Prop. 1 S

(2019–2020)

16.1 Innleiing

Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for korleis Noreg blir førebudd på og tilpassa klimaendringane.

Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, fleire og større regnflaumar og stigande havnivå. Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge , vedteken av Stortinget gjennom Innst 49 S (2012–2013 ) er gjeldande nasjonale strategi og gir føringar for arbeidet med klimatilpassing i Noreg.

I 2018 leverte klimarisikoutvalet sin rapport Klimarisiko og norsk økonomi (NOU 2018: 17). Utvalets mandat var å blant anna vurdere klimarelaterte risikofaktorar og deira betydning for norsk økonomi, og korleis private og offentlege selskap kan få eit betre fagleg grunnlag for å handtere og analysere klimarisiko. Klimarisikoutvalet vurderer i sin rapport at Noreg har eit godt utgangspunkt for å handtere klimarisiko, med vel fungerande politiske institusjonar, eit høgt inntektsnivå og ein omstillingsdyktig økonomi.

Dei siste åra har stortingsmeldingar og andre policy-dokument, både sektorspesifikke og sektorovergripande, adressert klimaendringane si betydning og behovet for klimatilpassing. FNs klimapanels spesialrapport

https://www.ipcc.ch/sr15/

om 1,5 graders global oppvarming vart publisert i 2018, og ytterlegare to spesialrapportar om klimaendringar og landareal og hav og kryosfære blir publisert i 2019. Sjå elles IPCC

https://www.ipcc.ch/

og Miljøstatus

https://www.miljostatus.no/

for meir informasjon om klimaendringar og utslepp i Noreg.

16.2 Organisering av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet

Alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og myndigheiter. I tråd med sektorprinsippet har alle departement ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet (KLD) legg til rette for regjeringas heilskaplege arbeid på området. Miljødirektoratet koordinerer det nasjonale klimatilpassingsarbeidet på vegner av KLD. Direktoratet bistår departementet i oppfølging av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at regjeringas arbeid på området blir følgt opp av forvaltninga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale klimatilpassingsarbeidet, under dette i klimaforhandlingane.

Miljødirektoratet stiller i sin styringsdialog forventningar til at fylkesmannen og sysselmannen arbeider med klimatilpassing, og driftar og utviklar vidare nettstaden Klimatilpasning.no. Det blir kontinuerleg utarbeidd nytt kunnskapsgrunnlag til det nasjonale klimatilpassingsarbeidet. Blant anna vart utgreiinga om konsekvensar for Noreg av klimaendringar i andre land følgt opp med ei utgreiing i 2019 av korleis andre land har kartlagt og handtert slike konsekvensar

https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2019/mai/utredning-om-kunnskap-og-handtering-av-grenseoverskridende-klimarisiko-i-utvalgte-land/

.

Direktoratet arbeider for å integrere klimatilpassing i forskinga, blant anna gjennom innspel til forskingsprogram og -satsingar. Miljødirektoratet sit i styret i Norsk Klimaservicesenter (KSS) og gir oppdragsbrev og økonomisk støtte til senteret.

16.3 Oppfølging av arbeidet med klimatilpassing i Noreg

Arbeidet med klimatilpassing er ført vidare siste år, og ei rekkje tiltak er gjennomført. Norsk Klimaservicesenter (KSS) har utarbeidd klimaframskrivingar for Noreg fram mot 2100 og fylkesvise klimaprofilar for alle fylke. I 2019 publiserte KSS klimaframskrivingar for Svalbard

https://klimaservicesenter.no/faces/desktop/article.xhtml?uri=klimaservicesenteret/climate-in-svalbard-2100

og klimaprofil for Longyearbyen.

Boks 16.1 Klima på Svalbard 2100

Rapporten viser at klimaendringane på Svalbard allereie har komme langt. Temperaturen stig raskare i Arktis enn noko annan stad i verda. Frå 1971 til 2017 har Svalbard blitt 3–5 grader varmare i årsgjennomsnitt – minst i sør og meir lengre nord. Dersom utsleppa held fram med å auke som no, kan den årlege gjennomsnittstemperaturen på øygruppa gå frå 8–9 minusgrader til 1–2 plussgrader i slutten av hundreåret. Temperaturauken vil ifølgje rapporten blant anna føre til at permafrost blir varma opp over heile øya og dei øvste meterane vil smelte i kystsona, 35- 65 % meir nedbør, at snøskred og jordskred blir vanlegare, kortare snøsesong, mindre isbrear, mindre sjøis rundt øygruppa og store endringar i biologisk mangfald og i økosystema både i havet og på land.

