr. 590, 23. april 2018 under.

Valdsoffererstatning

Vedtak nr. 590, 23. april 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med oppfølgingen av NOU 2016: 9 sikre at voldsoffererstatningsordningen omfatter voldsofre fra eldre saker og gjenopptakelsessaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Lene Vågslid, Jan Bøhler og Maria-Karine Aasen-Svensrud, jf. Dokument 8:88 S (2017–2018), og Innst. 160 S (2017–2018) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. NOU 2016: 9 Rettferdig og forutsigbar – voldsskadeerstatning ligg til behandling i departementet. For å betre underlaget i arbeidet med ny lov har departementet utlyst to forskings- og utgreiingsoppdrag; ei strukturert kartlegging av ordninga og ein analyse av verknaden ordninga har for dei som får erstatning. Det første vart levert i august 2018, og det andre skal leverast hausten 2019. Auka kunnskap om brukar- og samfunnseffektane er framheva i mandatet. Sjå omtale under programkategori 06.70.

Diskriminering – kjønnsuttrykk

Vedtak nr. 698, 7. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å utvide straffelovens bestemmelser om hatefulle ytringer, hatkriminalitet og diskriminering slik at de også omfatter hatefulle ytringer som fremsettes, eller diskriminering som utøves, på grunn av en persons kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:109 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anette Trettebergstuen, Kari Henriksen, Masud Gharahkhani, Lene Vågslid, Jan Bøhler og Maria-Karine Aasen-Svensrud om å inkludere kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i straffelovbestemmelsene om diskriminering og hatkriminalitet og Innst. 238 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 4. juli 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. Departementet tek sikte på å vurdere behovet for lovendring før utløpet av noverande stortingsperiode.

Kjøp av seksuelle tenester

Vedtak nr. 699, 7. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som sikrer at forsøk på kjøp av seksuelle tjenester er straffbart.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Knut Arild Hareide, Geir Jørgen Bekkevold og Trude Brosvik om å sikre at forsøk på kjøp av seksuelle tjenester er straffbart og Innst. 236 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 25. mai 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. Departementet tek sikte på å vurdere behovet for lovendring før utløpet av noverande stortingsperiode.

Totalberedskapskommisjon

Vedtak nr. 710, 22. mai 2018

«Stortinget ber regjeringa vurdere å sette ned ein totalberedskapskommisjon når viktige reformarbeid i justissektoren er avslutta.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:81 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jenny Klinge, Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum om å sette ned en totalberedskapskommisjon og Innst. 262 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa etablerte i 2016 totalforsvarsprogrammet. Målet med programmet er bl.a. å vidareutvikle totalforsvaret. Programmet skal avsluttast i 2020, og regjeringa vil då vurdere korleis ein på best måte kan ta arbeidet med totalforsvaret vidare. I samband med dette vil regjeringa vurdere om det er behov for ein totalberedskapskommisjon.

Inndraging av pass

Vedtak nr. 786, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre fortgang i det pågående arbeidet med å forenkle rutiner for inndragelse av pass i tilfeller der det er risiko for at barn etterlates i utlandet under uforsvarlige forhold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er følgt opp gjennom forslag til lovendringar som er fremma i Prop. 126 L (2018–2019) Endringer i passloven og ID-kortloven (utstedelse og nektelse av reisedokumenter til mindreårige mv.) . Det er foreslått ein ny heimel for å nekte reisedokument til mindreårige når det er grunn til å tru at den mindreårige vil bli utsett for straffbare forhold i utlandet eller for forhold der som kan medføre fare for liv eller helse.

Tiltak mot kjønnslemlesting

Vedtak nr. 787, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere nye tiltak mot kjønnslemlestelse, herunder tydeliggjøre foreldrenes ansvar for å avverge og anmelde slike alvorlige straffbare forhold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet sende i desember 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. I høyringsnotatet foreslår departementet at plikta til å avverje kjønnslemlesting i straffelova blir utvida til å gjelde alle, ikkje berre særskilde yrkesgrupper som i dag. Etter forslaget gjeld avverjingsplikta også for foreldra, men dei vil ikkje vere forplikta til handlingar som kan utsette dei nærmaste for straff.

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sette i februar 2019 ned ei ekspertgruppe som skal gi råd om korleis ein kan førebyggje at barn og unge blir etterlatne i utlandet utan at dei ønskjer det. Justis- og beredskapsdepartementet tek sikte på å vurdere behovet for lovendring når rapporten frå gruppa er ferdig. Rapporten skal vere ferdig våren 2020.

Tvangsekteskap

Vedtak nr. 789, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen om å gjennomgå lovgivningen mot tvangsekteskap og vurdere om det vil være hensiktsmessig å forbedre og utvide den slik at straffeloven § 253 får en tilføyelse som klargjør og omtaler ordene «utilbørlig press» på en mer utfyllende og opplysende måte, og hvor det presises at når den reelle frivilligheten begrenses, kan dette alene gi straffskyld, uansett hvilke former den emosjonelle påvirkningen har.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvold.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet sende i desember 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. I høyringsnotatet peiker departementet på at ein lovendring i utgangspunktet ikkje er formålstenleg. Det foreslåast likevel to alternative lovendringar for å klargjere og presisere vilkåret om «utilbørlig press».

