Prop. 1 S

(2019 – 2020)

Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for viktige samfunnsfunksjonar og beredskapsområde knytte til kraftforsyninga. OED har ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred. Departementet har sektoransvar for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. Arbeids- og sosialdepartementet har regelverks- og tilsynsansvar for HMS og sikring, inkludert beredskap, i petroleumsverksemda. OED har òg ansvar for departementets eigen beredskap og for å vere budd på å ta del i sentral handtering ved nasjonale kriser.

8.1 Forsyningstryggleik for elektrisitet

Eit overordna mål for energi- og vassressursområdet er å leggje til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning. Målet om ei sikker kraftforsyning dreier seg både om å halde ved lag og betre forsyningstryggleiken, minimere konsekvensane av avbrot og opprette forsyninga igjen på ein effektiv måte. Kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig. Som ein del av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap knytt til samfunnstryggleiksinstruksen, gjorde departementet ei vurdering av tilstanden i kraftforsyninga i Prop. 1 S (2017–2018). Vurderinga er framleis gjeldande.

Som oppfølging av Samfunnssikkerhetsinstruksen og tildelingsbrev har NVE nå gjort eit arbeid for å finne statistikk og indikatorar som seier noko om tilstanden over tid. Dei har identifisert statistikk for avbrot, informasjon om ikkje-ønska hendingar, feilstatistikk, resultat frå tilsyn, energi- og driftstryggleik, IKT-tryggleik, ROS-analyse og klimatilpassing som indikatorar for tilstanden i kraftforsyninga.

Avbrotsstatistikken viser at for dei siste ti åra har ein gjennomsnittleg norsk sluttbrukar opplevd at straumen er vekke to gonger i året i til saman to og ein halv time. Rapportar frå KBO-einingane om ikkje-ønska hendingar viser at dei største truslane mot forsyningstryggleiken er utfordrande vêr og teknisk svikt. Feilstatistikken viser òg at ein stor del av alle feil og avbrot er relatert til vind og snø.

Resultat frå tilsyn viser at dei vanlegaste avvika på tilsyn er at einingane ikkje har eit heilskapleg konsept for beredskap. Når det gjeld energi- og driftstryggleik, følgjer NVE ressurssituasjonen tett, og publiserer kraftsituasjonsrapportar kvar veke. For å auke IKT-tryggleiken har NVE mellom anna skjerpa krav til IKT-tryggleik i kraftberedskapsforskrifta. NVE arbeidar òg med ei oppdatert risikoanalyse for ulike scenario som vil påverke kraftforsyninga viss dei inntreff. Klimaendringar fører til auka utfordringar for kraftanlegga, til dømes på grunn av meir ising og lyn. NVE har til no laga tre rapportar om klimatilpassing i energiforsyninga, og rapportane viser at klimaendringar og tilpassing til endringane i aukande grad er eit tema hos selskapa. Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak. Ved eventuell energimangel har styresmaktene særskilde tiltak for å redusere fare for rasjonering. I ytste tilfelle kan styresmaktene innføre rasjonering. Slik kraftsystemet no er, er likevel rasjonering lite truleg, og forsyningstryggleiken i Noreg er god. Det kan likevel førekome avbrot. Aktørar som er heilt avhengige av ei straumforsyning utan avbrot, må sjølve syte for eigenberedskap gjennom naudstraumaggregat eller andre løysingar. Dette gjeld særskilt verksemder som er underlagt sikkerheitslova.

8.2 Skred og vassdrag

Ansvaret for gjennomføringa av statlege oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred, er delegert til NVE.

NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan òg sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.

NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, og overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE råd til kommunar og politi under beredskaps- og krisesituasjonar.

8.3 Sentral krisehandtering og departementets eigen beredskap

I Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet (samfunnssikkerheitsinstruksen) er det stilt krav til departementa sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

For å medverke til eit godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, i både førebygging og handtering, skal departementet gjennom godt eigna beredskapsplanverk, robust organisering og hyppige og relevante øvingar, vere førebudd på å

  • møte alle typar kriser i eigen sektor effektivt og profesjonelt

  • yte bistand til andre departement når det trengs

  • ta rolla som leiardepartement

OEDs planverk for krisehandtering skal dekkje ulike typar kriser som OED kan bli involvert i både i sektor og ved kriser som gjeld departementet sjølv.

OED gjennomfører og planlegg for relevante beredskapsøvingar. Departementet vil føre vidare dette arbeidet i 2020.

8.4 Gjennomføring av ny sikkerheitslov

Ny lov om nasjonal tryggleik tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje våre nasjonale tryggingsinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke tryggingstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.

For å verne dei nasjonale tryggingsinteressene, legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale tryggingsinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kongeleg resolusjon 20. desember 2018 punkt 3 bokstav e) skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den tryggingsfaglege kompetansen i departementa.

Olje- og energidepartementet tek sikte på å fastsetje GNF i løpet av 2019. I lys av dette vil departementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er naudsynt. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget for departementet si utpeiking og klassifisering av eventuelle skjermingsverdige objekt og skjermingsverdig infrastruktur i sektoren, og fastsetjing av fristar for gjennomføring av naudsynte sikringstiltak. Olje- og energidepartementet har gjennomført ein ikkje ubetydeleg del av arbeidet i 2019.