Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1100

Landbruks- og matdepartementet

190 781

180 259

182 150

1,0

Sum kategori 15.00

190 781

180 259

182 150

1,0

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4100

Landbruks- og matdepartementet

19 428

1 071

1 098

2,5

Sum kategori 15.00

19 428

1 071

1 098

2,5

Mål og strategiar

Departementets ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv. Det inneber at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvennlege løysingar og vere kjenneteikna av god kvalitet, i tillegg til å ha gode system for samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av målstruktur for landbrukspolitikken i del I Innleiande del og målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del III Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla.

Prioriteringar

Regjeringa innførte frå og med 2015 ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Kravet om mindre byråkrati og ein meir kostnadseffektiv bruk av statlege midlar vil gjelde det meste av statleg forvaltning, også landbruks- og matforvaltninga. Ei meir effektiv statleg drift skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet, noko som kjem samfunnet til gode. Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver har som mål å gi effektive ringverknader og reduserte samla kostnader for samfunnet. Det vil difor ha høg prioritet også i 2020. I tillegg vil viktige prioriteringar for departementet på det administrative området vere å vidareføre arbeidet med å utvikle god styring av underliggjande verksemder og vidareføre arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen og under Fornye, forenkle og forbetre i del IV Særskilde tema .

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

166 448

161 414

163 404

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

3 429

15 836

15 738

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan , kan overførast, kan nyttast under post 50

20 613

2 720

2 720

50

Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

291

289

288

Sum kap. 1100

190 781

180 259

182 150

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Posten skal dekkje lønns- og driftsutgifter i departementet. Dei tilsette utgjer den viktigaste ressursen for departementet.

Rapportering 2018

I 2018 blei det nytta 166,4 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet. Av dette var om lag 70 pst. utgifter relaterte til løn og godtgjersler. Resten av løyvinga blei nytta til andre driftsutgifter, til dømes husleige, inventar, drift og utvikling av IKT, reiser, kurs, konferansar og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde 134 årsverk per 1. januar 2019. Departementet følgjer opp satsinga på lærlingar i staten og har i perioden 2017–2019 og samarbeidd med Fontenehuset for å gi arbeidsrøynsle til personar med psykiske utfordringar og/eller «hòl i CV-en». Departementet har redusert talet på administrative stillingar, og effektiviserer drifta i tråd med Strategi for betre og meir effektive administrative tjenester i departementsfellesskapet (2016–2020) .

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 163,4 mill. kroner til drift av departementet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane på posten blir nytta til godtgjering til utgreiingsutval og andre særskilde prosjektrelaterte kostnader.

Rapportering 2018

Det blei i 2018 nytta 3,4 mill. kroner, i hovudsak til planlegging og gjennomføring av tiltak knytte til arbeid mot skrantesjuke (CWD).

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,7 mill. kroner for 2020. Midlane på posten skal nyttast til særskilde prosjekt og utgreiingar, mellom anna til å føre vidare kampen mot skrantesjuke.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til å finansiere store innkjøp og utgifter til vedlikehald i departementet og ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar. Institutta som er underlagde Landbruks- og matdepartementet, leiger fleire eigedommar av departementet. Ved avhending av heile eller delar av desse eigedommane kan utgifter til arbeid med dette òg førast over posten.

Rapportering 2018

I 2018 blei det nytta 20,6 mill. kroner, i hovudsak til kostnader knytte til etableringa av NIBIOs nye eining i Steinkjer og til vedlikehald på departementet sine eigedommar.

Budsjettframlegg 2020

Departementet vil gjennomføre nødvendig vedlikehald og reparasjonar ved departementets eigedommar. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,7 mill. kroner. Posten blir sett i samanheng med og kan nyttast under post 50. Det kan óg i 2020 bli aktuelt med sal av eigedom, jf. forslag til vedtak II om meirinntekter og vedtak V om sal av eigedom. Eventuelle inntekter frå sal av eigedommar kan òg nyttast til å dekkje større utgifter som følgje av omorganiseringar og flytting, og behov for infrastruktur i samband med dette, i departementets underliggjande verksemder.

Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store innkjøp og vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet.

Rapportering 2018

I 2018 blei det nytta 291 000 kroner over posten. Midlane blei stilt til disposisjon for Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), som nytta midlane til ekstraordinært vedlikehald av eigedommar som NIBIO leiger av departementet.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,3 mill. kroner over posten i 2020.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Refusjonar m.m.

96

123

126

30

Husleige

926

948

972

40

Sal av eigedom

18 406

Sum kap. 4100

19 428

1 071

1 098

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

97 061

97 976

120 606

23,1

1115

Mattilsynet

1 391 753

1 367 446

1 386 555

1,4

Sum kategori 15.10

1 488 814

1 465 422

1 507 161

2,8

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4115

Mattilsynet

192 899

204 578

205 790

0,6

Sum kategori 15.10

192 899

204 578

205 790

0,6

Mål og strategiar

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå også nærare omtale av Veterinærinstituttet i Prop. 1 S (2019–2020) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av dette arbeidet har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynets arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.

Hovudmåla på det matpolitiske området er

  • å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

  • å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Andre viktige omsyn er

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.

Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og følgde opp på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Omfattande handel med innsatsvarer, plantar, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonale standardar. Det er viktig for å sikre at varene vi importerer er trygge og oppfyller krava frå forbrukarane. Det er òg viktig for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande innan overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er nødvendig, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission, FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under Verdshandelsorganisasjonen (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.

Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på ein open og aktiv Europa-politikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i regelverksutviklinga der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. Når det gjeld større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet for den europeiske union, arbeider regjeringa inn mot desse organa for å fremje norske synspunkt.

Mattilsynet er ein sentral offentleg aktør i gjennomføringa av matpolitikken. Mattilsynet er avhengig av eit godt omdømme og høg tillit for å lykkast i samfunnsoppdraget sitt. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.

Det er stor merksemd på kvaliteten på tilsynsverksemda i Mattilsynet. Landbruks- og matdepartementet har sett i verk ei uavhengig ekstern gransking av Mattilsynets tilsynsarbeid i grøn og blå sektor. Granskinga omfattar planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn i heile landet. Resultata frå granskinga vil inngå i arbeidet med å styrkje forvaltningskvaliteten i Mattilsynet.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2019–2020) frå Helse- og omsorgsdepartementet kap. 745.

Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet er viktig for at forvaltninga skal vere godt fagleg og vitskapleg fundert.

Prioriteringar

Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Situasjonen i Noreg er god samanlikna med andre land når det gjeld førekomst av matboren sjukdom. Det kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt låg. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del III. Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, er det nødvendig å arbeide kontinuerleg for å halde han oppe. Arbeidet for trygg mat må òg ta omsyn til at nye ressursar kan nyttast til mat og fôr.

Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, anten dei er framstilte i Noreg eller importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.

Det er verksemdene som har ansvaret for at maten er trygg, og for å sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og omset innsatsvarer og mat, varierer mykje i storleik og karakter.

Effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lettskjemd mat eller handterer mat som ikkje er innpakka, er særleg viktig.

Kvaliteten på drikkevatnet i Noreg er generelt god, men mange vassforsyningssystem er sårbare på grunn av gamle leidningsnett som er utsette for lekkasjar. Enkelte stader er det dessutan ikkje gode nok reservevassløysingar dersom hovudvassforsyninga sviktar. I mange tilfelle trengst det auka innsats frå vassverka for å sikre trygg vassforsyning i framtida, ikkje minst ved å auke utskiftingstakten for gamle vassrøyr. Hendingar som smitteutbrotet på Askøy i 2019 viser at det er viktig at kommunar og vassforsyningsverksemder følgjer opp krava i drikkevassforskrifta for å sikre trygt vatn til innbyggjarane.

Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjende infeksjonar som har auka hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å ta vare på den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand hos menneske og dyr.

Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer, og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere eksisterande inntaksdata. I dette samarbeidet blir Matvaretabellen med opplysningar om innhald av næringsstoff i matvarer utvida og forbetra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om miljøforureining eller andre uønskte stoff i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet av framandstoff i fisk, dyr og plantar.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2019–2020) frå Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Arbeidet følgjer opp måla i handlingsplanen for betre kosthald (2017–2021). Mattilsynet har òg ei viktig rolle i dette arbeidet, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking. Den nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat, Nøkkelhòlet, gir forbrukarane eit rikare tilbod av, og betre informasjon om, matvarer som kan bidra til eit sunnare kosthald.

Merking av mat er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kvar dei kjem frå, og kor mykje næring dei gir.

Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta. Departementa vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at reglane i matinformasjonsforordninga om merking av ingrediensar og næringsinnhald òg skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer. Mattilsynet følgjer òg utviklinga i EU tett på området for opphavsmerking på tilarbeidde kjøttprodukt og meieriprodukt.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Noreg har generelt god plantehelse, men den aukande importen av plantar og plantemateriale kan auke risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar.

Regjeringa vil leggje vekt på å hindre at hjorteviltsjukdommen chronic wasting disease (CWD) får fotfeste i Noreg. Den omfattande kartlegginga vil bli ført vidare for å få best mogleg oversikt over situasjonen. Ei slik kartlegging er, saman med smitteførebyggjande tiltak, òg nødvendig for å sikre at vi har frisk villrein til å byggje opp igjen villreinstammen i Nordfjella sone 1.

Feil bruk av antibiotika til folk og dyr har ført til ein vesentleg auke av motstandsdyktige bakteriar som utgjer eit alvorleg helsetrugsmål globalt. Regjeringa er svært merksam på området og har mellom anna utarbeidd ein tverrsektoriell nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Strategien er særleg retta mot redusert bruk av antibiotika, rett bruk av antibiotika og utvikling av kunnskap. Aktiv deltaking i internasjonale forum er viktig for å bidra til betre tilgang til og ansvarleg bruk av antibiotika og utvikling av nye antibiotika, vaksinar og betre diagnostiske hjelpemiddel.

Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2016 ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor sitt sektoransvar. Handlingsplanen skal mellom anna bidra til å nå relevante mål i den tverrsektorielle nasjonale strategien.

Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2018 redusert med 17 pst., mens salet av antibiotika til hund og katt er redusert med 34 pst. Nedgangen er på om lag 24 pst. når ein reknar med bruk av humane antibakterielle middel.

Evna til å løyse utfordringane med sjukdommar i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom, inkludert lakselus, er òg viktig for å sikre god velferd, minke smittepresset i miljøet og redusere bruk og utslepp av medikament. Produksjonssvinnet i oppdrettsnæringa er framleis høgt, og det er viktig å arbeide for å redusere dette tapet.

Det er innført eit trafikklyssystem for kapasitetsauke i havbruksnæringa. Systemet byggjer på ein indikator for påverknad av lakselus på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde. Oppfølging og utvikling av dette systemet vil bli prioritert.

Regjeringa styrkjer arbeidet for god dyrevelferd. Ei viktig satsing i dette arbeidet har vore å etablere prøveprosjekt med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet (dyrepoliti), som no omfattar fem politidistrikt. Dyrepolitiprosjekta legg til rette for betre samhandling mellom Mattilsynet og politiet og betre system og klare rutinar for handsaming av alvorlege saker som gjeld mishandling og vanrøkt av dyr.

Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr er viktig. Det er nødvendig med merksemd mot både produksjonsdyr- og kjæledyrhald. Utvikling av kunnskap om korleis avlstiltak og ulike driftsformer verkar på dyrevelferda, er òg viktig.

For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd kan vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad ikkje er varsla. Besetningar der risikoen for brott på regelverket er størst, blir prioriterte. Ved negative funn i slike dyrehald blir det også prioritert å gjennomføre oppfølgjande tilsyn. Auka tilsyn retta mot landdyr i primærproduksjon bidreg òg til å førebyggje dyretragediar ved at Mattilsynet tidlegare kan sjå faresignal om manglande stell og gi målretta rettleiing. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna landbrukets HMS-teneste og slakteria, og innføring av dyrevelferdsprogram for svineproduksjonen, bidreg òg til at dyrehald i risikosona kan bli oppdaga tidleg.

Andre omsyn

Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet, slik at han blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksporterte, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda og å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.

Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld den aukande eksporten av avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.

Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, leggje til rette for gode måltid i barnehagar og skolar og hos eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring. Regjeringa la våren 2017 fram Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021). Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2019–2020) frå Helse- og omsorgsdepartementet

Merksemd på matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal kjenne til kvar maten kjem frå, korleis han blir produsert, og samanhengen mellom mat og helse.

I Meld. St. 15 (2017–2018) presenterte regjeringa kvalitetsreforma Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre . Dette er òg ei reform for større matglede for eldre, anten dei bur heime eller er på sjukeheim eller sjukehus. Regjeringa ønskjer å gjere måltidet til ei god oppleving i kvardagen, sørgje for fleire måltid gjennom døgnet og sikre god ernæring med gode kokkar og lokale kjøkken. Det har vore gode erfaringar med matgledekorps i Innlandet og stor interesse for besøk av liknande korps også i Trøndelag. Ein ser og at matgledeseminar, som i 2019 blir arrangert i fem byar, er populære. Begge tiltaka har vore i eit samarbeid mellom departementa og fylkesmannsembeta. Departementet vil arbeide vidare med tiltak for matglede i institusjonar.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.

Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.

Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FNs berekraftmål om å halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Reduksjonen skal skje i produksjons- og forsyningskjeda, i detaljhandelen og hos forbrukarane. Ein bransjeavtale om redusert matsvinn blei underteikna i juni 2017 av fem departement og representantar for alle ledd i matverdikjeda. Formålet med avtalen er å samarbeide om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Avtalen skal dermed bidra til å redusere miljøkonsekvensane knytte til matproduksjon og forbruk i Noreg. I jordbruksoppgjeret 2018 blei det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle drøfte problemstillingar knytte til statistikk for matsvinn i jordbrukssektoren. Arbeidsgruppa leverte sin rapport til jordbruksoppgjeret 2019. Partane i jordbruksoppgjeret støtta tilrådinga frå arbeidsgruppa og blei samde om å setje av 1 mill. kroner til å følgje opp arbeidet med statistikk.

Det vil bli arbeidd med å redusere bruk og risiko for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel, i tråd med Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler (2016–2020). I dette arbeidet er det viktig med integrert plantevern, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Godt samarbeid mellom næringa, rådgivingstenesta, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter er sentralt for å kunne nå måla i handlingsplanen.

Ytterlegare omtale av arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon er å finne under kat. 15.30.

Omtale av sjømat finst i Prop. 1 S (2019–2020) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Forbod mot hald av pelsdyr

Som oppfølging av Stortingets lovvedtak (lov 21. juni 2019 nr. 63 om forbod mot hald av pelsdyr) og merknader frå næringskomiteen i Innst. 348 L (2018–2019) har departementet sendt på høyring eit forslag til forskrift om økonomisk kompensasjon til oppdrettarar som hadde pelsdyr 15. januar 2018. Høyringsfristen var 1. oktober 2019. Sjå og omtale under kap. 1142, post 77 og 78.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

97 061

97 976

120 606

Sum kap. 1112

97 061

97 976

120 606

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

Formål med løyvinga

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr og sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Veterinærinstituttet bidreg også i førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat. Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er viktig som grunnlag for utvikling av lovverk. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.

Veterinærinstituttet yter også tenester og formidlar kunnskap til næringa, til fagpersonell og til dyreeigarar, og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk. Instituttet samarbeider vidare med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.

Veterinærinstituttet skal arbeide mot følgjande mål:

  • Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske

  • Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning

  • Delmål: God beredskap

  • Delmål: Konkurransekraftige bionæringar

Veterinærinstituttet vil leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet.

Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik blir finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Forsking er ein sentral del av verksemda til Veterinærinstituttet og er omtalt under kap. 1137.

Rapportering 2018

Helsa til norske landdyr er god, og det blir sjeldan påvist meldepliktige sjukdommar. Måla regjeringa har sett om å redusere bruken av antibiotika til husdyr og kjæledyr innan 2020, blei nådde i 2018.

I 2018 var det eit omfattande utbrott av salmonellasmitte hos hestar. Utbrotet avdekte veikskapar ved biotryggleikstiltaka i næringa. Det blei vidare funne antistoff mot B-sjukdommen PRCV (porcint respiratorisk coronavirus) i svinebesetningar. Uttaket av villreinstamma i Nordfjella sone 1 blei sluttført, og til saman vel 33 000 hjortedyr blei testa for skrantesjuke (CWD). Veterinærinstituttet blei utnemd til referanselaboratorium for CWD av Verdsdyrehelseorganisasjonen (OIE). Det blei ikkje påvist MRSA i svinebesetningar gjennom overvakingsprogrammet for MRSA i 2018.

Veterinærinstituttet bidrog i 2018 til 110 vitskaplege publikasjonar, mot 97 i 2017. Forskingsrådets evaluering av primærnæringsinstitutta stadfestar gjennom indikatorar som til dømes siteringar og publiseringsnivå at forskingskvaliteten ved instituttet er høg. Veterinærinstituttet er også ein av hovudaktørane i One Health European Joint Programme, eit stort prosjekt under EU-programmet Horizon 2020. Dette prosjektet har som mål å bidra til god helse hos menneske og dyr i Europa gjennom forskingssamarbeid innan trygg mat, antibiotikaresistens, biotryggleik og nye helsetrugsmål. Internasjonalt forskingssamarbeid også utanfor Europa har auka i 2018, og instituttet vitja mellom anna Kina og Mongolia saman med NIBIO og Landbruks- og matdepartementet.

Veterinærinstituttet publiserte ein vitskapleg artikkel om dei ulike typane skrantesjuke (klassisk og atypisk) som er påvist i Noreg. Artikkelen er viktig for at EU skal skilje mellom ulike typar CWD når det gjeld tiltak mot sjukdommen.

I ein ny studie frå Veterinærinstituttet blir den låge bruken av antibiotika i akvakulturnæringa stadfesta, og ein annan studie viser korleis antibiotikabruk og -resistensutvikling heng saman gjennom resistensfunn i prøver frå raudrev. Eit prosjekt utført på Svalbard dokumenterer at mus er mellomvert for parasitten E. multilocularis (dvergbendelorm). Saman med Folkehelseinstituttet er det i 2018 vist at eit flåttbore virus kan overførast til mjølk.

Veterinærinstituttet har intensivert førebuingane av flyttinga frå Oslo til nye lokale på Ås i 2020. For instituttet er dette eit omfattande og ressurskrevjande arbeid som involverer mange tilsette.

Riksrevisjonen hadde i 2018 ikkje merknader til Veterinærinstituttets rekneskap for året før. Eit nytt økonomistyringssystem som blei innført i 2018, har styrkt styringa av verksemda.

Hausten 2018 og starten på 2019 har vore prega av krevjande økonomi på grunn av kostnader knytte til å førebu flyttinga til Ås, høge pensjonsutgifter og lågare eksterne inntekter enn budsjettert.

Budsjettframlegg 2020

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 120,6 mill. kroner. Regjeringa føreslår ein auke på 20 mill. kroner knytt til at hovudkontoret til Veterinærinstituttet skal flyttast til Ås i 2020.

Veterinærinstituttet skal utvikle kunnskap og hjelpe styresmaktene med beredskap mot sjukdom som trugar helse og velferd hos landdyr og fisk, og mot sjukdom som kan overførast frå dyr til menneske (zoonosar). For å kunne utføre samfunnsoppdraget fagleg solid og kostnadseffektivt, må instituttet vidareutvikle kompetanse, metodar, teknologi og annan infrastruktur.

Det er ein føresetnad at ny teknologi kontinuerleg kan takast i bruk dersom Veterinærinstituttet skal hevde seg nasjonalt og internasjonalt. Informasjonsteknologi og ulike bioteknologiske løysingar vil bli nytta til å etablere nye metodar innan forsking og diagnostikk.

Veterinærinstituttets nye hovudkontor på Ås skal takast i bruk i 2020. Dei nye fasilitetane gir nye høve til å fornye instituttet. Lokaliseringa av bygget og utstyret i dette skal bidra til auka samhandling med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og dei andre institutta på Ås. Det er eit mål at Veterinærinstituttet skal vidareutvikle seg som eit sentralt beredskaps- og forskingsinstitutt som vil utgjere ein viktig del av Noregs høge nasjonale beredskap innan dyrehelse og mat, og eit viktig grunnlag for auka nasjonal vekst og verdiskaping basert på biologiske ressursar på land og til havs.

I 2020 vil oppgåveløysinga til Veterinærinstituttet bli noko påverka av arbeidet med flytting til nytt hovudkontor. Eit døme på dette vil vere behov for operative analyse- og diagnosesystem på to stader i ein periode.

Oppgåveporteføljen vil bli prega av auka globalisering og endringar i klimaet og skal sjåast i samanheng med FNs berekraftsmål.

Det blir stadig viktigare å overvake og ha god kunnskap om zoonosane. Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgiving innan antibiotikaresistens og CWD vil framleis vere høgt prioritert.

Å hjelpe styresmakter og næringsliv med å vidareutvikle ei nasjonal bioøkonomisatsing er ei viktig samfunnsoppgåve for Veterinærinstituttet framover. Under dette kjem forskingsbasert kunnskapsstøtte til å ta hand om helse og velferd i samband med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet.

Det trengst forsking og kunnskapsutvikling som vidareutviklar konkurranseevna til norsk husdyrproduksjon. Forskinga skal også leggje til rette for å vidareutvikle bruken av helsedata i næring og forvaltning til førebyggjande helsearbeid.

Veterinærinstituttet skal styrkje den internasjonale aktiviteten, gjerne bygd på tidlegare samarbeid med andre land.

Instituttet vil leggje vekt på å betre effektiviteten for å kunne kanalisere ressursar der styresmaktene og næringane har nye behov for bistand.

Veterinærinstituttet skal innarbeide digitale løysingar, auke bruken av interne og eksterne datakjelder og arbeide med metodeutvikling og -implementering. Dei administrative rutinane og verksemdstyringa skal bidra til å auke effektiviteten i den faglege produksjonen og difor gjennomførast så effektivt som mogleg.

Kap. 1115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

1 374 371

1 349 848

1 369 024

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

12 898

13 398

13 331

71

Tilskott til erstatningar , overslagsløyving

4 484

4 200

4 200

Sum kap. 1115

1 391 753

1 367 446

1 386 555

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda. Mattilsynet har òg oppgåver knytte til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.

Mattilsynet fører òg tilsyn med at regelverket blir etterlevd på område som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Det gjeld mellom anna regelverk om plantar og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, husdyravl, kosmetikk eller kroppspleieprodukt, dyrehelsepersonell og omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.

Den enkelte verksemda har ansvar for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal bruke dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når det er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.

Mattilsynet skal arbeide etter desse måla:

  • sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

  • fremje god helse hos plantar, landdyr og fisk

  • fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

  • fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • vareta miljøvennleg produksjon

Innanfor rammene av dei måla som er sett i lovgivinga, skal Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at det tek omsyn til aktørane langs heile matproduksjonskjeda. Det omfattar òg marknadstilgang i utlandet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å

  • utvikle regelverk

  • rettleie om regelverk

  • handheve regelverk

  • overvake status og utvikling på området

  • ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser

Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har ein fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mat og miljø når det er nødvendig i regelverksarbeidet og den utøvande forvaltninga.

Resultatrapport 2018

Rapportering etter effektmål

Målet om helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Generelt er maten trygg og drikkevatnet trygt i Noreg. Lite smittestoff i norske husdyr og norskproduserte matvarer gjer at få blir sjuke av maten.

Dei fleste mataktørane følgjer reglane og produserer mat under gode hygieniske forhold. Overvakingsprogramma av ulik mat viser få funn av framandstoff.

Drikkevatn

Meir enn 90 prosent av befolkninga er knytt til vassforsyningssystem som leverer trygt drikkevatn.

Vassleidningsnettet er framleis gammalt og dårleg halde ved like. I seinare år har det vore noko framgang i arbeidet med vedlikehald og fornying, men den årlege rapporteringa frå vassverkseigarane viser likevel at arbeidet ikkje går raskt nok.

Kjemiske stoff og smittestoff

Maten inneheld mange ulike kjemiske stoff. Nokre av dei er naturleg til stades. Andre er tilsette for å gi ein ønskt verknad. I tillegg kjem stoff frå miljøet, produksjonen eller emballasjen. Det er mengda som avgjer kva verknad stoffet har på kroppen.

I 2018 la EFSA (det europeiske organet for næringsmiddeltryggleik) fram nye risikovurderingar for dioksin og dioksinliknande PCB (polyklorerte bifenylar) og for PFAS (per- og polyfluorerte akrylstoff). Mattilsynet følgde opp med ei bestilling til Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) for å få vurdert kva dette har å seie for norske forhold, og om det er behov for å setje i verk nye tiltak.

Norsk og importert salat og krydderurter blei undersøkte for ulike smittestoff. Her blei det funne nokre høge verdiar av E. coli.

Resultata frå importert sjømat frå land utanfor EØS viste låge nivå av uønskte stoff, og ingen restar av ulovlege legemiddel, Salmonella, Vibrio eller Listeria monocytogenes i konsentrasjonar over gjeldande grenseverdi.

Hygiene

Mattilsynet førte i 2018 meir enn 23 000 tilsyn med produsentar og serveringsstader for å kontrollere at krava til hygiene, tillaging og oppbevaring blir følgde.

Matvarer med lang lagringstid som blir etne utan vidare varmebehandling, er risikoprodukt når det gjeld Listeria monocytogenes . Erfaring frå tilsynet er at ein del aktørar ikkje har god nok kontroll med Listeria. Mattilsynet melde inn ni vareparti med påvist Listeria i norske lakseprodukt til EUs meldesystem RASFF.

Mattilsynet har i fleire år hatt merksemd på kvitfisknæringa, men framleis er det for mange innan næringa som ikkje følgjer krava til hygiene og internkontroll. Mattilsynet vil framleis følgje med på denne delen av næringa, særleg under vinterfisket.

Over 7 500 restaurantar og kafear over heile landet inngår i smilefjesordninga. Etter tre år har talet på serveringsstader som har fått «smilefjes», auka frå 68 til 81 prosent. Berre to prosent av serveringsstadene fekk «sur munn». Dei fleste brott på regelverket var knytte til krav om allergenmerking og hygienisk standard på lokale og utstyr.

Kosmetikk

Biverknader og villeiande informasjon er dei største utfordringane knytte til kosmetikk og kroppspleieprodukt. I tillegg er kunnskapsmangel om stoff i kosmetikk som kan gi alvorlege helseskadelege verknader, ei utfordring i denne bransjen.

Målet om å fremje god helse hos plantar, landdyr og fisk

Plante- og dyrehelsa i Noreg er stadig blant dei beste i verda. Talet på dyre- og plantesjukdommar er stabilt lågt, men import og handel over landegrensene trugar den gode statusen. Akvakulturnæringa har god kontroll med bakteriesjukdommar, men slit framleis med nokre virussjukdommar.

Plantehelse

Plantehelsa i Noreg er god samanlikna med andre europeiske land, men aukande handel gjer risikoen for å få inn nye alvorlege planteskadegjerarar høgare. Dette er eit trugsmål mot norsk plantehelse.

Også i 2018 blei nye skadegjerarar introduserte gjennom import. Det siste året blei det stadfesta funn av blodlus på seks nye lokalitetar. Påvisingane blei gjorde både i nyplantingar med importerte tre og i eldre «norske» tre. Blodlus kan angripe alle delar av eit tre og føre til store tap i fruktproduksjonen.

Thrips setosus , eit insekt som kan gi skade på mange veksthusplantar, blei påvist for første gong i Noreg.

Mattilsynet påviste laukkvitråte for første gong i stikklaukproduksjon. For å hindre at smitte blir spreidd med stikklauk eller jord frå den infiserte produksjonsstaden, blei all stikklauken destruert.

Den tørre og varme sommaren i Sør-Noreg gav rekordlåg spreiing av pærebrann.

Landdyrhelse

Mattilsynet kartlegg og overvaker ei rekkje smittsame sjukdommar hos dyr. Nokre av sjukdommane kan òg smitte til menneske (zoonosar). Kampen mot skrantesjuke (CWD) er eit langsiktig arbeid i fleire fasar. Det blei påvist til saman 19 tilfelle av den klassiske forma av CWD hos villrein i Nordfjella sone 1. Heile denne villreinstammen blei teken ut. Mattilsynet vidareførte kartlegging for å få oversikt over mogleg utbreiing og leggje til rette for eventuell friskmelding. I alt blei det teke om lag 33 000 prøver i 2018.

Noreg har framleis ein svært gunstig situasjon med omsyn til antibiotikaresistens samanlikna med mange andre land. Den unike situasjonen med ein svinebestand utan etablert LA-MRSA-smitte er viktig.

Afrikansk svinepest kjem stadig nærare Noreg. I samarbeid med Veterinærinstituttet og bransjeorganisasjonane Animalia og Norsvin utarbeidde Mattilsynet råd om smittevern til ulike målgrupper. Villsvin vil kunne vere reservoar for viruset, og det er difor uro for at ein villsvinstamme skal utvikle seg i Noreg.

Fiskehelse

Oppdrettsnæringa er viktig for Noreg. Det er vel 900 matfiskanlegg i sjø som til saman produserte 1,3 mill. tonn matfisk i 2018. God fiskehelse og fiskevelferd er viktig for at næringa skal vere berekraftig.

Sjukdomsbiletet er særleg prega av parasitten lakselus og virussjukdommane pankreassjukdom (PD) og infeksiøs lakseanemi (ILA). Mattilsynet har i hovudsak retta innsatsen mot å førebygje smittespreiing og setje i verk tiltak mot sjukdom.

Det var færre påviste tilfelle av PD enn tidlegare år. Talet på tilfelle av ILA er stabilt. Mesteparten av legemiddelbruken i oppdrettsnæringa er retta mot lakselus. I 2018 gjekk bruken av legemiddel mot lakselus ned med 38 pst.

Det blei ikkje påvist nye tilfelle av Gyrodactylus salaris. 11 elvar er i ferd med å bli friskmelde, mens parasitten framleis er påvist i 7 elvar i Driva- og Drammens-regionen.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Landdyrvelferd

Mattilsynet rapporterer at velferda for norske landdyr er god, men det er framleis utfordringar med husdyrhald som ikkje oppfyller krava i regelverket.

På bakgrunn av høg førekomst av sjukdom og skadar hos slaktegris gjennomførte Mattilsynet eit tilsynsprosjekt retta mot slaktegrisprodusentar i Rogaland i 2017 og 2018. Tilsynsprosjektet avdekte at mange dyrehald hadde dårleg dyrevelferd. Mattilsynet avdekte fleire alvorlege avvik også etter at kampanjen var avslutta. Husdyrnæringa og slakteria som er varemottakarar, har følgt opp resultata frå tilsynsprosjektet med fleire tiltak.

I 2018 blei om lag 17 000 sau erstatta på grunn av rovviltangrep, og det er det lågaste talet sidan midten av 1990-åra, mens talet på erstatta rein har variert omkring 20 000 i fleire år og auka frå 17 400 i 2017 til 21 100 i 2018. Det er likevel fleire område med store tap av både sau og tamrein. Ulv og bjørn som kjem inn i prioriterte beiteområde og ikkje raskt blir felte, gjer stor skade på sau. Skadevaldar på rein som blir erstatta, fordeler seg relativt likt mellom jerv, gaupe og kongeørn.

Mattilsynet fekk 12 600 meldingar frå publikum om dårleg dyrevelferd. Dei fleste meldingane gjaldt kjæledyr, men tilsynet fekk òg mange meldingar om hestar og produksjonsdyr. Meldingane frå publikum er eit viktig grunnlag for kunnskap om dyrehald som treng tilsyn. Mattilsynet er merksam på avlsretningar innan hundeavl som kan føre til liding, og har dialog med hundeorganisasjonar om dette.

Mattilsynet prioriterte tilsyn i dyrehald der det er størst risiko for at dyra ikkje har det bra. Det blei gjort 78 vedtak om avvikling (forbod mot aktivitet), 31 av desse gjaldt kjæledyr. Mattilsynet har inngått ein samarbeidsavtale med politiet. Det er etablert prosjekt om dyrekrim i fire av regionane i Mattilsynet (fem politidistrikt). Evaluering av prosjektet i Region Midt har vist at det gav betre samhandling mellom etatane og førte til strengare straffepåstandar i saker om dyrevelferd, i tråd med Høgsteretts praksis.

Fiskevelferd

Det er store mengder fisk som døyr i merdane før fisken er slakteklar. Om lag 14 prosent oppdrettslaks og regnbogeaure gjekk tapt i fjor. Dette er noko lågare enn året før.

Mattilsynet fekk 1 036 meldingar om fiskevelferdshendingar, mot 936 året før. 629 meldingar gjaldt mekanisk behandling. Bruk av reinsefisk blir difor stadig viktigare i kampen mot lakselus, samstundes som velferda hos reinsefisken må sikrast.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

I «Merkesjekken 2018» undersøkte Mattilsynet merking av 209 produkt innan matvaregruppa brød og brødvarer. Bruken av Nøkkelhol-merking og ernærings- og helsepåstandar var i hovudsak rett. Det blei likevel avdekt andre typar merkefeil i åtte av ti produkt. Dette er følgt opp overfor produsentane.

I det årlege overvakings- og kartleggingsprogrammet auka Mattilsynet talet på prøver av genmodifisert mat. Mattilsynet tok ut til saman 170 prøver av mat-, fôr- og såvarer av eller med mais, soya, raps, ris og papaya til GMO-analyse. Det blei ikkje funne ulovleg innhald av GMO i nokon av prøvene.

Målet om å vareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet har delegert avgjerdsretten til å føre tilsyn med produksjon og omsetnad etter økologiregelverket til Debio, som fører tilsyn med alle verksemdene som er med i kontrollordninga. Resultata viser at dei fleste verksemdene har gode kvalitetssystem og rutinar for dokumentering.

Det har i 2018 vore ein nedgang på 8 pst. i mengd omsett plantevernmiddel målt i mengd aktivt stoff. Helserisikoen blei redusert, mens miljørisikoen er uendra frå 2017 til 2018. Nedgangen i omsetnaden kan truleg forklarast med at det blei brukt langt mindre middel mot soppsjukdommar, på grunn av den varme og tørre sommaren i Sør-Noreg.

Resultat av meir generell karakter

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

Mattilsynet deltok på om lag 250 møte i Brussel, ein auke på over 30 pst. frå året før. Auka aktivitet heng mellom anna saman med at det blir laga underliggjande regelverk til ny kontrollforordning og ny dyrehelseforordning i EU.

Mattilsynet er norsk kontaktpunkt for Codex Alimentarius (FAO og WHOs organ for mattryggleik og handel med mat). Mattilsynet deltok på relevante møte og har representert Europa i Codex' eksekutivkomité sidan 2015.

Det nordiske samarbeidet skal leggje vekt på strategiske tema og oppgåver som gir meirverdi på tvers av landegrensene. Mattilsynet arrangerte i februar 2018 ein nordisk tilsynskonferanse i Oslo.

Marknadstilgang

Mattilsynet skreiv i 2018 ut vel 54 000 attestar for sjømat, noko som er ein liten nedgang frå 2017, og 5 600 attestar for landbaserte produkt og dyr.

Brasil er ein viktig marknad for norsk klippfisknæring. Store endringar i brasiliansk regelverk dei siste åra har gitt uvisse. Mattilsynet arbeider for å styrkje samarbeidet med brasilianske styresmakter.

Mattilsynet har arbeidd med å leggje til rette for eksport av norsk fisk til Kina etter normaliseringa av handelen i desember 2016. Lakseeksporten til Kina har hatt ein verdivekst på 275 pst. frå om lag 300 mill. kroner i 2017 til 821 mill. kroner i 2018.

Mattilsynet har i fleire år arbeidd for at det skal bli mogleg å eksportere norsk reinsdyrkjøtt til Hongkong.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Mattilsynet gjennomførte i 2018 74 ulike overvakings- og kartleggingsprogram. I tillegg hentar Mattilsynet informasjon om status og risiko frå andre kunnskapsinstitusjonar.

Mattilsynet gjennomførte i alt om lag 67 000 tilsyn i 2018. Dette er ein nedgang på 5,6 pst. frå 2017. Denne nedgangen har mellom anna samanheng med auka vektlegging av rettleiing og sterkare risikobasering av tilsynet.

Mattilsynet melde 86 saker til politiet mot 69 saker i 2017. Til saman 25 straffesaker er handsama av domstolane. 18 av sakene gjaldt dyrevelferd, 4 gjaldt dyrehelse og 3 gjaldt trugsmål/sjikane mot offentleg tenestemann. Det blei gitt fellande dom i 24 saker.

Mattilsynet heldt fram med å styrkje arbeidet med rettleiing. Det blei rettleidd meir på tilsyn og arbeidd meir systematisk med brukarorientering. Mattilsynet nyttar også nettsidene i rettleiingsarbeidet. Slik får publikum og verksemder raskt og einsarta svar på generelle spørsmål.

Mattilsynet gjennomførte 51 beredskapsøvingar, i tillegg til at Mattilsynet deltok på den store NATO-øvinga Trident Juncture.

Mattilsynet sende ut 92 pressemeldingar i 2018. Dei blei formidla via ulike lokale og nasjonale medium og har dermed nådd store delar av befolkninga. Nettsidene er den viktigaste kanalen for å nå brukarane. Det var om lag 1,5 mill. besøk på mattilsynet.no i 2018.

For å setje folk i stand til å gjere informerte val formidla Mattilsynet resultata frå smilefjestilsyn via mattilsynet.no, matportalen.no, media og sosiale medium.

Organisatoriske forhold

Mattilsynet arbeidde med å vidareutvikle delar av verksemdsstyringa, mellom anna knytt til risikostyring, styring av utviklingsarbeid og internkontroll.

ESA gjennomførte tre revisjonar i 2018. Dei peika på nokre manglar i korleis Mattilsynet planlegg, styrer og følgjer opp tilsynet.

Rapportar frå revisjonane til ESA, Riksrevisjonen og internrevisjon til Mattilsynet gir viktig informasjon som Mattilsynet nyttar til å forbetre verksemda.

Dei nye forskriftene om personvern stiller store krav til informasjonstryggleik og dokumentasjon. Mattilsynet gjennomførte 25 analysar av risiko og sårbarheit knytt til fagsystema sine og 20 tilsvarande analysar innan IKT-området. Tiltak er sett i verk der det var nødvendig.

Budsjettframlegg 2020

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 369,0 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet. Dette omfattar òg lønns- og prisveksten og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma til regjeringa.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynets ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.

Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i alle internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt på utvalde område. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet.

Mattilsynet skal òg bidra til å følgje opp dei internasjonale pliktene til rett tid, og at gjennomføringa i norsk rett skjer på ein mest mogleg formålstenleg og brukarvennleg måte.

Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Mattilsynet vil leggje vekt på å fremje desse omsyna når det deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU og i dei aktuelle internasjonale organisasjonane på matområdet.

Rettleiing, tilsyn og områdeovervaking

Rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneverksemda til Mattilsynet. Mattilsynet forvaltar eit omfattande regelverk, og det kan vere krevjande for verksemdene å ha oversikt over alle krava som gjeld. God kjennskap til regelverket er viktig for å kunne etterleve det. Mattilsynet vil difor leggje større vekt på god rettleiing til næringsutøvarane. Mattilsynet vil i den samanhengen leggje større vekt på å gjere brukarane kjende med regelverket og korleis Mattilsynet ventar at verksemdene følgjer opp. Dermed vil det òg bli tydelegare i kva situasjonar det kan komme reaksjonar frå Mattilsynet, og kva slags reaksjonar verksemdene kan vente frå Mattilsynet dersom dei bryt reglane.

Det vil òg bli lagt vekt på andre tiltak for å forbetre kvaliteten på utøvinga av tilsynsfunksjonen, mellom anna som oppfølging av den eksterne granskinga av Mattilsynet som skjer hausten 2019.

Mattilsynet har i 2019 utarbeidd ein ny strategi fram mot 2025 med sikte på å bli stadig meir brukaorienterte og kunnskapsbaserte og i større grad nytte data i arbeidet.

Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og aktuell risiko skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møte med verksemdene og samstundes ta vare på omsynet til lik handsaming. Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for å kjenne til og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at regelverket blir etterlevd.

Som eit ledd i arbeidet for å bli meir effektivt og synleg legg Mattilsynet vekt på å ha målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsyn i serveringsverksemder er eit døme på dette.

Regelverket om kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Ifølgje regelverket skal tilsynet vere risikobasert og skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.

Den nye kontrollforordninga i EU, som i samsvar med EØS-avtalen også vil gjelde i Noreg, vil føre til nye oppgåver og krevje auka ressursar og kompetanse i Mattilsynet. Mattilsynet deltek i arbeidet med å utvikle utfyllande regelverk.

Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytte til risiko for helsa til folk, plantar og dyr, til dømes at merking av mat ikkje villeier forbrukarane. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektive tilsyn.

Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som er knytte til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet.

Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU.

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Arbeidet med å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev kontinuerleg merksemd frå verksemdene og aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.

Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på at verksemdene sjølve har ansvar for å etterleve krava og ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.

Tilsyn med at vassforsyningsverksemdene og kommunane følgjer opp krava i drikkevassforskrifta, er viktig for å sikre trygg vassforsyning til innbyggjarane. Dette er i samsvar med gjennomføringsplanen for nasjonale mål for vatn og helse, som blei fastsett av regjeringa i 2014, og FNs berekraftmål 6. Mattilsynet skal delta i oppfølginga av Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga, mellom anna arbeidet med å evaluere og følgje opp gjennomføringsplanen for dei nasjonale måla for vatn og helse. Mattilsynet skal delta i arbeidet med rullering av vassforvaltningsplanane med sikte på at nasjonale føringar på drikkevassområdet blir følgde opp.

Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å utvikle nytt regelverk og nye tilsynsmetodar som kan bidra til å skape tryggare forhold ved import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.

Målet om å fremje god helse hos plantar, landdyr og fisk

God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Det er viktig å ha gode tiltak og rutinar hos næringsaktørane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.

Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos plantar, landdyr og fisk skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk er viktig. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdommar som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar).

Det er viktig å overvake og halde fram med tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald på eit lågt nivå. Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med overvaking, sanering og smitteførebyggjande tiltak mot LA-MRSA (dyre-assosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus- bakteriar) i svinebesetningar.

Mattilsynet vil prioritere arbeidet mot skrantesjuke (Chronic Wasting Disease). Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny reinsdyrflokk i Nordfjella. Tiltaka er også av stor verdi for å hindre spreiing av smitte til ville hjortedyr og tamrein, slik at ein kan ta vare på næringsgrunnlaget til dei som utøver reindrift. God dokumentasjon av tilstanden i Noreg er òg viktig for at eventuelle vernetiltak frå EU ikkje blir meir inngripande og kostnadskrevjande enn det er fagleg grunnlag for.

Spreiinga av afrikansk svinepest er urovekkjande. Mattilsynet vil ta del i arbeidet med å følgje opp ein handlingsplan mot villsvin i Noreg og ha merksemd på tiltak som kan redusere smitterisikoen til produksjonsdyr.

Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse og -velferd, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og nedkjemping av sjukdommane PD og ILA. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved større produksjon i havbruksnæringa. Mattilsynet vil òg bidra til å følgje opp Meld. St. 16 (2014–2015) Forutsigbar og miljømessig bærekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett .

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd. Mattilsynet vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.

Mattilsynet vil samarbeide med politiet om å gjennomføre prosjekta med dyrepoliti i politidistrikta Trøndelag, Sør-Vest og Aust og i tilsvarande prosjekt i politidistrikta Vest og Innlandet. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg omsorgssvikt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til ei eventuell straffesak og domfelling. Regjeringa føreslår å utvide prosjektet med eit nytt distrikt i 2020.

Mattilsynet vil ha auka merksemd på risikobasert tilsyn med dyrevelferd hos gris i heile landet. Svinehald i næring er frå 1. juli 2019 omfatta av dyrevelferdsprogram for svin utarbeidd av Animalia i samarbeid med næringa og kjøttbransjen. Dette inneber eit tettare samarbeid mellom produsentar og veterinærar for å sikre god dyrevelferd og gode rutinar og dokumentasjon av dyrehaldet. Departementet vil forskriftsfeste deltaking i velferdsprogrammet. Mattilsynet vil føre vidare den gode samhandlinga med miljøstyresmaktene ved tap på grunn av rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur .

Mattilsynet vil prioritere arbeidet med fiskevelferd, spesielt i samband med tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil òg ha merksemd på å halde oppe god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye behandlingsmetodar og produksjonsformer.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og heiderleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon mellom anna om eigenskapane til maten.

Mattilsynet har òg viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar, frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelhòlet) og arbeid med Matvaretabellen. Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) har tiltak på ansvarsområde til sju departement. Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med oppfølginga av planen. Mattilsynet har ansvar for å følgje opp enkelte tiltak i handlingsplanen, mellom anna knytt til merking av matvarer og oversikt over næringsinnhaldet i matvarer. Handlingsplanen skal midtvegsevaluerast i 2019.

Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest å vere størst i fôrvarer.

Mattilsynet vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.

Målet om å vareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet vil bidra til at formålet i matlova om å vareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for ein miljøvennleg produksjon og verkar òg inn på kvaliteten på maten.

Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler (2016–2020). Mattilsynet vil følgje opp aktuelle tiltak.

Marknadstilgang

Mattilsynet har ei viktig rolle i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt, og godt samarbeid med matstyresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.

Som eit ledd i effektiviseringa av utferding av eksportattestar sende Mattilsynet i mai 2019 på høyring eit forslag til mateksportforskrift som skal regulere utferding av attestar. Forskrifta vil gi produsentar og eksportørar større rettstryggleik og meir føreseielege vilkår. Målet er at forskrifta skal bli vedteken i 2020.

Andre område

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell, og vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr er eit viktig verkemiddel i overvakinga av bruken av antibiotika til dyr og korleis veterinærane føreskriv medisin.

Kosmetikk

Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13.3 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.

Post 71 Tilskott til erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har gitt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 om hjelpeplikt, og til veterinærar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrehelsepersonellova § 14 om naudhjelp. På posten vil det òg bli ført utbetalingar for tiltak som er sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå ein eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Gebyr m.m.

180 541

198 704

199 828

02

Driftsinntekter og refusjonar m.m.

12 358

5 874

5 962

Sum kap. 4115

192 899

204 578

205 790

Post 01 Gebyr m.m.

På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar, og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Ved budsjetteringa er det lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.

På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, og oppgåver knytte til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

233 940

227 909

233 816

2,6

1137

Forsking og innovasjon

608 624

592 147

603 484

1,9

Sum kategori 15.20

842 564

820 056

837 300

2,1

Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

17 658

18 081

18 533

2,5

Sum kategori 15.20

17 658

18 081

18 533

2,5

Mål og strategiar

Nasjonale og internasjonale utviklingstrekk, som folkeauke, klimaendringar og behovet for omstilling, påverkar forskingsprioriteringane på landbruks- og matområdet. Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

For å nå måla legg departementet vekt på målretta og effektiv bruk av midlar til forsking og innovasjon. Vidare er det viktig at kunnskap og kompetanse er lett tilgjengeleg for næring og forvaltning. I tillegg er ein effektiv og sterk instituttsektor viktig for å sikre god, forskingsbasert forvaltning. Det krev eit godt samspel mellom instituttsektoren, andre relevante kunnskapsmiljø, ulike næringsaktørar og forvaltninga.

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Midlar til forsking og innovasjon skal målrettast for at ny kunnskap bidreg til å nå dei landbruks- og matpolitiske måla slik dei går fram av relevante meldingar og strategiar.

Landbruket rår over eit stort ressursgrunnlag. Det gir potensial for vekst og verdiskaping i heile verdikjeda, frå primærledd til forbrukar. Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, samstundes som klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast i tråd med klimaavtalen som blei inngått mellom staten og jordbruket i juni 2019. Høg forskings- og innovasjonsaktivitet er viktig for å auke matproduksjonen, for dyrevelferda og for å styrkje konkurransekrafta i jordbruket og næringsmiddelindustrien på ein miljøvennleg og berekraftig måte. Eit framtidsretta landbruk krev kunnskap og teknologi som bidreg til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap om korleis matproduksjonen blir påverka av og best kan tilpassast til eit endra klima. Ny kunnskap, mellom anna innan avls- og foredlingsarbeid, er òg avgjerande for å halde ved lag den gode plante- og dyrehelsa og sikre god dyrevelferd i Noreg. I tillegg legg regjeringa vekt på å halde oppe innsatsen mot antibiotikaresistens, eit behov som mellom anna er stadfesta i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens (2015–2020) og Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar.

I Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 er det stadfesta at regjeringa legg vekt på forsking som kan bidra til grøn omstilling, konkurransekraft og innovasjonsevne, i tillegg til kunnskap som kan bidra til å møte dei store samfunnsutfordringane. Planen tek inn over seg Noregs tilslutning til Parisavtalen og FNs Agenda 2030, og generelle utviklingstrekk som teknologiske endringar, auka digitalisering og globalisering. Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd, der det mellom anna blir lagt vekt på globale helsetrugsmål og matsikkerheit, er kome inn som ei ny langsiktig prioritering. Ein nærare omtale av dette finst i del III kap. 5 i Prop. 1 S frå Kunnskapsdepartementet. Landbruks- og matforskinga skal bidra til å nå måla i langtidsplanen gjennom å vidareutvikle ein berekraftig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor, auka verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar. Tett samarbeid mellom næring og forskingsmiljø, både nasjonalt og internasjonalt, vil vere ein viktig del av dette.

For å sikre tilgang til nok og trygg mat er det behov for kunnskap om korleis vi kan tilpasse matproduksjonen til eit endra klima. Det er behov for å tenkje nytt omkring driftsmetodar og utvikling av plantemateriell som toler eit våtare klima, og som er meir robust mot sjukdom og skadegjerarar. I tillegg til kunnskap innan agronomi og sortsutvikling vil utvikling og bruk av ny teknologi vere sentralt for å møte utfordringane vi står overfor. Auka kunnskap om plante- og dyrehelse under eit endra klima vil dessutan vere avgjerande for å ta vare på den gode statusen Noreg har når det gjeld mattryggleik. Regjeringa vil auke forskingsinnsatsen på område som gjer oss i stand til å tilpasse matproduksjonen til eit klima i endring, og med det meir lønnsam produksjon av nok og trygg mat. Gjennom årets jordbruksavtale blei det òg lagt opp til ei særskild satsing for å styrkje forsking innanfor grøntsektoren med mål om å auke norskprodusert del av frukt, grønt og bær. Ny kunnskap skal bidra til auka produksjon og utvida norsk sesong, i tillegg til lågare klimagassutslepp.

Dei utfordringane og kunnskapsbehova sektoren står overfor, er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles. Noreg har dessutan gode føresetnader for å bidra til ein global kunnskapsdugnad på område som berekraftig matproduksjon, klimarobuste produksjonsmetodar, mattryggleik og dyrehelse. I den nyleg framlagde handlingsplanen for berekraftige matsystem i norsk utanriks- og utviklingspolitikk 2019–2023, Mat, mennesker og miljø , blir det slått fast at norsk utviklingspolitikk skal vere kunnskapsbasert, og at Noreg har mange sterke landbruks- og matfaglege kunnskapsmiljø som kan bidra til å sikre at matprodusentar i utviklingsland får tilgang på relevant kunnskap, og at det blir etablert samarbeid på tvers. Dei landbruks- og matfaglege kunnskapsmiljøa bidreg allereie i den internasjonale kunnskapsbygginga gjennom etablert samarbeid med forskingsinstitusjonar i Asia og Afrika. Det er òg etablert eit formalisert forskingssamarbeid med Kina på landbruks- og matområdet, mellom anna med utgangspunkt i ein underteikna avtale mellom Landbruks- og matdepartementet og det kinesiske landbruksdepartementet.

Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er dessutan nødvendig for å heve kvaliteten på forskinga, fornye norsk forsking og kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Ei slik målsetjing krev ei omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar, mellom anna EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Regjeringa sin Panorama-strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020), legg òg eit viktig grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.

Kunnskap er berebjelken i bioøkonomien, der dei mange biologiske ressursane frå landbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri blir produserte og utnytta meir berekraftig og effektivt. I tråd med bioøkonomistrategien til regjeringa, Kjente ressurser – uante muligheter , skal forskingsinnsatsen innan bioøkonomi bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar. Bioøkonomien og skogens rolle i klimasamanheng har også fått ein sentral plass i strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling , som blei lagd fram i mars 2019. Strategien viser til ulike innsatsområde for at skog- og trenæringa skal kunne gi auka bidrag til samla verdiskaping og grøn omstilling gjennom produktutvikling og større omsetnad i marknadene. Tiltak for å mobilisere til auka FoU- og innovasjonsaktivitet i næringa står sentralt i strategien.

Regjeringa har dessutan utarbeidd ein nasjonal strategi for å sikre eit mangfald av villbier og andre pollinerande insekt også i framtida. Nasjonal pollinatorstrategi viser mellom anna til at sjølv om det finst nok kunnskap til å setje i verk målretta tiltak, er det òg nødvendig med meir kunnskap, ikkje minst om utviklinga av pollinatorbestandar og leveområde og kva for tiltak som er mest effektive. Også Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018–2030 dannar grunnlag for prioriteringane innan landbruks- og matforskinga, jf. omtale i del IV.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Primærlandbruket og industrien som foredlar mat og fiber er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Det stiller høge krav til kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. God rekruttering til landbruks- og matfagleg utdanning på alle nivå frå vidaregåande skole til master- og doktorgradsutdanning er viktig for å få kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk. Ved sida av det ordinære utdanningssystemet må det også leggjast til rette for livslang læring, mellom anna ved fleksible etter- og vidareutdanningstilbod. Det gjeld både for dei som er i næringa, og dei som ønskjer å gå inn i næringa.

Sektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø når det gjeld kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Det gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at forskinga er relevant, og at ny kunnskap kjem til nytte. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Det vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Ikkje minst vil ei vidareutvikling av bioøkonomien, der eitt av fortrinna til Noreg ligg i eit tett samarbeid mellom blå og grøn sektor, krevje samarbeid på tvers av fagområde og ulike næringar.

Ei målretta politikkutforming for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Forskingsbasert kunnskap bør i størst mogleg grad liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om rolla til landbruket, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking vil òg gi meir kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.

For at kunnskapen skal nå ut til næringsaktørar, rådgivarar og andre som kan ha nytte av han, må ein sikre ei rask og effektiv formidling av resultata frå landbruks- og matforskinga.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Forskingsinstitutta i sektoren må vere kostnadseffektive og bruke ressursane til dei viktigaste kunnskapsbehova i sektoren. I den samanheng er det viktig å ha god dialog med både næring og forvaltning om prioriteringar. Institutta må arbeide for forsking av høg kvalitet og relevans, eit godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for høg kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for at kunnskapen bidreg til berekraft og næringsutvikling i sektoren. Veterinærinstituttet har biomedisinsk kompetanse som må nyttast mest mogleg effektivt for å fremje høg beredskap, god dyrehelse og gode råd til forvaltninga. Veterinærinstituttet (VI) skal òg bidra til næringsutvikling og konkurranseevne, både i blå og grøn sektor.

Departementet ventar at NIBIO og VI samarbeider der det er mogleg, med sikte på å hente ut faglege og administrative synergiar for begge institutta.

Flyttinga av veterinærmiljøa frå Oslo til Ås i 2020 vil danne grunnlag for eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon. Med dette blir Campus Ås samla sett viktigare enn nokon gong når det gjeld utvikling av både eksisterande og nye næringar.

Departementet legg også til grunn at den sams lokaliseringa av NIBIO, NMBU og VI på Ås skal bidra til eit endå betre samarbeid mellom desse miljøa og Nofima AS. Nofima AS har kompetanse som er sentral for å utvikle vidare og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima AS viktig for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet. Departementet vil også støtte opp under den samfunnsvitskaplege forskinga i sektoren, som mellom anna blir utført av stiftelsen Ruralis.

Landbruks- og matdepartementet vil føre vidare arbeidet med å utvikle fagleg sterke og økonomisk effektive forskingsinstitutt og bidra til eit godt samarbeid mellom miljøa innanfor landbruks- og matforskinga og andre relevante samarbeidspartnarar.

Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

233 940

227 909

233 816

Sum kap. 1136

233 940

227 909

233 816

Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

Formål med løyvinga

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt og Noregs største tverrfaglege forskingsinstitutt innanfor landbruk og miljø. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping i verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar. Verksemda har hovudkontor på Ås og er representert på 17 stader i alle landsdelar. NIBIO skal vere nasjonalt leiande i arbeidet med å utvikle kunnskap om bioøkonomi.

Midlane over posten skal nyttast til kunnskapsutvikling, fagleg beredskap, utvikling av kompetanse, analyse og dokumentasjon og formidling av kunnskap på desse områda:

  • mat- og planteproduksjon

  • beredskap, plantehelse og mattryggleik

  • skog og utmark

  • areal- og genressursar

  • kart og geodata

  • føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi

Rapportering 2018

2018 var NIBIOs tredje fulle driftsår etter opprettinga i 2015. Verksemda framstår som eit samla, konsolidert institutt som markerer seg på mange fagområde, både nasjonalt og internasjonalt. Det omfattande regionale nærværet gir instituttet gode høve til kunnskapsutvikling som er tilpassa ulike produksjonsforhold i ulike landsdelar. Forskingsrådets evaluering av primærnæringsinstitutta stadfestar gjennom indikatorar som til dømes siteringar og publiseringsnivå at NIBIOs forskingskvalitet er høg.

Instituttet har eit stort og aukande internasjonalt engasjement både i Europa, India og Kina og i fleire afrikanske land. I 2018 inngjekk NIBIO ein samarbeidsavtale med Norad. Avtalen har som formål å gjere NIBIOs fagkompetanse tilgjengeleg for Norad.

Tilpassing av planteproduksjonen til eit endra klima har vore eit viktig innsatsområde. Nye artar og sortar av korn og frøvekstar har vore prøvde ut. Det er òg gjennomført omfattande forsøk med frukt, grønt og bær. Ei rekkje prosjekt innan økologisk landbruk er utførte, mellom anna knytt til gjødsling. NIBIO har også, i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving, hatt eit stort engasjement for å utvikle kunnskap i landbruket i Nord-Noreg. Innan berekraftig planteproduksjon har det vore utvikla digitale kalkulatorar for produsentar med sikte på å betre utnyttinga av mineralgjødsel. Instituttet har vidare eit omfattande samarbeid med Mattilsynet for å fremje berekraftig bruk av plantevernmiddel. Instituttet har òg gjennomført ei rekkje prosjekt og omfattande formidlingsaktivitet innan økologisk landbruk. Andre viktige innsatsområde på plantesida har vore vasskvalitet, ny kunnskap om grøfting, drift av jorddatabanken, reduksjon av klimagassutslepp og auka binding av karbon i jord.

God plantehelse er ein føresetnad for å halde oppe matforsyninga i Noreg. På dette området samarbeider NIBIO med Graminor AS og Sagaplant AS. Det har vidare vore eit godt samarbeid med produsentar av frukt, grønt og bær for å kartleggje planteskadegjerarar og for å gjennomføre førebyggjande tiltak. Instituttet formidlar kunnskap til produsentane på ulike digitale plattformer for å fremje godt plantevern.

NIBIO skal bidra til at maten i Noreg er trygg. På dette området utfører instituttet mellom anna analyseoppdrag for Mattilsynet. Formålet er å sikre at grenseverdiane for restar av plantevernmiddel i importert mat ikkje blir overskridne. Innsats knytt til soppgift i korn har óg vore prioritert.

NIBIO har i 2018 vidareført rolla som landets leiande skogforskingsmiljø. Arbeidet med miljøregistreringar i skog og med Landsskogtakseringa har vore vidareført. Instituttet har også lagt mykje innsats i auka bruk av tre, korleis skog kan binde karbon, og om auka bruk av bioenergi. Aukande etterspørsel etter bioenergi, biodrivstoff og andre biobaserte produkt har styrkt interessa for å nytte sekundærråstoff frå trebaserte verdikjeder. NIBIO har utvikla kunnskap om råstoff som er tilgjengeleg for denne industrien.

NIBIO har eit aktivt engasjement i internasjonalt skogsamarbeid og deltek i ei rekkje internasjonale forum. Instituttet har formidla kunnskap til planteskolar og til produsentar av juletre og bidrege med råd om frø- og planteforsyning.

I 2018 har NIBIO vidareutvikla arealressurskartet AR5. Dette er særs viktig for verkemiddelforvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiingar og næringsutvikling. I tett dialog med Landbruksdirektoratet har instituttet i 2018 utvikla og sett i drift ein ny versjon av jordregisteret. Løysinga er viktig for å fremje god kontroll av arealtilskott i landbruket. Innan området arealressursar har NIBIO kartlagt beiteressursar i utmarka og overvakt landskap med mellom anna biologisk mangfald og kulturminne.

Ei effektiv genressursforvaltning er viktig for berekraftig avl, foredling, matsikkerheit og klimatilpassing. NIBIO har hatt eit omfattande nasjonalt og internasjonalt engasjement på området i 2018. Engasjement kjem til uttrykk mellom anna ved å registrere, kartleggje og rapportere statusen til nasjonale genetiske ressursar innan plantar, husdyr og skogtre. Det er også vore eit seminar om bevaring av genressursar der dei delte ut den årlege plantearvprisen.

NIBIO bidrog òg med omfattande materiale til forvaltninga, mellom anna under arbeidet med erstatningar etter tørkesommaren 2018 og til jordbruksoppgjeret 2019. Nærare omtale av aktiviteten til NIBIO i 2018 er gitt i årsrapporten til instituttet.

Budsjettframlegg 2020

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 233,8 mill. kroner til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO. Desse områda har særleg prioritet:

Mat og planteproduksjon

Løyvinga skal bidra til auka produktivitet, betre kvalitet og lønnsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold i Noreg. I dette ligg òg utvikling av kunnskap for å fremje økologisk produksjon. Det skal dokumenterast korleis endringar i klima og dyrkingsmetodar verkar på erosjon, forureining, biologisk mangfald og genetiske ressursar. Vidare skal innsatsen for å vidareutvikle eit berekraftig jordbruk ha høg prioritet. Mellom anna skal det utviklast kunnskap som kan gi redusert bruk av kjemiske plantevernmiddel og meir bruk av alternative metodar.

NIBIO skal òg utvikle kunnskap som kan bidra til redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Det er behov for kunnskap om verknader av plantevernmiddel under norske forhold, og NIBIO skal bidra med kunnskap som styrkjer grunnlaget for vurdering av plantevernmiddel. Løyvinga skal òg bidra til å få fram effektive verkemiddel frå forvaltninga si side, slik at ein kan nå klimapolitiske mål for norsk jord- og skogbruk. Løyvinga skal bidra til å auke kompetansen om omfang og konsekvensar av klimagassutslepp frå landbruket og potensialet for opptak av CO 2 og lagring av karbon i jord og skog.

Beredskap, plantehelse og mattryggleik

År 2020 er av FN peika ut å vere internasjonalt plantehelseår (IYPH 2020), og NIBIO skal koordinere aktivitetar i samband med den nasjonale markeringa. NIBIO skal ha høg prioritet på kunnskap om planteskadegjerarar, og beredskapen for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar den gode plantehelsa i Noreg, skal haldast oppe. Beredskapen skal bidra til ein høg nasjonal mat- og fôrproduksjon og hindre at nye skadegjerarar etablerer seg i Noreg. Vidare skal løyvinga bidra til beredskap og kompetanse om verkemåtar og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i plantar som er potensielt skadelege. I det ligg mellom anna at NIBIO skal ha kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium for restar av plantevernmiddel og for planteskadegjerarar.

Skog og utmark

NIBIO skal halde fram med å vidareutvikle kunnskap om klimaendringar og klimatilpassingar innanfor skogbruk, jordbruk og arealbruk. Kunnskapen skal gi grunnlag for å utvikle effektive tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og vise økonomiske konsekvensar av tiltaka.

Landsskogtakseringa, som gir oversikt over skogressursane i Noreg, skal framleis ha høg prioritet i 2020. Arbeidet med å vidareutvikle ei kart- og innsynsløysing med data om skog- og arealressursar vil bli ført vidare. Det same gjeld FoU-arbeid knytt til miljøregistreringar i skog og utvikling av skogbruksplanlegginga.

Arbeidet med den nettbaserte kartløysinga Skogportalen, med miljøinformasjon for forvaltning, skal førast vidare i 2020. Her blir det informert om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar. NIBIO vil òg få i oppgåve å halde fram med å publisere rapporten Bærekraftig skogbruk i Norge .

Langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag skal framleis prioriterast. Feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga og bidreg til eit berekraftig skogbruk og kunnskap om kva rolle skogen har i klimapolitikken. Det er no nødvendig å etablere nye langsiktige forsøksfelt for skogproduksjonsforsking. Gjennom ei teknisk flytting av 1 mill. kroner frå kapittel 1149, post 73, legg departementet til rette for at NIBIO kan etablere nye felt framover. NIBIO skal delta i internasjonalt samarbeid om skog, og framleis ha ansvaret for internasjonal rapportering på området.

Høg beredskap for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase er viktig, både for å hindre at nye skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg, og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie har etablert seg. Stortinget har oppmoda regjeringa om å arbeide for tilstrekkelege beredskapsplanar i skogbruket, og NIBIO skal bidra med relevant kunnskapsutvikling på området.

Arbeidet knytt til berekraftig forvaltning og bruk av utmarksressursar og næringsutvikling skal førast vidare. Tiltak som byggjer opp under departementet sitt arbeid med haustbare viltressursar, turisme og lokalmatsatsing, er ein viktig del av dette.

Areal- og genressursar

Vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet AR5, Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark er framleis prioriterte oppgåver. I dette arbeidet inngår mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet og kulturminne, kartlegging av jordsmonn og eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar. Vidare inngår vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. NIBIO vil òg få i oppgåve å føre vidare arbeidet med statistikk om utmarks- og landbrukseigedommar, til dømes ved å knyte data frå organisert beitebruk, vegetasjonskart og arealreknskap for utmark til eigedommane.

For norsk landbruk er det viktig å sikre at produsentane i framtida har eit tilstrekkeleg genetisk mangfald å hauste av når mat og andre landbruksprodukt skal produserast. I den samanhengen skal NIBIO bidra med kunnskap for ei effektiv forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og følgje opp den nye nasjonale strategien for genressursar. NIBIO vil overvake statusen til nasjonale genressursar og rapportere i saker som gjeld desse, både nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Ferdigstilling av planteregister og oppgradering av kuregisteret vil vere prioriterte oppgåver for 2020.

Kart og geodata

NIBIO har over fleire år hatt eit stort ansvar for å utvikle nettbaserte kart- og geodatatenester ut frå behova til ei rekkje aktørar i samfunnet, både i og utanfor sektoren. Arbeidet blir vidareført i 2020. Ny statistikk og nye temakart vil bli utvikla i tråd med behova. Mellom anna skal NIBIO støtte Mattilsynet med å utvikle kartløysingar for registrering av skadegjerarar, og Landbruksdirektoratet med å gjere kartdata frå reindrifta tilgjengeleg.

For løyvinga vil landbruket sitt bidrag til Geovekst bli prioritert. Sektoren vil framleis få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst-samarbeidet. Vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. Kommunane vil få kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.

Statens kartverk leier arbeidet med å etablere ein digital høgde- og terrengmodell for Noreg. NIBIO skal bidra i dette arbeidet i 2020.

Det internasjonale samarbeidet på kartområdet, som NIBIO deltek i, blir ført vidare. Det inneber mellom anna å støtte arbeidet til Statistisk sentralbyrå med nasjonal arealstatistikk og European Environmental Agencys arbeid med europeisk arealovervaking. Det vil òg bli gitt hjelp til internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata innanfor tema som instituttet har ansvar for.

Data som er samla inn frå satellittar, har potensial til å bli nytta i overvaking av skog- og arealressursar. Arbeidet med å delta i Copernicus, som er EUs program for jordobservasjon, blir ført vidare i 2020. NIBIO og Statens kartverk vil bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.

Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi

NIBIO skal levere eit godt kunnskapsgrunnlag for økonomiske og politiske avgjerder i sektoren. Det gjeld særleg på område som produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, landbruksbaserte næringar og landbrukets rolle i samfunnet. NIBIO skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.

Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er òg viktige tema for kunnskapsutvikling i 2019. Departementet legg vidare vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing.

I 2017 starta NIBIO arbeidet med å oppgradere og fornye IKT-systema knytte til Budsjettnemnda for jordbruket. Systema er avgjerande for verksemda og må forbetrast med tanke på tryggleik, nedetid og informasjonstap. Arbeidet vil halde fram i 2020.

Kap. 4136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

30

Husleige, Norsk institutt for bioøkonomi

17 658

18 081

18 533

Sum kap. 4136

17 658

18 081

18 533

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

242 029

248 878

241 761

51

Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

186 269

178 036

187 815

53

Omstillingsmidlar instituttsektoren m.m.

3 557

54

Næringsretta matforsking m.m.

165 059

158 901

170 000

70

Innovasjonsaktivitet m.m. , kan overførast

8 375

3 500

1 000

71

Bioøkonomiordninga , kan overførast

3 335

2 832

2 908

Sum kap. 1137

608 624

592 147

603 484

Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til å nå hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla. Løyvinga omfattar først og fremst forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd.

Rapportering 2018

Regjeringa har fastsett fem mål for Noregs forskingsråd. Rapportering på desse måla, og det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2018, er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2020.

Landbruks- og matdepartementet har eit breitt sektoransvar når det gjeld langsiktig kunnskapsbygging og bidrag til fagleg sterke forskingsmiljø på vegner av sektoren, samstundes som departementet har behov for kunnskap for forvaltning og politikkutforming. Rapporteringa nedanfor gir ei oversikt over aktivitet og bruk av Landbruks- og matdepartementets forskingsmidlar via Noregs forskingsråd i 2018. Ei meir utfyllande rapportering på resultat og verknader av forskingsløyvingane frå departementet finst i del III.

Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementets budsjett har i hovudsak blitt disponerte gjennom programmet Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR i Forskingsrådet. Programmet skal bidra til å finansiere forskingsprosjekt innanfor jordbruk, skogbruk, reindrift og andre landbaserte bionæringar, inkludert nye bioressursar, nye måtar å bruke bioressursar på, matforedling og matindustri. I tillegg følgjer programmet opp forskingsinnsatsen på områda matsikkerheit, mattryggleik, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens, berekraftig sunn matproduksjon og redusert matsvinn. Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt bidreg programmet til å byggje opp kompetanse av stor samfunnsverdi innanfor landbruks- og matsektoren, og på tverrfaglege område. BIONÆR finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking.

Departementet har òg bidrege med forskingsløyvingar til mellom anna programma Stort program energi (ENERGIX) og Miljøforsking for ei grøn samfunnsomstilling (MILJØFORSK), som følgjer opp ulike prioriterte område innan fornybar energi og miljø. Samla utgjer løyvingane til desse tre programma oppfølginga av departementets sektoransvar.

I 2018 tildelte Landbruks- og matdepartementet 198 mill. kroner til BIONÆR. Programmet finansierte 136 pågåande prosjekt med til saman 168 mill. kroner. 39 prosjekt blei avslutta og 43 nye starta opp.

Figuren under viser den tematiske fordelinga av BIONÆRs portefølje i 2018, og med dette den store breidda i departementets finansiering av forskinga innanfor dette programmet. Prosjekta kan vere tverrgåande og dekkje fleire tema. Mange av prosjekta i BIONÆR har element av klima- og miljøforsking i seg.

Figur 2.1 Tematisk fordeling av BIONÆR si portefølje i 2018

Figur 2.1 Tematisk fordeling av BIONÆR si portefølje i 2018

Tildelingar frå Landbruks- og matdepartementet til forsking skal leggje grunnlaget for stabil leveranse av trygg kvalitetsmat, auka lønnsemd og næringsutvikling. Figuren ovanfor viser at hovudinnsatsen i prosjektporteføljen til BIONÆR ligg innanfor matområdet, jordbruk og planteproduksjon og husdyr. Områda omfattar mellom anna næringsmiddelproduksjon, lagring og emballering av matvarer baserte på jordbruksprodukt, matsikkerheit, mattryggleik, under dette antibiotikaresistens, og redusert matsvinn. Innsatsen dekkjer òg departementets prioritering i 2018 av grunnleggjande agronomi, sortsutvikling og avlsarbeid, i tillegg til plante- og dyrehelse og dyrevelferd. Regjeringa sin strategi mot antibiotikaresistens 2015–2020 har vore lagd til grunn på relevante fagområde.

Som ei oppfølging av regjeringas bioøkonomistrategi prioriterte departementet midlar til ei satsing på mogleggjerande teknologiar, som bioteknologi, nanoteknologi og IKT, for framtidas bioøkonomi og lågutsleppssamfunn. Satsinga blei følgd opp med ei utlysing av midlar i samarbeid med programma HAVBRUK, BIOTEK2021, ENERGIX og SAMKUL og resulterte i seks tverrgåande prosjekt som skal ta for seg mogleggjerande teknologiar, spesielt bioteknologi for å analysere framtidig potensial og løyse problemstillingar knytte til bruk av ulike genredigeringsverktøy.

Bioøkonomistrategien blei også følgd opp gjennom innsats på området innovative biobaserte produkt. I 2018 blei tre prosjekt innvilga, og eitt av dei er finansiert av BIONÆR, etter ei fellesutlysing mellom fem program i Forskingsrådet. Prosjektet skal sjå på moglegheiter for innovativ vidareforedling av biologisk restråstoff og utvikling av nye produkt og prosessar.

Departementet prioriterte i 2018 òg forsking som skal gi meir kunnskap om klimautfordringar og samanhengar i jordbruket, mellom anna moglege tiltak for binding av CO 2 og lagring av karbon, tilpassing til eit endra klima og bidrag til utsleppsreduksjonar. Innanfor LAVUTSLIPP2030, ei sams satsing mellom Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet, er det sett i gang prosjekt på mellom anna biokol, myr, berekraftig husdyrproduksjon, lågare utslepp av lystgass frå gjødsel, klimanøytrale veksthus, fangst av metan i fjøs og moglegheiter for å redusere metanutslepp frå storfe.

Når det gjeld tildelingane retta mot forsking for å redusere utslepp av CO 2 , har dette vore dekt gjennom vidare innsats på områda biodrivstoff, biogass og biovarme. Desse områda blir forvalta av ENERGIX, som er det store programmet til Forskingsrådet innanfor miljøvennleg energi. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer porteføljen.

Det har òg vore innsats på området skog- og treforsking, mellom anna for å styrkje bidraget frå skogen til verdiskaping i heile landet og for å nå energi-, klima- og miljømål. Viktige innsatsområde har vore auka bruk av trevirke, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. Det er i hovudsak BIONÆR som har hatt forskingsprosjekt på desse områda, men prosjekt i MILJØFORSK har òg gitt viktige bidrag. MILJØFORSK er Forskingsrådets hovudsatsing på miljøforsking, og dekkjer landbasert miljø, ferskvatn og luft. Programmet skal bidra med auka kunnskap om sentrale miljøutfordringar, og gi forvaltning, næringsliv og samfunnet elles eit betre grunnlag for å ta avgjerder.

Tildelinga til Forskingsrådet går òg til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innanfor næringane i landbrukssektoren. Tematisk innretta program som BIONÆR og ENERGIX har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser ut vesentlege private midlar til forsking.

I BIONÆR blei det gitt midlar til kommersialisering av forskingsresultat til tre technology transfer offices (TTO), som saman med forskingsmiljøa fekk finansiering på til saman 5 mill. kroner.

Vidare er tildelinga nytta til programmet Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION), som har som mål at fleire bedrifter skal bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt, og at fleire fagmiljø i FoU-institusjonane blir relevante samarbeidspartnarar for næringslivet. FORREGION har fleire aktivitetar for å fremje utvikling av bioøkonomien innanfor jordbruk og skogbruk.

Auka internasjonalisering står sentralt i tildelingar over Landbruks- og matdepartementets forskingsbudsjett, og det gjer det mogleg for norske FoU-miljø å delta i konkurransen om internasjonale forskingsmidlar innanfor mange nettverk i European Research Area Net (ERA-NET), som er eit samarbeid mellom ulike forskingsprogram i Europa. Norske miljø deltek innanfor område som mat- og husdyrproduksjon, økologisk produksjon og forbruk, dyrehelse og skogbruk. På landbruks- og matområdet har fellesprogrammet (JPI) Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) resultert i ei rekkje prosjekt med norsk deltaking innanfor bioøkonomi og klimaeffektar. Aktiviteten har auka kraftig dei siste åra. Norske aktørar har mellom anna stor suksess i prosjekt knytte til reduserte klimagassutslepp.

I 2017 blei det inngått intensjonsavtalar (MoU) mellom Landbruks- og matdepartementet og landbruksdepartementet i Kina, og mellom CAAS (Chinese Academy of Agricultural Sciences) og NIBIO om forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet. Som ei oppfølging av dette blei det sett av midlar i BIONÆR til ei fellesutlysing med Kina (National Natural Science Foundation of China) på området berekraftig landbruk. Det blei løyvd 20 mill. kroner til fire prosjekt på berekraftige, miljøvennlege og klimasmarte produksjonsløysingar. Det blei òg gitt ei eigongsløyving på 4,6 mill. kroner til NIBIO, som i samarbeid med Veterinærinstituttet skal byggje opp forskingsaktivitet saman med Kina.

Veterinærinstituttet fekk i 2018 tildelt 7,4 mill. kroner til «HUNT Éi helse», eit prosjekt der instituttet samarbeider tett med Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT). Det skal leggjast til rette for forskingsprosjekt i skjeringa mellom folkehelse og dyrehelse med utgangspunkt i biologisk forskingsmateriale frå dyr som kan knytast til personar som deltek i HUNT. I 2018 er det samla inn meir enn 2000 avføringsprøver frå dyr. Det blir no lagt planar for vidare analyse av prøvene som skal gjere mikrobiomsekvensdata tilgjengelege for forskarar.

Dei handlings- og næringsretta programma til Forskingsrådet er retta mot kunnskapsbehov i sektoren og i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, MILJØFORSK og ENERGIX er viktige verkemiddel for kunnskapsutvikling i forvaltninga og for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. I tillegg til porteføljen av samfunnsfaglege prosjekt om rammevilkår og næringspolitikk blir det lagt vekt på at samfunnsfaglege problemstillingar må integrerast i prosjekt der det er relevant.

Forskingsrådet skal bidra til å auke kvaliteten på og relevansen av forskingsprosjekta. Kvaliteten på søknadene til BIONÆR er svært god, og i 2018 hadde om lag 65–80 pst. av søknadene om forskarprosjekt karakteren 5 eller betre (7 er det beste). Innovasjonssøknadene ligg på nivå med forskarprosjektsøknadene.

For å sørgje for ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane i landbrukssektoren samarbeider Forskingsrådet med styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), jf. omtale under kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.

Forvaltninga har behov for kunnskap for å sikre nok og trygg mat, god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd, samstundes som ein tek omsyn til miljø og klima. I 2012 blei det etablert ei finansieringsordning for å styrkje forvaltningsretta forsking. Ordninga blei evaluert av Mattilsynet i 2018 og vurdert som svært vellykka. Departementet har vedteke å vidareføre ordninga for fem nye år.

God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk både av primærprodusentane og dei andre ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Gjennom forskingsprogramma blir det arbeidd målretta med nyheiter om forskingsresultat gjennom heile året. Programma gir òg viktige bidrag til formidling av ny kunnskap, mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte, og forskarsamlingar. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn, og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Norsk Landbruksrådgiving, som er eit viktig bindeledd mellom forskinga og landbruket, speler i så måte ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane.

Budsjettframlegg 2020

Landbruks- og matdepartementet gjer i 2020 framlegg om ei løyving på 241,8 mill. kroner over kap. 1137, post 50. Løyvinga skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar – og dei forskingspolitiske delmåla, som er omtalte i kat. 15.20.

Departementet vil i 2020 særleg rette merksemda mot kunnskap som gjer oss i stand til å tilpasse matproduksjon til eit klima i endring, og med det lønnsam produksjon av nok og trygg mat. Teknologiutvikling og auka kunnskap om plante- og dyrehelse i eit endra klima vil vere ein viktig del av dette. Knytt til oppfølginga av Regjeringas langtidsplan for forskning og høyere utdanning vil det bli prioritert 10 mill. kroner retta mot desse områda.

I tillegg til forsking innanfor plante- og dyrehelse i eit endra klima vil Landbruks- og matdepartementet leggje vekt på område som bidreg til å ta vare på og vidareutvikle arbeidet med å sikre mattryggleik i Noreg. Kunnskap som kan bidra til at Noreg framleis har Europas lågaste forbruk av antibiotika i husdyrproduksjonen, er blant desse områda. I tillegg vil kunnskap innanfor dyrevelferd vere viktig.

Departementet vil framleis prioritere kunnskap som kan bidra til å styrkje skogen si rolle i klimasamanheng, både som karbonlager og som erstatning for produkt baserte på fossilt karbon. Innsatsen på området må sjåast i samanheng med strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, som blei lagd fram i 2019.

Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon, kommersialisering og konkurransekraft i dei mange næringane i landbruket. I dette arbeidet står den brukarstyrte forskinga og arbeidet innanfor bioøkonomi og mogleggjerande teknologiar sentralt.

Departementet vil også i 2020 leggje vekt på auka internasjonalisering av landbruks- og matforskinga. Noregs forskingsråd skal leggje til rette for at dei nasjonale forskingsprogramma utviklar vidare det strategiske, tematiske og finansielle samspelet med EU-forskinga, inkludert Horisont 2020. Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal førast vidare.

Forsking er viktig for å støtte opp under behovet for kunnskap i forvaltninga. Det gjeld på alle ansvarsområda til departementet. Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsbehova innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. I denne samanhengen er det behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltninga. Det er viktig å sjå midlane i samanheng med midlar tildelt frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og forskingsmidlar over jordbruksavtalen (jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50).

Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen i Noregs forskingsråd. Arenaen omfattar Norsk institutt for bioøkonomi, Nofima AS, Veterinærinstituttet, SINTEF Ocean og Ruralis (Institutt for rural- og regionalforsking).

Forskingsrådet har ansvaret for fordelinga av basisløyvingane til forskingsinstitutta på Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde: Norsk institutt for bioøkonomi, Ruralis og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima AS tildelt midlar til fleirårige strategiske program frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. kap. 1137, post 54.

Formål med løyvinga

Formålet med basisløyvingar er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvingane på posten skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging innan landbruks- og matområda og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid. Løyvingane skal nyttast i tråd med retningslinene for statlege basisløyvingar til forskingsinstitutt.

Rapportering 2018

Samla blei det tildelt 289,2 mill. kroner i basisløyvingar til primærnæringsinstitutta i 2018. Av dette blei 179 mill. kroner gitt over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet og 110,2 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg fekk Norsk institutt for bioøkonomi 2,0 mill. kroner til strategiske satsingar frå Klima- og miljødepartementet og Nofima AS grunnløyving på 74,1 mill. kroner til strategiske program frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt.

Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2018

Driftsinntekter

Driftsresultat

Basisløyving i 2018

Basis disponert til strategiske instituttsatsingar

Basisløyving per forskarårsverk

Basisløyving i pst. av drifts-inntektene

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Pst.

NIBIO

735,4

1,5

149,2

31,6 1

0,41

20

Veterinærinstituttet

405,6

1,6

31,4

6,4

0,23

8

Ruralis

48,0

0,3

8,7

2,6

0,32

18

Sum

1 189

3,4

189,3

40,6

1 Inkluderer strategiske midlar til NIBIO frå Klima- og miljødepartementet.

Kjelde: Tal frå Årsrapport 2018 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd.

Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2018

Samla årsverk

Forskarårsverk som del av samla årsverk

Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk

Publikasjonspoeng per forskarårsverk

Pst.

Forh. tal

Forh. tal

NIBIO

634

56

0,72

0,66

Veterinærinstituttet

296

46

0,89

0,69

Ruralis

32

84

0,63

1,37

Sum

962

Norsk institutt for bioøkonomi

NIBIO hadde eit driftsoverskott på 1,5 mill. kroner i 2018. Dette er knytt til oppdragsverksemda til instituttet. Tilsvarande for 2017 var eit underskot på 2,6 mill. kroner. Talet på årsverk var 634 i 2018, mot 633 i 2017.

I 2018 har instituttet brukt midlar av basisfinansieringa til 11 strategiske instituttsatsingar. Dette er fleirårige prosjekt som har som formål å byggje kompetanse på fagområde som vil bli viktige for instituttet framover. I 2018 har det vore slike satsingar til dømes innanfor auka matproduksjon, planteskadegjerarar, auka berekraft i bioøkonomien, innovative løysingar for grøntnæringa, plantevernmiddel og auka verdiskaping i skogsektoren.

Midlane har òg blitt brukte til strategiske tiltak som mellom anna Senter for presisjonsjordbruk og til etablering av Senter for presisjonsskogbruk. Det har vore gjennomført nettverksbygging og kompetanseutvikling for å styrkje samarbeidet med andre FoU-aktørar nasjonalt og internasjonalt. Andre tiltak innanfor løyvinga har vore oppbygging av instituttets eigenkompetanse, publisering og formidling og kvalitetssikring av resultat i ulike forskingsprosjekt.

Også deltaking i fleire internasjonale forskingsorgan er belasta basisløyvinga. Denne har dessutan dekt noko av den internasjonale prosjektutviklinga. Basisløyvinga bidrog vidare til å finansiere 18 stipendiatar ved NIBIO.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet hadde eit driftsoverskott i 2018 på 1,6 mill. kroner. I 2017 var overskottet på 1,2 mill. kroner. Instituttet rapporterer at talet på årsverk er 296. Det vil seie det same som i 2017.

