Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

200

Kunnskapsdepartementet

408 309

401 654

409 701

2,0

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

40 671

216 285

431,8

Sum kategori 07.10

408 309

442 325

625 986

41,5

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3200

Kunnskapsdepartementet

964

Sum kategori 07.10

964

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

377 059

382 440

389 977

21

Særskilde driftsutgifter

26 207

16 275

16 712

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

5 043

2 939

3 012

Sum kap. 0200

408 309

401 654

409 701

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2020

Dei faglege måla for departementet er omtala i dei aktuelle fagkapitla og i kap. 1 Hovudinnleiinga. Følgande mål gjeld for drifta av Kunnskapsdepartementet i 2020:

Måla for 2020

  • Departementet skal ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskaps- og integreringspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal legge til rette for at barnehagebarn, elevar, studentar og tilsette skal vere trygge ved verksemdene der dei oppheld seg store delar av dagen.

Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla.

Verdiane for Kunnskapsdepartementet er

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Rapport for 2018

Kunnskapsdepartementet har lagt fram desse proposisjonane og meldingane for Stortinget i 2018–19, i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane:

  • Prop. 5 L (2018–2019) Endringer i introduksjonsloven (feilrettinger)

  • Prop. 88 L (2018–2019) Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon)

  • Prop. 89 L (2018–2019) Endringer i universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (studentombud, trakassering og tilrettelegging)

  • Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028

  • Meld. St. 23 (2018–2019) Nordisk samarbeid

Alle måla som denne proposisjonen set for sektoren, er rettesnorer for departementet. Samanhengen mellom arbeidet i departementet og resultata i sektoren er likevel avleia og indirekte. Det meste av innsatsen skjer i utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitutt og i tenester som arbeider med å integrere innvandrarar. Rolla departementet har, er å førebu avgjerder som Stortinget og regjeringa tek om overordna rammer, og å setje i verk dei tiltaka avgjerdene fastset.

Politikkutviklinga skal bygge på kunnskap. Med det ansvaret Kunnskapsdepartementet har for den overordna politikken, følger det derfor også eit ansvar for å legge til rette for forsking og kunnskapsoppbygging, til bruk både for departementet sjølv og for andre avgjerdstakarar. Ei evaluering Forskingsrådet har fått ein internasjonal ekspertkomité til å gjennomføre, dokumenterer framgang i den norske utdanningsforskinga i dei seinare åra, og at forskinga har stor innverknad både på utforming av politikk og på praksis. Resultata frå evalueringa vitnar om at departementet når godt opp til målet om kunnskapsgrunnlag. Evalueringa viser også forbetringsområde, mellom anna at det er store skilnader mellom dei forskingsgruppene som er evaluerte, og at somme av dei har langt att før dei når ein høg nok standard. Departementet arbeider vedvarande med å gjere grunnlaget for avgjerdene betre.

Når arbeidet med politikkutvikling har ført fram til vedtak i Stortinget om nye tiltak, skal politikken setjast i verk. Departementet treng å ha god kontakt både med tenesteytarane i utdannings- og integreringssektoren, med elevar, studentar, innvandrarar og andre som bruker tenestene, og med andre samfunnsaktørar. Ofte er det tenleg å involvere relevante grupper både meir og tidlegare enn i høyringsrunden. Tidleg involvering legg til rette for at dei gruppene eit tiltak vedkjem, både får høve til å påverke tiltaket og tid til å tilpasse seg. Samstundes kan departementet få tilbakemeldingar som styrker kunnskapsgrunnlaget.

Tryggleik og beredskap

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at sektoren under Kunnskapsdepartementet har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario som smittefare, ulykker, vald og terror. Dette handlar om personleg tryggleik med tanke på liv og helse. Tryggleik handlar også om at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. I tillegg forvaltar universitet og høgskular store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og vitskaplege og historiske samlingar som kan vere særleg utsette og må tryggast.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ulike dokument med krav, anbefalingar og rettleiingar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Styringsdokument for arbeidet med samfunnssikkerhet i Kunnskapsdepartementets sektor, revidert i 2018–19, samlar krav og føringar som gjeld for alle verksemder i sektoren. Utdanningsdirektoratet har i 2018–19 utvikla nettsidene sine med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap.

Ein viktig føresetnad for eit solid førebyggande arbeid med samfunnstryggleik og hensiktsmessig handtering av uønskte hendingar er god kompetanse hos den einskilde for korleis han/ho bør handle. Sikresiden.no gir om lag 400 000 studentar og tilsette og 30 verksemder i universitets- og høgskulesektoren brukarvennleg informasjon og opplæring på feltet.

Departementet har stor merksemd på informasjonstryggleik. I 2018 har departementet halde fram med å stille krav til dei underliggande verksemdene om gjennomføring av leiingssystem for informasjonstryggleik.

Med etableringa av Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking – frå 1. januar 2018 er det lagt opp til ei betre styring av informasjonstryggleiken på sektornivå, der det nye organet er gitt ei nøkkelrolle.

Oppfølging av sikkerheitslova

Ny lov om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.

Kunnskapsdepartementet har ikkje identifisert nokon GNF i eigen sektor, men det kan vere verksemder i eigen sektor som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF i andre sektorar. I lys av dette vil departementet i samråd med andre departement stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for bestemde verksemder dersom det er naudsynt.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 390 mill. kroner over post 01, 16,7 mill. kroner over post 21 og 3 mill. kroner over post 45.

Ei stilling til koordineringsarbeidet med negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting er flytta frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet til Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår derfor å flytte 0,9 mill. kroner frå kap. 290, post 01 til kap. 200, post 01. Sjå omtale av endringa i Prop. 114 S (2018–2019), jf. Innst. 391 S (2018–2019).

Nokre IKT-tenester og administrative fellestenester frå Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa som tidlegare har vore brukarfinansierte, blir løyvingsfinansierte frå og med 2020. Departementet foreslår derfor å overføre 0,2 mill. kroner frå kap. 200, post 01 til kap. 510, post 01 over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Salsinntekter o.a.

964

Sum kap. 3200

964

Kunnskapsdepartementet har ikkje verksemd som vanlegvis gir inntekter, men det hender at det kjem tilfeldige inntekter. Inntektene i 2018 skriv seg mellom anna frå vederlag for tilsette som har vore lånte ut til andre verksemder, og frå sal av utrangert IKT-utstyr.

Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter

40 671

216 285

Sum kap. 0201

40 671

216 285

Utdanningsforsking

Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til god praksis og høgare kvalitet i barnehagane, i skulane, i høgare utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

Forskingsrådet gjennomførte ei evaluering av utdanningsforskinga i Noreg som blei offentleggjord i februar 2018. Evalueringa viser ei positiv utvikling av norsk utdanningsforsking i dei seinare åra. Fleire av fagmiljøa har både god forskingskvalitet og høg kapasitet, og utdanningsforskinga har generelt stor påverknad på politikkutforming og praksis. Evalueringa viser samstundes store skilnader mellom dei forskargruppene som blei evaluerte. Der nokre er særs gode med potensial til å bli framifrå, har andre grupper langt att før dei når tilstrekkeleg høg standard. Vidare konkluderte evalueringa mellom anna med at vi treng meir publisering i internasjonale tidsskrift med større grad av distribusjon og kvalitetssikring, og med at det er behov for meir profesjonell forskingsleiing, mellom anna for å utvikle framifrå miljø og samarbeid med like sterke eller sterkare miljø i utlandet.

Det er òg for lite strategisk samarbeid mellom forskarar og brukarar, og behov for midlar til forsking på praksisorienterte problemstillingar. Vidare treng vi forsking som stimulerer til nærare samarbeid mellom utdanningsforskinga og lærarutdanningane; tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av fagdisiplinar og fagmiljø nasjonalt og internasjonalt er svak, og det trengst meir forsking som tek for seg samansette problem i oppvekst- og utdanningssektoren. Det er viktig at den positive utviklinga i utdanningsforskinga held fram, men då er det avgjerande å finne løysingar på dei utfordringane sektoren står overfor. Departementet vil nyttiggjere seg evalueringa i den vidare utviklinga av utdanningsforskinga, mellom anna i fornyinga av Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforskning. Kvalitet og relevans 2014–2019.

Forskinga på barnehagen, grunnopplæringa, fagskulen, høgare utdanning og læring blant vaksne har auka i omfang i dei siste åra. Det har òg vore ei positiv utvikling i kvalitet og relevans, og fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram. Ifølge NIFU-rapporten Ressursinnsatsen til FoU innenfor tematiske satsingsområder i 2017 har det vore ein vekst i midlar til utdanningsforsking frå om lag 600 mill. kroner i 2007 til 1,8 mrd. kroner i 2017. Kompetansen blant utdanningsforskarane har auka merkbart frå 2007 til 2017. Det er no fleire utdanningsforskarar i Noreg enn tidlegare, og volumet på utdanningsforskinga har gått opp. Talet på personar som deltok i utdanningsforsking, har auka frå om lag 1 600 i 2007 til knappe 3 000 i 2017. Det er fleire kvinner blant utdanningsforskarar enn i forskarpopulasjonen totalt, 66 mot 47 pst. Delen av utdanningsforskarar med doktorgrad auka frå 28 i 2007 til 42 pst. i 2015, og det er grunn til å tru at delen har halde fram med å auke. Delen med doktorgrad er likevel lågare enn i den totale forskarpopulasjonen (46 pst. i 2015). Delen stipendiatar er òg lågare blant utdanningsforskarar enn i forskarpopulasjonen totalt, 14 mot 19 pst. Finansiering av utdanningsforsking frå utlandet, og særleg frå EU, auka tydeleg frå 2013 til 2015, men denne veksten har ikkje halde fram i 2017. Det er framleis ein ambisjon at fleire miljø skal etablere internasjonalt forskingssamarbeid.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten samlar midlar til driftsutgifter for aktivitetar som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om dei sektorane departementet har ansvaret for.

Mål for 2020

Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskaps- og integreringspolitikken.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår ei løyving på 216,3 mill. kroner på post 21 i 2020.

For 2020 foreslår Kunnskapsdepartementet å samle løyvingane til FINNUT på kap. 201, post 21. Programmet blei tidlegare finansiert frå ulike budsjettpostar. Sjå omtale under kap. 226, postane 21 og 60, kap. 231, postane 21 og 51, kap. 258, post 21 og kap. 281, post 50.

Hausten 2019 blei KSU flytta frå Noregs forskingsråd til Universitetet i Stavanger. For å samle løyvinga til KSU på ein post foreslår departementet å flytte 1 mill. kroner til kap. 201, post 21 frå kap. 231, post 21.

Tabell 4.1 Løyvingar på kap. 201, post 21

i 1 000 kroner

Forskingsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd. FINNUT finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i utdanningssektoren på alle nivå i utdanningsløpet.

173 522

Centre for Educational Measurement (CEMO) ved Universitetet i Oslo. Senteret skal medverke til nasjonal og internasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar.

7 630

Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger (KSU). Senteret skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa.

11 400

Fagmiljø for læringsanalyse (Center for the Science of Learning & Technology SLATE) ved Universitetet i Bergen. Senteret skal styrke forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg.

5 600

Forsking for forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) ved Noregs forskingsråd, som skal medverke til eit sterkt og relevant kunnskapsgrunnlag for utforming og gjennomføring av politikk for forsking og innovasjon hos relevante aktørar.

12 000

Kunnskapsdepartementets statistikkavtalar med SSB, OECD og EU.

3 040

Nye analysar, forsøk og utgreiingar.

3 093

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

220

Utdanningsdirektoratet

660 260

655 315

640 035

-2,3

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 779

15 633

15 913

1,8

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

119 148

110 526

138 029

24,9

223

Sametinget

46 599

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 244 052

1 291 202

1 177 480

-8,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

4 270 042

4 821 907

3 105 915

-35,6

227

Tilskot til særskilde skular

198 383

204 426

210 121

2,8

228

Tilskot til frittståande skular o.a.

4 938 172

5 033 795

5 420 095

7,7

229

Noregs grøne fagskule – Vea

30 384

28 021

-100,0

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

741 915

771 276

720 897

-6,5

Sum kategori 07.20

12 262 734

12 932 101

11 428 485

-11,6

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3220

Utdanningsdirektoratet

24 044

7 291

14 907

104,5

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

15 980

8 033

8 884

10,6

3225

Tiltak i grunnopplæringa

35 627

19 734

23 617

19,7

3229

Noregs grøne fagskule – Vea

5 906

3 058

-100,0

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

41 566

57 942

45 863

-20,8

Sum kategori 07.20

123 123

96 058

93 271

-2,9

Innleiing

Kunnskap er grunnlaget for demokrati, verdiskaping og velferd. Skulen skal gi alle elevar trygge rammer og bygge opp nødvendige ferdigheiter til å realisere draumar og ambisjonar.

Gjennom formålsparagrafen i opplæringslova har samfunnet gitt grunnopplæringa eit omfattande og viktig mandat. Opplæringa skal gi alle elevar ferdigheiter, haldningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha høve til å realisere potensialet sitt i ein inkluderande skule. Kommunane, fylkeskommunane og dei frittståande skulane skal gjennomføre samfunnsmandatet for grunnopplæringa, frå 1. klasse i barneskulen til fullført vidaregåande opplæring.

Regjeringa vil prioritere tidleg innsats i skulen for å sikre hjelp til elevar som har behov for det. Regjeringa meiner at kvar einskild elev må få kunnskap og ferdigheiter til å gripe dei moglegheitene som arbeidslivet i framtida byr på. Skulen skal både utdanne og danne, og vere ein trygg arena for meistring. Skulen skal gjennom heile opplæringsløpet legge til rette for og støtte utviklinga, kunnskapen og ferdigheitene til elevane. Dette inkluderer dei fem grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Eit inkluderande og trygt skulemiljø krev systematisk innsats. Ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som samfunn, er å sørge for at ungdommane våre kan gå ut i arbeidslivet og samfunnet elles med solide kunnskapar og ferdigheiter, nysgjerrigheit og ein kreativitet som kan bidra til nyskaping.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for grunnopplæringa:

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle lykkast i opplæringa og utdanninga.

Grunnopplæringa er i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov. Dette gjeld midlar til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skulane og i lærebedriftene. Fylkeskommunane gir tilskot til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av departementet.

KS og Kunnskapsdepartementet inngjekk i 2018 ein ny samarbeidsavtale om kvalitetsutvikling i barnehagen og grunnopplæringa som skal gjelde ut 2021. Avtalen skal bidra til koordinert ressursinnsats, legge til rette for lokale løysingar og sørge for at den nasjonale politikken blir utfylt, realisert og konkretisert på regionalt og lokalt nivå. Avtalen blir følgt opp gjennom konsultasjonsordninga, som er ein fast møteplass for dialog og samarbeid mellom KS og regjeringa om det økonomiske opplegget for kommunar og fylkeskommunar.

Regjeringa er oppteken av eit godt opplæringstilbod for samiske barn og unge. Kommunal- og moderniseringsdepartementet la 21. juni 2019 fram Meld. St. 31 (2018–2019) Samisk språk, kultur og samfunnsliv . I meldinga peikar regjeringa på at mangelen på samiskspråklege tilsette er den største utfordringa for å styrke og utvikle samisk språk og identitet i barnehage og skule. Auka rekruttering til arbeid i barnehage og skule er viktig for å sikre at samiske barn og unge får rettene sine varetekne. Regjeringa vil følge opp problemstillinga om mangelen på samiskspråkleg kompetanse i barnehage og skule i oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket .

Meir statistikk og informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa finst i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Sjå også relevant omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2020

Regjeringa legg hausten 2019 fram ei melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som vil bli følgd opp i 2020. Målet med meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnader.

I grunnopplæringa skal alle faga bli fornya frå hausten 2020. Dette er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Målet er å ruste elevane best mogleg for framtida. Gjennom djupnelæring skal elevane betre kunne sjå samanhengar mellom fagområde og utvikle evna til å reflektere over det dei lærer. Med nye læreplanar er det behov for å fornye læremidla. Allereie i 2018 starta departementet førebuinga av ei god innføring av fagfornyinga gjennom å gi tilskot til utvikling av nye, digitale læremiddel. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 blei tilskotet til utvikling av digitale læremiddel auka med 24 mill. kroner, tilskot til læremiddel på samisk blei auka med 10 mill. kroner, tilskot til læremiddel på område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling blei auka med 20 mill. kroner og tilskot til å stimulere til innkjøp av fleire digitale læremiddel blei auka med 20 mill. kroner, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019).

I 2020 vil departementet gjennomføre fleire nye tiltak for å legge til rette for at elevane får oppdaterte læremiddel til fagfornyinga. Departementet foreslår derfor å løyve totalt 250 mill. kroner i 2020 til læremiddel i samband med innføringa av fagfornyinga. Av dette skal 170 mill. kroner gå til å dekke meirutgifter kommunane har til innkjøp av nye læremiddel til fagfornyinga. 15 mill. kroner vil gå til omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk, og 15 mill. kroner vil gå til utvikling av læremiddel det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling av. Sjå også omtale i Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 .

Tiltaka for læremiddel til fagfornyinga må sjåast i samanheng med satsinga til regjeringa på digitale læremiddel i Den teknologiske skulesekken . Regjeringa arbeider aktivt for å auke tilgangen til og bruken av smarte, digitale læremiddel i skulen. Det er sett av til saman 90 mill. kroner til Den teknologiske skulesekken i 2020. Midlane blir brukte til mellom anna tilskot til kommunar og fylkeskommunar til innkjøp av digitale læremiddel til fagfornyinga. Om lag 50 mill. kroner av denne summen skal gå til ei tilskotsordning for innkjøp av digitale læremiddel. Målet med tilskotsordninga er å gi elevar og lærarar betre tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet til fagfornyinga.

Innkjøp og implementering av nytt digitalt system for prøve- og eksamensgjennomføringa har høg prioritet. Det nye systemet skal bidra til at ein kan utvikle og gjennomføre alle prøvar og eksamenar i grunnopplæringa i ei ny, felles digital løysing. Departementet foreslår å løyve 57,4 mill. kroner i 2020 til dette arbeidet.

Hausten 2018 og i 2019 har kompensasjonen til kommunane for innføringa av lærarnorma vore øyremerkt. I 2020 legg regjeringa opp til at midlar til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1–10. trinn, innlemmast i rammetilskotet til kommunane. Regjeringa legg opp til at det blir overført 1 316,8 mill. kroner frå kap. 226 post 63 til kap. 571 post 60, og til at midlane i 2020 gis ei særskilt fordeling (tabell c i Grønt hefte) som tek omsyn både til kommunar med eit relativt og med eit absolutt behov for lærarårsverk. Midlane som innlemmast i ramma må sjåast i samanheng med veksten i dei frie inntektene. Regjeringa legg opp til at 400 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane blir grunngitt med tidleg innsats i skulen. Samla sett blir det lagt opp til at midlar som kan nyttast til fleire lærarårsverk som følge av lærarnorma, blir vidareførte på om lag same nivå i 2020 som i 2019, slik det blei varsla i Prop. 113 S (2018–2019) Kommuneproposisjonen 2019 . Delkostnadsnøkkelen for grunnskule blir, som tidlegare varsla, gjennomgått og ved behov blir denne revidert frå 2021 for å ta høgde for dei nye forskriftene om lærartettleik. Midlane som blir innlemma i ramma, vil bli fordelt etter dei ordinære kriteria i inntektssystemet frå 2021.

Regjeringa vil fjerne økonomiske barrierar som hindrar barn frå familiar med låg inntekt i å få gå på skulefritidsordninga (SFO). Regjeringa foreslår derfor å løyve 58,2 mill. kroner i halvårseffekt for å innføre inntektsgradert foreldrebetaling i SFO frå hausten 2020. Løyvinga skal sikre at foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i SFO på 1.–2. trinn maksimalt skal utgjere 6 pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet. Tiltaket har ein heilårseffekt på 139,7 mill. kroner.

Regjeringa ønsker å hjelpe familiar med barn med særskilde behov som har ei ekstra utgift gjennom foreldrebetalinga for SFO på 5.–7. trinn. Departementet foreslår derfor å omdisponere 21 mill. kroner i halvårseffekt til gratis SFO for elevar på 5.–7. trinn med særskilde behov. Tiltaket har ein heilårseffekt på 50,4 mill. kroner.

Regjeringa har som mål at fleire skal ta fagbrev. Departementet foreslår 10 mill. kroner til tiltak retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring. Tiltaket skal vere ein del av arbeidet i fylkeskommunane med eit sterkare tilbod for unge mellom 16 og 24 år. Midlane er ein del av kompetansereforma til regjeringa, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Kunnskapsdepartementet foreslår 5 mill. kroner til å greie ut eit nasjonalt lærlingtorg. Departementet foreslår å styrke utstyrsstipendet i vidaregåande opplæring med 25 mill. kroner for å oppnå betre samsvar mellom dei utgiftene elevane har til individuelt utstyr i vidaregåande opplæring, og det Lånekassen gir i utstyrsstipend. Midlane er ein del av satsinga til regjeringa på yrkesfaga i 2020, jf. omtale under programkategoriane 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning og 07.80 Utdanningsstøtte.

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø har høg prioritet hos regjeringa. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve totalt 117 mill. kroner til dette arbeidet i 2020.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Regjeringa vil halde fram med den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og foreslår å bruke 1 543 mill. kroner til dette i 2020. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til om lag 6 050 lærarar hausten 2020 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. Departementet forventar at kapasiteten vil vere god nok til å gi tilbod til alle som ønsker vidareutdanning i matematikk, norsk og engelsk.

Kunnskapsdepartementet foreslår å trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar til 200 mill. kroner i 2020. Målet er å gi fleire skular tilgang til lærarspesialistar og bidra til at dyktige lærarar blir i yrket. Midlane skal medverke til å auke talet på lærarspesialistar frå 1 200 i 2019 til 1 500 i 2020.

Departementet foreslår vidare å løyve 25 mill. kroner til kompetansetiltak overfor kommunar og fylkeskommunar.

I tillegg til hovudprioriteringane foreslår Kunnskapsdepartementet å vidareføre fleire andre sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa i 2020, jf. omtale i teksten under.

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Lærarnorma skal gi lærarane meir tid til kvar elev

Sidan 2015 har Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti sørgt for betydelege midlar til kommunane for å auke lærartettleiken på 1.–4. trinn. Frå hausten 2018 blei det innført ei lærarnorm som styrer kor høg lærartettleiken skal vere samla for kvart hovudtrinn på skulenivå, høvesvis maksimalt 16 elevar per lærar på 1.–4. trinn og maksimalt 21 elevar per lærar på 5.–10. trinn. Frå hausten 2019 blei norma skjerpa, slik at det samla for kvart hovudtrinn på skulenivå skal vere maksimalt 15 elevar per lærar på 1.–4. trinn og maksimalt 20 elevar per lærar på 5.–10. trinn. Norma regulerer ressursane i den ordinære undervisninga, ikkje i spesialundervisninga. Organiseringa av sjølve undervisninga er opp til den einskilde skulen, og skuleeigaren skal framleis sørge for at alle klassar og grupper har ein forsvarleg storleik.

Ein konsekvens av lærarnorma er at einskilde skular treng fleire lærarar på eitt eller fleire hovudtrinn enn tidlegare. Dette kan skulane løyse ved å tilsetje nye lærarar, eller ved å flytte lærarårsverk mellom hovudtrinn på ein skule eller mellom skular i kommunen. Over tid vil det vere større fleksibilitet til å flytte årsverk mellom hovudtrinn og skular for å oppfylle krava. For skuleåret 2018–19 var norma i gjennomsnitt oppfylt på alle hovudtrinn, og det var nær 1 000 fleire årsverk til undervisning i skulen samanlikna med skuleåret før. For meir statistikk, sjå omtale i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. For skuleåret 2019–20 vil skjerpinga av norma kunne gi utfordringar når det gjeld å oppfylle norma på alle hovudtrinn på alle skular. Regjeringa meiner at kommunesektoren samla sett blir meir enn fullt ut kompensert for skjerpinga av lærarnorma. Einskildkommunar vil kunne ha problem med å oppfylle norma, mellom anna fordi dei ikkje får tak i nok kvalifiserte lærarar. Regjeringa forventar at kommunane prioriterer å oppfylle lærarnorma.

Legg skulen godt nok til rette for dei yngste elevane?

Regjeringa seier i regjeringsplattforma at det er ein grunnleggande premiss at det er skulen som skal tilpasse seg barnas utvikling, ikkje omvendt, og at dei yngste barna i skulen har eit særskilt behov for omsorg og læring gjennom både fri og styrt leik. Kunnskapssenter for utdanning la hausten 2018 fram kunnskapsoversikta De yngste barna i skolen: lek og læring, arbeidsmåter og læringsmiljø. Rapporten oppsummerer forsking frå elleve land om kva som fremjar læring for dei yngste barna. Forskinga er tydeleg på at det som skjer i dei første skuleåra, har langvarig effekt på barnas læring. Forskarane seier at dersom målet er å gi dei yngste barna lærelyst og motivasjon for livslang læring, er det ikkje å anbefale ein praksis der dei store delar av skuledagen må sitje i ro over lang tid og bli underviste. Forskinga viser at barn lærer best når læringsaktivitetane er sosiale og dei får lære saman med andre.

For nærare omtale av dei yngste elevane, sjå del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak og vedtak nr. 808 om meir kunnskap om dei yngste elevane og vedtak nr. 809 om evalueringa av Reform 97 frå stortingssesjonen 2017–2018.

Store forskjellar i skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga blei evaluert i 2018 av NTNU Samfunnsforskning. Evalueringa viser at det er store forskjellar mellom skulefritidsordningane når det gjeld pris, deltaking og innhald. Mange kommunar har gjennomført sitt eige planarbeid for å sikre kvaliteten i SFO, medan andre kommunar ser på SFO som ei rein tilsynsordning, og i liten grad har gjort politiske val om kva slags aktivitetar og tilbod SFO skal gi. Mange familiar med låg inntekt opplever foreldrebetalinga som ein barriere mot å bruke SFO. Foreldre som har barn med særskilde behov, er meir misfornøgde med SFO-tilbodet enn andre foreldre. Foreldra til barn med særskilde behov som bruker SFO også på 5.–7. trinn, opplever det som urettferdig å måtte betale for eit tilbod som dei er avhengige av for å kunne jobbe, og som andre foreldre ikkje treng. For meir statistikk, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Læringsmiljøet er generelt godt, men framleis blir mange elevar mobba

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt læringsmiljø utan mobbing. Det er derfor gledeleg når den siste Elevundersøkinga frå skuleåret 2018–19 viser at delen elevar som har blitt mobba 2–3 gongar i månaden eller oftare, har gått ned det siste året frå 6,6 pst. til 6,1 pst.

Figur 4.1 Prosentdelen gutar og jenter som oppgir at dei blir mobba av medelevar to til tre gongar i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn

Figur 4.1 Prosentdelen gutar og jenter som oppgir at dei blir mobba av medelevar to til tre gongar i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn

Kjelde: Elevundersøkinga 2018

Figur 4.1 viser at omfanget av mobbing er klart størst på barneskulen. På 5. trinn er det 8,7 pst. av jentene og 8,1 pst. av gutane som svarer at dei blir mobba 2–3 gongar i månaden eller oftare. Med unntak av 9. trinn på ungdomsskulen fell mobbeprosenten kvart einaste år frå 5. trinn til Vg3.

Det er små kjønnsskilnader når det gjeld mobbing, men forskjellar i type mobbing. Jenter opplever meir indirekte mobbing, som å bli haldne utanfor og baksnakka på skulen, medan gutar opplever meir direkte og fysisk mobbing, som å bli slått, dytta eller halden fast. 1,9 pst. av elevane rapporterer at dei har blitt mobba digitalt. Det er ein svak nedgang frå 2,0 pst. året før, men 84 pst. av dei som er blitt mobba digitalt, svarer at dei også er utsette for tradisjonell mobbing. 1,6 pst. av elevane rapporterer at dei har blitt mobba av ein lærar eller ein annan tilsett på skulen. Det er ein nedgang frå 2,0 pst. året før.

Elevundersøkinga viser at dei fleste elevane rapporterer om høg motivasjon for skulearbeid og læring, og at dei aller fleste trivst på skulen. Dei fleste elevane rapporterer om god støtte frå lærarane, og seier at lærarane bryr seg om elevane, behandlar elevane med respekt og gir støtte til skulearbeidet. Elevane meiner òg at dei får faglege utfordringar tilpassa nivået deira.

Dei nye reglane for skulemiljø som tok til å gjelde 1. august 2017, inkluderte ei ny handhevingsordning der målet er å gi elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker der eleven ikkje har det trygt på skulen, til fylkesmannen slik at dei kan få saka si løyst. Fylkesmennene rapporterer om mange fleire førespurnader frå barn, foreldre og skular for å få hjelp til å løyse skulemiljøsaker. I løpet av 2017 og 2018 kom det inn til saman 2 069 meldingar til fylkesmannen frå elevar og foreldre. I fire av fem saker der fylkesmannen tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller brote, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang.

Konsulentfirmaet Deloitte har, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, gjort ei evaluering av dei nye reglane for skulemiljø. Evalueringa viser at dei nye reglane i stor grad fungerer etter hensikta, men at det framleis er nokre utfordringar, mellom anna når det gjeld ulik praktisering av regelverket. Rapporten viser også at mange skular jobbar meir systematisk og tek fatt i saker raskare enn før, og at elevanes stemme og subjektive oppfatning i større grad blir høyrt og lagt vekt på. Samtidig er det utfordringar når det gjeld dokumentasjonskrav i skulane og lang saksbehandlingstid hos fylkesmannen.

OECD-undersøkinga TALIS (Teaching And Learning International Survey) for 2018 viser at det har vore ein nedgang i delen norske lærarar på ungdomstrinnet som seier at dei bruker lang tid på å roe ned elevane i starten av timen, frå i overkant av 50 pst. i 2008 til 17 pst. i 2018. Noreg er det landet som kan vise til størst positiv endring på dette området, eit funn som er ekstra positivt fordi trenden i dei fleste andre landa er motsett. Undersøkinga viser også at ni av ti norske lærarar trivst i yrket. Dette er positivt for at elevane skal lære og trivast på skulen.

Lærlingundersøkinga viser at lærlingane stort sett trivst i opplæringa og er fornøgde med førebuinga til læretida. 3,5 pst. melder om at dei blir mobba. Undersøkinga viser også at lærlingane i dei største bedriftene er meir nøgde enn dei i små bedrifter, og at eldre lærlingar er mindre nøgde enn yngre.

Strategiar og tiltak

Vidareføring og evaluering av lærarnorma

Ein god lærar er det viktigaste for læringa til elevane, og fleire lærarar vil gi meir tid til kvar elev. Den nasjonale norma for lærartettleik på 1.-10. trinn blei innførd hausten 2018.

Ein konsekvens av lærarnorma er at einskilde skular treng fleire lærarar på eitt eller fleire hovudtrinn enn det dei hadde før norma blei innførd. Dette kan skulane og kommunane løyse enten gjennom nye tilsetjingar, eller ved å flytte lærarårsverk mellom hovudtrinn internt på ein einskild skule eller mellom skular internt i kvar einskild kommune. Over tid vil det vere større fleksibilitet til å flytte årsverk mellom hovudtrinn og mellom skular for å oppfylle krava. I Prop. 1 S (2018–2019) varsla Kunnskapsdepartementet følgande:

«Delkostnadsnøkkelen for grunnskole vil bli vurdert i samband med innføringa av lærarnorma, og ved behov vil den bli revidert for å ta høgde for dei nye forskriftene om lærartettleik. Løyvinga til lærarnorma vert innlemma i rammetilskottet til kommunane, og fordelt etter ordinære kriterium i inntektssystemet når ny kostnadsnøkkel er klar, etter planen i 2020. Fram til innlemming i rammetilskottet får kommunesektoren kompensasjon for innføring av lærarnorma gjennom eit øyremerkt tilskott. På kort sikt kan ein argumentere for at kommunane ikkje har full fleksibilitet til å flytte eksisterande lærarårsverk. Over tid vil det vere større fleksibilitet til å flytte årsverk mellom hovudtrinn og mellom skolar for å oppfylle krava. Fram til innlemming i rammetilskottet blir det derfor lagt til grunn for berekning av kompensasjon at eksisterande årsverk berre kan flyttast mellom hovudtrinn, men ikkje mellom skolar i den einskilde kommune. Lågare fleksibilitet til å flytte årsverk inneber isolert sett eit høgare løyvingsnivå. For å ta omsyn til situasjonen i enkeltkommunar vert det tildelt i tillegg særskilde stimuleringsmidlar i 2019. Til saman blir kommunesektoren kompensert meir enn fullt ut for innføring av lærarnorma i 2019. Fram til innlemming i rammetilskottet vert løyvinga fordelt dels etter den eksisterande delkostnadsnøkkelen for grunnskolen og dels etter objektive kriterier, med utgangspunkt i behov per innbyggar, for å ivareta både kommunar med eit relativt og absolutt behov for lærarårsverk.»

Når staten pålegg kommunesektoren nye oppgåver er det gjeldande finansieringsprinsippet at kommunane samla skal kompenserast fullt ut for berekna meirutgifter som følge av nye oppgåver og endringar i regelverk. Hausten 2018 og i 2019 blei kommunane meir enn fullt ut kompensert for innføringa av lærarnorma, sjølv når meirbehova for lærarårsverk blir berekna på skulenivå. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at det er meir fleksibilitet til å flytte lærarårsverk mellom skular i den einskilde kommunen frå 2020.

Midlane til fleire lærarårsverk i grunnskulen har vore øyremerkte sidan 2015. Kunnskapsdepartementet foreslår at midlar til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1.-10. trinn, blir innlema i rammetilskotet til kommunane i 2020. Departementet foreslår at det blir overført 1 316,8 mill. kroner frå kap. 226 post 63 til kap. 571 post 60. Midlane blir i 2020 fordelt særskild (tabell c) for å ta omsyn til både kommunar med eit relativt og med eit absolutt behov for lærarårsverk. I tillegg er 400 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med tidleg innsats i skulen. Desse midlane må sjåast i samanheng. Samla sett inneber dette at midlar som kan nyttast til fleire lærarårsverk som følge av lærarnorma, blir førte vidare på om lag same nivå i 2020 som i 2019, og at lærarnorma er meir enn fullt ut finansiert når behovet for kompensasjon blir berekna på kommunenivå.

Delkostnadsnøkkelen for grunnskule blir, som tidlegare varsla, gjennomgått, og ved behov blir denne revidert frå 2021 for å ta høgde for dei nye forskriftene om lærartettleik. Midlane som blir innlemma i ramma, vil bli fordelte etter dei ordinære kriteria i inntektssystemet frå 2021.

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av hausten 2019 vurdere om dispensasjonshøvet frå lærarnorma som gjeld ut 2019, bør utvidast, og eventuelt sende eit forslag på høyring.

Stortinget har vedteke at lærarnorma skal bli evaluert undervegs, og at evalueringa skal sjåast i samanheng med tiltak for å rekruttere eit tilstrekkeleg tal kvalifiserte lærarar. Utdanningsdirektoratet fekk hausten 2018 i oppdrag å setje i gang evalueringa.

For meir statistikk om utviklinga i lærartettleiken, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Skulekvardagen skal bli betre for dei yngste elevane

Regjeringa vil at dei yngste barna skal ha det bra på skulen, og vil følge opp tiltaka i regjeringsplattforma som gjeld dette. Rapporten De yngste barna i skolen: lek og læring, arbeidsmåter og læringsmiljø. En forskningskartlegging , som var bestilt frå Kunnskapssenter for utdanning og som blei lagd fram i oktober 2018, gir eit godt kunnskapsgrunnlag. For grundig omtale av rapporten, sjå del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak, vedtak nr. 808 og 809 frå stortingssesjonen 2017–2018.

I eitt av tiltaka i regjeringsplattforma seier regjeringa at det skal takast omsyn til dei yngste elevane sin kvardag i arbeidet med nye læreplanar. Overordna del, som omhandlar verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, legg vekt på at læring skjer gjennom eit breitt spekter av aktivitetar, og at leik gir høve til kreativ og meiningsfylt læring. Kunnskapsoversikta frå Kunnskapssenter for utdanning om kva som kan vere gode arbeidsmåtar, og kva som er eit trygt og godt læringsmiljø for dei yngste elevane, er blitt brukt av læreplangruppene i arbeidet med nye læreplanar. I forslaga til læreplanar er det for dei lågaste trinna i skulen lagt vekt på undring, utforsking, kreativitet og læring gjennom leik. Regjeringa meiner derfor at dei yngste elevane er blitt godt varetekne i fagfornyinga.

Den gjensidige plikta for barnehage- og skuleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skule og SFO tok til å gjelde 1. august 2018, jf. Innst. 319 L (2017–2018). Det er for tidleg å seie noko om erfaringane, men departementet vil følge med på korleis kommunane oppfyller plikta.

Ikkje alle barn er klare for skulen det året dei fyller seks år, medan andre er klare allereie det året dei fyller fem år. Dagens regelverk gir rom for at barn kan få tidlegare eller seinare skulestart, men det er færre enn 2 pst. som bruker denne moglegheita i dag. Regjeringa har derfor i august 2019 invitert kommunane til å prøve ut ulike ordningar og modellar for meir fleksibel skulestart.

Tiltak for eit betre og meir tilgjengeleg SFO-tilbod

NTNU Samfunnsforskning la i 2018 fram ei evaluering av SFO-tilbodet, og regjeringa vil følge opp evalueringa i stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap som blir lagd fram hausten 2019. Regjeringa vil gi SFO eit løft gjennom å innføre ein rammeplan for SFO som gir rom for lokale variasjonar. Rammeplanen skal i hovudsak basere seg på gjeldande rett til SFO, men regjeringa tek sikte på nokre mindre lovendringar, mellom anna for å tydeleggjere samanhengen mellom verdigrunnlaget for barnehage, skule og SFO. Departementet vil sørge for utvikling av støtte- og rettleiingsmateriell som hjelp for kommunane til å bruke SFO som eit verkemiddel i arbeidet for betre folkehelse og betre integrering.

Regjeringa vil innføre ei ordning med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO, slik at foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i SFO på 1.–2. trinn maksimalt skal utgjere 6 pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet. Vidare vil regjeringa innføre ei ordning med gratis SFO for elevar på 5.–7. trinn med særskilde behov.

Tiltak mot mobbing og for eit betre læringsmiljø

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt læringsmiljø, utan mobbing, jf. opplæringslova kap. 9A. Innsats mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø er eit høgt prioritert område for regjeringa. Løyvingane til dette området er meir enn tredobla i dei siste åra, jf. omtale under kap. 226, post 21. Desse er dei tre viktigaste tiltaka mot mobbing:

  • det nye lovverket som tok til å gjelde hausten 2017

  • ein omfattande kompetansepakke som skal styrke evna dei tilsette har til å førebygge og handtere mobbing i både skular og barnehagar

  • den nye ordninga frå hausten 2018 med fylkesvise mobbeombod for både barnehagar og skular

Departementet foreslår å vidareføre løyvingar til ulike tiltak, som Partnerskap mot mobbing og støtte til organisasjonar som arbeider for eit betre læringsmiljø.

Departementet vil i løpet av hausten 2019 starte arbeidet med å følge opp funna frå evalueringa av dei nye reglane for skulemiljø.

Departementet vil våren 2020 i samarbeid med Utdanningsdirektoratet gjennomføre ei intern evaluering av fleire av kompetansetiltaka som gjeld arbeidet mot mobbing. Evalueringa skal legge grunnlaget for eventuelle endringar i innrettinga av kompetansemidlane.

For omtale av oppmodingsvedtak nr. 671, stortingssesjonen 2017–18, om utgreiing av tidsfristar i mobbesaker, sjå del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak. For omtale av oppmodingsvedtak nr. 672, stortingssesjonen 2017–18, om gjennomgang av oppreisingsordningar i mobbesaker, sjå same kapittel.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er behov for ei styrking av tidleg innsats i grunnopplæringa

Grunnskulen gir ikkje eit godt nok tilbod til barn og unge som har behov for særskild tilrettelegging. Dette blei bekrefta av ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) gjennom rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge, som blei lagd fram våren 2018. Ikkje alle barn og elevar får den hjelpa dei treng, og dei får hjelpa for seint. Mange blir tekne ut av fellesskapet for å få spesialpedagogiske tiltak, og hjelpa blir altfor ofte gitt av ufaglærte. I tillegg får barn, unge og foreldre i liten grad medverke i tilrettelegginga av tilbodet. Det er jamt over låge forventningar til kva elevar med behov for særskild tilrettelegging skal lære.

Det grunnlaget elevane får frå grunnskulen, kan ha stor betydning for om dei er i stand til å gjennomføre vidaregåande opplæring. Derfor er det viktig at skulen har moglegheit til å gi elevane god og tilstrekkeleg hjelp tidleg i skuleløpet.

Ekspertutvalet om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar, Stoltenberg-utvalet, leverte i februar 2019 rapporten NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring — kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp. Utvalet hadde i oppgåve å bygge eit nyansert og balansert kunnskapsgrunnlag om årsakene til kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar og foreslå tiltak for å motverke uheldige kjønnsforskjellar. Kunnskapsgrunnlaget viser at kjønnsforskjellane i opplæringsløpet er betydelege, og at dei får konsekvensar for vidare utdanning, arbeid, helse og familiesituasjon seinare i livet. Utvalet meiner at kjønnsforskjellane er eit samfunnsproblem som krev politikkutforming og tiltak.

Mange elevar slit psykisk, og ein del har ein psykisk diagnose

Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) ved OsloMet publiserer årleg undersøkinga Ungdata . Rapporten frå juni 2019 viser ein nedgang i delen ungdommar som trivst på skulen, og ein auke i delen som seier at dei gruer seg til å gå på skulen, eller at dei har skulka på ungdomsskulen. 22 pst. av jentene og 8 pst. av gutane på ungdomsskulen opplyser at dei har mange psykiske plager, som søvnvanskar, det å føle seg ulykkeleg eller deprimert eller bekymre seg for mykje om ting. 14 pst. av jentene og 6 pst. av gutane på ungdomsskulen har kryssa av på svaralternativet om at dei har vore veldig mykje plaga av einsemd den siste veka.

Folkehelseinstituttet la våren 2019 fram Folkehelserapporten 2018 . Rapporten omfattar data frå over 120 000 unge i alderen 13–17 år og viser at 15 pst. av jentene og 13 pst. av gutane har hatt minst éin fastlegekonsultasjon der dei har fått ein psykisk diagnose i løpet av ungdomstida. Dei vanlegaste diagnosane var depresjon for jentene og ADHD for gutane. Dei med foreldre med lågast utdanning hadde ein litt større tendens til psykiske problem. Ifølge rapporten har delen jenter i alderen 15–17 år som får ein diagnose i barne- og ungdomspsykiatrien, stige frå 5 pst. til 7 pst. frå 2011 til 2016. For gutar i same aldersgruppe held delen seg stabil på 4 pst. Forskarane skriv sjølve at dei ikkje veit kva som ligg bak auken i diagnostiserte psykiske lidingar hos tenåringsjenter.

Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet står bak forskingsprosjektet Skolen som arena for barn og unges psykiske helse . Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet leverte i 2018 sluttrapporten Jammen hjalp det ikke! , som viser at det er store forskjellar mellom skulane når det gjeld samarbeidskultur og vilje til å dele god praksis, og at dette har betydning for utviklingsarbeidet. Rapporten inneheld også vurderingar om forsking og kunnskapsgrunnlag for politikkutforming som kan vere relevante for analysearbeidet og framtidig bestilling av forsking.

Vald og overgrep, inkludert nettovergrep, er eit samfunnsproblem som kan få store konsekvensar for barn og unge

Barn og unge er store delar av kvardagen sin på skulen, og lærarane spelar derfor ei viktig rolle når det gjeld å førebygge og avdekke vald og overgrep. Alle tilsette har meldeplikt til barnevernet ved mistanke om alvorlege forhold, jf. opplæringslova § 15-3. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at skulen i 2018 melde 17 pst. av sakene for barn og unge i alderen 6–17 år.

Rapporten Internettovergrep mot barn 2015–2017 , som er utarbeidd av Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) ved OsloMet, blei lagd fram i desember 2018. Rapporten viser at det er ein stor auke i nettovergrep der enten offer eller overgripar er norske. Deling av bilde og film utgjorde to tredelar, og chatting mellom vaksen og barn eller mellom vaksne utgjorde éin tredel av den straffbare aktiviteten. Overgriparane er i stor grad menn i alle aldrar som ikkje har vore straffa for slikt tidlegare. Kommunikasjon på nettet ser ut til å senke terskelen for straffbar aktivitet for både barn og vaksne. Nettovergrep framstår i omfang og form som eit samfunnsproblem.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet gav i 2018 ut rapporten Kunnskap om og holdninger til vold i befolkningen . Rapporten viser at 43 pst. av tilsette i barnehage, skule og SFO har høyrt om eller kjenner til avverjeplikta i straffelova om at alle har plikt til å avverje alvorleg kriminalitet. Samtidig er 88 pst. av tilsette i relevante sektorar usikre på eller utan kjennskap til plikta.

Det er behov for betre tverrfagleg samarbeid til beste for utsette barn og unge

Utsette barn og unge og familiane deira har ofte behov for hjelp frå fleire offentlege tenester. Sjølv om tenestene i seg sjølve er gode, ser vi at nokre barn og unge ikkje får den hjelpa dei treng fordi tenestene ikkje samarbeider godt nok. Dette kan skyldast fleire forhold, til dømes forskjellig tolking av regelverket om deling av informasjon.

Kunnskapsdepartementet leiar det femårige tverrdepartementale 0–24-samarbeidet, som gjeld for perioden 2015–20, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Regjeringa samarbeider med fleire bykommunar om områdesatsingar i utsette byområde som er prega av opphoping av levekårsutfordringar. Årsmeldinga for 2018 for Groruddalssatsinga viser mellom anna til at eit sentralt element i utfordringsbildet er at ein svært stor del av barna i Groruddalen ikkje kan nok norsk når dei startar på skulen. Om lag 45 pst. av alle elevar på 1. trinn i Groruddalen fekk i 2018 vedtak om særskild språkopplæring. Årsmeldinga viser også til at delen elevar som består vidaregåande opplæring, er fleire prosentpoeng lågare i Groruddalen enn i resten av Oslo. I nokre av dei utsette del-bydelane har under halvparten av elevane bestått vidaregåande opplæring etter 5 år.

Det er store forskjellar i korleis skulen møter elevar med stort læringspotensial

Regjeringa har merka seg at det er store forskjellar i korleis skulane tilpassar undervisninga til elevar med stort læringspotensial, jf. NOU 2016: 14 Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial og funna i undersøkinga Spørsmål til Skole-Norge høsten 2018 .

Strategiar og tiltak

Tiltak for å styrke tidleg innsats i grunnopplæringa

Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) foreslo i rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge å fjerne den individuelle retten til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, og i staden bygge opp eit meir heilskapleg system der fagkompetansen kjem nærare elevane. Regjeringa vil bevare den lovfesta retten til å få spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, men meiner at det er nødvendig å få til ei endring av praksis. For å få meir kunnskap om kva som kan vere god, inkluderande praksis for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging, har departementet i 2019 lyst ut 5 mill. kroner til kommunar for å gjennomføre pilotprosjekt. Departementet planlegg også eit større forskingsprosjekt for ei meir systematisk utprøving av konkrete modellar. Målet er å få til eit betre tilpassa pedagogisk tilbod og styrke tilbodet til barn og unge med behov for særskild tilrettelegging. Erfaringane frå prosjekta skal sidan danne grunnlaget for endringar i kommunane og legge grunnlaget for vidare politikkutvikling.

Regjeringa legg hausten 2019 fram ei melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Meldinga vil mellom anna omfatte vurderingar av forslaga frå ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) og ein del forslag frå Stoltenberg-utvalet, som har sett på kjønnsforskjellar i grunnopplæringa, jf. omtale under Utviklingstrekk og utfordringar. Meldinga skal omfatte både barnehage, skule og SFO, vurderingar av det statlege og lokale støttesystemet og av korleis det tverrfaglege og fleirfaglege samarbeidet mellom tenestene kan styrkast, slik at kompetansen skal kome nærare barnet og eleven.

Opptrappingsplan for barn og unge si psykiske helse

Regjeringa la i juni 2019 fram Prop. 121 S (2018–2019) Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024) . Gjennom tiltaka i planen vil regjeringa at fleire skal få god psykisk helse og god livskvalitet, og at dei som treng det, skal få eit godt behandlingstilbod. Planen inneheld både helsefremjande, førebyggande og behandlingsretta tiltak, og omfattar barn og unge i alderen 0–25 år. Planen kjem i tillegg til strategien for psykisk helse Mestre hele livet (2017–2022) , som blei lagd fram i august 2017, og som er retta mot heile aldersspennet i befolkninga.

Oppfølging av opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Regjeringa er godt i gang med oppfølginga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) . Planen omfattar tiltak som gjeld meir kompetanse om vald og overgrep for dei tilsette i barnehagar og skular, og tiltak som skal gjere barn og unge betre i stand til å forstå kva vald og overgrep er, og korleis ein kan få hjelp viss ein er utsett for dette. Tiltaka vil også bidra til å oppfylle punkt i regjeringsplattforma om å ha seksualitet og grensesetjing som tema i barnehagane og betre seksualundervisninga i grunnskulen, og legge vekt på grensesetjing og respekt for eigne og andre sine grenser.

Det er i samband med opptrappingsplanen mot vald og overgrep utvikla tilbod til dei sektorane som arbeider med barn, for å betre kompetansen til dei tilsette om kva vald og overgrep er, og korleis ein kan førebygge eller avdekke dette. Det er også utvikla læringsressursar for bruk i barnehagar og skular, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Barne- og familiedepartementet.

Justis- og beredskapsdepartementet leiar eit samarbeid om oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 605, 25. april 2017 om ein eigen strategi mot internettrelaterte overgrep. Dette er viktig sett opp mot arbeidet mot mobbing og seksuell trakassering i skulen. I budsjettforliket for 2019 blei det løyvd 2 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets kap. 225, post 75 til den frivillige organisasjonen Barnevaktens nettvett-program, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Programmet skal bidra til betre opplæring om nettvett i skulen. Seksualitet, vald og overgrep er òg viktige tema i dei nye læreplanane. Mellom anna skal det tverrgåande temaet folkehelse og livsmeistring bidra til at elevane blir medvitne om eigne og andre sine grenser.

Regjeringa har tidlegare sørgt for å skjerpe kravet til politiattest for å bli tilsett i barnehage og grunnskule, og kravet er no utvida til å omfatte tilsette på skular med eldre elevar. Frå 1. august 2019 er det forbod mot å få tilsetjing i vidaregåande skular, friskular og folkehøgskular for personar som er dømde for seksuelt misbruk av mindreårige.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og Justis- og beredskapsdepartementet skal i 2019 gjennomføre ein kampanje om plikta til å avverje vald i nære relasjonar og overgrep, jf. § 196 i straffelova. Kampanjen er retta mot helsepersonell og tilsette i barnehagar og skular, og skal medverke til at dei tilsette blir meir bevisste på avverjingsplikta.

0–24-samarbeidet, områdesatsingane og andre tiltak skal bidra til betre tverrfagleg samarbeid til beste for utsette barn og unge

Kunnskapsdepartementet leiar det femårige 0–24-samarbeidet , der også Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet deltek. Satsinga gjeld perioden 2015–20, og målet er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år gjennom betre samarbeid mellom tenestene for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet.

I 2020 startar mellom anna eit treårig pilotforsøk for programfinansiering for perioden 2020–22, jf. omtale under kap. 226, post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet.

Som eit eige tiltak er regjeringa i gang med å greie ut moglege tiltak for å gi fylkeskommunane eit utvida og heilskapleg ansvar for alle 16–24-åringane.

Kunnskapsdepartementet vil vidareføre områdesatsinga i Groruddalen for perioden 2017–26 og områdesatsingane i Oslo Sør og indre Oslo aust for perioden 2018–26, jf. kap. 226, post 21, programkategori 07.90 Integrering og mangfald og Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tiltak for å betre tilbodet til elevar med stort læringspotensial

Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld alle elevane. Elevar med stort læringspotensial må få møte forventningar og utfordringar i skulen slik at dei opplever meistring og anerkjenning. Skulane må ha kunnskap om og kompetanse til å møte elevar med stort læringspotensial. Regelverket gir gode høve til forsering og fleksibilitet. Slik kan skulane gi utfordringar og motiverande undervisning til barn og elevar med stort læringspotensial. Utdanningsdirektoratet har hausten 2019 publisert ein rettleiar om elevar med stort læringspotensial. Rettleiaren viser skulane og skuleeigarane kva handlingsrom dei har når det gjeld å legge til rette for denne elevgruppa. Han er meint å vere eit oppslagsverk som gir tilvisingar til meir grundig informasjon om reglane.

Utdanningsdirektoratet utviklar ein e-læringsmodul for at lærarar i skulen og tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) skal få betre kompetanse når det gjeld elevar med stort læringspotensial. Innhaldet i e-læringsmodulen blir etter planen ferdig våren 2020. Spørsmål om elevar med stort læringspotensial blei tekne opp att i ei spørjing til Skule-Noreg hausten 2018. Departementet ønsker også informasjon om korleis barnehagane følger opp barn med stort læringspotensial.

I oppfølginga av Realfagsstrategien blei det hausten 2016 starta ei treårig utprøving med etablering av talentsenter for elevar med høgt læringspotensial i realfag på 7.–10. trinn og i dei to første åra i vidaregåande opplæring. Talentsentera er plasserte ved vitensentera i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim. Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har i 2019 gjennomført ei evaluering der konklusjonen er at talentsentera har etablert eit tilbod som er imponerande i kvalitet og omfang, og som inspirerer og løftar elevane. Kunnskapsdepartementet foreslår at talentsentera blir vidareført som ei varig ordning.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Mange lærarar manglar relevant kompetanse

Grunnopplæringa stiller store krav til kompetansen hos lærarane. Det er godt dokumentert frå forskinga at elevane lærer meir når lærarane har fordjuping i det faget dei underviser i. Regjeringa er derfor bekymra over delen lærarar som enten ikkje har fordjuping i faget dei underviser i, eller som ikkje er formelt kvalifiserte for tilsetjing.

Statistikk frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 27 pst. av matematikklærarane, 19 pst. av norsklærarane og 39 pst. av engelsklærarane i grunnskulen manglar fordjuping i faget i skuleåret 2018–19. Talet på lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava i matematikk, norsk og engelsk, har gått ned med nesten 8 000 frå 2015 til 2018. I skuleåret 2018–19 var om lag 3 900 personar i undervisningsstillingar i grunnskulen ikkje kvalifiserte for tilsetjing. Dette utgjer ifølge GSI 5,7 pst. av alle lærarane i grunnskulen, og er ein auke frå 5,6 pst. i skuleåret 2017–18. Ei ny undersøking frå SSB våren 2019 omfattar også kompetansen til lærarar som ikkje er kvalifiserte for tilsetjing, og som dermed ikkje tel med i GSI. Då blir delen lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk utan tilstrekkeleg kompetanse, høgare: 34 pst. for matematikk, 23 pst. for norsk og 51 pst. for engelsk.

I TALIS-studien frå 2018 seier kvar femte lærar at dei har eit «stort behov» for betre kunnskap om å integrere IKT i undervisninga. Vidare seier kvar sjette lærar at dei har eit «stort behov» for meir kunnskap om undervisning av elevar med særlege opplæringsbehov.

Meir bruk av IKT i opplæringa i form av system, plattformer, digitale einingar og digitale læremiddel krev auka kompetanse hos lærarar og skuleleiarar når det gjeld samanhengar, moglegheiter og utfordringar. God forståing av informasjonstryggleik og personvern er også viktig for å lykkast med digital utvikling.

Mange lærarar opplever overgangen frå utdanninga til yrket som vanskeleg. Dei første åra som nytilsett lærar kan vere krevjande, men er samtidig viktige for å utvikle seg i lærarrolla. Trass i innsatsen for å styrke omfanget av og kvaliteten på rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar, viser ei evaluering frå Rambøll at berre seks av ti får eller har fått rettleiing. I TALIS-studien frå 2018 svarer mange nyutdanna lærarar (rekna til og med fem år etter tilsetjing) at dei får for lite fagleg oppfølging i overgangen frå utdanning til yrke.

Skular har ulike behov for kompetanse og ulike føresetnader for å drive kompetanseutvikling. Ein gjennomgang av tidlegare nasjonale kompetanseutviklingstiltak viser at ein viktig faktor for eit vellykka utviklingsarbeid er at avgjerder og prioriteringar må gjerast av dei som skal gjennomføre tiltaka.

Regjeringa meiner det i framtida vil vere eit behov for å satse på kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar og instruktørar. Den nye tilbodsstrukturen for fag- og yrkesopplæringa, som skal innførast hausten 2020, vil føre til nye kompetansebehov for mange yrkesfaglærarar og instruktørar når dei skal tilpasse seg nye fag og utdanningsprogram.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å gi fleire lærarar relevant kompetanse

Styrking av lærarutdanningane

Regjeringa ønsker at læraryrket skal vere attraktivt for fleire, og at elevane skal møte lærarar med god fagkunnskap i faga dei underviser i. Etter at det i 2005 blei innført karakter- og poengkrav for opptak til lærarutdanningane, har det vore ein auke i delen studentar som fullfører. I 2016 blei det innført krav om karakteren 4 i matematikk for å kome inn på grunnskulelærar- og lektorutdanningane. Sett under eitt er det fleire studentar som startar no, enn før innføringa av kravet. Dei siste åra har det vore færre studentar som fell ifrå etter første studieår, enn tidlegare. Det er ikkje grunnlag for å seie at 4-kravet gir færre lærarstudentar i eit lengre perspektiv. Rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 har vist seg meir sårbar enn rekrutteringa til dei andre utdanningane. 4-kravet gir likevel mest meining for studentane ved denne utdanninga sidan dei skal bestå minst 30 studiepoeng i matematikk. Erfaringa viser at mange studentar slit med matematikkfaget, noko som kan ha bidrege til sviktande gjennomføring tidlegare.

Våren 2017 lanserte regjeringa Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Strategien er retningsgivande for arbeidet med å utvikle lærarutdanningane. Det er eit sentralt mål å utvikle samarbeidet mellom universitet, høgskular og barnehage- og skulesektoren. Sjå også omtale av barnehagelærarutdanninga i programkategori 07.30 Barnehagar og omtale av høgare utdanning under kap. 260 Universitet og høgskular.

Den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling skal sikre at tiltaka er betre tilpassa lokale behov

I oppfølginga av Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen blei det i 2017 innført ei desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen. Ordninga inneber at bruken av statlege kompetansemidlar skal vere betre tilpassa lokale behov. Alle fylke har etablert samarbeidsforum der kommunar, fylkeskommunen, universitet, høgskular og fylkesmannen er med. Utdanningsdirektoratet fordeler dei statlege midlane gjennom fylkesmannen til kvart einskilt samarbeidsforum. Sjå omtale under kap. 226, post 21.

Vidareutdanning skal bidra til at fleire lærarar får fordjuping i faga dei underviser i

Regjeringa har som mål at alle lærarar skal ha fordjuping i faga dei underviser i, og vil halde fram med satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. I perioden 2014–19 har Utdanningsdirektoratet gitt om lag 34 000 tilbod om vidareutdanning til lærarar gjennom Kompetanse for kvalitet – strategi for lærere og skoleledere frem mot 2025 . Det er stadig fleire lærarar som søker vidareutdanning. Vidareutdanninga har medverka til at fleire lærarar har tilstrekkeleg utdanning i undervisningsfaga sine. Samtidig vil det framleis vere utfordringar med å oppfylle kompetansekrava innan 2025. Departementet vil framleis følge utviklinga nøye. I studieåret 2019–20 har 1 200 lærarar fått innvilga søknad om vidareutdanning i engelsk. Samtidig er det innvilga 1 646 søknader i matematikk og 1 230 søknader i norsk. Sjå også omtale under kap. 226, post 22.

Karrierevegen som lærarspesialist skal bidra til at erfarne lærarar blir i yrket

Regjeringa ønsker å halde på gode lærarar i klasserommet, og starta i 2015 ei pilotering av ein ny karriereveg for lærarar som lærarspesialist. Regjeringa har som mål å auke talet på lærarspesialistar til totalt 3 000 innan utgangen av 2022 og gi alle skular tilgang til lærarspesialist i begynnaropplæring. Det vil vere ein styrke for kompetanseutviklinga i skulen at det finst spesialistar i dei fleste sentrale skulefaga, og i tillegg innanfor område som begynnaropplæring, profesjonsfagleg digital kompetanse, opplæring av minoritetsspråklege elevar og spesialpedagogikk. Sjå omtale under kap. 226, post 21.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar skal gi ein god overgang frå utdanninga til yrket

Regjeringa ønsker at nyutdanna nytilsette lærarar skal få god støtte og rettleiing slik at dei blir trygge i lærarrolla. I samarbeid med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning la regjeringa hausten 2018 fram prinsipp og forpliktingar for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule. Desse er ein del av dei nasjonale rammene for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar og skal gjelde ut juli 2021. Utdanningsdirektoratet har utvikla ein nettbasert rettleiar om kjenneteikn på gode lokale rettleiingsordningar og laga nye rammer for vidareutdanningstilbod i rettleiing som startar opp hausten 2020. Utdanningsdirektoratet forvaltar også eit tilskot på 60 mill. kroner som kommunar og friskular kan søke på til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Kunnskapsdepartementet har sett i gang ei evaluering av tiltaka i dei nasjonale rammene for rettleiing. Sluttrapporten er venta i 2021. Sjå også omtale under kap. 226, post 21, kap. 226, post 61, kap. 231, post 21 og kap. 260, post 50.

Tiltak for å heve den digitale kompetansen blant lærarar

For å kome i møte fleire av dei behova for kompetanseutvikling som lærarar sjølve melder om i TALIS-studien frå 2018, er det i dei siste åra blitt tilbode vidareutdanning i mellom anna profesjonsfagleg digital kompetanse og programmering. Det blir også tilbode lærarspesialistutdanning og moglegheit for å vere lærarspesialist i profesjonsfagleg digital kompetanse. I tillegg skal alle vidareutdanningstilbod til lærarar legge til rette for refleksjon om kva den digitale utviklinga betyr for innhaldet og arbeidsmetodane i faget, og gi lærarane erfaring med å nytte digitale ressursar for å nå kompetansemålet til faga.

Tiltak for å heve kompetansen til yrkesfaglærarane

Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap bidreg til relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Regjeringa sette derfor hausten 2015 i gang ei satsing på yrkesfaglærarane – Yrkesfaglærerløftet – for fremtidens fagarbeidere . Satsinga skal bidra til å rekruttere fleire yrkesfaglærarar og sørge for at fleire får ei godkjend lærarutdanning, og at yrkesfaglærarar har høve til å delta i etter- og vidareutdanning.

Yrkesfaglærerløftet vil bli ført vidare i 2020. Frå 2019 blei fylkeskommunane med i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling. Det er ei rekke tiltak som inngår i denne ordninga, mellom anna midlar til hospitering og fagleg oppdatering i regi av arbeidslivet. Midlane som gjeld yrkesfag, er skilde frå dei etablerte samarbeidsforuma. Ein viktig grunn er at det er andre aktuelle tilbydarar av kompetanseutvikling enn universitet og høgskular innanfor yrkesfag, til dømes bedrifter, opplæringskontor, bransjeorganisasjonar og fagskular.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Utviklingstrekk og utfordringar

Ulike årsaker til at ein del elevar ikkje får fullverdig vitnemål frå grunnskulen

Grunnskulepoeng er ein samla poengsum som er berekna ut frå alle standpunkt- og eksamenskarakterar på vitnemålet til den einskilde eleven. Poengsummen legg grunnlaget for opptak til vidaregåande opplæring. Den gjennomsnittlege poengsummen for alle elevar har gått opp i dei seinare åra, og sist frå 41,8 poeng i skuleåret 2017–18 til 42 poeng i 2018–19.

Det er framleis slik at ein del elevar ikkje får fullverdig vitnemål frå grunnskulen. For skuleåret 2018–19 mangla 5,3 pst. av elevane karakter i meir enn halvparten av faga, same del som for 2017–18, og dei fekk derfor ikkje utrekna grunnskulepoeng. Årsakene til at elevar manglar karakterar, er samansette og kan til dømes vere at eleven har individuell opplæringsplan og fritak frå vurdering, eller at eleven nyleg har kome til Noreg og derfor ikkje deltek i ordinær undervisning i alle fag.

Stoltenberg-utvalet peikar i NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring på at kjønnsforskjellen i grunnskulepoeng i jentenes favør blir forsterka av utdanningsnivået til foreldra. Gutar som har foreldre med låg utdanning, har nesten 12 færre grunnskulepoeng enn jenter som har foreldre med høg utdanning. Desse gutane har dermed ei dobbel ulempe i utdanningssystemet.

Regjeringa er bekymra for dei elevane som ikkje får fullverdig vitnemål frå grunnskulen, og følger med på utviklinga. Elevar som fell utanfor på ungdomsskulen, strevar ofte seinare i livet.

Dei nasjonale prøvane i engelsk og rekning har målt utviklinga sidan 2014 og dei nasjonale prøvane i lesing sidan 2016. For 2018 er det inga endring for elevar på 5. trinn i engelsk og rekning. For lesing er det ein reduksjon i delen elevar på både lågaste nivå og høgaste nivå. Gutane er i fleirtal på høgaste nivå i rekning, og jentene er i fleirtal på høgaste nivå i lesing. I snitt presterer jentene i større grad enn gutane på det mellomste meistringsnivået. Kjønnsforskjellane har vore stabile over tid. For elevar på 8. trinn er det i snitt inga endring frå tidlegare. Også her er gutane i fleirtal på høgaste nivå i rekning og jentene i fleirtal på høgaste nivå i lesing. For engelsk er det jamnare kjønnsfordeling. I dei siste fem åra har delen gutar på dei to lågaste nivåa i engelsk blitt redusert. For elevar på 9. trinn, som tek dei same prøvane som elevane på 8. trinn, er det fleire som skårar på dei to høgaste nivåa, noko som er forventa sidan desse elevane har gått eitt år meir på skulen.

Norske elevar har delteke i Programme for International Student Assessment (PISA) i 2018, og resultata kjem i desember 2019. Norske elevar deltek i Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS) i 2019. Resultata kjem i 2020.

Elevar med innvandrarbakgrunn har større utfordringar enn andre elevar

Elevar som nyleg har kome til Noreg, og som derfor ikkje har delteke i ordinær undervisning i alle fag, utgjer den største gruppa som ikkje får karakter i alle fag i grunnskulen. Elevar som sjølve har innvandra, er overrepresenterte på dei to lågaste meistringsnivåa på nasjonale prøvar på 8. trinn. Butida har stor betydning for meistringsnivået til elevane, sidan tida har mykje å seie for utvikling av gode norskferdigheiter. Dei som har budd i Noreg i 5–6 år, nærmar seg nivået i lesing til dei norskfødde elevane med innvandrarforeldre. Det er likevel ein langt større del av norskfødde elevar med innvandrarforeldre på dei to lågaste meistringsnivåa enn elevar utan innvandrarbakgrunn, 43 pst. mot 22 pst. Sjå meir omtale i kap. 11 Mål for integrering.

Regjeringa er bekymra over at ein del elevar med innvandrarbakgrunn har eit dårlegare grunnlag frå grunnskulen enn andre elevar. Dette kan gjere det vanskelegare for dei å fullføre og bestå vidaregåande opplæring.

Kva bidreg skulen med når det gjeld læringa til elevane?

Det er stort mangfald i den norske skulen, og familiebakgrunnen til elevane, som utdanninga og inntekta til foreldra og eventuell innvandrarbakgrunn, forklarer mykje av skuleprestasjonane deira. Ei undersøking av skulebidragsindikatorar ser på kva som er skulen sitt bidrag til læringa i grunnskulen, kontrollert for familiebakgrunnen til elevane og tidlegare skuleresultat. Undersøkinga viser forskjellen mellom det resultatet elevane ved ein skule faktisk oppnår, og det som er forventa resultat kontrollert for bakgrunnsfaktorane.

Skulebidraget er ein relativ størrelse der ein måler alle skulane mot eit landsgjennomsnitt. Ein positiv verdi vil seie at skulebidraget er høgare enn snittet, ein negativ verdi vil seie at bidraget er lågare enn snittet. Ein negativ verdi betyr altså ikkje at skulen bidreg negativt til elevresultatet, men at bidraget er lågare enn snittet. Skulebidragsundersøkinga i 2019 viser at éin av fem kommunar ligg under forventa skulebidrag på mellom- og ungdomstrinnet.

I desember 2018 publiserte Utdanningsdirektoratet skulebidragsindikatorar for vidaregåande skule. Denne undersøkinga kontrollerer for karaktergjennomsnitt frå trinnet under, utdanningsprogram, trinn og kjønn. Resultata viser at det er tydelege forskjellar mellom skulane når det gjeld kor mykje dei bidreg med, særleg når det gjeld å få elevane til å bestå. Analysen viser at om lag ein av tre skular har bidrag som er forskjellige frå landsgjennomsnittet. Eit anna funn er at det er større forskjellar mellom fylka på yrkesfag enn på studieførebuande program.

Utfordringar når det gjeld digitale ferdigheiter og bruk av IKT i opplæringa

Regjeringa viser i Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 til at digitale ferdigheiter og bruk av IKT i opplæringa er ein svært sentral del for læringa til elevane. Digitale ferdigheiter er like grunnleggande som lesing, skriving, rekning og munnlege ferdigheiter, og inngår i det vi omtalar som kompetansar for det 21. hundreåret. Bruk av teknologi i undervisninga opnar for nye moglegheiter og utfordringar i opplæringa. God implementering av bruk av IKT krev derfor ei målbevisst og strategisk tilnærming.

Ei av dei mest samfunnskritiske oppgåvene til Utdanningsdirektoratet er å utarbeide og gjennomføre prøvar og eksamenar. Dagens IKT-løysingar for digital prøve- og eksamensgjennomføring er over ti år gamle og utdaterte, både teknologisk og funksjonelt. Mange elevar er ekskluderte frå å delta på nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar og læringsstøttande prøvar fordi løysinga i dag ikkje er universelt utforma. Markedet for system for prøvegjennomføring har også utvikla seg raskt og kan tilby ei rekke nye funksjonar som dagens system ikkje har.

Fleire elevar fullfører vidaregåande opplæring

Regjeringa har som mål at innan 2030 skal ni av ti elevar fullføre og bestå vidaregåande opplæring. I dei siste åra har det vore ein auke i delen elevar som gjennomfører vidaregåande opplæring innan fem år. 75,3 pst. av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2013, hadde fullført og bestått fem år etter. Dette er den største delen nokon gong og er ein liten auke samanlikna med 2012-elevkullet. Ein del av elevane og lærlingane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring og fullfører seinare. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbyrja opplæring, er det om lag 80 pst. som fullfører og består. For 2008-elevkullet inneber det at nesten 10 prosentpoeng fleire har fullført og bestått ti år etter påbyrja opplæring samanlikna med etter fem år.

Figur 4.2 Variasjonar i gjennomføring mellom fylka (prosentdel som har fullført innan fem år)

Figur 4.2 Variasjonar i gjennomføring mellom fylka (prosentdel som har fullført innan fem år)

Kjelde: SSB

Figur 4.3 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte i vidaregåande opplæring (prosentdel)

Figur 4.3 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte i vidaregåande opplæring (prosentdel)

Kjelde: SSB

Om lag halvparten av elevane vel yrkesfaglege utdanningsprogram på vidaregåande opplæring trinn 1 (Vg1). Blant elevar som byrja på eit studieførebuande utdanningsprogram i 2013, hadde om lag 9 av 10 fullført med studiekompetanse innan fem år. Blant elevar som byrja på yrkesførebuande utdanningsprogram i 2013, hadde 36 pst. fullført med yrkeskompetanse. 26 pst. hadde fullført med studiekompetanse.

I 2018 fekk 21 700 yrkesfagelevar læreplass i ei bedrift. Det er 74 pst. av dei som søkte. Det var både det høgaste talet på læreplassar og den største delen av søkarane nokon gong. Det er likevel for mange som ikkje får læreplass, og dette er i mange tilfelle ei årsak til at elevar ikkje fullfører skulen. Sidan 2013 er lærlingtilskotet gått opp med nærare 25 000 kroner per kontrakt.

98 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskulen våren 2018, var i vidaregåande opplæring 1. oktober same år. Det er særleg i overgangane mellom trinna at elevar sluttar eller gjer omval. Men mange elevar har gått ganske lenge i vidaregåande opplæring før dei sluttar. Mange elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram sluttar i overgangen mellom skule og læreplass, medan ein relativt stor del av elevane på studieførebuande program stryk til dei siste eksamenane. Regjeringa forventar god dialog mellom vidaregåande opplæring, fagskular og universitets- og høgskulesektoren for å sikre gode val av utdanning og gode overgangar mellom utdanningsnivåa, jf. Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning .

Ein analyse frå Utdanningsdirektoratet i 2018 viser kva dei som ikkje får læreplass, gjer. Ved utgangen av 2017 var det 5 520 søkarar med ungdomsrett som ikkje hadde fått godkjend læreplass. Analysen viser kva slags aktivitet dei var i fram til juni 2018. 29 pst. av desse hadde fått opplæringskontrakt eller starta med fagopplæring i skule. 7 pst. av ungdommane hadde starta som lærling eller lærekandidat før juni 2018. 24 pst. av søkarane starta i vidaregåande skule eller tok fag som privatist. 18 pst. av ungdommane var i aktivitet i regi av oppfølgingstenesta. For 20 pst. av søkarane er det ukjent kva dei gjer.

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som har fullført og bestått vidaregåande opplæring, har auka i dei siste åra, men framleis er det mange av dei som sjølve har innvandra som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. 58 pst. av innvandrarane som starta i vidaregåande opplæring i 2013, fullførte og bestod i løpet av fem år. Til samanlikning var delen 74 pst. for norskfødde med innvandrarforeldre og 77 pst. for andre elevar. Sjå kap. 11 Mål for integrering for meir omtale av skuleresultata til elevar med innvandrarbakgrunn.

Etter at dei nye fråværsreglane i vidaregåande opplæring kom hausten 2016, har både timefråvær og dagsfråvær gått ned. Dagsfråværet har gått ned med 40 pst. frå fem dagar i skuleåret 2015–16 til tre dagar i 2018–19. Timefråværet er litt høgare i 2018–19 enn i 2017–18, men er framleis lågare enn det var før fråværsgrensa blei innført. Fråværsgrensa skal evaluerast av Fafo, og sluttrapporten kjem i juni 2020. Ifølge dei to første delrapportane, som kom i høvesvis 2017 og 2018, har fråværet gått ned som følge av at fråværsgrensa blei innført. Regjeringa er nøgd med at elevane er meir på skulen. Dette vil kunne bidra til betre læring og gjere det lettare for skulane å fange opp elevar som slit.

Etter at fråværsgrensa blei innførd viser tal frå Utdanningsdirektoratet at andelen som ikkje får karakter i minst eitt fag har vore stabil. I den andre delrapporten frå evalueringa av fråværsgrensa skriv likevel Fafo at forskarane har berekna at det kan vere større risiko for at særleg utsette elevar ikkje får karakter. Det gjeld særleg elevar med låge karakterar frå grunnskulen og elevar med høgt fråvær. Kunnskapsdepartementet følger utviklinga for denne gruppa tett.

Frå hausten 2019 vil det vere mogleg å få unntatt fråvær som gjeld delar av den obligatoriske køyreopplæringa, frå fråværsgrensa. Det vil gjere det lettare å kombinere køyreopplæring og skule.

Struktur og innhald i vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring skal førebu elevane på vidare studium eller deltaking i yrkeslivet. Skal ein lykkast med det, må innhaldet i opplæringa vere tilpassa behova i høgare utdanning og arbeidsmarknaden, slik at elevane får nødvendige kunnskapar og ferdigheiter. I tillegg må kvaliteten på undervisninga vere god.

