I følgje klimalova skal det gjerast greie for utviklinga i utslepp og opptak av klimagassar, og for framskrivingar av utslepp og opptak. I dette avsnittet blir det gjort greie for dette.

13.1 Historiske utslepp og opptak

Dei norske utsleppa av klimagassar var i 2018

Alle tal for 2018 er foreløpige.

på 52,9 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar som er ein auke på 0,2 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar i forhold til 2017, eller 0,4 pst. Hovudårsaka er auke i utslepp frå transportsektoren. Utslepp frå luftfart, sjøfart, fiske og motorreiskap m.m. gjekk opp med 6,4 pst. frå 2017, mens utsleppa frå vegtrafikk gjekk opp med 2,8 pst. Sjølv om det totale salet av bensin og diesel gjekk ned, auka utsleppa grunna ei lågare innblanding av konvensjonelt biodrivstoff i vegtrafikk. Samtidig med at lågare innblanding har ført til auka utslepp i Noreg fører mindre bruk av konvensjonelt biodrivstoff som er laga av for eksempel palmeolje til at presset på regnskogen blir redusert, noko som kan medverke til at dei globale utsleppa går ned. Mens bruken av konvensjonelt biodrivstoff har gått ned så har bruken av avansert biodrivstoff auka. Avansert biodrivstoff er ikkje forbunde med risiko for avskoging.

Utsleppa frå industrien og jordbruket heldt seg relativt stabile frå 2017 til 2018, mens utslepp frå olje- og gassektoren gjekk ned med 1,4 pst. Utsleppa frå energiforsyning gjekk òg noko ned. Utsleppa frå oppvarming gjekk ned med 20,7 pst. frå 2017 til 2018. Denne nedgangen skuldast truleg at forbrukarane førebur seg på forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming, som trer i kraft i 2020. Utsleppa i kategorien anna var relativt stabile. Hovudkjeldene til utslepp i denne kategorien er utslepp av metan frå avfallsdeponi og fluorgassar brukt som kjølemedium i utstyr som blant anna air condition-anlegg i bygningar og køyretøy.

Figur 13.1 viser utslepp frå 1990 fordelt på sektorar og framskrivne utslepp til 2030, sjå meir om framskrivne utslepp i avsnitt 13.2.

Utslepp av CO 2 utgjorde 83 pst. av dei samla utsleppa i 2018, mens resten skuldast utslepp av metan (CH 4 ), lystgass (N 2 O) og fluorhaldige klimagassar (HFKar, PFKar og SF 6 ).

Figur 13.1 Sektorvise utslepp, historiske og framskriving til 2030

Figur 13.1 Sektorvise utslepp, historiske og framskriving til 2030

Kjelde: Finansdepartementet, Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå

Utsleppa i 1990 var på 51,2 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar. Utsleppa i 2018 ligg 3,4 pst. over 1990-nivået. I same periode har befolkninga auka med om lag 20 pst. (1 millionar personar) og BNP er dobla. Dermed er utsleppsintensiteten (utslepp per produksjon i kroner) blitt redusert med 55 pst. sidan 1990. Norsk økonomi er òg blitt mindre energiintensiv i og med at energiforbruket har auka med 12 pst. sidan 1990.

Skog tek opp store mengder CO 2 . I 2017

For skog og anna arealbruk blir det ikkje utarbeidd foreløpige tal.

var nettoopptaket på 25 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar i sektoren for skog og annan arealbruk. For meir omtale av denne sektoren, sjå avsnitt 14.3.6.

