Prop. 1 S

(2019–2020)

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 15 490,620 mill. kroner i 2020 mot 14 244,521 mill. kroner i 2019. Dette er ein netto auke på 1 246,099 mill. kroner, eller 8,7 pst. frå saldert budsjett 2019.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringas samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Klima- og miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet og omstille seg slik at vi oppfyller klimaforpliktingane våre. Tiltak for å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til klimaendringane er ei av hovudprioriteringane for regjeringa. Viktige klimapolitiske satsingar ligg òg under andre departement sine budsjett.

Regjeringa vil ta vare på naturen og økosystema våre. Arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, hindre tap av arter og naturtypar og sikre eit representativt utval av natur for kommande generasjonar held fram i 2020.

Grøn skipsfart er ein viktig del av arbeidet for å innfri klimaforpliktingane våre, og eit satsingsområde i regjeringas klimapolitikk. Regjeringa vil halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og stimulere til utvikling av null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar. I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å styrke innsatsen innan grøn skipsfart med tilsaman 100 mill. kroner til auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og grøn flåtefornyelse av lasteskip.

Regjeringa legg opp til å styrkje Nullutsleppsfondet for næringstransporten med 50 mill. kroner i 2020. Styrkinga av Nullutsleppsfondet vil setje Enova i stand til å trappe opp satsinga på nullutsleppsteknologi i næringstransporten og medverke til ytterlegare reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport.

Meteorologisk institutt må ha eit observasjonsnettverk som dekkjer Noreg, våre havområde og Svalbard tilstrekkeleg godt til å utarbeide vêrvarsel av høg kvalitet og studere klimaet. For å sikre ei forsvarleg forvalting og fornying av observasjonsnettverket foreslås løyvinga til Meteorologisk institutt styrkt med 12 mill. kroner.

Klima- og miljødepartementet styrkte sekretariatet sitt arbeid for å understøtte forhandlingsmøte og gjennomføring av avgjerder under klimakonvensjonen og Parisavtala med 10 mill. kroner i fjorårets budsjett. Desse midlane foreslås førte vidare i 2020. Dette kjem i tillegg til at Utanriksdepartementet vil føre vidare si eksisterande støtte til sekretariatet.

Det er foreslått å styrkje det internasjonale arbeidet for å redusere utslepp av kortlevde klimaforureinarar, som metan, sot og HFK med 4 mill. kroner. Desse gassane og partiklane har kort levetid i atmosfæren. Reduksjon vil både gi rask klimaeffekt og betre luft og helse. Stønaden vil hovudsakleg gå til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC), men òg til FNs klimapanel (IPCCs metodearbeid).

Regjeringa foreslår å føre vidare arbeidet med marin forsøpling, blant anna for å styrkje Noregs internasjonale leiarrolle i dette arbeidet. Tilskotsordninga til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid foreslås òg videreført. Det grunnleggjande arbeidet med forvalting av nasjonalt regelverk og løyvingar til tiltak for å motverke forureiningar blir ført vidare.

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing med 35 mill. kroner til Noregs forskingsråd. Nye rapportar frå Naturpanelet og FNs klimapanel viser at klimautfordringane og tapet av naturmangfald må sjåast i samanheng. Klima- og miljøutfordringane er komplekse og tverrfaglege. For å ta gode heilskaplege avgjersler treng vi òg meir kunnskap om koplingane mellom dei ulike fagområda, sjå nærare omtale under kap. 1410, post 51.

Regjeringa foreslår vidareføring av midlar til forsking som skal nyttast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette gjennomføring av pilotprosjekt for å betre tilstanden i kystmiljøet.

Hovudinnretninga for arbeidet med vern og berekraftig bruk av naturen ligg i vidare oppfølging av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet , og Stortingets behandling av meldinga. Tiltak for naturmangfold og friluftsliv foreslås styrkt med om lag 76 mill. kroner i 2020. Dei viktigaste tiltaka blir omtalt nedanfor.

Forvalting og berekraftig bruk av verneområda foreslås styrkt. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til tiltak i verneområda med omlag 11 mill. kroner. Løyvinga til nye verneområdeforvaltarar foreslås auka med 2 mill. kroner, og løyvinga til nye besøkssenter for natur foreslås auka med 2 mill. kroner.

Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i vassforvaltingsplanane er prioriterte, og oppfølging av prioriterte restaureringstiltak i vassforvaltningsplanane foreslås styrkt med 19 mill. kroner. Det foreslås lagt inn 5 mill. kroner til styrkt oppsyn for å hindre ulovleg fiske etter anadrom laksefisk.

Arbeidet med å følgje opp tilrådingar om tiltak for å ta vare på ei rekkje kritisk og sterkt truga ansvarsarter og truga naturtypar vil bli prioritert, og løyvinga til tiltak for å ta vare på truga natur foreslås auka med 18 mill. kroner i 2020. Dette vil mellom anna dekkje tenestekjøp for å ta vare på truga arter og naturtypar. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv skjøtsel, restaurering, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar.

Løyvinga til tiltak og verdiskaping knytt til villrein foreslås auka med 8,5 mill. kroner.