Ikkje alle elevar er godt nok førebudde på overgangen frå vidaregåande skule til høgare utdanning. Ifølge rapporten Studieforberedt etter studieforberedende? frå 2016 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har mange elevar lite trening i å lese lange akademiske tekstar, mange er svake i akademisk skriving, og fleire elevar er ikkje gode nok i kritisk tenking. Utvalet for vidaregåande opplæring, Lied-utvalet, leverte i desember 2018 ei delinnstilling, NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert , som omtalar sterke og svake sider ved den vidaregåande opplæringa. I delinnstillinga er ferdigheiter i engelsk trekte fram som viktig for dei elevane som skal studere. Utvalet meiner at det er ei svakheit at elevar på studieførebuande avsluttar engelsk allereie etter Vg1. Lied-utvalet stiller fleire spørsmål ved struktur og innhald i dagens opplæring, mellom anna om retten til vidaregåande opplæring har for tronge vilkår, og om vidaregåande opplæring har rom for fagleg fordjuping og fører til at elevane er kvalifiserte for neste nivå. Desse og andre spørsmål vil utvalet kome tilbake til i hovudrapporten, som blir lagd fram i desember 2019.

Noreg treng fagarbeidarar

Noreg kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida. Tal frå SSB viser at Noreg kan trenge 100 000 fleire fagarbeidarar i 2035. I 2018 fekk 74 pst. av alle søkarar læreplass. Det er den største delen sidan målingane starta i 2011, men det er framleis ikkje godt nok. Gode og mange nok fagarbeidarar er heilt sentralt for å møte behova i arbeidslivet og for verdiskaping i framtida.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å bidra til at fleire elevar får fullverdig vitnemål frå grunnskulen: tidleg innsats, inkluderande fellesskap og fagfornying

Regjeringa legg hausten 2019 fram ei melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Målet med meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnader. For meir omtale, sjå under målet Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt .

Regjeringa har som mål å gi barn og unge med innvandrarbakgrunn gode norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom likeverdige utdanningsløp. For meir omtale av regjeringa sin strategi Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

I oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017) blir læreplanane for grunnskulen og fellesfaga i vidaregåande opplæring fornya. Utkast til nye læreplanar har vore ute på høyring våren 2019 og skal bli fastsette hausten 2019. Heile fagfornyinga skal tre i kraft frå skuleåret 2020–21.

Oppfølgingsordninga og andre tiltak for å støtte skular som ligg under nedre grense for skulekvalitet, eller som skårar lågt på undersøkinga om skulebidragsindikatorane

Regjeringa har innført ei nedre grense for skulekvalitet i grunnskulen. Skuleeigarar som har for dårlege resultat over tid, får gjennom oppfølgingsordninga nasjonal hjelp til å løfte kvaliteten på skulen, mellom anna gjennom eit nasjonalt rettleiarkorps av skuleekspertar som rettleiar lærarar og skuleleiing. Kommunane som er omfatta av ordninga, blir identifiserte gjennom eit indikatorsett for kvalitet i opplæringa, og desse kommunane vel aktuelle tiltak for kvalitetsutvikling i dialog med fylkesmannen. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å vurdere korleis ein kan gjere indikatorsettet endå meir treffsikkert og oppfølginga betre, slik at vi er sikre på at dei kommunane og skulane som treng hjelp, får det.

Skulebidragsundersøkinga i 2019 viser at det er store forskjellar mellom skular, og også mellom kommunar og til dels fylke, når det gjeld bidraget til læringa i grunnskulen. Undersøkinga seier ikkje noko om årsakene til forskjellane.

Skulebidragsundersøkinga for vidaregåande opplæring frå 2018 viser at det òg der er store forskjellar mellom skular og fylke. Det er no etablert ein modell for årlege publiseringar av skulebidragsindikatorar for vidaregåande opplæring. Dette er viktig for å kunne heve kvaliteten i opplæringa.

Regjeringa vil setje ned ei ekspertgruppe, som basert på mellom anna skulebidragsindikatorane skal kome med anbefalingar til korleis skular og skuleeigarar som bidreg mindre til elevanes læring enn det vi kan forvente, kan løfte resultata sine.

Tiltak i integreringsstrategien skal bidra til å støtte elevar med innvandrarbakgrunn

Regjeringa la i oktober 2018 fram strategien Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22, jf. nærare omtale i programkategoriane 07.30 Barnehagar og 07.90 Integrering og mangfald. Dei to hovudgrepa når det gjeld elevar i grunnopplæringa, er

  • å styrke tidleg innsats for utvikling av norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse

  • å auke kompetansen blant tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring for å vareta minoritetsspråklege barn og unge i heile utdanningsløpet

Departementet og Utdanningsdirektoratet er i gang med oppfølginga av tiltaka.

Digitaliseringsstrategien skal bidra til betre utnytting av dei moglegheitene IKT gir

Strategien Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 er tett kopla til arbeidet med fagfornyinga. Tiltak for både auka profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarar og utvikling og innkjøp av digitale læremiddel skal støtte opp under innføringa av nye læreplanar i grunnopplæringa. Strategien legg også vekt på at staten kan støtte skuleeigarane ved å utvikle digitale fellesløysingar. Sjå også omtale av digitalisering i del III, kap. 9 Fornye, forbetre, forenkle.

Utdanningsdirektoratet er i gang med innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Systemet skal gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der elevane og kandidatane kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ein ny, felles digital løysing. Dette vil mellom anna gjelde kartleggingsprøvar på 1.–3. trinn. Systemet vil ha brukaren i sentrum og skal støtte krava om universell utforming.

Fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

Det er eit viktig mål for regjeringa at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Ungdommar som har dårlege føresetnader for å fullføre vidaregåande opplæring, treng tettare og betre oppfølging. Derfor har regjeringa teke initiativet til at fylkeskommunane skal få eit større ansvar for unge mellom 16 og 24 år.

Det er mellom anna innført ei ny ordning som gjer at elevar i vidaregåande skule kan skifte til yrkesfag etter det første året på studiespesialisering, utan å måtte gå førsteåret om igjen. Som del av arbeidet for at fleire skal fullføre, foreslår departementet midlar til tiltak retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring.

Framtidsretta struktur og innhald i vidaregåande opplæring

Regjeringa vil legge fram ei melding om vidaregåande opplæring våren 2021. Meldinga vil mellom anna ta opp i seg mange av problemstillingane frå Lied-utvalet, som leverer hovudinnstillinga si i desember 2019. Stortingsmeldinga skal handle om vidaregåande opplæring i ei tid då det blir stadig viktigare med læring heile livet. Sentrale tema vil mellom anna vere gjennomføring, innhald og struktur i vidaregåande opplæring. Meldinga vil òg handle om tema som rolla til fylkeskommunane som skuleeigar og aktørar i kompetansepolitikken, kapasiteten i fylkeskommunane, skular, bedrifter og verksemder. Andre døme på tema er rammevilkåra for vidaregåande opplæring, inkludert lovverk og finansiering. Meldinga vil òg sjå på arbeidslivet si rolle i vidaregåande opplæring og vaksne sine vilkår for å ta vidaregåande opplæring.

Fag- og yrkesopplæringa skal styrkast

Regjeringa satsar på fag- og yrkesopplæringa og gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skuleeigarane og partane i arbeidslivet. Satsinga inneheld ei rekke tiltak

Ein ny tilbodsstruktur for yrkesfaga skal gjelde frå skuleåret 2020–21. Utdanningsprogramma og dei einskilde faga skal bli meir relevante for arbeidslivet, mellom anna ved at elevane får høve til å fordjupe seg tidlegare. Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med partane i arbeidslivet revidert og utvikla nye læreplanar for dei faga som skal endrast.

Kunnskapsdepartementet vil greie ut eit nasjonalt lærlingtorg. Det er ein nasjonal portal der lærebedrifter kan legge ut oversikt over ledige læreplassar og læreplassar som kjem, noko som vil forenkle prosessen med å formidle læreplassar. Styrkinga av utstyrsstipendet frå Lånekassen, med ei særleg prioritering av dei dyrare yrkesfaglege utdanningsprogramma, er eit viktig løft for mange elevar på yrkesfag. Regjeringa ønsker fleire fagfolk med relevant og god utdanning. Fagskulane bidreg til kompetent arbeidskraft i heile landet. Departementet foreslår derfor midlar til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Sjå òg omtale under programkategoriane 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning og 07.80 Utdanningsstøtte.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

391 146

380 591

364 427

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

207 426

206 019

205 059

70

Tilskot til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21

61 688

68 705

70 549

Sum kap. 0220

660 260

655 315

640 035

Utdanningsdirektoratet har oppgåver innanfor myndigheitsutøving, vurdering, analyse, utvikling, støtte og rettleiing i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. Arbeidet med digitalisering og bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet skal vere integrert i anna arbeid direktoratet gjer, og i dei statlege tiltaka som blir gjennomførte på utdanningsområdet.

Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel. Det er til dømes mellombelse oppgåver som gjeld kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 231 Barnehagar. Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre budsjettkapittel. Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld:

  • etatsstyring av statlege skular som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • etatsstyring av fylkesmannen på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, friskulelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skular, og folkehøgskulelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, friskulelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skular, og folkehøgskulelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • tilskot til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, friskular, folkehøgskular og andre formål, jf. kap. 225, 226, 227, 228, 231 og 253

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2020

Dei måla som er omtala i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet.

Mål for verksemda til direktoratet i 2020 er som følger:

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket.

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane sine og overfor lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar.

Rapport for 2018

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter

Elevundersøkinga viser at mobbetala går ned, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Evalueringa av Læringsmiljøprosjektet, som blei etablert i 2013, viser at mobbinga er redusert i dei skulane som har vore med i prosjektet. Direktoratet har utvikla kompetansepakkar som barnehagar og skular kan tilpasse etter behov. Dette omfattar eit samlingsbasert tilbod, eit nettbasert tilbod og Læringsmiljøprosjektet med rettleiarar. Det er også utvikla ein vidareutdanningsmodul i skulemiljø og leiing med oppstart i august 2019.

Gjeldande rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2017, og direktoratet har utvikla støttemateriell til hjelp for barnehagane i arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Arbeidet med å evaluere implementeringa av rammeplanen er starta, og det er etablert eit evalueringsprogram med programstyre. Evalueringa blir avslutta i 2023.

Fagfornyinga har vore eit prioritert område i 2018, og eit heilskapleg læreplanverk med tilhøyrande støtteressursar er under utvikling. Løysinga vil vere digital. Utviklinga av nye læreplanar bygger på prinsippa om involvering, samskaping og samordning. Mange aktørar har vore involverte i prosessen med å utvikle kjerneelement og læreplanar for faga. Det har vore fleire innspelsrundar, referansegrupper og andre tiltak for å få til god involvering. Fagfornyinga blei i 2018 utvida til også å gjelde programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram, og direktoratet starta prosessen med å fornye programfaga for studieførebuande utdanningsprogram. Det er oppretta eit evalueringsprogram med eksternt programstyre som skal evaluere fagfornyinga. Det er utvikla støttemateriell for innføringa av overordna del av læreplanen. Direktoratet har òg starta arbeidet med å utvikle ein skulebasert kompetansepakke som skal støtte skulane i arbeidet med å ta i bruk dei nye læreplanane frå dei tek til å gjelde hausten 2020 og utover.

Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

Kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring er det området direktoratet bruker mest ressursar på. Det er etablert ei rekke tilbod, og fleire er under utvikling. Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen er godt etablert, og ei regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagen er i etableringsfasen. Det er eit aukande samarbeid mellom universitets- og høgskulesektoren og Utdanningsdirektoratet gjennom mellom anna involvering i Lærerutdanningen 2025 – nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningen og Faglig råd for lærerutdanning.

I 2018 har totalt 1 270 personar fått tilbod om studieplass på vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) og styrarutdanning. Det har vore ein markant auke i talet på søkarar til studietilbodet i tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk. Direktoratet legg til grunn at dette har samanheng med skjerpinga av pedagognorma frå hausten 2018. Talet på studieplassar i studiet for barns språkutvikling og -læring er auka med 135 plassar i samsvar med tildelinga. Det er òg sett i gang fagskuleutdanning for barnehageassistentar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen.

Ein større del av lærarane oppfyller kompetansekrava i norsk, matematikk og engelsk. Gjennom strategien Kompetanse for kvalitet har 7 200 lærarar fått tilbod om vidareutdanning i studieåret 2018–19. Omkring ein tredel nemner innføring av kompetansekrav for undervisning som sin viktigaste motivasjon for å ta vidareutdanning.

Piloteringa som gjeld lærarspesialistar, er betydeleg skalert opp frå dei 205 tilsette i funksjon som lærarspesialist i oppstartsåret 2015 til 509 lærarspesialistar i 2018.

Kompetansestrategien for framtidas barnehage, den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling og satsinga Kompetanse for kvalitet gir samla ein heilskapleg styrkt kompetanse, både kollektivt og individuelt, for tilsette i barnehage og grunnopplæring. Tilbakemeldingane på tilboda frå målgruppene er gode, og deltakarane meiner at tilboda bidreg til betre praksis.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

Brukarane av tenestene til Utdanningsdirektoratet er godt nøgde med formidlinga av regelverket frå direktoratet si side. I dei siste åra har direktoratet involvert målgruppene i rettleiings- og støttearbeidet i aukande grad. Det har resultert i færre førespurnader på område der direktoratet har arbeidd særskilt med formidling og presentasjon av regelverket.

I 2018 har direktoratet arbeidd vidare saman med Helsetilsynet om å utvikle eit felles, koordinert tilsyn på temaet meldeplikt til barnevernet. Fylkesmannen piloterer tilsynet i 2019.

Fylkesmennene gjennomførte 207 tilsyn på barnehage- og opplæringsområdet i 2018. Resultata frå tilsyn på barnehageområdet viser at kommunen som barnehagemyndigheit ofte har utfordringar med å oppfylle krava i regelverket til barnehagemyndigheitene med omsyn til rettleiing og tilsyn. Når det gjeld barnehagemyndigheitene sitt vedtak om godkjenning, viser tilsyn at desse ofte ikkje oppfyller krava i forvaltningslova.

Når det gjeld tilsyn på opplæringsområdet, viser resultata at kommunane som skuleeigar i dei fleste tilfella ikkje innhentar tilstrekkeleg informasjon frå skulane, og ofte konkluderer fylkesmennene med at skuleeigarane ikkje innhentar informasjon ofte nok til å kunne vurdere og følge opp praksisen til skulen. For eksempel var det brot i 19 av 20 tilsyn om det forsvarlege systemet for spesialundervisning. I alle tilsyna med forsvarleg system for opplæring til vaksne har fylkesmennene kome til at skuleeigarane ikkje bruker informasjon til å vurdere korleis skulen forvaltar regelverket, eller følger opp at skulane innarbeider ny praksis dersom det er nødvendig.

Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane sine og overfor lærebedrifter

Direktoratet arbeider systematisk med å vidareutvikle og formidle kunnskap i form av forsking, statistikk og analysar. Det er stor interesse for fleire av direktoratets brukarundersøkingar. Statistikk for elevresultat og læringsmiljø inngår i verktøy som ståstadsanalysen og tilstandsrapportar. Desse verktøya blir nytta av skuleeigarar, skular, barnehagar og andre til å vurdere sin eigen sektor og verksemd. I tillegg blei det i 2018 mellom anna publisert 21 analysar av statistikk, inkludert sju meir utdjupande analysar.

For å gjere kunnskapen betre tilgjengeleg blei fleire av direktoratets statistikkar i 2018 samla på ein inngangsportal: udir.no/statistikk. I 2018 var i overkant av 100 000 brukarar innom portalen. Det tilsvarer ei dobling i antal brukarar samanlikna med antal brukarar i den tidlegare Statistikkportalen i 2017.

I 2018 har direktoratet vidare forbetra forskingsformidlinga gjennom barnehagemagasinet Vetuva, med utgangspunkt i ei evaluering av magasinet i 2017. Evalueringa viste at artiklane i magasinet blir godt motteke og tekne i bruk i sektoren. Tidlegare undersøkingar viser at artiklane i Vetuva i hovudsak blir leste individuelt av dei tilsette, men at dei også blir nytta på temamøte. I tillegg til distribusjon av fysiske eksemplar har saker frå magasinet blitt delte godt gjennom direktoratets digitale kanalar i 2018.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar

Oppfølginga og gjennomføringa av digitaliseringsstrategien, inkludert Den teknologiske skulesekken , gjekk som planlagt i 2018. Det er mellom anna etablert ei særskild tilskotsordning for å auke tilfanget av og kvaliteten på digitale læremiddel. Direktoratet har starta arbeidet med å utforme ei undersøking som kan dokumentere den digitale tilstanden i barnehage og skule innanfor områda infrastruktur, kompetanse, ferdigheiter og bruk av IKT. Undersøkinga vil bli gjennomført i 2019, og funna vil ligge føre i 2020.

Arbeidet med programmering er styrkt. Det er etablert ei ordning der dei ti regionale vitensentera tilbyr elevar og lærarar på 5.–7. trinn opplæring i programmering, og 54 skuleeigarar blei i 2018 tildelte midlar til utstyr til å styrke opplæringa i programmering. Ungdomsskular som ønsker det, kan no tilby programmering som valfag. Hausten 2018 starta 13 fylkeskommunar og fire friskular eit toårig forsøk med programfaget programmering og modellering X.

Utdanningsdirektoratet bidreg til å utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse gjennom samarbeid med lærarutdanningar om å heve den digitale kompetansen til tilsette og studentar i lærarutdanninga og koordinering av nettverk for å etablere innovative læringsrom.

Ein digital infrastruktur er grunnmuren for eit godt digitalt læringsmiljø. Noko av direktoratets arbeidet med digital infrastruktur inkluderer vidareutvikling av Feide, nytt digitalt prøve- og eksamenssystem og arbeid med standardar for læringsteknologi.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 364,4 mill. kroner på posten. I løyvingsforslaget er det i tillegg teke omsyn til følgande forslag om flyttingar av midlar frå posten:

  • 2,5 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i samband med at NOKUT får det heilskaplege ansvaret for å godkjenne lærarar og morsmålslærarar samt styrarar og pedagogiske leiarar med utdanning frå andre land. Jf. programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 271, post 01.

  • 0,6 mill. kroner til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) i samband med at Diku får ansvaret for eTwinning . eTwinning er ei av EU-kommisjonens satsingar på internasjonalt arbeid der lærarar kan utvikle sin eigen digitale kompetanse. Jf. programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 272, post 50.

  • 12 mill. kroner til Kompetanse Noreg som følge av at ei avdeling med oppgåver innanfor vaksnes læring og kompetansemobilisering blir flytta frå Utdanningsdirektoratet til Kompetanse Noreg. Jf. programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, kap. 256, post 01.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner.

Grunna auka utgifter til oppdragsavtalar i samband med nettstaden VIGO og forvaltningskostnader til Prøveadministrasjon (PAS) og Prøvegjennomføringssystem (PGS) foreslår departementet å auke løyvinga med 10 mill. kroner, og ein tilsvarande auke på kap. 3220, post 01

Departementet foreslår å redusere løyvinga til Utdanningsdirektoratet med 8 mill. kroner fordi det er berekna ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og omtale i Prop. 85 S (2017–2018). 50 pst. av dette blir ført tilbake til sektoren, jf. omtale under kap. 226, post 21.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Løyvinga går til kostnader direktoratet har til utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Forvaltning av IKT-verktøy retta mot sektorane er finansiert over denne posten. Løyvinga finansierer også utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøvar innanfor yrkesfaga. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2020

Målet med løyvinga er å gi rom for utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd innanfor ansvarsområdet til Utdanningsdirektoratet.

Rapport for 2018

Arbeidet med å utarbeide eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring blei gjennomført som planlagt.

Frå januar 2018 blei Senter for IKT i utdanninga slått saman med Utdanningsdirektoratet. Senteret hadde fleire verkemiddel for kompetanseutvikling for ulike målgrupper i sektoren. Dei fleste av desse blei vidareførte i det nye direktoratet.

I 2018 har direktoratet arbeidd vidare med å etablere nasjonale fellesløysingar og standardar som bidreg til å sikre effektivitet og kvalitet på infrastrukturen og dei administrative prosessane i sektorane.

Felleskomponenten Feide har etablert seg som ei nasjonal fellesløysing for sikker autentisering og pålogging i grunnopplæringa, og ved utgangen av 2018 var Feide si teneste for pålogging tilgjengeleg for 99,9 pst. av elevane i offentlege skular, med 123 millionar påloggingar. Hausten 2018 blei tenesteplattforma Dataporten knytt saman med Feide, og nye Feide er no ei nasjonal fellesløysing for både innlogging og sikker deling av data i grunnopplæringa. Samtidig blei det etablert ein styringsmodell og ein ny samarbeidsavtale mellom Utdanningsdirektoratet, Unit og UNINETT for vidare utvikling, forvaltning og drift av nye Feide.

Bruk av nye Feide vil vere ein nøkkelfaktor for å vareta informasjonstryggleik og personvern i grunnopplæringa ved auka deling av data mellom digitale læremiddel og andre tenester i sektoren. Vidare har Feide bidrege til å forenkle og forbetre administrasjonen av pålogging og digitale tenester, og har gjort det mogleg å tilby nye typar tenester for utdanningssektoren.

I arbeidet med å utvikle og spreie standardar for læringsteknologi har direktoratet i 2018 identifisert utfordringar og funne løysingar på samordningsbehov i sektoren. Direktoratet har formannskapet for Standard Norge sin komité for læringsteknologi. I 2018 har direktoratet arbeidd med å utvikle standardar for å betre tilgangen på digitale læringsressursar, inkludert å legge til rette for å finne relevante ressursar som er tilpassa behovet til den einskilde eleven.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 205,1 mill. kroner på posten i 2020. For å auke handlingsrommet for andre tiltak foreslår departementet å redusere løyvinga med 4 mill. kroner i 2020. I løyvingsforslaget er det i tillegg teke omsyn til følgande forslag til flyttingar av midlar frå posten:

  • 6,5 mill. kroner til Kompetanse Noreg for drift av IKT-verktøy i tenestene til utdanning.no. For nærare omtale, sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, kap. 256, post 01.

  • 3,4 mill. kroner til OsloMet – storbyuniversitetet for drift og utvikling av dei digitale verktøya LEXIN og Bildetema. LEXIN er ei nettbasert ordbok på norsk og forskjellige språk, medan Bildetema er ei interaktiv bildeordbok.

2,6 mill. kroner er foreslått redusert mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 3220, post 01. Reduksjonen skyldast flytting av ansvaret for eTwinning . For meir omtale, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 272, post 50.

Post 70 Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 70 gjeld utvikling av læremiddel. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2020

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon, slik at elevane har tilgang på dei læremidla dei treng. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel, universelt utforma læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Rapport for 2018

Det blei i 2018 gitt midlar til totalt 40 nye prosjekt med denne fordelinga:

  • smale fagområde (7 prosjekt)

  • særskilt tilrettelagde læremiddel (13 prosjekt)

  • universell utforming (6 prosjekt)

  • nynorske parallellutgåver (4 prosjekt)

  • læremiddel for språklege minoritetar (10 prosjekt)

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 70,5 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 30 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Inntekter frå oppdrag

17 070

6 030

13 612

02

Salsinntekter o.a.

6 974

1 261

1 295

Sum kap. 3220

24 044

7 291

14 907

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Som følge av at ansvaret for eTwinning er flytta til Diku, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3220, post 01 med 2,6 mill. kroner i 2020. Sjå omtale under kap. 220, post 21.

Grunna auka utgifter til oppdragsavtalar i samband med nettstaden VIGO og forvaltningskostnader til Prøveadministrasjon (PAS) og Prøvegjennomføringssystem (PGS) foreslår departementet å auke løyvinga med 10 mill. kroner, og ein tilsvarande auke på kap. 220, post 21

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

13 779

15 633

15 913

Sum kap. 0221

13 779

15 633

15 913

Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og deira felles sekretariat. Nye utval skal nemnast opp for perioden 2020–23.

Mål for 2020

FUB og FUG skal fremje eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og heim og vareta interessene til foreldra i barnehage- og skulesamanheng.

Mål for verksemda til foreldreutvala i 2019 er som følger:

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

  • Foreldreutvala og sekretariatet samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

Rapport for 2018

FUB og FUG har arbeidd godt med å fremje eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og heim. Det felles sekretariatet flytta hausten 2018 til Bø i Telemark. FUB har mot slutten av 2018 hatt noko lågare aktivitet som følge av manglande kapasitet i sekretariatet i samband med flyttinga. FUB har hatt god dialog med sekretariatet om korleis dei skulle prioritere i denne perioden. Utvala har gjort synleg foreldreperspektivet og verdien av foreldresamarbeid gjennom dialog med relevante organisasjonar og institusjonar. Dei har delteke i arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og halde foredrag i ulike forum. Utvala har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. Dei har informert og rettleia foreldre, barnehagar og skular ved å utarbeide og distribuere materiell, publisere på nettsidene eller gjennom direkte møte.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 15,9 mill. kroner på posten.

Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

117 589

108 930

136 065

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 559

1 596

1 964

Sum kap. 0222

119 148

110 526

138 029

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane på kapittelet gjeld:

  • drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino

  • drift av Skådalen skole for døvblindfødte

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skular og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Opplæringa ved Sørsamisk kunnskapspark og dei vidaregåande skulane følger Kunnskapsløftet – Samisk .

Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule treng nye lokale. Regjeringa avgjorde i 2018 at ei samlokalisert løysing skal ligge til grunn for det vidare arbeidet med nye bygg for Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule og Beaivváš samisk nasjonalteater i Kautokeino. Statsbygg har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet sett i gang ein avklaringsfase for ei løysing der skulen og teateret er samlokalisert. Avklaringsfasen skal etter planen vere klar i andre halvår 2019. Regjeringa kjem tilbake med ei vurdering av saka i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020.

Mål for 2020

Eit mål med løyvingane er å medverke til at døvblindfødde barn og unge i Oslo-regionen framleis får opplæring. Vidare er det eit mål å medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur.

Rapport for 2018

Sørsamisk kunnskapspark

Sørsamisk kunnskapspark tilbyr fjernundervisning for elevar som har rett til språkopplæring i samisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i sin eigen kommune. I skuleåret 2018–19 fekk 32 elevar fjernundervisning i sørsamisk og 15 fjernundervisning i nordsamisk. Dette er ein liten auke frå året før. I tillegg til fjernundervisning blir det arrangert språksamlingar.

Samiske vidaregåande skular

Begge skulane er opne for elevar frå heile landet, og har både heiltids- og deltidselevar. Skulane har ei ordning med vertsfamiliar for dei yngste tilreisande elevane. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skulane fjernundervisning i samisk.

I skuleåret 2018–19 hadde Samisk vidaregåande skule i Karasjok 110 elevar. Skulen hadde òg 31 elevar som fekk fjernundervisning. I skuleåret 2017–18 hadde skulen 118 elevar.

Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino hadde 86 elevar i skuleåret 2018–19, samt ni elevar som fekk fjernundervisning. I 2017–18 hadde skulen 83 elevar.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skular og statsinternat i Finnmark er det i 2018 utbetalt 0,6 mill. kroner i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skulane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 136,1 mill. kroner på post 01 og 2 mill. kroner på post 45.

Løyvingsforslaget på post 01 inkluderer ein auke på 25 mill. kroner som følge av at driftsløyvinga til Skådalen skole for døvblindfødte blir flytta frå kap. 230, post 01. Dette inkluderer ein auke i løyvinga på 0,6 mill. kroner som følge av forventa inntekter på kap. 3222, post 02 til Skådalen skole, jf. omtale under kap. 3222.

Løyvinga på post 45 inkluderer ein auke på 0,3 mill. kroner som følge av at midlane til Skådalen skole for døvblindfødte blir overførte frå kap. 230, post 45.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Salsinntekter o.a.

15 980

8 033

8 884

Sum kap. 3222

15 980

8 033

8 884

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskulane for fjernundervisning. Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner til posten frå kap. 3230, post 01. Flyttinga gjeld inntekter til Skådalen skole for døvblindfødte.

Kap. 223 Sametinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Tilskot til Sametinget

46 599

Sum kap. 0223

46 599

Post 50 Tilskot til Sametinget

Tilskotet har finansiert utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av ordinære og tilrettelagde læremiddel på samiske språk, arbeid med samiske læreplanar og råd og rettleiing om samisk opplæring.

Tilskotet på posten er frå 2019 overført til kap. 560, post 50 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rapport for 2018

Sametinget har som hovudmål for grunnopplæringa at den samiske befolkninga har den rette kunnskapen, kompetansen og ferdigheitene for å bevare og utvikle det samiske samfunnet. For å nå dette målet har Sametinget mellom anna arbeidd for retten til samiskopplæring for elevane og med innhaldet og verdigrunnlaget i skulen. Sametinget gir også informasjon og rettleiing til elevar, foreldre og skuleeigarar som har førespurnader om grunnopplæringa. Førespurnadene, som aukar i omfang, gjeld i hovudsak tilbod om samisk opplæring.

Det er stadig mangel på samisklærarar og samiske læremiddel på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Særleg vanskeleg har det vore å utvikle sør- og lulesamiske læremiddel, fordi det framleis er stor mangel på dei som forfattar, les korrektur på og omset desse. I oktober 2018 arrangerte Sametinget eit stimuleringsseminar i Tromsø for å motivere, vareta og rekruttere fagpersonar, forfattarar og dei som utviklar og omset samisk pedagogisk materiell og samiske læremiddel for barnehage og grunnopplæringa.

Sametinget gir informasjon om og låner ut samiske læremiddel gjennom læremiddelsentralen i Sametinget i samarbeid med den samiske læremiddelportalen ovttas/aktan/aktesne, Samisk høgskule.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

22 629

23 246

23 611

21

Særskilde driftsutgifter

101 527

106 749

109 614

60

Tilskot til landslinjer

222 091

231 367

240 373

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa , kan overførast

64 590

71 038

80 107

64

Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

107 798

52 991

62 111

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg , kan overførast

199 949

274 477

248 556

66

Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

52 765

69 343

15 480

67

Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

7 204

8 978

8 967

68

Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

292 542

294 663

292 537

70

Tilskot til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

61 095

62 868

72

Tilskot til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

5 702

73

Tilskot til studieopphald i utlandet

18 228

74

Prosjekttilskot

9 908

10 195

9 437

75

Grunntilskot

78 024

85 287

86 687

Sum kap. 0225

1 244 052

1 291 202

1 177 480

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som fylkesmannen har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har teke på seg sensoroppdrag ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagebehandling). Fylkesmannen utbetaler midlane. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-25 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring, inkludert den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøven innanfor yrkesfaga.

Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og elektroniske prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220, post 21.

Mål for 2020

Målet med løyvingane er å medverke til at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2018

Våren 2018 blei det gjennomført 74 600 eksamenar i grunnskulen og 182 800 eksamenar i vidaregåande opplæring; av desse hadde 169 600 sentral sensur. Hausten 2018 blei det gjennomført 36 800 eksamenar i vidaregåande opplæring; 28 200 hadde sentral sensur, og 84 pst. av desse kandidatane var privatistar. Det blei behandla 1 100 klager i grunnskulen og 12 700 klager vår og haust for sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring. Totalt deltok 1 200 sensorar i sensorarbeidet i grunnskulen og 2 500 i vidaregåande opplæring for sentralt gitt eksamen med sentral sensur.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 23,6 mill. kroner på post 01 og 109,6 mill. kroner på post 21.

Post 60 Tilskot til landslinjer

Tilskotet går til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og til innkjøp av utstyr.

Landslinjeordninga omfattar eit breitt spekter av utdanningstilbod, frå særskilt små tilbod som berre finst éin stad i landet, til særskilt utstyrskrevjande tilbod som finst fleire stadar. Ordninga har eksistert i den forma ho har i dag, sidan ho blei gjeninnført av Stortinget i 1996. Det finst per i dag ikkje klare kvalifiseringskriterium for landslinjestatus. Som del av arbeidet med den komande stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring vil departementet vurdere om det bør gjerast endringar i landslinjeordninga.

Mål for 2020

Målet med tilskotsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2018

I skuleåret 2018–19 var det 1 629 heilårsplassar fordelte på 50 landslinjer. Hausten 2018 brukte fylkeskommunane 83 pst. av kapasiteten ved alle landslinjene. For våren 2019 var talet 77,9 pst. I dei siste åra har i overkant av 80 pst. av elevplassane ved landslinjene blitt utnytta.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår 240,4 mill. kroner på posten. 3,2 mill. kroner av dette er ein auke i løyvinga som følge av budsjettvedtak for tidlegare budsjettår om å opprette nye landslinjer. Dette gjeld:

  • 1,3 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg1-tilbodet og hausteffekten av Vg2-tilbodet for landslinja i sjømat som blei oppretta hausten 2019 ved Vardø videregående skole

  • 0,5 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i skiskyting som blei oppretta hausten 2017 ved Stryn vidaregåande skule

  • 0,5 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i friidrett som blei oppretta hausten 2017 ved Steinkjer videregående skole

  • 1 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg2-tilbodet og hausteffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i jazz som blei oppretta hausten 2018 ved Molde videregående skole

Departementet foreslår òg 0,4 mill. kroner for å dekke hausteffekten av Vg1-tilbodet for landslinja i bratt friluftsliv ved Rauma videregående skole som startar hausten 2020. Landslinja blir oppretta for tolv elevar som vil kunne fordjupe seg i, og utvikle kompetanse i bratt friluftsliv. Linja vil vektlegge sikkerheit og verdiskaping.

Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei ordning for samiskopplæring i grunnskulen

  • ei ordning for samisk i den vidaregåande opplæringa

  • ei ordning for studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i heile grunnopplæringa

Mål for 2020

Tilskotet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i samiske språk.

Rapport for 2018

Talet på elevar som vel samisk språk i grunnskulen, har auka frå 2015 til 2018, jf. tabell 4.2.

Tabell 4.2 Tal på grunnskuleelevar med samisk som første- og andrespråk

Skuleår

2015–16

2016–17

2017–18

2018–19

Samisk som førstespråk

882

927

935

952

Samisk som andrespråk

1 282

1 197

1 333

1 442

Totalt

2 164

2 124

2 268

2 394

Endring frå året før i pst.

2,3

–1,8

6,8

5,6

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

I 2018 blei det utbetalt 3,4 mill. kroner til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for grunnopplæringa. Til samanlikning blei det utbetalt 0,4 mill. kroner i tilskot i 2017 og 1 mill. kroner i tilskot i 2016. Departementet ser positivt på at ordninga no blir utnytta betre.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 80,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 6,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 som følge av at fleire elevar får opplæring i samisk.

Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Løyvinga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiegjenforeining. Løyvinga inkluderer tilskot til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskotsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknad om opphaldsløyve inntil dei fyller 18 år, eller har fullført det skuleåret dei fyller 18 år.

Mål for 2020

Tilskotet skal bidra til at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Rapport for 2018

I gjennomsnitt fekk 1 123 barn som var busette i mottak, omsorgssenter eller som budde privat, grunnskuleopplæring per månad i skuleåret 2017–18. Det er ein reduksjon på 6 988 elevar samanlikna med skuleåret 2016–17. Kvar månad fekk i gjennomsnitt 51 personar i aldersgruppa 16–18 år vidaregåande opplæring i 2017–18, mot til saman 526 elevar i 2016–17.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 62,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 7,4 mill. kroner i høve saldert budsjett for 2019 som følge av ein venta auke i talet på elevar som utløyser tilskot til grunnopplæring.

Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

Mål for 2020

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon i perioden 2002–16. Målet med å gi tilsegnene har vore å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skuleanlegg, og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.

Rapport for 2018

Det blei utbetalt 199,9 mill. kroner i rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg i 2018.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 248,6 mill. kroner på posten.

Post 66 Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Til og med 2019 gjaldt posten tilskot til leirskule, men frå 2020 blir midlar til leirskule innlemma i rammetilskotet til kommunane under kap. 571, post 60, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For nærare omtale av lovfesting av plikt for kommunane til å tilby leirskule eller annan skuletur med overnatting som del av grunnskuleopplæringa, sjå Prop. 88 L (2018–2019) Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon).

Frå 2020 gjeld posten tilskot til turar i samband med handlingsplan mot antisemittisme. Dette gjeld turar til tidlegare konsentrasjonsleirar frå den andre verdskrigen for elevar på 8.–10. trinn og i vidaregåande opplæring. Departementet har hausten 2019 fastsett retningslinjer for tilskotet. Den gjeldande handlingsplanen mot antisemittisme gjeld for perioden 2016–20.

Mål for 2020

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til at skuleeigarar, skular og foreldregrupper organiserer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar for ungdom på 8.–10. trinn og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2018

Rapporten gjeld det tidlegare tilskotet til leirskule. På grunnlag av kommunane sine registreringar i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) blei det i 2018 utbetalt tilskot til leirskuleopplæring for i alt 53 610 grunnskuleelevar. Dette utgjer 8,8 pst. av gjennomsnittleg elevtal i kommunale grunnskular for skuleåra 2017–18 og 2018–19. Sidan grunnskulen omfattar 10 årstrinn, er det eit mål for tilskotsordninga at 10 pst. av elevane dreg på leirskule kvart år. Det samla talet på leirskuleelevar i 2018 gir grunn til å tru at dei fleste, men ikkje alle, elevane i målgruppa fekk eit leirskuleopphald i løpet av grunnskulen i 2018.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 15,5 mill. kroner på posten. Departementet foreslår vidare å innlemme tilskotet til leirskule på 56,1 mill. kroner i rammetilskotet til kommunane på kap. 571, post 60 over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen

  • ei for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring

  • ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen

Mål for 2020

Målet med løyvinga er å gi elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn i Troms og Finnmark opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk, ved kommunale og frittståande grunnskular i samsvar med rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å gi elevar og lærlingar med kvensk/norskfinsk bakgrunn opplæring i kvensk eller finsk ved fylkeskommunale og frittståande vidaregåande skular. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i kvensk og finsk for lærarar i grunnskulen.

Rapport for 2018

Talet på elevar i Troms og Finnmark som vel kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen, er lågare enn åra før. Hausten 2018 var det 514 elevar. Dette er 23 elevar færre enn i 2017.

Våren 2018 var det i alt 13 elevar som fekk opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring. Det er like mange som i 2017.

Frå den årlege løyvinga til to heile studieheimlar for vidareutdanning i kvensk eller finsk blei det utbetalt tilskot til halvanna studieheimel i 2018 og to studieheimlar i 2017.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 9 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 0,3 mill. kroner som følge av oppdatert anslag for talet på elevar som vil få opplæring i kvensk eller finsk i 2020.

Post 68 Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

Innsette i fengsel har rett og plikt til opplæring under soning av straff. Tilskot til opplæring i kriminalomsorga skal bidra til at dei innsette får den opplæringa dei har krav på. Fylkeskommunane har ansvaret for opplæringa i norske fengsel, og dei vidaregåande skulane står for den praktiske gjennomføringa.

Fylkeskommunar med særskilde oppgåver vil få særskilt tilskot for tilbod som ungdomseiningar, oppfølgingsklassar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU), eining for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og den felles IKT-løysinga Desktop for skulen (DFS).

Nye retningslinjer for tilskotsordninga frå 2019 gjer det tydeleg at mottakarane av opplæring er elevar med rett til opplæring etter lova. Opplæringa skal bli gitt etter kompetansemål frå læreplanverket for Kunnskapsløftet. Den økonomiske forvaltninga av ordninga er i 2019 flytta frå Fylkesmannen i Vestland til Utdanningsdirektoratet. Ordninga har òg blitt innlemma i systemet for elektronisk tilskotsforvaltning og såleis digitalisert og effektivisert.

Mål for 2020

Målet med tilskotsordninga er at innsette som ikkje har fullført grunnskulen eller vidaregåande opplæring, og som har rett til og ønsker slik opplæring, får det. I tillegg skal lauslatne kunne fullføre opplæring som er begynt under soning. Opplæringa skal bli gitt etter kompetansemål frå læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Rapport for 2018

Det er etablert opplæringstilbod for innsette i alle fengsla i Noreg. I tillegg finst det oppfølgingsklassar for å lette overgangen etter lauslating ti stadar i landet.

Om lag 9 500 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i 2018. Dette er noko færre enn i 2017, då det var i overkant av 10 500 personar. Også i 2018 er det mange innsette som tek opplæring på deltid. Ei forklaring er at fleire innsette som har etablert tilknyting til arbeidsliv eller utdanning, får sone utanfor fengsel (til dømes med fotlenke/elektronisk kontroll).

I samarbeid med kriminalomsorga bruker skuleverket ressursar på ulike opplæringstilbod for å stimulere innsette til å kome i gang med grunn- og/eller vidaregåande opplæring, kategorisert som «anna opplæring» i tabell 4.3. Skulane samarbeider med kriminalomsorga for å legge til rette for dei innsette som ønsker å ta fatt på høgare utdanning.

Tabell 4.3 Talet på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar og tilbakeføringsprogram gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelte etter opplæringstype

2017

2018

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Reg. elevar

Gj.snitt

Grunnskule

34

3

126

71

13

3

137

45

Vidaregåande skule

670

223

3 011

623

485

179

3 274

678

Korte opplæringstilbod

527

31

2 239

150

464

58

2 864

277

Anna opplæring

142

16

3 813

494

263

9

1 925

293

Fagskule 1

31

22

7

30

8

Høgskule/universitet

149

42

16

161

65

Sum

1 373

273

9 189

1 360

1 225

259

8 200

1 293

Reg. elevar: Kor mange som har fått opplæring i løpet av kalenderåret.

Gj.snitt: Gjennomsnittleg tal på elevar/deltakarar baserte på fire rapporteringstidspunkt i løpet av året.

Korte opplæringstilbod er tilpassa opplæringstilbod heimla i fagplanverket for den vidaregåande skulen.

1 Tala for fagskule er ikkje differensierte etter heiltid/deltid. Tala er ikkje med i totalt elevtal.

Kjelde: Fylkesmannen i Vestland

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 292,5 mill. kroner på posten. Dei følgande endringane i fengselsstrukturen fører til endringar i tilskotet til opplæring i kriminalomsorga for 2020:

  • auke på 16 mill. kroner til plassar og undervisningsutstyr i nytt fengsel i Agder

  • reduksjon på 4,4 mill. kroner på grunn av nedtrapping av dublering av fengselsplassar

  • reduksjon på 23,2 mill. kroner på grunn av nedlegging av plassar med lågare nivå på tryggleiken

Desktop for skulen (DFS) er eit IKT-system som skal møte dei krava kriminalomsorga har til sikkerheit i fengsel, og som skal legge til rette for at skulen kan ta i bruk digitale verktøy i opplæringa.

Ifølge Utdanningsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet fungerer ikkje dagens løysing på eit akseptabelt nivå samanlikna med dei systema som blir nytta i opplæringa utanfor fengsla. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å bruke 7,8 mill. kroner av løyvinga på posten til å oppgradere Desktop for skulen i 2020. Midlane vil bli nytta til å etablere ein ny tenestenivåavtale og tenestekatalog, skaffe ein digital læringsplattform, investere i sentral infrastruktur og legge til rette for fylkeskommunane. Oppgraderinga vil bidra til varige høgare driftsutgifter til DFS som vil bli finansierte over posten.

Posten finansierer òg 2,3 mill. kroner til forskings- og utviklingsarbeid, mellom anna gjennom to forskingsgrupper ved Universitetet i Bergen og fagutviklingsarbeid med samarbeidspartnarar.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 70 Tilskot til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

Målgruppa for tilskotet har vore lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som ikkje har, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, og/eller som har svake ferdigheiter i norsk og har budd kort tid i Noreg.

I kommuneproposisjonen for 2020, jf. Innst. 405 S (2018–2019) og Prop. 113 S (2018–2019), blei det varsla at tilskotsordninga skal avviklast, og at tilskotet skal innlemmast i rammetilskotet til fylkeskommunane frå 1. januar 2020. Bruken av tilskotet varierer mykje mellom fylkeskommunane, sjølv om målgruppa for ordninga truleg er jamt fordelt i landet. Det er òg vanskeleg å skilje mellom dei ekstraressursane som tilskotet skal dekke, og spesialundervisning som fylkeskommunen har ansvaret for å finansiere.

Ifølge ein evalueringsrapport frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2018, Jeg vet ikke hva alternativet skulle vært, er tilskotet mellom anna blitt brukt til å finansiere spesialundervisning til lærekandidatar. Prinsippet om rammestyring tilseier at midlane bør innlemmast i rammetilskotet til fylkeskommunane. Sjå òg omtale i kommuneproposisjonen for 2020.

Rapport for 2018

Sjå tabell 4.4. for talet på søknader om tilskot for lærlingar og lærekandidatar i perioden 2010–18.

Tabell 4.4 Talet på søknader om tilskot for lærlingar og lærekandidatar i perioden 2010–18

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lærekandidatar

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

2013

551

214

337

2014

626

226

400

2015

855

301

554

2016

952

344

608

2017

971

383

588 1

2018

964

407

557¹

1 Tre søknader gjaldt praksisbrevkandidatar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Søknader om tilskot for lærekandidatar utgjorde 58 pst. av søknadene i 2018. Tilskotet blei i 2018 avkorta med 35,5 pst. for alle tilskotsmottakarane, fordi samla timetal for alle søkarane var høgare enn det talet som låg til grunn for løyvinga.

Budsjettforslag for 2020

Regjeringa foreslår at løyvinga på posten, 64,9 mill. kroner, blir innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Tilskotet blir fordelt til fylkeskommunane etter dei ordinære kostnadsnøklane.

Post 72 Tilskot til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

Tilskotet blei i 2019-budsjettet overført til kap. 280, post 50 saman med andre tilskot Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) forvaltar. Frå budsjettet for 2020 er løyvinga på kap. 280, post 50 flytta til kap. 272, post 50.

Rapport for 2018

Ein stor del av tilskotet gjekk til Noregs bidrag til EUs utdannings- og informasjonssenter for yrkesopplæringa, Cedefop. Løyvinga blei òg nytta til kontingent for Det europeiske språkrådet i Graz og til kostnader til det europeiske ungdomsparlamentet.

Post 73 Tilskot til studieopphald i utlandet

Tilskotet blei i 2019-budsjettet overført til kap. 280, post 50 saman med andre tilskot Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) forvaltar. Frå budsjettet for 2020 er løyvinga på kap. 280, post 50 flytta til kap. 272, post 50.

Rapport for 2018

Midlane blei tildelte ordningar som støttar opp om målet om å gi norsk ungdom moglegheit til å gjennomføre både korte og lengre studieopphald i utlandet, eller å møte språk og kultur frå eit anna land i klasserommet i Noreg. Løyvinga blei mellom anna nytta til å sende elevar til utvalde franske lycé, til å sende norske elevar til United World College (UWC), og til Trollstipend, som er ei ordning der franskklassar og lærarar i fransk kan få støtte til studieopphald i Frankrike.

Post 74 Prosjekttilskot

Utdanningsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga og kunngjer ho på nettsidene til direktoratet. Private og frivillige organisasjonar kan få tilskot.

Mål for 2020

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere organisasjonar til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane skal ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak skal nå flest mogleg elevar og skular.

Rapport for 2018

Følgande organisasjonar fekk tildelt til saman 9,9 mill. kroner frå tilskotsordninga for private og frivillige organisasjonar i 2018: Stiftinga Magasinett, Stiftinga Pirion, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Noregs Mållag, Redd Barna, Landslaget for norskundervisning, MOT, Ungt Entreprenørskap Norge, Sex og Politikk, FRI – Rosa kompetanse skole, Skeiv Ungdom, Foreningen !les, Antirasistisk Senter, UNICEF-komiteen i Norge, Dysleksi Norge og Foreningen Mobbing i Skolen og samiske organisasjonar.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 9,4 mill. kroner i prosjekttilskot.

Departementet vil at prosjekt som bidreg til å styrke grunnleggande ferdigheiter og/eller arbeidet mot mobbing, skal prioriterast i behandlinga av søknader. I statsbudsjettet for 2018 vedtok Stortinget 1 mill. kroner til samiske organisasjonar som arbeider mot mobbing, jf. Innst. 12 S (2017–2018). I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei desse midlane overførte til Sametinget, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019). For å følge opp dette foreslår departementet å overføre 1 mill. kroner frå kap. 225, post 74 til kap. 560, post 50 under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 75 Grunntilskot

Mål for 2020

Målet med ordninga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale organisasjonar og aktørar som på ein særskild måte bidreg til å nå dei måla som departementet har sett for grunnopplæringa, jf. kategoriinnleiinga.

Rapport for 2018

Grunntilskot til organisasjonar mv.

I 2018 fekk følgande organisasjonar tildelt til saman 27 mill. kroner frå ordninga for grunntilskot til private og frivillige organisasjonar: Elevorganisasjonen, FIRST Scandinavia, Operasjon Dagsverk, WorldSkills Norway, Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt, Forandringsfabrikken, Blå Kors Snakk om mobbing , Teknisk Senter AS, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Unge funksjonshemmede.

Grunntilskot til NAROM

I 2018 fekk Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) 15,4 mill. kroner over posten. I 2018 deltok 4 834 personar på ulike aktivitetar i regi av NAROM. 3 792 elevar var frå grunnopplæringa. Dette er 139 fleire elevar enn i 2017. NAROM gjennomførte i 2018 ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og hadde ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar.

Grunntilskot til friskuleorganisasjonane

I 2018 fekk fire friskuleorganisasjonar eit samla tilskot på 0,8 mill. kroner. Organisasjonane utførte samordningsoppgåver for til saman 281 godkjende medlemsskular.

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa

Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag fekk 34,9 mill. kroner over posten i 2018, og har arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskulane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskotsmottakar har fordelt ein del av tilskotet vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 86,7 mill. kroner på posten. Tabell 4.5. viser forslag til fordeling av grunntilskot til organisasjonar i 2020.

Tabell 4.5 Fordeling av tilskot på kap. 225, post 75 (i 1 000 kroner)

Tilskotsmottakar

Elevorganisasjonen

2 905

Operasjon Dagsverk

589

FIRST Scandinavia

9 600

WorldSkills Norway

3 909

Foreningen Norden

1 152

Norsk håndverksinstitutt

6 211

Interesseorganisasjonar for funksjonshemma

1 279

Forandringsfabrikken

3 528

Blå Kors Snakk om mobbing

3 028

Teknisk Senter, Flekkefjord

829

Ungt Entreprenørskap

529

Blikk AS

229

NAROM

16 195

Friskuleorganisasjonar

805

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

34 899

Barnevakten, nettvettprogram til innføring av fagfornyinga i 2020

1 000

Sum

86 687

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

35 627

19 734

23 617

Sum kap. 3225

35 627

19 734

23 617

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving på kap. 3225, post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er rekna til 23,6 mill. kroner i 2020.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

1 105 711

1 177 918

1 270 426

22

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

1 542 276

1 600 098

1 543 467

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

49 000

57 400

60

Forsking på tiltak for betre kvalitet i barnehagen og grunnopplæringa

41 598

44 229

61

Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

60 000

61 920

63

Forsking på effektane av auka lærartettleik

1 515 272

1 823 587

50 687

64

Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

39 310

71

Tilskot til vitensenter

65 185

67 075

82 705

Sum kap. 0226

4 270 042

4 821 907

3 105 915

Skuleeigarane har hovudansvaret for å utvikle kvaliteten på opplæringa i skular og lærebedrifter. Regjeringa legg stor vekt på å støtte og rettleie skular og skuleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på postane 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar/delansvar for drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Omtalen av denne posten bør sjåast i samanheng med omtalen under kap. 220, postane 01 og 21. Drifta av Utdanningsdirektoratet og dei faste oppgåvene som direktoratet har fått delegert, skal sikre og støtte tiltak for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa.

Løyvinga på posten finansierer mellom anna kompetanse- og profesjonsutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, digitalisering, styrking av fag- og yrkesopplæringa og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering. Løyvinga dekker drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen, tilskot til offentlege og eventuelle private aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, og eventuelle utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned.

Mål for 2020

Midlane på posten skal medverke til å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa for å nå dei statlege sektormåla, jf. omtale av desse i kategoriinnleiinga.

Rapport for 2018

Samla blei det brukt 1,1 mrd. kroner over posten i 2018. Hovuddelen av midlane gjekk til kompetanseutviklingstiltak. Tabellen under viser dei tiltaka og satsingane som er nemnde i budsjettforslaget for 2018.

Tabell 4.6 Tiltak som blei finansierte av løyvinga på kap. 226 post 21 i 2018

Tiltak

Beløp (mill. kroner)

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

228,6

Digitaliseringsstrategien, inkludert Den teknologiske skulesekken

84,8

Nye karrierevegar for lærarar

65,8

Arbeid mot mobbing og for eit trygt og godt skulemiljø: kompetanseutvikling

47,5

Yrkesfaglærerløftet

64,7

Realfagsstrategien og realfagskommunar

64,5

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa, inkludert skulebidragsundersøkingane

51,1

Rettleiarkorpset og oppfølgingsordninga for kommunar under nedre grense for kvalitet

50,6

Språk-, lese- og skrivestrategien, inkludert midlar til utvikling av skulebibliotek

44,9

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

28

Fagfornyinga i grunnopplæringa

28

Oppfølging av ungdom utanfor opplæring og arbeid

21

Forsøk med gratis deltidstilbod i SFO

20

Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i PP-tenesta

18

Et lag rundt eleven

16,8

Tilskot til permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar

15

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo Sør

10,5

Kompetansehevingstiltak retta mot skuleeigarar i kommunar med nykomne barn og unge asylsøkarar og flyktningar

9,4

Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

8,6

Lektor 2-ordninga for yrkesfag

6,7

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

6,7

Den virtuelle matematikkskulen (DVM)

6,6

Tiltak mot rasisme og antisemittisme (Dembra)

7,5

FYR-prosjektet (fellesfag, yrkesretting og relevans)

4,7

Fylkesvise eller regionale mobbeombud

4

Program mot mobbing, inkludert Blå Kors

4,5

Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2016–20)

21,3

Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) 2014–23

32,3

Yrkesfagas år og WordSkills Norway

5,2

Nettstaden Minstemme.no

1,6

Tidleg støtte til elevar som treng det

Oppfølging av realfagsstrategien

Målet med Tett på realfag – nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019) er at barn og unge skal bli betre i realfag. I 2018 blei det brukt 64,5 mill. kroner til tiltaket over denne posten. Sjå også omtale under kap. 231, post 21.

Realfagskommunar er eit hovudtiltak i strategien. I 2018 deltok 52 kommunar i prosjektet; av desse kom 15 nye kommunar med hausten 2018, og tre kommunar avslutta perioden sin etter 2018. Kommunane får fagleg og økonomisk støtte til å etablere og drifte lokale realfagsnettverk for barnehage og grunnskule. Dei utarbeider også den lokale realfagsstrategien sin med utgangspunkt i lokale og nasjonale mål og utfordringar. Sluttrapporten frå Rambølls følgeevaluering av realfagskommunane blei publisert i 2018. Evalueringa viser at tiltaket har vore vellykka fordi ordninga har vore nær innpå praksis og har teke utgangspunkt i lokale føresetnader og behov.

Realfagsløyper er eit verktøy for lokalt arbeid med didaktisk kompetanseutvikling i realfag i barnehagar og skular. Realfagsløypene blei lanserte i april 2018 på realfagsloyper.no, og dei blir utvikla av Matematikksenteret og Naturfagsenteret på oppdrag frå direktoratet. I løpet av 2018 blei det lansert fire kompetansepakkar for barnehagar og elleve for skular. I løpet av 2019 vil det bli utvikla og lansert fleire kompetansepakkar.

I oppfølginga av realfagsstrategien blei det hausten 2016 starta ein treårig pilot med etablering av talentsenter for elevar med høgt læringspotensial i realfag på 7.–10. trinn og i dei to første åra i vidaregåande opplæring. Talentsentera er plasserte ved vitensentera i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim, og det blei i 2018 løyvd 8 mill. kroner til ordninga.

Oppfølging av språkstrategien

Målet med Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) er at barn og elevar skal få betre ferdigheiter i språk, lesing og skriving. I 2018 blei det brukt 27,2 mill. kroner på strategien over denne posten. I tillegg blei det brukt 11 mill. kroner over kap. 231, post 21.

Midlane til Språkløyper omfattar i tillegg midlar for å styrke skulebiblioteka og lesestimulering. Direktoratet tildelte 14,2 mill. kroner i 2018 til kommunar som vil utvikle skulebiblioteka for å stimulere til betre lesing. Direktoratet tildelte også 3,5 mill. kroner til private og frivillige organisasjonar for å tilby lesestimuleringstiltak i skulen.

Et lag rundt eleven

Målet med prosjektet Et lag rundt eleven er å dokumentere effektar av systematisk satsing på tverrfagleg kompetanse. Prosjektet blir gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom NIFU, Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger og Folkehelseinstituttet. Forskarane undersøker kva for effekt utvalde tiltak har på læringsmiljø og læringsutbytte. Dei evaluerer to tiltak: eitt om auka bruk av helsesjukepleiarar og eitt om styrkt skuleleiing. Effektevalueringa starta i 2017. Departementet tildelte 16,8 mill. kroner til prosjektet i 2018. Sluttrapporten skal vere klar i 2020.

Forsøk med gratis deltidstilbod i SFO

Målet med forsøket med gratis deltidsplass i skulefritidsordninga (SFO) er at fleire elevar frå familiar med låg inntekt skal få gå på SFO. Elevar med innvandrarbakgrunn og/eller frå familiar med låg inntekt går i mindre grad enn andre elevar på SFO. For minoritetsspråklege barn blir det dermed mindre høve til å utvikle norskkompetansen gjennom leik og samvær med norskspråklege barn. Forsøket blei sett i gang ved utvalde skular i Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim hausten 2016. Departementet tildelte 20 mill. kroner til prosjektet i 2018. Prosjektet skal etter planen vare i fire skuleår og blir avslutta i juni 2020.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har NTNU Samfunnsanalyse gjennomført ei evaluering av SFO for elevar på 1.–4. trinn og SFO for elevar med særskilde behov på 1.–7. trinn. Evalueringa blei levert i desember 2018 og viser mellom anna at det er store skilnader i kva foreldra må betale for ein plass, korleis tilbodet er organisert, og kor god kvaliteten er.

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo Sør

I 2018 blei det brukt høvesvis 10 mill. kroner og 0,5 mill. kroner til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen og Oslo Sør. Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa. Områdesatsingane er vedtekne til 2027.

Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

Målet med tilskotet er å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa meir og betre symjeopplæring, og med det redusere risikoen for ulykker. Tiltaket kan også gjelde andre elevar som ikkje kan symje, eller som ikkje har teke del i symjeundervisninga. I 2018 blei det brukt 8,6 mill. kroner på ordninga i 2018. Mindreforbruket på 1,4 mill. kroner kjem av at fylkesmannen ikkje fekk søknader frå kommunane på meir enn 8,6 mill. kroner totalt.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet har evaluert ordninga. Evalueringa viser at deltakarane på dei tiltaka som har fått tilskot i 2018, i stor grad fullfører symjeopplæringa. Senteret har også foreslått endringar som Utdanningsdirektoratet skal følge opp i 2019. Senteret har mellom anna forslag til korleis ein kan lyse ut og informere om tilskotet meir målretta, og tiltak for å styrke organiseringa av opplæringa og framtidige tiltak som ser symjeopplæringa i samanheng med den desentraliserte kompetanseordninga.

E-læringsmodul for betre kompetanse om elevar med stort læringspotensial

I tildelingsbrevet for 2018 fekk Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle ein e-læringsmodul for at lærarar i skulen og tilsette i PPT skal få betre kompetanse når det gjeld elevar med stort læringspotensial. Det blei sett av midlar til å utvikle kompetansepakker. Desse skal sjåast i samanheng med utviklinga av kompetansepakker for fagfornyinga og realfagstrategien.

Fornying av innhaldet i skulen

Fagfornyinga

I 2018 blei det brukt 28 mill. kroner til arbeidet med fagfornyinga. 5 mill. kroner blei brukt til støtte til innføring av læreplanar for grunnskulen og gjennomgåande fag i vidaregåande opplæring. 23 mill. kroner gikk til utvikling av nye læreplanar for yrkesfag og studieforberedande fag.

Profesjonelle fellesskap med høg kompetanse på alle skular

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Det blei i 2018 brukt 228,6 mill. kroner til den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling der målet er å møte dei lokale utfordringane meir treffsikkert, og at alle skular, kommunar og fylkeskommunar gjennom samarbeid med universitet og høgskular skal ta ansvar for og ha handlingsrom til å drive kvalitetsutvikling lokalt. Av midlane blei 208,5 mill. kroner fordelte til fylkesmennene i alle fylka etter lærarårsverk, og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i samarbeidsforum. Kommunar, private eigarar, universitet og høgskular samarbeider om innhald og organisering. Blant tema som peika seg ut i 2018, var fagfornyinga, skulemiljø og digitalisering.

15,2 mill. kroner blei nytta til fylkesmannens administrasjon av ordninga. 4,9 mill. kroner blei nytta til koordinering av arbeidet med ordninga og evalueringsarbeid med bistand frå OECD.

Oppfølgingsordninga og rettleiarkorps

Med bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen er tilbodet om rettleiarkorps etablert som eit tiltak innanfor oppfølgingsordninga. Målet med rettleiarkorpset er å møte dei ulike lokale behova til kommunar som hamnar under ei nedre grense for kvalitet i skulen. I 2018 blei 40 kommunar identifiserte som kommunar som kunne ha behov for støtte og rettleiing ved hjelp av det indikatorsettet som er utvikla for dette formålet. 17 av desse valde å ta imot tilbodet om rettleiing frå rettleiarkorpset med oppstart i januar 2019. Dei resterande kommunane møter utfordringane sine med nye eller allereie pågåande satsingar. 12 av dei 38 kommunane som var med i ordninga i 2017, deltek òg i 2018. Totalt er 66 kommunar omfatta av ordninga per i dag. Fylkesmannen følger opp alle kommunane som er på lista til oppfølgingsordninga. Det blei brukt til saman 50,6 mill. kroner på oppfølgingsordninga og rettleiarkorps i 2018.

Nye karrierevegar for lærarar

Målet med å prøve ut lærarspesialistar og lærarspesialistutdanningar er at elevane skal lære meir, og å gi lærarar reelle karrieremoglegheiter. Hausten 2018 var 509 lærarar i funksjon som lærarspesialistar innanfor seks fag og fagområde. Utlysing av tilskot til funksjonen som lærarspesialist blei utvida frå seks til elleve fag og fagområde. Hausten 2018 studerte totalt 227 lærarar ved ulike lærarspesialistutdanningar.

Det blei brukt til saman 65,6 mill. kroner på satsinga på lærarspesialistar i 2018. 14 mill. kroner gjekk til piloteringa av spesialistfunksjonen. I tillegg kjem bidraget frå arbeidsgivarane på om lag halvparten av lønnskostnadene. 52 mill. kroner av den samla løyvinga gjekk til lærarspesialistutdanninga.

Evalueringa av dei to første åra med lærarspesialistar viser at både lærarane og rektorane er positive til ordninga. Rektorane meiner at lærarspesialistane har bidrege til ein betre kultur for læring på heile skulen, og at dei løftar kvaliteten på undervisninga.

Rettleiing av nyutdanna lærarar

I 2018 blei det brukt 6,7 mill. kroner på posten til tiltak for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar gjennom eit tilskot som universitet og høgskular kunne søke på. Målet med tildelinga er å bidra til at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får rettleiing. Midlane gjekk mellom anna til informasjonstiltak og nettverksarbeid mellom barnehage- og skuleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane. Same formål har også fått midlar på kap. 231, post 21.

Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Målet med Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta (2013–2018) var å styrke kompetansen til dei tilsette i PPT og bidra til meir merksemd på systemretta arbeid i PPT. I perioden 2014–18 har totalt 619 tilsette og leiarar fått finansiert vidareutdanning. I tillegg fekk fylkesmannen tildelt 5 mill. kroner til etterutdanningstiltak årleg. Evalueringa viser at strategien har hatt god oppslutning. Deltakarane vurderer vidareutdanninga som god, særleg dei som har delteke på leiarutdanningane. Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PPT-tenesta blei avslutta i 2018.

Kompetansehevingstiltak retta mot skuleeigarar i kommunar med nykomne barn og unge asylsøkarar og flyktningar

I 2018 blei 9,4 mill. kroner nytta av fylkesmennene til kompetansetiltak for skuleeigarar for å følge opp rettigheiter til opplæring for barn og unge asylsøkarar som følge av flyktningstraumen i 2015.

Fag- og yrkesopplæring tilpassa behova til arbeids- og næringslivet

Yrkesfagas år og WordSkills Norway

I 2018 blei det brukt 5,2 mill. kroner til yrkesfagas år og skule-NM. Yrkesfagas år var ein informasjons- og omdømmekampanje på nettet og i sosiale medium der målet var å auke innsikta i, og interessa for, yrkesfaglege utdanningsval. WorldSkills Norway organiserte kampanjeåret i samarbeid med partane i arbeidslivet.

Lektor 2-ordninga for yrkesfag

I 2018 blei det brukt 6,7 mill. kroner til å starte opp lektor 2-ordning for yrkesfag. Målet med tiltaket er å gjere utdanninga meir relevant for elevane ved å styrke samarbeidet mellom skular og arbeidslivet.

Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2016–2020)

I 2018 er det gjennomført fleire tiltak som skal bidra til å nå måla i Samfunnskontrakten om at alle kvalifiserte søkarar skal få læreplass. Det gjeld mellom anna innsats for å auke delen godkjende lærebedrifter som har lærling. Det blei òg brukt 20 mill. kroner til fylkeskommunane for å styrke arbeidet lokalt, gjennom oppsøkande arbeid med å rekruttere lærebedrifter.

Yrkesfaglærerløftet

Fem universitet og høgskular og tolv skuleeigarar har i 2017 og våren 2018 prøvd ut kombinerte etter- og vidareutdanningstilbod. Om lag 185 yrkesfaglærarar har delteke på eit tilbod våren 2018. I studieåret 2018–19 inngjekk Utdanningsdirektoratet avtalar med åtte universitet og høgskular om 29 vidareutdanningstilbod innanfor yrkesfag. Om lag 450 yrkesfaglærarar frå 14 fylkeskommunar starta på eit tilbod hausten 2018. Alle fylkeskommunane fekk midlar til ordningane med hospitering og fagleg oppdatering i regi av arbeidslivet. Totalt blei det gjennomført om lag 3 100 kurs/samlingar og hospiteringar i 2018. Omfanget var størst innanfor utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag og elektrofag.

Høgskolen i Innlandet fekk i 2017 oppdraget med å utvikle nettbaserte kompetansetilbod i vurdering, som blei opna for deltaking hausten 2018. Det var:

  • eit nettkurs for instruktørar og faglege leiarar i lærebedrifter

  • eit nettkurs retta mot prøvenemndene

Kompetansetilbodet skal vere ein ressurs for fylkeskommunane, og bli brukt i kombinasjon med samlingar og/eller i arbeid med lærande nettverk i regi av fylkeskommunane. Utdanningsdirektoratet har finansiert deltakaravgifta hausten 2018 og våren 2019, og tilbodet vil deretter gå inn som ein del av den desentraliserte kompetanseordninga. Kursa hadde totalt over 1 000 deltakarar hausten 2018.

FYR-prosjektet (fellesfag, yrkesretting og relevans)

I 2018 blei det brukt 4,7 mill. kroner til FYR-prosjektet som i hovudsak blei fordelte til fylka, og brukt til utvikling av kompetanse for mellomleiarar på vidaregåande skular med yrkesfaglege utdanningsprogram. Midlane styrkte lærarsamarbeidet om yrkesretting ved skulane. Siste utbetaling var i 2018.

Tilskot til permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar

I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016) og Prop. 122 S (2015–2016), blei det etablert eit mellombels tilskot retta mot permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar. Tilskotet blei også i 2018 utbetalt til dei fire fylkeskommunane Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Midlane blei i hovudsak brukte til Vg3 i skule, mellom anna i elektrofag og teknikk og industriell produksjon. Tilskotet er avvikla, og siste utbetaling var våren 2018.

Ein mobbefri skule der alle elevar har det trygt og godt

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

I 2018 blei det brukt 47,5 mill. kroner til kompetanseutviklinga for å styrke kompetansen hos barnehagar, skular og barnehage- og skuleeigarar til å skape og halde ved like gode barnehage- og skulemiljø, og å førebygge og handtere mobbing. I tillegg blei det brukt 9,9 mill. kroner frå kap. 231, post 21 til arbeid mot mobbing i barnehagen. Innsatsen mot mobbing og krenkingar blei styrkt i 2018 gjennom auka løyvingar til kompetanseheving, innføring av ordninga med fylkesvise mobbeombod, gjennom å styrke fylkesmennenes kapasitet til å handtere mobbesaker, og gjennom rettleiing til barnehagar og skular.

Læringsmiljøprosjektet er eit tilbod frå Utdanningsdirektoratet og Læringsmiljøsenteret til kommunane i arbeidet for eit betre læringsmiljø og mot mobbing. Gjennom Læringsmiljøprosjektet har det blitt gitt målretta hjelp og rettleiing til kommunar og skular som har høge mobbetal, og som ønsker støtte frå eksterne rettleiarar. Sluttrapporten frå prosjektet, som blei levert hausten 2018, viste at prosjektet har vore svært vellykka. Alle dei 103 skulane som deltok i prosjektet, gjekk frå å ha mobbetal som låg klart over landsgjennomsnittet, til mobbetal som var lågare enn landsgjennomsnittet.

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

Nye reglar for skulemiljøet som tok til å gjelde 1. august 2017, inkluderte ei ny handhevingsordning. Målet med handhevingsordninga er å gi elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker der eleven ikkje har det trygt på skulen, til fylkesmannen slik at dei kan få saka si løyst.

Det blei brukt 28 mill. kroner til ordninga i 2018. Regelverket om skulemiljø blir brukt aktivt. Fylkesmennene rapporterer om mange fleire førespurnader frå barn, foreldre og skular for å få hjelp til å løyse skulemiljøsaker. Sjå også omtale under kategoriinnleiinga. I løpet av 2017 og 2018 kom det inn til saman 2 069 meldingar til fylkesmannen frå elevar og foreldre. I fire av fem saker der fylkesmannen tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller brote, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang.

Fylkesvise/regionale mobbeombud

Alle fylkeskommunar/regionar har gjennom 2018 og første halvår i 2019 etablert eigne fylkesvise/regionale mobbeombod. Hovudmålet med tiltaket er å styrke kapasiteten i arbeidet mot mobbing og å sikre større nærleik mellom mobbeofra og deira føresette og fagpersonar som kan hjelpe dei i konkrete mobbesaker. Omboda merkar allereie sterk pågang frå mobbeoffer som treng hjelp. Ordninga blir finansiert som eit spleiselag der staten og fylkeskommunane/regionane dekker ein halvdel kvar. Det blei brukt 4 mill. kroner til ordninga i 2018.

Støtte til program mot mobbing, inkludert nettstaden snakkommobbing.no

I 2018 blei det sett av 4 mill. kroner til finansieringa av skuleomfattande læringsmiljø- og antimobbeprogram som kan bidra til å redusere mellom anna mobbing i skulen. Programma legg mellom anna vekt på skjult mobbing, digital mobbing og psykisk helse.

Det blei gitt eit tilskot på 0,5 mill. kroner til Blå Kors for drifta av nettstaden snakkommobbing.no.

Tiltak mot rasisme og antisemittisme

Satsinga på arbeidet mot mobbing og for eit godt læringsmiljø omfatta i 2018 midlar til kurstilbodet Dembra, som blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). I 2018 blei det brukt 2 mill. kroner til Dembra LU, som omfattar kurstilbod til lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen for å auke kompetansen deira om korleis dei kan legge opp det pedagogiske arbeidet for å førebygge gruppebaserte fordommar hos elevane. I 2018 blei det brukt 5,5 mill. kroner til Dembra-arbeidet i grunnopplæringa. Det blei også løyvd 4 mill. kroner til Noregs forskingsråd for å styrke forskinga på antisemittisme og gruppebaserte fordommar. For nærare omtale av Dembra, sjå del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Betre bruk av IKT i opplæringa

Digitaliseringsstrategien, inkludert Den teknologiske skulesekken

Framtid, fornyelse og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021 har to hovudmål:

  • Elevane skal ha digitale ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv og lykkast i vidare utdanning, arbeid og deltaking i samfunnet.

  • IKT skal utnyttast godt slik at elevane lærer meir.

Sjå også omtale i kategoriinnleiinga. I 2018 blei det mellom anna brukt 4,4 mill. kroner til eit pilotprosjekt med valfag i programmering på ungdomstrinnet over denne posten. Målet med valfaget er å auke kompetansen i programmering i skulen og gi dei elevane som er spesielt interesserte, høve til å fordjupe seg. Prosjektperioden er 2016–19. Det er vedteke å gjere valfaget permanent frå 2019.

Betre infrastruktur er eit satsingsområde i digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa. I 2018 blei den nasjonale infrastrukturen for grunnopplæringa styrkt gjennom å vidareutvikle innloggingstenesta Feide og samstundes knyte denne saman med datadelingsplattforma Dataporten. Den nye nasjonale løysinga gir ei sikker innlogging og deling av data i grunnopplæringa. Det blir også enklare for tenestetilbydarane å tilby gode og innovative tenester til sektoren. Det blei nytta 4,6 mill. kroner i 2018 til dette arbeidet.

Innanfor Den teknologiske skulesekken er det satsa på programmering i skulen. Vitensentera fekk 10 mill. kroner i tilskot i 2018. Målet er å gi over 100 000 elevar på mellomtrinnet og lærarane deira kompetanseheving i programmering i perioden 2018–21. Det blei også løyvd 15 mill. kroner til innkjøp av utstyr til bruk i programmering i undervisninga. 56 skuleeigarar, som også kunne dokumentere satsing på kompetanseutvikling i programmering, fekk eit slikt tilskot.

For å auke tilgangen til og bruken av digitale læremiddel blei det i 2018 gitt tilskot til å utvikleutvikling digitale læremiddel i faga norsk, matematikk, samfunnsfag, kunst og handverk og musikk. Det blei gitt tilskot på totalt 55 mill. kroner til 23 ulike prosjekt.

Andre tiltak i Den teknologiske skulesekken utgjorde 147 000 kroner i 2018.

Den virtuelle matematikkskulen (DVM)

I 2018 gjennomførte Utdanningsdirektoratet eit pilotprosjekt med ein virtuell (nettbasert) matematikkskule med tre ulike delprosjekt. DVM 1T var ein virtuell matematikkskule for elevar på ungdomstrinnet som ønsker å ta matematikk 1T frå vidaregåande trinn. DVM U var eit tilbod for elevar på ungdomstrinnet som strevde i faget, og som trengde ekstra støtte. DVM Pluss var eit supplement for elevar som trengde ekstra utfordringar i matematikk, og som samtidig ønskte å følge ordinært skuleløp. I løpet av 2018 blei det vedteke at DVM U og DVM Pluss skulle avsluttast etter prøveperioden skuleåret 20182019. DVM 1T skal vidareførast under visse føresetnader. Direktoratet fekk i 2018 i oppdrag å etablere ei permanent plattform for nettbasert undervisning som fellesløysing for sektoren. Det blei lagt til grunn at nasjonale utdanningsstyresmakter ikkje sjølve skulle drive nettbasert undervisning/skule, og at tilboda på denne plattforma ikkje skal fortrenge utvikling av kommersielle tenester. I 2018 blei det brukt 6,6 mill. kroner på DVM.

Andre tiltak

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa

Målet med kvalitetsvurderingssystemet er å få kunnskap om læringsresultat, gjennomføring og læringsmiljø slik at opplæringa i skulen kan bli betre. Kvalitetsvurderingssystemet består av eit kunnskapsgrunnlag basert på statistikk og undersøkingar som skulane har tilgang til, og digitale verktøy, rutinar og andre tiltak som skulane kan ta i bruk for å gjere sin eigen praksis betre. I 2018 blei det brukt 51,1 mill. kroner til systemet.

