For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemiddel på resultatområda omtalt i kapittel 2 og verkemiddel innanfor andre departement sine ansvarsområde.

Dette kapittelet samanfattar heilskapen i regjeringas klima- og miljøinnsats, under dette klima- og miljørelevante satsingar i andre departement, og ei omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå miljømåla.

4.1 Klima- og miljørelevante prioriteringar i statsbudsjettet

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar innsats på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative effektar av klimaendringane.

Samla sett er styrkinga av budsjettet på om lag 1,9 mrd. kroner fordelt på fleire departement. I tillegg kjem regjeringa sine prioriteringar på Klima- og miljødepartementets budsjett på 309 mill. kroner.

For ei samla omtale av dei ulike departementas klima- og miljøpolitikk, sjå kapittel 8 i inneverande proposisjon. Alle departementa har òg ei eiga klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Tabell 4.1 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2020 under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Utgifter

Grøn skipsfart – oppfølging av regjeringas handlingsplan

100 000

Styrke Nullutsleppsfondet for næringstransport

50 000

Tiltak for naturmangfald og friluftsliv

76 000

Forsking for omstilling til lågutssleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing

35 000

Forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis

9 300

Sikre stabil drift av observasjonsnettet til Meteorologisk institutt

12 000

Styrke Norsk kulturminnefond

10 000

Norsk Industriarbeidermuseum – sikrings- og formidlingsbygg over tungtvannskjelleren på Vemork (delt mellom KUD og KLD)

5 000

Styrka infrastruktur i Ny-Ålesund

12 000

Tabell 4.2 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2020 med tydeleg klima- og miljøgevinst på andre departement sine område

(i 1 000 kroner)

Tiltak

Departement

Utgifter

Det grøne klimafondet

UD

300 000

Klimatilpassing, forebygging og kamp mot svolt (inkl. 50 mill. kroner til hav)

UD

100 000

Tilpasningsfondet

UD

50 000

Hav og klima

UD

50 000

Barentsrådet/ miljøsamarbeid

UD

4 000

Polarforsking

KD

15 000

Vikingtidsmuseet

KD

35 000

Polarsyssel – utvida sesong

JD

5 000

Nysnø risikokapital og ordinær kapitaltilførsel

NFD

200 000

Innsats mot marin forsøpling

NFD

5 000

Forsking – klimatilpassa og lønnsam matproduksjon

LMD

15 000

Senter for oljevern og marint miljø – oljevernforsking

SD

3 000

Tilskot for godsoverføring frå veg til jernbane

SD

88 000 1

Tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i dei store byane

SD

300 000 2

Oppstart av prosjektet Kleverud-Sørli IC Dovrebanen

SD

190 000

Oppstart delelektrifisering Trønder- og Meråkerbanen

SD

100 000

Betre togtilbod: Ombygging av sittevogner til vogner med liggestolar

SD

50 000

Betre togtilbod: Innfasing av ni nye tog

SD

110 000 3

Betre togtilbod: Fleire togavgangar, betre nettdekning, takst- og billettsamarbeid m.m.

SD

50 000

Forsking Pilot T

SD

14 000

Industriaktørane sitt vidare arbeid og planlegging av fullskala CO 2 -handtering i Noreg

OED

215 000 4

1 Ny satsing frå 2020

2 Ny satsing frå 2020

3 Under posten for kjøp av persontransport med tog er det i alt nye satsingar for 210 mill. kroner (110 mill. kroner til innfasing av ni nye tog, 50 mill. kroner til ombygging av sittevogner til vogner med liggestolar, 50 mill. kroner til forbetring av togtilbod i form av betre nettdekning, fleire togavgangar mv.)

4 Total løyve på posten

4.2 Regjeringas prioriteringar innanfor klima

Klima er eit hovudsatsingsområde for regjeringa. Regjeringa vil føre ein ambisiøs klimapolitikk som kuttar utslepp, styrkjer Noregs konkurransekraft og skaper grøn vekst og nye grøne jobbar. Klima- og miljødepartementet har det overordna og sektorovergripande ansvaret for nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna klimaforhandlingane i FN. I tillegg til eigne verkemiddel, har departementet ei rolle som samordnar overfor sektordepartementa og andre aktørar.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi. Regjeringas hovudverkemiddel i klimapolitikken er å delta i EU sitt klimakvotesystem og CO 2 -avgifta. I Granavolden-plattforma blei det varsla at CO 2 -avgifta skal aukast 5 pst. årleg fram til 2025. Regjeringa foreslår at auken startar i 2020.

I Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU blei utsleppsmåla for 2030 lagt fram og det går fram at regjeringa vil arbeide for ei avtale om felles oppfylling av 2030-målet med EU. I meldinga blei det òg peikt ut fem prioriterte innsatsområde i arbeidet med klimapolitikken framover. Desse er: reduserte utslepp i transportsektoren, utvikling av lågutsleppsteknologi i industrien og rein produksjonsteknologi, CO 2 -handtering, styrkje Noregs rolle som leverandør av fornybar energi og miljøvennleg skipsfart. I tillegg tek regjeringa i bruk ei rekke andre virkemiddel for å kutte klimagassutsleppa, slik som ei ambisiøs satsing på miljøvenleg transport og kollektivtrafikk, samt ulike støtteprogram i regi av Enova.

Offentleg sektor skal ta i bruk miljø- og klimavennlige løsninger

Regjeringa vil leggje til rette for at offentleg sektor som kunde medverkar til å ta i bruk og utvikle nye miljø- og klimavennlege teknologiar, produkt og løysingar. Som varsla i Meld. St. 22 (2018–2019) Smartere innkjøp – effektive og profesjonelle offentlige anskaffelser , vil regjeringa utarbeide ein handlingsplan for å auke delen klima- og miljøvenlege offentlege anskaffingar og grøn innovasjon. Fleire ordningar medverkar til å leggje til rette for grøne og innovative anskaffingar, bl.a. midlar til Difi til kompetanse og rettleiing om grøne innkjøp og til Leverandørutviklingsprogrammet. Innovasjon Noreg, Norges forskingsråd og Enova har òg ordningar som kan medverke til å stimulere grøne innovative innkjøp i offentleg sektor.

Kommunane er sentrale for å nå måla i ikkje-kvotepliktig sektor. Regjeringa medverkar til kommunane sitt arbeid gjennom blant anna å tilby rettleiing til klima- og energiplanlegging, støtteordninga Klimasats og klimagasstatistikk og verktøy for å berekne effekten av lokale klimatiltak.

Langsiktig satsing på kollektivtransport og nullutsleppskøyretøy

Regjeringa prioriterer kollektivtrafikk og jernbane høgt. Over budsjettet er det blant anna sett av midlar til bymiljø- og byvekstavtaler, bygging og vidare planlegging av InterCity og tiltak som skal stimulere til overføring frå gods til veg og bane. Blant viktige jernbanesatsingar som vil medverke til å nå nullvekstmålet er ruteomlegging som fører til auka frekvens på lokaltoga på Austlandet (omtalt som R2027). Desse prosjekta inngår i NTP 2018–2029.

I NTP 2018–2029 har regjeringa fastsett nye, ambisiøse mål for å fase inn nullutsleppskøyretøy, blant anna at nye personbilar og lette varebilar frå 2025 skal vere nullutsleppskøyretøy. I Granavolden-plattforma set regjeringa ein ambisjon om å redusere utsleppa frå transport med 50 pst. innan 2030, samanlikna med 2005. Analysar viser at vi ikkje når ambisiøse utsleppsreduksjonar innan vegtransporten utan insentiv. Regjeringa sine allereie vedtekne verkemiddel er venta å gi vesentleg bidrag til å nå måltala. Auka teknologisk mogning i kjøretøysegmenta slik at nullutsleppskøyretøy blir konkurransedyktige med fossile løysingar ligg til grunn for måltala.

I Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid varsla regjeringa at den vil medverke til oppfylling av måltala for nullutsleppskjøretøy ved blant anna å byggje vidare på dagens verkemiddel, ha ein føreseieleg og langsiktig politikk for fordelar for nullutsleppstransport, der verkemidla blir tilpassa marknadsutviklinga, og leggje til rette for at det alltid skal løne seg å velje bilar med nullutslepp. I Granavolden-plattforma er det varsla at regjeringa fører vidare skattefordelane for elbil når det gjeld eingongsavgift og meirverdiavgift i heile perioden for å nå 2025-måla.