Figur 13.2 viser kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig utslepp fordelt på sektor. Omtrent halvparten av dei norske utsleppa av klimagassar er kvotepliktige som inneber at dei er omfatta av EU sitt kvotesystem (EU ETS) (sjå nærare omtale i kapittel 12.2). Dei kvotepliktige utsleppa er størsteparten av utsleppa frå petroleumssektoren og industrien, større anlegg i energiforsyning og størstedelen av luftfarten. Dei kvotepliktige utsleppa var i 2018 på 26,2 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa er i hovudsak utslepp frå anna transport og jordbruk. I tillegg kjem småskala energiforsyning, og andre kjelder som oppvarming, produkt med fluorgassar og avfallsbehandling, og i tillegg ikkje-kvotepliktige utslepp frå industrien og petroleumssektoren. I 2018 stamma 26,7 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar av utsleppa frå ikkje-kvotepliktige kjelder.

Figur 13.2 Fordeling kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp i 2018

Figur 13.2 Fordeling kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp i 2018

Kjelde: Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå

13.2 Framskrivingar

Noregs utslepp av klimagassar avheng av handlingane til nokre hundre tusen bedrifter og fleire millionar personar. Utsleppsframskrivingar prøver å fange opp underliggjande utviklingstrekk og tendensar bak summen av desse handlingane, blant anna med utgangspunkt i økonomiske, teknologiske og befolkningsvise forhold. I tråd med internasjonale retningslinjer er framskrivingane baserte på at dagens innretning av klimapolitikken, både i Noreg og internasjonalt, blir ført vidare. Framskrivingane gir dermed eit bilete av korleis norske utslepp av klimagassar kan utvikle seg gitt desse føresetnadene. Framskrivingane er ikkje ei beskriving av regjeringa sine mål. Korleis dagens politikk påverkar framtidige utslepp er usikkert, og uvissa aukar desto lengre fram i tid framskrivingane strekkjer seg. Effekten av politikken er blant anna avhengig av utvikling og tilgang på låg- og nullutsleppsteknologi og kostnadene ved å ta slik teknologi i bruk. Det meste av denne teknologiske utviklinga skjer utanfor Noregs grenser.

I Nasjonalbudsjettet 2019 (Meld. St. 1 (2018–2019)) vart det lagt fram oppdaterte framskrivingar av norske klimagassutslepp. Etter det har Statistisk sentralbyrå oppdatert utsleppsrekneskapen med revidert energibalanse og publisert utsleppstal for 2018 som er ytterlegare endra samanlikna med det som låg til grunn for Nasjonalbudsjettet 2019 (NB19). Endringane i energibalansen har i hovudsak medverka til å flytte utslepp mellom sektorar, men også til å auke samla utslepp noko I 2018 vart revidert energibalanse teken inn i utsleppsrekneskapen, og førte til endringar i forbrenningsutsleppa for heile tidsserien. Noko forbruk av bensin og diesel vart flytta frå vegtrafikk til traktorar og anleggsmaskiner, fritidsbåtar og motorreiskap. Det var flytting av marine gassoljer frå fiske til kysttrafikk, og frå utanriks sjøfart til innanriks kysttrafikk . I anslaga presentert under har ein justert framskrivinga med revidert energibalanse og utviklinga i salet av elbilar i den seinaste tida. Det er også gjort nokre mindre justeringar av utsleppa frå jordbruket, blant anna som ei følgje av ny berekningsmodell for utslepp av nitrogen.

Salet av elbilar til persontransport var i 2018 og har så langt i 2019 vore høgare enn det som blei lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet 2019. Delen elbilar av nybilsalet var i 2018 på 31 pst. og har så langt i 2019 vore på nesten 45 pst. Når dette blir lagt til grunn for utsleppsframskrivinga, samtidig som føresetnaden om at salet av elbilar aukar til 75 pst. av nybilsalet i 2030 ligg fast, medverkar det til at utsleppa isolert sett no er anslått 0,3 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar lågare i 2030 enn i Nasjonalbudsjettet 2019.

