Under følgjer omtale av og oversikt over arbeidet med likestilling i Justis- og beredskapsdepartementet og dei underliggjande og tilknytte etatane. Vi viser òg til årsrapportane for etatane.

5.1 Justis- og beredskapsdepartementet

Tabell 5.1 Oversiktstabell for departementet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

2019 1

377

37

63

96,8

1,4

3,8

1,2

4,4

2018

440

39

61

96,0

1,7

3,0

1,8

3,8

2016

436

37

63

99,6

0,0

5,0

2,0

4,0

1 Tala for 2019 er frå DFØ per 1.2.19.

Tabell 5.2 Fordeling av stillingar 2018 og 2019

Februar 2018

Februar 2019

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Dep.-råd og eksp.-sjef

3

8

3

8

Avdelingsdirektør

23

23

19

18

Direktør

3

3

Fagdirektør

19

16

21

13

Underdirektør

2

4

2

3

Spesialrådgivar

2

2

2

2

Lovrådgivar

14

4

15

3

Prosjektleiar

2

2

1

2

Seniorrådgivar

137

68

122

61

Rådgivar

39

25

31

25

Seniorkonsulent

12

1

11

1

Førstekonsulent

12

16

12

10

Konsulent

3

Sum

268

172

236

141

Talet omfattar både tilsette lønte på kap. 400 og dei som er lønte over andre kapittel under Justis- og beredskapsdepartementet.

Kilde: DFØ per 1. feb. 2018 og 2019.

Frå 2018 til 2019 har departementet hatt ein nedgang på 63 tilsette. Hovudårsaka er at integreringsavdelinga vart overført til Kunnskapsdepartementet 1. mai 2018. Samstundes har ein gjort innsparingar grunna lågare budsjett, særleg innan administrasjon.

Oversikta viser at delen av kvinner i departementet er 63 pst., mot 61 pst. i 2018. Delen kvinner på høgaste leiarnivå er i 2019 uendra frå 2018. Delen kvinner på mellomleiarnivå er i 2019 51 pst., mot 47 pst. i 2018. Kvinner er framleis underrepresenterte i leiarstillingar samanlikna med samansetjinga av kjønn totalt. I fagdirektørstillingar har delen kvinner auka til 62 pst i 2019, mot 54 pst i 2018.

Departementet har fleire kvinner i saksbehandlarstillingar som seniorrådgivar, rådgivar og førstekonsulent. Blant seniorrådgivarar er delen kvinner uendra på 67 pst. i 2019. Delen kvinner blant rådgivarar er redusert frå 61 pst. i 2018 til 55 pst. i 2019. I førstekonsulentstillingar er det i 2019 55 pst. kvinner, mot 43 pst. i 2018.

Tabell 5.3 Lønn (i 1 000 kroner)

Februar 2018

Februar 2019

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Dep.-råd og eksp.-sjef 1

1 248

1 342

1 521

1 332

Avdelingsdirektør

927

921

973

953

Direktør

858

1 093

Fagdirektør

794

792

798

809

Underdirektør

734

730

755

762

Spesialrådgivar

1 118

1 033

1 130

1 048

Lovrådgivar

808

791

831

883

Prosjektleiar

994

1 107

924

1 121

Seniorrådgivar

636

653

662

670

Rådgivar

530

527

538

533

Seniorkonsulent

521

479

547

497

Førstekonsulent

470

467

496

491

Konsulent

419

1 Tala for 2019 inkluderer ikkje lønnsauken for 2019.

Kilde: DFØ per 1. feb. 2018 og 2019

Forskjellane i lønn på toppleiarnivå er i nokon grad knytte til kor tung stillinga er med omsyn til ansvar, omfang og kompleksitet, jf. leiarlønnssystemet. Endringa i lønna til kvinner på toppleiarnivå heng saman med tilsetjing av ny kvinneleg departementsråd.

