Dei mål og prioriteringar som er gitt i Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap, og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet er utgangspunktet for Klima- og miljødepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Ei systematisk og heilskapleg tilnærming er sentralt for å vidareutvikle beredskapsarbeidet i sektoren. I denne samanhengen er evaluering av hendingar og øvingar eit viktig moment. Det medverkar til å avdekke veikskapar og læringspunkt som er avgjerande for departementet sine risiko- og sårbarheitsvurderingar. Resultatet av arbeidet dannar grunnlag for dei vala, prioriteringane og avgjerdene som blir tekne med omsyn til sikring av viktige verdiar og tryggleik i samfunnet.

9.1 Ansvarsområde

Klima- og miljødepartementet skal bidra til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar, samt redusere konsekvensar av uønskte hendingar innanfor klima- og miljøsektoren. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilete for sektoren, beredskapsplanverk og øvingar er derfor prioriterte oppgåver. Kvar enkelt etat medverkar i dette arbeidet ved blant anna å gjennomføre eigne analysar over risiko og sårbarheit innanfor sitt område.

Meteorologiske tenester

Meteorologisk institutt (MET) har ei viktig rolle innanfor samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. MET forvaltar kritisk infrastruktur og meteorologiske tenester utgjør ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø. Dei er ein aktiv del av totalforsvaret ved at dei leverer utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret ved krise og krig, og under større militære øvingar. MET overvakar, varslar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og ålmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. MET sine tenester er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tar i bruk resultata frå ny forsking, og instituttet driv forsking og utvikling på alle sine fagområde. Sjå omtale av MET i Del II, side 84 og i kap 9.2. Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø – status og tilstandsvurdering.

Akutt forureining- og atomberedskap

Det er nasjonale mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø, og at utslepp av farlege stoff skal stansast. Dei nasjonale måla for forureining omfattar òg radioaktiv forureining.

Klima- og miljødepartementet har ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell eller ei ulykke medfører radioaktive utslepp og avfall. Det operative ansvaret ligg hos Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. Direktoratet treffer òg tiltak for utslepps- og avfallshandtering, og bidreg med utvikling av planverk for miljøforvaltinga på atomberedskapsområdet. Eventuelle klager blir behandla av departementet. Miljødirektoratet kan bistå med målingar og gi råd om konsekvensar nedfall kan ha på det ytre miljøet. Norsk Polarinstitutt kan bistå med avgjerdsgrunnlag som spreiingsmodellering og kunnskap om Arktis, blant anna iskart.

Ved atomulykker har Helse- og omsorgsdepartementet det overordna ansvaret for beredskapen, mens Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet er fag- og forvaltingsmyndigheit. Den nasjonale atomberedskapen er organisert gjennom Kriseutvalet for atomulykkeberedskapen som er leia av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Ansvaret for å stille krav til kommunar og private verksemder sin beredskap mot akutt forureining, og kontrollere at krava blir overhaldne, er lagt til miljømyndigheitene. Miljødirektoratet stiller beredskapskrav og følgjer opp desse gjennom tilsyn. Miljødirektoratet har etablert ein plan for kriseberedskap og spesifikke rutinar for handtering av etatens oppgåver knytte til større tilfelle av akutt forureining.

Ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining er lagt til Samferdselsdepartementet med Kystverket som utøvande etat. Ved ein statleg aksjon mot akutt forureining har miljøforvaltinga ei rådgivarrolle, og ansvar for å skaffe fram informasjon om miljøverdiar og miljøkonsekvensar. Sjå omtale i kap … Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø – status og tilstandsvurdering.

Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis, og forsikring for å dekkje aktivitetane.

Beredskapsmessige utfordringar knytte til klimaendringar

Det er eit nasjonalt mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Kvart enkelt departement har ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å leggje til rette regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har blant anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementet sitt arbeid med klimatilpassing medrekna overvatn, sjå oppmodingsvedtak nr. 914 frå 14. juni 2017 side 56.

Beredskap mot skadar på kulturminne og -miljø

Det er eit nasjonalt mål at tap av verneverdige kulturminne og -miljø skal minimerast. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltinga av kulturminne og -miljø i Noreg, og samarbeider tett med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturminne. Samarbeidet handlar blant anna om branntryggleiken i verneverdig tett trehusbestand og stavkyrkjer. Auka førekomst av ekstremvêrhendingar som flaum, skred, storm og kraftige nedbørsmengder må òg takast omsyn til i samband med forhindring av skadar framover.

Beredskap mot utslepp av GMO

Genmodifiserte organismar er mikroorganismar, plantar og dyr der den genetiske samansetjinga er endra ved bruk av gen- eller celleteknologi. Klima- og miljødepartementet behandlar søknader om omsetjing og utsetjing av levande GMO i naturen. Miljødirektoratet har koordineringsansvar og ansvar for vurdering av miljørisiko. Mattilsynet har ansvaret for vurderingar knytte til helserisiko.

Etter genteknologilovas føresegner skal verksemdene syte for naudsynte sikkerheitstiltak for å hindre helse- og miljømessige skadeverknader. Dersom utslepp skjer, skal verksemda straks setje i verk tiltak for å avgrense skadeverknadene. På grunn av rask teknologiutvikling kan det ventast at òg privatpersonar på sikt kan genmodifisere og endre mikroorganismar på ein måte som gjer at samfunnet potensielt kan påførast ny helse- og miljørisiko. Kartlegging av omfanget av ein slik framtidig privat aktivitet er såleis eit viktig tiltak.

9.2 Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø – status og tilstandsvurdering

9.2.1 Innleiing

I Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn jf. Innst. 326 S (2016–2017) og i Justis- og beredskapsdepartementetsin Prop. 1 S er 14 tverrsektoriellesamfunnsfunksjonar som er kritiske forsamfunnstryggleiken, presenterte. Det er samfunnsfunksjonarder fleire departement kan haansvar, der samfunnsfunksjonane kan vere avhengigeav kvarandre, og der departementa må samarbeidefor å ta vare på samfunnstryggleiken. Forkvar av dei 14 samfunnsfunksjonane er detutpeika eit hovudansvarleg departement, somskal sikre nødvendig koordinering og samordning.Inndelinga i 14 samfunnskritiske funksjonarog plassering av ansvar hos eit hovudansvarlegdepartement er eit sentralt verkemiddel for åstyrke den tverrsektorielle samordninga i arbeidetmed samfunnstryggleik. Det er gjennom nysamfunnstryggleiksinstruks etablert eit systemfor å utarbeide status- og tilstandsvurderingar fordei 14 samfunnskritiske funksjonane, som skal vurdere kva for evne samfunnet har til å halde funksjonane ved like dersom dei blir utsette for ulike påkjenningar. Dei hovudansvarlege departementa er ansvarlege for at vurderingane blir gjorde, og skal presentere desse i sine respektive budsjettproposisjonar. Klima- og miljødepartementet er hovudansvarleg departement for den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø.

I budsjettet for 2019 er det i tillegg til Natur og miljø utarbeidd status- og tilstandsvurderingar for dei tre samfunnskritiske funksjonane Transport (Samferdselsdepartementet), Forsyningssikkerhet (Nærings- og fiskeridepartementet) og Lov og orden (Justis- og beredskapsdepartementet).

Status- og tilstandsvurderinga blir gjort i lys av det overordna risikobiletet.

9.2.2 Om den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø

Kort beskriving av Natur og miljø og kapabilitetane

Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø inneheld kapabilitetane: forureiningsberedskap, meteorologiske tenester og overvaking og varsling av flaum og skred.

Naturfarar utgjer ein viktig del av det nasjonale risikobiletet. Kraftig vind og flygande gjenstandar kan påføre bygningar og annen infrastruktur betydeleg skade, og store mengder nedbør kan utløyse skred og medverke til flaum. Overvaking av meteorologiske og hydrologiske forhold og varsling av ekstremvêr og flaum- og skredfare har derfor stor betydning for samfunnstryggleiken. Akutt forureining som skader naturen kan både vere eit resultat av naturhendingar, og av menneskeleg aktivitet som uønskte utslepp av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen.

Kva aktørar er involverte/berørte

Samferdselsdepartementet, med Kystverket som underliggjande etat, har ansvaret for statens beredskap mot akutt forureining, og for å føre tilsyn med den ansvarlege forureinaren ved akutt forureining. Klima- og miljødepartementet, med Miljødirektoratet som underliggjande etat, har ansvaret for å stille krav til privat og kommunal beredskap

Kommunane er ein del av den offentlege beredskapen. Dei har beredskaps- og aksjonsplikt overfor mindre

Tilfelle av akutt forureining innanfor kommunen sine grenser som ikkje er dekte av privat beredskap, og der forureinar ikkje sjølv er i stand til å aksjonere.

