7.1 Samfunnstryggleik

Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik innan sektorane veg, jernbane, luftfart og post, og for førebyggjande sjøtryggleik, hamnesikring og statleg beredskap mot akutt forureining. Arbeidet med samfunnstryggleik tek utgangspunkt i dei måla, oppgåvene og prioriteringane som er gitte i desse stortingsmeldingane:

  • Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet , jf. Innst. 426 S (2012–2013)

  • Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap: Oppfølging av NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen , jf. Innst. 425 S (2012–2013)

  • Meld. St. 35 (2015–2016) På rett kurs – Forebyggende sjøsikkerhet og beredskap mot akutt forurensning , jf. Innst. 72 S (2016–2017)

  • Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn , jf. Innst. 326 S (2016–2017).

I tillegg kjem:

  • Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 , jf. Innst. 460 S (2016–2017)

  • Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge , jf. Innst. 84 S (2016–2017)

  • Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar , jf. Innst. 187 S (2017–2018)

  • Strategi for samfunnssikkerhet i samferdselssektoren av 2015.

Ei av oppgåvene til departementet er å sikre eit trygt og robust transportsystem, og sørge for at dei behova samfunnet har for transport under kriser, i størst mogeleg grad blir dekte. Etatane, tilsyna og selskapa/føretaket i samferdselssektoren har òg eit sjølvstendig ansvar for tryggleiken innan sitt ansvarsområde og for å bidra til samfunnstryggleiken generelt. Ein føresetnad for dette er samarbeid på tvers i sektoren og med andre styresmakter og aktørar, både i det førebyggjande arbeidet og ved handtering av kriser.

Samferdselsdepartementets strategi for samfunnstryggleik i samferdselssektoren frå hausten 2015 gir dei overordna føringane for arbeidet og skal medverke til ei systematisk og heilskapleg tilnærming.

Arbeidet tek utgangspunkt i tre overordna mål:

  • unngå store uønskte hendingar som skadar personar, miljø eller materiell

  • minske følgjene av slike hendingar om dei skulle oppstå

  • sikre pålitelegheit og framkome i transportsystemet, både i ein normalsituasjon og under påkjenningar.

Den tredelte målformuleringa gjer det tydeleg at tryggleik skal forståast både som fråvær av skade og fråvær av driftstans og driftsforstyrringar. For å nå desse måla er det nødvendig med ein kontinuerleg innsats frå styresmaktene og verksemdene i sektoren (etatar og tilknytte selskap/føretak) for å sikre infrastruktur, system og funksjonar, styre og regulere trafikk og annan aktivitet i transportnetta og transportsystema. I tillegg kjem beredskapsplanlegging og handtering av uønskte hendingar.

Verksemdene i sektoren skal i arbeidet med samfunnstryggleik særleg prioritere klimatilpassing, IKT-tryggleik og sikring av kritiske objekt og funksjonar. På bakgrunn av den overordna strategien frå departementet har verksemdene utarbeidd eigne strategiar og handlingsplanar for arbeidet med samfunnstryggleik, som ligg til grunn for deira arbeid. Departementet har i de seinare åra òg bedt verksemdene om å setje av nødvendige ressursar til arbeidet med å revitalisere totalforsvaret. Verksemdene skal vidareføre arbeidet med dei prioriterte områda innanfor samfunnstryggleik i 2020.

For å fremje dei overordna måla og dei prioriterte områda, vil departementet og verksemdene i 2020 halde fram arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, krise- og beredskapsplanar, øvingar og evalueringar. For å setje i verk førebyggjande tiltak og forbetre beredskapsplanverk skal erfaringane frå dette arbeidet leggjast til grunn. Verksemdene skal òg arrangere eigne krisehandteringsøvingar og vere med på større fellesøvingar som krev samhandling på tvers av sektorar og forvaltningsnivå eller med aktørar i andre land.

7.1.1 Klimatilpassing

Noreg har i dag store utfordringar med flaum og skred, m.a. på grunn av topografi, eit klima med store temperaturvariasjonar og vanskelege grunntilhøve t.d. kvikkleire. Transportetatane vil i 2020 arbeide vidare med tiltak for å gjere infrastrukturen meir robust mot klimaendringane og styrkje evna til å oppretthalde transport trass i påkjenningar frå uvêr. Verksemdene vil òg medverke til at det ikkje blir gjort uheldige arealdisponeringar eller aktivitetar i områda nær infrastrukturen som kan auke skaderisikoen.

Klimaendringane får innverknad på all infrastruktur, og samordning på tvers av sektorar er derfor sentralt. I det regjeringsoppretta nettverket Naturfareforum samarbeider m.a. Statens vegvesen, Bane NOR SF, Kystverket og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Forumet har som formål å styrkje samarbeidet om klimatilpassing og naturfare mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar. Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet og Avinor AS bidreg òg til Klima 2050. Det er eit senter for forskingsdrive innovasjon som skal medverke til å utvikle nye løysingar for klimatilpassing av infrastruktur og bygningar.

7.1.2 IKT-tryggleik

Samferdselsdepartementets ansvar og oppgåver innanfor IKT-tryggleik er knytt til rolla som pådrivar for at etatane, selskapa og føretak i samferdselssektoren følgjer opp ansvaret dei har for IKT-tryggleik i eiga verksemd og innan sitt ansvarsområde.

Digitaliseringa av samfunnet skjer svært raskt, og stadig nye delar av transportsektoren blir avhengig av digitale løysingar. Det er derfor viktig at verksemdene i sektoren prioriterer arbeidet med IKT-tryggleik, at dei tek del i internasjonale samarbeidsfora og arbeider enda meir med eksisterande og potensielle framtidige digitale sårbarheiter. I 2018 gav Samferdselsdepartementet og transportetatane innspel både til utkast til lov som gjennomfører EUs direktiv om tryggleik i nettverk og informasjonssystem (NIS-direktivet) i norsk rett og til utgreiinga til det regjeringsoppnemnde IKT-tryggingsutvalet (Holte-utvalet). Begge arbeida er viktige premissleverandørar for det vidare arbeidet med å styrkje IKT-tryggleiken i transportsektoren.

Etableringa av eit eige rammeverk for å handtere IKT-tryggingshendingar er eit sentralt tiltak i regjeringa sitt arbeid med å styrkje den nasjonale evna til å avdekkje og handtere digitale angrep. I 2018 blei rammeverket implementert i transportsektoren, noko som m.a. innebar å innhente aktørkart knytt til digital hendingshandtering frå alle underliggjande verksemder. I 2020 vil Samferdselsdepartementet arbeide for å utvikle rammeverket for å handtere IKT-tryggingshendingar og sektoren sitt samarbeid med NSM NorCERT. Transportverksemdene har òg etablert eit samarbeidsforum for å utveksle informasjon og diskutere felles utfordringar. Dette samarbeidet held fram i 2020.

7.1.3 Sikring av kritiske objekt og funksjonar

Samferdselsdepartementet har ansvaret for å ha oversikt over og styrkje robustheita i kritisk infrastruktur og viktige samfunnsfunksjonar i sektoren. Det gjeldande trusselbiletet gjer at sikring og beredskap mot terrorhandlingar er eit særleg viktig og prioritert område.

Ny lov om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje våre nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.

For å verne dei nasjonale tryggleikssinteressene, legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale sikkerheitssinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kgl. res. 20. desember 2018 skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng m.a. av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten på verdikjedene og den sikkerheitsfaglege kompetansen i departementa.

Samferdselsdepartementet tek sikte på å fastsetje GNF i eigen sektor innan utgangen av 2019. I lys av dette vil departementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er nødvendig. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i dei identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget for departementet si utpeiking og klassifisering av eventuelle skjermingsverdige objekt og skjermingsverdig infrastruktur i sektoren, og fastsetting av fristar for å gjennomføre nødvendige sikringstiltak. Samferdselsdepartementet vil ha gjennomført ein betydeleg del av arbeidet i 2019.

