Prop. 1 S

(2019 – 2020)

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Sektorstyresmaktene har ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eigne område. For ei samla omtale av regjeringas klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Noreg har stor vasskraftproduksjon og er ein viktig leverandør av olje og gass til den globale marknaden. Regjeringa vil foreine Noregs rolle som petroleumsprodusent og -eksportør med ambisjonen om å vere leiande i miljø- og klimapolitikken.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleumsverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det vert teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda. Petroleumssektoren i Noreg har betalt CO 2 -avgift sidan 1991 og har vore ein del av det europeiske kvotesystemet for CO 2 sidan 2008. Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar. Ein ambisiøs politikk nasjonalt må medverke til å redusere utsleppa globalt.

Ettersom olje- og gassproduksjon på norsk sokkel er underlagt det europeiske kvotesystemet, vil oljeselskapa på norsk sokkel, på lik linje med bedrifter i EU, medverke til å redusere kvotepliktige utslepp med 43 prosent frå nivået i 2005 innan 2030. Det er såleis på plass ein sterk verkemiddelbruk for å redusere utsleppa frå olje- og gassproduksjon i Noreg. Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO 2 -avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel.

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og produksjon av fornybar energi. Eit hovudmål er at våre store og verdifulle fornybare energiressursar vert forvalta på ein god, langsiktig og berekraftig måte. For å styrkje utviklinga av miljøvenleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår. Fleire verkemiddel medverkar i utviklinga av energisystema for framtida og lågutsleppssamfunnet, først og fremst miljøavgifter, direkte reguleringar og stønadsordningar.

Regjeringa vil fremje effektiv, klima- og miljøvenleg og sikker energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av naturen. Det er viktig at utbygginga av fornybar kraft skjer utan at store verdiar knytte til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.

Forsking og utvikling er viktig for å nå måla. Regjeringa si satsing gir ny kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren som vert brukt til å utvikle teknologi og løysingar som reduserer naturinngrep og utslepp av klimagassar. Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO 2 . Arbeidet med fullkjedeprosjektet for CO 2 -handtering og arbeidet for å fremje CO 2 -handtering som eit klimatiltak internasjonalt held fram i 2020.

7.1 Klima- og miljøutfordringar

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for utslepp til luft av karbondioksid (CO 2 ), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske forbindelsar utan metan (nmVOC), metan (CH 4 ), svoveldioksid (SO 2 ), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH)

Alle tal for utslepp til luft er frå SSBs førebelse tal for utslepp til luft for 2017.

.

Noreg skil seg frå andre land ved at størstedelen av det innanlandske stasjonære energiforbruket er dekt av elektrisitet, og tilnærma heile den innanlandske elektrisitetsproduksjonen er basert på vasskraft. Elektrisitet frå vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utslepp frå innanlandsk energiforsyning (medrekna utslepp frå brenning av avfall der varmen vert nytta til energiføremål) og energi brukt til energiforsyning og oppvarming av bygningar var 2,6 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2018 (førebelse tal). Dette svarar til om lag 5 prosent av dei samla utsleppa i Noreg.

Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere mykje frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperatur. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå stasjonær energibruk på fastlandet varierer frå år til år.

På grunn av den særeigne samansetjinga av norsk økonomi og at kraftproduksjonen på fastlandet er nesten berre vasskraft, står verksemda på kontinentalsokkelen for ein vesentleg del av dei norske utsleppa av klimagassar. I 2018 sleppte petroleumsverksemda

Definisjonen av petroleumsverksemda følgjer her SSBs utsleppsrekneskap. SSBs utsleppsrekneskap inkluderer nokre fleire utslepp frå landanlegg enn det som går fram av Oljedirektoratets utsleppstal jf. omtale i Norsk Petroleum.

ut klimagassar tilsvarande 14,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar. Utsleppa frå petroleumsverksemda utgjer om lag 27 prosent av dei samla norske klimagassutsleppa. Utsleppa frå verksemda er venta å vere relativt stabile dei neste åra, trass forventa auka produksjon.