Omsetjingskravet for biodrivstoff er frå 2020 på 20 pst. medrekna delkravet på 4 pst. dobbeltteljande avansert biodrivstoff. Dobbeltteljinga gjer at reell innblanding blir 16 pst. eller lågare 4 pst. avansert biodrivstoff tel som 8 pst. i det overordna kravet om 20 pst. biodrivstoff, og det må difor omsetjast 12 pst. konvensjonelt biodrivstoff i tillegg, altså til saman 16 pst. konvensjonelt og avansert biodrivstoff. Dersom omsetjarane vel å blande inn meir enn 4 pst. avansert biodrivstoff, vil reell innblanding av biodrivstoff innanfor omsetjingskravet bli lågare enn 16 pst. . I framskrivinga til Nasjonalbudsjettet 2019 låg dette til grunn frå 2020. I 2017 var innblandinga reelt på om lag 16 pst., men minka til 12 pst. i 2018. Førebelse tal indikerer at salet igjen vil auke i 2019. Kor høg innblandinga blir framover avheng av samansetjinga av avansert og konvensjonelt biodrivstoff. Usikkerheita er stor og vi legg til grunn same anslag som for eit år sidan.

Samanlikna med Nasjonalbudsjettet 2019 er ikkje-kvotepliktige utslepp, som følgje av revidert energibalanse, oppjustert med rundt 0,5 millionar tonn i 2016 og 2020. Men raskare innfasing av elbilar og eit noko kraftigare fall i utsleppa frå innanriks sjøfart og jordbruk gjer at ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030 er på same nivå som i Nasjonalbudsjettet 2019.

Framskrivingar for ikkje-kvotepliktige utslepp i enkeltsektorar er vist i tabell 13.2. Sjå meir om desse sektorane i kapittel 14.

Det er òg utarbeidd nye framskrivingar for skog- og arealbrukssektoren. Samanlikna med framskrivinga av opptak og utslepp for dei ulike arealkategoriane frå 2014 (som presentert i Nasjonalbudsjettet 2015) er det i denne nye framskrivinga nytta ein ny og betre modell (SiTree), nye tall frå Landsskogtakseringa og eit anna klimascenario (RCP 4,5). Netto opptak for heile sektoren viser ei meir positiv utvikling enn ved førre framskriving, når ein reknar i tråd med reglane for rapportering til Konvensjonen. Som for framskrivinga frå 2014, er det venta ein nedgåande trend i netto opptak dei neste to tiåra. Men den nye framskrivinga visar at netto opptak flatar ut frå 2040 og framover, og at opptaket igjen vil auke frå 2070. I framskrivingane er nettoopptaket anslått å minske frå 25 millionar tonn i 2017 til 20,4 millionar tonn i 2030, vidare til 14,1 millionar tonn i 2050, og 18,7 millionar tonn i 2100.

I Nasjonalbudsjettet 2019 vart det for første gongen laga framskrivingar av utslepp av klimagassar til 2050. På usikkert grunnlag og basert på ei rekke føresetnader, blant anna at klimapolitikken i Noreg og internasjonalt ligg fast på dagens nivå, vert utsleppa anslått å liggje nesten 40 pst. lågare i 2050 enn nivået i 2017. Nettoopptaket av klimagassar i skog og arealbruk er i denne meldinga òg anslått å gå ned, men er venta framleis å svare til i underkant av 40 pst. av utslepp frå andre sektorar også mot midten av hundreåret.

Sidan framskrivingane er sentrale som eit mogleg samanlikningsgrunnlag i høve til å berekne effektar av tiltak og verkemiddel, tilrår teknisk berekningsutval for klima at dei som utarbeider nasjonale framskrivingar samarbeider tettare med einingane som brukar analysane, og at føresetnader, skjøn og uvisse i framskrivingane blir kommuniserte tydeleg i samband med publisering.