Ærbarheitsattestar og uskyldskontrollar

Vedtak nr. 790, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere i hvilken grad dagens straffelovgivning rammer ærbarhetsattester og uskyldighetskontroller før inngåelse av ekteskap, og eventuelt fremme forslag om å utvide lovverket slik at kvinner gis tilstrekkelig lovbeskyttelse mot slike undersøkelser, også når dette skjer på andre måter enn ved hjelp av helsepersonell.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert spørsmålet, men meiner at det ikkje er ønskeleg å foreslå endringar i gjeldande rett. Dei mest straffverdige tilfella vil rammast av gjeldande straffelovgjeving, for eksempel straffeboda om tvang, truslar eller kroppskrenking eller nokre av føresegnene i seksuallovbrotkapittelet.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med å gjere Statens barnehus så godt som mogleg følgjer opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og dei tiltaka som er knytte til denne. Dette gjeld både arbeidet med å vurdere behovet for eit eige lovverk for å vareta mandatet, og anna regelverksarbeid. Regelverksarbeidet er omfattande og tidkrevjande. Politidirektoratet set i gang ei evalueringa av Statens barnehus hausten 2019. Før denne evalueringa er ferdig vil departementet ikkje sette i gang med å vurdere eit eige lovverk knytt til barnehusa.

Organisatorisk plassering av Statens barnehus

Vedtak nr 796, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere Statens barnehus som egne enheter i en organisatorisk plassering i politidistriktene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Politidirektoratet har vurdert den organisatoriske plasseringa av Statens barnehus i politidistrikta og komme til at det ikkje er formålstenleg å gi sentrale føringar for organisatorisk plassering av Statens barnehus. Det blir såleis opp til politimeisteren å avgjere kva organisering av Statens barnehus som er mest gunstig ut frå lokale forhold.

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Vedtak nr. 798, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Arbeidet med regelverket må sjåast i samanheng med anna regelverk på området, til dømes regelverk for barnehusa og for dei ulike samarbeidsformene som det vil vere nødvendig å utvikle i tilknyting til forvaltningsaktørar og politi – og andre som arbeider med avhøyr og oppfølging/behandling av barn som er utsette for overgrep, og barn som utøvarar. Arbeidet med regelverket vil være ferdig i 2019 eller 2020.

«Mishandlingsbestemmelsen»

Vedtak nr. 856, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre at praksis i forvaltningen i saker angående utlendingsloven § 53 første ledd (mishandlingsbestemmelsen) er i tråd med lovgivers intensjon, og melde tilbake til Stortinget så raskt som mulig de vurderinger og eventuelle endringer som er gjort.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 68 L (2017–2018) og Innst. 357 L (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet har starta på ei utgreiing, og motteke innspel frå Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.

Aggressiv marknadsføring av forbrukslån

Vedtak nr. 875, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget senest høsten 2018 med et forslag om å forby aggressiv markedsføring av forbrukslån.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 371 S (2017–2018).

Regjeringa foreslår at vedtaket opphevast, jf. forslag til vedtak. Aggressiv marknadsføring av forbrukslån må reknast for å vere forbode etter dei alminnelege reglane i marknadsføringslova, jf. særleg forbodet mot «urimelig handelspraksis» i § 6. Det er i forskrift 5. april 2017 nr. 437 om markedsføring av kreditt gitt reglar som stiller meir konkrete krav til innhaldet i og framgangsmåten ved marknadsføring av kreditt. Departementet vil i etterkant av arbeidet med den nye finansavtalelova vurdere om reglane bør bli strengare. Det kan bl.a. vere aktuelt å vurdere eit forbod mot marknadsføring i sosiale medium og strengare reglar når det gjeld tilleggsfordelar som er knytte til eit kredittprodukt. Slike forslag må eventuelt greiast ut nærmare og sendast på høyring. Kongen er med heimel i finansavtalelova § 46 og marknadsføringslova § 6 gitt fullmakt til å gi reglar om marknadsføring av forbrukslån i forskrift.

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Vedtak nr. 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 377 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Verjemål vert behandla i meldinga i samsvar med ordlyden i oppmodingsvedtaket. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak 894 i Prop. 1 S for Kulturdepartementet.

Utføring av DNA-analysar ved Rettsgenetisk senter

Vedtak nr. 916, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig legge til rette for at Rettsgenetisk senter (RGS) ved UiT Norges arktiske universitet kan utføre DNA-analyser for bruk i strafferettspleien.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet held fram arbeidet med å gjennomføre stortingsvedtaket med sikte på at RGS kan byrje å levere analysar våren 2021.

Organisering av Rettsgenetisk senter

Vedtak nr. 917, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Rettsgenetisk senter (RGS) forblir underlagt UiT Norges arktiske universitet, slik at dette blir et uavhengig fagmiljø, og at sammenhengen mellom forskning, utdanning og praktisk rettet analysearbeid blir ivaretatt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Vi viser til omtale av vedtak nr. 916, 12. juni 2018.

IKT-løysingar knytte til rettsgenetiske tenester

Vedtak nr. 918, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at man utvikler og utvider dagens tekniske IKT-løsninger, slik at politiet/Kripos kan kommunisere med flere leverandører av rettsgenetiske tjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet held fram med arbeidet med å tilretteleggje for IKT-løysingar slik at politiet/Kripos kan kommunisere med fleire leverandørar.