, vidareutvikle beredskapsregelverket og føre tilsyn med den private og kommunale beredskapen. Når det gjeld petroleumssektoren, har Arbeids- og sosialdepartementet, med Petroleumstilsynet som underliggjande etat, myndigheitsansvar for teknisk og operasjonell tryggleik og beredskap samt arbeidsmiljø i petroleumsverksemda, under dette førebygging av akutte utslepp.

Klima- og miljødepartementet overtok styringsansvaret for Meteorologisk institutt (MET) i 2018. MET er gjennom sine vedtekter gitt særskilte oppgåver om å levere til offentlege meteorologiske tenester til sivile og militære formål. I § 1. Formål heiter det:

Instituttet skal arbeide for at myndigheiter, næringslivet, institusjonar og ålmenta best mogleg kan ivareta sine interesser for sikring av liv og verdiar, for planlegging og for vern av miljøet.

Olje- og energidepartementet har ansvaret for Norges- vassdrags og energidirektorat (NVE). NVE har som eit hovudmål å betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredrisiko. Eit delmål er å redusere konsekvensane av flaum- og skredhendingar gjennom overvaking, varsling og rådgiving

Referanse: OEDs tildelingsbrev til NVE for 2019.

. NVE yter hjelp til samfunnet innanfor kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. Det er politiet, lokale beredskapsmyndigheiter og samferdselsetatar som bestemmer og set i verk dei enkelte tiltaka, for eksempel stenging av veg og bane, avsperring og evakuering. Den nasjonale skredvarslinga er blitt ein viktig del av Noregs samfunnstryggleik. Skredvarslinga vart utvikla i eit samarbeid mellom MET, Statens vegvesen og Bane NOR.

Statens vegvesen er ein svær aktiv partnar i skredvarslinga. Statens vegvesen deltek i produksjon og utvikling av skredvarsla, ved å medverke med varslarar, observatørar, vêrstasjonar og finansiering.

Aktørane innanfor dei tre kapabilitetane har eit utstrekt samarbeid både med kvarandre og med andre. Kystverket har ansvaret for å koordinere statleg, kommunal og privat beredskap i eit nasjonalt beredskapssystem. MET samarbeider nært både med andre meteorologiske institutt og private og offentlege aktørar. Forsking skjer i stor grad gjennom nasjonale og internasjonale konsortium der både forskingsinstitutt, akademia og (i aukande grad) private firma deltek. MET og NVE har ei samarbeidsavtale som syter for godt fagleg samarbeid og arbeidsdeling, og sikrar høg kvalitet og effektiv bruk av etatane sine ressursar til beste for utføringa av begge partar sine kjernetenester.

Justis- og beredskapsdepartementet har, i tillegg til sitt sektoransvar, ei generell samordningsrolle i sivil sektor for samfunnstryggleik- og beredskap. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) understøttar denne samordningsrolla. DSB skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet, vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og syte for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering.

Kommunane er i tråd med sivilbeskyttelseslova pålagt ei generell beredskapsplikt. Kommunen skal jobbe systematisk og heilskapleg med samfunnstryggleiksarbeidet på tvers av sektorar i kommunen, for å redusere risiko for tap av liv, helse, miljø og materielle verdiar. Kommunane skal vidare utarbeide ein heilskapleg ROS-analyse som skal medverke til å kartleggje kva uønskte hendingar som kan inntreffe i lokalsamfunnet, vurdere sannsynet for at desse hendingane skjer og korleis dei vil påverke befolkning og infrastruktur.

DSB tek vare på embetsstyringa av fylkesmennene på samfunnstryggleiksområdet, og samarbeider med andre fagetatar for å medverke til at fylkesmennene følgjer opp samfunnstryggleiksarbeidet på ein heilskapleg måte innan førebygging og beredskap. DSB arbeider for eit heilskapleg og systematisk arbeid innan samfunnstryggleik i kommunen, og gir føringar for fylkesmennene si rettleiing og tilsyn med kommunal beredskapsplikt og for bruk av fylkesmannen si motsegnsmynde på samfunnstryggleiksområdet.»

9.2.3 Overordna risikobilete

Den kritiske samfunnsfunksjonen Natur og miljø består av kapabilitetar som er avgjerande for å ta vare på befolkninga sin tryggleik (varsling av vêr og varsling av skred og flaum) og for å ta vare på naturen (akutt forureiningsberedskap).

Risikobiletet legg vekt på situasjonar som utfordrar funksjonsevna til dei tre kapabilitetane og vurderinga vil vere på eit aggregert nivå.

Spennet av moglege hendingar som kan utfordre funksjonsevna er stort. Risikofaktorar knytte til varsling og overvaking av vêr, flaum og skred inkluderer bortfall av straum, internett og telefonnett, eksterne angrep på infrastruktur, manglande tilgang til menneskeleg kompetanse og ressursar, dårleg samhandling og kommunikasjon, uklare ansvarsforhold eller manglande finansiering.

Klimaendringar, med betydeleg fleire og kraftigare nedbørsperiodar, er ein overordna risiko som utfordrar funksjonsevna til alle dei tre kapabilitetane. Gode og treffsikre varslingar av ekstremvêr, med påfølgjande varsling av fare for flaum eller skred (snøskred, jordskred, fjellskred) er avgjerande for befolkninga sin tryggleik.

Vinteren 2018/2019 døydde 13 personar i snøskred. Dei fleste gjekk på toppturar, ein fritidsaktivitet som har blitt svært populær dei siste åra. Auka nedbørsmengder og fleire folk i fjellet utfordrar funksjonsevna til både varsling av ekstremvêr og skred.

Figuren under viser tal på omkomne fordelt på skredtypar for perioden 1900 – 2018.

Figur 9.1 Antall omkomne i skred 1900–2018

Figur 9.1 Antall omkomne i skred 1900–2018

Kjelde: Noregs Geotekniske institutt – NGI

Skred kan få katastrofale følgjer. Tre store fjellskred i Loen og i Tafjord i første halvdel av 1900-talet utløyste flodbøljer og tok til saman 175 menneskeliv. I dag overvakar NVE sju fjellparti, der Mannen/Veslemannen i Rauma kommune er det mest kjente. Som følgje av raudt farenivå har befolkninga som kan rammast av skredet frå Veslemannen blitt evakuert mange gonger det siste året.

Store nedbørsmengder gir også auka risiko for flaum i vassdrag. Storflaumar skader infrastruktur, privat eigedom og kan føre til akutt forureining som skader naturen. Flaum utfordrar alle ledd i forureiningsberedskapen. Flaumen i Ottadalen i 2018 kom som følgje av ekstrem snøsmelting som følgje av høge temperaturar og mykje nedbør. Ei hending som følgde av flaumen var at fleire tusen tonn glasopor vart tekne av vassmassane og ført ned elva, med moglege negative konsekvensar for miljøet.

Styrtregn vil føre til fleire skred- og flaumhendingar slik som i Jølster 30. juli 2019 og i Utvik 24. juli 2017. Det vil også føre til meir overvatn i tettbygde strøk slik vi såg i Oslo både 26. juni og natt til 4. august 2019. Klimaendringar gjer at vi òg kan vente auke i andre typar vêrrelaterte hendingar med stort skadepotensial, som til dømes tørkesommaren 2018 og flaumen i Skjåk 14. oktober 2018 som kom av snøsmelting og nedbør.

Eksempla synleggjer samanhengen mellom kapabilitetane.

Under er det gjort status- og tilstandsvurderingar av dei tre kapabilitetane. Basert på dette blir det gjort ei vurdering av høve til utvikling og aktuelle tiltak for å betre funksjonsevna.

9.2.4 Forureiningsberedskap

Innleiing

Ansvar og roller ved ei ulykke med akutt forureining, eller fare for ei slik ulykke, er beskrive i forureiningslova. Forureiningslova inndeler beredskapen mot akutt forureining i privat, kommunal og statleg beredskap. Forureiningslova fastset at den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining, skal syte for nødvendig beredskap for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og avgrense verknaden av forureininga.

Beredskapen skal stå i eit rimeleg forhold til sannsynet for akutt forureining og omfanget av skadane og ulempene som kan inntreffe. Lova fastset òg krav til kommunal og statleg beredskap. Kommunar skal syte for nødvendig beredskap mot mindre tilfelle av akutt forureining som ikkje er dekt av privat beredskap. Staten skal syte for beredskap mot større tilfelle av akutt forureining.

På operativt nivå utgjer den samla beredskapen mot akutt forureining eit samspel mellom private, kommunale og statlege aktørar. Lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard (svalbardmiljølova) inneheld dei same prinsippa som forureiningslova.