Justis- og beredskapsdepartementet er oppteke av å ha mest mogleg lik kjønnsbalanse i alle stillingar og lik lønn for samanliknbare stillingar. Det er relativt små lønnsskilnader mellom kjønna på saksbehandlar- og mellomleiarnivå. Lønnsskilnaden mellom kjønna på seniorrådgivarnivå har minka på grunn av bevisst prioritering i lønsforhandlingar.

Det er nokre fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Bruk av deltid er i stor grad knytt til omsorgspermisjonar.

Ved tilsetjingar i ledige stillingar skal minst éin kvalifisert søkar med minoritetsbakgrunn eller nedsett funksjonsevne kallast inn til intervju. Dette skal omtalast i innstillinga.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

14

22

78

85,6

0

21

0

14,2

0

2,8

2016

13

23

77

87,5

0

23

0

7,7

0

1,0

2017

12

25

75

93,3

0

8

8

16,6

0

0,5

2018

12

25

75

100

0

8

8

16,6

0

2,8

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker hadde per 31. desember 2018 tolv tilsette. Dette utgjorde 9,9 årsverk. Kvinner utgjorde 75 pst. av staben. Det var kvinner i alle leiarposisjonar, og statens målsetjing om 40 pst. kvinner i leiarposisjonar er oppfylt. Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn er redusert i perioden 2015 til utgangen av 2018.

Spesialeininga for politisaker

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

37

38

62

89

0

4,3

5,3

3,6

0,9

1,3

2016

36

36

64

86

7,7

8,7

0

4,4

1,5

2,7

2017

36

39

61

79

2,8

5,6

0

5,6

1

1,6

2018

35

57

43

86

0

5,6

0

5,7

N/a

N/a

Det er fleire kvinnelege enn mannlege tilsette i Spesialeininga for politisaker. Eininga har 35 fast tilsette medarbeidarar, og 15 av desse er etterforskarar. Dei tilsette er lokaliserte med 19 tilsette på Hamar, ni i Oslo, tre i Trondheim og fire i Bergen. I tillegg til fast tilsette medarbeidarar har Spesialeininga for politisaker utnemnt ti advokatar på verv. Av desse er åtte menn og to kvinner. Leiinga består av to menn (33,3 pst.) og fire kvinner (66,6 pst.), og ein av mennene og éi av kvinnene er advokatar på verv. Berekningar med utgangspunkt i fast tilsette leiarar viser at kvinnedelen i leiinga er 75 pst.

Personell blir lønt likt i dei enkelte stillingskategoriane uavhengig av kjønn. Årsaka til at statistikken viser lågare lønn for kvinner, er at dei lågast lønte stillingane (administrasjon) i verksemda berre har kvinnelege tilsette.

Spesialeininga for politisaker har som mål å ha eit inkluderande arbeidsliv der medarbeidarar skal spegle mangfaldet i befolkninga og ha ein variert erfaringsbakgrunn med omsyn til kjønn, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Dette er tydeleg i stillingsannonsane til Spesialeininga. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med minoritetsbakgrunn til nye stillingar, skal minst éin av dei bli kalla inn til intervju.

Kontoret for valdsoffererstatning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

55

36

64

104,3

50

20

0

8,6

0,2

3,2

2016

51

35

66

105,6

16,7

15,2

16,7

12,1

0,2

2,8

2017

31

32

68

95,4

0

0

0

0

1

3,5

2018

28

29

71

90

0

0

0

0

0,4

1,7

Nedgangen i talet på tilsette frå 2017 til 2018 skyldes noko lågare driftsbudsjett i 2018.

Statens sivilrettsforvaltning

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

74

35

65

89

0

4,3

5,3

3,6

0,9

1,3

2016

72

35

65

92

0

7

1,4

5,6

0,1

3,3

2017

61

39,3

60,7

96,3

0

13,5

12,5

8,1

0,2

2,2

2018

74

39,2

60,8

97,6

0

13

12,9

13

0,2

3,4

Statens sivilrettsforvaltning hadde per 31. desember 2018 74 tilsette. Dette svarer til om lag 62 årsverk. Fordelinga mellom kvinner og menn var høvesvis 60,8 og 39,2 pst. På leiarnivået direktør, assisterande direktør og avdelingsdirektør er kvinnedelen 60 pst.