Stortinget har bedt om ein gjennomgang av kvalitetsvurderingssystemet sett opp mot fagfornyinga, jf. omtale i del I, kap. 3, av oppmodingsvedtak nr. 886, stortingssesjonen 2017–2018. Dette vil bli følgt opp etter at fagfornyinga er gjennomført.

Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT)

Det blei i 2018 utbetalt 27,3 mill. kroner til Noregs forskingsråd og programmet FINNUT. Det blei i tillegg utbetalt 5 mill. kroner til Forskingsrådet for forsking på spesialundervisning, ei eiga utlysing gjennom FINNUT.

Centre for Educational Measurement (CEMO) ved Universitetet i Oslo

Det blei i 2018 utbetalt 7,4 mill. kroner til drift og utvikling av Centre for Educational Measurement (CEMO). CEMO utførar grunnforsking og anvendt forsking på barnehage, grunnopplæring og høgare utdanning, og formidlar kunnskap til relevante aktørar i utdanningssektoren.

Oppfølging av ungdom utanfor opplæring og arbeid

Målet med tilskotet har vore å utarbeide fleksible løysingar som skal bidra til å følge opp ungdom som står utanfor opplæring og arbeid, gjennom tiltak som kombinerer opplæring og arbeidstrening. Tiltaka har vore samarbeidsprosjekt med andre aktørar, til dømes kommunar, og skal ha ført fram til eit kompetansegivande løp. Løyvinga i 2018 var på 21 mill. kroner. 13,2 mill. kroner var betalte ut til å vidareføre tiltak frå 2017 i fem fylkeskommunar, og 7,8 mill. kroner blei betalte ut til nye tiltak i fem nye fylkeskommunar. 2019 var siste året tilskotet blei utbetalt.

Nettstaden Minstemme.no

Det blei i 2018 utbetalt 1,6 mill. kroner til Norsk folkemuseum for administrering av nettstaden minstemme.no.

Fleksibel opplæring

Utviklingsprosjektet Fleksibel opplæring for perioden 2017–20 tilbyr tospråkleg fagopplæring som fjernundervisning i matematikk og naturfag på 8. og 9. trinn i arabisk, somali og tigrinja. I tillegg til ungdomsskuleelevar deltek også elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring, kombinasjonsklassar og deltakarar frå vaksenopplæring. Det blei nytta 3,6 mill. kroner til prosjektet i 2018.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår ei løyving på 1 270 mill. kroner på kap. 226, post 21 til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Departementet foreslår fleire flyttingar av midlar frå posten:

  • 34,1 mill. kroner til Forskingsrådets program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren, FINNUT, for å samle løyvinga til programmet under kap. 201, post 21. Sjå der for nærare omtale. 2 mill. kroner til Universitetet i Bergen, kap. 260, post 50, til drift og utvikling av Kart i skolen og miljølære.no. Miljølære.no er ein nettressurs som består av læringsaktiviteter som støttar undervisning for berekraftig utvikling, medan Kart i skolen gir skulane tilgang på oppdaterte grunnkart og temakart som er tilrettelagt undervisninga.

  • 1,5 mill. kroner til OsloMet – storbyuniversitetet, kap. 260, post 50, til drift og utvikling av Skolekassa. Skolekassa er ein elektronisk portal med læringsressursar og læremiddel for asylsøkarar og flyktningar.

  • 1 mill. kroner til Universitetet i Bergen kap. 260, post 50 for ansvaret for tidskriftet Nordic Journal of Digital Literacy.

  • 1 mill. kroner til tiltak for å rekruttere fleire lærlingar i staten til Kommunal- og moderniseringsdepartementet kap. 500, post 21.

  • 0,1 mill. kroner til gjennomføring av Medietilsynet si Barn- og medier -undersøking til Kulturdepartementet, kap. 335, post 01

Departementet foreslår å flytte 25 mill. kroner til posten frå kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem, post 01 Driftsutgifter.

I 2018 blei den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet omorganisert, noko som førte til ei økonomisk gevinst, jf. omtale under kap. 220, post 01. Departementet foreslår å føre tilbake 50 pst. av denne gevinsten og auke løyvinga på posten med 4 mill. kroner.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 20 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Nedanfor følger omtale av dei viktigaste prioriteringane innanfor løyvingsforslaget. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Betre tilgang til skulefritidsordninga (SFO)

I budsjettforliket for 2017 løyvde Stortinget 20 mill. kroner over kap. 231, post 21 til eit seks-årig forsøk med gratis barnehage og skulefritidsordning (SFO) for dei barna som står utanfor barnehage og SFO. Løyvinga blei auka til 24 mill. kroner i 2018 for å dekke heilårseffekten. Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å utarbeide ein modell for korleis midlane best kunne treffe målgruppa. Delar av midlane skulle gå til forsking for å gi meir kunnskap om effekten av gratistilbodet. Midlane gjekk i barnehageåra 2017–18 og 2018–19 til å dekke gratis barnehage til i overkant av 1 200 barn. I budsjettbehandlinga for 2019 blei midlane overførte til kap. 226, post 21, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Departementet foreslo i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2019 å omprioritere midlane til nye, innovative digitale læremiddel til fagfornyinga, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019). For 2020 foreslår departementet å gjere om på ordninga. Dette fordi det har vist seg å vere vanskeleg å gjennomføre eit godt forskingsprosjekt sett opp mot dei moderasjonsordningane som allereie finst for barnehage, som utvidinga av gratis kjernetid. Departementet foreslår derfor at midlane blir omdisponerte og brukte til innføringa av moderasjonsordningar for SFO for barn på 1.–2. trinn og til innføringa av gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Tiltak mot mobbing og for eit betre læringsmiljø

Departementet foreslår å vidareføre arbeidet mot mobbing og for eit inkluderande læringsmiljø ved å løyve 117 mill. kroner til dette området. Av desse midlane skal 100 mill. kroner gå over kap. 226, post 21. Ein stor del av satsinga skal gå til å auke den evna barnehagane og skulane har til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Departementet foreslår å løyve 34 mill. kroner til handhevingsordninga for mobbesaker som blei innført 1. august 2017. Departementet foreslår vidare å løyve 10 mill. kroner til ordninga med fylkesvise eller regionale mobbeombod og fagleg oppfølging av omboda. Departementet foreslår å delfinansiere ordninga ut skuleåret 2020–21. Ordninga med fylkesvise mobbeombod skal bli evaluert, og evalueringa skal etter planen vere klar hausten 2020.

Regjeringa vil styrke arbeidet med å førebygge antisemittisme, rasisme, radikalisering og udemokratiske haldningar, og foreslår å løyve 1,3 mill. kroner til kurstilbodet Dembra på barnetrinnet, jf. meir omtale i del III, kap. 8 Likestilling og diskriminering. Departementet foreslår å auke løyvinga til Dembra med 0,5 mill. kroner i 2020 som ei førebuing til innlemminga av Narvik-senteret. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til kurstilbodet Dembra med 6,5 mill. kroner i 2020 for innsatsen på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 2 mill. kroner til kurstilbodet Dembra LU , eit kompetanse-tiltak for lærarstudentar og lærarar. HL-senteret koordinerer Dembra LU .

Regjeringa vil styrke arbeidet mot vald i skulen, og vil nytte ein del av løyvinga på posten til ein sekretariatsfunksjon i KS for dette arbeidet.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt

Melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap

Departementet vil setje av midlar på posten til arbeidet med stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Et lag rundt eleven

Prosjektet Et lag rundt eleven er eit forskingsprosjekt som skal måle effekten av tiltak for auka kvalitet i barnehage og skule, og målet har vore å dokumentere effektar av systematisk satsing på fleirfagleg kompetanse og korleis dette kan bidra i læringsmiljøarbeidet, i arbeidet med tidleg innsats og til å frigjere tid for lærarane til undervisning. Ein sluttrapport skal vere klar i 2020. Departementet vil setje av 4,2 mill. kroner til Et lag rundt eleven i 2020.

Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

Departementet foreslår å vidareføre tilskotsordninga for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Departementet vil setje av 10 mill. kroner til ordninga i 2020.

Fleksibel opplæring

Utviklingsprosjektet Fleksibel opplæring for perioden 2017–20 tilbyr tospråkleg fagopplæring som fjernundervisning i matematikk og naturfag på 8. og 9. trinn i arabisk, somali og tigrinja. Prosjektet avsluttast våren 2020, og det er sett av 3,2 mill. kroner til å ferdigstille prosjektet. Ei evaluering av prosjektet skal vere klar desember 2019, og regjeringa vil då ta stilling til om prosjektet blir ført vidare.

Kurspilot for ungdom med innvandrarbakgrunn og forsking på nyankomne

Departementet foreslår å løyve 1 mill. kroner til ein eittårig kurspilot for ungdom med fleirkulturell oppvekst. Formålet med kurset er å gjere ungdommar medvitne slik at dei ser ressursane og moglegheitene sine, og slik at dei blir meir bevisste på identiteten og tilhøyrselen sin. Departementet foreslår vidare å løyve 5 mill. kroner til eit forskingsprosjekt som skal gi kunnskap om opplæringstilbod for nyankomne.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

I 2020 foreslår departementet å bruke om lag 230 mill. kroner til desentralisert ordning for kompetanseutvikling. Ordninga gjeld både kommunar og fylkeskommunar. Midlane omfattar 5 mill. kroner til å vidareføre kompetansetiltak retta mot skuleeigarar i kommunar med nykomne asylsøkarar og flyktningar.

Karrierevegar for lærarar

Departementet foreslår å bruke 200 mill. kroner i 2020 til satsinga på karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet. Av desse midlane skal 160 mill. kroner gå over kap. 226, post 21 og 40 mill. kroner gå over kap. 226, post 22. Midlane skal medverke til å auke talet på lærarspesialistar frå 1 200 i 2019 til 1 500 i 2020

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

Departementet vil vidareføre stimuleringsmidlane til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule som universitet og høgskular kan søke på.

Yrkesfaglærerløftet

Departementet foreslår å løyve 90 mill. kroner til å gjennomføre kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar innanfor strategien Yrkesfaglærerløftet . Det er ein reduksjon på 10 mill. kroner i høve til 2019. Årsaka til reduksjonen er lågare søkning til ordninga enn det blei budsjettert med i 2019. Av midlane på posten er det sett av 30 mill. kroner til den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling innanfor yrkesfag.

Statped – Kompetansetiltak overfor kommunar og fylkeskommunar

Endringar for Statped er eit tema i den kommande stortingsmeldinga om tidleg innsats, og det vil kunne bli nødvendig å justere mandatet og måla for Statped i 2020 i samband med oppfølginga av meldinga. I forlenginga av dette foreslår departementet å bruke 25 mill. kroner til kompetansetiltak overfor kommunar og fylkeskommunar.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Fagfornyinga i grunnopplæringa

Departementet foreslår 170 mill. kroner til å dekke meirutgifter kommunane har til innkjøp av nye læremiddel til fagfornyinga. I tillegg foreslår departementet 15 mill. kroner til omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk, og 15 mill. kroner til utvikling av læremiddel det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling av. Sjå også omtale i Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 . Departementet vil óg setje av midlar på posten til læreplanarbeid i samband med fagfornyinga.

Støtte til realfag og lesing

Språkløyper – strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) og Tett på realfag – nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringa (2015–2019) blir avslutta når strategiperiodane går ut i 2019. Nettressursane Språkløyper og Realfagsløyper blir nyttige for å gi støtte både til nye læreplanar og til arbeid med rammeplanen. Kunnskapsdepartementet vil setje av 2 mill. kroner til vedlikehald, oppdatering og drift av nettressursane i ein periode.

Realfagsstrategien inkluderte òg ei utprøving med etablering av talentsenter for elevar med høgt læringspotensial i realfag. Ordninga har vist seg å inspirere og løfte elevane. Kunnskapsdepartementet foreslår ei varig vidareføring av ordninga.

I statsbudsjettet for 2018 blei løyvinga til lesestimulering auka med 14 mill. kroner til totalt 17,5 mill. kroner, jf. Innst. 12 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018). Midlane inkluderer vidareføring av 4 mill. kroner til ei ordning der private, frivillige og ideelle organisasjonar kan søke om tilskot til å drive lesestimuleringstiltak. Utdanningsdirektoratet har laga kriterium og utlyst midlane i 2018 og 2019. Kommunar har søkt om og fått tildelt midlar til prosjekt som har som mål å utvikle skulebiblioteket/folkebiblioteket. Midlane går til personalressursar eller kompetanseutvikling for å legge til rette for lesestimulering i regi av skulebiblioteket eller folkebiblioteket der det blir brukt som skulebibliotek. Departementet tek sikte på løyving av midlar til ordninga i perioden 2018–23, og at tiltaket blir evaluert for å sjå om styrkinga har gitt elevane betre tilgang til skulebiblioteket.

Den teknologiske skulesekken

Departementet foreslår ei løyving på til saman 90 mill. kroner i 2020 til satsinga Den teknologiske skulesekken . Dette inkluderer 50 mill. kroner til ei tilskotsordning for innkjøp av digitale læremiddel. Målet med tilskotsordninga er å gi elevar og lærarar betre tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet til fagfornyinga, og må sjåast i samanheng med satsinga på læremiddel til fagfornyinga og tilskotet til omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk. I tillegg vil arbeidet med Feide i grunnopplæringa halde fram i 2020. Tilskotet til vitensentera til programmering i grunnopplæringa blir ført vidare med 10 mill. kroner. Tilskot til utstyr til skuleeigarar som prioriterer vidareutdanning og kompetanseheving innanfor programmering, vil òg bli ført vidare med opptil 15 mill. kroner.

Oppfølgingsordninga, inkludert Rettleiarkorpset

Departementet vil nytte 43 mill. kroner i 2020 til oppfølgingsordninga, inkludert rettleiarkorpset for kommunar som hamnar under ei nedre grense for kvalitet i skulen. Kommunane skal få tilbod om støtte og rettleiing, tilpassa dei lokale utfordringane. Tiltaket blir ført vidare i 2020 på om lag same nivå som i 2019.

Den naturlege skulesekken og Lektor 2-ordninga for realfaga

Departementet foreslår å nytte til saman 12 mill. kroner til lektor 2-ordninga for realfaga og Den naturlege skulesekken i 2020. Den naturlege skulesekken er eit nasjonalt tiltak som skal bidra til at barn og unge gjennom opplæringa får kunnskap om og blir medvitne om berekraftig utvikling og miljøutfordringar i verda.

Forsking og evaluering og internasjonale undersøkingar

Departementet vil setje av midlar på posten til arbeidet med utvikling av Skuleporten , brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og deltaking i internasjonale undersøkingar. Det vil óg bli sett av midlar til forsking og evaluering i grunnopplæringa, inkludert kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av statlege tiltak som er under utprøving eller har starta opp.

PIAAC-undersøkinga

Departementet foreslår å auke løyvinga til den internasjonale undersøkinga PIAAC (Programme for International Assessment of Adult Competencies) med 3,7 mill. kroner. Undersøkinga skal kartlegge vaksnes ferdigheiter og blir trappa opp i 2020. Departementet foreslår ein tilsvarande auke i midlar til PIAAC på kap. 258, post 21.

Tiltak for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Regjeringa er oppteken av at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Regjeringa har også som mål at fleire skal ta fagbrev. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til fylkeskommunane for å ta hand om ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring. Dette vil bli sett i samanheng med ei utgreiing departementet gjer av eit utvida fylkeskommunalt ansvar for alle i alderen 16 til 24 år. Tiltaket er ein del av kompetansereforma, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

I statsbudsjettet for 2019 blei det løyvd midlar til Venneslabroa , jf. Innst. 12 S (2018–2019). Venneslabroa er eit prosjekt der Vennesla videregående skole utviklar nye tiltak for å få ungdom gjennom skuleløpet. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga med 2,5 mill. kroner i 2020.

Tiltak for fag- og yrkesopplæringa

Kunnskapsdepartementet foreslår 5 mill. kroner til å greie ut eit nasjonalt lærlingtorg som skal forenkle formidlinga av læreplassar. Midlane inngår i satsinga til regjeringa på yrkesfaga i 2020, jf. omtale under programkategoriane 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning og 07.80 Utdanningsstøtte.

I tråd med Samfunnskontrakten for flere læreplasser (2016–2020) blei det i 2019-budsjettet løyvd 20 mill. kroner til å styrke arbeidet i fylkeskommunane med å rekruttere nye lærebedrifter. Departementet foreslår å redusere løyvinga til 12,5 mill. kroner som følge av færre fylke frå 2020. I tillegg foreslår departementet å vidareføre 10 mill. kroner til lektor 2-ordninga for yrkesfaga, og vidareføre 5 mill. kroner til forsking på kva som gir fag- og yrkesopplæringa framifrå kvalitet.

Tilskot til læringstilbod om 22. juli

22. juli-senteret og Utøya AS har saman med Det europeiske Wergelandsenteret utvikla eit opplæringstilbod om 22. juli 2011 og demokratisk medborgarskap i forbindelse med minne- og læringsstadane i Regjeringskvartalet og på Utøya. Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner for å gi fleire elevar og lærarar eit tilbod om å ta del i opplæringa. Dette er ein auke på 2 mill. kroner.

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

Løyvinga finansierer regjeringa si satsing på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, jf. Kompetanse for kvalitet – strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025 . I strategiperioden er engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte fag i vidareutdanningsordninga for lærarar. Dette er i tråd med krava til formell kompetanse for å undervise i desse faga.

I tillegg finansierer staten rektorutdanning, modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar og ein del av lærarspesialistordninga. For tilsette i skulen som manglar lærarutdanning, er det stipendordningar for 2-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) og 3-årig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Staten har også finansiert stipendmidlar for at skuleeigarar kan rekruttere personar utanfrå som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skulen.

Mål for 2020

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og kvalifisering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa. Dette skal føre til at elevane lærer meir.

Rapport for 2018

Vidareutdanning for lærarar

I 2018 blei det brukt over 1,5 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet. I skuleåret 2018–19 blei det gitt tilbod om vidareutdanning til 7 207 lærarar. Alle lærarar som fekk godkjent søknaden av skuleeigaren, fekk tilbod om vidareutdanning. Ei evaluering viser at lærarar som har teke vidareutdanning, meiner at elevane deira lærer meir, og at dei sjølve har blitt meir engasjerte og betre til å undervise.

Rektorutdanninga og vidareutdanning for skuleleiarar

Rundt 57 mill. kroner gjekk til rektorutdanninga og modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. Hausten 2018 begynte om lag 490 på rektorutdanninga og om lag 120 på den modulbaserte vidareutdanninga. Evalueringa av rektorutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilbodet. Dei opplever at utdanninga har høg kvalitet, og at dei blir meir bevisste på sin eigen leiarpraksis og dermed tryggare leiarar.

Stipendordning for tilsette som manglar lærarutdanning, og til rekruttering av personar utanfor skulen

99,2 mill. kroner gjekk til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell i 2018. I alt fekk 792 søkarar tilbod om stipend til PPU, PPU-Y og YFL. Av desse gjekk 159 av stipenda til å rekruttere personar utanfor skulen. I tillegg fekk deltakarane frå stipendordninga i 2015 utbetalt andre halvparten etter sine fullførte studium i PPU og PPU-Y.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 1 543 mill. kroner over posten i 2020. Det har over tid vore mindreforbruk på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 100 mill. kroner for å styrke andre viktige satsingar i skulen. Den foreslåtte løyvinga i 2020 er om lag 1 mrd. kroner høgare enn då posten blei oppretta i 2014. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til 6 050 lærarar hausten 2020 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet . Departementet forventar at kapasiteten vil vere god nok til å gi tilbod til alle som ønsker vidareutdanning i matematikk, norsk og engelsk.

Utdanningsdirektoratet skal få ansvaret for å finansiere vidareutdanning i rettleiing av nyutdanna lærarar. I løyvingsforslaget er det derfor tatt omsyn til at 7,8 mill. kroner til studieplassar i rettleiarutdanning for dei som skal rettleie nyutdanna lærarar, er foreslått flytta til posten frå kap. 260, post 50. For nærare omtale, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 260, post 50.

Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalt når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 236,9 mill. kroner på posten, jf forslag til vedtak III nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal finansiere innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Satsinga pågår i 3-årsperioden 2019–21.

Mål for 2020

Målet med løyvinga er å gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der elevane og kandidatane kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Tenesta skal vareta nye krav til universell utforming. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing. Dette vil mellom anna gjelde kartleggingsprøvar på 1.–3. trinn.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 57,4 mill. kroner over denne posten i 2020.

Digitalt system for gjennomføring av prøver og eksamenar vil gi ei årleg nettoinnsparing for kommunar og fylkeskommunar. Departementet legg til grunn at 50 pst. av den årlege nettoinnsparinga skal bidra til å auke handlingsrommet i dei ordinære budsjettprosessane til regjeringa, slik at det blir trekt ut 1,25 mill. kroner i 2020 frå høvesvis rammetilskot til kommunane over kap. 571, post 60 og rammetilskot til fylkeskommunane over kap. 572, post 60.

Post 60 Forsking på tiltak for å betre kvaliteten i barnehagen og grunnopplæringa

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til programkategori 07.10 Administrasjon.

Rapport for 2018

I Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet var tittelen på posten «Tilskott til forsking på tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring», og målet var å få meir forskingsbasert kunnskap om kva for tiltak som bidreg til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. 2019 er det siste året for dei forskingsprosjekta som inngår i Program for bedre gjennomføring av videregående opplæring.

Desse forskingsinstitusjonane og fylkeskommunane inngår i forskingsprosjekta i Program for bedre gjennomføring av videregående opplæring:

  • Senter for økonomisk forskning (SØF) i samarbeid med fylkeskommunane Nordland, Rogaland, Trøndelag og Vest-Agder

  • Statistisk sentralbyrå i samarbeid med Oslo kommune

  • Universitetet i Bergen i samarbeid med Voksne for Barn og fylkeskommunane Hordaland, Nordland, Troms og Sogn og Fjordane

  • OsloMet – storbyuniversitetet i samarbeid med fylkeskommunane Hedmark, Oppland, Trøndelag, Aust-Agder og Akershus

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår for 2020 å samle det meste av løyvinga til Forskingsrådets program FINNUT under kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 21 Særskilde driftsutgifter. Departementet foreslår derfor å flytte 45,6 mill. kroner frå kap. 226, post 60 til kap. 201, post 21.

Post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna lærarar

Tilskotet blei oppretta i samband med budsjettbehandlinga av statsbudsjettet for 2019. Målgruppa for tilskotet er nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Kommunar og friskular som gir rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen, kan søke om tilskot til å planlegge og gjennomføre sjølve rettleiinga. Tilskotet skal brukast til direkte kostnader til rettleiinga.

Mål for 2020

Målet med løyvinga er å bidra til at skuleeigarane varetek ansvaret sitt for å ha rettleiingsordningar lokalt og styrke rettleiinga til den einskilde nyutdanna nytilsette lærar. Målet med rettleiinga er at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får ein god overgang frå utdanninga til yrket, og at dei dermed blir verande i skulen.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 61,9 mill. kroner over denne posten i 2020.

Post 63 Forsking på effektane av auka lærartettleik

Namnet på posten var til og med budsjettåret 2018 «Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats frå 1.–4. trinn», men blei for budsjettåret 2019 endra til «Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn» som følge av innføringa av lærarnorma på 1.–10. trinn hausten 2018. For 2020 foreslår regjeringa å endre namnet til «Forsking på effektane av auka lærartettleik», dette fordi det i 2020 berre står att midlar til forsking, ikkje til auka lærartettleik.

Mål for 2020

Tilskotet til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn er frå 2020 innlemma i rammetilskotet til kommunane. Tilskotet blir tildelt etter ei særskild fordeling i tabell C. Sjå nærare omtale under strategiar og tiltak i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Midlane som står att på posten i 2020, skal gå til forskingsprosjekta om effektane av auka lærartettleik (LÆREEFFEKT). Målet med tilskotet er å utvikle kunnskap om effektane av auka lærartettleik.

Rapport for 2018

For budsjettåret 2018 gjaldt løyvinga på posten tidleg innsats i skulen gjennom fleire lærarar på 1.–4. trinn.

Det blei brukt 1,8 mrd. kroner på posten i 2018. Kommunane fekk 1,25 mrd. kroner på grunnlag av delkostnadsnøkkelen for grunnskulen. Nokre kommunar mangla årsverk for å oppfylle lærarnorma ut over det som fordelinga etter delkostnadsnøkkelen gav rom for. Desse kommunane fekk derfor 0,5 mrd. kroner som ei særskild tildeling.

60 mill. kroner gjekk til lærarårsverk i samband med forskingsprosjektet LÆREEFFEKT, som starta opp hausten 2016 og skal vare ut skuleåret 2019–20. Prosjektet blir administrert av Forskingsrådet og gjennomført av Universitetet i Stavanger og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Målet med prosjektet er å utvikle kunnskap om effektane av ulike ordningar med fleire lærarar i småskulen.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 50,7 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å innlemme 1 316,8 mill. kroner frå tilskotet til tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats i rammetilskotet til kommunane på kap. 571, post 60. I tillegg foreslår departementet å redusere løyvinga med 22,2 mill. kroner grunngitt med at innføringa av lærarnorm frå og med hausten 2018 vil ha konsekvensar for forskingsprosjekta om effektane av auka lærartettleik (LÆREEFFEKT).

Post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

Posten er ny i 2020 og skal finansiere ein treårig pilot for perioden 2020–22, jf. omtale av 0–24-samarbeidet i kategoriinnleiinga for 07.20 Grunnopplæringa. Følgande departement bidreg med midlar: Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet.

Mål for 2020

Målet med piloten er å prøve ut om programfinansiering er eit effektivt verkemiddel for å gi betre samordna tenester til utsette barn og unge i alderen 0–24 år og familiane deira.

Budsjettforslag for 2020

Som ein del av 0–24-samarbeidet har regjeringa sett i gang arbeidet med ein treårig pilot for programfinansiering i tolv kommunar i Trøndelag, Innlandet og Vestfold og Telemark. Programfinansieringa inneber ei samanslåing av statlege tilskot frå delar av noverande tilskotsordningar retta mot barn og unge og familane deira under Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Formålet er å unngå sektorisering ved at kommunane i større grad kan søke om midlar som svarer til utfordringane lokalt, og på den måten gi større treffsikkerheit i lokale tenester og tiltak. Forsøket startar opp i 2020 og skal vare ut 2022. I 2019 blir oppstarten av piloten førebudd gjennom val av kommunar og forskingsmiljø. Piloten skal bli evaluert av Oxford Research med sluttrapport i 2023.

Departementet foreslår ei samla løyving på 39,3 mill. kroner i 2020. Midlane kjem frå desse kapitla og postane:

  • Kap. 231, post 63: 10,0 mill. kroner

  • Kap. 231, post 66: 3,9 mill. kroner

  • Kap. 621, post 63: 7,9 mill. kroner

  • Kap. 765, post 60: 12,4 mill. kroner

  • Kap. 846, post 62: 5,0 mill. kroner

Post 71 Tilskot til vitensenter

Eit vitensenter er eit lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i teknologi og realfag og bidreg til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skulane og lærarane i opplæringa og bidreg til å følge opp nasjonale strategiar. Tilbodet er basert på læreplanar i realfag. Frå hausten 2019 er det tolv vitensenter i Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo ved Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret Innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter – Arendal og Kristiansand

  • Vitenparken Campus Ås

  • Atlanterhavsparken – Ålesund

  • Vitensenter Nordland – Mo i Rana

Mål for 2020

Målet med tilskotet er å auke interessa for teknologi og realfag.

Rapport for 2018

I 2018 fekk ti regionale vitensenter midlar frå denne posten. I 2018 var det samla talet på besøkande 833 000. Dette er 77 000 færre enn året før. Vitensentera leverte i 2018 undervisning til 204 000 elevar og lærarar. Dette er 20 000 fleire enn året før. Ifølge lærarane er vitensentera eit viktig supplement til undervisninga i realfag.

Som del av realfagsstrategien Tett på realfag blei det i 2016 etablert ei prøveordning med fire talentsenter for elevar med stort læringspotensial i matematikk, naturfag og teknologi. Talentsentera er knytte til vitensentera i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Kunnskapsdepartementet foreslår at talentsentera blir vidareført som ei varig ordning. Sjå omtale under kap. 226, post 21.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 82,7 mill. kroner på posten. Fordi to nye vitensenter er innlemma i Vitensenterprogrammet frå hausten 2019, Atlanterhavsparken og Vitensenter Nordland, foreslår departementet ein auke på 13,8 mill. kroner.

Kap. 227 Tilskot til særskilde skular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

63

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

38 767

40 181

41 467

78

Tilskot

159 616

164 245

168 654

Sum kap. 0227

198 383

204 426

210 121

Post 63 blir nytta når midlane går til kommunar og fylkeskommunar, medan post 78 blir nytta til tilskot til aktørar som ikkje er offentlege.

Post 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2020

Målet med løyvinga er å støtte offentlege skular som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov. Det følger ein kort omtale av tilskotsordningane på posten.

Tilskot til Murmanskskolen

Tilskotet går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av norskrussisk vidaregåande skule i Murmansk (Murmanskskolen).

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skule for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Sandefjord kommune. Kommunen er ifølge opplæringslova ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å dekke ekstrakostnader Sandefjord kommune har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Tilskotsmottakar er Engerdal kommune, og tilskotet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskule. Fjellheimen leirskule er ein leirskule for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskulen finansierer drifta ved statstilskot, betaling frå elevane/deltakarane og medverknad frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskule.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Tilskotet finansierer drift av dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv med tilhøyrande internat. Skulen i Snåsa gir opplæring på sørsamisk, medan skulen i Målselv gir opplæring på nordsamisk. Skulane har heile landet som opptaksområde.

Rapport for 2018

Tilskot til Murmanskskolen

Hausten 2018 var det ti elevar frå Noreg som starta på Vg3 ved Murmanskskolen. Det er like mange som året før.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Tilskotet kommunen fekk i 2018, gjekk til kjøp av vaksenopplæringstenester frå stiftelsen Signo. Totalt 29 elevar fekk opplæring i 2018.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Skulen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. I 2018 var det 873 deltakarar. Dette er ein oppgang samanlikna med året før, då 850 personar fekk eit opphald ved skulen.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Sameskulen i Snåsa hadde 18 elevar hausten 2018, mot 22 elevar året før. I tillegg fekk fem elevar ved Snåsa ungdomsskule undervisning ved sameskulen. Sju elevar fekk fjernundervisning, og det er like mange som året før. Sameskulen i Målselv hadde 19 elevar hausten 2018, mot 24 elevar året før. I tillegg fekk sju elevar fjernundervisning, det er like mange som året før.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår 41,5 mill. kroner på posten. Tabell 4.7 viser forslag til fordeling av tilskotet.

Tabell 4.7 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 63 (i 1 000 kroner)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2020

Murmanskskolen

2 507

Vaksenopplæring i Sandefjord kommune

5 698

Fjellheimen leirskule

6 788

Dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

26 473

Sum

41 466

Post 78 Tilskot

Mål for 2020

Målet med løyvinga er å støtte private verksemder som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov. Det følger ein kort omtale av tilskotsordningane på posten.

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskot til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. På skulen går det elevar frå Frankrike og Noreg i tillegg til elevar frå mange andre land. Tilskotet skal styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole

Krokeide videregående skole AS er godkjend etter friskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulen gir eit landsdekkande tilbod, som er godkjent for 220 elevar og har plass til drygt 115 elevar på internatet. Tilskotet skal bidra til drifta av internatet ved Krokeide videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulen, slik at skulen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje fred og forståing gjennom utdanning. Det er i alt 17 UWC-skular i 17 land. Tilskotet går til Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC). Skulen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Målgruppene til Signo grunn- og videregående skole er døvblinde og døve elevar med tilleggsfunksjonshemmingar, medan målgruppa til Briskeby videregående skole er høyrselshemma elevar. Skulane blei godkjende som frittståande skular frå skuleåret 2012–13, og dei får tilskot over kap. 228, post 75 etter elevtalet ved skulen. Tilskotsordninga skal mellom anna bidra til at skulane kan halde fram med drifta på om lag same nivå som før dei blei godkjende som frittståande skular.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskotet skal finansiere opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Østfold, Hedmark og Oppland. Tilskotet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Tilskotet skal medverke til at det blir gitt grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved skulen, i dei faga seksjonen tilbyr.

Rapport for 2018

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

I skuleåret 2018–19 hadde Den franske skolen i Oslo 244 elevar på barnetrinnet, 172 elevar på ungdomstrinnet og 70 elevar i vidaregåande opplæring. Totalt hadde skulen 486 elevar, mot 447 elevar i skuleåret 2017–18.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

I 2018 var det 104 elevar på internatet om våren, og 113 elevar om hausten. I 2017 var det til samanlikning 108 elevar om våren og 115 elevar om hausten ved internatet. Skulen er godkjend for 220 elevar og har plass til 115 elevar på internatet. Utnyttinga av kapasiteten til internatet er derfor svært god.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

I skuleåret 2018–19 hadde RKNUWC 197 elevar frå 83 land. 69 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Signo fekk i 2018 tilskot for elleve elevar på grunnskulenivå og 20 heiltidselevar på vidaregåande nivå. Tilskotet til Briskeby blei utbetalt for 39 heiltids- og 15 deltidselevar på vidaregåande nivå. Elevtalet ved dei to skulane har vore relativt stabilt i dei siste skuleåra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skulane er godkjende for.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Fossumkollektivet hadde i 2018 68 elevar ved skuleavdelingane i Østfold og 25 elevar ved dei to avdelingane i Hedmark. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Hedmark og Oppland, har 83 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 79 bebuarar har delteke på ulike skuletilbod i Lillehammer.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Hausten 2018 var det 18 elevar på barnetrinnet, ti elevar på ungdomstrinnet og ni elevar i vidaregåande skule som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skulen.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår 168,7 mill. kroner på posten. Tabell 4.8. viser forslag til fordelinga av tilskotet.

Tabell 4.8 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 78 (i 1 000 kroner)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2020

Den franske skolen i Oslo

32 606

Internatdrifta ved Krokeide videregående skole

29 187

Røde Kors Nordisk United World College

39 981

Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

49 666

Opplæring i rusinstitusjonar

11 858

Lycée International de Saint-Germain-en Laye

5 356

Sum

168 654

Kap. 228 Tilskot til frittståande skular o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Frittståande grunnskular , overslagsløyving

2 500 661

2 517 183

2 873 533

71

Frittståande vidaregåande skular , overslagsløyving

1 618 125

1 674 753

1 678 612

72

Frittståande skular godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova , overslagsløyving

158 459

163 661

169 916

73

Frittståande grunnskular i utlandet , overslagsløyving

110 418

117 293

124 389

74

Frittståande vidaregåande skular i utlandet , overslagsløyving

20 650

19 084

23 235

75

Frittståande skular for funksjonshemma elevar , overslagsløyving

321 453

325 804

347 299

76

Andre frittståande skular , overslagsløyving

50 159

52 323

34 671

77

Den tysk-norske skolen i Oslo , overslagsløyving

23 475

24 615

28 288

78

Kompletterande undervisning

24 297

25 325

23 004

79

Toppidrett

46 193

47 533

48 808

81

Elevutveksling til utlandet

1 998

2 056

2 122

82

Kapital- og husleigetilskot til friskular

62 284

64 165

66 218

Sum kap. 0228

4 938 172

5 033 795

5 420 095

Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skular (friskulelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skular i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skular enn dei offentlege, jf. menneskerettslova § 2 nr. 2.

Løyvingane over kap. 228 går til tilskotsordningar til frittståande skular som er godkjende etter friskulelova eller vaksenopplæringslova. Tilskotet oppfyller dei finansielle pliktene staten har overfor frittståande skular som er godkjende etter lova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskot til kompletterande undervisning, jf. friskulelova § 6-4, Den tysk-norske skolen i Oslo, toppidrett og elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskot til dei fleste frittståande skulane bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen, jf. friskulelova kap. 6.

Mål for 2020

Målet med tilskotsordningane er å medverke til at det kan etablerast og drivast friskular etter friskulelova.

Rapport for 2018

Tabell 4.9. viser endringar i talet på elevar og frittståande skular som fekk tilskot over postane 70–76, frå skuleåret 2016–17 til skuleåret 2018–19. For grunnskulen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skule gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.9 Friskular, tal på skular og elevar

Post

Skular

Elevar

Skuletype

2016–17

2017–18

2018–19

2016–17

2017–18

2018–19

70

Grunnskular

222

228

237

20 462

21 616

23 270

71

Vidaregåande skular

77

79

79

13 780

13 807

13 628

72

Frittståande skular godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

30

29

30

1 387

1 373

1 383

73

Grunnskular i utlandet

9

9

9

779

748

741

74

Vidaregåande skular i utlandet

3

3

3

143

131

153

75

Skular for funksjonshemma elevar

14

16

16

781

819

857

76

Andre frittståande skular

2

2

2

180

178

178

Sum

357

366

376

37 512

38 672

40 210

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2018 gjekk 3,7 pst. av grunnskuleelevane i frittståande skular i Noreg, mot 3,4 pst. året før. Hausten 2018 gjekk 7,2 pst. av elevane på vidaregåande nivå i frittståande skular mot 7,3 pst. i 2017. I dei siste ti åra har det vore ein liten auke i delen elevar i frittståande grunnskular, medan delen elevar i frittståande vidaregåande skular har vore stabil.

Post 70 Frittståande grunnskular, overslagsløyving

Frittståande grunnskular som er godkjende etter friskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 2,9 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 356,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar.

I 2019 blei det løyvd 15 mill. kroner i tilskot til å gjennomføre lærarnorma, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Tilskotet blir fordelt til dei skulane som per 1. oktober 2018 mangla meir enn 0,2 lærarårsverk for å oppfylle same lærartettleik som norma i offentleg skule. Det gjeld 23 skular. Rapporteringa frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) per 1. oktober 2018 dannar grunnlaget for å berekne og utbetale tilskot. Tilskotet blir gitt med ein sats per ekstra lærarårsverk og blir fasa ut når ressursbruken kommunane har til fleire lærarar for å oppfylle lærarnorma, inngår i tilskotsgrunnlaget til friskulane.

Departementet foreslår å vidareføre 15 mill. kroner til å gjennomføre lærarnorma i friskulane innanfor løyvinga.

Post 71 Frittståande vidaregåande skular, overslagsløyving

Vidaregåande skular som er godkjende etter friskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen. Satsane for tilskot til frittståande vidaregåande skular bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen. Det blir rekna ut ein sats for kvart utdanningsprogram. Posten omfattar òg eit særskilt årleg tilskot til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by steinerskole og Kristen VGS Vennesla.

I Prop. 1 S (2018–2019) blei det varsla at Kunnskapsdepartementet fram mot statsbudsjettet for 2020 skulle vurdere om det skulle gjerast endringar i tilskotsmodellen for frittståande vidaregåande skular for å hindre store endringar i tilskotssatsane frå eitt år til eit anna. Bakgrunnen var at tilskotssatsen til naturbruk blei redusert med 9 pst. frå 2018 til 2019.

Etter ein gjennomgang av utviklinga i tilskotssatsane til alle utdanningsprogramma har departementet konkludert med at det ikkje er behov for å gjere endringar i tilskotsmodellen. Gjennomgangen viser at det jamt over er liten variasjon i satsane for dei ulike utdanningsprogramma frå år til år. Satsen for naturbruk er spesiell fordi skulane i større grad kan ha inntekter som følge av gardsbruk, gartneri eller fiskeoppdrett. Satsen kan derfor variere meir med svingingar i marknaden enn satsane for dei andre utdanningsprogramma. Frå 2019 til 2020 aukar tilskotssatsen til naturbruk med 8,4 pst. samanlikna med satsen for 2019 før kompensasjonen. Frå 2018 til 2020 er naturbrukssatsen redusert med 1,3 pst., noko som departementet vurderer er innanfor det som er naturleg variasjon i satsane.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 1,7 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 17,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar. Departementet foreslår at det ekstra tilskotet på 13,4 mill. kroner, som naturbruksskulane blei kompensert med i 2019, jf. Innst. 12 S (2018–2019), ikkje blir vidareført ettersom satsen er tilbake på naturleg nivå i 2020.

Post 72 Frittståande skular godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Satsane for tilskot til frittståande skular som er godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, med unntak av Norsk Yrkesdykkerskole, er baserte på tre av satsane for frittståande vidaregåande skular. Dei tre satsane er dei same som for utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Skular som er godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, får 75 pst. av tilskotssatsane.

Kunnskapsdepartementet har starta ei evaluering av tilskotsordninga, som vil vere klar tidleg i 2020.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 169,9 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 6,3 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 73 Frittståande grunnskular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som frittståande grunnskular i Noreg, men satsen blir høgare då desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skular i utlandet og for norske elevar ved svenske frittståande grunnskular i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 124,4 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 7,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 74 Frittståande vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som frittståande vidaregåande skular i Noreg, men satsen blir høgare sidan desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 23,2 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 4,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 75 Frittståande skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skular for funksjonshemma elevar får tilskot tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skulane får i tillegg statstilskot til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å evaluere tilskotsordninga for skulane for funksjonshemma elevar. Evalueringa skal vere ferdig i midten av 2020 og skal gi meir kunnskap om elevgrunnlaget ved skulane, kva for opplæring som blir gitt, og kva slags meirverdi skulane har.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 347,3 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 21,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 76 Andre frittståande skular, overslagsløyving

Posten omfattar Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skulen får tilskot per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon eller elektro. Skulen får 85 pst. av tilskotssatsen. I tillegg får skulen eit fast tilskot for ekstrakostnader ved skuledrift på skip. Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) er ikkje i drift frå hausten 2019.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 34,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 17,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019 på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar. Det meste av reduksjonen kjem av at Sørlandets Seilende Skoleskibs Institution har meldt frå om at dei ikkje vil vere i drift i 2020.

Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

Avtalen mellom Noreg og Tyskland om Den tysk-norske skolen i Oslo blei ført vidare og godkjend av Stortinget i april 2018, jf. Innst. 337 S (2017–2018) og Prop. 78 S (2017–2018). Tilskotet blir rekna ut på same måte som tilskotet til frittståande skular som er godkjende etter friskulelova, men blir gitt med 54,4 pst. av tilskotssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskot som kompensasjon for at skulen ikkje lenger får tilskot til kompletterande undervisning, og for å dekke høgare husleigekostnader til nye, større lokale for skulen.

Mål for 2020

Tilskotet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Rapport for 2018

Hausten 2018 var det til saman 307 elevar ved Den tysk-norske skolen i Oslo. Dette er ein nedgang på åtte elevar samanlikna med hausten 2017.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 28,3 mill. kroner på posten. Av løyvinga er det særskilte tilskotet på 8,9 mill. kroner. Samla foreslår departementet ein auke på 3,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2019.

I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei tilskotet til Den tysk-norske skolen i Oslo auka med 3 mill. kroner, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019). Departementet foreslår å vidareføre denne auken med 3,1 mill. kroner i 2020. Vidare foreslår departementet å auke løyvinga på grunn av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskotsordninga medverkar til å finansiere kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for norske elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i utlandet. Tilskotsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskular – Globalskolen og Norskskolen.

Mål for 2020

Målet med tilskotet er at norske elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskular i utlandet skal ha moglegheit til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Rapport for 2018

Eit øvre elevtak blir fastsett på grunnlag av løyvinga til formålet. For 2018 var dette elevtaket på 1 601 elevar. Det blei gitt tilskot til kompletterande undervisning for 1 582 elevar. Dette er om lag same nivå som i 2017.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 23 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 3 mill. kroner for å gi rom til andre prioriteringar.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skular som i tillegg til godkjenninga etter friskulelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar desse skulane: NTG (Norges Toppidrettsgymnas) i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Fredrikstad, Stavanger og Tønsberg, Telemark toppidrettsgymnas og Haugesund toppidrettsgymnas.

Det blir gitt eit fast tilskot til kvar av desse skulane. Det er ein føresetnad at skulane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skular med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskot.

I ein fleirtalsmerknad til statsbudsjettet for 2019 trekker utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget fram behovet for ein gjennomgang av finansieringa for dei toppidrettsgymnasa som er godkjende av Olympiatoppen, og som har ein integrert modell for skule og trening. Fleirtalet viser til at skulane får ulikt tilskot målt i tilskot per elev. Vidare peikar fleirtalet på at tilskota til toppidrettstilboda ikkje er sett i samanheng med kostnadene til den einskilde idretten og bidreg til ytterlegare økonomisk skeivdeling mellom skular, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om denne saka.

Mål for 2020

Målet med tilskotet er at dei skulane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Rapport for 2018

Hausten 2018 var det 2 601 elevar ved desse skulane. Dette er 68 fleire enn i 2017.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 48,8 mill. kroner på posten. Tabell 4.10. viser forslag til fordeling av tilskotet.

Tabell 4.10 Fordeling av tilskot over kap. 228, post 79 (i 1 000 kroner)

Toppidrettsgymnas

Særtilskot 2020

Haugesund toppidrett

5 139

Norges toppidrettsgymnas, Bærum

7 810

Norges toppidrettsgymnas, Geilo

2 605

Norges toppidrettsgymnas, Kongsvinger

2 637

Norges toppidrettsgymnas, Lillehammer

5 357

Norges toppidrettsgymnas, Tromsø

1 729

Stiftelsen toppidrettsgymnaset i Telemark

4 453

Wang A/S, Oslo

7 567

Wang toppidrett, Fredrikstad

3 611

Wang toppidrett, Stavanger

3 684

Wang, Tønsberg

4 216

Sum

48 808

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Tilskotsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar ved tre frittståande vidaregåande skular med rett til statstilskot. Dei frittståande vidaregåande skulane som er godkjende for å bli tildelte slikt tilskot, er:

  • Danielsen videregående skole i Bergen

  • Heltberg Private Gymnas i Oslo

  • Drottningborg videregående skole i Grimstad

Det ordinære statstilskotet skulane får etter friskulelova, kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Skulane kan søke om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskotet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske frittståande vidaregåande skular med rett til statstilskot og utanlandske skular.

Mål for 2020

Målet med tilskotsordninga er å stimulere dei skulane som er omfatta av ordninga, til å tilby elevutveksling til utlandet for elevane ved skulane.

Rapport for 2018

For skuleåret 2018–19 fekk kvar av skulane eit basistilskot på 105 700 kroner. Resten av tilskotet blei fordelt etter talet på elevar innanfor ordninga. Det blei betalt ut tilskot for 60 elevar for skuleåret 2018–19.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2019.

Post 82 Kapitaltilskot til friskular, kapital- og husleigetilskot

Mål for 2020

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at frittståande skular i Noreg skal kunne finansiere vedlikehald og rehabiliteringar av bygg, og husleige.

Rapport for 2018

I 2018 fekk frittståande skular 62,3 mill. kroner i kapitaltilskot. Tilskotet er ei rammestyrt ordning og blei fordelt på grunnlag av elevtal mellom dei frittståande grunn- og vidaregåande skulane i Noreg som får driftstilskot over kap. 228, postane 70 og 71.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2019.

Kap. 229 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

29 480

26 781

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

904

1 240

Sum kap. 0229

30 384

28 021

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Departementet ønsker å samle midlane til høgare yrkesfagleg utdanning og foreslår derfor å flytte løyvinga til drift av Noregs grøne fagskule – Vea til programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning. Rapport for 2018 er omtala nedanfor. Sjå kap. 242 for mål og forslag til løyving til Vea for 2020.

Rapport for 2018

Noregs grøne fagskule – Vea har hatt ein solid auke i student- og elevtalet frå 2017 til 2018. Hausten 2017 var det 122 studentar og elevar ved skulen, og hausten 2018 var det 155 studentar og elevar. Auken skriv seg først og fremst frå fleire fagskulestudentar. Hausten 2018 var det 79 fagskulestudentar og 76 elevar i vaksenopplæringa på vidaregåande nivå ved skulen.

Skulen har søkarar frå stort sett heile landet, i tillegg til utanlandske søkarar. Vea hadde 1,25 søkarar per studieplass i 2018. Vaksenopplæringa har høgare søkartal per elevplass enn fagskulestudia. Vea har eitt tilbod innanfor vidaregåande opplæring (Vg2 blomsterdekoratør), og dette blei ikkje starta opp hausten 2018 fordi det ikkje var nok søkarar.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte løyvingane på kap. 229, postane 01 og 45 til nyoppretta kap. 242, postane 01 og 45.

Kap. 3229 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Salsinntekter o.a.

5 479

1 829

61

Refusjon frå fylkeskommunar

427

1 229

Sum kap. 3229

5 906

3 058

Departementet foreslår å flytte midlane på kap. 3229, postane 02 og 61 til nyoppretta kap. 3242, postane 02 og 61 frå 2020. Dette er ei følge av at departementet ønsker å samle midlane til høgare yrkesfagleg utdanning på programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning, jf. omtale under kap. 229.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

701 033

714 323

676 395

21

Særskilde driftsutgifter

33 099

47 449

35 088

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

7 783

9 504

9 414

Sum kap. 0230

741 915

771 276

720 897

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet Statped er eit verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Samfunnsmandatet er breitt og bygger på verdigrunnlaget i paragraf 1 i opplæringslova om formålet med opplæringa. Statped er som verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid mv., og dekning av utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for the European Agency for Special Needs and Inclusive Education.

Mandatet til Statped er å støtte kommunar og fylkeskommunar ved å tilby spesialpedagogiske tenester på område der dei ikkje har kompetanse sjølve. Statped skal bidra til å spreie kunnskap og kompetanse til kommunar og fylkeskommunar slik at dei blir i stand til å gi eit tilpassa og inkluderande opplæringstilbod som omfattar alle barn, unge og vaksne uavhengig av føresetnader. Statped skal ha spisskompetanse og tilby tenestene sine innanfor fagområda syn, høyrsel, kombinerte høyrsels- og synsvanskar (døvblindheit), samansette lærevanskar, vanskar med språk/tale og erverva hjerneskade. I tillegg har Statped ein særleg funksjon for samiskspråklege barn, unge og vaksne innanfor dei nemnde fagområda. Statped skal også ha spisskompetanse og tilby tenester innanfor teiknspråk og alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Vidare skal Statped bidra til og vere ein pådrivar for at universitet og høgskular utviklar forsking og erfaringsbasert kunnskap på det spesialpedagogiske området.

Statped driv Skådalen skole for døvblindfødte. Skulen får nye lokale i 2020 i eit nytt tilbygg ved Vetland skole i Oslo. Departementet foreslår for 2020 å flytte driftsmidlane til kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester, postane 01 Driftsmidlar og 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald og kap. 3222, post 02 Salsinntekter.

Regjeringa vil hausten 2019 legge fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Endringar for Statped er eit tema i denne meldinga, og det vil kunne bli nødvendig å justere mandat og måla for 2020 i samband med oppfølginga av meldinga.

Mål for 2020

Statped skal arbeide etter desse måla i 2020:

  • Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området.

  • Barnehage- og skuleeigarar har tilsette med kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering.

  • Utdanningssektoren har tilgang til forskings- og erfaringsbasert kunnskap på det spesialpedagogiske området.

Rapport for 2018

Statpeds tenester til kommunar og fylkeskommunar

Systematisk arbeid med saksbehandling, samarbeid med kommunane og eit felles system for behandling av søknader i heile organisasjonen har gitt resultat i form av redusert tid til saksbehandling og ventetid til tenestene startar. I tråd med tidleg innsats har brukarar i alderen 0 til 7 år blitt prioriterte i 2018. Resultatet er at dei yngste aldersgruppene har lågare gjennomsnittleg saksbehandlingstid enn andre aldersgrupper.

Tilbakemeldingar frå brukarane og samarbeidspartane er at tilgangen til tenester frå Statped kan gjerast enklare. Statped har starta arbeidet med å utvikle tenestene i samsvar med desse innspela. Statped har mellom anna betra tilgangen til tenestene gjennom eit lågterskeltilbod til kommunar som vil diskutere saker anonymt.

Statped har i 2018 arbeidd vidare med å utvikle, legge til rette for og produsere læremiddel. Læremiddel i punktskrift, læremiddel på teiknspråk og materiell på området alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) har vore spesielt høgt prioriterte. Utlånet av skulelydbøker er aukande.

Tilbod om barnehage og opplæring i Statped

Statped har på oppdrag frå Trondheim kommune hatt ansvaret for drift av Møller barnehage for barn med høyrselshemmingar. I 2018 blei det avtala at Trondheim kommune overtek ansvaret og drifta frå 1. januar 2019. Statped driv Skådalen skole for døvblindfødte elevar. Skulen har ti elevar, og hovudvekta av desse går på ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring.

Statped gir tilbod om deltidsopplæring i teiknspråk til elevar som får opplæringa si i og på teiknspråk, eller som får teiknspråkopplæring som del av eit vedtak om spesialundervisning. Elevane kan få deltidsopplæring i inntil 12 veker i løpet av skuleåret. I 2018 har 173 elevar fått deltidsopplæring. Deltidsopplæringa i teiknspråk er styrkt for å kunne gi likeverdige tenester på tvers av landet.

Statped har i 2018 arbeida med å auke kompetansen om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) til personalet i barnehagar, i grunnopplæringa samt i PP-tenestene, slik at alle barn, unge og vaksne har moglegheit til å bruke kommunikasjonsformer i utdanninga.

Kompetanseutvikling og -spreiing

I løpet av 2018 har det vore i overkant av 9 400 deltakarar på kurs, konferansar og seminar i regi av Statped. Som del av arbeidet med digitalisering har Statped utvikla nettbaserte kurs og nye former for kompetansespreiing.

Statped har bidrege i dei spesialpedagogiske utdanningane, mellom anna med forelesingstimar. Samarbeidet mellom Statped og universitet og høgskular er med på å sikre utdanning av spesialpedagogisk fagkompetanse, samstundes som det bidreg til at rådgivarane til Statped held seg fagleg oppdaterte.

Lærarar, føresette og tilsette i PP-tenesta er målgruppene til nettstaden statped.no. Ambisjonen med statped.no er å nå fleire med nyttig innhald basert på behovet til lærarar, foreldre og tilsette i PP-tenesta. Statped ser ein kraftig auke av brukarar på nettstaden. Auken tyder på at brukarane opplever at nettstaden er meir relevant enn tidlegare. Statped vidareutviklar statped.no kontinuerleg som ein digital ressursbank på det spesialpedagogiske området og som kanal for å spreie kunnskap og kompetanse til målgruppene.

Statpeds bidrag til kunnskapsutvikling på barnehage- og skuleområdet

Strategi for forskings- og utviklingsarbeid i Statped 2018–2022 har vore førande for FoU-arbeidet i 2018. Statped har samarbeidd med universitet og høgskular om ulike prosjekt som gir ny kunnskap, og som verkar inn på dei tenestene som Statped gir. I løpet av 2018 har Statped arbeidd med 32 FoU-prosjekt.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 720,9 mill. kroner til Statleg spesialpedagogisk støttesystem over kap. 230 i 2020.

Departementet foreslår å flytte 25 mill. kroner frå post 01 til kap. 226, post 21. Midlane skal mellom anna brukast til kompetansetiltak overfor kommunar og fylkeskommunar.

Frå og med hausthalvåret 2019 blir Trondheim kommune kompensert med ekstra rammetilskot over tabell C til drift av AC Møller skole. For å dekke heilårseffekten foreslår departementet å overføre 2,2 mill. kroner til kap. 571, post 60 over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet foreslår å flytte totalt 25,4 mill. kroner frå kap. 230, postane 01, 21 og 45 til kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester, postane 01 og 45 for finansiering av drifta av Skådalen skole for døvblindfødte.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 21 med 13 mill. kroner, og ein tilsvarande reduksjon på kap. 3230, post 01.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Inntekter frå oppdrag

33 099

47 449

35 088

02

Salsinntekter o.a.

8 467

10 493

10 775

Sum kap. 3230

41 566

57 942

45 863

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskular, universitet m.m. I samband med at Skådalen skole for døvblindfødte er foreslått flytta frå kap. 230 til kap. 222, foreslår departementet å flytte 0,6 mill. kroner frå kap. 3230, post 01 til kap. 3222, post 02. For at løyvinga skal vere realistisk budsjettert foreslår departementet vidare å redusere løyvinga på post 01 med 13 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 230, post 21.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå tilpassing av hjelpemiddel og inntekter frå kurs. Departementet foreslår å føre inntektsløyvingane vidare på same nivå som i 2019.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

231

Barnehagar

820 541

967 392

807 777

-16,5

Sum kategori 07.30

820 541

967 392

807 777

-16,5

Innleiing

Barnehagen skal gi trygg og god omsorg og samtidig stimulere til leik, læring og utvikling på barnas premissar. Regjeringa ønsker eit mangfaldig barnehagetilbod, og vil legge til rette for at alle barn får høve til å gå i barnehage. Gode sosiale ferdigheiter og forståing av eigne og andre sine grenser er viktig kompetanse som barnehagen kan gi barna. Språk er nøkkelen til like moglegheiter vidare i utdanninga og deltakinga i samfunnet. Læring må skje gjennom leik, og den einskilde barnehagen må stå fritt til å legge til rette for eit stimulerande miljø som støttar opp om barnas lyst til å leike, utforske, lære og meistre. Leiken har verdi i seg sjølv og er ein god arena for meistring og utvikling.

Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og regelverk, jf. barnehagelova § 7. Kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket, jf. barnehagelova § 8. Fylkesmannen kan føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og med einskildbarnehagar i særskilde tilfelle. Fylkesmannen kan gi pålegg til barnehageeigaren om å rette opp i forhold som er i strid med regelverket. Samtidig skal fylkesmannen gi råd og rettleiing til kommunar og barnehageeigarar om barnehagelova med forskrifter, jf. barnehagelova § 9.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for barnehagane:

  • Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.

  • Barn som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

Barnehagane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntektene. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som utgjer 15 pst. av finansieringa.

Meir statistikk og informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Sjå også relevant omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2020

Regjeringa legg hausten 2019 fram ei melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og grunnopplæring, og meldinga vil bli følgd opp i 2020.

Regjeringa har hausten 2019 sendt ut på offentleg høyring eit forslag om endringar i regelverket for eit trygt og godt omsorgs- og læringsmiljø i barnehagen, og legg til grunn at endringane vil tre i kraft i 2020.

Regjeringa har våren 2019 sendt på offentleg høyring eit forslag om endringar i regelverket for private barnehagar, og tek sikte på å kome tilbake til Stortinget med eit lovforslag i løpet av 2019.

Departementet ønsker å flytte ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar til nasjonalt nivå og foreslår å prioritere 10 mill. kroner i 2020 til start av oppbygging av ei ny tilsynseining.

Regjeringa tek sikte på å innføre ei plikt for kommunen til å vurdere norskkunnskapane til alle barn under skulepliktig alder. Formålet er å identifisere barn som har behov for nærare kartlegging av norskkunnskapane sine, slik at dei kan få den støtta dei treng for å kunne snakke og forstå norsk så godt at dei kan greie seg bra og utvikle seg i leik og læring.

Regjeringa foreslår å vidareføre inntektsgrensa for det nasjonale minstekravet til foreldrebetaling frå 557 333 kroner per 1. august 2019 til 574 750 kroner frå 1. januar 2020.

Regjeringa foreslår å vidareføre inntektsgrensa for gratis kjernetid i barnehage for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt frå 548 500 kroner per 1. august 2019 til 566 100 kroner frå 1. august 2020.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gi rett til barnehageplass for barn i mottak. Som eit ledd i dette arbeidet foreslår regjeringa for 2020 å løyve 10,6 mill. kroner i halvårseffekt for å dekke heiltidsplass i barnehage for 2- og 3-åringar i asylmottak og vidareføre ordninga med gratis kjernetid for 1-åringar i asylmottak.

Regjeringa foreslår å bruke 430 mill. kroner i 2020 til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Om lag 190 mill. kroner vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak.

Regjeringa foreslår å trappe ned overgangsordninga med tilskotet til bemanningsnorma i barnehagen til 111,2 mill. kroner i 2020. Årsaka er mindre behov i sektoren ettersom stadig fleire kommunar oppfyller norma.

Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Den nordiske barnehagemodellen kombinerer omsorg, leik og læring i eit pedagogisk heile og har eit godt omdømme internasjonalt. Dei fleste foreldre er godt nøgde med barnehagen til barna sine. Vi veit likevel at det er til dels stor variasjon mellom barnehagar, og at ein del barn ikkje får det tilbodet dei har rett til. Forskrifta om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tok til å gjelde 1. august 2017, og barnehagane er i gang med implementeringa, altså å utvikle praksisen sin i samsvar med rammeplanen. Rammeplanen legg vekt på at barnehagen skal bidra til at barna får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik, samtidig som personalet skal fremje læring. Barnehagen skal førebygge, stoppe og følge opp utestenging, mobbing og uheldige samspelmønster.

Ein del barnehagar har lågare kvalitet enn forventa

Store undersøkingar, som Gode barnehager i Norge (GoBaN), Språk og læringsstudien (SOL), Stavangerprosjektet, Agderprosjektet og rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge frå Nordahl-gruppa har bekrefta og vist at det er store forskjellar mellom barnehagar når det gjeld kvaliteten på tilbodet. Dette gjeld til dømes barnehagens støtte til barnas utvikling av sjølvregulering, språk og matematiske forståing, samt støtte til barnas sosiale samhandling. Låg kvalitet på tilbodet i barnehagen går særleg ut over dei barna som har størst behov for støtte. Barn som har behov for særleg tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp, blir ikkje oppdaga tidleg nok, og får dermed ikkje nødvendig hjelp og støtte. Den støtta som blir gitt, er i ein del tilfelle ikkje god nok.

Den nye bemanningsnorma har ført til fleire tilsette, men ikkje alle barnehagar har oppfylt norma enda

Barnehagesektoren har i mange år peika på at det er viktig med nok tilsette for å kunne vareta alle barn på ein god måte. Ny bemanningsnorm for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018 og inneber at barnehagen minst skal ha éin tilsett per tre barn under tre år og éin tilsett per seks barn over tre år. Regjeringa var klar over at einskilde barnehagar ville ha problem med å oppfylle norma, og departementet fastsette derfor ei overgangsføresegn i forskrift som innebar at barnehageeigarane kunne bruke perioden fram til 1. august 2019 til å oppfylle bemanningsnorma. Det er også mogleg å få dispensasjon frå bemanningsnorma, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Så langt ser det ut til at bemanningsnorma har verka godt etter intensjonen. Bemanningsnorma er oppfylt når det er 6,0 eller færre barn per tilsett, der barnetalet er justert for alders- og opphaldstid og tilsette er målt i årsverk i grunnbemanninga. I 2017 var det i gjennomsnitt 6,0 barn per tilsett. Dette talet blei i 2018 redusert til 5,8 barn per tilsett. I 2017 oppfylte 56 pst. av barnehagane bemanningsnorma, og i 2018 er delen auka til heile 75 pst. av barnehagane. For nærare omtale, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Regjeringa er tilfreds med at bemanningsnorma allereie ser ut til å ha ein merkbar positiv effekt, slik at det ligg betre til rette for at personalet får meir tid til det einskilde barnet.

Strategiar og tiltak

Barnehagane skal framleis få støtte til å utvikle praksisen sin i samsvar med rammeplanen

Forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er eit viktig styringsgrunnlag som skal sikre høg kvalitet og at barna får det tilbodet dei har rett til. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å støtte barnehagane i å utvikle praksisen sin i samsvar med rammeplanen. Eit viktig tiltak er å utvikle og publisere rettleiings- og støttemateriell som barnehagane fritt kan bruke.

Utdanningsdirektoratet har starta evalueringa av korleis rammeplanen blir sett ut i livet. Forskingsinstituttet NORCE skal gjennomføre evalueringa i perioden 2018–22, og programmet har ei total kostnadsramme på 20 mill. kroner. Evalueringa skal ta for seg korleis planen blir fortolka, operasjonalisert og erfart av aktørar på ulike nivå i sektoren. Kunnskapen skal bidra til å gi eit forskingsbasert grunnlag for vidare politikkutforming.

Ei overgangsordning skal støtte barnehagane som slit med å oppfylle bemanningsnorma

Regjeringa har oppretta ei overgangsordning i form av eit 3-årig øyremerkt tilskot for perioden 2018–20 for barnehagar som har problem med å oppfylle bemanningsnorma. Ordninga skal ta særleg omsyn til at små barnehagar blir sikra ein berekraftig økonomi. Tal frå desember 2018 viser at dei fleste barnehagane som fekk tilskot i 2018, har fått færre barn per tilsett samanlikna med 2017. 2020 er det siste året for ordninga, og departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 160 mill. kroner i 2020. For meir informasjon om tilskotsordninga, sjå omtale under kap. 231, post 60.

I samband med at tilskotet trappast ned i 2020 opnast det for at fylkesmannen, etter søknad frå kommunen, i særlege tilfelle kan tildele skjønnsmidlar til private eller ideelle barnehagar dersom dei får økonomiske problem som følge av bemanningsnorma i 2020. Skjønnsmidlar skal ikkje gis til barnehagar som er ein del av eit større konsern, då det leggast til grunn at desse har økonomi til å handtere innføringa av norma i den avgrensa overgangsperioden.

Dei barnehageeigarane som ikkje klarte å oppfylle den nye bemanningsnorma innan 1. august 2019, har hatt høve til å søke om dispensasjon, jf. Barnehagelova § 18 tredje ledd. Kommunen kan gi dispensasjon frå kravet til grunnbemanning for inntil eitt år om gangen når særlege omsyn tilseier det. Fråsegn frå samarbeidsutvalet i barnehagen skal leggast ved søknaden. Fylkesmannen er klageinstans.

Barn som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Tilbodet til barn under skulepliktig alder med særskilde behov er for dårleg

Barn under opplæringspliktig alder med særleg behov for spesialpedagogisk hjelp har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Kommunen skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans som vurderer behovet. I 2018 fekk 3,2 pst. av barn i barnehage spesialpedagogisk hjelp. I snitt har barna vedtak om 500 årstimar med spesialpedagogisk hjelp, enten med pedagog eller assistent. Kommunane innvilgar nokre fleire vedtakstimar til pedagogar enn til assistentar. For meir statistikk, sjå kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Barnehagen gir ikkje eit godt nok tilbod til barn som har behov for særskild tilrettelegging. Dette blei bekrefta våren 2018 av ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) gjennom rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge . Gruppa slo fast at tilbodet til barn under skulepliktig alder er for dårleg, og at den store variasjonen i kvaliteten på barnehagetilbodet er særleg kritisk for barn med særskilde behov.

Barnehagen har ei utfordring i å gi minoritetsspråklege barn eit godt norskspråkleg grunnlag før skulestart

I 2018 gjekk 83 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år i barnehage mot 94 pst. av andre barn. For dei eldste barna er det liten forskjell, 97 pst. av minoritetsspråklege 5-åringar gjekk i barnehage mot 98 pst. av andre 5-åringar. Forskjellen blir større jo yngre barna er, men talet på dei yngste minoritetsspråklege barna har auka ein god del i dei siste åra. Talet på 1-åringane har gått frå 40 pst. i 2015 til 50 pst. i 2018. For meir statistikk, sjå kap. 11 Mål for integrering.

Samarbeidet mellom regjeringa og ein del bykommunar om områdesatsing i utsette byområde har bidrege til meir kunnskap om språkarbeidet i barnehagar med ein høg del minoritetsspråklege barn. Ei kartlegging frå Oxford Research i 2018 viste at det er store variasjonar i språkarbeidet i dei kommunale barnehagane i Groruddalen. I Fafo-evalueringa frå 2014 av det tidlegare tiltaket med gratis kjernetid i barnehage for 4- og 5-åringar peika barnehagestyrarane på at barna gjekk for få år i barnehagen til å få ei god norskspråkleg utvikling før skulestart. I 2018 fekk 45 pst. av alle elevar på 1. trinn i Groruddalen vedtak om særskilt språkopplæring.

I strategien Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22 peikar regjeringa på utfordringa ved at ein del minoritetsspråklege barn ikkje kan godt nok norsk når dei startar på skulen.

Barnehagen har ei utfordring i å oppdage barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep

Barnehagen står i ei særstilling til å oppdage barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Alle tilsette har plikt til å melde frå til barnevernet om bekymring for eit barn. Talet på melde saker frå barnehagen til barnevernet har lege stabilt i dei siste åra på rundt 12 000 saker, noko som utgjer 18 pst. av alle meldingar for barn i alderen 1–5 år. Av alle meldingar til barnevernet for barn i alderen 1–5 år blir færre av meldingane frå barnehagane lagde bort.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet gav i 2018 ut rapporten Kunnskap om og holdninger til vold i befolkningen . Rapporten viser at 43 pst. av tilsette i barnehage, skule og SFO har høyrt om eller kjenner til avverjeplikta i straffelova om at alle har plikt til å avverje alvorleg kriminalitet. Samtidig er 88 pst. av tilsette i relevante sektorar usikre på eller utan kjennskap til plikta.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å støtte barn med særskilde behov

Tidleg innsats og ein inkluderande barnehage er viktige prioriteringar for regjeringa. Barn med behov for særskild tilrettelegging skal få eit fullverdig tilbod i samsvar med dei rettane dei har.

Ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) foreslo i rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge å fjerne den individuelle retten til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, og i staden bygge opp eit meir heilskapleg system der fagkompetansen kjem nærare barna. Regjeringa vil bevare den lovfesta retten til å få spesialpedagogisk hjelp, men meiner at det er nødvendig å få til ei endring av praksis. For å få meir kunnskap om kva som kan vere god, inkluderande praksis for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging, har departementet i 2019 lyst ut 5 mill. kroner til kommunar for å gjennomføre pilotprosjekt, jf. omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Regjeringa legg hausten 2019 fram ei melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Målet med meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnader. Meldinga vurderer mellom anna forslaga frå ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-gruppa) og ein del forslag frå Stoltenberg-utvalet, som har sett på kjønnsforskjellar i grunnopplæringa. Meldinga skal omfatte både barnehage, skule og SFO, vurdere det statlege og lokale støttesystemet, og korleis det tverrfaglege og fleirfaglege samarbeidet mellom tenestene kan styrkast for at kompetansen skal kome nærare barnet og eleven. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Regjeringa la i juni 2019 fram Prop. 121 S (2018–2019) Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024) . I planen viser regjeringa til at barnehagen skal fremje eit inkluderande og stimulerande miljø der barnet får delta i leik med andre barn og blir sett av dei vaksne. Miljøet skal støtte opp om lysten til å leike, utforske, lære og meistre.

Regjeringa er også i gang med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 792, 7. juni 2016, stortingssesjonen 2015–16 om eigen lovheimel om eit trygt omsorgs- og læringsmiljø i barnehagen, jf. omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak. I august 2019 blei det sendt ut på offentleg høyring eit forslag om endringar i regelverket for eit trygt og godt omsorgs- og læringsmiljø i barnehagen. Regjeringa legg til grunn at endringane vil tre i kraft i 2020.

Ikkje alle barn er klare for skulen det året dei fyller seks år, medan andre er klare allereie det året dei fyller fem år. Dagens regelverk gir rom for at barn kan få tidlegare eller seinare skulestart, men det er færre enn 2 pst. som bruker denne moglegheita i dag. Regjeringa har derfor i august 2019 invitert kommunane til å prøve ut ulike ordningar og modellar for meir fleksibel skulestart.

Tiltak for å støtte minoritetsspråklege barn i barnehage

Tidleg innsats i utdanningsløpet for barn og unge med innvandrarbakgrunn er eit av satsingsområda i regjeringas integreringsstrategi Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22. Det er eit mål å gi barn og unge med innvandrarbakgrunn gode norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom eit utdanningsløp frå barnehage til og med vidaregåande opplæring som gir eit likeverdig tilbod som for andre barn og unge. For meir omtale, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Alle barnehagar som har minoritetsspråklege barn, skal i samsvar med rammeplanen støtte barna i å bruke morsmålet sitt, samtidig som barnehagen aktivt skal fremje og utvikle barnas norskspråklege kompetanse. Det øyremerkte tilskotet over kap. 231, post 63 skal støtte opp om tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn. Den skjerpa pedagognorma frå 2018 skal bidra til fleire pedagogar og dermed høgare kompetanse i det pedagogiske språkarbeidet. Bemanningsnorma frå 2018 skal sikre nok vaksne slik at det blir færre barn per vaksen enn tidlegare, og dermed betre høve for barna til å kommunisere og få støtte i språkutviklinga.

Regjeringa vidarefører områdesatsingane i utsette byområde, jf. omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Delprogrammet Oppvekst og utdanning i områdesatsingane i Oslo omfattar tiltak på barnehageområdet, særleg tiltak for betre støtte til den norskspråklege utviklinga til minoritetsspråklege barn.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle eit verktøy for kartlegging av norskkunnskapane til barn under skulepliktig alder, og Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet vil få i oppdrag å utvikle eit gratis, kvalitetssikra verktøy for generell språkkartlegging med rettleiingsmateriell.

Tiltak for å hjelpe utsette barn, inkludert 0–24-samarbeidet

Departementet følger opp dei tiltaka i Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) som gjeld området til Kunnskapsdepartementet. Dette omfattar tiltak som gjeld kompetanseheving for dei tilsette i barnehage og skule, jf. nærare omtale av opptrappingsplanen i programkategori 07.20 Grunnopplæringa. For omtale av arbeidet med ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep, sjå Prop. 1 S for 2019 for Barne- og likestillingsdepartementet.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og Justis- og beredskapsdepartementet skal etter planen gjennomføre ein kampanje i 2019 om plikta til å avverje vald og overgrep. Kampanjen er retta mot helsepersonell og tilsette i barnehagar og skular, jf. meir informasjon på nettstaden dinutvei.no.

Utsette barn og unge og familiane deira har ofte behov for hjelp frå fleire offentlege tenester, og det er derfor viktig å få til god samordning av tiltak. Kunnskapsdepartementet leiar det 5-årige 0–24-samarbeidet for perioden 2015–20. Samarbeidet har som mål å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år, jf. omtale i programkategori 07.20.

Den komande meldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap vil også omhandle korleis tverrfagleg samarbeid kan gi eit betre tilbod til utsette barn.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Skjerpinga av pedagognorma har ført til fleire barnehagelærarar, men det er framleis ei utfordring å oppfylle norma

Regjeringa har fastsett ei skjerpa pedagognorm i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager, som inneber at barnehagen minst skal ha éin pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år. Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018.

Per desember 2018 var den skjerpa pedagognorma oppfylt i 53 pst. av alle ordinære barnehagar. Det manglar 4 179 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. Dette viser at skjerpinga av norma har vore ei utfordring for barnehagane.

Barnehagane kan søke om mellombels dispensasjon frå pedagognorma for inntil eitt år om gangen dersom særlege omsyn tilseier det, jf. forskrifta om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 2. Eit slikt særleg omsyn kan vere om oppfyllinga av den skjerpa pedagognorma er kritisk for den vidare drifta.

Regjeringa oppretta i 2017 ei overgangsordning i forskrifta om tildeling av tilskot til private barnehagar for å sikre at dei private barnehagane får kompensert for auka utgifter samtidig med kommunane. Ordninga gjeld ut 2019. Frå 2020 får dei private barnehagane midlar til auka pedagogtettleik gjennom det ordinære driftstilskotet frå kommunane.

Utfordringar når det gjeld barnehagelærarutdanninga

Barnehagelærarutdanninga (BLU), som blei sett i gang i 2013,hadde endringar i både strukturen og innhaldet samanlikna med førskolelærarutdanninga. Følgegruppa for BLU, med fagleg sekretariat frå Høgskulen i Bergen, følgde implementeringa frå 2013 til 2017. Følgegruppa leverte årlege delrapportar med forslag til justeringar og styrking av utdanninga. Sluttrapporten frå 2017 viser at det har vore ei positiv utvikling, mellom anna når det gjeld relevansen til utdanninga og profesjonsinnrettinga. Samtidig viser rapporten til fleire vedvarande utfordringar, til dømes kva plass og rolle pedagogikken har i BLU, og korleis innføringa av tverrfaglege kunnskapsområde har fungert.