I status- og tilstandsvurderingane inngår ikkje kommunal og privat beredskap, men statlege oppgåver knytte til å sikre rammevilkår for kommunal- og privat forureiningsberedskap inngår.

Status- og tilstandsvurderingar

For å få rett prioritering mellom dei førebyggjande og dei konsekvensreduserande tiltaka bør beredskapen mot akutt forureining sjåast i nær samanheng med førebyggjande sjøtryggleik. Sjøtryggleiken i norske farvatn er gjennomgåande høg. Førebyggjande tiltak er viktige føresetnader for det høge tryggleiksnivået. Vidare medverkar den statlege beredskapen mot akutt forureining til å redusere risikoen som er knytt til sjøtransporten gjennom å setje oss i stand til å handtere akutte forureiningshendingar. Sidan 2005 er det gjennomført ei rekkje førebyggjande tiltak som har styrkt sjøtryggleiken ytterlegare. I same periode har beredskapen blitt betydeleg styrkt gjennom oppgradering av materiell, meir effektiv organisering og kompetanseheving. Samla sett er den statlege beredskapen mot akutt forureining vurdert til å vere godt rusta til å handtere dagens miljørisikonivå.

Samferdselsdepartementet, med Kystverket som underliggande etat, har ansvaret for statens beredskap mot akutt forureining, og for å føre tilsyn med ansvarleg forureinar ved akutt forureining. Statens beredskap mot akutt forureining er risikobasert, og ikkje dimensjonert med utgangspunkt i dei verst tenkelege hendingane. Grunnlaget for dimensjoneringa er miljørisikoanalysar, som tek utgangspunkt i sannsynet for akutt forureining, kunnskap om kor sårbart miljøet i ulike kystområde er og vurderingar av moglege miljøkonsekvensar.

Kystverket utarbeidde i 2015 ein analyse av handtering av verstefallshendingar med akutt forureining, med utgangspunkt i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskaps (DSB) rapport Nasjonalt risikobilde (NRB) for 2013. Analysen peiker på eit behov for å avklare kor omfattande hjelp Kystverket kan rekne med å få frå operatørselskapa og kommunar. Vidare er det peikt på at ein gjennomgang av rutinar ved oppmoding om internasjonal bistand vil kunne medverke til å unngå unødige forseinkingar. Analysen er følgd opp gjennom dialog med operatørselskap og kommunar, og gjennom jamlege øvingar nasjonalt og internasjonalt. Dei internasjonale øvingane har hatt fokus på bistand ved store hendingar.

Kapasitet, operativ evne og kompetanse

Beredskapen har dei siste ti åra blitt betydeleg styrkt; statens oljevernmateriell er fornya og supplert med blant anna naudlosseutstyr, oljevernutstyr er utplassert på kystvaktfartøy og statens slepeberedskap er styrkt med fleire fartøy. Kystverkets overvakingsfly er fornya, flåten av oljevernfartøy er utvida med fire nye multifunksjonsfartøy og etatens avgjerdsstøtteverktøy under aksjonar er vidareutvikla. Vidare har dei interkommunale utvala mot akutt forureining fått tilført statleg oljevernutstyr for å fremje kommunane sin kapasitet til å hjelpe til under statlege aksjonar. Det er òg inngått avtaler med mindre fartøy om å hjelpe til under statlege aksjonar. Under ein statleg aksjon vil fleire aktørar, som kommunar, Sivilforsvaret og private, støtte aksjonsleiinga.

Miljødirektoratet er ein viktig miljøfagleg rådgivar for Kystverket under statlege aksjonar mot akutt forureining. Miljødirektoratet medverkar med brei miljøfagleg kompetanse, inkludert frå miljøvernavdelinga hjå Fylkesmanen, og gir blant anna råd om miljøprioriteringar og miljøundersøkingar. Miljødirektoratet medverkar i tillegg med ressursar frå Statens naturoppsyn i felt til kartlegging og registrering av oljeforureining og oljeskada sjøfugl og vilt. Utover rådgivingsfunksjonen er Miljødirektoratert på nokre område ansvarleg myndigheit, til dømes når det gjeld avgjerd om handtering av oljeskadd sjøfugl og vilt (med unntak av sjøpattedyr). Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Kystverket og Miljødirektoratet om Miljødirektoratets bistand under statlege aksjoner.

For å leggje til rette for god samhandling, blir det gjennomført felles øvingar og trening. For å styrkje samhandlinga, har Kystverket, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Miljødirektoratet utforma og innført einsarta organisering og leiing av aksjonar. Det er òg laga ein nasjonal læreplan for opplæring i å handtere akutt forureining.

Samordning med andre aktørar

Kystverket gav i 2015 ut Nasjonal beredskapsplan beredskap mot akutt forurensning , som ein sektorovergripande plan. Planen er viktig for å sikre felles forståing blant samvirkeaktørane. Brudokumentet mellom operatørane og Kystverket sine beredskapsplanar beskriv korleis ei eventuell statleg overtaking med samordning av aksjonsleiinga ved ekstreme forureiningshendingar knytte til petroleumsindustrien, skal ivaretakast.

Kystverket arrangerer og deltek i ei rekkje øvingar for eige personell, private og kommunale aktørar og myndigheiter i andre land. Øvingane er viktig reiskap for å styrkje samhandlinga og evna til å handtere akutt forureining effektivt.

I petroleumsverksemda er det operatøren som er ansvarleg for å halde ved lag ein effektiv beredskap og handtere eventuelle fare- og ulykkesituasjonar som måtte oppstå, under dette akutt forureining Petroleumstilsynet fører tilsyn med operatørane sitt beredskapsarbeid knytt til tryggleik og arbeidsmiljø. Miljødirektoratet stiller krav til og fører tilsyn med operatøranes beredskap mot akutt forureining. Petroleumstilsynet har ansvar for å koordinere HMS-myndigheitene sitt arbeid med beredskap, og har etablert ei beredskapsvaktordning som sikrar at etaten blir varsla om fare- og ulykkesituasjonar og kan varsle vidare til andre involverte myndigheiter i medhald av etablerte avtaler og varslingsprosedyrar. Dette kan vere Arbeids- og sosialdepartementet, Oljedirektoratet, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet og aktuelt sokkelpolitidistrikt. Petroleumstilsynet varslar òg andre nasjonar om hendingar som kan ha relevans for deira petroleumsverksemd. Ved akutt forureining, også ved hendingar i petroleumsverksemda, er det Kystverket som har ansvar for å varsle Miljødirektoratet.

Petroleumstilsynet og Kystverket gjennomfører blant anna årleg ei øving (Myndex), med vekt på samhandling mellom etatane og rapportering til overordna departement. Miljødirektoratet deltek som observatør på denne øvinga.

Klima- og miljødepartementets vurdering

Basert på ovannemnde rapport vurderer KLD den statlege beredskapen for å handtere akutt forureining som skader natur til å vere på eit tilfredsstillande nivå.

Samhandlinga mellom aktørane er godt utvikla gjennom blant anna årlege samverkeøvingar og etablerte kommunikasjonskanalar. Vidare er Kystverkets nasjonale beredskapsplan viktig for aktørane si felles forståing og samhandling.

Utviklingsmoglegheiter

Utvikling av den nasjonale beredskapen mot akutt forureining

Kystverket og Miljødirektoratet har kontinuerleg dialog om forbetringar basert på erfaringer fra øvelser og hendelser.

Dimensjonering av beredskap mot akutt forureining

Statens beredskap mot akutt forureining er risikobasert. Grunnlaget for dimensjoneringa er miljørisikoanalysar, som tek utgangspunkt i sannsynet for akutt forureining, kunnskap om kor sårbart miljøet i ulike kystområde er og vurderingar av moglege miljøkonsekvensar. Kystverket gjennomførde miljørisikoanalysar i 2011 (fastlandskysten) og 2014 (Svalbard og Jan Mayen). Med utgangspunkt i desse vart det gjennomført analysar av beredskapsbehovet. Desse beredskapsanalysane er utgangspunktet for dimensjoneringa av den statlege beredskapen mot akutt forureining.

Grunnopplæring i handtering av akutt forureining

Det følgjer av Meld. St. 35 (2015–2016) at innføring av grunnopplæring i handtering av akutt forureining vil bli vurdert i arbeidet med ny modell for utdanning av brann- og redningspersonell. Dette blir følgt opp av DSB i samarbeid med Kystverket. Kystverket medverkar med kompetanse og kapasitet inn i dei ulike utdanningsløp, slik at grunnutdanningskrav også til fagområdet beredskap mot akutt forureining blir formalisert.