Tabell 13.1 Utslepp av klimagassar i Noreg etter sektor (mill. tonn CO 2 -ekvivalentar)

1990

2005

2010

2017

2018 1

2020

2030

Utslepp av klimagassar

51,2

55,4

55,5

52,7

52,9

51,0

45,0

Kvotepliktig utslepp

23,2

27,7

26,6

26,5

26,2

26,2

24,5

– Olje- og gassproduksjon

7,2

12,9

12,9

13,7

13,3

14,2

12,9

– Industri og bergverk

15,2

13,7

11,0

10,9

11,0

10,7

10,2

– Andre kjelder 2

0,7

1,1

2,8

1,9

1,9

1,3

1,4

Ikkje-kvotepliktig utslepp

28,0

27,6

28,9

26,3

26,7

24,8

20,5

– Transport 3

12,3

15,5

16,7

14,7

15,4

14,1

11,2

– Av dette: Vegtrafikk

7,2

9,3

9,8

8,8

9,0

8,2

6,1

– Jordbruk

4,6

4,4

4,2

4,5

4,4

4,5

4,5

– Andre kjelder 4

11,1

7,7

8,0

7,1

6,9

6,1

4,8

Netto opptak i skog og anna arealbruk

-10,0

-25,1

-26,5

-25,0

-21,6

-20,4

Utslepp av klimagassar medrekna netto opptak i skog og anna arealbruk

41,2

30,3

29,0

27,7

29,4

24,6

Memo

Fastlands-Noreg 5

43,0

41,1

41,3

38,1

38,5

35,7

31,2

1 Foreløpige tal.

2 Inkluderer utslepp frå kvotepliktig energiforsyning og luftfart.

3 Inkluderer utslepp frå vegtrafikk, innanriks sjøfart, fiske, ikkje-kvotepliktig luftfart, anleggsmaskiner og andre mobile kjelder.

4 Inkluderer ikkje-kvotepliktig utslepp frå industri, petroleumsverksemd og energiforsyning, og utslepp frå oppvarming og andre kjelder.

5 Utslepp frå norsk territorium utanom utslepp frå olje- og gassproduksjon.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet, NIBIO og Finansdepartementet

Tabell 13.2 Ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar i Noreg etter sektor (mill. tonn CO 2 -ekvivalentar)

2005

2010

2017

2018 1

2020

2030

Ikkje-kvotepliktig utslepp

27,6

28,9

26,3

26,7

24,8

20,5

Transport

15,5

16,7

14,7

15,4

14,1

11,2

av dette:

Vegtrafikk

9,3

9,8

8,8

9,0

8,2

6,1

– Personbil

5,2

5,4

4,7

4,8

4,2

2,3

– Anna vegtrafikk 2

4,1

4,4

4,1

4,2

4,0

3,7

Innanriks sjøfart og fiske

3,7

4,0

3,0

3,2

2,9

2,4

Ikkje-kvotepliktig innanriks luftfart

0,2

0,2

0,2

0,2

0,2

0,2

Annan transport 3

2,3

2,7

2,8

3,0

2,8

2,6

Jordbruk

4,4

4,2

4,5

4,4

4,5

4,5

Petroleum og industri

2,9

2,5

2,2

2,3

2,2

1,9

Energiforsyning og oppvarming

2,2

2,6

2,1

1,8

1,4

1,3

F-gassar og andre utsleppskjelder 4

2,6

2,9

2,9

2,9

2,5

1,7

1 For 2018 har Statistisk sentralbyrå publisert foreløpige tal på aggregert nivå. For meir detaljert inndeling er nytta anslag frå Miljødirektoratet der trend for SSBs aggregerte nivå er nytta for alle delkjelder.

2 Lastebilar, bussar, varebilar, mopedar og motorsyklar.

3 Jernbane, fritidsbåtar, snøskuterar, traktorar, anleggsmaskinar og andre motorreiskapar.

4 F-gassar, avfallsdeponi, avløp og avløpsreinsing, løysemiddel, kompostering, gass- og bensindistribusjon og ein del mindre kjelder.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Miljødirektoratet og Finansdepartementet