I 2017 nemnde Kunnskapsdepartementet opp ei ekspertgruppe for barnehagelærarrolla. Ekspertgruppa skulle mellom anna sjå på samanhengen mellom utdanninga og utøvinga av profesjonen, og gi råd om korleis profesjonen og utdanninga kan vidareutviklast. Sluttrapporten frå 2018 støttar opp under dei utfordringane følgegruppa for BLU peikar på. Ekspertgruppa meiner også at barnehagelærarutdanninga må styrkast i både akademisk og praktisk retning.

Framleis ei utfordring at ein del av grunnbemanninga manglar barnehagefagleg kompetanse

Grunnbemanninga i barnehagen består av pedagogiske leiarar, andre pedagogar, fagarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og assistentar, der ein del er utan barnehagefagleg kompetanse. For statistikk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Barnehagen er ein del av utdanningsløpet, og tidleg innsats startar her. Kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten på tilbodet, og det er ei utfordring at det framleis er ein stor del av dei tilsette som manglar barnehagefagleg kompetanse. Forskinga er tydeleg på at det pedagogiske arbeidet har noko å seie for kvaliteten på barnehagetilbodet.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å få fleire barnehagelærarar

Kompetansestrategien for barnehagen skal støtte opp om arbeidet med både rekruttering og kompetanseutvikling, jf. Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 .

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit viktig tiltak for å få fleire barnehagelærarar. Gjennom ABLU får fagarbeidarar og erfarne assistentar tilbod om å ta barnehagelærarutdanninga på deltid medan dei arbeider i barnehagen. Deltakarundersøkingar viser at deltakarane i stor grad gir ei positiv vurdering av utdanninga.

Personar med anna pedagogisk utdanning kan få tilbod om tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB), slik at dei får godkjenning som barnehagelærar.

Ein del av midlane til kompetanseutvikling for barnehagane går til såkalla tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering. Dette er midlar fylkesmannen tildeler barnehageeigarar for å legge til rette for at dei tilsette i barnehagane kan delta på kompetansehevingstiltak. Midlane ser ut til å støtte opp om målet om å få fleire barnehagelærarar på den måten at mange av eigarane prioriterer ABLU. Eigarane kan også få tilretteleggingsmidlar for deltakarar på TIB, og for vidareutdanningstilbod til barnehagelærarar som Utdanningsdirektoratet har sett i gang.

Regjeringa ønsker at alle nyutdanna nytilsette lærarar som har behov for det, skal få god støtte og rettleiing. I samarbeid med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning har regjeringa lagd fram prinsipp og forpliktingar for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule, gjeldande frå hausten 2018 og ut juli 2021. Utdanningsdirektoratet har utvikla ein rettleiar om kjenneteikn på gode lokale rettleiingsordningar, og laga nye rammer for vidareutdanningstilbod i rettleiing som startar opp hausten 2020. Kunnskapsdepartementet har sett i gang ei evaluering av desse tiltaka, som inngår i dei nasjonale rammene for rettleiing. Sluttrapporten er venta i 2021.

Tiltak for å styrke kvaliteten på barnehagelærarutdanninga

Kunnskapsdepartementet vil følge opp arbeidet med å styrke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga, og vil sjå anbefalingane i rapportane frå følgegruppa for BLU i samanheng med tilrådingane i rapporten frå ekspertgruppa for barnehagelærarrolla.

Styrking av samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og barnehagane er ein del av oppfølginga av strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene . Strategien (2017) gir retning for arbeidet med å utvikle alle lærarutdanningane. Eit hovudgrep i strategien er partnarskap mellom lærarutdanningane og barnehage- og skuleeigarar for å etablere lærarutdanningsbarnehagar og lærarutdanningsskular. For meir informasjon, sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tiltak for å styrke barnehagefagleg kompetanse i heile personalgruppa

Kompetansestrategien for barnehagen skal støtte opp om arbeidet med både rekruttering og kompetanseutvikling, jf. Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 . Dei tilsette i barnehagen har ulike kompetansebehov. Derfor har strategien tiltak som rettar seg mot alle grupper tilsette, slik at alle får høve til å utvikle seg fagleg, både individuelt og i fellesskap. Gjennom den regionale ordninga for kompetanseutvikling, som også er omtala i strategien, skal dei statlege kompetansemidlane nyttast på ein måte som er betre tilpassa dei lokale behova. Kompetansemidlane skal i hovudsak nyttast til barnehagebasert kompetanseutvikling, der heile personalet saman arbeider med å utvikle den pedagogiske praksisen i den einskilde barnehagen. For meir informasjon om midlane, sjå omtale under kap. 231, post 21.

Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Einskilde grupper barn går i mindre grad i barnehagen enn andre

Barn med innvandrarbakgrunn og/eller som kjem frå familiar med låg inntekt, går i mindre grad i barnehage enn andre barn, jf. omtale i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren og kap. 11 Mål for integrering. Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Gratis kjernetid på 20 timar per veke er eit tilbod til barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense.

Det er ei utfordring at mange familiar i målgruppa ikkje bruker desse ordningane. Tidlegare rapportar har vist at hindera kan vere av både økonomisk, kulturell, ideologisk og praktisk art, eller ein kombinasjon av desse. Institutt for samfunnsforskning har levert to rapportar i høvesvis 2018 og 2019 om dei økonomiske moderasjonsordningane, og rapportane viser følgande:

  • Ordningane er viktige tiltak som legg til rette for at fleire barn får gå i barnehage.

  • Minstekravet til redusert foreldrebetaling har auka bruken av barnehagen i målgruppa, medan ordninga med gratis kjernetid ikkje ser ut til å ha nokon effekt.

  • Det er ei utfordring å nå fram til målgruppa med informasjon om ordningane.

  • Søknadsplikta gjer terskelen for å bruke ordningane høgare.

Barn i asylmottak og høvet til å få gå i barnehage

Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod. I fleire år har 4- og 5-åringane i asylmottak hatt høve til å få heiltidsplass i barnehage dersom vertskommunen har kapasitet. 2- og 3-åringane fekk høve til gratis kjernetid i barnehage i 2018, og 1-åringane i asylmottak fekk høve til gratis kjernetid i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2019, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019)

Regelverket for private barnehagar er ikkje tilpassa utviklinga i sektoren

Reguleringa av private barnehagar har vore tilpassa ein periode då utbygginga av barnehagesektoren hadde høg prioritet, dette for å sikre alle barn rett til barnehageplass. Departementet har utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag for å gjere regelverket meir tilpassa dagens situasjon. Rapportane viser at utviklinga i barnehagesektoren har gitt nokre utfordringar som dagens regelverk ikkje tek høgde for:

  • Det har vore oppkjøp av små barnehagar.

  • Vi ser ei utvikling mot store barnehagekonsern.

  • Det er krevjande for kommunane å føre tilsyn.

  • Det er vanskeleg for nye små barnehagar å etablere seg.

Strategiar og tiltak

Foreldrebetaling og tiltak for å redusere økonomiske hindringar for å bruke barnehage

Regjeringa foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2020 blir fastsett til 3 135 kroner per månad frå 1. januar 2020, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 3.

Regjeringa foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Det betyr at alle husstandar med ei samla skattbar inntekt på under 574 759 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. januar 2020.

Stortinget vedtok for 2019 å inkludere 2-åringar i ordninga med gratis kjernetid 20 timer per veke for barn frå familiar med låg inntekt. Inntektsgrensa blei sett til 548 500 kroner med verknad frå 1. august 2019, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Regjeringa foreslår at inntektsgrensa blir sett til 566 100 kroner frå 1. august 2020, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 4.

Rammetilskotet til kommunane blei styrkt med 10 mill. kroner i 2016 til informasjons- og rekrutteringsarbeid på barnehagefeltet for å auke barnehagedeltakinga blant barn frå familiar med låg inntekt og barn med innvandrarbakgrunn. Regjeringa oppretta i 2018 eit øyremerkt tilskot for aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid overfor familiar med innvandrarbakgrunn, jf. kap. 231, post 66. Utdanningsdirektoratet har på nettsidene sine samla råd som kan hjelpe kommunar i arbeidet med å rekruttere minoritetsspråklege barn til barnehagen. Her er det mellom anna informasjon om gratis kjernetid og moderasjonsordningar og erfaringar frå fleire kommunar om korleis dei driv rekrutteringsarbeid. I tillegg finst det eit faktaark på fleire språk om barnehage, gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling.

På bakgrunn av undersøkingar om bruken av ordningane for gratis kjernetid og nasjonalt minstekrav til reduksjon i foreldrebetalinga fekk Utdanningsdirektoratet i 2017 i oppdrag å sjå på korleis søkeprosessen kan bli enklare for brukarane. På bakgrunn av forslaga frå direktoratet har departementet i september 2019 sendt ut på offentleg høyring eit forslag om endringar i § 3 i forskrifta om foreldrebetaling. Endringsforslaget gjeld forenkling/automatisering av søkeprosessen og eit enklare regelverk. Kommunen skal kunne hente ut nødvendige opplysningar frå Folkeregisteret og Skattedirektoratet slik at foreldre ikkje lenger må legge ved dokumentasjon på inntekt eller anna informasjon om husstanden når dei søker om reduksjon i foreldrebetalinga. Forenklinga vil også kunne redusere tidsbruken per søknad for kommunen. Ein enklare søkeprosess vil kunne bidra til at fleire foreldre bruker ordningane for reduksjon i foreldrebetalinga, og at fleire barn frå familiar med låg inntekt får gå i barnehage.

Utviding av høvet til å få gå i barnehage for barn i asylmottak

Regjeringa foreslår for 2020 å løyve 10,6 mill. kroner over kap. 490 Utlendingsdirektoratet, post 60 Integreringstilskot for å dekke heiltidsplass i barnehage for 2- og 3-åringar i asylmottak og vidareføre ordninga med gratis kjernetid for 1-åringar i asylmottak, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Utvikling av regelverket for private barnehagar

Departementet sende forslag til endringar i barnehagelova ut på høyring 26. april 2019 med høyringsfrist 26. juli 2019. Det har kome inn i om lag 220 høyringssvar. Regjeringa tek sikte på å kome tilbake til Stortinget med eit lovforslag i løpet av 2019.

Regjeringa har eit tydeleg mål med det nye regelverket. Det skal legge best mogleg til rette for eit mangfaldig tilbod, slik at foreldre kan velje den barnehagen som passar best for barna deira. Det må vere rom for både store og små barnehagar, ideelle og andre private barnehagar med ulikt innhald og ulike profilar. Målet er at det nye regelverket skal bidra til at alle barnehagar har høg kvalitet, og at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til å skape gode og trygge kvardagar for barna. Dei private barnehagane skal framleis ha ein sunn økonomi der årlege overskot skal vere mogleg, noko som er viktig for å gjere drifta stabil over tid, slik at barna får eit barnehagetilbod som er prega av kontinuitet og stabilitet.

Regjeringa ønsker å flytte ansvaret for tilsyn med økonomiske forhold ved private barnehagar frå kommunane til Kunnskapsdepartementet. Regjeringa vil fremje dette lovforslaget for Stortinget i løpet av 2019. Med atterhald om at Stortinget vedtek flytting av ansvaret, vil oppgåva bli delegert til Utdanningsdirektoratet og lagt til direktoratet si eksisterande lokalisering i Molde. Kunnskapsdepartementet vil då i 2020 prioritere 10 mill. kroner til å starte oppbygginga av den nye eininga frå hausten 2020.

I tillegg vil innføringa av bemanningsnorm og skjerpa pedagognorm bidra til å sikre at offentlege midlar i større grad kjem barna til gode. Normene vil medverke til at barnehagar som har hatt lågare bemanning som grunnlag for økonomisk overskot, no må bruke den offentlege finansieringa til fleire tilsette. Sjå også omtale av oppmodingsvedtak nr. 460 og 461, 13. februar 2018 og nr. 802 og 805, 31. mai 2018, stortingssesjonen 2017–18 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51

463 533

457 516

464 683

50

Tilskot til samiske barnehagetilbod

22 012

51

Forsking , kan nyttast under post 21

8 344

8 543

60

Tilskot til bemanningsnorm i barnehage

98 705

262 800

111 210

63

Tilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

145 729

149 809

144 549

66

Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

19 999

20 560

17 342

70

Tilskot til symjing i barnehagane

62 219

68 164

69 993

Sum kap. 0231

820 541

967 392

807 777

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane på posten skal medverke til å heve kvaliteten på barnehagetilbodet, i både kommunale og private barnehagar. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar som har tilsette som deltek på studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehagen og forvaltning av ulike tiltak.

Mål for 2020

Å auke kvaliteten på barnehagetilbodet og få meir kunnskap om barnehagen.

Rapport for 2018

Samla blei det nytta 463,5 mill. kroner over posten i 2018. Av dette gjekk 337,5 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane for å følge opp kompetansestrategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 . Dette omfattar midlar til den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehage. Regjeringa legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgare kvalitet på barnehagetilbodet, og at tiltaka er viktige verkemiddel i arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Tabellen under gir ei oversikt over dei ulike kompetansetiltaka.

Tabell 4.11 Kompetansetiltak for tilsette i barnehagane 2018

Type kompetansetiltak

Tal på deltakarar

Beløp (i mill. kroner)

Regional ordning for kompetanseutvikling, inkludert barnehagebaserte kompetansetiltak, praksiskandidatordninga og tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering (som ABLU)

118,3

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar inkl. tilretteleggingsmidlar

843

67

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) (4 kull som går over 4 skuleår) – midlar til studieplassar

593

56

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

315

39

Ekstra tilretteleggingsmidlar frå fylkesmannen til barnehageeigarar for lokal prioritering

25,4

Fagskuleutdanning i oppvekstfag (3 kull som går over 2 skuleår)

865

21

Forsøksordning med midlar til ikkje-kommunale barnehageeigarar til barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak (antal barnehagar)

311

5,5

Rettleiing av nyutdanna, nytilsette lærarar. Tiltaket er samordna med skule – sjå omtale i kap. 226, post 21

4

Kompetanseløft til tilsette i opne barnehagar (studium over 1 år og 4 md.)

111

1,3

Sum

337,5

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

I 2018 blei det tildelt 118,3 mill. kroner til den regionale ordninga for kompetanseutvikling som fylkesmannsembeta har ansvaret for å administrere. Innanfor ordninga skulle minst 70 pst. av midlane nyttast til barnehagebaserte kompetansetiltak. Dei resterande midlane blei nytta til andre tiltak etter behov. Tiltaka omfattar praksiskandidatordninga med 550 deltakarar, kompetansehevingsstudium for assistentar og fagarbeidarar, barnehagefagleg grunnkompetanse og tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar etter lokal prioritering til deltakarar på ABLU og andre studium med oppstart hausten 2018. I tillegg tildelte fylkesmannen 25,4 mill. kroner ekstra i tilretteleggingsmidlar til lokal prioritering for vårsemesteret 2018.

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling blei innført i 2018, og det er derfor tidleg å seie noko om resultata, men ein rapport frå Trøndelag Forskning og Utvikling AS inneheld informasjon om korleis fylka har valt å innrette ordninga. Nokre fylke målrettar innsatsen og kompetansemidlane mot dei barnehagane der behovet er størst. Andre fylke opnar for at alle barnehagar skal få tildelt midlar. Rapporten viser også at det er stor variasjon mellom fylka når det gjelder organisering, igangsetjing og samarbeid med universitets- og høgskulesektoren.

Andre tiltak for mellom anna å auke kvaliteten på barnehagetilbodet

126 mill. kroner på posten gjekk til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet.

Det blei nytta 11 mill. kroner frå denne posten til Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019). Vidare blei det nytta 9,3 mill. kroner til tilskot til realfagskommunar i samband med realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) .

Det blei nytta 10 mill. kroner til satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø , herunder læringsmiljøprosjektet og samlingsbaserte nettbaserte tilbod. Dette er tiltak som skal førebygge mobbing og bidra til at alle barn blir inkluderte i fellesskapet.

Det blei nytta 21,3 mill. kroner til forsøk med gratis barnehage og SFO. I barnehageåra 2017–18 og 2018–19 gjekk midlane til å dekke gratis barnehage til i overkant av 1 200 barn.

Det blei nytta 12 mill. kroner til arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Utdanningsdirektoratet har mellom anna publisert materiale som barnehagane fritt kan bruke.

Det blei òg nytta midlar frå posten til forvaltning av tiltak hos fylkesmannen, Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet og til å skaffe meir kunnskap om barnehagen gjennom forsking, undersøkingar og statistikkarbeid. Dette inkluderer 12,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd, der 10 mill. kroner gjekk til drifta av dei 2 sentera for barnehagerelevant forsking: BARNkunne – Senter for barnehagekunnskap ved Høgskulen på Vestlandet og FILIORUM ved Universitetet i Stavanger.

Det blei nytta 0,8 mill. kroner til å styrke det kvenske barnehagetilbodet i samsvar med planen for vidare innsats for kvensk språk i perioden 2017–21. Midlane gjekk til å støtte Kvensk institutt sitt prosjektarbeid med utvikling av kvensk språk i barnehagen, samt Språkrådet sitt arbeid med å utvikleutvikling ei nettside med materiale for kvenske barnehagar.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår ei løyving på 464,7 mill. kroner på kap. 231 post 21 til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i barnehagesektoren.

Departementet foreslår å løyve til saman om lag 190 mill. kroner til regional ordning for kompetanseutvikling. Ordninga blei vidareutvikla i 2018 som ein del av oppfølginga av strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022 .

Dei to strategiane Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) og Tett på realfag – nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019) blir avslutta i 2019 når strategiperiodane går ut. Departementet foreslår at midlane frå strategiane blir fasa inn i regional ordning for kompetanseutvikling i 2020.

I statsbudsjettet for 2019 blei det sett av 9 mill. kroner til rekrutteringstiltak i barnehage i utsette bydelar. Midlane kom i tillegg til det øyremerkte tilskotet over kap. 231 post 66 Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn, og blei nytta til ei eittårig styrking av dette tilskotet til byar med områdesatsing. Statistikken viser at barnehagedeltakinga blant minoritetsspråklege barn har auka for kvart år, og departementet foreslår å omprioritere desse midlane til andre tiltak på barnehageområdet i 2020. Det øyremerkte tilskotet over kap. 231 post 66 blir vidareført.

Departementet foreslår å vidareføre 10,3 mill. kroner til arbeidet mot mobbing og eit godt barnehagemiljø.

Departementet foreslår å vidareføre 4,2 mill. kroner i stimuleringsmidlar til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule som universitet og høgskular kan søke om å få.

Med atterhald om at Stortinget vedtek flytting av ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar til nasjonalt nivå, foreslår departementet å prioritere 10 mill. kroner til å starte oppbygginga av den nye eininga for tilsyn i Molde frå hausten 2020.

Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av hovuddelen av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over, og i samsvar med tiltaka i kompetansestrategien og andre prioriterte område. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

I løyvingsforslaget er det teke omsyn til fleire flyttingar frå posten:

  • 10,6 mill. kroner til barnehageplass for barn i mottak er rammeoverført til Justis- og beredskapsdepartementets budsjett, kap. 490 Utlendingsdirektoratet, post 60 Integreringstilskot. Midlane skal dekke heiltidsplass i barnehage for alle 2- og 3-åringar i mottak frå hausten 2020 og vidareføring av tiltaket om gratis kjernetid for eittåringar i mottak.

  • 17 mill. kroner til Forskingsrådets program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren, FINNUT, kap. 201, post 21. Av dette går 10 mill. kroner til dei 2 sentera for barnehageforsking –BARNkunne og FILIORUM. Flyttinga skyldast samling av løyvinga til FINNUT under kap. 201, post 21. For nærare omtale, sjå kap. 201, post 21.

  • 1 mill. kroner til Kunnskapssenter for utdanning kap. 201, post 21. Flyttinga skyldast samling av løyvinga til Kunnskapssenter for utdanning under kap. 201, post 21.

Post 50 Tilskot til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvalta dette tilskotet til og med 2018. I statsbudsjettet for 2019 blei løyvinga rammeoverført til kap. 560 Samisk språk, kultur og samfunnsliv, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rapport for 2018

Målet for tilskotsordninga i 2018 var at samiske barn skulle få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen. I 2018 fekk Sametinget 22 mill. kroner i tilskot til samiske barnehagetilbod. Sametinget har i 2018 innvilga tilskot til 65 barnehagar, 17 prosjekt/utviklingsarbeid og 3 tiltak for å utvikle pedagogisk materiell til barnehagar. Sametinget fekk fleire søknader enn tidlegare år, og det er også ein auke i antalet barn som får eit samisk barnehagetilbod.

Statistikk frå Sametinget viser at det totalt gjekk 914 barn i barnehagar med eit samisk tilbod i 2018, mot 848 barn i 2017, ein auke på 7,9 pst. Av desse barna gjekk 689 barn i samiske barnehagar, 114 barn i barnehagar med samisk avdeling og 111 barn i barnehagar med tilbod om språkopplæring i samisk. Av dei 914 barna hadde 830 barn nordsamisk bakgrunn mot 788 i 2017, 41 barn hadde lulesamisk bakgrunn mot 24 i 2017, og 43 barn hadde sørsamisk bakgrunn mot 34 i 2017.

I 2018 var det registrert 22 samiske barnehagar, mot 23 i 2017. Det var registrert elleve barnehagar med samisk avdeling, mot åtte i 2017. Det var registrert 32 barnehagar med samisk språkopplæringstilbod, uendra frå 2017. Dei sistnemnde barnehagane ligg i sju fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag, Oppland, Oslo og Akershus.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Løyvinga blir nytta til forsking på og om barnehagar og blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram. Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21.

Mål for 2020

Målet er å få meir og betre kunnskap om barnehagen, til nytte for dei som arbeider der, og for dei som formar og forvaltar barnehagepolitikken.

Rapport for 2018

Heile løyvinga på posten gjekk uavkorta til Noregs forskingsråd, som deler ut midlane innanfor forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023). Programmet omfattar forsking på og innovasjon i utdanningssektoren, frå barnehage og skule til høgare utdanning og vaksnes læring. Forskinga bidreg til meir og betre kunnskap om barnehagen, til nytte for både sektoren og statleg utdanningsadministrasjon.

FINNUT inneheld ei rekke verkemiddel, og i tillegg til forskingsprosjekt inkluderer tiltaka innovasjonsprosjekt i offentleg sektor og støtte til unge forskarar. Dei to nye nasjonale forskingssentera for barnehageforsking BARNkunne og FILIORUM er også del av porteføljen til FINNUT, jf. omtale under post 21 Særskilde driftsutgifter. Programmet finansierer forsking på mellom anna barns språklege utvikling, digital kompetanse, inkludering av minoritetsspråklege barn, barnehageleiing og pedagogiske prosessar, inkludert leikbasert læring.

Det er i 2018 lyst ut midlar til forsking på effekten av kompetansetiltak i barnehage og grunnskule som del av departementets nye modell for desentralisert kompetanseutvikling.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår for 2020 å samle det meste av løyvinga til Forskingsrådets program FINNUT under kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 21 Særskilde driftsutgifter. Departementet foreslår derfor å flytte 8,8 mill. kroner til kap. 201, post 21 i 2020.

Post 60 Tilskot til bemanningsnorm i barnehage

Tilskotet er ei 3-årig ordning som blei oppretta i 2018 som eit resultat av budsjettavtalen i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018. 2020 er det siste året for ordninga.

Mål for 2020

Tilskotet skal bidra til å styrke innføringa av bemanningsnorma i barnehagar i kommunar som har over 6,0 barn per vaksen i dei kommunale barnehagane. Tilskotet skal særleg bidra til berekraftig økonomi i små barnehagar, og regjeringa ønsker at tilskotet i 2020 berre skal gå til små private barnehagar.

Rapport for 2018

Det tidlegare namnet på posten var Driftstilskot til barnehagar. Posten blei oppretta i 2017 som følge av budsjettavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, jf. Innst. 14 S (2016–2017). I 2018 blei løyvinga på 424 mill. kroner overført frå kap. 231, post 60 til kap. 571 Rammetilskot til kommunar, post 60 Innbyggartilskot over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Løyvinga skulle finansiere den varsla skjerpinga av pedagognorma, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2017 .

Som følge av budsjettavtalen i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2018 fekk posten det nye namnet Tilskot til bemanningsnorm i barnehage , jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Stortinget løyvde 100 mill. kroner til ordninga. Av dette gjekk 40 mill. kroner til kommunale barnehagar og 60 mill. kroner til private barnehagar. Totalt fekk 225 barnehagar i 70 kommunar tilskot; av desse var 86 kommunale og 139 private. Hensikta med ordninga var å støtte barnehagar som hadde problem med å oppfylle den nye bemanningsnorma som tok til å gjelde 1. august 2018.

Tal frå desember 2018 viser at dei fleste barnehagane som fekk tilskot i 2018, har fått færre barn per tilsett samanlikna med 2017. Tilskotet har bidrege til at to av tre av dei 225 barnehagane som fekk tilskot, oppfylte bemanningsnorma i 2018.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 111,2 mill. kroner på posten i 2020.

Bemanningsnorma i barnehagar blei innført 1. august 2018, og barnehagane hadde frist fram til 1. august 2019 til å oppfylle norma. Norma er i gjennomsnitt allereie oppfylt og finansiert i dei kommunale barnehagane, og frå 2016 har det vore 100 pst. økonomisk likebehandling av private og kommunale barnehagar, slik at private barnehagar i gjennomsnitt mottek same løyving som kommunale barnehagar. Regjeringa har på det grunnlaget sagt at bemanningsnorma er fullfinansiert.

Private barnehagar får driftstilskot basert på kommunanes utgifter i kommunale barnehagar to år før tilskotsåret. Ved innføringa av bemanningsnorma var det mange kommunar som ikkje oppfylte bemanningskravet i kommunale barnehagar. Dei private barnehagane i desse kommunane fekk dermed driftstilskot tilpassa ei for låg bemanning til å kunne innfri norma. Regjeringa innførte derfor det mellombelse tilskotet i perioden 2018–20 for å styrke innføringa av bemanningsnorma i små kommunale og private barnehagar i kommunar som ikkje oppfyller norma.

Frå 2017 til 2018 har det vore ein stor reduksjon i talet på kommunar som ikkje oppfyller bemanningsnorma i kommunale barnehagar, frå 106 til 31 kommunar. Fordi driftstilskotet til private barnehagar baserer seg på kostnader to år før tilskotsåret, vil driftstilskotet for 2020 bli basert på kommunale rekneskapstal frå 2018. Aukinga i talet på kommunar som innfrir bemanningsnorma, vil derfor redusere behovet for ekstra kompensasjon for private barnehagar i 2020, sidan kommunanes bemanning i 2018 vil bli reflektert i det ordinære driftstilskotet til private barnehagar.

Tilskotsordninga blei i budsjettbehandlinga for 2019 styrkt med 160 mill. kroner, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Departementet foreslår å redusere løyvinga med eit tilsvarande beløp i 2020. Tilskotsordninga er i 2020 inne i sitt siste år, og departementet meiner det er fornuftig å gradvis redusere løyvinga i 2020 før utfasing i 2021.

Tilskotet til bemanningsnorm i barnehagen blei i 2018 og 2019 fordelt til både kommunale og private barnehagar. Departementet foreslår at tilskotet i 2020 berre går til små private barnehagar.

Det opnast for at fylkesmannen, etter søknad frå kommunen, i særlege tilfelle kan tildele skjønnsmidlar til private eller ideelle barnehagar som ikkje er ein del av eit større konsern, dersom barnehaga får økonomiske problem som følge av bemanningsnorma.

Post 63 Tilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

Utdanningsdirektoratet tildeler tilskotet til kommunar som oppfyller følgande 2 kriterium: at minst 10 pst. av barnehagebarna i kommunen er definerte til å vere minoritetsspråklege, og at talet på desse må vere minst 50 barn. Definisjonen omfattar barn med ein annan språk- eller kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet.

Mål for 2020

Målet med tilskotsordninga er å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Rapport for 2018

Ordninga blei lagd om frå 1. januar 2017 ved å klargjere at tilskotet skal bidra til å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage. Samtidig blei kriteria for tildeling endra slik at berre dei kommunane som har størst utfordringar, får tilskot. I 2018 omfatta dette 141 kommunar mot 124 kommunar i 2017, og 87 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage mot 85 pst. i 2017.

Kommunane har ikkje rapporteringsplikt for bruken av tilskotet.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte 10 mill. kroner frå posten til kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, ny post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet, jf. omtale under kap. 226, post 64. Flyttinga skal etter planen gjelde for den treårige forsøksperioden 2020–22.

Departementet foreslår å løyve 144,6 mill. kroner på post 63 i 2020.

Post 66 Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

Tilskotsordninga blei oppretta i 2018. Midlane skal gå til aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til å starte i barnehagen. Dei kommunane som får midlar, står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet.

Mål for 2020

Målet med tilskotsordninga er at fleire minoritetsspråklege barn skal få gå i barnehage.

Rapport for 2018

Kommunar med 80 eller fleire minoritetsspråklege barn som ikkje gjekk i barnehage, fekk tilbod om å søke om tilskot. 22 kommunar i 13 ulike fylke oppfylte kriteriet, og av desse var det 17 kommunar som søkte. Dei fekk innvilga tilskot for totalt 5 392 barn som ikkje gjekk i barnehage. Satsen per barn blei dermed 3 709 kroner. Kommunane stod fritt til å bruke midlane slik det passa best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som reknast som ein god rekrutteringsarena. Det er vanskeleg å seie om barnehagebruken for minoritetsspråklege barn har auka som følge av tilskotet, mellom anna fordi rapporteringa om antalet barn i barnehage først ligg føre i desember 2019, men òg fordi det er mange faktorar som spelar saman når foreldre vel barnehage. Samtidig veit vi at barnehagebruken blant minoritetsspråklege barn har auka mykje i dei seinare åra, jf. statistikk i kap. 11 Mål for integrering.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte 3,9 mill. kroner frå posten til kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, ny post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet, jf. omtale under kap. 226, post 64. Flyttinga skal etter planen gjelde for den treårige forsøksperioden 2020–22.

Departementet foreslår å løyve 17,3 mill. kroner på post 66 i 2020.

Post 70 Tilskot til symjing i barnehagane

Tilskotsordninga blei oppretta i 2015, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blir forvalta av fylkesmannen og skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å nå målet.

Mål for 2020

Det overordna målet med ordninga er at barnehagebarn i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet, slik at dei får eit godt grunnlag for å lære å symje.

Rapport for 2018

Av ei løyving på 66,2 mill. kroner i 2018 blei 62,2 mill. kroner nytta til ordninga, og det blei tildelt midlar i alle fylke. Tilskotet gjorde at 32 000 barn fekk tilbod om symjeopplæring i barnehagetida. Mindreforbruket på 4 mill. kroner kjem av at fylkesmannen ikkje fekk søknader frå kommunane på meir enn 62,2 mill. kroner totalt.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 70 mill. kroner på denne posten i 2020. Dette er ei vidareføring av nivået for 2019.

Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

240

Fagskular

693 702

767 214

825 342

7,6

241

Felles tiltak for fagskular

17 265

29 599

30 893

4,4

242

Noregs grøne fagskule – Vea

31 570

Sum kategori 07.40

710 967

796 813

887 805

11,4

Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

6 146

Sum kategori 07.40

6 146

Innleiing

Fagskulane utdannar spesialiserte yrkesutøvarar til mange bransjar og bidreg til at arbeidslivet får nødvendig kompetanse. Stadig meir digitalisering, automatisering og nye krav til kompetanse må bli møtte med betre og fleire moglegheiter til vidareutdanning. Mange fagskular tilbyr fleksible vidareutdanningstilbod for at dei som er i arbeid, kan oppdatere og utvikle kompetansen. Slik er fagskulane viktige i kompetansereforma til regjeringa, Lære heile livet . Det er fylkeskommunale, private og statlege fagskular.

Regjeringa har i dei siste åra styrkt høgare yrkesfagleg utdanning, mellom anna ved å tildele midlar til nye studieplassar og nye utdanningstilbod, og midlar for å auke kvaliteten ved utdanningane. Regjeringa har òg fått på plass ei samla statleg tilskotsordning og eit samla regelverk for sektoren gjennom ny fagskulelov og -forskrift.

Departementet har fastsett desse overordna måla for programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

Hovudprioriteringar for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 3,5 mill. kroner til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2020. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Midlane til dei nye studieplassane er ein del av kompetansereforma til regjeringa, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Midlane inngår òg i satsinga til regjeringa på yrkesfaga i 2020, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet foreslår å løyve totalt 782,1 mill. kroner i driftstilskot til fagskular og 43,2 mill. kroner til å vidareføre den søknadsbaserte ordninga med midlar for å utvikle høgare yrkesfagleg utdanning.

Departementet foreslår å løyve 30,9 mill. kroner til felles tiltak og prosjekt som skal bidra til å betre kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning, gjere utdanningane tilgjengelege og synlege, og auke kunnskapen om fagskulesektoren.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Samfunnet treng fagskulekandidatar

I tillegg til å tilby høgare yrkesfagleg utdanning har fylkeskommunane ei viktig rolle i å kartlegge lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og legge dette til grunn for dimensjoneringa av fagskuletilboda. Arbeidslivet generelt, og særleg bransjane som tek imot fagskulekandidatane, er òg med på å utvikle fagskulesektoren i den retninga som samfunnet treng. Det er eit særtrekk ved fagskulane at kompetansebehovet i det lokale arbeidslivet i stor grad blir lagt til grunn ved etableringa av nye tilbod, ifølge ei kartlegging NIFU har gjort av etter- og vidareutdanningstilbod i Noreg (NIFU-rapport 2015:39).

Regjeringa sette i 2017 ned eit ekspertutval som skulle vurdere Noregs kompetansebehov. Utvalet viser til at om lag halvparten av NHO-bedriftene har behov for å rekruttere arbeidskraft med høgare yrkesfagleg utdanning i dei neste fem åra (NOU 2019: 2 Fremtidige kompetansebehov II. Utfordringer for kompetansepolitikken ). Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for omtale av utfordringane som kompetansebehovsutvalet peikar på.

NIFU-rapporten frå 2019 om arbeidsgivarane sine forventningar til og erfaringar med nyutdanna frå universitet, høgskular og fagskular viser at over halvparten av verksemdene i undersøkinga svarer at dei har behov for fagskulekandidatar. Denne arbeidsgivarundersøkinga viser òg at dei verksemdene som rekrutterer fagskulekandidatar, er fornøgde med kandidatane.

Det er behov for fleksible og tilgjengelege fagskuletilbod

Ekspertutvalet for etter- og vidareutdanning, som leverte rapporten sin i juni 2019, viser til at fagskulane gjer det mogleg for mange å lære heile livet, jf. NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling. Livslang læring for omstilling og konkurranseevne . Mange arbeidstakarar bruker høgare yrkesfagleg utdanning for å auke kompetansen og tek utdanning medan dei er i arbeid. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for omtale av dei kompetansepolitiske utfordringane som etter- og vidareutdanningsutvalet peikar på.

Det har vore ein nedgang i talet på fagskular i dei siste åra, frå 111 i 2013 til 80 fagskular våren 2019. Nedgangen kjem av samanslåingar av fagskular, og at fagskular har blitt lagde ned. Fagskulane tilbyr undervisning fordelt på om lag 150 studiestadar. Om lag 40 pst. av fagskulestudentane følger nettbasert undervisning.

Det er fagskuletilbod i alle fylka, men ein stor del av fagskulane er lokaliserte på Austlandet. Ettersom mange fagskular tilbyr nettbaserte utdanningar, er tilgangen til høgare yrkesfagleg utdanning likevel god over heile landet. Hausten 2018 var det om lag 16 700 fagskulestudentar, ifølge Database for fagskulestatistikk (DBH-F) ved Norsk senter for forskingsdata (NSD). Talet på fagskulestudentar har vore relativt stabilt i dei siste åra, men talet på utdanningstilbod har hatt ein svak nedgang. Våren 2019 var det 898 studietilbod ved fagskulane (DBH-F).

Universell har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet kartlagt behovet fagskulane har for støtte til å legge til rette for studentar med nedsett funksjonsevne, jf. rapporten Inkludering og tilrettelegging i fagskolen (Universellrapport 1: 2019). Rapporten tyder på at studentane treng kunnskap om kva for tilretteleggingstilbod som finst ved fagskulen og kva for behov dei sjølve har for tilrettelegging.

I den nye fagskulelova som gjeld frå 2018, har fagskulane fått rett til å knyte seg til ein studentsamskipnad. 21 private og offentlege fagskular har per 1. juli 2019 medlemskap i ein studentsamskipnad.

Kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning er god, men kan bli betre

Høgare yrkesfagleg utdanning skal ha høg kvalitet. Det er mange faktorar som påverkar kvaliteten, som innhaldet i utdanningsprogram og utforminga og tilrettelegginga av utdanningsprogram. Samspelet med arbeids- og næringsliv, kompetansen til dei tilsette og læringsmiljøet til studentane verkar òg inn på utdanningskvaliteten. Mange fagskular har få studentar og er derfor sårbare for endringar i søkartal. For små fagskular kan det vere utfordringar med omsyn til fagleg styrke ved fagmiljøa.

Gjennomføringa ser ut til å vere høgast på stadbaserte heiltidsutdanningar, ifølge NIFU-rapporten Hvordan er gjennomføringen i fagskoleutdanningene? frå 2018. Det er flest stadbaserte heiltidsutdanningar innanfor tekniske og kreative fag.

NOKUTs Studiebarometer frå 2018 for fagskulestudentar viser at fagskulestudentane er godt fornøgde med kvaliteten på utdanninga, og at dei meiner at studia er fagleg utfordrande. 80 pst. av studentane seier at utdanninga dei tek, gir kompetanse som er viktig for arbeidslivet.

Frå og med 2019 har NOKUT ei godkjenningsordninga for utanlandsk fagskuleutdanning. Innan 31. juli 2019 har det kome 441 søknader, og av desse er 61 søknader godkjende.

Strategiar og tiltak

Regjeringa held fram med tiltak for å styrke høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden.

Nye studieplassar til fagskulane

Regjeringa ønsker fleire fagfolk med relevant og god utdanning tilpassa behovet i arbeidslivet. Fagskulane bidreg til kompetent arbeidskraft i heile landet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å løyve midlar til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Midlane skal gå til utdanningstilbod som er tilpassa det å ha jobb under studia. Midlane til dei nye studieplassane er ein del av kompetansereforma til regjeringa, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Midlane inngår òg i satsinga til regjeringa på yrkesfaga i 2020, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

I statsbudsjettet for 2018 blei det vedteke midlar til 638 nye studieplassar i fagskulane. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve midlar i 2020 for å vidareføre og finansiere siste halvårseffekt av desse studieplassane.

Tiltak for å utvikle nye fagskuletilbod

Som tilbydarar av yrkesretta utdanningar er fagskulane viktige for å kunne lykkast med kompetansereforma Lære heile livet . Dette gjeld mellom anna tiltaka fleksible vidareutdanningstilbod og treparts bransjeprogram for særleg utsette bransjar. I 2020 foreslår regjeringa å vidareføre og styrke tilskotet til desse tiltaka som ein del av eit nyoppretta program, Kompetanseprogrammet . Sjå omtale av programmet under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Tiltak for å betre kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning

Departementet har i 2017, 2018 og 2019 tildelt midlar til å utvikle kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning og foreslår å løyve utviklingsmidlar òg i 2020.

Vidare foreslår departementet midlar til ulike tiltak som skal gjere fagskulesektoren synleg og tilgjengeleg, auke kunnskapen og bidra til høg kvalitet i sektoren. Mellom anna foreslår departementet at Universell følger opp kartlegginga av behova fagskulane har for støtte til arbeidet med studentar med nedsett funksjonsevne, jf. Inkludering og tilrettelegging i fagskolen (Universellrapport 1: 2019). I 2020 vil NIFU presentere resultata av ei kandidatundersøking som kartlegg korleis fagskulekandidatane tilpassar seg på arbeidsmarknaden.

Fagskulestudentane har krav på tilgang på studentombod

Stortinget har lovfesta ei ordning med studentombod som ein uavhengig bistandsinstans i studiesaker og eit lågterskeltilbod for saker om seksuell trakassering, jf. lov om universiteter og høyskoler og lov om høyere yrkesfaglig utdanning . Studentombodet skal rettleie studentar i samband med klager og bidra til å løyse saker på eit lågast mogleg nivå. Kravet om tilgang på ombod gjeld frå 1. august 2019 for universitet, høgskular og fagskular. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Ny forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning er vedteke

Departementet har forskriftsfesta nye føresegner om fagskuleopptak, behandling av personvernopplysningar, vurdering av om studentar er skikka, unntak for treårig høgare yrkesfagleg utdanning og godkjenning av utanlandsk fagskuleutdanning. Opptak til offentlege fagskular skal frå 2020 bli organisert gjennom Samordna opptak ved Unit, og private fagskular kan velje å delta i det samordna opptaket.

Mål: Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er behov for fagskulelærarar med høg kompetanse

Det er vesentleg for kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning at det blir stilt høge krav til kompetansen til undervisningspersonalet, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden og NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg .

Som eit tiltak for å følge opp fagskulemeldinga fekk OsloMet – storbyuniversitetet i 2018 i oppdrag å kartlegge den faglege og pedagogiske kompetansen til fagskulelærarane. Kartlegginga viser at den formelle kompetansen til fagskulelærarane er høgare enn minstekrava i fagskuletilsynsforskrifta. Nær 90 pst. av fagskulelærarane har høgare utdanning, og 70 pst. av fagskulelærarane har pedagogisk utdanning. Langt fleire fagskulelærarar i offentlege fagskular enn i private fagskular har pedagogisk utdanning. Humanistiske og estetiske fag har størst del faglærarar med mastergrad.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å betre kompetansen til fagskulelærarane

Frå og med 2017 har Stortinget løyvd midlar til prosjekt som kan utvikle høgare yrkesfagleg utdanning, og midlane har mellom anna finansiert kompetansetiltak ved fagskular. I 2020 kan midlane mellom anna bli delte ut til prosjekt som bidreg til digital kompetanseheving for tilsette for å møte behov for omstilling i arbeidslivet.

OsloMet – storbyuniversitetet har fått i oppdrag frå departementet å utvikle eit pedagogisk utdanningsopplegg for fagskulelærarar. Første kull med studentar skal følge utdanningsopplegget frå hausten 2019. Det er god søkning til studiet.

Kap. 240 Fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

60

Driftstilskot til fagskular

658 209

725 350

782 138

61

Utviklingsmidlar til fagskular

35 493

41 864

43 204

Sum kap. 0240

693 702

767 214

825 342

Post 60 Driftstilskot til fagskular

Frå og med 2019 forvaltar Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) ordninga for driftstilskot til fagskular. Diku fordeler løyvinga til fylkeskommunane, som tildeler tilskot til offentlege og private fagskular i eige fylke. Driftstilskotet til fagskular inneheld eit grunntilskot og eit resultatbasert tilskot. Det resultatbaserte tilskotet blir berekna ut frå avlagde studiepoeng ved fagskulane.

Tilskotsordninga inkluderer tilskot til 14 fagskular som før 2018 fekk tilskot over Kunnskapsdepartementets budsjett, tidlegare kap. 276, post 72. Desse fagskulane er i ei særstilling, mellom anna fordi dei fleste er små og har eit nasjonalt nedslagsfelt. I ein overgangsperiode til og med 2020 vil departementet skjerme desse fagskulane slik at dei kan tilpasse seg til den nye tilskotsordninga. Det inneber at fylkeskommunane ikkje kan omprioritere grunntilskotet og det resultatbaserte tilskotet som er knytte til desse fagskulane. Frå og med 2021 vil tilskotet til dei 14 fagskulane bli lagt inn i det ordinære driftstilskotet som fylkeskommunane får til fagskulane, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018).

Kunnskapsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet utarbeide kandidatmåltal for å dimensjonere høgare yrkesfagleg utdanning innanfor helsefag. Kandidatmåltal er eit minstekrav til talet på uteksaminerte kandidatar innanfor utvalde utdanningar. Kunnskapsdepartementet meiner datagrunnlaget for gjennomføring og fråfall innanfor høgare yrkesfagleg utdanning ennå ikkje er godt nok til å fastsetje kandidatmåltal, jf. rapporten til NIFU frå 2018 om gjennomføring i høgare yrkesfagleg utdanning.

Departementet legg opp til å evaluere tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskulane. Evalueringa vil inngå i ei midtvegsevaluering av fagskulereforma i 2020, jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017 i del I.

Mål for 2020

Følgande mål gjeld for høgare yrkesfagleg utdanning som er omfatta av løyvinga på kap. 240, post 60:

  • høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

  • yrkesretta høgare yrkesfagleg utdanning

  • god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning

  • effektiv og solid fagskulesektor

Rapport for 2018

2018 var det første året med ny tilskotsordning for driftsmidlar til fagskulane. Fylkeskommunane fekk til saman 658,2 mill. kroner til drift av fagskular i 2018, og av dette var 130,3 mill. kroner resultatbasert tilskot på bakgrunn av avlagde studiepoeng ved fagskulane. 58 fagskular fekk driftstilskot over posten i 2018, og rapporteringa som følger, gjeld desse fagskulane.

Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

Ein god kvantitativ indikator på kvalitet er avlagde studiepoeng. Studentane ved fagskulane med tilskot over kap. 240, post 60 avla i 2018 samla sett studiepoeng tilsvarande nesten 6 500 fulltidsstudentar, noko som er 370 fleire fulltidsstudentar samanlikna med året før.

Yrkesretta høgare yrkesfagleg utdanning

Omfanget av deltidstilbod kan vise om det i utdanningstilboda blir lagt til rette for kompetanseheving samtidig som ein er i arbeid. Hausten 2018 var det 11 700 studentar på fagskular med tilskot over posten. Av desse var om lag 70 pst. deltidsstudentar.

Stortinget løyvde 22 mill. kroner til nye studieplassar til fagskular i 2018. Fylkeskommunane har rapportert at om lag to tredelar av dette har gått til utdanningar på helse- og omsorgsområdet, inkludert velferdsteknologi. Den siste tredelen er fordelt på fleire fag, men med overvekt av fag innanfor bygg og anlegg, elektro/elektronikk og maritime fag.

God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning

Fagskulane med tilskot over kap. 240, post 60 var i 2018 fordelte over 94 studiestadar. Studentar på stadbaserte tilbod utgjer 60 pst. av fagskulestudentane. 16 pst. av studentane følgde nettbaserte tilbod utan samling, og 24 pst. av studentane følgde nettbaserte tilbod med samling. Dei nettbaserte tilboda utan samlingar er i hovudsak forankra i Oslo og Akershus, medan dei nettbaserte tilboda med samlingar er fordelte over heile landet.

Effektiv og solid fagskulesektor

Det er stor variasjon i storleiken på fagskulane. Mange fagskular er små. Ved små fagskular kan det bli utfordringar med effektivitet og soliditet i administrative og faglege miljø. I 2018 hadde seks fagskular 16 eller færre studentar, og sju fagskular hadde fleire enn 500 fagskulestudentar.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 782,1 mill. kroner over kap. 240, post 60. Midlane skal gå til drift av høgare yrkesfagleg utdanning. Det resultatbaserte tilskotet utgjer 148,5 mill. kroner og er rekna ut på grunnlag av studiepoeng som er avlagde ved fagskulane i 2018. Det er ein auke på 6,7 mill. kroner frå 2019.

Departementet foreslår å løyve 3,5 mill. kroner til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. I forslaget har departementet lagt til grunn toårige studieplassar, og i 2020 er det lagt inn midlar til halvårseffekt av desse studieplassane. Midlane til studieplassane er ein del av kompetansereforma til regjeringa, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Midlane inngår òg i satsinga til regjeringa på yrkesfaga i 2020, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2018 midlar til 638 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning, jf. Innst. 12 S (2017–2018). For å finansiere siste halvårseffekt av desse studieplassane foreslår departementet å auke løyvinga med 23,4 mill. kroner. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Post 61 Utviklingsmidlar til fagskular

Fagskular kan søke om tilskot til tiltak og prosjekt som skal auke kvaliteten i fagskulane, vidareutvikle dagens utdanningstilbod og utvikle nye utdanningstilbod. Frå og med 2019 blir tilskotsordninga forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Mål for 2020

Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.

Rapport for 2018

Det er eit stort engasjement for midlane som skal bidra til kvalitetsutvikling i fagskulesektoren. I 2018 var det 100 søknader om totalt 82,3 mill. kroner. 30 prosjekt fekk tildelt til saman 35,5 mill. kroner til utvikling av høgare yrkesfagleg utdanning. Midlane blei tildelte prosjekt som bidreg til kompetanseheving av tilsette i fagskulen, samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv og bruk av teknologi for læring . I tillegg gjekk midlane til eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur som bidreg til å auke kvaliteten i utdanningane.

Midlane gjekk til offentlege og private fagskular. Mange fagområde er representerte blant prosjekta som fekk støtte, som maritime fag, helsefag, i tillegg til fag innanfor elkraft, elektro, kjemi og prosessteknikk, bygg og anlegg.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 43,2 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår at prosjekt som fell inn under desse kriteria, blir vurderte i fordelinga av utviklingsmidlar i 2020:

  • digital kompetanseheving for tilsette for å møte behov for omstilling i arbeidslivet

  • bruk av digital teknologi for læring

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv

  • eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur

Kap. 241 Felles tiltak for fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

9 700

17 031

30 893

70

Andre overføringar

7 565

12 568

Sum kap. 0241

17 265

29 599

30 893

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast og post 70 Andre overføringar

Posten omfattar midlar til prosjekt for fagskulesektoren som mellom anna følger opp forslag i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden , jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Mål for 2020

God kunnskap om fagskulesektoren, høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskulesektor.

Rapport for 2018

I 2018 tildelte Kunnskapsdepartementet 17,3 mill. kroner over kap. 241, postane 21 og 70 til følgande aktørar og tiltak:

  • 5 mill. kroner til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking for å utvikle eit samordna opptak til høgare yrkesfagleg utdanning

  • 5 mill. kroner til MARKOM 2020 for å utvikle læremiddel til høgare yrkesfagleg utdanning innanfor maritime fag

  • 1,8 mill. kroner til Unit for å innlemme karakterane til fagskulestudentane i Nasjonal vitnemåls- og karakterportal

  • 1,5 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) for å gjennomføre studiebarometer for fagskulestudentar

  • 1,3 mill. kroner til Norsk senter for forskingsdata (NSD) for å heve kvaliteten på data i Database for fagskulestatistikk (DBH-F)

  • 1,3 mill. kroner til Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) for å gjennomføre ei fråfallsundersøking blant fagskulestudentar

  • 1,2 mill. kroner til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) for å tildele og administrere kvalitetsprisen for fagskular

  • 0,3 mill. kroner til Universell for å kartlegge og legge til rette for fagskulestudentar med nedsett funksjonsevne

Departementet vurderer at midlane samla sett har bidrege til å nå måla for posten.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å slå saman postane 21 og 70 på kap. 241. Departementet foreslår dermed å flytte løyvinga på post 70, 12,9 mill. kroner, til post 21.

Departementet foreslår å løyve 30,9 mill. kroner på post 21 og at midlane mellom anna går til:

  • Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking for å gjennomføre det første samordna opptaket for høgare yrkesfagleg utdanning og for vidare utvikling av det samordna opptakssystemet

  • Universell for å arbeide med inkludering og tilrettelegging i fagskulane

  • NOKUT for å gjennomføre studiebarometer for studentar i høgare yrkesfagleg utdanning

  • Diku for å tildele og administrere kvalitetsprisen for fagskular

  • NIFU for å undersøke korleis fagskulekandidatane tilpassar seg på arbeidsmarknaden

I statsbudsjettet for 2019 fekk NOKUT 2,5 mill. kroner til arbeidet med godkjenning av utanlandsk fagskuleutdanning. Departementet foreslår at midlane frå 2020 inngår i løyvinga til ulike prosjekt på kap. 241. Departementet foreslår derfor å flytte 2,5 mill. kroner til kap. 241, post 21 frå kap. 275, post 21.

Sekretariatet for Nasjonalt fagskoleråd er frå 1. januar 2019 overført frå Kompetanse Noreg til Diku. Departementet foreslår totalt 3 mill. kroner til sekretariatet. Departementet foreslår å flytte 2 mill. kroner til sekretariatsarbeidet for Fagskolerådet frå kap. 241, post 21 til kap. 272, post 50. For å samle midlane til sekretariatet foreslår departementet i tillegg å flytte midlar frå kap. 256, post 01 til kap. 272, post 50.

Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

30 299

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 271

Sum kap. 0242

31 570

Departementet vil samle midlane til høgare yrkesfagleg utdanning under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning og foreslår derfor å flytte løyvinga til drift av Noregs grøne fagskule – Vea frå programkategori 07.20 Grunnopplæringa til programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning. Departementet foreslår å opprette kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea for midlar til drift av skulen. Mål og forslag til løyving til Vea for 2020 er omtala nedanfor. Sjå kap. 229 for rapport for 2018.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på kap. 242 går til drift av Noregs grøne fagskule – Vea. Fagskulen har studentar fordelte på blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege studieprogram. Vea er akkreditert for grøne design- og miljøfag.

Sjølv om Vea er ein fagskule, skal skulen framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3242, post 61. I tillegg gir skulen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2020

Noregs grøne fagskule – Vea skal arbeide etter følgande mål:

  • gi relevant høgare yrkesfagleg utdanning med god kvalitet

  • auke studenttalet

  • heve kompetansen blant dei tilsette

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 30,3 mill. kroner på post 01 og 1,3 mill. kroner på post 45.

Departementet foreslår å auke utgiftsløyvinga til Noregs grøne fagskule – Vea på post 01 med 3 mill. kroner. Bakgrunnen er at inntektene på kap. 3242, post 02 Salsinntekter o.a. (tidlegare kap. 3229, post 02) har auka over tid utan at løyvinga er endra. Sjå òg omtale under kap. 3242.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3242, postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Salsinntekter o.a.

4 878

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 268

Sum kap. 3242

6 146

Departementet foreslår å flytte løyvinga på kap. 3229, postane 02 og 61 til nyoppretta kap. 3242, postane 02 og 61, jf. omtale under kap. 242.

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna semesteravgift, sal frå kantine, hybelutleige og kortare kurs. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skulen.

Departementet foreslår å auke inntektsløyvinga på post 02 med 3 mill. kroner i 2020, jf. omtale under kap. 242.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

251

22. juli-senteret

11 723

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

544 525

656 136

-100,0

253

Folkehøgskular

853 752

904 830

956 829

5,7

254

Studieforbund mv.

221 951

228 388

222 877

-2,4

255

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

100 192

104 642

108 451

3,6

256

Kompetanse Noreg

71 485

72 842

113 183

55,4

257

Kompetansepluss

199 442

177 723

174 334

-1,9

258

Tiltak for livslang læring

151 932

249 369

233 376

-6,4

Sum kategori 07.50

2 143 279

2 393 930

1 820 773

-23,9

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3256

Kompetanse Noreg

7 167

8 573

8 803

2,7

Sum kategori 07.50

7 167

8 573

8 803

2,7

Innleiing

Kompetansenivået i Noreg er høgt. Grunnopplæringa legg fundamentet for det generelle kompetansenivået i befolkninga. Kompetansen blir utvikla vidare og spesialisert i fagutdanningar, i studium på høgskular og universitet og gjennom arbeidserfaring. Eit høgt kompetansenivå i befolkninga bidreg til brei deltaking, nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Samstundes blir samfunnet stadig meir kunnskapsintensivt og teknologisk avansert, og arbeidsmarknaden er prega av stor global konkurranse. Med det aukar krava til kompetanse og evne til omstilling, hos både arbeidstakarar og arbeidsgivarar.

Arbeidslivet er ein sentral arena for læring. I ei tid då krava til kompetanse og omstillingstakta i arbeidslivet aukar, er det avgjerande at arbeidstakarar kan bygge vidare på den kompetansen dei har. Aukande levealder betyr at fleire må stå lenger i arbeid, og inn- og utvandring gjer at kompetansen i arbeidsstyrken varierer. Den demografiske utviklinga gjer det endå viktigare at sysselsette kan halde ved like og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring. Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Våren 2020 legg regjeringa fram ei stortingsmelding om kompetansereforma.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne kompetansepolitikken, men dei kompetansepolitiske verkemidla går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå. Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring blir nokre av dei sentrale verkemidla i kompetansereforma finansierte. Tilskot til folkehøgskulane, tilskot til studieforbund og tilskot til freds- og menneskerettssentera blir òg finansierte over denne programkategorien.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring:

  • Fleire lærer heile livet slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Hovudprioriteringar for 2020

Departementet foreslår å auke løyvingane til kompetansereforma Lære heile livet med 112 mill. kroner.

Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring foreslår departementet ein auke på 30 mill. kroner til å opprette eit nytt program forvalta av Kompetanse Noreg, Kompetanseprogrammet . Av desse midlane vil 15 mill. kroner gå til å styrke bransjeprogram retta mot bransjar som er særleg utsette for omstilling. Departementet vil òg vidareføre og styrke tilskot til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod som del av Kompetanseprogrammet . I tillegg vil programmet innehalde utprøvingar av insentivordningar for livslang læring, i første omgang ei utprøving av vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar. Programmet kan bli utvida med ytterlegare tiltak. Samla foreslår departementet å løyve 97 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i 2020. I tillegg til tiltaka i Kompetanseprogrammet, foreslår departementet fleire tiltak over programkategori 07.50 som støttar opp om kompetansereforma. Sjå mellom anna budsjettforslaget for kap. 258, post 21.

Lågare inntekt medan ein tek vidareutdanning, er for mange ein barriere mot å investere i kompetansebygging. Departementet foreslår derfor 41 mill. kroner til endringar i utdanningsstøtteordningar som skal gjere det enklare å kombinere utdanning og opplæring med arbeid. Sjå omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Regjeringa ønsker fleire fagfolk med relevant og god utdanning tilpassa behova i arbeidslivet. Departementet foreslår derfor å løyve 5 mill. kroner til 100 nye studieplassar ved fagskulane i 2020, jf. omtale under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

Regjeringa har som mål at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og tek fagbrev for å auke kompetansen i befolkninga. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til tiltak retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet foreslår ein auke på 26 mill. kroner til ei forsøksordning der universitet og høgskular kan søke om midlar til drift av fleksible vidareutdanningar, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking. Over programkategori 07.60 foreslår departementet i tillegg midlar til andre tiltak som kan knyttast til kompetansereforma.

Mål: Fleire lærer heile livet slik at dei kan stå lenger i arbeid

Utviklingstrekk og utfordringar

Regjeringa sette våren 2017 ned Kompetansebehovsutvalet for å få ei fagleg vurdering av Noregs kompetansebehov. I februar 2019 la utvalet fram sin andre rapport, NOU 2019: 2 Fremtidige kompetansebehov II. Utfordringer for kompetansepolitikken . Våren 2018 sette regjeringa ned eit ekspertutval for å vurdere behova for etter- og vidareutdanning, om utdanningssystemet er i stand til å møte desse behova, og om rammevilkåra for investering i ny kompetanse er tilstrekkeleg gode. I juni 2019 la utvalet fram NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling. Livslang læring for omstilling og konkurranseevne.

Dei to utvala peikar på fleire kompetansepolitiske utfordringar, mellom anna desse:

  • Teknologisk utvikling og raske omstillingar i arbeidslivet krev ny og oppdatert kompetanse hos arbeidstakarane.

  • For mange arbeidstakarar tek ikkje del i etter- og vidareutdanning. Ofte er det dei med størst behov for å bygge kompetanse som ikkje tek del i opplæring i arbeidslivet.

  • Dei tilboda om etter- og vidareutdanning som eksisterer i dag, er ikkje tilstrekkeleg relevante og tilpassa behova i arbeidslivet.

  • Etterspørselen etter livslang læring er lågare enn ønskeleg. Mangel på finansiering kan gjere at personar og verksemder ikkje investerer i kompetanse.

  • Svake grunnleggande ferdigheiter og lågt oppnådd utdanningsnivå kan gjere vidare utdanning og tilknyting til arbeidsmarknaden krevjande for nokre grupper.

  • Det er mangel på kvalifisert arbeidskraft i nokre yrke, medan det er arbeidsløyse i andre yrke.

Våren 2017 sette regjeringa ned Livsopphaldsutvalet. Utvalet fekk i oppdrag å greie ut modellar og løysingar for å sikre inntekt slik at fleire vaksne kan ta opplæring på grunnskule- og vidaregåande nivå. I november 2018 la utvalet fram NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring. Finansiering av livsopphold.

Digitalisering endrar kompetansebehova i arbeidslivet

Digitalisering, robotisering og meir omfattande bruk av kunstig intelligens i arbeidslivet aukar behovet for teknisk og digital kompetanse, hos både arbeidstakarar og arbeidsgivarar. I internasjonale samanlikningar er Noreg eit land som lykkast godt med digitalisering. Vi har god infrastruktur, god tilgang på utstyr og avanserte brukarar. Men Noreg skårar framleis relativt lågt internasjonalt når det gjeld omfanget av verksemder klassifiserte som IKT-intensive. Noreg skårar òg lågt når det gjeld talet på uteksaminerte kandidatar med høgare utdanning innanfor realfag og teknologi, fag som er viktige for å lykkast i den digitale transformasjonen (goingdigital.oecd.org).

Kompetansebehovsutvalet viser til at EUs indikator for digitale ferdigheiter blant vaksne rangerer Noreg i toppen blant landa i EU/EØS-området. Samstundes manglar 1 av 5 vaksne i Noreg eit grunnleggande nivå i digitale ferdigheiter.

Den teknologiske utviklinga reduserer behovet for nokre yrke og arbeidsoppgåver og endrar innhaldet i andre yrke. Dei fleste analysar viser at jobbane i Noreg har lågare risiko for å bli automatiserte bort enn jobbane i dei fleste landa i OECD-området. Dette kjem av at det norske arbeidslivet allereie har automatisert bort mange jobbar, mellom anna på grunn av høge effektive minstelønningar. Kompetansebehovsutvalet viser til rapportar om korleis digitaliseringa har skapt nye kompetansebehov i diverse bransjar i Noreg. Rapportane finn at digitaliseringa, i tillegg til å stille høgare krav til IKT-ferdigheiter, har ført med seg høgare krav til skriftlege og sosiale ferdigheiter, evne til informasjonshandtering, kritisk tenking og etisk vurdering hos dei tilsette. Digitaliseringa skaper òg nye yrke og arbeidsoppgåver, mellom anna i IKT-faga. NAVs bedriftsundersøking våren 2019 viser at det er mangel på arbeidskraft innanfor IKT-faga, og særskilt innanfor yrket programvareutviklar.

Boks 4.1 Digital kompetanse

Digital kompetanse kan vere generelle IKT-ferdigheiter som trengst for å nytte digitale verktøy og medium på ein trygg, kritisk og kreativ måte. Digital kompetanse kan òg vere kompetanse tilpassa yrket eller profesjonen til den einskilde, både teknisk og ikkje-teknisk kompetanse. Ein tredje kategori er spesialistkompetanse i fag relevante for digitalisering, som informatikk, informasjonsvitskap, rettsinformatikk eller liknande. Det er ikkje klare skiljelinjer mellom desse kategoriane.

Fleire arbeidstakarar må ta del i etter- og vidareutdanning

I Noreg er andelen vaksne personar som tek del i utdanning og opplæring, høg samanlikna med i dei andre europeiske landa. Tal frå Statistisk sentralbyrås (SSB) Lærevilkårsmonitor for 2019 viser at 40 pst. av befolkninga tek del i ikkje-formell opplæring, og 8 pst. tek vidareutdanning. Andelen som har teke del i ikkje-formell opplæring, har falle gradvis i dei siste ti åra. Deltakinga i vidareutdanning har vore stabil i dei siste fire åra etter å ha gått ned frå 11 pst. i 2008.

Kompetansebehovsutvalet peikar på at det gjerne er arbeidstakarar med låg utdanning og svake ferdigheiter som ikkje tek del i vidareutdanning og ikkje-formell opplæring i arbeidslivet. Desse er sårbare for omstilling på arbeidsmarknaden. For nokre yrkesgrupper er kontinuerleg oppgradering av kompetanse særleg viktig. Tal frå SSB viser at personar med yrkesfagleg bakgrunn går tidlegare ut av arbeidslivet enn dei som har høgare utdanning. Dette heng dels saman med at den yrkesfaglege kompetansen er meir spesifikk og må oppdaterast hyppigare. Meir generell kompetanse har mindre risiko for å bli utdatert og gjer folk i betre stand til å tileigne seg ny kompetanse og omstille seg gjennom karrieren.

Det er behov for utdanningstilbod som er tilpassa og relevante for arbeidslivet

Ekspertutvalet for etter- og vidareutdanning peikar på at dei utdanningstilboda som eksisterer i dag, ikkje er godt nok tilpassa behova til dei som ønsker å ta etter- og vidareutdanning. Særleg gjeld dette dei som er sysselsette. For at det skal vere mogleg å kombinere opplæringa med jobb, må utdanningstilboda vere fleksible, korte og tilgjengelege. Kompetansebehovsutvalet meiner òg at tilboda i høgare utdanning må bli meir relevante for arbeidslivet. Utvala vurderer at det bør vere meir kontakt mellom dei som tilbyr utdanning og arbeidslivet for å utforme relevante utdanningstilbod og gjennomføre undervisninga.

Mangel på finansiering kan hindre investering i kompetanse

Ekspertutvalet for etter- og vidareutdanning peikar på fleire faktorar som kan vere årsak til at etterspørselen etter livslang læring er lågare enn ønskeleg. Mangel på disponible midlar til å finansiere etter- og vidareutdanning kan føre til at personar og verksemder ikkje investerer i kompetanse. Til dømes kan vaksne brukarar oppleve vilkåra for utdanningsstøtteordningane i Lånekassen som eit hinder. I tillegg kan det hende at aktørane ikkje investerer i kompetansebygging fordi gevinsten er usikker og kjem ein gong i framtida, medan kostnaden kjem med ein gong, eller fordi det er opplevd risiko for at gevinsten kjem andre til gode enn dei som gjer investeringa.

For mange har svake grunnleggande ferdigheiter og lågt utdanningsnivå

Kompetansebehovsutvalet peikar på at for mange personar går ut av grunnskulen med svake grunnleggande ferdigheiter. Dette kan gjere vidare utdanning og overgangen til yrkeslivet vanskeleg. Det er òg for mange som ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Fråfallet er særleg stort på yrkesfaglege utdanningsprogram og blant gutar, innvandrarar og norskfødde gutar med innvandrarforeldre. Sjå òg programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Tal frå SSB for 2018 viser at ein femdel av personane i alderen 25–66 år berre har grunnskule som høgaste oppnådde utdanningsnivå. Utdanningsnivået til ein person blir stadig viktigare for ei stabil tilknyting til arbeidsmarknaden i Noreg.

Blant befolkninga i alderen 20–66 år utgjer innvandrarar nesten 20 pst. Denne delen er framskrive til å auke til 25 pst. før 2040. Kompetansebehovsutvalet peikar på at utdanningsnivået og kompetansen varierer mykje mellom dei ulike gruppene innvandrarar. Mange innvandrarar har behov for å styrke grunnleggande ferdigheiter i norsk og digitale ferdigheiter. Andre har behov for å få godkjent utanlandsk utdanning og kompetanse, eller kompletterande opplæringstilbod.

Det er mangel på samsvar mellom kompetanse hos den einskilde og kompetansebehova i arbeidslivet

I bedriftsundersøkinga til NAV våren 2019 rapporterte 1 av 5 verksemder om problem med å rekruttere personar med rett kompetanse. Mangelen på arbeidskraft er i 2019 rekna til nær 60 000 personar, og talet har gått opp med 34 pst. frå i fjor. Utfordringane med rekruttering er størst innanfor bygg og anlegg, følgt av helse-, pleie- og omsorgsyrke. Samstundes er det arbeidsløyse innanfor kontorarbeid, butikk- og salsarbeid og serviceyrke. Regionale forskjellar i kompetansebehov og tilgangen på kompetanse pregar framleis arbeidsmarknaden i Noreg, men ikkje i like stor grad som tidlegare.

Strategiar og tiltak

Regjeringa og partane i arbeidslivet har utvikla ein Nasjonal kompetansepolitisk strategi . Strategien, som gjeld i perioden 2017–21, skal medverke til at flest mogleg er inkluderte i arbeidslivet, og bidra til at einskildpersonar og verksemder har den kompetansen som gir Noreg eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv og god offentleg sektor. Kompetansepolitisk råd har ansvaret for å følge opp strategien. I rådet er departementa, partane i arbeidslivet og frivillig sektor representerte. Medlemmane i rådet gir innspel til utviklinga av kompetansereforma.

Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Desse tiltaka inngår for tida i reforma:

  • Kompetanseprogrammet

  • ordningar for utdanningsstøtte i Lånekassen tilpassa vaksne

  • studieplassar til fagskulane

  • tiltak retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring

  • forsøksordning der universitet og høgskular kan søke om midlar til fleksible vidareutdanningar

  • digitalt verktøy og digital plattform for etter- og vidareutdanning

  • modulstrukturert opplæring

  • Kompetansepluss

  • digital karriererettleiing

Over programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking er det i tillegg andre tiltak som kan knyttast til reforma, jf. omtale under kategori 07.60.

Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning, etter planen våren 2021. Ambisjonen for meldinga er å styrke kvaliteten og arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning, førebu studentane betre på arbeidslivet og gi arbeidslivet tilgang på relevant kompetanse. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Regjeringa har utvikla strategien Integrering gjennom kunnskap. Regjeringas integreringsstrategi 2019–2022. Integreringsstrategien har som mål å få fleire innvandrarar i arbeid gjennom betre kvalifisering og utdanning. Eit hovudgrep er rask oppstart av kvalifisering for innvandrarar som nyleg har kome til landet. For nærare omtale, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Eit kompetanseprogram for tilpassa utdanningstilbod, styrkt digital kompetanse og omstillingsevne hos verksemder og arbeidstakarar

Regjeringa vil i 2020 opprette eit nytt program, Kompetanseprogrammet, som samordnar og styrker sentrale verkemiddel i kompetansereforma. Kompetanse Noreg skal forvalte Kompetanseprogrammet . Programmet skal mellom anna innehalde desse tiltaka:

  • treparts bransjeprogram for særleg utsette bransjar

  • tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

  • utprøvingar av insentivordningar for livslang læring, i første omgang ei utprøving av vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar.

Programmet kan bli utvida med ytterlegare tiltak.

Treparts bransjeprogram for særleg utsette bransjar

Regjeringa foreslår å vidareføre og styrke satsinga på treparts bransjeprogram i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor og i industri- og byggenæringa. Målet med bransjeprogrammet er at verksemder i bransjar og sektorar som er særleg utsette for omstilling, digitalisering og automatisering, skal få betre høve til å gi sine tilsette fagleg oppdatering. Bransjeprogrammet skal bidra til å auke deltakinga i etter- og vidareutdanning, særleg blant tilsette utan fagutdanning og blant fagarbeidarar. Partane definerer sjølve opplæringsbehovet i sine eigne bransjar. Bransjeprogrammet skal vere eit spleiselag der staten betalar for å utvikle og drifte tilboda, medan verksemdene investerer sine eigne ressursar, og den tilsette investerer noko av fritida si, for å heve kompetansen sin. Regjeringa vil, i samråd med partane i arbeidslivet, vurdere å utvide bransjeprogrammet til fleire bransjar.

Tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

Regjeringa foreslår å vidareføre og utvide satsinga på fleksible vidareutdanningstilbod. Tilboda rettar seg mot verksemder og arbeidstakarar som treng meir kompetanse som følge av digitalisering og andre krav til omstilling i arbeidslivet. Utdanningstilbydarane skal utvikle tilboda i tett samarbeid med arbeidslivet, som kjenner utfordringane og kompetansebehova best. Tilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar.

Utprøving av vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar

Regjeringa foreslår å starte med ei utprøving av vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar i 2020. Fagarbeidarar tek mindre del i kompetanseutvikling enn høgt utdanna. Samstundes tyder forsking på at effekten av ordningar for kompetanseutvikling er større for dei som ikkje har høgare utdanning, og at det er gunstig å målrette slike ordningar mot fagutdanna personar.

Betre ordningar for finansiering av livsopphald gjennom Lånekassen

Regjeringa ønsker å nytte ordningar i Lånekassen for å legge til rette for læring heile livet. Regjeringa foreslår å styrke og tilpasse ordningar for utdanningsstøtte i Lånekassen slik at det blir enklare å kombinere utdanning og opplæring med arbeid. For nærare omtale av tiltaka, sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Fleire studieplassar ved yrkesrelevante utdanningstilbod

Regjeringa ønsker at det skal bli mogleg for fleire å ta del i yrkesnær vidareutdanning. Fagskulane bidreg til at arbeidsgivarane får den kompetansen som dei etterspør. Som ein del av kompetansereforma foreslår departementet midlar til 100 nye studieplassar til fagskulane i 2020, jf. omtale under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

Departementet foreslår òg å auke løyvingane til studieplassar i høgare utdanning. Auken er retta både mot ordinære studieplassar og fleksible vidareutdanningstilbod, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Tiltak retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring

Regjeringa har som mål at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring og ta fagbrev for å auke kompetansen i befolkninga. Departementet foreslår å løyve midlar til tiltak retta mot ungdom som fell ut av vidaregåande opplæring. For nærare omtale av tiltaket, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Digital plattform for etter- og vidareutdanning for betre kopling mellom tilbod og etterspørsel etter livslang læring

Departementet vil halde fram med å greie ut ei digital plattform for etter- og vidareutdanning, inkludert eit digitalt verktøy for betre informasjon om etter- og vidareutdanningstilbod. Ei plattform vil mellom anna kunne gjere det enkelt å finne fram til tilbod om etter- og vidareutdanning for einskildpersonar og verksemder som ønsker å investere i kompetansebygging. Plattforma må sjåast i samanheng med den nasjonale tenesta for digital karriererettleiing som Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet har utvikla.

Fleksibel opplæring for vaksne som vil styrke grunnleggande kompetanse og ta meir utdanning

Departementet vil vidareføre forsøk med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskulenivå for vaksne) og forsøk med modulstrukturerte læreplanar i fleire lærefag i vidaregåande opplæring. Målet er å utvikle ei fleksibel og meir effektiv opplæring for vaksne og stimulere til at fleire vaksne tek grunnskuleopplæring og fag- eller sveinebrev. Det skal òg vere mogleg å kombinere modular frå begge nivåa. Satsinga er ein del av både kompetansereforma og inkluderingsdugnaden for å få fleire i arbeid.

I tillegg foreslår departementet å vidareføre tiltaka i Kompetansepluss -ordninga for at fleire vaksne kan få opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Tilgang til god karriererettleiing gjennom nasjonal digital teneste og karriererettleiing i alle fylka

Regjeringa ønsker at det skal bli betre samsvar mellom kompetansen til den einskilde og etterspørselen etter kompetanse i arbeidslivet. Betre kvalitet på og tilgang til karriererettleiing for heile befolkninga kan bidra til dette. Ei nasjonal teneste for digital karriererettleiing blir lansert i 2020. Tenesta blir utvikla av Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet. Ho vil omfatte ein nettstad med informasjon og sjølvhjelpsverktøy og rettleiing mellom anna gjennom ei chat-teneste som blir bemanna av profesjonelle rettleiarar.

Regjeringa ønsker at unge og vaksne i alle livsfasar har eit likeverdig tilbod om karriererettleiing. Tilskotet til fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing har gått til etablering av karrieresenter i fylka og til drift av desse. Karrieresentera rettleiar einskildpersonar og grupper og bygger kompetansen til andre aktørar som driv med karriererettleiing. Regjeringa foreslår å overføre tilskotet til fylkeskommunane frå 2020. I samband med innlemminga har departementet sendt ut på høyring eit forslag om å lovfeste at alle fylkeskommunar skal ha eit tilbod om karriererettleiing som er gratis og ope for alle innbyggarane.

