Prop. 1 S

(2019–2020)

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere den nasjonale oppfølginga av berekraftsmål 2 om å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk». Landbruk omfattar i denne samanhengen all matproduksjon, inkludert fiskeri og havbruk. Regjeringa sitt mål og bruk av verkemiddel i den nasjonale landbruks- og matpolitikken, helse- og sosialpolitikken og fiskeripolitikken oppfyller i stor grad berekraftsmål 2.

Status for nasjonal matsikkerheit er god og er basert på:

  1. berekraftig forvaltning av naturressursar for matproduksjon

  2. kontinuerleg produksjon av mat frå land og hav

  3. eit velfungerande og rettvist handelssystem

Den nasjonale politikken for å oppnå matsikkerheit og Noregs veg mot å oppnå berekraftsmål 2, er tufta på ein kombinasjon av nasjonale politiske mål og internasjonalt samarbeid og forpliktingar for å sikre nok, trygg og sunn mat gjennom handel med internasjonale partnerar.

Ernæringsstatusen til innbyggjarane i Noreg er i all hovudsak god. Det er utfordringar på dette området, primært knytt til usunt kosthald og mangel på fysisk aktivitet. Til grunn for arbeidet med ernæring ligg Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2021). Indikatorane for å måle framgang på ernæring under berekraftsmål 2 viser kva nokre av utfordringane består i. Indikator 2.2.1 om veksthemming og underernæring hos born finst det ikkje data på for Noreg. For indikator 2.2.2, overvekt hos vaksne og born, viser tala at mellom 15 og 20 pst. av born, 75 pst. av vaksne menn og 60 pst. av vaksne kvinner i Noreg har overvekt eller fedme.

Miljø- og klimautfordringar står sentralt i innsatsen for matsikkerheit i eit berekraftsperspektiv. Evna til å tilpasse seg klimaendringane i åra som kjem, vil vere avgjerande viktig for landbrukssektoren for å nå delmål 2.4 om berekraftige matproduksjonssystem. Regjeringa har vedteke at Noreg skal redusere utsleppet av klimagassar med 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990. Fjoråret var eit utfordrande år for norske bønder på grunn av alvorleg og langvarig tørke. Det viste i kor stor grad matproduksjon blir påverka av og må tilpassast klimaendringane.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO 2 . Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH 4 ) og lystgass (N 2 O). Klimagassutsleppa frå jordbruket i Noreg utgjorde 8,5 pst. av dei samla norske utsleppa i 2017. Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2019 blei miljø- og klimainnsatsen styrkt ved å prioritere ordningar som skal bidra til å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Det er likevel stor uvisse når det gjeld berekningane av utsleppa frå jordbruket. Eit teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket avslutta sitt arbeid 1.7.2019. Utvalet har vurdert moglege forbetringar i utsleppsrekneskapen. Klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Betre ressursutnytting i heile verdikjeda, også reduksjon av matsvinn, er eit viktig mål for regjeringa. Matsvinn blir følgt opp under berekraftsmål 12. Frå 2010 til 2016 blei matsvinnet redusert med 14 pst. per innbyggjar i Noreg. Bransjeavtalen mellom regjeringa og representantar for alle ledd i matverdikjeda om redusert matsvinn er eit viktig nasjonalt tiltak for å redusere matsvinnet og inneber ei sams forplikting om å redusere matsvinnet med 50 pst. innan 2030. Avtalen er viktig for oppfølging både av berekraftsmål 2 og delmål 12.3. Avtalen skal følgjast opp med eit detaljert system for rapportering for heile verdikjeda for mat, slik at ein og får betre tal og statistikk for utviklinga.

Forvaltning og bruk av genetiske ressursar og anna biologisk mangfald er viktig for matsikkerheit og berekraftsmål 2. Dette krev kontinuerleg og langsiktig innsats. Det er ingen større endring i indikatorane for utviklinga på dette området. Genetiske ressursar frå kulturplantar er bevart dels gjennom eit nordisk samarbeid i NordGen og dels nasjonalt i eigne samlingar.

Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, og bidreg òg til å ta vare på ville slektningar av kulturplantar. Noreg er part i konvensjonen om biologisk mangfald og Nagoya-protokollen, som òg er ein del av den internasjonale ramma for arbeidet med genressursar. Noreg har òg ansvar for Svalbard globale frøhvelv som er eit viktig bidrag til global forvaltning av plantegenetisk mangfald. Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar innanfor vekstar, husdyr og skogtre og samordne arbeidet for å ta vare på ville kulturplantar, gjennom oppfølging av ein strategi for genetiske ressursar.

Internasjonal oppfølging

Internasjonalt blir berekraftsmål 2 følgt opp mellom anna gjennom samarbeidet med FN-organisasjonar som FAO, WFP, IFAD og WHO om matsikkerheit, mattryggleik, ernæring og helse. Noreg bidreg til utrydding av svolt og utvikling av landbruk, fiskeri og havbruk i utviklingsland. Over bistandsbudsjettet støttar Noreg moglegheitene for fattige i låginntektsland til auka inntekter og betre ernæring gjennom verdiskaping i jordbruk, skogbruk og fiskeri. Nyleg la regjeringa fram ein handlingsplan (2019–2023) for å styrkje innsatsen for auka berekraftig matproduksjon, god ernæring, jobb- og verdiskaping, kapasitetsbygging og godt styresett. I oppfølginga av planen vil regjeringa særleg arbeide for å nå småskala bønder- og fiskarar, spesielt i dei minst utvikla landa og i Afrika sør for Sahara. Ressursane for matproduksjon må takast vare på. Retten til mat som ein menneskerett, og vektlegging av likestilling er grunnleggjande for norsk bistandspolitikk. Noreg arbeider gjennom WTO for meir rettferdige globale handelssystem for matvarer. Noreg leiar også ei global arbeidsgruppe for berekraftig mat frå hav og innlandsvatn for matsikkerheit og ernæring under FNs ernæringstiår som har som mål å bidra til å nå berekraftsmål 2.