Petroleumsverksemda sleppte i 2018 ut 44 900 tonn NOx (nitrogenoksid). Utsleppa av NOx frå petroleumsverksemda er om lag 27 prosent av dei samla NOx-utsleppa i Noreg. Gassbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx.

Olje- og gassutvinning står for knapt ein tredel av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske forbindelsar utan metan), med utslepp i 2018 på 44 700 tonn. Sidan starten av 2000-talet er utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda sterkt reduserte. Utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.

Det at norsk petroleumsverksemd er underlagt streng verkemiddelbruk gir resultat. Norske utslepp er vesentleg lågare per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land, sjå figur 7.1. Utsleppa varierer mellom ulike felt, både i Noreg og internasjonalt.

Figur 7.1 Utslepp til luft på norsk sokkel samanlikna med internasjonalt gjennomsnitt

Figur 7.1 Utslepp til luft på norsk sokkel samanlikna med internasjonalt gjennomsnitt

Kilde: International Association of Oil and Gas Producers (IOGP), Epim Environmental Hub (EEH) og Norsk olje og gass

Utslepp til sjø

Utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta og kjem frå produsert vatn, borekaks og restar av kjemikaliar og sement etter boring. Styresmaktene sett strenge krav til at desse utsleppa er så låge som mogleg, at operatørane nyttar kjemikaliar som inneheld minst mogleg miljøfarlege stoff og at industrien utviklar ny teknologi som kan redusere utsleppa. Petroleumsverksemda har over tid investert milliardar i tiltak som har redusert utsleppa monaleg. Dette har ført til at utsleppa i dag er mykje lågare enn før.

Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret og restar av tilsette stoff. I dag vert det produserte vatnet reinsa før utslepp til sjø eller injisert tilbake i undergrunnen. Borekaks som inneheld olje og borevæske stod tidlegare for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå verksemda. Den vert no injisert i eigna reservoar, eller teken til land for vidare handsaming. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehaldig borekaks/-væske er auka energibruk og dermed høgare utslepp til luft. Ilandføring av borekaks/-væske aukar transportbehovet og omfanget av avfallshandteringa på land.

Oljeselskapa er pålagt miljøovervaking for å følgje med på verknaden av utslepp til sjø. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Det er venta at voluma av produsert vatn vil halde seg på om lag same nivå som i dag fram mot 2023.

Akutte utslepp til sjø

Petroleumsverksemda har, i dei 50 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje ført til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over ein kubikkmeter (m 3 ) er avgrensa.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep ved utbygging av fornybar energi og nett

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar fører med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.

Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein ovanfor viktige avvegingar. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

7.2 Verkemiddel som har ein klima- og miljøeffekt

CO 2 -handtering

Regjeringa prioriterer arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa. Arbeidet med å utvikle kostnadseffektive løysingar for fangst og lagring av CO 2 er ein viktig del av denne satsinga.

Regjeringa sine tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. I statsbudsjettet for 2015 presenterte regjeringa sin strategi for CO 2 -handtering. Strategien omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg for CO 2 -fangst, transport og lagring og internasjonalt arbeid for å fremje CO 2 -handtering. Teknologisenteret for CO 2 -fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO 2 -fangst. I tillegg er det eit mål å medverke til å spreie kunnskap og erfaringar internasjonalt for å redusere kostnader og risiko for fullskala CO 2 -fangst, og å auke aksepten for CO 2 -handtering som eit viktig klimatiltak. TCM vart opna i 2012 og det har kontinuerleg gått føre seg testaktivitetar ved anlegget sidan. Det går føre seg forhandlingar mellom staten og dei industrielle partnarane Equinor, Shell og Total om vidare drift ved TCM etter august 2020.

CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO 2 -handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) er òg viktig i staten sitt arbeid med CO 2 -handtering.