Krav om leveranse frå Rettsgenetisk senter

Vedtak nr. 919, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at Rettsgenetisk senter (RGS) kan levere fra 10 til 25 prosent av de analysene det er behov for.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:191 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Cecilie Myrseth, Olaug V. Bollestad, Torgeir Knag Fylkesnes, Sandra Borch, Martin Henriksen, Ingvild Kjerkol og Lene Vågslid om DNA- og sporanalyser ved Rettsgenetisk senter og Innst. 390 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet held fram med arbeidet med å tilretteleggje for at RGS kan levere frå 10 til 25 prosent av analysene det er behov for.

Lokalisering av passkontor

Vedtak nr. 1002, 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at minst 90 pst. av innbyggerne i hvert politidistrikt har maksimalt 45 minutters kjøretid til nærmeste passkontor, slik at servicetilbudet overfor publikum blir opprettholdt på en best mulig måte. Det kan gjøres unntak ved endelig beslutning knyttet til struktur og antall utstedelsessteder for pass der kvalitet og volum ikke tilfredsstiller internasjonale krav. Det må være et høyere antall utstedelsessteder enn i Politidirektoratets forslag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018).

Regjeringa foreslår at vedtaket opphevast, jf. forslag til vedtak. Vedtaket vart omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) og Prop. 28 S (2018–2019). I Innst. 291 S (2018–2019) er vedtaket ikkje utkvittert. Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at intensjonen bak vedtaket er å sikre god brukartilgjengelegheit i områder med lang reiseveg til nærmaste pass- og ID-kontor. Politidirektoratet har derfor fått i oppdrag å etablere ei mobil løysing for betre tilgjengelegheit i område med lang reiseveg. Det er eit mål at løysinga skal lanserast i 2020. Politidirektoratet skal komme tilbake med ei konkretisering, kostnadsberekning og vurdering av ulike alternativ for ei slik løysing. For meir utfyllande omtale, sjå punkt 7 i programkategori 06.40.

1.8.3 Stortingssesjon 2016–2017

Krenkingar av representantar frå andre statar

Vedtak nr. 96, 2. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i straffeloven 2005 § 184 a.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 L (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Vegar Solhjell, Audun Lysbakken, Heikki Eidsvoll Holmås og Snorre Serigstad Valen om opphevelse av straffeloven § 184 bokstav a vedrørende krenkelser av representanter fra andre stater og Innst. 85 L (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende i desember 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. I høyringsnotatet foreslår departementet å fjerne alternativet «opptre fornærmelig» i straffebodet. Departementet foreslår alternativt eit vilkår om at berre rettsstridige krenkingar kan gi straff, slik at det blir gjort klart at ein ikkje kan straffe ytringar som er verna av ytringsfridomen, sjå Grunnlova § 100 og den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 10.

Tilbod tunge narkotikamisbrukarar

Vedtak nr. 103, 2. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen om å komme til Stortinget på egnet måte med en vurdering av det samlede straffereaksjons- og behandlingstilbudet for tunge narkotikamisbrukere, og om innretningen av disse bør endres.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 75 S (2016–2017), jf. Prop. 105 L (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, lyst ut eit forskingsprosjekt som skal vurdere det samla straffereaksjons- og behandlingstilbodet for tunge narkotikamisbrukarar og om innretninga av desse bør endrast. Utgreiinga skal vere ferdig i løpet av mars 2020. Vi viser elles til at regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal komme med forslag til gjennomføring av ei rusreform. Utvalet skal levere utgreiinga si innan utgangen av 2019.

Evaluering av salærsatsen

Vedtak nr. 276, 16. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen evaluere endringen av salærforskriften hva gjelder godtgjørelse ved reisefravær i løpet av tre år og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2016–2017) og Innst. 6 S (2016–2017) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Forskriftsendringa knytt til godtgjersle ved reisefråvære tredde i kraft 1. januar 2017. Justis- og beredskapsdepartementet har tildelt oppdrag om evauering av endringa til eksterne konsulentar våren 2019. Evalueringa skal liggje føre i desember 2019. Vi viser til omtale under programkategori 06.60, kap. 466 i del II.

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvida ansvar for ansvaret selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og komme med forslag til lovendringar. Rapporten vil truleg bli send på høyring våren 2020.

Strategi mot internettrelaterte overgrep

Vedtak nr. 605, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utvikle en egen strategi for å forebygge og bekjempe internettrelaterte overgrep, som sikrer økt kompetanse og betre verktøy i politiet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) .

Vedtaket er følgt opp. Det er sett i gang eit arbeid med ein strategi mot nettrelaterte overgrep mot barn. Strategien har ein heilskapleg, tverrsektoriell og kunnskapsbasert tilnærming til tematikken og behovet for førebyggjande tiltak. Tiltaket er i startfasen, og relevante departement og andre aktørar vil bli inviterte inn for å komme med innspel.

Tilrettelagde avhøyr som fører til domfelling.

Vedtak nr. 613, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen arbeide med å forbedre tilgangen på relevant statistikk over hvor mange tilrettelagte avhør som medfører domfellelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av Prop. 12 S (2016–2017) Innst. 247 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Statistisk sentralbyrå i oppdrag å gjennomføre eit forskingsprosjekt som skal gi betre kunnskap om kva som skjer med meldingar om saker som gjeld vald og seksuelle overgrep mot barn. Oppdraget er forseinka. Årsaka er at slike saker blir behandla i ulike datasystem avhengig av kor dei er i straffesakskjeda. Sakene som er melde til politiet, etterforska, påtaleavgjorde og/eller med ei domfelling, må i nokre tilfelle følgjast gjennom fleire årgangar. Rapporten frå SSB skal vere ferdig i løpet av 2019.