GNF i transportsektoren vil i hovudsak vere knytt til tre felles dimensjonar:

  • oppretthalde framkome og funksjonalitet i dei delar av transportinfrastrukturen og tilknytte tenester som er avgjerande for at transport som er viktig for nasjonale tryggingsinteresser kan gjennomførast

  • oppretthalde trafikkovervaking og formidling av overvakingsinformasjon

  • gjere tilgjengeleg transportressursar innan veg-, bane- og luftfart som er nødvendig for at transport som er viktig for nasjonale tryggingsinteresser kan gjennomførast.

Formuleringa av dei grunnleggjande nasjonale funksjonane kan bli justerte og tilpassa formuleringar av grunnleggjande nasjonale funksjonar under ansvarsområda til andre departement.

Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber m.a. at objekt som er klassifiserte etter den gamle lova, òg er klassifiserte etter ny lov.

7.1.4 Totalforsvaret

Det moderniserte totalforsvarskonseptet omfattar i dag samarbeid og gjensidig støtte mellom Forsvaret og det sivile samfunn i samband med førebygging, beredskapsplanlegging, krisehandtering og konsekvenshandtering i heile krisespekteret, frå fred via tryggleikspolitisk krise, til væpna konflikt. Samferdselssektoren er ein viktig del av dette.

Den sivile støtta skal i størst mogeleg grad vere basert på kommersielle ordningar og samarbeid med sivil sektor gjennom leverings- og beredskapsavtalar. I tilfelle der marknadsmekanismane ikkje sjølv løyser transportbehovet, kan Samferdselsdepartementet påleggje transportaktørar å utføre visse transportoppdrag. Departementet vil derfor halde fram arbeidet med å revidere regelverk og planverk innanfor transportberedskapen. Forsvaret vil vere tett involvert i dette arbeidet.

Regjeringa etablerte hausten 2016 Program for vidareutvikling av Totalforsvaret (Totalforsvarsprogrammet). Formålet er å styrkje samhandlinga mellom sivil og militær side og auke robustheita i sju samfunnskritiske funksjonar som NATO har fastsett. Samferdselsdepartementet har saman med underliggjande verksemder følgd opp programmet ved å etablere to prosjekt for dei samfunnskritiske funksjonane transport og elektronisk kommunikasjon. Sistnemnde prosjekt er i 2019 overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Samferdselsdepartementet vil halde fram med transportprosjektet til 2020.

Fleire av verksemdene tok del i planlegginga og gjennomføringa av NATO-øvinga Trident Juncture i 2018, både ved å leggje til rette for feltøvinga og ved å ta del i stabsdelen av øvinga. Vidare tok fleire av verksemdene del i NATO-øvinga Trident Jupiter i 2019. I samband med øvingane dei siste åra er det inngått samarbeidsavtalar mellom etatane og Forsvaret om vertslandsstøtte og liaisonverksemd som òg skal fungere utanom øvingar. Det er i tillegg inngått beredskapskontraktar mellom nokre kommersielle transportverksemder og Forsvaret. Samarbeidet med Forsvaret og støtta til Totalforsvarsprogrammet held fram i 2020.

7.1.5 Andre saker

Samferdsel er ein viktig føresetnad for fleire andre beredskapsaktørar, og store samferdselsprosjekt påverkar såleis ikkje berre transportsektoren. Gjennom prosjektet Samfunnssikkerhet og samfunnsøkonomisk metode (SAMSØM) fekk Samferdselsdepartementet hausten 2017 greidd ut korleis verknader på samfunnstryggleik betre kan bli identifisert og synleggjort i større samferdselsprosjekt, og dermed inngå som ein del av grunnlaget i prioriteringa av desse.

Funna blei vidareutvikla i ei utgreiing på etatsnivå om samfunnstryggleik i ny Nasjonal transportplan, og inngår i eit eige deloppdrag for Nasjonal transportplan 2022–2033. Formålet med oppdraget er å teste ut metoden for å identifisere og synleggjere verknader på samfunnstryggleik i praksis. Viss erfaringane frå utprøvinga tilseier det, vil det bli vurdert om metodikken bør nyttast av verksemdene i det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan.

Regjeringa la i november 2018 fram den nasjonal strategien På rett sted til rett tid for å fastsetje posisjon, navigasjon og tid (PNT) som ein del av arbeidet med å styrkje samfunnstryggleiken. Strategien skal styrkje samfunnstryggleiken gjennom bevisstgjering om sårbarheit for svikt i PNT-system og hjelpe til å gjere samfunnet mindre sårbart gjennom førebyggjande tiltak og beredskap.

Departementet vil i 2020 halde fram med dei halvårlege kontaktmøta med verksemdene. Deltaking i samfunnstryggleiksaktivitetar med andre nasjonale styresmakter, EU og NATO vil òg bli vidareført.

Utgiftene til oppgåver og tiltak innan samfunnstryggleik i samferdselssektoren dekkjer etatane over budsjetta sine. Oppgåver og tiltak inngår som integrerte delar av det daglege arbeidet med å sørgje for eit trygt og påliteleg transportsystem.

7.2 Kollektivtransport

Ansvaret for kollektivtransporten er fordelt på fleire forvaltningsnivå og statlege aktørar. Staten har eit overordna ansvar for den samla transportpolitikken, inkludert å utvikle og fastsetje rammevilkåra for kollektivtransporten. Statens vegvesen har ansvaret for å ha oversikt over det totale biletet i kollektivtransportsektoren, som omfattar fylkeskommunal kollektivtransport og aktiviteten i dei største byområda. Jernbanedirektoratet har eit overordna ansvar for samspelet i kollektivtrafikken, inkludert å samle inn og gjere tilgjengeleg informasjon til dei reisande og leggje til rette for saumlause reiser.

Fylkeskommunane og Oslo kommune har ansvaret for den lokale kollektivtransporten, med unntak av jernbanen. Dei yter tilskot til lokale ruter med buss, båt (ikkje riksvegferjer), trikk, T-bane og bybane, og dei fastset omfanget av rutetilbodet og takstar m.m. Statens vegvesen og fylkeskommunane har ansvaret for å gjennomføre kollektivtiltak på høvesvis riksvegnettet og fylkesvegnettet, medan kommunane har dette ansvaret på det kommunale vegnettet. Kommunane har òg ansvaret for areal- og parkeringspolitikken, som har vesentleg innverknad på kollektivtransporten.

Det er eit mål at veksten i persontransport i byområda skjer med kollektivtransport, sykkel og gange, jf. Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 .

7.2.1 Utviklinga i kollektivtransporten

Den positive utviklinga i kollektivtransporten held fram. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i 2018 var om lag 681 millionar kollektivreiser (påstigingar) med buss, båt, T-bane, trikk/ bybane og jernbane. Dette er ein auke på 2,4 pst. samanlikna med 2017. 59,1 pst. av reisene var med buss, 27,8 pst. med T-bane, trikk og bybane, 11,4 pst. med jernbane og 1,7 pst. med båt. I tal auka T-bane, trikk og bybane mest frå 2017 til 2018 med 7,2 millionar reiser. I prosent auka jernbane mest, med 5,7 pst.

I 2018 blei 64 pst. av alle kollektivreiser, ekskl. jernbane, gjennomført i dei fire største byområda, dvs. Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Totalt var det registrert 434 millionar reisande med lokal kollektivtransport, ekskl. jernbane, i desse byområda, som er ein auke på 3,5 pst. frå 2017. Dei siste ti åra har veksten i den lokale kollektivtransporten i dei fire største byområda vore på rundt 62 pst.

Talet på reisande med lokaltog har auka i alle dei fire største byområda. I Stavanger var auken på 24,6 pst. samanlikna med 2017. I Oslo-området var auken på 6,3 pst., medan han i Trøndelag var på 6,1 pst. I Bergen har det vore ein auke både på strekninga Bergen–Arna og Bergen–Voss–Myrdal på høvesvis 1,1 pst. og 1,9 pst.

Figur 7.1 viser tal på passasjerar med buss, sporveg og forstadsbane, jernbane og båt i perioden 2009–2018.