Kap. 251 22. juli-senteret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

11 723

Sum kap. 0251

11 723

22. juli-senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. Senteret skal gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg bidra til eit historiemedvite minne om terrorangrepet. Senteret skal legge til rette for diskusjon og refleksjon om 22. juli 2011 og tematikkar som hat, vald og ekstremisme. Målgruppa for senteret er skuleklassar frå ungdomsskuletrinna og oppover, turistar og allmenta.

22. juli-senteret blei etablert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2015 og har vore underlagt Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS). Frå 1. juli 2019 er 22. juli-senteret eit sjølvstendig forvaltningsorgan direkte underlagt Kunnskapsdepartementet. Midlane til senteret blir frå og med 2020 tildelte over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, over nytt kap. 251. Rapportering frå tidlegare år finst under kap. 510, post 23 på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2020

Måla for 22. juli-senteret blir vidareførte i 2020:

  • Skuleelevar lærer om og reflekterer over terrorhandlingane i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 og tida etter.

  • Allmenta har tilgang til kunnskap om hendingane 22. juli 2011 og tilgrensande tematikk.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 11,7 mill. kroner til drift av 22. juli-senteret.

For å styrke arbeidet til 22. juli-senteret foreslår departementet ein auke på 2 mill. kroner.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) skal levere lønns- og rekneskapstenester til 22. juli-senteret. Departementet foreslår derfor å overføre 0,6 mill. kroner frå kap. 251, post 01 til kap. 1605, post 01 på budsjettet til Finansdepartementet.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot

544 525

656 136

Sum kap. 0252

544 525

656 136

Post 70 Tilskot

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur i denne programkategorien foreslår departementet å flytte løyvinga til EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+, til kap. 288, ny post 74. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Norsk deltaking i prosjekt gjennom EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+, gir norske skular, universitet, høgskular og andre aktørar tilgang til eit omfattande europeisk nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet, og bidreg til internasjonal kompetanse og fagleg utvikling. Det er stor grad av samanfall mellom prioriteringane i Erasmus+ og norske prioriteringar, til dømes innovasjon i utdanningane, skuleutvikling og framifrå undervisning, og støtte til grunnleggande ferdigheiter.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er nasjonale kontor for Erasmus+. Dei nasjonale kontora administrerer dei midlane som Noreg får tildelt. Ein europeisk fordelingsnøkkel avgjer kor mykje kvart einskilt land får tildelt. Om lag 10 pst. av dei totale programmidlane blir delte ut etter konkurranse sentralt i EU. Sjå omtale av Diku under kap. 272, post 50, og omtale av Bufdir i budsjettproposisjonen til Barne- og familiedepartementet.

Erasmus+ er attraktivt for både lærestadar og einskildpersonar. Tala for 2018 viser mellom anna at fleire studentar frå Noreg reiser ut enn tidlegare. Utgåande studentmobilitet har auka årleg sidan 2015, til dømes frå 2 368 studentar i 2017 til 2 705 i 2018. Målet i Kunnskapsdepartementets strategi for Erasmus+ om 3 000 utreisande studentar årleg er innanfor rekkevidde. Innanfor vaksenopplæringa er det atskilleg fleire lærarar som reiser ut enn før. Diku har analysert dei offentlege norske høgskulane og universitetas deltaking i Erasmus+ i tildelingsåra 2014–19. Analysen viser at dei universiteta og høgskulane som har gode støttesystem for deltaking i Erasmus+, har større omfang av aktivitetar enn dei som ikkje har det. Diku tilrår derfor at fleire institusjonar gjer meir for å legge til rette for deltaking i programmet.

Norske aktørar er med i mange prosjektsamarbeid i Erasmus+. Dei strategiske partnarskapane, som er ein type prosjektsamarbeid, fremjar innovasjon og kvalitetsutvikling ved norske institusjonar ved at norske aktørar samarbeider med europeiske partnarar mellom anna om utvikling av innovativ metodikk, entreprenørskap, tiltak mot fråfall, om arbeidsmarknadsrelevans, og om interkulturell forståing. Strategiske partnarskapar har også medverka til å styrke samarbeidet med arbeids- og næringslivet, og til etter- og vidareutdanning i arbeidslivet.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet fekk hausten 2018 som første norske institusjon tildelt midlar som koordinator gjennom ei utlysing for kunnskapsalliansar, som er samarbeidsprosjekt som omfattar fleire aktørar innanfor både høgare utdanning og næringsliv og som skal bidra til både fornying i utdanningane og innovasjon.

Samstundes ligg det samla sett til rette for større norsk deltaking i dei ulike delane av Erasmus+. Framfor alt kan norske aktørar auke deltakinga i dei tiltaka EU lyser ut sentralt, som til dømes kunnskapsalliansar og samarbeid med land utanfor Europa.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 288, ny post 74.

Kap. 253 Folkehøgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til folkehøgskular

848 015

898 926

950 766

71

Tilskot til Folkehøgskolerådet

5 088

5 236

5 377

72

Tilskot til Nordiska folkhögskolan

649

668

686

Sum kap. 0253

853 752

904 830

956 829

Post 70 Tilskot til folkehøgskular

Folkehøgskular er eit skuleslag der den faglege, personlege og sosiale utviklinga til elevane står i sentrum. Folkehøgskulane har fagleg og pedagogisk fridom og fastset sitt eige verdigrunnlag. Studietilboda er hovudsakleg eittårige, og elevane bur på internat på skulen.

Det er 81 folkehøgskular spreidde over heile landet.

I Prop. 114 S (2018–2019) varslar Kunnskapsdepartementet at det blir teke sikte på å fase ut tilskot til kortkurs i folkehøgskulane frå 1. januar 2021, jf. oppmodingsvedtak nr. 62, 4. desember 2017 omtala i del I.

Mål for 2020

Målet med tilskotet er å fremje allmenndanning og folkeopplysning.

Rapport for 2018

Tabellen under viser utviklinga i talet på folkehøgskuleelevar frå 2015 til 2018. Det totale elevtalet ved folkehøgskulane har auka i dei siste åra til meir enn 8 000 årselevar. Det er i overkant av 10 pst. av eit årskull 19-åringar. Medan talet på langkurselevar i 2018 auka med 1,1 pst. frå året før, har talet på elevar på kortkurs gått nedover i dei seinare åra. I 2018 var reduksjonen på 16,5 pst., og totalt i perioden 2015–18 var nedgangen på 23,8 pst.

Tabell 4.12 Elevtal i folkehøgskulane

2015

2016

2017

2018

Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

13 880

14 554

14 905

15 068

Elevar med kortkurs (2–94 dagar)

17 075

15 901

15 572

13 002

Sum elevar

30 955

30 445

30 477

28 070

Årselevar langkurs

7 050

7 390

7 551

7 632

Årselevar kortkurs

650

606

610

526

Sum årselevar

7 700

7 996

8 161

8 158

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 950,8 mill. kroner på posten.

Evje Folkehøgskole er godkjend for oppstart frå hausten 2019. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 8,6 mill. kroner til heilårsverknaden av driftstilskotet til folkehøgskulen.

I statsbudsjettet for 2019 vedtok Stortinget å auke tilskotet til Setesdal Folkehøgskule og Evje Folkehøgskole med høvesvis 0,5 mill. kroner og 0,3 mill. kroner til fleire elevplassar ved skulane frå hausten 2019, jf. Innst. 12 S (2018–2019) og Prop. 1 S (2018–2019). Departementet foreslår å vidareføre elevplassane med heilårseffekt og auke løyvinga med 1,2 mill. kroner.

I statsbudsjettet for 2019 vedtok Stortinget å løyve 7,1 mill. kroner til Svalbard Folkehøgskole, jf. Innst. 12 S (2018–2019) og Prop. 1 S (2018–2019). Departementet foreslår å finansiere heilårsverknaden av tilskotet med 6,8 mill. kroner i 2020. I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2019 vedtok Stortinget 5 mill. kroner i ekstratilskot fordi det er dyrare å drive ein folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019). Departementet foreslår å vidareføre tilskotet med heilårseffekt og løyve 10,3 mill. kroner i 2020. Det er lagt til grunn at Svalbard Folkehøgskole får fullt husleigetilskot i 2020 som følge av dei særskilde utfordringane med å skaffe eigna lokale på Svalbard.

Sjøholt Folkehøgskole (tidlegare Ørskog Folkehøgskole) skal starte opp hausten 2020. Departementet foreslår å auke løyvinga til skulen med 4,2 mill. kroner som følge av det.

Departementet foreslår å vidareføre oppstartstilskotet til Sjunkhatten Folkehøgskule på same nivå som i 2019, jf. Innst. 12 S (2018–2019).

Post 71 Tilskot til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskulane. Rådet har eit fast sekretariat. Folkehøgskolerådet tek hand om fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2020

Folkehøgskolerådet skal fremje kunnskap om og utvikling av folkehøgskulane.

Rapport for 2018

Det blei gitt eit tilskot på 5,1 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2018. Rådet hadde fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet, mellom anna å gi innstilling til fordeling av husleigetilskotet til folkehøgskulane. Folkehøgskolerådet fremjar utvikling av folkehøgskulane mellom anna gjennom eit godt samarbeid med departementet og andre offentlege aktørar.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 5,4 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskot til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å fremje demokratiske verdiar og styrke samhaldet i Norden.

Mål for 2020

Bidra til drift av nordisk folkehøgskuleverksemd.

Rapport for 2018

Det blei gitt eit tilskot på 649 000 kroner til skulen i 2018 for å støtte drifta av Nordiska folkhögskolan. Om lag 200 000 kroner har blitt nytta til å finansiere norske gjestelærarar i 2018. Skulen har utfordringar med å rekruttere norske lærarar og har ikkje hatt fast tilsette norske lærarar sidan 2011.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 0,7 mill. kroner på posten.

Kap. 254 Studieforbund mv.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til studieforbund

208 478

214 524

209 641

73

Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

13 473

13 864

13 236

Sum kap. 0254

221 951

228 388

222 877

Tilskot til studieforbund og frivillige organisasjonar legg til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet.

Post 70 Tilskot til studieforbund

Tilskotet bidreg til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor og skal redusere opplæringskostnadene for deltakarane. Kompetanse Noreg forvaltar tilskotsordninga. Tildelinga er tredelt i eit grunntilskot, eit opplæringstilskot og eit tilretteleggingstilskot. Grunntilskotet skal dekke utgifter til pedagogisk utviklingsarbeid, universell tilrettelegging, medarbeidarutvikling mv. Opplæringstilskotet skal bidra til å redusere opplæringskostnader for deltakarane, slik at flest mogleg kan delta. Tilretteleggingstilskotet skal dekke kostnader for deltakarar som treng særskild hjelp og/eller tilrettelegging for å kunne delta. Opplæringa skjer i regi av 14 landsdekkande studieforbund og dei nær 500 medlemsorganisasjonane deira. Desse organisasjonane er frivillige og ideelle organisasjonar og har til saman tusenvis av lokallag spreidde over heile landet.

Ein mindre del av tilskotet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskular, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Departementet vil hausten 2019 sende ut forslag til endringar i vaksenopplæringslova og tilhøyrande forskrift som regulerer tilskotsordninga for studieforbund. Regjeringa tek sikte på å dele tilskotet til studieforbund mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet frå 2021. Etter forslaget vil Studieforbundet Folkeuniversitetet, Akademisk Studieforbund, Studieforbundet AOF Norge og Studieforbundet næring og samfunn framleis få tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan dei andre studieforbunda vil få tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet. Fordelinga vil vere basert på utbetalt tilskot til dei ulike studieforbunda i 2019.

Mål for 2020

Målet med tilskotet er at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet, jf. § 1 i lov om vaksenopplæring. Det er viktig at tilskotet bidreg til å redusere utanforskap og fremjar inkludering blant vaksne.

Tilskotet skal bidra til at studieforbunda kan drive opplæringsaktivitet i samsvar med dei overordna måla for studieforbundsordninga, jf. vaksenopplæringslova § 4.

Rapport for 2018

Tabell 4.13 Aktivitet og deltaking i studieforbunda 2013–18

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Deltakarar

493 200

509 724

507 909

504 898

522 458

478 548

Kurs

43 000

43 956

44 672

45 065

44 547

43 338

Kurstimar

1 352 000

1 384 796

1 390 852

1 419 864

1 398 638

1 389 842

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

14 studieforbund oppfylte krava for å få tilskot i 2018. Studieforbunda står fritt i val av innhald i og nivå på opplæringa, og den største delen av opplæringa er ikkje-formell. Aktiviteten i studieforbunda har samla sett vore stabil sidan 2013, men det er store årlege variasjonar for einskilde forbund.

I 2018 var 44 pst. av deltakarane over 50 år, og som i tidlegare år var det flest kvinner (57 pst.) som deltok på kurs. Kurs innanfor estetiske fag og handverksfag er framleis mest populære.

Størstedelen av tilretteleggingstilskotet går til Studieforbundet Funkis. Talet på timar med tilretteleggingstilskot er gått ned frå 2017 til 2018. Nedgangen er på 23 pst. og må sjåast opp mot ein auke i året før.

Fleire studieforbund framhevar at dei har god måloppnåing på opplæring retta mot spesielle målgrupper, som til dømes tilbod til ufaglærte, innsette i fengsel og rusmisbrukarar, og integreringstiltak og norskopplæring for innvandrarar og flyktningar. Årsmeldingane for 2018 viser at det framleis er vanskeleg for studieforbunda å rapportere konkret i høve til dei overordna målformuleringane i vaksenopplæringslova § 4.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår 209,6 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 10 mill. kroner for å gi rom for andre prioriteringar. Reduksjonen vil bli teke frå opplæringstilskotet og vil ikkje omfatte tilretteleggingstilskotet eller grunntilskotet.

Post 73 Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) og Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er fellesorgana for dei offentleg godkjende nettskulane og studieforbunda. Tilskotsordninga skal bidra til drift av fellesorgana slik at dei kan gjere nettskulane og studieforbunda betre i stand til å tilby vaksne fleksibel og brukartilpassa opplæring av høg kvalitet. Kompetanse Noreg forvaltar tilskotsordninga.

Mål for 2020

FuN og VOFO skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av vaksenopplæring som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer fellesoppgåver for organisasjonane som aktivitetsrapportering frå nettskular og studieforbund og bruk av statstilskot.

Rapport for 2018

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er ein interesseorganisasjon for dei 14 godkjende studieforbunda og dei nær 500 medlemsorganisasjonane deira. I 2018 har VOFO mellom anna arbeidd med kompetanseutvikling i studieforbunda og medlemsorganisasjonane. Forbundet har òg bidrege til å forenkle og styrke fellestenester for studieforbunda. I 2018 fekk VOFO 9,5 mill. kroner av løyvinga på posten.

FuN har til saman 50 medlemmar innanfor fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Medlemmane er godkjende nettskular, universitet og høgskular og andre verksemder. I 2018 har FuN saman med medlemmane bidrege til å betre kvaliteten på og stimulere til utvikling av fleksibel utdanning. FuN er aktiv i fleire nordiske og europeiske utviklingsprosjekt som gjeld fjernundervisning og fleksibel utdanning. I 2018 fekk FuN 3,9 mill. kroner av løyvinga på posten.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 13,2 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 1 mill. kroner, noko som inneber at tilskotet til Fleksibel utdanning Norge blir redusert tilsvarande.

Kap. 255 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

34 680

37 308

71

Falstadsenteret

20 090

21 496

72

Stiftelsen Arkivet

15 563

15 834

73

Nansen Fredssenter

7 377

6 562

74

Narviksenteret

7 499

8 539

75

Det europeiske Wergelandsenteret

9 718

9 485

10 740

76

Raftostiftelsen

5 265

5 418

77

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

97 711

Sum kap. 0255

100 192

104 642

108 451

Kunnskapsdepartementet gir tilskot til sju freds- og menneskerettssenter. Freds- og menneskerettssentera er uavhengige stiftingar som arbeider med dokumentasjon av, forsking på og formidling av demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord.

Departementet foreslår å samle tilskotet for seks av sentera på kap. 255, post 77. Rapporteringa for 2018 for dei seks sentera er gitt på dei postane midlane blei løyvde over for 2018, medan mål og budsjettforslag for 2020 er samla på post 77. Tilskotet til Det europeiske Wergelandsenteret blir vidareført på kap. 255, post 75.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Rapport for 2018

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) hadde over 40 000 besøkande i 2018. Det er ein auke på 9 pst. frå 2017. Av desse var 7 625 elevar i grunnopplæringa, ein oppgang på 6 pst. frå året før.

HL-senteret koordinerer prosjektet Dembra, som er eit tilbod om rettleiing og kurs til skular for å førebygge rasisme, antisemittisme, radikalisering og udemokratiske haldningar. I 2018 blei prosjektet utvida, og 28 skular frå heile landet deltok. HL-senteret har òg leia utviklinga av læringsressursar som blir nytta for lærarutdanninga, og har gått inn i samarbeid med seks lærestadar. Senteret starta hausten 2018 ei utprøving av Dembra i andre nordiske land (Nordisk Dembra). Dembra-prosjektet blir finansiert over kap. 226, post 21. Sjå der og del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering, for nærare omtale.

HL-senteret er sekretariat for Benjaminprisen, ein pris som går til skular som arbeider mot rasisme og diskriminering. I 2018 arrangerte senteret ein konferanse om erfaringane etter 16 år med Benjaminprisen.

HL-senteret avslutta i 2018 eit langvarig forskingsprosjekt om den politiske historia til FNs folkemordskonvensjon. Hausten 2018 starta arbeidet med det nye tilbygget til Villa Grande, Mino .

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 255, post 77.

Post 71 Falstadsenteret

Rapport for 2018

I 2018 hadde senteret besøk av 7 400 elevar, studentar og lærarar, som tok del i undervisningsopplegg og seminar. Det er litt fleire enn i 2017. Undervisningsopplegga i 2018 har teke utgangspunkt i studieutstillinga Fortellinger om flukt. Dette er åtte historier om flukt som er knytte til fangehistoria i Noreg, Falstadsenteret og den andre verdskrigen. Senteret har òg utvikla undervisningsopplegg for ulike grupper, mellom anna folkehøgskuleelevar, flyktningar og personar innanfor kriminalomsorga.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 255, post 77.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Rapport for 2018

Stiftinga hadde i 2018 besøk av 7 700 elevar og lærarar. Det er 5 pst. færre enn i 2017, noko som kjem av at stiftinga var stengd for klassar i januar 2018 på grunn av byggearbeid.

Stiftinga har i 2018 utvikla prosjektet Flyktninger forteller , som skal formidle historiene til norske flyktningar og bevare kulturarven deira gjennom forteljingar.

Stiftinga har ansvaret for eit nasjonalt krigsseglarregister der 50 000 sjøfolk er registrerte.

Stiftinga har teke del i eit samarbeid med 30 kommunar i Agder, politiet og NAV om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 255, post 77.

Post 73 Nansen Fredssenter

Rapport for 2018

I 2018 besøkte 5 600 personar Nansen Fredssenter. Dette er ein reduksjon på 21 pst. frå 2017 og kjem mellom anna av at det er lagt til rette for mindre elevgrupper. 1 000 barn og unge i grunnopplæringa har følgt undervisningsopplegg ved senteret i 2018.

Senteret tilbyr undervisningsopplegg, kurs og opplæring i dialog- og konflikthandtering, med hovudvekt på å legge til rette for dialog. Senteret tek del i konflikthandtering på skular i fleire kommunar.

Prosjektet Dialogbyen Lillehammer samla i 2018 representantar frå ei rekke «gløymde» konfliktar, som i kvardagen nyttar dialog som metode for fred.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 255, post 77.

Post 74 Narviksenteret

Rapport for 2018

I 2018 besøkte 31 000 personar Narviksenteret. Dette er litt fleire enn i 2017. 5 400 elevar og lærarar har vore med i undervisningsopplegg ved senteret.

Senteret har starta arbeidet med å bygge opp ein formidlingsportal om den andre verdskrigen med skuleungdom som den primære målgruppa. Senteret har hatt undervisningsopplegg for studentgrupper frå Krigsskulen, Försvarshögskolan og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Senteret har i 2018 besøkt 23 skular.

Senteret har vidareført forskings- og dokumentasjonsarbeidet om dei jugoslaviske fangane i Noreg under den andre verdskrigen.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 255, post 77.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap .

Mål for 2020

Tilskotet skal bidra til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.

Rapport for 2018

6 300 personar deltok i program som blei gjennomførte av Wergelandsenteret i 2018. Dette er ein liten nedgang frå 2017. Senteret hadde tolv prosjekt i til saman 26 land og har nådd om lag 55 000 personar og 670 skular. Prosjekta handlar om utdanning for demokrati, menneskerettar og interkulturell forståing.

I samband med 10-årsjubileet for Wergelandsenteret i 2018 arrangerte senteret ein konferanse for alle samarbeidsskular og interessentar frå 43 land og lanserte kampanjen Free to Speak, Safe to Learn , ein kampanje med mål om å skape gode demokratiske skular for alle, i samarbeid med Europarådet.

354 elevar frå 38 skular deltok i læringstilbodet 22. juli og demokratisk medborgerskap som senteret tilbyr i samarbeid med 22. juli-senteret og Utøya AS. Gjennom læringsaktivitetar på dei ulike skulane har prosjektet nådd om lag 9 000 skuleelevar. Som følge av behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2018 fekk senteret 0,5 mill. kroner i særskilt tilskot for å utvikle pedagogisk materiell som blir brukt i læringstilbodet, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018).

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 10,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 1 mill. kroner på grunn av høgare aktivitetsnivå og etterspørsel etter tilboda ved Det europeiske Wergelandsenteret. Departementet foreslår òg midlar til senteret over kap. 226, post 21 til drift av det nasjonale læringstilbodet i samarbeid med 22 juli-senteret og Utøya AS, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Post 76 Raftostiftelsen

Rapport for 2018

I 2018 har 6 800 elevar, lærarstudentar og lærarar fått undervisning i menneskerettar og demokrati i regi av Raftostiftelsen. Dette er meir enn dobbelt så mange deltakarar som i 2017. Auken kjem av at stiftinga har jobba systematisk og målretta med å marknadsføre tematiske undervisningspakkar mot skular og lærarar.

Stiftinga deler ut professor Thorolf Raftos Minnepris – Raftoprisen. I 2018 blei Raftoprisen tildelt juristen og sivilombodsmannen Adam Bodnar frå Polen for arbeidet med å gjere synleg den viktige rolla som uavhengige ombodsmannsinstitusjonar har for menneskerettar i Polen. Prisvinnaren har særleg utmerkt seg med å setje søkelyset på kvinner og rettane til minoritetar.

Stiftinga samarbeider med lærarutdanningane på Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og NLA Høgskulen om didaktikk og demokrati- og menneskerettsundervisning. Stiftinga gjennomførte i 2018 for første gong skuleturnear til Rogaland og Sogn og Fjordane.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 255, post 77.

Post 77 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post, Tilskot til freds- og menneskerettssenter. Posten inneheld tilskot til desse freds- og menneskerettssentera:

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Oslo)

  • Falstadsenteret (Ekne)

  • Stiftelsen Arkivet (Kristiansand)

  • Nansen Fredssenter (Lillehammer)

  • Narviksenteret (Narvik)

  • Raftostiftelsen (Bergen)

Rapporteringa for 2018 er omtala på dei postane som midlane blei løyvde over i 2018.

Mål for 2020

Nedanfor følger omtale av måla for tilskota på posten.

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Tilskotet skal bidra til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive med forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar.

Falstadsenteret

Tilskotet skal bidra til at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremje kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane.

Stiftelsen Arkivet

Tilskotet skal bidra til at Stiftelsen Arkivet kan vere eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Stiftinga har òg ansvaret for eit nasjonalt krigsseglarregister.

Nansen Fredssenter

Tilskotet skal bidra til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring og drive dokumentasjon og formidling for å fremje arbeidet for dialog, fred, menneskerettar og forsoning.

Narviksenteret

Tilskotet skal bidra til at Narviksenteret kan fremje kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna nordnorsk krigs- og okkupasjonshistorie.

Raftostiftelsen

Tilskotet skal bidra til at elevar, studentar, lærarar og andre grupper får eit godt opplæringstilbod om menneskerettane.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår at midlane på kap. 255, postane 70–74 og post 76 blir overførte til kap. 255, post 77. Samla foreslår departementet å løyve 97,7 mill. kroner på posten. Sjå tabell 4.14 for forslag til fordeling av tilskot til freds- og menneskerettssenter.

Tabell 4.14 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

Freds- og menneskerettssenter med tilskot over kap. 255, post 77

Beløp 2020

(i 1 000 kroner)

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

38 309

Falstadsenteret

22 073

Stiftelsen Arkivet

16 259

Nansen Fredssenter

6 738

Narviksenteret

8 768

Raftostiftelsen

5 564

Sum

97 711

Kap. 256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

63 934

64 258

104 369

21

Særskilde driftsutgifter

7 551

8 584

8 814

Sum kap. 0256

71 485

72 842

113 183

Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk. Oppgåva til Kompetanse Noreg er å jobbe for at vaksne i Noreg kan sikre seg nødvendig kompetanse og kan lære heile livet.

Kompetanse Noreg har mellom anna eit nasjonalt systemansvar for karriererettleiing, ansvaret for å utvikle og koordinere rettleiingsfeltet i Noreg og ansvar for å forvalte tilskotsordningar som skal legge til rette for auka deltaking i livslang læring. Kompetanse Noreg har òg ansvar for innhaldet i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, jf. omtale i programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Løyvingane på kap. 256 finansierer ordinære driftsoppgåver i Kompetanse Noreg. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvar for, men som blir finansierte over andre budsjettkapittel, i all hovudsak over kap. 258, post 21, og kap. 292 under programkategori 07.90 Integrering og mangfald. Kompetanse Noreg har ansvaret for å forvalte fleire tilskotsordningar, jf. kap. 254, kap. 255, kap. 257 og kap. 258.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2020

Det overordna målet for programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring er førande for arbeidet til Kompetanse Noreg:

  • Fleire lærer heile livet slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Måla for verksemda til direktoratet er:

  • Kompetansepolitikken er heilskapleg og samordna.

  • Livslang læring er tilgjengeleg for alle uavhengig av kompetansenivå og behov.

  • Nykomne innvandrarar får læringstiltak som bidreg til auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Rapport for 2018

Kompetanse Noreg har i 2018 arbeidd vidare for større forståing for livslang læring hos ulike aktørar gjennom å vere pådrivar, utviklar og forvaltar på kompetansefeltet.

Utvikling og formidling av ulike tilbod for vaksne si læring har stått sentralt. Direktoratet har utvikla og sett i gang ei rekke tiltak for å betre tilboda om og kvaliteten i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og i grunnskule for vaksne.

Kompetanse Noreg har arbeidd for å følge opp og betre kunnskapen om dei felta som er prioriterte i Nasjonal kompetansepolitisk strategi , som arbeid for å styrke kvaliteten i og tilgangen på tilboda for karriererettleiing, behovet for kunnskap om høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitiske utfordringar som følger av digitalisering. Vidare har Kompetanse Noreg teke del i ulike prosessar og gjennomført tiltak i kompetansereforma Lære heile livet .

Ei rekke av dei større tiltaka som Kompetanse Noreg har arbeidd med i 2018, er finansierte over kap. 258, post 21 og kap. 292, postane 21 og 22, og er omtala under desse postane.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 104,4 mill. kroner på post 01 og 8,8 mill. kroner på post 21.

Dei faste driftsoppgåvene til Kompetanse Noreg er normalt finansierte over kap. 256, post 01. Nokre av oppgåvene som verksemda gjennomfører årleg, har til no blitt finansierte over kap. 257, post 21 og kap. 258, post 21. For å gi eit betre bilete av forholdet mellom faste oppgåver og kortare oppdrag foreslår departementet å flytte til saman 21,2 mill. kroner til kap. 256, post 01. Dette gjeld 6,2 mill. kroner frå kap. 257, post 21 til administrering og utvikling av tilskotsordninga Kompetansepluss og 15 mill. kroner frå kap. 258, post 21 til Kompetanse Noregs arbeid med analyse og statistikk, og arbeid med utvikling, informasjon og rettleiing om vaksnes læring.

Departementet går gjennom fordelinga av oppgåver mellom Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Noreg. Departementet har avgjort å flytte nokre oppgåver innanfor områda vaksnes læring og kompetansemobilisering frå Utdanningsdirektoratet til Kompetanse Noreg frå 1. januar 2020. Oppgåvene som skal flyttast, er tenestene i utdanning.no, oppgåver innanfor karriererettleiing, forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne i utvalde utdanningsprogram i fag- og yrkesopplæringa, og oppgåver innanfor realkompetansevurdering. Departementet foreslår derfor å flytte 12 mill. kroner frå kap. 220, post 01 til kap. 256, post 01, til lønn og andre kostnader for tilsette som følger arbeidsoppgåvene sine frå Utdanningsdirektoratet til Kompetanse Noreg. Vidare foreslår departementet å flytte 6,5 mill. kroner til drift av IKT-verktøy i tenestene til utdanning.no frå kap. 220, post 21 til kap. 256, post 01. Departementet kjem tilbake til andre budsjettkonsekvensar av oppgåveflyttinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020.

Departementet foreslår ein auke på 0,9 mill. kroner til Kompetanse Noreg til drift av Kompetanseprogrammet.

Kompetanse Noreg har våren 2019 støtta Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) i sekretariatsarbeidet for Nasjonalt fagskoleråd. Frå 2020 er det berre Diku som skal ha denne oppgåva. Departementet foreslår derfor å flytte 1 mill. kroner frå kap. 256, post 01 til kap. 272, post 50.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til Kompetanse Noreg med 0,6 mill. kroner fordi det er berekna ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og omtale i Prop. 85 S (2017–2018). 50 pst. av dette blir ført tilbake til sektoren, jf. omtale under kap. 258, post 21.

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 256, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Inntekter frå oppdrag

6 525

8 205

8 425

02

Salsinntekter o.a.

642

368

378

Sum kap. 3256

7 167

8 573

8 803

Inntektene på post 01 gjeld oppdragsverksemd for Kompetanse Noreg. Inntektene på post 02 gjeld salsinntekter og refusjonar.

Kap. 257 Kompetansepluss

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter

4 667

5 998

70

Tilskot , kan overførast

194 775

171 725

174 334

Sum kap. 0257

199 442

177 723

174 334

Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, IKT, munnlege ferdigheiter, og norsk eller samisk. Verksemder og frivillige organisasjonar kan søke om midlar gjennom ordninga. Det er over 1 000 prosjekt i gang til kvar ei tid i Kompetansepluss , og kvart prosjekt varer normalt i to år. Kompetansepluss består av ordningane Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivillighet.

Opplæringa i Kompetansepluss arbeid skal vere praksisnær og relevant for arbeidssituasjonen til deltakarane. Ordninga skal nå små og mellomstore verksemder og ulike bransjar, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette.

Gjennom Kompetansepluss frivillighet kan fleire målgrupper ta del i opplæringa, i regi av frivillige organisasjonar. Formålet er å gi vaksne som treng det, grunnleggande ferdigheiter som aukar deltakinga i samfunnet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter og post 70 Tilskot, kan overførast

Løyvinga på post 70 blir lyst ut til søkarar i samsvar med målet for programmet.

Departementet foreslår å flytte midlane for administrering og utvikling av tilskotsordninga Kompetansepluss frå kap. 257, post 21 til kap. 256, post 01, jf. omtale under kap. 256, post 01.

Mål for 2020

Fleire kan ta del i opplæring i grunnleggande ferdigheiter, og færre fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande ferdigheiter.

Rapport for 2018

Kompetansepluss -ordninga omfatta i 2018 opplæring i grunnleggande ferdigheiter, grunnleggande norskopplæring og fagopplæring.

Kompetanse Noreg reknar med at om lag 13 000 vaksne fekk opplæring gjennom prosjekta i Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivillighet i 2018. I tillegg blei det i 2018 for første gong tildelt tilskot til forsøk med fagopplæring i Kompetansepluss . Kompetanse Noreg tildelte 10,5 mill. kroner til 34 prosjekt under denne prøveordninga. Totalt blei det tildelt 206,9 mill. kroner gjennom Kompetansepluss -ordninga i 2018.

Tabell 4.15 BKA 1 og Kompetansepluss arbeid 2011–18 (beløp i mill. kroner)

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Omsøkt beløp

197,6

190,6

182,7

186,2

200,7

293,8

311,2

304,1

Tildelt beløp

93,4

107,6

104,3

141,8

162

220,2

197,0

184,0

Talet på søknader

411

503

461

600

651

947

1 135

1 050

Talet på innvilga søknader

250

370

348

503

561

734

715

620

Talet på deltakarar

7 617

8 737

7 781

10 853

11 291

14 793

13 216 2

5 721 2

Tabellen omfattar søknader og tildelingar etter ordinær utlysing og særskilde satsingar. Tildelt beløp er for dei siste åra høgare enn løyvinga på posten, finansiert med overføring frå løyvinga for tidlegare år.

1 Basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) endra namn til Kompetansepluss 11. mai 2016.

2 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Tabell 4.16  Kompetansepluss frivillighet 2015, 1 2017–18 (beløp i mill. kroner)

2015

2017

2018

Omsøkt beløp

38,9

47,4

57,3

Tildelt beløp

10,0

24,9

12,4

Talet på søknader

121

146

193

Talet på innvilga søknader

45

79

38

Talet på deltakarar

974

2 768 2

541 2

1 Det var inga utlysing til Kompetansepluss frivillighet i 2016.

2 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Tabell 4.17  Kompetansepluss 2018 (beløp i mill. kroner)

Omsøkt beløp

Tildelt beløp

Talet på søknader

Talet på innvilga søknader

Kompetansepluss arbeid

304,1

184,0

1 050

620

Kompetansepluss frivillighet

57,3

12,4

193

39

Prøveordning med fagopplæring

22,4

10,5

77

34

Totalt, Kompetansepluss

383,8

206,9

1 320

693

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 174,3 mill. kroner på post 70.

Departementet foreslår å avvikle post 21 for administrering og utvikling av tilskotsordninga Kompetansepluss og flytte løyvinga til kap. 256, post 01, jf. omtale under kap. 256.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

3 607

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

114 740

214 844

233 376

60

Tilskot til karriererettleiing

33 585

34 525

Sum kap. 0258

151 932

249 369

233 376

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga finansierer tiltak innanfor kompetansepolitikken og vaksnes læring. Størstedelen av løyvinga blir tildelt Kompetanse Noreg.

Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tidsavgrensa arbeid i utval, departement og direktorat, og til tilskot til offentlege aktørar som blir involverte i kompetansepolitikken og vaksnes læring.

Vidare kan løyvinga finansiere fleire mindre tiltak innanfor området livslang læring. Det kan bli gitt tilskot til felles tiltak for freds- og menneskerettssentera som får tilskot over kap. 255. Løyvinga under post 01 blei i statsbudsjettet for 2019 flytta til kap. 201, post 21.

Mål for 2020

Fleire lærer heile livet slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Rapport for 2018

Rapporteringa nedanfor gjeld dei største tiltaka som det er tildelt midlar til over posten i 2018.

Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing

Kompetanse Noreg fekk i 2017 i oppdrag å leie utviklinga av Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing . Kvalitetsrammeverket skal bidra til karriererettleiingstenester i alle sektorane og skal bli eit verktøy for karriererettleiarar og andre med ansvar for tenestene. I 2018 har tre arbeidsgrupper med brei deltaking frå praksisfeltet, statsforvaltninga, kommunesektoren, partane i arbeidslivet, akademia, relevante organisasjonar og ulike sektorar arbeidd med kvalitetsrammeverket.

Saman med Utdanningsdirektoratet har Kompetanse Noreg i 2018 etablert eit prosjekt for å utvikle ei nasjonal digital teneste for karriererettleiing. Prosjektet arbeider med å utvikle ei nettside med informasjon og sjølvhjelpsverktøy med utgangspunkt i utdanning.no, etablere teknisk løysing for e-rettleiing, sørge for bemanning av e-rettleiingstenesta og eit system for kvalitetssikring. Tenesta blir lansert hausten 2020.

Forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne

Det er sett i gang forsøk med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskulenivå for vaksne) og forsøk med modulstrukturerte læreplanar i fleire lærefag i vidaregåande opplæring. Målet er ei fleksibel og meir effektiv opplæring for vaksne, og at fleire vaksne tek grunnskuleopplæring og fag- eller sveinebrev. Kompetanse Noreg har ansvar for forsøket med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (FVO). Forsøk med FVO starta opp ved 28 opplæringsstadar i 2017, og i 2018 deltok nærare 2 500 vaksne i forsøka i 50 kommunar. I 2018 blei det sett i gang ein prosess med partane i arbeidslivet for å utvide forsøka til fleire lærefag og deltakarar. Utdanningsdirektoratet hadde ansvaret for forsøka med lærefag til og med 2019.

Kompetanse Noreg har i 2018 utvikla og lansert kartleggingsverktøy og e-læringsressursar for vaksne i rekning, lesing og skriving til bruk i forsøka.

Etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar som underviser vaksne

Kompetanse Noreg utvikla i 2018 eit e-læringskurs for å heve kompetansen til dei som underviser vaksne i grunnleggande ferdigheiter. Kurset skal bidra til å sikre kvaliteten på Kompetansepluss -opplæringa.

Kompetanse Noreg delte i 2018 ut til saman 8 mill. kroner til etterutdanning av lærarar og leiarar i grunnskule for vaksne og i norskopplæringa. I 2018 blei det arrangert etterutdanningskurs i alle fylka, der meir enn 3 000 lærarar og leiarar deltok. Kompetanse Noreg delte òg ut 1,2 mill. kroner til fylkeskommunar til etterutdanning av lærarar og leiarar i vidaregåande opplæring. Om lag 1 000 lærarar deltok i slik etterutdanning.

For å gjere det enklare å delta i vidareutdanning for lærarar som underviser vaksne i grunnleggande ferdigheiter, har Kompetanse Noreg over fleire år tildelt midlar til lærestadar for å dekke studieavgifta for studentane. I 2018 har Kompetanse Noreg sett i gang fem vidareutdanningstilbod i norsk som andrespråk retta spesielt mot lærarar i norskopplæringa. Universitetet i Søraust-Noreg har fått midlar til å utvikle ei nettbasert vidareutdanning for lærarar i norskopplæringa med planlagd oppstart hausten 2019.

Fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse

I 2018 fekk åtte prosjekt tildelt 10 mill. kroner i tilskot for å utvikle fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse. Midlane blei tildelte prosjekt der verksemdene og utdanningstilbydarane i samarbeid utviklar nye utdanningstilbod. Tre av utdanningstilbydarane som fekk støtte, var fagskular, og fem var frå universitets- og høgskulesektoren. Tilboda er retta mot verksemder og arbeidstakarar som treng meir kompetanse som følge av digitalisering og andre krav til omstilling, og er eit verkemiddel i kompetansereforma Lære heile livet .

Masterutdanning i karriererettleiing

Kompetanse Noreg har i 2018 tildelt tilskot til forsking og styrking av fagmiljøa ved masterutdanninga i karriererettleiing ved Høgskolen i Innlandet og Universitetet i Søraust-Noreg. Dei to lærestadane arbeider med forsking og vidareutvikling av masterstudiet for å møte dei behova som kjem til syne på karriererettleiingsfeltet, til dømes når det gjeld kunnskap om fleirkulturell karriererettleiing.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 233,4 mill. kroner på post 21. I forslaget inngår desse flyttingane av midlar til og frå posten:

  • 15 mill. kroner til faste driftsoppgåver hos Kompetanse Noreg blir overførte til kap. 256, post 01.

  • 4,6 mill. kroner til Forskingsrådets program Forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) blir overførte til kap. 201, post 21 for å samle alle midlane til FINNUT på éin post.

  • 1 mill. kroner til Lister Kompetanse blir overførte til kap. 275, post 70.

  • 10,3 mill. kroner til digital karriererettleiing blir overførte frå kap. 605, post 01 på budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet. Dette er ei oppfølging av Revidert nasjonalbudsjett 2019, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019).

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner som følge av tilbakeføring av økonomisk gevinst etter omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet, jf. omtale under kap. 256, post 01.

Kompetansereforma «Lære heile livet»

Departementet foreslår ein auke på 30 mill. kroner til å opprette eit nytt program forvalta av Kompetanse Noreg, Kompetanseprogrammet . Av dette vil 15 mill. kroner gå til å styrke bransjeprogram retta mot bransjar som er særleg utsette for omstilling. Departementet vil òg vidareføre og styrke tilskot til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod som del av Kompetanseprogrammet . I tillegg vil programmet innehalde utprøvingar av insentivordningar for livslang læring, i første omgang ei utprøving av vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar. Samla foreslår departementet 97 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i 2020. Programmet kan bli utvida med ytterlegare tiltak.

Departementet foreslår å vidareføre 61 mill. kroner til forsøka med modulstrukturert opplæring på grunnskulenivå og vidaregåande opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. Forsøka er òg ein del av inkluderingsdugnaden til regjeringa for å få fleire i arbeid.

Departementet foreslår 33 mill. kroner til den nasjonale tenesta for digital karriererettleiing. Av dette blir 10,3 mill. kroner flytta til kap. 258, post 21 frå budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet kap. 605, post 01. Tenesta blir lansert i 2020.

Departementet foreslår å vidareføre 6 mill. kroner til å halde fram med å greie ut ei digital plattform for etter- og vidareutdanning, inkludert eit digitalt verktøy for betre informasjon om etter- og vidareutdanningstilbod.

I tillegg foreslår departementet løyvingar til tiltak i kompetansereforma over programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa, 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning, 07.60 Høgare utdanning og forsking og 07.80 Utdanningsstøtte. Sjå der for nærare omtale av desse tiltaka.

Tiltak som støtter kompetansereforma og andre tiltak

Departementet foreslår 6,1 mill. kroner for å styrke kunnskapsgrunnlaget om vaksnes grunnleggande ferdigheiter gjennom den internasjonale undersøkinga PIAAC (Program for the International Assessment of Adult Competencies). Departementet foreslår òg 6,1 mill. kroner til PIAAC over kap. 226, post 21, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet vidarefører løyvinga til Espeland fangeleir på 1 mill. kroner innanfor løyvingsforslaget.

Delar av løyvinga under kap. 258, post 21 vil bli nytta til å styrke kunnskapsgrunnlaget gjennom oppdragsforsking og utgreiingar. Kompetansebehovsutvalet blir òg finansiert over posten.

Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Post 60 Tilskot til karriererettleiing

Tilskot til etablering av fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing blei oppretta i 2014. Målet med ordninga er at unge og vaksne i alle livsfasar får eit likeverdig tilbod om karriererettleiing. Tilskotet skal bidra til å styrke kvaliteten og sikre tilgang til karriererettleiing i heile landet. Det skal òg bidra til å samordne informasjon og kunnskap hos alle rettleiingsaktørane i det einskilde fylket, slik at brukarane får eit heilskapleg rettleiingstilbod.

Dei fylkesvise partnarskapane er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og NAV sitt fylkesledd, og inkluderer ofte fleire aktørar, som til dømes kommunar. Tilskotsordninga har bestått av eit grunntilskot til partnarskapane, eit stimuleringstilskot til etableringa av karrieresenter og eit stimuleringstilskot til utviklinga av tilboda ved karrieresentera. Kompetanse Noreg har forvalta tilskotsordninga.

Karrieresentera har fleire oppgåver, mellom anna rettleiing og kursing av einskildpersonar og grupper. Sentera samarbeider med NAV, næringslivet og verksemder i omstilling, og med flyktningtenesta og norskopplæringa for vaksne innvandrarar om rettleiing til å komplettere eller formalisere kompetansen som innvandrarane har. Sentera bidreg òg til karriererettleiing for bebuarar i asylmottak, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald for nærare omtale. I tillegg tilbyr karrieresentera kompetanseheving til andre som driv med karrierettleiing. Sentera held kurs for karriererettleiarar i grunnskulen, vidaregåande opplæring og NAV. Fleire senter held òg kurs for tilsette i vaksenopplæringa, flyktningtenesta, oppfølgingstenesta, attføringsverksemder og fagskular. Fleire stadar utfører sentera òg andre fylkeskommunale oppgåver.

Regjeringa foreslår at tilskotet blir innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane frå 2020, slik det blei varsla i Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner , jf. Innst. 119 S (2018–2019). Hausten 2019 har alle fylka minst eitt karrieresenter. Regjeringa ønsker at fylkeskommunane skal bli ein sterkare kompetansepolitisk aktør i regionane.

Midlane vil i 2020 bli tildelte fylkeskommunane gjennom ei særskild fordeling i tabell C. Frå 2021 blir midlane fordelte etter dei ordinære kostnadsnøklane i inntektssystemet for fylkeskommunane. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I samband med innlemminga av tilskotet har Kunnskapsdepartementet sendt ut på høyring eit forslag om å lovfeste at alle fylkeskommunar skal ha eit tilbod om karriererettleiing som er gratis og ope for alle innbyggarane.

Rapport for 2018

I 2018 fekk 17 fylke grunntilskot frå tilskotsordninga for partnarskap for karriererettleiing. Oslo kommune, som siste fylke utan karrieresenter, fekk 1,6 mill. kroner i stimuleringstilskot til å etablere karrieresenter.

19 600 personar fekk individuell karriererettleiing ved karrieresentera i 2018. Dette er ein auke på 9 pst. frå 2017. I tillegg blei det gjennomført 930 kurs eller rettleiingar i grupper. Halvparten av brukarane var i aldersgruppa 30–49 år. Fire femdelar av brukarane hadde vidaregåande opplæring eller lågare som høgaste oppnådde utdanningsnivå. Frå 2017 til 2018 har bruken av karrieresentera auka mest blant brukarar frå andre land i Europa. Brukarundersøkinga ved karrieresentera viser at dei aller fleste av brukarane som har svart på undersøkinga, meiner at dei har hatt utbyte av karriererettleiinga.

Det blei gjennomført totalt 462 kurs i kompetanseheving for ulike aktørar ved karrieresentera i 2018. Det er ein auke på om lag 30 pst. frå 2017.

I tillegg deltok sju karrieresenter i ei utprøving av karriererettleiing for bebuarar i asylmottak. Sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår at løyvinga på posten, 35,6 mill. kroner, blir innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane frå 2020. Løyvinga blir flytta til kap. 572, post 60 på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

260

Universitet og høgskular

35 838 702

37 211 526

38 588 134

3,7

270

Studentvelferd

369 005

662 779

822 442

24,1

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

174 831

272

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

601 000

273

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

164 495

274

Universitetssenteret på Svalbard

139 842

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

286 621

280

Felles einingar

605 932

914 930

-100,0

281

Felles tiltak for universitet og høgskular

735 691

495 761

-100,0

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

19 098

18 962

19 303

1,8

285

Noregs forskingsråd

4 638 079

4 878 074

4 813 985

-1,3

286

Regionale forskingsfond

189 119

287

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

512 358

493 789

218 120

-55,8

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 687 132

2 675 593

3 496 001

30,7

289

Vitskaplege prisar

44 969

Sum kategori 07.60

45 405 997

47 351 414

49 558 862

4,7

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

627

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

3280

Felles einingar

10 699

611

-100,0

3281

Felles tiltak for universitet og høgskular

10

-100,0

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

50

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 749

5 698

6 236

9,4

Sum kategori 07.60

16 498

6 319

6 873

8,8

Innleiing

Forsking og høgare utdanning er avgjerande for å bringe fram kunnskapen som trengst for ei ønskeleg samfunnsutvikling, og for å spreie oppdatert kunnskap til beste for samfunnet og den einskilde.

Den nye programkategorien 07.60 Høgare utdanning og forsking er ei samanslåing av dei tidlegare programkategoriane 07.60 Høgare utdanning og 07.70 Forsking. Desse er slått saman for at det skal bli enklare å sjå heilskapen i innsatsen på desse områda, som heng tett saman. Samanslåinga fører også til at kapittel- og poststrukturen er endra noko. Omtale av endringsforslaga står under dei aktuelle postane.

Regjeringa sine overordna mål for forsking og høgare utdanning er omtala i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 :

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • møte store samfunnsutfordringar

  • utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet

Aktiviteten i høgare utdanning og forsking femnar òg på tvers av måla for Kunnskapsdepartementet som er beskrivne i kap. 1 Hovudinnleiinga. Av dei ti måla for politikkområda i kunnskapssektoren er følgande særleg relevante for programkategorien:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte.

  • Fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø.

  • Fleire har relevant digital kompetanse.

Hovudprioriteringar for 2020

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forsking og høgare utdanning med 585 mill. kroner i 2020 for å følge opp Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 . 315 mill. kroner er til dei tre opptrappingsplanane i den reviderte langtidsplanen: Teknologiløft , FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning . Styrkinga skjer over budsjetta til mange departement. For ei nærare omtale av langtidsplanen og ei samla oversikt over oppfølginga av planen, sjå del III, kap. 5.

Over budsjettet til Kunnskapsdepartementet foreslår regjeringa å følge opp langtidsplanen gjennom følgande auke i løyvingar:

  • 43 mill. kroner til grunnleggande IKT-forsking for digital transformasjon

  • 20 mill. kroner til FoU for fornying og omstilling i næringslivet

  • 55 mill. kroner til Dikus kvalitetsprogram

  • 30 mill. kroner til forskartalent for fagmiljø av framifrå kvalitet

  • 15 mill. kroner til polarforsking

  • 12 mill. kroner til styrking av Kavliinstituttet for nevrovitskap ved NTNU

Regjeringa foreslår ein auke på 11 mill. kroner til om lag 250 nye studieplassar. Regjeringa foreslår 208 mill. kroner til å vidareføre og trappe opp talet på studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i budsjetta for åra 2014–19.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til drift av fleksible vidareutdanningstilbod frå 10 til 36 mill. kroner. Dei kjem i tillegg til 20 mill. kroner som regjeringa vidarefører frå 2019 til utvikling av studietilbod. Midlane blir lyste ut gjennom Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Regjeringa vil halde fram med satsinga på å oppgradere og utvikle læringsareal og bygg ved universitet og høgskular for å møte nye og endra behov i undervisning og forsking. Regjeringa foreslår 161 mill. kroner til ordninga i 2020.

Regjeringa foreslår 40 mill. kroner til forprosjekt for ny campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Midlane blir foreslått over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg får NTNU ført vidare 10 mill. kroner til arbeidet med campusprosjektet.

Regjeringa foreslår 35 mill. kroner i startløyving for nytt bygg, rehabilitering av eksisterande bygg og brukarutstyr for Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Midlane blir foreslått over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Byggeprosjektet med brukarutstyr har ei samla kostnadsramme på 2,4 mrd. kroner, og skal etter planen vere ferdig i 2025.

Regjeringa har framleis høge ambisjonar om å få bygd fleire studentbustadar, og foreslår tilsegn om tilskot til 2 200 nye hybeleiningar i 2020.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Tilbod og etterspurnad av høgare utdanning

Det norske tilbodet av høgare utdanning har vokse jamt over lang tid, og norske universitet og høgskular uteksaminerer stadig fleire. Ein stor og aukande del av innbyggarane i Noreg har høgare utdanning. Likevel peikar OECD-rapporten Benchmarking higher education system performance frå 2019 på at auken i delen med høgare utdanning er lågare enn i dei andre OECD-landa. Viss vi framskriv utviklinga mellom 2007 og 2017, vil Noreg ha blitt teke igjen av OECD-gjennomsnittet rundt 2023. 2018 var første gongen på ti år at delen av befolkninga i aldersgruppa 19–24 år som er i høgare utdanning, gjekk ned frå året før. Nedgangen var på ei tidels prosenteining til 35,3 pst.

I dei siste åra har auken i talet på søkarar til høgare utdanning vore større enn auken i studieplassar. I 2018 var det 2,1 kvalifiserte førstevalssøkarar per studieplass, og det har vore ein ganske jamn auke frå 1,4 i 2008. Talet på studentar som studerer utanfor campus, har auka frå 14 000 til 21 000 i perioden 2009–18. Som del av det samla studenttalet er det ein auke frå 7,0 pst. til 8,1 pst. I dei siste åra har det vore ei dreiing mot at fleire av desse studentane følger nettbaserte tilbod, og færre følger desentraliserte tilbod.

Universitet og høgskular har eit ansvar for å dimensjonere sin eigen kapasitet i studietilboda innanfor gjeldande rammeløyvingar for å møte behova for kunnskap og kompetanse. I tillegg til at Stortinget i perioden 2009–19 har løyvd midlar til eit auka årleg opptak på om lag 12 000 fleire studentar, har sektoren medverka til å møte behova gjennom å opprette nye studietilbod og studieplassar gjennom omprioriteringar i rammeløyvinga. Det er ei positiv utvikling at fleire vel å ta ei utdanning. Samtidig er det ei utfordring for sektoren å møte det auka behovet og målet om god tilgang på relevante tilbod for alle dei kvalifiserte søkarane.

Arbeidslivsrelevans

Dei nyutdanna kandidatane frå høgare utdanning i Noreg får seg relativt raskt arbeid, og ei spørjeundersøking viser at arbeidsgivarane jamt over er nøgde med kunnskapen hos nyleg tilsette kandidatar, jf. Kandidatundersøkelsen 2017 (NIFU-rapport 2018–22) og Utdanning for arbeidslivet (NIFU-rapport 2019–3) frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Studentane opplever òg i ganske stor grad at kompetansen dei får, er relevant for arbeidslivet ( Studiebarometeret 2018 ). Likevel er det stadig endring i kompetansebehovet mellom anna som følge av digitalisering, demografiske endringar og grønt skifte. For å unngå for stort gap mellom det studentane lærer, og behova i det framtidige arbeidslivet, krev det eit endå tettare samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidslivet.

For kandidatar frå nokre utdanningar er overgangen frå høgare utdanning til arbeid vanskeleg, og dei slit med å få relevant arbeid. Tilgangen på praksisplassar er for dårleg i mange studium, og nokre praksisstudium har for låg kvalitet ( Til glede og besvær: praksis i høyere utdanning , NOKUTs utredninger og analyser 2018–09). Lærestadane samarbeider ikkje nok med arbeidslivet om innhaldet i og organiseringa av studia for at studentane kan lære det som trengst. Det blir lagt for lite vekt på innovasjon og entreprenørskap i utdanningane.

NIFU har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet kartlagt korleis universitet og høgskular dimensjonerer studietilboda sine (NIFU-rapport 2019–15). I rapporten kjem det fram at universiteta har mykje kontakt med arbeidslivet, men at den direkte innverknaden frå arbeidslivet på dimensjoneringa av talet på studieplassar er svak. Unntaket er for utdanningar der praksis er obligatorisk, men arbeidslivet ikkje klarer å stille med nok praksisplassar. Institusjonane følger med på kunnskapsgrunnlag om behovet i arbeidslivet, som framskrivingar og kandidatundersøkingar, men bruker dei i mindre grad i dimensjoneringsprosessen. Søkartala er ein langt viktigare faktor.

Studentmobilitet

Samfunns- og arbeidslivet har eit stadig større behov for personar med internasjonal erfaring og brei kultur- og språkkompetanse. Det er framleis for få norske studentar som tek delar av eller heile utdanninga i andre land. Av alle som fullførte ein bachelor- eller mastergrad i Noreg i 2018, hadde 16 pst. vore på eit utvekslingsopphald i utlandet på minst 3 månader. I tråd med Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning er målet at denne delen skal vere 20 pst. innan 2020. På lengre sikt er ambisjonen 50 pst. Ambisjonen omfattar både dei som tek ein heil grad i utlandet, og dei som tek delar av utdanninga i utlandet. Det er framleis behov for mange som tek heile graden i utlandet, men hovudauken må kome frå dei som tek delar av utdanninga i utlandet.

Kvalitet og gjennomføring

Studentane er i hovudsak godt nøgde med utdanningane, og universiteta og høgskulane arbeider generelt bra med å utvikle studiekvaliteten. Det er like fullt naudsynt å auke kvaliteten ytterlegare for å kunne møte behova i samfunns- og arbeidslivet. Utfordringane skildra i Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning , gjeld i stor grad framleis. Meldinga peikar på at utdanningskvaliteten nokre stadar ikkje er god nok, og at studentaktive læringsformer og digitale verktøy i for liten grad blir brukte i undervisninga. Tiltak er sette i verk for at utviklinga av utdanningane ikkje blir overlaten til den einskilde undervisaren, men skjer i fellesskap i fagmiljøa for å sikre heilskapen i studieprogramma.

Frå 2009 til 2018 auka talet på studiepoeng per student frå 44 til 46, justert for deltidsstudentar. Stadig fleire fullfører utdanningane dei har begynt på, men framleis er gjennomføringa for låg. Under halvparten av bachelorstudentane og berre litt over halvparten av masterstudentane fullfører studiet på den normerte tida.

Strategiar og tiltak

Studieplassar

Regjeringa vil auke tilgangen på utdanning for å møte aukande og skiftande behov for kompetanse og foreslår å løyve 11 mill. kroner til om lag 250 nye studieplassar. Dette er berekna som fireårige plassar i finansieringskategori D, og tilsvarer dermed om lag 1 000 plassar fullt opptrappa. Regjeringa vil òg vidareføre og trappe opp dei 100 studieplassane som Stortinget vedtok midlar til i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2019 som tilsvarer 400 plassar fullt opptrappa.

Det er usikkert kva slags kompetansar, utdanningar og yrke som vil vere naudsynte for å utføre framtidas arbeidsoppgåver. Tilgangen på ulike typar kompetanse og utdanning er også usikker, jf. NOU 2018: 2 Fremtidige kompetansebehov I . Regjeringa viser likevel til at den demografiske utviklinga tilseier store behov i helse- og omsorgssektoren. Det er også ønskeleg å styrke områda teknologi og berekraftig omstilling.

Av midlane til dei nye studieplassane vil derfor Kunnskapsdepartementet tildele midlar til 75 plassar innanfor helse- og sosialfag med særleg vekt på sjukepleiarutdanning og 70 plassar innanfor teknologifag og fag retta mot omstilling til grøn berekraft. For nokre studium set tilgangen på praksisplassar ramma for kor mange studieplassar sektoren kan tilby. Det er derfor viktig med eit godt samarbeid mellom universiteta og høgskulane og arbeidslivet for å møte behovet.

Regjeringa legg samtidig vekt på at behova nasjonalt, regionalt og lokalt skiftar over tid, og at universiteta og høgskulane i tråd med dette må tilpasse nye og eksisterande studietilbod i tråd med endringar i behova. Regjeringa har òg sett i gang kompetansereforma Lære heile livet og legg i den samanhengen vekt på behovet for fleksible utdanningstilbod som er tilgjengelege utanfor campus. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at 4,6 mill. kroner av midlane til auka utdanningskapasitet i 2020, tilsvarande om lag 100 studieplassar, skal tildelast gjennom ei søknadsbasert ordning i Diku. Det kan sjåast i samanheng med at Stortinget i handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2019 vedtok å løyve 20 mill. kroner i både 2019 og 2020 til utvikling av studietilbod. Desse blir fordelte gjennom Diku etter søknad til utviklinga av fleksible utdanningstilbod som er tilgjengelege utanfor campus. Sjå òg omtale av kompetansereforma under kategori 07.50.

Kompetansereforma

Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om kompetansereforma våren 2020. Sjå nærare omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Arbeidet med reforma involverer universitet og høgskular som tilbydarar av fleksibel, tilgjengeleg og relevant vidareutdanning. Regjeringa foreslår å auke midlane til drift av fleksible vidareutdanningstilbod frå 10 til 36 mill. kroner. Dette er midlar som blir lyste ut gjennom Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Stortingsmelding om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning

Det er behov for å gjere utdanningane enda meir relevante for behova i samfunnet i framtida. Forsking og høgare utdanning er avgjerande for eit samfunn der endringstakten er høg. Regjeringa har varsla at ho vil legge fram ei stortingsmelding om samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidslivet, etter planen våren 2021. Ambisjonen for meldinga er å styrke kvaliteten og arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning, førebu studentane betre på arbeidslivet og gi arbeidslivet tilgang på relevant kompetanse. Arbeidet vil bli sett i samanheng med kompetansereforma Lære heile livet og stortingsmeldinga om denne som blir lagd fram i 2020.

Stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet

Utveksling av studentar mellom land er eit av dei mest sentrale aspekta ved internasjonalisering av høgare utdanning. Det gjer det mogleg for den einskilde studenten å utvikle seg, og det gir impulsar utanfrå som kan bidra til å utvikle kvaliteten og relevansen i norsk høgare utdanning. Internasjonalisering er òg ein naturleg del av arbeidet med å forbetre kvaliteten i høgare utdanning. Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet våren 2020. Ambisjonen er å skape ei kulturendring ved norske universitet og høgskular slik at utveksling blir ein naturlig del av studia.

Gjennomgang av regelverket for høgare utdanning

Regjeringa sette i 2018 ned eit utval for å gjennomgå og vurdere endringar i regelverket for høgare utdanning. Utvalet skal levere forslaga sine til endringar i universitets- og høgskulelova, studentsamskipnadslova og tilhøyrande forskrifter innan februar 2020.

Stortingsmelding om styringspolitikken for statlege universitet og høgskular

Statlege universitet og høgskular er underlagde eit komplekst styringssystem som inkluderer regelverk, finansiering, målstyring, utviklingsavtalar og annan styringsdialog med departementet. Styringa skal setje institusjonane best mogleg i stand til å løyse samfunnsoppdraget sitt og til at sektoren samla dekker dei nasjonale behova. Regjeringa vil legge fram ei melding for Stortinget som gjennomgår heilskapen i styringa og forankrar ein klar og føreseieleg styringspolitikk for statlege universitet og høgskular. Meldinga vil mellom anna ta utgangspunkt i forslaga frå utvalet som vurderer regelverket for høgare utdanning. Departementet vil òg evaluere ordninga med utviklingsavtalar. Meldinga vil bli lagd fram i samband med forslag til ny lov for universitet og høgskular, enten som ei eiga melding eller som ein meldingsdel i lovproposisjonen.

Dikus kvalitetsprogram

Dikus kvalitetsprogram er ei samlenemning for programma som Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) forvaltar med utlysing av midlar retta mot kvalitet i høgare utdanning. Regjeringa foreslår å styrke desse programma med 55 mill. kroner. Midlane skal primært brukast på utlysingar som støttar opp om kvalitetstiltak for arbeidslivsrelevans og studentmobilitet. Dette følger opp opptrappingsplanen Kvalitet i høgare utdanning i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Merittering for undervisning

Ein sentral bodskap i Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning er at undervisningskompetanse må få meir å seie for både tilsetjingar og karriereutvikling. Forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar tredde i kraft 1. september i år. Forskrifta inneber tydelegere krav til utdanningsfagleg kompetanse og undervisningserfaring ved tilsetjing i stillingar som førsteamanuensis og professor. Institusjonane er òg bedne om å utvikle meritteringssystem som fangar opp utdanningsverksemda.

Stillingsstruktur

Høyringa av rapporten frå ekspertutvalet som vurderte stillingsstrukturen i høgare utdanning i 2018, gav ikkje samla støtte til ein ny struktur. Fleirtalet meinte at det er behov for meir utgreiing før ein gjer omfattande endringar. Departementet følger opp fleire av dei viktige problemstillingane som utvalet peika på, særskilt problemet med mellombelse tilsetjingar. Departementet vil også særleg sjå på bruken av postdoktor- og fagstøttestillingar. Forslaget om «praksisprofessor» blir ikkje ført vidare som foreslått av utvalet, men korleis ein skal dekke behovet for kompetanse og deltakarar frå arbeidslivet, vil bli eit sentralt tema i stortingsmeldinga om arbeidslivsrelevans.

Evaluering av strukturreforma i universitets- og høgskulesektoren

Eit hovudmål i strukturreforma var å auke kvaliteten i høgare utdanning og forsking gjennom å samle ressursane på færre, men sterkare institusjonar, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet: strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Då regjeringa la fram meldinga, varsla ho samtidig at resultata av samanslåingane skulle følgast opp gjennom ei forskingsbasert evaluering. Noregs forskingsråd har i 2019 tildelt Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) evalueringsprosjektet, som skal vare i fire år og vurdere i kva grad reforma når måla. Regjeringa har òg bestemt at universiteta og høgskulane som har fusjonert i samband med strukturreforma, skal ha måltal for 2025 på utvalde indikatorar for dei seks hovudmåla for reforma som blei fastsette i strukturmeldinga.

Mål: Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Læringsmiljø

Med fleire studentar i norsk høgare utdanning og auka mangfald blant studentane blir lærestadane stilte overfor fleire og nye behov for å ta vare på og legge til rette for breidda i studentmassen.

Studiebarometeret til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for 2018 viste at studentane i stor grad er nøgde med læringsmiljøet. Om lag halvparten av studentane meiner at digitale verktøy blir brukte slik at dei blir aktivt involverte i undervisninga. Samtidig peikar Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning på at det er heilt vesentleg å inkludere og følge opp studentane tettare for å få betre gjennomføring og sikre eit godt læringsutbyte.

Fleire universitet og høgskular må utvikle og oppgradere dei fysiske omgivnadene ved lærestadane for å møte nye og endra behov i undervisning og forsking. I Studiebarometeret for 2018 er lokale for undervisning og studiearbeid det studentane er minst nøgde med blant spørsmåla om læringsmiljø. Institusjonane melder om behov for rom som betre støtter opp under studentaktiv læring og digitalisering. Det er viktig at areala medverkar til moderne undervisnings- og forskingsformer, samarbeid mellom fagmiljø, auka læringsutbyte og eit godt psykososialt miljø. Dei må vere utforma slik at dei kan nyttast av flest mogleg.

Levekår

Studentenes helse- og trivselsundersøkelse 2018 (SHoT) , som blei gjennomført av Folkehelseinstituttet, hadde som målgruppe heiltidsstudentar under 35 år med norsk statsborgarskap og norske studentar i utlandet. Av dei om lag 50 000 studentane som svarte på undersøkinga, var eit klart fleirtal nøgde med studiestaden sin og opplevde at dei blei tekne godt imot på studieprogramma. Vidare svarte om lag 80 pst. av studentane at dei hadde god eller svært god helse. Men mange manglar gode sosiale fellesskap der dei studerer, og det uroar at det har vore ein stor auke i alvorlege psykiske plager, frå 16 pst. i 2010 til 29 pst. i 2018.

Offentleg finansierte studentbustadar er ein viktig del av velferdstilbodet til studentar i Noreg. Tilbodet skal sikre relativt rimelege bustadar for studentar, som eit tillegg til den private leigemarknaden.

I behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2018 blei derfor kostnadsramma og tilskotssatsane for studentbustadar auka for å få opp takten i bustadbygginga. I statsbudsjettet for 2019 vedtok Stortinget i tråd med regjeringas forslag å justere kostnadsrammene og tilskotssatsane med årleg prisvekst. Det blei òg vedteke å auke tilsegna frå 2 200 til 3 400 i 2019. Det var ei utfordring at samskipnadene berre søkte om tilskot til å bygge 1 448 nye hybeleiningar, som alle blei tildelte. Det kan vere ulike årsaker til relativt låg søkning, mellom anna behov for lengre tid til å gjennomarbeide nye prosjekt og kapasitet til å ferdigstille prosjekt som allereie er under bygging. Departementet ser no på korleis ein betre kan tilpasse årlege tilsegner til det reelle behovet for nye bustadar.

Strategiar og tiltak

Mentorordning og læringsmiljøutval

Som oppfølging av Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning påla Kunnskapsdepartementet universiteta og dei statlege høgskulane i 2019 å starte opp nye mentorordningar eller styrke eksisterande ordningar. Departementet har ikkje lagt føringar på korleis institusjonane organiserer mentorordningane sine, kva studium eller nivå som først blir omfatta, og så vidare. Diku skal fremje arbeidet med å etablere mentorordningar gjennom dialog med institusjonane, seminar og erfaringsdeling.

Kunnskapsdepartementet fekk i 2018 gjennomført ei evaluering av ordninga med læringsmiljøutval (LMU). Oppfølging vil bli vurdert i samband med gjennomgangen av regelverket for universitet, høgskular og studentsamskipnader.

Oppfølging av digitaliseringsstrategien for UH-sektoren

Regjeringa la i 2017 fram ein overordna digitaliseringsstrategi for universitets- og høgskulesektoren for perioden 2017–21. Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking har i 2019 i samarbeid med andre aktørar i sektoren utarbeidd ein handlingsplan for å følge opp digitaliseringsstrategien. Handlingsplanen inneheld mellom anna prioriterte satsingar for digitale lærings- og vurderingsformer som også understøttar livslang læring og mobilitet. Digitaliseringsstyret for høgare utdanning og forsking som Unit har nemnd opp, avgjer gjennomføringa av prosjekta i handlingsplanen.

Studentombod

Tilgang på god informasjon og hjelp når studentar klagar eller tek opp saker om studiesituasjonen sin, gir studentane rettstryggleik og betre rammer for læring. Varsel om kvalitetssvikt eller andre saker må bli handterte korrekt og forsvarleg av institusjonane.

I 2019 blei universitets- og høgskulelova endra med ei lovfesta rett for studentar til tilgang på eit studentombod. Kravet om tilgang på ombod gjeld universitet, høgskular og fagskular. Som uavhengige instansar styrker studentomboda rettstryggleiken, og skal rettleie og gi hjelp til studentar i saker om studiesituasjonen deira. Omboda er òg eit lågterskeltilbod i saker om seksuell trakassering.

Nye studentbustadar

Regjeringa har høge ambisjonar om å bygge nye studentbustadar og foreslår tilsegn om tilskot til 2 200 nye hybeleiningar i 2020. Som følge av utfordringane med relativt låg takt i bygging av nye studentbustadar i høve til løyvingane, har Husbanken og ei arbeidsgruppe sett ned av Kunnskapsdepartementet vurdert regelverket og tilskotsordninga for bygging av studenthyblar. Departementet har til vurdering om det er tiltak som kan bidra til meir effektiv bruk av ressursane til bygging av studentbustadar. Departementet vil òg gi Husbanken i oppdrag å kartlegge behova for studentbustadar og oppgradering av eksisterande bustadar i åra framover.

Levekårsundersøking blant studentar

Oppdatert kunnskap om levekåra til studentane trengst for å vurdere fleire tiltak som kan betre studentvelferda. Regjeringa vil derfor få gjennomført ei ny levekårsundersøking blant studentar.

Bygg for undervisning og forsking

For å stimulere til meir eigna bygg som fremjar moderne forskings- og undervisningsformer og aukar læringsutbytet til studentane, har regjeringa i 2019 styrkt ordninga med midlar til oppgradering av bygg for statlege universitet og høgskular, og utvida ordninga til også å gjelde institusjonar med lokale i statens husleigeordning.

Universitet og høgskular treng omfattande areal og har avanserte teknologiske og andre behov som krev jamlege, større investeringar. I dei siste åra har dei største investeringsmidlane gått til nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås, som blir ferdigstilt i 2020. I 2018 blei byggeprosjektet for nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo sett i gang. I 2019 blei det gitt klarsignal til å starte forprosjektering av Blått bygg i Bodø for Nord universitet. For 2020 foreslår regjeringa 35 mill. kroner i startløyving for Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo og 40 mill. kroner til forprosjekt for ny campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Regjeringa har i 2019 òg gitt klarsignal til dei brukarfinansierte prosjekta for nytt bygg for helse- og sosialfag ved NTNU og nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda.

Regjeringa har i 2018 sett i gang ein områdegjennomgang av bygg- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. På oppdrag frå regjeringa har konsulentselskapet Capgemini i 2019 utarbeidd to rapportar om styring og organisering, effektivisering og økonomistyring. Konsulentane anbefaler mellom anna å avvikle modellen for statlege sjølvforvaltande institusjonar, som inneber å innlemme all statleg eigedom i statens husleigeordning, som blir forvalta av Statsbygg. Regjeringa har bestemt at dei aktuelle departementa skal kartlegge si eiga forvaltning av eigedom i sin sektor innan utgangen av 2019. Regjeringa tek sikte på å avgjere framtidig modell for eigedom som i dag er sjølvforvalta, i løpet av 2020. Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere konsekvensane av ei eventuell forvaltningsoverføring av Campus Ås (både ny og eksisterande bygningsmasse) inn i den statlege husleigeordninga når nybygget er ferdig i 2020.

Mål: Utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte

Utviklingstrekk og utfordringar

Klimaendringane og miljøproblema er blant vår tids største utfordringar. Befolkningsauke fører med seg større etterspurnad etter mat, energiareal og ressursar, og vil kunne gi auka utslepp av forureining. Berekraftsmåla som blei vedtekne av medlemslanda i FN i 2015, er 17 globale mål for ei berekraftig utvikling. Berekraftsmåla ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng, og både utdanning og forsking vil måtte spele ei sentral rolle om vi skal følge opp berekraftsagendaen.

Skal vi ha eit godt grunnlag for omstilling, verdiskaping og innovasjon både i offentleg sektor og i næringslivet, er vi avhengige av både ny innsikt og kunnskap og av ein arbeidsstyrke med høgt kompetansenivå. Forskingsinstitutt, universitet og høgskular gir viktige bidrag til innovasjon og omstilling. Forskinga og den høgare utdanninga kan utvikle og spreie relevant kunnskap av høg kvalitet som gir grunnlag for innovasjon og grønt skifte. Prioriteringane for forsking og høgare utdanning som regjeringa fastsette i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 , er eit godt utgangspunkt for dette.

Berekraft og grønt skifte ved norske universitet og høgskular

Tilstandsrapporten for høyere utdanning 2019 (Diku rapportserie 5/2019) hadde i 2019 eit temakapittel om berekraftsmåla og det grøne skiftet. Kapitlet beskriv korleis universiteta og høgskulane arbeider med temaet, og viser at fleire universitet og høgskular har utvikla eigne berekraftsstrategiar, og ei rekke universitet har gått saman i ein nasjonal komité, Agenda 2030, som ser på korleis universiteta kan bidra til å følge opp FNs berekraftsagenda. Universitetet i Bergen har vore ein pådrivar i dette arbeidet. Universiteta og høgskulane inkluderer i stadig større grad kunnskap for og om det grøne skiftet i utdanning og forsking. Det er likevel mykje arbeid som står att før berekraftsperspektivet er tilstrekkeleg integrert i utdanningar og studieprogram.

I tillegg til å ha meir fokus på at innhaldet i utdanning og forsking skal bidra til eit grønt skifte, utviklar institusjonane i større og større grad ein grøn profil på verksemda si. Dette gjeld i både reiseverksemd og dagleg drift av institusjonen, utvikling og bruk av campus og bygg. Samstundes manglar det gode indikatorar som gjer det mogleg å samanlikne institusjonanes innsats på tvers og måle om ambisjonane for klima og miljø ved campusane blir innfridde.

Internasjonalt samarbeid og mobilitet

Internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid gir tilgang på viktig kunnskap frå heile verda, bidreg til å heve kvaliteten i norsk forsking og utdanning, og gir internasjonal erfaring og kompetanse. Alt dette er viktig for å auke evna til omstilling og verdiskaping. Det var ei utfordring å få god nok deltaking i dei første åra av programperioden til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont 2020), og EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+), men deltakinga har betra seg. Sidan mars 2018 har den samla deltakinga i Horisont 2020 innfridd ambisjonen til regjeringa om at minst 2 pst. av midlane skal gå til norske mottakarar, og per mars 2019 var talet 2,2 pst. Utvekslinga gjennom Erasmus+ har auka frå 2014. Samstundes er det framleis viktig å arbeide for å halde deltakinga oppe.

Forskingsinstitutt

Norske forskingsinstitutt har ein unik posisjon som leverandør og formidlar av forsking til brukarar. Derfor er sektoren sentral for innovasjon og grønt skifte, men politikken som gjeld instituttsektoren, er uoversiktleg. For å få det beste ut av sektoren treng ein eit heilskapleg grunnlag for instituttpolitikken. Det ligg òg til rette for at fleire av institutta kan auke deltakinga si i Horisont 2020, men dei med lågast basisfinansiering opplever utfordringar med å dekke den ekstra utgifta som deltakinga fører med seg.

