Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorane har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å bidra til at dei nasjonale klima- og miljømåla blir nådd. For ein omtale av regjeringas samla klima- og miljørelevante saker, sjå fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Mangfaldige skogar

I skogbruket står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, prosjektet Miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og Landsskogtakseringa, i tillegg til FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald, sentralt. Død ved er viktig for det biologiske mangfaldet, og årleg aukar mengda død ved med om lag 3 mill. kubikkmeter i dei norske skogane, mellom anna som følgje av at hogsten berre er rundt halvparten av tilveksten. Areala med gammal skog i Noreg har vore aukande i lang tid.

Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to viktige tilnærmingar for å ta vare på naturmangfaldet i skogen.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2018 støtte til vidare arbeid med MiS-prosjektet, som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2018. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane. Det er til no sett til side livsmiljø med eit samla areal på omkring ein mill. dekar. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern.

Stortinget har vedteke at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) i Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å beskrive variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat og eit objektivt og etterprøvbart kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. Landbruksdirektoratet lanserte i 2017 ei rettleiing for MiS-kartlegging med bruk av omgrepsapparatet i NiN. Alle prosjekt med oppstart etter juni 2017 skal bruke den reviderte MiS-metodikken.

Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Attgroing, deling og nedbygging av kulturlandskapet er eit trugsmål mot naturmangfaldet, særleg i artsrike naturtypar som slåttemyr, slåttemark og beitelandskap. Kulturlandskap og verdifulle naturverdiar i landbruksområde skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det skal leggjast til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakker. Nasjonalt miljøprogram for perioden 2019–2022 blei ferdigstilt hausten 2018. I 2018 blei det gjennomført tiltak hos 20 260 føretak for 490 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre attgroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Om lag 59 pst. av dei lokale midlane til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 39 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureininga av vatn.

Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet med ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er vidareført. I jordbruksavtalen 2019 auka midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 4,5 mill. kroner på bakgrunn av at tal utvalde kulturlandskap skal auke, mens midla til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap blir heldt uendra, slik at det i alt er avsett 23,0 mill. kroner for 2020.

Frå og med 2020 får relevante kommunar ansvar for forvaltning av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Beiting i utmark er viktig for å ta vare på kulturlandskapet og for mange plante-, sopp- og dyreartar. Ein større del av tilskotta er dei seinaste åra blitt retta inn mot beiting. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau beitar. Det var registrert om lag 2,4 mill. beitedyr i utmark i 2016. Talet på sau på utmarksbeite har variert mellom 1,9 og 2,1 mill. i perioden 2000–2016. Talet på storfe på utmarksbeite har auka frå 230 000 i 2000 til 250 000 i 2016. Prinsippet om differensiert forvaltning i rovdyrforliket frå 2011 vil påverke utmarksbeite for sau i prioriterte rovdyrområde.

Kulturlandskapet i jordbruket inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, frå gravhaugar og rydningsrøyser til bygningar, vegfar og steingjerde. Landbruket er ein viktig kulturberar gjennom vidareføring av kunnskap om tradisjonell byggjeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkskompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta, som til dømes pløying, grøfting og nydyrking, kan utgjere eit trugsmål mot kulturminne. Det gjeld spesielt automatisk freda kulturminne, både over og under bakkenivå.

Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Varetaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlane, og i tillegg bidreg midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket til bevaring og bruk av kulturminne.

Genetiske ressursar

Genetiske ressursar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheita i verda. Landbruks- og matdepartementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av dei genetiske ressursane i landbruket gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet. For å sikre funksjonelle husdyr til klimasoner og produksjonsformer som ein har i dag, og som ein kan få i framtida, er det viktig å ta vare på ein stor variasjon innanfor og mellom husdyrrasar. Norsk genressurssenter har vurdert dei gamle husdyrrasane i Noreg. Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg, er 17 i kategorien «kritisk truga» i 2018. To av storferasane og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare 11 rasar blir rekna som «truga». Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Den samla summen av bevaringsverdige kyr aukar jamt for kvart år og i 2018 var det ei positiv utvikling for alle seks bevaringsverdige storferasar.

