Prop. 1 S

(2019–2020)

Regjeringa har eit mål om mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapen og vil arbeide for ein enklare kvardag for folk og verksemder. Dei seinare åra er det difor lagt vekt på å utvikle stønadsordningar, reguleringar og organisering av forvaltninga som er enklare, meir målretta og som gir betre gjennomføringskraft i politikken for landbruks- og matsektoren. I jordbruksoppgjera er det mellom anna gjennomført fleire forenklingstiltak. Desse forenklingane består av endringar av regelverk og stønadsordningar, og fjerning av avgrensingar som har hindra ei effektiv utnytting av kapasiteten i næringa. For å forenkle eigedomslovgivinga i landbruket er priskontrollen for reine skogeigedommar fjerna, og arealgrensa for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odlingsjord er heva. Med denne endringa må færre søkje konsesjon og færre får buplikt. Endringane fører til forenklingar i regelverket og ei styrking av den private eigedomsretten. Dette inneber mindre ressursbruk for forvaltninga og dei næringsdrivande.

I den politiske plattforma for den utvida regjeringa frå januar 2019 går det fram at regjeringa vil jobbe for ytterlegare forenklingar på politikkområdet landbruk og mat. Regjeringa vil mellom anna gjennomføre fleire forenklingar som reduserer byråkratiet og gjere kvardagen enklare for bonden, i tillegg til å gi bonden større næringsfridom. Vidare vil regjeringa forenkle regelverket for foredling på eigen gard.

Landbruks- og matdepartementet følgjer opp regjeringserklæringa, både gjennom dei årlege jordbruksoppgjera og andre prosessar rundt lover, forskrifter og andre tiltak. Målet er ytterlegare forenkling, forbetring og fornying i tråd med det som er vedteken politikk for landbruks- og matsektoren.

Forenklingar og forbetringar i underliggjande verksemder

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet arbeider kontinuerleg med å fornye, forenkle og forbetre regelverk, prosessar og system på alle nivå i forvaltninga og særleg ordningane og løysingane mot brukerane. I 2017 starta Landbruksdirektoratet et større arbeid med forbetring for å effektivisere forvaltninga av fond, prosjekttilskott og direktetilskott i landbruket. Mykje av arbeidet har blitt realisert i 2018 og blir sluttført i 2019.

Direktoratet planlegg vidare å utvikle ei digital sjølvbeteningsløysing for reisetilskott til veterinærar. Målet er å forenkle og effektivisere forvaltninga hos fylkesmannen, sørgje for at berekning og vedtak om tilskott blir korrekt, og å gjere det enklare for veterinærane å søkje om og få tilsegn om tilskott.

I 2020 vil direktoratet halde fram arbeidet med å vidareutvikle systema, mellom anna innanfor skogbruk, reindrift, kvoteordninga for mjølk, importvern og råvarepriskompensasjon (RÅK), og ordningar under Landbrukets utviklingsfond.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) arbeider kontinuerleg med å forbetre tenestene instituttet leverer. Instituttet sin kart- og statistikkproduksjon har eit breitt nedslagsfelt, og leverer kritisk informasjon til mange viktige prosessar i forvaltninga. NIBIO si satsing på digitalisering har medført at landbruksforvaltninga på alle nivå, har effektiv tilgang til informasjon om arealressursar. Gjennom gårdskart på internett får den næringsdrivande tilgang til same informasjon som forvaltninga og kan dermed betene seg sjølv.

Vidare arbeider NIBIO med å digitalisere karta i Myrarkivet. Dette vil gje eit godt nasjonalt grunnlag for fremtidige utgreiingar og vurderingar rundt lokalisering av myrareal, informasjon om myrdjupn og myrkvalitet. NIBIOs teneste Skogressurskartet, vil etter at det er oppdatert med den nye nasjonale høgdemodellen, bidra til vesentleg rasjonalisering for næring og forvaltning når det gjeld å gode ressursoversikter på mindre geografiske einingar.

NIBIO har også starta arbeidet med å oppgradere IKT-løysinga for Budsjettnemda for jordbruket. Formålet er å strukturere, kvalitetssikre og effektivisere dei komplekse prosessane som inngår i dette arbeidet.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) undersøkjer prøver frå dyr, fôr og mat. Alle prøvene blir registrerte i instituttet sitt prøvejournalsystemet (PJS), som inkluderer journalføring, analysar, resultat, rapportering og fakturering. Elektronisk prøvesvar og innsendingsskjema (EPI) er ei webløysing som gjer det mogleg for eksterne brukarar å registrere og følgje prøver, ta i mot varslingar og lese prøvesvar. Prøvejournalsystemet er under kontinuerleg utvikling og forbetring og instituttet har organisert dette arbeidet i eiget prosjekt, som en del programmet «Nye VI».

VI er også i gong med eit prosjekt for å digitalisere overvaking av fiskehelsa. Prosjektet omhandlar å digitalisere avlesing og kontroll av prøve frå oppdrettsfisk, framfor manuell bruk av mikroskop. Gjennom prosjektet vil Veterinærinstituttet forenkle bestilling av analysar, gi kundane moglegheit til å følgje bestillingane og tilpasse formidling og forvaltning av analyseresultat og data. Moderniseringa inneber vidare at prøvesvar vil bli formidla raskare til forvaltninga og næringa, som då kan sette i verk tiltak mot sjukdom. Det er estimert at næringa kan spare større beløp på det nye systemet. Moderniseringsprosjektet opnar for ei fagleg nyorientering generelt innan hispatologi, som inneber å nytte digitale prosessar i framtida.

Mattilsynet

Mattilsynet har sett i verk fleire viktige utviklingsprosjekt knytte til arbeidsmetodane sine. Digitalisering skal forbetre måten Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget sitt på. Målet for Mattilsynet er å bruke teknologien til dei oppgåvene den løyser best, og bruke menneskelege ressursar og skjønn til komplekse problem og til rettleiing.

Mattilsynet er godt i gong med eit prosjekt for ein meir framtidsretta kjøttkontroll, som gjer kontrollen meir effektiv og målretta, samstundes som slakteria sitt arbeid blir enklare. Digital systemstøtte skal sørgje for betre informasjonsflyt og utnytting av dataa frå husdyrnæring, slakteri og Mattilsynet sine eigne data. Dette gir betre moglegheit til å prioritere prøveuttak og kjøttkontroll der det gir best verksemd, og dessutan betre moglegheit til å fange opp dårleg dyrevelferd.

Vidare har Mattilsynet sett i verk fleire tiltak for å effektivisere tilsyna, slik at ressursane kan nyttast der dei har størst verksemd, og for å kunne bruke meir ressursar på rettleiing og dialog. Mattilsynet arbeider med å utarbeide eit system for risikoklassifisering av verksemder på kategorinivå, og deretter den enkelte verksemd. Standardiserte registreringer og avslutning av rapportering frå tilsyna på staden er andre døme på pågåande utvikling i Mattilsynet sin metodikk for tilsyn. Mattilsynet arbeider også med å utvikle dataverktøy for å kunne nytte «ferdig på staden-tilsyn» på andre område enn serveringsstader.

Miljødirektoratet (haustbare viltressursar)

Landbruks- og matdepartementet overtok i 2018 ansvaret for forvaltning av haustbare viltressursar frå Klima- og miljødepartementet, jf. Prop. 48 S (2017–2018). Departementet har mellom anna ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på dette området, og for regelverk om utøving av jakt- og fangst. Det er om lag 500 000 personar som er registrerte i Jegerregisteret. Alle som skal drive med jakt, lisensfelling eller fangst må betale jegeravgift. Midlane går inn i Viltfondet, og blir brukte til å styrkje den lokale viltforvaltninga. Fram til no har dette vore ein prosess der dei rundt 300 000 aktive jegerane som står i Jegerregisteret får brev og giro for innbetaling av avgift på papir. Frå og med 2019 er jegeravgifta digitalisert, og jegerane kan no få jegeravgiftskortet på telefonen. Avgifta kan betalast elektronisk. Frå 2020 vil alle jegerar få all kommunikasjon via Altinn og «Min jegerside». Med dette er systemet for betaling av jegeravgift og dokumentasjon av dette forenkla vesentleg. Målet er å digitalisere all dokumentasjon som jegeren treng under jakt, lisensfelling og fangst. Neste steg blir å digitalisere dokumentasjon av bestått skyteprøve, som er eit krav for å jakte storvilt.