Open tilgang til forskingsresultat

Ope tilgjengelege forskingsresultat og forskingsdata vil kunne sikre betre kunnskapsutvikling og bidra til meir bruk av kunnskap, til livslang læring, omstilling og innovasjon, men for mykje av forskingsresultata ligg i dag bak dyre betalingsmurar og er utilgjengelege for samfunnet. Internasjonale forlagshus som er i ein monopolsituasjon, hentar ut store utbyte på bakgrunn av offentleg finansiert forsking.

For å bidra til at resultat frå forsking blir meir ope tilgjengelege, la regjeringa i 2017 fram Nasjonale mål og retningslinjer for åpen tilgang til vitenskapelige artikler . Arbeidet med å sikre open tilgang til forskingsresultat tok eit viktig skritt vidare i september 2018, då initiativet Plan S blei lansert. Bak initiativet står cOAlition S, som er ei samanslutning av europeiske forskingsråd, inkludert vårt eige Noregs forskingsråd, og andre finansieringsorgan.

Talet på artiklar frå norske universitet og høgskular som er ope tilgjengelege i ei eller anna form, har betra seg betydeleg i dei siste åra. Delen artiklar som er publiserte i opne tidsskrift (såkalla gull open tilgang), har auka frå 17 til 24 pst. i dei siste fire åra. Inkluderer ein eigenarkivering og opne einskildartiklar i lukka tidsskrift (såkalla grøn og hybrid open tilgang), har talet auka frå 38 til 69 pst. Regjeringa har som mål at alle norske vitskaplege artiklar som er finansierte av offentlege midlar, skal vere ope tilgjengelege innan 2024.

Strategiar og tiltak

Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Regjeringa fastsette dei forskingspolitiske prioriteringane sine i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 . Langtidsplanen bidreg til å sikre at samfunnet får tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet, og legg eit godt grunnlag for at forskinga og den høgare utdanninga kan bidra til innovasjon og grønt skifte. FNs berekraftsmål utgjer ei viktig ramme for prioriteringane i planen. Mesteparten av den målretta finansieringa av forsking i næringslivet og forsking for grøn omstilling kjem frå andre departement, mellom anna departementa med sektoransvar for næringsliv, energi, miljø, landbruk, fisk, mat og transport. Sjå del III, kap. 5 for ei samla oversikt over korleis regjeringa vil følge opp langtidsplanen.

Kunnskapsdepartementet finansierer tiltak som bidreg til at utdanninga og forskinga blir ei drivkraft for omstilling og grønt skifte gjennom grunnløyvingar til universitet og høgskular, løyvingane til norsk deltaking i Horisont 2020, og løyvingar til sektoroverskridande forsking gjennom Forskingsrådet.

Av tiltak over budsjettet til Kunnskapsdepartementet som er målretta mot å følge opp langtidsplanen, er følgande særskilt relevante for å bidra til at forsking og høgare utdanning bidreg til innovasjon og grønt skifte:

  • å auke løyvingane til grunnleggande IKT-forsking for digital transformasjon med 43 mill. kroner (sjå kap. 285, postane 52 og 53 for omtale av tiltaka)

  • å auke løyvingane til tiltak for å følge opp opptrappingsplanen «FoU for fornying og omstilling i næringslivet» i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med 20 mill. kroner (sjå kap. 272, post 50 og kap. 285, post 53)

  • å auke løyvingane til polarforsking med 15 mill. kroner (sjå kap. 285, post 53)

  • å styrke doktorgradsutdanning i IKT-tryggleik og kryptologi for personar som kan få tryggingsklarering med 3,9 mill. kroner (sjå kap. 285, post 53)

Indikatorar for berekraft og grønt skifte ved norske universitet og høgskular

Miljøambisjonane for grøne campusar og bygg er høge, men det er få indikatorar til å synleggjere om vi lev opp til ambisjonane, og som dekker heile sektoren. Departementet har derfor gitt Asplan Viak i oppdrag å finne gode indikatorar som kan syne klima- og miljøaspekt ved alle campusane. Rapporten vil bli levert innan 2019 og vil gi betre kunnskap om dei spesifikke problema studiestadane møter i klima- og miljøsamanheng på nasjonalt nivå, og kvar det vil vere viktig å setje inn tiltak. Departementet har òg bede Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) om å utvikle eit system for å synleggjere resultat i det grøne skiftet i universitets- og høgskulesektoren. Diku skal ha dialog med relevante interessentar om utvalet av tema og korleis dei skal målast i systemet. Ein første versjon av systemet skal bli lagt fram i 2020.

Kunnskapsgrunnlag for instituttpolitikken

For å legge grunnlaget for ein heilskapleg instituttpolitikk har regjeringa sett ned eit tverrdepartementalt prosjekt som gjennomgår politikken for forskingsinstitutta. Det har ikkje tidlegare vore gjort ein tilsvarande gjennomgang, med ei slik breidde i tematikken og som også inkluderer institutt utanfor basisfinansieringsordninga.

Europeisk forskings-, innovasjons- og utdanningssamarbeid

Regjeringa legg stor vekt på god norsk deltaking i Horisont 2020 og Erasmus+ som ein vesentleg del av norsk forskings- og høgare utdanningspolitikk, og forventar at arbeidet med å få fleire til å søke og lykkast med søknadene sine til desse programma held fram. Det er viktig med stadig stor merksemd på og auka deltaking frå norske aktørar i rammeprogrammet, for å sikre at vi framleis har god utteljing i dette og neste rammeprogram.

STIM-EU er ei finansieringsordning for forskingsinstitutt som deltek i Horisont 2020. For at fleire av våre mest konkurransedyktige institutt skal auke deltakinga si i Horisont 2020, har regjeringa etablert ei prøveordning med å auke støttesatsane i STIM-EU for dei institutta som i dag har låg basisfinansiering frå Forskingsrådet. Prøveordninga går ut på at desse institutta i 2019 og 2020 kan få dekt inntil halvparten av den samla støtta frå Horisont 2020.

Regjeringa vil i 2020 ta stilling til om Noreg skal delta i EUs neste rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, og EUs neste program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+. Det er førebels ikkje kjent kor store utgiftene ved ei eventuell deltaking vil bli.

Måla for deltakinga i Horisont 2020 og Det europeiske forskningsområdet er fastsette i regjeringas strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Kunnskapsdepartementet har bestilt ein analyse av verknadene av den norske deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon sidan 2010. Målet er å vurdere i kva grad Noreg når måla i strategien, analysere dei samfunnsøkonomiske effektane av norsk deltaking i rammeprogrammet, og vurdere potensialet for framtidig deltaking. Analysen skal vere ferdig i 2020.

Diku har fått i oppdrag å utarbeide ein rapport kor dei samlar kunnskapsgrunnlag om utbyte av deltaking i Erasmus+.

Open tilgang til forskingsresultat

Initiativet Plan S for å fremje open tilgang til vitskaplege publikasjonar blei lansert i 2018. Kjernen i Plan S er at medlemmane i initiativet frå og med 2021 vil krevje at alle artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere ope tilgjengelege straks dei er publiserte.

Internasjonale konsern revurderer no forretningsmodellane sine. Dei såkalla publiser-og-les-avtalane som konsortium av norske universitet og høgskular har inngått med dei store forlaga Wiley, Elsevier, Taylor & Francis og Springer Nature, er gode eksempel på at politikken for open tilgang ber frukter. Desse avtalane sikrar at lesetilgangen til tidsskrift som framleis er lukka, blir halden ved lag, samstundes som dei norske artiklane blir publiserte ope utan auke i prisen. Dette vil føre til at talet på opne norske artiklar vil auke vidare framover.

Kunnskapsdepartementet sende våren 2019 ut på høyring ei sak om mogleg endring av publiseringsindikatoren i finansieringssystemet for universitet og høgskular som følge av Plan S. Eit klart fleirtal gjekk inn for å halde indikatoren uendra. To hovudargument går igjen mot å gjere endringar for å stimulere til meir open tilgang: at omsynet til forskingskvalitet vil kunne bli svekt, og at andre alternativ vil vere betre for å stimulere til open tilgang i gode kanalar, til dømes forhandlingar med dei forlaga som gir ut vitskaplege tidsskrift. Departementet deler desse synspunkta. Publiseringsindikatoren blir derfor ikkje endra.

Mål: Fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Kvaliteten i norsk høgare utdanning er gjennomgåande god, og universiteta og høgskulane jobbar generelt bra med utvikling av studiekvalitet. Det er i dag mange eksempel på gode, innovative utdanningar i Noreg der studentaktiv læring blir teken på alvor, og der fagmiljøet stadig utviklar og forbetrar utdanninga basert på undersøkingar av studentane sine resultat og tilbakemeldingane frå studentar og fagfellar. Det er også eksempel på at institusjonar har utvikla såkalla honours-program, som særleg er innretta mot å tilby tverrfaglege utdanningar av framifrå kvalitet. Det er likevel stort behov for å stimulere til enno meir utviklingsarbeid for å utvikle framifrå utdanningsmiljø og studietilbod og å spreie kunnskapen frå desse.

Kvaliteten i norsk forsking har utvikla seg positivt i dei siste tiåra, målt ved både siteringar og fagevalueringar. Indikatorrapporten for 2019 syner at Noreg er blant dei landa som publiserer mest per innbyggar, og norske artiklar blir siterte meir enn tidlegare samanlikna med verdsgjennomsnittet. Dette betyr at norske forskarar no er meir synlege i det internasjonale forskarsamfunnet enn før. Fagevalueringar i regi av Noregs forskingsråd syner at den gjennomsnittlege kvaliteten på norsk forsking er tilfredsstillande, samtidig som vi har gode fagmiljø som hevdar seg internasjonalt – og nokre forskingsmiljø som hevdar seg i verdstoppen. Norske forskarar har lenge hatt lågare tilslag enn gjennomsnittet i konkurransen om dei prestisjetunge stipenda frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), men i 2018 gjekk ein rekordstor del av stipenda til Noreg.

I lys av kor mykje Noreg investerer i forsking, har vi framleis relativt få forskarar og forskingsmiljø på internasjonalt toppnivå. OECDs gjennomgang av den norske politikken for forsking og høgare utdanning frå 2017 peika på at ein i det norske systemet i for liten grad klarer å flytte ressursar til dei gode fagmiljøa, både internt på institusjonane og mellom dei. Høg gjennomsnittsalder på norske doktorgradskandidatar er ei utfordring. Det er behov for meir målretta satsing på unge forskartalent, mellom anna for å bidra til å bygge og halde oppe forskingsmiljø av framifrå kvalitet.

Strategiar og tiltak

Kvalitetsprogram for framifrå utdanning

Sentera for framifrå undervisning (SFU) er eit viktig tiltak for å stimulere til utvikling av fleire framifrå utdanningsmiljø og studieprogram ved institusjonane, og ordninga blir vidareført. Desse sentera skal utmerke seg i kvaliteten i eksisterande utdanning og er viktige for å utvikle, utforske, organisere, dokumentere og spreie gode metodar for undervisning som andre kan lære av. Diku utlyser nye SFU-ar om lag kvart tredje år, og i 2019 blei det lyst ut midlar til oppretting av 3–4 nye senter, med eit årleg tilskot på 4–8 mill. kroner per senter over fem år.

Verkemidla for auka vitskapleg kvalitet i Forskingsrådet

Verkemidla i Forskingsrådet for auka vitskapleg kvalitet, slik som Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og senter for framifrå forsking (SFF), bidreg til å gi dei beste forskarane i alle fag gode høve til å utvikle karrieren og sikre dei beste forskingsmiljøa gode og meir føreseielege rammer. Desse verkemidla har blitt styrkte og vidareutvikla i dei siste åra, og regjeringa vidarefører satsinga på desse verkemidla.

Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til tiltak gjennom Forskingsrådet for auka vitskapleg kvalitet, med særleg vekt på forskartalent og framifrå yngre forskarar.

For å sikre at fleire av dei framifrå prosjekta får finansiering, har Forskingsrådet lagt om det interne styresystemet sitt, innført ei meir likearta søknadsbehandling og lagt grunnlaget for ei heilskapleg porteføljestyring. Dette skal bidra til at dei beste prosjekta får finansiering, uavhengig av tema og program.

Styrking av Kavliinstituttet for nevrovitskap

Miljøet som i dag er Kavliinstituttet, blei etablert i 1996 av May-Britt Moser og Edvard Moser og fekk status som «Kavli Institute for Systems Neuroscience» i 2007. Forskinga ved senteret blei påskjønt med Nobelprisen i 2014 og blir sett som unikt i norsk samanheng. Regjeringa foreslår 12 mill. kroner til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for å styrke Kavliinstituttet.

Mål: Fleire har relevant digital kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Det nye og komplekse informasjonslandskapet med utstrekt bruk av data og teknologi inneber omfattande utfordringar, både etiske, juridiske og tryggleiksmessige. Dette stiller auka krav til IKT-kompetanse, kompetanse i sikker bruk av digitale løysingar, digital dømmekraft og evne til kjeldekritikk.

Digital kunnskap og kompetanse er svært viktig for å lykkast med omstilling av einskildverksemder og av heile sektorar. Bruk av IKT og andre teknologiar gjer det mogleg å møte dei store samfunnsutfordringane på ein betre måte, auke produktivitetsveksten og styrke konkurranseevna. IKT inngår i nærare 50 pst. av FoU-aktivitetane i næringslivet. Samtidig slit ein del av dei nye FoU-intensive teknologibedriftene med å vekse. Mangel på IKT-fagleg kompetanse, særleg i dei største byane, kan vere ei viktig årsak. Tilgang på kompetanse er også ein av dei viktigaste faktorane for at norsk IKT-næring skal vekse, og for at vi skal kunne digitalisere privat og offentleg sektor ytterlegare. Det er særskilt behov for avansert IKT-kompetanse og IKT-forsking.

Ein analyse i Tilstandsrapport for høyere utdanning 2018 viste at ressurssituasjonen for grunnleggande IKT-forsking ikkje var vesentleg forbetra sidan 2012, då evalueringa av grunnleggande IKT-forsking peika på at Noreg satsar for lite på denne typen forsking. Forskingsrådets tildelingar til grunnleggande IKT-forsking er på vei opp igjen, men det er framleis behov for midlar til å vidareutvikle informatikk og IKT som fag og kunnskapsområde.

Regjeringa har auka talet på studieplassar innanfor IKT over fleire år, men det er framleis behov for fleire utdanna kandidatar med spesialisert og tverrfagleg kompetanse på området. Vidare er det behov for å utvikle fleire etter- og vidareutdanningstilbod retta mot behova i arbeidslivet for oppdatert teknologisk kompetanse. Analysar viser at det er eit stadig større gap mellom kva samfunnet og arbeidslivet etterspør av IKT-kompetanse og løysingar, og det akademia kan produsere av kandidatar og banebrytande forsking.

I profesjonsutdanningane er det særleg viktig at studentane oppøver profesjonsfagleg digital kompetanse. Ifølge forskrifter for grunnskulelærarutdanningane skal alle kandidatar ha profesjonsfagleg digital kompetanse. I perioden 2017–19 har regjeringa finansiert ei treårig satsing der fem institusjonar har fått midlar til å styrke digitalisering i grunnskulelærarutdanningane. Prosjekta blir avslutta i 2020 og skal dele erfaringar og resultat med andre lærarutdanningsinstitusjonar. Diku skal evaluere tiltaket. Når det gjeld helse- og sosialfagsutdanningane, skaper teknologisk utvikling og krav til digital tryggleik som ein del av den generelle pasienttryggleiken behov for at digital kompetanse blir ein integrert del av helse- og sosialfagsutdanningane.

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har NIFU utarbeidd rapporten IKT-sikkerhetskompetanse i arbeidslivet – behov og tilbud (NIFU-rapport 2017–32). NIFU anslår i rapporten at Noreg i 2030 vil mangle over 4 000 personar med kompetanse i digital tryggleik. Sjølv om det nøyaktige talet er usikkert, tilseier rapporten at vi står overfor eit kompetansegap og større utfordringar framover. Rapporten peikar også på at Noreg kan kome til å mangle undervisningsressursar i digital tryggleik i universitets- og høgskulesektoren.

For at universitet og høgskular skal kunne løyse oppgåvene sine på ein god måte, er det ein føresetnad at dei tilsette har tilstrekkeleg digital kompetanse. Diku-rapporten Digital tilstand 2018: digitalisering for utdanningskvalitet peikar på at fleire fagtilsette ønsker å tilby meir av lærings- og vurderingsformer som utnyttar dei moglegheitene teknologien gir, men dei ønsker seg betre og meir praksisnær opplæring i fagnær og pedagogisk bruk av teknologi og læringsplattformer for å kunne få til dette.

Strategiar og tiltak

Styrking av grunnleggande IKT-forsking

Regjeringa foreslår å styrke grunnleggande IKT-forsking for digital transformasjon med 43 mill. kroner. Dette følger opp både opptrappingsplanen Teknologiløft og den langsiktige prioriteringa Mogleggjerande og industrielle teknologiar i regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

Betre integrering av digital kompetanse i høgare utdanning

Kunnskapsdepartementet tildelte 15 mill. kroner til Diku i 2019 for å styrke digitaliseringa i havrelaterte utdanningar ved universitet, høgskular og fagskular i tråd med behov i arbeidslivet, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019).

Justis- og beredskapsdepartementet har i samarbeid med Kunnskapsdepartementet utarbeidd ein nasjonal strategi for digital tryggleikskompetanse. Strategien blei lagd fram 30. januar 2019. For å følge opp strategien foreslår Kunnskapsdepartementet å løyve 3,9 mill. kroner til doktorgradsutdanning i IKT-tryggleik og kryptologi for personar som kan få tryggingsklarering.

Kunnskapsdepartementet har i 2019 tildelt Diku ei eingongsløyving på 5 mill. kroner for å styrke institusjonane sitt arbeid med digital tryggleik i helse- og sosialfagsutdanningane.

Digitalisering inngår òg tydelegare i læringsutbyteskildringane i dei nye nasjonale retningslinjene for helse- og sosialfagsutdanningane som er under utarbeiding. Dette sikrar at alle skal ha digital kompetanse etter avslutta utdanning.

Gjennom Dikus kvalitetsprogram, og særleg programmet Digitalisering for læring i høgare utdanning, kan universitet og høgskular søke om støtte til utforsking og utvikling av pedagogisk praksis gjennom nettstøtta former for undervisning og læring. Slike utviklingsprosjekt bidreg til å auke den digitale kompetansen hos dei tilsette ved universiteta og høgskulane, noko som hevar kvaliteten på utdanningane. Satsingane er spissa mot områda aktiv læring, digital vurdering og digitale læringsformer i samarbeid med arbeidslivet.

Kap. 260 Universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Statlege universitet og høgskular

34 374 026

35 632 559

36 902 096

70

Private høgskular

1 464 676

1 578 967

1 686 038

Sum kap. 0260

35 838 702

37 211 526

38 588 134

Post 50 Statlege universitet og høgskular og post 70 Private høgskular

Mål for 2020

Følgande mål gjeld for universitet og høgskular som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Universitet og høgskular skal fastsetje sine eigne mål og styringsparametrar i tråd med desse måla. I tillegg fastset Kunnskapsdepartementet styringsparametrar på område der institusjonane skal ha særleg merksemd på resultatutviklinga ut frå nasjonale omsyn.

I 2018 bad departementet universiteta og høgskulane om synspunkt på måla og innspel til korleis dei kan gjerast enklare og betre. Arbeidet er gjort i lys av at departementet gradvis, frå 2016 til 2018, har inngått fleirårige utviklingsavtalar med dei statlege institusjonane. Kunnskapsdepartementet vil hauste fleire erfaringar med utviklingsavtalar og evaluere ordninga, før ei eventuell revidering av måla.

Rapport for 2018

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsmiljø

Resultata i Studiebarometeret til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) frå 2018 viser at studentane alt i alt var nøgde med studieprogramma dei deltek i, tilsvarande som i tidlegare år. Studentane var òg stabilt godt tilfredse med læringsutbyte, fagleg og sosialt miljø blant studentane, og bibliotek og bibliotektenester. Studentane var i mindre grad nøgde med tilbakemeldingar og rettleiing frå fagleg tilsette, den administrative tilrettelegginga av studieprogramma, og lokala for undervisning og studiearbeid. Rapporten viser òg at det har vore ein liten nedgang i dei siste åra i kor mange som synest at dei fagleg tilsette har klare forventningar til studentane, og at studieprogramma er stimulerande.

I Studiebarometeret for 2018 rapporterte studentane at dei brukte 34,5 timar per veke på faglege aktivitetar, om lag det same som for 2014, men ein time mindre enn i 2016. Dette er framleis i gjennomsnitt eit nokså lågt tal, men det er stor variasjon mellom utdanningar. Fagleg tidsbruk er over 40 timar per veke for studentar innanfor for eksempel odontologi og medisin, men under 30 timar per veke i utdanningar som sosialfag og språk.

Fleire studentar fullfører utdanninga på normert tid. Tilstandsrapporten for høgare utdanning frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) frå 2019 viser at 48 pst. av studentane som starta på eit bachelorstudium i 2015, hadde fullført på den normerte tida for studiet i 2018. Det er ein auke på 0,7 prosenteiningar samanlikna med det føregåande opptakskullet. På masternivå var det 54 pst. av opptakskullet som hadde fullført på dei normerte to åra, som er ein auke på 1 prosenteining. Tala frå Statistisk sentralbyrå, som dekker ein lengre periode, viser at fullføringa av treårige bachelorutdanningar på normert tid auka med nesten 3 prosenteiningar frå 2013 til 2018. For femårige masterutdanningar gjekk gjennomføringsgraden ned med 2 prosenteiningar i same periode, medan han var omtrent lik for toårige masterutdanningar.

Gjennomføringa på doktorgradsnivå har auka, men er framleis lågare enn dei nasjonale måla, som er mellom 75 pst. og 85 pst., avhengig av fagområde. I 2018 var det 68 pst. av dei som hadde inngått doktorgradsavtale seks år tidlegare, som hadde disputert for doktorgraden. Det er omtrent som i 2016, og om lag 2 prosenteiningar høgare enn for 2017.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) løyver midlar til framifrå forskarar uavhengig av tema og fagfelt, og tildelingar herifrå er eit tydeleg kvalitetsteikn. I 2018 blei det sett rekord i talet på ERC-stipend til mottakarar i Noreg, og det var første gong Noreg hadde den høgaste suksessraten i ERC av dei nordiske landa. Desse resultata er særprega for 2018. Totalt for ERC-tildelingane sidan 2007 har Noreg ein lågare suksessrate enn for programmet totalt, og klart færrast stipend av dei nordiske landa.

I internasjonale samanlikningar har vitskaplege artiklar med forfattarar frå Noreg høgt gjennomslag i form av kor ofte dei blir siterte av andre forskarar. Noreg er likevel ikkje med i gruppa av land med det aller høgaste siteringsnivået, som mellom anna inkluderer Danmark, Nederland og Sveits.

Internasjonalt samspel

Regjeringa har eit mål om at innan 2020 skal 20 pst. av studentane som fullfører ein norsk grad, ha hatt eit studieopphald i utlandet på minimum 3 månader, jf. Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning . På lengre sikt har regjeringa ein ambisjon om 50 pst. studentmobilitet. Delen studentar som har vore på utveksling, har auka frå 15,4 pst. i 2016 til 16,2 pst. i 2018.

Talet på utreisande studentar på institusjonelle utvekslingsavtalar auka med 7 pst. til om lag 7 000 i 2018, medan talet på innreisande utvekslingsstudentar auka med 3 pst. til om lag 9 000. Det er det andre året på rad at den årlege auken er større for utreisande studentar og igjen nærmar seg talet på innreisande studentar.

Regjeringa ønsker at fleire studentar skal utnytte Erasmus+-programmet til å dra på utveksling. Sidan 2014 har det vore større auke i utvekslingsstudentar frå Noreg gjennom dette programmet enn utvekslingsstudentar frå Noreg totalt sett. Det var i 2018 om lag 2 700 norske studentar som reiste på utveksling i minst tre månader gjennom Erasmus+, ikkje langt frå målet på 3 000 studentar. For å gi ytterlegare insentiv til å dra på Erasmus+-utveksling blei satsen for resultatbasert utteljing auka i 2017, og er no 50 pst. høgare enn for andre typar utveksling. I 2018 var det 14 pst. fleire studentar som reiste ut gjennom Erasmus+ enn året før.

Talet på internasjonale gradsstudentar i Noreg auka til over 9 500 i 2018 etter ein nedgang i dei to føregåande åra. Det er det nest høgaste talet i dei siste ti åra. Delen doktorgradar som blir avlagde i Noreg av personar med utanlandsk statsborgarskap, har auka med 1–2 prosenteiningar årleg sidan 2011. I 2018 var det derimot ein auke på 3 prosenteiningar, og personar med utanlandsk statsborgarskap stod då for 42 pst. av doktorgradane som blei avlagde i Noreg.

Av universiteta og høgskulane sine publikasjonar som er registrerte i Norsk vitskapsindeks (NVI) frå 2018, hadde 49 pst. internasjonale medforfattarar. Delen av publikasjonane med internasjonalt samarbeid har auka med 1–2 prosenteiningar kvart år sidan etableringa av NVI i 2011. Samstundes er talet høgare for publikasjonar frå institutt- og helseføretakssektoren, der prosentdelen for 2018 var høvesvis 54 og 59 pst.

Tildeling av midlar til norske fagmiljø gjennom Horisont 2020 har auka, og ser ut til å ha stabilisert seg på eit nivå i tråd med ambisjonen til regjeringa om at 2 pst. av dei konkurranseutsette midlane skal gå til norske aktørar. I statistikken per mars 2019 stod norske universitet og høgskular for 0,66 pst. av EU-støtta i Horisont 2020 (i søknader som er innstilte til finansiering). Dette er ein oppgang frå 0,63 pst. i statistikken per mars 2018. Om lag ein tredel av budsjettet for heile Horisont 2020 er framleis ikkje delt ut, og det er derfor viktig med stadig stor merksemd og auka deltaking frå norske universitet og høgskular.

Bygg for undervisning og forsking

Universiteta og høgskulane er blant dei største eigedomsaktørane i statleg sivil sektor og disponerer totalt 3,4 mill. kvadratmeter i 2018. Ein så stor eigedomsmasse treng omfattande vedlikehald og jamlege oppgraderingar og investeringar. Om lag halvparten er areal som institusjonane sjølve forvaltar. Ein firedel av arealet i sektoren blir forvalta av Statsbygg, og ein firedel av areala blir leigd i den private marknaden.

Statlege byggeprosjekt blir finansierte etter ulike modeller. I ordinære byggeprosjekt løyver Stortinget midlar til investeringa særskilt over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I brukarfinansierte byggeprosjekt i statens husleigeordning (tidlegere kalla kurantprosjekt) blir investeringa dekt av leietakaren innanfor uendra rammeløyving gjennom auka husleige. Statsbygg er byggherre for desse prosjekta. I tillegg kan institusjonane gjennomføre prosjekt i eigen regi innanfor uendra rammeløyving.

Figur 4.4 Løyvingar til byggeprosjekt for universitet og høgskular. 2013–18. Mrd. kroner

Figur 4.4 Løyvingar til byggeprosjekt for universitet og høgskular. 2013–18. Mrd. kroner

Igangsetjing er løyvingar over kap. 530, post 31 og kap. 2445, post 31. Vidareføring er løyvingar over kap. 530, post 33 og kap. 2445, post 33. Utstyr er løyvingar over kap. 530, post 45.

Investeringane har lege på eit særskilt høgt nivå i perioden 2016 til 2018, jf. figur 4.4. Dette kjem i stor grad av investeringane til nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås.

I 2018 hadde 13 av 21 statlege institusjonar aktive byggeprosjekt i ulike fasar. Av byggeprosjekta som blei sette i gang i 2018, var nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo det største. To store ordinære byggeprosjekt blei ferdigstilte i 2018:

  • Medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (investeringskostnad 1,3 mrd. kroner)

  • Universitetsmuseet i Bergen, midt- og nordfløy, ved Universitetet i Bergen (investeringskostnad 340 mill. kroner)

I tillegg blei det ferdigstilt brukarfinansierte prosjekt:

  • Bragebygget ved Høgskulen på Vestlandet (investeringskostnad 128 mill. kroner)

  • Tilbygg til Hulda Garborgs Hus ved Universitetet i Stavanger (investeringskostnad 67,3 mill. kroner)

  • Diverse ombyggingar ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (investeringskostnad 67,3 mill. kroner)

Institusjonar som forvaltar eigedommane sine sjølve, har òg sidan 2015 hatt høve til å søke Kunnskapsdepartementet om midlar til oppgraderingsprosjekt over kap. 260, post 50. Frå 2015 til 2018 har departementet tildelt 360 mill. kroner til ulike prosjekt med ei samla ramme på 1,3 mrd. kroner. I 2019 utvida departementet ordninga til å gjelde også institusjonar med lokale i statens husleigeordning.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Universitet og høgskular spelar ei heilt sentral rolle i å utvikle velferdssamfunnet og i verdiskapinga gjennom kunnskapen som dei ferdigutdanna kandidatane tek med seg. Ei undersøking som er utført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), viser at arbeidsgivarar i hovudsak er godt nøgde med kompetansen til dei tilsette som nyleg er utdanna frå universitet eller høgskular (NIFU-rapport 2019–3). Rapporten viser òg at det er eit utstrekt samarbeid mellom arbeidsgivarar og lærestadar i høgare utdanning. I alt fire av fem i undersøkinga rapporterte om slikt samarbeid, og to av fem av desse igjen sa at dei planla å auke samarbeidet framover.

Studentundersøkinga i Studiebarometeret til NOKUT for 2018 viser at studentane meiner utdanningane er relevante for arbeidslivet. Gjennomsnittsskåren for i kva grad dei opplever at dei gjennom studieprogrammet får kompetanse som er viktig i arbeidslivet, er 4,0 på ein skala frå 1 (i liten grad) til 5 (i stor grad). Dei opplever i mindre grad å få informasjon om korleis kompetansen kan bli brukt, og om yrke eller bransjar som er relevante. For desse spørsmåla i undersøkinga er skåren høvesvis 3,3 og 3,4.

Inntektene til bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet frå andre kjelder enn Noregs forskingsråd, regionale forskingsfond og Europakommisjonen (BOA-inntektene) auka med 172 mill. kroner frå 2017 til 3,2 mrd. kroner i 2018. Delen det utgjorde av driftsinntektene på 6,7 pst., innebar ein auke på 0,2 prosenteiningar frå 2017. Før det hadde BOA-inntektene som del av totale driftsinntekter gått ned ganske jamleg sidan delen var 8,2 pst. i 2010.

I 2018 var 69 pst. av dei vitskaplege artiklane frå den norske universitets- og høgskulesektoren ope tilgjengelege i ei eller anna form. Det er ein auke på 4 prosenteiningar frå 2017, og på 31 prosenteiningar frå 2013. Av dei ope tilgjengelege artiklane var 35 pst. publiserte i opne tidsskrift, og 12 pst. var publiserte ope i elles lukka tidsskrift, medan resten var tilgjengelege gjennom eigenarkivering.

Lærarutdanning

Hausten 2018 starta andre kull i dei nye, femårige grunnskulelærarutdanningane (GLU) på masternivå. Dei nye utdanningane har rekruttert bra. Søkartala til lektorutdanninga for trinn 8–13 har auka kvart år, og GLU for trinn 5–10 har òg hatt ei god utvikling. Talet på søkarar til GLU for trinn 1–7 auka i 2018, etter å ha gått ned i 2016 og 2017. Barnehagelærarutdanninga hadde rekordstor auke i talet på søkarar i 2018.

Figur 4.5 Førstevalssøkarar til lærarutdanningar. 2010–19

Figur 4.5 Førstevalssøkarar til lærarutdanningar. 2010–19

Kjelde: Samordna opptak

I 2018 blei det uteksaminert om lag like mange kandidatar frå lærarutdanningane som året før. Dette gjeld alle utdanningane med unntak av GLU for trinn 1–7 og faglærarutdanningane i praktiske og estetiske fag, der kandidattalet i 2018 gjekk litt ned, og barnehagelærarutdanninga, der betydeleg fleire fullførte. Samanlikna med 2014 var talet på uteksaminerte kandidatar frå alle skulelærarutdanningane samla 13 pst. høgare i 2018 enn i 2014.

Eit viktig ledd i oppfølginga av Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene i 2018 har vore danninga av partnarskapar mellom lærarutdanningane og skule- og barnehageeigarar for å etablere lærarutdanningsskular og lærarutdanningsbarnehagar.

Dei studentane som starta på den nye femårige grunnskulelærarutdanninga (GLU) hausten 2017, tek til på det femte studieåret hausten 2021. Regjeringa vil derfor i statsbudsjettet for 2021 setje av midlar til dei institusjonane som tilbyr det femte året i GLU, jf. Innst. 12 S (2018–2019) og Prop. 1 S (2018–2019) for Kunnskapsdepartementet.

Universitetsmusea

Fem universitet har eit særskilt nasjonalt ansvar for å drive museum med vitskaplege samlingar og publikumsutstillingar. Samla for desse musea auka publikasjonspoenga med 14 pst. frå 2017 til 2018. Det er meir enn for dei universiteta som musea høyrer til, som auka med 7 pst. samla sett. Omfanget av vitskapleg publisering ved musea er òg relativt stort i høve til talet på faglege årsverk, med 1,6 i 2018, samanlikna med 1,4 for dei fem universiteta samla.

Det samla besøkstalet ved universitetsmusea var 1,8 millionar i 2018. Det er ein nedgang på over 3 pst. sidan 2017, som dermed braut ein trend med årlege aukar sidan 2010. Talet på omvisingar har auka med 500 og på undervisningsopplegg for skuleklassar med 400.

Universiteta har ansvaret for å sikre og bevare samlingane for ettertida. Alle musea har verksemd i verna eller gamle bygg, og dermed utfordringar med sikring eller bevaring som berre kan løysast med omfattande rehabilitering eller nybygg. Sikringa av magasinareala for dei verdifulle vitskaplege samlingane er stort sett som tidlegare, med nokre forbetringar, særleg ved Universitetsmuseet i Bergen. 80 pst. eller meir av areala er sikra tilfredsstillande mot brann og tjuveri for dei fleste av musea. Fleire av institusjonane rapporterer at berre mellom 40 og 60 pst. av magasinareala er tilfredsstillande sikra mot vasskade.

God tilgang til utdanning

Kapasitet og kompetanse

Aktiviteten ved universitet og høgskular innanfor både utdanning og forsking har auka år for år over lang tid. I 2018 var det om lag 118 000 kvalifiserte førstevalssøkarar til høgare utdanning, og om hausten var det nesten 259 000 registrerte studentar som blir finansierte over statsbudsjettet. Det blei fullført rundt 47 000 gradsgivande utdanningar, som er ein auke på over 900 frå året før, og det blei avlagt nesten 1 500 fleire studiepoengeiningar (der ei studiepoengseining tilsvarer den normerte årsproduksjonen på 60 studiepoeng i eit fulltidsstudium).

Auken i avlagde studiepoeng og uteksaminerte studentar i 2018 er likevel lågare enn i dei føregåande åra. Talet på kvalifiserte førstevalssøkarar per studieplass har auka frå 2,0 i 2016–17 til 2,1 i 2018. I 2014 var dette talet 1,8. I 2019 gjekk talet på søkarar til høgare utdanning ned for første gong på ti år, og det var då om lag 112 500 kvalifiserte førstevalssøkarar.

Ein ny rekord for talet på avlagde doktorgradar i eit år blei nådd i 2018 med 1 564 nye doktorgradar. Etter tre år med nedgang blei det dermed både i 2017 og 2018 avlagt rundt 5–6 pst. fleire doktorgradar frå norske lærestadar. Blant dei nye doktorane i 2018 var det nøyaktig like mange kvinner og menn.

Livslang læring og fleksibel utdanning

Trenden med fleire studentar på studietilbod utanfor campus heldt fram i 2018, og dei var då til saman rundt 21 000. Fleire enn 15 000 av desse følgde nettbasert undervisning, medan resten var i desentraliserte tilbod, der undervisninga skjer utanfor dei ordinære studiestadane, til dømes ved studiesentera. Sidan 2012 har auken skjedd i gruppa med nettbasert undervisning, og det har blitt færre med desentralisert undervisning.

Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Tabell 4.18 Ulike indikatorar for universitet og høgskular. 2013 og 2018

2013

2018

Pst. endr. 13/18

Kvalifiserte søkarar

92 300

117 800

28

Studentar

232 700

258 600

11

Studiepoeng

163 400

183 500

12

Uteksaminerte kandidatar

39 100

47 300

21

Doktorgradar

1 524

1 564

3

Publikasjonsdelar

11 200

12 900

15

Faglege årsverk

20 000

24 100

20

Løyving (i mill. kroner)

27 548

35 839

30

Tala er avrunda til næraste hundre (forutan doktorgradar og løyving). Søkarar er kvalifiserte søkarar i hovudopptaket. Studentar er registrerte studentar i haustsemesteret. Kandidatar er fullførte studieprogram, unnateke forskarutdanning og med minimum 120 studiepoeng for program for lågare nivå. Tala for studentar, studiepoeng og kandidatar omfattar delen som er finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett. Publikasjonsdelar er vitskaplege publikasjonar justerte for talet på forfattarar. Faglege årsverk er årsverk i forskings- og undervisningsstillingar. Løyving er den nominelle løyvinga over kap. 260.

Kjelde: NSD: Database for statistikk om høgare utdanning og Kunnskapsdepartementet

Effektiv drift og forvaltning

Universitet og statlege høgskular hadde 44,2 mrd. kroner i driftsinntekter i 2018. Løyvinga over kap. 260, post 50 utgjorde fire femdelar av dette, med 34,4 mrd. kroner.

Universiteta og dei statlege høgskulane hadde samla avsetningar på 3,4 mrd. kroner ved utgangen av 2018. Av desse var 2,3 mrd. kroner bundne til bestemte formål som for eksempel bygg- og utstyrsinvesteringar, medan 1,1 mrd. kroner var ubundne avsetningar. Frå 2017 til 2018 har institusjonane redusert dei samla avsetningane med 418 mill. kroner og dei ubundne avsetningane med 500 mill. kroner. Ved utgangen av 2018 utgjorde dei samla avsetningane 9,7 pst. av rammeløyvinga, men varierer per institusjon frå 3,5 til 30,2 pst.

Universiteta og høgskulane er nettobudsjetterte verksemder. Nettobudsjettering inneber at verksemdene kan disponere løyvinga og alle eksterne inntekter til sitt formål og kan føre over alle ubrukte midlar til neste budsjettår. Det gjer at institusjonane kan planlegge og disponere midlar til drift og investeringar i eit fleirårig perspektiv, til dømes for nybygg, utstyr og andre strategiske formål. Samtidig inneber nettobudsjettering eit særleg ansvar for god styring og kontroll av dei økonomiske disposisjonane.

Kunnskapsdepartementet legg avgjerande vekt på at dei statlege institusjonane legg opp aktiviteten etter budsjetta sine, og universitet og høgskular med høge avsetningar må derfor sørge for at avsetningane går ned. Departementet finn det likevel ikkje formålstenleg med ei øvre grense for størrelsen på avsetningane. Hausten 2018 sende departementet brev til åtte institusjonar i sektoren med ubundne avsetningar på over 10 pst. av løyvinga, og bad om status i arbeidet med å redusere avsetningane. Departementet vil følge nøye med på utviklinga i avsetningane på sektornivå og hos kvar institusjon. Sjå òg tabell 4.15 og 4.17 i vedlegg 4.

Private høgskular fekk tilskot på 1,5 mrd. kroner over kap. 260, post 70 i 2018. Dei hadde driftsinntekter på i overkant av 3,5 mrd. kroner, ein auke på 2,4 pst. frå 2017. Det samla driftsresultatet for desse institusjonane var 103 mill. kroner i 2018, som er ein reduksjon på 12,2 pst. i høve til 2017. På bakgrunn av rekneskap frå 2018 vurderer departementet at fleirtalet av dei private institusjonane har god eller middels god økonomi. Nokre få private institusjonar har svak økonomi. Departementet vil følge med på utviklinga hos desse institusjonane.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Samanlikna med året før blei det i 2018 utført 3,8 pst. fleire årsverk i undervisnings- og forskingsstillingar, og 0,4 pst. fleire årsverk i administrative stillingar. Auken i årsverk har vore større for faglege enn for administrative stillingar kvart år sidan 2014, og forskjellen har blitt større kvart år. I 2018 var det 2,6 faglege årsverk per administrative årsverk. Det er opp frå 2,4 i 2014 og på same nivå som i 2010.

Av dei om lag 370 nye professorane i 2018 var 40 pst. kvinner, som er ein auke på 10 prosenteiningar på ti år. Av årsverka i stillingar som dosent eller professor var 31 pst. utførte av kvinner, og samla for stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, var talet 42 pst. Desse tala har auka med om lag 1 prosenteining årleg over lang tid, slik tilfellet også var i 2018.

Andelen årsverk i stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, har òg auka jamt i lang tid. I 2018 auka talet med 0,4 prosenteiningar frå året før og var på 74 pst.

I 2018 var under 15 pst. av årsverka utførte av personar i mellombelse stillingar. Det er 5 prosenteiningar lågare enn i 2006. Andelen mellombelse stillingar gjekk ned frå 2017 både i gruppene av undervisnings- og forskingsstillingar, støttestillingar og stillingar for saksbehandlarar og utgreiarar. For desse stillingane samla har andelen gått ned kvart år sidan 2011. Sjølv om det er positivt at nedgangen ein har sett i dei siste åra, held fram, er omfanget av mellombelse stillingar framleis for høgt.

Budsjettforslag for 2020 for postane 50 og 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 38,6 mrd. kroner over kap. 260 i 2020. 36,9 mrd. kroner går til universitet og statlege høgskular over post 50, og 1,7 mrd. kroner går til private høgskular over post 70. Det er lagt til grunn ei prisjustering på 3,2 pst. og ein reduksjon som følge av reforma for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst., som utgjer 186,1 mill. kroner over kap. 260, postane 50 og 70 i 2020.

Det resultatbaserte finansieringssystemet

Kunnskapsdepartementet vil auke den resultatbaserte utteljinga av løyvinga med 203,7 mill. kroner som følge av betre resultat på indikatorane i finansieringssystemet. Auken er fordelt med 183,8 mill. kroner for universiteta og dei statlege høgskulane over post 50 og 19,9 mill. kroner til dei private høgskulane over post 70.

Bygg for undervisning og forsking

Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre løyvinga til oppgradering av bygg for statlege universitet og høgskular med 161 mill. kroner. Departementet tildeler midlane etter søknad, og forventar at institusjonane nyttar minst tilsvarande beløp av rammeløyvinga til det same formålet som den særskilde tildelinga frå departementet.

Helse Sør-Aust og Oslo universitetssjukehus har vedteke å legge ned aktiviteten ved Ullevål sjukehus og flytte han til Aker og Gaustad. Det inneber at Universitetet i Oslo må flytte all den integrerte forskings- og undervisningsaktiviteten til dei nye sjukehusbygga på Aker og Gaustad. Universitetet betaler ikkje i dag leige for arealbruk på Ullevål, men skal betale husleige for dei nye lokala. Regjeringa foreslår 75 pst. husleigekompensasjon til Universitetet i Oslo. Helse Vest skal bygge nye simulerings- og undervisningsareal for Universitetet i Stavanger i nye Stavanger universitetssjukehus, og universitetet forpliktar seg til ein langsiktig leigeavtale. Regjeringa foreslår 40 pst. husleigekompensasjon til Universitetet i Stavanger.

Regjeringa foreslår 40 mill. kroner over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Statsbygg sitt arbeid med forprosjekt for ny campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). I tillegg fører Kunnskapsdepartementet vidare 10 mill. kroner til NTNU for arbeidet med prosjektet. Ein ny campus i nærleiken av eksisterande bygningsmasse på Gløshaugen skal legge til rette for eit tverrfagleg og samlande universitet. Dei humanistiske og samfunnsvitskaplege miljøa skal flyttast frå Dragvoll, og kunst-, arkitekt- og musikkutdanningane skal flyttast frå spreidde miljø i sentrum av byen. Ei samling av campus bidreg til betre kvalitet i utdanning, forsking, innovasjon, kunst og formidling.

Dei unike samlingane på Vikingtidsmuseet på Bygdøy er truga, og det er nødvendig med tiltak for å sikre dei tre vikingskipa og samlingane for komande generasjonar. Regjeringa foreslår 35 mill. kroner over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til startløyving til Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Midlane skal nyttast til å starte opp sjølve bygge- og rehabiliteringsprosjektet og til brukarutstyr. Bygginga kan dermed starte opp i 2020 og vil etter planen vere ferdig i 2025. Byggeprosjektet med brukarutstyr har ei samla kostnadsramme på 2,4 mrd. kroner og ei styringsramme på 2,1 mrd. kroner (2020-prisar).

Nybygg for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet er under oppføring og skal etter planen vere ferdigstilt våren 2020. Dette er eit stort og svært komplekst byggeprosjekt med høge krav til prosjektering og bygging av mellom anna laboratorium, areal til dyrehald, avansert medisinskteknisk utstyr og annan forskingsinfrastruktur. Ny ekstern usikkerheitsanalyse frå mai 2019 viser at det er naudsynt å auke kostnadsramma ut over den eksisterande ramma på 7,3 mrd. kroner. Grunnane til dette er utfordringar i framdrifta, kompleksiteten i prosjektet og behov for utfyllande prosjektering. Regjeringa foreslår å auke kostnadsramma til 8 mrd. kroner.

Studieplassar

Regjeringa foreslår å løyve 11,1 mill. kroner til om lag 250 nye studieplassar i 2020. Regjeringa foreslår òg å vidareføre midlar til studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i budsjetta for 2014–19, for å trappe dei opp til løpande opptak av nye kull. Det inneber ein auke i løyvinga med 179,8 mill. kroner over kap. 260, post 50 og 28 mill. kroner over kap. 260, post 70. Medrekna forslaget for 2020 inneber regjeringas satsing på studieplassar sidan 2014 ein årleg auka opptakskapasitet på om lag 5 000 studentar.

Regjeringa peiker på at det er eit stort behov for arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren, og foreslår at 75 av dei nye studieplassane går til helse- og sosialfagsutdanningane med særleg vekt på sjukepleiarutdanning. I tillegg er det behov for auka kompetanse og omstilling innanfor teknologi og berekraftig utvikling, og regjeringa foreslår derfor at 70 av dei nye plassane går til universitet og høgskular som kan auke utdanningskapasiteten innanfor desse områda.

Regjeringa vil òg medverke til at tilgangen på utdanning skal kunne møte aukande og skiftande behov for kompetanse. Samtidig er det ønskeleg at universiteta og høgskulane kan ha fleksibilitet i kor dei kan gi nye tilbod, for ei lengre eller kortare periode, også utanfor dei sentrale campusane sine. Av dei nye studieplassmidlane i 2020 foreslår derfor Kunnskapsdepartementet at 4,6 mill. kroner, tilsvarande om lag 100 plassar, blir lyste ut gjennom Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning over kap. 272, post 50.

Rekrutteringsstillingar

Kunnskapsdepartementet foreslår 11,8 mill. kroner til ni nye rekrutteringsstillingar i 2020 for å følge opp behovet for auka kompetanse innanfor helsefag og teknologi. Midlane blir tildelte med heilårseffekt allereie frå og med 2020.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2019 å løyve midlar til i alt 16 rekrutteringsstillingar ved Universitetet i Stavanger, VID vitenskapelige høgskole, Fjellhaug Internasjonale Høgskole og Høyskolen for ledelse og teologi. Kunnskapsdepartementet foreslår ein heilårseffekt av desse stillingane med 3,5 mill. kroner på kap. 260, post 50 og 10,5 mill. kroner på post 70.

Struktur i i universitets- og høgskulesektoren

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve totalt 15 mill. kroner til å følge opp strukturendringar i sektoren. Av desse foreslår Kunnskapsdepartementet ei varig auke på 5 mill. kroner til Nord universitet til arbeidet for å styrke kvaliteten etter samanslåinga. Vidare foreslår departementet 5 mill. kroner til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking for arbeid med samanslåing og omorganisering i 2020. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å flytte 5 mill. kroner frå kap. 260, post 50 til kap. 273, post 50 i 2020.

Kavliinstituttet for nevrovitskap

Kunnskapsdepartementet foreslår 12 mill. kroner til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet over kap. 260, post 50 for å styrke Kavliinstituttet. Tiltaket følger opp målet i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning om å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet. Midlane har som vilkår at både May-Britt Moser og Edvard Moser er aktive forskarar ved instituttet, og fell bort eller blir halverte viss det ikkje lenger er tilfellet. Tiltaket vil elles bli vurdert på nytt kvart femte år.

University of the Arctic

For å styrke og utvide mobilitetsordninga «north2north» for studentar og tilsette gjennom University of the Arctic (UArctic), slik at ho òg kan omfatte dei sørnorske universiteta, foreslår departementet å tildele 4 mill. kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

Lærarutdanning

Grunnskulelærarutdanninga i sør- og lulesamisk blei etablert i 2019. Fagmiljøa i sør- og lulesamisk er små og sårbare, og det er behov for langsiktig rekruttering og fagleg oppbygging. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga til Nord universitet med 5 mill. kroner til dette formålet.

Kunnskapsdepartementet har sidan 2011 finansiert 200 studieplassar til vidareutdanning i rettleiing av nyutdanna lærarar. Som oppfølging av Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen og Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene har regjeringa i samarbeid med relevante partar utvikla nasjonale rammer for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. Utdanningsdirektoratet skal få ansvaret for å finansiere utdanninga, og har lyst ut oppdrag om å tilby rettleiarutdanning. Det inneber at midlane til rettleiarutdanningar skal flyttast frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet. Departementet foreslår derfor å flytte 7,8 mill. kroner frå kap. 260, post 50 til kap. 226, post 22.

Andre saker

I budsjettet for 2019 løyvde Stortinget 10 mill. kroner til ei pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfagsutdanningane over kap. 260, post 50. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning fekk i oppgåve å utarbeide ei pilotordning. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å flytte 10,3 mill. kroner frå kap. 260, post 50 til kap. 272, post 50.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte fleire mindre oppgåver til universitet og høgskular. Universitetet i Bergen får ansvaret for drift og utvikling av Kart i skulen, Miljølære.no og tidsskriftet Nordic Journal of Digital Literacy. Det er derfor behov for å flytte til saman 3 mill. kroner frå kap. 226, post 21 til kap. 260, post 50. OsloMet – storbyuniversitetet får ansvar for drift og utvikling av Skolekassa.no, LEXIN og Bildetema, og det blir flytta til saman 4,9 mill. kroner frå kap. 220, post 21 og kap. 226, post 21 til kap. 260, post 50.

Høyskolen Kristiania tok i september 2019 over verksemda til Norges dansehøyskole og Musikkteaterhøyskolen. Tilskotet til desse institusjonane er derfor samla i tilskotet til Høyskolen Kristiania.

Kap. 270 Studentvelferd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

18 151

74

Tilskot til velferdsarbeid

88 043

75

Tilskot til bygging av studentbustadar , kan overførast

262 811

662 779

822 442

Sum kap. 0270

369 005

662 779

822 442

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Posten omfattar midlar til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA). ANSA er studentsamskipnaden for norske studentar i utlandet. Fulbright-programmet gir stipend til særleg kvalifiserte forskarar og studentar på høgare grads nivå i Noreg og USA til å studere og forske i det andre landet. Løyvinga blei flytta i statsbudsjettet for 2019 til kap. 280, post 50. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 272, post 50. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

I 2018 tildelte Kunnskapsdepartementet 8,6 mill. kroner til Fulbright-programmet. Løyvinga har medverka til internasjonal mobilitet for studentar og forskarar. Til saman 49 nordmenn fekk i 2018–19 stipend over dette programmet til opphald ved amerikanske institusjonar: 30 studentar på master- eller ph.d.-nivå og 19 forskarar. 38 amerikanske stipendmottakarar fekk finansiert opphald i Noreg; av desse var 16 studentar og 16 forskarar.

ANSA fekk tildelt 9,6 mill. kroner til arbeid med studentvelferd og informasjonsverksemd for studentar i utlandet og for dei som planlegg slik utdanning. Dei utvida tilbodet om studentvelferd for norske utanlandsstudentar og hadde i 2018 ein medlemsvekst på 9 pst. til om lag 8 600 medlemmar. I 2018 la ANSA vekt på å betre dei digitale tenestene for å gjere informasjon om studium i utlandet og søknadsprosessar lettare tilgjengeleg. På grunn av ein auke i førespurnader om mental helse utvida dei tilbodet om psykologtenester.

Post 74 Tilskot til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskot til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskot til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Løyvinga blei flytta i statsbudsjettet for 2019 til kap. 280, post 50. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 272, post 50. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

I 2018 tildelte departementet 88 mill. kroner i velferdstilskot til 14 studentsamskipnader med til saman om lag 245 000 medlemmar og til 4 landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Studentsamskipnadene spelar ei viktig rolle for å bidra til høg studiekvalitet gjennom tilbod og tenester som kan betre studiekvardagen. Det gjeld til dømes ulike helsetilbod, tilgang til treningsanlegg, kulturaktivitetar, tilbod til studentbarnehagar og kafeteriaer.

Studentenes helse- og trivselsundersøkelse 2018 (SHoT) viste at studentar opplever større psykisk belastning enn ungdom generelt. Det er variasjon i kor tilfredse studentane er med helsetilbodet til samskipnadene. Delen studentar som er ganske eller særs nøgde med helsetilbodet, varierer frå 70 pst. til 25 pst., og studentane er mest tilfredse i dei store byane som Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim.

Stortinget har løyvd 18 mill. kroner i perioden 2016–19 til å lette arbeidet med fusjonar og oppdeling av samskipnader. Samskipnader i fusjonsprosess fekk òg forsterka utteljing i fordelinga av velferdsmidlar. Talet på samskipnader er redusert frå 25 i 2009 til 14.

Landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar fekk i 2018 utbetalt 8 mill. kroner. Desse var

  • Norsk studentorganisasjon

  • Organisasjon for norske fagskolestudenter

  • International Students’ Union of Norway

  • Stipendiatorganisasjonene i Norge

Tilskotet har medverka til drift av organisasjonane og til å fremje interessene til studentane mellom anna gjennom deltaking i faste styre og råd, offentleg utvals- og utgreiingsarbeid, høyringsfråsegner og offentlege debattar på vegner av studentane.

Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, for kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustadar. Studentbustadane skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Husbanken forvaltar tilskota for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2020

Rimelege og tilgjengelege bustadar for studentar.

Rapport for 2018

I 2018 gav Kunnskapsdepartementet tilsegn om tilskot til 2 188 hybeleiningar etter at kostnadsramma og tilskotssatsane blei auka i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2018. Alle tilsegnene gjaldt bygging av nye studentbustadar. Tildelinga for 2018 skjedde først på hausten, og det var berre prosjektet Heltne 2 i Volda som blei sett i gang same år.

I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2018 vedtok Stortinget å auke kostnadsramma og tilskotssatsane, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018). Endringane var nødvendige for å auke takten i bygging av studentbustadar, som hadde gått ned i dei siste par åra. Årsaka til nedgangen var mellom anna at kostnadsrammene og tilskotssatsane ikkje hadde blitt justerte sidan 2014. I 2018 blei det ferdigstilt 1 533 hybeleiningar, som er ein auke på 230 hybeleiningar frå 2017. For heile landet er dekningsgraden på studentbustadar på om lag 15 pst. Dekningsgraden varierer mellom studiestadane. For eksempel er dekningsgraden i Oslo og Akershus på 13,6 pst., medan han på Ås er 32 pst. Det er ikkje eit mål å ha like stor dekningsgrad alle stadar då behovet vil variere mellom anna avhengig av tilbodet på den private leigemarknaden.

Kunnskapsdepartementet sette ned ei arbeidsgruppe i april 2018 som har gått gjennom reglar og rutinar for tilskotsordninga. Arbeidsgruppa leverte i desember 2018 ein rapport med anbefalingar om endringar som departementet no har til vurdering.

Budsjettforslag for 2020

Regjeringa har høge ambisjonar for å bygge nye studentbustadar og foreslår tilsegn om tilskot til 2 200 nye hybeleiningar i 2020. Regjeringa foreslår ei løyving på 822 mill. kroner i 2020 som skal dekke forventa utbetaling til både gamle og nye tilsegner. Midlane blir normalt betalte ut over tre år.

Kostnadsramma og tilskotssatsen blir justerte med forventa prisvekst. I 2020 vil kostnadsramma vere 955 700 kroner i pressområda og 902 600 kroner elles. Tilskotssatsen vil i 2020 vere 361 000 kroner i pressområda og 308 000 kroner elles.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 830 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

174 821

21

Særskilde driftsutgifter

10

Sum kap. 0271

174 831

Post 01 Driftsutgifter

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 280, post 01 til nytt kap. 271, post 01. Posten omfattar driftsutgifter for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), som er eit fagleg uavhengig statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. NOKUT har ansvar for akkreditering av og tilsyn med kvaliteten i høgare utdanning og fagskuleutdanning, og for godkjenning av utanlandsk utdanning. Sjå kap. 280, post 01 for rapport for 2018.

Mål for 2020

  • Alle utdanningar ved universitet, høgskular og fagskular tilfredsstiller nasjonale kvalitetskrav, og flest mogleg held eit høgt internasjonalt nivå.

  • Universitet, høgskular, fagskular og studentsamskipnader forstår og etterlever regelverket.

  • Sektoren og samfunnet er godt informerte om kvaliteten ved universitet og høgskular og høgare yrkesfagleg utdanning.

  • Utanlandsk utdanning og kompetanse kan effektivt takast i bruk i Noreg.

  • NOKUT har god arbeidsdeling og samordning med andre organ i forvaltninga.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 174,8 mill. kroner over kap. 271, post 01. Det er lagt til grunn ei prisjustering på 2 pst. og ein reduksjon som følge av reforma for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til NOKUT med 1,9 mill. kroner som ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. omtale i Prop. 85 S (2017–2018).

Forslaget omfattar ei flytting av totalt 2,8 mill. kroner frå kap. 220, post 01 og kap. 226, post 21 til kap. 270, post 01 for å samle heile godkjenningsprosessen av lærarar, morsmålslærarar og styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagen hos NOKUT.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3271, post 02. Sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 280, post 21 til nytt kap. 271, post 21. Posten omfattar utgifter til oppgåver der NOKUT får midlar frå eksterne kjelder. Sjå kap. 280, post 21 for rapport for 2018. Utgifter ut over løyvinga på kap. 271, post 21 føreset meirinntekt på kap. 3271, post 01.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 10 000 kroner, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3271, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Inntekter frå oppdrag

10

02

Salsinntekter o.a.

617

Sum kap. 3271

627

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 3280, postane 01 og 02 til nytt kap. 3271, postane 01 og 02. Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd, kurs og konferansar.

Kap. 272 Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

601 000

Sum kap. 0272

601 000

Post 50 Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 280, post 50 til nytt kap. 272, post 50. Posten omfattar løyvinga til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), som er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Diku har ansvar for å fremje utvikling av kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og for å styrke internasjonalt samarbeid og utveksling i heile utdanningsløpet. Posten omfattar både driftsmidlar til Diku og midlar til program og tilskot som Diku forvaltar. Frå 2021 vil departementet foreslå løyvinga til administrasjonskostnader over ein eigen post.

Etter omorganiseringa og flytting av oppgåver i kunnskapssektoren i 2018 og 2019 har Diku òg ansvar for forvaltning av:

  • tilskot til internasjonale organisasjonar

  • tilskot til internasjonale utdannings- og samarbeidsprogram for både grunnopplæringa og høgare utdanning

  • tilskot til studieopphald i utlandet

  • den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning

  • kvalitetsprogramma for høgare utdanning, inkludert senter for framifrå utdanning, og program for kunstnarleg utviklingsarbeid

  • tilskot til studentsamskipnader og landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar

  • tilskot til utvikling av høgare yrkesfagleg utdanning

Sjå kap. 280, post 50 for rapport for 2018.

Mål for 2020

  • Universitet, høgskular og fagskular leverer høgt kompetente kandidatar til arbeidsliv og samfunn.

  • Deltakinga til norske opplæringsaktørar i internasjonalt samarbeid bidreg til å oppfylle kvalitetsmål i grunnopplæringa.

  • Norske elevar og studentar tek del i eit internasjonalt læringsmiljø.

  • Utdanningsmyndigheiter og -institusjonar nyttar oppdatert kunnskap om kvalitet i utdanninga til å utvikle politikk, leiing og undervisning.

  • Diku har god arbeidsdeling og samordning med andre organ i forvaltninga.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 601 mill. kroner over kap. 272, post 50. Det er lagt til grunn ei prisjustering på 3,2 pst. og ein reduksjon som følge av reforma for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst.

Forslaget inneber å auke løyvinga til Diku med 55 mill. kroner for å styrke Dikus kvalitetsprogram . Tiltaket er ei oppfølging av opptrappingsplanen for kvalitet i høgare utdanning i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–28. 15 mill. kroner av desse midlane skal gå til tiltak for å auke internasjonal studentmobilitet. 20 mill. kroner av midlane skal gå til tiltak for å auke arbeidslivsrelevans inkludert praksis. Dei resterande 20 mill. kronene skal gå til å styrke praksis i kommunesektoren for helse- og sosialfagsstudentar.

Regjeringa foreslår å løyve 9,5 mill. kroner i 2020 til fellesprosjekt mellom høgare utdanningsinstitusjonar og næringsliv som har som formål å utvikle utdanningane. Betre samarbeid mellom lærestader og næringsliv, bruk av arbeidslivets kompetanse i utdanningane, entreprenørskap og praksis er viktige element for å oppnå meir FoU i næringslivet og forskingsbasert innovasjon. Prosjekta kan rettast mot eksisterande utdanningar eller til å utvikle nye tilbod. Tiltaket er ei oppfølging av opptrappingsplanen for FoU i næringslivet i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Løyvinga er eittårig.

Regjeringa har sett i gang kompetansereforma Lære heile livet og legg i den samanhengen òg vekt på å utvikle studietilbod for å møte skiftande behov over tid, og tilbod som òg tek omsyn til behovet for fleksible utdanningstilbod som er tilgjengelege utanfor campus. Sjå òg kategori 07.50. I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2019 løyvde Stortinget 20 mill. kroner i både 2019 og 2020 til utvikling av studietilbod, jf. Innst. 391 S (2018–2019) og Prop. 114 S (2018–2019). Desse blir fordelte av Diku gjennom ei ordning der universitet og høgskular kan søke om midlar til å utvikle fleksible studietilbod tilgjengelege utanfor campus. Ordninga blir ført vidare i 2020. I tillegg foreslår Kunnskapsdepartementet at av 11,1 mill. kroner til nye studieplassar i budsjettet for 2020 skal 4,6 mill. kroner, tilsvarande om lag 100 nye studieplassar, tildelast gjennom ei søknadsbasert ordning i Diku. Det vil bli lagt særleg vekt på behova innanfor helse, teknologi og grønt skifte.

Dette kjem i tillegg til at Diku i 2019 starta ei forsøksordning på 10 mill. kroner der universitet og høgskular kan søke om midlar til drift av fleksible vidareutdanningar. Målgruppa for vidareutdanningstilboda er verksemder og sysselsette som har behov for endra og ny kompetanse som følge av mellom anna digitalisering og det grøne skiftet. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga til denne ordninga til 36 mill. kroner i 2020.

Studentenes helse- og trivselsundersøkelse 2018 (SHoT) viste at studentar er meir plaga av psykiske helselidingar enn resten av befolkninga. Departementet vil omprioritere 10. mill. kroner av midlane til studentsamskipnadene for å gjennomføre ei levekårsundersøking blant studentar.

Kunnskapsdepartementet foreslår at tilskotet til studentsamskipnadene i 2020 blir om lag 74 mill. kroner, og at løyvinga til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar blir ført vidare på same nivå med om lag 8 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til Diku med 2,3 mill. kroner som ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. omtale i Prop. 85 S (2017–2018).

Sekretariatet for Nasjonalt fagskuleråd blei 1. januar 2019 overført frå Kompetanse Noreg til Diku. For å samle midlane til sekretariatsarbeidet foreslår departementet å flytte 2 mill. kroner frå kap. 241, post 21 under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning og 1 mill. kroner frå kap. 256, post 01 under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring til kap. 272, post 50.

Regjeringa foreslår å overføre midlane til og ansvaret for norsklektorane i Russland frå Utanriksdepartementet til Kunnskapsdepartementet frå og med 2020. Norsklektorane i Russland er tilsette i mellombelse stillingar ved russiske lærestadar i ein periode frå eitt og opptil fem år og underviser gjerne i emne om norsk språk, litteratur, samfunn og kultur. I 2011 blei det bestemt at ordninga skulle overførast til Kunnskapsdepartementet, med unntak av midlar til aktivitetar i Russland frå kap. 118, post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Regjeringa ser det som hensiktsmessig at Kunnskapsdepartementet også overtek ansvaret for sendelektorane i Russland. Regjeringa foreslår derfor å overføre 2,4 mill. kroner frå Utanriksdepartementets kap. 118, post 70 til Kunnskapsdepartementets kap. 272, post 50.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte midlane til og ansvaret for tiltaket eTwinning frå Utdanningsdirektoratet til Diku frå 2020. eTwinning er ein del av Erasmus+-programmet, som stimulerer til samarbeid mellom skular i Europa ved hjelp av IKT, og gjer det mogleg for lærarar å utvikle sin eigen digitale kompetanse. Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner frå kap. 220, post 01 til kap. 272, post 50.

I tillegg til midlane over kap. 272 får Diku løyvingar over følgande andre kapittel og postar på Kunnskapsdepartementets budsjett:

  • EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram: kap. 288, post 74

  • oppfølging av Panorama -strategien: kap. 288, post 21

  • driftstilskot og utviklingsmidlar til fagskular, og midlar til prosjekt for fagskulesektoren: kap. 240, postane 60 og 61 og kap. 241, post 21 over programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning

  • kvalitetsfremjande tiltak for praksis i lærarutdanningane: kap. 275, post 21

Kap. 273 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

164 495

Sum kap. 0273

164 495

Post 50 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 280, post 51 til nytt kap. 273, post 50. Posten omfattar løyvinga til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, som er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Unit har ansvar for nasjonal samordning og forvaltning på IKT-området i høgare utdanning og forsking. Etter omorganiseringa og flyttinga av oppgåver i kunnskapssektoren i 2018 og 2019 har Unit òg ansvar for tilskotet til UNINETT AS, den årlege kontingenten for Noregs deltaking i NORDUnet, vitnemåls- og karakterportalen og vitnemålsdatabasen.

Sjå kap. 280, post 51 for rapport for 2018.

Mål for 2020

  • Digitale tenester til universitets- og høgskulesektoren er godt samordna og styrte.

  • God tilgang til fellestenester som er innovative, effektive og har høg kvalitet for høgare utdannings- og forskingssektoren.

  • Styrkt informasjonstryggleik og personvern innanfor høgare utdanning og forsking.

  • Meir open forsking.

  • Unit har god arbeidsdeling og samordning med andre organ i forvaltninga.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 164,5 mill. kroner over kap. 273, post 50. Det er lagt til grunn ei prisjustering på 3,2 pst. og ein reduksjon som følge av reforma for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst.

Forslaget inneber ein eingongsauke i 2020 på 5 mill. kroner for å bidra til å finansiere nye oppgåver som følge av samanslåinga og omorganiseringa av verksemda.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til Unit med 2,2 mill. kroner som ein økonomisk gevinst av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet i 2018, jf. omtale i Prop. 85 S (2017–2018).

Unit har inngått avtale med Direktoratet for økonomistyring (DFØ) om at DFØ skal ta over fleire økonomitenester. Som følge av dette foreslår departementet å overføre 120 000 kroner frå kap. 273, post 50 til Finansdepartementets kap. 1605, post 01.

Kap. 274 Universitetssenteret på Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

139 842

Sum kap. 0274

139 842

Post 70 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 280, post 71 til nytt kap. 274, post 70. Posten omfattar tilskot til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). Sjå kap. 280, post 71 for rapport for 2018.

Mål for 2020

Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 139,8 mill. kroner over kap. 274, post 70. Det er lagt til grunn ei prisjustering på 3,2 pst. og ein reduksjon som følge av reforma for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst.

Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

179 803

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

9 514

70

Tilskot , kan nyttast under post 21

97 304

Sum kap. 0275

286 621

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvingane på kap. 281, post 01 og kap. 287, postane 21 og 53 til nytt kap. 275, post 21. Postane omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking. Løyvinga kan nyttast under kap. 275, post 21 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 275, post 70 for tilskot til ikkje-statlege aktørar. Sjå postane som midlane er flytta frå, for rapport for 2018.

Delar av løyvinga kan nyttast til lønn og andre utgifter for tilsette i Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2020

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 179,8 mill. kroner på kap. 275, post 21. I forslaget inngår det ein reduksjon på til saman 34,7 mill. kroner som kjem av flytting til andre kapittel og postar.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) for å spreie forskingsbasert informasjon om internasjonale tilhøve, særleg til barn og unge, med 5,2 mill. kroner.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 17,5 mill. kroner til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking til program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskulesektoren.

Departementet foreslår å auke løyvingane til kvalitetsfremjande arbeid med praksis i lærarutdanningane med 36,3 mill. kroner, slik at samla løyving til formålet blir 80,8 mill. kroner. Av den foreslåtte auken skal 15 mill. kroner lysast ut gjennom Diku til prosjekt for å styrke kvaliteten i praksis i lærarutdanningane. Resten skal gå til partnarskapar i lærarutdanningane, slik at løyvinga til denne satsinga blir totalt 65,8 mill. kroner. Partnarskapane blir inngåtte mellom ein lærestad med lærarutdanning og ein lokal lærararbeidsgivar, og inkluderer forsking og utprøvande praksis i enten ein skule, barnehage eller kulturskule. Den auka løyvinga vil bidra til at institusjonane kan vidareutvikle og utvide arbeidet, mellom anna til også å omfatte barnehagelærarutdanninga. Departementet foreslår òg å setje av 2,5 mill. kroner til arbeidet med ny femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag.

Søkinga til lærarutdanningane har gradvis betra seg, og Kunnskapsdepartementet vil ikkje vidareføre ordninga med forkurs i matematikk for lærarstudentar i 2020, slik ho er i dag. Kunnskapsdepartementet vil hausten 2019 etter samarbeid med relevante aktørar fordele 10 mill. kroner som blei løyvde i forbindelse med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2019 til tiltak for å rekruttere fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanninga.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 4,4 mill. kroner til vidare utvikling av tilboda om kompletterande utdanning primært for flyktningar som eit treårig prosjekt ved OsloMet – storbyuniversitetet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 5 mill. kroner til arbeidet for å utvikle nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagsutdanningane.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 38,5 mill. kroner til MARKOM2020 for å styrke dei maritime profesjonsutdanningane og fagskuleutdanningane. Dette er det siste prosjektåret for MARKOM2020. Regjeringa vil i 2020 legge fram ei ny stortingsmelding om den maritime politikken og vil i den samanhengen vurdere den vidare satsinga på maritim kompetanse.

Departementet foreslår å tildele 2 mill. kroner til eit prøveprosjekt om betre tilgang til studielitteratur for studentar med funksjonsnedsettingar som gir lesevanskar, i regi av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og Høgskolen i Innlandet.

I tillegg foreslår departementet midlar over kap. 275, post 21 til mellom anna arbeidet med gjennomgang av regelverket for universitet og høgskular, den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VII, arbeidet med forskingsprisar og andre mindre tiltak.

I 2018 og 2019 tildelte Kunnskapsdepartementet 20 mill. kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet til oppgradering av forskingsfartøyet Helmer Hanssen. Oppgraderinga, som var eit sentralt bidrag til prioriteringa Hav i langtidsplanen, er no avslutta. I tråd med tidlegare omtale i statsbudsjetta for 2018 og 2019 foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte 20 mill. kroner tilbake til løyvinga til Noregs forskingsråd over kap. 285, post 54.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 281, post 45 til nytt kap. 275, post 45. Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren. Sjå kap. 281, post 45 for rapport for 2018.

Mål for 2020

Godt utstyr og vedlikehald i universitets- og høgskulesektoren.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 9,5 mill. kroner over kap. 275, post 45. Av desse foreslår departementet å tildele 5 mill. kroner til Kunsthøgskolen i Oslo for å fornye verkstads- og sceneutstyr og 4,5 mill. kroner til OsloMet – storbyuniversitetet for digitale og tekniske verktøy til Campus Kjeller.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 281, postane 70 og 78 og delar av løyvinga på kap. 287, post 71 til nytt kap. 275, post 70. Sjå postane som midlane er flytta frå, for rapport for 2018.

Mål for 2020

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 97,3 mill. kroner over kap. 275, post 70 til mellom anna følgande tiltak:

  • Akademiet for yngre forskere: 2,2 mill. kroner

  • Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA): 0,3 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS): 3,3 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA): 9,6 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA): 0,6 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund AS: 8,5 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) for Kandidatundersøkinga: 2,7 mill. kroner

  • Norsk senter for forskingsdata AS (NSD) for Database for statistikk om høgare utdanning: 18,8 mill. kroner

  • Scholars at Risk Norge: 0,7 mill. kroner

  • Senter for grunnforskning (CAS): 22,4 mill. kroner

  • Lister Kompetanse AS: 1 mill. kroner

  • Samfunnsøkonomisk analyse AS til evaluering av norsk deltaking i Horisont 2020: 0,8 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for den generelle verksemda: 20,9 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet i Nasjonalt råd for lærarutdanning med retningslinjer for lærarutdanningane: 2 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for å styrke arbeidet med IKT-tryggleik, praksis og kvalitet i ingeniør- og teknologiutdanninga: 2 mill. kroner

Kap. 3275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Inntekter frå oppdrag

10

Sum kap. 3275

10

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga på kap. 3281, post 02 til nytt kap. 3275, post 01.

Kap. 280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

140 196

170 786

21

Særskilde driftsutgifter

10 375

10

50

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

158 931

450 293

51

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

95 091

157 654

71

Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

138 349

136 187

72

Tilskot til UNINETT

27 546

73

Tilskot til NORDUnet , kan overførast

35 444

Sum kap. 0280

605 932

914 930

Post 01 Driftsutgifter

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 271, post 01. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

I 2018 har Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) halde fram med å prøve ut ein ny modell for tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet til universiteta og høgskulane. NOKUT har òg gjennomført fleire tematiske tilsyn. Resultata frå tilsyna har vore til stor nytte for både sektoren og departementet, mellom anna for å førebu ei ny stortingsmelding om internasjonal mobilitet i høgare utdanning.

NOKUT har gitt Kunnskapsdepartementet viktig støtte til å få på plass ein global UNESCO-konvensjon og til å følge opp Europarådets prosjekt med flyktningpass, European Qualifications Passport for Refugees, som departementet òg støttar økonomisk. Sjølv om talet på søknader om generell godkjenning av høgare utdanning har gått ned frå 2017 til 2018, har ikkje saksbehandlingstida for desse sakene blitt tilsvarande redusert.

NOKUT har i 2018 arbeidd med å etablere ei godkjenningsordning for utanlandsk fagskuleutdanning som kom på plass 1. januar 2019. NOKUT har kartlagt og greidd ut om aktuelle kvalifikasjonar frå dei landa der søkinga truleg vil vere størst.

I 2018 har NOKUT utvida godkjenningsordninga for fag- og yrkesopplæring til å omfatte utdanning som kokk, institusjonskokk, hudpleiar og bilmekanikar. Ordninga dekker no til saman 19 ulike kvalifikasjonar frå Baltikum, Polen og Tyskland. NOKUT gjennomførte ei undersøking i 2018 som viste at godkjenning frå NOKUT har bidrege til høgare lønn og meir ansvar for arbeidsoppgåver.

Kunnskap om tilstanden i sektoren har vore godt formidla gjennom fleire arrangement og rapportar. Studentbarometeret for høgare utdanning har no blitt utført i så mange år at det gir eit godt grunnlag for analysar. I 2018 gjennomførte NOKUT for første gong ei studentundersøking for fagskuleutdanning i studiebarometeret for fagskulestudentar.