I 2018 har om lag ein fjerdedel av basisløyvinga blitt brukt til strategiske instituttsatsingar. Dette er på viktige område som til dømes helseeffektar av mykotoksinar hos dyr og menneske, og dyrevelferd. I tillegg har Veterinærinstituttet sidan 2018 vore ein del av eit stort europeisk prosjekt innanfor éi helse. Dette prosjektet er ei stor strategisk investering som blir styrt på same måte som dei strategiske instituttsatsingane.

Basisløyvinga har vidare blitt brukt som eigendel i 45 forskingsprosjekt finansierte av Forskingsrådet og EU. Andre tiltak under løyvinga har vore rettleiing av PhD-kandidatar og masterstudentar, finansiering av deltaking i internasjonale nettverk, og kompetanseoppbygging innanfor bioinformatikk.

Ruralis

Ruralis hadde eit driftsoverskott på 0,3 mill. kroner i 2018. Tilsvarande for 2017 var eit overskott på 0,6 mill. kroner. Talet på årsverk var 32 i 2018, mot 29 i 2017.

Delar av basisløyvinga har i 2018 blitt brukt til tre pågåande strategiske instituttsatsingar. Desse er knytte til tema som ruralsosiologisk kompetanse, rurale lokalsamfunn og bruk og utnytting av utmark. Løyvinga har vidare vore brukt som eigendel i forskingsprosjekt knytte til regionale forskingsfond og til internasjonalt samarbeid innan Cost. Andre tiltak har vore nettverksbygging, konferansedeltaking, kurs, utvikling av nye forskingsprosjekt og dekning av utgifter med doktorgradsstipendiatar.

Budsjettframlegg 2020

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 187,8 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt. Løyvinga blir fordelt på primærnæringsarenaen i tråd med formålet slik det går fram av Retningsliner for statleg basisfinansiering av forskingsinstitutt .

Av den føreslåtte auken over posten skal 5 mill. kroner innrettast mot langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging, infrastruktur og nettverksbygging for å støtte opp under langsiktige prioriteringar i langtidsplanen for forskning og høyere utdanning. Løyvinga skal sjåast i samanheng med prioritering av midlar retta mot klimatilpassa og lønnsam matproduksjon, jf. omtale under kap. 1137, post 50. Midlane skal tildelast Veterinærinstituttet.

Forskingsinstitutta er ein sentral del av det norske forskings- og innovasjonssystemet. Instituttsektoren er samarbeidspartnar og leverandør av FoU-tenester til næringsliv og offentleg sektor og bidreg til å overføre teknologi og kompetanse mellom aktørar. Kunnskapsdepartementet har sett i gang ein prosess med sikte på å utvikle ein meir heilskapleg instituttpolitikk. Landbruks- og matdepartementet deltek i dette arbeidet.

Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til omstilling i instituttsektoren i landbruket i retning av meir faglege og økonomisk solide institutt. I første rekkje skal løyvinga bidra til å realisere formålet regjeringa hadde med å opprette Norsk institutt for bioøkonomi, og til å dekkje delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås.

Rapportering 2018

I 2018 blei det tildelt 2,1 mill. kroner over posten til Norsk institutt for bioøkonomi. Midlane har vore brukte til å greie ut samlokalisering på Ås og å vidareutvikle regionalt nærvær. Vidare blei det tildelt 1,5 mill. kroner til Veterinærinstituttet for å førebu flyttinga til Ås i 2020.

Budsjettframlegg 2020

Posten er avvikla frå 2019.

Post 54 Næringsretta matforsking m.m.

Formål med løyvinga

Ordninga har bakgrunn i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, som blei oppretta i medhald av lov 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Løyvinga skal mellom anna gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor. I tillegg skal løyvinga gå til næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse.

Midlane blir kravd inn gjennom ei avgift på importerte og norskproduserte landbruksprodukt. Løyvinga skal forvaltast av eit styre som er oppnemnt av departementet.

Løyvinga blir motsvart av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt.

Rapportering 2018

Midlane i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt blir forvalta av eit styre som er sett saman av seks representantar frå matområdet, i tillegg til ein styreleiar som er oppnemnt av departementet. Midlane skal støtte opp under formålet til lov om forskingsavgift. I tillegg har fondet eit særleg ansvar for grunnløyving til forskingsinstituttet Nofima AS. Midlar som ikkje går til grunnløyving til dette instituttet, går i hovudsak til finansiering av forskingsprosjekt etter open utlysing. Dette er prosjekt i heile verdikjeda frå primærleddet til industri- og forbrukarleddet. Dei ulike produksjonane skal komme rimeleg ut når avgiftsmidlar frå ordninga skal fordelast. Som hovudregel skal resultata frå prosjekt som er støtta av fondet, vere opne for alle.

Utlysing av midlar frå fondet i 2018 var innretta mot auka berekraftig matproduksjon, auka og alternativ råstoffutnytting av biomasse, reduserte klimagassutslepp og klimatilpassa produksjon, teknologisk utvikling, mattryggleik, helse og samfunn. Styret for fondet tildelte midlar til 12 nye forskarprosjekt med ei samla ramme på 61,3 mill. kroner og 9 næringsretta innovasjonsprosjekt med ei samla ramme på 43,0 mill. kroner. Kvaliteten på søknadene til ordninga aukar frå år til år.

Matforskingsinstituttet Nofima AS er tildelt midlar til fleirårige strategiske program der inneverande periode er frå 2017 til 2020. For 2018 fekk instituttet 74,1 mill. kroner til desse programma. Dei tek for seg viktige område som sunnare mat, ein berekraftig matindustri, auka innovasjon i industrien og trygg og haldbar mat.

Fondet har også bidrege med 2 mill. kroner til miljøforskingsprogrammet i Noregs forskingsråd.

Budsjettframlegg 2020

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 170,0 mill. kroner på posten. Det vil vere uvisse knytt til inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt og til forbruk det enkelte året. Departementet legg difor opp til ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. framlegg til romertalsvedtak II.

Post 70 Innovasjonsaktivitet m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga over posten skal nyttast til innovasjonsaktivitet i landbruks- og matsektoren.

Rapportering 2018

Siva – Selskapet for industrivekst SF

Løyvinga har gått til å støtte opp under gründerar på landbruks- og matområdet gjennom fire inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst SF (Siva). Ein inkubator gir støtte til verksemder som har etablert ny kommersiell aktivitet. Resultatforventningane til departementet har vore auka overleving og vekst blant deltakande verksemder samanlikna med dei som ikkje nyttar tilbodet. Både ei midtvegsevaluering av programmet og ein rapport frå SSB viser at verksemder som får hjelp frå inkubatorane, har høgare omsetnad og verdiskaping enn liknande verksemder. Deltakinga styrkjer òg samhandlinga mellom landbruksverksemder og andre næringar og sektorar. Til saman har det vore 87 verksemder i dei fire inkubatorane i 2018.

Validé AS i Stavanger har motteke 1 mill. kroner og ytt tenester til 14 verksemder. Nedslagsfeltet for inkubatoren er det meste av Rogaland. Inkubatoren leverer gode resultat, med mange spennande verksemder på landbruks- og matområdet. Klosser Innovasjon på Hamar har motteke 1 mill. kroner og har ytt tenester til 19 verksemder. Miljøet har lang erfaring med inkubasjon i mellom anna jordbruk og skogbruk. Med inkubatoren, innovasjonssenteret BioSmia og arenaprosjektet Heidner er det samla sett etablert eit godt system for innovasjon og nyskaping i fylket. Proneo AS er lokalisert i Verdal og Stjørdal og har eit veksande nedslagsfelt i heile Trøndelag. Selskapet har motteke 1 mill. kroner og ytt tenester til 17 verksemder i 2018. Inkubator Ås AS har motteke 2 mill. kroner og ytt tenester til 47 verksemder.

BioSmia – Senter for marknadsdriven bioinnovasjon

Løyvinga til BioSmia skal mellom anna nyttast til innsamling av ny kunnskap og utviklingsarbeid, i tillegg til å leggje til rette for samarbeid og nettverksarbeid. I 2018 har BioSmia oppretta direkte kontakt med bedrifter, entreprenørar og potensielle samarbeidspartnarar. Nytt i 2018 er at BioSmia har arbeidd med kompetansemekling innan FORREGION-ordninga, eit verkemiddel i regi av Forskingsrådet som skal kople verksemder utan eiga forskingsavdeling med forskingspartnarar. I 2017 oppretta BioSmia nodar i dei ulike regionane i Hedmark, og senteret har med dette fått eit stort prosjekttilfang. Nodane har i 2018 blitt vidareutvikla, og spesielt samarbeidet med Sør-Østerdalregionen har blitt tettare i 2018.

BioSmia samarbeider tett med dei andre avdelingane i Klosser Innovasjon (tidlegare Hedmark Kunnskapspark), med mål om at BioSmia skal fange opp idear frå NCE Heidner Biocluster og næringslivet elles, og foredle og utvikle desse til verksemder som kan gå inn i inkubatoren. I nokre tilfelle har BioSmia òg teke initiativ til prosjekt på spesifikke fagområde, slik som etablering av eit bedriftsnettverk for bioraffinering av insekt.

Ved utgangen av 2018 hadde BioSmia ein portefølje på 39 aktive og 42 avslutta prosjekt. Prosjekta har eit stort mangfald og breidd.

Mære landbruksskole – Landbrukets klima- og energisenter

Løyvinga til Landbrukets klima- og energisenter ved Mære landbruksskole er i 2018 blitt nytta til utgreiingsarbeid, bygging av nettverk og etablering av FoU-samarbeid, mellom anna knytt til demonstrasjonsanlegga, og spesielt for å nytte Mære som arena for formidling. Senteret har lagt vekt på samarbeid med FoU-miljø, og det har arrangert fleire fagdagar med deltakarar frå primærnæringar (gardbrukarar), rådgivarar og elevar. I 2018 er det særleg to samarbeid som kan få stor verdi for utviklinga av Landbrukets klima- og energisenter framover. Det eine er eit samarbeid med Institutt for husdyrfag ved NMBU og NIBIO for å etablere FoU omkring nullutsleppsgarden. Det andre er eit samarbeid med NIBIO, Sintef og Nord universitet om å utvikle Mære som FoU-arena. Det er òg lagt eit godt grunnlag for å jobbe breiare og meir aktivt med jord og karbonfangst.

Budsjettframlegg 2020

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner under posten, retta mot tilskott til Landbrukets klima- og energisenter ved Mære landbruksskole.

Midlane til BioSmia blei gitt for å gi miljøet høve til å utvikle verksemda si som pådrivarar for å skape ytterlegare verdiar og arbeidsplassar innan dei biobaserte næringane i Hamar-regionen. Det er ikkje føreslått å løyve midlar til BioSmia for 2020.

Post 71 Bioøkonomiordninga

Formål med løyvinga

Løyvinga skal fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Midlane skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane. Sjå òg omtalen av ordninga under kap. 2421, post 50, i Prop. 1 S (2017–2018) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa ser eit stort potensial i å stimulere til vidareutvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane. Løyvinga skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar.

Rapportering 2018

Bioøkonomiordninga fungerer som ein «paraply» over åtte ulike verkemiddel fordelte på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Målgruppa for ordninga er bedrifter (uavhengig av storleik) som utviklar og tek i bruk løysingar for produksjon, foredling og distribusjon av bioressursar. Ordninga dekkjer utviklingsstøtte både i og på tvers av eksisterande verdikjeder og er landsdekkjande.

Prosjekt som blir prioriterte, skal

  • utvikle eller bidra til utvikling av løysingar i produksjon, foredling og/eller full utnytting i bruk av bioressursar, til dømes produktutvikling, prosessutvikling eller organisatorisk utvikling

  • bidra til utvikling av marknadsretta strategi, nye marknader og/eller byggje opp merkevarer

  • sannsynleggjere eit positivt klimabidrag

  • bidra til auka og berekraftig matproduksjon

Tildelingar frå Landbruks- og matdepartementet har vore nytta til mobiliseringsarbeid knytt til landbruk. Prosjekta som er finansierte, er knytte til utvikling av nye produksjonsformer, teknologi for effektivisering (og auka matproduksjon) av produksjon innan landbruket. I fleire av prosjekta samarbeider bonde og leverandørindustri i utvikling av nye tenester og produkt.

Vidare har det vore lagt vekt på utvikling innan teknologidrive landbruk og spesifikt berekraftig og effektiv planteproduksjon.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving til Bioøkonomiordninga i Innovasjon Noreg med ei samla ramme på 2,8 mill. kroner for 2020. Det er òg overførte midlar på posten som det er gitt tilsegn til, og det vil ikkje alltid vere slik at løyvingane kjem til utbetaling same året som dei blir løyvde. Departementet legg difor òg opp til ei tilsegnsfullmakt på posten på 6,6 mill. kroner, jf. framlegg til romertalsvedtak IV.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

40 577

48 773

48 527

-0,5

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

22 994

29 059

30 205

3,9

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

82 815

95 791

79 278

-17,2

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

11 389

1142

Landbruksdirektoratet

435 096

501 105

674 637

34,6

1148

Naturskade – erstatningar

84 722

152 600

168 000

10,1

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

191 687

134 705

122 206

-9,3

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

16 659 610

15 920 523

16 645 652

4,6

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

116 537

123 100

136 100

10,6

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

24 457

24 335

24 213

-0,5

Sum kategori 15.30

17 658 494

17 029 991

17 940 207

5,3

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

4140

Haustbare viltressursar

4 029

4 500

-100,0

4141

Haustbare viltressursar

4 500

4142

Landbruksdirektoratet

47 179

43 203

44 363

2,7

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

1 163

50

50

0,0

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

25 000

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

165 059

253 901

260 000

2,4

Sum kategori 15.30

242 430

301 654

308 913

2,4

Mål og strategiar

Budsjettframlegget under kategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskaping og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, forvaltning av haustbare viltressursar og støtte til organisasjonar. Sjå òg nærare informasjon om næringsavtalane i Prop. 120 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2019 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2019) og Prop. 117 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2019 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2019/2020) m.m. og handsaminga av desse i Stortinget.

Framlegget under kategorien rettar seg særleg mot hovudmåla landbruk over heile landet , auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis ei differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

Regjeringa vil i 2020 arbeide vidare med å følgje opp stortingsmeldingane om jordbrukspolitikken, skog- og trenæringa, reindrifta og vekst og gründerskap. Bidrag frå landbruket til å løyse klimautfordringane har òg høg prioritet. Viktige nasjonale strategiar innanfor bioøkonomi, reiseliv, økologisk jordbruk og jordvern er med på å gi retning for arbeidet. Det blei i 2019 lagt fram eit strategidokument med formål å mobilisere skog- og trenæringa til meir forsking, utvikling og innovasjonsaktivitet og bidra til større etterspørsel etter grøne, trebaserte produkt. Strategidokumentet blir følgt opp vidare i 2020, mellom anna gjennom eit dialogforum som blei etablert hausten 2019.

Landbruksdirektoratet, jf. kap. 1142, står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken og er støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Det blir lagt vekt på brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og gode juridiske verkemiddel i tillegg til kontroll og dokumentasjon.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er viktig i arbeidet med å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev god oversikt over areal- og genressursane, noko som er føresetnader for lønnsam drift og god kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ein viktig leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.

Prioriteringar

Internasjonale prosessar

Regjeringa vil innanfor gitte landbrukspolitiske rammer arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar om marknadstilgang for landbruksvarer innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet.

Fram mot ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017 drøfta medlemslanda i WTO ulike tema som kunne bidra til ein friare verdshandel med landbruksvarer. Ministerkonferansen gav ingen nye resultat på landbruksområdet. Regjeringa ser det som viktig å få på plass ein ny multilateral avtale og vil bidra aktivt framover gjennom ulike initiativ. Når det gjeld forpliktingane i den eksisterande WTO-avtalen og oppfølginga av ministererklæringa frå Nairobi i 2015 om avvikling av eksportsubsidiar for landbruksvarer innan utgangen av 2020, tilpassar regjeringa verkemiddelbruken i landbruket slik at Noreg held seg innanfor forpliktingane.

EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. Det blei sett i verk ein ny artikkel 19-avtale 1. oktober 2018 om auka handel mellom Noreg og EU. Avtalen inneber auka kvotar inn til Noreg for mellom anna ost, kjøtt og blømande plantar. Vidare gir avtalen auka eksportkvotar inn til EU for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar. EFTA forhandlar i 2019 med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre Kina, India og Vietnam. I august 2019 blei EFTA og Mercosur (Brasil, Argentina, Paraguay og Uruguay) samde om ein frihandelsavtale. EFTA-forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer.

På FNs klimakonferanse i Fiji/Bonn i november 2017 blei partane samde om vidare arbeid med klima, jordbruk og matsikkerheit fram mot klimakonferansen hausten 2020. Partane samlar seg no om kunnskap og tiltak innanfor praktiske og overordna tema som jordsmonn, gjødselhandtering, husdyrhald, klimatilpassing og matsikkerheit. I 2019 har det komme rapportar frå FNs klimapanel (IPCC) og FNs naturpanel (IPBES) som viser at jordbruket står i kjernen av vår tids store utfordringar med å brødfø verda, sikre klimaet og ta vare på naturmangfaldet. Jordbruket har difor ei sentral stilling i mange internasjonale forhandlingar og i arbeidet med berekraftig utvikling. Departementet vil halde fram med å engasjere seg i internasjonalt samarbeid om landbruk og klima. Det er viktig å sikre eit godt samarbeid mellom sekretariatet for FNs klimakonvensjon (UNFCCC), FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland på dette området.

Mandatet til FAO omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert jordbruk, skogbruk, arealforvaltning, vatn og genetiske ressursar. Arbeidet med ernæring vil vere eit prioritert område for FAO i 2020 og 2021. Noreg vil følgje opp dette i fagkomiteane og dei andre styrande organa. Noreg vil òg følgje og påverke det internasjonale arbeidet mot antibiotikaresistens innanfor One Health-rammeverket og oppfølging av berekraftsmåla. Noreg er ein pådrivar både gjennom FAO og Verdshelseorganisasjonen (WHO).

I tillegg er standardsetjing for mattryggleik under Codex Alimentarius, den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar (plantetraktaten), fagkomiteane innan landbruk, skog og fiske i FAO og kommisjonen for genetiske ressursar prioriterte område.

2030-agendaen har sett ambisiøse mål – berekraftsmåla – for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030. Regjeringa vil føre vidare ein aktiv innsats for å følgje opp måla.

Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for berekraftige matsystem, som er eit prioritert område innan utviklingspolitikken.

Departementet vil framleis støtte opp om FAOs arbeid med berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med andre land om kartlegging av og utvikling i forvaltning av skogressursane. Departementet vil òg ta aktivt del i arbeidet under FAOs kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Det inneber òg vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet arbeider spesielt for forbetringar av det multilaterale systemet for tilgang og fordelsdeling knytt til genressursar i plantetraktaten og styrking av bønders rettar til såvare. Dette vil bidra til ei meir effektiv planteforedling og større matproduksjon både i Noreg og i andre land.

Det er behov for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt og vedtok i 2017 ein strategisk plan for alt arbeid som blir gjort i FN på skogområdet. I Europa samarbeider landa om berekraftig skogforvaltning og utvikling av skog- og trenæringa gjennom FOREST EUROPE, FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs regionale skogkommisjon for Europa (EFC). Noreg deltek aktivt i dette arbeidet. Noreg er medlem av European Forest Institute (EFI), eit europeisk forskingsinstitutt som er oppretta ved ein internasjonal avtale. Noreg bidreg økonomisk til den delen av EFI som arbeider med å kople forsking og politikkutvikling, noko som gir eit kunnskapsgrunnlag for nasjonal og europeisk skogpolitikk. Noreg er òg medlem av to regionale skogsamarbeid, skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit Sirkumborealt samarbeid der også Canada og USA deltek. Noreg vil ha formannskapet i Barents Forest Sector Network frå oktober 2019 til oktober 2021.

Nordisk ministerråd for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransekraftig bruk av naturressursar, mellom anna dei genetiske ressursane. Det er eit mål å skape meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane deira gjennom sams nordisk innsats. Det fireårige samarbeidsprogrammet utgjer, saman med dei årlege formannskapsprogramma og overordna initiativ, handlingsrommet for samarbeidet. Departementet vil også i tida framover leggje vekt på det nordiske samarbeidet innanfor bioøkonomi og grøn omstilling. Under ministermøtet i Haparanda sommaren 2018 blei det vedteke ein bioøkonomistrategi som skal vere retningsgivande for det nordiske ministersamarbeidet på dette området. I dette samarbeidet er både skogbruk og jordbruk sentrale element for å bidra til utviklinga mot det grøne skiftet. Ministerrådet vedtok også at det nordiske samarbeidet må finne gode og langsiktige løysingar for det nordiske genressursarbeidet gjennom NordGen. Det skogtregenetiske samarbeidet i Norden, som nå er organisert inn i NordGen, har halde på i 50 år. Arbeidet har gitt vesentleg nytte for det nordiske skogbruket. Dette vil bli markert på ein konferanse i Noreg i 2020. Samarbeidsministrane (MR-SAM) har nyleg starta arbeidet med revisjon av dei overordna måla for samarbeidet og har så langt peika på strategiske prioriteringar for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden.

Utbreiinga av villsvin i Noreg og dei andre nordiske landa uroar landbruksmiljøa, særleg svinehaldet. Landbruksmiljøa er urolege grunna frykt for afrikansk svinepest og avlingsskade. I dag er Russland, store delar av Kina, fleire austeuropeiske land og ni av EUs medlemsland ramma av afrikansk svinepest. Landbruks- og matministeren tok opp spørsmålet om ei sams nordisk tilnærming for å møte utfordringane med villsvin på eit ministermøte på Island hausten 2019. Ministrane vedtok å følgje opp villsvinproblematikken i Norden fram mot neste ministermøte i Danmark i 2020.

Hovudtrekk i jordbruksoppgjeret

Det lokale ressursgrunnlaget, marknadsmoglegheiter og kompetansen til bonden bør i stor grad vere avgjerande for produksjonen, ikkje offentlege avgrensingar og komplekse tilskottsordningar. Utøvarar i alle produksjonar og på alle typar bruk skal, som sjølvstendige næringsdrivande, ha reelt høve til inntektsutvikling på line med andre i samfunnet. Gode inntektsmoglegheiter for dei som bruker heile eller mesteparten av arbeidskrafta si i næringa, er ein føresetnad for auka matproduksjon, for at næringa skal rekruttere kompetent arbeidskraft, og for at unge menneske skal satse på ei framtid i jordbruket. Ei berekraftig kostnadsutvikling, god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsutviklinga. Målet er at inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta frå marknaden.

Utforminga av verkemidla er basert på ei prioritering mellom måla og at måla skal bli nådde effektivt. Målkonfliktar inneber at auka måloppnåing innanfor eitt område kan gi lågare måloppnåing på eit anna område. Auka matproduksjon på norske ressursar har i fleire år vore hovudmålet for jordbrukspolitikken. Saman med målet om landbruk over heile landet krev det ei tydeleg prioritering i bruken av jordbruksareala mellom område som er eigna til grasproduksjon, og område som er eigna til produksjon av plantevekstar til mat.

Jordbruket la fram kravet sitt 29. april, og tilbodet frå staten blei lagt fram 7. mai. Den 9. mai melde jordbruket at dei ville gå i forhandlingar. I kravet prioriterte Jordbrukets forhandlingsutval reduksjon i inntektsgapet, auka bruk av norske ressursar, styrkt lønnsemd i kornproduksjon og ei innovasjons- og vekstpakke for grøntnæringa. Dei la òg vekt på å betre økonomien for små og mellomstore bruk, og føreslo å innføre strukturdifferensierte satsar for arealtilskott, som blei fjerna i 2014. Statens forhandlingsutval la vekt på å styrkje inntektsmoglegheitene for dei som bruker heile eller mesteparten av arbeidskrafta si i næringa, og for produksjonar med marknadsmoglegheiter, som korn, poteter, frukt, grønsaker og bær. Tilbodet la òg opp til fleire tiltak for innovasjon og vekst i grøntsektoren. Den 16. mai inngjekk staten jordbruksavtale med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for perioden 2019–2020.

Ramma i jordbruksoppgjeret i 2019 la til rette for ein inntektsauke i den normaliserte rekneskapen på 6,5 pst. frå 2019, før oppgjeret, til 2020, gitt ein føresetnad om forbetring i marknadsbalansen tilsvarande 195 mill. kroner. Dette utgjer om lag 20 600 kroner per årsverk, som er 600 kroner høgare enn lønnsmottakarar. Delar av ramma kan få inntektseffekt frå 1.7.2019 dersom prisauken blir realisert fullt ut. Beløpsgrensa for fullt jordbruksfrådrag aukar innanfor ei provenyramme på 90 mill. kroner, noko som har ein inntektsverknad før skatt på om lag 150 mill. kroner.

Jordbruksoppgjeret i 2019 la stor vekt på å prioritere inntektsmoglegheiter i produksjonar med marknadsmoglegheiter, å styrkje grunnlaget for små og mellomstore bruk og samstundes ta omsyn til at større bruk får størst inntektsreduksjon dersom det er svak prisutvikling på landbruksprodukt og auke i kostnader og renter. Vidare blei den geografiske produksjonsfordelinga, som i fleire av dei siste oppgjera har blitt styrkt, ytterlegare forsterka, til liks med miljø- og klimaarbeidet og arbeidet rundt forsking og utvikling, kompetanse og velferdsordningane.

Det blir etablert ei særskild satsing på grøntsektoren, med mål om å auke delen norskproduserte varer og å møte auka etterspørsel med mest mogleg norsk vare. Satsinga omfattar forsterking av eksisterande verkemiddel frå FoU og rekruttering til produktivitetsutvikling og omsetnad, og at det blir etablert eit rådgivande utval av aktørane i verdikjeda, avtalepartane og verkemiddelapparatet. Utvalet skal innan 15. mars 2020 leggje fram ein langsiktig plan for styrkt innovasjon, vekst og auka norsk del av grøntproduksjonar. Økonomien i produksjonen av korn, poteter og grønsaksproduksjon er vesentleg styrkt, særleg for areal som er best eigna til slik produksjon. I tråd med måla i Granavolden-plattforma blei tilskott til det grasbaserte husdyrhaldet ytterlegare differensiert for å treffe betre områda med utfordringar i produksjonsforhold.

Som følgje av WTO-avtalen frå Nairobi i 2015 må Noreg avvikle eksportsubsidiane innan 2021. Det inneber at produksjonen av mjølk må reduserast med om lag 100 mill. liter. I jordbruksoppgjeret 2019 var partane samde om ein prosess hausten 2019 for å utarbeide eit opplegg for korleis dette skal gjennomførast. Eit samla opplegg skal vere klart seinast 1. oktober 2019. Partane var òg samde om at nedskaleringa skal gjennomførast ved bruk av forholdstalet på disponibel kvote og oppkjøp av mjølkekvotar finansiert over omsetningsavgifta for mjølk.

Innsatsen retta mot miljø og klima blir styrkt med 236 mill. kroner. Dette omfattar mellom anna ein sterk auke i løyvingane til regionale miljøprogram, beitetilskott og areal- og kulturlandskapstilskottet.

I tillegg blir løyvingane til forsking og rådgiving auka for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag.

Velferdsordningane i jordbruket blir styrkte, mellom anna gjennom ein auke på 6 pst. i tilskott til avløysing ved ferie og fritid.

Oppgjeret gir ein auke i målprisar på 249 mill. kroner frå 1.7.2019. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kap. 1150 med om lag 720 mill. kroner i 2020. I tillegg blir om lag 49 mill. kroner overførte frå 2019. Verknaden av utvida jordbruksfrådrag er 150 mill. kroner og endra inntektsverdi av jordbruksfrådraget er 72 mill. kroner.

Regjeringa vil halde fram med å styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og stønadsordningar. Ei forenkling av verkemiddelapparatet gjer kvardagen enklare for bonden og bidreg til effektivitet og ei betre forvaltning.

Matsikkerheit, beredskap og landbruk over heile landet

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon i produksjonar med marknadsmoglegheiter, av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og beredskapen. Verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane

På same måte som åra før blei det i årets jordbruksoppgjer lagt stor vekt på å stimulere til auka bruk av utmarksressursane. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon og bidreg samstundes til å halde ved like eit ope og artsrikt kulturlandskap. Om lag 90 pst. av sau oppfyller vilkåra for beitetilskott, det vil seie at dei går på beite minst 16 eller 12 veker avhengig av arealsone, og får størstedelen av det daglege grovfôropptaket sitt frå beiting. Prosentdelen sau på utmarksbeite aukar etter som besetningane blir større. Delen storfe på utmarksbeite har auka dei siste åra og var 29 pst. i 2018. For storfe går prosentdelen på beite ned med storleiken på buskapen. Tilskotta til utmarksbeite har blitt vesentleg auka i dei tre siste jordbruksoppgjera.

Eigedomslovgivinga

Dei om lag 150 000 landbrukseigedommane med bustadhus i Noreg utgjer eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetjing og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget i 2017 fleire endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova. Det er for tidleg å fastslå kva følgjer desse endringane har hatt på eigendoms- og bruksstrukturen. Regjeringa meiner difor at det bør gå noko tid før konsekvensane av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta blir greidd ut. Bu- og driveplikta skal førast vidare for å sikre at matjorda blir brukt til matproduksjon. Regjeringa vil styrkje den sjølveigande bonden ved praktiseringa av jordlova og konsesjonslova.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Ressursgrunnlaget i Noreg er spreidd, og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og gir grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. I tillegg til aktiviteten i landbruket og tilhøyrande foredlingsindustri gir kjøp av varer og tenester ringverknader for andre næringar lokalt og regionalt. Omfanget av landbruk varierer mellom ulike delar av landet, og sysselsetjing og verdiskaping i landbruket er størst i Hedmark, Oppland, Rogaland og Trøndelag. Samstundes speler landbruksnæringa relativt sett ei større rolle for sysselsetjinga i distrikta enn i meir sentrale strøk av landet. Det er difor viktig å ha verkemiddel som stimulerer til utnytting av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet, og som legg til rette for busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i distrikta.

For å stimulere til landbruk og landbruksbaserte næringar innanfor arktisk landbruk og fjellandbruk er det i jordbruksoppgjeret 2019 avsett 8 mill. kroner til områderetta innsats.

Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av Noreg. Naturgitte vilkår og klimatiske forhold påverkar både produksjonsmoglegheitene og nivået på avlingane. Topografien er avgjerande for kor store og samanhengande jordbruksareala kan vere. Små og mellomstore bruk er viktige for å utnytte produksjonspotensialet i alle delar av landet. Auka produktivitet og styrkt konkurransekraft vil vere avgjerande for å realisere målet om auka produksjon og høgare heimemarknadsdelar. I jordbruksavtalen prioriterast difor eit stønadssystem som kompenserer for ein del av dei ulempene mindre bruk har. Tilskottet til små og mellomstore mjølkebruk, som blei innført i 2018, blei ytterlegare styrkt i jordbruksoppgjeret i år. Tilskottet er utforma slik at satsen aukar per ku, til og med ku nummer 23, og blir deretter redusert slik at bruk med 51 og fleire kyr ikkje får dette tilskottet.

I tråd med måla i Granavolden-plattforma, der det heiter at regjeringa ønskjer eit aktivt og lønnsamt jordbruk over heile landet der inntektsmoglegheita blir sikra for ulike bruksstorleikar, er grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga styrkt. Økonomien i produksjon av korn, poteter og grøntsektoren er styrkt vesentleg, særleg for dei areala som er best eigna for slik produksjon. Tilskotta til det grasbaserte husdyrhaldet blir ytterlegare differensierte for å treffe område med produksjonsutfordringar og driftsvanskar; mellom anna er arealtilskottet til grovfôr auka med 44 mill. kroner i områda med mest krevjande dyrkingsforhold. Tilskotta til beite er òg auka.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Ei stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen er det viktigaste bidraget frå regjeringa for å halde ved like gode rammevilkår og grunnlag for auka lønnsemd i landbruket, og for å leggje til rette for rekruttering til landbruket over heile landet. Investeringsverkemidla er eit særleg målretta verkemiddel, fordi yngre næringsutøvarar investerer i større grad enn eldre, og dels fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Unge under 35 år er prioriterte i delar av regelverket.

Landbruksnæringa har behov for kunnskap og kompetanse for å utvikle norsk matproduksjon og andre landbruksbaserte næringar. Eitt av måla i Granavolden-plattforma er å styrkje landbruksutdanninga og setje i verk kompetanseretta tiltak for å stimulere til rekruttering i næringane. I den samanhengen er det viktig å leggje til rette for gode og fleksible opplærings- og utdanningssystem. Det er etablert ein nasjonal modell for vaksenagronomen i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskolane. I jordbruksoppgjeret 2019 blei det gjort ei rekkje grep for å styrkje innsatsen knytt til rekruttering til landbruket. Løyvinga til vaksenagronomen auka med 2 mill. kroner til 17 mill. kroner. Forsøk med ei mentorordning som har eksistert i nokre fylke sidan 2017, blir frå 2020 utvida til ei nasjonal ordning forvalta av Norsk Landbruksrådgiving. I tillegg blei det avsett 2 mill. kroner til eit nasjonalt prosjekt for rekruttering til naturbruksutdanninga, opp til landbruks- og gartnarutdanninga. Det blei òg sett av særskilt 1 mill. kroner til utgreiing av samanhengen mellom utdanningstilbod og kompetansebehovet i verdikjeda til landbruket.

Det er avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet og at dette kan haldast ved lag over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvaren er den viktigaste og beste ambassadøren for å rekruttere til næringa.

Ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik både i nasjonal og i internasjonal samanheng. Reindrifta er ein del av eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark, og har eit stort potensial for auka verdiskaping.

Regjeringa har eit mål om å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I det ligg det mellom anna at dei som har reindrift som hovudnæring, skal sjåast på og handsamast som næringsutøvarar.

Regjeringa arbeider vidare med å følgje opp Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter og handsaminga av denne i Stortinget. Det er lagt til grunn at økologisk berekraftig drift og auka produksjon dannar grunnlaget for dei unike moglegheitene reindrifta gir. Meldinga presenterte også strategiar og tiltak for at næringa betre skal kunne utnytte potensialet sitt i ei rasjonell og marknadsorientert retning. Inntektene frå reindrifta skal i størst mogeleg grad skapast ved å selje etterspurde produkt og tenester på marknaden. Det vil gi grunnlag for den unike næringa og kulturberaren som reindrifta er.

Våren 2019 blei det fremja forslag om endringar i reindriftslova som gjeld offentleggjering av reintal internt i næringa og obligatorisk individmerking. Forslaga blei vedtekne av Stortinget i juni 2019. Endringa som gjeld offentleggjering av reintal tek til å gjelde 1.1.2020, men obligatorisk individmerking vil ikkje ta til å gjelde før det er laga ei forskrift for ordninga. I forskriftsprosessen vil ulike sider ved individmerking bli vurdert nøye. Departementet har også etablert ei arbeidsgruppe som skal utarbeide kriterium for måla i reindriftspolitikken om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Arbeidsgruppa skal ferdigstille arbeidet i 2020. Økologisk berekraft er ein grunnleggjande føresetnad for å ta vare på reindriftskulturen framover, for utvikling av næringa og for potensialet for auka lønnsemd. Reindrifta er ei viktig og tradisjonsrik matproduserande næring i Noreg. Trygg mat, god dyrevelferd og marknadsorientert produksjon står sentralt i landbruks- og matpolitikken. Det er utgangspunktet for regjeringa sitt mål om å fremje ei rasjonell og marknadsorientert utvikling av næringa. Innanfor desse rammene er det eit mål å auke produksjonen og lønnsemda i næringa.

I dag er det meste av beitekapasiteten utnytta. Reindriftsnæringa må auke produksjonen og lønnsemda gjennom andre driftstilpassingar enn gjennom å auke talet på dyr. Skal reindrifta framleis ha eit økonomisk grunnlag for heiltidsutøvarar og samstundes halde fram med den familiebaserte reindrifta, er det sentralt å sjå på alternative verksemder knytte til reindrifta, til dømes innanfor reiseliv, lærings- og omsorgsbaserte tenester, vidareforedling, lokalmat og anna. Desse verksemdene er prioriterte over reindriftsavtalen 2019/2020.

Vinteren og våren 2017 var krevjande for reindrifta. Særleg for reindrifta i Aust-Finnmark var store delar av beiteområda nedisa. Det er mange år sidan det var ein tilsvarande vanskeleg beitesituasjon. Erfaringane frå den vanskelege beitesituasjonen i 2017 resulterte i ein ny gjennomgang av beredskapsarbeidet på reindriftsområdet. Med bakgrunn i framlegg frå ei partssamansett arbeidsgruppe blei det etablert eit kriseberedskapsfond i reindriftsavtalen 2018/2019. Det er òg sett av 1 mill. kroner til dette fondet i reindriftsavtalen 2019/2020.

Reintalet er no nede på det fastsette nivået, etter ein prosess som har vore krevjande både for næringa og for styresmaktene. Dei tala som no ligg føre, viser at ein i all hovudsak har lukkast i dette arbeidet. Sjølv om innrapporterte tal viser at ein no har eit reintal som er tilnærma i samsvar med det talet som er fastsett i bruksreglane, er det nødvendig å følgje nøye med på utviklinga for å unngå at reintalet aukar på nytt.

Tap av rein til rovvilt er ei stor utfordring. I enkelte reinbeitedistrikt har det over tid blitt erstatta opp mot halvparten av kalveproduksjonen som tap til rovvilt. Sjølv om tapet blir erstatta, vil det gi negative konsekvensar for den enkelte siidaandel og reindriftsfamilie. Først og fremst fordi endra aldersstruktur i simleflokken kan gi lågare kalvetilgang det etterfølgjande året, med tapte produksjonsinntekter.

Rovviltpolitikken har innverknad på samisk reindrift. Det er difor viktig at tiltak som blir sette i verk når det gjeld rovvilt, også blir vurderte opp mot dei forpliktingane staten har overfor samane som urfolk. Dette gjeld både materielle forpliktingar til å sikre mellom anna naturgrunnlaget for den samiske reindrifta og prosessuelle forpliktingar som gjeld konsultasjonar og deltaking i avgjerder som kan påverke samiske interesser direkte.

Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Regjeringa vil prioritere dei marknadsbaserte produksjonsmoglegheitene. Til dømes har regjeringa gjennom fleire jordbruksoppgjer styrkt verkemidla for å stimulere område med underdekning av norske produkt. Regjeringa har prioritert produksjonen av storfekjøtt, korn og grønsaker der det er potensial for auka norsk produksjon.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Heile verdikjeda i norsk jordbruk må i større grad tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Det krev eit framtidsretta jordbruk som er mindre politisk styrt og meir forbrukar- og marknadsretta. Det er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet.

Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt. Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, og har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft. Enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen har stått sentralt i denne omstillinga.

Ei effektiv og lønnsam utnytting av garden sine samla ressursar

Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer ambisjonane regjeringa har for vekst og gründerskap i dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Meldinga peikar på generelle tiltak knytte til stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø, stimulering til vidare vekst og utvikling innanfor områda lokalmat og -drikke, landbruks- og utmarksbasert reiseliv, Inn på tunet, bioenergi og juletreproduksjon. Meldinga peikar òg på kva rolle verkemiddelapparatet speler for å skape ei positiv utvikling. Ein vesentleg del av løyvingane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) er prioritert til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, der investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket (IBU-midlane) og Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er dei største ordningane.

Arbeidet med landbruksbasert næringsutvikling er eit samspel mellom nasjonal innsats og nasjonale verkemiddel og regional innsats og tiltak. I jordbruksoppgjeret 2019 blei det avsett 8 mill. kroner til nasjonale tilretteleggingsmidlar, og 3 mill. kroner per år i tre år til eit nytt Inn på tunet-løft. Dette er nasjonale verkemiddel som må sjåast i samanheng med allereie eksisterande verkemiddel på både nasjonalt og regionalt nivå i form av til dømes regionale tilretteleggingsmidlar, IBU-midlar og Utviklingsprogrammet.

Som ei oppfølging av Meld. St. 31 (2014–2015) la regjeringa i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta. Strategien er dei siste åra følgd opp med eit tverrdepartementalt samarbeid om å utvikle Noreg som matnasjon. I 2020 vil ein sjå nærare på potensialet for vidare utvikling av opplevingar og aktivitetar knytte til utmark, kulturlandskap og reindrift. Heile 44 område er omfatta av ordninga for Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Områda utgjer eit representativt utval av verdifulle jordbrukslandskap over heile landet. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet samarbeider om denne ordninga. I mange av områda blir det satsa på næringsutvikling og betre tilrettelegging for allmenta og turistar.

Landbruks- og matdepartementet overtok i 2018 ansvaret for forvaltninga av haustbare viltressursar frå Klima- og miljødepartementet, jf. Prop. 48 S (2017–2018). Det blei i 2019 laga ein handlingsplan for næringsutvikling basert på haustbare viltressursar, som blei lagd fram for partane i jordbruksoppgjeret i 2019. Handlingsplanen gir ei overordna oversikt over jakt som opplevingsprodukt, verdiskaping basert på jakt, og verdikjeda for viltkjøtt. Handlingsplanen omtaler trendar, utfordringar og eksisterande verkemiddel. Handlingsplanen gir grunnlag for det vidare arbeidet med næringsutvikling basert på haustbare viltressursar og blir følgd opp gjennom Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping under LUF. Sentrale tiltak er kompetanse- og produktutvikling for aktørar som ønskjer å selje jaktopplevingar, og for dei som ønskjer å vidareforedle og selje viltkjøtt.

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har gitt Mattilsynet og Miljødirektoratet i oppgåve å lage ein handlingsplan mot villsvin som etter planen skal vere ferdig hausten 2019. Departementa vil følgje opp planen i 2020.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Reiselivsstrategien Opplevingar for ein kvar smak frå januar 2017 skal bidra til at ressursane frå landbruket og reindrifta i større grad kan nyttast i reiselivssamanheng. Eitt av to delmål i strategien er å utvikle Noreg som ein internasjonalt kjend matnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Målsetjinga om å nå ein samla omsetnad av lokalmat gjennom alle salskanalar på 10 mrd. kroner innan 2025 står vidare ved lag som ein sams ambisjon for heile matnæringa og alle salskanalar. Utviklinga innanfor daglegvarehandelen har så langt vore svært god, og kan tene som inspirasjon til innsats i andre salskanalar. Det er nødvendig med ein forsterka innsats i reiselivssamanheng, slik at mat og drikke av god kvalitet blir ein integrert del av det samla produktet som turistar i Noreg får tilbod om.

Regjeringa har bestemt at Matnasjonen Noreg skal vere ei sams ramme for næringsutvikling og verdiskaping med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat frå land og sjø. Det skal bidra til vekst i matnæringa også i framtida og til at lokalt og regionalt engasjement får ein sams nasjonal overbygning. Ramma er utforma etter innspel frå ei samla matnæring, inkludert råvareprodusentar, industri, lokalmataktørar, kokkar og reiseliv.