Statens sivilrettsforvaltning har som mål å ha eit inkluderande arbeidsliv der medarbeidarane skal spegle mangfald i befolkninga og ha ein variert erfaringsbakgrunn med omsyn til kjønn, alder, nedsett funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Desse forholda blir vektlagde i rekrutteringsprosessane i verksemda. Statens sivilrettsforvaltning jobbar kontinuerleg med å auke delen menn i samband med rekruttering.

Domstoladministrasjonen

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2015

2116

37

63

67,3

0,9

10,5

2,5

5,2

0,5

2,3

2016

2075

36

64

69,6

3,9

13

6,2

7,5

1,6

4

2017

2073

36,5

63,5

71,3

2,8

12,2

7,7

7,0

2,1

4,8

2018

2048

36,2

63,8

72,4

2,9

10,9

8,3

8,6

2,1

4,6

Per 31. desember 2018 var det 2 048 tilsette i domstolane, tilsvarande 1 989,9 årsverk. Det er ei overvekt av kvinnelege tilsette i Domstoladministrasjonen og i domstolane. Dette kjem i hovudsak av at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, som utgjer om lag halvparten av talet på medarbeidarar i domstolane. Turnoveren i administrative stillingar i domstolane er låg. Endring i kjønnsfordelinga vil derfor ta tid, uavhengig av tiltak som blir sette i verk. Domstolane jobbar for balansert kjønnsfordeling i arbeidet med rekrutterings- og personalpolitikken. Dette gjeld både saksbehandlar- og dommarfullmektigstillingar, kvinner i dommarstillingar og fleire kvinnelege leiarar.

Det blir sett i verk tiltak for å betre situasjonen for medarbeidarar som av helsemessige årsaker har behov for tilpassingar. Domstolane fokuserer på god seniorpolitikk. Det er få medarbeidarar med innvandrarbakgrunn i domstolane.

Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn må sjåast i samanheng med at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, og at menn er overrepresenterte i dommarstillingar, som er vesentleg høgare lønte.

5.2 Kriminalomsorga

År

N

Kjønnsbalanse

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Kortvarige stillingar (pst.)

M

K

M

K

M

K

2019

5 052

2 728

2 324

98

5

16

1

1

2018

5 161

2 786

2 375

97

6

19

6

6

Tala er per 1. mars 2019. Når det gjeld talet på tilsette, så omfattar dette også aspirantar ved KRUS. Når det gjeld lønn, deltid og kortvarige stillingar, er aspirantar haldne utanfor.

Kjønnsfordelinga blant tilsette i kriminalomsorga er 46 pst. kvinner og 54 pst. menn i 2019. Det er same nivå som året før. Det er fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Delen deltidstilsette utgjer ca. 10 pst. av dei tilsette. Delen tilsette i kortvarige stillingar auka i åra fram til 2015, men har gått ned dei siste åra. Den gjennomsnittlege månadslønna til kvinner utgjer om lag 98 pst. av lønna til menn. Kjønnsfordelinga blant aspirantar ved KRUS var 55 pst. menn og 45 pst. kvinner ved siste opptak i 2019. Justis- og beredskapsdepartementet er tilfreds med ein så vidt høg del kvinnelege aspirantar.

5.3 Politiet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

17 626

54

46

96,3

0,9

6,0

2,3

3,2

2,6

5,7

2017

17 242

54

46

96,1

0,9

7,6

3,5

4,3

2,6

5,8

2016

16 595

55

45

95,1

1

8,7

2,3

3,6

2,3

5,5

2015

16 286

55

45

94,4

1

9,6

2,0

2,2

2,6

5,4

Tabellen omfattar Politidirektoratet og alle underliggjande einingar og er basert på data frå etatens personal- og lønnssystem. Tala omfattar ikkje timelønna, medarbeidarar på pensjonistvilkår, eksterne, medarbeidarar i permisjon utan lønn eller tilsette i PST.