For andre fordelar for nullutsleppsbilar som parkering, ferjetransport og bompengar, er det no lagt opp til at dette blir avgjort lokalt, men innanfor nasjonale retningslinjer om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal ha meir enn halvparten av takstane til konvensjonelle køyretøy.

Regjeringa legg opp til å styrkje Nullutsleppsfondet for næringstransporten med 50 mill. kroner i 2020. Enova vil dermed over dei to åra 2019 og 2020 ha over 1 mrd. kroner til disposisjon for satsinga. Styrkinga av Nullutsleppsfondet vil setje Enova i stand til å trappe opp satsinga på nullutsleppsteknologi i næringstransporten og medverke til ytterlegare reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport. I løpet av dei første tre vekene ordninga var open, gav Enova tilsegn om støtte på til saman 68,6 mill. kroner til 2 500 elektriske varebilar.

Avansert biodrivstoff og biogass

Frå 1. januar 2020 aukar omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtransport til 20 pst. og delkravet for avansert biodrivstoff aukar til 4 pst. Delkravet om avansert biodrivstoff styrkjer den globale klimaeffekten av omsetjingskravet og kan medverke til utvikling av verdikjeda for andregenerasjons biodrivstoff. Dei siste åra har mengda biodrivstoff auka, og omsetjinga nådde ein topp i 2017 med 659 millionar liter biodrivstoff. 317 millionar liter av dette var palmeolje. I 2018 gjekk mengda biodrivstoff ned til 497 millionar liter, og 93 millionar liter av dette var palmeolje. Nesten 40 pst. av biodrivstoffet i 2018 var avansert biodrivstoff. For luftfart er det frå 1. januar 2020 eit omsetjingskrav for avansert biodrivstoff på 0,5 pst.

Regjeringa har vedteke å utarbeide ein handlingsplan for utbygging av biogass i Noreg. Handlingsplanen skal medverke til å gjere biogassen si rolle i lågutsleppssamfunnet meir føreseieleg.

Regjeringa satsar på grøn skipsfart

Omlegging til bruk av null- og lågutsleppsløysingar innanfor skipsfarten er viktig for å nå nasjonale klimamål. Grøn skipsfart kan samtidig gi betydelege næringseffektar i form av arbeidsplassar og auka omsetjing for norske verft, teneste- og utstyrsleverandørar. Eksport av norsk, klimavennleg maritim teknologi er ytterlegare aktualisert gjennom den nullutsleppsvisjonen for internasjonal skipsfart som vart vedteken i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) i 2018.

Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for grøn skipsfart. Handlingsplanen skal medverke til å realisere regjeringas ambisjon om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030, og å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøyskategoriar.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å styrkje innsatsen for å introdusere null- og lågutsleppsløysingar i skipsfarten med 100 mill. kroner til henholdsvis auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband og grøn flåtefornyelse av lasteskip.

Fullskala CO 2 -handtering og fangst av CO 2

Regjeringas CO 2 -handteringsstrategi og Granavolden-plattforma slår fast ein ambisjon om å realisere ei kostnadseffektiv løysing for fullskala CO 2 -handtering i Noreg gitt at dette gir teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv. Ifølgje FNs klimapanel vil CO 2 -fangst og lagring vere nødvendig for å nå Parisavtalas mål. Regjeringa arbeider langs fleire spor for å følgje opp vår strategi for CO 2 -handtering. Det inkluderer mellom anna teknologisenteret ved Mongstad (TCM), løyvingar til forskingsprogrammet CLIMIT, og prosjektet for fullskala CO 2 -handtering i Noreg. Hovudmålet for eit nytt norsk fullskalaprosjekt er å medverke til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar, slik at CO 2 -handtering kan bli eit effektivt klimatiltak globalt.

Norcem, som er eigd av det tyske sementselskapet Heidelberg, studerer fangst av CO 2 frå prosessutslepp ved sin sementfabrikk i Porsgrunn, Brevik, og Fortum Oslo Varme studerer fangst av CO 2 frå energigjenvinningsanlegget på Klemetsrud i Oslo. Equinor, Shell og Total samarbeider om arbeidet med transport og lagring, og planlegg eit landanlegg og lager med overkapasitet som vil kunne ta imot volum ut over dei som er omfatta i prosjektet. Lager- og transportløysinga kan relativt enkelt skalerast ytterlegare opp. Prosjektet arbeider no med forprosjektering før ei investeringsavgjerd kan fattast i 2020–2021.

