Prop. 1 S

(2019 – 2020)

10.1 Bakgrunn

I Noreg står bygg for om lag 40 prosent av den innanlandske sluttbruken av energi, noko som tilsvarte om lag 84 TWh i 2018. Energieffektive bygg er derfor viktige i eit berekraftig energisystem.

Ved behandlinga av Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring, gjorde Stortinget 13. juni 2016 vedtak nr. 870 (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fastsette et mål om 10 TWh redusert energibruk i eksisterende bygg sammenlignet med dagens nivå».

Ved behandlinga av representantforslag 67 S (2016–2017) om ei sterkare satsing på arbeidet for å nå målet om 10 TWh energieffektivisering, gjorde Stortinget 30. mai 2017 eit nytt vedtak om energisparing i bygg, vedtak nr. 714 (2016–2017):

«Stortinget ber regjeringen i forslag til statsbudsjett for 2018 legge fram en plan for hvordan man kan realisere 10 TWh energisparing i bygg innen 2030. Planen skal inneholde en konkret nedtrappingsplan i bygg og en virkemiddelpakke med eksisterende og nye virkemidler for å realisere målet.»

Som ei oppfølging av vedtaka vart regjeringas verkemiddel for energieffektivisering i bygg gjennomgått i statsbudsjettet for 2018, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Olje- og energidepartementet. På oppdrag frå departementet talfesta NVE energibruken i eksisterande bygg fram mot 2030, og viste at målet om 10 TWh var oppnåelig med gjeldande politikk. Stortinget meinte at berre vedtak nr. 870 (2015–2016) kunne sjåast på som følgt opp gjennom denne omtala.

I Granavolden-plattforma viser regjeringa til at dei vil realisere målet om 10 TWh energisparing i bygg innan 2030. I det følgjande beskriv departementet ein plan for 10 TWh energisparing i bygg innan 2030 med ein gjennomgang av eksisterande verkemiddel og nye verkemiddel som vil følgje av energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet. Ein konkret nedtrappingsplan i bygg skal gjennomførast gjennom energieffektiviseringsdirektivet sitt krav til ein langsiktig strategi for renovering av bygningar.

10.2 Utviklingstrekk og moglege energieffektiviseringstiltak i bygg

Fleire samfunnstrendar påverkar utviklinga av energibruk i bygningsmassen. Økonomisk vekst og befolkningsvekst er drivarar for vekst i energibruken. Teknologisk utvikling medverkar i seg sjølv til økonomisk vekst, men også til meir energieffektiv teknologi. Energibruk i transportsektoren blir i stadig større grad overført til byggsektoren ved at elbilar blir lada i bustader og yrkesbygg. Nye marknadsløysingar gjer etablering av eigen solkraftproduksjon i tilknyting til bygg stadig vanlegare.

Figur 10.1 viser utviklinga i energibruken i bygningsmassen dei siste 18 åra. Energibruk frå datasenter og transport blir inkludert som energibruk i bygg i SSBs statistikk, og har medverka noko til auken dei siste åra. Utetemperatur kan gi store utslag på energibruken frå eitt år til eit anna. Oppvarming og tappevatn står for ein stor del av energibruk i bygg. For yrkesbygg utgjer det om lag 45 prosent, mens det for hushald er estimert til 78 prosent av energibruken. I følgje NVE kan samla energibruk til oppvarming av bustader og yrkesbygg variere med opptil 10 TWh mellom svært kalde år som 2010, og svært milde år som 2014.

Figur 10.1 Sluttbruk av energi i bygg 2000–2018, TWh

Figur 10.1 Sluttbruk av energi i bygg 2000–2018, TWh

Kilde: SSB

Bygningsmassen er samansett, og ulike faktorar avgjer kva som er eit fornuftig tiltak for å energieffektivisere det enkelte bygg. Energitiltak i bygg kan delast i tre hovudkategoriar:

  1. tiltak på bygningskroppen

  2. skifte til meir energieffektive elektriske apparat og oppvarmingsløysingar

  3. meir effektiv drift av tekniske installasjonar

Tiltak på bygningskroppen, som betre isolerte veggar, golv, tak, vindauge og dører vil medverke til å avgrense varmetapet i bygg. Slike tiltak kan medverke til betydelege energiresultat og dempe effekttoppane vinterstid. Energieffektiviseringstiltak på bygningskroppen i eksisterande bygg skjer normalt i tilfelle der bygningar treng oppgradering av fleire årsaker.

NVE anslår at apparat og teknisk utstyr står for om lag 20 prosent av energibruken i hushald og om lag 50 prosent i yrkesbygg. Det går føre seg ei teknologisk utvikling som gjer at slike apparat stadig blir meir energieffektive. Mykje av utviklinga av energieffektiv teknologi er driven fram av EUs produktregelverk (økodesign) som set minstekrav til produkta si energiyting. I Noreg er det investert varmepumper i nesten halvparten av alle einebustader. I følgje NVE er det om lag 750 000 varmepumper i drift, i hovudsak luft-luft varmepumper.

Effektiv drift av det tekniske systemet i bygget har stor verknad på energibruk. Ved å styre varme, lys, ventilasjon og eventuell kjøling ut frå behovet til brukarane i bygget vil ein oppnå betydelege effektiviseringsgevinstar. Enovas erfaringar viser at effektiv drift av offentlege bygg kan medverke til å redusere energibruken med så mykje som 30 prosent.

NVE har analysert utviklinga i energieffektiviseringa i bygg basert på ei vurdering av lønnsemd ved typiske energieffektiviseringstiltak frå 2016 fram til 2030. Hovudkonklusjonane i analysen vart attgjevne i Prop. 1 S (2017–2018) for Olje- og energidepartementet. NVE har seinare gjort supplerande berekningar. Analysen tek utgangspunkt i eksisterande verkemiddel på området. Hovudresultata er attgjevne i boks 10.1.

Boks 10.1 Energieffektivisering i Noreg 2016 til 2030

I følgje NVEs berekningar vil det bli gjennomført tiltak på bygningskroppen som vil medverke til ein redusert energibruk på om lag 4 TWh i eksisterande bygg i 2030 samanlikna med 2016.

Meir effektiv drift og utskifting til meir energieffektive oppvarmingsløysingar og apparat er berekna å kunne medverke med ein redusert energibruk på 5 TWh.

Delar av bygningsmassen vil bli fornya fram mot 2030. NVE meiner at energibruken i dei bygga som blir rivne i perioden fram mot 2030 utgjer om lag 6 TWh. Erstattar ein dette arealet med nye bygg etter gjeldande byggteknisk standard, vil desse bruke i underkant av 4 TWh i 2030. Det representerer derfor ei energieffektivisering på 2 TWh.

Kilde: NVE

10.3 Verkemiddelpakke med nye og eksisterande verkemiddel

Noreg har i dag sterke verkemiddel for å fremje meir effektiv bruk av energi i nye og eksisterande bygg. Verkemidla kan delast inn i tre hovudgrupper:

  1. reguleringar

  2. økonomiske verkemiddel

  3. informasjonsverkemiddel

10.3.1 Reguleringar

I byggteknisk forskrift (TEK) er det stilt krav til energiyting som er retta mot ventilasjonssystem og varmetapet i bygget. Krava gjeld for nye bygg og eksisterande bygg ved vesentleg endring eller vesentleg reparasjon. Energikrava i TEK vart stramma inn med 25 prosent i 2007 og med ytterlegare 20–25 prosent i 2016. SINTEF Byggforsk har funne at norske energikrav er blant dei strengaste i Europa.

Økodesigndirektivet sett krav om miljøvennleg utforming av produkt. Krava omfattar energieffektivitet, utslepp, materialbruk og lydnivå. EUs energimerkedirektiv set krav til energimerking av produkt. Økodesignkrava er stramma inn over tid, og gjer at dei minst energieffektive apparata blir tekne bort frå marknaden. Ein NVE-studie frå 2018 viser at økodesign- og energimerkekrava til ti utvalte hushaldsapparat, gir ei energiinnsparing på 3 TWh i 2030. Belysning inngjekk ikkje i studien frå 2018, men i ei ny studie frå 2019 kjem NVE fram til at økodesignkrava til belysning gir ei energisparing på 1 TWh i 2030.

Regjeringa har vedteke forbod mot bruk av mineralolje (olje og parafin) til oppvarming av bygg i 2020. Fyring med mineralolje gir dårlegare energiutnytting enn aktuelle alternativ som panelomnar og varmepumper. Utfasinga av mineralolje til oppvarming i bygg vil derfor medverke til meir effektiv energibruk.

10.3.2 Økonomiske verkemiddel

Enova har fleire støtteprogram for å fremje energieffektivisering i både bustader og yrkesbygg. Det blir gitt støtte til tiltak på bygningskropp, utskifting til meir effektive oppvarmingsløysingar, ny teknologi og investeringar for meir effektiv drift av bygg, blant anna såkalla Energy Performance Contract (EPC). I perioden 2011–2018 støtta Enova 73 EPC-prosjekt i kommunar og fylkeskommunar. Desse prosjekta omfattar over 800 bygg.

Enova støttar fleire nye og innovative energiløysingar i bygg. I 2018 gav Enova støtte til over 15 000 små og store energiprosjekt i bygg. I perioden 2012–2018 er det tildelt om lag 4 mrd. kroner til byggrelaterte prosjekt, med eit energiresultat på om lag 2,5 TWh.

Det blir betalt avgift for elektrisk kraft som blir levert i Noreg. Avgifta er i hovudsak fiskalt grunngitt, men kan òg medverke til å avgrense energiforbruket. Avgiftene på mineralolje og gass vil også stimulere til energieffektivisering.

10.3.3 Informasjonsverkemiddel

For å kunne vurdere lønnsemda ved energieffektivisering er det avgjerande at energien er målt og prisa riktig. Dei nye smarte straummålarane (AMS) gir forbrukarar betre informasjon om straumforbruket sitt. Enova har fleire prosjekt i samarbeid med marknadsaktørar der dei utforskar moglegheitene som oppstår gjennom innføringa av AMS.

Det kan vere komplisert å få oversikt over aktuelle energieffektiviseringstiltak. Ulike merkeordningar, informasjons- og rådgivingstenester er med på å hjelpe forbrukarar med å velje dei gode løysingane.

Energimerkeordninga for bygg gjer det mogleg å samanlikne ulike bygningar si energiyting. Enova driftar og utviklar vidare ordninga med sikte på å oppnå gevinstar i samspel med sine verkemiddel elles. EUs energimerkedirektiv er òg eit informasjonsverkemiddel.

Enova har ei eiga rådgivingsteneste kalla «Enova svarer». Tenesta består av eit gratisnummer, chat og e-post der private og profesjonelle aktørar kan ta kontakt for råd og rettleiing om energieffektivisering. Året 2018 vart eit rekordår for tenesta med svar på nesten 80 000 førespurnader.

Enova og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har informasjonsverksemd knytt til forvaltninga av konkrete verkemiddel; Enova som utviklar og forvaltar av støtteordningar og DIBK som forvaltar av TEK. DiBK har bygt vidare på Lågenergiprogrammet sin kompetanse og resultat. Lågenergiprogrammet hadde ei viktig rolle i leverandørbransjen med informasjon og rådgiving med sikte på kompetanseheving.

10.4 Nye verkemiddel

Eksisterande verkemiddel for energieffektivisering i bygg vil bli ført vidare. Fleire nye verkemiddel er under utvikling, og eksisterande verkemiddel vil bli forbetra. I Granavolden-plattforma har regjeringa bestemt at EUs energieffektiviseringsdirektiv skal gjennomførast med nødvendige tilpassingar. Både bygningsenergidirektivet (2010/31/EU) og energieffektiviseringsdirektivet (2012/12/EU) skal gjennomførast med nødvendige tilpassingar.

Nokre av krava i bygningsenergidirektivet er allereie gjennomførte i Noreg, som f.eks. krav om energimerkeordning for bygg og minimumskrav til bygningar si energiyting i TEK. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å forenkle og gjere tydeleg dagens reglar i TEK for eksisterande bygg. Olje- og energidepartementet ser på korleis energimerkeordninga for bygg kan bli meir relevant for eksisterande bygg, der potensialet for energiinnsparingar er størst. Bankar har nyleg fått tilgang til bustader sitt energimerke og fleire bankar tilbyr no såkalla «grøne bustadlån» med gunstige lånevilkår.

I bygningsenergidirektivet er det utvida krav til energivurdering av tekniske system. Tekniske system omfattar varme-, varmtvass- og klimaanlegg, store ventilasjonssystem og kombinasjon av desse. Det er stilt krav til energiytinga til tekniske system ved installasjon i eksisterande bygningar, og kravet skal gjelde for nyanskaffingar, oppgraderingar og utskiftingar.

Energieffektiviseringsdirektivet stiller krav om at store føretak skal gjennomføre ei systematisk kartlegging av energibruken og identifisere lønnsame energieffektiviseringstiltak. Dette vil leggje grunnlag for å kunne vurdere konkrete energieffektiviseringstiltak i bygg.

10.5 Konkret nedtrappingsplan i bygg

I energieffektiviseringsdirektivet er det krav om å etablere ein langsiktig strategi for rehabilitering av bygg. Strategien skal oppdaterast kvart tredje år og skal minst innehalde

  • oversikt over den nasjonale bygningsmassen

  • identifisering av kostnadseffektive metodar for rehabilitering av bygg

  • politikk og verkemiddel for å fremje totalrehabilitering av bygningar

  • gi perspektiv som kan guide privatpersonar, byggebransjen og finansinstitusjonar i investeringsavgjerder

  • overslag over venta energiinnsparingar og ringverknader

Strategien vil svare på oppmodingsvedtaket frå stortinget om konkret nedtrappingsplan i bygg. Regjeringa legg opp til at ein slik strategi skal vere ein integrert del av den generelle bustad- og bygningspolitikken.

Kravet til innhaldet i strategien er utvida i endringsdirektivet til bygningsenergidirektivet (2018/844/EU) som vart vedteke i juni 2018. Departementet arbeider med ei EØS-rettsleg vurdering og kartlegging av behov for moglege tilpassingar.