Kjønnsbalanse: Prosent av tilsette som får lønn, inkludert medarbeidarar i foreldrepermisjonar (ikkje årsverk)

Lønn: Berekna av gjennomsnittleg grunnlønn per md. for alle tilsette (ekskl. faste tillegg). Lønn for deltidstilsette er omrekna tilsvarande 100-pst.-stilling.

Deltid: Omfattar ikkje medarbeidarar i delvis omsorgspermisjon.

Mellombelse: Tala for tidlegare år er endra som følgje av at vikarar tidlegare var tekne med i berekningane. Ein del fast tilsette er mellombelse i ei anna stilling og kan vere koda som mellombelse.

Gjennomsnittleg brutto grunnlønn per md. for alle stillingskategoriar i politi- og lensmannsetaten var 43 616 kroner i 2018, med 42 735 kroner for kvinner og 44 367 kroner for menn. Lønnsskilnader kan bl.a. forklarast ut frå variablar som ansiennitet og at det fleire menn i leiarstillingar. Fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Noko av forklaringa kan liggje i at kvinner i større grad enn menn vel deltidsarbeid for å oppnå betre balanse mellom jobb og fritid i periodar av karrieren.

God kjønnsbalanse i politiet er eit politisk og strategisk mål og eit viktig bidrag til at vi kan levere på samfunnsoppdraget vårt. Per 31.12.2018 var det totalt 46 pst. kvinner i politiet. Talet har vore stabilt høgt dei siste åra, noko som er ein effekt av målretta arbeid med rekruttering til Politihøgskolen. Opptaket i 2018 viste den høgaste delen av kvinnelege søkarar nokon sinne, med 48 pst, og blant dei som vart tekne opp, var delen kvinner 46 pst. Det er venta at god kjønnsbalanse på Politihøgskolen vil bidra til fleire kvinnelege leiarar i etaten på sikt. I leiargruppene til politimeistrane har delen kvinner auka og ligg no på 36 pst. Mentoringprogrammet er eitt tiltak for bl.a. å motivere fleire kvinner til å velje ein leiarkarriere. Til saman har om lag 144 tilsette delteke i programmet. Det er sett krav om at minimum 50 pst. av deltakarane skal vere kvinner.

I overordna plan for kjønnsbalanse i leiarstillingar er det sett mål om 30 pst. kvinnelege leiarar i politistillingar og 40 pst. kvinnelege leiarar totalt innan 2022. Alle distrikt og særorgan har utarbeidd eigne tiltak som blir følgde opp lokalt, for å nå målsettinga.

Sjukefråværet held seg relativt stabilt på rundt 5 pst. for kvinner og 2 pst. for menn.

Eit resultat av dette arbeidet er ein auke på 2 prosentpoeng kvinner i leiarstillingar totalt det siste året, slik at delen per 31.12.2018 var 34 pst. I politistillingar har det vore ein jamn auke i delen kvinnelege leiarar. Denne har gått opp frå 16 pst. i 2015 til 21 pst. i 2018, med ein auke på 1 prosentpoeng det siste året.

Politiet skal beskytte alle grupper i samfunnet. For å skape legitimitet i befolkninga og få ei optimal oppgåveløysing er det viktig at politiet speglar befolkningssamansetninga. Politiet har styrkt arbeidet sitt for å fremme likestilling og hindre diskriminering gjennom opplæring og gjennom profesjonalisering av rekrutteringsprosessane. Alle politidistrikt og særorgan har også i 2018 følgt opp arbeidet med å førebyggje seksuell trakassering gjennom dilemmatrening og opplæring i varslingsrutinar. Dette er eit viktig bidrag for å fremme ønskt kultur og ønskte haldningar i politiet.

5.4 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

667

56,4

43,6

94,1

2,2

8,7

1,9

1,3

2,9

5,5

2017

684

56,4

43,6

94,0

2,9

9,6

2,4

1,9

2,1

2,4

2016

639

56,6

43,4

91,5

1,9

6,7

2,5

2,4

2,1

2,6

Kilde: DSB

Blant leiarar i DSB i 2018 utgjer kvinner totalt 39 pst, mot 40 pst i 2017.

Det er i dag stor skilnad innanfor dei ulike leiarnivåa, med 73 pst. kvinnedel på direktørnivå, mot 31 pst. kvinnedel i mellomleiarsjiktet.

I mellomleiarsjiktet finn vi dei tradisjonelt mannsdominerte delane av verksemda med sivilforsvarsdistrikt og regionskontor innanfor eltryggleik. Her er berre 2 av 23 leiarar kvinner, og rekrutteringsgrunnlaget består i hovudsak av menn.

DSB jobbar for likestilling og ei balansert kjønnssamansetning gjennom rekrutteringsprosessar, og direktoratet legg særleg vekt på at kunngjeringstekstane skal utformast slik at verksemda kan tiltrekkje seg begge kjønn og samstundes stimulere til betre mangfald i verksemda. DSB arbeider for likelønn mellom kjønna og for å redusere uønskte skilnader i lønn mellom nytilsette og tilsette som har arbeidd i DSB i fleire år. Likelønnsprinsippet er nedfelt i DSBs lønnspolitiske dokument.

5.5 Hovudredningssentralane (HRS)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

53

80,9

19,1

75,7

0

0

0

0

2,7

2,5

2017

48

83,3

16,7

66,7

0

0

0

1

2,8

2016

48

83,3

16,7

66,7

0

0

0

0

1

2,8

2015

48

77,6

22,4

63,9

0

0

0

0

1,1

2,6

Kilde: HRS

Av seks leiarar ved dei to hovudredningssentralane var fem menn ved utgangen av 2018. Ved nyrekruttering blir kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning og arbeids- og livserfaring alltid oppmoda til å søke stillinga. Det blir likevel ikkje praktisert noka form for kvotering. Til stillingane som redningsleiar er det eit krav om såkalla operativ erfaring. Dette inneber at kandidatane ofte kjem frå mannsdominerte yrke, som Forsvaret, politiet eller sivil luft- og sjøfart. HRS har ei forventning om at prosentdelen kvalifiserte kvinnelege søkarar vil auke i takt med at kvinneprosenten aukar i desse yrkesgruppene. Per 31. desember 2018 var 4 av 38 redningsleiarar ved dei to hovudredningssentralane kvinner.

Personellet blir lønt likt i dei enkelte stillingane uavhengig av kjønn og bakgrunn. Derfor blir det ikkje jobba aktivt med å jamne ut forskjellar mellom kjønna. Det er viktig å nemne at dei lågast lønte stillingane (konsulentstillingane) ved Hovudredningssentralen berre er opptekne av kvinner.

5.6 Sivilklareringsmyndigheit (SKM)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

27

33,3

66,7

86,4

0

0

0,11

0,04

0,25

1,26

Kilde: SKM

Sivil klareringsmyndighet (SKM) vart etablert i 2018. Derfor finst det ingen tidlegare tal å samanlikne med. Verksemda har vakse frå null til 27 tilsette per 31.12.18.

Mot slutten av 2018 var det kjønnsbalanse i leiargruppa, som bestod av to kvinner og to menn. Totalt var det dobbelt så mange kvinner som menn i verksemda på dette tidspunktet.

I kunngjeringstekstane har verksemda alltid med ei mangfaldserklæring, men SKM har ikkje aktivt oppmoda kandidatar av eit bestemt kjønn til å søke. Kjønnsbalanse er likevel eit av fleire element som har vore vurdert i rekrutteringsprosessar.

SKM hadde ingen vedteken lokal lønspolitikk ved utgangen av 2018, men lik løn mellom kjønna er eit tema som vil bli drøfta i utviklinga av lønspolitikken i verksemda. Likestilling vil også vere eit tema i utviklinga av SKMs livsfasepolitikk.

5.7 Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

289

68,5

31,5

94,3

2,4

2,4

2,8

3,5

3,0

7,5

Kilde: NSM

Ved utgangen av 2018 var 32,0 pst. av dei tilsette i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) kvinner. På toppleiarnivå var fordelinga 50/50. I mellomleiarsjiktet (einings- og seksjonsleiar) var 5 av 34 leiarar kvinner.