Plan- og bygningslova (PBL) er det overordna verktøy for samfunnsplanlegging og arealforvaltning, og lova er sentral i kommunane sitt arbeid med klimatilpassing. Ei endring av plan- og bygningslovas § 3-1 g i mars 2019 presiserer at tilpassing til venta klimaendringar skal vere ein del av planlegginga. Statlege planretningslinjer (SPR) for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing i kommunane vart fastsatt hausten 2018. Rettleiing til planretningslinja er under utarbeiding. Forskrift om konsekvensutgreiingar var oppdatert i 2017 og inkluderer vurderingar av sårbarheit overfor klimaendringar.

Klima- og miljødepartementet samarbeider med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Olje- og energidepartementet om oppfølging av overvassutvalet si utgreiing Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs (NOU 2015: 16) . Aktuelle direktorat er òg inkludert i arbeidet. Utvalet har foreslått ein pakke med verkemiddel som må sjåast i samanheng, blant anna ei rekkje lov- og forskriftsendringar. Fleire av dei føreslåtte endringane i PBL vart vedtekne hausten 2018

https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-og-eiendom/plan--og-bygningsloven/plan/veiledning-om-planlegging/endringer-i-plan--og-bygningsloven-om-handtering-av-overvann-i-arealplanleggingen/id2632840/

.

I 2019 la Cicero og Vestlandsforsking fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om konsekvensar av klimaendringar for Noreg

https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2019/januar-2019/oppdatering-av-kunnskap-om-konsekvenser-av-klimaendringer-i-norge/

. Utgreiinga er ei samanstilling av eksisterande kunnskap om korleis Noreg kan bli påverka av klimaendringane og korleis forvaltninga og andre aktørar arbeider med klimatilpassing.

16.4 Økonomisk støtte til lokalt arbeid med klimatilpassing

Tilskotsordninga for kommunane sitt utviklingsarbeid knytt til klimatilpassing vart ført vidare med 6,4 mill. i 2019. I perioden frå 2015 til 2019 vart i overkant av 27 mill. kroner fordelt på omlag 90 ulike prosjekt

http://www.klimatilpasning.no/hva-er-klimatilpasning/tilskudd-til-klimatilpasning/

.

I 2019 vart det i KLDs budsjett sett av 5 mill. kroner til Miljødirektoratets koordinerande arbeid med klimatilpassing. Midlane er nytta til kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging på lokalt og regionalt nivå, og støtte til Norsk Klimaservicesenter. Miljødirektoratet nyttar også eigne midlar til klimatilpassingsarbeidet.

16.5 Informasjon, kapasitetsbygging og utdanning

Miljødirektoratet arrangerer jamleg seminar og webinar for kommunar

http://www.miljokommune.no/Temaoversikt/Klima/Webinarer-om-lokalt-klimaarbeid/

i samarbeid med andre aktørar. I 2018 samarbeidde Noregs vassdrags- og energidirektorat, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Miljødirektoratet og KS om å arrangere ein nasjonal klimatilpassingskonferanse. Konferansen hadde over 400 deltakarar frå blant anna kommunar, nasjonale myndigheiter og næringsliv.

Nettstaden Klimatilpasning.no skal medverke til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing, spesielt for dei som rettleier, planlegg og tek avgjerder lokalt og regionalt. Direktorata medverkar med innhald på nettsida innanfor sine ansvarsområde.

Kompetansebyggjande pilotprosjekt har vore viktige i utviklinga av klimatilpassingsarbeidet i Noreg dei siste åra. To pilotprosjekt der målet er å utvikle rettleiing til korleis ein kan ta omsyn til klimaendringar gjennom planlegging etter plan og bygningslova blir ferdigstilte i 2019. Det eine prosjektet ser på natur- og miljøområdet og det andre på landbrukssektoren. Fleire fylkesmenn og direktorat er involverte i begge prosjekta.

I løpet av 2019 skal alle fylke ha gjennomført eit introduksjonskurs i klimatilpassing for kommunane i sin region. Det vil òg bli vurdert ei vidare utvikling av kursa for kommande år.