Figur 7.1 Kollektivtransport i heile landet

Figur 7.1 Kollektivtransport i heile landet

Kilde: Statistisk sentralbyrå

Figur 7.2 viser talet på passasjerar med buss og sporveg og forstadsbane i Oslo, Bergen, Trondheim, og Stavanger i perioden 2009–2018.

Figur 7.2 Kollektivpassasjerar i dei fire største byane

Figur 7.2 Kollektivpassasjerar i dei fire største byane

Kilde: Statistisk sentralbyrå

Tala i den nasjonale reisevaneundersøkinga for 2018 viser at 11 pst. av alle daglege reiser er med kollektivtransport.

7.2.2 Verkemiddel

Dei viktigaste verkemidla for å gjere kollektivtransporten meir konkurransedyktig samanlikna med personbilen, er å gjere han meir påliteleg gjennom å bidra til god framkome, kapasitet og kortare reisetid.

Den teknologiske utviklinga gir nye moglegheiter til å utvikle eit effektivt og klimavennleg kollektivtransportsystem. Dei viktigaste døma på dette er elektrifisering, sjølvkøyrande køyretøy, digitalisering, samverkande system og nye tenestekonsept som «Mobility as a Service» der ein m.a. kan nytte digitale plattformer for å tilby meir skreddarsydde tenester til kvar enkelt reisande.

Digitalisering og nye applikasjonar kan gi tenester som kan gjere kollektivsystemet enklare og meir saumlaust, og gjere at fleire vel å reise kollektivt. Eit døme er Entur AS som har utvikla ein app med gjennomgåande reiseinformasjon og som blir kopla med billettkjøp på tog, førebels i tre fylke. Enturs tenester er opent tilgjengelege, og blir òg nytta som ein del av andre løysingar for gjennomgåande reiseinformasjon. Innsamling og tilgjengeleggjering av reisedata for alle transportformer vil leggje til rette for saumlause reiser på tvers av transportformer, og gjere det enklare å nytte kollektivt på delar av reisa. Samtidig vil nye løysingar for billettering bidra til enklare og meir fleksible billettsystem.

Toget som transportform har høg kapasitet og kan flytta mange reisande raskt. Utviklinga av togtilbodet med meir marknadsretta rutemodellar og investering i ny jernbaneinfrastruktur, er viktige bidrag for å betre kollektivtilbodet. Jernbanedirektoratet inngår etter konkurranse trafikkavtalar med togoperatørar om å drive persontransport med tog. Dei nye avtalane skal m.a. bidra til eit betre togtilbod.

Bussen har ei ulik rolle i byområda og distrikta. I byområda er eit godt fungerande busstilbod ein føresetnad for å handtere store reisestraumar og nå målet om nullvekst i persontransport med bil. I distrikta er marknadsgrunnlaget mindre. Her har busstilbodet ei viktig rolle i transport av skuleelevar og for dei som ikkje har bil. Ekspressbuss er eit viktig bindeledd mellom landsdelar og regionar.

God framkome er òg ein føresetnad for å styrkje konkurransekrafta til busstransporten og redusere driftskostnadene. Fart gir ein indikasjon på framkome. Målingar frå hovudvegnettet for buss i dei fire største byområda viste at farten gjekk ned i 2018 i Oslo, Trondheim og Stavanger samanlikna med 2017, medan han auka i Bergen.

Bygging av kollektivfelt og oppgradering av haldeplassar og knutepunkt er med på å bidra til betre framkome og tilgjenge for alle trafikantar.

Annan skinnegåande transport, som Bybanen i Bergen og T-banen i Oslo, har stor kapasitet og køuavhengig trafikkavvikling. Desse transportformene har som hovudoppgåve å handtere dei mest trafikksterke strekningane i dei tettbygde delane av byområda.

7.2.3 Løyvingar til kollektivtransporten

Statlege løyvingar til kollektivtransportsystemet går over veg- og jernbanebudsjetta og særskilde transporttiltak. Den lokale kollektivtransporten blir finansiert av dei frie inntektene til fylkeskommunane, billettinntekter og gjennom særskilde statlege tilskot. I omtalen av rammeoverføringar til kommunesektoren i del II er det ein tabell som m.a. viser utgiftene fylkeskommunane hadde til rutedrift i 2018. Løyvingane over Samferdselsdepartementets budsjett som er retta mot kollektivtransport, går fram av tabell 7.1.

Tabell 7.1 Løyvingar til kollektivtransport

(i 1 000 kr)

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 2019/2020

Kjøp av persontransport med tog

4 195 100

4 024 200

-4,1

Jernbaneinvesteringar, drift og vedlikehald 1

21 341 900

22 464 400

5,3

Kollektivtrafikktiltak og universell utforming, -riksvegnettet

48 600

50 000

2,9

Bymiljøavtalar og byvekstavtalar (og tiltak langs riksveg 2 )

659 700

692 100

4,9

Belønningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtalar

771 000

1 150 000

49,2

Særskild tilskot til store kollektivprosjekt

1 532 000

2 070 000

35,1

Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda

752 000

350 000

-53,5

Statleg tilskot til betre kollektivtilbod i dei fire største byområda

0

425 000

Tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtrafikk i dei største byane

0

300 000

Tilskot til utvida TT-ordning for brukarar med særskilde behov

184 200

236 500

28,4

Tilskot til reiseplanleggar og elektronisk billettering

34 100

57 200

67,7

Sum kollektivtiltak over statsbudsjettet

29 418 600

31 819 400

8,2

1 Omfattar òg utgifter på kap. 1352 Jernbanedirektoratet, post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter – planar og utgreiingar.

2 Omfattar òg tiltak for gåande og syklande.

7.2.4 Oppfølging av handlingsplanen for kollektivtransport

Samferdselsdepartementet utarbeidde ein ny handlingsplan for kollektivtransport i 2018. Den følgjer opp satsinga på kollektivtransport som regjeringa la fram m.a. i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 . Planen byggjer på måla i Nasjonal transportplan om betre framkome og klima. I handlingsplanen blir det lagt fram konkrete tiltak for å gjennomføre dei strategiske føringane som blir omtalte i Nasjonal transportplan 2018–2029. Planen handlar i første rekkje om kva statlege aktørar skal bidra med.

Det er i handlingsplanen skissert ei rekkje tiltak for å forbetre kollektivtransporten. Dei budsjettmessige store tiltaka, som jernbane og satsing i dei store byområda, er nærmare omtalte i del II. I tillegg er det mange andre tiltak som kvar for seg bidreg til å gjere kollektivtransporten betre. Dette er m.a. tiltak for betre framkome, knutepunktutvikling, kompetanse og statistikk, reiseplanlegging, klima og miljø, tryggleik, og teknologi.

I tråd med handlingsplanen har Stortinget vedteke endringar i regelverket for kommersielle bussruter. Det er no mogeleg å få utdanningsstøtte frå Lånekassen for å få personar til å ta bussjåførutdanning. Regjeringa har òg lagt fram ein plan for å nå målet om fossilfri kollektivtrafikk innan 2025.

Status og vurdering av komande innfartsparkeringsplassar er levert og viser 1 586 nye parkeringsplassar i løpet av 2019. Rapport om betre løysingar for bussframkome i kryss er levert og viser fleire mogelege kryssløysingar, òg innanfor eksisterande regelverk.

Arbeidet med å etablere eit kompetansesenter for samferdselsfag, der m.a. Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet bidreg, er svært viktig for å auke kompetansen innan fagområda kollektivtransport og mobilitet. Utviklinga av låg- og nullutsleppsløysingar i kollektivtransporten, blir følgt opp både på EU- og FN-nivå. Statistikk og fakta om kollektivtransport blir samla i transportrekneskap for berekraftig mobilitet.