Visjonen for Matnasjonen Noreg i 2030 er:

«I 2030 er mat ei kjelde til matglede, stoltheit og fellesskap i heile befolkninga og eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spennande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar i verdsklasse.»

Matnasjonen Noreg byggjer på

  1. stor tilgang på gode råvarer

  2. berekraftig ressursforvaltning og produksjon av mat

  3. trygg og sunn mat

  4. god plante-, dyre- og fiskehelse

  5. god velferd for landdyr og fisk

  6. kvalitet i heile matkjeda som kan dokumenterast

  7. heiderleg omsetnad og omsyn til forbrukarane

I det vidare arbeidet vil regjeringa arbeide langs fire hovudspor: 1) Utvalde næringsorganisasjonar og andre organisasjonar vil bli inviterte til å gå inn i eit meir forpliktande samarbeid om å utvikle Noreg som matnasjon. 2) Det skal lagast ein konkret oppfølgingsplan for det vidare arbeidet for å nå visjonen om Matnasjonen Noreg med ein mekanisme for oppfølging. 3) Næringsdelegasjonen som var med til IGW 2018, er utpeika som ambassadørar for Matnasjonen Noreg i 2019. 4) Ei tverrdepartemental gruppe skal konkretisere og utvikle rammene for regjeringa sitt samarbeid med næringa om Matnasjonen Noreg.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Som i andre sektorar er det nødvendig å fornye driftsapparatet med jamne mellomrom. Utviklinga, med større jordbruksføretak, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi, krev auka investeringar. Nye krav til dyrevelferd, medrekna krav om lausdriftsfjøs, gir eit særskild investeringsbehov innan mjølke- og storfeproduksjon. Regjeringa har prioritert verkemiddel til både investering og bedriftsutvikling i jordbruksoppgjera dei siste åra. Verkemidla bidreg til å redusere risikoen og betre kapitaltilgangen ved investeringane. For 2020 er det lagt til rette for ei særskild prioritering av frukt- og grøntnæringa, veksthusnæringa og kornproduksjonen. Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal prioriterast. Ved bruk av tre som byggjemateriale kan det frå 2020 bli gitt eit ekstra tilskott.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Eit aktivt og lønnsamt skogbruk og ein konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet. Skogsektoren er ein del av ein open, global marknad. Ein konkurransedyktig skogindustri i Noreg er difor avgjerande for velfungerande verdikjeder og for størst mogleg verdiskaping knytt til norsk tømmer.

Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring blei handsama av Stortinget i januar 2017. Her går det mellom anna fram at auka vidareforedling av norsk tømmer i lønnsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere viktig for auka verdiskaping og for positive nærings-, miljø- og klimabidrag frå sektoren. Departementet vil følgje opp denne og strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, lagt fram i 2019, for å leggje til rette for å auke oppbygginga av skogressursane og styrkje lønnsemda i næringa.

Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og tilskott til produksjon av bioenergi. Verkemiddelbruken knytt til forbetring av skogsvegnettet og tømmerkaier i skogbruket har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og kaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien.

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar gir eit godt grunnlag for berekraftig skogbruk. Departementet vil prioritere dette framover og føre vidare kunnskapsprosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) ved NIBIO.

Under handsaminga av Meld. St. 6 (2016–2017) uttalte Stortinget at det er behov for å skaffe fram betre kunnskap om den eldste skogen i Noreg for å sikre god forvaltning av han. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser eit aukande omfang av gammal skog og døde tre. Landsskogtakseringa og databasane for skogbruksplanar gir god informasjon om gammal skog.

Departementet vil vurdere korleis ein kan bruke denne kunnskapen for å synleggjere kvar den eldste skogen finst. Bruk av tydelege definisjonar og kriterium blir viktige oppgåver, jf. arbeidet med Natur i Norge (NiN).

Stortinget gav òg støtte til planen om å vurdere tiltak for auka varetaking av nøkkelbiotopar. Nøkkelbiotopane blir etablerte etter miljøregistrering i samband med skogbruksplanlegginga, og blir forvalta av skogeigarane som frivillige miljøomsynsområde. Frå år 2000 til i dag er det sett til side eit samla areal på om lag 1 mill. dekar. Nøkkelbiotopane blir ikkje hogne, og i fleire tilfelle blir dei i dag òg vurderte til å inngå i verneområde etter opplegget for frivillig skogvern. Vidareføringa av miljøregistreringane i skogbruksplanlegginga vil auke omfanget av nøkkelbiotopar framover.

Departementet har saman med miljøstyresmaktene og skognæringa starta arbeidet med å gå gjennom status for nøkkelbiotopane for å sjå på kor mykje som er teke vare på, og kva for utviklingsarbeid som skjer på området. Målet er å vurdere behovet for ei meir langsiktig varetaking av nøkkelbiotopane, slik det mellom anna kjem fram i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet.

Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken. Noreg har forhandla fram eit forslag til avtale med EU om sams oppfylling av klimamåla for 2030. Avtalen er no til godkjenning i EU-systemet. Skog og annan arealbruk er éin av tre pilarar i EUs klimarammeverk. Det er sett eit mål om at sektoren skal gå i netto null for perioden 2021–2030. Det vil seie at CO 2 -utsleppa frå sektoren ikkje skal overstige opptaket etter reknereglane EU har fastsett i sum for denne perioden. Forvalta skog er den viktigaste av fem arealkategoriar i sektoren skog og annan arealbruk. EU-landa hadde frist for å levere ein referansebane til Kommisjonen ved utgangen av 2018, og dei har no ein prosess for teknisk vurdering og godkjenning. Noreg har òg utarbeidd ein referansebane for forvalta skog, og ESA skal starte ein prosess for teknisk vurdering hausten 2019. Referansebana for Noreg gir rom for auka hogst fram mot 2030. For Noreg er det sett eit mål om 40 pst. reduksjon av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor i 2030. Utslepp av andre klimagassar enn CO 2 frå jordbrukssektoren er omfatta av ikkje-kvotepliktig sektor, den såkalla innsatsfordelingsforordninga. Kor mykje dei ulike sektorane, inkludert jordbruket, må redusere sine utslepp med, vil bli fastsett nasjonalt, sjølv om Noreg inngår ein avtale med EU.

Regjeringa vil føre vidare tiltak som bidreg til auka opptak av CO 2 og lagring av karbon, og leggje til rette for meir bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar. Regjeringa vil føre vidare tilskott til tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling. Skogplanteforedling er eit viktig område for å sikre auka verdiskaping, klimatilpassing og auka opptak av CO 2 i skog. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å foryngje skogen etter hogst.

Statsallmenningslovutvalet blei oppnemnt ved kgl. res. 4. mars 2016 for å gå gjennom lovverket for statsallmenningane med mål om modernisere og forenkle det. Utvalet fekk mellom anna i oppgåve å vurdere om det var mogleg å slå saman dei to lovene som finst i dag, til éi lov. Utvalet fremja forslaget sitt i NOU 2018: 11 Ny fjellov i juni 2018. Her la utvalet fram forslag til ei ny lov om statsallmenningane som erstattar fjellova og statsallmenningslova. NOU 2018: 11 har vore til høyring i 2018/2019, og departementet arbeider no med å summere opp høyringa og vurdere oppfølginga.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Redusert forureining frå landbruket

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har ført til auka avrenning, og det skjuler verknaden av tiltaka. Verknadene nedstraums er òg påverka av andre prosessar, som spreidde avløp frå bustader. Etter vassforskrifta skal alle vassførekomstar ha god økologisk status. Det er framleis utfordringar med å tette gapet mellom dagens tilstand og miljømåla som er sette etter vassforskrifta. Gjeldande vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram for åra 2016–2021 skal no oppdaterast for planperioden 2022–2027, i samsvar med ny kunnskap, endra føresetnader, krava i vassforskrifta og nasjonale føringar.

Noregs rapporterte utslepp av ammoniakk (NH 3 ) overstig forpliktingane etter Göteborg-protokollen, og det er også av den grunn nødvendig med tiltak for å få ned utsleppa.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO 2 og gode klimatilpassingar

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO 2 . Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er biologiske prosessar som òg er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH 4 ) og lystgass (N 2 O). Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2017 på 4,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, og utgjorde om lag 8,5 pst. av dei samla norske utsleppa. Det er ikkje mogleg å produsere mat utan utslepp av klimagassar. Ved handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) i Stortinget uttalte næringskomiteen at klimagassutslepp frå biologiske prosessar ikkje kan jamstillast med utslepp frå fossile kjelder. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 4,2 pst. frå 1990 til 2017. Samstundes har det vore ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett i perioden 1990–2017. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe på grunn av auka effektivitet i mjølkeproduksjonen er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket.

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2019 blei styrkinga av miljø- og klimainnsatsen ført vidare, ved at ein prioriterte ordningar som skal bidra til å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Berekningane av utsleppa frå jordbruket har stort forbetringspotensial.

Teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket avslutta arbeidet sitt 1.7.2019. Utvalet har vurdert moglege forbetringar i utsleppsrekneskapen.

I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbruksorganisasjonane ein klimaavtale. Det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar for perioden 2021–2030. Jordbruksaktivitetar, og særleg husdyrhald, er biologiske prosessar som òg er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg metan og lystgass. Jordbruket er samstundes ein viktig bidragsytar til det grøne skiftet, både gjennom binding av karbon og gjennom produksjon av fornybar biobasert energi og drivstoff. Klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Ved ein avtale med EU om sams oppfylling av klimamåla for 2030, jf. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, vil EUs reglar for å bokføre opptak og utslepp frå skog og andre areal òg gjelde for Noreg. EU-regelverket for skog og annan arealbruk som gjeld frå 2021, inneber avgrensingar i kva som kan inngå av faktiske opptak og utslepp i vurderinga av om sektoren vil oppfylle målet om netto null utslepp. Førebelse utrekningar viser at Noreg truleg må bokføre eit netto utslepp frå sektoren på 15 mill. tonn CO 2 i sum i perioden 2021–2030, før kategorien «forvalta skog» er rekna inn, jf. Meld. St. 41 (2016–2017). Dette utsleppet kjem særleg frå avskoging.

Meld. St. 41 (2016–2017) og klimaforliket legg opp til ei aktiv forvaltning av skogressursane for å sikre eit høgt opptak av CO 2 i skog, slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Tilveksten i skogen er no på sitt høgaste, men tilveksten og CO 2 -opptaket vil gå ned i tida framover. Hovudårsakene til det er at mykje av skogen har nådd hogstmoden alder, og at det har vore ein periode på 1990- og 2000-talet med låge investeringar i skogen. Vidareføring av arbeidet med skogplanteforedling, tettare planting og gjødsling av skog skal bidra til auka opptak av karbon og at trea i størst mogleg grad er tilpassa eit klima i endring. Regjeringa vil arbeide med å vidareutvikle desse verkemidla og vurdere andre verkemiddel og tiltak som kan bidra til reduserte utslepp og auka opptak i skog- og arealsektoren. Pilotprosjektet for planting av skog på nye areal over budsjettet til Klima- og miljødepartementet er avslutta og sluttrapport blei lagd fram våren 2019. Departementa skal no vurdere resultata og anbefalingane i rapporten og utvikle verkemiddel for å utløyse eit eigna nivå av tiltaket. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å forynge skogen etter hogst.

Meir bruk av fornybar bioenergi og meir bruk av tre framfor innsatsfaktorar som er baserte på fossile ressursar, kan gi viktige bidrag til energiforsyninga og byggsektoren og minke utsleppa av klimagassar. Regjeringa vil i 2020 føre vidare satsinga på bioenergi gjennom Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Programmet blir finansert over jordbruksavtalen. Meir bruk av tre i bygg og andre tiltak som aukar lageret av karbon i ulike produkt laga av tre, bidreg òg positivt i klimasamanheng. I Meld. St. 41 (2016–2017) går det fram at regjeringa vil bidra til meir bruk av tre i bygg. Eit viktig verkemiddel i 2020 vil vere Bioøkonomiordninga under Nærings- og fiskeridepartementet som Innovasjon Noreg forvaltar.

Av bioøkonomistrategien til regjeringa går det mellom anna fram at fornybare biologiske ressursar må erstatte fossile ressursar i eit lågutsleppssamfunn. Verdiskaping basert på berekraftig hausting av biomasse frå jord-, skog- og havbruk – bioøkonomien – kan difor få ein større plass i næringslivet i framtida. Noreg har god tilgang på bioråstoff. Basert på fornybar energi og relevant kompetanse frå prosessindustri og petroleumsrelatert verksemd kan norsk biomasse frå jordbruk, skog og hav omdannast til eit breitt spekter av høgverdige produkt. I tillegg må ein vente gjennombrott for nye bruksmåtar for bioteknologi.

Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det venta smittepresset må møtast med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.

Noreg skal vere mellom dei leiande landa i arbeidet med å produsere kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge . Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innanfor forsking og utvikling (FoU). Departementet vil arbeide med å utvikle det internasjonale samarbeidet om forsking vidare.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal og ressursgrunnlag

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova samfunnet har. Regjeringa la i 2015 fram ein nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra. I 2018 oppdaterte regjeringa denne strategien, og målet for omdisponering blei nådd både i 2017 og 2018.

Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gir ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme og er leveområde for mange artar av plantar og dyr.

Det genetiske mangfaldet av plantar, husdyr og skogtre er ein viktig ressurs for landbruket, ikkje minst i møte med nye utfordringar som til dømes klimaendringar. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp ein ny strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk.

Departementet har ansvaret for drifta av Svalbard globale frøhvelv, som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå dei viktigaste matvekstane i verda. Frølageret har òg ei viktig rolle i arbeidet med å auke forståinga for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette. Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om å ta vare på genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Mangfaldet og variasjonen av natur- og kulturverdiar i jordbrukslandskapet er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for ei god forvaltning. Frå og med 2020 får dei aktuelle kommunane ansvar for forvaltning av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket, der det blir gitt støtte til skjøtsel av viktige jordbrukslandskap med store miljøverdiar.

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet samarbeider om ordninga. I jordbruksavtalen 2019 auka midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 4,5 mill. kroner på bakgrunn av at talet på utvalde kulturlandskap skal auke, mens midlane til verdsarvområda Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap blir uendra, slik at det i alt er avsett 23,0 mill. kroner for 2020.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Støtte til organisasjonar

32 509

39 500

39 302

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar , kan overførast

1 000

1 305

1 298

72

Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

7 068

7 968

7 927

Sum kap. 1138

40 577

48 773

48 527

Post 70 Støtte til organisasjonar

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet gir støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innanfor landbruks- og matområdet som

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren

  • fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt

  • bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytte til gardsbruk og bygdenæringar

  • fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytte til grøn tenesteproduksjon

  • fremjar likestilling i arbeidet sitt

Storleiken på tilskotta blir fastsett ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane, den finansielle situasjonen deira og eventuelle andre tilskott organisasjonane har fått.

Innsende årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskapar er grunnlag for oppfølging og kontroll.

Rapportering 2018

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. I 2018 blei det fordelt i overkant av 32,5 mill. kroner i støtte til 30 mottakarar, jf. tabell 2.3.

Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjonar i 2018 (i kroner)

Organisasjonar

Støtte 2018

Biologisk-dynamisk Forening

152 000

Bondens marked Norge

505 000

Det norske Skogselskap

1 200 000

Det norske Hageselskap

1 111 000

Dyrebeskyttelsen

404 000

Dyrevern Ung

101 000

Dyrevernalliansen

754 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 615 000

Geitmyra matkultursenter for barn

2 404 000

HANEN

2 171 000

Hest og Helse

232 000

Kvinner i skogbruket

174 000

Matsentralen Oslo

800 000

Matvett

415 000

Nettverk for GMO-fri mat og fôr

1 500 000

NOAH – for dyrs rettigheter

750 000

Norges Birøkterlag

250 000

Norges Bygdekvinnelag

404 000

Norges Bygdeungdomslag

140 000

Norges Vel

2 020 000

Norsk Gardsost

280 000

Norsk Seterkultur

180 000

Norsk Kulturarv

355 000

Norske Lakseelver

550 000

Oikos – Økologisk Norge

2 929 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket (Norsk Bonde- og Småbrukarlag)

255 000

Spire

101 000

TreSenteret

303 000

Vitenparken Campus Ås

3 283 000

4H Norge

7 171 000

Sum

32 509 000

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 39,3 mill. kroner for 2020. Landbruks- og matdepartementet har handsama søknader frå 38 organisasjonar.

Landbruks- og matdepartementet varsla i Prop. 1 S (2018–2019) at departementet vil ha ein gjennomgang av kap. 1138, post 70 Støtte til organisasjonar, med tanke på ei omlegging av ordninga frå 2020. Departementet ser at det er behov for meir tid til arbeidet med ordninga, og ny ordning vil difor gjelde frå søknadsåret 2021. Omlegginga vil bli sett i lys av Meld. St. 10 (2018–2019) Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig – Den statlege frivilligheitspolitikken .

Løyvinga er fordelt på 29 organisasjonar, jf. tabell 2.4.

Tabell 2.4 Oversikt over støtte til organisasjonar i 2019 og budsjettframlegg for 2020 (i kroner)

Organisasjonar

Støtte 2019

Forslag 2020

Biologisk-dynamisk Forening

152 000

0

Bondens marked Norge

505 000

500 000

Det norske Skogselskap

1 200 000

1 190 000

Det norske Hageselskap

1 111 000

1 090 000

Dyrebeskyttelsen

404 000

400 000

Dyrevernalliansen

754 000

740 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 615 000

1 600 000

Geitmyra matkultursenter for barn

2 404 000

2 380 000

HANEN

2 171 000

2 150 000

Hest og Helse

232 000

230 000

Kvinner i skogbruket

174 000

170 000

Matsentralen Oslo

800 000

-

Matsentralen Norge

7 000 000

7 800 000 1

Matvett

415 000

410 000

Nettverk for GMO fri mat og fôr

1 500 000

1 490 000

NOAH – for dyrs rettigheter

750 000

730 000

Norges Birøkterlag

250 000

250 000

Norges Bygdekvinnelag

404 000

400 000

Norges Bygdeungdomslag

140 000

130 000

Norges Vel

2 020 000

1 900 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket (Norsk Bonde- og Småbrukarlag)

255 000

250 000

Norsk Gardsost

372 000

370 000

Norsk Seterkultur

180 000

180 000

Norske Lakseelver

550 000

540 000

Spire

101 000

100 000

Norsk Kulturarv

355 000

350 000

TreSenteret

303 000

300 000

Ungt Entreprenørskap

350 000

Vitenparken Campus Ås

3 283 000

3 200 000

Økologisk Norge

2 929 000

3 002 000

4H Norge

7 171 000

7 100 000

Sum

39 500 000

39 302 000

1 Matsentralen Norge er paraplyorganisasjon for matsentralane i Noreg og står som søkjar for 2020.

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Formål med løyvinga

Posten omfattar midlar for medverknad i internasjonale skogpolitiske prosessar og anna internasjonalt skogsamarbeid. Noreg arbeider for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom United Nations Economic Commission for Europe (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek også her. Noreg er òg medlem i andre regionale skogsamarbeid, skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit Sirkumborealt samarbeid der også Canada og USA deltek. Noreg skal ha formannskapet i Barents Forest Sector Network frå oktober 2019 til oktober 2021. Vidare er skog og skogbruk ein del av det nordiske ministerrådsamarbeidet.

Løyvinga skal òg nyttast til norsk medverknad i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) frå kapittel 1136 post 50, som skal dekkje bidrag frå instituttet til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.

Rapportering 2018

Noreg har i 2018 bidrege med 1 mill. kroner til eit fond som finansierer verksemda i Policy Support Facility under EFI. Dette programmet skal kople forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsgrunnlag i utviklinga av nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid. I 2018 har fondet finansiert to rapportar om klima og skog. Think Forest har arrangert seminar om bioøkonomi knytt til klima og skogbrann. Det har vore stor merksemd om desse arrangementa.

NIBIO er ein viktig aktør i oppfølginga av det internasjonale skogsamarbeidet, mellom anna i FOREST EUROPE, FAO og UNECE. Ein viktig del av dette er å sikre rapportering til internasjonale organisasjonar og prosessar som dokumenterer berekraftig skogforvaltning globalt og regionalt. Arbeidet blir i hovudsak gjort av FAO og United Nations Economic Commission for Europe UNECE, mens arbeidet med å vidareutvikle indikatorar for rapporteringa blir gjort i FOREST EUROPE. Noreg tok i 2016 på seg ansvaret for å arrangere eit arbeidsmøte under FOREST EUROPE om bioøkonomi i løpet av 2018. Arbeidsmøtet blei gjennomført i mai 2018. NIBIO hadde ei sentral rolle i planlegginga og utarbeidinga av materiale. Resultatet vil bli brukt vidare i arbeidet til FOREST EUROPE.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,3 mill. kroner til internasjonalt skogsamarbeid. Løyvinga skal nyttast til vidare oppfølging av internasjonale prosessar, til å føre vidare bidraget til arbeidet i EFI og til gjennomføringa av det norske formannskapet i Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet.

Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting som arbeider med forsking, rådgiving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi.

Formål med løyvinga

Midlane skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat.

Rapportering 2018

Det blei løyvd 7,068 mill. kroner til arbeid med utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Stiftinga har drive både munnleg og skriftleg formidling til bønder, landbruksrådgivarar, studentar, offentleg forvaltning, forbrukarar og storhushald gjennom ulike nettstader, fagtidsskrift, foredrag og ulike arrangement. Innanfor økologisk forbruk har hovudvekta vore lagd på økologisk mat til sjukehus og til elevar i vidaregåande skole. NORSØK har hjelpt ulike organisasjonar og styresmakter, mellom anna gjennom å svare på spørsmål, formidle relevant litteratur, lage utgreiingar og vise til aktuelle fagpersonar. Stiftinga har lagt vekt på dialog og samarbeid med andre organisasjonar for økologisk landbruk. Innanfor løyvinga har NORSØK òg arbeidd med å samle og utvikle kunnskap innan temaa jord og jordkvalitet, dyrevelferd og driftsopplegg i økologisk husdyrhald og plantevern.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,9 mill. kroner. Aktuelle tiltak blir avklart i dialog mellom stiftinga og departementet, mellom anna bidrag i oppfølginga av Nasjonal strategi for økologisk jordbruk.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak , kan overførast

22 994

29 059

30 205

Sum kap. 1139

22 994

29 059

30 205

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

Formål med løyvinga

Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket , som ligg under hovudmålet om berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Løyvingar over posten omfattar tiltak for å styrkje nasjonalt og internasjonalt arbeid med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket. Midlar til prosjektet Miljøregistreringer i skog ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) inngår òg i denne posten.

Rapportering 2018

Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagd til Norsk genressurssenter under NIBIO. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1136, post 50.

Tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få innverknad på mat og landbruk i Noreg, blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Over post 71 blei det i 2018 løyvd tilskott på 6,8 mill. kroner, fordelt på i alt 66 prosjekt. Tilskottet blir gitt til tiltak som bidreg til å nå nasjonale mål og til å oppfylle Noregs internasjonale forpliktingar. Prioriteringar og satsingsområde i gjeldande handlingsplanar for bevaringsverdige husdyrrasar og plante- og skogtregenetiske ressursar er difor lagde til grunn for løyvingane. Som tidlegare år gjekk dei fleste tilskotta i 2018 til aktivitetar for å sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskott til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv, som tek hand om truga husdyrrasar og plantegenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter. Det er òg gitt støtte til drifta av genbanken for verpehøns på Hvam, der dei tidlegare kommersielle verpehønelinene er bevarte i ein levande genbank. I 2018 blei det òg gitt tilskott til fleire prosjekt som har som mål å leggje til rette for berekraftig bruk av dei genetiske ressursane, som etablering av Norsk Bruksgenbank og tilskott til drift av foreininga KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Norge), som skal fremje deling av sunt og sortsekte formeringsmateriale mellom private hobbybrukarar. Det er gitt tilskott til prosjekt som bidreg til formidling og kunnskapsutvikling om genetiske ressursar, som utstilling av dei bevaringsverdige husdyrrasane og kunnskapsinnhenting og formidling om bevaringsverdig løk, mellom anna gamle matløk frå Noreg. På skogtreområdet har midlane bidrege til prosjekt for å registrere spreidde treslag i Landsskogtakseringa, og til prosjekt for å finne nye generasjonar av ask som er meir resistent mot askeskottsjuka. Eit anna døme er eit prosjekt for å auke kunnskapen om den genetiske variasjonen i villeple på Jomfruland.

Det blei utbetalt 0,858 mill. kroner til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund) over posten. Det svarer til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2017.

Svalbard globale frøhvelv er etablert for å ta vare på mest mogleg av det plantemangfaldet som har vore nytta i landbruket. Særskilde vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga er sikra i kvelvet. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 30 institusjonar la til saman inn 92 638 nye frøprøver i 2018. Ved utgangen av 2018 har 76 institusjonar verda over lagra 1 075 954 sikkerheitskopiar i kvelvet på Svalbard. Frølageret speler ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Midlane i 2018 gjekk til drift av frølageret, som mellom anna inkluderer husleige, kapitalkostnader, driftsutgifter til NordGen for arbeid med deponering av frø og informasjonsarbeid. I februar 2018 blei tiårsjubileet for drifta av Svalbard globale frøhvelv markert med mellom anna internasjonalt seminar og nye deponeringar. I 2018 starta Statsbygg opp nødvendige tekniske oppgraderingar for å sikre Svalbard globale frøhvelv mot verknaden av framtidige klimaendringar på Svalbard.

I skogpolitikken har regjeringa som mål å leggje til rette for berekraftig forvaltning av skogressursane. Landbruks- og matdepartementet gir støtte til prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som gir eit fagleg fundament for eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2018. Skogeigarane tek sjølve stilling til når dei ønskjer nye skogbruksplanar med miljøregistreringar. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Stortinget har vedteke at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) i Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å beskrive variasjon i naturen og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat og eit objektivt og etterprøveleg kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern.

Landbruksdirektoratet lanserte i 2017 ei rettleiing for MiS-kartlegging med bruk av omgrepsapparatet i NiN. Alle prosjekt med oppstart etter juni 2017 skal bruke den reviderte MiS-metodikken.

Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman tildelt 4,947 mill. kroner i 2018. Sentera har ansvar for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Det blir fødd urovekkjande få føl av dei nasjonale rasane, og denne tendensen har vart i ein del år. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har hatt ein svak auke i talet på paringar i 2018. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har ei stabil innavlsutvikling i siste generasjon. Fagutvalet for avl og bevaring av nasjonale hesterasar leverer årleg ei tilråding til Landbruks- og matdepartementet om oppfølging av handlingsplan for bevaring, til støtte for dei prioriteringane av midlar som departementet gjer.

Over posten blei det òg løyvd 0,4 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar som eignar seg for norske forhold, og til formidlingsverksemd.

Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk i 2018 tildelt 1,124 mill. kroner for å halde fram og utvikle seg vidare som kompetansesenter for hjort – både viltlevande og i oppdrett. Hjortesenteret bidreg til kunnskapsutvikling og auka kompetanse om hjort som ressurs, hos private, hos rettshavarar og i forvaltninga.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 30,2 mill. kroner på post 71. Departementet legg opp til ei fordeling av løyvinga om lag slik tabell 2.5 viser.

Tabell 2.5 Budsjett for kap. 1139, post 71 i 2019 og budsjettframlegg for 2020 (i 1 000 kroner)

Tiltak

Budsjett 2019

Forslag 2020

Genressurstiltak

7 040

7 040

Svalbard globale frøhvelv

9 103

10 249

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 850

1 850

Prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet)

4 550

4 550

Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter

4 947

4 947

Stiftinga Det norske arboret og Norsk Hjortesenter

1 569

1 569

Sum genressursforvaltning og miljøtiltak

29 059

30 205

Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket.

I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Avskoging, marginalisering av populasjonar, sjukdomsutbrott og klimaendringar trugar dei skogtregenetiske ressursane. Endra klima er ei utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale.

Midlane på posten bidreg til å oppfylle pliktene Noreg har i Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, plantar og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk.

Vidare vil arbeidet som blir finansiert over denne posten, bidra til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling. Sidan dette arbeidet er viktig, har Landbruksdirektoratet utarbeidd eit utkast til nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk. Strategiutkastet synleggjer og godkjenner den innsatsen som blir lagd ned på genressursfeltet i dag, men peikar samstundes på eit behov for vidareutvikling og nye tiltak. Ein ny strategi for forvaltninga av genressursar innanfor landbruket skal leggjast til grunn for tilskott til genressurstiltak og genressursforvaltninga elles.

Det er ei sentral målsetjing for bruken av desse midlane å sikre langsiktig bevaring av genetiske ressursar ved å stimulere til forpliktande eigeninnsats frå private, lokale og offentlege samarbeidspartnarar. Midlane skal òg bidra til å stimulere til auka bruk og næringsutvikling basert på dei genetiske ressursane, og i møte med nye utfordringar, til dømes klimaendringar.

Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling, som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter, og departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,85 mill. kroner. Det er òg sett av midlar på posten til Plantetraktatens fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarer til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare. Midlane går til bønder i utviklingsland og deira berekraftige bruk av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv som inkluderer husleige for investeringa i anlegget, driftsutgifter, koordinering av frømottak og informasjon til depositørar og til omverda. Statsbyggs arbeid med gjennomføring av nødvendige tiltak som følgje av klimaendringar på Svalbard er på det næraste ferdigstilt. For departementet inneber dette ei auka husleige på til saman 3,619 mill. kroner i 2020, basert på ein kostnad på 30 mill. kroner for forprosjekta og ei oppjustert styringsramme på 193,1 mill. kroner for sjølve ombyggingsprosjektet. Departementet har i samband med den tekniske oppgraderinga styrkt driftssikkerheita og utarbeidd ein ny kommunikasjonsstrategi for frøkvelvet på Svalbard i samarbeid med NordGen og CropTrust. Det globale tryggingslageret for frø på Svalbard har god oppslutning frå genbankane i verda, og det er innleidd langsiktig samarbeid med mange av dei aller viktigaste institusjonane. Det er framleis stor interesse for det globale frølageret i internasjonale medium og hos allmenta. Internasjonale aktørar, det internasjonale panelet for frøkvelvet og partsmøte i Den internasjonale plantetraktaten er viktige støttespelarar i drifta av frøkvelvet.

Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2020, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,6 mill. kroner til dette. Prosjektet skal følgje opp resultat og erfaringar i vidare arbeid med å utvikle gode og konkrete råd om miljøomsyn i skogbruket som kan innarbeidast i registreringsopplegget. Registreringane vil framleis bli nytta i arbeidet med å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern.

Oppdaterte ressurs- og miljødata frå skogbruksplanlegginga blir forvalta av NIBIO på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. I karttenesta Kilden hos NIBIO skal framleis MiS-data og annan relevant miljøinformasjon frå ulike kjelder samlast og tilpassast behova til næringa og offentleg forvaltning.

Landbruksdirektoratet skal sørgje for at Natur i Norge (NiN) blir vidareført i skogbruksplanlegginga. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har gitt Artsdatabanken i oppdrag å greie ut forhold omkring skogbestandsdynamikk og omgrepet naturskog for å få eit meir standardisert registreringsopplegg og eit betre og meir eintydig kunnskapsgrunnlag. NiN blir halde ved lag og vidareutvikla av Artsdatabanken.

Departementet skal bidra til å greie ut tenlege tiltak for betre varetaking av nøkkelbiotopar og sikre god forvaltning av den eldste skogen, jf. Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst- og konkurransedyktig skog- og trenæring . Departementet følgjer opp dette arbeidet i kontakt med Klima- og miljødepartementet. Data frå Landsskogtakseringa viser at det er meir gammal skog og meir dødt trevirke i skogane våre enn det nokon gong før er målt. Dette er dels eit resultat av auka miljøomsyn i skogbruket, og dels eit resultat av at skogbruket høgg langt mindre enn den årlege tilveksten, slik at skogen veks langt ut over normal hogstmoden alder.

Departementet gjer òg framlegg om ei løyving på 4,947 mill. kroner til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter, mellom anna til oppgåver dei utfører i samarbeid med raselaga for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.

Departementet vil føre vidare støtta til stiftingane Det norske arboret og Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter skal, som kompetansesenter, arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt og i landbruket spesielt.

Kap. 1140 Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

14 935

16 000

16 000

21

Spesielle driftsutgifter

29 496

22 000

22 000

23

Jegerprøve m.m. , kan overførast

4 027

4 500

71

Tilskott til viltformål , kan overførast

34 357

46 289

41 278

75

Organisasjonar – haustbare viltressursar

7 002

Sum kap. 1140

82 815

95 791

79 278

Formål med løyvinga

Kapittelet omfattar utgifter til tiltak innanfor viltforvaltninga. Midlane under kap. 1140 er primært retta mot målet om auka verdiskaping under Landbruks- og matdepartementet, og resultatområda Naturmangfald og friluftsliv under Klima- og miljødepartementet.

Kvart år betaler jegerane inn jeger- og fellingsavgifter til Viltfondet. Viltfondsmidlar blir inntektsførte på kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet, post 72 Jeger- og fellingsavgifter, og blir nytta til tiltak som fremjar viltforvaltninga, jf. viltlova § 43.

Inntektsløyvingane over kap. 5576 finansierer utgifter over kap. 1140, post 01, 21 og 71 (Landbruks- og matdepartementets proposisjon), utgifter til viltforsking over kap. 1410, post 50 (Klima- og miljødepartementets proposisjon), og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01 (Klima- og miljødepartementets proposisjon). Nærare omtale av avgiftene og forholda mellom kap. 1140, 1410, 1420, 5576 og inntektene til Viltfondet, er å finne under kap. 5576.

Frå og med 2020 er det gjort ei teknisk flytting av kap. 1140, post 23 og 75, som ikkje er finansierte ved avgifter knytte til jakt, til eit nytt kap. 1141, med tilsvarande postar.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innanfor det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1140, men over kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet, kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Bruken av midlane i Viltfondet blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet med konkrete tiltak i mange tilfelle krev innsats frå dei frivillige organisasjonane, og at dei sentrale ledda i desse organisasjonane skal kunne ha synspunkt på disponeringa.

Løyvingane skal kunne nyttast til oppgåver under Landbruks- og matdepartementet når tiltaka er retta mot dei haustbare viltartane, men òg til oppgåver under Klima- og miljødepartementet når tiltak er retta mot artar som ikkje er rekna som haustbare. Landbruks- og matdepartementet stiller årleg midlar til ikkje-haustbare artar til disposisjon for Klima- og miljødepartementet. Budsjettmidlane blir fordelte mellom haustbare og ikkje-haustbare artar basert på erfaringstal.

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane under posten er i hovudsak retta mot dei haustbare viltressursane.

Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga, som det nasjonale Jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, utvikling og drift av betalingstenesta for jegeravgifta, informasjonstiltak og møte.

Rapportering 2018

I 2018 blei arbeidet med å avgrense skrantesjuka hos villrein vidareført. Arbeidet i villreinnemndene har blitt meir komplisert fordi skrantesjuka er påvist i Noreg, og innsamling av prøver har kravd auka innsats. Det blei starta eit samarbeid med Jegerregisteret om å digitalisere jegerdokumentasjon som må visast fram under jakt, felling og fangst. Dette er òg ei tilpassing til nye rutinar ved Statistisk sentralbyrå for å hente inn statistikk over jegerar og utbyttet deira, og jegerane bidreg òg til ei betre overvaking av viltet.

Budsjettframlegg 2020

Framlegg til løyving på posten er på 16,0 mill. kroner, uendra frå 2019 til 2020.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane under posten er retta mot større nasjonale tiltak, mellom anna kjøp av tenester.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av Miljødirektoratet. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene dekkjast over post 21. Det gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing. Større tiltak som blir dekte over posten, blir konkurranseutsette.

Rapportering 2018

Innanfor viltforvaltninga er det eit skilje slik at tilskott til enkeltpersonar og organisasjonar blir løyvde over post 71. Der det er behov for å gjennomføre eigne utgreiingar eller setje ut oppdrag, blir kostnaden ført på post 21. I 2018 er det gjort eit omfattande arbeid for å modernisere innsamlinga av data frå hjortevilt som kan jaktast, og det er innarbeidd gode rutinar for informasjonsutveksling med mellom anna Veterinærinstituttet om skrantesjuka. Vidare er utgreiingar knytte til strategiar for avskyting, informasjonskanalar og drift av Hjorteviltregisteret førte på posten. Arbeidet med å utvikle gode prosessar med andre land omkring gåseforvaltninga er ført vidare, og det er også samarbeidet med grunneigarar om hønsefuglportalen. Utgifter til ulike forskingsprosjekt på haustbare artar i regi av forskingsinstitusjonar er ført på post 21.

Budsjettframlegg 2020

Framlegg til løyvinga på posten er på 22,0 mill. kroner, uendra frå 2019 til 2020. Løyvinga må òg sjåast i samanheng med midlane som blir tildelte som tilskott under post 71.

Post 23 Jegerprøve m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal gå til å drifte ordninga med den obligatoriske jegerprøva.

Rapportering 2018

Gebyrinntektene frå kap. 4140 post 01 gjekk til å dekkje utgiftene under kap. 1140, post 23 til å drifte jegerprøveordninga. Inntektene dekkjer vedlikehald av undervisningsmateriell, utdanning av jegerprøveinstruktørar, drift av e-læring, eksamensordninga og elektronisk betalingsløysing for eksamensgebyret, i tillegg til vidareutvikling av jegerprøva. I 2018 blei utdanninga for jegerprøveinstruktørar evaluert og justert.

Budsjettframlegg 2020

Frå og med 2020 er det er det lagt opp til ei teknisk flytting av posten til nytt kap. 1141.

Post 71 Tilskott til viltformål

Formål med løyvinga

Midlane under posten er retta mot auka verdiskaping og oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av viltressursane. Målet for tilskottsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av vilt, og til å ta vare på produktiviteten og mangfaldet i naturen regionalt og nasjonalt. Tiltaka som blir sette i verk, skal gi betre kunnskap om artar og bestandar og korleis dei kan haustast på beste måten.

Det kan bli gitt tilskott innanfor område som jakt og jaktmoglegheiter, viltkartlegging, innarbeiding av leveområde for vilt og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, samarbeid om viltforvaltninga lokalt og oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid, blir prioriterte.

Innanfor desse rammene skal posten dekkje tiltak i samband med forvaltning av hjortevilt, under dette tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskott til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar og andre.

Vidare skal posten dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda.

Midlar under posten kan også gå til tilskott i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskottsmidlane som fylkeskommunane nyttar til haustbart vilt. Den enkelte fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artane. Ettersom fylkesmennene på same tid forvaltar tilskottsmidlar innanfor kvar sitt forvaltningsområde, er det eit krav om god samordning av bruken av midlane.

Det vil også kunne bli gitt tilskott til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innanfor viltforvaltninga.

I tillegg skal posten dekkje utgifter til overvaking for å sikre kontinuerleg oversikt over bestandsstatus og utvikling av artar og grupper av viltartar. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk sentrale, regionale og lokale tiltak for forvaltning og justering av verkemiddel og avdekkje kunnskapsbehov.

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskott leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Den faktiske verknaden av tilskotta kan ikkje vurderast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Rapportering 2018

Løyvingane blei i 2018 nytta om lag som tidlegare år. For 2018 blei det levert 832 ulike søknader i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Av desse var 158 stila til Miljødirektoratet, 393 var stila til dei ulike fylkesmannsembeta, og 281 var stila til ulike fylkeskommunar. Det har vore ytt tilskott til dei fleste aktørar og grupperingar som arbeider med viltforvaltning. Ordninga med elektronisk innlevering av søknader fungerer godt, og ordninga fører til støtte til ulike tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag. Løyvingane over posten har òg ført til at søkjarar kan medverke i prosjekt der andre har ansvar for hovudfinansieringa, til dømes prosjekt under Noregs forskingsråd. Ordninga er vidare nytta til støtte til studentprosjekt, der slik støtte inneber at det blir gjennomført prosjekt med fagleg relevans for viltforvaltninga.

Ordninga er òg med på å auke tiltaksvolumet og stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og ho fører til eit auka kunnskapsgrunnlag for både økosystem og artar. Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskottsmidlane skal bli tilgjengelege for alle interesserte og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Frå 2013 er alle rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat lagde inn i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Løyvingane til tilskott og handsaminga av den enkelte søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar, vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eitt enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift, som nyttar høvet til å søkje om tilskott, og som nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskottsordningane eller resultata, har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er nødvendig for å kunne halde oppe haustinga og ha eit godt nok kunnskapsunderlag for forvaltninga.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 41,3 mill. kroner for 2020. Det er ein reduksjon på 5,0 mill. kroner jamført med 2019. I 2019 var det endra avgifter og uttak av opparbeidd kapital i Viltfondet som gav rom for auka refusjon. Også i 2020 vil opparbeidd kapital i Viltfondet bli nytta, men i mindre grad enn i 2019.

Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar

Formål med løyvinga

Løyvinga skal leggje til rette for tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv.

Rapportering 2018

Løyvinga blei etablert i 2019.

Budsjettframlegg 2020

Frå og med 2020 er det gjort ei teknisk flytting av posten til nytt kap. 1141.

Kap. 4140 Haustbare viltressursar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Jegerprøve, gebyr m.m.

4 029

4 500

Sum kap. 4140

4 029

4 500

Formål med løyvinga

Inntektene på posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøva, jf. forskrift 2. april 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.

Rapportering 2018

Talet på gjennomførte eksamenar i kalenderåret 2018 er 12 826.

Budsjettframlegg 2020

Frå og med 2020 er det gjort ei teknisk flytting av posten til nytt kap. 4141.

Kap. 1141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

23

Jegerprøve m.m. , kan overførast

4 500

75

Organisasjonar – haustbare viltressursar

6 889

Sum kap. 1141

11 389

Kapittelet er nytt frå 2020 og inneber ei teknisk flytting av kap. 1140, post 23 og kap. 1140, post 75 til nytt kapittel 1141, med tilsvarande postar.

Post 23 Jegerprøve m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal gå til å drifte ordninga med den obligatoriske jegerprøva.

Rapportering 2018

Sjå kapittel 1140, post 23.

Budsjettframlegg 2020

Utgiftene til å drifte den obligatoriske jegerprøva blir venteleg om lag 4,5 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4141, post 01. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4141, post 01.

Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar

Formål med løyvinga

Løyvinga skal leggje til rette for tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv. Ordninga blei etablert for 2019 under kap. 1140, post 75.

Rapportering 2018

Sjå kap. 1140, post 75.

Budsjettframlegg 2020

Løyvinga skal dekkje grunnstønad til Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) til aktivitetar knytte til jakt og fangst på haustbare viltressursar og tiltak for stimulere barn og unge til forståing og bruk av utmarksressursane. Midlane som er knytte til NJFFs aktivitetar innanfor jakt og fangst, blei rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet frå 2019.

