Prop. 1 S

(2019–2020)

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området. Klima- og miljødepartementet fastsett årleg eit sett med indikatorar for alle dei nasjonale måla. Mål og indikatorar går fram av Miljøstatus.no

Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Vel fungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, produserer mat, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av planter. Naturen medverkar òg til verdiskaping og arbeidsplassar og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, blant anna klimaendringane.

Gjennom dei siste tiåra er det globale naturmangfaldet vesentleg redusert. Situasjonen i Noreg er meir positiv, men her òg finst det utfordringar. Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 2.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem, blant anna i våtmark i lågareliggjande og kystnære strøk, i havområda ved Svalbard, i Nordsjøen og i Skagerrak og i ope lågland (kulturbetinga naturtypar) i Sør-Noreg. Regjeringa har som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga sett i gang arbeid med å klargjere kva som er å rekne som god tilstand i dei ulike økosystema og å fastsetje forvaltingsmål.

Boks 2.1 Naturindeksen for Noreg

Naturindeksen for Noreg 2015 er basert på 301 indikatorar og viser tilstand og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn – botn og kystvatn – vassmassane, elvar og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturbetinga naturtypar i ope landskap. Dei fleste forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking er involverte i arbeidet, og i alt var 85 ekspertar involvert i oppdatering av Naturindeks for Noreg 2015. Ny naturindeks vil bli presentert i 2020. For meir informasjon om Naturindeks for Noreg 2015 sjå www.naturindeks.no.

For å hindre at arter og naturtypar i norsk natur blir utrydda, må vi ha spesiell merksemd på dei artene og naturtypane som er truga. Dette er arter og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ei truga art eller naturtype er definert som ei art eller ein naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for arter 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2018. Tabell 2.1 gir ei oversikt over truga arter og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på truga arter og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på truga arter 1

Talet på truga naturtypar 2

Hav og kystvatn

41

6

Elvar og innsjøar

147

4

Våtmark

183

8

Skog

1 122

10

Fjell

87

3

Kulturlandskap og ope lågland

1 187

14

Polare område (Svalbard)

55

8

1 Tala er i utgangspunktet basert på Norsk raudliste for arter frå 2015, men er litt endra fordi inndelinga av økosystema er endra som følgje av naturmangfaldmeldinga.

2 Tala er frå Norsk raudliste for naturtypar frå 2018.

Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å oppretthalde tilstanden i desse områda ved god forvalting. Om lag 17 pst. av fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde. Om lag 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra som består av representantar frå kommunar og fylkeskommunar, desse har tilknyting til verneområdet, i tillegg til representantar oppnemnde av Sametinget der det er aktuelt.

Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. Ved utgangen av 2018 var 4,8 pst. av skogen, under dette 3,46 pst. av den produktive skogen, verna mot hogst. Det er eit mål å verne 10 pst. av skogarealet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeidd vidare for å verne slik skog. I 2016 var 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, under dette kulturlandskapet, verna. Nye tal for desse tre hovudøkosystema blir presenterte i løpet av 2019. Sjølv om omfanget av verna areal gir relativt god dekning for desse tre hovudøkosystema, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. Om lag 3,1 pst. av hav og kystvatn innafor 12 nautiske mil (territorialfarvatnet) er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er oppnådd.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Dei nasjonale måla er forankra i Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste .

Regjeringa vil leggje fram ei melding om kulturminnepolitikken for Stortinget våren 2020, der forslag til nye mål vil bli nærare omtalt og forankra.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnet sitt kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnet si utvikling, om enkeltmennesket sitt liv og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene. Kulturminnepolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljøvist ressursgrunnlag for morgondagens samfunn.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer verdiar som gir stader særpreg og eigenart, og er ein ressurs i utvikling av gode lokalsamfunn og gode næringar. Døme viser at lokalsamfunn som tek i bruk kulturarven, skaper ei rekkje moglegheiter for befolkninga. Kulturarv kan vere eit konkurransefortrinn ved val av bustad, ved etablering av verksemder og ved utvikling av reiseliv. Kulturarv kan òg medverke til å skape attraktive miljø for utviklinga av ulike kultur- og tradisjonsprodukt innanfor til dømes handverkstradisjonar, kunsthandverk og lokale matvarer.

Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet vart i hovudsak fullført i 2017 med unntak av delprosjektet Kulturminner i kommunene som blir ført vidare. Mange kommunar har oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Om lag 375 kommunar har no vedteke eller er i gang med å utarbeide kulturminneplan. Gjennom arbeidet med lokale kulturminneplaner vil fleire kommunar få betre kunnskap, og tapet av verneverdige kulturminne og -miljø kan reduserast.

Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordninga for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2018 fordelt 109,1 mill. kroner til 672 tiltak, som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Dei enkelte kulturminna og samansette kulturmiljø medverkar sterkt til lokalt særpreg og attraktivitet. Riksantikvarens bystrategi 2017–2020 er eit verktøy for arbeidet med forvalting av historiske bymiljø. Bystrategien har ein eigen handlingsplan som blir oppdatert jamleg. Strategien legg vekt på at vern og gjenbruk eller ny bruk av eldre bygningar og bystruktur er viktige ledd i det grøne skiftet.

Innan 2030 skal utsleppskutta i Noreg vere gjennomførte. Det betyr at vi må prioritere tiltak som reduserer utslepp så raskt som mogleg. Det ikkje sikkert at det i alle tilfelle er den beste løysinga å velje nybygg når gevinsten først kjem langt inn i framtida (om 50 år). Korleis vi handterer eksisterande bygningsmasse vil derfor vere ein viktig del av løysinga for å nå utsleppsmåla vi har i 2030.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar, og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurte arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sitt liv.

Undersøkingar viser at, forutan å få trim og bli i betre fysisk form, er det først og fremst fred og ro, naturoppleving og det å komme ut i frisk luft folk ønskjer når dei er på tur. Ifølgje SSB sine levekårsundersøkingar deltek meir enn 90 pst. av den norske befolkninga i friluftslivsaktivitet. I gjennomsnitt driv nordmenn med ein eller fleire friluftslivsaktivitetar meir enn 100 gonger i året. Fotturar er mest utbreidde, deretter følgjer bading utandørs.

Befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Befolkninga har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med. Samstundes er tilgangen til grøntområde avgrensa i dei store byane, der berre halvparten av befolkninga har trygg tilgang til leike- og rekreasjonsareal.

Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen er gratis, er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Allemannsretten si sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM 10 : 20 µg/m 3

    • Årsmiddel PM 2,5 : 8 µg/m 3

    • Årsmiddel NO 2: 40 µg/m 3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i høve til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i høve til 2005.

Alle har rett til eit miljø som trygger helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på.

Trass i nivået for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, er det likevel behov for ein særleg innsats framover både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte miljøgiftene (www.miljostatus.no/prioritetslista).

Boks 2.2 Nærare om to av dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar

Forureining skal ikkje skade helse og miljø:

Forureining i denne samanhengen er å forstå som utslepp av stoff som kan gi skade på helse og/eller miljø, jf. definisjonar i forureiningslova. Det nasjonale målet dekkjer potensielt helse- og miljøskadelege forureiningar, òg ved akutt forureining, der handtering og verkemiddelbruk i hovudsak er basert på risikovurderingar. Målet inneber at risiko for skade skal minimerast. Målet omfattar utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, langtransportert luftforureining og radioaktive stoff. Målet omfattar den delen av nullutsleppsmålet for petroleumsverksemd som gjeld oljekomponentar som ikkje er miljøfarlege, og tilsette kjemikaliar som ikkje har ibuande miljøfarlege eigenskapar, og naturleg førekommande radioaktive stoff.

Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast:

Nokre typar forureiningar eller stoff kan ha så alvorlege konsekvensar at dei i hovudsak blir handterte og regulerte etter sine ibuande eigenskapar. Utslepp av slike helse- og miljøfarlege stoff skal kontinuerleg reduserast med intensjon om å stanse utsleppa. Det langsiktige målet er å oppnå konsentrasjonar i miljøet nær bakgrunnsnivå for naturleg førekommande stoff og nær null for menneskeskapte stoff. For dei prioriterte miljøgiftene i den spesifikke prioritetslista, for tida 66 stoff, skal bruk og utslepp reduserast vesentleg med sikte på å stanse utslepp innan 2020. Målet omfattar òg nullutsleppsmålet for naturleg førekommande og tilsette miljøfarlege stoff frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemd, nokre radioaktive stoff, farleg avfall og radioaktivt avfall.

Mange miljøgifter er forbode, både i Noreg og andre land, og industriutsleppa er vesentleg reduserte. Det er difor lågare nivå av dei gamle miljøgiftene – som PCB og DDT – i til dømes fisk og skaldyr, enn for 20–30 år sidan.

Samtidig finn vi stadig nye miljøgifter, som bromerte flammehemmarar og fluorerte sambindingar (PFASer) i norsk natur. Noko skuldast lokale utslepp, men ein god del kjem også langveges frå, med luft- og havstraumar frå andre land. Produkta vi omgir oss med er også ei viktig kjelde. For desse kjeldene er arbeidet under EØS-avtala og globale avtaler særleg viktig.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. I overkant av 2000 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomført på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 7 ferdig eller nær ferdig rydda.

Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast og at utslepp av naturleg førekommande prioriterte miljøgifter skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gi skade, jf. Meld. St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet . Dette nullutsleppsmålet gjeld for heile den norske sokkelen. For olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn er det framleis behov for tiltak for å nå målet.

Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall gjenvunne eller levert til godkjent behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.

Det er eit nasjonalt mål at veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og at ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting. Brutto nasjonalprodukt auka med 2 pst. frå 2016 til 2017, mens avfallsmengdene auka med 3 pst. Det nasjonale målet er difor ikkje nådd. Det er vidare eit mål at 80 pst. av avfallet skal sikrast god ressursutnytting gjennom materialgjenvinning og energiutnytting. I 2017 vert 70 pst. av avfallet material- eller energigjenvunne. Det er den lågaste delen på 12 år og målet for gjenvinning er dermed heller ikkje nådd.

Regjeringa har som ambisjon at havområde og ferskvatn ikkje skal tilføres plastavfall og mikroplast. I Noreg er det forbod mot å forsøple. Internasjonalt er det etter forslag frå Noreg òg semje om å stanse all tilførsel av plastavfall og mikroplast til havet på sikt. Avfallsførebygging og god handtering av avfall er avgjerande for å førebyggje marin forsøpling. Ei rekkje nye tiltak for å redusere tilførslene av plast og mikroplast er sett i verk i Noreg, og fleire er under utgreiing og førebuing. Opprydding må òg prioriterast i kystnære område der det kan gjennomførast effektivt og med metodar som ikkje gir annan miljøskade.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til å fase ut bruk av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen.

Internasjonale avtaler har redusert tilførslene av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover utan ytterlegare utsleppsreduksjonar. Nasjonalt har Noreg redusert sine utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Gøteborgprotokollen og i EØS-avtala. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for å overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalene.

For lokal luftkvalitet blei dei nasjonale måla frå 1. januar 2017 endra i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129 «Grenseverdier og nasjonale målforslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdier for lokal luftkvalitet». Både for nitrogendioksid (NO 2 ) og svevestøv (PM 10 og PM 2,5 ) er det i tillegg til nasjonale mål, fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta.

Året 2018 var første gong alle kommunar heldt seg innanfor det nasjonale målet og grenseverdien for NO 2 . Oslo var akkurat på grenseverdien på 40 mikrogram per kubikkmeter luft, men braut den ikkje.

For svevestøv vart den juridisk bindande grenseverdien i forureiningsforskrifta stramma inn frå 1. januar 2016, og ei ytterlegare skjerping er under utgreiing. Svevestøvnivåa har hatt ein nedgåande trend i fleire byar. Nivåa varierer likevel frå år til år og grenseverdien blir framleis overskriden i enkelte byar, enkelte år.