Svalbard globale frøhvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikkerheitskopiar av frøa i verdas genbankar. I 2018 blei 92 638 nye sikkerheitskopiar av frø frå 30 depositørar sikra i frøkvelvet. Ved utgangen av 2018 hadde 76 internasjonale, nasjonale og lokale institusjonar frå heile verda, lagra i alt 1 075 954 sikkerhetskopiar i frøkvelvet. Sidan 2015 har The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA) i Aleppo i Syria fått sendt tilbake 92 430 av sine eigne frø frå frøkvelvet. Etter at dei formeira frøa blei 42 729 ferske frø sendt tilbake til frøkvelvet for sikkerhetslagring. I 2018 blei 10 års drift for frøkvelvet markert med ei stor deponering av 77 671 sikkerhetskopiar av frø, med deltaking frå 23 genbanker frå mange land. Etter 2018 er omlag halvparten av alt mangfaldet av matplantar som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, sikra i Svalbard globale frøhvelv.

Jordvern

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa den 8.12.2015, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140, 8. desember 2015, som blei vedteke i samband med handsaminga, fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponeringa av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2018, jf. Prop. 1 S (2018–2019), i tråd med oppmodingsvedtak 444, 6. februar 2018. Målet for omdisponeringa blei vidareført. For 2018 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 3 561 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark auka frå 22 702 dekar i 2017 til 24 855 dekar i 2018. I alt blei 964 søknader handsama i 2018. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 17 650 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. I perioden 1999–2018 er det estimert ein reduksjon på vel 5 pst. Denne nedgangen kjem i stor grad av at eit nytt kartgrunnlag gir eit meir oppdatert og nøyaktig areal enn tidlegare, men òg av at areal har gått ut av drift i den aktuelle perioden. Etter 2013 har arealnedgangen blitt redusert frå om lag 60 000 dekar per år til om lag 10 000 dekar per år. Godkjent nydyrka areal har sidan 2010 vore meir enn dobbelt så stort som den varige omdisponeringa av dyrka jord, noko som bidreg til å redusere denne nedgangen i totalarealet.

Sjå òg omtale i del III.

Aktivt friluftsliv

Landbruksareala utgjer ein stor del av arealet i landet vårt og har store verdiar knytte til natur og kulturarv. Skogen, utmarksareala, vegane og stiane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Regjeringa la i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak . Dette er eit bidrag frå landbruket til oppfølginga av reiselivsstrategien til regjeringa, Destinasjon Noreg . Statskog SF har ei viktig rolle i å leggje til rette for friluftsliv på statsgrunn.

Plantevernmiddel

Kjemiske plantevernmiddel kan ha uønskte verknader på helse og miljø. Handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmiddel gjeld i perioden 2016–2020. Planen fastset mål og tiltak for å redusere risiko for helse og miljø ved bruk av plantevernmiddel og for å redusere bruken av slike middel. Handlingsplanen legg mellom anna vekt på auka kunnskap om rett bruk av plantevernmiddel og alternativ til kjemiske plantevernmiddel.

Forureining

Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa med avrenning.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men verknaden på vassdraga er ikkje så stor som venta. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har ført til meir avrenning, som skjuler verknaden av tiltaka.

I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp sektoransvaret, mellom anna ved å setje i verk nødvendige tiltak i landbruket. Gjeldande vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogrammar for åra 2016–2021 skal no oppdaterast for planperioden 2022–2027, i samsvar med ny kunnskap, endra føresetnader, krava i vassforskrifta og nasjonale føringar. Det er behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i utsette vassdrag med mykje nærliggjande jordbruksareal. Dette blir følgt opp med forsterka innsats med bruk av miljøverkemidla over jordbruksavtalen.