Departementet tek sikte på at fordelinga på tiltak vil vere om lag slik:

Tabell 2.6 Budsjettframlegg for kap. 1141, post 75 i 2020 (i 1 000 kroner)

Tiltak

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Grunnstønad til Norges Jeger- og Fiskerforbund

4 861

4 861

Tiltak for barn og unge – bruk av utmarksressursar

2 141

2 028

Sum kap. 1141, post 75

7 002

6 889

Kap. 4141 Haustbare viltressursar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Jegerprøve, gebyr m.m.

4 500

Sum kap. 4141

4 500

Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.

Formål med løyvinga

Inntektene på posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøva, jf. forskrift 2. april 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.

Rapportering 2018

Sjå kap. 1140, post 4140.

Budsjettframlegg 2020

Venta inntekter på posten er 4,5 mill. kroner. Kvar jeger som går opp til jegerprøva, må betale eit eksamensgebyr på 300 kroner. Eksamensgebyret er uendra frå 2019 til 2020.

Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23 til å drifte ordninga med jegerprøva. Kap. 1141, post 23 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

229 542

243 702

241 733

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald , kan overførast

3 741

6 312

12 051

50

Arealressurskart

7 643

7 715

7 676

60

Tilskott til veterinærdekning

146 373

180 471

170 286

70

Tilskott til fjellstover

799

819

816

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark , kan overførast

6 268

4 524

4 513

72

Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite , overslagsløyving

467

452

452

73

Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon , overslagsløyving

32 179

55 610

55 610

74

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt

1 000

1 000

75

Tilskott til klimarådgiving på gardar

7 175

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald , kan overførast

160 000

78

Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald , kan overførast

20 000

80

Radioaktivitetstiltak , kan overførast

909

500

500

Sum kap. 1142

435 096

501 105

674 637

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er òg sekretariat for Omsetnadsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Reindriftsstyret, styret for Reindriftas utviklingsfond og Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt.

Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov, forskrift og/eller regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging av avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.

Landbruksdirektoratet skal, i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning.

Landbruksdirektoratet skal samarbeide med fylkesmennene for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.

Landbruksdirektoratet har desse forvaltningsområda:

  • areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

  • reindrift

  • inntekts- og velferdspolitiske tiltak

  • marknadstiltak, handel og industri

  • digitalisering og organisasjon

Rapportering 2018

Landbruksdirektoratet er lokalisert i Oslo og Alta. Vedtaket hausten 2017 om å flytte 30 årsverk frå Oslo til ei ny eining i Steinkjer, kravde mykje merksemd i direktoratet i 2018. Eininga i Steinkjer skal vere etablert innan oktober 2020.

Direktoratet la i 2018 vekt på å vidareutvikle verksemda og tenestene direktoratet tilbyr. I 2018 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret og forhandlingane om reindriftsavtalen. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i ulike utval og arbeidsgrupper.

Tørkesommaren 2018 medførte omfattande avlingssvikt i store delar av landet. I Landbruksdirektoratet blei det lagt ned ein stor innsats gjennom sommaren og hausten for å sikre rask søknadshandsaming og smidig utbetaling av tilskott og erstatningar. 15 000 søknader om erstatning for avlingsskade gjorde det nødvendig å fornye fagsystema og setje inn ekstra ressursar. Det blei òg gjennomført ei ekstrautbetaling av tilskott til grovfôrbasert husdyrhald og til grønsaksareal i enkelte område. Utbetalinga blei basert på opplysningane i søknadene om produksjonstilskott. Om lag 10 000 føretak fekk utbetalt ekstratilskott i november. Godt samarbeid mellom sentrale styresmakter, fylkesmenn, kommunar og næringa sørgde for at den ekstraordinære situasjonen blei handtert på ein god måte. Vidare blei det sett i verk ei rekkje tiltak for å motverke dei marknadsmessige konsekvensane av tørken. Blant desse var tollfritak for høy og halm, ekstraordinære importkvotar for råvarer til kraftfôr og auka tak for innfrysing av storfekjøtt på reguleringslager.

Arbeidet med å sikre at reintalet er tilpassa beitegrunnlaget, blei vidareført i 2018. Innrapporterte reintal viser at talet er tilnærma i samsvar med det styresmaktene har fastsett. Talet på rein i Finnmark ligg no samla sett under det øvre reintalet som Reindriftsstyret har fastsett. Også i 2018 blei beitekvaliteten kartlagd gjennom overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda. For driftsåret 2017/2018 blei det slakta 63 200 dyr. Dette er ein auke på 3 600 rein samanlikna med 2017. Gjennomsnittsprisen for reinkjøtt auka frå 75,46 kroner i 2017 til 76,68 kroner i 2018.

Det har vore ei prioritert sak å få på plass gode bruksreglar som skal sikre sjølvstyret for reinbeitedistrikta i Finnmark. Arbeidet har vore leidd av Fylkesmannen i Finnmark. Direktoratet har laga ein ny rettleiar for bruksreglar og øvre reintal som blei send på høyring til fylkesmennene i slutten av 2018.

Kritiske feil i reindriftssystema gjorde det nødvendig å stengje dei digitale tenestene for reindriftsutøvarane i 2017. Melding om reindrift og søknad om tilskott blei difor leverte på papir i 2018. I andre halvår 2018 arbeidde direktoratet med å utvikle ei mellombels digital løysing for sjølvbeteningstenester for melding om reindrift og søknad om tilskott til siidaandelar. Tenestene blei lanserte i første halvår 2019.

I IKT-prosjektet Agros blei det i 2018 utvikla eit nytt søknads- og sakshandsamingssystem for tilskott til avløysing ved sjukdom og fødsel. Søknadsprosessen har som følgje av dette blitt enklare og sikrare. Det har òg blitt ei meir effektiv forvaltning av ordninga. Vidare har direktoratet arbeidd med utvikling av regelverket for velferdsordningane for å forenkle dei og gjere dei tydelegare.

Overproduksjon av svin prega 2018. Bruken av eingongspurker medverka til auka tilførsel av smågris i marknaden. Ved jordbruksoppgjeret 2018 fekk Landbruksdirektoratet i oppdrag å greie ut endringar i regulering av smågrisproduksjonen. Landbruksdirektoratet kom med forslag til innstramming i regelverket. Landbruks- og matdepartementet sende forslag til endring i regelverk på høyring i desember 2018.

I 2018 blei avtalen med Mattilsynet om utveksling av informasjon i saker om dyrevelferd revidert. Det blei gjort tydeleg kva for saker ein skal informere om, og korleis ein skal samarbeide om desse. Den reviderte avtalen omtaler også reindriftsområdet og utveksling av informasjon i saker om transport og slakting av produksjonsdyr.

Landbruksdirektoratet har fleire verkemiddel som bidreg til å sikre matforsyninga og stabile prisar. Gjennom importvern og tollnedsetjing har Landbruksdirektoratet lagt til rette for avsetnad av norsk produksjon, samstundes som det er lagt til rette for supplerande import og oppfylling av internasjonale forpliktingar.

Tolletaten og Landbruksdirektoratet fullførte i 2018 eit arbeid med å betre informasjonsoverføringa mellom IKT-systema hos dei to etatane. Det har gjort det enklare å overvake importen av landbruksvarer. Direktoratet bidrog òg til å utforme ny tollov i 2018.

Landbruksdirektoratet har ei rådgivande og rettleiande rolle på jordvernområdet. I 2018 følgde direktoratet opp den nasjonale jordvernstrategien ved å lansere nye nettsider om jordvern med kommunane som viktigaste målgruppe. Her blir det informert om nasjonale mål, føringar og råd om korleis jordvern kan inkluderast i kommunal og regional planlegging.

Ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket blei i 2018 utvida med ni nye område. Det er no til saman 41 utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Tilskott til klimatiltaka gjødsling og tettare planting av skog blei ført vidare i 2018. Auka løyvingar til infrastrukturtiltak i skogbruket er følgde opp. Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga i areal- og miljøsaker. I 2018 har Landbruksdirektoratet på fleire område levert utgreiingar saman med Miljødirektoratet. Ei stor oppgåve som er gjennomført i samarbeid med Miljødirektoratet og Mattilsynet, har vore utgreiing av nytt regelverk om husdyrgjødsel og andre organiske gjødselvarer.

2018 var prega av høg aktivitet i forbetring og utvikling av dei ulike IKT-systema. Det blei lagt stor vekt på utvikling av ny systemløysing for importvern og RÅK og utvikling av Agros, som er ei sams løysing for ulike ordningar. Produksjonstilskott til 40 000 bønder blei utbetalt over det nye fagsystemet eStilPT i 2018.

Innføringa av den nye personvernforordninga (GDPR) har òg prega arbeidet med IKT gjennom heile året. Ei ny personvernerklæring er gjord tilgjengeleg for brukarar på Altinn og internettsidene til direktoratet. IKT-tryggleik blei prioritert og arbeidet med å verne systema, dataa og tenestene mot uautorisert tilgang, skade eller misbruk heldt fram. Landbruksdirektoratet har sett ut drift, vedlikehald og utvikling av IKT, og i 2018 bytte direktoratet leverandørar på alle desse områda.

Landbruksdirektoratet har i 2018 halde fram arbeidet med målretta og effektiv kontroll med tilskottsforvaltninga i landbruket. Risikovurderingar har danna grunnlaget for kontrollarbeidet. Samstundes har rutinane og kvaliteten på sakshandsaminga blitt vidareutvikla.

Landbruksdirektoratet følgjer opp at fylkesmennene stettar det regionale ansvaret sitt for forvaltning og kontroll på landbruksområdet på ein god måte. Fylkesmennene følgjer opp at kommunane gjer sine oppgåver knytte til forvaltning og kontroll på landbruksområdet på ein god måte.

Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2018 finst i årsrapporten på landbruksdirektoratet.no.

Budsjettframlegg 2020

Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 241,7 mill. kroner. Det omfattar òg ei ekstra løyving på 11,7 mill. kroner for å dekkje kostnader til rekruttering, dobbel bemanning i kritiske roller, drift og leige av lokale i Steinkjer. Dette gjeld særskild for fagområda skogbruk, landbruks- og naturskadeerstatning, rekneskap og arkiv.

Det blir prioritert høgt å sikre etablering av eit stabilt drifts- og fagmiljø i Steinkjer, samstundes med at direktoratet utfører dei andre oppgåvene på ein tilfredsstillande måte.

Nedanfor følgjer ein nærare omtale av viktige oppgåver på dei enkelte forvaltningsområda i 2020.

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

Landbruksdirektoratet vil i 2020 vidareføre arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og ein effektiv infrastruktur i skogen. Iverksetjinga av klimatiltak i skog vil bli følgd opp i samarbeid med Miljødirektoratet.

Når det gjeld klima- og miljøomsyn i jordbruket, vil Landbruksdirektoratet utvikle tiltaka vidare med sikte på forenkling og målretting til beste for klima, miljø og næring. Regional og lokal oppfølging av vassforskrifta og arbeid med kulturlandskap vil òg vere viktige oppgåver for Landbruksdirektoratet i 2020.

Landbruksdirektoratet skal bidra til at interessene til landbruket blir tekne vare på i saker knytte til naturmangfaldlova. Det er nødvendig med merksemd på jordvern både lokalt, regionalt og sentralt for å ta vare på god matjord. Direktoratet samarbeider med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i oppfølginga av den nasjonale jordvernstrategien.

På klima- og miljøområdet vil Landbruksdirektoratet føre vidare samarbeidet med Miljødirektoratet. Direktoratet vil òg følgje opp den nasjonale strategien for økologisk jordbruk.

Landbruksdirektoratet skal ta hand om den landbruksfaglege sida i rovviltpolitikken og leggje til rette informasjon om utviklinga i beitenæringane (husdyr, rein).

Landbruksdirektoratet vil i 2020 arbeide for å sikre ei god og effektiv forvaltning av naturskadeerstatningsordninga.

Reindrift

Innrapportert samla reintal i Finnmark er no tilnærma på det nivået som er fastsett i bruksreglane. Landbruksdirektoratet vil i 2020 arbeide for å halde oppe grunnlaget for ei økologisk berekraftig reindrift. Å sikre eit stabilt reintal og følgje opp siidaandelane og distrikta som har for mange rein, har difor framleis høg prioritet. Landbruksdirektoratet vil saman med fylkesmannsembeta følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet utover det som er fastsett, ved å nytte føresegnene i reindriftslova. Landbruksdirektoratet vil vurdere behovet for offentleg kontrollerte teljingar i heile reinbeiteområdet i samråd med fylkesmennene.

Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med å stimulere til best mogleg produksjon i reindrifta. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta vil Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata.

Landbruksdirektoratet vil halde fram med å etablere samarbeid med andre offentlege organ om aktuelle reindriftsfaglege tema. Vidareutvikling av sjølvstyret i reindrifta står sentralt i arbeidet for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet vil i nær dialog med departementet arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje sjølvstyret og internkontrollen i reindrifta.

Landbruksdirektoratet vil bidra med å følgje opp Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift. Lang tradisjon – unike muligheter. Dette gjeld mellom anna obligatorisk individmerking av rein, tilgjengeleggjering av reintal internt i næringa og utvikling av kriterium for berekraftsmåla.

Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

Innspel til forenkling og forbetring av verkemiddel i jordbruksavtalen er viktige også i 2020.

Landbruksdirektoratet vil i 2020 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av produksjonstilskott i jordbruket og tilskott til avløysing ved ferie og fritid. I tillegg vil direktoratet arbeide med å vidareutvikle fagsystemet eStil PT. Eit anna stort prosjekt er utvikling av nytt IKT-system for kvoteordninga for mjølk med mål om å forenkle forvaltningsprosessane.

Landbruksdirektoratet vil i 2020 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av husdyrkonsesjonsregelverket og med å tilpasse mjølkekvotegrunnlaget til eit minka mjølkebehov som følgje av bortfall av eksportstøtta.

Landbruksdirektoratet vil arbeide for å betre forvaltninga av pristilskotta, der meieria, slakteria og andre mottaksanlegg er tilskottsformidlarar. Direktoratet vil utvikle forvaltninga av verkemiddel til næringsutvikling og kompetanseutvikling vidare.

Landbruksdirektoratet skal forvalte forskrift om kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald. Innføringa av ordninga vil krevje mykje merksemd i 2020.

Landbruksdirektoratet er sekretariat for to forskingsstyre, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen, og det vil i 2020 halde fram arbeidet med å bidra til at nærings- og forskingsmiljøa saman fremjar gode søknader på prioriterte tema.

Landbruksdirektoratet vil i 2020 ha merksemd retta mot kontroll med dei ulike ordningane og oppfølging av kontrollarbeidet til fylkesmennene og kommunane.

Marknadstiltak, handel og industri

Landbruksdirektoratet vil i 2020 arbeide for å sikre god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer, der like konkurransevilkår for aktørane står sentralt.

Direktoratet vil som sekretariat for Omsetnadsrådet følgje opp endringane etter gjennomgangen av regelverket for marknadsbalansering.

Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit viktig mål.

Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Direktoratet vil òg bidra med analysar i samband med Brexit.

Landbruksdirektoratet vil halde fram med å følgje med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er òg viktige oppgåver.

Digitalisering og organisasjon

Landbruksdirektoratet vil i 2020 sluttføre arbeidet med å gjennomføre vedtaket om å flytte 30 årsverk til Steinkjer. Direktoratet er godt i gang med etableringa. Mange av medarbeidarane som skal ha kontorstad i Steinkjer, er tilsette.

Landbruksdirektoratet vil vidareutvikle styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Digitaliseringsplanen i Landbruksdirektoratet skal bidra til gode prioriteringar av tiltak som gir nytte og gevinst for brukarane, samarbeidspartnarane og direktoratet. I 2020 vil arbeidet med å digitalisere tenestene halde fram.

I 2020 vil arbeidet med å utvikle nye nettsider vere ei av dei sentrale satsingane. Målet er å skape nettsider som tek utgangspunkt i behovet til brukarane. Nettsidene og dei digitale tenestene skal vere effektive, lett tilgjengelege og trygge å bruke.

Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område også i 2020. I tillegg vil direktoratet halde fram arbeidet med å integrere den nye personvernforordninga (GDPR) i dei ulike sakshandsamings- og IKT-systema.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje utgiftene til oppfølging av Noregs ansvar ved gjennomføringa av ny reingjerdekonvensjon med Finland, og for konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland. Posten skal òg dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Røros-regionen og til vedlikehald av gjerda i Hemsedal og Lærdal.

I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter i samsvar med gjeldande reingjerdekonvensjon og avtalar.

Rapportering 2018

Det er gjennomført kulturminnesynfaring på tre av fire delstrekningar, og stikking og skogrydding på den andre delstrekninga ut frå gjeldande reingjerdekonvensjon med Finland. Vidare er det gjennomført vedlikehald av konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland og vedlikehald av gjerda i Hemsedal og Lærdal.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,1 mill. kroner.

Våren 2016 ratifiserte Noreg ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland. Hausten 2016 ratifiserte også Finland konvensjonen. Avtalen inneber mellom anna at det er norsk ansvar å føre opp gjerde på strekninga Karigasniemi–Levajok. Kostnaden for dette er berekna til 17,6 mill. kroner i perioden 2018–2021. Løyvinga skal dekkje oppføring av den andre og tredje delen av gjerdestrekninga og skogrydding på den fjerde og siste delstrekninga i 2020, i tillegg til dei ordinære oppgåvene på denne posten.

Post 50 Arealressurskart

Formål med løyvinga

Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av eit arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.

Rapportering 2018

Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos NIBIO. Karta blir viste mellom anna i løysinga Gårdskart på nett og er viktige i samband med kontroll av tilskottsordningar.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,7 mill. kroner.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formål med løyvinga

Tilskottet skal bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.

Tilskott til veterinærdekning har sidan 2008 blitt gitt som eit øyremerkt tilskott. Hovuddelen av posten har gått til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.

Posten blir òg nytta til stimuleringstiltak for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. I tillegg blir eit mindre beløp nytta til veterinærtenester på Svalbard.

Rapportering 2018

Midlane er fordelte til kommunane. Eit mindre beløp har vore nytta til veterinærtenester på Svalbard.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om 170,3 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.

I kommuneproposisjonen, Prop. 113 S (2019–2020), varsla departementet at det vil bli føreslått å innlemme den delen av tilskottet på posten som gjeld klinisk veterinærvakt, i rammetilskottet til kommunane. Etter ei heilskapleg vurdering føreslår departementet likevel å vidareføre ordninga med øyremerkte tilskott over Landbruks- og matdepartementets budsjett.

Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, om lag 133,2 mill. kroner, er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane blir fordelte til kommunane ut frå ei fastsett vaktinndeling.

Framlegget til løyving omfattar òg om lag 31,4 mill. kroner som kommunane kan bruke til stimuleringstiltak for å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang på veterinærtenester, og som legg planar for gode lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane vil oppfylle kriteria for å kunne søkje om midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande brukast på Svalbard.

I framlegget er det òg sett av om lag 5,7 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane. Landbruksdirektoratet fordeler midlane til kommunane.

Post 70 Tilskott til fjellstuer

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom andre reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstuer – Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstuene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstuene har plikt til å halde ope heile året.

Rapportering 2018

Det er gitt tilskott til alle fjellstuene.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,8 mill. kroner.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Indre Finnmark. Reinteljing og oppfølging av godkjende bruksreglar er sentrale tiltak. Utgifter til teljing av rein i enkelte distrikt sør for Finnmark vil òg bli dekt over posten.

Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Kostnader knytte til slik kunnskapsutvikling blir dekte over denne posten. Utover dette er formålet med løyvinga å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp reindriftslova av 2007, overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, enkelte utviklings- og utgreiingskostnader og digitalisering av arealbrukskart for reindrifta.

Rapportering 2018

Det er gjennomført reinteljing i Finnmark, Troms og Nordland. Vidare er overvakings-programmet for Finnmarksvidda gjennomført. Digitalisering av arealbrukskart for reindrifta og utarbeiding av mellombels digital løysing for melding om reindrift og søknad om tilskott til siidaandelar og tamreinlag, er utførte etter planen.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark.

Utfordringa med å følgje opp fastsett reintal og godkjende bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Det krev ekstra innsats å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reglane etter reindriftslova inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for betre infrastruktur, og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den gjeldande marknadssituasjonen. Oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar er prioriterte oppgåver både for direktoratet og for fylkesmannen i 2020.

Ved sida av oppfølging av reintal og bruksreglar er posten i 2020 planlagd brukt til vidareføring av prosjektet digitalisering av arealbrukskart for reindrifta og enkelte utviklings- og utgreiingstiltak, mellom anna innanfor IKT.

Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999, og beiteleige ut frå inngåtte reinbeiteavtalar.

Rapportering 2018

Det blei i 2018 utbetalt fastsette årlege erstatningar til 45 personar.

Utgifter til beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet Reinbeiteforening for driftsåret 2017/2018 er dekt over denne posten.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 0,5 mill. kroner.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon

Formål med løyvinga

Formålet med ordninga er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og plantar, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) . Tilskottet skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Rapportering 2018

Skadegjerarar i planteproduksjon

Det var i 2018 låge utbetalingar av erstatning som følgje av offentlege pålegg om sanering i planteproduksjon. Årsaka til den største delen av erstatningsutbetalingane var påvising av tomatmøll i eit veksthus i 2017. Hausten 2018 fekk ein jordbærbonde i Østfold pålegg frå Mattilsynet etter påvising av bakteriebladflekk, og tilkjent erstatning blei utbetalt i januar 2019.

Pålagd slakting

I 2018 er årsaka til kostnadene erstatning etter pålagd sanering for multiresistente stafylokokkar i svinebesetningar (MRSA). Alle utbetalingar for MRSA-sanering er knytte til påvising av smitte føregåande år. Andre husdyrsjukdommar medførte 9,6 mill. kroner i erstatning i 2018. Dette gjaldt i hovudsak sanering av salmonella i svinebesetningar og fotròte i småfebesetningar i Rogaland og Agder.

MRSA-kompensasjon

Kompensasjon etter pålagd sanering av MRSA i svinebesetningar kjem i tillegg til vanleg erstatning ved pålagd nedslakting. I 2018 blei det utbetalt MRSA-kompensasjon til tre føretak i Hordaland, Vestfold og Trøndelag som følgje av påvisingar føregåande år.

Radioaktivitet

Forureininga etter atomulykka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruken enkelte stader på Indre Austlandet og i Midt-Noreg. For å motverke dette blir det brukt Giesesalt, som reduserer opptaket av radioaktivt cesium i dyr på beite. For høge verdiar av radioaktive stoff kan føre til at slaktet ikkje kan brukast til mat. Giesesalt blir kjøpt inn av Landbruksdirektoratet, og utgiftene til innkjøp er om lag 4 mill. kroner annakvart år. Utbetalinga er i stor grad knytt til omfanget av sopp på utmarksbeite seint i beitesesongen og til omfanget av kontrollmåling av radioaktivitet. Det var som vanleg mest nedfôring i Oppland, og utbetalt kompensasjon var under gjennomsnittet for dei siste fem år i alle fylke med unntak av Nordland.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 55,6 mill. kroner.

Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt

Formål med løyvinga

Løyvinga på posten blir brukt til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.

Rapportering 2018

Mattilsynet gjorde ingen vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite i 2018 som førte til utbetalingar av kompensasjon same år.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner.

Post 75 Tilskott til klimarådgiving på gardar

Formål med løyvinga

Tilskottsordninga omfattar både etablering av metodar for datafangst og eit system for klimarådgiving på gardar i regi av Noregs Bondelag. Prosjektet blir drive av Landbrukets Klimaselskap.

Rapportering 2018

Prosjektet er gjennomført i tråd med planane, men enkelte aktivitetar er utsette. Årsaka til mindreforbruket i 2018 er at utgifter til aktivitetar i siste del av 2018 vil komme til utbetaling i 2019. Prosjektet er frå 2019 tildelt midlar over LUF.

Post 77 Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å gi kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald. Stortinget vedtok 13. juni 2019 lov om forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019). Med dette har Stortinget vedteke eit forbod mot hald av pelsdyr etter 1. februar 2025 og at departementet kan gi forskrifter om økonomisk kompensasjon og om tilskott til omstilling til oppdrettarar som heldt pelsdyr 15. januar 2018.

Framlegg til løyving er midlar til kompensasjon som er omtalt i Prop. 99 L (2018–2019) og dei tillegga til kompensasjonsordninga som følgjer av merknadene til næringskomiteen. Dette omfattar mellom anna kompensasjon basert på bokført verdi av ikkje-realiserbar drifts- og anleggskapital som har blitt brukt i pelsdyrverksemda, eit tillegg basert på talet på avlstisper i produksjonen, full dekning av kostnader til riving og opprydding etter avvikling, og ein kompensasjon for lågare årleg alderspensjon som følgje av uttak av alderspensjon tidlegare enn fylte 67 år dersom vedkommande ikkje har anna lønns- eller næringsinntekt.

Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga.

Kompensasjonen er ei regelstyrt ordning, og framlegget til løyving vil bli tilpassa nødvendige utbetalingar. Den enkelte pelsdyroppdrettaren vil få utmålt og utbetalt kompensasjon etter fastsett regelverk. I praksis er difor kompensasjonsordninga å rekne som ei overslagsløyving.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 160,0 mill. kroner.

Post 78 Tilskott til omstilling for pelsdyroppdrettarar

Formål med løyvinga

Posten er ny. Framlegget til løyving er midlar til omstilling for pelsdyroppdrettarar i samband med forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019). Ordninga skal forvaltast av Innovasjon Noreg.

Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,0 mill. kroner.

Post 80 Radioaktivitetstiltak

Formål med løyvinga

Statens ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa gjorde om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.

Rapportering 2018

I 2018 er det utbetalt kompensasjon for ekstrakostnader til oppføring av anlegg for gjennomføring av utsett slakting som følgje av radioaktivitet i reinkjøtt. Utover dette har det ikkje vore behov for tiltak.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,5 mill. kroner.

Kap. 4142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsinntekter, refusjonar m.m.

47 179

43 203

44 363

Sum kap. 4142

47 179

43 203

44 363

Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har i samband med mellom anna sekretariatet for Omsetnadsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

22

Naturskade, administrasjon , kan overførast

70

71

Naturskade – erstatningar , overslagsløyving

84 653

152 600

168 000

Sum kap. 1148

84 723

152 600

168 000

Post 22 Naturskade, administrasjon

Formål med løyvinga

Løyvinga er blitt brukt til å utvikle eit nytt elektronisk søknads- og sakshandsamingssystem for erstatningssaker etter Statens naturskadeordning i samband med at naturskadeerstatningslova tok til å gjelde 1.1.2017. Dette arbeidet er gjort, og departementet gjer ikkje framlegg om vidare løyving under posten.

Rapportering 2018

I 2018 blei det brukt om lag 69 500 kroner til vidareutvikling av det nye søknads- og sakshandsamingssystemet for ordninga.

Post 71 Naturskade, erstatningar

Formål med løyvinga

Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Søknader om erstatning for naturskadar etter naturskadeerstatningslova blir handsama etter ein rein forvaltningsmodell. Landbruksdirektoratet avgjer sakene i førsteinstans, mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker som klageinstans.

Rapportering 2018

I 2018 blei det handsama 567 saker. Det blei gitt tilsegner om erstatning for om lag 80 mill. kroner. Utbetalingane i 2018, som var på om lag 83,1 mill. kroner, gjeld erstatningssaker for 2018 og tidlegare år. Tilsegner om erstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år.

Ansvaret som utgjer gitte, men ikkje innfridde tilsegner om erstatning, var 31.12.2018 på om lag 83,5 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2020

Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover.

Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning over Statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. Det knyter seg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Dette kjem av at omfanget av naturulykker varierer frå år til år, og at erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Vidare er fristen for utbetring tre år, noko som òg verkar inn på den årlege utbetalinga. Ved budsjetteringa blir difor normalt eit gjennomsnittsår for naturskadar lagt til grunn.

Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn målretta og utvida innsats når det skjer store naturulykker.

Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.

Løyvinga skal dekkje innfriing av både tilsegner som blir gitt i 2020, og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker eller aukar verknaden av ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje nødvendige utgifter til ekstrahjelp, og vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systemet for ordninga. I tillegg skal utgifter til Klagenemnda for naturskadesaker dekkjast av posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 168,0 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 90,5 mill. kroner for 2020, jf. tabell 2.7 og framlegg til vedtak IV.

Tabell 2.7 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2020

(i mill. kr)

Ansvar 1.1.2019

83,5

+

Venta tilsegner i 2019

150,0

=

Sum

233,5

-

Venta erstatningsutbetalingar i 2019

131,0

=

Venta ansvar 31.12.2019

102,5

+

Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a.

6,0

+

Venta nye tilsegner i 2020

150,0

=

Sum

258,5

Forslag til løyving i 2020

168,0

Forslag til tilsegnsfullmakt i 2020

90,5

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 523

3 506

3 488

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast

71 007

92 300

79 774

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak , kan overførast

42 157

38 899

38 944

75

Tilskott til investeringsstøtte for landbruket

75 000

Sum kap. 1149

191 687

134 705

122 206

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

Formål med løyvinga

Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl.res. datert 25. februar 1977, med endringar sist av 4. desember 2014. Fondet har til oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet.

Rapportering 2018

I 2018 blei det løyvd 3,5 mill. kroner til fondet. I alt fekk åtte nye prosjekt tilskott.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,5 mill. kroner for 2020. Midlane frå fondet vil i første rekkje gå til brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Formål med løyvinga

Skogen og eit aktivt skogbruk gir viktige bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet, i tillegg til viktige klimagevinstar. For å styrkje desse bidraga vil regjeringa leggje til rette for at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønnsamt, blir teke i bruk, mellom anna ved auka hogst, hausting av virke til biobrensel og oppbygging av ny skog. Ein formålstenleg infrastruktur, med samanhengande betre standard frå skog til industri og vidare til marknadene, er eit satsingsområde for regjeringa. Som det går fram av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring , og strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling (2019), er ein god infrastruktur avgjerande for konkurransekrafta til skogsektoren og for det positive bidraget til verdiskaping for distrikta og landet som skogsektoren gir. Løyvinga skal bidra til modernisering og vidareutvikling av infrastruktur for transport i tillegg til andre verdiskapingstiltak i skogbruket.

Rapportering 2018

Det blei utbetalt om lag 71 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket over posten i 2018. Det blei gitt tilsegn om midlar til åtte tømmerkaiprosjekt langs kysten: Lierstranda i Buskerud, Eydehavn i Aust-Agder, Saudasjøen i Rogaland, Marøystrand i Hordaland, Fjaler i Sogn og Fjordane, Håjem i Møre og Romsdal, Orkanger i Trøndelag og Mosjøen i Nordland.

Det blei utbetalt 26,5 mill. kroner til vidareutvikling av skogsvegnettet over posten i 2018. Desse midlane må sjåast i samanheng med løyvingane til det same formålet over kapittel 1150, post 50. Det blei bygd rundt 94 km nye skogsbilvegar og ombygd rundt 283 km eldre skogsbilvegar i 2018. Dette er ein nedgang på høvesvis 9 pst. og 27 pst. frå 2017.

Ansvaret på posten er 31.12.2018 på 129,8 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2020

Departementet vil føre vidare satsinga på infrastrukturtiltak i skogbruket i 2020. Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak, med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene.

Behovet for investeringar i infrastruktur er stort over heile landet, men kyst- og innlandsfylka har ulike utfordringar. I mange av kystfylka står mykje av den skogen som i dag er hogstmoden, eller som snart blir det, langt frå vegen eller i bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng, noko som gjer det kostnadskrevjande å utnytte ressursane. I innlandsfylka er ein stor del av skogsvegnettet gammalt og treng opprusting for å oppfylle transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller.

Tilskott til investeringar i nybygging og ombygging av skogsvegnettet er målretta og prioriterte tiltak for auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport. Gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør, vil desse investeringane òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket.

Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av trevirke og produktflyt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Tømmerkaier er blitt stadig viktigare som følgje av endringar i avsetnaden av virke og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra, også i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet.

Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk knytt til tømmer. Gode planprosessar og overføring av kunnskap og erfaring frå prosjekt til prosjekt er viktig i dette arbeidet. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å utvikle skogsvegnettet vidare.

Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med tilskott til kaiprosjekt for departementet.

Infrastrukturtiltaka har positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar og styrkjer konkurransekrafta i skognæringa. Som for 2019 vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak der investeringane skjer over fleire år. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 79,8 mill. kroner for 2020. Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som det blir gitt tilsegn, gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2020 på 116,2 mill. kroner for å kunne dekkje ansvar frå tidlegare år, jf. framlegg til vedtak IV. Beløpet er basert på ein prognose frå Landbruksdirektoratet.

Tabell 2.8 Tilsegnsfullmakt til infrastrukturtiltak i 2020

(i mill. kr)

Ansvar 1.1.2019

129,8

+

Venta tilsegner i 2019

81,2

=

Sum

211,0

-

Venta erstatningsutbetalingar i 2019

92,3

=

Venta ansvar 31.12.2019

118,7

+

Venta nye tilsegner i 2020

77,3

=

Sum

196,0

Forslag til løyving i 2020

79,8

Forslag til tilsegnsfullmakt i 2020

116,2

Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

Formål med løyvinga

Skogen speler ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil leggje til rette for tiltak som kan ta vare på eller styrkje karbonlageret i skogen, og samstundes leggje til rette for meir bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.

Posten omfattar også bidrag til stiftinga Det norske Skogfrøverk, som har som oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Bidraget frå departementet er basert på ein avtale med Skogfrøverket om forvaltningsoppgåver frå 1995.

Rapportering 2018

Det blei løyvd 48,9 mill. kroner til tilskott til skog-, klima- og energitiltak i 2018.

Av dette blei det sett av 33 mill. kroner til klimatiltaka tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. Rekneskapen viser at det blei gitt om lag 18 mill. kroner i tilskott til tettare planting på 110 000 dekar. Det blei vidare gitt tilskott på om lag 8 mill. kroner til gjødsling av om lag 56 000 dekar.

Det blei òg løyvd 8,8 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplantar, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Det blei òg gitt ei ekstra løyving på 6 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga som eit klimatiltak i skogbruket.

Det blei dessutan løyvd 650 000 kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) for det norske bidraget til det nordisk-baltiske prosjektet Future Forest. Prosjektet har som formål å definere bruksområde for granproveniensar i Norden. Det norske bidraget er ei oppfølging av utgreiinga om moglegheitene for meir nordisk samarbeid i skogfrø- og skogplanteforsyninga, og det er venta at resultata vil gi grunnlag for bruk av plantemateriale som er betre tilpassa klimaet i Norden.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 38,9 mill. kroner i 2020 til klimatiltak i skog som oppfølging av klimaforliket og Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid .

Landbruksdirektoratet forvaltar ordningane med tilskott til tettare planting og gjødsling.

Skogplanteforedling av treslaget gran er ein viktig del av forvaltningsoppgåvene til Skogfrøverket. Skogplanteforedlinga krev no ei fornying av frøplantasjar med det beste materialet frå plantasjar av gran som blei etablerte i 1960- og 1970-åra. Fornying av skogfrøplantasjar er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak, og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er òg ønskjeleg at større delar av landet får tilgang til foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar, og at ein startar eit foredlingsprogram for furu. Departementet gjer framlegg om å vidareføre løyvinga til Skogfrøverket på 6 mill. kroner til arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og utvikling.

Gjennom ei teknisk flytting av 1 mill. kroner frå posten, til kapittel 1136, post 50, har departementet lagt til rette for at NIBIO kan etablere nye langsiktige forsøksfelt for skogproduksjonsforsking, sjå kap. 1136, post 50.

Departementet vil òg vidareføre løyvinga til prosjektet Future Forest ved NIBIO med om lag 650 000 kroner. Future Forest bidreg til å definere bruksområde for gran og furu basert på såkalla forflytningsfunksjonar. Dette skjer i eit tett nordisk-baltisk samarbeid. Forskarane utvekslar kunnskap og forsøksdata frå store delar av treslaga si utbreiing i Fennoskandia og koplar dette med klimadata. I 2020 vil NIBIO prioritere å utvikle ei nettbasert kartløysing for furu, slik at skogeigarar kan finne dei beste furumaterialane på digitale kart over eigedommen. Klimatiltaka i skog vil styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

11 961

24 033

14 533

50

Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)

1 123 685

1 133 553

1 250 553

70

Marknadsregulering , kan overførast

283 649

302 062

303 747

71

Tilskott til erstatningar m.m. , overslagsløyving

1 667 390

43 000

43 000

73

Pristilskott , overslagsløyving

3 341 337

3 611 045

3 800 600

74

Direkte tilskott , kan overførast

8 537 164

9 024 159

9 404 044

77

Utviklingstiltak , kan overførast

252 676

264 280

281 980

78

Velferdsordningar , kan overførast

1 441 747

1 518 391

1 547 195

Sum kap. 1150

16 659 610

15 920 523

16 645 652

Formål med løyvinga

Kap. 1150 og kap. 4150 om jordbruksavtalen er baserte på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetnad innanfor jordbruket. Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken.

Mange av postane har underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Difor ser departementet det som formålstenleg at eit større behov for midlar på éin underpost kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på den same posten.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. skal bidra til at måla for landbruks- og matpolitikken blir nådde. Meir informasjon om måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode finn ein i innleiinga til denne proposisjonen.

Fleire faktorar bidreg til at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå, til dømes klimaet, topografien, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur, og det norske pris- og kostnadsnivået generelt. Difor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å bidra til lønnsam produksjon over heile landet og å stimulere til god agronomi og berekraftig produksjon. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla på same tid. Det gjeld mellom anna tilskott som skal gi det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke, vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at måling av resultata av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som fører til god måloppnåing både for næringa og for samfunnet. Ei vurdering av hovudmåla post for post på budsjettkapitlet gir ikkje fullgod informasjon. Difor er det heller ikkje tenleg å ha ei eiga resultatrapportering på kvar enkelt ordning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar og for bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150, postane 70 og 73, og i nokon grad under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.

Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd, skil seg òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane), fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra gjennom kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.

Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, postane 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane er i hovudsak sette saman av refusjon av utgifter til avløysing for sjukdom og ferie/fritid. Ein står her overfor den same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld òg ordninga med tilskott til veterinære reiser, der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår om kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet direkte til ein sams mottakar, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent, som så betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til Folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak, som blir løyvde med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter, basert på ein søknad som er sendt kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og tilskottsbrevet frå kommunen inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal brukast til, eller kva rapporteringskrav som gjeld.

Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta. Årlege kunngjeringar gir informasjon om kva tiltak som gir rett til tilskott, og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Dersom løyvingsramma er avgrensa, kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott, kan dekkjast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifiseringa av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak.

Forvaltning

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, over kap. 525 til fylkesmennene i budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, over kap. 571 rammetilskottet til kommunane og kap. 572 rammetilskottet til fylkeskommunane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Løyvinga over kap. 1150, post 21 skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT-/fagsystem i Landbruksdirektoratet for forvaltning av tilskott over kap. 1150. For å kunne ha fleksibilitet kan det også i nokre høve vere aktuelt å trekkje utviklings- og utgreiingskostnader på tilskottsordningane.

På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane er førstelinestyresmakt for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som omtalt ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane er det departementets vurdering at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Departementet og forvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så godt kontrollsystem som mogleg. Det er sett i gang prosessar for å styrkje kontrollfunksjonen fylkesmennene har på landbruksområdet, og det blir mellom anna stilt krav til fylkesmannsembeta om at det kvart år skal utarbeidast ein risikobasert kontrollplan og gjennomførast føretakskontroll og forvaltningskontroll av kommunar. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har fylkesmannen og Landbruksdirektoratet ei kontinuerleg oppfølging gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, særskilde kommunesamlingar og kompetansetiltak retta mot dei landbruksansvarlege i kommunane.

Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt gode resultat. Likevel er det framleis utfordringar med kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Det gjeld særleg å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at fylkesmannen og kommunane får ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.

Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på veikskapar ved systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og den rolla kommunane har i tilskottsforvaltninga. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette området vidare framover.

Rapportering 2018

Ved sida av å produsere varer og tenester for ein marknad er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekkje fellesgode, det vil seie gode som ikkje kan omsetjast i ein marknad. Verkemidla bidreg til at hovudmåla for politikken blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad i kombinasjon med produksjon av fellesgode.

For å oppnå hovudmåla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, for å optimalisere den geografiske produksjonsdelinga og i nokon grad påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, det vil seie at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke, vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.

Når det gjeld måla for landbrukspolitikken, som er omtalte mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og via andre kapittel i budsjettet. Det omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, verkemidla for matsikkerheit m.m. Produksjon av trygg mat er også ein grunnleggjande føresetnad for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Dessutan er dette tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar. Alt i alt gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelte tiltak, men på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. Kapittel 3 i Prop. 120 S (2018–2019) om jordbruksoppgjeret 2019 gir ei oversikt over sentrale utviklingstrekk for dei måla som er relevante for dei verkemidla som omfattast av jordbruksavtalen. Sjå elles resultatrapporteringa i del III av denne proposisjonen.

Jordbruksoppgjeret 2019

I jordbruksoppgjeret 2019 blei det inngått avtale mellom staten og jordbruket den 16. mai 2019. I sluttprotokollen viser partane til stortingshandsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017), jf. Innst. 251 S (2016–2017) og Prop. 94 S (2017–2018), jf. Innst. 404 S (2017–2018), Granavolden-plattforma og Jeløya-plattforma til regjeringa. Den inngåtte jordbruksavtalen er basert på dette grunnlaget. Partane viser også til formålsparagrafen i Hovudavtalen, som seier at formålet med forhandlingane er å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagde mål for jordbruket. Jordbrukspolitikken er basert på mange ulike mål der kryssande omsyn må vegast mot kvarandre.

Jordbruksavtalen omfattar målprisane for perioden frå 1.7.2019 til 30.6.2020 og tilskott som blir utbetalte i 2020. Det blei også gjort justeringar av løyvingane i 2019 innanfor ei uendra økonomisk ramme. Den inngåtte jordbruksavtalen med forslag til endringar i budsjettvedtak for 2019 blei lagd fram for Stortinget i Prop. 120 S (2018–2019). Avtalen hadde ei ramme på 1 240 mill. kroner. Av dette var 49 mill. kroner unytta overførte midlar frå 2018. Målprisane blei auka frå 2020 tilsvarande 249 mill. kroner, og tilskotta blei auka med 720 mill. kroner. Avtalen la også til grunn at regjeringa i budsjettet for 2020 ville leggje fram forslag om auke i jordbruksfrådraget tilsvarande ein inntektsverdi på 150 mill. kroner.

Proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2019 blei handsama i Stortinget den 19. juni 2019 på grunnlag av Innst. 414 S (2018–2019) frå næringskomiteen.