Ambisjonen om å realisere eit demonstrasjonsanlegg for fangst og lagring av CO 2 er følgt opp gjennom idéstudiar, moglegheitsstudiar og konseptstudiar. Konseptstudiar for fangst og transport vart ferdigstilte hausten 2017. Konseptstudien for lagerdelen av prosjektet vart ferdig hausten 2018. I Prop. 85 S (2017–2018) gjorde regjeringa greie for status i arbeidet med eit fullkjede demonstrasjonsanlegg for fangst og lagring av CO 2 i Noreg. Norcem og Fortum Oslo Varme har fått tilskot til forprosjektering av sine fangstprosjekt. Equinor har fått tilskot til å gjennomføre forprosjektering av transport og lager, i samarbeid med Shell og Total. Når forprosjektering er fullført og ekstern kvalitetssikring er gjennomført, vil regjeringa vurdere om eit demonstrasjonsprosjekt bør realiserast. Regjeringas vurdering vil bli lagt fram for Stortinget. Stortinget slutta seg gjennom behandlinga av revidert budsjett 2018 til tilrådinga frå regjeringa om å vidareføre planlegginga av fullskalaprosjektet fram til ei investeringsavgjerd i 2020/21. Etter den gjeldande framdriftsplanen, vil avgjerd om investering verte avgjort hausten 2020. Det er ein stram tidsplan.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO 2 -handtering internasjonalt. Måla for arbeidet er å få auka aksept for fangst og lagring av CO 2 som eit viktig klimatiltak, å få ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien og å medverke til at teknologien vert teken i bruk utanfor Noreg.

Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force, Clean Energy Ministerial og Carbon Sequestration Leadership Forum. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO 2 , utvikling og implementering av CO 2 -handteringsteknologiar, i tillegg til generelt å fremje CO 2 -handtering som eit klimatiltak.

Energi og vassressursar

Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing

Enova og Klima- og energifondet har sidan etableringa i 2001 vore ein viktig del av arbeidet for ei langsiktig og miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Enova sitt mandat vart sist forankra i Stortinget ved handsaminga av Energimeldinga i 2016. Formålet er å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp. Enova tilbyr mellom anna investeringsstøtte og rådgjeving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak. Dei skal søkje å byggje ned barrierar for omstilling med sikte på å drive fram varige marknadsendringar. Frå 1. mai 2018 er eigaroppfølginga av Enova SF overført frå Olje- og energidepartementet til Klima- og miljødepartementet (KLD). KLD følgjer opp den fireårige avtala som gjeld til utgangen av 2020.

Det er fleire tiltak som er med på å byggje opp under ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Kvotesystemet og CO 2 -avgiftene er viktige. Fleire andre miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført energistandardar og energimerkeordningar for ei rekkje produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav til energibehovet i nye bygg og ved større rehabiliteringar, og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og nyoppføring av bygningar. Enova si verksemd grensar opp mot og kompletterer dei andre delane av verkemiddelapparatet.

Bruken av fyringsolje har minka dei siste åra og resultert i reduserte utslepp. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO 2 spesielt, er avgifter og kvotar på bruk av fossile brensel.

Gjennom byggteknisk forskrift er varmeinstallasjonar for fossilt brensel ikkje lov i nybygg og ved store ombyggingar. Regjeringa har vedteke forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020, både til grunnlast og spisslast (topplast). I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktige. Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Gjennom Enova-tilskotet støttar Enova òg direkte utfasing av oljefyring i bustadar og installasjon av fornybare oppvarmingsalternativ.