Noreg har eigne utslepp av luftforureining, og mottek også utslepp frå andre land. Gjennom samarbeid innanfor Gøteborgprotokollen og direktivet om nasjonale utsleppstak (NEC-direktivet) arbeider Noreg for å avgrense slike utslepp. Vi har framleis store utslepp av nitrogenoksid, og mykje svovelsambindingar frå andre land. Desse kjeldene har likevel minka i løpet av dei siste tiåra. Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining går no ut på å redusere utsleppa av ammoniakk (NH 3 ) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen og NEC-direktivet. I 2017 var desse utsleppa 45 pst. over nivået på 23 000 tonn som Noreg har forplikta seg til ikkje å overskride. Dei høge utsleppstala har ikkje vore kjende lenge, men har komme til syne etter metodeendringar der utsleppstala har blitt oppjusterte.

Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer ved lagring og bruk av gjødsel i landbruket. Det er sett i gang ein gjennomgang av gjødselregelverket. Eit av formåla med gjennomgangen er å redusere utslepp til luft.

Over jordbruksoppgjeret finst støtteordningar for å ta betre vare på gjødsla under lagring og spreiing. I jordbruksoppgjeret 2019 blei tilskott til miljøvennleg spreiing over regionale miljøprogram styrkte. Gjennom investeringsordninga SMIL er det opna for støtte til å installere dekke på opne gjødselkummar.

Økologisk mat

Forbrukarane etterspør i aukande grad økologiske produkt. Økologisk jordbruk har påverka praksisen i den konvensjonelle jordbruksdrifta på ulike område. Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje økologisk produksjon.

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk blei lagt fram av regjeringa og handsama av Stortinget i 2018. Det blir lagt til grunn at økologisk produksjon og forbruk må skje med utgangspunkt i marknaden og etterspørselen etter økologiske produkt. Målet er å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurd i marknaden. Strategien blir no følgt opp.

I 2018 utgjorde arealet i økologisk drift om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet i Noreg 4,7 pst. medrekna karensarealet. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel auka med om lag 8 pst. frå 2017 til 2018. I alt blei det omsett for om lag 2,8 mrd. kroner i 2017 tilsvarande 2 pst. av totalmarknaden.

Klimautfordringa

Regjeringa vil nå klimamåla for landbrukssektoren, både jordbruks- og skogsektoren, gjennom iverksetjing av tiltak som følgjer av regjeringsplattforma og klimaforliket. Det er behov for meir kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa, om potensialet til lagring av karbon i jord, og korleis ein kan tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig i det vidare arbeidet å leggje vekt på at produksjon av mat skal skje med lågast mogleg klimagassutslepp per produsert eining. I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbrukets organisasjonar ei klimaavtale. Jordbruket er ei av dei første næringane i Noreg som inngår ein slik avtale med regjeringa. Det er sett eit mål om at utslippene skal reduserast med 5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Eit teknisk berekningsutvalg for klimagassutslipp frå jordbruket avslutta sitt arbeid 1.7.2019. Utvalet har vurdert moglege forbetringar i utsleppsrekneskapen.

Skogen og andre areal står for eit høgt netto opptak av CO 2 tilsvarande 25,2 mill. tonn i 2017. Det er ein auke på 17,5 mill. tonn frå 1990. Klimagassutsleppa frå jordbruket er først og fremst metan og lystgass frå husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Utsleppa frå norsk jordbruk utgjorde om lag 8,4 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2016 (4,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar av i alt 53,3 mill. tonn). Sidan 1990 er utsleppa frå jordbruket reduserte med om lag 5,4 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til reduserte klimagassutslepp, redusert behov for mineralgjødsel og betre vassmiljø. Endra jordarbeiding er eit sentralt tiltak innanfor RMP som både reduserer klimagassutsleppa og betrar vassmiljøet. Oppslutninga om miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel som er spesielt innretta mot å redusere utslepp til luft, har auka vesentleg dei seinaste åra.