Fleire kommunar har begynt å måle luftkvalitet dei siste åra, og nokre stader viser det seg å vere for høge støvnivå, som i Elverum og Hamar. Dei to kommunane overskreid i 2018 døgngrenseverdien for svevestøv (PM 10 ) for første gong, begge med 33 døgn over 50 mikrogram per kubikkmeter luft, der forureiningsforskrifta tillèt 30 døgn over 50 mikrogram per kubikkmeter luft. Det nasjonale målet for PM 10 på 20 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel vart overskride i seks byområde (Drammen, Oslo, Hamar, Kristiansand, Lillehammer og Lørenskog). Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM 2,5 i 2018, men ni byområde (Bærum, Fredrikstad, Halden, Lørenskog, Rana, Moss, Oslo, Sarpsborg og Stavanger) overskreid det nasjonale målet på 8 mikrogram per kubikkmeter luft i årsmiddel.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarar kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag, og står for over 80 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsetje målet for støy i 2020.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) – Norsk klimapolitikk ), og Stortingets behandling av stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015) til Meld. St. 13 (2014–2015) – Nye utslippsforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU )), samtykkeproposisjonen om felles oppfylling med EU av utsleppsmålet for 2030 (Prop. 94 S (2018–2019)), stortingsmelding om klimatilpassing i Noreg (Meld. St. 33 (2012–2013)), av proposisjon om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)) og Lov om klimamål (klimalova) av 16. juni 2017.

Boks 2.3 Ambisjonen for innanlandske utsleppskutt mot 2020

I klimaforliket frå 2008 vart det lagt til grunn at det kunne vere realistisk å ha eit mål om å redusere dei innanlandske klimagassutsleppa med 15–17 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar i 2020, samanlikna med referansebanen slik den vart presentert i Nasjonalbudsjettet 2007, når nettoopptak i skog vart inkludert med 3 millionar tonn CO 2 i ein norsk utsleppsrekneskap for 2020. Dette vart i samband med behandlinga av energimeldinga (Innst. 401 S (2015–2016)) operasjonalisert og det står at dei innanlandske utsleppa ikkje skal overstige 45–47 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar i 2020. Ambisjonen er basert på utsleppsrekneskapen frå 2007. For å ta omsyn til blant anna endringar i retningslinjene for utsleppsberekningar er rekneskapen teknisk justert slik at intervallet er endra til 46–48 millionar tonn. Dette inkluderer ikkje skog. Eventuelle bidrag frå opptak i skog ville komme i tillegg og auke ambisjonsnivået utover dette. Med Kyotoprotokollens bokføringsreglar får Noreg nytte ein avgrensa del av opptaket i skogen til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020. Utslepp frå avskoging m.m. gjer at vi samla sett ikkje ventar at sektoren vil medverke til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020.

Ambisjonen om nasjonale utsleppsreduksjonar i 2020 i klimaforliket frå 2008 var basert på SFTs tiltaksanalysar (no Miljødirektoratet), eksisterande verkemiddelbruk, og dei sektorvise klimahandlingsplanane. Det vart samstundes presisert at dei sektorvise måla var baserte på anslag og at dei ville måtte revurderast dersom endringar i framtidige prognosar, kostnader, teknologiutvikling eller andre vesentleg endra føresetnader skulle tilseie det. I både klimaforliket frå 2008 og 2012 vart det peikt på at uvissa er stor når det gjeld den økonomiske og teknologiske utviklinga og når det gjeld effekten av verkemiddel. I klimaforliket frå 2012 vart det understreka at teknologiutviklinga, kostnadene ved klimatiltak, folkeveksten, den økonomiske veksten og utsleppsutviklinga innanfor petroleumssektoren ville ha betydning for når ambisjonen blir nådd. Om utsleppa utvikler seg i tråd siste framskriving ligg vi an til at utsleppa er høgare enn ambisjonen.