Besøksforbod

Vedtak 622, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere besøksforbudet, herunder hvordan politiet følger opp brudd på besøksforbud.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 12 S (2016–2017) og Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er følgt opp. Velferdsforskningsinstituttet NOVA har på vegne av regjeringa evaluert ordninga med besøksforbod. Evalueringa viser bl.a. at handhevinga av ordninga varierer både i og mellom dei ulike politidistrikta. Rapporten frå evalueringa vart ferdigstilt i januar 2019 og blir følgd opp av Politidirektoratet og Riksadvokatembetet. Sjå programkategori 06.40 for meir informasjon om evalueringa.

Rettstryggleik for barn som døyr plutseleg og uventa

Vedtak nr. 629, 25. april 2017.

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere om rettssikkerheten for barn som dør plutselig og uventet, er ivaretatt på en tilstrekkelig måte, eller om det bør vurderes ytterligere tiltak, og utrede muligheten for å innføre obligatorisk dødstedsundersøkelse ved plutselig og uventet død.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:54 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe vold mot barn og Innst. 315 S (2014–2015), jf. vedtak nr. 630, 8. juni 2015. Nytt einslydande vedtak vart gjort i samband med behandlinga av Prop. 12 S (2016–2017) Innst. 247 S.

Vedtaket er følgt opp. Ei eventuell innføring av obligatorisk dødsstadsundersøking ved plutseleg og uventa barnedødsfall vil utfordre både Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8. Regjeringa vil derfor ikkje følgje opp vedtaket i det vidare. Politiet har likevel plikt til å setje i gang etterforsking når barn døyr plutseleg og uventa, med unntak av tilfelle der dødsårsaka openbert er naturleg.

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 630, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. På bakgrunn av dei menneskerettslige spørsmåla vedtaket reiser, har departementet venta på ei ekstern nordisk utgreiing om menneskerettslege rammer for kontakts- og opphaldsforbod. Utgreiinga vart publisert i juli 2019. Departementet tek sikte på å vurdere behovet for lovendringar i løpet av inneverande stortingsperiode. Bruk av ordninga med omvend valdsalarm er ressurskrevjande og fordrer eit tett samarbeid mellom politiet og øvrig tenesteapparat. Mange av dei potensielle «brukarane» av omvend valdsalarm har tilleggsproblematikk utover at dei utgjer ein trussel for den som er utsett for vald.

Besøksforbod

Vedtak nr. 631, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er under behandling. Det visast til omtale under vedtak nr. 630, 25. april 2017.

Au pair

Vedtak nr. 743, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en lovendring som sikrer at familier ikke får motta au pair dersom en person i familien er ilagt straff, eller særreaksjon for forhold som kan føre til fengselsstraff, for handlinger mot en au pair.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:54 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø og Karin Andersen om avvikling av aupair-ordningen og strengere reaksjoner mot vertsfamilier som utnytter au pairer og Innst. 305 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Regjeringa sende 29. mai 2018 på høyring eit forslag til endring av utlendingslova som fastset ein tilgang til å gi varig karantene for vertsfamiliar som utnyttar au pairar. Departementet går no gjennom høyringsfråsegnene og tek sikte på å fremme eit lovforslag for Stortinget i løpet av inneverande stortingssesjon.

Au pair

Vedtak nr. 744, 2. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en lovendring for å sikre at vertsfamilier som grovt eller gjentatte ganger bryter lover eller regler som skal beskytte au pairer, kan miste retten til å ha au pair for alltid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:54 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø og Karin Andersen om avvikling av aupairordningen og strengere reaksjoner mot vertsfamilier som utnytter au pairer og Innst. 305 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Det visast til omtale under vedtak 743, 2. juni 2017.

EOS-kontrollova

Vedtak nr. 879, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen så snart som mulig komme med forslag til en endring i offentleglova § 5 tilsvarende § 16 fjerde ledd i forslag til EOS-kontrolloven.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 431 L (2016–2017) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om endringar i EOS-kontrollova.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 4. juli 2018 på høyring eit utkast til endringar i offentleglova. Eitt av forslaga der er ei slik endring i offentleglova § 5 som Stortinget har bede om. Eit lovforslag vil bli fremja for Stortinget i inneverande stortingssesjon.

Innføring av tenestenummer i kriminalomsorga

Vedtak nr. 889, 13. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen informere Stortinget på egnet måte om regjeringens konklusjoner i saken om innføring av tjenestenummer for ansatte i kriminalomsorgen, senest høsten 2017.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 413 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Bruk av tenestenummer for tilsette i kriminalomsorga er planlagd innført hausten 2019.

Handlingsplan mot valdtekt

Vedtak nr. 923, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa leggje fram ein ny handlingsplan mot valdtekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:127 S (2016–2017 ) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt og Innst. 342 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Handlingsplanen vart lagd fram for Stortinget i mars 2019. Handlingsplanen er utarbeidd av Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Politidirektoratet har motteke supplerande tildelingsbrev om oppgåva med å koordinere arbeidet med oppfølging av planen og rapportering av oppnådde resultat. Omtalen i dette avsnittet gjeld òg vedtaka 924, 925 og 926.

Oppfølging av utsette for valdtekt

Vedtak nr. 924, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa komme med tiltak som sikrar en meir samstemd oppfølging av voldtektsofre i møte med offentlige myndigheter, rettsapparat, politiet og helsevesenet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:127 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt og Innst. 342 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Sjå omtalen under vedtak nr. 923, 14. juni 2017. Regjeringa sin handlingsplan mot valdtekt (2019–2022) har hjelpetilbodet etter valdtekt som eige innsatsområde. Tilbodet skal gjerast godt kjend, og dei som er fornærma skal møte eit hjelpeapparat med høg kompetanse i alle delar av landet. Innsatsområdet inneheld sju ulike tiltak for å nå dette målet.

Overgrepsmottak

Vedtak nr. 925, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa sikre voldtektsofre over hele landet tilgang til voldtektsmottak, samt sikre full finansiering av valdtektsmottakene».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:127 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt og Innst. 342 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Sjå omtalen under vedtak nr. 923, 14. juni 2017. Det er etablert overgrepsmottak over heile landet med tilbod om medisinsk hjelp og rådgiving.

Kompetanseheving – saker om valdtekt og overgrep

Vedtak nr. 926, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringa iverksette fleire tiltak som sikrar kompetanseheving hos politiet og rettsapparatet når det gjelder saker om voldtekt og overgrep.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:127 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Anders Tryvand, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om tiltak for å bekjempe voldtekt og Innst. 342 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp. Sjå omtalen under vedtak nr. 923, 14. juni 2017. Regjeringa sin handlingsplan mot valdtekt (2019–2022) har eit særskild innsatsområde for etterforsking og behandling i rettsapparatet. Det er i alt tolv tiltak i planen som byggjer opp under målet om rask etterforsking med strenge krav til kvalitet. Handlingsplanen har samstundes eit eiget innsatsområde for kunnskap og kompetanse, med i alt fem tiltak for meir kompetanse om vald og valdtekt i alle sektorar.

Lovfesting av ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkarar

Vedtak nr. 938, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om lovfesting av ansvaret for enslige mindreårige asylsøkere, hvilken omsorg disse barna har krav på og hvilke krav som stilles til mottak med enslige mindreårige asylsøkere.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:100 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Rigmor Andersen Eide, Hans Fredrik Grøvan, Geir Jørgen Bekkevold og Kjell Ingolf Ropstad om styrket innsats mot at barn utnyttes i menneskehandel og Innst. 397 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Departementet tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat med forslag om oppfølging av vedtaket i løpet av våren 2020.

Lagring av IP-data

Vedtak nr. 944, 15. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om det rettslige handlingsrommet for generell lagring av IP-adresser og relevant trafikkdata bør utvides, som et nødvendig virkemiddel i kampen mot kriminalitet, herunder overgrep mot barn. Utredningen må inkludere hvordan hensynet til personvern og internasjonale forpliktelser kan ivaretas.»

Grunnlaget for vedtaket går fram av Dokument 8:126 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Knut Arild Hareide, Kjell Ingolf Ropstad og Hans Fredrik Grøvan om utvidet lagringsplikt av IP-adresser for å beskytte barn mot overgrep og Innst. 407 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. Departementet har sett i gang eit arbeid med å greie ut generell lagringsplikt for IP-adresser. I samband med dette må ein bl.a. vurdere om tiltaket kan gjennomførast innanfor ramma av Grunnlova og Noregs internasjonale forpliktingar. Vidare må ein vurdere korleis ei slik lagringsplikt kan bli effektiv på tvers av ulike tekniske løysingar som internettilbydarar nyttar, særleg ulike teknikkar som gjer at mange abonnentar kan nytte den same IP-adressa samstundes.

Forsikringsordningar i bustadhandelen

Vedtak nr. 1035, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede en omlegging av forsikringsordningene i bolighandelen, der hovedprinsippet er at den som skal ha fordel av utbetalingen (boligkjøper), også er den som velger forsikringsselskap, forsikringens dekningsområder og vilkår ut over minimumsvilkår.»

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 44 L (2018–2019), jf. Innst. 270 L (2018–2019) og endringslov 20. juni 2019 nr. 20.

Bustadkjøpars reklamasjonshøve

Vedtak nr. 1036, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag for Stortinget som sikrer at kravet til vesentlighet ved reklamasjoner utformes slik at stigende priser på tomter og boliger ikke automatisk forringer boligkjøperes reklamasjonsmuligheter.»

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 44 L (2018–2019), jf. Innst. 270 L (2018–2019) og endringslov 20. juni 2019 nr. 20.

Tilstandsrapport ved bustadhandel

Vedtak nr. 1037, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere insentiver i regelverket rundt bolighandelen som kan øke bruken av felles, standardiserte tilstandsrapporter ved bolighandelen, slik at selgeres og kjøperes forventninger avklares bedre i en tidlig fase og reklamasjoner kan unngås.»

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 44 L (2018–2019), jf. Innst. 270 L (2018–2019) og endringslov 20. juni 2019 nr. 20.

Autorisasjonsordning for takstmenn

Vedtak nr. 1038, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en autorisasjonsordning for takstmenn og sikre takstmannens uavhengighet, rolle og tillit i bolighandelen og ved reklamasjoner.»

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 44 L (2018–2019), jf. Innst. 270 L (2018–2019) og endringslov 20. juni 2019 nr. 20.

Marknadsvurdering av takstmann

Vedtak nr. 1039, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å gjeninnføre boligkjøpernes adgang til å få en markedsvurdering utført av takstmannen til støtte for sin kjøpsvurdering.»

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 44 L (2018–2019), jf. Innst. 270 L (2018–2019) og endringslov 20. juni 2019 nr. 20.

Bustadhandel – retten ein seljar har til å utbetre manglar

Vedtak nr. 1042, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fjerne selgers rett til å utbedre mangler etter avhendingsloven § 4–10, og fremme forslag til Stortinget om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2016–2017) og Innst. 477 S (2016–2017) frå familie- og kulturkomiteen om tiltak for å styrke forbrukarrettar i handel med bustad.

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 44 L (2018–2019), jf. Innst. 270 L (2018–2019) og endringslov 20. juni 2019 nr. 20.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:108 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lene Vågslid, Stine Renate Håheim, Lise Christoffersen, Sonja Mandt, Tove Karoline Knutsen, Christian Tynning Bjørnø og Kari Henriksen om å styrke oppfølgingen i reetableringsfasen for personer utsatt for vold i nære relasjoner og Innst. 475 S (2016–2017).

Vedtaket er under behandling. På bakgrunn av dei menneskerettslege spørsmåla vedtaket reiser, har departementet venta på ei ekstern nordisk utgreiing om menneskerettslege rammer for kontakts- og opphaldsforbod. Utgreiinga vart publisert i juli 2019. Departementet tek sikte på å vurdere behovet for lovendringar i løpet av inneverande stortingsperiode. Sjå også omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017.

1.8.4 Stortingssesjon 2015–2016

Bustadtransaksjonar

Vedtak nr. 47, 26. november 2015

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak som bidrar til tryggere boligtransaksjoner for både kjøper og selger, herunder det varslede arbeidet om takstmenn, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:68 S (2014–2015) og Innst. 46 S (2015–2016).

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 44 L (2018–2019), jf. Innst. 270 L (2018–2019) og endringslov 20. juni 2019 nr. 20. Dei nye reglane i avhendingslova inneber mellom anna at seljaren får eit insentiv til å leggje fram ein grundig tilstandsrapport, og dei oppmodar kjøparen til å setje seg inn i rapporten. Etter dei nye reglane kan det setjast krav til innhaldet i tilstandsrapportane og til dei bygningssakkunnige. Ved å klargjere ansvaret som partane har, og leggje til rette for meir og betre informasjon før salet vil lovendringane kunne føre til tryggare bustadhandel.

ROSA

Vedtak nr. 118, 7. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen styrke ROSA og vurdere å gjøre det om til et permanent tiltak og sikre økonomisk forutsigbarhet for tiltaket.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:91 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Rigmor Andersen Eide om bekjempelse av vår tids slaveri og Innst. 62 S (2015–2016).

Vedtaket er følgt opp. ROSA er blitt eit permanent tiltak for ofre for menneskehandel. Dei siste åra har løyvingane til ROSA auka jamleg, slik at det i dag er eit fullgodt tilbod til ofra.

Opphaldsløyve for offer for menneskehandel

Vedtak nr. 123, 7. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å gi mennesker, hvor det er sannsynliggjort at de er ofre for menneskehandel, oppholdstillatelse i Norge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:91 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad, Line Henriette Hjemdal, Geir Jørgen Bekkevold og Rigmor Andersen Eide om bekjempelse av vår tids slaveri og Innst. 62 S (2015–2016).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har foretatt ein gjennomgang og vurdering av regelverket om opphaldstillatelse til ofre for menneskehandel og sende 25. juni 2019 på høyring forslag om endringar i utlendingsforskrifta, med høyringsfrist 13. september 2019. Departementet foreslår endringar i utlendingsforskrifta som inneber ein utvida adgang til å gi opphaldstillatelse til ofre for menneskehandel som avgir forklaring i straffesak. Det framgår også av høyringsbrevet at departementet vil vurdere unntak frå Dublin-prosedyren for ofre for menneskehandel som har hatt eller fyller vilkåra for begrensa opphaldstillatelse etter utlendingsforskrifta § 8–3 annet ledd, slik at desse kan få sin asylsak realitetsbehandla i Noreg.

Lokale til sosial dumping

Vedtak nr. 130, 7. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre straffeloven slik at den som leier ut lokaler og forstår at lokalet blir brukt til sosial dumping eller utviser grov uaktsomhet i denne sammenheng, skal kunne straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:117 S (2014–2015) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge og Per Olaf Lundteigen om endring av straffelova slik at utleigar kan haldast ansvarleg ved ulovleg verksemd i lokale som blir leigd ut og Innst. 63 S (2015–2016). Kontroll- og konstitusjonskomiteen har i Innst. 275 S (2017–2018) merka seg at oppfølginga har teke usedvanleg lang tid.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende i desember 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket, med høyringsfrist 15. april. 2019.

Religiøse leiarar

Vedtak nr. 444, 12. januar 2016

«Religiøse ledere som gjennom sin virksomhet bidrar til å svekke integreringen, bør ikke få innvilget oppholdstillatelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:37 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Trond Helleland, Harald T. Nesvik, Knut Arild Hareide, Marit Arnstad og Trine Skei Grande om et felles løft for god integrering.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet greier i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet ut om og i tilfelle på kva måte det kan vera formålstenleg med særskilde tiltak i reglane om opphaldsløyve for å nå formålet bak vedtaket. Departementet har fått synspunkt på forslag til moglege tiltak frå underliggende organ og andre departement som må utgreiast nærmare.

Avhøyr av mistenkte ved Statens barnehus

Vedtak nr. 818, 8. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere om avhør av barn og unge under 16 år som er mistenkt for seksuelle overgrep, skal gjennomføres ved Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:55 S (2015–2016) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Olaug V. Bollestad og Geir Jørgen Bekkevold om behandling av barn og unge som begår overgrep og Innst. 349 S (2015–2016).

Vedtaket er følgt opp. Enkelte barnehus har erfaring med avhøyr av unge overgriparar. Politidirektoratet har berkna kostnadene knytte til implementering av eit slik tilbod på landsbasis i rapporten Kostnader knyttet til tiltak i Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) frå oktober 2018. Regjeringa vil komme tilbake til i kommande budsjettforslag korleis dette skal prioriterast.

Tilsyn med drift av asylmottak

Vedtak nr. 921, 16. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen etablere en uavhengig tilsynsordning for asylmottaksdrift.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 30 (2015–2016) og Innst. 399 S (2015–2016).

Vedtaket er til behandling. Ei eventuell etablering av uavhengig tilsyn for asylmottak kan ha store økonomiske og administrative konsekvensar, og det er viktig at vedtaket er grundig utgreidd. Departementet vil komme tilbake til korleis vedtaket skal følgjast opp.

1.8.5 Stortingssesjon 2014–2015

Foreldingsreglar

Vedtak nr. 462, 17. mars 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme sak om foreldelsesregler for forsettlige handlinger som har døden til følge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:4 L (2014–2015) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge og Heidi Greni om fjerning av foreldingsfristen for brot på straffelova § 148 første ledd første punktum andre straffalternativ (mordbrannparagrafen) og Innst. 172 L (2014–2015).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende i desember 2018 på høyring forslag til lovendringar for å følgje opp vedtaket. I høyringsnotatet foreslår departementet bl.a. at straffansvaret etter §§ 175 (grov tortur), 274 (grov kroppsskade), 283 (grov mishandling i nære relasjonar), 285 (grov kjønnslemlesting) og 328 (grovt ran) ikkje blir forelda viss ei dødsfølgje inngår i vurderinga av om eit lovbrot er grovt. Eventuelle meirutgifter ved forslaget er truleg avgrensa.

Offentleglova

Vedtak nr. 618, 8. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen om å evaluere endringen av offentleglova § 16 første ledd tredje punktum på egnet måte i løpet av tre år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:85 L (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingjerd Schou, Helge André Njåstad, Geir S. Toskedal, Ola Elvestuen og Jorodd Asphjell om endring av offentleglova (unnta fra innsynsretten byrådsnotater og drøftingsdokumenter til byrådskonferanser og forberedende byråd i kommuner/fylkeskommuner med parlamentatisk styreform) og Innst. 320 L (2014–2015).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet vil følgje opp vedtaket ved å sende på høyring ei sak om moglege endringar i offentleglova som følgje av den evalueringa av lova som allereie er gjord. Denne evalueringa vart gjord etter framlegget om evaluering av lova i Innst. O. nr. 41 (2005–2006). Dette framlegget vart vedteke av Stortinget 9. mai 2006. I dette høyringsnotatet vil høyringsinstansane òg bli bedne om å melde tilbake korleis endringa i offentleglova § 16 første ledd tredje punktum har verka, for dermed å bidra til å gjennomføre evalueringa.

Kompensasjonsordning 110-sentralar

Vedtak nr. 645, 10. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen utforme en kompensasjonsordning for 110-sentraler som blir nedlagt med ny struktur, og komme tilbake til Stortinget med forslag til en slik ordning på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 LS (2014–2015) og Innst. 306 S (2014–2015).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vurderer om det skal utformast ei kompensasjonsordning for 110-sentralar som blir nedlagde som følgje av at politiet sine operasjonssentralar og brannvesenet sine 110-sentralar blir samlokaliserte. Prinsipielt sett er det eit kommunalt ansvar å etablere og drifte slike sentralar. Det er allereie løyva betydelege midlar til samlokalisering for å skape ei betre nødmeldingsteneste til befolkninga, og denne samlokaliseringa er gjennomført og under planlegging.

1.8.6 Stortingssesjon 2012–2013

Sivilombodsmannen

Vedtak nr. 515, 6. juni 2013

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å styrke Sivilombudsmannens rolle overfor forvaltningen ved å tillate at Sivilombudsmannen opptrer som hjelpeintervenient ved søksmål.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er dokument 8:122 S (2012–2013) og Innst. 379 S (2012–2013).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet tek sikte på å sende på høyring forslag til lovendringar hausten 2019 for å følgje opp vedtaket i løpet av inneverande stortingssesjon.