Fagmateriell innan kollektivtransport og universell utforming blir jamleg oppdatert – og kunnskap blir delt og diskutert m.a. gjennom Brukermedvirkningsforum for veg. Forskingsbehov og forskingsresultat blir følgde opp, m.a. gjennom ein rapport om framkome og trafikktryggleik ved ulike typar haldeplassar. Kollektivfaglege artiklar på Tiltakskatalog.no er planlagt oppgraderte, og faste rapporteringar som kilometer kollektivfelt bygd og oppgradering av haldeplassar med universell utforming blir følgt jamleg. Forbetring av transportmodellar og samfunnsøkonomiske analysemetodar blir det arbeidd jamt med. Ein ny nasjonal verdsetjingsstudie blir sluttført i 2019, og Forskings- og utviklingsprogrammet Bedre by blir avslutta.

7.3 Nordområda

For å lykkast med nordområdearbeidet prioriterer regjeringa samferdsel. I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt opp til å gjennomføre ei rekkje prosjekt i nordområda. Tiltaka skal sikre framkome og leggje til rette for betre konkurranseevne slik at den positive økonomiske utviklinga i Nord-Noreg kan halde fram. I 2018 blei t.d. fleire prosjekt på E6 mellom Narvik og Alta opna for trafikk, noko som har korta inn strekninga med om lag 41 km. I tillegg til raskare samband blir strekninga tryggare, både med tanke på trafikktryggleik og at det blir færre stengingar som følgje av skred og uver. I tillegg til investeringar i ny og betre infrastruktur er satsinga på drift og vedlikehald viktig. Dette gjer transportsystemet i nord meir påliteleg og sikkert.

Transportsystemet i nord er vevd tett saman med transportsystemet i nabolanda. Det er derfor viktig med eit nært samarbeid om å utvikle dei grensekryssande sambanda. Samarbeidet er dels langsiktig og strategisk, og dels handlar det om konkrete prosjekt og operativ samhandling. Ein viktig arena for samarbeid i nordområda er Barentssamarbeidet. Sverige har vidareført arbeidet med å oppdatere ein felles transportplan for Barentsområdet som m.a. identifiserer nettverk med transportkorridorar mellom dei fire nabolanda. Transportnettverket omfattar alle transportformene, men vegsystemet er naturleg nok det mest omfattande. Noreg vil frå hausten 2019 ha ansvaret for transportarbeidsgruppa i Barentssamarbeidet for dei neste to åra. Arbeidet i perioden vil dreie seg om felles problemstillingar innan tema som klima/miljø, teknologi, trafikktryggleik og utvikling av grensekryssande transportkorridorar.

Som kompensasjon for at den differensierte arbeidsgivaravgifta fall bort 1. juli 2014 blei det løyvd midlar til m.a. infrastrukturtiltak i Nord-Noreg for veg, jernbane og kyst. Da denne avgifta blei innført igjen frå 2018, blei det lagt opp til at tiltak som var sette i gang, blir gjennomført. Det gjeld m.a. rv. 77 Tjernfjellet i Saltdal kommune i Nordland, som opna for trafikk i oktober 2019, og innsegling til Leirpollen i Tana kommune i Troms og Finnmark.

På riksvegnettet er fleire prosjekt i Nordland og Troms og Finnmark opna for trafikk i 2018/2019. Det er:

  • E6 Helgeland nord som blei opna for trafikk i oktober 2019

  • rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset innanfor Bypakke Bodø som blei opna for trafikk i april 2019

  • E6 Hålogalandsbrua som blei opna for trafikk i desember 2018

  • Tromsø hamn, Breivika som blei opna for trafikk i september 2019

  • E6 Indre Nordnes–Skardalen som blei opna for trafikk i november 2018 (skredsikringsprosjekt)

  • E6 Storsandnes–Langnesbukt som blei opna for trafikk i november 2018 og var siste etappe av den samla utbygginga av E6 vest for Alta.

Vidare er Tana bru i Troms og Finnmark venta opna for trafikk i august 2020.

I Nordland blir utbygginga av E6 Helgeland sør vidareført i 2020. Anleggsarbeida på sju av delstrekningane starta i 2017, medan anleggsarbeida på delstrekninga Kapskarmo–Brattås–Lien starta opp i 2018. Arbeida på dei sju delstrekningane er venta avslutta i 2020, medan delstrekninga Kapskarmo–Brattås–Svenningelv er venta opna for trafikk i oktober 2019.

Det er for 2020 sett av midlar til førebuande arbeid på E10/rv. 85 Tjeldsund–Gullesfjordbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms og Finnmark og til vidareføring av skredsikringsprosjektet E69 Skarvbergtunnelen i Troms og Finnmark. Sistnemnde prosjekt er venta opna for trafikk i 2021.

Tiltak på riksvegnettet er nærmare omtalt i del II under Vegformål.

Målt i tonn går i dag om lag to tredelar av godstransporten på jernbane i Noreg på Ofotbanen. I tillegg til malmtransporten frå Nord-Sverige bidreg banen til godstransporten mellom Sør- og Nord-Noreg. Det er dei siste åra gjennomført mange investeringstiltak på Ofotbanen, noko som har auka kapasiteten på banen. I samarbeid med svenske styresmakter greidde Jernbaneverket ut utbygging av dobbeltspor på Ofotbanen for å auke kapasiteten ytterlegare. Kapasitetsproblema er størst på svensk side, og dei må løysast før det er aktuelt med tiltak på norsk side. Dette er så langt ikkje prioritert på svensk side. Jernbanedirektoratet vil hausten 2019 starte arbeidet med ei konsekvensutgreiing av strekninga på norsk side.

Ein bane frå Fauske til Tromsø har tidlegare blitt greidd ut. Jernbanedirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit oppdatert kostnadsanslag for ei ny jernbanestrekning Fauske–Tromsø og ein samfunnsøkonomisk analyse for ei slik utbygging. Jernbanedirektoratets rapport blei sendt på høyring i juli 2019, og tilråding vil bli sendt til departementet i desember 2019.

I tråd med bompengeavtalen til regjeringspartia er det sett av midlar til ei heilskapleg konseptværutgreiing (KVU) for utvikling av transportløysingar i Nord-Noreg, inkludert Nord-Norgebanen. Regjeringa vil fastsetje mandat til utgreiinga før eit nærmare oppdrag blir gitt til etatane.

Farleia inn til Bodø hamn har fleire grunner som set grenser for storleiken på fartøya som kan gå inn til hamna. Prosjektet omfattar utdjuping i innseglinga og hamna. Første del av prosjektet som gjeld hamna blei ferdig i 2017. Andre del som omfattar utdjupinga i innseglinga, vil bli fullført i 2020. Tiltaket vil betre framkoma og redusere risikoen for ulykker i innseglinga til hamna.

Samferdselsdepartementet bidreg til å sikre regionale flyruter i Nord-Noreg og helikopterruta mellom Bodø og Værøy gjennom statleg kjøp, jf. omtale i del II under Luftfartsformål.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn at statlege midlar, saman med lokale bidrag og bidrag frå Avinor AS, skal finansiere ei flytting av Bodø lufthamn. Skisseprosjektet i regi av Avinor er avslutta, og ei tilpassa ekstern kvalitetssikring blir gjennomført i regi av Samferdselsdepartementet.

Samferdselsdepartementet er i dialog med lokale interessentar om bygging av ny lufthamn i Mo i Rana. I Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn midlar til den nye lufthamna i andre delen av planperioden.

Avinor gjennomfører ein regional analyse av den framtidige lufthamnstrukturen i Lofoten, Ofoten og Vesterålen og tek sikte på å kome med ei tilråding til departementet hausten 2019. På oppdrag frå Samferdselsdepartementet leverte Avinor i juni 2019 ei konseptvalutgreiing for luftfartssystemet i Hammerfest-området.

I Bodø byggjer Avinor no eit nytt senter for fjernstyrte tårn. Etter planen skal senteret i første omgang drive fjernstyring av tårna på 15 mindre lufthamner. Overføringa til fjernstyring frå Bodø vil etter planen starte hausten 2019.