Per første halvår av 2019 hadde 97 prosent av målarparken fått installert nye avanserte måle- og styringssystem (AMS). Innføringa vert rekna som vellukka. Dei nye straummålarane registrerer straumforbruket kvar time og sender automatisk informasjon om forbruket til nettselskapet. Dette gir ei meir nøyaktig avrekning av forbruket og er dessutan venta å gjere kundane meir merksame på sitt eige straumforbruk. AMS kan òg gi straumkundane betre høve til å styre eigen bruk og tilpasse straumbruken til variasjonar i straumprisen. AMS vil gjere det mogleg for nettselskap, kraftleverandørar og andre å tilby ulike tilleggstenester som utnyttar AMS-målarane. Det kan vere snakk om avtaler som inneber automatisk avgrensing av effektuttak, til dømes avtale om å kople ut tank for varmtvatn eller varmekablar i topplasttimar. AMS vil gi nettselskapa betre datagrunnlag slik at dei kan optimalisere drifta og investeringane i nettet.

Målet i EU er etter fornybardirektivet 20 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har teke på seg ei plikt til å auke til 67,5 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har saman med Island den høgaste fornybardelen i Europa. I 2017 var fornybardelen i Noreg om lag 70 prosent. Direktivet pålegg alle land å leggje fram ein nasjonal handlingsplan som viser korleis dei skal nå dei nasjonale måla sine.

Den felles norsk-svenske marknaden for elsertifikat er eit viktig verkemiddel for å nå det norske målet på 67,5 prosent under fornybardirektivet. Ordninga starta opp 1. januar 2012. Det samla målet for ny fornybar elektrisitet i den felles elsertifikatmarknaden er 28,4 TWh i år 2020. I tillegg har Sverige sett mål om ytterlegare 18 TWh i 2030 under elsertifikatordninga. Noreg er ansvarleg for å finansiere 13,2 TWh, uavhengig av kor produksjonen kjem. Av produksjonen som inngår i produksjonsmålet er det per 1. juli 2019 godkjent anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 29 TWh. Av dette er anlegg med ein normalårsproduksjon på 8,5 TWh bygd i Noreg og anlegg med ein normalårsproduksjon på 20,5 TWh bygd i Sverige. Med det er 2020-målet nådd. I Noreg er det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 3,2 TWh.

Nye utanlandssamband for elektrisitet skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønsame. På lik linje med andre kraftoverføringsanlegg krev utanlandssamband viktige avvegingar mellom nytte og kostnader, inkludert omsyn til miljøet.

Miljøomsyn ved vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med fornybar kraftproduksjon og nett er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova og vassforskrifta.

Konsesjonshandsaming av fornybar kraftproduksjon og nett har dei siste åra hatt høg prioritet. Det er viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det vert derfor søkt å få til ei mest mogleg samordna handsaming av prosjekt i same område, og mellom nett og produksjon.

NVE sitt miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar vert etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep.

Kunnskap og systematisk oversyn over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av naturmangfald. Artsdatabanken spelar ei viktig rolle her. Føremålet med Artsdatabanken er å tette hol i kunnskapen og medverke til at data over naturmangfald vert samla i nasjonale databasar.

Gjennomføringa av EU sitt vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar skal fremje ei heilskapleg forvalting av vassressursane. Olje- og energidepartementet medverkar saman med NVE aktivt i dette arbeidet.

Klimatilpassing

Eit endra klima med meir nedbør og meir ekstremvêr krev tilpassingar. Klimatilpassing er viktig innan energi- og vassdragsforvaltinga. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tek omsyn til klimatilpassing i arbeidet med flaum og skred, damtryggleik, vassdragskonsesjonar, energikonsesjonar, miljøtilsyn, kraftforsyning og energietterspørsel.