NSM skal vere ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn. Dette kan først og fremst bli påverka gjennom rekrutteringsprosessane. NSM er oppteke av å ha personalgode som er kjønnsnøytrale og som kan appellere til alle tilsette, uavhengig av kjønn. NSM legg til grunn kvalifikasjonsprinsippet, som betyr at den best kvalifiserte kandidaten blir tilsett i alle rekrutteringsprosessar.

I stillingar der det har vist seg å vere vanskeleg å rekruttere kvinner, oppmodar NSM kvinner til å søke. Kvalifiserte kvinnelege søkarar blir alltid invitert til intervju. Dette gjeld spesielt for tekniske stillingar, og meir spesifikt for stillingar innanfor IKT-tryggleik. I andre fagmiljø er kjønnssamansetninga jamn, og i enkelte miljø er kvinnedelen høg. I tilfelle der det er to like godt kvalifiserte kandidatar til ei stilling, kan kjønn vere utslagsgivande. I profilering eksternt, bl.a. i media, ser NSM at det er viktig at begge kjønn er representerte. Dette blir følgt opp kontinuerleg.

NSM jobbar for likelønn mellom kjønna. Ein av grunnane til at menn tener meir enn kvinner, kan vere at menn dominerer i enkelte tekniske miljø. Desse miljøa er sterkt konkurranseutsette, noko som ofte medfører at lønningane er høgare enn i andre delar av verksemda. Dette får utslag på lønnsstatistikken.

5.8 Sekretariatet for konfliktråda

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

128

29

71

102,6

0

11

27,0

15,0

8,2

2,9

2017

134

27

73

103,3

0

8,9

16,2

18

4,1

6,8

2016

131

31

69

96,3

0,8

7,6

4,7

4,4

1

3,8

31. desemeber 2018 utgjorde bemanninga i Sekretariatet for konfliktråda (Sfk) 126,2 årsverk. Kvinner er overrepresenterte blant dei tilsette. Sekretariatet blir leidd av ein kvinneleg direktør, og assisterande direktør er kvinne. 14 av 17 konfliktrådsleiarar er kvinner. Sfk har som mål å ha eit inkluderande arbeidsliv der medarbeidarane skal spegle mangfaldet i befolkninga med tanke på kjønn, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Ved konfliktråda er det oppretta avtalar med fire lærlingar. Dette blir spegla i stillingsannonsane til verksemdene.

5.9 Utlendingsdirektoratet

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

941

30,7

69,3

91,0

13

22

0,32

0,43

3,0

5,8

2017

1 092

30,4

69,6

84,9

3,4

8,6

24,4

21,2

2,2

4,8

2016

1 517

32,8

67,2

95,8

1,7

7,4

38

34,7

2,5

4,4

Kilde: UDI

Det var 151 færre tilsette ved utgangen enn ved inngangen av 2018, ettersom mange mellombelse arbeidskontraktar gjekk ut 31.12.2018. Tala er tekne ut 31.12.2018.

5.10 Utlendingsnemnda (UNE)

År

N

Kjønnsbalanse (pst.)

Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn

Deltid (pst.)

Mellombelse stillingar (pst.)

Legemeldt fråvær (pst.)

M

K

M

K

M

K

M

K

2018

290

28

72

97,0

1,2

7,2

1,2

0

4,1

4,1

2017

353

28

72

95,1

3

10

0

0,5

3,1

4,8

2016

337

29

71

95,8

2

12

0,3

0,5

4,2

3,5

2015

338

30

70

93,6

5

14

0

0,3

4,4

2,6

Kilde: UNE

Det var langt færre tilsette ved utgangen enn ved inngangen av 2018 pga. nedbemanning av verksemda. Kjønnsfordelinga i UNE har dei siste åra vore om lag 70 pst. kvinner og 30 pst. menn, og 31.12.2018 var ho 72/28. Blant leiarar var fordelinga på den same datoen 64 pst. kvinner og 36 pst. menn.