I 2018 blei ansvaret for tilsyn med private høgskular, fagskular og studentsamskipnader overført frå Kunnskapsdepartementet til NOKUT. Dette har bidrege til å styrke NOKUTs juridiske kompetanse og kapasitet innanfor tilsyn og forvaltning av regelverk. NOKUT har òg overteke ansvaret for å følge opp ei rekke forskrifter innanfor høgare utdanning og fagskuleutdanning.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til oppgåver der NOKUT får midlar frå eksterne kjelder. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til kap. 271, post 21. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Det blei i 2018 ført ei meirutgift på 10,4 mill. kroner på posten som blir dekt av meirinntekta på kap. 3280, post 01, jf. meirinntektsfullmakta.

Post 50 Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 272, post 50. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning hadde sitt første år som nytt direktorat i 2018 etter samanslåinga av Senter for internasjonalisering av utdanning, Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid. Diku fekk ansvar for utvikling av kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og for styrkt internasjonalt samarbeid og utveksling i heile utdanningsløpet.

Dikus kvalitetsprogram er ei samlenemning på midlar til utlysing som er forvalta av Diku og innretta mot kvalitet i høgare utdanning, og som erstattar det tidlegare namnet Nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning. Utviklinga av kvalitetsprogramma har vore ei sentral oppgåve for Diku i 2018. I 2018 blei Dikus kvalitetsprogram utvida med eit nyutvikla Program for studentaktiv læring . Programmet fekk stor søkning, og fleire institusjonar arbeidde strategisk for å utvikle dei beste prosjekta og nå opp i konkurransen om midlane. I kvalitetsprogramma inngår også ordninga senter for framifrå utdanning (SFU), som Diku overtok forvaltninga av i 2018, og førebudde utlysing av midlar til nye senter i 2019.

Erasmus+ stod for nesten halvparten av alle tilskotsmidlar Diku tildelte i 2018. Omtrent halvparten blei tildelt til høgare utdanningsinstitusjonar, omtrent halvparten til andre utdanningsnivå. Diku har arbeidd systematisk for å auke norsk deltaking og effektiv utnytting. Diku kan mellom anna vise til auke i mobilitetstala for elevar, studentar og tilsette i 2018. Diku har òg analysert tildelingane frå programmet til høgskulane og universiteta i perioden 2014–19 og gitt råd for auka mobilitet og samarbeid.

Diku har arbeidd godt med å styrke utdanningssamarbeidet med prioriterte land. Panorama -strategien er regjeringas strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. I 2018 har Diku mellom anna bidrege med analysar av korleis samarbeidet med Kina og Sør-Afrika bør utviklast. Søkartala til UTFORSK, ei ordning som blir forvalta av Diku for å fremje internasjonalt utdanningssamarbeid med Panorama -landa, har vore stabilt høge. Det var i 2018 også særleg merksemd på Frankrike, med gjennomføringa av Frankrikekonferansen 2018 og markeringa av 100 års-jubileet for norsk-fransk utdanningssamarbeid.

Diku har òg arbeidd godt med digitalisering for læring i høgare utdanning. Dei har mellom anna gjennomført ei ny utlysing i programmet Digitalisering for læring i høgare utdanning, som fekk søknader for tre gongar så mykje som dei utlyste midlane. Diku har òg bidrege til kvalitet i utdanninga gjennom spreiing av kunnskap om digitalisering gjennom vitskaplege artiklar, nasjonale ekspertgrupper, rapportar og andre publikasjonar.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid er i omstilling, på grunn av etableringa av den nye graden ph.d. i kunstnarleg utviklingsarbeid i 2018 og fordi nokre stipendiatstillingar har blitt lagde til institusjonane. Diku har i samarbeid med Stockholms konstnärliga högskola i 2018 førebudd eit nytt tidsskrift for formidling av kunstnarleg utviklingsarbeid i ulike format: VIS – Nordic Journal for Artistic Research .

Post 51 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 273, post 50. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Unit hadde sitt første år som nytt direktorat i 2018 etter samanslåinga av BIBSYS, CERES og delar av UNINETT AS. Unit leverte i 2018 gode og stabile tenester på eit breitt spekter innanfor høgare utdanning og forsking. Fleire av dei nasjonale studieadministrative systema er kritisk viktige for gjennomføring av opptak, undervisning og eksamen. Fellessystema for fag- og forskingsbibliotek gir tilgang til gode bibliotektenester på ein kostnadseffektiv måte.

Statistikken om vitskapleg publisering i Norsk vitskapsindeks blei produsert innan tidsfristane og nytta i finansieringssystema i universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka. Unit har gjort fleire forbetringar av forskingsinformasjonssystemet Cristin, mellom anna med nye løysingar for å rapportere inn vitskaplege publikasjonar og for integrasjon med andre system. Testar viser at dei nye løysingane gjer det lettare for brukarane å rapportere korrekt. Stadig fleire institusjonar hentar ut og bruker informasjon frå Cristin og forenklar dermed forskingsadministrative oppgåver.

Unit har i 2018 i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak etablert ein ny styringsmodell for å sikre ein tydeleg medverknad frå brukarane av tenestene til Unit, vareta interessene til institusjonane og oppnå ei nasjonal samordning på IKT-området innanfor høgare utdanning og forsking. Styringsmodellen inkluderer eit overordna Digitaliseringsstyre, der toppleiarar frå mange ulike verksemder innanfor forsking og høgare utdanning er representerte, og som har fleire rådgivande fagutval.

Unit har i 2018 gjennomført forhandlingar med dei største akademiske forlaga, og har lagt vekt på at avtalane skal føre til overgang til open publisering i tråd med dei nasjonale måla og retningslinjene for open tilgang til vitskaplege artiklar. Forhandlingane har leia fram til fleire avtalar som gir tilgang til å lese abonnementstidsskrifta og til å publisere ope i desse utan auka kostnader.

Unit tilbyr tenester for å dokumentere og dele forskingsdata og digitale læringsressursar, som inkluderer løysingar for datahandteringsplanar og identifikatorar (DOI). Nokre få institusjonar har teke i bruk løysingane, og Unit er i dialog med fleire institusjonar om å ta i bruk desse tenestene.

Post 71 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

Posten omfattar tilskot til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 274, post 70. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

UNIS tilbyr høgare utdanning og driv forsking av høg kvalitet, og utnyttar plasseringa på Svalbard til å utvikle seg som eit internasjonalt leiande senter for arktiske studium og forsking. Til saman 772 studentar hadde kortare eller lengre opphald ved senteret, og stod for til saman 218 studentårsverk. Det er ein liten nedgang frå 2017. UNIS held fram med å utvikle studietilbodet, med sikte på at studentar kan få undervisning gjennom heile semester eller fleire år. UNIS medverkar i ei rekke forskingsprosjekt og i vitskaplege publikasjonar. I 2018 medverka senteret i 171 publikasjonar, og stod for 24 pst. av forfattaradressene på desse.

Post 72 Tilskot til UNINETT

Posten omfattar driftstilskot til UNINETT AS. Løyvinga blei flytta i statsbudsjettet for 2019 til kap. 280, post 51. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 273, post 50. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Som ledd i omorganiseringa av dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren i 2018 blei 34 årsverk overførte frå UNINETT til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking. Oppgåvene som blei flytta, inkluderte undervisningsnære og administrative system, og UNINETT blei etter endringa eit meir reindyrka infrastrukturselskap.

UNINETT tilbyr eit landsomfattande datanett av høg kvalitet, som òg koplar brukarane i kunnskapssektoren til internasjonale forskingsnett. Til saman 142 verksemder, hovudsakleg forskings- og utdanningsinstitusjonar, fekk levert nettilknyting av UNINETT i 2018. Datanettet er under stadig oppgradering for å kunne handtere større datamengder og tilfredsstille høgare krav frå brukarane.

Post 73 Tilskot til NORDUnet, kan overførast

Løyvinga dekker den norske kontingenten for deltaking i NORDUnet. Løyvinga blei flytta i statsbudsjettet for 2019 til kap. 280, post 51. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 273, post 50. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Kunnskapsdepartementet betaler ein årleg kontingent for Noregs deltaking i NORDUnet. Kontingenten utgjorde 35,4 mill. kroner i 2018. NORDUnet er eit samarbeid mellom forskingsnetta i dei nordiske landa om koplingar til internasjonale nettverk. Det er meir kostnadseffektivt enn om kvart land skulle ha operert åleine, og det gir betre høve til å påverke utforminga av løysingar i det internasjonale akademiske nettverket. I 2018 har ei utviding av datanettet gjort sambandet til Asia betre.

Kap. 3280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Inntekter frå oppdrag

10 375

10

02

Salsinntekter o.a.

324

601

Sum kap. 3280

10 699

611

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvingane til kap. 3271, jf. kap. 271.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

354 011

195 742

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

11 300

9 282

50

Tilskot til Noregs forskingsråd

223 457

234 107

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 01

68 764

36 309

73

Tilskot til internasjonale program

65 650

78

Tilskot til Universitets- og høgskolerådet

12 509

20 321

Sum kap. 0281

735 691

495 761

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 275, post 21. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Høg kvalitet i utdanning og forsking

I 2018 fekk til saman 8 senter for framifrå utdanning (SFU) tildelt midlar frå departementet på bakgrunn av tilrådingane frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Ordninga medverkar til at arbeidet med kvalitetsforbetring er blitt meir systematisk handsama av leiinga ved norske universitet og høgskular. Nye utviklingsprosjekt har blitt starta opp, og sentera har ført til betre samarbeid mellom fagmiljø, pedagogikkfaget og studieadministrasjon.

I 2018 var tiltaka for lærarutdanninga i strategien Lærerutdanning 2025 i gang. Partnarskapssamarbeid har starta ved alle dei nye grunnskulelærarutdanningane og vil bidra til auka kvalitet i praksis og betre samarbeid. Det er satsa på tiltak for å rekruttere fleire studentar, med særleg vekt på menn og studentar med innvandrarbakgrunn. Fem institusjonar er i gang med eit treårig prosjekt for å styrke digitalisering i lærarutdanninga. Forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanning blei gjennomført for tredje gong.

Tiltaka i strategien treng tid til å verke før ein kan vente full effekt for kvalitet og rekruttering, men ein kan sjå ei positiv utvikling. I 2018 var det ein stor auke i søkartal til lærarutdanningane, og studentane er betre kvalifiserte.

Ordningane for internasjonalt samarbeid som er forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) med løyving frå posten, har bidrege til å styrke samarbeidsrelasjonar innanfor utdanning og forsking. Dette gjeld tiltak som følger opp Panorama -strategien for samarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, og ordninga Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART). NORPART-ordninga støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utviklingsland og blei ført vidare i 2018. I 2018 tildelte Diku 122 mill. kroner til 25 nye femårige NORPART-prosjekt. I utlysinga i 2018 blei det stilt eit endå tydelegare krav om at alle prosjekt skal inkludere planar for gjensidig studentmobilitet, med eit betydeleg antal studentar frå utviklingsland til Noreg på opphald som er lengre enn tre månader.

NOKUT har arbeidd vidare med nasjonal deleksamen, og vurderer at fagmiljøa er meir bevisste på korleis vurderingsprinsipp og eksamen kan nyttast for å auke kvaliteten i undervisninga.

I 2018 har nasjonale retningslinjer for til saman 20 helse- og sosialfagsutdanningar vore under utarbeiding. Det er etablert prosjektgrupper for desse med representantar frå utdanningane innanfor helse- og velferdsfag, tenestene og studentar.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til MARKOM2020, som er eit samarbeidsprosjekt for maritim kompetanse. Prosjektet har styrkt kvaliteten og samarbeidet i maritim fagskuleutdanning og høgare utdanning, rekruttering, forskarutdanning og samarbeid med næringsliv på feltet.

Departementet tildelte midlar til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet til oppgradering av forskingsfartøyet Helmer Hanssen, som er viktig for forsking og undervisning i nordområda. Vidare tildelte departementet midlar til bevarings- og sikringsprosjektet Saving Oseberg II, som har utvikla kunnskap om konservering, bevaring og god forvaltning av gjenstandar frå vikingtida. Arbeidet med oppgradering og vidareutvikling av nasjonal vitnemålsdatabase og vitnemåls- og karakterportalen i Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking blei ført vidare.

God tilgang til utdanning

Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til OsloMet – storbyuniversitetet for å utvikle kompletterande utdanning for flyktningar som har høgare utdanning frå heimlandet, slik at flyktningane skal kunne bruke kompetansen sin til å kome raskt ut i arbeidslivet. Det er positive erfaringar med utdanningane, men det er framleis naudsynt med ein særskild innsats for å spreie informasjon om tilbodet og for tilpassa språkopplæring som kan gjere søkarane kvalifiserte. Det trengst òg gode praksisplassar i kompletterande utdanning for ingeniørar.

Departementet tildelte i 2018 midlar til totalt 73 nye rekrutteringsstillingar over kap. 281. Av desse blei 52 stillingar tildelte universitet og høgskular over post 01, og 21 stillingar blei tildelte SIMULA over post 70. Stillingane gjekk til fagområda kunst, yrkesfaglærarutdanning og IKT med særleg vekt på IKT-tryggleik medrekna kryptologi. I tillegg tildelte departementet åtte rekrutteringsstillingar over kap. 260, postane 50 og 70. Av desse blei fem stillingar tildelte innanfor yrkesfaglærarutdanning.

Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Unit overtok i 2018 nokre oppgåver og tilsette frå UNINETT AS, og fekk tildelt midlar til ei felles nasjonal nettskyteneste og betre administrative tenester for universitets- og høgskulesektoren.

Kunnskapsdepartementet oppretta i 2017 ei ny eining for tilsyn med private høgskular, fagskular og studentsamskipnader. Tilsynseininga blei overført til NOKUT 1. september 2018. Sjå òg omtale under kap. 280, post 01.

Departementet tildelte midlar til fleire evalueringar og utgreiingsoppdrag som har bidrege til eit betre grunnlag for å nå måla for posten.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 275, post 45. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2018 midlane til institusjonar på Sør- og Vestlandet. Dei har bidrege til investeringar i nytt og oppgradering av eksisterande utstyr ved Universitetet i Agder, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda.

Post 50 Tilskot til Noregs forskingsråd

Posten omfattar midlar til program og tiltak i Forskingsrådet som skal styrke verksemda til universitet og høgskular eller kunnskapsgrunnlaget for politikken. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til kap. 285, postane 52 og 53 og til kap. 201, post 21. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Kunnskapsdepartementet tildelte midlar over kap. 281, post 50 til desse ordningane og programma i Noregs forskingsråd:

  • nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

  • tiltak for grunnskulelærarutdanning

  • Forskingsbasert nyskaping (FORNY2020)

  • Forskingskompetanse for utvalde profesjonsutdanningar (PROFESJON)

  • Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION)

  • Forskarskolane i arkeologi og biosystematikk ved universitetsmusea (UNI-MUSEER)

  • Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL)

  • Forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT)

Ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. medverkar til å styrke samarbeidet mellom forskingsinstitusjonar og bedrifter og mellom forskingsinstitusjonar og offentleg sektor. Nærings-ph.d.-ordninga har bidrege med om lag 400 ph.d.-kandidatar i næringslivet, noko som er viktig for å auke kapasiteten til å bruke forsking i utviklinga av verksemdene. Porteføljen av offentleg sektor-ph.d. frå 2014 til i dag dekker no eit breitt spekter av tema- og sektorområde. Utdanningssektoren har flest prosjekt (25), tett følgt av helse og omsorg (23). Interessa og søkartala for begge ordningane held fram med å vekse.

Resultata av Forskingsrådets verkemiddel for auka kommersiell bruk av offentleg finansierte forskingsresultat i Noreg (FORNY) viser òg i hovudsak ei god utvikling i dei seinaste åra. Forskingsrådet rapporterer mellom anna om ein auke i patent frå forskingsmiljø som har fått støtte frå FORNY-programmet – frå 163 patent i 2013 til 261 i 2018.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 275, post 70. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Kunnskapsdepartementet utbetalte til saman 68,8 mill. kroner over kap. 281, post 70:

  • Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) for oppfølging av Tyskland-strategi: 1 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 8,5 mill. kroner

  • International Council for Open and Distance Education: 2,7 mill. kroner

  • NLA Høgskolen for finansiering av forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanning og arbeidet med partnarskapar i grunnskulelærarutdanninga: 2,4 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for Kandidatundersøkinga: 2,7 mill. kroner

  • Norsk senter for forskingsdata for drift og utvikling av database for statistikk om høgare utdanning: 19,7 mill. kroner

  • SIMULA for rekrutteringsstillingar: 8,6 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet til Nasjonalt råd for lærarutdanning: 6 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning: 5,1 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet i publiseringsutvalet med vitskapleg publisering og publiseringsindikator: 2,1 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for styrking av IKT-tryggleik i teknologiutdanningane: 1 mill. kroner

  • SAKS-midlar til Barratt Due musikkinstitutt – Høyskoleavdelingen og Unge talenter: 1 mill. kroner

  • SAKS-midlar til Høyskolen Kristiania: 7 mill. kroner

  • SAKS-midlar til VID vitenskapelige høgskole: 1 mill. kroner

Løyvinga finansierer fleire tiltak som har gitt eit viktig grunnlag for informasjon om høgare utdanning og forsking som er naudsynt for både departementet og aktørane i sektoren for å heve kvaliteten. Det gjeld Database for statistikk om høgare utdanning, som er drifta av Norsk senter for forskingsdata, arbeidet ved publiseringsutvalet under Universitets- og høgskolerådet og kandidatundersøkingane, som er utførte av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning.

Vidare finansierte løyvinga i 2018 tiltak for lærarutdanningane. Universitets- og høgskolerådet har sidan 2014 hatt ansvar for å utvikle nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane, og i 2018 blei retningslinjene for alle dei åtte lærarutdanningane ferdigstilte. Retningslinjene med felles standardar om kva som er god lærarutdanning, er utvikla av fagmiljøa sjølve, og er ei viktig hjelp for lærestadane i utviklinga av utdanningane.

Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning har gitt viktige høyringsfråsegner for å vareta formåla i mandatet sitt, mellom anna om seksuell trakassering, og innspel om varetaking av kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i EUs neste rammeprogram for forsking og innovasjon.

Løyvinga finansierte i 2018 òg tiltak for fleksible studietilbod, gjennom International Council for Open and Distance Education og Høgskolesenteret i Kristiansund. Høgskolesenteret i Kristiansund fekk i 2018 eit tilskot på 8,5 mill. kroner til ordinær drift og mindre investeringar i utstyr og inventar. Styret for Høgskolesenteret i Kristiansund hadde ved utgangen av 2018 sett av i alt 11 mill. kroner av statstilskotet i 2018 og delar av eigenkapitalen til tiltak i 2019. Studietilboda ved senteret blei i 2018 gitte av Høgskolen i Molde og Høgskulen på Vestlandet.

Post 73 Tilskot til internasjonale program

Løyvinga dekker godtgjersle til dei andre nordiske landa for studentar som er busette i Noreg og studerer i desse landa. Godtgjersla følger av den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning.

Løyvinga blei flytta i statsbudsjettet for 2019 til kap. 280, post 50. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 272, post 50.

Rapport for 2018

Dei nordiske landa er populære studiestadar for norske studentar, og har gjennomgåande høgare utdanningstilbod av høg kvalitet. I studieåret 2017–18 studerte 3 027 norske studentar i dei nordiske avtalelanda, og 1 193 studentar frå dei nordiske avtalelanda studerte i Noreg. Dette er høvesvis 129 færre og 16 fleire enn året før.

Post 78 Tilskot til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar driftstilskot til Universitets- og høgskolerådet (UHR) og midlar til aktivitet som er koordinert gjennom rådet. Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 275, post 70. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

UHR fremjar samordning mellom universitet og høgskular innanfor høgare utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning. I 2018 har UHR bidrege med innspel til pågåande arbeid i Kunnskapsdepartementet om stortingsmeldingar, og med innspel og høyringsfråsegner til ei rekke utval, mellom anna ekspertutvala for etter- og vidareutdanning og om stillingsstrukturen i universitets- og høgskulesektoren og lovutvalet som går gjennom regelverket for universitet og høgskular.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

02

Salsinntekter o.a.

10

Sum kap. 3281

10

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 3275, post 01. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

19 098

18 962

19 303

Sum kap. 0284

19 098

18 962

19 303

Post 01 Driftsutgifter

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Løyvinga dekker arbeidet i administrasjonen, Granskingsutvalet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for høvesvis medisin og helsefag, samfunnsvitskap og humaniora, og naturvitskap og teknologi. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ.

Mål for 2020

Det overordna samfunnsmålet med FEK er etisk god og ansvarleg forsking. Måla med verksemda er at

  • forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking

  • andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt

  • samfunnet har tillit til forsking

Rapport for 2018

Departementet vurderer at FEK i all hovudsak oppfylte måla for verksemda i 2018. FEK stod bak ei rekke aktivitetar som gjer forskingsinstitusjonane i betre stand til å fremje god og ansvarleg forsking. FEK har utgitt retningslinjer og rettleiarar om forskingsetisk arbeid, rådgivande fråsegner og fleire publikasjonar av ulik art. Det har òg vore arrangert fleire konferansar, møte og foredrag retta mot ulike målgrupper som blir godt tekne imot av deltakarane. I opplæringsaktivitetar og rådgivingsverksemda er det lagt vekt på å ruste forskingsinstitusjonane til å vareta det forskingsetiske ansvaret sitt. Det var eit noko høgare tal enn tidlegare på klager på vedtak av dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) til Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag. Dette har gitt noko høgare sakshandsamingstid, men er likevel innanfor det akseptable.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre løyvinga på same nivå.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

52

Langsiktig, grunnleggande forsking

1 630 883

1 699 644

1 830 078

53

Sektoroverskridande og strategiske satsingar

1 454 936

1 634 642

1 408 881

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

748 392

751 245

791 409

55

Verksemdskostnader

803 868

792 543

783 617

Sum kap. 0285

4 638 079

4 878 074

4 813 985

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Forskingsrådet skal bidra til auka vitskapleg kvalitet, til auka verdiskaping i næringslivet, og til å møte store samfunnsutfordringar. Forskingsrådet skal òg bidra med god forskingspolitisk rådgiving og til at Noreg har eit godt fungerande forskingssystem.

I tråd med sektorprinsippet for norsk forsking, som inneber at kvart departement har ansvar for å finansiere forsking innanfor sine ansvarsområde, bidreg løyvingar frå mange departement til å nå dei måla regjeringa har sett for forskingspolitikken. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2019 og 2020 er presentert i del III, kap. 5.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Forskingsrådet og for at rådet når dei måla som er sette for verksemda. Eit felles styringssystem for Forskingsrådet samordnar styringssignala frå departementa til Forskingsrådet.

Tabell 4.19 Øyremerkte tilskot til forskingsinstitusjonar gjennom Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Organisasjon

Kap.post

Forslag 2020

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen

285.52

19 500

Simula Research Laboratory AS

285.52

78 180

NSD – Norsk senter for forskingsdata AS

285.54

12 260

UNINETT Sigma2 AS*

285.54

25 000

* Kunnskapsdepartementet vil vurdere nivået på løyvinga til UNINETT Sigma2 AS etter at evalueringa av dette selskapet er handsama i styret i Forskingsrådet.

I tillegg til midlane over kap. 285 får Forskingsrådet løyvingar over følgande andre kapittel og postar på Kunnskapsdepartementets budsjett:

  • kap. 201, post 21 (utdanningsforsking og forsking på forskings- og innovasjonspolitikk)

  • kap. 226, post 71 (tilskot til vitensenter)

  • kap. 287, post 57 (basisløyving til dei samfunnsvitskaplege institutta)

  • kap. 288, post 21 (oppfølging av internasjonalt samarbeid)

  • kap. 291, post 50 (forsking på velferd, arbeidsliv og migrasjon)

Sjå dei respektive postane for nærare omtale av desse løyvingane.

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å finansiere forsking som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. Løyvinga over kap. 285, post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking, bidra til å betre den vitskaplege kvaliteten i forskingsmiljø eller på einskilde forskingsområde og bidra til å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.

Løyvinga finansierer mellom anna Fri prosjektstøtte (FRIPRO), senter for framifrå forsking (SFF), løyvingar til grunnforskingsprogram og strategisk institusjonsstøtte.

Mål for 2020

Langsiktig, grunnleggande forsking av høg kvalitet uavhengig av fagområde.

Rapport for 2018

Løyvinga har blitt brukt til å støtte forsking av topp vitskapleg kvalitet, uavhengig av fag og tema. Stor konkurranse om midlane sikrar høg kvalitet. Sjølv om det har vore stor realvekst i løyvingane til langsiktig grunnleggande forsking i dei siste åra, har ikkje dette redusert konkurransen om midlar.

Dei målretta verkemidla for auka vitskapleg kvalitet, slik som Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og senter for framifrå forsking (SFF), har blitt styrkte og vidareutvikla i dei siste åra.

FRIPRO har bidrege til å gi dei beste forskarane i alle fag gode høve til å utvikle framifrå forsking og forskarkarrieren sin. Ein analyse som er utført av Norsk regnesentral, viser at forskarar som får støtte frå FRIPRO, gjennomgåande publiserer meir, og at artiklane deira blir meir siterte enn artiklar frå forskarar som har søkt FRIPRO og ikkje fått støtte. Det er likevel ei utfordring at mange søknader til Forskingsrådet med høgaste karakter på vitskapleg kvalitet blir avslått. Gjennom å ha færre utlysingar og legge om frå program til breiare porteføljar arbeider Forskingsrådet for at fleire prosjektsøknader som oppnår toppkarakter, blir innvilga.

SFF bidreg til at dei beste forskingsmiljøa får betre og meir føreseielege rammer. Forskingsrådet si midtvegsevaluering av dei 13 sentera som blei starta opp i 2013, viser at sentera samla sett presterer imponerande, med forsking heilt i den internasjonale forskingsfronten. Sentera har bidrege til at det blir skapt innovative koplingar mellom ulike fagområde og faglege tilnærmingar, noko som har gitt verdifulle nye forskingsfunn. Vitskaplege publikasjonar frå sentera blir mykje siterte, og sentera lykkast òg på andre konkurransearenaer og skaffar seg supplerande ekstern finansiering frå Forskingsrådet, EU eller andre kjelder. I snitt publiserte kvart SFF 60 vitskaplege artiklar i 2018. I 2018 førebudde Forskingsrådet ei større evaluering av ordninga med senter for framifrå forsking. Evalueringa er ferdig i løpet av 2020.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 1 830,1 mill. kroner på posten i 2020 mot 1 699,6 mill. kroner i 2019.

Av den auka løyvinga skal 25 mill. kroner nyttast til grunnleggande IKT-forsking for digital transformasjon. Tiltaket er ei oppfølging av opptrappingsplanen Teknologiløft i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–28.

Minst 30 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til å styrke ordningar for forskartalent for framifrå fagmiljø. Tiltaket følger opp det overordna målet om fleire framifrå fagmiljø i langtidsplanen.

4,8 mill. kroner av auken skriv seg frå at kap. 281, post 50 blir avvikla og midlane til ordninga Strategisk satsing på universitetsmuseum (UNI-MUSEER) blir flytta til kap. 285, post 52.

50 mill. kroner av auken skriv seg frå at midlar til gåveforsterkingsordninga blir flytta frå kap. 285, post 53 til kap. 285, post 52. Gåveforsterkingsordninga skal stimulere til at fleire private givarar donerer pengar til forsking. Ordninga er avgrensa til grunnforsking.

2,5 mill. kroner blir flytta frå kap. 285, post 52 til kap. 285, post 53. Midlane stammar frå forskingssatsinga Europa i endring, og var omdisponerte til grunnforskingsprogrammet Samfunnsutviklingas kulturelle føresetnader (SAMKUL) i 2018. Departementet foreslår å samle løyvingane til SAMKUL på éin budsjettpost, kap. 285, post 53.

10 mill. kroner til Forskingsdagane, Unge forskarar og Nysgjerrigper er tilbakeførte frå kap. 285, post 55, jf. omtale på post 55.

Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar

I rapporten frå områdegjennomgangen av Forskingsrådet blei det foreslått å reindyrke denne posten som ein finansieringsmekanisme som skal vareta endringsbehov, sektoroverskridande område og lange tidsperspektiv i forskingssystemet. For å følge opp denne tilrådinga vedtok regjeringa at løyvinga på denne posten frå og med 2018 skulle dreiast i tråd med tre prinsipp:

  • bidra til oppfølging av regjeringas forskingspolitiske prioriteringar i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

  • gi fleksibilitet til å gjennomføre langsiktige og systemstrategiske endringar. Midlar på posten kan til dømes verke saman med satsingar frå andre departement i ein startfase. Posten skal verke mobiliserande, ikkje kompenserande

  • støtte forsking av høg vitskapleg kvalitet

Mål for 2020

Sektoroverskridande forsking av høg kvalitet som bidreg til å følge opp prioriteringane i langtidsplanen og til å gjennomføre langsiktige og systemstrategiske endringar.

Rapport for 2018

Kunnskapsdepartementets koordinerande rolle i forskingspolitikken og ansvaret for forskingssystemet inneber at departementet bidreg med finansiering i ein stor del av Forskingsrådets program- og aktivitetsportefølje, og dekker eit breitt spekter av tema. Dette bidreg til oppfølging av dei forskingspolitiske prioriteringane til regjeringa innanfor mellom anna klima, miljø og miljøvennleg energi, hav, næringsutvikling og betre og meir effektive offentlege tenester.

Med denne løyvinga finansierer Forskingsrådet forskingsinnsats for å møte samfunnsutfordringar gjennom mellom anna Store program og handlingsretta program i Forskingsrådet. Her bidreg midlane frå Kunnskapsdepartementet til å bygge opp forskingskapasitet på viktige område og støtte opp om sektoroverskridande forsking av høg kvalitet. Forskingsrådet har eit mål om å auke humaniora sin del av rådets samla løyvingar frå 3 pst. til 5 pst. Det er lagt godt til rette for dette innanfor dei sektoroverskridande satsingane. For å kunne nå dette ambisiøse målet er Forskingsrådet i tillegg avhengig av gode søknader frå humanioramiljøa.

Løyvinga på posten finansierer òg stimuleringsordningar som skal bidra til å auke norsk deltaking i Horisont 2020. I perioden 2015–18 var slike tiltak høgt prioriterte av regjeringa og fekk ein samla auke på 400 mill. kroner. Midlane er disponerte til ei rekke ulike tiltak i hovudsak i Forskingsrådet, men også i Innovasjon Noreg. Dei to største verkemidla er STIM-EU og prosjektetableringsstøtte (PES2020). Det er grunn til å tru at opptrappinga og innrettinga av stimuleringsordningane har spela ei viktig rolle for at vi ser auka norsk deltaking i Horisont 2020 frå 2018.

Andre sentrale satsingar som har fått finansiering over denne posten, er senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). SFI-ane bidreg til å fremje utvikling av næringsretta forskingsmiljø som ligg i den internasjonale forskingsfronten. Sentera legg godt til rette for eit nært samarbeid mellom bedrifter og forskingsgrupper. Ei evaluering av SFI-ordninga frå 2017 syner at ordninga bidreg positivt til å kople næringsliv og FoU-institusjonar. Dette gir auka næringsrelevant kompetanse i FoU-miljøa og auka FoU-kompetanse i næringslivet. Sluttrapportane frå den første gruppa av FME-senter syner at også FME-ane har gitt meir og betre norsk energiforsking med betre struktur der det er etablert sterke nettverk mellom forsking og næringsliv.

Størsteparten av dei konkurranseutsette midlane til polarforsking blir òg finansiert over denne posten. Satsinga bidreg til å styrke Noregs rolle som polarforskingsnasjon, der Noreg er femte største nasjon målt i talet på vitskaplege artiklar. Når det gjeld forsking i Arktis, er Noreg tredje største nasjon, etter USA og Canada.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 1 408,9 mill. kroner på posten i 2020 mot 1 634,6 mill. kroner i 2019.

Innanfor løyvinga skal grunnleggande IKT-forsking for digital transformasjon styrkast med minst 18 mill. kroner. Tiltaket er ei oppfølging av opptrappingsplanen Teknologiløft i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

5,7 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til å styrke ordninga Studententreprenørskap (STUD-ENT). 4,8 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til førsteårseffekten av 22 nye nærings-ph.d.-stillingar. Tiltaka følger opp opptrappingsplanen FoU for fornying og omstilling i næringslivet i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Polarforsking skal styrkast med 15 mill. kroner. Tiltaket er ei oppfølging av den langsiktige prioriteringa Klima, miljø og miljøvennleg energi i langtidsplanen.

3,9 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til doktorgradsutdanning i IKT-tryggleik og kryptologi for personar som kan få tryggingsklarering, fortrinnsvis gjennom offentleg sektor-ph.d.-ordninga og nærings-ph.d.-ordninga. Tiltaket er ei oppfølging av dei to langsiktige prioriteringane Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester og Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd i langtidsplanen.

27,2 mill. kroner av løyvinga på posten går til Innovasjon Noreg for å finansiere arbeid med mobilisering til god norsk deltaking i Horisont 2020. Dette inkluderer også Innovasjon Noreg sin representant ved Kunnskapskontoret i Brussel.

169,5 mill. kroner av løyvinga skriv seg frå at kap. 281, post 50 blir avvikla, og at midlane til følgande ordni ngar i Noregs forskingsråd blir flytta til kap. 285, post 53:

  • nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

  • Forskingsbasert nyskaping (FORNY2020)

  • Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION)

  • Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL)

  • Forskingskompetanse for utvalde profesjonsutdanningar (PROFESJON)

Løyvinga på posten er redusert med 50 mill. kroner som følge av flytting av midlane til gåveforsterkingsordninga, og auka med 2,5 mill. kroner på grunn av samling av midlar til SAMKUL-programmet. Sjå omtale på post 52.

4,9 mill. kroner blir flytta frå kap. 285, post 53 til kap. 285, post 55. Dette er verksemdskostnader knytte til nye nasjonale ekspertstillingar under Horisont 2020 og til norsk deltaking i det felleseuropeiske initiativet for å bygge superdatamaskinar i Europa, kalla EuroHPC. Desse midlane blei i 2019 løyvde over kap. 285, post 53.

Departementet foreslår å trekke ut 400 mill. kroner som ein eittårig reduksjon i 2020 for å redusere avsetningane som er knytte til denne posten. Den eittårige reduksjonen i løyvingane skal ikkje føre til redusert aktivitet, og Forskingsrådet skal halde fram med å lyse ut midlar på posten som om løyvinga ikkje var redusert. Forskingsrådet kan i 2020 legge opp til aktivitet med utgangspunkt i at desse midlane vil bli førte tilbake til posten i 2021.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Mål for 2020

Relevant og oppdatert forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse som understøttar forsking av høg kvalitet for eit innovativt og berekraftig samfunn.

Rapport for 2018

Oppdatert vitskapleg utstyr og forskingsinfrastruktur er avgjerande for å utvikle forskings- og utdanningsmiljø av høg kvalitet. Gjennom ordninga for forskingsinfrastruktur i Forskingsrådet blir det årleg investert 750 mill. kroner. Forskingsrådet arbeider systematisk og godt med ordninga.

I 2017 innvilga Forskingsrådet støtte til totalt 22 prosjekt med ei samla kostnadsramme på 1 mrd. kroner. Totalt var det 92 prosjekt som deltok i denne søknadsrunden, og det blei søkt om i alt 5,7 mrd. kroner. Infrastrukturprosjekta får bidraga betalte ut på grunnlag av spesifisert og godkjend faktura, og rekneskapsførte kostnader for 2018 var 738,5 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2020

Midlane på denne posten skal gå til å finansiere Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på infrastruktur. I tillegg skal dei norske bidraga til CESSDA ERIC, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) og European Spallation Source (ESS) i Lund dekkast innanfor løyvinga på posten. Løyvinga skal òg dekke basisløyvinga til Norsk senter for forskingsdata og UNINETT Sigma2 AS og delar av kostnaden ved å utvikle og etablere Helseanalyseplattforma.

Departementet foreslår å løyve 791,4 mill. kroner på posten, mot 751,2 mill. kroner i 2019. 20 mill. kroner av auken skriv seg frå at oppgraderinga av forskingsfartøyet Helmer Hanssen er ferdig. Oppgraderinga blei finansiert med midlar frå opptrappingsplanen for forskingsinfrastruktur i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015–24. No som oppgraderinga er avslutta, blir midlane førte tilbake til kap. 285, post 54.

Post 55 Verksemdskostnader

Løyvingane på denne posten omfattar midlar til drift av Forskingsrådet, det vil seie alle løyvingar som ikkje går til FoU. Utgifter til utlysing av forskingsmidlar, evaluering av søknader, utvikling av programplanar med vidare blir i hovudsak finansierte over denne posten. Det same gjeld utgifter til Forskingsrådets arbeid med rådgiving, møteplassfunksjon og særskild tenesteyting for alle departementa som løyver forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet. Nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar vil framleis bli finansierte gjennom FoU-løyvingane frå det einskilde departementet.

Mål for 2020

Regjeringa har sett fem mål for verksemda til Forskingsrådet. Måla er

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Løyvingane på posten skal sikre at Forskingsrådet når dei fem måla som er sette for rådet.

Rapport for 2018

Forskingsrådet forvaltar årleg nær 10 mrd. kroner frå departementa og mottek kvart år meir enn 4 000 søknader om prosjektmidlar. Løyvinga på posten skal mellom anna dekke vurdering av forskingssøknadene av internasjonale fagfellar og oppfølging av forskingsprosjekta. Dette bidreg til å sikre at forskingsprosjekta som blir finansierte, har høg kvalitet. Brei involvering av aktørar og samfunnsinteresser i utarbeidinga av programplanar og verkemiddel og i Forskingsrådets styre sikrar at verkemidla til Forskingsrådet fungerer for brukarane, og at det blir finansiert forsking på problemstillingar der samfunnet har behov for kunnskap, og som er i tråd med forskingspolitiske prioriteringar.

Det er høg vitskapleg kvalitet i prosjekta som Forskingsrådet finansierer, og støtta til næringslivet utløyser forskingsbasert innovasjon og gir auka verdiskaping. Gjennom verkemidla sine bidreg rådet til både å bygge verdsleiande fagmiljø og løfte forskingssvake område, samtidig som dei finansierer forsking som vi treng for å møte store samfunnsutfordringar.

I tillegg til å dekke kostnadene som er knytte til aktivitetane over, finansierer verksemdskostnadene andre viktige samfunnsoppgåver som Forskingsrådet har ansvaret for. Forskingsrådets arbeid med forskingsinfrastruktur, internasjonalisering av forsking, og mobilisering og kvalifisering av norske aktørar til deltaking i Horisont 2020, bidreg til at Noreg har eit godt fungerande forskingssystem. Forskingsrådet har i 2018 lagt om sitt interne styresystem, innført ei meir likearta søknadsbehandling og lagt grunnlaget for heilskapleg porteføljestyring for å sikre at dei beste prosjekta får finansiering. Forskingsrådet har òg arbeidd systematisk med å betre rådgivinga som er retta mot departementa, slik at forskingspolitikken kan utøvast på eit godt og kunnskapsbasert grunnlag. Vidare driv Forskingsrådet eit omfattande arbeid med sikte på å utvikle forskingspolitikk og spreie forskingsresultat, og med formidling og kommunikasjon.

Forskingsrådet tek også hand om ei lang rekke andre oppgåver for departementa, til dømes sekretariatet for Skattefunn-ordninga og oppgåver i forvaltninga av regionale forskingsfond. Årleg får norske verksemder skattereduksjon gjennom Skattefunn-ordninga for om lag 8 000 forskjellige prosjekt, som Forskingsrådet handsamar. Forskingsrådet har 13 regionalansvarlege lokaliserte over heile landet. I tillegg er sekretariata for fleire av 21-strategiane ( OG21, Energi21, HelseOmsorg21 ) lagde til Forskingsrådet. 21-prosessane er aktørdrivne strategiar for å fastsetje forskingsprioriteringar for viktige samfunnsområde.

Vidare har Forskingsrådet eit omfattande apparat for nasjonale kontaktpersonar som driv mobilisering til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Forskingsrådet har fleire medarbeidarar ved Kunnskapskontoret i Brussel og ved JPI Oceans-kontoret. Forskingsrådet deltek også i arbeidet med forvaltninga av EØS-midlane og i forvaltninga av forskingsmidlar under norske ambassadar i utlandet.

Forskingsrådet har i 2018 halde fram med arbeidet for å effektivisere drifta. Løyvinga til administrasjon blei samla redusert med 80 mill. kroner i perioden 2017–19.

Forskingsrådets rekneskapsmessige avsetningar er på same nivå som i 2017, det vil seie om lag 3 mrd. kroner. Departementet har stor merksemd retta mot avsetningane i Forskingsrådet og forventar at rådet set i verk tiltak for å få til ein vesentleg reduksjon i avsetningane. Departementet vil likevel understreke at det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører nokre midlar frå eitt budsjettår til eitt anna. Avsetningane er først og fremst knytte til programdrifta i Forskingsrådet. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar til forskingsprosjekt etter nasjonal konkurranse og slik sørge for kvalitet og relevans i den forskinga som blir finansiert. Å setje i gang nye prioriteringar og program krev god planlegging og stiller strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som tek tid. Det kan også vere forseinkingar i forskingsmiljøa som gjer at midlane ikkje blir tildelte frå Forskingsrådet. I til dømes store infrastrukturprosjekt tek det tid frå kontraktane er inngått, til midlane blir betalte ut, fordi kostbart vitskapleg utstyr må bestillast gjennom eigne anbodskonkurransar.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 783,6 mill. kroner på posten, mot 792,5 mill. kroner i 2019.

Frå 2018 blei verksemdskostnadene til Forskingsrådet samla på éin budsjettpost. I etterkant har Forskingsrådet i samråd med departementet gått gjennom kva kostnader som skal reknast som FoU-midlar, og kva som skal reknast som verksemdskostnader. Grunna denne avklaringa foreslår departementet at 10 mill. kroner som er knytte til Forskingsdagane, Unge forskarar og Nysgjerrigper, blir førte tilbake til FoU-budsjettet, frå kap. 285, post 55 til kap. 285, post 52.

I tillegg blir 4,9 mill. kroner til nasjonale ekspertar og deltaking i EuroHPC flytta frå kap. 285, post 53 til kap. 285, post 55. Sjå omtale under post 53.

Barne- og familiedepartementet rammeoverførte i Revidert nasjonalbudsjett 2019 2 mill. kroner til kap. 285, post 55. Midlane gjekk til eit strategiarbeid om utsette barn og unge (BarnUnge21) som Forskingsrådet skal vere sekretariat for. Sidan satsinga fører til auka verksemdskostnader for Forskingsrådet også i 2020, foreslår regjeringa å overføre 0,9 mill. kroner frå Barne- og familiedepartementets budsjett til kap. 285, post 55.

I 2019 rammeoverførte Samferdselsdepartementet 2 mill. kroner til Forskingsrådets verksemdsbudsjett grunna auka verksemdskostnader i forbindelse med Pilot-T og Transport21-prosessen. 21-prosessen blir avslutta i 2019, og 1,1 mill. kroner blir førte tilbake til Samferdselsdepartementet i 2020.

Nærings- og fiskeridepartementet har lagt sekretariatet for Prosess21 til Forskingsrådet. Sidan dette fører med seg auka verksemdskostnader for Forskingsrådet i perioden 2019–21, rammeoverførte Nærings- og fiskeridepartementet 3,8 mill. kroner til kap. 285, post 55 i 2019. I 2020 er verksemdskostnadene knytte til Prosess21 2,5 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår å overføre 1,3 mill. kroner tilbake til Nærings- og fiskeridepartementet i 2020.

Løyvinga på posten blei auka med 1,5 mill. kroner i 2019 til etablering av eit havsekretariat, mot ein tilsvarande reduksjon av FoU-løyvingar som har vore nytta til havforsking på kap. 285, post 53 og i Nærings- og fiskeridepartementet. 0,6 mill. kroner til havsekretariatet blei løyvde over Klima- og miljødepartementets budsjett, og departementet foreslår at desse midlane blir flytta til kap. 285, post 55 i 2020.

Kap. 286 Regionale forskingsfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

189 119

Sum kap. 0286

189 119

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post 60 gjennom å flytte løyvinga frå kap. 287, post 60. Sjå gammal post for rapport for 2018.

Tilskotsmidlane til dei regionale forskingsfonda har sidan fondsordninga blei oppretta i 2009, vore fordelte på sju forskingsfond. I kvart av fonda har minst to fylkeskommunar samarbeidd om bruken av midlane. Ved overgangen til ny fylkesstruktur 1. januar 2020 blir tilskotsmidlane til dei regionale fonda fordelte på elleve fylkeskommunar. Kvar fylkeskommune får sitt eige forskingsfond, og fylkeskommunane fattar sjølve vedtak om utlysingar og tildelingar av midlar til forskingsprosjekt.

Ny forskrift om dei regionale forskingsfonda

Kunnskapsdepartementet har utarbeidd forslag til forskrift om dei regionale forskingsfonda. Forskrifta erstattar dagens retningslinjer for regionale forskingsfond, og ho skal tre i kraft 1. januar 2020. Hovudformålet med fondsordninga er ført vidare i forskrifta. Samanlikna med retningslinjene er forskrifta forenkla. Departementet foreslår at den einskilde fylkeskommunen sjølv skal velje modell for styring og forvaltning av tilskotsordninga for regionale forskingsfond. Noregs forskingsråd skal framleis spele ei viktig rolle som kvalitetssikrar i behandlinga av søknader og skal vidare bidra med administrativ støtte til fylkeskommunane. Departementet har sendt forslaget til forskrift ut på alminneleg høyring med svarfrist 12. november 2019.

Mål for 2020

Dei regionale forskingsfonda skal styrke forskingsevna til regionane gjennom tilskot til forsking og innovasjon, og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats. Fonda skal mellom anna medverke til at bedrifter og offentlege verksemder aukar sin kompetanse, si innovasjonsevne, verdiskaping og konkurransekraft ved å initiere forsking og ta i bruk resultat frå FoU.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 189,1 mill. kroner til regionale forskingsfond i 2020 mot 183,3 mill. kroner i 2019.

Departementet foreslår å vidareføre modellen for fordeling av midlar mellom forskingsfonda, med ei justering frå 50 pst. til 60 pst. av delen midlar som blir fordelt likt mellom fylkeskommunane. På denne måten får fylkeskommunane med minst folketal noko meir tilskotsmidlar enn dei elles ville ha fått.

Med denne endringa blir fordelingsmodellen slik: 5 pst. av tilskotsmidlane blir sette av til dei to fylkeskommunane Troms og Finnmark og Nordland og skal delast likt mellom dei. Resten av midlane blir fordelte etter følgande kriterium: 60 pst. skal fordelast likt mellom fylkeskommunane, og 40 pst. skal fordelast på grunnlag av folketalet i fylkeskommunane.

Tabell 4.20 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond i 2020

(i 1 000 kr)

Fylkeskommune

Beløp

Agder

13 917

Innlandet

15 019

Møre og Romsdal

13 379

Nordland

17 810

Oslo

18 986

Rogaland

16 215

Troms og Finnmark

17 806

Trøndelag

16 059

Vestfold og Telemark

15 524

Vestland

18 355

Viken

26 049

Totalt

189 119

Kap. 287 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 71

10 408

6 845

53

NUPI

5 439

5 020

56

Holbergprisen

16 329

16 803

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

206 659

217 444

218 120

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

210 564

183 255

71

Tilskot til andre private institusjonar

47 621

48 639

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

15 338

15 783

Sum kap. 0287

512 358

493 789

218 120

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å endre namnet på dette kapittelet frå «Forskingsinstitutt og andre tiltak» til «Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt», då basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta er einaste løyvinga som står igjen på posten etter at dei tilrådde flyttingane er gjennomførte.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 275, post 21. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Eit godt kunnskapsgrunnlag sikrar god utvikling av forskingspolitikken. Programmet Forsking for forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) skal bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for å utforme og gjennomføre forskings- og innovasjonspolitikken hos relevante aktørar. FORINNPOL starta opp i 2016 med å løyve midlar til to forskingssenter, Centre for Research Quality and Policy Impact Studies (R-Quest) og Oslo Institute for Research on the Impact of Science (OSIRIS). I 2018 blei det etablert eit nytt FORINNPOL-senter som skal arbeide med forskings- og innovasjonspolitikk for omstilling i næringslivet. Programmet skal vare i 8 år, og det er førebels for tidleg å rapportere om effekten av tiltaket. Frå 2019-budsjettet er løyvinga til FORINNPOL flytta til kap. 201, post 21.

Regjeringa starta i 2017 arbeidet med å revidere langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Delar av løyvinga blei nytta til dette formålet også i 2018. Formålet med planen er å sikre stabile prioriteringar og føreseielege løyvingar til forsking og høgare utdanning. Planen blei lagd fram saman med forslaget til statsbudsjett for 2019.

Midlar har gått til å oppdatere NIFU-rapporten Markets for applied research, der temaet var å samanlikne nivået på basisfinansiering og utviklinga i instituttpolitikken i utvalde land. Resultata frå rapporten blir brukte i det tverrdepartementale instituttprosjektet.

Post 53 NUPI

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 275, post 21. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Departementet er nøgd med måloppnåinga til NUPI når det gjeld oppgåvene om informasjon og formidling. Nettstaden hvorhenderdet.no og nyhendebrevet derifrå er den viktigaste kanalen til NUPI for å nå ut til ungdom med informasjon om internasjonal politikk, og er retta mot elevar i vidaregåande skule. I 2018 gjekk talet på mottakarar av nyhendebrevet betydeleg ned til 8 000, grunna ei omlegging av kontaktdatabasen i tråd med nye personvernreglar. Over 20 skuleklassar vitja NUPI i 2018.

I tillegg har NUPI arrangert ei stor mengde seminar og konferansar, der mange òg blir filma og direktestrøymde. Sendingane har blitt viste over 52 000 gongar; dette er ein auke på 17 pst. frå året før. Forskarane ved NUPI har òg i 2018 vore mykje nytta som kjelder og kommentatorar i norske og utanlandske medium.

Post 56 Holbergprisen

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte løyvinga til nytt kap. 289, post 51. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

I 2018 fekk juristen Cass Sunstein ved Harvard University Holbergprisen for det omfattande arbeidet sitt innanfor rettsvitskap og tilknytte fagfelt. Prisen er på 6 mill. kroner. I samband med Holbergprisen blir òg Nils Klim-prisen delt ut. Nils Klim-prisen er ein pris for yngre nordiske forskarar innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen. I 2018 gjekk prisen til den norske statsvitaren Francesca R. Jensenius ved NUPI og Universitetet i Oslo for forsking på val, utvikling og likestillingsspørsmål i India og andre land. Prisen er på 500 000 kroner.

I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnarane blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for fagfelta blant barn og unge, og i samfunnet elles. Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skule. Kvart år har 12 skular med over 400 elevar frå heile landet delteke. Interessa for konkurransen er stor. Derfor blei løyvinga til konkurransen styrkt med 1 mill. kroner i 2018 for å auke talet på deltakarskular frå 12 til 20. I 2018 var det elevar ved Heggen vidaregåande skule i Troms som vann Holbergprisen i skulen.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta driv i hovudsak forsking på felta arbeidsliv, energi og miljø, globale utviklingsutfordringar, helse, migrasjon, offentleg økonomi, regional utvikling, sosialpolitikk, utanriks- og tryggingspolitikk, utdanning og innovasjon samt velferd. Alle institutta har ein tverrfagleg profil.

Mål for 2020

Institutta skal nytte basisløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging. Løyvinga skal vidare stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, brukarrelevans, internasjonalisering og samarbeid. Innanfor desse rammene avgjer institutta sjølve bruken av basisløyvinga.

Rapport for 2018

I dei siste åra har det skjedd betydelege endringar i den samfunnsvitskaplege delen av instituttsektoren. Fleire sjølvstendige institutt har fusjonert med andre institutt eller blitt ein del av universitets- og høgskulesektoren.

Verksemda ved dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta Agderforsking AS, International Research Institute of Stavanger (IRIS) AS og Uni Research Rokkansenteret AS blei i 2018 overdregne til forskingsinstituttet NORCE. Instituttet har hovudkontor i Bergen, men den samfunnsvitskaplege forskinga finn òg stad i Alta, Kristiansand og Stavanger.

Driftsinntektene til dei samfunnsvitskaplege institutta var i 2018 på 1,4 mrd. kroner, om lag det same som i dei tre føregåande åra. Nærare 800 forskarårsverk blei utførte i 2018. Kvinner stod for over halvparten av årsverka. Den vitskaplege publiseringa per forskarårsverk har auka noko i dei seinare åra. I 2018 var publiseringa høgast ved dei tre utanrikspolitiske institutta, medan Institutt for samfunnsforsking, Uni Research, samfunnsvitskapleg del og NIFU hadde flest tilsette med doktorgrad per forskarårsverk.

Basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta blei styrkt med 25 mill. kroner i 2018.

Tabell 4.21 viser basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta i 2018, og korleis basisløyvinga for kvart institutt har endra seg frå 2016 til 2018.

Tabell 4.21 Basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta

(i 1 000 kr)

Basisfinansiering 2018

Pst. endring 2016–2018

Agderforskning

4 750

17

Chr. Michelsens Institutt (CMI)

17 334

11

Fafo

19 758

8

Fridtjof Nansens Institutt

8 510

3

Frischsenteret

3 971

67

Institutt for fredsforskning (PRIO)

20 417

15

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

11 552

5

IRIS Samfunnsforskning

7 175

6

Møreforsking

6 779

22

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

16 610

36

Nordlandsforskning

5 036

5

Norut Samfunn

5 660

–1

NTNU Samfunnsforskning

11 792

26

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

17 264

3

SINTEF AS, samfunnsvitskapleg del

19 163

28

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

7 868

3

Telemarksforsking

4 607

–13

Trøndelag Forskning og Utvikling

3 545

15

Uni Research, samfunnsvitskapleg del

14 104

34

Vestlandsforsking

4 713

16

Østfoldforskning

4 792

18

Østlandsforskning

4 602

15

Sum institutt under finansieringsordninga

220 002

14

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår ei løyving på 218,1 mill. kroner på posten. I tillegg kjem basisløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 18,5 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 161, post 71 på budsjettet til Utanriksdepartementet. 10 pst. av den samla basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta skal fordelast mellom institutta etter oppnådde resultat på indikatorane nasjonale oppdragsinntekter, vitskapleg publisering, internasjonale inntekter og avlagde doktorgradar. 5 mill. kroner av løyvinga gjeld Senter for klimaomstilling i Sogndal.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

Tilskotsmidlane til dei regionale forskingsfonda har sidan fondsordninga blei oppretta i 2009, vore fordelte på sju forskingsfond. Kvar fylkeskommune får sitt eige forskingsfond, og dei fattar sjølve vedtak om utlysingar og tildelingar av midlar til forskingsprosjekt.

Som følge av ny programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og ny kapittel- og poststruktur foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte løyvinga til nytt kap. 286, post 60. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

Til saman kom det inn 532 søknader til dei regionale forskingsfonda i 2018, og fondsstyra tildelte til saman 222,5 mill. kroner. Fonda rår over fleire søknadstypar. Dei femnar om støtte til kvalifiseringsprosjekt, bedriftsprosjekt, forskarprosjekt, offentlege prosjekt og prosjekt ved forskingsinstitusjonar. Mest midlar gjekk òg i 2018 til bedriftsprosjekt med næringslivet som mottakar og til kvalifiseringsprosjekt der mottakarar kan vere både næringsliv og offentlege verksemder. Fondsregionane nyttar søknadstypane ulikt. Til dømes gjekk det meste av midlane i fondsregion Vestlandet til bedriftsprosjekt, medan fondsregion Innlandet nytta nesten alle midlane i 2018 til prosjekt ved FoU-institusjonar. Søknadstypen offentlege prosjekt har over tid vakse som del av dei tildelte midlane. Det har samanheng med at innovasjon i offentleg sektor er høgare prioritert når fondsstyra lyser ut midlar.

Post 71 Tilskot til andre private institusjonar

Løyvinga er i hovudsak foreslått flytta til kap. 275, post 70. Midlane til Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) til arrangement i samband med Kavliprisen er foreslått flytta til nytt kap. 289, post 72. Sjå desse postane for budsjettforslag 2020.

Rapport for 2018

Tilskot har blitt gitt til

  • Senter for grunnforskning (CAS): 21,1 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA): 19,7 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS): 3,1 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskere: 2,1 mill. kroner

  • Egede Instituttet: 0,4 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA): 0,6 mill. kroner

  • matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA): 0,3 mill. kroner

Rapporteringa for 2018 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda på ein tilfredsstillande måte.

Tilskotet til DNVA omfattar òg midlar til arrangement i samband med Kavliprisen. Kavliprisen er eit samarbeid mellom DNVA, Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2018 gjekk prisen for astrofysikk til Ewine van Dishoeck for hennar nyskapande arbeid med å avdekke dei kjemiske og fysiske prosessane i «interstellare skyer», der stjerner og planetar blir danna. Prisen for nanovitskap gjekk til Emmanuelle Charpentier, Jennifer A. Doudna og Virginijus Šikšnys for å ha funne opp CRISPR-Cas9, ein revolusjonerande nanoreiskap for å redigere DNA. Denne reiskapen er starten på eit nytt kapittel innanfor biologi, jordbruk og medisin. Prisen for nevrovitskap gjekk til A. James Hudspeth, Robert Fettiplace og Christine Petit for deira vitskaplege oppdagingar av molekylære og nevrale mekanismar bak høyrselen.

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte løyvinga til kap. 289, post 71. Sjå der for budsjettforslag for 2020.

Rapport for 2018

I 2018 blei Abelprisen delt ut til Robert P. Langlands. Langlands fekk prisen for programmet han har utarbeidd som forbind representasjonsteori og talteori. Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Løyvinga dekker prisbeløpet på 6 mill. kroner og fleire arrangement i samband med prisutdelinga og priskomitéarbeidet. DNVA har arbeidd langsiktig med å opprette og støtte tiltak for å stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. DNVA lyser årleg ut midlar til tiltak direkte retta mot denne målgruppa, mellom anna til Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skule, Unge Abel lagkonkurranse for ungdomstrinnet, og Holmboeprisen, som årleg blir delt ut til éin eller fleire matematikklærarar. DNVA har støtta prosjekt gjennom mellom anna vitensenter og frivillige studentorganisasjonar og nådd ut til ei brei målgruppe frå barnehage til vidaregåande skule.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

21

Særskilde driftsutgifter

46 576

122 140

141 073

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

308 100

286 405

288 845

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon , kan overførast

2 305 533

2 240 253

2 390 128

74

EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett

646 902

75

UNESCO-kontingent

23 213

22 793

24 944

76

UNESCO-formål

3 710

4 002

4 109

Sum kap. 0288

2 687 132

2 675 593

3 496 001

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten nasjonalt innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD. Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP), prosjekt i regi av Europarådet og UNESCO og støtte til Tysk-norsk ungdomsforum.

Mål for 2020

Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning, forsking og integrering, og det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.

Rapport for 2018

Løyvinga har mellom anna blitt nytta til å følge opp regjeringas strategi Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) .

Hovudtiltaka er dei to samarbeidsprogramma Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning og forsking (INTPART) og UTFORSK. INTPART blir forvalta av Forskingsrådet i samarbeid med Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) og er retta mot Panorama -landa, USA og Canada. Søkartala til INTPART har vore stabilt høge i 2018, og norske institusjonar er flinke til å bruke programmet til å styrke og vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar i land utanfor EU. Forskingsrådet midtvegsevaluerte INTPART-programmet i 2019. Midtvegsevalueringa viser at programmet har medverka til at fagmiljø ved norske forskings- og utdanningsinstitusjonar har etablert varige internasjonale partnarskapar med verdsleiande vitskaplege miljø i samarbeidslanda. Innanfor ramma av desse partnarskapane er det blitt arrangert og etablert felles kurs, seminar og studieprogram, og fleire studentar og forskarar har reist på forskings- og studieopphald. INTPART har finansiert 90 prosjekt med totalt 190 partnarinstitusjonar av høg kvalitet.

UTFORSK har òg hatt stabilt høge søkartal, og norske institusjonar er flinke til å nytte seg av programmet til å styrke og vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar i land utanfor EU. UTFORSK blir forvalta av Diku og skal auke kvaliteten i høgare utdanning gjennom å støtte etableringa og styrking av samarbeidsrelasjonar mellom Noreg og Panorama -landa, inkludert å koble høgare utdannings- og forskingssamarbeid. Diku evaluerte UTFORSK i 2017. Evalueringa viser at programmet har ført til større studentmobilitet i tråd med målet for ordninga.

Løyvinga har òg vore nytta til å styrke det bilaterale utdannings- og forskingssamarbeidet med Tyskland gjennom bidrag til Tysk-norsk ungdomsforum. Arbeidet er i tråd med regjeringa sin Tyskland- strategi og Kunnskapsdepartementets tiltaksplan for Tyskland frå 2015. Ein del av løyvinga har i 2018 gått til Europarådets prosjekt The European Qualifications Passport for Refugees og UNESCO sitt arbeid med ein ny global konvensjon for godkjenning av høgare utdanning.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 141,1 mill. kroner.

Departementet foreslår ei total løyving på 58 mill. kroner til oppfølging av Panorama -strategien over kap. 288, post 21. I tillegg blir ei satsing på verdsleiande fagmiljø på 19 mill. kroner til INTPART vidareført.

NORPART er foreslått styrkt til 54,7 mill. kroner i 2020 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Programmet blir i tillegg foreslått utvida ytterlegare med 15 mill. kroner over budsjettet til Utanriksdepartementet, kap. 161, post 70. Den totale løyvinga for programmet i 2020 blir 69,7 mill. kroner. Programmet, som blir forvalta av Diku, skal støtte samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet. Som ledd i styrkinga av NORPART foreslår regjeringa at programmet innanfor visse rammer kan dekke heil grad i Noreg for studentar frå det globale sør. Programmet skal samstundes jobbe for å sikre at studentane drar tilbake til heimlandet etter studiane i Noreg. Sjå også omtale i budsjettproposisjonen til Utanriksdepartementet.

Dessutan kan det bli gitt støtte til særskilde prosjekt i internasjonale organisasjonar, til dømes i UNESCO, OECD og Europarådet, som er særleg retta mot å nå Noregs mål for internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegg (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2020

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål som høg kvalitet og internasjonalisering.

Rapport for 2018

Alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane Noreg deltek i, medverkar til global kunnskapsutvikling og driv verdsleiande forsking innanfor fagfelta sine. Medlemskapen i organisasjonane gjer det mogleg for norske forskarar å delta på linje med forskarar frå andre medlemsland og å bidra til global kunnskapsutvikling og forsking av høg kvalitet. Til dømes deltek drygt 100 nordmenn i ALICE- og ATLAS-eksperimenta ved CERN. Forskarane får kjennskap til ny teknologi og tilgang til ei rekke infrastrukturtenester og held seg oppdaterte om og bidreg i forskingsfronten. Gjennom kurs og opplæring ved grunnforskingsorganisasjonane hentar norske forskarar heim kunnskap til nytte for det norske forskingsmiljøet. Medlemskap i desse organisasjonane bidreg òg til å utvikle det felleseuropeiske forskingsområdet. Noreg har delegatar som sit i dei styrande organa til organisasjonane.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 288,8 mill. kroner på posten i 2020, mot 286,4 mill. kroner i 2019. Kontingentane for dei einskilde medlemslanda blir bestemte ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2020 er enno ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2020 tek for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtekne for 2019.

Tabell 4.22 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta

CHF

Euro

1 000 kr

CERN

27 014 250

235 875

EMBC

568 858

5 570

EMBL

2 534 221

24 814

ESRF

1 550 620

15 183

IARC

756 095

7 403

Sum

288 845

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, kan overførast

Løyvinga dekker den norske kontingenten for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, og etterbetalingar til EUs tidlegare rammeprogram for forsking.

Horisont 2020 starta opp i januar 2014. Programmet har tre hovudområde: framifrå forsking, eit konkurransedyktig næringsliv og store samfunnsutfordringar. Deltakinga i rammeprogrammet gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur. God norsk deltaking i Horisont 2020 er ein sentral del av norsk forskingspolitikk, jf. Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 .

Mål for 2020

Målet med løyvinga er høg kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka verdiskaping, betre velferd og berekraftig samfunnsutvikling, og utvikling av norsk forsking og innovasjon.

Rapport for 2018

Opptrappinga av løyvingane til stimuleringsordningar for norsk deltaking i Horisont 2020 på 400 mill. kroner, jf. kap. 285, post 53, blei fullført i 2018. Dei siste tala frå Europakommisjonen, per mars 2019, viser at Noreg framleis tek imot over 2 pst. av midlane som blei delte ut til prosjekt i Horisont 2020. Noreg har halde seg på dette nivået sidan mars 2018. Utviklinga lovar godt for at Noreg kan nå ambisjonen til regjeringa om at norske forskarar skal hente heim 2 pst. av midlane i Horisont 2020. Når det gjeld norsk deltaking i prosjekt, gjer vi det best innanfor den delen av programmet som er retta mot å møte dei store samfunnsutfordringane, og særleg høg er utteljinga innanfor mat og energi. Innanfor programmet for helse i samfunnsdelen av programmet, og i European Research Council (ERC) i eksellensdelen av programmet, kan norske aktørar gjere det betre.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 2,4 mrd. kroner på posten i 2020.

Etter EØS-avtalen art. 82 nr. 1 bokstav a skal bidraget frå Noreg til programsamarbeidet med EU vere lik Noregs BNP i høve til det samla BNP i EU og Noreg. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag er basert på overslaget til Europakommisjonen over kor mykje som vil bli betalt ut i 2020. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2020 vil ligge føre når EU har vedteke budsjettet sitt for 2020. Sjølv om programperioden til det 7. rammeprogrammet blei avslutta i 2013, vil utbetalingane frå programmet bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må betale bidrag til det 7. rammeprogrammet samtidig med bidrag til Horisont 2020.

Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post 74 og å flytte løyvinga frå kap. 252, post 70. Løyvinga dekker den norske kontingenten for Noregs deltaking i EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–20). Sjå kap. 252, post 70 for rapport for 2018. Departementet foreslår å endre namnet på posten frå «EUs utdannings- og ungdomsprogram» til det fulle namnet på Erasmus+-programmet, slik at den faktiske breidda i kva programmet dekker, kjem tydelegare fram i namnet.

Mål for 2020

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet, og kompetansen til den einskilde deltakaren.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve til saman 646,9 mill. kroner til Erasmus+ i 2020, mot 642,4 mill. kroner i 2019. Kostnadene for fem norske ekspertar på utdanningsområdet til Erasmus+ skal dekkast innanfor løyvinga.

Post 75 UNESCO-kontingent

Løyvinga dekker den norske kontingenten til UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremje internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.

Mål for 2020

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av FNs berekraftsmål 4 om utdanning, ein ny global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning, for at organisasjonen arbeider for eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, for å verne og styrke verdas kultur- og naturarv og for å styrke presse- og ytringsfridommen. I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og konsentrere innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna sine.

Rapport for 2018

Berekraftsmåla (SDG-ane) og Agenda 2030 er førande for arbeidet til UNESCO. UNESCO har hovudansvaret for SDG 4 – utdanningsmålet – i FN. UNESCO arbeider kontinuerleg med målet og arrangerte i desember 2018 mellom anna Global Education Meeting, som samla utdanningsministrar og andre sentrale internasjonale utdanningsaktørar for å følge opp arbeidet med SDG 4.

UNESCO har arbeidd vidare med utkast til ein ny global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning.

Den internasjonale havforskingskomiteen har arbeidd med å fremje og førebu eit internasjonalt tiår om havforsking og å synleggjere samanhengen mellom tilstanden til hava og klimaendringar samt kva havet har å seie for dei andre berekraftsmåla. Noreg er medlem av Verdsarvkomiteen og er ei aktiv og tydeleg stemme for å verne om og fremje verdas kultur- og naturarv. Noreg følger opp UNESCOs arbeid og mandat for presse- og ytringsfridom. Saman med dei andre nordiske landa arbeider Noreg kontinuerleg med å gjere UNESCO meir effektivt og resultatorientert, og med å få innført eit meir kjønnsnøytralt språk og meir straumlinjeforma vedtaksstrukturar i organisasjonen.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 24,9 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2020.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskotsordninga til UNESCO-formål, som blir forvalta av Den norske UNESCO-kommisjonen. UNESCO-kommisjonen er eit rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Drifta av UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200, post 21.

Mål for 2020

Tilskotsordninga skal styrke arbeidet og ansvarsområda til UNESCO, gjere UNESCO meir kjend i Noreg, og understøtte dei vedtekne satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen.

Rapport for 2018

I 2018 fekk 24 ulike prosjekt støtte frå tilskotsordninga. Prosjekta låg innanfor satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen: presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv, og demokratiutvikling. Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere ansvarsområda til UNESCO meir kjende i fleire delar av landet. Ein del av løyvinga gjekk i 2018 til å sikre vidare støtte til UNESCOs skulenettverk Associated School Program Network (ASPnet). ASPnet er eit globalt nettverk av meir enn 11 500 utdanningsinstitusjonar i 182 land som arbeider for å fremje verdiane og måla til UNESCO, mellom anna delmål 4.7 i Agenda 2030 om utdanning for å fremje berekraftig utvikling. I 2018 var det 36 medlemsskular i Noreg, opp frå 35 året før. FN-sambandet er nasjonal koordinator for ASPnet i Noreg.

Budsjettforslag for 2020

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 4,1 mill. kroner på posten i 2020. Dette inkluderer ei særskild løyving på 700 000 kroner til UNESCOs skulenettverk ASPnet.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

5 749

5 698

6 236

Sum kap. 3288

5 749

5 698

6 236

Løyvinga på post 04 gjeld refusjon av utgifter til UNESCO-kontingenten som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Kap. 289 Vitskaplege prisar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

51

Holbergprisen

17 341

71

Abelprisen

16 288

72

Kavliprisen

11 340

Sum kap. 0289

44 969

Regjeringas internasjonale forskingsprisar blir delte ut for å anerkjenne framifrå vitskapleg arbeid og auke merksemda kring forsking i samfunnet.

For å synleggjere arbeidet med dei vitskaplege prisane har regjeringa foreslått å samle løyvingane til dei under eitt kapittel, med eigen, ny post for kvar av prisane.

Post 51 Holbergprisen

Sjå kap. 287, post 56 for rapport for 2018.

Mål for 2020

Formålet med Holbergprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen skal gi merksemd i samfunnet på fagfelta og føre til interesse for dei blant barn og unge.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 17,3 mill. kroner på posten i 2020. Dette er ei vidareføring av nivået på løyvinga til Holbergprisen frå 2019.

Post 71 Abelprisen

Sjå kap. 287, post 73 for rapport for 2018.

Mål for 2020

Formålet med Abelprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal gi merksemd i samfunnet og føre til interesse for matematikk blant barn og unge.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 16,3 mill. kroner på posten i 2020. Dette er ei vidareføring av nivået på løyvinga til Abelprisen frå 2019.

Post 72 Kavliprisen

Midlane til Kavliprisen blei tidlegare løyvde over kap. 287, post 71, som ein del av tilskotet til Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Sjå denne posten for rapport om Kavliprisen for 2018.

Mål for 2020

Formålet med Kavliprisen er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal gi merksemd i samfunnet og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Budsjettforslag for 2020

Departementet foreslår å løyve 11,3 mill. kroner på posten i 2020. Dette er ei vidareføring av nivået på tildelinga til Kavliprisen frå 2019.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

2410

Statens lånekasse for utdanning

40 793 278

42 127 533

45 284 627

7,5

Sum kategori 07.80

40 793 278

42 127 533

45 284 627

7,5

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

5310

Statens lånekasse for utdanning

17 296 038

17 916 463

17 997 930

0,5

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 072 173

4 857 196

5 120 420

5,4

Sum kategori 07.80

21 368 211

22 773 659

23 118 350

1,5

Innleiing

Utdanningsstøtteordninga er ei velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av kvar dei bur, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske tilhøve. Utdanningsstøtta skal òg legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. Slik får samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse.

Departementet har sett følgande overordna mål for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet.

Hovudprioriteringar for 2020

Regjeringa foreslår å fullføre innfasinga av elleve månader med studiestøtte for heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskule i undervisningsåret 2019–20. Utvidinga gir ein realvekst i støtta på 2,3 pst., og løyvingsbehovet i 2020 aukar med 152 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

Regjeringa foreslår fleire endringar i utdanningsstøtteordninga som vil gi ei meir fleksibel støtteordning for elevar og studentar og gi vaksne betre vilkår for å ta meir utdanning. Desse tiltaka har ein kostnad på 41 mill. kroner i 2020. I tillegg kjem auka utlån. Midlane inngår i kompetansereforma til regjeringa, jf. omtale under program-kategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Departementet foreslår å styrke utstyrsstipendordninga for elevar i vidaregåande opplæring med 25 mill. kroner i 2020. Med det forslaget vil elevar på fleire yrkesfaglege utdanningsprogram få eit høgare utstyrsstipend enn i dag. Midlane inngår i satsinga til regjeringa på yrkesfaga, jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Lånekassen er ei viktig finansieringskjelde til livsopphald

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I høgare utdanning er to av tre studentar støttemottakarar. Utdanningsstøtta er ei viktig inntektskjelde for norske studentar. Det er berre Danmark som har ein høgare del mottakarar av offentleg støtte til utdanning enn Noreg, ifølge undersøkinga Eurostudent VI frå 2018.

Nærare halvparten av dei som tek høgare utdanning i Noreg, er i aldersgruppa 20–24 år. I denne aldersgruppa nyttar 87 pst. støtteordninga i Lånekassen. Bruken av støtteordninga minkar med stigande alder. Medan 69 pst. av studentane i alderen 25–29 år er støttemottakarar, er det blant dei som er 30 år eller eldre, ikkje meir enn 31 pst. som får støtte frå Lånekassen. Bruken av støtteordninga innanfor dei ulike aldersgruppene har vore temmeleg stabil i dei seinare åra.

59 pst. av støttemottakarane i høgare utdanning er kvinner. Blant dei som er 30 år eller eldre, er 67 pst. kvinner. Kvinnene utgjer også eit klart fleirtal blant studentane i høgare utdanning generelt. Sjølv om mennene er i mindretal, er det likevel ein like stor del i denne gruppa som nyttar støtteordninga som blant dei kvinnelege studentane.

Ifølge Eurostudent VI er Noreg det landet i undersøkinga etter Island som har størst del studentar med barn. Over 20 pst. av norske studentar melder at dei har barn.

Figur 4.6 Basisstøtta – historisk utvikling. I 2019-kroner.

Figur 4.6 Basisstøtta – historisk utvikling. I 2019-kroner.

Regjeringa ønsker å legge til rette for at studentane skal kunne gjennomføre studia på normert tid. Då er mellom anna nivået på utdanningsstøtta viktig. Frå studieåret 2013–14 til studieåret 2018–19 har basisstøtta auka med 9 pst. utover prisveksten i same periode. Figur 4.6 viser realutviklinga i basisstøttenivået sidan studieåret 2002–03 (endringa frå 2018–19 til 2019–20 føreset at framlegget til 2020-budsjett frå regjeringa blir vedteke).

Det er ei prioritert oppgåve å auke gjennomføringa av gradsstudium i høgare utdanning, og regjeringa står derfor bak ei endring i konverteringsordninga som inneber at dei som fullfører gradar, får ein større del av lånet omgjord til stipend enn dei som ikkje gjer det. Endringa gjeld frå studieåret 2019–20. Regjeringa meiner at kombinasjonen av eit høgare nivå på studiestøtta og ei stipendordning som gjer det lønnsamt å fullføre gradar, saman med tiltak for å styrke kvaliteten i høgare utdanning, er tiltak som saman bidreg til å betre gjennomføringa.

Mange studentar arbeider ved sida av studia

I Noreg er det vanleg at studentar har betalt arbeid ved sida av studia, og delen studentar med betalt arbeid aukar med alderen til studentane. Berre éin av ti studentar bur saman med foreldra sine, og bortebuande studentar arbeider meir enn dei som bur heime saman med foreldra.