16.6 Nettverk og samarbeid

Klimatilpassingsnettverket I front , beståande av dei 11 største bykommunane i Noreg, er koordinert av Miljødirektoratet. Kommunane skal dele kunnskap og erfaringar, medverke til kompetanseheving i eigen region, og vere med å utvikle klimatilpassingsarbeidet nasjonalt. Kommunesektoren sin organisasjon (KS) har òg eit pågåande kommunenettverk for å styrkje lokalt arbeid med klimatilpassing.

Nettverket Naturfareforum , med representantar frå ei rekkje direktorat og etatar, og KS, skal styrkje samarbeidet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å redusere Noregs sårbarheit for uønskte naturhendingar.

Boks 16.2 Naturfareforum

Naturfareforum skal identifisere manglar eller forbetringspotensial i samfunnet si førebygging og handtering av naturfarar og foreslå tiltak for å møte dette. Naturfareforum tek initiativ til og gjennomfører prosjekt på område der det er særleg sektorovergripande utfordringar. Forumet har blant anna pågåande prosjekt for å styrkje forvaltninga i små nedbørfelt, forbetre datainnsamling og kunnskapsgrunnlaget for naturhendingar (Kunnskapsbanken) og forbetre læring etter hendingar. Naturfareforum er nasjonal plattform for det globale rammeverket for katastrofeførebygging (Sendai rammeverket), som Noreg har forplikta seg til å følgje opp.

Naturfareforum er organisert som eit nettverk med ei styringsgruppe som består av representantar frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Noregs Vassdrags- og Energidirektorat, Statens Vegvesen, Bane NOR, Landbruksdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon, Miljødirektoratet, Meteorologisk Institutt, Kartverket og Fylkesberedskapssjefane.

Miljødirektoratet driftar ei gruppe beståande av 14 direktorat og statlege selskap. Gruppa deler informasjon om status på klimatilpassingsarbeidet på nasjonalt nivå og er ein arena for å vidareutvikle det nasjonale arbeidet med klimatilpassing. Gruppa er i 2019 involvert i arbeidet med å lage rettleiing til SPR klimatilpassing.

16.7 Forsking

Forskingsrådet støttar ei rekkje forskingsprosjekt knytte til klimaendringar og tilpassing. KLIMAFORSK er eit tiårig program for klimaforsking (2014–2023) som skal gi auka kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg klimaendringar. I 2019 er det lyst ut 40 mill. kroner til fri klimaforsking og 125 mill. til prosjekt som fremjar samfunnets klimaomstilling inkludert klimatilpassing.

Klima 2050, eit senter for forskingsbasert innovasjon (SFI), skal skaffe fram kunnskap om klimatilpassing av bygningar og infrastruktur. Som del av programmet blir det gjort forsking på avgjerdsprosessar og verkemiddel for klimatilpassing. I 2018 publiserte dei blant anna ein rapport som gjennomgår praktiske retningslinjer for organisering og etablering av nettverk mellom kommunar for å lære klimatilpassing

https://www.sintefbok.no/book/index/1181/nettverk_for_aa_laere_klimatilpasning_hvorfor_og_hvordan

.

Noradapt – Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, opna i 2018 og skal få fram og samle kunnskap om korleis vi kan førebu oss på klimaendringane på tvers av sektorar og fagfelt. Regjeringa har tildelt 10 mill. kroner til start av senteret.

16.8 Klimatilpassing i og på tvers av sektorar

Samfunnstryggleik og naturfare

DSB arbeider med klimatilpassing innanfor fagområda eltryggleik, kjemikalietryggleik og brann og redning. Direktoratet tek også vare på sentrale delar av Justis- og beredskapsdepartementets samordningsoppgåver, og skal ha oversikt over risiko- og sårbarheitsutviklinga i samfunnet og vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje alvorlege uønskte hendingar. Naturfarar er ein betydeleg del av risikobiletet.

I DSBs kommuneundersøking (2019) seier meir enn halvparten av kommunane at dei har opplevd ein eller fleire alvorlege naturhendingar dei siste to åra. Kommunane rapporterer om fleire alvorlege konsekvensar, blant anna svikt og forstyrringar i kritiske samfunnsfunksjonar. I tillegg svarer 40 pst. at dei har eksisterande busetnad som ligg slik plassert at dei ikkje tilfredsstiller krava til tryggleik mot naturfare i byggteknisk forskrift, mens 35 pst. ikkje er sikre på om dei har slik busetnad. DSB følgjer dette opp blant anna gjennom embetsstyring og styringsdialog med fylkesmennene om oppfølging av kommunane sitt arbeid med klimatilpassing og samfunnstryggleik, og bruk av DSBs rettleiingsmateriell.