Norsk nærvær på Jan Mayen blir oppretthalde. Den geografiske plasseringa gjer øya godt eigna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem. Det er sett i gang eit forprosjekt for nytt hovudbygg på øya som skal vere ferdig innan utgangen av 2019.

Regjeringa vil sikre beredskapen mot akutt forureining og den førebyggjande sjøtryggleiken i nord.

Kystverkets overvakings- og informasjonssystem BarentsWatch skal gi ei heilskapleg oversikt over aktiviteten i norske hav- og kystområde òg i nordområda. Dei mest brukte tenestene på den opne delen av BarentsWatch er «Bølgevarsel», «Fiskinfo» og «Fiskehelse». I den lukka delen er det utvikla m.a. eit Felles ressursregister med formål å gi ei oppdatert og samla oversikt over relevant personell og utstyr som kan takast i bruk ved hendingar og ulukker.

Kystverkets AIS-satellittar sikrar at overvakinga av fartøy i havområda er driftssikker og kostnadseffektiv. På Svalbard etablerer Kystverket landbaserte AIS-basestasjonar, noko som vil gi betre oversikt over den maritime trafikken rundt øygruppa.

Senter for oljevern og marint miljø som ligg i Svolvær i Vågan kommune, er eit kompetansesenter innanfor arbeidet med oljevern og marin forsøpling. Det samarbeider med fagetatar og aktørar om å leggje til rette for og gjennomføre tiltak innanfor begge områda. Innan oljevern vil senteret si satsing bli gjennomført i tett dialog med Kystverkets fagekspertise på akutt forureining generelt og oljevern spesielt.

7.4 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Det er gjennomført store reformer i samferdselssektoren som skal gi meir effektiv bruk av midlar og eit betre tilbod til brukarane. I praksis har heile sektoren vore i kontinuerleg omstilling sidan regjeringsskiftet i 2013. Etableringa av Nye Veier AS og jernbanereforma er dei viktigaste tiltaka. Ut frå dei utbyggingane som Nye Veier AS har sett i gang, meiner selskapet at den porteføljen som det har fått ansvaret for, kan bli bygd ut både billegare og vesentleg raskare enn opphaveleg føresett, jf. Meld. St. 25 (2014–2015).

Regjeringa har utarbeidd ein overordna gevinstrealiseringsplan for jernbanereforma. I planen er det lagt opp til at reforma vil realisere ein netto samla gevinst på 4,5 mrd. kr fram mot 2026.

I dei andre verksemdene i samferdselssektoren blir det òg arbeidd med effektivisering og modernisering.

Dei viktigaste tiltaka er omtalte under.

7.4.1 Program for effektivisering av Statens vegvesen

Statens vegvesen skal effektivisere etaten for å nå eit overordna mål om meir veg for pengane. Effektiviseringsarbeidet omfattar etaten sitt samla verksemdsområde, både eksterne og interne kostnader. Regjeringa har sett krav om at Statens vegvesen skal redusere sine interne kostnader frå 12,7 mrd. 2020-kr i 2017 til 10,9 mrd. 2020-kr i 2023, jf. Prop. 1 S (2018–2019).

Statens vegvesen gjennomgår store endringar. Regjeringa legg opp til at administrasjonen av fylkesvegane skal bli overført til fylkeskommunane 1. januar 2020, noko som inneber ein stor reduksjon i talet på tilsette i etaten. Samtidig blir dagens regioninndeling erstatta med divisjonar som vil få ansvar for ulike fagfelt. Den nye organisasjonsmodellen vil leggje til rette for meir effektivitet og betre styring av etaten. Omstillinga vil krevje ressursar i ein overgangsperiode, men vil leggje til rette for å kunne ta ut gevinstar av effektiviseringa, t.d. gjennom å samle funksjonar og oppgåver, standardisere og spesialisere og til ein viss grad setje ut tenester. I den nye organisasjonsmodellen vil det bli lagt vekt på tiltak som intern mobilitet, fleksibel utnytting av kapasitet og forenkling av oppgåver og prosessar.

I 2018 reduserte Statens vegvesen dei interne kostnadene med om lag 470 mill. kr. Store delar av reduksjonen i dei interne konstnadene kjem av redusert ressursbruk som følgje av effektiviseringstiltak og reduksjon i talet på tilsette, som har blitt nytta til auka vedlikehald og investeringsprosjekt. Ein mindre del av reduksjonen kjem òg av endra aktivitetsnivå for investeringar. Dei gevinstane etaten isolert sett frigjer gjennom effektiviseringstiltak i 2019 vil bli nytta til digitalisering og gjennomføring av investeringsprosjekt. Digitalisering er viktig for ytterlegare effektivisering og for å oppnå lågare kostnader i framtida, samtidig som det òg dekkjer kundebehovet på ein desentralisert måte ved at innbyggarane kan løyse problemstillingar frå eigen heim, skule eller arbeidsplass. Statens vegvesen vil halde fram sitt effektiviseringsarbeid i 2020.

Finansdepartementet, Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen utviklar eit sett med overordna indikatorar for å følgje opp arbeidet med å effektivisere etaten.

Statens vegvesen har dei siste åra arbeidd med å redusere bemanninga og nivået på kjøp av konsulenttenester. Resultatet av dette er at samla bemanning i etaten er redusert frå 7 313 heile stillingar ved utgangen av 2015 til 6 806 ved utgangen av 2018. I same periode er tenestekjøpa redusert med om lag 470 mill. kr.

Digitalisering

Statens vegvesen vil halde fram arbeidet med digitalisering av sjølvbeteningsløysingar innan trafikant- og køyretøyområdet, søknadsprosessar, vegnormalar og andre digitaliseringstiltak av betyding både for eigen og andre sin effektivitet. Planlegging og utbygging av vegar basert på digitale modeller skal vidareutviklast.

I arbeidet med å leggje til rette for transportsystemet i framtida og bidra til auka digitalisering av vegnettet med betre tenester til trafikantane, er det viktig med ei effektiv deling og bruk av veg- og trafikkdata. Innanfor vegforvaltninga er målet å gå frå ei erfaringsbasert til meir tilstands- og risikobasert forvalting og vedlikehaldsstyring, basert på datainnsamling og analyse. Etableringa av ei plattform for samverkande ITS vil medverke til ei effektiv og sikker trafikkstyring. Ein digital tvilling er ein digital kopi av t.d. ei vegstrekning slik ho er planlagd og bygd. Bruk av slike modellar i vegbygginga vil gjere samarbeidet mellom dei ulike aktørane gjennom livsløpet til heile vegen enklare.

Sidan 2014 har det vore eit mål at alle trafikant- og køyretøytenester som ikkje krev oppmøte på trafikkstasjon, skal digitaliserast. Fleire oppslagstenester og dei fleste køyretøytenestene er tilgjengeleg på nett, i tillegg til tenester for førarkort og kompetansebevis. Statens vegvesen vil arbeide vidare med å utvide eksisterande og utvikle nye sjølvbeteningsløysingar. Framover skal etaten prioritere at fleire av prosessane blir meir automatiserte, og at fleire løysingar for tilsyn og kontroll blir utvikla. Det blir òg gjennomført tiltak for å få publikum til i større grad å ta i bruk sjølvbeteningsløysingane, m.a. ved bruk av differensierte prisar slik at bruk av ei teneste på nett vil vere billegare enn ved oppmøte på ein teneststad.

Fleire av tenestene er ein del av prosessar på tvers av etatar, t.d. krav til helse- og vandelsattest for førarkort og kompetansebevis. Dette krev samhandling med andre etatar, og Statens vegvesen medverkar i slik samhandling.

7.4.2 Jernbanereforma og gevinstar

Regjeringa har utarbeidd ein overordna gevinstrealiseringsplan for jernbanereforma, som inneheld eit kvantitativt mål om å redusere kostnader fram mot 2026. Planen tek utgangspunkt i gjeldande løyvingsnivå til jernbanen og byggeprosjekt som er starta opp. I tillegg omtaler planen føresetnadene for ei vellykka gjennomføring.