Beredskap mot akutt forureining på Svalbard og Jan Mayen

Det vart gjennomført ein miljørisiko- og beredskapsanalyse for Svalbard og Jan Mayen 2014.

Sysselmannens fartøy er tilført ytterlegare oljevernutstyr og har fått opplæring i bruk av dette. Fleire nye fartøy i kystnær beredskap inngår i beredskapen på Svalbard. KV Svalbard er tilført ei ny isforsterkt oljevernlense. Kystverket har i samarbeid med Sysselmannen og Telenor bygd ut eit betre sambandsnett for sentrale delar av vestkysten på Svalbard. Forutan eit breibandsamband (breibandsradio) ved aksjonar, vil dette fungere som eit nettverk for å sende AIS-data frå skip til Kystverkets overvakingssystem for skip.

Kystverket har analysert mange av dei nye drivstofftypane som er nytta i norske farvatn og i Arktis, og undersøkt utslepp av gassar og partiklar ved forbrenning av oljer. Dette er viktig bakgrunnsinformasjon når det gjeld miljøfaglege vurderingar av ulike tiltak for å handtere oljeforureining i bl.a. islagte farvatn.

Forsking og utvikling (FoU)

Kystverket har ein eigen handlingsplan for FoU-verksemd innan beredskap mot akutt forureining og sjøtryggleik. Innan beredskap mot akutt forureining er det lagt vekt på analysar av nye drivstofftypar som dukkar opp på marknaden. Dette arbeidet har fått stor merksemd i mange internasjonale fora. Kystverket har hatt eit felles prosjekt med Norsk Oljevernforeining for Operatørselskap (NOFO), Oljevern 2015, der oljeindustrien har kome med midlar, mens Kystverket har medverka med kompetanse og stilt testhallen sin til rådvelde.

Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø fekk i 2018 i oppdrag å utgreie etablering av fasilitetar for å teste oljevernteknologi. For å leggje til rette for vidareutvikling av oljevernutstyr som kan handtere utslepp i kaldt klima og farvatn med is, er det ønskeleg å kunne teste utstyr i sjø- og lufttemperaturar under null grader celsius. Etatane sin rapport er til vurdering i Samferdselsdepartementet.

Miljødirektoratet har eit pågåande prosjekt for å oppdatere og vidareutvikle dei såkalla MOB-karta

Jf. rettleiar om modell for prioritering av miljøressursar ved akutte oljeutslepp langs kysten (SFT 1765 2000) https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/klif2/publikasjoner/vann/1765/ta1765.pdf

. Basert på MOB-modellen blir det utvikla ei ny digital kartløysing for prioritering av innsats mot akutt forureining. Kartløysinga skal etter planen lanserast hausten 2019 og skal inngå som eit kartlag i Kystinfo. Kystverket deltar i prosjektets referansegruppe, saman med representantar frå Kartverket, Fylkesmannen og Interkommunale utval mot akuttforurensning.

9.2.5 Meteorologiske tenester

Innleiing

Meteorologisk institutt (MET) overvakar, varslar vêret og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og ålmenta kan sikre liv og verdiar, planleggje og verne miljøet. MET driv forsking og utvikling på alle sine fagområde. Dei høgast prioriterte operasjonelle tenestene er:

  • Utarbeiding og distribusjon av prognosar og varsel for atmosfære og hav, inkludert farevarsel som er avgjerande for liv og tryggleik, og døgnkontinuerleg meteorologisk overvaking alle dagar.

  • Meteorologiske berekningar og tenester i samband med søk- og redningsoperasjonar, utslepp til luft og vatn, atomhendingar og andre kritiske operasjonar og tryggleikstruande hendingar.

  • Innsamling, kvalitetssikring og tilgjengeleggjering av meteorologiske observasjonar.

  • Utarbeiding og distribusjon av flymeteorologisk informasjon for sivil og militær luftfart, inkludert døgnkontinuerleg meteorologisk overvaking alle dagar.

I samarbeid med Miljødirektoratet, Statens Vegvesen, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har MET sett i drift operasjonell varsling av luftkvalitet for heile Noreg.

MET har ansvar for rutinevis utarbeiding av varsel for store havområde der Noreg har ansvar for å sikre navigasjon og ferdsel. På oppdrag frå bransjen leverer MET prognosar og varsel for offshore, i hovudsak for å trygge og sikre effektiv aktivitet.

MET sine tenester er forskingsbaserte. Dei operasjonelle tenestene tar i bruk resultata frå ny forsking og driv forsking framover gjennom tilbakemeldingar frå dei som brukar resultata.

Status- og tilstandsvurderingar

For samfunnsfunksjonen natur og miljø er følgjande faktorar sentrale i MET sitt oppdrag:

  • Innsamling av observasjonar

  • Utarbeiding av prognoser og varsel

  • Samarbeid med andre aktørar

  • Kommunikasjon av prognosar og varsel

  • Klimaframskrivingar og regionale klimaprofilar

MET eig og driv eit meteorologisk observasjonsnettverk i Noreg. Dette omfattar manuelle og automatiske vêrstasjonar og radiosondestasjonar, vêrradarar, lynsensornettverk, havstraumradarar, bøyar og sensorar på skip. Instituttet har òg tilgang til data frå stasjonar eigde av andre aktørar, som Statens Vegvesen, NVE og kommunar, og data frå private vêrstasjonar. I tillegg har instituttet tilgang til satellittdata gjennom EUMETSAT og Copernicus og data frå andre land gjennom samarbeidet i Verdas meteorologiorganisasjon (WMO).

Observasjonsnettverk er krevjande å halde ved like innanfor MET sine økonomiske rammer, noko som fører til periodisk bortfall av observasjonar, og konsekvensane vil variere avhengig av kva for ein del av observasjonsnettverket som fell ut og kor lenge. Dersom MET i oversynleg framtid må halde seg innanfor den økonomiske ramma for observasjonsnettverket i dag, kan MET bli nøydd til avvikle nokre av målestasjonane eller radarane for å sikre ei forsvarleg forvalting og fornying av observasjonsutstyret. Ein reduksjon i målenettet eller langvarig utfall av observasjonar vil òg ha alvorlege følgjer for andre etatar sin bruk av data frå MET, til dømes NVE sin varsling av flaum og skred.

Vêrvarsling er basert på køyringar av vêrmodellar på tungreknemaskinar. Dette er kjent som numerisk vêrvarsling og resultatet av køyringane vert kalla prognosar. Det meteorologiske samarbeidet om operasjonell numerisk vêrvarsling mellom dei nasjonale vêrtenestene i Finland, Noreg og Sverige (MetCoOp) er unikt mellom anna i utvikling og implementering av nye løysingar. Landa deler operative modellsimuleringar, døgnkontinuerleg overvaking, tungreknemaskinar, kompetanse, ressursar og modellutvikling. Samarbeidet er planlagt utvida med fleire europeiske land. MET brukar prognosar frå det europeiske reknesenteret ECMWF som grunnlag for modellsimuleringane i MetCoOp og for vêrvarsel utover tre døgn. MET gjer òg berekningar med modellar for hav, bølgjer og istilhøve.

MET sine observasjonar, prognosar og varsel for atmosfære og hav vert brukt som grunnlag for berekningar og vurderingar knytt til naturfare i andre etatar. Særs relevant for den kritiske samfunnsfunksjonen natur og miljø er flaum- og skredvarsling frå NVE, der MET bidreg aktivt blant anna med ein dagleg brief mellom MET og varslingstenestene. I tillegg inngår meteorologar frå MET i snøskredvarslinga. MET har vidare ansvar for operasjonelle beredskapsmodellar for atmosfæren i tilfelle atomulukker/utslepp og vulkansk oske (i samarbeid med DSA og Avinor), og tilsvarande for hav og kyst i tilfelle oljeutslepp og søk og redning (i samarbeid med Kystverket og Hovudredningssentralen). MET er ein aktiv del av totalforsvaret. Ved krise og krig, og under større militære øvingar, gir MET derfor utvida meteorologisk støtte etter avtale med dei aktuelle einingane i Forsvaret.

MET sin viktigaste formidlingskanal er Yr. Tenesta er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK, og er den femte største nettenesta for vêr på verdsbasis. Offentlege samarbeidspartnarar har tilgang til den spesialiserte vêrtenesta Halo. Meteorologar formidlar vêret og farevarsel på TV og radio, og MET er svært aktiv i sosiale medium som Twitter og Facebook. Det offisielle datagrunnlaget og produkta frå MET er fritt tilgjengelege for publikum for bruk, spreiing og vidare bearbeiding.