I dag er det nokre få gardsbaserte biogassanlegg i drift i Noreg. Desse svarer til bruk av om lag 1 pst. av gjødsla. Gjennom Klima- og miljøprogrammet, programma BIONÆR og ENERGIX til Norges forskningsråd, Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket og pilotordninga for biogass, som blir forvalta av Innovasjon Noreg, blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen og dermed redusere klimagassutsleppa frå norsk jordbruk.

Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne vere til skade for avlingar og føre til auka erosjon. Med eit varmare og våtare klima vil dessutan nye sjukdommar og skadegjerarar kunne etablere seg i Noreg og gjere stor skade i plantedyrkinga og påverke skog, kulturlandskap og naturmangfald. Eit aukande problem med sjukdom og skadegjerarar kan føre til auka bruk av plantevernmiddel som har negative verknader på helse og miljø. Generelt ligg Noreg likevel i den delen av Europa der klimaendringane også vil kunne gi nokre gevinstar for landbruket. Tilpassing av landbruket til klimaendringane er avgjerande for å førebyggje og avgrense skadane frå både ekstremvêr og gradvise endringar, og samstundes oppnå ein mogleg auke i produksjonen som følgje av høgare temperatur og lengre vekstsesong. Ein føresetnad for dette er at det blir teke i bruk plantar og sortar som kan utnytte ei lengre veksttid. Høgare temperatur og lengre veksttid kan òg gi grunnlag for nye og meir varmekrevjande produksjonar, som til dømes meir haustsådd korn og matkornproduksjon i område der kort veksttid hindrar dette i dag. Lengda på dagen vil likevel vere ein avgrensande faktor, sjølv om ein temperaturauke opnar for lengre vekstsesong. Dette vil slå sterkast ut i Nord-Noreg. I område der redusert sommarnedbør ikkje gir underskott på markvatn, vil ein lengre vekstsesong i kombinasjon med auka CO 2 -innhald i lufta gi grunnlag for auka tilvekst av skog.

Skog og klima

Netto CO 2 -opptak i norske skogar har lege på mellom 26 og 36 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar årleg dei siste åra. Det høge talet har samanheng med at avverkinga i norske skogar har lege på eit lågare nivå enn tilveksten, som stadig har auka. Dei siste åra har avverkinga vore på under halvparten av tilveksten. Framskrivingar viser at hogsten kjem til å auke i åra framover som følje av at ny meir skog blir hogstmogen i område egna for skogsdrift. Skogen er den viktigaste råstoffkjelda til bioenergi som kan erstatte fossile utslepp. Eit lønnsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Regjeringa gjer framlegg om å halde fram med tilskott til dei tre tiltaka for auka karbonopptak i skog, respektive tettare planting, gjødsling og planteforedling i 2020. Klimatiltak i skog vil først ha ein verknad på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO 2 , med unntak av gjødsling, der ein vil sjå resultat allereie etter ti år. Det er difor vanleg å sjå på den potensielle verknaden i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført, vil verknaden komme gradvis utover i omløpet. Kor stor verknaden vil vere i form av auka CO 2 -opptak, vil vere avhengig av kor lenge tiltaka varer og graden av opptrapping. Dei tre tiltaka er estimerte til potensielt å kunne medverke til eit årleg auka opptak på 3,7 mill. tonn CO 2 i eit langsiktig perspektiv.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Landbruks- og matdepartementet har i samsvar med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar, innført eit miljøleiingssystem i departementet. Departementet blei EMAS-registrert i mars 2016. EMAS (Eco Management and Audit Scheme) er EUs frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Ordninga starta i 1993 og er eit tilbod til føretak og til statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar som ønskjer å programfeste mål for å ta vare på miljøet i produksjon og tenesteyting. Gjennom EØS-avtalen kan òg norske verksemder delta.

I denne samanhengen er departementet særleg oppteke av miljøaspekta knytte til anskaffingar av varer og tenester, transport og forbruk av energi og papir. Til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ei miljøhandbok og ein mål- og handlingsplan. Tiltaka i handlingsplanen er implementerte. Det blei gjennomført ekstern revisjon av systemet hausten 2017 utan særlege merknader.