Regjeringa prioriterer god framdrift i arbeidet med å verne 10 pst. av skogen, og løyvinga foreslås styrkt med 10 mill. kroner i 2020.

Midlar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging og overvaking blir ført vidare på om lag same nivå som i 2019. Eit godt kunnskapsgrunnlag er viktig i arbeidet med ei økosystembasert forvaltning.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre og vidareutvikle friluftslivet gjennom bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde, og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle. Oppfølging av Handlingsplan for friluftsliv vil bli prioritert. Det blir gjeve betydelege tilskot til friluftsliv frå spelemidlane, som er administrerte av Kulturdepartementet, til både aktivitet og anlegg. Spelemidlane vil derfor òg vere viktige når det gjeld oppfølging av Handlingsplan for friluftsliv. Midlane til utvikling av grøntområde i områdesatsingane i Oslo foreslås styrkt med 3 mill. kroner. Ordninga med Nasjonale turiststigar vil bli utvikla vidare med sikte på å betre tryggleiken, og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på.

Regjeringa foreslår å sette av 2 mill. kroner til tiltak for ei betre og meir heilskapleg forvaltning av fjellområda.

Kulturarven representerer både vår felles historie og store økonomiske og kulturelle verdiar, og medverkar til identitet og felleskapsfølelse. Regjeringa vil leggje fram ei ny kulturminnemelding for Stortinget våren 2020, der nye nasjonale mål på kulturminnefeltet skal forankrast. Oppfølging av regionreforma vil vere ei hovudprioritering i 2020.

I 2020 foreslår regjeringa å styrkje kulturminnefondet med 10 mill. kroner, slik at fleire private eigarar kan få tilskot til å setje i stand verneverdige eigedommar.

I perioden 2017–2021 er Noreg valt inn som medlem av Unescos verdsarvkomité. Klima- og miljødepartementet vil i denne perioden fokusere særskilt på det internasjonale ansvaret for verdsarvkonvensjonen. Noreg vil gjere ein særleg innsats for å sikre god forvalting i land med små ressursar, å sikre ein god balanse på verdsarvlista og å arbeide for å betre den økonomiske situasjonen.

Samstundes held det nasjonale arbeidet fram for å styrkje lokal kunnskap og lokal forvalting. Arbeidet med gjennomføringa av prioritetsplanen for verdsarvsentere (2017–2026) ved dei norske verdsarvområda er viktig her.

Internasjonal kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit anna innsatsområde som er prioritert innanfor verdsarvpolitikken. Klima- og miljødepartementet har inngått ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature (IUCN) og The International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM) med dette som mål.

Som ledd i norsk medlemskap i verdsarvkomiteen er det foreslått at satsinga som vart etablert i bistandsbudsjettet frå 2019 blir ført vidare i 2020. Formålet med satsinga er å styrkje forvaltinga og trygginga av verdsarven globalt med særleg satsing på Afrika.

I perioden 2011–2017 har Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Riksantikvaren og Sametinget gjennomført eit registreringsprosjekt. Styrkinga til samisk bygningsvern, som låg inne i budsjettet for 2018 og 2019, foreslås ført vidare i 2020 med ei øyremerking på inntil 6 mill. kroner.

Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk og i Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt, er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø er ein viktig ressurs i byutviklinga. Dette er langsiktige perspektiv som kjem til uttrykk blant anna gjennom dei halvårlege politiske møta i forumet Grøn Byutvikling, som er etablert for dei største byane. Riksantikvarens Bystrategi 2017–2020 med handlingsplan vil bli revidert. Bystrategien er eit av dei viktige verktøya.

I tråd med regjeringas og Stortingets føringar for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtaler som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, og samtidig støttar berekraftig utvikling i skoglanda. I 2020 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for om lag 20 mill. tonn CO 2 i utsleppsreduksjonar i Colombia, Ecuador, Gabon og Indonesia, og potensielt òg i Peru. I 2020 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda, og å auke privat næringsliv sin innsats for redusert avskoging. I 2019 blei det satt av 200 mill. kroner til innkjøp og bruk av høgoppløyselege satellittbilde. Løyvinga videreførast i 2020.

Det blir foreslått å løyve 290 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2020 til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2020.

Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er ein særs viktig del av både det nasjonale og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda og det internasjonale klimaarbeidet. I tråd med svalbardmeldinga la Regjeringa i 2018 fram ein overordna strategi for forsking og utdanning på Svalbard, og i 2019 ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund. Regjeringa foreslår å styrke Kings Bay AS med 12 mill. kroner til oppgraderingar og investeringar i bygningsmasse og infrastruktur i Ny Ålesund.

I 2020 skal arbeidet med marine verneområde i Sørishavet førast vidare etter det omfattande toktet til Sørishavet i Antarktis i 2019. Regjeringa foreslår å styrkje Norsk Polarinstitutts forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis med 5 mill. kroner, og 4,3 mill. kroner til forskingsstasjonen Troll.

Effektivisering m.m.

Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvalting eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførde til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 19,1 mill. kroner på driftspostane.