Observasjonar og prognosar frå modellberekningar ligg til grunn for meteorologen si utarbeiding av varsel, medrekna farevarsel. Dei seinare åra har MET og NVE arbeidd saman om å fornye farevarslinga. Form og innhald har blitt harmonisert, og varsla er standardiserte og i større grad konsekvensbaserte. Ein ny metodikk vart sett i drift sommaren 2018. I samråd med NVE sender MET ut varsel om styrtregn som kan føre til lokal flaum, overvatn og urbanflaum, endringar i bekke- og elveløp, jord- og flaumskred. Denne type varsel er utfordrande fordi det er vanskelig å føresjå presist kvar byenedbøren vil treffe og kor kraftige regnbyene blir. Kor alvorlege følgjene blir, er også avhengig av skadepotensialet der dei kraftigaste regnbyene treffer. Dei to etatane brukar samsvarande fargekodar der fargen (gul, oransje, raud) syner kva grad av aktsemd beredskapsstyresmaktene og publikum skal syne. Varsla blir gjort tilgjengelege på Yr, Halo og i samarbeid med NVE på Varsom.no. Frå hausten 2019 blir Varsom si abonnementsordning på e-post eller SMS for flaum- og skredvarsel utvida til også å dekke MET sine varsel på gult og høgare nivå.

Fornyinga av farevarslinga er nyttig og naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg for å møte situasjonen vi ser no. Klimaendringane aukar omfanget av vêr som samfunnet ikkje er budd på og vêrhendingar som er vanskelege å føreseie.

I Noreg har vi dei siste hundre åra observert ein auke i temperatur på om lag ein grad og ein generell auke i nedbør på om lag 18 prosent. Forsking ved MET viser at vi kan vente stadig aukande temperatur og nedbør i heile landet gjennom alle årstidene. Til dømes ventar vi at mengda nedbør i form av styrtregn (kraftig regn som varer tre timar eller kortare) kjem til å auke med 20 prosent fram til midten av hundreåret, og med 40 prosent fram mot slutten av hundreåret (samanlikna med perioden 1971–2000).

MET utarbeider analysar av klimaet i Noreg i fortid, notid og framtid. I dette inngår etablering av kunnskapsgrunnlag for framtidig klima og klimatilpassing i Noreg i samarbeid med partnarane i Norsk Klimaservicesenter (NVE, Bjerknessenteret og NORCE). Norsk klimaservicesenter har mellom anna utarbeidd klimaframskrivingar og regionale klimaprofilar for alle fylka og Longyearbyen. Desse profilane er eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing og planlegging.

I MET sine ROS-analysar av dei prioriterte operasjonelle tenestene blir det teke utgangspunkt i hendingar som kan få negativ innverknad på funksjonsevna til MET.

Eit scenario i DSB-rapporten «Analyser av krisescenarioer» skildrar eit digitalt angrep på sentral ekom-infrastruktur. I eit slikt scenario vil òg MET sin datakommunikasjon bli ramma, og særleg innsamling av observasjonar og leveransar til aktørar som tek imot observasjonar. Over tid vil kvaliteten på prognosane gradvis bli dårlegare dess lenger tid observasjonane manglar, sidan desse er viktige for berekningane. MET vil heller ikkje klare å overhalde pliktene sine overfor Verdas meteorologiorganisasjon, som òg får ringverknader internasjonalt og kan påverke presisjonen for prognoser frå ECMWF.

Dersom vêrforholda er krevjande og MET ikkje kan levere tenester med tilfredsstillande kvalitet, vil samfunnet si handtering av ei hending, som til dømes brann, forureining eller havari, bli negativt påverka. MET førebur seg mellom anna ved å etablere redundante løysingar for IT-system og modellberekningar, og ved å kunne flytte oppgåver mellom dei tre varslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. Det blir gjennomført eigne øvingar, og MET deltek i felles øvingar med samarbeidspartnarar.

Klima- og miljødepartementets vurdering

Basert på ovannemnde rapport vurderer KLD at status for meteorologitenester per i dag i all hovudsak er god. For å halde ved lag kvalitetet i kapabiliteten framover er det viktig å sikre ei forsvarleg forvalting og fornying av observasjonsutstyret.

MET arbeider godt for å utvikle ny kunnskap og formidle tenester til samarbeidspartnarane og til heile befolkninga. I eit samfunnstryggleiksperspektiv er det viktig at informasjon om vêret er ei lett tilgjengeleg og gratis teneste.

Departementet tek til etterretning at det er utfordringar med god varsling av nedslagsfeltet til kraftige regnbyer. Departementet vurderer derfor vidare utvikling av metodikk og formidling av farevarsel som viktig. Samtidig er utvikling og innføring av detaljerte vêrvarslingsmodellar i all hovudsak ein styrke for samfunnstryggleiken.

Utviklingsmoglegheiter

Klimaforsking viser at jordsystemet (atmosfære, jord, vatn, hav, is, økosystem) og menneskeleg aktivitet er kopla saman. Modellane for berekning av klima er jordsystemmodellar, der modellen t.d. for vêret er direkte påverka av prosessane i atmosfæren, jord, vatn, hav, is, økosystem og menneskeleg aktivitet. For operasjonell varsling er det ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til korleis vêret påverkar jordsystemet og vekselverknaden mellom elementa i jordsystemet. MET har i dag ikkje eit modellsystem som er tenleg for heilskapleg varsling, og observasjonssystemet som er avgjerande for å berekne ein god starttilstand for prognosane er ikkje utvikla som eit balansert, jordsystemorientert målenett. Forbetra jordsystemvarsling er viktig for å redusere risiko i samfunnet, i samband med jordbruk, naturmiljø, skadar som følgje av vatn osv.

Eit sentralt trekk i utviklinga av vêrvarsling er betre og auka bruk av data og informasjon. Observasjonar frå satellittar, vêrradarar, målestasjonar og «tinga sitt internett» korrigerer fortløpande vêrvarsla. Vêrvarslingsmodellar blir meir detaljerte med omsyn til lokale forhold, blir oppdatert oftare og bereknar òg sannsynet i vêrvarselet. Det siste gir sannsynsbaserte varsel og auka evne til å varsle vêrutviklingar med store konsekvensar. Etatar og andre aktørar som brukar MET sine prognosar og varsel får gjennom dette høve til å gjere sannsynsbaserte vurderingar knytte til hendingar og konsekvensar aktørane har ansvar for.

I sum kan operasjonell jordsystemmodellering, eit godt koordinert observasjonssystem og betre bruk av tilgjengelege data og informasjon, setje oss i stand til å ta store steg i å forbetre kvalitet og spesialisering av varslingstenestene. Først og fremst gjeld det varsling av vêr (medrekna farleg vêr), overflatevatn og avrenning til elvar (medrekna flaum), underjordiske vassreservoar og hav, bølgjer og straum øvst i havet (medrekna risikoforhold til sjøs), og miljøforureining i luft, vatn, jord og hav (medrekna situasjonar med stort skadepotensial for helse og tryggleik). Ei slik modellutvikling må skje i tett samspel med andre etatar med ulike sektoransvar og spisskompetanse. Samfunnet vil gjennom dette bli betre førebudd på typen vêrhendingar vi ventar meir av og med større skadeomfang, som følgje av klimaendringar. For å ta ut potensialet, må det bli etablert tettare samarbeid mellom relevante aktørar. MET og NVE har i dag eit godt operativt samarbeid. Ein bør vurdere å utvide dette til større grad av felles modellar, IT-system og menneskelege vurderingar.

MET sine beredskapsmodellar kan tilpassast nye bruksområde innanfor miljø og tryggleik. Viktige område er radioaktivitet, plast i havet og utslepp av farlege gassar i atmosfæren. I forlenginga av MET sin operasjonelle kapasitet på spreiingsberekningar, er det òg potensial innanfor kategoriane «C» og «E» (i CBRNE), ved at MET kan bidra med døgnkontinuerleg beredskap for køyring av operative spreiingsberekningar for atmosfære og hav, både ved kritiske hendingar eller i ettertid ved køyring av trajektorieberekningar bakover i tid.

Romvêr er eit område MET reknar med å få ei nasjonal rolle i, også på sivil side. På militær side har MET allereie eit delansvar definert av prosedyrar i NATO. Det skjer eit planleggingsarbeid i regi av Norsk Romsenter og Forsvaret der relevante aktørar, inkludert MET, er med i diskusjonane. Det er truleg god samfunnsøkonomi i å varsle romvêr på regionalt nivå basert på den globale varslinga. Samdrift med den døgnkontinuerlege tenesta for vêrvarsling vil gi ei kostnadseffektiv teneste for romvêrhendingar.