I planen er det lagt opp til at jernbanereforma vil realisere ein netto samla gevinst på 4,5 mrd. kr fram mot 2026. Berekna reformkostnader på 1 mrd. kr i åra 2014–2018 er da trekt frå. Nokre gevinstar er allereie fastsett ved at det er inngått fleirårige avtalar mellom Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF eller togoperatørane. Nokre gevinstar kan ikkje uttrykkjast i prissette storleikar, t.d. betre kvalitet på togtilbodet, men er like fullt ein reformgevinst.

Av dei åtte identifiserte gevinstane i reforma, er fire prissette:

  • reduserte utgifter til kjøp av persontogtenester

  • reduserte utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av infrastruktur

  • reduserte byggekostnader

  • betre eigedomsforvaltning gjennom å samle all jernbaneeigedom.

Samferdselsdepartementet følgjer opp gevinstane i verksemdene ved å følgje opp strategi, mål og indikatorar i den ordinære styringsdialogen. Det blir i denne lagt stor vekt på å sikre «meir jernbane for pengane», t.d. gjennom meir kostnadseffektiv drift og utbygging av infrastruktur.

Konkurranseutsettinga av Trafikkpakke I Sør og Trafikkpakke 2 Nord og inngåingar av nye trafikkavtalar med Vygruppen AS og Vy Gjøvikbanen AS har medført eit redusert behov for kjøp av persontransporttjenester med tog på om lag 493 mill. kr i 2020.

Gevinstrealiseringsplanen viser at gevinstane i stor grad kan forventast å overstige kostnadene ved jernbanereforma. Dei berekna gevinstane er beste overslag basert på informasjonen som er tilgjengeleg i dag. Berekningane vil i åra framover måtte oppdaterast når ny informasjon blir kjent, som følgje av konkurranseutsetting og nye avtalar med Vygruppen og Bane NOR. Berekningane er òg baserte på fleire føresetnader, m.a. om at løyvingsnivå og nivået på fullmakter til drift og vedlikehald mv. ikkje blir redusert frå nivået i 2018, og at planlagde endringar i jernbanereforma blir gjennomført. Enkelte av gevinstanslaga kan påverkast av faktorar utanfor styresmaktene sin kontroll, som t.d. marknadsforhold og usikre grunnforhold i byggeprosjekt.

7.4.3 Andre effektiviseringstiltak

Luftfart

Det er eit overordna mål for regjeringa at selskap med sektorpolitiske mål skal nå måla på ein effektiv måte. Avinor AS arbeider planmessig med å innfri dei sektorpolitiske måla som er sette for selskapet, innanfor ei finansielt forsvarleg ramme. Organisasjonen og prosessar er endra for å auke profesjonalitet og gjennomføringsevne. I samsvar med effektiviserings- og moderniseringsprogrammet nådde selskapet i 2018 eit mål om årleg kostnadsinnsparing på 600 mill. kr samanlikna med prognosen i det finansielle langtidsprogrammet for konsernet frå 2013.

Avinor held fram arbeidet med å modernisere og effektivisere drifta. Nokre stader har konkurranse blitt teken i bruk for å effektivisere drifta. Etter at Avinor tok over drifta av Bodø lufthavn i august 2016, har plass-, brann- og redningsteneste vore konkurranseutsett. Ei evaluering etter to års drift viser ei betydeleg meir kostnadseffektiv drift samanlikna med andre flyplassar i konsernet.

Samferdselsdepartementet starta i november 2016 arbeidet med å setje ut drifta av Haugesund lufthavn på tenestekonsesjon. Avinor fekk oppdraget med å gjennomføre prosessen. Etter ein konkurranse om tenestekonsesjonen blei drifta av flyplassen overført frå Avinor til den lokale aktøren Lufthavndrift AS i mars 2019. Avinor eig lufthamna og leiger den ut til selskapet for ein periode på 20 år.

Avinor har òg sett i gang arbeidet med å konkurranseutsetje tårndrifta ved Ålesund lufthavn, Vigra og Kristiansand lufthavn, Kjevik. I februar 2019 avgjorde konsernstyret i Avinor å tildele ein femårs kontrakt til spanske Saerco. Avinor vil etablere fjernstyrte tårn på flyplassar der dette er meir kostnadseffektivt enn konkurranseutsetting. Eit tårnsenter for slik fjernstyring er under etablering i Bodø og skal etter planen vere i operativ drift hausten 2019.

I juni 2019 gav Avinors konsernstyre tilslutning til ein kostnadsreduksjon på minimum 400 mill. kr i 2021 målt mot faktiske kostnader i 2018. Kostnadsreduksjonane vil omfatte flyplassane, flysikringstenesta og sentrale stabs- og støttefunksjonar.

Luftfartstilsynet blei omorganisert frå 2017. Behovet for å omstille organisasjonen sprang m.a. ut frå krav til effektivisering og strammare økonomiske rammer på grunn av fleire og meir omfattande oppgåver. Den nye organisasjonen vil over tid bidra til auka gjennomføringskraft. Automatisering av manuelle arbeidsprosessar, utvikling og standardisering av arbeidsmetodar er vesentlege grep for å forenkle og modernisere. Luftfartstilsynet prioriterer digitaliseringsprosjekt som gir eksterne brukarar gevinst, og gjennomførte prosjekt omfattar m.a. automatisert eksamensløysing for privatflygarsertifikat og teorieksamen for droneoperatørar. Fleire brukartenester vil bli automatiserte framover.

Tilsynet arbeider no med robotisering og har allereie saksbehandlaroppgåver som blir utførte av robot. Den digitale løysinga for deklarering av RO1-operatørar (dronar) er oppdatert for å handtere innkrevjing av gebyrløysinga. Løysinga blei sett i drift 1. mars 2019. Samstundes blei programvare for robotisering tatt i bruk for å handtere den auka saksmengda. I april 2019 fekk Luftfartstilsynet t.d. om lag 2 500 deklareringar som blei behandla automatisk av programvareroboten. Dette utgjer om lag 60 arbeidsdagar ved manuell saksbehandling.

Kyst

Kystverkets effektiviseringsarbeid legg vekt på å modernisere og digitalisere tenester retta mot maritime brukarar. Gjennom samarbeid med norsk maritim industri blir det utvikla nye digitale tenester for å betre informasjonsutveksling, samhandling og navigasjon (e-navigasjon). Kystverket vil òg utvikle og forbetre den maritime trafikkovervakinga ved å utvikle automatiske risikoovervakingssystem.

Kystverkets meldings- og informasjonssystem har medverka til å redusere den administrative byrda for skipsfarten og bidreg til at norske hav- og kystområde blir nytta og forvalta på ein effektiv, berekraftig og godt koordinert måte.

Informasjonstenesta BarentsWatch etablerer og utviklar vidare digitale tenester for datadeling og samhandling. BarentsWatch tilbyr informasjonstenester som er tilgjengelege for alle og eit skjerma system som støttar norske styresmakter sitt operative arbeid i kyst- og havområda. Tenestene i det skjerma systemet gir m.a. oppdatert oversikt over rednings- og beredskapsressursar, eit samla bilete av aktiviteten i kyst- og havområda og ei sikra samhandlingsløysing som lettar samarbeid mellom ulike etatar.

Kystverket sørgjer òg for å gjere offentlege data tilgjengeleg, slik at dei kan nyttast av transportaktørar og maritim næring for effektivisering av transport og logistikk.

Etaten er i gong med å digitalisere søknads- og sakshandsamingsprosessane knytt til tiltak i sjø, t.d. nye akvakulturanlegg. Dette vil gi ein enklare og betre prosess for søkjarar, og kan på sikt føre til meir effektiv samordning mellom dei ulike myndigheitsutøvarane.

Samferdselsdepartementet har gitt Kystverket i oppdrag å foreta ein gjennomgang av organiseringa av etaten. Målet med oppdraget er å få meir infrastruktur og betre tenester for pengane, og sørgje for at ressursane i samfunnet blir prioritert riktig og nytta mest mogeleg effektivt. Kystverket skal levere eit forslag til organisasjonsendringar innan 1. desember 2019.