Utgifter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Administrasjon

400

Justis- og beredskapsdepartementet

561 522

561 842

595 424

6,0

Sum kategori 06.10 561 522 561 842 595 424 6,0

Rettsvesen

61

Høyesterett

111 387

112 195

116 138

3,5

410

Domstolene

2 593 731

2 619 299

2 683 505

2,5

414

Forliksråd og andre domsutgifter

251 452

266 576

268 484

0,7

Sum kategori 06.20 2 956 570 2 998 070 3 068 127 2,3

Kriminalomsorg

430

Kriminalomsorgen

4 903 581

4 803 427

5 180 962

7,9

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

262 454

246 704

191 272

-22,5

Sum kategori 06.30 5 166 035 5 050 131 5 372 234 6,4

Politi og påtalemyndighet

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

18 538 073

19 768 159

20 243 302

2,4

442

Politihøgskolen

634 189

629 942

633 984

0,6

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

905 096

890 938

982 580

9,9

445

Den høyere påtalemyndighet

257 551

262 057

277 795

6,0

446

Den militære påtalemyndighet

8 240

8 909

9 058

1,7

448

Grensekommissæren

5 480

5 636

5 745

1,9

Sum kategori 06.40 20 348 629 21 565 686 22 152 464 2,7

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

889 810

774 460

1 573 440

103,2

452

Sentral krisehåndtering

26 061

26 398

26 849

1,7

453

Sivil klareringsmyndighet

28 750

31 927

32 527

1,9

454

Redningshelikoptertjenesten

2 186 971

3 785 162

3 015 384

-20,3

455

Redningstjenesten

315 033

415 045

431 875

4,1

456

Nød- og beredskapskommunikasjon

730 705

627 043

-100,0

457

Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

370 306

Sum kategori 06.50 4 177 330 5 660 035 5 450 381 -3,7

Andre virksomheter

460

Spesialenheten for politisaker

47 334

47 451

48 316

1,8

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 057 160

1 183 838

1 068 646

-9,7

467

Norsk Lovtidend

5 761

4 340

4 404

1,5

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

16 758

17 179

20 230

17,8

469

Vergemålsordningen

389 763

402 675

398 393

-1,1

Sum kategori 06.60 1 516 776 1 655 483 1 539 989 -7,0

Fri rettshjelp, erstatninger, konfliktråd m.m.

470

Fri rettshjelp

659 909

662 141

677 293

2,3

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

238 296

196 779

203 076

3,2

473

Statens sivilrettsforvaltning

350 920

372 579

436 621

17,2

474

Konfliktråd

152 832

173 216

174 618

0,8

475

Bobehandling

120 469

112 471

156 824

39,4

Sum kategori 06.70 1 522 426 1 517 186 1 648 432 8,7

Svalbardbudsjettet

480

Svalbardbudsjettet

340 829

360 484

375 808

4,3

Sum kategori 06.80 340 829 360 484 375 808 4,3

Beskyttelse og innvandring

490

Utlendingsdirektoratet

2 401 832

2 020 312

2 166 493

7,2

491

Utlendingsnemnda

318 157

299 952

297 941

-0,7

Sum kategori 06.90 2 719 989 2 320 264 2 464 434 6,2

Integrering og mangfold

495

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

995

496

Bosetting av flyktninger og tiltak for innvandrere

4 548 555

497

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere

30 005

Sum kategori 06.95

4 579 555

Sum utgifter

43 889 661

41 689 181

42 667 293

2,3

Inntekter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap./post

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Administrasjon

3400

Justis- og beredskapsdepartementet

5 895

5 483

6 631

20,9

Sum kategori 06.10 5 895 5 483 6 631 20,9

Rettsvesen

3410

Domstolene

366 458

288 551

289 348

0,3

Sum kategori 06.20 366 458 288 551 289 348 0,3

Kriminalomsorg

3430

Kriminalomsorgen

121 975

117 615

120 772

2,7

3432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

1 093

1 058

1 087

2,7

Sum kategori 06.30 123 068 118 673 121 859 2,7

Politi og påtalemyndighet

3440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

1 811 565

2 089 376

2 250 733

7,7

3442

Politihøgskolen

48 172

35 150

36 093

2,7

3444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

18 407

20 000

17 640

-11,8

3445

Den høyere påtalemyndighet

2 000

3 000

3 096

3,2

Sum kategori 06.40 1 880 144 2 147 526 2 307 562 7,5

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

3451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

237 168

179 458

751 001

318,5

3454

Redningshelikoptertjenesten

25 877

26 627

27 479

3,2

3455

Redningstjenesten

4 280

3456

Nød- og beredskapskommunikasjon

568 270

493 879

-100,0

3457

Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

33 815

Sum kategori 06.50 835 595 699 964 812 295 16,0

Andre virksomheter

3469

Vergemålsordningen

3 930

4 183

4 295

2,7

Sum kategori 06.60 3 930 4 183 4 295 2,7

Fri rettshjelp, erstatninger, konfliktråd m.m.

3470

Fri rettshjelp

3 682

9 180

9 447

2,9

3473

Statens sivilrettsforvaltning

319

5

5

0,0

3474

Konfliktråd

1 500

701

723

3,1

Sum kategori 06.70 5 501 9 886 10 175 2,9

Beskyttelse og innvandring

3490

Utlendingsdirektoratet

461 046

384 702

539 066

40,1

Integrering og mangfold

3495

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

997

Sum kategori 06.95

997

Sum programområde 06

3 682 634

3 658 968

4 091 231

11,8

Sum inntekter

3 682 634

3 658 968

4 091 231

11,8