NVE sine oppgåver knytte til førebygging av skred- og flaumskadar kan delast inn i fem område: kartlegging, arealplanlegging, sikring, varsling og skred- og flaumfagleg bistand i beredskaps- og krisesituasjonar. For å førebyggje skade på liv, helse og verdiar vert det teke høgde for eit endra framtidig klima ved utarbeiding av faresonekart. Karta og fagleg rådgjeving om klimaendringar er eit viktig grunnlag for kommunane sitt arealplanarbeid, og medverkar til at ny utbygging skjer i trygge område. I arealplanarbeid etter plan- og bygningslova er NVE høyringspart og kan fremje motsegn på planar der NVE har eit forvaltningsansvar. Sikring av eksisterande busetjing og kritisk infrastruktur er òg sentralt i NVE sitt arbeid med klimatilpassing. NVE arrangerer fagsamlingar rundt i landet for kommunar, konsulentar og andre der kunnskap om flaum- og skredfare og klimatilpassing vert formidla. For arbeidet med flaum og skred er det utvikla eit godt samarbeid med andre statlege etatar som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens Vegvesen, Jernbaneverket, Meteorologisk institutt og andre. NVE skal framover òg støtte kommunane med å førebyggje skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk (urbanhydrologi) og rettleiing til kommunal arealplanlegging.

Gjennom datainnsamling og analysar av lange tidsseriar, overvakar og vurderer NVE effekten av klimaendringar på hydrologi. NVE har FoU-aktivitetar innan modellering av kva effekt klimaendringar har og vil få på hydrologien i Noreg. Dette inkluderer effekten på flaum, tørke, snømengder og utbreiing av isbrear. Dette gir grunnlaget for klimatilpassing i fleire sektorar. Dette arbeidet inngår som ein del av samarbeidet i Norsk Klimaservicesenter.

Petroleumsverksemda

Klimautfordringa er global og kan berre løysast gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid, jf. Noregs tilslutning til Parisavtala. I samsvar med dei overordna prinsippa for klimapolitikken i Noreg, er petroleumssektoren omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO 2 -avgift og EU sitt klimakvotesystem. Samla gjer desse at næringa betaler ein høg pris på utslepp som legg til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar. Oljeselskapa på norsk sokkel vil på lik linje med bedrifter i EU medverke til å redusere kvotepliktige utslepp med 43 prosent frå nivået i 2005 innan 2030. Regjeringa vil føre vidare kvoteplikt og CO 2 -avgift som hovudverkemiddel i klimapolitikken på norsk sokkel. Vidare må selskapa betale avgift for sine utslepp av NOx eller slutte seg til miljøavtala mellom den norske stat og næringsorganisasjonane.

Den høge prisen risen på klimagassutslepp på sokkelen vil, med gjeldande kvotepris og avgiftssats, være 700–800 kroner per tonn CO 2 . Desse verkemidla gir selskapa ei kontinuerleg eigeninteresse av å redusere utsleppa, og samtidig til å forske på og utvikle teknologiar med lågare utslepp.

Omsyn til miljø er ein integrert del av forvaltinga av dei norske petroleumsressursane. Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda: Frå vurdering av opning av eit område for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er med.

Utsleppa frå petroleumsverksemda i Noreg er regulert gjennom fleire lover, mellom anna petroleumslova, CO 2 -avgiftslova, særavgiftslova, klimakvotelova og forureiningslova. Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, gjer at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle aktørar høve til å verte høyrde. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak, til dømes ved godkjenning av utbyggingsplanar.

Brenning av overskotsgass har aldri vore lov på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre tillete når det er nødvendig av tryggleiksgrunnar. Slik brenning er berre tillate etter løyve frå Olje- og energidepartementet.

Utnytting av stordriftsfordelar som legg til rette for energieffektiv drift, har alltid vore eit viktig omsyn for aktiviteten på sokkelen. Nye utbyggingar baserer seg på best tilgjengeleg teknologi.

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 114 (1995–1996) vedtok Stortinget at det ved alle nye feltutbyggingar skal leggjast fram ei oversikt over energibehov og kostnadene ved å nytte kraft frå land framfor gassturbinar. Kraft frå land skal vurderast av operatøren og følgjast opp av styresmaktene ved handsaminga av kvar enkelt ny plan for utbygging og drift. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det er sikra utbygging av tilstrekkeleg ny kraft eller at det vert ført fram tilstrekkeleg nytt nett slik at det ikkje oppstår regionale ubalansar på utbyggingstidspunktet. Samtidig må ein ta vare på naturmangfaldet og omsynet til tiltakskostnadene.