Dagens tekniske tilstand i kraftnettet er ikkje robust nok for å tole venta framtidige klimapåkjenningar. Ved revisjon av forskrift om elektriske forsyningsanlegg vil DSB gi tydelegare krav i samband med naturgitte påverknader. Fylkesmannen i Agder initierte i 2018 eit prosjekt for å gjere kraft-, e-kom-, informasjons- og velferdsteknologien meir robust. Prosjektet har sitt utspring i fleire klimarelaterte hendingar som har utfordra samfunnet si sårbarheit. DSB sit sentralt i prosjektet, i tillegg til fleire direktorat, kommunar, leverandørar av tenester, frivillige organisasjonar og Universitetet i Agder.

Sivilforsvaret har etablert mobile forsterkingseiningar seks stader i Noreg. Skogbrannsituasjonen i 2018 stadfeste behovet for nasjonale store flyttbare kapasitetar. På bakgrunn av auke i talet skog- og lyngbrannar dei seinaste åra, gjennomfører DSB i 2019 ein beredskapsanalyse av skogbrann på nasjonalt nivå. Føremålet er å undersøkje om beredskapen er tilstrekkeleg til å handtere kommande skogbrannar.

Konsekvensane av klimaendringane har stor betydning for NVEs ansvarsområde og etaten arbeider etter ein eigen klimatilpassingsstrategi, med tilhøyrande handlingsplanar. Her inngår FoU for å studere effektar av klimaendringar på hydrologi og kryosfære, og samarbeid i Norsk klimaservicesenter.

Generelt er klimatilpassing godt integrert i NVEs forvaltning. Dei siste åra har NVE arbeidd med auka fokus på vatn i by og tettstad og frå 2019 vil NVE bli styrkt med midlar til stillingar for å hjelpe kommunar i arealplanarbeid og betre det hydrologiske grunnlaget relatert til overvatn. Gjennom ei eiga tilskotsordning i 2018/2019 har NVE medverka til at 38 kommunar har kartlagt bekkar med kritiske punkt. Klimaendringar er integrert i NVEs arbeid med forskrifter og retningslinjer, for eksempel for flaumberekningar og damtryggleik. Omsyn til klimaendringar er inkludert i retningslinja «Flaum og skredfare i arealplanar», og i eit kost-nytte-verktøy for vurdering og prioritering mellom tiltak som skal beskytte mot flaum og skred. Effekten av klimaendringar på flaum er òg inkludert i flaumsonekarta. NVE gjennomfører regionale samlingar og deltek på seminar/møte for å byggje kompetanse i kommunane og hos konsulentar i det førebyggjande arbeidet mot flaum- og skredskadar. Etaten har god oversikt over kraftinfrastrukturens sårbarheit overfor klimaendringar og analyserer klimaendringar si betydning for energiforbruk og fornybar kraftproduksjon.

Kartverket forvaltar og formidlar data av betydning for klimatilpassing. Etaten er saman med fleire etatar i gang med å etablere ein detaljert høgde- og terrengmodell for heile landet, som blant anna betrar datagrunnlaget for klimatilpassing. Prosjektet er eit spleiselag mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og sju andre departement. Kartlegginga varer fram til 2022, og innsamla høgdedata er tilgjengeleg via Geonorge.no. Den nye detaljerte høgdemodellen vil styrkje beredskapsarbeidet ved at ein kan berekne flaumsoner og skredfare meir nøyaktig enn tidlegare. Kartverket driftar det nasjonale observasjonssystemet for havnivå og vasstand og formidlar data relevant for klimatilpassing på Se havnivå. Her finst òg den nye klimatenesta, Se havnivå i kart, som visualiserer konsekvensar av framtidig havnivå og stormflo.

Natur, miljø, landbruk og økosystem

Miljøforvaltninga har eit sektorovergripande ansvar på klima- og miljøområdet, og skal medverke til utvikling av eit helskapleg kunnskapsgrunnlag om miljøtilstand, tiltak og verkemiddel på tvers av sektorane knytte til klima, klimaendringar og klimatilpassing. Klima- og miljødepartementet sin kunnskapsstrategi

https://www.regjeringen.no/contentassets/afb54872dafb4a04918e091e78ec7290/t-1561.pdf

og departementet sine prioriterte forskingsbehov

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/klima--og-miljodepartementets-prioriterte-forskningsbehov-2016–2021/id2478345/

er førande for arbeidet.