Aktuelle tiltak

MET har arbeidd med utvikling av elementa i ein jordsystemmodell i fleire år, i samarbeid med andre meteorologiske institutt i Europa. Eit neste steg kan vere å etablere eit pilotprosjekt med føremål om å etablere ein operasjonell, regional jordsystemmodell der det først blir lagt mest vekt på vêr og vatn, så vêr og hav og etter det vêr og miljø. Denne prioriteringa speglar samfunnsbehova no og i dei næraste åra på grunn av endringa i flaum- og skredsituasjonen som følgjer klimaendringane. NVE og forskingsmiljøa innanfor hydrologi og geologi er naturlege samarbeidspartnarar. Etter kvart vil det vere føremålstenlig at forvaltings- og forskingsinstitutt innanfor oseanografi, luftkvalitet og miljø blir med.

Parallelt bør det vurderast å dreie observasjonssystema for atmosfære, vatn, hav, is og snø og miljø drive av forvaltinga i Noreg, i ei retning slik at starttilstanden i regionale jordystemsberekningar kan etablerast best mogleg, og til å validere slike berekningar.

Dei sannsynsbaserte prognosane som blir rekna ut både med dagens vêrmodellar og jordsystemmodellar i framtida gir auka høve til å varsle vêrutviklingar med store konsekvensar. For å kunne ta ut eit slikt potensial vil MET i tilfelle først betre eigen metodikk for varsling av naturfare og vidareutvikle verktøya for meteorologane. Deretter bør involverte etatar og beredskapsaktørar ta i bruk sannsynsbasert varsling og vurdere konsekvens og tiltak ut frå moglege vêrutviklingar.

MET ynskjer betre koordinering mellom aktørane innanfor beredskap og samfunnstryggleik knytt til naturfare, både for risikovurderingar og varsling. Eit aktuelt tiltak kan vere å initiere ein analyse av kva ein kan oppnå gjennom ei teneste som er betre koordinert for vurdering og varsling av naturfare, og korleis eit slikt samarbeid mellom MET og andre aktørar kan organiserast.

Relevante tiltak frå ROS-analysane for å oppretthalde eiga funksjonsevne

MET gjennomfører årleg ROS-analysar av dei kritiske leveransane i tråd med eit årshjul for risikostyringa. Det blir òg gjennomført øvingar for å teste beredskapsprosedyrane. Øvingane blir evaluerte og det blir utarbeidd tiltak for forbetringar.

MET etablerer no ein ny IT-leveransearkitektur. Denne skal i første omgang fokusere på behova til dei viktige prosjekta til MET i 2018. I tillegg ynskjer instituttet å byggje ned teknisk gjeld og auke takten i modernisering av IT-systema.

MET arbeider kontinuerleg med å betre IT-infrastrukturen og sikre instituttet sine IT-system mot langvarig svikt. Å etablere reserveløysingar og fase ut eldre utstyr er sentralt i dette arbeidet. Instituttet skal setje i drift nytt datalager for alle observasjonar og klimadata som MET forvaltar, som vil gi samfunnet betre tilgang til klimadata.

MET arbeider med å etablere oversikt over alle sentrale tenester med tilhøyrande verdikjeder. Oversikta skal inkludere teknisk tilstand og kritikalitet. Det skal etablerast livssyklusplanar for dei mest sentrale komponentane i verdikjedene.

Andre relevante tiltak i verksemdsplanane/årsrapporten som medverkar til auka samfunnstryggleik og -beredskap

Etter at MET og NVE hadde oppdatert metodikken for farevarsling, har dei to etatane arbeidd saman med NRK for å sikre at brukarane forstår varsla som blir sende ut. Dette aukar sannsynet for at mottakarane av naturfarevarsla kan ta betre og meir informerte avgjerder.

MET og DSB har starta utvikling av ny metodikk for varsling av skogbrannfare. Dette blir gjort i eit nordisk samarbeid, basert på det eksisterande nordiske samarbeidet innanfor numerisk vêrvarsling (MetCoOp).

9.2.6 Overvaking og varsling av flaum- og skredfare

Innleiing

Overvakings- og varslingstenestene for flaum og skred er viktige for tryggleiken i samfunnet. Desse tenestene varslar publikum og beredskapsmyndigheitene i forkant av naturhendingar slik at førebyggande eller skadereduserande tiltak kan setjast i verk. Føremålet er å unngå tap av liv og helse og å unngå skadar på verdiar og infrastruktur. Varslinga er også viktig for ei god risikoforståing og ein generell kompetanse om flaum- og skredfare i samfunnet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for den nasjonale flaum- og skredvarslingstenesta. Denne inneheld flaumvarsling, jordskredvarsling, snøskredvarsling, isvarsling og overvaking og varsling av store fjellskred.

NVE har utarbeidd vassføringsprognosar og flaumvarsel på regionalt nivå sidan 1989. Flaumvarselet gjev ei regional oversikt over område og vassdrag med fare for flaum basert på dei hydrologiske og meteorologiske tilhøva. NVE varslar publikum og det lokale beredskapsapparatet om flaumfare når det er venta at vassføringa i eit vassdrag eller vasstanden i ein innsjø vil overstige eit visst nivå.

Snø- og jordskredvarslinga starta i 2013, og er utvikla og drifta i samarbeid med Statens vegvesen og Meteorologisk institutt (MET). Varsla gir farenivået i ulike regionar, og er særleg retta mot beredskaps- og transportmyndigheitene. Snøskredvarslinga har også aktørar og enkeltpersonar innan friluftsliv som hovudmålgruppe. Andre viktige målgrupper er redningstenesta, forsvaret, reiselivet, utbyggarar og eigarar av det straumnettet. Ei evaluering av skredvarslinga i 2017 konkluderte med at skredvarslinga bidreg til betre samfunnstryggleik og må utviklast vidare (NVE rapport 38/2017).

Sidan 2015 har NVE hatt ansvar for å overvake og varsle farenivå for store fjellskred.

Det er lokale beredskapsmyndigheiter som avgjer og set i verk eventuelle tiltak ved fare for flaum eller skred. Dei har lokalkunnskap om skadepotensialet og gjerne erfaringar frå tidligare hendingar. Det er venta at lokale beredskapsmyndigheiter og aktørar har oppdaterte ROS-analysar og beredskapsplanar for utsette område og objekt. Det er kommunane, fylket og politi som er ansvarlege for den lokale og regionale krisehandteringa ved ei hending. NVE kan ved behov bidra med faglege råd, rettleiing og eventuelt andre skadereduserande tiltak.

Flaum og skred er saman med storm dei naturfenomena som gjer størst skade og tek flest menneskeliv i Noreg, jf. Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred , ref figur 9.1 (kap. 9.2.3). Det er få dødsulykker knytt til flaum, men flaum forårsakar store økonomiske kostnadar og får ofte konsekvensar for eit større geografisk område enn skred. Erstatning frå naturskadeforsikring og Statens naturskadeordning til flaum og skred i perioden 1980–2018 var 11 mrd. kroner (2018-kroner), av dette utgjer erstatningane dei siste ti åra (2009–2018) 6 mrd. kroner. I tillegg kjem kostnadar som blir dekte av andre erstatningsordningar og skadar på offentlig infrastruktur. Fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei største naturkatastrofane i Noreg, slik som i Loen (1905 og 1936) og i Tafjord (1934). I desse tre hendingane omkom 174 menneske. Fjellskredgenererte flodbølgjer kan ramme strandsona fleire kilometer frå sjølve skredet. I DSB sin rapport «Analyser av krisescenarioer 2019» inngår eit varsla fjellskred frå Åkneset på Sunnmøre.

Status- og tilstandsvurderingar

Flaum- og skredvarsling

Varslingstenesta for flaum- og skredfare er avhengig av stabil tilgang til data frå stasjonsnettet til MET, NVE, Statens vegvesen og snøskredvarslinga sitt observatørkorps. I tillegg er tenesta avhengig av relevante IKT-verktøy for å dele data frå felt, køyre modellar og analysar, utarbeide varsel og formidle varsla til målgruppene.

Konsekvensen av for dårlege eller manglande varsel kan bli lågare tillit til varslingstenesta og at skadereduserande tiltak ikkje vert sett inn til rett tid og stad. Ein annan mogleg konsekvens er meir risikofylt ferdsel i skredutsette område. Dette gjeld òg for redningstenesta, både den profesjonelle og den frivillige delen.

MET og NVE har ei samarbeidsavtale som sikrar effektiv utveksling og deling av data, produkt og kompetanse, og har også samordna enkelte farevarsel. Når det er venta kraftig byenedbør om sommaren innanfor eit område, blir dette varsla av MET og NVE i samarbeid i form av eit varsel om kraftige regnbyer (styrtregn). Varselet er utferda av MET og beskriving av konsekvens av varselet er laga i samråd med NVE. Slike regnbyer kan føre til lokal overfløyming, overvatn i tettbygde område, endringar i bekke- og elveløp, jord- og flaumskred der regnbyene treffer.