Dei teknologiske og økonomiske konsekvensane av ei løysing med kraft frå land varierer sterkt frå utbygging til utbygging. Kraft frå land krev store investeringar og vil ofte berre vere realistisk ved enkelte større, sjølvstendige utbyggingar eller større ombyggingar av store felt. Kraft frå land til eksisterande innretningar generelt er svært dyrt. Gitt variasjonen i konsekvensar, er det avgjerande å ta stilling til spørsmålet om bruk av kraft frå land ved behandlinga av den enkelte utbygginga.

Verkemidla overfor petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar. Det gjer at norsk petroleumsverksemd skjer med vesentlig lågare klimagassutslepp per produsert eining enn gjennomsnittet for oljeproduserande land. Utsleppa varierer mellom ulike felt og fasar, både i Noreg og internasjonalt.

Forsking og utvikling

Regjeringa si satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er avgjerande for at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og -produksjon. Satsinga medverkar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Samtidig skal støtta gi norsk næringsliv og kompetansemiljø betre evne til å konkurrere i dei internasjonale marknadene for miljø- og klimavenlege energiløysingar.

OED er den største bidragsytaren til finansiering av miljø- og klimarelevant forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd. Ei nærare omtale av satsinga på forsking og teknologiutvikling finst under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling.

Energiforsking

Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv og berekraftig utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvenleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvenlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO 2 -handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til næringsutvikling og til å byggje opp kunnskap av samfunnsfagleg karakter, til dømes om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov etc.).

Energi21 er styresmaktene og næringa sin strategi for forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny, klimavenleg energiteknologi. Energi21 gir styresmaktene og industrien råd om innretning av satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energisystemet, energieffektivisering, CO 2 -handtering og energi til transportføremål.

Energi21-strategien tilrår å prioritere satsinga på energiteknologi på seks område:

  • digitaliserte og integrerte energisystem

  • klimavenlege energiteknologiar til maritim transport

  • solkraft for ein internasjonal marknad

  • vasskraft som ryggrada i norsk energiforsyning

  • havvind for ein internasjonal marknad

  • klimavenleg og energieffektiv industri inklusive CO 2 -handtering

Det er åtte teknologisk retta forskingssenter for miljøvenleg energi (FME), for CO 2 -handtering, miljøvenleg transport, vasskraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. I mai 2019 vart det starta opp to nye samfunnsvitskaplege FME-ar; NTRANS som skal forske på rollen til energisystemet i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, og INCLUDE som skal utvikle kunnskap og løysingar for å få eit sosialt rettferdig lågutsleppssamfunn. Dei to nye FME-ane erstattar tre samfunnsvitskaplege senter som vart etablerte i 2011. FME-ordninga, som ligg under Noregs forskingsråd, er ei av dei viktigaste berebjelkane for norsk satsing på forsking, utvikling og innovasjon for berekraftige energisystem i framtida.

ENERGIX er Noregs forskingsråd sitt store, målretta program på energiområdet. ENERGIX finansierar forsking og innovasjon for ei berekraftig utvikling av energisystemet. Programmet famnar alt frå utvikling av energisystemet og fornybar energiteknologi til effektiv bruk av energi i bygg, industri og transport. Målet er å medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet og fremje eit konkurransedyktig norsk næringsliv. ENERGIX er det viktigaste programmet i Forskingsrådet for forsking på reduserte utslepp.

Noreg har ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO 2 -handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO 2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova saman med Noregs forskingsråd. CLIMIT skal gi økonomisk støtte til prosjekt som utviklar kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar som kan gi viktige bidrag til kostnadsreduksjonar og stor internasjonal utbreiing av CO 2 -handtering.

Petroleumsforsking

Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumsverksemda er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvenleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsverksemda som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Satsinga medverkar til å byggje opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvenlege teknologiar og løysingar. Redusert miljøpåverknad og reduserte klimagassutslepp er viktige mål for petroleumsforskingsprogramma PETROMAKS 2 og DEMO 2000.

Den nasjonale teknologistrategien for petroleumsverksemda, OG21, trekkjer fram fire prioriterte teknologiområde: Energieffektivitet og miljø; leiting og auka utvinning; boring, komplettering og intervensjon; og produksjon, prosessering og transport. Strategien har ei monaleg merksemd mot klima og energieffektive og utsleppsreduserande løysingar.

Departementet vektlegg at deler av løyvinga til petroleumsforsking skal gå til prosjekt knytte til energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp. I 2018 gjekk 218 mill. kroner til dette føremålet gjennom prosjekt i PETROMAKS 2 og DEMO 2000-programma. Dette svarer til meir enn 62 prosent av departementet sine løyvingar til dei to programma i 2018. Tala er baserte på Noregs forskingsråd sine eigne vurderingar og system for teljing.

Noregs forskingsråd har òg gjort ein analyse av den offentleg finansierte petroleumsforskinga basert på ei spørjeundersøking blant alle dei som har motteke støtte. Analysen byggjer på alle petroleumsprosjekt i PETROMAKS 2 og DEMO 2000 med oppstart i perioden 2015–2018. Den viser at 60 prosent av prosjekta utviklar kunnskap og teknologi som kan gi lågare utslepp av klimagassar. Det skjer gjennom ny teknologi, kompetanse, og energieffektiviseringstiltak på eksisterande og nye installasjonar på norsk sokkel.

Det vert løyvd midlar til to forskingssenter, ARCEx og National IOR Centre, som mellom anna skal utvikle klima- og miljøvenlege løysingar for norsk petroleumsverksemd. ARCEx har som eit hovudmål å utvikle meir miljøvenleg teknologi for leiting etter olje og gass i Arktis. Det vert òg lagt vekt på å skaffe fram ny kunnskap om økosystema for å analysere miljøpåverknad og miljørisiko. IOR-senteret utviklar metodar for å kunne velje dei beste og mest energieffektive og miljøvenlege injeksjonsmetodane for ulike felt.

I tillegg vart det i juni 2019 opna eit nytt forskingssenter for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda på norsk sokkel. Målet med senteret er å utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi som gjer det mogleg at framtidig utbygging og drift av petroleumsførekomstar kan skje med lågast mogleg utslepp av klimagassar. Senteret skal òg utvikle teknologi som kan medverke til ein betydeleg reduksjon av utslepp frå eksisterande installasjonar.

Det vert òg løyvd midlar til langtidsverknader av utslepp til sjø gjennom Noregs forskingsråd sitt program MARINFORSK, SEAPOP. Desse skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og kartlegg og overvakar sjøfuglbestandar i Noreg.

7.3 Klimaeffekten av framlagt budsjett

Satsinga på FoU og raskare bruk av ny teknologi i energi- og petroleumsverksemda skal medverke til meir effektiv og miljøvenleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal den medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det som kan ventast med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. Grunna uvisse om omfang og tidspunkt for introdusering og kommersialisering av ny teknologi eller teknologi under utvikling, finst det ingen presise overslag på framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet.

Regjeringa sin strategi for arbeidet med CO 2 -handtering vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015). Det overordna målet er å medverke til at CO 2 -handtering vert eit kostnadseffektivt tiltak i arbeidet mot globale klimaendringar. Arbeidet med CO 2 -handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO 2 med eit spreiingspotensial. Tiltaka i regjeringas strategi omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeid med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO 2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO 2 -handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som desse tiltaka kan utløyse. Kor store reduksjonar i CO 2 -utslepp me får avheng av kor CO 2 -fangst eventuelt skjer og av kva slag tekniske løysingar som vert valt.