7.5 Likestilling i transportsektoren

Arbeidet med å fremme likestilling er viktig på alle politikkområda. I tillegg til likestilling mellom kvinner og menn på arbeidsplassen handlar likestilling òg om at det skal vere mogeleg for alle å kunne delta i samfunnet. I Nasjonal transportplan 2018–2029 er det tre hovudmål. Eitt av etappemåla under hovudmålet om betre framkome for personar og gods i heile landet, er universelt utforma reisekjeder. Dette etappemålet vil medverke til at transportsystemet i så stor grad som mogeleg kan nyttast av alle, i alle aldrar og med ulike føresetnader. Departementet viser til omtalen av hovudmåla i kap. 6.2.

Status for likestilling i Samferdselsdepartementet og underliggjande etatar

Generelt

I 2018 blei det oppretta en ny etat under Samferdselsdepartementet – Senter for oljevern og marint miljø. Departementet hadde ved utgangen av 2018 ni underliggjande etatar.

Endringane i departementsstrukturen i 2019 medførte at ansvaret for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er overført frå Samferdselsdepartementet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Etaten er derfor ikkje med i omtalen under.

Etatane under Samferdselsdepartementet varierer i storleik og kompleksitet. T.d. hadde Senter for oljevern og marint miljø som er den minste, fem tilsette ved utgangen av 2018, medan Statens vegvesen som den største hadde 7 085 fast tilsette.

Samferdselssektoren er tradisjonelt mannsdominert, og mange av dei tilsette har teknisk bakgrunn. I 2018 var kvinnedelen på over 50 pst. i Samferdselsdepartementet, Statens jernbanetilsyn og Senter for oljevern og marint miljø. For dei andre etatane låg kvinnedelen på mellom 19 og 40 pst. Vegtilsynet var den einaste av etatane der kvinner i snitt totalt sett tente meir enn menn. I dei andre etatane og i Samferdselsdepartementet utgjorde kvinner si lønn i snitt mellom 79 pst. og 98 pst. av mennene si lønn.

Status for likestillinga i Samferdselsdepartementet og underliggande etatar går fram av tabellane under. Tabell 7.2 viser prosentdelen av dei deltidstilsette og dei mellombels tilsette som var kvinner, og kvinner sin del av overtida og foreldrepermisjonen ved utgangen av 2017 og 2018 i departementet og etatane. Tabell 7.3 viser legemeldt sjukefråvær for kvinner og menn i desse verksemdene på dei same tidspunkta. Under omtalen av Samferdselsdepartementet og dei einskilde etatane er det ein tabell som viser gjennomsnittleg brutto månadslønn for kvinner i pst. av brutto månadslønn for menn fordelt på stillingskategoriar.

Tabell 7.2 Deltidstilsette, mellombels tilsette, overtid, foreldrepermisjon – prosentdel kvinner

SD

SVV

KYV

Jdir.

LT

SJT

SHT

VT

Deltidstilsette

2018

64

66

73

0

83

67

100

50

2017

80

67

76

-

83

67

100

50

Mellombels tilsette

2018

0

43

33

55

80

100

100

-

2017

0

42

25

0

50

33

0

0

Overtid

2018

44

20

7

26

26

32

27

55

2017

49

19

7

36

31

35

17

60

Foreldrepermisjon

2018

55

66

42

93

88

100

57

100

2017

76

68

46

77

60

100

100

22

I prosent av talet på tilsette i den einskilde verksemd var delen som arbeidde deltid eller var mellombels tilsett, generelt lågt i 2018. I dei verksemdene som hadde deltidstilsette, var fleirtalet kvinner, medan biletet var noko meir variert for mellombels tilsette. Vegtilsynet var den einaste av verksemdene der kvinner arbeidde meir overtid enn menn.

Tabell 7.3 Legemeldt sjukefråvær i prosent

SD

SVV

KYV

Jdir

LT

SJT

SHT

VT

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

2018

2,8

1,3

5,2

2,6

4,1

3,7

6,0

2,0

7,7

2,6

5,3

2,5

2,4

2,1

0

0,1

2017

3,0

0,1

6,1

2,6

4,1

3,9

1,0

2,0

2,9

2,1

5,4

3,2

1,3

1,3

3,6

11

Det legemeldte sjukefråværet var gjennomgåande lågt. Det var i 2018 noko høgare for kvinner enn for menn i alle verksemdene, med unntak av i Vegtilsynet. For dei mindre verksemdene er tala små, slik at eitt fråvær over lengre tid vil påverke fråværsprosenten.

Samferdselsdepartementet

Ved utgangen av 2018 hadde Samferdselsdepartementet 170 fast tilsette. Kvinnedelen var på 54 pst.

Tabell 7.4 Tilsette i Samferdselsdepartementet – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2018

54

170

98

56 417

2017

54

172

97

54 621

Toppleiing (departementsråd, ekspedisjonssjefar)

2018

43

7

95

105 729

2017

43

7

96

103 499

Mellomleiing (avdelingsdirektørar)

2018

47

15

107

78 868

2017

46

14

103

78 054

Fagdirektørar mv.

2018

43

7

103

73 842

2017

33

6

103

62 735

Underdirektørar, seniorrådgivarar mv.

2018

58

106

100

53 268

2017

55

105

100

52 562

Rådgivarar, førstekonsulentar

2018

42

31

106

43 325

2017

53

32

108

41 742

Seniorkonsulentar

2018

100

4

-

-

2017

100

8

-

41 566

I dei stillingskategoriane i departementet der begge kjønn var representerte, var det i 2018 eit fleirtal av kvinner i kategorien underdirektørar, seniorrådgivarar mv. I kategoriane mellomleiing, fagdirektørar mv. og rådgivarar, førstekonsulentar tente kvinner i snitt meir enn menn, medan dei tente i snitt det same i kategorien underdirektørar, seniorrådgivarar mv.

Statens vegvesen

Ved utgangen av 2018 hadde Statens vegvesen 7 085 tilsette. Kvinnedelen var på 39 pst.

Tabell 7.5 Tilsette i Statens vegvesen – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda 1

2018

39

7 005

92

47 655

2017

39

7 232

91

45 701

Etatsleiing (regionvegsjefar og direktørar)

2018

46

12

98

116 106

2017

42

12

97

115 203

Leiarar (avdelings- og seksjons- og kontorleiarar)

2018

40

416

99

65 727

2017

40

413

99

63 665

Tekniske saksbehandlarar, inkl. prosjektleiarar i store utbyggingsprosjekt

2018

26

3 813

97

49 557

2017

26

3 921

96

47 655

Merkantile saksbehandlarar

2018

65

2 128

90

42 528

2017

65

2 231

90

40 689

Inspektørar

2018

21

563

94

40 846

2017

21

576

95

38 455

Arbeidarstillingar

2018

9

49

95

39 283

2017

14

52

97

36 007

Reinhald mv. 2

2018

92

24

-

21 233

2017

93

27

-

20 002

1 Avviket mellom totaltalet for tilsette og tal i tabellen kjem av at ni lærlingar og tilsette som ved utgangen av 2017 og 2018 hadde permisjon utan lønn, ikkje er med i tabellen.

2 For menn i denne kategorien er stillingsbrøken låg, og det gir ikkje meining å samanlikne.

Med unntak av i stillingskategoriane merkantile saksbehandlarar og reinhald mv. var fleirtalet av dei tilsette menn. Kvinner tente i snitt mindre enn menn, men forskjellane var små, særleg i leiarstillingane.

Delen kvinner i leiarstillingar var på 38 pst. i 2018, ein liten auke frå 2017. I dette talet inngår òg prosjektleiararar i store utbyggingsprosjekt med personalansvar, der kvinnedelen er lågare enn i dei to andre leiarkategoriane.

Statens vegvesen har særskild merksemd på mangfald i rekrutteringa. I andre halvår av 2018 var 2,8 pst. av dei tilsette i Statens vegvesen personar med nedsett funksjonsevne eller med hol i CV-en.