Både MET og NVE har operative og beredskapsmessige rutinar slik at varslingstenesta er oppdatert, koordinert og operativ. NVE og MET sine varslingstenester har dagleg dialog for å vurdere behovet for flaum- og jordskredvarsel, og MET deltek med meteorologar i snøskredvarslinga. MET og NVE samarbeider med NRK om formidling av vêrdata og flaum- og skredvarsla gjennom NRK sine kanalar. Flaum- og skredvarslinga treng best mulige og oppdaterte vêrvarsel og vêrobservasjonar.

Snøskredvarslinga har om lag 100 observatørar som leverer observasjonar for varslingsregionane 2–3 gonger i veka. NVE har utvikla «Regobs» (mobilapp og web), som er eit registreringsverktøy for observasjonar, fareteikn og hendingar til bruk i varsling og beredskapsarbeid. Regobs kan brukast av alle til å sende inn og dele data frå felt, og er samkøyrd med data frå Statens vegvesen. Regobs har ein open data-policy som gjer det mogeleg for etatar og publikum å dele eit felles situasjonsbilete under kriser.

NVE er i ferd med å ta i bruk Sentinel satellittdata for operativ bruk i flaum- og skredvarslinga i samarbeid med Norsk romsenter, Statens vegvesen, NORCE og Norsk reknesentral. Dette er ein del av Noreg sin innsats i Copernicus-programmet.

NVE sitt målestasjonsnett er omfattande, og utfall av nokre få enkeltstasjonar er sjeldan kritisk. Sanntidsdata frå målestasjonar for snø, grunnvatn, vasstand og vassføring i vassdrag over heile landet er ein viktig føresetnad for jordskred- og flaumvarsling. Desse varslingane brukar data frå om lag 500 målestasjonar. NVE eig og driftar om lag 180, og dei resterande 320 har andre eigarar, for det meste vasskraftselskap. Halvparten av stasjonane som er eigd av andre vert i dag drifta av NVE og data er difor lett tilgjengeleg for NVE. For stasjonar drifta av andre enn NVE, er ein avhengig av at stasjonseigar føretek regelmessig innsending av data. For dei fleste av desse målestasjonane er stasjonseigar pliktig å levere inn data fortløpande etter pålegg i samband med vasskraftkonsesjonar. NVE erfarer at det er naudsynt med auka tilsynsverksemd med slike målestasjonar for å sikre høg kvalitet og stabil leveranse av data.

NVE planlegg fleire nye stasjoner i små nedbørfelt og i urbane område, men utbyggingstakta er låg. Det vert gjort store endringar på dei teknologiske løysingane rundt den automatiserte innhentinga av data frå målestasjonane for å minske tida frå observasjon til data er tilgjengeleg, og for å vere betre rusta ved utfall av kommunikasjonslinjer. Arbeidet med å styrke målestasjonsnettet er eit langsiktig arbeid som vil halde fram i fleire år.

Plattforma Varsom.no har sidan 2013 vore NVE sin hovudkanal for formidling av varsel. Varsom er ei samling av tenester levert av NVE, i samarbeid med MET og Statens vegvesen. Varsom viser også landbaserte naturfarevarsel frå MET, til dømes styrtregn og vind. MET og NVE har dei siste årene jobba med å samordne farevarsel frå etatane, både når det gjeld form, innhald og kommunikasjon av varsel. Det vert brukt internasjonale standardar for farevarsling.

Varsel for flaum- og skredfare vert også publisert på vêrtenesta yr.no og på halo.met.no. Alle kan abonnere gratis på flaum- og skredvarsel på e-post eller SMS. NVE sine varsel vert også vidareformidla av nasjonale og lokale medium og gjennom sosiale medium. Varsel av ein alvorleg situasjon (oransje farenivå) for flaum- og jordskredvarslinga, og snøskredvarsel av stor fare (raudt farenivå) vert i tillegg sendt til relevante fylkesmenn, vegtrafikksentralen, MET og beredskapspersonale i NVE. Fylkesmannen vidareformidlar varsla til relevante kommunar. Ved behov vert sakene òg publisert på NTB, NRK TV og radio, samt DSB sin kriseinfo.no.

Varslingstenestene i NVE er avhengig av stabil og sikker drift av ulike IKT-verktøy. NVE sitt IKT-driftsmiljø er vurdert å ha kompetanse og ressursar til å forvalte IKT-system og store mengder data. IKT-tenesta i NVE har gjennomgått programma som vert brukte i varslinga og har bygd inn mekanismar mot risiko og sårbarheit. Det er innført ei vaktordning for alle dagar heile året for at NVE si varslingsteneste kan få støtte innan IKT.

Varslingsgruppa for flaum- og jordskredvarsling har 20–22 medarbeidarar frå NVE og to frå Statens Vegvesen. Snøskredvarslinga har 32 medarbeidarar inkludert sju frå MET og fem frå Statens Vegvesen. I tillegg er det om lag 100 observatørar rundt omkring i landet. Totalt utgjer dette mange varslarar og observatørar, som er naudsynt for å oppretthalde ei kontinuerleg og landsdekkjande teneste. Kvar einskild arbeider ikkje heiltid med varslinga, dei fleste har andre oppgåver eller jobbar ved sidan av. Varslingstenesta må ha kapasitet til å analysere situasjonen, følgje med på sanntidsdata, observasjonar og modellprognosar, utarbeide, publisere og sende varsel. I tillegg må dei følgje med og ha fortløpande kontakt med regulantar, gi råd til NVE sine regionkontor og beredskapsmyndigheiter og handtere media.

Varslingstenestene er spesielt sårbare ved manglande personalressursar i periodar med ferie, ved langvarige hendingar og i periodar med sjukdom og/eller permisjonar. Ved store flaumar er det eit behov for å styrke bemanninga til flaumvarslinga for å vere betre i stand til å takle krevjande og langvarige situasjonar. Det er etablert ei intern ressursgruppe i NVE for å avlaste varslingstenestene.

Fjellskredovervaking

Erfaringar viser at fjellskred utviklar seg over tid gjennom langvarige, sakte deformasjonar og bevegelsar i fjellet. Dette ligg til grunn for at overvaking, varsling og evakuering utgjer hovudelementa i beredskap mot fjellskred (Figur 1). Ei fjellskredhending stiller store krav til samfunnet si evne til krisehandtering og omstilling. Nasjonal beredskapsplan for fjellskred beskriv rammene for korleis beredskap mot fjellskred skal etablerast og driftast (NVE rapport nr. 44/2015). Planen beskriv også ansvar og roller.

Figur 9.2 Skjematisk framstilling av venta utvikling av fjellskred, med inndeling i farenivå (grønt, gult, oransje og raudt).

Figur 9.2 Skjematisk framstilling av venta utvikling av fjellskred, med inndeling i farenivå (grønt, gult, oransje og raudt).

Grunnlaget for dimensjoneringa av overvakinga og beredskapen vert skaffa gjennom risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar). Både direkte konsekvensar, for eksempel i nedslagsområde og fareområde for flodbølgjer, og indirekte konsekvensar slik som brot i kritisk infrastruktur må vurderast. Av omsyn til tryggleiken til folk skal beredskapen dimensjonerast slik at det utan rimeleg tvil kan antakast at menneske ikkje vil kome til skade som følge av eit fjellskred. Bygningsteknisk forskrift (TEK17 § 7-4 b) sine krav skal leggast til grunn for design av overvaking, varslingstid og responstid.

NVE har ansvaret for og finansierer kartlegging av fjellskredrisiko i Noreg, eit arbeid som Norges geologiske undersøking (NGU) utfører på oppdrag frå NVE. Dette arbeidet inkluderer ei fare- og risikoklassifisering. Dette er ein kontinuerleg aktivitet. Kartlegginga av Møre og Romsdal vart ferdigstilt i 2019, medan kartlegginga i Sogn og Fjordane og Troms framleis vil ta nokre år til. Vidare er det starta kartlegging i Hordaland og Rogaland, i tillegg til enkelte område i Telemark og Nordland. Det siste året er det også utført kartlegging i Oppland og Finnmark.

NVE har per i dag sju fjellparti under kontinuerleg overvaking, men vidare kartlegging vil kunne avdekke behov for overvaking av fleire fjellparti. Ei rekkje område vert også overvaka periodisk, blant anna ved bruk av satellitt. Det er venta at fleire nye fjellparti vil ha behov for periodisk overvaking. Eit auka tal på overvakingsobjekt vil krevje fleire tilsette og økonomiske ressursar.