Auka satsing på forsking og utvikling

Regjeringa styrkjer samhandlinga mellom næringslivet, forvaltinga og forskinga innan lågutsleppsindustri og har oppretta eit strategiforum; Prosess21. Hovudoppgåva for Prosess21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis Noreg best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden. Prosess 21 vil levere sin rapport til regjeringa innan 1. mai 2021.

Regjeringa har auka rammene for Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg betydeleg dei siste åra. Den føreslåtte løyvinga til Miljøteknologiordninga er 565,5 mill. kroner for 2020.

Nysnø Klimainvesteringar AS vart oppretta i 2017 som eit nytt statleg eigd investeringselskap. Selskapet skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar. I statsbudsjettet for 2020 er det foreslått å løyve 700 mill. kroner i investeringskapital til selskapet. Dette er ein auke på 200 mill. kroner frå 2019. For nærare omtale sjå Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon kap. 950 post 52 og post 90.

Regjeringa vil intensivere forskingsinnsatsen for omstilling til lågutsleppssamfunnet og prioritere utvikling av teknologi og løysingar for det grøne skiftet. Regjeringa styrkjer satsinga på forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing med 35 mill. kroner til Noregs forskningsråd over Klima og miljødepartementets budsjett. I 2019 hadde forskingsinnsatsen for å fremje lågutsleppsløysingar under Klima- og miljødepartementet ei ramme på 91,5 mill. kroner og har særleg fokus på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største. Regjeringa foreslår å styrkje forsking for klimatilpassa og lønnsam matproduksjon med 15 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet.

Regjeringa har etablert ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske, grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg fikk i 2018 i oppdrag å etablere eit samarbeid med privat næringsliv med dette som mål. I 2018 blei det utvikla eit digitalt utstillingsvindauge The Explorer som skal brukast til å gjere synleg norske grøne løysingar for den internasjonale marknaden. I mai 2019 ble The Explorer lansert internasjonalt. Arbeidet blir ført vidare i 2020 med ei løyving på 10,5 mill. kroner under Klima- og miljødepartementets budsjett. Sjå nærare omtale under kap. 1400 post 50.

I 2015 starta regjeringa ei pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Ordninga er no avslutta, og ein sluttrapport vart levert våren 2019. Regjeringa arbeider med å gjennomgå erfaringane frå denne ordninga.

Internasjonalt utviklingsarbeid blir styrkt

Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar. Dette er omtalt i del II, under programkategori 12.20 og 12.70. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar og utvikling av nye marknadsmekanismar regjeringa sitt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. I 2020 foreslår regjeringa å føre vidare auken av løyvinga til Klima- og skoginitiativet med 200 mill. kroner, til eit nivå på 3,18 mrd. kroner. Reduserte utslepp frå tropisk skog er ein del av klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015. Avtala legg òg vekt på betaling for resultat som skoglanda oppnår. Gjennom det norske Klima- og skoginitiativet samarbeider vi med verdas største regnskogsland – Brasil, Colombia, Peru, Kongo og Indonesia – og har medverka til ei rekkje viktige resultat i form av utsleppsreduksjonar og berekraftig utvikling. I behandlinga av Meld. St. 24 (2016–2017) Felles ansvar for felles framtid slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

Det blir foreslått å løyve 290 mill. kroner til betaling for FN-godkjende klimakvotar i 2020.

Klima, miljø og hav er blant regjeringas hovudsatsingsområde for internasjonalt utviklingsarbeid, og innsatsen blir styrkt i 2020. Norsk innsats innan klima og miljø skal i hovudsak gå til finansiering av utsleppsreduksjonar og klimatilpassingstiltak, inkludert kapasitetsbygging og teknologisamarbeid i utviklingsland. Det grøne klimafondet er hovudkanalen for norsk mutilalteral klimafinansiering. Noreg vil doble bidraget til fondet frå 400 mill. kroner årleg til 800 mill. kroner årleg for perioden 2020 – 2023. Regjeringa vil òg prioritere støtte til utviklingsland sin innsats for å beskytte biomangfaldet, verdsarven, grøn skipsfart og innsats mot miljøgifter.

Ei nærare skildring av verkemiddel og satsingar på andre departement sine område finst i del III kapittel 8. Omtale av klimaeffekt av budsjettet finst i klimalovrapporteringa i del IV.