I årsrapporten for 2018 har Statens vegvesen gjort greie for ulike tiltak som etaten arbeider med for å fremme likestilling og hindre diskriminering, både som arbeidsgivar og som tenesteytar.

Kystverket

Ved utgangen av 2018 hadde Kystverket 964 faste tilsette. Kvinnedelen var på 19 pst.

Tabell 7.6 Kystverket – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2018

19

964

79

68 731

2017

19

973

78

64 778

Leiing

2018

14

14

91

82 893

2017

20

15

105

81 488

Mellomleiing

2018

21

33

78

80 600

2017

24

34

79

75 628

Ingeniørar og rådgivarar

2018

39

352

89

57 655

2017

38

354

88

54 132

Konsulentar

2018

33

36

89

75 271

2017

38

39

73

73 190

Skipsførarar, styrmenn, maskinistar

2018

3

66

108

57 255

2017

5

65

92

57 799

Statslosar

2018

1

275

85

86 171

2017

1

278

88

80 378

Fagarbeidarar

2018

13

112

108

45 987

2017

13

121

102

42 829

Trafikkleiarar

2018

6

65

107

83 949

2017

6

67

103

81 508

I talet for tilsette inngjekk òg i 2018 11 statslosaspirantar med ein kvinnedel på 9 pst.

I alle stillingskategoriane var fleirtalet av dei tilsette menn. I dei mannsdominerte yrka som skipsførarar, styrmenn, maskinistar og statslosar er kvinnedelen svært låg. Kvinner tente i snitt meir enn menn i stillingskategoriane skipsførarar, styrmenn og maskinistar, trafikkleiarar og fagarbeidarar.

I årsmeldinga for 2018 har Kystverket gjort greie for likestilling og mangfald i etaten.

Jernbanedirektoratet

Ved utgangen av 2018 hadde Jernbanedirektoratet 213 tilsette. Kvinnedelen var 40 pst.

Norsk jernbanemuseum er ein etat under Jernbanedirektoratet. Museet hadde 22 tilsette ved utgangen av 2018, og kvinnedelen var på 55 pst.

Tabell 7.7 Tilsette i Jernbanedirektoratet – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2018

37

213

97

60 019

2017

40

215

97

58 111

Leiing (direktørar og avdelingsdirektørar)

2018

27

15

122

93 774

2017

27

15

126

90 806

Mellomleiarar, seksjonsleiarar

2018

55

11

111

78 608

2017

44

16

109

71 144

Fagdirektørar

2018

0

2017

100

1

-

-

Rådgivarar, seniorrådgivarar, prosjektleiarar

2018

35

141

102

57 093

2017

37

131

98

54 846

Saksbehandlarar, kontorstillingar

2018

80

10

103

38 802

2017

78

9

97

35 755

Ingeniørar, arkitektar

2018

36

33

92

57 709

2017

40

42

91

56 054

Anna

2018

0

3

-

-

2017

0

1

-

-

I dei kategoriane der begge kjønna var representerte, var fleirtalet av dei tilsette kvinner i stillingskategorien saksbehandlarar. Kvinner tente i snitt meir enn menn i alle stillingskategoriane utanom ingeniørar og arkitektar. Lønnsforskjellane er likevel små, med unntak av i stillingskategoriane leiing og mellomleiarar, seksjonsleiarar.

I årsrapporten for 2018 har Jernbanedirektoratet gjort greie for likestilling og mangfald i etaten.

Luftfartstilsynet

Ved utgangen av 2018 hadde Luftfartstilsynet 185 tilsette. Kvinnedelen var på 40 pst.

Tabell 7.8 Luftfartstilsynet – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2018

40

185

84

59 230

2017

40

180

86

56 236

Toppleiing (direktørar og andre leiarar)

2018

57

7

96

91 968

2017

57

7

82

90 718

Mellomleiing (seksjonssjefar)

2018

40

10

98

77 848

2017

33

9

98

75 626

Seniorrådgivarar, sjefs- og senioringeniørar

2018

29

131

90

61 608

2017

30

128

93

60 180

Rådgivarar mv.

2018

73

22

107

43 037

2017

64

22

101

41 819

Førstekonsulentar mv.

2018

100

12

-

36 450

2017

100

8

-

38 745

Konsulentar, sekretærar, lærlingar

2018

33

3

36

18 267

2017

86

7

145

31 066

I stillingskategorien førstekonsulentar mv. var det i 2018 berre kvinner, medan det i kategoriane rådgivarar og toppleiing var eit fleirtal kvinner. I dei stillingskategoriane der begge kjønn var representerte, tente kvinner i snitt meir enn menn i kategorien rådgivarar.

Statens jernbanetilsyn

Ved utgangen av 2018 hadde Statens jernbanetilsyn 65 tilsette. Kvinnedelen var 51 pst.

Tabell 7.9 Statens jernbanetilsyn – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2018

51

65

86

62 757

2017

50

66

89

59 660

Toppleiing (direktør)

2018

0

1

-

107 714

2017

0

1

-

106 355

Mellomleiing (avdelingsdirektørar)

2018

60

5

102

86 263

2017

60

5

101

83 579

Fagdirektørar, seniorrådgivarar

2018

44

50

91

62 754

2017

42

45

93

61 024

Rådgivarar, førstekonsulentar

2018

87

6

87

46 210

2017

67

12

104

45 552

Sekretærar

2018

100

3

-

-

2017

100

3

-

-

I dei stillingskategoriane der begge kjønna var representerte, var fleirtalet kvinner i kategorien mellomleiing og rådgivarar, førstekonsulentar. I kategoriane der begge kjønna var representerte tente kvinner i snitt noko meir enn menn i kategorien mellomleiing.

I årsrapporten for 2018 har Statens jernbanetilsyn gjort greie for arbeidet sitt med likestilling.

Statens havarikommisjon for transport

Ved utgangen av 2018 hadde Statens havarikommisjon for transport 49 tilsette. Kvinnedelen var 37 pst.

Tabell 7.10 Statens havarikommisjon for transport – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2018

37

49

86

63 085

2017

37

51

84

59 766

Toppleiing

2018

0

1

-

100 406

2017

0

1

-

97 671

Mellomleiing (avdelingsdirektørar)

2018

0

5

-

83 847

2017

20

5

98

80 200

Fagstab

2018

75

4

103

68 720

2017

67

3

105

65 819

Havariinspektørar

2018

26

31

97

62 088

2017

25

32

96

58 887

Administrative stillingar

2018

88

8

82

46 490

2017

80

10

90

47 396

I stillingskategoriar der begge kjønna var representerte, var fleirtalet kvinner i stillingskategoriane fagstab og administrative stillingar. Kvinner tente i snitt meir enn menn i kategorien fagstab.

Vegtilsynet

Vegtilsynet hadde ved utgangen av 2018 13 tilsette. Kvinnedelen var 39 pst.

Tabell 7.11 Vegtilsynet – prosentdel kvinner fordelt på stillingskategoriar og kvinner si lønn i prosent av lønna til menn

Kjønnsbalanse

Brutto månadslønn i gjennomsnitt

Kvinner pst.

Tilsette i alt

Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn

Tilsette i alt

I alt i verksemda

2018

39

13

112

54 618

2017

50

14

108

54 842

Toppleiing

2018

100

1

-

91 150

2017

100

1

-

88 700

Seniorrådgivarar, senioringeniørar

2018

45

9

104

51 226

2017

43

7

100

54 236

Rådgivarar, overingeniørar

2018

0

3

-

-

2017

50

6

98

49 905

Begge kjønna var representerte berre i stillingskategorien seniorrådgivarar, senioringeniørar. I denne kategorien tente kvinner noko meir enn menn.

Senter for oljevern og marint miljø

Senter for oljevern og marint miljø blei oppretta i februar 2018 og var i 2018 under oppbygging. Ved utgangen av 2018 hadde senteret fem fast tilsette. Kvinnedelen var på 80 pst.