Budsjettframlegg 2020

I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 720 mill. kroner. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet.

Det er prognosert relativt små volumendringar på overslagsløyvingane frå 2019 til 2020. Over ordningane på post 73 er det lagt til grunn ei volumendring som aukar løyvinga på kap. 1150 med vel 5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2019. Det er vesentleg mindre enn det har vore dei siste åra, og kjem av at auken i produksjon av kjøtt og mjølk har stansa opp. Samla løyving i 2020 blir etter dette 16 645,7 mill. kroner, mot 15 920,5 mill. kroner i saldert budsjett for 2019.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å kunne ha finansiering av kostnader til utvikling av IKT-/fagsystem i forvaltninga av tilskott til jordbruket, evalueringar av ordningane og arbeidsgrupper som er sette ned av avtalepartane eller vedtekne av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte over ordninga.

Rapportering 2018

Landbruksdirektoratet har i fleire år prioritert ei omfattande fornying av IKT-plattforma for tilskottsforvaltninga. Arbeidet med det nye systemet for produksjonstilskott og avløysartilskott (eStil) blei avslutta i 2018 i samsvar med både tidsplan og budsjett. I 2018 blei det til saman brukt om lag 12 mill. kroner, og vel 8 mill. kroner av dette blei brukt til utvikling av det nye fagsystemet «Agros», som erstattar det gamle systemet «Saturn». Det blei også nytta om lag 2,5 mill. kroner til oppstart av eit nytt fagsystem («Bris») for forvaltning av importvernet og råvarepristilskotta ved import og eksport av tilarbeidde jordbruksvarer (RÅK-ordningane).

Budsjettframlegg 2020

Utviklinga av systemet «Agros» vil bli avslutta i 2019. Det er sett av 8,5 mill. kroner i 2020 til arbeid med ei IKT-løysing for forvaltning av importvern og RÅK-ordningane. Det er også sett av 3 mill. kroner til tilpassingar i fagsystemet for produksjonstilskott, mellom anna som følgje av nytt regelverk om trekk i tilskott for søknader som kjem inn etter fristen.

Til arbeidsgrupper og utgreiingar for avtalepartane og Stortinget er det sett av 2,0 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,5 mill. kroner i 2020.

Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)

Formål med løyvinga

Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som styrkjer og byggjer ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, medrekna mellom anna tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Auka verdiskaping er eitt av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla under LUF skal bidra til lønnsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som blir forvalta av Innovasjon Noreg, står målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentralt.

Gjennom utforminga av dei regionale bygdeutviklingsprogramma, medrekna regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionale skog- og klimaprogram, blir det utforma regionalt tilpassa strategiar for verkemiddelbruken.

Rapportering 2018

Departementet viser til Prop. 120 S (2018–2019) for ein detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte over LUF. Ordningane det er gitt støtte til, kan grovt sett delast inn i sju område:

  • bedriftsretta midlar og støtte til Matmerk

  • tilrettelegging for næringsutvikling

  • rekruttering og kompetanse

  • forsking

  • skogbruk og fornybar energi

  • konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

  • verkemiddel retta mot miljø- og klimatiltak og økologisk landbruk

Budsjettframlegg 2020

Med bakgrunn i Prop. 120 S (2018–2019) og stortingshandsaminga av han, jf. Innst. 414 S (2018–2019), gjer departementet framlegg om ei løyving for budsjettåret 2020 på 1 250,6 mill. kroner. Tabell 2.9 viser kapitalsituasjonen for LUF 2018–2020. Prognosen for 2019 viser at likviditeten til fondet blir svekt med nærmare 300 mill. kroner. Prognosen for 2020 viser at eigenkapitalen og likviditeten til fondet blir ytterlegare svekt. Erfaring tilseier at den faktiske utviklinga kan avvike noko frå prognosane, mellom anna som følgje av fråfall i ansvar og styrking av eigenkapitalen gjennom tilførsel av eingongsmidlar. Kapitalsituasjonen og likviditetsutviklinga for LUF må haldast under oppsikt.

Tabell 2.9 Framføring av kapitalsituasjonen for LUF 2018–2020 med prognosar over framtidige utbetalingar (i mill. kroner)

Rekneskap 2018

Prognose 2019

Prognose 2020

Løyving

1 123,7

1 133,6

1 250,6

Eingongsoverføring, udisponerte midlar

60,4

Renteinntekter

9,9

9,5

11,4

Andre inntekter

126,2

25,2

25,2

Sum tilførsel

1 259,7

1 228,7

1 287,2

Utbetalingar, jf. statusrapport LUF 19/2019

1 394,5

1 574,2

1 511,0

Endring i tilskottsramme 1

2,0

93,0

Sum utbetalingar

1 394,5

1 576,2

1 604,0

Inneståande i Noregs Bank, inkl. à konto IN

1 620,8

1 362,2

1 084,8

Uteståande investeringslån

127,4

79,4

40,2

Sum eigedelar

1 748,2

1 441,6

1 125,0

Tapsfond BU risikolån

38,5

40,0

41,5

Sum eigenkapital i LUF

1 709,7

1 401,6

1 083,5

Likviditet

Tilført årsløyving, renteinntekter m.m.

1 259,7

1 228,7

1 287,2

Netto kapitaltilførsel knytt til investeringslån (avdrag)

58,6

48,0

39,2

Disponibel likviditet

1 318,4

1 276,7

1 326,4

Utbetalingar

1 394,5

1 576,2

1 604,0

Endring i likviditet

–76,2

–299,5

–277,6

1 Auken i tilskottsramme som er lagd til grunn i 2020, vil truleg ikkje komme til full utbetaling i 2020.

Tabell 2.10 viser tilskottsramma for LUF i 2020 og endringar i tilskottsramme frå 2019 til 2020. Tilskottsramma for fondet for 2020 blir sett til i alt 1 694 mill. kroner, inkludert avsetjing til rentestøtteutbetalingar. Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF 2020 er avsett til ordningar som skal stimulere til investeringar og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk og ordningar som gjeld klima- og miljøtiltak, utgjer ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet.

Tabell 2.10 Tilskottsramme for LUF 2020 (i mill. kroner)

2019

Ekstra 2019

2020

Endring 2019–2020

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling

634,5

634,5

0,0

Nasjonale tilretteleggingsmidlar

8,0

8,0

Inn på tunet-løftet del 2

3,0

3,0

Regionale tilretteleggingsmidlar

48,0

48,0

0,0

Områderetta innsats

Arktisk landbruk

2,0

4,0

2,0

Fjellandbruket

2,0

4,0

2,0

Rekruttering og kompetanse i landbruket

Nasjonale kompetansetiltak (KIL-midlar) 1

4,0

0,0

–4,0

Nasjonalt rekrutteringsprosjekt

2,0

2,0

Regionale kompetansenettverk for lokalmat

14,0

14,0

Regionale tilskott til rekruttering og komp.heving

14,0

14,0

0,0

Nasjonal modell for vaksenagronom

15,0

17,0

2,0

Mentorordning

2,0

4,0

2,0

Forsking og utvikling

65,0

82,0

17,0

PRESIS – Presisjonsjordbruk i praksis

4,0

4,0

Matmerk

63,0

63,0

0,0

Utviklingsprogrammet 2

106,0

92,0

–14,0

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

77,0

87,0

10,0

Skogbruk

242,0

257,0

15,0

Oppfølging av handlingsplan mot villsvin

2,0

2,0

2,0

Midlar til konfliktføreb. tiltak jordbruk/reindrift

2,0

1,5

-0,5

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

115,0

127,0

12,0

Drenering

58,0

68,0

10,0

Tilskott til tiltak i beiteområder

18,0

23,0

5,0

Handlingsplan for plantevernmidlar

10,0

12,0

2,0

Klima- og miljøprogram

20,0

22,0

2,0

Klimasmart landbruk

20,0

8,0

–12,0

Biogass

3,0

5,0

2,0

Støtte til verdsarvområda og utvalde kulturlandskap³

18,5

23,0

4,5

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

31,0

34,0

3,0

Sum tilskottsramme

1 570,0

2,0

1 663,0

93,0

Rentestøtte – utbetalingar

40,0

31,0

–9,0

Sum tilskottsramme inkl. utbetalingar rentestøtte

1 610,0

2,0

1 694,0

84,0

1 Nasjonale kompetansetiltak (KIL) vil frå 2020 bli inkluderte i ordninga med nasjonale tilretteleggingstiltak.

2 Verkemiddel til kompetansenettverk blir flytta til utvalde fylkeskommunar, jf. omtale av dette under avsnittet om Utviklingsprogrammet.

I Granavolden-plattforma heiter det at satsinga på lokal mat og drikke skal halde fram. Innretninga på kapitaltilgangen og investeringsverkemidla for alle bruksstorleikar gjennom Innovasjon Noreg skal vurderast for å bidra til fornying av driftsbygningar og rekruttering. Vidare peikar plattforma på styrking av grunnlaget for skogbruket gjennom kostnadsreduserande tiltak, fjerning av flaskehalsar i infrastrukturen og utbygging av skogsbilvegar og tømmerkaier. Plattforma viser òg til styrking av FoU-innsats knytt til utvikling av plantesortar og dyreeigenskapar som er godt tilpassa framtidige klimakrav og endra produksjonsforhold, og styrking av landbruksutdanning og iverksetjing av kompetanseretta tiltak for å stimulere til rekruttering til næringane. Fleire av verkemidla som ligg under LUF, er viktige verkemiddel for å nå desse ambisjonane. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål og Stortingets handsaming av denne gir vidare retning for satsinga på andre landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jordbruk. Dette gjeld òg innsats for auka næringsutvikling knytt til haustbare viltressursar. Sentrale mål for verkemidla er å leggje til rette for fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø i landbruket. Risikoavlastande verkemiddel er viktig for å få ein meir konkurransedyktig og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Fleire av verkemidla har mellom anna som mål å lette oppstartsutfordringar og bidra til kompetanseutvikling i næringa. Ordningane er difor viktige for rekrutteringa til landbruket.

Endringar som følgje av kommune- og regionreforma og regional tilpassing av verkemiddelbruken

Som ein del av kommune- og regionreforma vil kommunane og fylkeskommunane overta forvaltningsansvaret for fleire tilskottsmidlar under LUF frå 1. januar 2020. Dei budsjettmessige konsekvensane av oppgåveoverføringane er nærere omtalt i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin Prop. 1 S (2019–2020).

Kommunane får frå 1. januar 2020 ansvaret for forvaltning av tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, tilskott til tiltak i beiteområde og tilskot til utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap.

Fylkeskommunane får frå 1. januar 2020 ansvaret for å utarbeide regionalt næringsprogram for landbruket, forvaltning av regionale tilretteleggingsmidlar og prosjektmidlar til kystskogbruket.

Regionalt næringsprogram skal utarbeidast i samarbeid med den regionale partnarskapen, der faglaga deltek. Trøndelag fylkeskommune har frå 1. januar 2018 delteke i eit toårig forsøk med ansvar for å utarbeide regionalt næringsprogram. Ei evaluering av forsøket var klar i august 2019, og der inngår òg erfaringar med utarbeiding av regionalt næringsprogram i to andre fylke og koplinga til regionalt bygdeutviklingsprogram. Evalueringa vil bli brukt som eit kunnskapsgrunnlag for å førebu permanent overføring av regionalt næringsprogram til fylkeskommunane frå 1. januar 2020. I lys av evalueringa vil departementet òg vurdere om det er behov for eit regionalt bygdeutviklingsprogram som overbygning for dei tre delprogramma regionalt skog- og miljøprogram, regionalt miljøprogram og regionalt næringsprogram. Fylkesmannen skal framleis utarbeide regionalt miljøprogram og regionalt skog- og klimaprogram i samarbeid med den regionale partnarskapen.

Prosjektmidlane til kystskogbruket blir tildelte fylkeskommunane i Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark. Fylkeskommunane må samordne seg slik at midlane, etter søknad, i størst mogleg grad blir nytta til næringsretta fylkesoverbyggande prosjekt. Ved tildeling av midlane skal fylkeskommunane leggje vekt på å byggje vidare på arbeidet som er gjort i Kystskogbruket.

For dei verkemidla som blir delte mellom fylka, vil departementet leggje ny regionstruktur til grunn. Dette gjeld for dei regionale tilretteleggingsmidlane, investerings- og bedriftsutviklingsmidlane (IBU), regionale midlar til rekruttering og kompetanseheving (RK) og regionalt miljøprogram (RMP). Departementet legg til grunn at næringsutøvarar og organisasjonar i Oslo kan søkje om midlar som blir tilførte Viken fylke.

Innovasjon og vekst i grøntsektoren

Frukt- og grøntsektoren er i vekst og utgjer om lag 12 pst. av verdiskapinga i landbruket. Sektoren har eit stort innovasjonspotensial, og forbrukartrendar tyder på eit aukande marknadspotensial. I jordbruksoppgjeret 2019 blei avtalepartane samde om å etablere ei særskild satsing på grøntsektoren med mål om å auke delen som er norskprodusert, og møte etterspørselen med mest mogleg norskprodusert vare.

Satsinga består av to element:

  1. Forsterking av verkemiddel frå FoU og rekruttering til produktutvikling og omsetnad. Verkemidla omfattar IBU-ordninga, forskingsmidlane over jordbruksavtalen og finansieringa av prosjektet PRESIS (Presisjonsjordbruk i praksis). Teknologiutvikling og investeringar i grøntsektoren skal prioriterast innanfor Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Opplysningskontoret for frukt og grønt og Graminors frukt- og bærsenter på Njøs blir styrkte.

  2. Etablering av eit rådgivande utval. Utvalet består av aktørar i verdikjeda, avtalepartane og verkemiddelapparatet og blir leidd av tidlegare administrerande direktør i Innovasjon Noreg Anita Krohn Traaseth. Landbruksdirektoratet er sekretariat. Utvalet skal innan 15. mars 2020 leggje fram ein langsiktig plan for styrkt innovasjon, vekst og auka del norskprodusert i grøntsektoren (grønsaker, frukt, bær, potet og blomster). Utvalet skal mellom anna vurdere marknadsutsiktene og ulike marknadskanalar, innovasjonsbehov, potensial for produkt- og sortsutvikling, berekraftige løysingar i produksjonen og rekruttering. Det er sett av opp til 1 mill. kroner over ordninga Nasjonale tilretteleggingsmidlar til arbeidet. Avtalepartane vil ta stilling til det vidare arbeidet i utvalet i samband med jordbruksforhandlingane i 2020.

Innsats for utvikling og bruk av miljø- og klimavennleg teknologi i landbruket

Landbruket må tilpasse seg eit endra klima og bidra til redusert påverknad på miljø og klima. Teknologi er ein sentral drivar for utvikling av berekraftige løysingar innanfor jordbruksproduksjonen. I fjorårets jordbruksoppgjer blei det lagt opp til ei meir heilskapleg og samordna utviklingspakke for miljø- og klimavennleg teknologi i jordbruket. Målet var å stimulere til reduserte klimagassutslepp frå sektoren, bidra til meir miljøvennleg drift og auke verdiskapinga og konkurransekrafta gjennom effektiv ressursutnytting. Dette blei gjort gjennom ei klarare vektlegging av og forsterka innsats innan miljø- og klimavennleg teknologi i eksisterande ordningar. Ordningane omfattar tiltak frå FoU, via pilotering og investering til rådgiving og praktisk gjennomføring på det enkelte gardsbruket. Satsinga omfatta styrking av forskingsmidlane og klima- og miljøprogrammet. Målet med Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket blei utvida slik at det også omfatta utviklingsprosjekt knytt til teknologiutvikling i landbruket. Prosjekt med miljø-, klima- og energieffektive løysingar innanfor IBU-ordninga blei prioriterte. I tillegg blei det lagt til rette for styrking av rådgiving om presisjonsjordbruk i regi av Norsk Landbruksrådgiving. Det blei også oppretta ei koordineringsgruppe for meir heilskapleg og effektiv verkemiddelbruk på området. Gruppa har hatt to møte og fungerer som ein arena for utveksling av kunnskap, dialog om verkemiddelbruk og samordning av innsats.

Det er ønskeleg å føre vidare innsatsen knytt til miljø- og klimavennleg teknologi frå førre års jordbruksoppgjer og å utvikle innsatsen særskild innanfor frukt- og grøntsektoren, jf. omtale ovanfor av samordna innsats for styrking av denne sektoren.

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar)

Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket har eit todelt formål: å bidra til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommane, med mål om auka sysselsetjing, og å bidra til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, med særskild mål om effektivisering av produksjonen. Gjennom investeringar og moderniseringar i driftsapparatet og bruk av ny teknologi, oppnår ein effektivisering og auka produktivitet i landbruket. Ordninga er også eit målretta verkemiddel for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre gardbrukarar investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2018 gjekk 33 pst. av tilskottsmidlane til personlege stønadsmottakarar under 35 år. Dette er ein auke på 6 prosenteiningar frå 2017, og ein markant auke frå 2010/2011, då denne delen låg på 19 pst.

Staten bidreg i dag monaleg til investeringar i landbruket. I perioden 2014–2019 har avsetjinga til IBU-midlane auka med om lag 20 pst. eksklusiv den ekstraordinære investeringsstøtta på 75 mill. kroner som blei avsett i samband med Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2018.

Avtalepartane er samde om at avsetjinga til IBU-ordninga blir vidareført med 634,5 mill. kroner.

Særskild investeringsramme for grøntsektoren

65 mill. kroner av ramma for IBU-ordninga blir avsett til investeringar innan grønsaker, frukt, bær, poteter og blomster. Denne løyvinga er nasjonal og inngår ikkje i den fylkesvise fordelinga. Innovasjon Noregs distriktskontor kan trekkje på den nasjonale løyvinga og gjer vedtak om tilskott. Det ordinære IBU-regelverket skal leggjast til grunn for vurdering av tildeling av støtte. Med utgangspunkt i dette kan det til dømes givast investeringstilskott til

  • vatningsanlegg (faste investeringar), installering av lysanlegg i veksthus, tunell og andre dekkesystem for frukt-, bær-, blomster-, grønsak- og potetproduksjon

  • tilskott til nyplanting innan frukt- og bærdyrking

  • tekniske investeringar i lager og sorteringsanlegg

  • tiltak som gir arronderingsmessige forbetringar og betre driftsløysingar for frukt- og bærdyrking, kan inngå som ein del av kostnadsoverslaget der desse kostnadane er store

Støtte over IBU-ordninga til omlegging frå fossil energi til fornybar energi i veksthus må sjåast i samband med støtte frå ENOVA.

Partane er vidare samde om å øyremerkje 9 mill. kroner av IBU-ordninga til produsentar som ønskjer å etablere småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær. Det kan bli gitt tilskott til kostnader knytte til etablering av dyrkingsfelt, utvikling og forsyning av lokale marknader, bygging av kjøle- og lagerkapasitet, og tileigning av kompetanse. Utvikling av berekraftig emballasje kan òg omfattast av ordninga. Denne løyvinga er nasjonal, og inngår ikkje i den fylkesvise fordelinga. Støtteutmåling for prosjekta følgjer av forskrifta.

Ekstra tilskott for bygg i tre

Investering i ny driftsbygning eller vesentleg oppgradering av eksisterande bygningsmasse er eit omfattande moderniseringsprosjekt for det enkelte landbruksføretaket. Det er viktig at ein i samband med eit slikt prosjekt også må sjå på om det er mogleg å oppnå gode miljø- og klimaeffektar, og at dette inngår i vurderinga av tildeling av støtte. Omsyn til energiforsyning og val av byggjemateriale er døme på dette. Avtalepartane er samde om å innføre eit ekstra tilskott ved investering i landbruksbygg i tre på opp til 20 pst. av ordinært tildelt tilskottsbeløp. Den samla ramma for støtte til driftsbygningar i tre kan overskride kronetaket med opp til 400 000 kroner, slik at trebruk blir stimulert også i dei større prosjekta. For å få opp aktiviteten skal det særskilde tilskottet gjelde i ein periode på tre år. I tillegg til at auka tilskott ved bruk av tre kan vere stimulerande for aktiviteten, er det viktig at klima- og miljøvennlege løysingar blir kommuniserte som alternativ frå dag éin i planleggingsprosessen. Både landbruksorganisasjonane, rådgivarapparatet og verkemiddelapparatet har spela ei viktig rolle her. Dette har òg innverknad på kor godt heimemarknaden evnar å ta i bruk ny norskutvikla teknologi.

Tilskott til sau

I jordbruksoppgjeret 2018 blei det bestemt at det ikkje skulle bli gitt tilskott til investeringar i sauefjøs i 2019. Etter dialog med faglaga blei denne føringa moderert i samband med oppdragsbrevet til Innovasjon Noreg for 2019, og det blei gitt unntak for tilskott til generasjonsskifte der målet er oppgradering av eksisterande produksjonsanlegg.

Det er eit stort behov for fornying av driftsapparatet i saueproduksjonen, spesielt aktualisert ved generasjonsskifte. Investeringar i produksjonsanlegg innan saueproduksjon blir gjorde med ein langsiktig planleggingshorisont. Investeringsordninga er i denne samanhengen lite eigna som verktøy for å regulere marknadsbalansen. Sauenæringa er ei viktig distriktsnæring, og ei slik føring kan bidra til å sementere næringa og hindre generasjonsskifte. Avtalepartane er samde om at det ikkje skal leggjast til grunn slike føringar for 2020.

Risikolån

Ordninga med risikolån til landbruk over IBU-ordninga er eit supplerande verktøy som kan nyttast til å redusere risikoen i investeringsprosjekt, særleg i område med lågt pantegrunnlag. Innlån skjer gjennom Innovasjon Noregs generelle innlånsverksemd, mens tapsavsetjinga skjer frå IBU-ordninga. Gjennomgangen av ordninga frå 2017 viste at 79 pst. av alle risikolån gitt i perioden 2006–2016 blei gitt innanfor sone 3 i det distriktspolitiske verkeområdet. I desse områda med lågt pantegrunnlag vil ei slik toppfinansiering i avgrensa grad vere mogleg i den private marknaden. Ordninga blir vidareført med ei låneramme på 100 mill. kroner.

Andre endringar

Ny parlaments- og rådsforordning for økologisk produksjon og merking av økologiske produkt blei vedteken i EU 30. mai 2018 og tek til å gjelde 1. januar 2021. Det er venta at endringane skal bli gjort gjeldande i Noreg frå same tidspunkt. Den nye forordninga innfører mellom anna forbod mot dyrking i avgrensa medium. Dette er ei dyrkingsform som er vanleg i drivhus i Noreg. No blir det arbeidd med utforming av eit detaljert gjennomføringsregelverk på ei rekkje område, også husdyrhald. Det kan òg komme endringar i regelverket som krev bygningsmessige endringar. Denne «regelverkspakka» med parlaments- og rådsforordninga og gjennomføringsrettsakter vil erstatte gjeldande EØS-regelverk på området. Avtalepartane er samde om at økologiske produsentar som må gjere investeringar som følgje av nytt økologiregelverk, skal prioriterast over IBU-ordninga.

I samband med jordbruksoppgjeret 2016 blei det vedteke at Innovasjon Noreg skulle få høve til å gi tilsegn om støtte frå neste års ramme allereie i inneverande år. Grunngivinga for dette var at ein då rekna med å få betre planleggings- og byggjeprosessar, medrekna betre avtalar med entreprenørar og leverandørar. I praksis har Innovasjon Noreg fått høve til å bruke opp til 20 pst. av neste års ramme i inneverande år. Innovasjon Noreg viser til at ordninga har hatt minimal verknad utover fyrste året. Over tid gir ikkje løysinga meir økonomisk fleksibilitet korkje for Innovasjon Noreg eller brukarane av ordninga. Ordninga gjer i tillegg forvaltninga meir uoversiktleg for Innovasjon Noreg, særskilt knytt til rapportering av bruk av midlar det enkelte år. Avtalepartane er samde om at ordninga skal fasast ut. I 2019 kan opp til 10 pst. av 2020-ramma overførast til 2019. Ordninga tek slutt frå 2020.

Forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket skal leggjast til grunn for forvaltninga av midlane. Det blir vidare gitt følgjande nasjonale føringar for forvaltninga av IBU-midlar i 2020:

  • Støtte til investeringsprosjekt som gir auka matproduksjon, skal prioriterast til produksjonar med marknadspotensial.

  • Støtte til frukt-, grønt- og veksthusnæringa skal prioriterast.

  • I kornproduksjonen skal tilskott til tørke- og lageranlegg prioriterast.

  • I vurderinga av lønnsemd i investeringsprosjekta må det takast omsyn til det samla næringsgrunnlaget på bruket.

  • Ulike eigarformer skal likestillast ved prioritering mellom søknader.

  • Små og mellomstore bruk skal prioriterast ved tildeling av støtte. Innan mjølkeproduksjon er det særleg behov for å prioritere fornying av fjøs med 15–30 kyr.

  • Det skal takast omsyn til nye krav til dyrevelferd, medrekna kravet om lausdriftsfjøs, og behov for fornying av driftsapparatet.

  • Økologiske produsentar som må gjere større investeringar som følgje av endra krav knytte til implementering av EUs økologiregelverk skal prioriterast.

  • Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal prioriterast. Ved bruk av tre som byggjemateriale kan det givast ekstra tilskott på opp til 20 pst. av ordinært løyvd tilskottsbeløp, med opp til 400 000 kroner utover maksimalt kronetak.

  • Geitemjølkprodusentar som omstiller til annan produksjon, og som sel heile kvota gjennom oppkjøpsordninga for geitemjølkkvoter, kan få ekstra investeringstilskott på opp til 500 000 kroner. Dette tilskottet kjem i tillegg til eventuell ordinær IBU-støtte. Lønnsemdsvurderingar må liggje til grunn for tildeling av støtte til ny produksjon. Høve til å søkje om ekstra investeringstilskott gjeld til og med 2020. Søknadene må fremjast i samband med dei ordinære søknadsrundane i fylka.

  • Det kan løyvast investeringstilskott til bygging av gjødsellager med fast toppdekke eller minimum 10 månaders lagringskapasitet, avgrensa til 20. pst. av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket. Øvre grense for tilskott er sett til 100 000 kroner per prosjekt.

  • Det kan bli gitt opp til 100 mill. kroner i risikolån. Tapsavsetjinga skjer innanfor ramma av IBU-midlane.

  • Strategiske føringar frå den regionale partnarskapen er avgrensa til prioritering mellom ulike produksjonar og mellom ulike område i den enkelte regionen/fylket. Faglaga skal inngå i dei regionale partnarskapa.

  • Maksimal prosentsats for tilskott til investeringar blir vidareført med opp til 35 pst. av godkjent kostnadsoverslag for investeringa. Den øvre grensa for tilskott på 2 mill. kroner per prosjekt, med unntak for Troms og Finnmark, blir òg vidareført.

Nasjonale tilretteleggingsmidlar

Landbruksnæringa er kjenneteikna av små føretak som kvar for seg har avgrensa kapasitet til å drive utviklingsarbeid og kunnskapsutvikling som kjem fellesskapet til gode. Midlar for å leggje til rette for næringsutvikling kan sikre dette, og dette eksisterer i dag som regionale verkemiddel i form av utgreiings- og tilretteleggingsmidlane. Det finst òg regionale tilretteleggingsmidlar knytte til kompetanseheving i landbruket.

Avtalepartane er samde om at det blir oppretta nasjonale tilretteleggingsmidlar som også omfattar KIL-midlane. Midlane skal støtte opp om nasjonale eller fylkesoverskridande tilretteleggingsprosjekt innan næringsutvikling og kompetanseheving, for å styrkje verdiskapinga i landbruket. Målgruppa er organisasjonar, institusjonar og ulike former for samarbeidsorgan. Midlane kan givast til prosjekt som bidreg til næringsutvikling og kompetanseheving innanfor landbruket, og som kjem fellesskapet til gode. Midlane må sjåast i samanheng med bedriftsretta verkemidlar innan næringsutvikling forvalta av Innovasjon Noreg og med regionale tilretteleggingsmidlar innan næringsutvikling og kompetanseheving.

Landbruksdirektoratet får ansvaret for å forvalte ordninga. For 2020 blir det sett av 8 mill. kroner til ordninga. Opp til 1 mill. kroner av ramma blir sett av til rådgivande utval for innovasjon og vekst i grøntnæringa. Landbruksdirektoratets erfaringar med forvaltning av KIL-midlane tilseier at det er behov for å sjå på grenseflatene mot tilstøytande ordningar, inkludert kurs for avløysarar og landbruksvikarar. Det blir difor sett av opp til 300 000 kroner over ordninga til ein slik gjennomgang.

Vidare utvikling av Inn på tunet

Gjennom Inn på tunet-løftet (2010–2012) fekk 77 kommunar prosjektmidlar til å utvikle og ta i bruk denne typen tenestetilbod. Evalueringa viste at prosjektkommunane var godt nøgde med tilboda, men at det framleis var manglande bestillarkompetanse hos kommunane og lite føreseieleg for tilbydarane av tenestene. Arbeidet blei følgt opp nasjonalt både med handlingsplan for Inn på tunet, utarbeiding av rettleiande materiell for demensområdet, skole og psykisk helse, og ei rekkje regionale prosjekt i regi av fylkesmennene og regionale partnarskap. Tilbydarane har òg i større grad organisert seg, mellom anna gjennom regionale samvirke under Inn på tunet Norge SA.

Avtalepartane meiner Inn på tunet har potensial for å tilby ei rekkje tilpassa tenester til kommunar og andre kjøpargrupper og er samde om å gjennomføre eit nytt Inn på tunet-løft frå 2020.

Eit nytt Inn på tunet-løft skal vere utløysande for både teneste- og næringspotensialet for Inn på tunet, mellom anna gjennom å utvikle marknaden og leggje til rette for informasjon om og auka etterspørsel etter godkjende Inn på tunet-tilbod. For å sikre at satsinga blir målretta og innretta rett, skal partane i 2019 arbeide vidare med utforming av eit endeleg mandat for arbeidet. Arbeidet må forankrast hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, som har ansvar for sentrale tenesteområde, og hos sentrale verkemiddelaktørar som Innovasjon Noreg, Matmerk og Landbruksdirektoratet.

Avtalepartane er samde om å setje av 3 mill. kroner per år i tre år til satsinga. Landbruks- og matdepartementet vil gå i dialog med andre relevante departement om mogleg medfinansiering. Satsinga må sjåast i samband med Landbruksdirektoratets ansvar for tilretteleggjande verkemiddel innanfor næringsutvikling i landbruket. Landbruksdirektoratet får prosjektleiaransvaret for satsinga.

Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket

Dei regionale midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak skal bidra til utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket og til å understøtte utvikling av andre landbruksbaserte næringar gjennom utviklings- og mobiliseringstiltak. Midlane skal støtte opp om innleiande fasar og arbeid knytt til landbruksbasert næringsutvikling regionalt, og kan bli gitt til organisasjonar og institusjonar hovudsakleg innanfor landbruket. Ordninga blir i dag forvalta av fylkesmannen. Frå 2020 tek fylkeskommunane over ansvaret for ordninga. Namnet på ordninga blir forenkla til regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket.

Avtalepartane er samde om å føre vidare avsetjinga til regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket med 48 mill. kroner i 2020. Det blir elles lagt til grunn at den strategiske innretninga på bruken av tilretteleggingsmidlane er godt samordna med den strategiske innretninga for dei bedriftsretta verkemidla regionalt.

Områderetta innsats

Med utgangspunkt i erfaringane frå tidlegare arbeid med områderetta innsats vedtok avtalepartane å avsetje ytterlegare midlar over jordbruksavtalen til fjellandbruket og arktisk landbruk i 2019, med sikte på ei treårig satsing. Rapporteringar frå fylkesmennene viser at områderetta innsats for utvikling av landbruket i arktiske område og fjellområda har gitt positive verknader. Avtalepartane er samde om å auke avsetjinga med 4 mill. kroner til 8 mill. kroner til områderetta tiltak i 2020, likt fordelt på følgjande område:

Fjellandbruket

Fjellandbruket omfattar fjellandbruket i Trøndelag, Innlandet, Vestfold og Telemark og Viken. Fylkesmannen i Trøndelag har eit koordinerande ansvar for forvaltninga av midlane opp mot andre fylkesmenn, fylkeskommunar, næringsorganisasjonane og eventuelle andre aktørar.

Arktisk landbruk

Satsinga på arktisk landbruk omfattar Nordland, Troms og Finnmark. Fylkesmannen i Troms og Finnmark har eit koordinerande ansvar for forvaltninga av midlane opp mot Fylkesmannen i Nordland, fylkeskommunar, næringsorganisasjonane og eventuelle andre aktørar.

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Agronomisk kompetanse og kunnskapsbasert driftsleiing er viktig for eit berekraftig landbruk, og for å nå måla om auka matproduksjon. Eit godt opplærings- og utdanningssystem bidreg til å tilby utøvarane i landbruket rett kompetanse. I tillegg til det formelle utdanningssystemet er mellom anna ulike typar rådgivingstenester, nettverk, kurs og mentorordningar viktige kjelder til kompetanseheving for næringsutøvarane i landbruket. Kompetansebehovet i næringa er variert og mellom anna avhengig av type produksjon. Ei rekkje av ordningane over jordbruksavtalen bidreg til å styrkje kompetansen i næringa, særleg ordningar innanfor Landbrukets utviklingsfond.

I tillegg til ordningane som blir omtalte nedanfor, omfattar IBU-ordninga, utviklingsprogrammet og avsetjinga til skogbruk kompetansehevande tiltak for den enkelte næringsutøvaren. Rådgivingstenesta i form av Norsk Landbruksrådgiving er ein sentral aktør for kompetanseheving i landbruket og bidragsytar til kunnskapsbasert utvikling av produksjonsgrunnlaget på den enkelte garden.

På sikt vil den svake rekrutteringa til landbruks- og gartnarutdanninga i vidaregåande skole få konsekvensar for kompetansen i landbruket. Det er i dag ingen fylkeskommunale skolar (og berre éin friskole) som tilbyr gartnarutdanning. Årsaka er låge søkjartal. Avtalepartane er samde om at det blir avsett 2 mill. kroner til eit nasjonalt prosjektet for rekruttering til naturbruksutdanninga, særskild landbruks- og gartnarutdanninga. Jordbruksorganisasjonane får i oppdrag å gjennomføre prosjektet. Det skal etablerast ei referansegruppe der Landbruks- og matdepartementet deltek.

Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving

Fylkeskommunane forvaltar verkemidlar til styrking av innsatsen innanfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Avtalepartane er samde om å avsetje 14 mill. kroner til rekruttering og kompetanseheving for 2020. Prioriterte område for ordninga er støtte til etterutdanning i landbruket, og tiltak som rettar seg mot rekruttering, likestilling og omdømmebygging.

Nasjonal modell for vaksenagronomen

Mange av dei som etablerer seg i næringa i dag, har ei utdanning som ikkje er landbruksfagleg. I tillegg til dei ordinære utdanningsløpa er det difor nødvendig med fleksible løysingar for kompetanseheving. Ei fleksibel landbruksutdanning er også eit viktig tiltak for dei som ikkje har noka tilknyting til landbruket frå før, men som ønskjer seg inn i næringa. I 2017 blei partane samde om å etablere ein nasjonal modell for vaksenagronom i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskolane, med eit fagleg innhald som omfattar programfaga Vg2 landbruk og gartnar og Vg3 landbruk. I 2018 blei partane samde om at ordninga også omfattar gartnaropplæring for vaksne (Vg3 gartnar). Fleire fylkeskommunar planlegg gartnaropplæring for vaksne over denne ordninga frå hausten 2019.

Avtalepartane er samde om å auke avsetjinga til den nasjonale modellen for vaksenagronomopplæring med 2 mill. kroner til 17 mill. kroner for 2020. Av dette skal 2 mill. kroner gå til implementering av sams digitale løysingar for heile landet, basert på pilotering og oppstart av implementering av slike løysingar i inneverande år. Det blir lagt til grunn at bidraget frå jordbruksavtalen til nasjonal modell for vaksenagronom berre blir dekt over denne ordninga.

Mentorordning i landbruket

I tråd med føringane frå jordbruksoppgjeret i 2016 har det frå 2017 blitt prøvd ut ei lågterskel-mentorordning i landbruket i regi av Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Mentorordninga går ut på at ein erfaren gardbrukar gjer ein formell avtale med ein ung kollega om å vere diskusjonspartnar i gardsdrifta. Forsøket er evaluert av Østlandsforskning. Avtalepartane er samde om at ordninga blir utvida til ei nasjonal ordning forvalta av Norsk Landbruksrådgiving. NLR-medlemmer skal ikkje ha særskilde medlemsfordelar knytte til ordninga. Nærmare innretning av ordninga vil bli drøfta i samarbeid med avtalepartane etter jordbruksforhandlingane. Det blir avsett 4 mill. kroner til ordninga i 2020.

Forsking og utvikling

Midlar til forsking og utvikling over jordbruksavtalen har som mål å støtte utvikling av ny kunnskap og teknologi til landbruks- og matsektoren. Forsking av høg kvalitet og med relevans for næringslivet i sektoren skal bidra til auka matproduksjon, trygg mat og berekraft og konkurranseevne i sektoren.

Avtalepartane er samde om at det ved utlysning og tildeling av midlar skal takast omsyn til behovet for kunnskap om klimatilpassing, tiltak som kan bidra til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket og auka lagring av karbon i jord og skog.

Innanfor grøntsatsinga blir det avsett 10 mill. kroner for 2020. Auka kunnskap skal bidra til lågare klimagassutslepp, høgare produksjon og ein utvida norsk sesong. Dette gjeld for både veksthus, tunellar og produksjon på friland.

Norsk husdyrproduksjon har låg førekomst av alvorlege sjukdommar og resistens. Dette blir utfordra av mellom anna globalisering og klimaendringar. Det er difor behov for forsking og kunnskapsutvikling som sikrar og vidareutviklar den nasjonale beredskapen mot kjende og nye helsetruslar, med særleg vekt på konkrete førebyggjande tiltak i næring og forvaltning. Denne forskinga skal vidareutvikle konkurransefortrinna til norsk husdyrproduksjon. Forskinga skal òg leggje til rette for å vidareutvikle bruken av helsedata i næring og forvaltning.

Støtta til det norsk-svenske samarbeidet innan hesteforsking skal vidareførast på om lag same nivå som tidlegare.

Partane er samde om at avsetjinga til forskingsmidlane blir sett til 82 mill. kroner for 2020. Brukarnytte av forskingsprosjekta finansierte over jordbruksavtalen er viktig. Det må difor leggjast vekt på kor relevante forskingsprosjekta er for norske forhold. For å sikre tilstrekkeleg kunnskap om miljø, klima og dyrevelferd må det i større grad vurderast fritak frå kravet om støtte frå næringsliv for prosjekt innanfor desse områda. Partane legg til grunn at det blir teke omsyn til desse føringane ved utlysning framover.

Minst 7 mill. kroner skal nyttast til utgreiingar. Avtalepartane er samde om at desse utgreiingane skal gjennomførast til jordbruksoppgjeret 2020:

  • Utgreie enklare teknologiar for karbonfangst og -lagring, som bruk av biokol, og jordbrukspraksis som fører til auka karbonbinding i jord.

  • Utgreie utprøving av grønsaksortar tilpassa norske dyrkingsforhold som ein del av grøntsatsinga.

  • Utgreie om dagens utdanningstilbod på alle nivå er tilpassa kompetansebehovet i verdikjeda i landbruket.

  • Utgreie utsiktene til vidareutvikling av berekraftige produksjonssystem for norske forhold, med utgangspunkt i endra forbruksmønster og etterspørsel.

PRESIS

Det er aukande etterspørsel etter teknologiske løysingar i landbruket, men også mangel på tolmod i marknaden for å få utvikla slike produkt, noko som kan føre til auka risiko for feilinvesteringar i teknologi som ikkje er tilpassa norske forhold.

Målet med prosjektet PRESIS (Presisjonsjordbruk ut i praksis) er å utvikle eit heilskapleg system som skal sørgje for at norske gardbrukarar kan å få tilgang på brukarvennlege, teknologiske tenester innan presisjonsjordbruk, testa og tilpassa norske tilhøve. Prosjekteigar er NIBIO senter for presisjonsjordbruk i samarbeid med NLR og Noregs Bondelag. Ein viktig del av prosjektet vil vere å skreddarsy brukarstøtte og rådgiving for kvar av dei nye tenestene som blir tilbydd. Dette vil skje gjennom eit tett samarbeid mellom NIBIO, NLR og pilotbønder.

Avtalepartane er samde om at det blir avsett 4 mill. kroner per år i fem år til NIBIO. Det blir lagt til grunn at det skal etablerast ei styringsgruppe for prosjektet med representantar for NIBIO, NLR, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbruksdirektoratet. Prosjektet må sikre god dialog med andre aktørar med tilgrensande digitaliseringsprosjekt, til dømes Klimasmart landbruk. Prosjektet skal levere ein årleg rapport til Landbruksdirektoratet.

Matmerk

Stiftinga Matmerk har som formål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferanse for norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetssikring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav overfor matprodusentar, handelsnæringa og forbrukarane. Stiftinga har som oppgåve å administrere og utvikle vidare Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet, generisk informasjon om økologisk mat og å drifte databasen lokalmat.no. Stiftinga skal også bidra til profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar og drifte den nasjonale nettstaden for Inn på tunet.

Matmerk har sett i gang eit omfattande arbeid med oppgradering og utvikling av KSL til eit meir brukarvennleg og kostnadseffektivt system bygd på ny teknologi. I samband med nyutvikla KSL-system er det behov for å vidareføre arbeidet med eit nasjonalt opplæringsprogram retta mot bønder, skolar og rådgivarar for å sikre god kunnskap og bruk av systemet. Arbeidet med HMS er viktig for landbruket. Matmerk vil utvikle ei tilleggsløysning i KSL og ein eigen HMS-app som skal bidra til tiltak knytte til HMS på garden. Matmerk har gjennom fleire år peika på eit stort behov for å auke revisjonsfrekvensen i KSL, særleg innanfor risikobaserte produksjonar og dyrevelferdsprogramma for fjørfe og svin.

Matmerk har ansvaret for godkjenningsordninga for Inn på tunet. For 2020 er det planlagt gjennomført om lag 300 nye godkjenningar og regodkjenningar. Bruka har ekstern revisjon annakvart år, og det skal leggjast vekt på eigenrevisjon som forbetringsverktøy.

Lokalmat.no har blitt ein viktig formidlar for både kjøparar og produsentar av lokalmat. Det er mogleg å vidareutvikle databasen, spesielt med tanke på auka nytteverdi for lokalmatprodusentane som ei plattform for kunnskapsdeling og synleggjering av kompetansetiltak. Avtalepartane legg til grunn at utviklinga av lokalmat.no framleis må skje med utgangpunkt i føringar frå den partssamansette styringsgruppa for databasen.

Det er eit mål å auke den samla omsetnaden av lokalmat frå alle salskanalar til 10 mrd. kroner innan 2025. Dagens salsmålingar omfattar primært sal gjennom daglegvarehandelen. HORECA-marknaden er òg ein viktig omsetnadskanal for lokal mat og drikke, og avtalepartane føreset at Matmerk får etablert ei tilfredsstillande ordning for å måle sal av lokal mat og drikke også gjennom denne kanalen i løpet av 2019. Dette for å få eit meir rett inntrykk av utviklinga på området.

Matmerk forvaltar fleire merkeordningar for norsk mat. Auka verdiskaping i landbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske matspesialitetar og merkebrukarar er mellom anna vektlagt i den strategien for landbruks- og reindriftsbasert reiseliv regjeringa har vedteke. Det er òg starta eit arbeid med å utvikle Matnasjonen Noreg, der merkeordningane kan spele ei viktig rolle.

Avtalepartane er samde om å vidareføre avsetjinga til Matmerk med 63 mill. kroner for 2020.

Utviklingsprogrammet

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping skal skape vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, medrekna jakt- og fisketurisme, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og andre landbruksbaserte næringar som er baserte på landbruksressursar. Programmet blir forvalta av Innovasjon Noreg og er eit sentralt verkemiddel for å nå målsetjingane i landbrukspolitikken og særleg Meld. St. 31 (2014–2015) om vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar. Regjeringa sin strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak, og ambisjonen om 10 mrd. kroner i samla omsetnad av lokalmat og -drikke frå alle marknadskanalar innan 2025 gir også føringar for Utviklingsprogrammet. Tiltaka over programmet skal også bidra til å realisere Matnasjonen Noreg.

Programmet tilbyr tilpassa kompetansetiltak til bedrifter, finansiering til bedrifter som ønskjer å vekse, og støtte til etablering av forpliktande produsentnettverk. Programmet gir også støtte til omdømmetiltak for å byggje byrgskap og auke kompetansen i næringa, i tillegg til å auke kunnskapen om dei ulike områda som programmet dekkjer, både hos forbrukarar, i marknaden og i samfunnet generelt. Fleire regionar er i gang med strategiar og handlingsplanar innan mat og reiseliv, noko som vil gjere det mogleg å bidra til ei vidare utvikling av sterke mat- og reiselivsregionar, i tråd med måla i reiselivsstrategien.

Det er dei seinare åra gjennomført evalueringar av både bedriftsnettverksordninga, vekstordninga og kompetansetilbodet i programmet. Desse evalueringane skal saman med føringane frå Meld. St. 31 (2014–2015) og reiselivsstrategien nyttast for å utvikle programmet vidare. Innovasjon Noreg og styringsgruppa for programmet vurderer etter kvart innretninga av programmet når det gjeld bedriftsnettverk, vekststøtte, kompetanseutviklingstilbod og omdømmearbeid. Det blei gjort nokre endringar i innretninga av programmet som blei nedfelt i nytt programnotat gjeldande frå 2018. Pågangen etter midlar både til vekst og til bedriftsnettverk har det siste året vore noko mindre enn venta, noko som tilseier at ein bør vektlegge auka mobilisering. For vekstprosjekta skal det arbeidast med å utvikle ein fase 2 for vekstbedrifter der også kompetanse inngår i pakka.

Omdømmearbeid under Utviklingsprogrammet

Ein viktig del av utviklingsprogrammet er prosjekt som bidreg til auka synleggjering og omdømmebygging innanfor alle målgruppeområda. Tiltaka i omdømmeporteføljen har vore stabile over fleire år. I lys av regjeringa sin strategi Opplevingar for ein kvar smak er det behov for ein gjennomgang av tiltaksporteføljen. Det er også behov for å inkludere Inn på tunet i omdømmearbeidet, med utgangspunkt i at synleggjering av tilbodet vil vere viktig som grunnlag for auka etterspørsel etter tenestene.

Det norske måltid (DNM) skal synleggjere breidda av matproduksjonen i landet og dei unike råvarene som blir produserte, og har som mål å bidra til næringsutvikling gjennom å auke etterspørselen, skape byrgskap og styrkje omdømmet for norsk matproduksjon. Gjennom å vektleggje læring om norsk smak og mat har DNM også som mål å bidra til matglede hos barn og unge. DNM kårar dei beste matprodukta i Noreg og er ei viktig og prestisjefylt prisutdeling for mat- og drikkeprodusentar. Deltakarane konkurrerer i ulike kategoriar uavhengig av storleiken på bedriftene, sidan det er produktkvaliteten som er avgjerande. Prosjektet bidreg til å synleggjere produkt frå både sjø og land. Det har aktivitetar gjennom store delar av året, og delfinalane for dei ulike kategoriane blir arrangerte i ulike delar av landet. DNM kan difor bli eit viktig prosjekt for å synleggjere Matnasjonen Noreg. DNM har dei siste åra fått noko utviklingsstøtte frå omdømmemidlane i Utviklingsprogrammet.

Avtalepartane er samde om at Det norske måltid inngår i omdømmearbeidet i Utviklingsprogrammet som eit nasjonalt omdømmearrangement på matområdet på line med IGW og Matstreif, og at støtteandelen til prosjektet blir auka. Det blir lagt til grunn at konkurransen får ei endå klarare forankring i heile landet, og at prosjektet framleis legg vekt på å skaffe seg private samarbeidspartnarar. Vidare er partane samde om at Bondens marked og Norsk Gardsost blir tildelt opp til høvesvis 2 mill. kroner og 1 mill. kroner kvar for 2020, og at støttedelen blir auka.

Kompetansenettverksordninga

Kompetansenettverksordninga for lokalmat blir finansiert over Utviklingsprogrammet. Ordninga blei evaluert av Oxford Research i 2018.

Målgruppa for ordninga er små matbedrifter med opp til ti tilsette. Det kan vere primærprodusentar eller næringsmiddelbedrifter med mål om å utvikle, foredle og selje kvalitetsprodukt basert på lokale råvarer, eller reiselivsbedrifter som har utviklingsprosjekt i samarbeid med lokalmatprodusentar. I tillegg til det matfaglege tilbodet hos kompetansenettverka kan ein få hjelp til å løyse marknadsutfordringar gjennom Matmerks tilbod innan marknadstenester.

Kompetansenettverka blir koordinerte nasjonalt av Innovasjon Noreg, mens ansvaret for drifta av dei er fordelt på fem ulike regionale aktørar:

  • Nofima: kompetansenettverket i Aust-Noreg og kompetansenettverket i Sør-Noreg

  • Sogn Jord- og Hagebruksskule: kompetansenettverket i Vest-Noreg

  • Mære landbruksskole: kompetansenettverket Trøndelag

  • Nibio Holt: kompetansenettverket i Nord-Noreg

I evalueringa av kompetansetilbodet innanfor Utviklingsprogrammet blir det konkludert med at det er samfunnsøkonomisk rasjonelt å halde oppe kompetansenettverka. Vidare blir det peika på enkelte utfordringar med ordninga, mellom anna knytte til nasjonal koordinering av nettverka og erfaringsoverføring mellom dei, men utan at det blir gitt klare forslag til korleis dette kan løysast. Styringsgruppa for Utviklingsprogrammet har drøfta kompetansenettverkssatsinga ei rekkje gonger dei siste åra. Ulike løysingar for organisering av nettverka har vore diskuterte, medrekna å leggje forvaltninga av nettverka til regionalt nivå.

Det er naturleg å vurdere endringar i organiseringa av kompetansenettverka i lys av regionreforma der samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane skal styrkjast, og overføring av oppgåver frå nasjonalt til regionalt nivå skal vurderast. Fylkeskommunane har allereie i dag ansvaret for vidaregåande utdanning og kompetanseutvikling regionalt. Dei har vidare ansvaret for vaksenagronomopplæringa og rekruttering og kompetanse i landbruket. Frå 2020 får fylkeskommunane ansvaret for forvaltning av dei regionale tilretteleggingsmidlane i landbruket. Det er difor gode grunnar til også å leggje ansvaret for kompetanseutvikling for lokalmatprodusentar til regionalt nivå. To av kompetansenettverka for lokalmat er allereie lokaliserte til vidaregåande skolar som fylkeskommunen har ansvaret for.

Avtalepartane er samde om å flytte oppdragsgivaransvaret for dei fem kompetansenettverka i Utviklingsprogrammet frå Innovasjon Noreg til fylkeskommunen frå 2020. Dette vil seie at kompetansenettverkssatsinga blir teken ut av Utviklingsprogrammet, og at oppdragsgivaransvaret for dei regionale kompetansenettvera for lokalmat blir lagt til fem fylkeskommunar, jf. tabell 2.11. Partane legg til grunn at dei ansvarlege fylkeskommunane koordinerer arbeidet seg imellom, og at nettverka framleis vil levere eit godt og tilstrekkeleg nasjonalt kompetansetilbod for lokalmatprodusentane.

Tabell 2.11 Fylkeskommunar som blir tildelte ansvar for regionale kompetansenettverk

Ansvarleg fylkeskommune

Kompetansenettverk for lokalmat

Dekkjer desse fylka

Løyving 2020, (i mill. kr.)

Rogaland fylkeskommune

Kompetansenettverket i Sør-Noreg

Agder og Rogaland

2,40

Viken fylkeskommune

Kompetansenettverket i Aust-Noreg

Vestfold og Telemark, Oslo, Viken og Innlandet

3,55

Vestland fylkeskommune

Kompetansenettverket i Vest-Noreg

Vestland

2,40

Trøndelag fylkeskommune

Kompetansenettverket i Trøndelag

Trøndelag og Møre og Romsdal

2,90

Troms og Finnmark fylkeskommune

Kompetansenettverket i Nord-Noreg

Nordland og Troms og Finnmark

2,75

Det blir lagt til grunn at fylkeskommunane koordinerer tilbodet frå kompetansenettverka med andre tenester frå kompetansetilbydarar i regionen, og at dei sikrar eit godt samspel mellom partnarskapa i utforming av tilbod. Det er i dag etablert regionale styringsgrupper for kompetansenettverka, der fylkesmannen, Innovasjon Noreg, fylkeskommunen og i nokre tilfelle representantar for næringslivet deltek. Dei ansvarlege fylkeskommunane kan sjølv vurdere om dei ønskjer å vidareføre desse. Fylkeskommunane i Troms og Finnmark, Trøndelag, Viken og Rogaland vil ha eit særskild ansvar for god koordinering mellom fylka som høyrer til i virkeområdet for nettverket. Det blir lagt til grunn at dei ansvarlege fylkeskommunane koordinerer arbeidet seg imellom og bidreg til eit godt og tilstrekkeleg kompetansetilbod for lokalmatprodusentane i Noreg samla der ein unngår dobbeltarbeid og bidreg til kompetanseutveksling mellom nettverka. Det blir vidare lagt til grunn at kompetansenettverka samarbeider med Matmerk om synleggjering av det samla tilbodet via lokalmatdatabasen.no.

Den overordna forvaltninga av ordninga blir i 2020 overført frå Innovasjon Noreg til Landbruksdirektoratet. For 2020 blir det avsett 14 mill. kroner til drift av dei fem kompetansenettverka for lokalmat.

Auka verdiskaping basert på haustbare viltressursar

Noreg har lange og sterke tradisjonar for hausting av overskot frå naturen, mellom anna gjennom jakt og fangst. Det er stor aksept for jakt i samfunnet, noko som er viktig å halde oppe. Rekruttering av nye kompetente jegerar bidreg til dette, og det er òg viktig for at grunneigarane skal kunne hente inntekter frå jakt. Samstundes har grunneigarar og jaktrettshavarar ei nøkkelrolle i å leggje til rette for jakt- og fangsttilbod. Ei berekraftig forvaltning av dei haustbare viltressursane handlar om å forvalte viltbestandane på ein måte som sikrar god dyrehelse og eit haustbart overskott. Storleiken på bestandane må òg balanserast mot andre interesser. For store viltbestandar kan gi store skadar i landbruket og andre negative verknader som til dømes trafikkpåkøyrslar.

Det ligg eit potensial for auka verdiskaping gjennom ei berekraftig og meir aktiv forvaltning av dei haustbare viltressursane. Dette kan vere tiltak og aktivitetar som omfattar mellom anna etablering og vidareutvikling av jaktprodukt med ulik tilretteleggingsgrad og foredling og omsetnad av viltkjøtt.

Utviklingsprogrammet er sentralt for oppfølginga av kompetanse- og produktutvikling for aktørar som ønskjer å selje jaktopplevingar, og for dei som ønskjer å vidareforedle og selje viltkjøtt.

Utviklingsprogrammet oppsummert

Avtalepartane er samde om at den samla avsetjinga til Utviklingsprogrammet blir redusert med 14 mill. kroner for 2020 til 92 mill. kroner som følgje av flytting av kompetansenettverka for lokalmat. Kompetansenettverka blir flytta ut av Utviklingsprogrammet, og oppdragsgivaransvaret blir flytta frå Innovasjon Noreg til Fylkeskommunane i Rogaland, Viken, Vestland, Trøndelag og Troms og Finnmark.

Tiltak som bidreg til auka mobilisering, fleire vekstbedrifter og oppfølging av reiselivsstrategien og handlingsplanen for auka verdiskaping basert på haustbare viltressursar, skal prioriterast. Det skal arbeidast med auka synleggjering og omdømmebygging for alle målgruppeområda i utviklingsprogrammet. Det blir lagt til grunn at matbedrifter som får støtte over Utviklingsprogrammet, skal registrere seg i Matmerks lokalmatdatabase (lokalmat.no).

Reiselivsstrategien Opplevingar for ein kvar smak skal følgjast opp gjennom arbeidet med Matnasjonen Noreg, og det regionale utviklingsarbeidet med mat- og reiselivsregionar. Det er viktig med god kopling mot reiselivsarbeidet generelt. Landbruket og reindrifta er viktige kulturberarar, og difor ein integrert del av regjeringa sitt arbeid med kultur og reiseliv og den vidare oppfølginga av regjeringa sin Strategi for kultur og reiseliv , som legg opp til tettare samarbeid mellom departementa om dette.

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

Auka produksjon av biobrensel og leveransar av biovarme frå landbruket gir auka verdiskaping og bidreg til å nå måla regjeringa har sett seg i klima- og energipolitikken. Bioenergi er hovudprioriteten for fornybardelen av programmet.

Målområdet for programmet omfattar også anlegg som kombinerer biovarmeproduksjon med straumproduksjon frå solceller. Ein kan òg gi støtte til kombinerte el-/varmeanlegg basert på biobrensel, såkalla CHP-anlegg. Det skal stillast same krav til lønnsemd som for reine bioenergianlegg. Slike løysingar gir gardsbruk høve til å bli sjølvforsynt med energi. Eit anna utviklingsområde er produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi. Det kan vere særleg interessant som eit klimatiltak, gjennom binding og lagring av karbon i jord.

Utviklinga av gardsbaserte biogassanlegg er òg eit prioritert område innanfor programmet og den nasjonale klimapolitikken. Denne satsinga blir koordinert med biogasstrategien til regjeringa som blei lansert i 2014. Som ei oppfølging av strategien har Klima- og miljødepartementet i påfølgjande år løyvd midlar til pilotanlegg for forsking på biogass gjennom ei ordning i Innovasjon Noreg. I denne ordninga blir det lagt vekt på etablering av pilotanlegg som handsamar husdyrgjødsel i kombinasjon med anna biologisk avfall. Erfaringane så langt er at dette har resultert i auka kunnskap om bruk av nye råstoff, i tillegg til synergieffektar og auka effektivitet i utviklingsarbeidet.

Frå 2019 er målområdet for programmet utvida til å omfatte utviklings- og utprøvingsprosjekt innan klima, miljø og energi på gardsnivå. Målet med endringa er å teste ut ny produksjonsteknologi og nye løysingar på gardsnivå som skal bidra til reduserte klimagassutslepp og auka konkurransekraft for næringa. Her vil det mellom anna vere viktig å kople leverandørindustri og bonde for å utvikle teknologi og løysingar som enno ikkje er «hyllevare».

Verdiskapingsprogrammet er også eit viktig verkemiddel for å bidra til innovasjon og omstilling ved bruk av fornybar energi og utvikling av teknologi innanfor grøntsektoren. Avtalepartane er samde om at det kan givast støtte til varmegjenvinning dersom gjenvinninga er kopla til ei fornybar energikjelde. Det kan også bli gitt støtte til investering i varmepumper og solenergi til å dekkje energiproduksjon i eigen landbruksproduksjon. Lønnsemda i prosjektet må liggje til grunn for tildeling av støtte. Prosjekt som kan få støtte over ENOVAs ordningar, vil det ikkje vere aktuelt å støtte over dette programmet.

Det er framleis stort behov og potensial for energirådgiving for meir klimavennleg og energieffektiv produksjon av norske mat- og prydplantar i veksthus. Det er òg eit vesentleg potensial for å utvikle moderne teknologi i veksthus og kjølelager som kan bidra til effektiv og høg produksjon med utvida sesong og utsikter til ein større prosentdel norske produkt. Det er viktig at det innanfor fornybarprogrammet blir jobba for ein grøntproduksjon med lågare klimagassutslepp, utvida norsk sesong og mindre matsvinn. Energirådgivingsprosjektet til Norsk Gartnerforbund, som dels er blitt finansiert over dette programmet, har fått svært gode resultat. Finansieringa av tiltaket over dette programmet bør vidareførast.

Riksrevisjonen har gjennomført ein forvaltningsrevisjon av bioenergipolitikken til regjeringa. Stortinget handsama denne i november 2018. I Innst. 53 S (2018–2019) peikar kontroll- og konstitusjonskomiteen på at bioenergimarknaden er umoden, og at det er viktig å halde fram med å gi støtte til å byggje bioenergianlegg for å stimulere til utvikling og bruk av andregenerasjons biodrivstoff. Komiteen meiner også at ein bør vurdere ei ordning for «støtte av skogsflis som kan sikre gode rammevilkår i en utviklingsfase». Avtalepartane er samde om at det blir gjennomført ei utgreiing av marknaden for skogsflis, medrekna å vurdere behovet for å etablere ei tilskottsordning og korleis ei tilskottsordning kan innrettast slik at ho bidreg til å nå målet om å auke produksjonen av bioenergi i Noreg.

Avtalepartane er samde om at avsetjinga til programmet aukar med 10 mill. kroner og blir sett til 87 mill. kroner for 2020.

Skogbruk

Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst , og handsaminga av denne i Stortinget, omtaler den politikken regjeringa fører for skog- og trenæringa og er retningsgivande for vidare satsing på skogområdet. Etter dette, og med bakgrunn i oppfølginga av to oppmodingsvedtak frå handsaminga av skogmeldinga i Stortinget, blei strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling lagd fram 14. mars 2019. Strategidokumentet skal vise retning for å mobilisere skog- og trenæringa til auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet, og bidra til at grøne, trebaserte produkt blir fyrstevalet der det er mogleg og tenleg.

Skogressursane er viktige for sysselsetjing og verdiskaping i Noreg og som kjelde til fornybar energi og tremateriale som erstattar meir klimabelastande materiale. For å bidra til auka verdiskaping i heile verdikjeda skog vil regjeringa leggje til rette for auka avverking innanfor berekraftige rammer dersom marknadane etterspør dette. Samstundes blir det stimulert til auka etterspørsel gjennom å arbeide for bruk av tre i ulike produkt og gjennom opptrappingsplanen for bruk av biodrivstoff. Regjeringa vil styrkje miljøomsyna i skogbruket ved å bruke verkemidla i naturmangfaldlova og skogbrukets verkemiddel som miljøregistreringar, miljøtiltak i skog, kunnskapsutvikling og Norsk PEFC Skogstandard, slik at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som det biologiske mangfaldet blir teke vare på. Med bakgrunn i at hogsten har auka dei siste åra, aukar også behovet for planting og ungskogpleie. Skogkultur er viktig for framtidig tilgang på virke, verdiskaping og CO 2 -opptak i norske skogar.

Eit godt fungerande skogsvegnett er avgjerande for eit lønnsamt skogbruk. Bygging av nye skogsvegar og standardheving av gamle vegar legg til rette for rasjonell og kostnadseffektiv transport. Veginvesteringane bidreg også til å gjere skogsvegnettet meir robust mot klimaendringar og klimarelaterte skadar. Eit berekraftig skogbruk krev eit godt kunnskapsgrunnlag for å sikre balanse mellom økonomi og miljø, og for å sikre at måla blir nådde. Det er viktig at avgjerder blir tekne med grunnlag i kunnskap basert på dokumenterbar informasjon om dei naturressursane som skal forvaltast. Viktige kjelder er Landsskogtakseringa, Kilden (skogportalen), Askeladden (kulturminne) og Naturbase.

Skogeigarar har ansvar for å følgje opp forynging og ta vare på nøkkelbiotopar, i tillegg til andre omsyn som friluftsliv og kulturminneverdiar. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er sentralt i miljøarbeidet i skogbruket. Gjennom skogbruksplanen kan skogeigarane sjølve vurdere balansen mellom bruk og vern i sine prioriteringar. Ei langsiktig forvaltning av skogressursane krev god kunnskap om skogressursar og miljøverdiar for å gjere dei rette vurderingane både på kort og på lang sikt, og avvegingar mellom bruk og vern. Skogbruksplanlegginga har difor teke i bruk systemet Natur i Norge (NiN) i miljøregistreringane (MiS) og lagt om dataforvaltninga slik at alle registreringsvariablar no blir tekne vare på og er tilgjengelege for innsyn i Skogportalen.

Tilskott til miljøtiltak i skogbruket skal sikre at miljøverdiar knytte til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og utvikla vidare. Til dømes kan midlane gå til skjøtsel av nøkkelbiotopar, kompensasjon for auka driftsutgifter og fjerning av framande artar. Tiltaka skal gjennomførast i tråd med forskrift om næringsutvikling og miljøtiltak i skogbruket. Det blir i 2020 lagt opp til ekstra innsats for å opplyse om ordninga.

Kompetansehevande tiltak står sentralt i gjennomføringa av skogpolitikken. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein viktig aktør som rettar seg mot både offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet. Jamleg kompetanseheving er ein føresetnad for at det skal vere mogleg for skogeigarane sjølve å leggje til rette for auka verdiskaping på grunnlag av ressursane på eigedommen. Skogbrukets Kursinstitutt har kurs i handtering av viltkjøtt og kurs retta mot utmark som næring. Handlingsplanen for næringsutvikling basert på haustbare viltressursar peikar i sin omtale av tiltak på behovet for auka kompetanse og samarbeid mellom aktørane i utmarksnæringa.

Avtalepartane er samde om å auke avsetjinga til skogbruk med 15 mill. kroner, til 257 mill. kroner for 2020. Øyremerkinga til miljøtiltak i skogbruket på 8 mill. kroner blir ført vidare for 2020. Fordelinga mellom dei ulike verkemidlane blir gjort etter drøftingar mellom avtalepartane. Næringsorganisasjonane i skogbruket blir også inviterte til å delta.

Handlingsplan mot villsvin

Utbreiing av villsvin i Noreg skaper uro i landbruksmiljøa, særleg i norsk svinehald. Den viktigaste årsaka til dette er frykta for utbrott av afrikansk svinepest og dei særs alvorlege konsekvensane dette ville ha for svinenæringa i Noreg. Villsvin fører òg til skadar for landbruksproduksjon på åker og eng og kan ha negative verknader på naturmangfaldet i Noreg.

Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) la i juni 2018 fram ein rapport om villsvinpopulasjonens vekst og utvikling i Noreg. Rapporten peikar på at villsvin vil kunne ha alvorleg innverknad på jordbruk og naturlege økosystem i Noreg dersom det ikkje blir sett i verk tiltak for å hindre vidare bestandsvekst og spreiing av villsvin.

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har eit delt ansvar for villsvin. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for jakta og forvaltninga av villsvin, mens Klima- og miljødepartementet har ansvaret for andre tiltak knytte til villsvin som ein framand art som går ut over ordinær jakt. Dei to departementa har gitt Mattilsynet og Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan mot villsvin innan 1. november 2019. Hovudmålet i handlingsplanen skal vere minst mogleg villsvin i Noreg, spreidde ut over eit minst mogleg område. Planen skal gjere greie for tiltak og verkemiddel. Direktorata er i gang med dette arbeidet, som skjer etter samråd med mellom andre avtalepartane, skogeigarorganisasjonane og Norges Jeger- og Fiskerforbund. I mars sende etatane ei førebels skisse til handlingsplan.

Innsatsen skal rettast inn mot utvikling av samarbeid, kompetanseutvikling, bestandskartlegging og tiltak mot skade. Samarbeid mellom grunneigarar, jegerar og kommunale og regionale viltorgan er avgjerande for systematiske og aktive tiltak mot villsvin over store nok areal. Vidare er det aktuelt med kompetansetiltak for jegerar, og ein må rekne med behov for ekvipasjar (hund og hundeførar) som kan utføre søk etter skadde villsvin. Det er per i dag ikkje krav til godkjend ettersøkshund i samband med jakt på villsvin, og det er av den grunn heller ingen kurs i Noreg som tilbyr opplæring på dette.

Det kan òg vere aktuelt å utvikle kurs og vidareutvikle informasjonsmateriell mellom anna retta mot norske jegerar som dreg på jakt i utlandet, om viltsjukdommar og gjeldande regelverk – til dømes om afrikansk svinepest – for å hindre at dei tek med smitte heim.

Per i dag blir data for villsvin i Noreg samla gjennom registreringar av viltulukker på veg og gjennom ikkje-pliktig rapportering av skotne villsvin til den offisielle jaktstatistikken. I tillegg blir det rapportert tilfeldige meldingar om observasjonar av levande villsvin, kadaver og andre sporteikn av villsvin, men det er inga sams plattform for å systematisere desse.

Utvikling av ei betre bestandskartlegging vil vere viktig for å setje i gang bestandsreduserande tiltak og for å måle verknaden av desse. Det kan òg vere aktuelt som smitteførebyggjande tiltak å sikre at villsvin ikkje kjem i kontakt med tamsvin.

Avtalepartane er samde om at det blir avsett 2 mill. kroner i 2019 og 2 mill. kroner i 2020 over Landbrukets utviklingsfond til satsinga. Midlane er ein del av ein heilskapleg innsats for å redusere bestanden av villsvin, med mellom anna betre grunneigarorganisering og jaktorganisering for meir effektivt uttak av villsvin.

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift blir forvalta av Fylkesmannen i Trøndelag og hovudsakleg nytta til gjerdebygging, men òg til ekstraordinære tiltak for gjeting, fôring og beiteundersøkingar. Avtalepartane er samde om at avsetjinga for 2020 blir 1,5 mill. kroner. Samla avsetjing er på nivå med tilsvarande avsetjing over reindriftsavtalen. Arbeidet med å gjere ordninga kjend i aktuelle område må vidareførast.

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde kulturlandskapet ved like og til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket, som utslepp til luft og vatn. Fleire av miljøordningane bidreg òg til betre agronomi og vil ha positiv innverknad på jordbruksproduksjonen.

Miljø- og klimavennleg matproduksjon

Over jordbruksavtalen er det fleire økonomiske verkemiddel som skal stimulere til redusert avrenning til vassdrag og kyst. Til dømes blir det gitt tilskott for at areal med korn og vassdragsnære areal ikkje blir jordarbeidde om hausten. Gjennom arbeidet med vassforvaltningsplanane i tråd med EUs rammedirektiv for vatn og vassforskrifta har internasjonale mål for vassmiljø i seinare tid blitt konkretiserte ned til dei enkelte vassområda og vassførekomstane. Gjeldande vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram for åra 2016–2021 skal no oppdaterast for planperioden 2022–2027, i samsvar med ny kunnskap, endra føresetnader, krava i vassforskrifta og nasjonale føringar. Noregs rapporterte utslepp av ammoniakk (NH 3 ) overstig forpliktingane i Göteborg-protokollen, og det er også av den grunn nødvendig med tiltak for å få ned utsleppa.

Stortinget var i handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) tydeleg på at sektoransvaret for miljøtiltak i jordbruket skal førast vidare gjennom miljøprogramsatsinga.

Klimagassutsleppa frå jordbruket utgjorde 8,5 pst. av dei samla utsleppa i 2017. Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa som blir krediterte jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen, kjem frå metan frå naturlege prosessar i fordøyinga hos husdyr som storfe og sau og lystgass frå husdyrgjødsel. Dei biologiske prosessane i landbruket kan ikkje erstattast på same måte som prosessar som er baserte på ikkje-fornybare råstoff, og produksjonssystem som er baserte på fossile kjelder. Klimautfordringane i jordbruket blei grundig handsama både i rapporten Landbruk og klimaendringer, som blei levert til jordbruksoppgjeret 2016, og i Meld. St. 11 (2016–2017), med stortingshandsaminga i Innst. 251 S (2016–2017). Departementet viser òg til rapport frå teknisk arbeidsgruppe som blei lagd fram i samband med klimaforhandlingane mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket. Rapporten gjer greie for kva slags tiltak som kan gjennomførast for å redusere utsleppa og auke opptak av karbon frå jordbruket.

Noreg har ratifisert Parisavtalen og arbeider no for å innfri forpliktinga om å redusere dei nasjonale klimagassutsleppa gjennom ei sams gjennomføring med EU i perioden 2021–2030. Klimalova tok til å gjelde 1.1.2018. I lys av 2030-forpliktinga skal jordbruket bidra med sin del for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket, og jordbrukspolitikken skal gå i ei meir klimavennleg retning, jf. Meld. St. 11 (2016–2017) og Meld. St. 41 (2016–2017) og handsaminga av desse meldingane i Stortinget. I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbruksorganisasjonane ein klimaavtale. Jordbruket er ei av dei første næringane i Noreg som inngår ein slik avtale med regjeringa. Det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar for perioden 2021–2030. Jordbruksaktivitetar, og særleg husdyrhald, er biologiske prosessar som òg er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan og lystgass. Jordbruket er samstundes ein viktig bidragsytar til det grøne skiftet, både gjennom binding av karbon og med produksjon av fornybar biobasert energi og drivstoff. Klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Hovuddelen av metanutsleppa kjem frå fordøyingssystemet hos dyra, særleg drøvtyggjarane. Resten kjem frå lagring av husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av meir effektiv mjølkeproduksjon og redusert bruk av gjødsel, er hovudårsaka til nedgangen i utslepp frå jordbruket frå 1990. Ifølgje Geno har arbeid med avl bidrege til at klimagassutsleppa frå mjølkekyr er reduserte med 10 pst. per produsert eining frå 1980 til i dag. Det må òg gjennomførast tiltak i jordbruket som blir bokførte i andre sektorar enn jordbruk i den norske utsleppsrekneskapen, til dømes å redusere forbruket av energi innan transport og bygg. Trass i auka produksjon har endringar i jordbruket bidrege til at forbrenningsutsleppa i jordbruket er reduserte med 30 pst. sidan 1990, av det er 15 pst. frå bruk av traktorar og andre reiskapar.

Utvikling av kunnskapsgrunnlaget for å få betre kunnskap om verknader, kostnader og konsekvensar av eksisterande og moglege nye tiltak må prioriterast høgt framover. Det er òg viktig med meir kunnskap om korleis det norske jordbruket kan tilpasse seg eit klima i endring.

Klimasmart landbruk

Prosjektet Klimasmart Landbruk blei etablert i 2017 med det formål å redusere klimaavtrykket frå norsk landbruk ved å sikre betre informasjon om og gode verktøy for klimasmart drift på norske gardsbruk. Klimasmart Landbruk er eigd og blir drifta av Landbrukets Klimaselskap, SA som er stifta av Norges Bondelag, Norsk Landbruksrådgiving, Tine, Nortura og Felleskjøpet Agri. Etter kvart har fleire andre sentrale bedrifter og aktørar innan landbruket gått inn i selskapet.

Klimasmart Landbruk skal utvikle eit nytt system og verktøy for å berekne klimaavtrykk og registrere klimakutt tilpassa kvart enkelt gardsbruk, med omsyn til både produksjon og storleik. Målet er òg at grunnlagsdata som blir fanga opp gjennom dette systemet, på sikt skal kunne bidra til betre berekningsmetodar for rapportering ifølgje Parisavtalen.

Frå og med 2020 går klimakalkulatoren for mjølk, korn og gris over i ein driftsfase. Utviklinga av klimakalkulatorane for sau, ammeku, fjørfe og grøntproduksjon gjerast ferdig i løpet av 2020.

Det er sett av 20 mill. kroner over det ordinære statsbudsjettet til prosjektet for 2017/2018, og for 2019 er det avsett 20 mill. kroner over jordbruksavtalen (LUF). For 2020 er det sett av opp til 8 mill. kroner over LUF som skal nyttast til å gjere ferdig klimakalkulatorar. Klimasmart Landbruk skal innan 31.12.2019 leggje frem ein plan for avtalepartane for korleis klimakalkulatoren skal takast i bruk, i tillegg til ein rapport med rekneskap for den samla løyvinga til prosjektet.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Formålet med SMIL-ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukskulturlandskapet og å redusere forureininga frå jordbruket. Tiltaka som bidreg til å redusere forureining under SMIL-ordninga, kan òg bidra til betre agronomisk driftspraksis og tilpassing til klimaendringar. I jordbruksoppgjeret 2019 blei det sett av 127 mill. kroner for 2020, noko som er ein auke på 12 mill. kroner. Hydrotekniske tiltak skal prioriterast der det er stort behov.

Tilskott til drenering av jordbruksjord

Godt drenert jordbruksjord er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Løyvinga aukar med 10 mill. kroner til 68 mill. kroner i 2020. Mellom anna av omsyn til vassmiljøutfordringar skal areala med korn, grønsaker og poteter framleis prioriterast ved fordeling av midlar.

Investeringsstøtte til tiltak i beiteområde (organisert beitebruk)

Ordninga stimulerer til effektivt samarbeid mellom dyreeigarar og realisering av nødvendig infrastruktur for næringsutvikling i husdyrproduksjonar basert på utmarksbeiteressursane Løyvinga aukar med 5 mill. kroner til 23 mill. kroner i 2020. 5 mill. kroner skal prioriterast til investeringar i teknologi. 3 mill. kroner av avsetjinga skal øyremerkjast tiltaka for beitenæringa som følgje av nedkjemping av skrantesjuke (CWD).

Klima- og miljøprogrammet

Løyvinga til Klima- og miljøprogrammet aukar med 2 mill. kroner til 20 mill. kroner for 2020. Prosjekt som bidreg til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om klimautfordringar og teknologisatsing i jordbruket, skal prioriterast. Vidare er det behov for å styrkje kunnskapsgrunnlaget knytt til oppfølging av vassforskrifta, og det er behov for prosjekt som kan auke kunnskapen om pollinatorar i jordbrukslandskapet. Det blir sett av 1 mill. kroner til NIBIO som skal nyttast til å styrkje kunnskapen om erosjon og arealavrenning som følgje av nye erosjonsrisikokart.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan

Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan er sektorovergripande satsingar som skal ta vare på verdifulle jordbrukslandskap i Noreg. Utvalde kulturlandskap i jordbruket består no av 44 område som er eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap over heile landet. Aktiv landbruksdrift er nødvendig for å sikre kulturlandskapsverdiane i begge satsingane. Løyvinga til Utvalde kulturlandskap i jordbruket aukar med 4,5 mill. kroner til 15,5 mill. kroner for å følgje opp iverksetjinga av nye område. Løyvinga til verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan blir ført vidare med 7,5 mill. kroner i 2020. Samla løyving blir 23 mill. kroner i 2020. Midlane til verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap i jordbruket må sjåast i samanheng med midlar på budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Biogass

Handsaming av husdyrgjødsel i biogassanlegg reduserer metanutsleppa og er eit viktig tiltak for å redusere klimagassutslepp frå husdyrgjødsel. Interessa for ordninga aukar, og det er difor sett av 5 mill. kroner i 2020, ein auke på 2 mill. kroner. Ordninga blei evaluert til jordbruksoppgjeret 2019, og som ei følgje av det skal det no setjast ned ei arbeidsgruppe for å sjå på korleis ordninga kan innrettast for auka utnytting av husdyrgjødsel i biogassanlegg.

Tilskott til utsiktsrydding i kulturlandskap knytt til landbruket

Ordninga blir avvikla frå 2020.

Utviklingsmidlar for økologisk jordbruk

Avsetjinga til utviklingsmidlar for økologisk jordbruk blir auka med 3 mill. kroner til 34 mill. kroner i 2020. Midlane går dels til spesifikke prosjekt og oppgåver, som oppfølging av Nasjonal strategi for økologisk jordbruk, dels til prosjektmidlar som blir lyste ut. Oppgåver knytte til kunnskaps- og kompetanseoverføring frå føregangsfylkeprosjektet, der Norsk Landbruksrådgiving mellom anna har styrkt sitt arbeid med økologisk jordbruk, utgjer viktige delar av arbeidet.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70.11

Avsetjingstiltak

24 400

27 400

31 400

70.12

Tilskott til råvareprisutjamningsordninga m.m.

221 249

236 662

234 347

70.13

Tilskott til potetsprit og potetstivelse

38 000

38 000

38 000

Sum post 70

283 649

302 062

303 747

Underpost 70.11 Avsetjingstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetnad for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens dei blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar. Partane er samde om ei auka løyving på 4,0 mill. kroner, som skal dekkje kostnadsauke og styrkje verksemda til Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 31,4 mill. kroner i 2020.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningsordninga m.m.

Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksporterte. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar òg løyvingsbehovet. Det er venta ein mindre auke i prisane på verdsmarknaden, mens målprisauken i jordbruksoppgjeret gir ein mindre auke i løyvinga. Dette betyr at løyvinga til ordninga blir halden på eit høgt nivå.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 234,3 mill. kroner for 2020.

Underpost 70.13 Tilskott til potetsprit og potetstivelse

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetjing av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 38,0 mill. kroner til ordninga i 2020.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som kjem av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Posten omfattar ordningane med erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon og erstatning ved svikt i honningproduksjon.

Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg, blir løyvde utanfor jordbruksavtalen, jf. kap. 1142, post 73.

Rapportering 2018

Løyvinga til ordninga er på 43 mill. kroner i eit normalt år. Ekstrem tørke og varmt vêr i vekstsesongen 2018 gav små avlingar i fleire planteproduksjonar i store delar av landet. Særleg blei det ein vanskeleg situasjon for husdyrprodusentar med storfe og sau.

Landbruks- og matdepartementet sette i verk fleire tiltak med sikte på å bidra til auka tilgang på grovfôr. Som følgje av den ekstraordinære situasjonen og svært høge prisar på grovfôr blei det gjennomført tilleggsforhandlingar med jordbruket for å hjelpe næringa gjennom ein vanskeleg situasjon. Det blei inngått ein tilleggsavtale for 2018–2019 med ei ramme for tiltaka på 525 mill. kroner. Mellom anna blei satsane dobla for erstatning ved avlingstap i grovfôrproduksjon. Også taket for tilskott per vekstgruppe blei dobla frå 0,75 mill. kroner til 1,5 mill. kroner. I nysalderinga blei løyvinga for 2018 auka til 838 mill., og dei samla prognosane blei estimert til vel 1 mrd. kroner.

Skadane og dei samla utbetalingane over ordninga viste seg å bli mykje høgare enn dei første prognosane viste. Dei samla utbetalingane over ordninga for skadar i avlingsåret 2018 vil bli om lag 2,0 mrd. kroner. Av dette blei det betalt ut 1,667 mrd. kroner i 2018. Dei resterande sakene blir avslutta i 2019. For å unngå store negative følgjer av tørken for produksjonen framover blei det lagt stor vekt på at bøndene måtte få erstatningsutbetalingane raskt. Forvaltninga gjorde ein stor innsats, og 11 300 søknader av til saman om lag 15 000 blei handsama og utbetalte hausten 2018.

Budsjettframlegg 2020

Dei ekstraordinære tiltaka som blei sette i verk for avlingsåret 2018, blir ikkje førte vidare. Departementet legg til grunn at alle erstatningssaker knytte til skadar i 2018 vil bli avslutta i løpet av 2019. For avlingsåra 2019 og 2020 blir det lagt til grunn eit normalt skadeomfang.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 43,0 mill. kroner i 2020.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

73.11

Tilskott til norsk ull

122 933

134 000

124 000

73.13

Pristilskott mjølk

618 305

666 000

701 100

73.15

Pristilskott kjøtt

1 541 396

1 452 260

1 453 400

73.16

Distriktstilskott egg

3 652

3 335

3 500

73.17

Distriktstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

112 847

123 500

152 300

73.18

Frakttilskott

352 492

361 450

385 700

73.19

Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

543 261

779 100

881 100

73.20

Tilskott matkorn

46 451

91 400

99 500

Sum post 73

3 341 337

3 611 045

3 800 600

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til å betre kvaliteten på norsk ull og sikre avsetnad i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

I jordbruksoppgjeret blei ordninga vidareført med uendra satsar, men prognosane viser ein nedgang i volumet som gir grunnlag for ein reduksjon i løyvinga på 10 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 124,0 mill. kroner for 2020.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitemjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.

Distriktstilskottet blir gitt med ni ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskottet varierer frå null og opp til 189 øre per liter.

I jordbruksoppgjeret blei satsane i distriktstilskott for mjølk auka med 4 øre per liter i sonene D–J. Dette gir ein auke i løyvinga på 31 mill. kroner, mens det er prognosert ein auka produksjon tilsvarande 4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 701,1 mill. kroner til pristilskott for mjølk i 2020. Løyvinga er fordelt med 70,1 mill. kroner til grunntilskott for geitemjølk og 631,0 mill. kroner i distriktstilskott for all mjølk.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for heile slakt av lam og kje.

Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet.

Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.

Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

Frå 2017 blir heile tilskottet for lammeslakt betalt ut saman med oppgjera frå slakteria, mens det tidlegare var utbetalt saman med produksjonstilskotta. I samband med dette har denne løyvinga blitt flytta frå post 74 til post 73.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i nokon satsar under produksjonstilskott kjøtt. Volumprognosen viser ein liten auke i produksjonen tilsvarande vel 1 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 453,4 mill. kroner i 2020. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 94,0 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 255,0 mill. kroner, distriktstilskottet 654,4 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 450,0 mill. kroner.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønnsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet utanom Rogaland. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,5 mill. kroner i 2020.

Underpost 73.17 Distriktstilskott frukt, bær, grønsaker og potet

Formålet med ordningane er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.

Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær. I tillegg blir det gitt eit tilskott for all pressfrukt og til produksjon av matpotet i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til veksthusproduksjon av tomat og slangeagurk og til salatproduksjon.

Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott for areal- og kulturlandskap.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskott for frukt og bær auka tilsvarande 16,7 mill. kroner. Den største auken blei gitt til sone 5, som mellom anna omfattar Vestlandet. For grønsaker blei satsane auka tilsvarande 2,3 mill. kroner og for potet i Nord-Noreg med 0,3 mill. kroner. Volumprognosen aukar løyvingsbehovet med 9,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 152,3 mill. kroner i 2020.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Ordninga omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.

I jordbruksoppgjeret blei det gitt ein auke i løyvingane for innfrakt av kjøtt med 10 mill. kroner og for frakt av kraftfôr med 15 mill. kroner. Volumprognosen viser ein nedgang på om lag 1 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 385,7 mill. kroner i 2020. Løyvinga er fordelt med 143,0 mill. kroner til kjøtt, 7,65 mill. kroner til egg og 82,0 mill. kroner til korn og 153 mill. kroner til frakt av kraftfôr.

Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetnad av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsetnaden av økologisk korn og erter blir det gitt høgare satsar til økologisk produksjon.

I jordbruksoppgjeret blei målprisane auka med 14 øre per kg for matkorn og 12 øre per kg for fôrkorn. Prisnedskrivingstilskottet til norsk korn blei auka med 6,85 øre per kg. Referanseprisen på protein blei auka tilsvarande. Den regulerer tollsatsen ved import til kraftfôr og prisutjamningsbeløpet på norsk protein, som til dømes soya som er importert tollfritt til matproduksjon.

Det er lagt til grunn at verdsmarknadsprisane på protein vil halde seg så høge at auka referansepris på protein i liten eller ingen grad vil påverke råvarekostnaden til kraftfôr i 2020. Det er etter dette berekna ein auke i råvareprisane til kraftfôr på 2,0 øre per kg.

Satsauken i jordbruksoppgjeret krev ei auka løyving på 101,1 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 881,1 mill. kroner for 2020.

Underpost 73.20 Tilskott matkorn

Formålet med ordninga er å gi grunnlag for ein rekningssvarande pris på norsk matkorn og samstundes halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer samanlikna med import. Tilskottet blir gitt til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av norskprodusert matkorn. Tollsatsen på import av matkorn blir administrert ned til det same nivået som prisen på norsk matkorn minus prisnedskriving.

I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 4,71 øre per kg, tilsvarande 8,1 mill. kroner. Dette vil isolert sett gi uendra råvarekostnad på korn for matmjølbransjen.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 99,5 mill. kroner i 2020.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 579 092

1 601 600

1 678 900

74.14

Tilskott til husdyr

2 528 531

2 442 800

2 552 385

74.16

Beitetilskott

822 505

917 200

971 900

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 066 496

3 447 500

3 552 200

74.19

Regionale miljøprogram

431 982

493 159

528 159

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

108 558

121 900

120 500

Sum post 74

8 537 164

9 024 159

9 404 044

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik, mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å stimulere til produksjon av storfekjøtt av høg kvalitet.

Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har fem kyr eller meir. I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 14 500 kroner per føretak i sone 2, 5, 6 og 7, mens satsen blei auka med 9 500 kroner per føretak i sone 1,3 og 4. For føretak med geitemjølk blei satsen auka med 4 300 kroner per føretak.

For driftstilskottet til spesialisert ammekuproduksjon blei satsen auka med 316 kroner per ku opp til 12 600 kroner per føretak med meir enn 40 kyr i sone 5–7. I sone 1–4 blei satsen auka med 25 kroner per ku opp til 1 000 kroner per føretak.

Auken i satsane krev ei auka løyving på 101,8 mill. kroner til mjølkeproduksjon og 19,1 mill. kroner til spesialisert kjøttproduksjon. Ein reduksjon i talet på føretak med mjølkeproduksjon gir ei innsparing på posten med 43,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 679,8 mill. kroner fordelt med 344,1 mill. kroner til kjøttproduksjon og 1 334,8 mill. kroner til mjølkeproduksjon.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte birøkt og genbevaring av gamle husdyrrasar.

Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir trappa ned med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei det gitt satsauke for mjølkekyr, ammekyr, geit, sau, hjort og bifolk tilsvarande 162 mill. kroner.

Ordninga med eit særskild tilskott til «små og mellomstore» mjølkebruk har ei noko annleis utforming enn dei andre husdyrtilskotta ved at satsane blir reduserte per ku ved meir enn 23 kyr, slik at det ikkje blir gitt tilskott til bruk med meir enn 50 kyr. I jordbruksoppgjeret blei satsane i denne ordninga auka med 250 kroner per ku tilsvarande 24,5 mill. kroner.

I jordbruksoppgjeret blei det òg gitt ein auke i satsane for genbevaring, men når gammalnorsk spelsau er teke ut av målgruppa, blir det samla sett ei innsparing på denne delordninga.

Den samla verknaden av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet er ein auke i løyvinga på 109,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 552,4 mill. kroner i 2020.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå god utnytting av utmarksbeiteressursane.

Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark, kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til utmarksbeite auka med 114 kroner per dyr for kyr, storfe og hest, mens det blei auka med 10 kroner per dyr for sau, lam og kje. For det generelle tilskottet til alt beite blei satsen auka med 50 kroner per dyr for storfe m.m., mens det blei auka med 10 kr per dyr for småfe. Satsendringane gir ei auka løyving tilsvarande 104 mill. kroner, mens prognosen for talet på beitedyr i 2020 gir ei innsparing på 49 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 971,9 mill. kroner i 2020. Det fordeler seg med 591,3 mill. kroner for dyr på utmarksbeite og 380,6 mill. kroner i generelt beitetilskott.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og ein må kunne dokumentere oppfølging av miljøkrav knytte til produksjonen for å oppnå maksimalt tilskott.

Ordninga er sett saman av eit kulturlandskapstilskott med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som oppfyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensierte ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og mellom distrikta.

I jordbruksoppgjeret blei satsen i kulturlandskapstilskottet for alt dyrka areal auka med 4 kroner per dekar til 166 kroner. Det gir ei auka løyving på 36 mill. kroner.

For å sikre den geografiske produksjonsfordelinga og drift av marginale areal blei det i jordbruksoppgjeret prioritert å gi ein auke i satsen for gras i sone 5–7. For å avgrense ytterlegare nedgang i kornarealet blei det gitt auka realtilskott til korn i alle soner. Dette gir ein auke i arealtilskottet til kornproduksjon på 92,6 mill. kroner. Satsauken for gras gir ei auka løyving på 44 mill. kroner, mens satsauken for korn krev 40 mill. kroner. For dei andre produksjonane blei det ikkje gitt auke i satsane i dette jordbruksoppgjeret.

Auka satsar for arealtilskott i jordbruksoppgjeret krev 120 mill. kroner. Tilpassing av løyvinga til den gjeldande arealfordelinga reduserer behovet med 15,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 552,2 mill. kroner i 2020. Dette fordeler seg med om lag 1 438,3 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 2 113,9 mill. kroner i arealtilskott.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn gjennom eit regionalt og lokalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte. Dei regionale miljøprogramma har tiltak med tilhøyrande tilskott retta mot føretak innanfor følgjande område: redusert forureining til vatn og luft, varetaking av kulturlandskap og kulturminne, tilrettelegging for friluftsliv og tilgjenge, varetaking av biologisk mangfald, utslepp til luft, plantevern og miljøavtale.

Nasjonalt miljøprogram legg rammene for utforminga av dei regionale miljøprogramma. Ordninga opnar for at fylka kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i deira eige område, og vil bidra til å hindre attgroing og stimulere til beiting og betre opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapporteringa tyder på stor aktivitet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet. Ny fireårig programperiode gjeld frå 2019 til 2022. Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein nasjonal instruks som dannar grunnlag for dei fylkesvise forskriftene.

Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke, og dei regionale miljøprogramma gir ei målretting av miljøinnsatsen i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom generelle nasjonale ordningar.

I jordbruksoppgjeret var partane samde om å auke ramma for ordninga med 35 mill. kroner. Midlane blir fordelte etter ny inndeling av fylka frå 2020. Vassmiljøtiltak, og særleg tiltaket for miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel, skal prioriterast. Tiltak for pollinatorsoner og truga natur skal det også bli lagt til rette for i alle regionale miljøprogram.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 528,2 mill. kroner i 2020.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk

Formålet med ordninga er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen er økologisk. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for det ekstra arealtilskottet til økologisk produksjon av poteter, grønsaker, frukt og bær auka. Innanfor dei ekstra tilskotta til økologisk husdyrproduksjon blei satsen auka for mjølkekyr, ammekyr, mjølkegeit, ammegeit og sau. Endringa i tilleggssatsane til økologisk produksjon aukar løyvinga med 4,5 mill. kroner, mens volumtilpassinga reduserer løyvinga med 5,9 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 120,5 mill. kroner i 2020. Summen fordeler seg med 72,1 mill. kroner i husdyrtilskott og 48,4 mill. kroner i arealtilskott.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

81 868

88 700

92 600

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

18 707

18 720

27 020

77.13

Tilskott til rådgiving

88 500

93 500

98 000

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

49 601

49 360

49 360

77.17

Tilskott til fellesanlegg for frukt

14 000

14 000

15 000

Sum post 77

252 676

264 280

281 980

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.

Løyvinga skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

I jordbruksoppgjeret blei partane samde om at ordninga med reisetilskott for veterinærane blir utvida til å omfatte fleire formål enn berre behandling av sjukdom og inseminasjon. For å kompensere dette blei det sett av 5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 92,6 mill. kroner for 2020. Summen er fordelt med 25,6 mill. kroner i tilskott til semintenester, 52,7 mill. kroner til veterinærreiser og 14,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det er tre typar tilskott under ordninga: pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.

Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sortar. Det er venta ein auke i frøareala og lagringa som gir ein auke i volum tilsvarande 2 mill. kroner.

Satsen for lagring av såkorn blei sett opp frå 60 øre per kg til 90 øre per kg, samstundes som avsetjinga blei dobla frå 3,7 mill. kroner til 6,3 mill. kroner. Samla auke i løyvinga blir etter dette 8,3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 27,0 mill. kroner for 2020.

Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving

Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.

Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. NLR har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak, klimatiltak og HMS.

Partane i jordbruksoppgjeret blei samde om ei satsing på frukt og grønt. NLRs rådgiving innan frukt og grønt blir ein viktig del av denne satsinga. Vidare viser partane til prosjektet PRESIS, som blir finansiert over LUF. Prosjektet skal utvikle skreddarsydd brukarstøtte og rådgiving i skjeringspunktet mellom ny teknologi og agronomi og gjennomførast i eit samarbeid mellom NIBIO og NLR, jf. omtale over. NLR er òg ein sentral aktør i Klimasmart Landbruk. Frå 2019 har NLR fått ei utvida rolle med å utvikle og koordinere faglege nettverk innan økologisk produksjon. Frå 2020 får NLR i tillegg i oppgåve å utvikle og koordinere fagområdet for jord og jordkultur.

I jordbruksoppgjeret var partane samde om å auke løyvinga til NLR med 4,5 mill. kroner. Av den samla løyvinga skal minst 14 mill. kroner nyttast til HMS-rådgiving og HMS-relaterte tiltak, og minst 5,5 mill. kroner skal gå til byggjeteknisk rådgiving. NLR må gjere nødvendige prioriteringar innanfor ramma. Frå 2020 skal mentorordninga bli ei nasjonal ordning forvalta av NLR.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 98,0 mill. kroner for 2020.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for særskilde skadegjerarar, og med definerte eigenskapar som er tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert setjepotetavl er å stimulere til auka bruk av setjepoteter av høg kvalitet.

I jordbruksoppgjeret sette partane av 5 mill. kroner frå udisponerte midlar til Graminor for utvikling av eit frukt- og bærsenter på Njøs. Elles blei det ikkje gjort endringar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 49,4 mill. kroner i 2020 fordelt på desse tilskottsordningane:

Framlegg for kap. 1150, underpost 77.15

Utvikling av plantemateriale, nordisk

2,4 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale, oppformering

12,5 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale, Graminor

24,96 mill. kroner

Kvalitetstiltak settepotetavl

9,5 mill. kroner

Sum underpost 77.15

49,36 mill. kroner

Underpost 77.17 Tilskott til fellesanlegg for frukt

Formålet med tilskottet er å fremje samarbeid om lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.

I jordbruksoppgjeret var partane samde om at målgruppa er «fellesanlegg for frukt», og at dette også bør vere namnet på ordninga. Løyvinga blei auka med 1 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,0 mill. kroner til ordninga i 2020.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 119 644

1 176 600

1 224 267

78.12

Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.

139 998

153 200

143 500

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

50 200

50 200

38 700

78.15

Tilskott til landbruksvikarordninga

60 968

65 891

68 228

78.16

Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

70 937

72 500

72 500

Sum post 78

1 441 747

1 518 391

1 547 195

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting, gjennom å bidra til å finansiere leige av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak. Dei som søkjer om tilskottet, skal kunne dokumentere faktiske kostnader til avløysing.

I jordbruksoppgjeret blei både maksimalt tilskott per føretak og satsane per dyr auka med om lag 6 pst. Det nye taket er etter dette 83 400 kroner per føretak. Dette gir ei auka løyving på 66,3 mill. kroner, mens nedgangen i talet på føretak med husdyr gir ei innsparing på 18,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 224,3 mill. kroner for 2020.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Finansieringa skal skje når brukaren på grunn av sjukdom eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Grunnlaget for tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå satsar per dyr, og for veksthusprodusentar blir tilskottgrunnlaget fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet per føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats per bruk.

I jordbruksoppgjeret blei maksimal dagsats vidareført med 1 670 kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 143,5 mill. kroner for 2020.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til Nav for å finansiere differansen i sjukepengar for næringsdrivande og jordbrukarar som får 100 pst. av sjukepengegrunnlaget ved sjukdom ut over 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av Nav til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå utbetalingane frå Nav. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.

Frå 1.10.2019 blir sjukepengane frå Nav heva frå 75 til 80 pst. av sjukepengegrunnlaget for sjølvstendig næringsdrivande. Dette reduserer løyvinga over jordbruksavtalen for å sikre jordbrukarar 100 pst. av sjukepengegrunnlaget med 11,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 38,7 mill. kroner til ordninga for 2020.

Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga

Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga skal nå eit omfang på 240 årsverk. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å auke maksimal støtte per årsverk med 1 500 kroner til 283 900 kroner, i tillegg til at ramma blir auka med 2 mill. kroner for å oppnå målet om 240 årsverk. Det gir ein auke i løyvinga på 2,3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 68,2 mill. kroner for 2020.

Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å bidra til eit enklare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Dei som får tidlegpensjon, kan også få avtalefesta pensjon og arbeidsavklaringspengar, uførepensjon og etterlatenpensjon frå Nav. I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i ordninga i 2019.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 72,5 mill. kroner for 2020.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

85

Marknadsordninga for korn

1 163

50

50

Sum kap. 4150

1 163

50

50

Formål med løyvinga

Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.

Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut referanseprisar for protein og feitt som gir om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som soyabønner blir ikkje pålagde toll når dei blir importerte til Noreg som mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr, blir då pålagd ei prisutjamning.

Rapportering 2018

Verdsmarknadsprisane på soya og proteinråvarer har i lengre tid vore så høge samanlikna med prisen på norskprodusert korn at det berre i nokre månader har blitt avrekna eit mindre prisutjamningsbeløp tilsvarande 1,3 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2020

I jordbruksoppgjeret gav prisendringane på norsk korn grunnlag for ein auka referansepris på soya på 17,6 øre per kg til 4 258 kroner per tonn. På grunn av ein inkurie blei det ein feil i utrekninga av denne referanseprisen på soya. Departementet har i ettertid instruert Landbruksdirektoratet til å administrere tollsatsar og prisutjamning på grunnlag av ein referansepris på soya som er 4 138 kroner per tonn. Det er 12 kroner per tonn lågare enn det partane la til grunn.

Det er for tida stor uvisse omkring prognoser for verdsmarknadsprisane på protein, men partane la til grunn at det ikkje vil bli rekna prisutjamningsbeløp på protein til kraftfôr i 2020, og at råvarekostnadene til kraftfôr vil auke med 2 øre per kg som følgje av jordbruksoppgjeret.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

36 650

33 900

36 600

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

6 500

7 500

7 300

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott , kan overførast

71 068

79 100

88 200

79

Velferdsordningar , kan overførast

2 319

2 600

4 000

Sum kap. 1151

116 537

123 100

136 100

Formål med løyvinga

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftslova det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til ei kvar tid står overfor.

Nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, finn ein under kat. 15.30, Prop. 117 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2019 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2019/2020 m.m.) og Innst. 415 S (2018–2019). Sjå nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane i budsjettframlegget.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150 er det behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa er supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane er direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg. På desse områda har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Noreg. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.

Rapportering 2018

Reindriftslova av 2007 skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Dei siste åra har arbeidet til styresmaktene vore prega av bistand og tett oppfølging av det arbeidet næringa gjer med å utarbeide bruksreglar og følgje opp vedtak om øvre reintal, og arbeidet med å revidere distriktsplanar. Sjå nærare omtale under kap. 1142.

For reindriftsutøvarane som sjølvstendig næringsdrivande er det mange forhold, også utanom reindriftsavtalen, som påverkar inntektene og den nødvendige tilpassinga det enkelte året. Årleg kalvetilgang, samla tap og slaktevekter varierer markant mellom reinbeiteområda i Noreg. Dette er skilnader som har gjort seg gjeldande over tid, og dei kjem mellom anna av variasjon i rovdyrbestanden og ulike føresetnader for drift mellom område. Utviklinga i årleg kalvetilgang, tap og slaktevekter er viktige indikatorar for å vurdere økologisk og økonomisk berekraft i reindriftsnæringa. Tilsvarande vil talet på personar i næringa verke inn på kor mange som kan ha reindrift som hovudverksemd, og på målet om kulturell berekraft.

Den viktigaste føresetnaden for å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft er at reintalet er i samsvar med beitegrunnlaget, at areala reindrifta kan nytte til auka produksjon og lønnsemd blir tekne vare på, og at tapet av rein blir redusert. Tal frå Totalrekneskapen for reindriftsnæringa viser ein auke i resultatmåla frå 2016 til 2017. Samla sett blir vederlag for arbeid og eigenkapital auka frå 87,2 mill. kroner til 111,9 mill. kroner. Per årsverk blir vederlaget for arbeid og eigenkapital auka frå 95 200 kroner til 119 200 kroner. Hovudårsaka er ein auke i statstilskott og erstatningar og ein reduksjon i kostnadene. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte området. Førebelse tal for 2019 viser ein vesentleg reduksjon av resultatmåla. Årsaka er ein reduksjon i statstilskotta.

Budsjettframlegg 2020

Den 26.2.2019 kom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ein avtale for 2019/2020. Reindriftsavtalen for 2019/2020 har ei ordinær ramme på 136,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 13,0 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen for 2018/2019.

Hovudmålet med reindriftsavtalen 2019/2020 er å leggje til rette for å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell, marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I tråd med regjeringsplattforma er tiltak som støttar opp om dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd, og tiltak som bidreg til økologisk berekraft, blitt prioriterte. På bakgrunn av reduksjonen i produksjonsinntektene og at prosessen med tilpassing av reintal nyleg er gjennomført, har det vore viktig å føre vidare hovudlinene i tilskottssystemet. Det gir stabilitet i ordningane over reindriftsavtalen. Ei vidareføring støttar òg opp om dei reindriftsutøvarane som har følgt opp vedtak om reduksjon av reintal. Siidaandelar som ikkje følgjer slike vedtak, har heller ikkje rett til tilskott over avtalen.

Reindriftsavtalen 2019/2020 er den sjette avtalen der regjeringa har blitt samd med NRL. Semje i avtaleforhandlingane er viktig for å støtte opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og NRL.

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2020 i samsvar med Stortingets handsaming av reindriftsavtalen for 2019/2020, jf. Innst. 415 S (2018–2019). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 117 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2019 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2019/2020 m.m.) og i Innst. 415 S (2018–2019).

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindriftas Utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei desse avsetjingane gjorde:

  • 1,50 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak

  • 8,20 mill. kroner til Utviklingsprogrammet

  • 2,50 mill. kroner til fagbrevordninga

  • 5,00 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak

  • 4,50 mill. kroner til pramming av rein

  • 2,50 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester

  • 1,00 mill. kroner til optisk klassifisering av rein

  • 0,75 mill. kroner til drift av nytt klassifiseringssystem

  • 0,80 mill. kroner til fjerning av gammalt gjerdemateriell m.m.

  • 0,30 mill. kroner til vidareutvikling av reindrifta sine arealbrukskart

  • 1,00 mill. kroner til beredskapsfond

  • 2,50 mill. kroner til frakttilskott

  • 0,30 mill. kroner til rapportering av rein

  • 2,00 mill. kroner til HMS-arbeid i reindrifta

Avsetjingane over midlane til RUF utgjer i alt 36,6 mill. kroner. Det er ein auke på 2,7 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen 2018/2019.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor, krev aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet skal medverke til at NRL kan delta aktivt i prosessar som er viktige for reindrifta, og for ei utvikling av reindrifta i samsvar med dei til kvar tid vedtekne politiske mål og retningsliner i reindriftspolitikken. Organisasjonstilskottet til NRL er sett til 7,3 mill. kroner.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

Kostnadssenkande og direkte tilskott skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Departementet gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 88,2 mill. kroner for 2020. Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta er sette saman av fleire ulike tilskottsordningar, jf. omtalen nedanfor.

Produksjonspremie

Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane er berekna med 34 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare er det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det er ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,6 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien er utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 35,5 mill. kroner til produksjonspremie.

Etableringstilskott

Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel er vidareført med ein sats på 80 000 kroner det første året, og deretter 65 000 kroner dei to påfølgjande åra. Det er sett av 4,4 mill. kroner til etableringstilskott.

Særskild driftstilskott til ungdom

For å støtte opp om leiarar av siidaandelar som er under 30 år, er tilskottet auka frå 25 000 kroner til 40 000 kroner. Tilskottet skal gå til leiarar av siidaandelar som er under 30 år per 1.1.2020. Det er sett av 2,2 mill. kroner til ordninga med særskild driftstilskott til ungdom.

Kalveslaktetilskott

Formålet med kalveslaktetilskottet er å stimulere til at ein større del av kjøttproduksjonen er basert på kalv, noko som er ressursøkonomisk gunstig. Uttak av kalv dempar presset på vinterbeita og reduserer tapa i løpet av vinteren. Eit større uttak av kalv medverkar òg til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr. Satsen for tilskottet er sett til 500 kroner per kalv. Det er sett av 25,6 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.

Ektefelletillegg

Formålet med ektefelletillegget er å støtte opp om den familiebaserte reindrifta. Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane utøver aktiv reindrift, er fastsett med ein sats på 30 000 kroner. Det er sett av 1,2 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining

Formålet med særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining er å støtte opp om kvinner i reindrifta. Det blir gitt eit tilskott på 25 000 kroner. Det er sett av 1,9 mill. kroner til ordninga med særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining.

Distriktstilskott

Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta større ansvar for ei berekraftig utvikling av næringa. Det inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikre areala til reindrifta, få betre lønnsemd, leggje til rette for kriseberedskap, arbeide med helse, miljø og tryggleik og dessutan gi høve til avløysing ved sjukdom og svangerskap utover ordningane i folketrygda.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,4 mill. kroner.

Post 79 Velferdsordningar, kan overførast

Det er sett av 2,5 mill. kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 150 000 kroner per år, og for tobrukarpensjon 240 000 kroner. Posten omfattar medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir førte vidare.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskild tilskott til leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje kvinners stilling i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane er førte vidare.

Det er sett av 0,5 mill. kroner til sjukepengeordninga. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen dekkjer tilleggspremien for ein auke av sjukepengane frå 75 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,0 mill. kroner.

Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

14 265

14 194

14 123

75

Tilskott til oppsyn i statsalmenningar

10 192

10 141

10 090

Sum kap. 1161

24 457

24 335

24 213

Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

Formål med løyvinga

Posten omfattar tilskott til dei kostnadene Statskog SF har med delegerte styresmaktoppgåver og sektorpolitiske oppgåver, slik dei går fram av avtalen mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet.

Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningene (statsallmenningslova), og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til bruksrettshavarar. I tillegg skal tilskottet dekkje driftskostnader der det blir selt virke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare utfører Statskog SF oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og statsallmenningslova. Kostnadene Statskog SF har med forvaltninga av tilskottet til oppsyn, jf. post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar, blir òg dekte over denne posten.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarane av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevare biologisk mangfald. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom andre Statens naturoppsyn (SNO), og tek òg del i redningsaksjonar etter oppmoding frå politiet. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med SNO om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.

Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkjer stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebryggjer. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmaktene og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Rapportering 2018

På post 70 er det i 2018 rekneskapsført 14,265 mill. kroner, i samsvar med løyvinga det året. Bruken av midlane er fordelt mellom oppgåver på statsallmenningsgrunn, oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenningar og ulike tiltak som gjeld all statsgrunn.

Det blei brukt om lag 0,2 mill. kroner til oppgåver i statsallmenningar der Statskog SF har handla som offentleg styresmakt.

Rekneskapen for oppgåvene på statsallmenningsgrunn viser ut over dette at det blei brukt om lag 2,0 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane. Dette er noko mindre enn året før.

Om lag 4 600 m 3 tømmer og ved blei utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda i statsallmenningar med virkesrett. Til samanlikning blei det avverka 773 m 3 i statsallmenningar med virkesrett utan fond, slik at den samla avverkinga i statsallmenningane med virkesrett i 2018 var på 5 401 m 3 .

Det blei utført skogkultur i statsallmenningane for om lag 350 000 kroner i 2018. Det blei planta på 125 dekar og utført ungskogpleie på 200 dekar og markreiing på 200 dekar.

Oppsyn i statsallmenningar blir dekt over kap. 1161, post 75, men oppgåver knytte til oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenning blir dekt over post 70. Rekneskapen viser at det blei brukt 5,4 mill. kroner til oppsyn. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. Frå 2017 til 2018 har det vore ein auke i talet på kontrollerte og i reaksjonar som er gitt.

Det blei brukt nærare 6 mill. kroner på arbeidet med tilrettelegging for friluftsliv i 2018. Det er om lag 0,2 mill. kroner meir enn i 2017.

Etter at Riksantikvaren i 2017 vedtok å frede 20 lokalitetar med kulturhistoriske eigedommar i Statskog SFs eige, blei det i 2018 gjennomført synfaring og registrering av bygningar i regionane Troms og Midt-Noreg. Statskog SF har vidare arbeidd med å ferdigstille mal for praktisk orienterte forvaltningsplanar som skal utarbeidast for freda anlegg. Denne skal òg brukast for dei andre anlegga i Statskog SFs landsverneplan, der Statskog SF sjølv skal ta vare på verneverdiane på liknande vis som det som er formelt freda.

Statskog SF deltek i Noreg digitalt for å sikre tilgang til kartdata som er nødvendige for at dei skal kunne utføre oppgåvene sine.

Grunneigarfondet

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av eit fond for grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane. I tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til å dekkje utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Bruk av fondet til slike tiltak skal gjerast i samråd med Noregs fjellstyresamband.

Inntektene i grunneigarfondet var i 2018 på 32,7 mill. kroner, mot 42,2. mill. kroner i 2017. Årsaka til nedgangen er reduserte eingongsinntekter frå eigedomsutvikling.

Kostnadene i 2018 var på 22,6 mill. kroner. Tilskottet til Noregs fjellstyresamband var på 3,3 mill. kroner i 2018, og det blei gitt 4,1 mill. kroner i tilskott til tiltak i statsallmenningane. Resultatet for 2018 blei etter dette 3,1 mill. kroner. Behaldninga i Grunneigarfondet var 31.12.2018 på 34,5 mill. kroner. Det tilsvarande talet i 2017 var 28,7 mill. kroner.

Økonomien i grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SFs oppgåver i statsallmenningane og for moglegheita til å bruke midlar til tiltak i statsallmenningane. Fondet er no på eit nivå som gjer det mogleg å nytte meir av midlane til tiltak enn tidlegare.

Allmenningsfond

Allmenningsfond i statsallmenningar med virkesrett blir forvalta av Statskog SF og det enkelte allmenningsstyret i fellesskap. Allmenningsfondet er delt i tre delar: éin del som skal dekkje investeringar i skogen i allmenningen og dekkje virkesretten der han blir utøvd ved fellesdrift, éin del som er skogfond etter skogbrukslova, og éin del som er erstatningar for vern. Allmenningsfonda var 31.12.2018 på 139 mill. kroner. Av det utgjer erstatning for vern av skog 125 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,1 mill. kroner.

Oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei som har bruksrett, utarbeiding av skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar og anna. Også i 2020 skal Statskog SF prioritere takseringar av skogen i statsallmenningane.

Statskog SF vil i 2020 bidra til gjennomføring av kurs for nye fjellstyre.

Statskog Fjelltenesta skal halde fram med å føre tilsyn på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt.

Arbeidet med kartlegging og statusgjennomgang av reindriftsanlegg på statsgrunn i Nordland vil halde fram.

Statskog SF skal i 2020 halde fram med å leggje til rette for bruk av og tilgang til areala for allmenta. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar tryggleik for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse husværa blei tidlegare nytta i næringsverksemd og er viktige kulturberarar som bør haldast i stand så langt det er mogleg. Statskog SF skal halde fram samarbeidet med andre aktørar for å rette merksemd mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på annan statsgrunn. Statskog SF skal i 2020 halde fram arbeidet med forvaltningsplanar for dei eigedommane i landsverneplanen som det blei gjort fredingsvedtak for i 2017.

Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar

Formål med løyvinga

Posten dekkjer tilskott til refusjon av kostnader ved oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Etter § 36 kan fjellstyra tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene frå denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å sikre samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særleg ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har som formål å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Fjelloppsynet skal følgje opp føresegner gitt i eller i medhald av fjellova, og vere sakshandsamar for fjellstyra. Dette omfattar tilsyn med utøvinga av bruksrettane og jakt og fiske. Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningane på vegner av staten som grunneigar etter nærare prioriteringar gitt av Statskog SF. Fjelloppsynet skal òg føre kontroll med at lovene som er nemnde i naturoppsynslova § 2, blir følgde. Fjelloppsynet skal i slike tilfelle følgje instruks frå SNO. Fjelloppsynet sel tenester til SNO, og kostnader med desse tenestene blir dekte av SNO, ikkje frå løyvinga på denne posten. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.

Rapportering 2018

I 2018 blei det løyvd 10,2 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av budsjett, rekneskap og rapportering frå fjellstyra, etter ein nøkkel som mellom anna kjem samarbeidsordningar og små fjellstyre til gode. 66 av 94 fjellstyre har fått tilskott i 2018. Fjelloppsynet hadde 66 årsverk i 2018. Av dei er 48 årsverk brukte på oppgåver som gir rett til tilskott. Av dei oppgåvene som gir rett til tilskott, er 43 pst. arbeid i felt.

Noko under halvparten av tilskottet er brukt på arbeid i felt knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2018 er talet på kontrollar på om lag same nivå som i 2017, mellom 6 000 og 7 000. Det er rapportert om 88 ulovlege forhold. Dette er ein reduksjon frå 2017 og på eit lågare nivå enn det var tidleg på 2000-talet.

Budsjettframlegg 2020

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,1 mill. kroner. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Oppsyn i statsallmenningar skjer gjennom både fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO fører. Den lokale forankringa og kunnskapen fjelloppsynet har, er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

90

Avdrag på lån

25 000

Sum kap. 4162

25 000

Post 90 Avdrag på lån

Under posten er det ført inntekter frå avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF . Lånet blei innfridd i 2018.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Forskingsavgift på landbruksprodukt

165 059

158 901

170 000

72

Jeger- og fellingsavgifter

95 000

90 000

Sum kap. 5576

165 059

253 901

260 000

Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt

Formål med løyvinga

Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt blei oppretta i medhald av lov 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og på fôrkorn til husdyr. Inntektsposten har ein motsvarande utgiftspost under kap. 1137, post 54. Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.

Post 72 Jeger- og fellingsavgifter

Formål med løyvinga

Jeger- og fellingsavgiftene som blir betalte inn til Viltfondet, blir inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Kapittelet dekkjer utgifter under kap. 1140. I tillegg dekkjer kap. 5576, post 72 òg nokre av utgiftene til viltforsking i NINA under kap. 1410, post 50 og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01.

Budsjettframlegg 2020

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 90,0 mill. kroner i 2020. Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til Viltfondet i 2019 og 2020, jf. omtale av fondet nedanfor. Løyvinga er redusert med 5 mill. kroner frå 2019 til 2020 på grunn av eit lågare uttak av kapital frå Viltfondet.

Mål

§ 40 i viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter», og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget retningslinene for bruken av midlane i Viltfondet. Av retningslinene går det mellom anna fram:

«Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.»

Det er ein føresetnad for den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde ovanfor, at om lag halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta, og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein, skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning der midlar frå innbetalte avgifter frå føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.

Jeger- og fellingsavgiftene blei sist endra i 2019, og departementet gjer ikkje framlegg om å justere avgiftene i 2020. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabellen nedanfor.

For oversikta sin del er inntektene for kommunane i 2020 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 2.12 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2020

Type avgift

Storleiken på avgifta i 2020 (i kroner)

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp (i kroner)

Inntektsført

Jegeravgift generelt

349

196 900

68 718 100

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt

93

134 600

12 517 800

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk 1

215

12 600

2 709 000

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort

70

20 200

1 414 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein

308

5 100

1 570 800

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv

180

2 000

360 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter

87 289 700

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg

562

23 700

13 319 400

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv

331

11 200

3 707 200

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort

430

27 100

11 653 000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv

261

9 000

2 349 000

Kommunane

Sum kommunale avgifter

31 028 600

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskottsvis i 2020 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2018/2019.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 2.13 Berekning av kapital i Viltfondet i 2020

(i 1 000 kr)

Saldo 31.12.18

14 511

Budsjettert innbetalt i 2019 1

87 290

Budsjettert refusjon i 2019 (utbetalingar frå fondet)

– 95 000

Budsjettert saldo 31.12.19

6 801

Budsjettert innbetalt i 2020 2

87 690

Budsjettert refusjon i 2020 (utbetalingar frå fondet)

– 90 000

Budsjettert saldo 31.12.20

4 491

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Landbruks- og matdepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet det same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5576, post 72 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1140, postane 01, 21 og 71, kap. 1420, post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410, post 50. I budsjettet for 2020 er det lagt inn at 6 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistera for drifta av Jegerregisteret. Planlagd bruk av inntektene går fram av tabellen nedanfor.

Tabell 2.14 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2020

(i 1 000 kr)

Formål

Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap. 1140, post 01)

16 000

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

1 591

Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.m. (kap. 1140, post 21)

22 000

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

2 852

Hjortevilttiltak, særskilde villreintiltak, lokale vilttiltak, viltovervaking (kap. 1140, post 71)

41 278

Sum under kap. 1140

83 721

Viltforsking, NINA (kap. 1410, post 50)

2 998

Tilskottsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420, post 01)

3 281

Totalsum

90 000

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Det er kommunane som har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt. Det er likevel også nasjonale oppgåver innanfor desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom eit tillegg til jegeravgifta for hjorteviltjegerar. På denne måten medverkar hjorteviltjegerane til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.

Det er behov for at Miljødirektoratet gjennomfører sentrale analysar av individ som blir funne som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartane. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er difor budsjetterte under kap. 1140, post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artane der fallviltet har ein salsverdi etter at nødvendige analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

5652

Statskog SF – renter og utbytte

60 031

24 750

33 750

36,4

Sum kategori 15.40

60 031

24 750

33 750

36,4

Landbruks- og matdepartementet forvaltar statens eigarinteresser i statsføretaket Statskog SF og i aksjeselskapa Graminor AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Staur gård AS. Statens eigarskap i desse fire selskapa er grunngitt i sektorpolitiske mål. I tillegg er forvaltninga av eigarinteressene i aksjeselskapa Instrumenttjenesten AS og ITAS eierdrift AS delegert til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.

Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens NIBIO og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2018 ein omsetnad på 75,5 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 5,0 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2018.

Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda som er lagd til grunn for drifta av selskapet i 2020. I strategien blir verksemda presentert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegner av staten. I strategien til verksemda er det lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2020.

Staten kategoriserer dei direkte eigde selskapa på grunnlag av formålet med eigarskapen. Statens eigarpost i Graminor AS er plassert i kategori 4, der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen. Målet med statens eigarskap i selskapet er å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og nasjonalt referanselaboratorium for såvareanalysar. Selskapet har bygd opp kompetansen sin gjennom over 130 år og blei i 2004 omdanna til aksjeselskap. Staten eig 51 pst. av aksjane, Felleskjøpet Agri SA eig 34 pst., og Strand Unikorn AS eig 15 pst. Staten har ikkje eigarinteresser i selskapet av forretningsmessige grunner, og Kimen er plassert i ein kategori der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen (kategori 4). Formålet med eigarskapen i Kimen er å sikre at norske såvareverksemder får utført nødvendige analysar, jf. forskrifter innan såvarer, floghavre, plantehelse og planteproduksjonsområdet.

Kimen hadde i 2018 driftsinntekter på 12,9 mill. kroner og ein eigenkapital på 83,5 pst. Selskapet blei på generalforsamlinga i 2018 bedt om å sjå på om det er mogleg å utvikle selskapet gjennom nye investeringar og anna, og å vurdere kapitalstrukturen i selskapet. I tilbakemeldinga til departementet har styret gitt uttrykk for at det ønskjer å intensivere arbeid og planar for å aktivere kapitalen til beste for utviklinga av selskapet. I løpet av 2019 vil selskapet starte arbeidet med ny strategisk plan.

Nokre av utfordringane for Kimen framover er svingingar i etterspørselen etter analysetenester. Vidare kan det bli nødvendig å flytte til nye lokale i løpet av det neste året. Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere nødvendig dei kommande åra.

Staur gård AS

Selskapet Staur gård AS er 100 pst. eigd av staten ved Landbruks- og matdepartementet. Staur gård AS har hatt ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange, som også er eigd av staten ved Landbruks- og matdepartementet. Verksemda i Staur gård AS har gått ut på å leggje til rette for jordbruksrelatert forskings- og forsøksverksemd på eigedommen og ordinær landbruksverksemd på andre areal. I tillegg har selskapet drive gjestegard og anna utleigeverksemd. I Prop. 114 S (2018–2019) blei det fremja forslag om å avvikle selskapet og å selje eigedommen Staur gård. Dette hadde bakgrunn i at regjeringa meiner landbrukseigedommar bør eigast og driftast av andre enn staten. Vidare meiner regjeringa at det ikkje er ei statleg oppgåve å eige, drive eller leggje til rette for eit kurs- og konferansehotell. Staur gård AS driv verksemd i ein konkurranseutsett marknad, og det er ikkje ønskjeleg at staten risikerer å utkonkurrere lokale og regionale gjestegardar. Regjeringa meiner vidare at det finst meir effektive måtar å understøtte forsking og utvikling i landbruket på enn via et statsaksjeselskap. Stortinget gav i tråd med Innst. 391 S (2018–2019) Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å avvikle Staur gård AS.

I generalforsamlinga 24. juni 2019 blei selskapet vedteke oppløyst, og styret i selskapet har fått i oppgåve å starte avvikling. Landbruks- og matdepartementet starta i andre halvdel av 2019 ein prosess med sal av eigedommen. Når eigedommen er seld og overteken av ny eigar, vil selskapet bli endeleg oppløyst.

Selskapet hadde i 2018 ein omsetnad på 10,9 mill. kroner og eit overskott på 0,06 mill. kroner. Per 31.12.2018 hadde selskapet ein eigenkapital på 7,6 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte i 2019, og det blir ikkje budsjettert med ordinært utbytte for 2020.

Instrumenttjenesten AS

Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar, som også var eigarar. Statens formål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens NMBU forvaltar 40 pst. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2018–2019) gav Stortinget samtykkje til at NIBIO og Veterinærinstituttet (VI) sitt eigarskap i Instrumenttjenesten AS kunne avviklast, og at verksemdene kan nytte inntektene frå salet. Oppfølging av vedtaket held no på.

Instrumenttjenesten AS hadde i 2018 ein omsetnad på 11,3 mill. kroner og eit driftsresultat etter skatt på minus 2,5 mill. kroner. Underskottet for 2018 er isolert sett ikkje tilfredsstillande. Men 2018 har vore eit spesielt år, og mykje av underskotet kan forklarast med eingongspostar i rekneskapen. Sidan staten skal avvikle eigarskapen sin i verksemda, er det ikkje relevant å setje krav til resultatforbetringar no.

ITAS Eierdrift AS

ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009 og var fram til 2017 innretta mot å drifte sentrale IKT-system for forskingsmiljø på Ås. Verksemda har ikkje hatt kundar i 2018. I tråd med fullmakt frå Stortinget, gitt gjennom handsaminga av Innst. 63 S (2017–2018) frå næringskomiteen, blei verksemda avvikla i oktober 2018. Resterande bankinnskott etter avviklinga blei fordelt blant aksjonærane etter talet på aksjar.

Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

80

Renter

31

85

Utbytte

60 000

24 750

33 750

Sum kap. 5652

60 031

24 750

33 750

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km 2 ) statsallmenning, der eigedommar med allmenningsrett har rett til å få vist ut tømmer og ved, beite og seter.

Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette, og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF og utgjorde 44 pst. av bruttoinntektene i 2018. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk. I 2018 var den samla hogsten på 268 000 m 3 . Dette er lågare enn i 2017, og Statskog SF ventar at avverkinga vil liggje lågt i ein periode på grunn av mindre tilgjengeleg hogstmoden skog, før avverkinga igjen kan auke på lengre sikt.

Departementets styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF

Departementets styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte når det trengst.

Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handterte gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.

Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF om mellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.

Vidareføring og utviding av arronderingssalet frå Statskog SF

Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SFs skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011 og omfatta frå starten spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010. I eit ekstraordinært føretaksmøte i januar 2016 blei det opna for at Statskog SF kan utvide arronderingssalet med opp til 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket. Føretaket har innarbeidd ei slik utviding i planane sine, der det er lagt opp til at salet vil halde fram til 2021.

Arronderingssalet vil betre eigedomsstrukturen i føretaket og samstundes bidra til å styrkje det private skogbruket.

Ved utgangen av april 2019 var det selt 211 eigedommar som til saman utgjer om lag 530 000 dekar der kjøparen har fått konsesjon. Eigedommane er fordelte på 81 kommunar i 17 fylke. 67 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 19 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Dei resterande 14 pst. er i hovudsak selde til jord- og skogeigarar i nabokommunar.

Rapportering 2017

Resultatet etter skatt for Statskog SF var på 106 mill. kroner i 2018. Det er 25,9 mill. kroner høgare enn i 2017. Føretaket viser til at auken i hovudsak kjem av erstatningar frå skogvern og sal av eigedom, samstundes som den ordinære verksemda har hatt ei god utvikling.

I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010–2011). I 2017 blei det innbetalt 75 mill. kroner. Saldo på lånet var 25 mill. kroner 31.12.2017. Lånet blei nedbetalt i 2018.

Post 85 Utbytte

Utbetalt utbytte til staten frå Statskog SF i 2018 var på 80 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2019

Utbyttet frå føretaket for 2019 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2019 på 33,8 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2019 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2020.