Miljødirektoratet vedtok i 2018 ein klimatilpassingsstrategi og handlingsplan

http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/2018/April-2018/Klimatilpasning-2018–2022/

. Arbeidet med klimatilpassing innan naturforvaltninga er dei siste åra styrkt gjennom blant anna arbeid med supplerande vern, der eit av delmåla er å gjere verneområde meir klimarobuste og styrkje nettverket av verneområde for å sikre økologiske samanhengar. Tilpassing til klimaendringane er òg eit delmål i plan for restaurering av våtmark i Noreg (2016–2020) som no blir gjennomført. Miljødirektoratet, NVE og Landbruksdirektoratet samarbeider om oppfølginga av dette. Som del av biodiversitetssamarbeidet med Russland er direktoratet involvert i eit prosjekt som ser på effektar av klimaendringar for utvalte felles bestander av artar. Miljødirektoratet leverte revidert faggrunnlag for forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten og oppdatert faggrunnlag for Norskehavet og Nordsjøen-Skagerrak til KLD i 2019. I faggrunnlaget er samanstilt kunnskap som skal styrkje grunnlaget for ei heilskapleg økosystembasert forvaltning av dei norske havområda.

Klimarelevant overvaking utgjer i overkant av ein fjerdedel av Miljødirektoratets overvakingsbudsjett. Direktoratet arbeider kontinuerleg med å auke klimarelevansen i overvakingsprogramma, og har eit spesielt fokus på å avdekkje verknader i marine økosystem som følgje av klimaendringane. Klimaomsyn er òg integrert i ei rekkje rettleiarar. Blant anna kom i 2019 ny rettleiar Naturvennlig tilrettelegging for friluftsliv med delkapittel om klimatilpassa løysingar. I 2019 blir det òg utarbeidd ny rettleiar for risikovurdering av spreiing av forureining frå forureina grunn, der krav til vurdering av klimaendringar vil bli innarbeidde.

Riksantikvaren har ein strategi og handlingsplan for klimarelatert arbeid. Direktoratet samarbeider med Sverige, Skottland og Island i eit interregprosjekt om å utvikle arbeidsmetodikk og verktøy for risikovurdering og planlegging av tiltak for å sikre kulturminne og kulturmiljø i eit endra klima. Prosjektet skal avsluttast medio 2020, men Riksantikvaren planlegg å ha ferdig utvikla rettleiing for kommunar og eigarar av mindre bygningar ved årsskiftet 2019/2020.

Riksantikvaren har fleire miljøovervakingsprogram som kartlegg korleis klimaendringar påverkar kulturminne, kulturmiljø og landskap, for eksempel status og tilstandsovervaking av kulturlag i utvalte mellomalderbyar (MABYMOV), og overvaking av klimaendringane sin påverknad på bygningane på verdsarvstadene i Bergen og Røros. Etaten arbeider òg med å etablere eit overvakingsprogram for kulturminne og belastninga på grunn av klima og turisme på Svalbard. Etaten har i fleire år hatt eit fokus på klimarelaterte skadar på arkeologiske kulturminne ved prioritering av tilskot til sikringsundersøkingar, anten gjennom betre in situ- vern eller gjennom utgravingar/innsamling av funn for å sikre uerstatteleg kjeldeverdi.

Klimatilpassing i landbrukssektoren omfattar areal- og ressursforvaltning generelt, og tilpassingar i jord- og skogbruksproduksjonen. Gardbrukarane sjølve tilpassar seg kontinuerleg, for eksempel ved val av vekstar og driftsmetodar som er betre tilpassa eit endra nedbørsmønster og høgare temperatur. Produsentane er igjen avhengige av relevant FoU, rettleiing og økonomiske insentiv.

Landbruksdirektoratet forvaltar fleire tilskotsordningar under jordbruksavtala som er relevante for klimatilpassing, blant anna til drenering av jordbruksareal, etablering og utbetring av hydrotekniske anlegg, bygging av landbruksvegar, utvikling og produksjon av klimatilpassa plantemateriale, og til bevaring av genetiske ressursar. Som oppfølging av regjeringas pollinatorstrategi vart det i 2018 etablert tilskot for å ivareta omsynet til pollinatorane i jordbrukslandskapet. I tillegg gir Klima- og miljøprogrammet støtte til fleire prosjekt som fokuserer på klimatilpassing, både knytt til førebygging av skadar på jord og avlingar, og høve til å halde ved lag og auke avlingane med endra klima.