Utdanningsstøtteordninga er innretta slik at ho kan kombinerast med noko arbeid i tillegg til heiltidsstudium. Undersøkingar viser at noko arbeid ved sida av studia ikkje går ut over studieprogresjonen til studentane. Studentar har i dei siste åra jobba i gjennomsnitt åtte timar per veke ved sida av studia, ifølge den siste levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Studiebarometeret til NOKUT frå åra 2014–18.

Behov for justeringar i utstyrsstipendordninga

Alle elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring har rett til utstyrsstipend. I 2018–19 nytta 89 pst. av dei som hadde rett til det, denne ordninga. Utstyrsstipendet er eit bidrag til dekning av dei utgiftene elevane har til nødvendig utstyr i opplæringa. Slike utgifter varierer frå utdanningsprogram til utdanningsprogram, og derfor er utdanningsprogramma fordelte på ulike stipendsatskategoriar.

Kunnskapsgrunnlaget for noverande fordeling er relativt gammalt. Departementet har derfor nyleg innhenta oppdatert kunnskap om dei faktiske utstyrskostnadene på dei ulike utdanningsprogramma (Rambøll 2019). Dette er gjort for å kunne fastsetje nye satsar som vil gi eit betre samsvar mellom stipendnivå og utstyrskostnader enn det som er tilfellet i dag. Det er òg behov for å tilpasse stipendordninga til ny tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring frå skuleåret 2020–21.

Strategiar og tiltak

Elleve månader med studiestøtte

Regjeringa vil fullføre den planen for opptrapping til elleve månader med studiestøtte som blei lagd fram i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 . Dermed får heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskuleutdanning utbetalt støtte for elleve månader i studieåret 2019–20. Den årlege basisstøtta vil då bli 121 220 kroner. Dette er 14 600 kroner meir enn ho ville ha vore utan satsingane som har blitt gjennomførte sidan 2014-budsjettet.

Betre utstyrsstipendordning i vidaregåande opplæring

Departementet vil auke utstyrsstipendet på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma der utgiftene til individuelt utstyr er høgast, og foreslår ei ordning med fire ulike stipendsatsar. Den høgaste satsen blir drygt 500 kroner høgare enn i dag, medan den lågaste satsen vil ligge på same nivå som i dag. Forslaget er ei oppfølging av Granavolden-plattforma.

Endringane inneber mellom anna at dei yrkesfaglege utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk og naturbruk blir plasserte i den høgaste satskategorien, noko som betyr at elevane på desse programma vil få nesten 2 100 kroner meir i utstyrsstipend enn i dag.

Tilleggslån til studentar og elevar med barn, og utviding av foreldrestipendordninga

Departementet vil at studentar og elevar som forsørger barn, skal ha gode vilkår for å kunne ta og gjennomføre utdanning. Departementet ønsker derfor å innføre tilbod om eit tilleggslån på opptil 50 000 kroner per undervisningsår for personar med forsørgaransvar for barn under 16 år. Departementet foreslår òg å utvide foreldrestipendordninga, slik at personar i overgangsfasen mellom fullført utdanning og yrkesaktivitet får rett til stipendet. Begge forslaga følger opp Granavolden-plattforma.

Mål: Fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet

Utviklingstrekk og utfordringar

Mange vaksne i deltidsutdanning

28 pst. av dei registrerte studentane i Noreg er over 30 år, og ifølge undersøkinga Eurostudent VI frå 2018 er Noreg det landet i undersøkinga etter Island som har studentar med høgast snittalder (28 år).

Berre 8 pst. av støttemottakarane i høgare utdanning får støtte til deltidsutdanning. Blant dei noko eldre støttemottakarane, som for ein stor del tek vidareutdanning, er delen høgare. I aldersgruppa 35–44 år får 37 pst. av støttemottakarane deltidsstøtte, og blant dei som er 45 år eller eldre, er delen 52 pst.

I fagskuleutdanning og vidaregåande opplæring for vaksne får ein stor del av støttemottakarane deltidsstøtte, og særleg innanfor fagskuleutdanning har denne delen auka mykje i dei siste åra. I 2012 var éin av fem støttemottakarar ved fagskular deltidsstudent. I dag får to av fem støttemottakarar i denne typen utdanning deltidsstøtte. Når det gjeld vidaregåande opplæring for vaksne, tek heile sju av ti støttemottakarar slik utdanning på deltid.

Utdanningsstøtteordninga er ikkje fleksibel nok

Eit ekspertutval har nyleg levert ei utgreiing om livslang læring der dei har vurdert kva for tiltak som kan vere effektive for å skaffe den einskilde og samfunnet nødvendig kompetanse på ein arbeidsmarknad prega av omstilling. I NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling peikar utvalet på utdanningsstøtteordninga gjennom Lånekassen som eit instrument for å auke etterspørselen etter samfunnsøkonomisk lønnsam vidareutdanning. Det vil krevje at ordninga blir tilpassa slik at ho blir meir relevant og meir fleksibel for grupper som ønsker å kombinere arbeid med utdanning. Livsopphaldsutvalet har i NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring også peika på utdanningsstøtteordninga som ein reiskap for å bygge opp kompetansen blant vaksne med låg utdanning.

Utdanningsstøtteordninga er i hovudsak retta mot unge heiltidsstudentar som studerer for første gong, og alle får støtte etter dei same reglane og satsane. Vaksne som tek utdanning på deltid i kombinasjon med arbeid, eller som har eigen familie, har likevel ofte fleire økonomiske plikter og andre behov enn unge førstegongsstudentar. Maksimalt årsbeløp for heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskule er rundt ein firedel av medianinntekta for heiltidstilsette, ifølge NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling . Tilgangen på finansiering av livsopphald er òg avgrensa til studentar som tek utdanning med minst 50 pst. studiebelastning.

Strategiar og tiltak

Utdanningsstøtteordninga er ein viktig del av kompetansereforma til regjeringa, Lære heile livet. Målretta endringar i ordninga er eit verkemiddel for å stimulere fleire til å ta vidareutdanning, fullføre ei tidlegare avbroten utdanning eller ta ei heilt ny utdanning. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for meir omtale av kompetansereforma.

Regjeringa foreslår tre endringar i utdanningsstøtteordninga som vil gi større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som har behov og motivasjon for å ta meir utdanning. Forslaga følger opp nokre av tilrådingane i NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring og NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling. Tiltaka vil i nokon grad også vere til hjelp for førstegongsstudentar. Kunnskapsdepartementet vil som del av kompetansereforma òg halde fram med å greie ut fleire endringar i utdanningsstøtteordninga i tida som kjem.

Betre støtteordning for dei som tek utdanning på deltid

Regjeringa meiner at det må bli enklare å kombinere utdanning med arbeid i høg stillingsprosent. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å opne støtteordninga for dei som tek utdanning med mindre enn 50 pst. studiebelastning. Særleg personar med relativt låg inntekt gjennom arbeidet vil ha nytte av at minstekravet til studiebelastning blir avvikla.

Departementet foreslår òg at alle som tek utdanning på deltid, skal få berekna utdanningsstøtta i samsvar med studiebelastninga. I dag får mange i deltidsutdanning berekna eit noko lågare støttebeløp enn det den faktiske studiebelastningsprosenten tilseier at dei burde få. Gjeldande system er uheldig då det kan gi deltidsstudentar insentiv til å velje enten høgare eller lågare studiebelastning enn dei har kapasitet til.

Tilleggslån til personar over 30 år i høgare utdanning, fagskuleutdanning eller vidaregåande opplæring

Ein del sysselsette vil sjå behov for å ta meir utdanning for å styrke posisjonen sin på arbeidsmarknaden, eller for å ruste seg betre mot omstillingar i arbeidslivet. Dersom dei er avhengige av støtte frå Lånekassen for å ta ekstra utdanning, vil nivået på den støtta som blir tilbydd i dag, kunne vere ei utfordring. Støtta vil i mange høve ikkje kompensere godt nok for reduksjonen i arbeidsinntekt til at det blir interessant å satse på meir utdanning.

Departementet vil derfor innføre tilbod om eit tilleggslån til personar over 30 år i høgare utdanning, fagskuleutdanning eller vidaregåande opplæring. Dei som tek høgare utdanning eller fagskuleutdanning, skal etter forslaget kunne få opptil 100 000 kroner i tilleggslån per undervisningsår. For vidaregåande opplæring blir grensa 50 000 kroner per undervisningsår.

Høgare aldersgrenser for når lån kan bli reduserte, og for tilbakebetaling av utdanningslån

Etter gjeldande regelverk kan personar som blir over 45 år ved fullført utdanning, få redusert lånestøtte. Formålet med regelen er å sikre at låna til personar i denne aldersgruppa vil bli betalte tilbake innan låntakaren er 65 år. 65 år er aldersgrensa i dag for tilbakebetaling av utdanningslån. Departementet foreslår å heve dei to aldersgrensene med 5 år, til høvesvis 50 år og 70 år. Til grunn for forslaget ligg levealdersutviklinga og eit anslått auka framtidig behov for å ta vidareutdanning i relativt høg alder.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

403 951

392 941

414 877

50

Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving

7 054 577

7 170 151

7 343 311

70

Utdanningsstipend , overslagsløyving

3 178 743

2 983 362

3 552 532

71

Andre stipend , overslagsløyving

714 010

742 493

725 460

72

Rentestøtte , overslagsløyving

1 073 845

1 255 776

1 339 845

73

Avskrivingar , overslagsløyving

690 912

602 006

787 385

74

Tap på utlån

346 136

386 200

392 500

90

Auka lån og rentegjeld , overslagsløyving

27 331 104

28 594 604

30 728 717

Sum kap. 2410

40 793 278

42 127 533

45 284 627

Post 01 Driftsutgifter

Kunnskapsdepartementet fastset reglane for utdanningsstøtteordningane, men det er Lånekassen som forvaltar dei.

Mål for 2020

Kunnskapsdepartementet har sett følgande mål for Lånekassen:

  • Lånekassen skal tilby kundane brukarvennlege, raske og korrekte tenester.

  • Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane effektivt og sikkert.

  • Lånekassen skal medverke til å utvikle utdanningsstøtteordningane.

Rapport for 2018

Kunnskapsdepartementet har sett konkrete krav til resultat for målet om at Lånekassen skal tilby kundane brukarvennlege, raske og korrekte tenester. Lånekassen har nådd krava på dei fleste områda i 2018. Talet på saker som berre blir behandla av maskinar, heldt fram med å auke, særleg på tilbakebetalingsområdet. Behandlingstida for ein del manuelle saker var for lang, og dermed blei ikkje kravet til maksimal behandlingstid for søknader om utdanningsstøtte nådd. Dette kjem i hovudsak av at Lånekassen i 2018 starta med eit etterslep av saker frå 2017. Det er òg krevjande å handtere det store talet på søknader i høgsesongen innanfor kravet om maksimal behandlingstid. Det at fleire saker berre blir behandla av maskinar, har likevel ført til at gjennomsnittleg behandlingstid for alle søknadene var lågare i 2018 enn i 2017.

Lånekassen hadde 1,1 mill. kundar i 2018 og fekk 860 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån. Til saman blei det delt ut 30,1 mrd. kroner i stipend og lån, og låneporteføljen er større enn nokon gong. Dette krev at Lånekassen følger med på og analyserer utdanningstrendar, tek initiativ til utvikling av systema og tilpassar kommunikasjonen med kundane.

Lånekassen ligg langt framme når det gjeld digitalisering. Arbeidet med å vidareutvikle sjølvbeteningsløysingar har halde fram i 2018. I tillegg har Lånekassen teke i bruk kunstig intelligens i den årlege bukontrollen. Lånekassen har gjort eit omfattande utviklingsarbeid med ny konverteringsordning, der noko av lånet kan bli gjort om til stipend etter bestått utdanning slik som i dag, medan ein del først kan bli omgjord etter bestått grad. Ordninga gjeld frå studieåret 2019–20.

Den positive trenden med færre kundar som har problem med å betale tilbake lånet, heldt fram i 2018. Delen kundar som mislegheld lånet, ligg no på under 4 pst., og talet på kundar med oppsagde lån er redusert med nærare 500 samanlikna med 2017.

Lånekassen har medverka til å utvikle støtteordningane gjennom innspel til Kunnskapsdepartementet. Mellom anna har Lånekassen levert innspel til arbeidet med kompetansereforma og den varsla stortingsmeldinga om studentmobilitet og til NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring . Satsinga i Lånekassen på analyse og på å gjere opne data tilgjengelege er også synleg på den nye nettenesta data.lanekassen.no.

Personvernforordninga i EU kravde stor innsats hos Lånekassen i 2018. Sjølv om mykje var på plass allereie, var det nødvendig å gjennomgå alle system, mykje dokumentasjon og all informasjon som blir gitt i dialogen med kundane, for å sikre at krava i personvernforordninga er tekne hand om.

Budsjettforslag for 2020

Lånekassen skal i løpet av 2019 og 2020 flytte inn i nye lokale på fire ulike stadar. For å dekke delar av flyttekostnadene i 2020 foreslår departementet å auke løyvinga på post 01 med 15 mill. kroner.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på post 01 med 729 000 kroner.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 6,1 mill. kroner for å dekke utgiftene til nødvendig IKT-utvikling m.m. i samband med ei rekke forslag som det er gjort nærare greie for under kap. 2410, postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617. Av dette beløpet er 5,8 mill. kroner eittårige midlar. Forslaga gjeld:

  • tilleggslån til visse grupper

  • betringar i støtteordninga for dei som tek deltidsutdanning

  • høgare aldersgrenser for når lån kan bli reduserte, og for tilbakebetaling av utdanningslån

  • styrking av utstyrsstipendordninga

  • utviding av foreldrestipendordninga

  • avvikling av særreglar om støttestans ved fråvær og studiepermisjon

  • endra tidspunkt for rentebelastning av utdanningslån.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 5,5 mill. kroner som følge av at Lånekassen har fullført IKT-utviklingsarbeidet i samband med omlegging av konverteringsordninga frå studieåret 2019–20.

Kap. 2410, postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvingane på desse kapitla og postane er støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i støtteordningane gjennom Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtala samla. I tillegg blir dei einskilde postane omtala kvar for seg.

Mål for 2020

Kvar einskild elev og student har god tilgang til utdanning, og samfunnet og arbeidslivet får tilgang på kompetanse.

Rapport for 2018

Lånekassen hadde per 31. desember 2018 1 110 000 kundar. Av desse heldt 695 000 på å betale tilbake lånet, medan 415 000 var støttemottakarar.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2018–19 på 31,1 mrd. kroner. Av dette blei 4,2 mrd. kroner betalte ut som stipend, sjå tabell 4.25 for fordeling på dei ulike stipendformene. Resten blei betalt ut som lån.

I kalenderåret 2018 blei 3,9 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg blei 6,7 mrd. kroner gjorde om frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla stipendutgiftene i 2018 blei dermed 10,6 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i hovudtala for støttemottakarar og tilbakebetalarar i Lånekassen.

Tabell 4.23 Hovudtal for tildeling til elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett

2015–16

2016–17

2017–18

2018–19

Tal på elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring 1

238 353

239 287

239 630

241 955

Tal på elevar/lærlingar med ungdomsrett

212 888

213 872

213 493

213 193

Tal på støttemottakarar med ungdomsrett

160 849

163 310

163 410

164 293

Sum stipend (i mill. kroner)

1 950

1 913

1 970

2 082

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

12 143

11 713

12 084

12 701

Sum lån (i mill. kroner)

136

143

148

156

Gjennomsnittslån (i kroner)

23 267

24 098

24 442

25 823

1 Tala er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

Tabell 4.24 Hovudtal for tildeling til høgare utdanning m.m.

2015–16

2016–17

2017–18

2018–19

Tal på studentar i høgare utdanning 1

278 015

286 050

289 958

291 528

Tal på støttemottakarar i høgare utdanning

192 060

195 896

197 838

198 291

Tal på andre støttemottakarar 2

41 140

43 633

47 043

51 739

Sum lån inkl. omgjeringslån (i mill. kroner)

22 435

23 925

25 588

26 776

Gjennomsnittslån (i kroner)

97 507

101 387

106 180

109 516

Utbetalt konverteringsstipend 3 (i mill. kroner)

6 088

6 273

5 854 4

2 051 4

Sum andre stipend (i mill. kroner)

1 653

1 718

1 832

2 090

1 Tal på studentar i høgare utdanning frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og tal frå Lånekassen på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskular, folkehøgskular, bibelskular, korte yrkesretta utdanningar og elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Utbetalt stipend etter at behovsprøving mot inntekt og formue er gjennomført. Status per august 2019.

4 Omgjering frå lån til stipend skjer samtidig som behovsprøvinga mot inntekt og formue blir gjennomført. Behovsprøvinga for 2018 er i hovudsak gjennomført, og ein stor del av konverteringsstipendet for dette året er derfor utbetalt. For 2019 er det enno ikkje utbetalt konverteringsstipend.

Tabell 4.25 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2017–18

2018–19

2017–18

2018–19

Grunnstipend

17 236

16 924

424

431

Bustipend

26 476

25 874

1 025

1 028

Utstyrsstipend

158 390

159 342

258

264

Flyktningstipend 1

6 697

10 318

497

787

Stipend til skulepengar i utlandet

15 545

15 082

461

453

Tilleggsstipend til skulepengar i utlandet

2 184

2 014

100

94

Valutajustering (netto) av stipend og tilleggsstipend til skulepengar i utlandet

14 714

10 288

4

9

Stipend til skulepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular

728

817

56

61

Språkstipend

483

460

10

10

Reisestipend, Noreg og Norden

10 230

8 709

20

17

Reisestipend, utanfor Norden

23 521

23 124

80

71

Sjukestipend 2

1 118

889

36

29

Foreldrestipend 2

3 008

2 772

211

195

Forsørgarstipend 1

21 445

23 131

407

463

Stipend til søkarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming 1

6 352

7 454

213

260

Totalt

308 127

307 198

3 802

4 172

1 Stipendet blir i ettertid behovsprøvd mot inntekt og formue. Ein del av det som opphavleg blei tildelt som stipend, vil derfor på eit seinare tidspunkt kunne bli gjord om til lån.

2 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2017–18 blei det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 71 mill. kroner, og ved fødsel 259 mill. kroner.

Tabell 4.26 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

2015

2016

2017

2018

Tal på tilbakebetalande låntakarar

636 205

653 842

672 865

695 194

Renteberande lån (i mill. kroner)

108 978

115 186

122 215

130 388

Betalte renter (i mill. kroner)

2 940

2 484

2 627

2 725

Avdrag (i mill. kroner)

7 394

7 759

8 260

8 690

Ettergitte lån og renter (i mill. kroner)

599

596

574

691

Rentestøtte (i mill. kroner)

1 001

847

1 050

1 074

Uteståande lån (i mill. kroner)

153 536

162 340

172 003

182 173

Uteståande renter (i mill. kroner)

1 730

1 620

1 672

1 690

Tildeling av støtte

I undervisningsåret 2018–19 blei det innført fleire tiltak for å betre situasjonen for ulike grupper elevar og studentar og for å målrette støtteordningane betre.

For å halde oppe kjøpekrafta til støttemottakarane blei alle støttesatsane auka i tråd med venta prisvekst, det vil seie 1,8 pst.

Opptrapping til elleve månader med studiestøtte

Regjeringa la i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 fram ein plan for gradvis innføring i fire trinn av ein ekstra månad med studiestøtte til heiltidsstudentar ved universitet, høgskular og fagskular. I samsvar med planen blei andre trinn i opptrappinga gjennomført i undervisningsåret 2017–18. Det førte til at 171 200 studentar kunne få betalt ut drygt 2 650 kroner ekstra i støtte i slutten av vårsemesteret 2018. Dette svarer til ein årleg realvekst i støtta på 2,4 pst. I 2018–19 blei tredje trinn i opptrappinga gjennomført, slik at det no berre står att eitt trinn.

Nytt rekrutteringsstipend til einskilde utdanningar i Frankrike og Tyskland

Frå undervisningsåret 2018–19 blei det innført eit nytt stipend på 20 000 kroner per år til studentar som tek spesielt tilrettelagde mastergradsprogram i økonomi- og ingeniørfag ved utvalde lærestadar i Frankrike og Tyskland. Så langt er det berre ingeniørutdanning ved lærestaden INSA (Institut National des Sciences Appliquées) i Toulouse, Frankrike som inngår i denne ordninga. 52 mastergradsstudentar ved INSA fekk det nye stipendet i 2018–19. Det er enno for tidleg å seie kva for verknad stipendet har på rekrutteringa til ingeniørutdanning ved INSA.

Fulltidsstøtte til ungdomsrettselevar i vidaregåande opplæring

Meir enn 1 500 elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring tek opplæringa med redusert studiebelastning. Fram til 2017–18 fekk desse som hovudregel redusert støtte frå Lånekassen. Det er eit mål å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring, mellom anna ved å tilby tilpassa opplegg for elevar med ulike utfordringar og behov. Departementet meinte det var uheldig at desse elevane fekk redusert støtte. Derfor blei det i 2018–19 innført ein regel som sikrar fulltidsstøtte til alle ungdomsrettselevar. Endringa har blitt teken godt imot av elevane, og ho har også gjort det enklare for Lånekassen å behandle saker om tildeling av støtte.

Støtte til meir grunnskuleopplæring for ungdomsrettselevar i vidaregåande opplæring

Nokre elevar i vidaregåande opplæring har behov for meir grunnskuleopplæring for å kunne klare å fullføre vidaregåande opplæring. I 2018–19 blei det innført rett til støtte til å ta slik ekstra grunnskuleopplæring. 272 elevar fekk støtte etter denne ordninga dette skuleåret. Av desse tok 113 imot flyktningstipend.

Rett til støtte til bussjåførutdanning ved godkjende trafikkskular

Frå hausten 2018 blei det opna for lån og stipend til bussjåførutdanning ved godkjende trafikkskular i Noreg. Målet var å auke rekrutteringa til bussjåføryrket. 600 personar har i 2018–19 nytta seg av tilbodet. Det er 50 pst. fleire enn det departementet på førehand hadde rekna med, noko som tyder på at ordninga er populær og kan vere eit effektivt verkemiddel for å rekruttere fleire bussjåførar.

Redusert stipenddel i reisetilskotet til elevar som tek vidaregåande opplæring utanfor Norden

Stipenddelen i reisetilskotet til elevar i utlandet blei i 2018–19 redusert frå 70 pst. til 35 pst. Stipenddelen i dette tilskotet blei dermed den same som for utanlandsstudentar i høgare utdanning. Talet på utanlandselevar med reisetilskot sank frå 1 963 i 2017–18 til 1 878 i 2018–19. Dette er ein relativt beskjeden nedgang. Det har også i nokre år før dette vore ein viss nedgang i talet på elevar som får støtte til vidaregåande opplæring utanfor Norden. Departementet meiner derfor at det så langt ikkje er grunnlag for å seie at den reduserte stipenddelen i reisetilskotet fører til at færre vel å ta vidaregåande opplæring i utlandet.

Behovsprøving av flyktningstipend for vaksne elevar

Utlendingar som har fått vern i Noreg, kan få flyktningstipend for å ta grunnskule- eller vidaregåande opplæring. Vaksne elevar får det same støttebeløpet som studentar i høgare utdanning m.m., men dei får heile beløpet som stipend. Frå 2017–18 blei det bestemt å behovsprøve flyktningstipendet mot trygd/pensjon, person- og kapitalinntekt og formue. Dette blei gjort for å målrette støtteordninga betre og for å unngå dobbeltdekning gjennom NAV og Lånekassen. Nesten 3 600 vaksne elevar fekk flyktningstipend hausten 2017. Av desse har 560 fått delar av stipendet gjorde om til lån som følge av behovsprøvinga. Berre 31 personar fekk heile stipendet omgjort til lån.

Tilbakebetaling av lån

Endring i vilkåra for å få sletta renter på grunnlag av fødsel/adopsjon og omsorgsarbeid

Det blei i 2018 gjort endringar i vilkåra for å få sletta renter på grunnlag av fødsel eller adopsjon og omsorgsarbeid. Departementet vil rapportere om effektane av desse endringane i budsjettproposisjonen for 2021.

Nye ordningar for sletting av gjeld for kvalifiserte lærarar

Stortinget har vedteke å etablere to nye ordningar for sletting av studiegjeld for kvalifiserte lærarar, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017). Den eine ordninga omfattar dei som har byrja på 5-årig grunnskulelærar- eller lektorutdanning hausten 2017 eller seinare. Ordninga inneber at delar av gjelda kan bli sletta dersom dei arbeider i skulen i minst tre år etter at dei har fullført utdanninga. Formålet er både å styrke rekrutteringa til dei 5-årige lærarutdanningane, å stimulere til gjennomføring av slik utdanning og å motivere uteksaminerte kandidatar til å arbeide i skulen. Det er for tidleg å rapportere om effektane av denne ordninga.

Den andre ordninga gjeld kvalifiserte lærarar som arbeider i grunnskulen i Finnmark eller Nord-Troms (tiltakssona). Desse kan få sletta 20 000 kroner per år, i tillegg til det beløpet som dei har rett til å få sletta under den ordinære gjeldsavskrivingsordninga for yrkesaktive i tiltakssona. I 2018 fekk 174 lærarar sletta til saman 3,4 mill. kroner i studiegjeld under den nye ordninga.

Budsjettforslag for 2020

Forskrift om lån og stipend til utdanning, som skal gjelde for undervisningsåret 2020–21, og forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån, som skal gjelde for kalenderåret 2020, blir sende ut på alminneleg høyring medio oktober 2019. Forslaget til forskrifter er i tråd med budsjettforslaget.

Ettersom ein del av undervisningsåret 2020–21 ligg utanfor budsjettåret 2020, er det behov for to tilsegnsfullmakter. Sjå forslag til vedtak III nr. 3 og 4.

Hovudgrunnlaget for forslaget til løyvingane på kap. 2410, postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617 er dette:

  • Prisvekstjustering på 1,9 pst. av alle støttesatsar for undervisningsåret 2020–21.

  • Lønnsvekstjustering av alle inntekts- og formuesgrenser som blir nytta i samband med behovsprøving av stipend og sletting av renter og gjeld.

  • Renteprognose på 2,5 pst. (årleg effektiv rente ekskl. gebyr) for 2020, og oppdaterte overslag over storleiken på den rentefrie og den renteberande delen av utlånsporteføljen til Lånekassen i 2020.

  • Oppdaterte overslag over talet på støttemottakarar i ulike kategoriar.

  • Berekna heilårseffektar av endringar som blei vedtekne i statsbudsjettet for 2019. Dette gjeld mellom anna ei anslått innsparing på 255 mill. kroner som kjem av at konverteringsordninga for studielån blei endra frå studieåret 2019–20.

  • Forslag til regelendringar og nye tiltak i 2020 som vil påverke løyvingsbehovet.

Forslaga til regelendringar og nye tiltak er det gjort nærare greie for nedanfor. Nokre av desse inneber at driftsbudsjettet til Lånekassen må styrkast. Sjå under kap. 2410, postane 01 og 45 for oversikt over kva endringar som gir slikt behov.

Elleve månader med studiestøtte

Regjeringa foreslår at heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskule skal få støtte ei veke lenger våren 2020, slik at dei i undervisningsåret 2019–20 totalt vil få støtte i elleve månader. Den ekstra veka med støtte inneber ein realauke i den årlege basisstøtta på 2 755 kroner. Med dette er planen for gradvis innføring av elleve månader med studiestøtte fullført.

Forslaget inneber at løyvingsbehovet aukar med 152,1 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån på 478,1 mill. kroner.

Tilleggslån til personar over 30 år og studentar og elevar med barn

Departementet vil betre finansieringsvilkåra for personar over 30 år som tek høgare utdanning, fagskuleutdanning eller vidaregåande opplæring, og foreslår derfor å innføre tilbod om eit tilleggslån. Dei som tek høgare utdanning eller fagskuleutdanning, vil etter forslaget kunne låne inntil 100 000 kroner per undervisningsår, i tillegg til ordinær støtte. For vidaregåande opplæring vil grensa vere 50 000 kroner per undervisningsår. Det vil likevel ikkje vere høve til å ta opp meir enn 200 000 kroner i samla tilleggslån. Det vil også bli fastsett ei eiga totalramme for vidaregåande opplæring på 100 000 kroner. Innanfor desse rammene vil låntakarane sjølve kunne velje kor mykje tilleggslån dei vil ta opp kvart einskilt undervisningsår.

Ordninga med tilleggslån skal etter forslaget også gjelde for alle studentar og elevar over 18 år som forsørger barn under 16 år, bortsett frå dei som tek grunnskuleopplæring for vaksne. Med mindre ein er over 30 år og tek høgare utdanning eller fagskuleutdanning, vil støttemottakarar med barn maksimalt kunne ta opp 50 000 kroner i tilleggslån per undervisningsår.

Tilleggslån vil ikkje kunne bli gjorde om til stipend, utanom i dei høva kor støttemottakaren blir sjuk og fyller vilkåra for sjukestipend.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner som følge av forslaget. I tillegg kjem auka utlån på 613,7 mill. kroner.

Rett til støtte uavhengig av studiebelastning

I dag er det krav om at ein må ta utdanning med minst 50 pst. studiebelastning for å kunne få støtte frå Lånekassen. Departementet foreslår å avvikle dette kravet, slik at alle som tek deltidsutdanning, vil kunne få støtte. Støtta vil bli berekna i samsvar med studiebelastningsprosenten. Til dømes vil ein person som tek utdanning med 30 pst. studiebelastning, få 30 pst. av det støttebeløpet heiltidsstudentar får.

Forslaget aukar løyvingsbehovet med 16,9 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

Deltidsstudentar skal få støtta berekna i samsvar med faktisk studiebelastning

Gjeldande system for berekning av støtte til deltidsutdanning inneber at alle som tek utdanning med ei studiebelastning som ligg på mellom 50 pst. og 66 pst., får 50 pst. av det støttebeløpet ein heiltidsstudent får. Ved ei studiebelastning på 67–74 pst. får ein 67 pst. støtte, og ved ei studiebelastning på 75–99 pst. får ein 75 pst. støtte. Departementet foreslår å avvikle dette trinnbaserte systemet for berekning av støtte til deltidsutdanning, og i staden konsekvent tildele støtte i samsvar med den faktiske studiebelastninga. 60 pst. studiebelastning vil til dømes gi 60 pst. av heiltidsstøttebeløpet.

Forslaget aukar løyvingsbehovet med 17 mill. kroner. I tillegg kjem auka utlån.

Høgare aldersgrenser for når lån kan bli reduserte, og for tilbakebetaling av utdanningslån

Dei som søker støtte til ei utdanning som etter planen vil bli fullført etter at dei har fylt 45 år, kan få redusert lånestøtte. Om lånestøtta blir redusert, vil vere avhengig av lengda på planlagd utdanning, alder ved fullført utdanning og kor mykje utdanningsgjeld ein har på søknadstidspunktet. Departementet foreslår å heve den nemnde aldersgrensa med 5 år, til 50 år. Samstundes foreslår departementet å heve aldersgrensa for når lån skal vere tilbakebetalte, frå 65 år til 70 år.

Løyvingsbehovet aukar med 70 000 kroner som følge av forslaget. I tillegg kjem auka utlån.

Betre utstyrsstipendordning i vidaregåande opplæring

Departementet vil styrke utstyrsstipendordninga og foreslår eit opplegg som inneber at fleire yrkesfaglege utdanningsprogram vil gi rett til eit høgare stipend enn i dag. Forslaget vil, slik departementet ser det, gi betre samsvar mellom stipendnivå og utstyrskostnader enn i dag.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 24,9 mill. kroner som følge av forslaget.

Foreldrestipend til personar i overgangsfasen mellom fullført utdanning og yrkesaktivitet

Studentar som får barn medan dei tek utdanning, kan få heile støtta for ein periode på inntil 49 veker omgjord til såkalla foreldrestipend. Dei som har avslutta utdanninga si og dermed ikkje lenger er inne i eit studieløp, kan etter gjeldande regelverk ikkje få foreldrestipend. Slike personar vil i dei første månadene etter at utdanninga er avslutta, i mange høve heller ikkje ha tent opp rett til foreldrepengar frå NAV. For å betre vilkåra for denne gruppa foreslår departementet å innføre rett til foreldrestipend for personar som får barn opptil sju månader etter at dei har fullført ein grad i høgare utdanning eller fagskuleutdanning. Forslaget inneber også at personar som får barn mindre enn 46 veker før dei fullfører ein grad, vil få full foreldrestipendperiode sjølv om dei skulle slutte i utdanning etter at graden er avlagd.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 10,7 mill. kroner som følge av forslaget.

Støtte til høgare utdanning i utlandet – avvikling av særregel

For fleire høgare utdanningar i Noreg er det fastsett særskilde opptakskrav. Etter gjeldande regelverk for utdanningsstøtte må slike særskilde krav vere fylte også dersom ein skal kunne få støtte til å ta tilsvarande utdanning i utlandet. Denne særregelen er svært krevjande å praktisere på ein konsekvent måte. I dag blir han berre i avgrensa grad praktisert ved søknad om støtte til medisin-, odontologi- og veterinærutdanning i utlandet. Departementet ser ikkje tungtvegande grunnar til å halde oppe regelen og foreslår at han blir avvikla.

Løyvingsbehovet aukar med 1,9 mill. kroner som følge av forslaget. I tillegg kjem auka utlån.

Avvikling av særreglar om støttestans ved fråvær og studiepermisjon

Departementet foreslår å avvikle to særreglar om støttestans ved ugrunna fråvær og ved studiepermisjon. Reglane er vanskelege å praktisere på ein konsekvent og rettferdig måte, mellom anna fordi rapporteringspraksisen hos lærestadane varierer. Departementet meiner dessutan at reglane i høg grad er overflødige.

Lærestadane skal melde frå til Lånekassen når elevar eller studentar avbryt utdanninga. Kombinert med den plikta støttemottakarane sjølve har til å opplyse om endringar, meiner departementet at dette i tilstrekkeleg grad sikrar at støtteordninga ikkje kan bli misbrukt av personar som ikkje er i eit reelt utdanningsløp.

Løyvingsbehovet aukar med 1,2 mill. kroner som følge av forslaget. I tillegg kjem auka utlån.

Avvikling av motrekning som hovudregel ved krav om tilbakebetaling av ugrunna støtte

Dersom ein student eller elev har fått utbetalt meir støtte enn det han hadde rett til, vil Lånekassen i utgangspunktet krevje at det overskytande beløpet blir betalt tilbake med ein gong. Viss beløpet ikkje blir betalt tilbake, vil Lånekassen etter gjeldande praksis gjere trekk i framtidige støttetildelingar til vedkomande, såkalla motrekning.

Mange støttemottakarar er svært avhengige av støtteutbetalingane frå Lånekassen for å kunne gjennomføre utdanning. Departementet meiner på denne bakgrunnen at gjeldande praksis er uheldig, og foreslår at hovudregelen i staden skal vere at ugrunna støtte blir lagd til gjelda til støttemottakaren, utan krav om tilbakebetaling før ordinær betalingsplan blir send ut.

Løyvingsbehovet aukar med 300 000 kroner som følge av forslaget. I tillegg kjem auka utlån.

Endra tidspunkt for rentebelastning av utdanningslån

Utdanningslån er rentefrie så lenge låntakaren er under utdanning og får støtte frå Lånekassen. Etter gjeldande regelverk blir lånet renteberande frå første månadsskifte etter at låntakaren ikkje lenger får støtte. Slik støtteperioden er definert i regelverket, vil han for dei aller fleste slutte i midten av ein månad. Det inneber at studentar flest har ein rentefri periode på 15 dagar etter at dei er ferdige med utdanninga. Departementet kan ikkje sjå at det finst tungtvegande argument for at det bør vere slik, og foreslår at lån blir sette renteberande frå første dag etter at låntakaren ikkje lenger får støtte.

Departementet foreslår å redusere løyvinga til rentestøtte med 26 mill. kroner som følge av forslaget.

Nye studieplassar

Departementet foreslår å auke løyvingane til utdanningsstøtte med 3,8 mill. kroner i samband med eit forslag om å opprette om lag 250 nye studieplassar i høgare utdanning. I tillegg kjem auka utlån. Sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Departementet foreslår å auke løyvingane til utdanningsstøtte med 1,2 mill. kroner i samband med eit forslag om å opprette 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg kjem auka utlån. Sjå nærare omtale under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

Verkeleg verdi

For å rekne seg til den verkelege verdien av utlånsporteføljen til Lånekassen er det laga ein modell som skil mellom kostnader som er knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 183,9 mrd. kroner ved utgangen av 2018. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette kjem av både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som kjem av at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på 4 pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2018 rekna ut til 163 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi utgjer 20,9 mrd. kroner. Den verkelege verdien er berekna til å vere 88,6 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2018.

Tabell 4.27 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2017

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2018

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

123 979

132 535

  • studentar

49 789

51 328

  • Sum opphavleg låneportefølje

173 768

183 862

Justeringar

  • omgjering til stipend

9 343

9 620

  • rentefritak studentar

3 263

3 365

  • rentefritak tilbakebetalarar

1 566

1 663

  • ettergitt gjeld

4 078

4 329

  • Sum justeringar

18 250

18 976

Justert låneportefølje

155 518

164 886

  • nedskriving

1 895

2 012

  • over-/underkurs

197

90

Verdi

153 820

162 964

Ved å legge til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabellen under syner at staten kan forvente å få tilbake nesten 64 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.28 Noverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner per 31. desember 2017

Verdi i kroner per 31. desember 2018

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

0,000

0,000

  • studentar

1,000

1,000

Justeringar

  • omgjering til stipend

0,268

0,272

  • rentefritak studentar

0,059

0,059

  • rentefritak tilbakebetalarar

0,006

0,006

  • ettergitt gjeld

0,017

0,017

  • Sum justeringar

0,350

0,354

Justert låneportefølje

0,650

0,646

  • nedskriving

0,007

0,007

Verdi

0,643

0,639

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgare utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført. Løyvinga på post 50 dekker avsetning til eit fond (Konverteringsfondet) som Lånekassen trekker midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend.

Det er budsjettert med at det vil bli gitt om lag 9,7 mrd. kroner i omgjeringslån i 2020. Heile dette beløpet kan potensielt bli gjort om til utdanningsstipend. Særleg tre faktorar bidreg til at det likevel ikkje er behov for å setje av eit så høgt beløp i Konverteringsfondet. For det første blir utdanningsstipendet behovsprøvd mot inntekt og formue, og derfor vil ein del av det som kunne blitt gjort om til stipend, likevel ikkje bli omgjort. For det andre vil ein del av den utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje bli bestått og derfor ikkje gi rett til omgjering. Og for det tredje vil ein del av den høgare utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje føre fram til ein avlagd grad og dermed ikkje gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad. Samla er det estimert at desse tre faktorane reduserer avsetningsbehovet med 23,4 pst., og forslaget til løyving på posten utgjer 76,1 pst. av anslaget for nye omgjeringslån i 2020.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, stipend til søkarar i høgare utdanning m.m. med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, og flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgarstipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reiseutgifter og skulepengar i innland og utland. Ho gjeld òg stipend til språkkurs og eit rekrutteringsstipend til studentar som tek visse mastergradsutdanningar i Frankrike eller Tyskland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på posten omfattar mellom anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar, og for personar som er busette og arbeider i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke. I tillegg blir restgjeld automatisk avskrive når gjelda er under det som er sett som minimumsbeløpet for innkrevjing.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.29  Avskrivingselement

(i 1 000 kroner)

Element

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Sjukdom

322 532

282 430

435 672

Dødsfall

69 006

59 424

69 006

Automatisk avskriving

477

523

477

Avskriving for lærarutdanning

20 930

29 500

28 235

Avskriving Finnmarksordninga

111 383

107 954

122 912

Avskriving kvoteordninga

47 733

25 281

11 590

Rentefritak

118 850

96 894

119 492

Sum

690 912

602 006

787 385

Av samla avskriving på 787 mill. kroner er det berekna at 625 mill. kroner vil vere avskriving av det opphavlege utdanningslånet til kunden. Dei resterande avskrivingane fordeler seg på 59 mill. kroner frå renter i 2020 og 103 mill. kroner i renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekker avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.30 Tapselement

(i 1 000 kroner)

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

SI-permanent

274 148

290 000

320 000

Lån etter gjeldsordning

65 759

90 000

65 000

Andre forhold

6 230

6 200

7 500

Sum

346 136

386 200

392 500

Tap på hovudstolen er berekna til å vere 270,8 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar er 106 mill. kroner i 2020. Årets renter på taps-/kostnadsfordringane er berekna til å vere 15,7 mill. kroner i 2020.

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram, og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet, men SI handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapssamanheng blir overført til SI.

Frå 1996 til og med 2018 har om lag 67 500 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 8 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 4,3 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2018 for permanent overførte utdanningslån var på 241 mill. kroner mot 256 mill. kroner i 2017. I 2020 er innkrevjingsresultatet berekna til å bli 245 mill. kroner. Det blei overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 274 mill. kroner i 2018 mot 305 mill. kroner i 2017. Overføringa til SI i 2020 er berekna til 320 mill. kroner.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker samla nye utlån frå Lånekassen i 2020 og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar av stipend til lån er berekna til å utgjere 29,8 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til 0,9 mrd. kroner. Den samla løyvinga på posten blir då 30,7 mrd. kroner i 2020.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

31 655

18 530

13 000

29

Termingebyr

12 774

16 892

7 835

89

Purregebyr

107 549

105 016

112 335

90

Redusert lån og rentegjeld

10 425 249

10 776 474

11 653 207

93

Omgjering av utdanningslån til stipend

6 718 811

6 999 551

6 211 553

Sum kap. 5310

17 296 038

17 916 463

17 997 930

Kapittelet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå Konverteringsfondet og ulike refusjonar.

Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp.

Post 29 gjeld gebyr for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura eller AvtaleGiro, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel.

Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).

Post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av hovudstolen er berekna til 9,7 mrd. kroner i 2020. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til 664 mill. kroner i 2020. Tilbakebetaling frå taps-/kostnadsløyvingar utgjer 1,1 mrd. kroner og omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410, postane 73 og 74.

Post 93 omfattar innbetaling frå Konverteringsfondet til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend. Sjå omtale under kap. 2410, post 50.

I Gul bok 2020 har Finansdepartementet orientert om endringar i føresegnene om økonomistyring i staten med verknad frå 2020, mellom anna om mellomvere med statskassa, jf. også rundskriv R-101 frå Finansdepartementet. Mellomveret viser om ei statleg verksemd eller rekneskapsførande statleg ordning har pengar til gode frå statskassa eller skyldar pengar til statskassa. Verksemder med mellomvere vil ha eit unntak frå kontantprinsippet. På denne bakgrunnen foreslår departementet ei ny romartalsfullmakt som heimlar eit slikt unntak for Lånekassen. Sjå forslag til vedtak IV nr. 5.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

80

Renter

4 072 173

4 857 196

5 120 420

Sum kap. 5617

4 072 173

4 857 196

5 120 420

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til kundane i Lånekassen. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskotspostar til å dekke kostnadene til staten på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til 1,6 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til 2,5 mrd. kroner i 2020. Anslaget for opptente ikkje-betalte renter frå kundane er 920 mill. kroner, medan anslaget for årets renter frå taps-/kostnadsløyvingar er 75 mill. kroner i 2020.

Programkategori 07.90 Integrering og mangfald

Utgifter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

253 233

264 480

292 960

10,8

291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

15 208 461

11 807 740

9 765 990

-17,3

292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2 004 908

1 526 555

1 346 538

-11,8

Sum kategori 07.90

17 466 602

13 598 775

11 405 488

-16,1

Inntekter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

3290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

1 351

3291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

264 824

10 875

11 223

3,2

3292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

16 062

24 185

28 055

16,0

Sum kategori 07.90

282 237

35 060

39 278

12,0

Innleiing

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire innvandrarar er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Innvandrarar i Noreg har høg sysselsetjing samanlikna med innvandrarar i andre OECD-land; dette gjeld både kvinner og menn. Innvandrarar med fluktbakgrunn har betydeleg lågare sysselsetjingsgrad enn resten av befolkninga og andre innvandrarar. Ei forklaring på dette er at mange flyktningar manglar utdanning og kvalifikasjonar som det er behov for i den norske arbeidsmarknaden. Regjeringa la i 2018 fram Integrering gjennom kunnskap – regjeringas integreringsstrategi 2019–22 . Strategien inneheld ei rekke tiltak som skal bidra til målretta kvalifisering, høgare sysselsetjing, auka deltaking i små og store fellesskap og retten til å leve eit fritt liv. Dette er òg dei sentrale måla i integreringspolitikken, og tiltaka er viktige i 2020 og i åra framover.

Forslaget til ny integreringslov blei sendt ut på høyring 16. august 2019. Lovforslaget inneber mellom anna endringar som skal bidra til at fleire som deltek i introduksjonsprogrammet, får ei varig og stabil tilknyting til arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet tek sikte på at lova vil tre i kraft frå 2021.

Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å samordne regjeringas integreringspolitikk på tvers av ulike sektorar. Samstundes har departementet eit særleg ansvar mellom anna for å utforme og gjennomføre politikken for busetjing og kvalifisering av innvandrarar med fluktbakgrunn.

Hovudprioriteringar for 2020

Ei av prioriteringane for 2020 er at kvalifiseringa av nykomne flyktningar og innvandrarar skal starte opp raskt, og at fleire skal få formelle kvalifikasjonar gjennom utdanning. Sentrale tiltak er målretta busetjing av nykomne flyktningar, å fornye og forbetre norskopplæringa og å reformere introduksjonsprogrammet. I 2020 er òg arbeidet mot negativ sosial kontroll og å auke bruken av kvalifiserte tolkar prioritert.

Stortinget har vedteke at fylkeskommunane skal få eit større ansvar på integreringsfeltet. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) held fram som eit sterkt nasjonalt fagdirektorat på integreringsfeltet, medan fylkeskommunane overtek ansvaret for det regionale integreringsarbeidet. Ei prioritering på feltet for 2020 er derfor å sikre god overføring av oppgåver og kompetanse og god samhandling mellom aktørar på feltet.

Departementet foreslår å omdisponere 156,2 mill. kroner frå integreringstilskotet. Midlane skal mellom anna nyttast til tiltak som gir fleire utdanning og kvalifisering, slik at dei kan kome i arbeid og delta i samfunnet. Tiltaka er skisserte i boks 4.2 under saman med tiltak på feltet som høyrer under andre departement.

Mål: Fleire er i arbeid og deltek i arbeidslivet

Utviklingstrekk og utfordringar

Kvalifisering, busetjing og deltaking

Tidleg kvalifisering i mottak

Tidleg kompetansekartlegging og karriererettleiing i mottak skal føre til meir målretta kvalifiserings- og karriereval for den einskilde, og til at kommunane raskt skal kunne tilby tiltak som er tilpassa den einskilde flyktningen. Det er store variasjonar i det arbeidet som vertskommunane gjer når det gjeld opplæring i norsk, og opplæring i norsk kultur og norske verdiar.

Det har vore ei utfordring at flyktningar ikkje kjem raskt i gang med aktivitetar som er målretta mot arbeid og utdanning. Målretta kvalifisering og tidleg tilrettelegging for arbeid er viktig for å nå høg sysselsetjing. Frå 1. september 2018 er det obligatorisk for vertskommunar for asylmottak å tilby 175 timar opplæring i norsk og 50 timar opplæring i norsk kultur og norske verdiar, og det er obligatorisk for asylsøkarar å delta. Sjølv om relativt mange asylsøkarar kjem raskt i gang med norskopplæringa, er det framleis få som gjennomfører det totale talet på 175 timar. Hovudårsaka er at mange av asylsøkarane fekk behandla asylsøknaden sin før det maksimale talet på timar var fullført.

I 2018 fekk 1 089 deltakarar av 3 061 norskopplæring i mottak, 36 pst. av målgruppa. I 2017 deltok 33 pst. Denne opplæringa blei òg obligatorisk 1. september 2018. Pliktfestinga av opplæringa i mottak skal medverke til at alle asylsøkarar kjem tidleg i gang med kvalifisering og gjennomfører større delar av opplæringa.

Sidan juni 2018 har sjølvregistreringsløysinga for kompetanse, Kompass, vore i ordinær drift i alle asylmottak i landet. Hausten 2018 blei Kompass også teke i bruk i transittmottak for bebuarar som blir busette direkte derifrå. Karriererettleiing skjer framleis i utvalde mottak. Det er store variasjonar i det kvalifiseringsarbeidet som skjer ved mottaka, særleg dei ordinære mottaka.

Ved utgangen av 2018 var det fire integreringsmottak i landet. Målet med integreringsmottaka er at bebuarane skal starte tidleg med kvalifisering og bli busette raskt i ein kommune med høve til relevant arbeid. I 2018 starta bebuarar i integreringsmottak opp 9 månader tidlegare enn flyktningar frå ordinære mottak med målretta kvalifisering og blei raskare busette.

Det er variasjon i det arbeidet som asylmottaka gjer for å førebu busetjing. I ein del ordinære mottak er registreringa av kompetanseopplysningar mangelfull. Bebuarar i integreringsmottak gjennomfører kartlegging av kompetanse som ein del av fulltidsprogrammet sitt. Undersøkingar viser at busetjingskommunar gjennomgåande er meir nøgde med informasjonen dei mottek frå integreringsmottaka, samanlikna med informasjonen dei får frå ordinære mottak. Kommunane er òg positive til karriererettleiinga ved integreringsmottaka og ved dei to ordinære mottaka der dette har vore gjennomført som forsøk.

Etter at Kompass blei sett i ordinær drift, og ut 2018 var delen registrerte 36 pst. Ifølge IMDi er årsaka til den låge delen mellom anna at behovet for rettleiing under registrering er større enn det mottaka har føresett, det er manglande omsetjing til nokre språk, og det er frivillig for asylsøkarane å registrere kompetansen sin.

Boks 4.2 Forslag til tiltak 2020 – integreringsløftet

  • 15 mill. kroner til å vidareføre auken i talet på minoritetsrådgivarar frå revidert budsjett 2019, og til å styrke det ambulerande fagteamet som skal bidra til å betre kompetansen i tenestene.

  • 15 mill. kroner til ny tilskotsordning for fagopplæring. Ordninga skal rettast mot fylkeskommunar som etablerer og gjennomfører tilrettelagde tilbod om fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar.

  • 5 mill. kroner til å styrke Jobbsjansen del A , tilskot til prosjekt for heimeverande kvinner, for å styrke tilbodet til innvandrarkvinner utanfor arbeidslivet.

  • 25 mill. kroner til å styrke ordninga med Jobbsjansen del B , tilskot til meir grunnskuleopplæring til innvandrarungdom. Tilskotsmidlane blir, som ein del av regionreforma, overførte til fylkeskommunane frå januar 2020.

  • 10 mill. kroner til nasjonal satsing på skjermtolking.

  • 1,7 mill. kroner til å opprette eit utdanningstilbod for tolkar på Vestlandet.

  • 2 mill. kroner til å utvikle tenestedesignmetodikk for brukarreiser for deltakarar i introduksjonsprogrammet.

  • 5 mill. kroner til å styrke arbeidet mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og/eller tvangsekteskap. Midlane skal mellom anna nyttast til å styrke bo- og støttetilbodet for personar som er utsette for tvangsekteskap eller æresrelatert vald, og styrke mentorordninga for personar som er utsette for negativ sosial kontroll.

  • 5 mill. kroner til tilskotsordninga Utvikling av kommunale integreringstiltak for utvikling av lokale tiltak som gir psykisk støtte.

  • 10 mill. kroner til å styrke områdesatsingane i Oslo og Fjell i Drammen.

  • 16 mill. kroner til å styrke kompetansen til lærarar i norskopplæringa for vaksne innvandrarar. Tiltaket inneber ei dobling av midlane frå 2019.

  • 10,6 mill. kroner til å dekke heiltidsplass i barnehage for alle 2- og 3-åringar i mottak frå hausten 2020 og vidareføring av ordninga med gratis kjernetid for 1-åringar i mottak.

  • 58 mill. kroner til å innføre ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling for barn på 1.–2. trinn i skulefritidsordninga.

  • 57,8 mill. kroner for å dekke heilårseffekten av inkluderinga av 2-åringane i ordninga med gratis kjernetid frå 1. august 2019.

  • 5,2 mill. kroner til å styrke tidleg karriererettleiing for nykomne innvandrarar. Midlane blir innlemma i ramma til fylkeskommunane.

  • 1,75 mill. kroner til Nasjonalt senter for flerkulturell verdiskaping. Dette vil sikre ei gradvis nedtrapping av dei øyremerkte midlane til organisasjonen ettersom tilskotsordninga for etablerarar blir overført til fylkeskommunane frå januar 2020.

  • 29,1 mill. kroner til overføring av stillingsmidlar til fylkeskommunane som følge av oppgåveoverføringa frå IMDi. Sjå omtale under Regionreform og integreringsfeltet under Strategiar og tiltak.

  • 60 mill. kroner til forsøk med fritidskortordningar. Midlane skal nyttast til eit forsøk med kommunar og bydelar som prøver ut fritidskortordningar som skal dekke utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn i alderen 6 til fylte 18 år (Barne- og familiedepartementet).

  • 10 mill. kroner til sosialt entreprenørskap. Midlane skal gå til å støtte opp om og vidareutvikle initiativ for sosial mobilitet (Arbeids- og sosialdepartementet og Barne- og familiedepartementet).

  • 5 mill. kroner til å inkludere barn og unge i låginntektsfamiliar i det frivillige kulturlivet (Kulturdepartementet).

I 2018 har òg realkompetansevurdering blitt prøvd ut i utvalde mottak gjennom Erasmus+-prosjektet Visible Skills of Adult (VISKA).

Rask busetjing i ein kommune for nykomne flyktningar

Nykomne flyktningar blir busette med offentleg hjelp etter avtale mellom staten og kommunane. Staten oppmodar kommunane om å busetje eit gitt tal flyktningar, og kommunane bestemmer om, og kor mange flyktningar, dei ønsker å busetje. Målet er at nykomne flyktningar blir busette raskt og seinast innan seks månader. Flyktningar under 18 år skal prioriterast. Busetjinga går raskare. Sjå tabell 4.30 for rapportering om busetjing.

Talet på flyktningar i mottak som ventar på busetjing har gjennom 2018 vore på det lågaste nivået sidan 2006. Samstundes er talet på lengeventande i mottak nesten halvert. Nokre flyktningar tek det framleis tid å få busett. Til dømes er det utfordrande å busetje flyktningar med store helseutfordringar fordi dei krev meir særskild tilrettelegging.

Overføringsflyktningar er fleirtalet av dei busette

I 2018 var talet busette halvert samanlikna med 2017. Delen av dei busette som er overføringsflyktningar, har auka vesentleg frå høvesvis 26 pst. i 2017 til 51 pst. i 2018. Det heng saman med at færre asylsøkarar kjem til Noreg, og at talet på overføringsflyktningar aukar. I 2020 er det venta at kommunane må busetje om lag 5 220. I talet inngår 3 000 overføringsflyktningar. Dette er nærare omtalt i Prop. 1 S (2019–2020) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Lågare busetjing i kommunane gir færre deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Dei samla tilskota til arbeidet med busetjing og integrering blir dermed lågare i kommunen. I dei mindre busetjingskommunane gir lågare busetjing utfordringar med å legge til rett for eit godt kvalifiseringstilbod, jf. IMDi: Kommuneundersøkelsen: 18.

Fleire undersøkingar viser at det er ein samanheng mellom kommuneeigenskapar (folketal og arbeidsløyse) og integrering (nivå for sysselsetjing og utdanning blant flyktningar), jf. SSB: 2019 Bosettingskommune og integrering blant voksne flyktninger . I arbeidet med busetjing er det potensial for betre samanheng mellom busetjing av flyktningar, kvalifisering, utdanning og arbeid i ein kommune.

Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap

Tal viser at i overkant av 40 000 innvandrarar deltok i opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne i 2018. Totalt tok i overkant av 32 000 personar norskprøva, og i underkant av 18 000 tok samfunnskunnskapsprøva i 2018. Frå 1. januar 2017 er det eit krav om minimum norsknivå A1 i norsk munnleg for å få permanent opphaldsløyve og A2 i norsk munnleg for å få statsborgarskap. Norskprøva blir i aukande grad brukt av arbeidsgivarar som dokumentasjon på norskferdigheiter. Norskprøva måler språkferdigheit på desse nivåa: A1 (nybyrjar), A2 (litt øvd), B1 (mellomnivå) og B2 (høgare mellomnivå) etter Det felles europeiske rammeverket for språk . Det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld både resultat på norskprøvar, kor raskt ein startar med opplæring, og kor mange timar per veke som blir tilbydde.

Ei utfordring er at nivået i norskopplæring er på eit generelt lågt nivå. Norskopplæringa gir ikkje deltakarane tilstrekkelege norskkunnskapar, slik at dei kan kome i utdanning og få ei varig tilknyting til arbeidslivet. Ifølge Fafo 2017:31 Introduksjonsprogram og norskopplæring er det mangel på tilrettelegging av opplæringa, spesielt for deltakarar med lita eller inga utdanning. Det er heller ikkje god nok kopling mellom arbeidsliv og norskopplæring, eller mellom norskopplæring og grunnskule-/vidaregåande opplæring. Mange lærarar manglar òg særskild kompetanse til å gi opplæring til vaksne innvandrarar, som til dømes faget norsk som andrespråk.

Introduksjonsprogrammet

Sidan 2010 har regjeringa hatt som mål at minst 70 pst. av deltakarane i introduksjonsordninga skal vere i arbeid eller utdanning året etter avslutta program. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at for dei 9 siste avgangskohortane (2008–16) har mellom 58 og 63 pst. av dei tidlegare deltakarane vore i arbeid eller utdanning året etter avslutta program. Monitoren viser også at det er store skilnader i resultata mellom kvinner og menn. For 5 av dei 6 siste avgangskohortane har menn nådd resultatmålet på 70 pst. Av dei som avslutta programmet i 2016, var 71 pst. av mennene og 50 pst. av kvinnene i arbeid eller utdanning året etter.

Talet på deltakarar i introduksjonsprogrammet har auka kraftig, frå i underkant av 12 000 i 2010 til 29 000 i 2017. Det har vore ein mindre nedgang i talet på deltakarar i 2018, til omtrent 27 100.

Det er stor kommunal variasjon i innhaldet i introduksjonsprogrammet, og i mange kommunar er ikkje kvaliteten på tilbodet god nok. Dei store lokale variasjonane i verkemiddelbruk er ei utfordring, då kor ein blir busett, har stor innverknad på kva slags tilbod den einskilde får. Dette igjen påverkar den einskilde deltakarens sjansar for å kome i arbeid og/eller utdanning. Ei viktig årsak til låg deltaking i arbeidslivet er mangel på den kompetansen som arbeidslivet etterspør. Utdanninga til deltakarane og nivået deira i norsk er viktig for føresetnadene deira for å finne arbeid.

Deltaking i barnehage, skule og høgare utdanning

Det å gå i barnehage bidreg positivt til språkutviklinga hos barn, og ikkje minst for barn som skal lære norsk. Barn med innvandrarbakgrunn går i noko mindre grad i barnehage enn andre barn, og ein del kan ikkje godt nok norsk når dei byrjar på skulen. Familieøkonomien kan vere eit hinder for å bruke barnehage. For nærare omtale, sjå programkategori 07.30 Barnehagar.

Det er store variasjonar i skuleresultat blant elevane. Elevar som kjem til Noreg seint i skuleløpet, har særlege utfordringar. Elevar med svake resultat frå grunnskulen har mindre sjanse til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa, og kapittel 11 Mål for integrering.

Personar med innvandrarbakgrunn deltek i aukande grad i høgare utdanning. Særleg gjeld dette norskfødde med innvandrarbakgrunn og dei som kjem til landet i tidleg alder. Samstundes har mange innvandrarar med høgare utdanning frå heimlandet utfordringar med å få utdanninga si godkjend eller med å få sjansen til å ta nødvendig tilleggsutdanning. For nærare omtale, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Betre bruk av kompetansen til innvandrarane

Det er utfordringar med å ta i bruk den kompetansen og utdanninga innvandrarane har med seg, på ein god måte, jf. omtale over. Kvalifisering og utdanning er ikkje nok til å jamne ut forskjellar i arbeidsdeltakinga mellom innvandrarar. Diskriminerande mekanismar ved rekruttering gjer det vanskelegare for innvandrarar å kome inn i arbeidslivet og delta på linje med resten av befolkninga. Fafos rapport frå 2018: 01 Profesjonell rekruttering er likestilt rekruttering tyder på at diskriminerande mekanismar ved rekruttering skjer både i offentleg og i privat sektor. Solid kunnskapsgrunnlag på feltet viser at det er nokre utfordringar med å inkludere innvandrarar i arbeids- og samfunnslivet. Av dei største utfordringane kan ein trekke fram at fleire innvandrarar, særleg flyktningar, manglar formell kompetanse og utdanning frå heimlandet, og har lågare sysselsetjing enn befolkninga elles. Formell kompetanse er ofte ein føresetnad for å få og bli verande i arbeid i Noreg. Kvalifiseringsbehovet til den einskilde flyktningen varierer med utdanningsnivået deira, og kvalifiseringa må vere tilpassa og målretta.

Innsats i utsette storbyområde

Einskilde område i større byar har særskilde utfordringar med dårlege levekår. Desse områda har også ein høg del innbyggarar med innvandrarbakgrunn. Høg konsentrasjon av utfordringar i levekår i område med mange innvandrarar skaper dårlege føresetnader for integrering. Mange levekårsproblem heng saman med manglande sysselsetjing. Det er naudsynt å rette ein særleg innsats mot den einskilde og buområda som er sterkt belasta med slike utfordringar.

For få bruker kvalifisert tolk

I 2017 var 62 pst. av dei som tok oppdrag som tolk i offentleg sektor, utan tolkefaglege kvalifikasjonar. Dette fører til større kostnader for samfunnet, til dømes i form av feilbehandlingar, låg effektivitet i sakshandsaminga og svekt tillit til offentlege organ. Låg kunnskap om tolking blant offentlege tolkebrukarar, kostnader til bruk av tolk, ei lite hensiktsmessig organisering av tolketenester og dårlege lønns- og arbeidsvilkår for tolkar er hovudårsakene til at det meste av tolkinga i offentleg sektor blir utført av ufaglærte.

Frivillig innsats på integreringsfeltet

Kunnskapsoversynet frå Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor viser at låg inntekt og sysselsetjing har negativ effekt på deltakinga til innvandrarar i frivillige organisasjonar. Innvandrarar deltek mindre i organiserte aktivitetar og i frivillige organisasjonar enn dei utan innvandrarbakgrunn. Unge personar med innvandrarbakgrunn, høg utdanning og lang butid i Noreg er derimot over gjennomsnittet aktive i frivilligheita.

Sivilsamfunnet verkar som brubyggar mellom styresmakter og befolkningsgrupper, og mellom grupper som står i eit spenningstilhøve til eller er i konflikt med kvarandre. Dei frivillige organisasjonane spelar ei viktig rolle i integreringsprosessar ved å gi informasjon og norsktrening, tilby kulturaktivitetar, rekruttere barn til idretten og bidra til dialog mellom trussamfunna. Dei gir folk moglegheit til å delta samtidig som dei bidreg til å løyse mange viktige samfunnsoppgåver. Fleire kommunar melder at det er behov for, og viktig med, felles møteplassar på tvers av befolkningsgrupper.

Arbeid mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Negativ sosial kontroll og vald i nære relasjonar som tvangsekteskap og kjønnslemlesting kan vere barrierar mot at nykomne flyktningar og innvandrarar skal delta aktivt i samfunnslivet. Det kan gjelde retten til å ta sjølvstendige val om utdanning, arbeid og ektefelle, samt å delta i frivillig engasjement. Det blir systematisk rapportert om førespurnader til dei særskilde tilboda for dei som er utsette for negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Dei som søker hjelp er så vel nykomne innvandrarar med fluktbakgrunn, som ungdommar som er fødde og har vakse opp i Noreg.

Ny forsking frå Fafo og NOVA viser at foreldrerolla i Noreg kan skilje seg mykje frå denne rolla i det landet flyktningar og andre innvandrarar kjem ifrå. Foreldre kan oppleve ein situasjon prega av sosialt, kulturelt og religiøst krysspress, og kan ha behov for støtte til å handtere dette. Ein stor del unge med innvandrarbakgrunn rapporterer om alvorleg negativ sosial kontroll frå foreldra. Dei som er fødde i Noreg, er mindre utsette.

Statsborgarskap

I 2018 fekk om lag 10 300 personar norsk statsborgarskap. Dette er ein nedgang på over 50 pst. frå 2017. Variasjonar i antal personar som blir norske etter søknad, heng mellom anna saman med sakshandsamingskapasiteten i Utlendingsdirektoratet. Det er klare mønster i kven som vel å søke om norsk statsborgarskap, avhengig av kva for eit land dei kjem frå, og kvifor dei innvandra til Noreg. Søkarar frå Asia og Afrika har i meir enn 10 år toppa statistikken, og dei fleste kom til Noreg som flyktningar eller på grunn av familieinnvandring.

Regjeringa vil at norsk statsborgarskap skal henge høgt. Det er til gunst for alle dersom tildeling av statsborgarskap også er innretta slik at det fremjar integrering. Det er eit mål at innvandrarar i større grad skal delta i arbeids- og samfunnsliv. Å kunne snakke og forstå norsk er ein føresetnad for å delta i arbeids- og samfunnsliv, og det blir i aukande grad stilt krav til ferdigheiter i norsk i arbeidslivet. Samtidig blir det i statsborgarlova stilt krav til ferdigheiter i norsk munnleg på nivå A2 ved søknad om norsk statsborgarskap.

Etter gjeldande rett har Utlendingsdirektoratet vedtaksmyndigheit i saker om tilbakekall av statsborgarskap som er bygd på uriktige eller ufullstendige opplysningar som er gitt av personen sjølv. Stortinget har i vedtak av 9. mai 2017 bedt regjeringa fremje forslag om å endre statsborgarlova slik at tilbakekall av statsborgarskap skal bli vedteke av domstolen. Stortinget har òg bedt regjeringa om at saker om tilbakekall ikkje skal handsamast før regelverket er endra. Det vil truleg vere 915 saker som er sette på vent per 1. januar 2020. Utgiftene knytte til å handsame restansen vil vere store.

Brukerretta digitalisering

I dag er det ofte slik at brukarane av offentlege digitale tenester må ha kontakt med fleire tenester frå ulike aktørar. Det er stor variasjon i kva grad offentlege verksemder ser tenester i samanheng og har sett seg inn i behova til brukarane. Til dømes har flyktningar ei brukarreise frå mottak til arbeidsliv som er særskild for denne gruppa. Det blir registrert data om desse personane i ulike system. Dette gjeld til dømes både kompetansen dei har med seg, og kva dei oppnår gjennom introduksjonsprogrammet. Det er naudsynt å sjå nærare på kva slags behov denne gruppa har når det gjeld informasjon og informasjonsutveksling med det offentlege tenesteapparatet. I tillegg er det behov for betre samhandling mellom offentlege etatar når det gjeld bruk av registrerte data. Noreg er blant dei fremste landa i verda når det gjeld befolkningas tilgang til og bruk av IKT, men det er framleis store grupper som ikkje deltek digitalt. Innvandrarar frå land i Afrika og Asia utgjer ein vesentleg del av denne gruppa. Å sørge for at deltakarane i introduksjonsprogrammet utviklar tilstrekkeleg digital kompetanse til å kunne delta i arbeids- og samfunnsliv, er ei utfordring og sentralt for å førebygge utanforskap.

Strategiar og tiltak

Effektiv kvalifisering, treffsikker busetjing og auka deltaking

Tiltak for effektiv kvalifisering i mottaksperioden

Kompetansekartlegging og karriererettleiing vil halde fram i 2020. Kompetansekartlegging og karriererettleiing skal medverke til rask kartlegging av det vidare kvalifiserings- og opplæringsbehovet til den einskilde, og vere ein del av grunnlaget for val av busetjingskommune. Både IMDi og busetjingskommunane får tilgang til informasjon frå kompetansekartlegging og karriererettleiing. IMDi vil setje i verk tiltak for å betre kartlegginga særleg gjennom digitaliseringsprosessar og samkøyring av ulike datasystem. Rambølls evaluering av integreringsmottak blir ferdig i november 2019.

Departementet har sendt forslag til ny integreringslov ut på høyring. Eit av forslaga er å lovfeste kompetansekartlegging før busetjing og karriererettleiing etter busetjing. Kartlegginga bør gjennomførast på same tid som det andre busetjingsførebuande arbeidet i mottak.

Tiltak for rask og treffsikker busetjing

Departementet vil ha ein tydelegare busetjingspolitikk for nykomne flyktningar. Politikken skal bidra til å forsterke arbeidslinja og motverke segregering. Eit tiltak for meir treffsikker busetjing er nye kriterium for oppmoding til kommunane om busetjing som frå 2019 er fastsette av departementet. Ein skal i større grad legge vekt på kommuneresultat i integreringsarbeidet og det at flyktningar kjem til ein kommune der dei kan få formell kompetanse og arbeid. Busetjinga skal vere styrt og spreidd. Departementet vil vurdere andre tiltak for å betre samanhengen mellom busetjing, kvalifisering, utdanning og arbeid. Departementet vil vidareføre tilskotsordningane til busetjing. Dei er nærare omtala i kap. 291, postane 60 og 61 og kap. 292, post 60. I 2020 skal fylkeskommunane få nye oppgåver i busetjingsarbeidet. Dette er nærare omtala under Regionreform og integreringsfeltet.

For perioden 2018–2021 er det inngått ein ny samarbeidsavtale mellom staten og Kommunenes Sentralforbund (KS). Formålet med avtalen er at staten og kommunesektoren i fellesskap skal løyse dei nasjonale oppgåvene når det gjeld mottak av asylsøkarar og busetjing av flyktningar. Det er òg nemnt opp eit nytt Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar og etablering og nedlegging av mottak samt omsorgssenter i same periode. Utvalet er eit rådgivande organ for regjeringa der både staten og kommunesektoren er representerte.

Kvalifisering av flyktningar og innvandrarar

Departementet har sendt eit forslag om ny integreringslov ut på høyring. Sentralt i forslaget er lovfesting av kompetansekartlegging og karriererettleiing i forkant av introduksjonsprogrammet, innføring av standardiserte element som kommunane skal nytte når dei utarbeider introduksjonsprogram, meir bruk av formell kvalifisering og utdanning i introduksjonsprogrammet og lovfesting av differensiert programtid. Det blir òg foreslått å gjere kurs i livsmeistring obligatorisk for alle og kurs i foreldrerettleiing obligatorisk for deltakarar med barn. Eit forslag er òg å innføre kompetansekrav for lærarar i norsk etter lova, og dermed medverke til at norskopplæringa blir meir effektiv. Det blir derfor foreslått å løyve 16 mill. kroner i 2020 til kompetanseheving for norsklærarar som underviser etter introduksjonslova. Eit anna forslag er å etablere ei ordning for fag- og yrkesopplæring. Målet er å gi deltakarane den formelle kompetansen arbeidslivet etterspør. Det blir derfor foreslått å løyve 15 mill. kroner til ei slik ordning i 2020. Det blir òg foreslått å styrke ordninga Jobbsjansen del A med 5 mill. kroner i 2020. Formålet med denne ordninga er å auke sysselsetjinga blant heimeverande innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden, og som har behov for grunnleggande kvalifisering.

I forslag til ny lov om integrering er det òg eit forslag om at dagens krav om opplæring i eit visst antal timar blir erstatta med eit krav om at deltakaren skal nå eit minimumsnivå i norsk. Det blir foreslått at minimumsnivået som hovudregel bør vere B1 i alle delferdigheiter. Det er likevel slik at minimumsnivået for ulike grupper deltakarar vil variere, og det vil framgå i forskrift.

Det er i dag sett eit nasjonalt mål om at 70 pst. av deltakarane i opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal nå nivå A2 eller høgare på skriftleg prøve, og at 90 pst. skal nå nivå A2 eller høgare på munnleg prøve i norsk (jf. rapportering for kap. 292, post 21). I lys av at det blir foreslått å innføre eit minimumsnivå i norsk, og for å medverke til å nå regjeringa sitt mål om at fleire skal få formell opplæring i introduksjonsprogrammet og ei meir varig tilknyting til arbeidslivet, foreslår òg regjeringa å heve det nasjonale målet for norskopplæringa til nivå B1. Endringa vil gjelde frå 2020.

IMDi og Kompetanse Noreg har fått i oppdrag å utvikle standardiserte element til bruk i introduksjonsprogrammet. Elementa skal gjere det enklare for kommunane å tilby differensierte program av god kvalitet til deltakarane. Det er òg behov for å gi deltakarar ei oversikt over alle moglegheiter som kan kombinerast, til dømes innanfor introduksjonsprogrammet. Det blir derfor foreslått å løyve 2 mill. kroner til utvikling av brukarreiser som gir oversikt over moglege kombinasjonar av program for den einskilde når det gjeld innhald og tiltak. Dette kan til dømes vere moglegheiter for fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar.

I 2019 har departementet sett i gang utprøving av tilbod om kompetansekartlegging og karriererettleiing til overføringsflyktningar og familiegjenforeinte som nyleg er busette i kommunane. Utprøvinga vil halde fram i 2020. Departementet foreslår derfor å styrke ordninga med tidleg karriererettleiing for nykomne innvandrarar som har rett til introduksjonsprogram med 5,2 mill. kroner i 2020. Midlane blir innlemma i ramma til fylkeskommunane. Formålet er at fylkeskommunane skal kunne tilby karriererettleiing til målgruppa frå 1. september 2020. Sjå også forslag til ny integreringslov, der det blir foreslått at karriererettleiing blir gjort til ein rett og plikt for den einskilde i forkant av introduksjonsprogrammet.

Departementet foreslår å styrke ordninga med kommunale integreringstiltak med 5 mill. kroner i 2020 til å utvikle integreringstiltak som gir psykisk støtte. Kommunane kan søke om midlar til å prøve ut integreringstiltak som både varetek behov for psykisk støtte, og som fremjar integrering.

Barnehage, skule og høgare utdanning

Eit av måla for integreringsstrategien er at barn og unge med innvandrarbakgrunn skal få gode kunnskapar i norsk, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom likeverdige tilbod om utdanning frå barnehage til vidaregåande opplæring. Sentrale tiltak er å auke deltakinga i barnehage og SFO/AKS, styrke språkarbeidet i barnehagane, styrke kompetansen hos lærarane og setje i gang forsking på kva som gir best opplæring for nykomne elevar.

Vidare skal fylkeskommunane få eit utvida og meir heilskapleg ansvar for opplæring av unge med svake språklege og faglege ferdigheiter, forsterke tilbodet om grunnskuleopplæring til ungdom som har budd kort tid i landet og har svake norskferdigheiter og sørge for grunnskulekompetanse og betre tilgangen til læreplassar. Det blir foreslått å styrke ordninga Jobbsjansen del B med 25 mill. kroner i 2020 for å styrke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Sjå også omtale i programkategori 07.30 Barnehagar og programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

For personar med høgare utdanning har regjeringa som mål å gjere det enklare å få godkjent kompetansen frå utlandet. Regjeringa har mellom anna styrkt tilbodet om kompletterande utdanningar, mellom anna det kompletterande studietilbodet Kompletterende utdanning for sykepleiere med fluktbakgrunn utdannet utenfor EØS, som OsloMet tilbyr.

Betre bruk av kompetansen til innvandrarar

Det er naudsynt med særskilde tiltak som kan sikre god bruk av kompetansen til innvandrarar, og å redusere diskriminerande mekanismar ved rekruttering i arbeidslivet.

Ei av prioriteringane for 2020 er å følge opp tiltaka i regjeringas integreringsstrategi for å fremje medvit om gevinstane ved større etnisk mangfald i arbeidslivet. Mangfaldsprisen – statens utmerking for fra