7.4 Berekraftsmålet for energi

I 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmål nr. 7, energimålet, seier at ein skal « sikre allmenn tilgang til pålitelig, berekraftig og moderne energi til en overkomeleg pris» . Vidare er det definert tre delmål og to gjennomføringsmekanismar.

Tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk vekst og er derfor heilt sentralt i arbeidet med å avskaffe fattigdom. Meir fornybar energi og meir effektiv energibruk medverkar både til å redusere utslepp av klimagassar og til å avgrense andre miljø- og helsekostnader.

Energimålet og dei ulike delmåla er anten oppnådde nasjonalt eller i tråd med norsk politikk og nasjonale mål. Det er så langt føremålstenleg sikra energitilgang til alle. Nesten all produksjon av elektrisitet er fornybar, og av den samla energibruken er delen fornybar energi om lag 70 prosent. Verkemiddel på både tilbodet og etterspurnaden støttar opp om ein overgang frå fossil til fornybar energi og meir effektiv energibruk. Det er mellom anna innført strenge energikrav til bygg og krav til økodesign og energimerking av energirelaterte produkt. I tillegg medverkar Enova til å utvikle marknader for energieffektive løysingar.

Energipolitikken må ta omsyn til energiforsyningstryggleiken, klimautfordringane, naturmiljøet og verdiskapinga. Regjeringa vil leggje til rette for ei framhalden effektiv, klimavenleg og sikker energiforsyning i Noreg. Oppgåvene må løysast på måtar som gir størst verdiar for samfunnet til lågast mogleg kostnad.

Utan sterkt auka innsats vil ikkje verda nå berekraftsmålet for energi. Globalt manglar 840 mill. menneskje tilgang til elektrisitet og 3 mrd. menneske brukar ineffektive og forureinande kokeomnar. Situasjonen er særleg utfordrande i Afrika sør for Sahara der 570 mill. menneske manglar tilgang til elektrisitet. Det er like fullt monaleg framgang, med auka i produksjonen av fornybar energi i utviklingsland får fleire menneskje tilgang til elektrisitet. Ein fjerdedel av den globale elektrisitetsproduksjonen kjem no frå fornybare kjelder.

Gjennom innsatsen for fornybar energi i utviklingspolitikken ønskjer Noreg å medverke til at utviklingsland når berekraftsmålet for energi. Innsatsen skal medverke til å innfri Parisavtala og støttar utviklingsland sitt arbeid med auka bruk av fornybar energi og energieffektivisering, slik dette er nedfelt i landa sine innmelde klimaplanar, samt utfasing av kol. Regjeringa legg stor vekt på å bruke bistandsmidlar på ein måte som utløysar privat og kommersiell kapital. Regjeringa styrker samarbeidet med norsk næringsliv og det vert lagt vekt på å nytte norske fortrinn som vasskraft og solkraft. Norfund er saman med Norad sine næringslivsordningar, GIEK og Eksportkreditt sentrale verkemiddel for å få med norske bedrifter.

Auka produksjon av fornybar kraft krev svært store investeringar. Norfund vil vere hovudinstrument frå norsk side for å medverke til ny kraftutbygging i utviklingsland. Norfund har etablert partnarskap med norske selskap for å sikre meir kapital og teknisk kompetanse. I tillegg vil det vere viktig å medverke til elektrifisering gjennom utbygging av straumnettet, lokalt straumnett eller løysingar for enkeltbustader. Framover vil innsatsen verte styrkt innanfor humanitær bistand og i sårbare statar.

Noreg har i mange år òg gitt støtte til auka produksjon av fornybar energi, energitilgang og meir effektiv energibruk gjennom EØS-ordningane.

Gjennom programmet Olje for utvikling deler Noreg si erfaring med å utvinne petroleumsressursane på ein måte som tek omsyn til miljø og klima. Policydialog og bistand til reformer, lovverk, institusjonsbygging og regionalt samarbeid er sentrale område for tilrettelegging for investeringar frå privat sektor.