Eit endra klima kan forsterke problem med avrenning frå jordbruksareal, og med gjengroing og tap av verdiar i kulturlandskapet. NIBIO har i 2019 utvikla nye erosjonsrisikokart som vil vere eit forbetra verktøy for å tilpasse drifta på dyrkingsareala.

Den statlege naturskadeordninga gir erstatning for skadar som direkte skuldast naturhendingar, som kan opptre hyppigare og/eller sterkare som følgje av klimaendringar. Erstatningsordningane ved avlingssvikt og svikt i honningproduksjon medverkar til å redusere økonomisk tap ved produksjonssvikt som følgje av klima. Som følgje av tørkesommaren i 2018 er det per 23.5.2019 utbetalt nærare to mrd. kroner i avlingssvikt. Til samanlikning vart det i 2017 utbetalt 67 mill. kroner. Landbruksdirektoratets overvaking av internasjonale marknader og importregulering er viktige element i norsk matvareberedskap i lys av moglege globale forsyningsflaskehalsar som følgje av klimaendringar.

Mattilsynet har ansvar for tryggleik i heile matkjeda frå jord/fjord til bord, og for trygt drikkevatn. Endra klima vil bl.a. endre sjukdomspanoramaet hos planter, dyr, fisk og menneske. Eit eksempel er fôrimporten etter tørken i 2018. Importen vart forskriftsregulert etter risikovurderingar, men kan likevel ha gitt innførsel av nye skadegjerarar og smittestoff. Tørken viser betydning av godkjente dyrkingssortar tilpassa norske forhold der både meir tørke og meir ekstremnedbør er venta. Tørken gav òg utfordringar med drikkevassforsyning. Villsvin-bestanden er i vekst og varmare klima gir betre overlevingsforhold her til lands. Ein handlingsplan mot villsvin er under utarbeiding i samarbeid med Miljødirektoratet.

Infrastruktur og samferdsel

Kraftig nedbør, svingingar i temperatur og auka fare for regnflaum, skred og stormflo gir utfordringar for transport og samferdsel. Nasjonal transportplan (2018–2029) gir føringar for integrering av klimatilpassingsomsyn i planlegging og prioritering innan samferdselssektoren. Klimatilpassing er også ein integrert del av Samferdselsdepartementets strategi for samfunnstryggleik i samferdselssektoren som vart lansert i 2015. Strategien blir følgt opp av underliggjande etatar.

Kystverket arbeider med klimatilpassing i planmedverknaden og i planlegging, dimensjonering og drift av eigen infrastruktur og system. Det er etablert eit tettare samarbeid med Meteorologisk institutt (MET) for framskriving av miljølaster for planlegging og dimensjonering av installasjonar og navigasjonsvarsel.

Statens vegvesen følgjer opp sin «Strategi for samfunnssikkerhet i vegtransport» fra 2017. Blant prioriterte emner er ROS-analysar i vegplanlegging og kost/nytteanalysar. Handbøker blir oppdaterte regelmessig og klimaomsyn blir teke inn i prosessar og prosedyrar. Vegnormalar N200 (2018) og N100 (2019) inneheld kravformuleringar motiverte av klimaendringar. Spesielt har krav til vasshandtering fått eit løft. Mange av Statens vegvesen sine oppgåver støttar under klimatilpassing, for eksempel skredsikring og skredvarsling – som blir gjort i samarbeid med NVE og fleire på varsom.no.

I jernbanesektoren tek Bane NOR vare på det operative arbeidet med klimatilpassing i medhald av handlingsplan for samfunnstryggleik lansert av Jernbaneverket i 2016. I planlegging og bygging av ny infrastruktur og vedlikehald og drift av eksisterande infrastruktur, tek Bane NOR vare på klimatilpassing ut frå gjeldande regelverk, og fagmyndigheiter sine og eigne risikovurderingar. Omsynet til klimatilpassing er integrert i Bane NORs arbeid gjennom fortløpande oppdatering av handbøker, retningslinjer og standardar.

Tilpassing til klimaendringar inngår i Avinors arbeid med tryggleik og risikoførebygging. Selskapet har arbeidd systematisk med klimarisiko og klimatilpassing over lengre tid. Selskapet integrerer omsynet til klimaendringar i den daglege drifta og i byggjeprosjekt gjennom styringssystemet, standardar og masterplanutviklinga på kvar enkelt lufthamn. I neste periode er det planar om å oppdatere klimarisiko- og sårbarheitsrapporten frå 2014 og innarbeide klimatilpassing som ein del av konsernet sitt nyetablerte klimaprogram. Avinor deltek dessutan i Klima 2050.

Som kompetansesenter skal Direktoratet for byggkvalitet fremje byggkvalitet på område som ikkje er regulerte, og fremje løysingar utover minimumskrava i byggteknisk forskrift. Rolla som kompetansesenter er under utvikling. Det er starta eit delprosjekt som skal utarbeide strategi og handlingsplan for direktoratets arbeid med klimatilpassing. Funksjonsbaserte reglar i teknisk forskrift inneber at byggverk skal tole dei påkjenningane dei blir utsette for i si levetid, inkludert endra klima. Eksempel er krav knytte til plassering, fukt, inneklima, konstruksjonstryggleik, val av material og val av produkt.

Industri og næringsliv

Nærings- og fiskeridepartementet følgjer opp forventningane knytte til klima og miljø i Meld. St. 27 (2013–2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap , i eigardialogen med selskap med statleg eigardel. Som kunnskapsgrunnlag i eigardialogen er bl.a. nytta ein rapport om klimarelatert risiko for selskap med statleg eigardel som Nærings- og fiskeridepartementet fekk utarbeidd i 2017 i samarbeid med andre departement som forvaltar eigarskap i selskap.

Fiskeri- og havbruksforvaltninga må tilpasse seg nye naturgitte føresetnader. Både i program finansiert av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for å skaffe fram kunnskap om havet si rolle i klimasystemet og klimaendringane sine konsekvensar for marine økosystem og ressursar.

Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område er det store endringar i utbreiing av bestandar og i dynamikken i havøkosystema. Derfor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra.

Helse

Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha nødvendig oversikt over befolkninga sin helsetilstand og dei faktorane som kan verke inn på denne, under dette forhold relatert til klimaendringar, som auka ulykkes- og sjukdomsrisiko knytt til blant anna flaum- og skredfare, dårleg vedlikehalde leidningsnett for vassforsyning, mogleg auke av vektorborne smitteberarar, nye sjukdommar og utvida pollensesong. Temperaturauken som følgje av klimaendringar er venta å gi behov for temperaturregulerande tiltak i sjukehus og andre helseinstitusjonar. Lokalt må ein òg ha beredskap med tanke på moglege posttraumatiske lidingar, depresjon og angstlidingar i etterkant av ekstremvêr og naturkatastrofar.

Folkehelseinstituttet deltek i EU-prosjekt som ser på korleis klimaparameter og forureining kvar for seg og saman påverkar folk si helse i Noreg. Instituttet er òg oppteke av ulike typar zoonosar og endringane i dei som følgje av klimaendringar, som på sikt kan innebere endringar i vaksinering mot og behandling av smittsame sjukdommar.

Utanriks- og tryggleikspolitikk

I Meld. St. 36 (2016–2017) «Veivalg i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk» er klimaendringane si betydning for norsk utanriks- og tryggleikspolitikk adressert. Som ei oppfølging av meldinga har Utanriksdepartementet i samarbeid med aktuelle departement sett i gang arbeid for å auke medvitet om tryggleikspolitisk risiko knytt til klimaendringar. Dei ulike departementa vil medverke med konkrete innspel innanfor sine respektive ansvarsområde, som kan danne grunnlag for ein mogleg tiltaksplan.

Klimaendringane skjer spesielt raskt i Arktis. Dette er eit sentralt tema for Arktisk råd, som har utarbeidd ei rekkje rapportar som summerer opp og vurderer ny kunnskap om klimaendringane i Arktis. Arbeidsgruppene AMAP og CAFF i Arktisk råd la nyleg fram nye rapportar om klimaendringane og miljøtilstanden. Rapportane er viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for klimatilpassing, og for IPCCs arbeid med både spesialrapportar og hovudrapportar. Arktisk råd har styrkt sitt meteorologisamarbeid for å gi betre kunnskapsgrunnlag for tilpassing og risikohandtering i nord.