Klima- og miljødepartementets vurdering

Basert på ovannemnde rapport vurderer KLD flaum og skredvarsling til i all hovudsak å vere tilfredsstillande. MET og NVE samarbeider tett med å utveksle og dele data. Dette gjer det enklare og meir effektivt når det er behov for å samordne farevarsel.

Endringar i klimaet medfører eit behov for nye målestasjonar og også kartlegging- og overvaking av fjellskredrisiko. KLD støttar OED si vurdering om at utbyggingstakten for målestasjonar er låg, og merkar seg at overvaking av fleire fjellparti vil krevje fleire tilsette og økonomiske ressursar. Departementet merker seg òg at varslingstenestene er sårbare ved manglande personell i periodar med ferie og at NVE har etablert ei ressursgruppe for å sikre varslingstenesta i slike periodar.

Utviklingsmogelegheiter

Flaum- og skredvarsling

Flaum- og skredvarslinga har behov for betre presisjon med hyppigare oppdatering av prognosane. Det er behov for å forbetre modell- og IKT-verktøya, samt datagrunnlaget dei neste åra for å auke kvalitet og effektivitet i arbeidet, samt at formidlinga til brukarane blir endå meir effektiv.

MET, Statens vegvesen og NVE arbeider saman for å betre varslingstenestene. Det må arbeidast kontinuerleg med å få eit betre observasjonsgrunnlag, modellar, prognosar og produksjonssystem for utarbeiding av varsel. NVE si evne til å oppretthalde og betre varslingstenesta er svært avhengig av gode IKT-system og ressursar for å drifte og utvikle nye verktøy. Det er også behov for å utvikle nye produkt og kommunikasjonsformer som treff dei ulike brukargruppene betre.

Hydrologiske og meteorologiske målestasjonar er kostnadskrevjande både å byggje og drifte. For å kunne oppretthalde, vidareutvikle, og effektivisere er det viktig å finansiere både stasjonsdrift og FoU-aktiviteter.

Snøobservasjonane er kritiske for å ha ei nasjonal snøskredvarsling med tilstrekkeleg kvalitet og tillit, og dette krev systematisk arbeid med persontryggleik og kompetanse. På same måte er observasjonar i sanntid av vassføring og vasstand kritisk for flaumvarslinga og krev ei satsing for å bevare tilgang i sanntid til eksisterande målestasjonar, og å opprette nye stasjonar i område som er utsette for flaum.

Også satellittdata vil bli viktigare for flaum- og skredvarslinga framover, og NVE er avhengig av å utvikle og ta i bruk ei operativ produksjons- og distribusjonslinje. Det er behov for tilgang på Sentinel satellittdata i nær sanntid frå Copernicus-programmet.

Fjellskredovervaking

NVE er avhengig av at ein får tilgang på satellittdata gjennom Copernicus-programmet og tenesta som er utvikla i eit samarbeid mellom NGU, NVE og Norsk romsenter. Eit kritisk element i overvakinga er ofte infrastrukturen (straum og samband) i fjellet, og det vert arbeidd med utvikling av feltinstrument med lågt straumforbruk.

Det auka talet på overvakingsobjekt, både når det gjeld kontinuerleg og periodisk overvaking, vil føre til behov for meir personell og auka økonomiske ressursar. Spesielt vil det kunne vere utfordringar med tilstrekkelig personell hos NVE under krisesituasjonar som trekk ut i tid.

I enkelte område kan det vere aktuelt med andre tiltak. Overvakinga og beredskapen fungerer godt så lenge fjellpartia er rolege, men med auka farenivå og eventuell evakuering vil det vere svært krevjande for samfunnet generelt å handtere situasjonen.. Store konsekvensar vil allereie kome med første evakuering. I slike situasjonar vil andre typar tiltak få merksemd.

For fjellpartiet Åkneset vert det no gjennomført omfattande undersøkingar for å vurdere om drenering er eit realistisk tiltak. Dette vil potensielt kunne redusere risiko og store samfunnskostnadar. Det er i alle høve for tidleg å konkludere med om drenering er eit eigna tiltak, og det er framleis mangel på kunnskap omkring vatn i bratte fjellsider.

Fjellskred utgjer ein stor samfunnsrisiko, og det er viktig med forsking og utvikling av ulike løysingar for instrumentering. Dette inkluderer analyser av flodbølgjer og ulike modellverktøy for fjellskred. Vidare er det i dag usikkert korleis klimaendringane påverkar dei ustabile fjellsidene.

Aktuelle tiltak

Vidareutvikling av flaum- og skredvarsling

For å oppretthalde ei varslingsteneste med god kvalitet og stor nytte for samfunnet må tenesta utviklast kontinuerleg. Det kan vere behov for å styrkje observasjonsgrunnlaget, utviklinga av varsel, kommunikasjonsplattformer og fagkompetansen i NVE. Under hendingar kan bemanninga vere sårbar, og interne løysingar for å auke fleksibiliteten må utviklast vidare.

Utnytte teknologisk utvikling

Framover er det viktig å utnytte moglegheitene som teknologisk utvikling gir, for eksempel gjennom ytterlegare digitalisering, til dømes med kunstig intelligens og maskinlæring, for å effektivisere rutinar for å vurdere flaum- og skredfare og utarbeide varsel.

Sikre tilgang på data

Det er særleg utfordrande å sikre stabil tilgang på gode data frå stasjonar som NVE ikkje sjølv eig eller driftar. I tillegg er det viktig å sikre tilgang på radardata frå satellittar. Dette vil truleg også krevje meir ressursar framover.

FoU

Forsking og utvikling bør prioriterast for å lage betre og meir presise datagrunnlag og modellar innan flaum- og skredvarslinga, i tillegg til å styrkje avgjerdsverktøy og -metodar, produksjonssystem og kommunikasjonsverktøy for utarbeiding og kommunikasjon av varsel.

Forsking knytt til ulike problemstillingar innan fjellskred bør prioriterast. Drenering kan vere eit viktig tiltak nokre stader, men det krev ei betydeleg kunnskapsoppbygging om korleis vatn oppfører seg og påverkar stabiliteten i bratte fjellsider.

Samarbeid

Flaum- og skredvarslinga er ein viktig del av Noreg sin samfunnstryggleik, og NVE har med seg Meteorologisk institutt og Statens vegvesen som aktive partnarar i varslinga. Statens vegvesen deltek i produksjon og utvikling av skredvarsla med varslarar, observatørar, vêrstasjonar og finansiering. Det er viktig at etatane også i framtida er godt samordna og koordinert – det gjev effektiv beredskap og krisehandtering.

9.3 Informasjonstryggleik og førebuande tryggleik i miljøforvaltinga

I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gitt underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik, (ISMS), som oppfyller krava i ISO 27001-standarden. Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren har alle etablert styringssystem for informasjonstryggleik og er no sertifiserte etter ISO-27001-standarden. I 2019 vart det oppretta eit internt revisjonsnettverk i sektoren som kan nyttast i samband med årlege revisjonar av styringssystemet for informasjonstryggleik. Dette nettverket kan frå 2019 nyttast ved interne revisjonar etter ISO-27001-standarden i eigen sektor. Meteorologisk institutt skal etablere eit styringssystem for informasonstryggleik på verksemda sine viktigaste område innan 1. januar 2020 med sikte på ei sertifisering i løpet av 2020. Norsk kulturminnefond og Artsdatabanken har ikkje fått krav om sertifisering etter ISO27001-standarden. Begge etatane skal likevel ha etablert eit styringssystem for informasjonstryggleik som er tilpassa verksemdenes storleik og eigenart i løpet av 2020.

9.4 Førebuande sikkerheitsteneste

Ny lov om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje våre nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.

For å verne dei nasjonale sikkerheitsinteressene, legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale sikkerheitssinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kgl. res. 20. desember 2018 pkt. 3 bokstav e skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den sikkerheitsfaglege kompetansen i departementa.

Klima- og miljødepartementet tek sikte på å fastsetje GNF i eigen sektor innan utgangen av 2019. I lys av dette vil departementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er naudsynt. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget for departementet si utpeiking og klassifisering av eventuelle skjermingsverdige objekt og skjermingsverdig infrastruktur i sektoren, og fastsetjing av fristar for gjennomføring av naudsynte sikringstiltak. Klima- og miljødepartementet har gjennomført ein betydeleg del av arbeidet i 2019.

Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber mellom anna at objekt som er klassifiserte etter gammal sikkerheitslov, også er klassifiserte etter ny lov, jf. kgl. res. 20. desember 2018, pkt. 2 bokstav d.