Noregs mål for 2020 blir følgt opp under Kyotoprotokollen, mens 40-prosentsmålet for 2030 er meldt inn til FN som Noregs bidrag under Parisavtala og lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 er også lovfesta i klimalova.

I Statistisk sentralbyrås foreløpige utsleppsrekneskap var Noreg sine utslepp i 2018 på 52,9 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar, om lag 0,4 millionar tonn høgare enn året før (sjå tabell 2.2). Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,8 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg vekst i folketalet og økonomien.

Figur 2.1 Utslepp tonn CO2-ekvivalentar per person

Figur 2.1 Utslepp tonn CO 2 -ekvivalentar per person

Figur 2.2 Utslepp av klimagassar pr. BNP

Figur 2.2 Utslepp av klimagassar pr. BNP

Utsleppsintensitetane er berekna etter definisjonane i nasjonalrekneskapen, dvs. at utslepp til luft frå all norsk økonomisk aktivitet er medrekna. For rapportering til Kyotoprotokollen og andre internasjonale rapporteringar for utslepp til luft er det nytta ein geografisk definisjon av Noreg, og utsleppstala er i hovudsak fordelte etter kjelder (prosessutslepp og utslepp frå stasjonær og mobil forbrenning), uavhengig av kva slag næringar som genererer aktivitetane. For hushalda er produksjon erstatta med konsum.

Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgt av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2, og omtale i klimalovrapporteringa i del IV.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar, millionar tonn CO 2 -ekvivalentar (foreløpige tal for 2018)

Mill. tonn 2018

Endring i pst.

Sidan 1990

2007–2018

2015–2018

2017–2018

Utslepp frå norsk territorium

52,9

3,4

-7,1

-2,7

0,4

Av dette:

Olje- og gassutvinning

14,5

75,6

-5,8

-4,6

-1,4

Industri og bergverk

12,1

-38,7

-16,6

1,7

0,2

Vegtrafikk

9,0

25,8

-8,0

-9,3

2,8

Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m.

7,5

29,0

-3,1

-1,4

6,4

Jordbruk

4,5

-4,3

2,5

1,1

-0,1

Energiforsyning

1,8

325,4

84,3

3,1

-5,1

Oppvarming i andre næringar og hushald

0,8

-68,2

-52,1

-8,8

-20,7

Andre kjelder

2,9

6,7

7,7

0,8

0,0

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Under Kyotoprotokollen har Noreg teke på seg ei utsleppsforplikting som inneber at Noreg skal syte for at dei årlege utsleppa av klimagassar i perioden 2013–2020 i gjennomsnitt er 16 pst. lågare enn Noregs utslepp i 1990. Kyotoprotokollen etablerer på denne måten eit utsleppsbudsjett for perioden 2013–2020 som er i tråd med 2020-målet om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar i 2020 tilsvarande 30 pst. av norske 1990-utslepp.

Klimaforliket frå 2008 gir ein ambisjon for kor stor del av 2020-målet som skal oppfyllast gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar. Ambisjonen er å redusere dei innanlandske utsleppa i 2020 frå eit berekna nivå på 60,6 millionar tonn og ned til 46–48 millionar tonn.

Den globale klimaavtala som vart vedteken i Paris i desember 2015 legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtala i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Sjå del I, Oppfølging av oppmodningsvedtak, for meir informasjon.

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på bestemte vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Regjeringa vil oppfylle målet for 2030 i samarbeid med EU. Regjeringa vil at Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp skal reduserast med minst 45 pst. samanlikna med 2005. Regjeringa har som mål at reduksjonen skjer gjennom innanlandske tiltak og planleggjar for dette. Om strengt nødvendig kan fleksibiliteten i EUs rammeverk nyttes . Regjeringa skal leggje fram ein plan for korleis målet for 2030 skal nåast i samarbeid med EU, når ei avtale med EU er på plass. Stortinget gav 17. juni 2019 sin tilslutning til avtala om felles oppfylling av utsleppsmålet for 2030, gjennom samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rettsakter som inngår i felles oppfylling av utsleppsmålet for 2030. Avgjerda i EØS-komiteen ventast fatta i løpet av hausten 2019. For ei nærare omtale av 2030-måla og felles oppfylling, sjå klimalovrapporteringa i del IV.

Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag til Parisavtala for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget med dette i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala.

Lov om klimamål (klimalova) lovfester klimamåla for 2030 og 2050. Regjeringa rapporterer om arbeidet med å nå klimamåla for 2030 og 2050 i rapporteringa etter klimalova, sjå del IV i budsjettproposisjonen.

I tillegg til den nasjonale innsatsen medverkar Noreg til globale utsleppsreduksjonar gjennom mellom anna innsats for bevaring av tropisk skog i utviklingsland. Innsatsen skjer gjennom Klima- og skoginitiativet, som er ein del av norsk offentleg bistand. Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008, og vart ført vidare i forliket i 2012. Gjennom Meld. St. 24 (2016–2017) er det vedteke at initiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030. Klima- og skoginitiativet har som mål å nå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av tropisk skog, og å medverka til utvikling i skoglanda. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland konsentrert rundt verdas tre store regnskogbasseng: Amazonas, Kongobassenget/Sentral-Afrika og Indonesia.

For å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt prioriterer Noreg i tillegg samarbeid om utsleppsreduksjonar gjennom kvotekjøp og utvikling av nye marknadsmekanismar, og tiltak mot kortliva klimaforureiningar.

Klima- og skoginitiativet og anna internasjonal innsats er nærare omtalt i del II, programkategori 12.70.

Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane vil påverke både natur og samfunn. Klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100 og Climate in Svalbard 2100, gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario, og viser at vi med ein framhalden rask auke i klimagassutsleppa mellom anna må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane førekomme hyppigare og større. På grunn av stigande havnivå vil òg fleire område knytt til fastlands-Noreg som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida. På Svalbard vil permafrosten bli varmare over heile øya, og dei øvste metrane vil tine i kystområda. Rapportane viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli betydeleg mindre, sjølv om ein på Svalbard allereie har hatt ei kraftig oppvarming. Det er gitt ei utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i del IV.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet takast vare på tilnærma upåverka av lokal aktivitet

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast

Noreg har eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard , jfr. Innst. 88 S (2016–2017). På Svalbard er no 65 pst. av landområdet og 87 pst. av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Samstundes har områda ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og fleire arter har hatt ein kraftig vekst etter tidlegare for sterk utnytting. Nokre av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå.

Mindre is og villare vêr gir større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nært sjøen, står i fare for å rase i havet. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk og/eller opplevingsverdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke ròteskadar eller erosjon. Målet er sikring av dei kulturminna med høgast prioritet i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023. For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, er det aktuelt å utføre dokumentasjon eller arkeologisk naudutgraving.

Noreg er medlem av Arktisk råd og medverkar til ei sirkumpolar, heilskapleg tilnærming for å handtere miljøutfordringane gjennom aktiv deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper.

Arktis råd utarbeider omfattande vitskapeleg baserte vurderingar av klimaendringane og utviklinga av miljøtilstanden i Arktis. Dette arbeidet gir viktige bidrag til kunnskapen som ligg til grunn for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Under Arktisk råd blir det òg forhandla fram avtaler mellom dei arktiske landa, mellom anna om oljevern og samarbeid om forsking i Arktis.

Noreg og Russland har felles ansvar for forvalting av miljø, arter og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt. Overvaking av miljøtilstanden i grenseområdet og påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa frå russisk industri nær grensa står sentralt for å nå det nasjonale målet. Etter initiativ frå Noreg er òg marin forsøpling og mikroplast no sett på dagsordenen i det norsk-russiske miljøsamarbeidet.

Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.

I Antarktis har Noreg som part til Antarktistraktaten òg forplikta seg til eit omfattande vern av miljøet. Antarktistraktaten og Miljøprotokollen peikar ut Antarktis til eit verneområde vigsla til fred og vitskap. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis , er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samanheng med den viktige stillinga som dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Marine verneområde er viktige områdebaserte tiltak, m.a. for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem.

Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda.