Prop. 1 S

(2019–2020)

1.1 Regjeringa sine mål med samferdselspolitikken

Det overordna og langsiktige målet i samferdselspolitikken er eit transport- og kommunikasjonssystem som er sikkert, fremmer verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppsamfunnet. Fornying og forbetring av transport- og kommunikasjonsinfrastrukturen i heile landet er ei viktig og prioritert oppgåve for regjeringa.

Regjeringas transportpolitikk er trekt opp i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 . Gode velferdstenester og konkurransekraft for næringslivet krev både ein moderne infrastruktur med høg kvalitet og effektive og sikre transportløysingar. Nasjonal transportplan 2018–2029 svarar på utfordringane og den heilt nødvendige omstillinga landet står overfor. Reduserte transportkostnader betrar konkurranseevna for næringslivet og legg til rette for ein velfungerande arbeidsmarknad over heile landet. Hovudprioriteringane i regjeringas budsjettforslag for Samferdselsdepartementet tek utgangspunkt i hovudmåla i Nasjonal transportplan:

  • betre framkome for personer og gods i heile landet

  • redusere transportulykker i tråd med nullvisjonen

  • redusere klimagassutsleppa i tråd med ei omstilling mot eit lågutsleppssamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar.

For å nå måla har regjeringa i Nasjonal transportplan 2018–2029 lagt opp til ei statleg ramme på 933 mrd. 2017-kr for heile perioden. I tillegg er det lagt til grunn om lag 131 mrd. 2017-kr i bompengar. Samla utgjer dette om lag 1 064 mrd. 2017-kr i planperioden. Det gjennomsnittlege årlege nivået i statleg ramme blir på 77,7 mrd. kr, som er 37 pst. høgare enn saldert budsjett for 2017. Det inneber store ambisjonar for samferdselssektoren.

Tabell 1.1 Oppfølging Nasjonal transportplan 2018–2029 i første seksårsperiode

Mill. 2020-kr

Gj.snitt per år NTP 2018–2023

Løyving 2018

Løyving 2019

Forslag 2020

Oppfølging NTP etter tre år i pst.

Vegformål

42 461,7

39 540,5

39 952,9

40 610,6

47,1

Jernbaneformål

25 636,5

20 663,9

21 714,9

22 552,4

42,2

Kystformål

2 092,0

1 376,9

1 477,6

1 362,7

33,6

Særskilde transporttiltak

3 115,9

2 420,4

3 168,7

4 736,6

55,2

Nye NTP-tiltak

486,7

116,8

127,1

80,4

11,1

Sum

73 792,7

64 118,5

66 441,1

69 342,7

45,1

Som det går fram av Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 , tek regjeringa sikte på ei gradvis innfasing av ressursane til transportinfrastruktur i planen. Ressursbruken i det enkelte budsjettår vil bli tilpassa det samla økonomiske opplegget innanfor rammene som følgjer av handlingsregelen og tilstanden i norsk økonomi. Tabell 1.1 viser status for oppfølginga av Nasjonal transportplan 2018–2029 i budsjettforslaget for 2020. Gjennomsnittleg ramme for første del av planperioden er brukt som referanse. Det er nødvendig med ei gradvis opptrapping av løyvingane gjennom perioden. Det er òg slik at store investeringar vil slå inn tungt på enkelte år. Regjeringas forslag til løyving i 2020 til formål som er omfatta av Nasjonal transportplan, inneber ei oppfølging av den samla økonomiske planramma for første seksårsperiode i Nasjonal transportplan 2018–2029 på 45,1 pst. Innanfor løyvingsforslaget blir det høgt tempo i gjennomføringa av eksisterande prosjekt, og oppstart av både mindre og store prosjekt på veg og jernbane.

Regjeringa vil leggje til rette for eit moderne transportnett i Noreg, med riks- og fylkesvegar, jernbane og anna kollektivtransport, og infrastruktur for luft- og sjøtransport, som tek omsyn til framkome, transporttryggleik og miljø. Satsinga på ny teknologi vil gi betre moglegheiter til å nå måla for transportpolitikken. Regjeringa har tidlegare etablert Pilot-T, ei ordning som skal bidra til at nye løysingar raskare blir tekne i bruk innan transportsektoren og leggje grunnlag for at norske aktørar kan vere med i konkurransen om å levere nye mobilitetsløysingar for sektoren. Regjeringa stimulerer til lokal innovasjon og utvikling gjennom konkurransen «Smartere transport i Norge».

Dei store byområda veks, og regjeringa vil leggje til rette for effektiv, smart og miljøvennleg mobilitet. Regjeringa gjennomfører ei kraftig satsing på transportsystema i og rundt dei største byane. Denne satsinga blir i tråd med regjeringspartia sin bompengeavtale, trappa opp i 2020. Regjeringa følgjer opp forpliktingane i gjeldande bymiljø-, byvekst- og belønningsavtalar, og legg òg til rette for å inngå nye avtalar. I dei fire største byområda vil regjeringa tilby å auke det statlege bidraget i store kollektivprosjekt. Regjeringa vil òg gi tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i dei store byane.

Regjeringa har gjennomført ein omfattande transportreform som gir resultat. Måla er større effektivitet og samfunnsøkonomisk lønnsemd. I tillegg til auka løyvingar til ny infrastruktur og vedlikehald av eksisterande infrastruktur, har regjeringa gjennomført viktige tiltak for å utnytte ressursane i sektoren betre. Nye Veier AS blei etablert i 2015 for å medverke til meir effektiv vegutbygging. Selskapet byggjer raskt og effektivt, og opna sitt første prosjekt i 2019. Statens vegvesen er i ferd med å bli omorganisert og effektivisert. Endringane vil bidra til betre ressursbruk og meir samferdsel for pengane.

Innkrevjinga av bompengar skal bli meir effektiv. Arbeidet med bompengereforma held fram, m.a. har fylkeskommunane etablert dei regionale bompengeselskapa, og takst- og rabattsystemet er lagt om. Regjeringa vil redusere bompengebelastinga for bilistane, og løyvinga for å redusere takstane blir foreslått styrkt i tråd med regjeringspartia sin bompengeavtale.

Jernbanereforma gir no avkasting i form av lågare utgifter til staten sine kjøp av persontransport med tog. Innsparingane blir brukt til å styrkje satsinga på jernbane ytterlegare.

For å redusere avtandsulemper foreslår regjeringa ei ny tilskotsordning for fylkesvegar som er viktige for næringstransport. Regjeringa legg òg til rette for at meir av godstransporten skal transporterast på sjøen og jernbanen. Tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til sjø, tilskotsordninga for hamnesamarbeid og prøveordninga med tilskot til investeringar i effektive og miljøvennlege hamner legg til rette for reduserte kostnader og klimagassutslepp, auka effektivitet og for å gjere sjøtransporten meir konkurransedyktig samanlikna med vegtransporten. På jernbane blir den førebelse tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til jernbane vidareført.

Luftfarten er ein sentral del av det norske transportnettet, og regjeringa vil sikre at Norge har ein god og framtidsretta infrastruktur for luftfart i heile landet, m.a. gjennom kjøp av innanlandske flyruter og ved å leggje til rette for bruk av teknologi som sparer miljøet, som t.d. elektriske fly.

Regjeringa vil sikre eit godt og likeverdig posttilbod over heile landet, tilpassa den endra etterspurnaden etter posttenester.

1.2 Hovudprioriteringar i budsjettet for 2020

Tabell 1.2 Utgifter fordelt på programkategorier

(i 1 000 kr)

Kat.

Betegnelse

Regnskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

21.10

Administrasjon m.m.

476 001

514 011

444 600

-13,5

21.20

Luftfartsformål

979 176

1 069 000

1 078 300

0,9

21.30

Veiformål

35 466 475

36 884 700

37 983 400

3,0

21.40

Særskilte transporttiltak

3 193 068

4 028 000

5 901 000

46,5

21.50

Jernbaneformål

22 845 404

26 411 800

26 781 600

1,4

21.60

Kystforvaltning

2 491 355

2 700 600

2 615 600

-3,1

Sum programområde 21

65 451 479

71 608 111

74 804 500

4,5

22.10

Posttjenester

1 076 961

1 391 150

617 400

-55,6

Sum programområde 22

1 076 961

1 391 150

617 400

-55,6

Sum utgifter

66 528 440

72 999 261

75 421 900

3,3

Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Samferdselsdepartementet er:

  • reduserte bompenger for bilistane

  • auka tilskot til kollektivtransport i byområda

  • utbygging av vegprosjekt i heile landet

  • eit betre togtilbod.

Regjeringa foreslår å løyve 75,4 mrd. kr til Samferdselsdpartementet.

Korrigert for ansvarsendringar inneber budsjettforslaget ein auke på vel 4 mrd. kr frå saldert budsjett 2019. Ansvaret for elektronisk kommunikasjon, m.a. ansvaret for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, er overført frå Samferdselsdepartementet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Løyvingar til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og på Samferdselsdepartementets eige budsjett er derfor overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett, jf. Prop. 57 S (2018–2019). Regionreforma frå 2020 inneber at løyvingar for ordningar der ansvaret er avklart, er overført frå Samferdselsdepartementets budsjett til Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett.

Til Nasjonal transportplan er det foreslått om lag 69,3 mrd. kr, ein auke på 2,9 mrd. 2020-kroner frå 2019. Auka tilskot for å redusere bompengetakstar utanfor byområda og storbytiltak er dei områda som blir styrkt mest. Jernbaneinvesteringane får òg ein større auke.

Regjeringa foreslår ein kombinasjon av tiltak både for å redusere bompengebelastinga for bilistane og styrkje kollektivtransporten. I tråd med bompengeavtalen til regjeringspartia er løyvinga til reduserte bompengesatsar utanfor byområda foreslått auka til 1,4 mrd. kr, og det er sett av midlar til å auke bidraget frå staten til store kollektivprosjekt frå 50 pst. til 66 pst. Vilkåret for sistnemnde er at halvparten går til reduserte bompengar og halvparten til betre kollektivtilbod i byane etter lokal prioritering. Store kollektivprosjekt som er omfatta av ordninga, er Fornebubanen og ny T-banetunnel i Oslo og Akerhus, Metrobussen i Trondheim, Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen og Bussveien på Nord-Jæren. I tillegg er det sett av 300 mill. kr til reduserte billettprisar i kollektivtransporten i dei store byane. Utpeika vegprosjekt utanfor byområda vil få reduserte bompengar enten ved at bomstasjonar blir fjerna eller at takstane blir sette ned.

Urbanisering krev store tiltak for å handtere transporten i byområda. I tråd med regjeringspartia sin bompengeavtale er det foreslått totalt 5,4 mrd. kr til tiltak for kollektivtransport, sykling og gange og reduserte bompengar i dei ni største byområda, ein auke på 1,7 mrd. kr eller over 45 pst. frå saldert budsjett 2019. Dette omfattar statleg bidrag til bymiljø-, byvekst- og belønningsavtalar og tilskot til reduserte billettprisar i dei store byane.

På landsbasis er vegtransport den dominerande transportforma. Regjeringa held fram med å prioritere utbygging av vegnettet i heile landet. Riksveginvesteringane, inkl. Nye Veier AS, blir foreslått auka med nærmare 850 mill. kr frå 2019. Regjeringa foreslår 100 mill. kr til eit nytt tilskot til fylkesvegar som er særleg viktige for næringslivet. Det er sett av 2,5 mrd. kr til å oppgradere tunnelar. Samla vedlikehaldsetterslep på veg er i 2020 rekna å falle med 700 mill. kr.

Regjeringa prioriterer å styrkje togtilbodet. Ni nye togsett skal fasast inn, nettdekninga på toga skal bli betre, og det blir fleire avgangar både på Østfoldbanen og Vestfoldbanen. Til jernbaneinvesteringane er det foreslått 13,2 mrd. kr, drygt 1 mrd. kr meir enn i 2019. Utrullinga av signalsystemet, ERTMS, held fram. Dette er et omfattande prosjekt som vil gå over mange år, og det er sett av om lag 1,4 mrd. kr i 2020. Det er sett av 88 mill. kr til den førebelse tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til bane, som blei oppretta i 2019.

Innan kystformål foreslår regjeringa å gjere den treårige forsøksordninga med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø til ei ordinær ordning frå 2020. Det er foreslått 50 mill. kr.

Regjeringa foreslår å løyve 85 mill. kr til ekstra dagar med avisdistribusjon etter omlegginga i postdistribusjonen til annankvar vekedag frå 1. juli 2020.

Regjeringa prioriterer òg forsking og utvikling, m.a. for raskt å kunne ta i bruk ny teknologi. Det er foreslått 20 mill. kr i auke til Pilot-T og 10 mill. kr til maritim ITS.

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 444,6 mill. kr.

Forslaget på kap. 1300 utgjer til saman 285,2 mill. kr og går til drift av departementet, kontingentar mv. til internasjonale organisasjonar, tilskot til trafikktryggleiksformål og til samferdselsberedskap.

Vidare omfattar programkategorien løyvingar til forsking og utgreiingar, der det samla er foreslått å løyve 159,4 mill. kr. Løyvinga vil i hovudsak gå til samferdselsforsking i regi av Norges Forskningsråd og til tilskotsordninga Pilot-T.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag til luftfartsformål er 1 078,3 mill. kr.

Det er foreslått 718,1 mill. kr til kjøp av flytransport. Til ordninga med driftstilskot til ikkje-statlege flyplassar er det foreslått 29,8 mill. kr.

Til Luftfartstilsynet er det foreslått å løyve 245,5 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 84,9 mill. kr.

Vegformål

Til Vegformål er det i alt foreslått å løyve om lag 38 mrd. kr.

Det er foreslått 32,4 mrd. kr til Statens vegvesen og 5,6 mrd. kr til Nye Veier AS. Det er foreslått om lag 6,4 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar. Til trafikant- og køyretøytilsyn er det foreslått om lag 2,2 mrd. kr.

Til investering i riksvegar er det i alt foreslått å løyve om lag 20 mrd. kr. Det er sett av 14,4 mrd. kr på Statens vegvesens investeringspostar, og 5,6 mrd. kr til Nye Veier AS, som i hovudsak driver utbyggingsaktivitet. I tillegg kjem nærmare 0,5 mrd. kr til OPS-prosjektet på rv. 3/rv. 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Innlandet.

Det blir foreslått å auke tilskotet til reduserte bomtakstar utanfor byområda til 1,4 mrd. kr, ein auke på nærmare 870 mill. kr frå saldert budsjett 2019. Auken er foreslått brukt til å nedbetale bompengegjeld i desse prosjekta:

  • E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal

  • E18 Arendal–Tvedestrand i Agder

  • rv. 13 Hardangerbrua i Vestland

  • E6 Hålogalandsbrua i Nordland.

For E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen er det lagt til grunn at innkrevjinga i bomstasjonen ved Vågstrandstunnelen skal opphøyre. For dei andre prosjekta vil ei slik ekstraordinær nedbetaling gi rom for betydelege takstreduksjonar

Det blir sett av om lag 7,1 mrd. kr til store prosjekt over Statens vegvesens budsjett.

Desse prosjekta med kostnad over 200 mill. kr er venta opna for trafikk i 2020:

  • E39 Eiganestunnelen i Rogaland

  • Rv. 13 Ryfast (Hundvågtunnelen) i Rogaland

  • E18 Varoddbrua i Agder

  • E134 Damåsen–Saggrenda i Viken

  • E6 Vindåsliene–Korporalsbrua i Trøndelag

  • E6 Tana bru i Troms og Finnmark

  • to delparseller på E6 Kolomoen–Moelv i Innlandet.

Det er sett av midlar til førebuande arbeid på desse prosjekta:

  • E18 Retvet–Vinterbro i Viken

  • rv. 4 Roa–Gran grense i Innlandet

  • E18 Lysaker–Ramstadsletta i Viken

  • E8 Sørbotn–Laukslett i Troms og Finnmark

  • rv. 555 Sotrasambandet i Vestland (OPS-prosjekt)

  • E10/rv. 85 Tjeldsund–Gullesfjordbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms og Finnmark (OPS-prosjekt).

Vidare er det sett av midlar til førebuande arbeid og ev. anleggsstart for følgende prosjekter:

  • E39 Myrmel–Lunde i Vestland

  • E39 Ørskogfjellet, krabbefelt i Møre og Romsdal

  • E6 Ballangen sentrum i Nordland

  • E16 Kvamkleiva i Innlandet (skredsikringsprosjekt).

Med budsjettforslaget på kap. 1320, post 22 og post 30 vil det samla etterslepet i vedlikehaldet på riksvegnettet bli redusert med om lag 700 mill. kr i 2020. Det er rekna at vedlikehaldsetterslepet på tunnelar på riksvegnettet blir redusert med om lag 2,1 mrd. kr.

Skredsikring er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge. Det er foreslått å løyve om lag 1,1 mrd. kr til skredsikring på riksvegar. Tilskotet til skredsikring på fylkesvegar blir innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane frå 2020.

På Statens vegvesens budsjett blir det sett av 700 mill. kr til bymiljø- og byvekstavtalar. Midlane vil i hovudsak blir brukte til å etablere samanhengande sykkelvegnett og kollektivtrafikktiltak i byar som har inngått bymiljø-/byvekstavtalar. Vidare er det sett av 200 mill. kr til tiltak for gåande og syklande på riksvegnettet utanfor desse områda. Tilskotet til gang- og sykkelvegar på det kommunale og fylkeskommunale vegnettet blir innlemma i rammetilskotet frå 2020. Til trafikktryggleikstiltak er det sett av 600 mill. kr.

Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve om lag 1,5 mrd. kr.

Det er foreslått 100 mill. kr til ei ny tilskuddsordning til fylkesveger som er viktige for næringstransport.

Det er foreslått å løyve 19,2 mill. kr til Vegtilsynet.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på 5,9 mrd. kr til særskilde transporttiltak, ein auke på 46,5 pst. frå saldert budsjett 2019.

Det er foreslått å løyve om lag 4,7 mrd. kr i statleg tilskot til dei ni største byområda som har bymiljøavtalar, byvekstavtalar eller belønningsavtalar. Av dette er det foreslått om lag 2,1 mrd. kr i tilskot til store kollektivprosjekt der staten dekkjer 50 pst. av kostnadene. Det statlege bidraget vil bli tildelt i tråd med dei fastsette retningslinjene for denne tilskotsordninga.

På bakgrunn av forpliktinga om 50 pst. statleg finansiering i gjeldande avtalar, er midlane til store kollektivprosjekt fordelte slik:

  • 768 mill. kr til Fornebubanen i Oslo og Akershus

  • 980 mill. kr til Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen

  • 132 mill. kr til Metrobussen i Trondheim

  • 190 mill. kr til Bussveien på Nord-Jæren.

Regjeringa vil tilby lokale styresmakter å auke dette tilskotet til 66 pst. under føresetnad om at halvparten av tilskotet går til reduserte bompengar og halvparten til betre kollektivtilbod etter lokal prioritering. Det er sett av 850 mill. kr til dette.

Regjeringa foreslår i tillegg om lag 1,8 mrd. kr til belønningsmidlar og tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i dei ni største byområda.

Til ordninga for utvida TT-tilbod til brukarar med særlege behov er det foreslått å løyve 236,5 mill. kr. Det er foreslått 16,1 mill. kr til konkurransen Smartere transport i Norge. Vidare er det foreslått å løyve 57,2 mill. kr til ordninga med forvaltning av system for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering og 14,6 mill. kr til kjøp av tenester frå Entur AS.

For å vidareføre avtalen mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten AS for sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes er det foreslått å løyve 856,1 mill. kr. Avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner på strekninga.

Innskota i infrastrukturfondet i 2013–2016 på i alt 100 mrd. kr gir ei avkastning på 2 053 mill. kr i 2020 som er foreslått fordelt som i dei tre tidlegare åra.

Jernbaneformål

Det er foreslått å løyve 26,8 mrd. kr til jernbaneformål.

Til Jernbanedirektoratet er det foreslått å løyve 26,6 mrd. kr, ein auke på over 1,1 mrd. kr frå saldert budsjett 2019. Løyvinga dekkjer drift av direktoratet, utgifter til planlegging og utgreiingsoppgåver, kjøp av persontransporttenester med tog, kjøp av tenester frå Bane NOR SF for drift og vedlikehald, planlegging og investeringar i infrastruktur og tilskot til den førebelse ordninga for godsoverføring frå veg til jernbane.

Til statleg kjøp av persontransporttenester med tog er det foreslått å løyve om lag 4 mrd. kr. Regjeringa styrkjer togtilbodet ved m.a. å fase inn ni nye tog, betre nettdekning om bord, fleire avgangar i rushtida og ombygging av sittevogner til vogner med liggestoler.

Det er foreslått å løyve 8,7 mrd. kr til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen. Til vedlikehald er det sett av 6,4 mrd. kr, inkludert vidareføring av ERTMS-prosjektet. I avtale med Bane NOR er det føresett at minimum 2,2 mrd. kr av dette skal nyttast til fornying av infrastrukturen.

Til planlegging av ny jernbaneinfrastruktur er det foreslått å løyve 1,6 mrd. kr. Midlane går i hovudsak til å vidareføre planlegginga av InterCity-utbygginga.

Det er foreslått å løyve 11,6 mrd. kr til investeringar i jernbaneinfrastruktur. Forslaget gir rasjonell gjennomføring av dei store, pågåande investeringsprosjekta, og utbygging av ei rekke mindre tiltak på programområda. I tillegg er det sett av midlar til å starte opp IC-prosjektet Kleverud–Sørli på Dovrebanen og delelektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 95,9 mill. kr. I løyvinga inngår òg tilsynet med tau- og kabelbanar og tivoli og moroparkar.

Kystforvaltning

Til kystforvaltning er det foreslått å løyve 2,6 mrd. kr.

Det er foreslått om lag 1,9 mrd. kr til Kystverkets driftsutgifter. Her inngår, i tillegg til drift av Kystverket, m.a. navigasjonsinfrastruktur, sjøtrafikksentralar, transportplanlegging, losordninga, beredskap mot akutt forureining og tilskot til kystkultur.

Det er foreslått å løyve 45,2 mill. kr for å dekkje utgifter til å setje i verk tiltak mot akutt forureining og redusere faren for akutt forureining. Vidare omfattar løyvinga midlar til å dekkje utgiftar til arbeidet med å etablere miljøtiltak mot kvikksølvforureining frå ubåtvraket U-864 utanfor Fedje i Vestland.

Til nyanlegg og større vedlikehald er det foreslått å løyve 244,3 mill. kr. Ein stor del av løyvinga vil gå til investeringar i navigasjonsinfrastruktur og farleier. Det er planlagd å gjøre ferdig desse farleiprosjekta:

  • innsegling Ålesund i Møre og Romsdal

  • gjennomsegling Hjertøysundet i Møre og Romsdal,

  • innsegling Vannavalen i Troms og Finnmark og

  • innsegling Farsund i Agder i 2020.

Dei statlege fiskerihamnene skal overførast til fylkeskommunane etter avtale.

Til større kjøp og vedlikehald er det foreslått å løyve 192,5 mill. kr. Innanfor løyvinga er det sett av m.a. 83,9 mill. kr til navigasjonsinfrastruktur, som vil bidra til å redusere vedlikehaldsetterslepet.

Vidare er det foreslått 10,9 mill. kr i tilskot til hamnesamarbeid, 50 mill. kr til tilskot til overføring av gods frå veg til sjø og 51,3 mill. kr til tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner.

Til drift av Samfunnet Jan Mayen er det foreslått å løyve 55,5 mill. kr. Løyvinga skal dekkje utgiftene til drifta av fellesfunksjonane på Jan Mayen.

Det er foreslått å løyve 27,3 mill. kr til Senter for oljevern og marint miljø.

Posttenester

Etter endringane i regjeringa i 2019 omfattar programområdet no berre posttenester.

Til kjøp av bank- og posttenester er det foreslått å løyve 617,4 mill. kr.

Løyvinga omfattar 83,4 mill. kr til kontrakten med Easy2You AS for omdeling av aviser på laurdagar, 85 mill. kr til halvårseffekten av kjøp av avisomdeling på vekedagar, og 449 mill. kr til statleg kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS.